1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Justisdepartementet legg med dette fram forslag om einskilde endringar i reglane om dokumentinnsyn og provføring i lov 22. mai 1981 nr. 25 om rettergangsmåten i straffesaker (straffeprosessloven). Føremålet med forslaget er å gi påtalemakta betre høve til å verne sensitiv informasjon. Det går fram av regjeringa si politiske plattform (Soria Moria-erklæringa) at måla for nedkjempinga av kriminaliteten er å førebyggje betre, klåre opp meir, handsame sakene raskare og rehabilitere betre. For å nå desse måla i kampen mot organisert og anna alvorleg kriminalitet, er det ein føresetnad at politiet og påtalemakta kan nytte effektive metodar.
Forslaget i proposisjonen her går for det første ut på å endre straffeprosessloven § 242 a om høvet til å nekte innsyn i opplysningar (av omsyn til livet og helsa til informantar o.a.), slik at det går klart fram at føresegna også kan verte brukt for å halde unna frå innsyn opplysningar som har danna grunnlaget for bruken av ekstraordinære tvangsmiddel (såkalla «inngangsopplysningar»). Inngangsopplysningar kan, forutan informantopplysningar, bestå av informasjon politiet har skaffa seg ved bruk av politimetodar eller opplysningar som har vorte overførde frå andre land. Same endringa vert foreslått i § 292 a, slik at retten har høve til å avskjere prov om slike omstende.
Vidare foreslår departementet at dokumenta i ei innsynssak etter § 242 a og ei provavskjeringssak etter § 292 a ikkje skal inngå i dokumenta i straffesaka og at dimed den mistenkte/sikta ikkje skal kunne få innsyn. Innsynssaka og provavskjeringssaka skal verte å rekne som eigne saker, uavhengige av den opphavlege straffesaka. Etter forslaget skal dei involverte ha teieplikt om det omstendet at det er kravd nekting av innsyn eller provføring og om dei opplysningane som kjem fram under handsaminga av kravet. Den mistenkte/sikta skal ikkje ha prosessuelle rettar i innsynssaka eller provavskjeringssaka, utanom retten til advokat nemnt opp etter straffeprosessloven § 100 a. I forlenginga av dette går departementet inn for at den mistenkte ved skjult etterforsking ikkje skal få status som sikta ved at påtalemakta set fram krav om nekting av innsyn etter § 242 a.
Endeleg foreslår departementet at den mistenkte/sikta ikkje skal få varsel om ein orskurd der retten avslår eit krav om innsynsnekt (§ 242 a) eller provavskjering (§ 292 a). Når retten gir påtalemakta medhald i eit slikt krav, skal den mistenkte/sikta få varsel om konklusjonen i orskurden, men ikkje premissane. Departementet går inn for ein regel om utsett varsling ved skjult etterforsking. Varsling skal her skje seinast samstundes med at den mistenkte får varsel om etterforskinga.
Forslaga er etter departementet sitt syn i samsvar med krava i Den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK) og andre folkerettslege pliktar som Noreg har, sjå nærare kapittel 5 i proposisjonen.
Under høyringa av lovforslaget har det vore reist vanskelege og prinsipielle spørsmål, som bør greiast ut nærare. Justisdepartementet vil om kort tid setje ned eit utval som mellom anna skal gå gjennom reglane om dokumentinnsyn i straffeprosessloven. Dette utvalet vil vurdere om det er trong til ytterlegare lovendringar.