8 Endringar utan materielle konsekvensar
8.1 Gjeldande rett og høyringsframlegg
Det er i yrkestransportlova § 37 h vist til at politiet i klagesaker om krav til helse og førleik for kjøresetel skal byggje på endeleg avgjerd frå Statens helsetilsyn om helsetilhøve. Det vil vere Helsedirektoratet som skal handsame slike saker, og ordlyden i § 37 h blir endra i samsvar med dette.
Bruken av omgrepet «anbod» i lova bør erstattast med det vidare omgrepet «konkurranse». Endringa er ikkje meint å gje materielle utslag. Bakgrunnen for endringa er at konkurranse ved tildeling av løyve etter yrkestransportlova òg kan gjennomførast på andre måtar enn ved rein anbodskonkurranse; til dømes der lov om offentlige anskaffelser med tilhøyrande forskrifter gjeld direkte, og denne lova opnar for andre konkurranseformer enn anbod.
8.2 Høyring og vurdering
Det var ingen særskilte argument mot framlegget i høyringa, og Samferdselsdepartementet held fast ved framlegget.