4 Heving av aldersgrensa for kjøresetel
4.1 Gjeldande rett
For å kunne kjøre motorvogn i persontransport som er løyvepliktig etter yrkestransportlova krev lova at sjåføren har kjøresetel. For å kunne få kjøresetel er det mellom anna krav om at sjåføren oppfyller helsekrava som er sette for å kunne få førarkort for tyngre kjøretøy (førarkort klasse D). Kjøresetel blir utferda av politiet på grunnlag av m.a. helseattest. Klage i tilknyting til den medisinske vurderinga som blir lagt til grunn for utferding av helseattest kan rettast til Helsedirektoratet. Klage knytt til politiet si avgjerd i saker som gjeld kjøresetel kan rettast til Politidirektoratet.
Yrkestransportlova § 37 a, tredje ledd, seier at kjøresetel ikkje kan bli utferda lenger enn til innehavar fyller 70 år. Dersom særlege helseforhold tilseier det, skal perioden kjøresetelen er gyldig, setjast kortare.
I brev av 3. november 2008 frå Samferdselsdepartementet til Justisdepartementet, oppmoda Samferdselsdepartementet om det kan opnast for ein meir lempeleg praksis når det gjeld søknader om individuelle dispensasjonar frå regelverket inntil ei lovendring er på plass.
4.2 Høyringsframlegg
Samferdselsdepartementet foreslo å heve gjeldande aldersgrense for kjøresetel frå 70 til 75 år. Samferdselsdepartementet fann det naudsynt at omsynet til helsekravet blir teke vare på gjennom årleg fornying av helseattesten. Det vart lagt til grunn at politiet kan utferde kjøresetel for eit år om gongen for personar som er eldre enn 70 år på bakgrunn av ny helseattest, men ikkje med lengre gyldigheit enn til vedkomande har fylt 75 år.
4.3 Høyringsutsegn
Politidirektoratet støttar framlegget. Politidirektoratet viser til at Helse- og omsorgsdepartementet finn det heilt naudsynt at omsynet til helsekravet blir stetta gjennom årleg fornying av helseattest, og gjev tilslutnad til dette. Politidirektoratet har merka seg at det i høyringsframlegget blir lagt opp til ei ordning med årleg fornying av kjøresetel. Utrykningspolitiet meiner at kjøresetelen bør bli utferda med gyldigheit fram til fylte 75 år, men under føresetnad av at innehavaren har med gyldig helseattest under kjøring. Politidirektoratet gjev tilslutnad til dette forslaget, som vil føre til at politiet unngår meirarbeid som følgje av ei heving av aldersgrensa.
Politidirektoratet reiser elles spørsmål om aldersgrensa for å inneha drosjeløyve òg bør hevast til 75 år.
Rogaland fylkeskommune meiner at dersom aldersgrensa blir heva, bør aldersgrensa for å kunne ha drosjeløyve òg bli heva tilsvarande frå 70 til 75 år.
Buskerud fylkeskommune støttar ikkje framlegget, og meiner i staden at politiet bør få høve til å gje dispensasjon frå alderskravet på 70 år når det av omsyn til trafikkavviklinga er naudsynt, og vedkomande sjåfør har tilstrekkeleg god helse.
Norsk Jernbaneforbund kan ikkje sjå at det ligg føre nokon sakleg grunn til å heve aldersgrensa i høve til dei føresetnadene gjeldande aldersgrense er basert på, og foreslår at ein stryk framlegget.
Yrkesorganisasjonenes sentralforbund (YS) meiner at det er den enkelte si evne til å utføre arbeid og ikkje oppnådd alder som bør vere avgjerande for kor lenge ein kan stå i eit yrke. YS viser i den samanhang til at det er svært store variasjonar i den enkelte si evne til å fungere både fysisk og psykisk. YS viser vidare m.a. til at det vil vere meiningslaust å tvinge arbeidstakarar ut av yrket tidleg dersom dei er motivert til å fortsetje. Dei viser vidare til at levealderen aukar og eldre menneske har gjennomgåande betre helse enn tidlegare. Det tilseier at det er forsvarleg å justere aldersgrensene oppover. Ein viktig føresetnad er at dei årlege helsekontrollane blir gjennomført på ein trygg måte. Det er heilt naudsynt at arbeidstakarar som har ansvaret for å transportere mange menneske er fysisk og psykisk skikka til å gjere dette på ein god og trygg måte. YS knyter òg ein merknad til at etter kvart som levealdersjustering gjer seg gjeldande vil mange måtte arbeide til 67 år og lenger for å få ein akseptabel pensjon. Det vil undergrave bussjåførane sine mogelegheiter til å få ein akseptabel pensjon dersom dei blir tvinga ut av yrket.
Yrkestrafikkforbundet går òg inn for å heve aldersgrensa for kjøresetel, basert på årleg søknad om fornying.
Norsk Tranportarbeiderforbund har ingen merknader til forslaget, men føreset at dette blir aktivt følgt opp både av helsestyresmaktene og trafikkstyresmaktene med tanke på å ivareta trafikktryggleiken.
Transportbedriftenes Landsforening (TL) viser til tidlegare fråsegn til Samferdselsdepartementet i høve til denne saka, og ser det slik at dei bussjåførane mellom 70 og 75 år som har ei svært god helse representerer ein ressurs som busselskapa har behov for. Det er òg sterkare fokus på dei mogelegheitene eldre arbeidstakarar har i arbeidsmarknaden til å ønskje fleksible arbeidsordningar. Ei slik ordning vil vere meir i tråd med dei ordningane som finst i Sverige og Danmark, og gje norske yrkessjåførar tilsvarande rettar der som desse landa sine sjåførar har i Noreg.
Norges Taxiforbund går inn for å heve aldersgrensa for kjøresetel, men meiner det blir eit misforhold mellom regelverket for å kunne inneha drosjeløyve (til fylte 70 år) og den foreslåtte aldersgrensa for kjøresetel på 75 år. Etter forbundet si meining bør det stillast strengare krav for å kjøre i løyvepliktig persontransport enn for å kunne inneha løyve. For andre slag løyve er det inga aldersgrense.
Statens seniorråd er nøgd med at Samferdselsdepartementet foreslår lovendring som kan bidra til å hindre aldersdiskriminering av eldre arbeidstakarar.
4.4 Vurdering
Det er stor semje om å heve aldersgrensa for kjøresetel til 75 år og det er ikkje kome innvendingar som gjev grunnlag for ikkje å heve aldersgrensa.
Politidirektoratet og Utrykningspolitiet meiner at kjøresetelen kan utferdast for fem år til fylte 75 år, under føresetnad av at innehavaren har med legeattest under kjøring som ikkje er meir enn eitt år gamal. Politidirektoratet meiner at det gjer at politiet unngår meirarbeid som følgje av ei heving av aldersgrensa. Samferdselsdepartementet er samd i dette.
Norges Taxiforbund meiner den øvre grensa for å kunne ha drosjeløyve samstundes bør hevast til 75 år, og viser til at det ikkje er aldersgrense for andre slag løyve. Samferdselsdepartementet viser til at drosjeløyve er behovsprøvde, og bakgrunnen for aldersgrensa på 70 år er at forventninga om sirkulasjon av løyve ved at løyve blir lyst ledige etter ei viss tid er med på å oppretthalde rekrutteringa som sjåfør til yrket. Ei ordning der drosjeløyva blir bundne opp på same hand i 5 år til vil svekkje rekrutteringa til yrket. Dette omsynet gjer seg ikkje gjeldande for andre slag løyve som ikkje er behovsprøvde. Omsynet gjer seg heller ikkje gjeldande for dei behovsprøvde løyveslaga selskapsvogn og for transport for funksjonshemma, der det ikkje er ventelister for å kunne få eige løyve. Samferdselsdepartementet meiner at dagens dispensasjonspraksis som opnar for at løyvehavarar over 70 år kan få løyve, der det ikkje er andre søkjarar og løyvestyresmakta ser det som tenleg, er tilstrekkeleg.
Det er ikkje knytt nokon føresetnad om å inneha kjøresetel for å kunne ha drosjeløyve i dag. Samferdselsdepartementet ser derfor ikkje samanhengen mellom framlegget om å auke alderen for å kunne ha kjøresetel til maksimalt 75 år etter årleg fornying av førarrett og kjøresetel og det å ha løyve i 5 år lenger enn det er høve til i dag. Etter Samferdselsdepartementet si vurdering vil forslaget til endring av regelen om kjøresetel kunne bidra til å løyse ein del av problema drosjenæringa har i dag med å skaffe sjåførar til drosje, ved at eldre friske sjåførar og eventuelt tidlegare løyvehavarar kan nyttast som ein ressurs i næringa.
4.5 Økonomiske og administrative konsekvensar
Ei heving av aldersgrensa for kjøresetel vil kunne føre til eit marginalt meirarbeid for politiet, som har ansvar for å utferde kjøresetlar. Samferdselsdepartementet har ikkje grunn til å tru at det blir eit stort omfang av eldre over 70 år som vil nytte retten til å ta ut kjøresetel for buss, kanskje nokon fleire i drosjenæringa.
På den andre sida vil mogelegheita til at fleire eldre får høve til å utøve yrket som sjåfør representere ein fleksibel arbeidsreserve til fordel for transportnæringa og for samfunnet totalt sett.