3 Tilsette sine rettar ved bruk av konkurranse i kollektivtransportsektoren
3.1 Gjeldande rett
Reglane om overdraging av verksemd i arbeidsmiljøloven kapittel 16 har sjølvstendig verknad i vegtransport- og banesektoren, når vilkåra for overdraging av verksemd etter arbeidsmiljøloven § 16-1 er oppfylte. Kravet for å falle direkte inn under reglane er at det blir gjort ei overdraging av ei verksemd som er ei sjølvstendig eining som opprettheld identiteten sin etter overføringa. Arbeidsmiljøloven kapittel 16 inneber ei implementering av reglane i direktiv 2001/23/EF.
Regelen i arbeidsmiljøloven § 16-1 er utdjupa og presisert i ei rekkje avgjerder, både frå EF- og EFTA-domstolen og frå norske domstolar.
EF-domstolen har utvikla eit prinsipp om at det må gjerast ei heilskapleg vurdering basert på ei rekkje moment for å avgjere om eininga har same identiteten etter overføringa. Nokre av momenta er:
kva for type verksemd det er tale om før og etter overføringa
om det er overført fysiske aktiva (lokalar, utstyr, anna lausøyre)
omfanget av overtakinga av arbeidsstokken
verdien av immaterielle aktiva på overdraginga (goodwill o.a.)
om kundekretsen blir overtatt
Eit utgangspunkt er ei vurdering av om dei aktuelle aktivitetane blir vidareførte. Dette er likevel ikkje tilstrekkeleg. EF-domstolen har i fleire saker framheva at den type aktivitet verksemda utfører har verknad for kva vekt dei ulike momenta skal ha.
Det er ikkje alltid like openbert kva som karakteriserer ei verksemd. Utgangspunktet er at i næringar som blir karakteriserte som arbeidsintensive eller med høg grad av spesialkompetanse hos arbeidstakarane, vil den nye innehavaren si vidareføring av aktiviteten og overtaking av eit stort tal av dei gamle arbeidstakarane vere nok til å oppstille slik identitet at reglane om overdraging av verksemd skal gjelde. Overtaking av tilsette der arbeidet ikkje krev utstrakt ekspertise, vil i mindre grad bestemme identiteten til føretaket.
EF-domstolen har vurdert om overføring av ein kontrakt om busskjøring etter anbodskonkurranse var omfatta av direktivet (jf. Oy Liikenne Ab, sak C-172/99). I denne saka hadde anbodsvinnaren overtatt eit stort fleirtal av dei tilsette frå den førre innehavaren, men det vart ikkje overført bussar eller anna materiell. Etter EF-domstolen sitt syn er busstransportbransjen først og fremst karakterisert av fysiske aktiva, dvs. bussane. I og med at ingen bussar vart overførte i dette tilfellet, vart det heller ikkje sett på som ei overdraging i direktivet si forstand. Det var likevel usemje om dette, da det ikkje er opplagt at denne type aktivitet er karakterisert anten av sitt personale eller av driftsmidlar. Høgsterett behandla eit liknande spørsmål i saka om Olderdalen Ambulanse (Rt. 2001 s. 248). I denne saka kom Høgsterett til at ambulanseverksemda sin identitet var karakterisert av både arbeidsytinga og materiellet. Resultatet i Olderdalen-saka var at tildelinga av ambulanseteneste ikkje vart sett på som overdraging av verksemd, fordi korkje tilsette eller tilstrekkeleg materiell vart overteke av ny løyvehavar.
Bruk av konkurranse er med andre ord ikkje til hinder for at direktivet og reglane i arbeidsmiljøloven gjeld direkte. Reglane om overdraging av verksemd vil ofte ikkje gjelde direkte ved bruk av anbod i kollektivtransportsektoren, jf. kravet om at det må vere ei sjølvstendig eining som beheld identiteten sin etter overføringa.
Tilsette sine rettar ved bruk av konkurranse i rutetransport på veg
Etter yrkestransportlova av 21. juni 2002 nr. 45 § 8 kan det nyttast anbod ved tildeling av løyve for persontransport med motorvogn i rute. Tildelingar som blir gjort ved tenestekonsesjon, dvs. der leverandøren har risikoen for både kostnader og inntening etter kontrakten, følgjer reglane i yrkestransportlova. Bruk av konkurranse er da frivillig, innafor ramma av EØS-avtala elles. Tenestekonsesjonar fell ikkje inn under forskrift om offentlige anskaffelser av 7. april 2006 nr. 402, sjå § 1-3 (2) bokstav j.
Ved bruk av tenestekontraktar gjeld lov om offentlige anskaffelser med tilhøyrande forskrifter. Konkurranse er da obligatorisk. Forma for konkurranse vil vere avhengig av verdien av kontrakten, jf. dei fastsette terskelverdiane. Ved bruk av reglane om offentlige anskaffelser vil forbodet mot sosial dumping i forskrift om lønns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar gjelde, jf. § 11a i lov om offentlige anskaffelser.
Langt på veg er omgrepet tenestekonsesjon samsvarande med omgrepet nettokontrakt, mens omgrepet tenestekontrakt langt på veg samsvarar med omgrepet bruttokontrakt. Dette er likevel berre eit utgangspunkt for vurderinga. Den tradisjonelle definisjonen av bruttokontrakt er ein kontrakt der oppdragsgjevar mottek billettinntektene og leverandøren utfører oppdrag etter ein tenestekontrakt mot fastsett betaling direkte frå oppdragsgjevar. Ein nettokontrakt er ein kontrakt der transportøren sjølv mottek billettinntektene frå dei reisande og mottekk resten av betalinga frå oppdragsgjevar. Etter Fornyings- og administrasjonsdepartementet sin rettleiar om offentlege anskaffingar kapittel 3.2, er det likevel ikkje tilstrekkeleg for at ein kontrakt skal vere ein tenestekonsesjon at delar av betalinga kjem frå dei reisande. Det avgjerande for om ein kontrakt er ein tenestekonsesjon er at konsesjonsinnehavaren reelt overtek risikoen for inntektene.
Ved anbod etter yrkestransportlova kan oppdragsgjevar (som regel fylkeskommunen) bestemme at operativt tilsette i selskap som får innskrenka ruteverksemda si som følgje av overgang til ny løyvehavar, skal ha fortrinnsrett ved nytilsetting i den overtakande verksemda, om den overtakande verksemda på overtakingstidspunktet har behov for nytilsettingar, jf. forskrift om anbud i lokal rutetransport av 26. mars 2003 nr. 400 § 4 tredje ledd.
I tillegg må dei som skal delta i konkurransen forplikte seg til å følgje lønns- og arbeidsvilkåra for operativt personell som minst svarar til ein av dei landsomfattande tariffavtalane, jf. forskrift om anbud i lokal rutetransport § 4 fjerde ledd. Dette skal sikre tilsette mot sosial dumping på linje med forskrift om lønns- og arbeidsvilkår i offentlige kontrakter, jf. lov om offentlige anskaffelser § 11a.
Tilsette sine rettar ved bruk av konkurranse i rutetransport til sjøs
For sjøtransport, det vil i denne samanhengen seie innanlands persontransport i rute med ferje (riks- og fylkesvegferje samt ferje på kommunale vegstrekningar) og hurtigbåt, samt kystruta Bergen-Kirkenes (Hurtigruten), gjeld langt på veg dei same reglane som for vegtransport.
Sjøtransport er unnateke frå verkeområdet til arbeidsmiljøloven, jf. § 1-2. For sjømenn er det ein regel i sjømannsloven av 30. mai 1975 nr. 18 § 19 som gir vern mot usakleg oppseiing. Overdraging av rederiet frå ein eigar til ein annan er ikkje aleine sakleg grunn for oppseiing, jf. femte ledd.
For maritim transport følgjer det i tillegg av lov om sjøtransporttjenester av 4. desember 1992, som implementerer forordning nr. 3577/92 om maritim kabotasje, at det skal vere fri rett til å yte sjøtransporttenester. Plikt til offentleg teneste kan påleggjast på visse vilkår. Det blir kravd at pålegg av plikt til offentleg teneste skal gjennomførast på ein open måte som sikrar at alle reiarlag i EØS får like mogelegheiter til slike avtalar. For samband med meir enn 300 000 passasjerar årleg, blir det langt på veg kravd at slike kontraktar skal tildelast etter konkurranse.
Tilsette sine rettar ved konkurranse om avtale om persontransport med jernbane
Jernbaneloven av 11. juni 1993 nr. 100 fastset vilkår for å drive jernbaneverksemd. Jernbaneloven kapittel II A inneheld reglar om konkurranse om avtaler om persontransport med jernbane. Det er i lova ikkje lagt nokre føringar på om konkurranse skal nyttast, men kapittelet gjev nokre reglar i høve at ein vel å bruke konkurranse. Det er ikkje laga eigne prosessreglar for gjennomføring av ein eventuell konkurranse, men dei generelle prinsippa i EU-retten om openheit, rettferd, transparens og ikkje-diskriminering gjeld tilsvarande, jf. òg jernbaneloven § 8b. Kapittelet gjeld berre når departementet gjennom konkurranse tildeler avtale om persontransport med jernbane på det nasjonale jernbanenettet.
Staten har ved kjøp av persontransport med jernbane på det nasjonale jernbanenettet hittil berre nytta nettokontraktar. NSB AS har risikoen for kostnader ved drifta og for innteninga etter kontrakten. Slike kontraktar er som oftast òg å rekne for tenestekonsesjonar som ikkje fell inn under reglane om konkurranse i forskrift om offentlige anskaffelser, jf. § 1-3 (2) bokstav j. Statens trafikkavtale med NSB AS er tildelt direkte etter forhandlingar.
Det er per i dag berre ei strekning der persontransporten er konkurranseutsett, strekninga Oslo - Gjøvik (Gjøvikbana). Ved gjennomføringa av konkurransen vart prosedyrereglane i den tidlegare forsyningsforskrifta nytta. I utlysingsdokumenta for anbodet vart det sett krav om at arbeidstakarane skulle få dei same rettane som ved overdraging av verksemd i arbeidsmiljøloven. Det er mogleg at reglane i arbeidsmiljøloven om overdraging av verksemd uansett ville ha gjeldt i dette høve, mellom anna fordi den nye leverandøren tok over produksjonsmateriell (rullande materiell) frå NSB AS. I Regjeringserklæringa Soria Moria vart det fastsett at staten ikkje skulle setje fleire persontogstrekningar ut på konkurranse.
Den nasjonale persontransportmarknaden med jernbane er ikkje liberalisert, dette inneber at NSB AS har einerett på utføring av persontransport med jernbane på det nasjonale jernbanenettet, med enkelte unntak, sjå lisensforskriften av 16. desember 2005 nr. 1490 kapittel 2.
Departementet er ikkje kjent med at det har vore nytta konkurranse om persontransport med sporveg, tunnelbane og forstadsbane i Noreg.
3.2 Forholdet til EØS-retten
3.2.1 Forholdet til kollektivtransportforordninga
EU har vedteke ei ny forordning om pålegg av plikt til offentleg teneste og konkurranseutsetjing innan kollektivtransport på veg og med bane av 23. oktober 2007, (EF) nr. 1370/2007 (kollektivtransportforordninga), jf. Official Journal OJ L315/1. EØS-komiteen vedtok 4. juli 2008 å innlemme kollektivtransportforordninga i EØS-avtalen, jf. EØS-komiteen si avgjerd nr. 185/2008. Stortinget gav samtykke i godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd i vedtak 49 av 20. november 2008, jf. St.prp. nr. 82 (2007-2008) og Innst. S. nr. 32 (2008-2009). Samferdselsdepartementet har i brev av 12. desember 2008 sendt utkast til endringar i yrkestransportlova og jernbaneloven om implementering av kollektivtransportforordninga i norsk rett på høyring. Høyringsfristen var 3. februar 2009. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til saka.
Forholdet til reglane om overdraging av verksemd er nemnd i artikkel 4 (5) i forordninga. Artikkel 4 (5) slår fast at kompetente styresmakter kan krevje at den leverandøren som blir vald til å utføre ei teneste skal gje dei tilsette som tidlegare har utført tenestene dei rettane dei ville hatt dersom det var snakk om ei overdraging av verksemd etter direktiv 2001/23/EF (om overdraging av verksemd). Etter arbeid frå Noreg og andre land, vart innhaldet i kollektivtransportforordninga endra. Departementet si tolking av endringa er at nasjonale styresmakter no òg kan stille slike krav.
Der kompetente styresmakter krev at leverandøren skal oppfylle fastsette sosiale standardar, skal ei liste over dei tilsette følgje med utlysinga av anbodet og bli gjengjeven i kontrakten, samtidig som det blir gjeve detaljar om dei rettane dei har etter arbeidskontrakten og dei vilkåra som bind dei tilsette til kontrakten. Artikkel 4 (5) i forordninga lyder (i dansk tekst):
«Med forbehold af national ret og fællesskabsretten, herunder også kollektive overenskomster mellem arbejdsmarkedets parter, kan kompetente myndigheder forlange, at den valgte operatør af offentlig trafikbetjening indrømmer de ansatte, der tidligere var beskæftiget med trafikbetjeningen, de rettigheder, de ville have haft, hvis der havde været tale om en overførsel som omhandlet i direktiv 2001/23/EF. Hvis de kompetente myndigheder forlanger, at operatører af offentlig trafikbetjening overholder visse sociale og arbejdsmarkedsmæssige standarder, skal udbudsdokumenter og kontrakter om offentlig trafikbetjening angive, hvilke ansatte det drejer sig om, og give gennemsigtige, detaljerede oplysninger om deres kontraktmæssige rettigheder og de betingelser, som de ansatte anses for at være tilknyttet trafikbetjeningen på.»
På bakgrunn av at det her er vist til nasjonal rett, meiner Samferdselsdepartementet at det ikkje er noko i vegen for at det blir fastsett nasjonale reglar for veg- og banesektoren som svarar til reglane i direktiv 2001/23/EF.
Eit særleg spørsmål er om det er uproblematisk å innføre reglane i arbeidsmiljøloven kapittel 16 i sin heilskap på kollektivtransportområdet på dei områda der den norske lova går lenger enn direktivet. Dette gjeld arbeidsmiljøloven § 16-2 (2) om rettar etter tariffavtala, som slår fast at ny arbeidsgjevar blir bunden av tidlegare arbeidsgjevar sin tariffavtale om han ikkje gjev melding innan tre veker om at han ikkje ønskjer det. Vidare gjeld det regelen i arbeidsmiljøloven § 16-2 (3) om pensjonsrettar. Regelen om valrett for arbeidstakaren til å bli verande hos tidlegare arbeidsgjevar, som er utvikla av Høgsterett, er òg ein særnorsk regel.
På bakgrunn av at direktivet er eit minimumsdirektiv, finn Samferdselsdepartementet at det ikkje vil vere i strid med EØS-retten at også arbeidsmiljøloven § 16-2 (2) og (3), og valretten, skal gjelde for alle tilfelle der konkurranse blir brukt i kollektivtransportsektoren, også der krava til overdraging etter direktivet ikkje er oppfylte.
3.2.2 Forholdet til forordninga om maritim kabotasje
På bakgrunn av at utgangspunktet i forordninga om maritim kabotasje, jf. lov om fri utveksling av tjenesteytelser innen sjøtransport, er at tilgangen til den nasjonale sjøtransportmarknaden skal vere fri, er det for sjøtransportsektoren særleg relevant å spørje om innføringa av dei aktuelle reglane vil representere ein restriksjon på den frie tilgangen til marknaden.
Når det gjeld mannskapet slår artikkel 3 (2) i den maritime kabotasjeforordninga fast at reglane i vertsstaten gjeld for øykabotasje; det vil seie innanlands transport til, frå eller mellom øyer. Fastlandskabotasje blir regulert av reglane i vertsstaten for fartøy under 650 bruttotonn, og av reglane i det landet der fartøyet er registrert for fartøy over 650 bruttotonn. I norsk innanlands kollektivtransport til sjøs blir det brukt fartøy både under og over denne grensa.
Kommisjonen si tolkingsutsegn til den maritime kabotasjeforordninga, KOM(2003)595 endeleg, kommenterer spørsmålet om kva som ligg innanfor vertsstaten si myndigheit når det gjeld reglar om mannskap, jf. punkt 4.1 i tolkingsutsegna. Kommisjonen si haldning er at vertsstaten sin fridom når det gjeld å fastsetje reglar for mannskap ikkje er uavgrensa. For arbeids- og lønnsforhold meiner Kommisjonen at medlemslanda kan krevje at dei tilsette har sosiale forsikringsordningar i eit EØS-land, og at reglane om minimumslønn i det aktuelle landet skal gjelde. Dette er Kommisjonen si tolking av forordninga, og det er ikkje gitt at EF- eller EFTA-domstolen vil følgje dette om ei sak kjem opp til doms. Kommisjonen si tolkingsutsegn må likevel reknast som eit sterkt tolkingsmoment.
Kravet om at reglane om overdraging av verksemd skal gjelde ved konkurranse om kontrakt om offentleg teneste går lenger enn det som følgjer av Kommisjonen si opplisting av kva vertslanda kan fastsetje når det gjeld lønns- og arbeidsvilkår. Det er ikkje klart at vertslanda står fritt til å fastsetje reglar på området, samtidig som det ikkje er gitt at Kommisjonen si opplisting er uttømmande.
Det følgjer av EØS-komiteen si avgjerd nr. 70/97 artikkel 1 bokstav b, at avtalepartane ikkje skal innføre nye avgrensingar av den tilgangen til å yte tenester som faktisk er oppnådde den dagen forordninga blir innlemma i EØS-avtala. Dette kan vere eit moment som går mot at dei aktuelle reglane kan innførast for sjøtransportsektoren.
På den andre sida kan ein hevde at rettsutviklinga innan EØS går i retning av at det i større grad enn tidlegare er aksept for å sikre arbeidstakarane sine rettar, jf. til dømes artikkel 4 (5) i kollektivtransportforordninga som er nemnt ovanfor og moglegheita for å gjere forordninga gjeldande også for sjøtransporten.
I tillegg viser Samferdselsdepartementet til at sjølv om direktiv 2001/23/EF om overdraging av verksemd ikkje gjeld for sjøtransport, jf. artikkel 1 nr. 3 i direktivet, let fleire av medlemslanda i EU likevel dei nasjonale reglane om overdraging av verksemd gjelde for sjøtransport. Sjå punkt 3 bokstav e i melding frå Kommisjonen KOM(2007)591 endeleg. Dersom det ikkje er noko i vegen for å la reglane om overdraging av verksemd gjelde generelt for sjøgåande skip, er det mindre som taler for at den maritime kabotasjeforordninga er ei avgrensing når det gjeld å la reglane om overdraging av verksemd gjelde ved konkurranse om kontrakt innan sjøtransporten.
Samferdselsdepartementet finn det like viktig å sikre arbeidstakarane sine rettar i sjøtransportsektoren som i veg- og banesektoren. Med omsyn til arbeidstakarane taler reelle omsyn for at dei same reglane skal gjelde for kollektivtransporten til sjøs som for dei andre transportsektorane.
Særleg med bakgrunn i den generelle rettsutviklinga innan EØS, meiner Samferdselsdepartementet at det ikkje vil vere i strid med EØS-retten å innføre reglane om overdraging av verksemd for sjøtransportsektoren.
For fartøy over 650 bruttotonn som blir brukt i fastlandskabotasje og er registrert i eit anna EØS-land enn Noreg, vil ein ikke kunne fastsetje bindande reglar. Samferdselsdepartementet kjenner ikkje til at det per i dag blir nytta fartøy i fastlandskabotasje, knytt til offentleg persontransport, som ikkje er registrert i Noreg. Spørsmålet er da om det kan bli aktuelt å registrere fartøy i andre land nettopp for å unngå at reglane om overdraging av verksemd skal gjelde. Samferselsdepartementet viser til det er ei lita gruppe samband som fell utanfor norsk jurisdiksjon etter desse relane. Fastlandskabotasje omfattar berre transport som ikkje går til, frå eller mellom øyer; i hovudsak vil det her dreie seg om fjordkryssingar. I Kommisjonen si tolkingsutsegn, KOM(2003)595 endeleg, legg Kommisjonen under punktet om offentlege tenester, sjå punkt 5.1 i tolkingsutsegna, til grunn at fjordkryssingar der ei omkjøring på land vil vere over 100 km, og fell inn under omgrepet øykabotasje. Sjølv om dei ikkje er nemnt særskilt i Kommisjonen si tolkingsutsegn, taler gode grunner for å leggje same forståing til grunn når det gjeld retten for vertsstaten til å fastsetje reglar om mannskap som er tilsett på fartøy som utfører offentleg teneste.
3.3 Høyringsframlegget
Samferdselsdepartementet foreslo i høyringsframlegget av 23. mai 2008 å ta inn reglar i både yrkestransportlova og jernbaneloven som slår fast at reglane om overdraging av verksemd i arbeidsmiljøloven kapittel 16 skal gjelde ved bruk av konkurranse innan kollektivtransportsektoren.
I tillegg gjorde Samferdselsdepartementet framlegg om å ta inn reglar i begge lovene som avgrensar verkeområdet til reglane til dei tilfella der det blir nytta same transportmiddel etter konkurranse.
Vidare foreslo Samferdselsdepartementet ein heimel som gjev styresmaktene moglegheit til å hente inn og offentleggjere informasjon om ruta som skal konkurranseutsettast.
Avslutningsvis gjorde Samferdselsdepartementet framlegg om at ein regel som skal sikre tilsette mot sosial dumping blir teken inn i lova.
3.3.1 Heimel for å innføre reglane i arbeidsmiljøloven kapittel 16
Samferdselsdepartementet meinte at reglane i arbeidsmiljøloven kapittel 16 om overdraging av verksemd bør leggjast til grunn for overdraging ved konkurranse. Utgangspunktet er ikkje å skape nye reglar spesielt for transport, men å gje dei aktuelle reglane eit utvida verkeområde. Alle reglane i arbeidsmiljøloven kapittel 16, unntatt § 16-1 om kva kapitlet omfattar, er relevante. Arbeidsmiljøloven § 16-1 er ikkje aktuell, fordi poenget er å gje reglane verknad ut over denne.
Som følgje av at reglane i arbeidsmiljøloven kapittel 16, unntatt § 16-1, skal gjelde, fann Samferdselsdepartementet at forarbeida til arbeidsmiljøloven kapittel 16, og rettspraksis som omhandlar reglane i kapittelet, òg må leggjast til grunn. Til dømes vil praksis i Høgsterett om valrett til å bli verande hos tidlegare arbeidsgjevar vere relevant.
Samferdselsdepartementet gjorde på denne bakgrunn framlegg om å ta inn ein heimel i yrkestransportlova og jernbaneloven som fastset at arbeidsmiljøloven kapittel 16, §§ 16-2 til 16-7 skal gjelde tilsvarande.
3.3.2 Reglane i arbeidsmiljøloven om overdraging av verksemd
I høyringsnotatet gjengav Samferdselsdepartementet innhaldet i reglane om arbeidstakarane sine rettar ved overdraging av verksemd. Reglane om overdraging av verksemd følgjer av arbeidsmiljøloven kapittel 16, og er ei implementering av reglane i direktiv 2001/23/EF.
Formålet med reglane om overdraging av verksemd er å sikre at arbeidsavtalane til arbeidstakarane blir vidareførte utan endringar hos ny arbeidsgjevar etter ei overdraging. Dei tilsette blir sikra vern mot oppseiing som følgje av overdraginga, rett til vidareføring av vilkåra i arbeidsavtalen o.a.
Arbeidstakarar sine rettar etter arbeidsmiljøloven kapittel 16 er som følgjer:
§ 16-1 om kva kapitlet gjeld
Reglane i arbeidsmiljøloven kapittel 16 gjeld ved overføring av verksemd, eller del av verksemd, til ein annan arbeidsgjevar. Etter § 16-1 er verksemdsoverføring ei overføring av ei sjølvstendig økonomisk eining der identiteten blir oppretthalden etter overføringa.
§ 16-2 om lønns- og arbeidsvilkår
Tidlegare arbeidsgjevar sine rettar og plikter som følgjer av individuell arbeidsavtale eller arbeidsforhold, blir overførte til den nye arbeidsgjevaren. Dette gjeld mellom anna lønnsvilkår, bonusavtaler, arbeidstid, ansiennitet og tittel.
Tariffavtaleforholdet, med eventuelle særavtaler e.l., blir overført til, og vil gjelde for ny arbeidsgjevar. Ny arbeidsgjevar kan innan tre veker etter overdraginga erklære at han ikkje vil vere bunden av avtala. Ny arbeidsgjevar har altså rett til å velje om han vil vere bunden av tariffavtala. Dei individuelle arbeidsvilkåra som følgjer av tariffavtala vil likevel gjelde til avtaleperioden er ute eller det blir inngått ny tariffavtale som er bindande for den nye arbeidsgjevaren og dei overførte arbeidstakarane.
Når det gjeld pensjonsrettar er utgangspunktet at arbeidstakarane sine rettar til vidare opptening av alders-, etterlatte- og uførepensjon etter kollektiv tenestepensjonsavtale blir overførte til ny arbeidsgjevar. Denne regelen gjeld i dei tilfella der pensjonsordninga let seg overføre etter innhaldet i ordninga og den nye arbeidsgjevaren ikkje har ei pensjonsordning frå før. Ny arbeidsgjevar kan velje å gjere allereie eksisterande pensjonsordningar gjeldande for dei overførte arbeidstakarane. Vidare skal ny arbeidsgjevar sørgje for at dei tilsette blir sikra rett til vidare opptening av pensjon om dei tidlegare pensjonsordningane ikkje kan vidareførast.
§ 16-3 om reservasjonsrett o.a.
Ein arbeidstakar kan motsetje seg at arbeidsforholdet blir overført til ny arbeidsgjevar, ved å gi skriftleg melding om dette innan 14 dagar etter at informasjonen om overdraginga av verksemda blir gjeven. Arbeidstakar som har vore tilsett i til saman minst 12 månader innanfor dei siste to åra, og som gjer gjeldande reservasjonsrett, har førerett til ny tilsetting hos tidlegare arbeidsgjevar om han er kvalifisert for stillinga.
§ 16-4 om individuelt vern mot oppseiing
Overdraging av verksemd er ikkje i seg sjølv grunn til oppseiing. Dette gjeld både tidlegare og ny arbeidsgjevar, og gjev den einskilde tilsette eit individuelt vern mot oppseiing. Denne regelen er ein forbodsregel som ikkje gjev rom for vurderingar av saklegheit.
§§ 16-5 og 16-6 om informasjon til tillitsvalde og arbeidstakarar, og drøfting med tillitsvalde
Både tidlegare og ny arbeidsgjevar skal så tidleg som mogleg gje informasjon om overdraginga til arbeidstakarane og dei tillitsvalde. Vidare skal dei drøfte overdraginga med arbeidstakarane sine tillitsvalde. Formålet med regelen er dels å gje informasjon om kva som kjem til å skje og kva slags følgjer dette kan få for arbeidstakarane, og dels skal dei tilsette gjennom representantane sine ha moglegheit til å ha innverknad på avgjerda om overdraging av verksemd.
§16-7 om representasjon
Dei tillitsvalde for dei tilsette som blir overført, skal fortsette å representere desse, minst fram til nyval kan finne stad.
Valrett
I tillegg til dei reglane som følgjer direkte av arbeidsmiljøloven kapittel 16, følgjer det av rettspraksis at arbeidstakarane i visse tilfelle har valrett når det gjeld å bli verande hos noverande arbeidsgjevar. Det er fleire dommar frå Høgsterett om dette spørsmålet. Hovudregelen er ein unntaksvis valrett i situasjonar der overdraging inneber ei ikkje uvesentleg negativ endring i arbeidsforholdet.
3.3.3 Behov for særreglar
I utgangspunktet er det ønskjeleg å leggje reglane etter dette framlegget så nært opp til reglane i arbeidsmiljøloven som mogleg. Det er, ut frå rettstekniske omsyn, ikkje ønskjeleg å skape særreglar, utover avviket frå § 16-1, som kan reise tolkingsspørsmål som skil seg frå praksis etter arbeidsmiljøloven.
Hovudregelen i arbeidsmiljøloven § 16-2 (1) er at reglane om overdraging av verksemd skal gjelde for alle som er tilsette i verksemda når overdraginga skjer. Ved fastsetjing av kva arbeidstakarar som har rett til overføring av tilsetjingsvilkår, er utgangspunktet for vurderinga etter arbeidsmiljøloven om den einskilde arbeidstakaren har si arbeidsmessige hovudtilknyting til den konkurranseutsette verksemda.
Nedanfor er det gjengjeve drøfting av om det på nokre punkt er behov for særreglar når reglane om overdraging av verksemd blir innførte for konkurransesituasjonar i kollektivtransportsektoren, eller om hovudreglane etter arbeidsmiljøloven alltid skal leggjast til grunn.
Tidspunkt for identifisering av arbeidstakarar
I samband med konkurranseutsetting er det tre tidspunkt som er relevante for den overtakande leverandøren. For det første; tidspunktet for utlysing av konkurransen. For det andre; tidspunktet for inngåing av avtale om kjøp av tenester. For det tredje; tidspunktet når ny leverandør tek over drifta av ruta/tenesta.
Etter arbeidsmiljøloven § 16-2 (1) er det tidspunktet for overdraging av verksemda som er avgjerande for kven rettsverknadene oppstår for.
Å leggje til grunn tidspunktet for overdraging av verksemd kan føre til ei viss usikkerheit for overtakande leverandør. Det kan gå lang tid mellom utlysinga av konkurransen og overtakinga av drifta på ruta. I denne tida kan det oppstå endringar i arbeidsstokken hos tidlegare leverandør. Det kan derfor reisast spørsmål om det er behov for særreglar. Samferdselsdepartementet fann likevel at omsynet til å ikkje avvike frå praksis etter arbeidsmiljøloven bør gå føre behovet for å ha særreglar på transportområdet.
Samferdselsdepartementet gjorde i høyringsnotatet framlegg om at tilsetjingsvilkåra blir overførte slik dei ligg føre når overdraging skjer (når ny leverandør overtar drifta av ruta), jf. arbeidsmiljøloven § 16-2.
Redusert behov for bemanning hos ny leverandør
Ny leverandør kan komme i ein situasjon der han tek over fleire arbeidstakarar enn han treng for å utføre tenesta han har vunne kontrakt om, til dømes der ein reduserer omfanget av transporttenesta ved å krevje lågare frekvens. Ny leverandør kan òg risikere å overta arbeidstakarar som ikkje er sertifiserte, ved at dei ikkje har sertifikat til å handsame ei ny ferje, ein ny hurtigbåt, nytt togmateriell eller liknande.
Samferdselsdepartementet meinte at det er enklast med omsyn til avgrensing av arbeidstakarar at det ikkje er behov for særreglar for å handtere slike tilfelle. Arbeidstakarane får da vernet som gjeld i respektive arbeidsmiljøloven eller sjømannslova mot oppseiing av ny leverandør.
Oppsummering
Samferdselsdepartementet konkluderte i høyringsframlegget med at det ikkje er ønskjeleg å fråvike frå hovudregelen i arbeidsmiljøloven § 16-2 (1) når reglane blir innført ved bruk av konkurranse i kollektivtransportsektoren. Det inneber at reglane om overdraging av verksemd skal gjelde for alle som er tilsette i verksemda på tida for overdraging.
3.3.4 Avgrensing for tilfelle der ein byter til eit anna transportmiddel
I nokre tilfelle kan oppdragsgjevar endre innhald av kollektivtenesta i samband med ei konkurranseutsetting. Om ein foretar strukturelle endringar som til dømes å erstatte tidlegare sporbaserte tilbod med buss eller liknande, er det ikkje naturleg at framlegget skal gjelde.
Samferdselsdepartementet gjorde derfor framlegg om at regelverket ikkje skal gjelde der kjøpet etter konkurranse baserer seg på eit anna transportmiddel enn tidlegare. Det vart gjort merksam på at framlegget heller ikkje gjeld når ei teneste opphøyrer, når t.d. eit ferjesamband blir erstatta med fast vegsamband (bru/tunnel) eller liknande tilfelle av strukturelle endringar.
Avgrensinga gjeld ikkje for dei tilfelle der den nye leverandøren set inn nye/andre typar av same transportmiddel, som til dømes ein ny type ferje med andre krav til sertifisering av mannskap, jf. punkt 3.3.3 ovanfor.
3.3.5 Heimel for innhenting og kunngjering av informasjon
Når det blir sett krav om å følgje reglane om overdraging av verksemd ved all konkurranseutsetting innan kollektivtransport, er det viktig at interesserte leverandørar allereie i utlysninga av konkurransen får så mykje informasjon som mogleg om kva dette vil innebere. Vilkåra for konkurransen skal vere så like som mogleg for alle interesserte leverandørar. I utgangspunktet vil noverande leverandør sitje på mykje informasjon om ruta som ikkje er tilgjengeleg for alle.
Slike opplysningar vil vere med på å gje potensielle nye leverandørar betre moglegheit for å vurdere kostnadene ved å inngå kontrakt. Mangel på slik informasjon vil føre til at nye leverandørar vil måtte leggje inn ein betydeleg risikopremie, og gje noverande leverandør ein utilsikta konkurransefordel, som kan føre til dyrare løysingar for det offentlege som oppdragsgjevar.
Departementet foreslo i høyringsframlegget at oppdragsgjevar får heimel til å krevje inn dei aktuelle opplysningane frå noverande leverandør, slik at dei kan gjerast kjent i utlysninga av konkurransen.
Jernbaneloven § 8f har reglar om utlevering av informasjon. Samferdselsdepartementet kan påleggje ei kvar verksemd som driv persontransport med jernbane å utlevere slik informasjon som blir rekna for nødvendig for tilrettelegging for, og gjennomføring av, konkurransar om persontransport samt planlegging og styring av jernbanesektoren. Denne regelen er vid nok til òg å omfatte slike opplysningar som er nødvendige for å gjennomføre konkurranse på like og ikkje-diskriminerande vilkår. Regelen gjev berre Samferdselsdepartementet heimel til å innhente slik informasjon frå verksemder som driv persontransport på det nasjonale jernbanenettet. Samferdselsdepartementet gjorde framlegg om at regelen òg skal gjelde når fylkeskommunane kjøper kollektivtransporttenester både på det nasjonale jernbanenettet og andre jernbanenett, som sporveg, tunnelbane og forstadsbane.
Det er ingen tilsvarande regel i yrkestransportlova for veg- og sjøtransportsektorane. Samferdselsdepartementet gjorde derfor framlegg om å ta inn ein regel i yrkestransportlova, som gjev oppdragsgjevar heimel til å hente inn nødvendig informasjon frå noverande leverandør om tilsette, samt lønns- og arbeidsvilkåra deira.
Ifølgje kollektivtransportforordninga skal oppdragsgjevar ved utlysing av anbod, når det blir stilt krav om at dei same reglane skal gjelde som ved overdraging av verksemd, liste opp dei tilsette i verksemda og gje opplysningar om dei rettane som følgjer av avtale.
Samferdselsdepartementet vurderte behovet for å hente inn og gjere kjent opplysningar om tilsette sine forhold opp mot reglane om teieplikt i forvaltningsloven av 10. februar 1967 §§ 13 mv.
Samferdselsdepartementet la vekt på at det ikkje vil vere nødvendig å opplyse om namn på dei tilsette. Når det gjeld personopplysningar vil det vere informasjon om kor mange tilsette det er i ei verksemd, alder, kvalifikasjonar samt lønns- og arbeidsvilkår som følgjer av tariffavtale og/eller individuell arbeidsavtale som vil vere relevante ved innhenting av informasjon, jf. forvaltningsloven § 13 a nr. 2 som slår fast at teieplikta ikkje er til hinder for at opplysningar blir brukte når: «behovet for beskyttelse må anses varetatt av at de gis i statistisk form eller ved at individualiserende kjennetegn utelates på annen måte».
For store verksemder fann Samferdselsdepartementet at fråvær av namn vil vere tilstrekkeleg for å oppfylle kravet om teieplikt. For mindre verksemder kan dette i enkelte tilfelle vere meir problematisk. I verksemder der det er få tilsette, kan ein settje spørjeteikn ved om innkrevjing og utlevering av opplysningar vil kome i strid med kravet om vern av personopplysningar, fordi dei tilsette vil vere lettare å identifisere, sjølv om ein ikkje oppgjev namn.
Samferdselsdepartementet meinte ut frå ei heilskapleg vurdering at det vil vere tilstrekkeleg vern av den enkelte tilsette at ein unnlét å opplyse om namn.
Informasjon om dei tilsette vil bli gjeven ut frå tilhøva på tidspunktet for utlysing av konkurransen. Ofte vil dette tidspunktet i tid liggje langt føre tidspunktet for overtaking av verksemda. I perioden mellom disse tidspunkta kan nokre tilsette ha slutta og andre vere komne til. Det vil i praksis vere dei som er tilsette i verksemda på tidspunktet når ny leverandør faktisk overtek verksemda som vil få dei rettane som følgjer av reglane om overdraging av verksemd. For overtakande verksemd vil det liggje ein viss risiko i at gruppa av tilsette kan avvike mellom utlysings-/avtaletidspunkt og overtakingstidspunkt. Samferdselsdepartementet fann ikkje at risikoen vil vere av eit slikt omfang at det gav grunnlag for særreglar i regelverket.
3.3.6 Vurdering av oppheving av gjeldande regler - lovregulering av forskriftsheimel om sosial dumping
Når det gjeld veg- og sjøtransport fann Samferdselsdepartementet i høyringsframlegget at det blir nødvendig å oppheve § 4 tredje ledd i forskrift om anbud i lokal rutetransport som fastset rett til forrang ved nytilsettingar for tilsette hos den overtakande leverandøren. Denne regelen blir overflødig ved innføringa av reglar om overdraging av verksemd ved konkurranse om løyve i kollektivtransporten.
Ein kan stille spørsmål ved om § 4 fjerde ledd i forskrifta om anbud i lokal rutetransport òg bør bli oppheva. Denne regelen slår fast at dei som skal delta i anbodskonkurranse må forplikte seg til å følgje lønns- og arbeidsvilkår for operativt personell som minst svarar til ei av dei landsomfattande tariffavtalene. Samferdselsdepartementet fann at denne regelen bør vidareførast fordi den inneheld eit forbod mot sosial dumping, som vil ha sjølvstendig verdi. Regelen vil ha sjølvstendig verdi i dei tilfella der det blir oppretta ei ny kollektivtransportteneste. I tillegg vil regelen forplikte arbeidsgivarar, som tidlegare har hatt kontrakt utan at det har vore gjennomført konkurranse, og som ikkje har arbeidsvilkår som svarar til minstekravet i regelen, til å rette opp arbeidsavtalene.
På bakgrunn av at det no blir gjort framlegg om likelydande reglar for jernbanesektoren og for veg- og sjøtransportsektoren når det gjeld tilsette sine rettar, meinte Samferdselsdepartementet at det vil vere naturleg at ein tek inn ein heimel i jernbaneloven som tilsvarer regelen som forbyr sosial dumping i forskrift om anbud i lokal rutetransport. Samstundes meinte Samferdselsdepartementet at regelen, når det gjeld veg- og sjøtransport, av omsyn til samanhengen i regelverket bør bli flytta frå forskrifta til loven.
Samferdselsdepartementet viste i høyringsnotatet til forskrift om lønns- og arbeidsvilkår i offentlige kontraktar som skal sikre mot sosial dumping ved inngåing av offentlege kontraktar. Samferdselsdepartementet fann det føremålstenleg at regelen for kollektivtransportsektoren blir omformulert, slik at ordlyden ligg tett opp til regelen i forskrift om lønns- og arbeidsvilkår i offentlige kontraktar, jf. lov om offentlige anskaffelser § 11a.
Endringa i ordlyden fører til at det blir stilt krav om lønns- og arbeidsvilkår for tilsette som direkte medverkar til å utføre kontrakten, i staden for eit generelt krav til alle deltakarane i konkurransen. Samferdselsdepartementet fann at eit generelt krav til alle operatørane som deltar i konkurranse, også dei som ikkje vinn kontrakten, truleg ikkje er forholdsmessig.
Endringa i ordlyden inneber og at Samferdselsdepartementet fjernar avgrensinga til berre å gjelde operativt personell, som finst i regelen i forskrift om anbud i lokal rutetransport. Denne avgrensinga kan vere noko uklar. Samferdselsdepartementet meinte at gode grunner taler for å fjerne ei slik avgrensing. Det vil seie at alle tilsette som direkte medverkar til å utføre kontrakten skal bli omfatta av regelen som sikrar mot sosial dumping, ikkje berre operativt personell.
3.3.7 Presisering av rekkevidda av framlegget om endring i yrkestransportlova
Yrkestransportlova gjeld for tildeling av løyve innan veg- og sjøtransport. Reglane i yrkestransportlova gjeld all transport som i utgangspunktet er løyvepliktig etter denne lova.
Samferdselsdepartementet fann i denne samanhengen grunn til å understreke to forhold:
For det første at reglane om overdraging av verksemd også vil gjelde der reglane om prosedyre ved bruk av konkurranse følgjer av lov og forskrift om offentlige anskaffelser. Ved bruk av konkurranse vil, som nemnt, forskrift om anbud i lokal rutetransport gjelde ved bruk av tenestekonsesjonar. Lov og forskrift om offentlige anskaffelser vil gjelde ved bruk av tenestekontraktar. Dette skiljet er ikkje relevant for spørsmålet om overdraging av verksemd ved bruk av konkurranse.
For det andre fann Samferdselsdepartementet grunn til å presisere at når det gjeld veg- og sjøtransport, skal reglane om overdraging av verksemd òg gjelde konkurransar som blir arrangerte av administrasjonsselskap. Administrasjonsselskap må reknast som ein reiskap for fylkeskommunane i arbeidet med styring av den lokale kollektivtransporten gjennom bruk av løyve og kontraktar om offentleg godtgjering av slike tenester. Reglane om overdraging av verksemd skal gjelde både i dei tilfella der administrasjonsselskapet administrerer rutesambanda i eit fylke etter yrkestransportlova § 23, jf. § 6 (2), og der administrasjonsselskapet berre har som oppgåve å gjennomføre den einskilde konkurransen. Det skal ikkje vere mogleg å organisere seg bort frå plikta til å leggje til grunn reglane i arbeidsmiljøloven.
I dei tilfella der ein som er tildelt ruteløyve eller kontrakt med administrasjonsselskap, sjølv inngår avtale med undertransportør som t.d. med drosje eller turvogn, gjeld ikkje reglane om overdraging av verksemd i det sistnemnte avtaleforholdet.
3.3.8 Presisering av rekkevidda av framlegget om endring i jernbaneloven
For å drive jernbaneverksemd må ein ha løyve (lisens og sikkerheitssertifikat) etter jernbaneloven med tilhøyrande forskrifter frå Statens jernbanetilsyn. Vinnaren av ein konkurranse må såleis ha eller søkje Statens jernbanetilsyn om løyve.
Samferdselsdepartementet fann i denne samanheng grunn til å understreke følgjande:
For det første skal reglane om overdraging av verksemd gjelde både kollektivtransporttenester innanfor det nasjonale jernbanenettet og med sporveg, tunnelbane og forstadsbane, og uavhengig av om det er staten eller fylkeskommunen som er kjøpar av transporttenesta.
For det andre skal reglane om overdraging av verksemd òg gjelde dersom bruk av konkurranse følgjer av reglane i lov om offentlige anskaffelser med tilhøyrande forskrifter.
3.4 Høyringsutsegn
3.4.1 Generelle høyringsutsegn om å styrke tilsette sine rettar ved bruk av konkurranse i kollektivtransportsektoren
Østfold fylkeskommune, Troms fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune, Oppland fylkeskommune, Nordland fylkeskommune, Sør-Trøndelag fylkeskommune, YS, Sjømannsorganisasjonene i Norge, LO, Norsk Jernbaneforbund, Norsk Lokomotivmannsforbund og Norsk Transportarbeiderforbund støttar framlegget.
Nordland fylkeskommune og Sør-Trøndelag fylkeskommune har allereie tatt avgjerd om å innføre reglar i tråd med framlegget.
Buskerud fylkeskommune, Vestfold fylkeskommune, Telemark fylkeskommune, Hordaland fylkeskommune, Kollektivtrafikkforeningen, NHO, KS, TL, HSH, Rederienes Landsforening og Arbeidsgiverforeningen Spekter går imot framlegget.
Buskerud fylkeskommune, Vestfold fylkeskommune, Telemark fylkeskommune, Hordaland fylkeskommune og Kollektivtrafikkforeningen foreslår i staden at dei tilsette sine rettar skal sikrast gjennom ein fortrinnsrett for operativt personell tilsett i selskapet som får innskrenka si verksemd som følgje av overgang til ny løyvehavar.
Kollektivtrafikkforeningen, TL og Norges Taxiforbund hevdar at lovendringa vil ha avgrensa verknad for dei tilsette. Kollektivtrafikkforeningen hevdar at det er lite tilrådeleg å setje i verk eit kompliserande og truleg fordyrande regelverk. TL hevdar at det ikkje er grunnlag for å hevde at gjeldande regime gjev grunn til å frykte for utstøyting ved anbod, eller svekka lønns- og arbeidsvilkår.
Rederienes Landsforening hevdar at dei tilsette i deira næring er betre tente med gjeldande regelverk enn framlegget til Samferdselsdepartementet. Arbeidstakarane sine lønns- og arbeidsvilkår og pensjonsrettar vil bli marginalt påverka av å overføre arbeidsforholdet til ny arbeidsgjevar.
Jernbaneverket viser til framlegget i jernbaneloven § 8g andre ledd andre punktum om at regelen i første ledd berre skal gjelde i dei tilfelle konkurransen gjeld drift med same type transportmiddel som før. Dette vil gjere det meir økonomisk attraktivt å erstatte sporbunden transport med buss.
Klagenemnda for offentlige anskaffelser, Kollektivtrafikkforeningen og NHO viser til at det kan bli vanskeleg for oppdragsgjevar å sikre at leverandørar blir behandla likt, fordi eksisterande leverandør har fordelar ved å kjenne arbeidsstokken.
TL og Arbeidsgiverforeningen Spekter meiner at Samferdselsdepartementet må vurdere tidspunkta for når regelverket blir sett i verk. Framlegget kan mellom anna ikkje gjelde konkurransar som allereie er lyst ut, av omsyn til prinsippet om føreseielege konkurransar.
3.4.2 Høyringsutsegn om behov for særreglar
Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Kollektivtrafikkforeningen, NHO og KS viser til at det generelt ikkje bør bli innført særreglar i nokre bransjar og for nokre yrkesgrupper. Arbeids- og inkluderingsdepartementet ser det som positivt at framlegg til nye reglar ligg så nært opp til regelverket i arbeidsmiljøloven som mogleg.
KS viser til at ein må sjå alle arbeidsrettslege reguleringar i samanheng og at ein bør regulere arbeidstakarane sine rettar i ei lov.
Kollektivtrafikkforeningen, Rederienes Landsforening, NHO, HSH, Arbeidsgiverforeningen Spekter, KS, TL og Ruter viser til at uklare situasjonar kan oppstå når ein vil nytte regelverket for overdraging av verksemd etter arbeidsmiljøloven på alle konkurransar etter yrkestransportlova og jernbaneloven. Rederienes Landsforening viser til at det er upraktisk og lite tenleg å innføre lovføresegn som skal regulere tilsettingsvilkår fleire år fram i tid. Kollektivtrafikkforeningen viser til at «den gode vilje» som gjer seg gjeldande i vanlege overdragingar ikkje finst ved konkurransar i kollektivtransportsektoren.
Kollektivtrafikkforeningen, Arbeidsgiverforeningen Spekter, TL, Veolia og Ruter meiner at regelverket ikkje gjer det tilstrekkeleg klart kva som ligg i tidlegare arbeidsgjevar sine rettar og plikter. Dette gjeld til dømes kven av dei tilsette som er omfatta av framlegget og kva som ligg i omgrepet lønns- og arbeidsvilkår. Norsk Jernbaneforbund ønskjer at Samferdselsdepartementet skal presisere i forskrift at framlegget òg gjeld for underleverandørar, som til dømes driv med reinhald og vedlikehald av materiellet i kontrakten.
TL meiner regelverket er uklart mellom anna i høve til stillingsvernsaker, udekte lønns- og feriepengekrav og økonomisk ansvar for AFP-søknader. TL meiner difor at Samferdselsdepartementet må vurdere særreglar på transportområdet i høve til praksisen i arbeidsmiljøloven.
Klagenemnda for offentlige anskaffelser viser til at det ligg ei viss uvisse ved at arbeidsstokken kan endrast fram til tidspunktet når ny leverandør overtek rutedrifta. Rutermeiner at framlegget opnar for at ein leverandør som har tapt ein konkurranse, kan gjere avtalar med eigne tilsette, som får negative konsekvensar for overtakande føretak.
TL, HSH, Arbeidsgiverforeningen Spekter og Veolia viser til at verknader av ulike pensjonsordningar kan slå skeivt ut i konkurransen. Forslaget fører til at tilsette med rett til offentleg tenestepensjon kan bli overførte til eit føretak som ikkje er i stand til å tilby offentleg tenestepensjon. Desse føretaka risikerer å pådra seg særlege pensjonsplikter.
Rederienes Landsforening, NHO, TL og Ruter viser til at det er vanskeleg å forstå korleis ein skal utøve reservasjonsretten når det ikkje skjer ei overdraging av verksemd etter arbeidsmiljøloven § 16-1. TL hevdar at tapande føretak i ein konkurranse vil ønskje å sette frist for reservasjonsretten så seint så mogleg, i motsetnad til ved vanlege verksemdsoverdragingar. TL foreslår derfor å setje ein tre månadar lang frist for reservasjonsretten i lovframlegget. Ruter meiner òg det bør setjast ein lengre frist for reservasjonsretten enn det som gjeld i arbeidsmiljøloven.
NHO og KS meiner regelverket er uklart med omsyn til om prosessreglar og praksis etter arbeidsmiljøloven kan bli nytta i tilfelle som fell inn under yrkestransportlova. Dette gjeld i høve til informasjon og drøfting med tillitsvalde, rettstvistar, ulovfesta valrett, og kravet til likebehandling av tilsette frå verksemdsoverdraginga og eksisterande tilsette.
KS meiner at Samferdselsdepartementet må vurdere framlegget på nytt i høve til EØS-retten, på bakgrunn av ny rettspraksis som gjeld sak C341/05 Laval, sak C438/05 Viking Line og sak C346/06 Rüffert. KS spør om prinsippa frå desse domane kan avgrense det enkelte EØS-land sin fridom til å hindre fri flyt av mellom anna tenester.
Arbeidsgiverforeningen Spekter peiker på at konkurranseregimet i kollektivtransportsektoren fører til utryggleik for dei tilsette sine rettar. Arbeidsgiverforeningen Spekter ber Samferdselsdepartementet vurdere ein heimel for ny forhandling av kontraktar tildelt ved anbod.
3.4.3 Høyringsutsegn om avgrensing for tilfelle der ein byter til eit anna transportmiddel
Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Norges Taxiforbund meiner at Samferdselsdepartementet bør presisere at regelen rettar seg mot same type transportmiddel som før. Jernbaneverket meiner at det er uheldig at ein i det høvet ikkje skil mellom ulike typar sporbunden transport.
3.4.4 Høyringsutsegn om heimel for innhenting og kunngjering av informasjon
TL og Kollektivtrafikkforeningen hevdar at framlegget om heimel for innhenting og kunngjering av informasjon ikkje hindrar at eksisterande leverandør vil få ein konkurransefordel. Dette vil føre til meirkostnadar for oppdragsgjevar.
Yrkestrafikkforbundet ønskjer ikkje at oppdragsgjevar skal kunne krevje personopplysningar frå eksisterande leverandør.
Datatilsynet peiker på at ei publisering av informasjon om tilsette ved utlysing av konkurransen er uheldig. Dette vil føre til ei unødvendig og formålslaus spreiing av personopplysningar til ei uavgrensa gruppe av personar. Datatilsynet meiner det er tilstrekkeleg at oppdragsgjevar ved utlysning av konkurranse informerer om at dei som ønskjer å delta i konkurransen, kan få utlevert opplysningane.
Klagenemnda for offentlige anskaffelser viser til at i nokre tilfelle kan reglar om teieplikt hindre oppdragsgjevar i å gje informasjon om dei tilsette. I slike tilfelle kan det bli vanskeleg å tilfredsstille krava til å behandle leverandørar likt og at oppdraget er føreseieleg.
TL meiner at Samferdselsdepartementet ikkje kan pålegge føretak å levere ut opplysningar som har verknad på konkurransen, utan å gje økonomisk kompensasjon.
YS, Rederienes Landsforening og Arbeidsgiverforeningen Spekter peiker på at det kan gå lang tid frå kunngjering til avgjerd i ein konkurranse i kollektivtransportsektoren, og til tidspunktet for overdraging av verksemda. NHO og TL ber Samferdselsdepartementet vurdere ein heimel for ny forhandling av kontraktar tildelt ved anbod, i dei tilfella opplysningane i konkurransegrunnlaget ikkje er riktige. YS ønskjer at Samferdselsdepartementet vurderer å innføre ei plikt for eksisterande leverandør til å opptre lojalt i denne tida.
Ruter viser til at det må gjerast klart kven som har ansvar for uløyste konfliktar og tvistar mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar ved ei overdraging av verksemd. Ruter og NSB viser til at oppdragsgjevar må bere risikoen overfor deltakarar i ein konkurranse for at informasjonen er riktig. Ruter og Veolia meiner at eksisterande leverandør bør ha ansvar for informasjonen som er gjeven om tilsette sine lønns- og arbeidsvilkår.
Ruter viser til at ordlyden i høyringsframlegget kan tolkast slik at administrasjonsselskap ikkje kan krevje utlevering av informasjon, fordi leverandør som kjører på oppdrag frå administrasjonsselskap ikkje treng løyve for denne kjøringa.
HSH er negative til forslaget, og meiner det strir mot individet sin rett til vern av personopplysningar.
Arbeidsgiverforeningen Spekter foreslår at oppdragsgjevar kan sende ut oppdatert informasjon med kort frist for å revidere anbodet før endeleg avgjerd i konkurransen. Alternativt foreslår Arbeidsgiverforeningen Spekter at oppdragsgjevar stiller ein garanti for dei opplysningar som er gjevne. Arbeidsgiverforeningen Spekter ber òg Samferdselsdepartementet vurdere å spesifisere ordlyden i jernbaneloven ytterlegare, slik at ein ikkje kan misforstå kva tilsette og kva rettar som er omfatta av informasjonsplikta.
YS meiner at dei tilsette sine tillitsvalde bør høyrast når oppdragsgjevar hentar inn informasjon om tilsette.
Norsk jernbaneforbund peiker på at det er viktig å ta vare på personvernet for tilsette i små verksemder der tilhøva er gjennomsiktige.
3.4.5 Høyringsutsegn om vurdering av oppheving av gjeldande regler - lovregulering av forskriftsheimel om sosial dumping
Buskerud fylkeskommune, Østfold fylkeskommune, Vestfold fylkeskommune, Troms fylkeskommune, Telemark fylkeskommune, Oppland fylkeskommune, Hordaland fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune, Sjømannsorganisasjonene i Norge, Yrkestrafikkforbundet, Norges Jernbaneforbund og Norsk Lokomotivmannsforbund støttar framlegget.
HSH meiner forslaget fører til uklare og skjønnsmessige avgrensingar, og foreslår alternativt innføring av nasjonal minsteløn.
3.5 Vurdering
På bakgrunn av høyringa har Samferdselsdepartementet gjort einskilde presiseringar i lovforslaget.
Fleire høyringsinstansar hevdar at høyringsframlegget frå Samferdselsdepartementet ikkje gjer det tilstrekkeleg klart kva som ligg i tidlegare arbeidsgjevar sine rettar og plikter. Dette gjeld kven av dei tilsette som er omfatta av framlegget, og kva som ligg i omgrepet lønns- og arbeidsvilkår. TL viser konkret til at regelverket er uklart med omsyn til kva for plikter som følgjer med ei overdraging til ny arbeidsgjevar i høve til stillingsvernsaker, udekte lønns- og feriepengekrav og økonomisk ansvar for AFP-søknader.
Det er vist til at uklare situasjonar kan oppstå når ein vil nytte regelverket for overdraging av verksemd etter arbeidsmiljøloven på alle konkurransar etter yrkestransportlova og jernbaneloven. Dette gjeld i høve til informasjon og drøfting med tillitsvalde, rettstvistar, ulovfesta valrett, og kravet til likehandsaming av tilsette frå verksemdsoverdraginga og eksisterande tilsette. Kollektivtrafikkforeningen viser til at «den gode vilje» som gjeld i vanlege overdragingar ikkje finst ved konkurransar i kollektivtransportsektoren.
Det er vist til at det er vanskeleg å forstå korleis ein skal utøve reservasjonsretten, når det ikkje finn stad ei overdraging av verksemd etter arbeidsmiljøloven § 16-1. Det er òg vist til at framlegget fører til at tilsette med rett til offentleg tenestepensjon kan bli overførte til eit føretak som ikkje er i stand til å tilby offentleg tenestepensjon.
Fleire meiner at Samferdselsdepartementet må vurdere særreglar på transportområdet i høve til praksisen i arbeidsmiljøloven.
Slik Samferdselsdepartementet har forstått regelverket for verksemdsoverdraging, er dei nemnte problemstillingane regulert gjennom arbeidsmiljøloven. Det er omfattande rettspraksis for reglane om verksemdsoverdraging i arbeidsmiljøloven. Rettspraksisen er med og avklarar kva som ligg i rettar og plikter, reservasjonsrett, valrett, oppseiingsvern o.a.
Etter gjeldande rett får allereie regelverket for overdraging av verksemd verknad for nokre konkurransar i kollektivtransportsektoren, når krava til overføring etter arbeidsmiljøloven § 16-1 er oppfylte. Samferdselsdepartementet viser difor til at gjeldande regelverk uansett regulerer verksemdsoverdraging i sektoren.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet meiner at det ikkje er behov for ytterlegare unntak frå arbeidsmiljølova (utover unntaket frå § 16-1), og at det er viktig å unngå å innføre særskilte reglar som kan reise tolkingsspørsmål om avvik frå praksis etter arbeidsmiljølova. I høyringsframlegget gjekk det likeins fram at det, ut frå rettstekniske omsyn, ikkje er ønskjeleg å skape særreglar, utover avviket frå arbeidsmiljølova § 16-1.
Samferdselsdepartementet held fast ved vurderinga, og fremjar ingen ytterlegare særreglar i yrkestransportlova og jernbaneloven, utover avviket frå arbeidsmiljølova § 16-1 som omtalt i høyringsframlegget.
Samferdselsdepartementet har endra framlegget i tråd med innspela frå TL og Arbeidsgiverforeningen Spekter om at framlegget ikkje kan gjelde for konkurransar som er lyst ut når lova trer i kraft, av omsyn til prinsippet om føreseielege konkurransar.
Samferdselsdepartementet er einig med Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Norges Taxiforbund om at lovteksten bør presisere at regelen rettar seg mot same type transportmiddel som før.
Samferdselsdepartementet er einig med Datatilsynet i at det er tilstrekkeleg at oppdragsgjevar ved utlysning av konkurranse informerer om at dei som ønskjer å delta i konkurransen, kan få utlevert opplysningar om dei tilsette.
Samferdselsdepartementet har tatt omsyn til Ruter sin merknad om at heimelen for innkrevjing av informasjon òg må gjelde administrasjonsselskap. Tilsvarande vil gjelde for plikt til utlevering av informasjon.
Når det gjeld andre tilhøve til heimelen for innhenting og kunngjering av informasjon vil Samferdselsdepartementet peike på at noverande leverandør i utgangspunktet vil sitje på informasjon om dei tilsette, og om andre delar av drifta, som ikkje er tilgjengeleg for alle. Heimelen for innhenting og kunngjering av informasjon er meint å bidra til at vilkåra for konkurransen skal vere så like som mogleg for alle interesserte leverandørar. Samferdselsdepartementet trur likevel ikkje at heimelen for innhenting og kunngjering av informasjon fullt ut vil vege opp for at leverandørane sit på ulik informasjon, og at eksisterande leverandør vil ha ein viss fordel i konkurransar.
Samferdselsdepartementet meiner at ein eigen heimel for ny forhandling av kontraktar tildelt ved anbod, i dei tilfella opplysningane i konkurransegrunnlaget ikkje lenger er reelle, lett kan komme i strid med forhandlingsforbodet ved anbodskonkurransar. Sjå til dømes forskrift om offentlige anskaffelser § 12-1 første ledd og § 21-1 første ledd, og forskrift om anbud i lokal rutetransport § 5 første ledd.
Samferdselsdepartementet har i høyringsmaterialet til kollektivtransportforordninga signalisert ei mogleg oppheving av forskrift om anbud i lokal rutetransport, jf. høyringsbrev av 12. desember 2008. Dette kan i enkelte tilfelle mjuke opp forbodet mot forhandlingar ved konkurranse om tenestekonsesjonar i sektoren. Etter ei oppheving må oppdragsgjevar gjere ei sjølvstendig vurdering av om ein vald konkurranseprosedyre, under dette eventuelle forhandlingar i etterkant av eit anbod, er i tråd med EØS-regelverket. Høvet til forhandlingar er restriktivt sjølv om forskrift om offentlige anskaffelser ikkje gjeld. Dette kjem av EØS-retten sitt krav til lik handsaming av leverandørar ved tildeling av tenestekonsesjonar.
Samferdselsdepartementet er klar over utfordringane i høve til tidsspennet frå opplysningar om dei tilsette blir gjevne, til ny leverandør overtar drift av ei kollektivtransportteneste. Samferdselsdepartementet vil i samband med denne utfordringa og i samband med arbeidet med implementeringa av kollektivtransportforordninga, vurdere rettleiingstiltak overfor fylkeskommunane for å bidra til at konkurranse om kollektivtransporttenester blir gjennomført i tråd med gjeldande rettslege krav, og at konkurranse fører til auka verdiskaping og effektiv ressursbruk.
3.6 Administrative og økonomiske konsekvensar
For å vurdere verknader av det føreslåtte regelverket har Transportøkonomisk institutt (TØI) på oppdrag frå Samferdselsdepartementet laga rapporten « Økonomiske og administrative virkninger av å styrke ansattes rettigheter i kollektivtransport», TØI rapport 896/2007. Ein kan søkje opp rapport 896/2007 frå heimesida til TØI: www.toi.no.
Hovudpunkta i rapporten frå TØI er:
Framlegget vil ha verknad for tilsette, føretak og offentlege oppdragsgjevarar i kollektivtransporten. Verknadene av konkurranseutsetjing er erfaringsmessig størst første gongen ei teneste blir konkurranseutsett. Den føreslåtte regelendringa har likeins størst verdi ved første konkurranseutsetjing.
Tiltaket vil gje auka stillingsvern, noko som kan motverke utstøyting av arbeidstakarar. Andre lønns- og arbeidsvilkår blir i liten grad påverka av tiltaket. Årsaka er at vilkåra allereie er regulerte gjennom eksisterande regelverk, pålegg frå offentlege oppdragsgjevarar og i stor grad sentraliserte tariffavtalar i dei ulike transportsektorane. Det er mogleg at regelverket kan bidra til vidareføring av særskilde pensjonsrettar for tilsette i jernbanen, inkludert sporveg, tunnelbane og forstadsbane. Grunngjevinga er at dette personellet er ein kritisk faktor for leverandørane, og at reservasjonsretten vil gje dei tilsette auka forhandlingsstyrke.
Partane i rutebilnæringa har vorte einige om to identiske bransjeavtalar, som gradvis trer i kraft fram mot 2012. Det betyr at konkurranse ikkje vil påverke dei fleste sidene av lønns- og arbeidsvilkåra i denne bransjen.
Det er grunn til å rekne med at den føreslåtte lovendringa vil redusere utsiktene for effektivisering og omstilling. Årsaka er at leverandørane må bu seg på større omstillingskostnader. Verknaden er likevel ei omfordeling av omstillings- og oppseiingskostnader.
I høve til konkurransen kan noverande leverandør få ein fordel fordi han kjenner arbeidsstokken og organisasjonen best. Dette vil ha negativ verknad på konkurransen.
Offentlege oppdragsgjevarar får marginalt auka mengd arbeid ved konkurranseutsetjing av transporttenester. Mellom anna vil det å hente relevant informasjon om dei tilsette krevje handsaming. Erfaringane frå konkurranseutsettinga av Gjøvikbana tyder på at dei administrative meirkostnadene er marginale.
Redusert effektivisering og omstilling kan føre til at kostnadene ved offentlege kjøp vil auke. Dei negative verknadene vil i følgje rapporten først og fremst gjelde der konkurranse blir teken i bruk for første gong. TØI viser og til at spørsmålet om verknaden av konkurranse ikkje er isolert frå andre trekk ved det offentlege kjøpet, som er avgjerande for å få til reell konkurranse.
I handsaminga av administrative og økonomiske verknader ser Samferdselsdepartementet i hovudsak verknadene som generelle for alle transportgreinene.
Samferdselsdepartementet sluttar seg til TØI sine vurderingar om at framlegget vil gje auka stillingsvern, og peiker vidare på at betra stillingsvern generelt vil kunne medverke til større tryggleik og stabilitet for arbeidstakarane.
Samferdselsdepartementet vil elles gje desse vurderingane i saka:
Det er grunn til å skilje mellom utslaga for noverande operatør og føretak som potensielt kan overta kontrakten. Om noverande leverandør tapar kontrakten i samband med ei konkurranseutsetjing vil leverandøren kome i ein betre situasjon med det føreslåtte regelverket, fordi han slepp å ta hand om mogleg overtalig personell. Eventuelle omstillingskostnader vil bli tilordna føretaket som vinn kontrakten. Ein konsekvens av det er at føretaka vil prise inn eventuelle omstillingskostnader i tilboda. Det vil ikkje bli mindre attraktivt å overta kontrakten med det føreslåtte regelverket.
Det føreslåtte regelverket har derfor neppe negative verknader for føretak som er etablerte i næringa. Noverande leverandørar, særleg i tilfelle dei ikkje er effektive, vil ha fordel av tiltaket, fordi dei slepp å ta omstillingskostnadene sjølve.
Ein vil søkje å avhjelpe konkurransefordelen til noverande leverandør gjennom framlegget om heimel for å hente relevant informasjon om dei tilsette. Det er likevel ikkje truleg at heimelen for innhenting og kunngjering av informasjon fullt ut vil vege opp for at leverandørane sit på ulik informasjon, og at eksisterande leverandør vil ha ein viss fordel i konkurransar.
Tiltaket vil velte eventuelle omstillingskostnader over frå noverande leverandør til offentleg oppdragsgjevar. Oppdragsgjevarane må altså betale for korleis deira val med omsyn til konkurranseutsetjing påverkar arbeidstakarane.
For fylkeskommunane vil det føreslåtte regelverket ha mest utslag for oppdragsgjevarar som ikkje allereie har konkurranseutsett kollektivtransporttenestene sine.
Den nye bransjeavtalen vil gje vesentlig betre vilkår for dei tilsette i rutebilnæringa. Bransjeavtalen vil òg gjere at dei fleste av lønns- og arbeidsvilkåra i rutebilbransjen i liten grad vil bli påverka av lovframlegget. Vidare finn ein grunn til å peike på at bransjeavtalen i rutebilnæringa vil gje ei monaleg auke i kostnadene fram til han er gjennomført i 2012. Kostnadsauka som følgje av bransjeavtalen vil skje uavhengig av det føreslåtte regelverket.
Vurderinga er at det føreslåtte regelverket neppe vil føre til ein auke i kostnadene for offentlege oppdragsgjevarar frå dagens nivå, og det er difor ikkje grunnlag for å kompensere fylkeskommunane.
Det skal understrekast at det er eit stadig behov for å modernisere, fornye og effektivisere kollektivtransporten, slik at ein får ei meir miljøvennleg og effektiv samferdsel. Lovframlegget kan, slik Finansdepartementet i si høyringsutsegn hevdar, «virke i retning av å låse fast dagens driftsmønster, og derfor på sikt gjøre kollektivtransporten mindre effektiv.» Likevel vil modernisering, fornying og effektivisering kunne skje på andre områdar enn ved innsparingar som følgje av at ein svekkjer dei tilsette sine lønns- og arbeidsvilkår. Parametrane i konkurransar om kollektivtransportoppdrag vil i staden vere meir effektiv drift, betre marknadstilpassing, betre kjøremønster, nye løysingar osv. Ei slik sikring av dei tilsette sine rettar er avpassa i forhold til ansvaret for det offentlege som oppdragsgjevar.
Verknaden av å styrke tilsetje sine rettar kan ikkje sjåast isolert frå andre sider av det offentlege kjøpet. I samband med lovframlegget, vil ein vurdere rettleiingstiltak overfor fylkeskommunane for å bidra til at konkurranse om kollektivtransporttenester fører til auka verdiskaping og effektiv ressursbruk.
I høve til dag vil ikkje framlegget gje auka kostnader for samfunnet totalt sett. Omstillingskostnader ved overtalige tilsette blir ført over frå noverande leverandør til offentleg oppdragsgjevar. Dette styrkjer situasjonen for dei tilsette i sektoren, medan offentlege oppdragsgjevarar får noko dårlegare utsikter til innsparingar.