1 Innleiing
1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Denne proposisjonen inneheld framlegg til endringar i opplæringslova.
Framlegget inneber at ungdom med teiknspråk som førstespråk får lovfesta rett til å velje vidaregåande opplæring i og på teiknspråk i eit teiknspråkleg miljø eller vidaregående opplæring med tolk i vanlege vidaregåande skolar. Bakgrunnen er at Stortinget 17. juni 1997 gjorde dette vedtaket i samband med behandlinga av Innst S nr 275 (1996-97) om dok 8:25 (1996-97):
«Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om endringer i lovverket for videregående skole slik at hørselshemmet ungdom får lovfestet rett til å velge videregående opplæring på tegnspråk i et tegnspråklig miljø eller videregående opplæring med bruk av tolk i et norskspråklig miljø.»
I tillegg gjer departementet framlegg om andre endringar i opplæringslova som i hovudsak gjeld presiseringar i lovteksten i samsvar med gjeldande rett.
Kapittel 2 er ei framstilling av gjeldande rett for hørselshemma elevar i grunnskole og vidaregåande opplæring.
Kapittel 3 inneheld, på bakgrunn av stortingsvedtaket, framlegg om endringar i opplæringslova som gir rettar for ungdom som har teiknspråk som førstespråk. Dette er ei punktvis framstilling av dei ulike endringane, med omtale av framlegget slik det blei presentert i høringsnotatet, synspunkt frå høringsinstansane og vurderingane til departementet.
Kapittel 4 er ei framstilling av nødvendige tiltak i samband med lovframlegget om rettar for ungdom med teiknspråk som førstespråk.
Kapittel 5 inneheld framlegg om endringar i opplæringslova §§ 1-1, 2-3 andre leddet, 3-3 sjette leddet, 3-4 første leddet, og 10-3. Endringane inneber i hovudsak presiseringar i forhold til gjeldande reglar som blir førte vidare i opplæringslova. I tillegg foreslår departementet ein heimel til å gjere avvik frå opplæringsordninga for fag med høge teorikrav og/eller sertifiseringskrav.
Kapittel 6 er ei vurdering av dei økonomiske og administrative konsekvensane av lovframlegga.
Kapittel 7 inneheld merknader til dei enkelte reglane i framlegget.
1.2 Høring - framlegg om rettar for ungdom med teiknspråk som førstespråk
På bakgrunn av stortingsvedtaket 17. juni 1997, sende Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet 11. januar 1999 eit høringsnotat med framlegg om at ungdom med teiknspråk som førstespråk, får lovfesta rett til å velje vidaregåande opplæring i og på teiknspråk i eit teiknspråkleg miljø, eller rett til å velje å bruke tolk i vanlege vidaregåande skolar. I tillegg vart det gjort greie for nødvendige tiltak i samband med lovframlegget, mellom anna kompetanseheving av lærarar, utvikling av læreplanar og utvikling av læremiddel. Høringsnotatet vart sendt til desse høringsinstansane:
Akademikerne
Akademikernes Fellesorganisasjon
Arbeids- og administrasjonsdepartementet
Barne- og familiedepartementet
Barneombodet
Elevorganisasjonane
Finans- og tolldepartementet
Foreldreutvalet for grunnskolen
Foreningen Norges Døvblinde
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon
Fylkeskommunane
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon
Høgskolen i Trøndelag
Hørselshemmedes Landsforbund
Justisdepartementet
Kommunal- og regionaldepartementet
Kommunane
Kommunenes Sentralforbund
Landsforbundet for kombinert syns- og hørselshemmede/døvblinde
Landsorganisasjonen i Norge
Lærarorganisasjonane
Nasjonalt læremiddelsenter
Norges Døveforbund
Norges Handikapforbund
Norsk Audiopedagogisk Forening
Norsk Forbund for Døvetolker og Døvblindetolker
Norsk Forbund for Fjernundervisning
Norsk Forbund for Utviklingshemmede
Næringslivets Hovedorganisasjon
Private landbruksskolar
Private vidaregåande skolar
Programmet for Nord-Noreg
Rådet for fagopplæring i arbeidslivet
Rådet for funksjonshemmede
Samisk utdanningsråd
Sivilombodsmannen
Sosial- og helsedepartementet
Statens utdanningskontor
Statlege landbruksskolar
Statlege vidaregåande skolar
Styret for statlege spesialpedagogiske kompetansesentra
Universitetet i Oslo v/Institutt for spesialpedagogikk
Voksenopplæringsforbundet
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
Fristen for å uttale seg vart sett til 5. mars 1999. Departementet har motteke svar med merknader til høringsnotatet frå følgjande instansar:
Akershus fylkeskommune
Andebu Kompetanse- og Skolesenter
Arbeidsdirektoratet
Barneombodet
Foreldreutvalet for grunnskolen
Heimdal vidaregåande skole
Hordaland Foreldrelag for Hørselshemmede
Høgskolen i Sør-Trøndelag
Kautokeino kommune
Kommunal- og regionaldepartementet
Landsorganisasjonen i Norge
Landsstyret for foreldrerådets arbeidsutvalg ved døveskolane
Lærarforbundet
Møller kompetansesenter
Nedre Gausen kompetansesenter
Nordland fylkeskommune
Norges Døveforbund
Norsk Elevorganisasjon
Norsk Forbund for Døvetolker og Døvblindetolker
Norsk Lærarlag
Oslo kommune
Rogaland fylkeskommune
Rådet for funksjonshemmede
Ski kommune
Skådalen kompetansesenter
Stange kommune
Statens utdanningskontor i Buskerud
Statens utdanningskontor i Hordaland
Statens utdanningskontor i Oppland
Statens utdanningskontor i Sogn og Fjordane
Statens utdanningskontor i Sør-Trøndelag
Statens utdanningskontor i Vestfold
Styret for statlege spesialpedagogiske kompetansesentra
Sør-Trøndelag fylkeskommune
Telemark fylkeskommune
Troms fylkeskommune
Universitetet i Oslo v/ Institutt for spesialpedagogikk
Vest-Agder fylkeskommune
Vestfold fylkeskommune
Vestlandet kompetansesenter
Voksenopplæringsforbundet
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
Departementet har i tillegg motteke tilbakemelding frå 10 instansar som ikkje har merknader til framlegget, eller som ikkje ønskjer å uttale seg. Departementet har vurdert og teke omsyn til høringsfråsegner som er komne inn etter fristen.
Høringsfråsegnene viser at alle som har komme med merknader til lovframlegget, er positive til framlegget om at ungdommar som har teiknspråk som førstespråk, no skal få rett til å velje om dei vil ha vidaregåande opplæring i eit teiknspråkleg miljø, eller om dei vil bruke tolk i vanlege vidaregåande skolar. Det er også stor tilslutning til dei einskilde framlegga om lovendringar. Det nærmare innhaldet i høringsfråsegnene vil bli omtalt i tilknyting til dei einskilde lovframlegga.
1.3 Høring - framlegg om andre endringar i opplæringslova
Departementet sende 8. mars 1999 eit høringsnotat med framlegg til lovendringar til desse høringsinstansane:
Dei politiske partia
Elevorganisasjonane
Finansdepartementet
Foreldreutvalet for grunnskolen
Fylkeskommunane
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon
Kommunal- og regionaldepartementet
Kommunane
Kommunenes Sentralforbund
Landslaget for Norges Lærerstudenter
Landsorganisasjonen i Norge
Landsrådet for Norske Barne- og Ungdomsorganisasjoner
Lærarforbundet
Maskinentreprenørenes Forbund
Meisterbrevnemnda
Norges Rederforbund
Norsk Leirskoleforening
Norsk Lærarlag
Norsk Skolelederforbund
Norsk språkråd
Næringslivets Hovedorganisasjon
Opplæringsråda
Rådet for fagopplæring i arbeidslivet
Sivilombodsmannen
Sjøfartsdirektoratet
Skolenes Landsforbund
Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter
Statens utdanningskontor
Statlege vidaregåande skolar
Studieforbundet Folkeuniversitetet
Vaksenopplæringsforbundet
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
Høringsnotatet inneheldt framlegg om endringar i opplæringslova §§ 1-1, 2-3, 3-3, 3-4, 4-8 og 10-3.
Fristen for å uttale seg vart sett til 19. april 1999. Departementet har motteke svar med merknader til høyringsnotatet frå følgjande instansar:
Drammen kommune
Kommunal- og regionaldepartementet
Landsorganisasjonen i Norge
Lærerforbundet
NAVO
Nore og Uvdal kommune
Norges Rederforbund
Norsk Leirskoleforening
Næringslivets Hovedorganisasjon
Opplæringsrådet for berg-, bygg- og anleggsfag
Opplæringsrådet for byggtekniske fag
Opplæringsrådet for flyfag
Opplæringsrådet for handels- og kontorfag
Opplæringsrådet for helse- og sosialfag
Opplæringsrådet for kjemi- og prosessfag
Opplæringsrådet for metallbearbeidende og elektromekaniske fag
Opplæringsrådet for naturbruksfag
Opplæringsrådet for servicefag
Opplæringsrådet for transporttekniske fag
Opplæringsrådet for tre- og møbelfag
Rådet for fagopplæring i arbeidslivet
Skolenes Landsforbund
Stange kommune
Statens Utdanningskontor i Nord-Trøndelag
Statens Utdanningskontor i Rogaland
Statens Utdanningskontor i Sør-Trøndelag
Statens Utdanningskontor i Østfold
Telemark fylkeskommune
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
Departementet har i tillegg motteke tilbakemelding frå 13 instansar som ikkje har merknader til framlegget, eller som ikkje ønskjer å uttale seg.
Høringsfråsegnene viser at dei fleste forslaga har brei støtte, og høringsinstansane har derfor ikkje mange kommentarar.
Det nærmare innhaldet i høringsfråsegnene vil bli omtalt i tilknyting til dei einskilde lovframlegga i kapittel 5.