3 Framlegg om rettar for ungdom med teiknspråk som førstespråk
Utdanningskomiteen viser i Innst S nr 275 (1996-97) til at hørselshemma er i ein spesiell situasjon. Dei har behov for å få opplæring i og på sitt eige språk, og dei må ha høve til å opphalde seg i eit språkmiljø og ein kultur som fremjar sosial utvikling og sjølvstende.
Den lovfesta retten til vidaregåande opplæring gjeld alle elevar. Skal hørselshemma ungdom vere i stand til å bruke denne retten, må dei etter komiteen si meining også ha full rett til å velje å ta vidaregåande opplæring anten i eit teiknspråkleg miljø eller med tolk i eit norskspråkleg miljø.
Ein slik rett vil også vere ei naturleg vidareføring av den retten som teiknspråklege elevar i grunnskolen har fått. Komiteen viser til at frå 1. juli 1997 får hørselshemma elevar med teiknspråk som førstespråk rett til grunnskoleopplæring i og på teiknspråk.
3.1 Ungdom som har rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1 og har teiknspråk som førstespråk, har rett til å velje vidaregåande opplæring i og på teiknspråk i eit teiknspråkleg miljø, eller rett til å velje å bruke tolk i ordinære vidaregåande skolar (lovutkastet § 3-1 første leddet første punktum)
3.1.1 Framlegget i høringsnotatet
På bakgrunn av stortingsvedtaket vart det foreslått at ungdom som har teiknspråk som førstespråk, skulle ha rett til å velje vidaregåande opplæring på teiknspråk i eit teiknspråkleg miljø, eller rett til å velje bruk av tolk i vanlege vidaregåande skolar. Det vart foreslått at retten etter forslaget berre kan gjerast gjeldande av ungdom som har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1. Det vart vidare gjort framlegg om at retten skulle gjelde døve og sterkt tunghørte ungdommar som har teiknspråk som førstespråk. Etter departementet si oppfatning var det ikkje mogleg og heller ikkje ønskeleg å gi nokon eintydig definisjon av målgruppa.
I høringsnotatet la departementet til grunn at retten etter framlegget skulle gjelde for elevar, ikkje lærlingar.
Det vart likevel peikt på at departementet etter opplæringslova § 3-3 sjette leddet kan gi forskrifter mellom anna om særskilde opplæringsordningar for «lærlingar som ikkje fell inn under § 3-1 og for lærlingar med særskilde behov». Dette vil også kunne gjelde hørselshemma lærlingar. Rettar ut over det eventuelle forskrifter etter opplæringslova § 3-3 sjette leddet gir, må vurderast nærmare og i samarbeid med mellom andre partane i arbeidslivet.
3.1.2 Høringsinstansane
Retten etter framlegget gjeld ungdom som har rett til opplæring etter § 3-1
Voksenopplæringsforbundet peiker på at retten etter framlegget burde gjelde for vaksne, og uttaler at «det er beklagelig at tegnspråklige søkere som tas inn til videregående opplæring uten rett til opplæring etter § 3-1, ikke kan påberope seg den samme retten til å velge opplæring etter § 3-9. For disse søkerne kan nettopp hørselshemmingen ha vært en medvirkende årsak til problemer under skolegangen, og som har forårsaket at de har hatt vanskeligheter med å følge det vanlige løpet. Vofo vil foreslå at alle hørselshemmede i en overgangsperiode har rett til å velge den samme opplæringen etter § 3-9 første ledd.» Norsk Elevorganisasjon gir uttrykk for liknande synspunkt, og seier at det er få vaksne med teiknspråk som førstespråk som tek vidaregåande opplæring, men desse bør ha same retten som ungdom til tilrettelagd opplæring. Det å gjennomføre vidaregåande skole som hørselshemma utan tolk kan bli svært vanskeleg, og på den andre sida blir det for dyrt å engasjere tolk på eiga hand. Statens utdanningskontor i Buskerud har liknande synspunkt.
Retten etter framlegget gjeld ikkje lærlingar
Somme høringsinstansar viser til at retten etter framlegget også bør gjelde for lærlingar.
Statens utdanningskontor i Sør-Trøndelag uttaler at lærlingar med teiknspråk som førstespråk bør sikrast rett til nødvendig bruk av tolk ved delar av opplæringa i lærebedrift.
Lærarforbundet uttaler mellom anna:
«At departementet kan gi forskrifter om spesielle opplæringsordninger for lærlinger med særskilte behov, sikrer etter vår mening ikke gruppen hørselshemmede godt nok. Vi kjenner til flere eksempler på at nettopp læretid har vært et problem, fordi man ikke har forstått den hørselshemmedes behov for tilrettelegging. Derfor må lovteksten si noe om hørselshemmede lærlingers rettigheter. For å sikre likeverdig opplæring uansett linjevalg, bør retten til tolk også omfatte lærlinger første året i lærebedrift. Retten til tolk bør også omfatte døve og sterkt tunghørte elever som har som målsetting å oppnå delkompetanse og er under opplæringsavtale.»
Rådet for funksjonshemmede saknar ei nærmare grunngiving for at retten berre skal gjelde for elevar. Oslo kommune tilrår at staten snarast klargjer korleis hørselshemma lærlingar kan få vareteke rettane sine på same måten som elevar i den vidaregåande opplæringa.
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund uttaler at retten også må gjelde lærlingar, og viser til departementet sine merknader med dei moglegheitene som ligg i å gi forskrifter etter opplæringslova § 3-3 sjette ledd. «Som part i arbeidslivet kan vi, hvis nødvendig, initiere en nærmere fellesvurdering for eventuelle utvidete rettigheter utover § 3-3 sjette ledd.»
Retten til å velje opplæring med tolk i vanlege vidaregåande skolar.
Alle høringsinstansane som har komme med merknader, er positive til framlegget om at ungdommar som har teiknspråk som førstespråk, no skal få rett til å velje å bruke tolk i vanleg vidaregåande skole som alternativ til kompetansesenter og knutepunktskole.
Oslo kommune meiner likevel at den einskilde eleven ikkje kan avgjere opplæringstilbodet aleine, men at opplæringstilbodet må sjåast i samanheng med det totale opplæringstilbodet kommunen har for elevar som treng særskilt tilrettelagd opplæring. Oslo kommune finn det «urimelig at en elev skal kunne velge å få opplæring ved en ordinær videregående skole med tolk, dersom det samme studieretningstilbudet gis ved en fylkeskommunal knutepunktskole som har tilrettelagte opplæringstilbud for hørselshemmede elever».
Troms fylkeskommune peiker på at retten til å bruke tolk i vanlege vidaregåande skolar må gjelde val mellom eit avgrensa tal skolar, både av faglege og økonomiske grunnar.
Fleire høringsinstansar, mellom andre Arbeidsdirektoratet og Rogaland, Vest-Agder og Telemark fylkeskommunar, peiker på at tilgangen på tolkar må vere tilstrekkeleg dersom retten til å velje opplæring med tolk i vanlege vidaregåande skolar skal bli reell. Det blir også peikt på dette i samanheng med at departementet i høringsforslaget tok sikte på at rettane etter forslaget skulle ta til å gjelde frå og med skoleåret 2000-01, og det blir stilt spørsmål ved om fylkeskommunane til dette tidspunktet vil makte å skaffe tolkar nok til dei elevane som kjem til å velje opplæring med tolk. Vest-Agder fylkeskommune uttaler mellom anna: «Det er ønskelig, men relativt urealistisk å tenke seg at elever med tegnspråk vil kunne få et likeverdig tilbud ved en vanlig videregående skole. Å lovfeste valgmuligheten, rett til å velge bruk av tolk i vanlige videregående skoler, vil skape store forventninger og sannsynligvis også skuffelser. Hvis «hjelpemiddelet» tolk er tilgjengelig i stor utstrekning, kan opplæringen kanskje bli gjennomført.»
Ein del høringsinstansar understrekar at det er nødvendig å utvide utdanningskapasiteten for tolkar, og at den organisatoriske delen av tolketenesta må vere på plass samtidig med at reglane trer i kraft. Høgskolen i Sør-Trøndelag peiker på at «organisering av tolketjeneste er en svært viktig sak som trenger en rask og tjenlig avklaring, også på høgskole-/universitetsnivå». Akershus fylkeskommune, Statens utdanningskontor i Sogn og Fjordane, Rådet for funksjonshemmede og Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund har liknande synspunkt.
Under styret for dei statlege spesialpedagogiske kompetansesentra er det oppretta eit eige styre, sektorstyret for hørsel, som har styringsansvaret for kompetansesentra for hørselshemma. Sektorstyret for hørsel uttaler:
«Det er et begrenset antall døvetolker, og det er fylkeskommunene som er ansvarlige for å skaffe tolker til elever i videregående opplæring. Det er i gang et arbeid for å fremme forslag til framtidig organisering av formidling av tegnspråktolker. Det er et sterkt ønske om å få til en felles tolkeformidlingstjeneste slik at brukerne kun har ett telefonnr som de skal henvende seg til når de trenger tolk til større eller mindre oppdrag. Dette mener de fleste vil sikre best mulig utnyttelse av den knappe tolkeressursen som er i dag. Det arbeides for å bedre rekrutteringen av tolker ved å gi et utvidet tilbud om opplæring i tegnspråk for hørende. Men det vil fortsatt være knapphet på tolker, og dette kan spesielt få konsekvenser for tilgang på tolker til integrerte elever som tar sin utdanning utenfor de store byene. Dette fører til at det ikke er sikkert at alle døve som velger å ta sin videregående opplæring blant hørende vil få tilfredstillende tolketjeneste. Kan knapphet på tolker føre til at elever som er avhengige av tolk, og som velger samme utdanning, blir styrt til samme skole, eventuelt læreplass?»
Norsk Forbund for Døvetolker og Døvblindetolker uttaler:
«Tolkeforbundet er fornøyd med den utdanningskapasiteten som vi har i dag, spesielt siden det gis modulbasert utdanningstilbud til ufaglærte tolker i tillegg til de ordinære studieplassene i Trondheim og Oslo. Vi ser likevel at utnyttelsen av de ferdig utdannede tolkene ikke er god nok, og mange forsvinner fra yrket. Dette fordi det bare er et fåtall som vil basere seg på frilansoppdrag. De ønsker faste stillinger, med den stabiliteten og forutsigbarheten det innebærer.»
Kommunal- og regionaldepartementet er oppteke av å unngå rettssaker og konfliktar mellom elevar/føresette og fylkeskommunane som skoleeigarar:
«Om en hørselshemmet elev med rett velger å gjennomføre opplæring i ordinær videregående skole/klasse, og fylkeskommunen ikke klarer å skaffe tolk, må loven åpne for muligheten til at problemet kan løses på en smidig måte, ved for eksempel at fylkeskommunen får litt mer tid på seg til å skaffe tolk, eller eventuelt får mulighet til å henvise eleven til annen skole/fylke/knutepunktskole.»
Styret for dei statlege spesialpedagogiske kompetansesentra ved sektorstyret for hørsel gjer framlegg om å endre overskrifta på § 3-9 til Rettar for ungdom med teiknspråk som førstespråk. Norsk Elevorganisasjon har framlegg til andre lovformuleringar.
Retten til teiknspråkopplæring for samar
Kautokeino kommune viser til at stortingsvedtaket innskrenkar moglegheitene for opplæring i og på eige språk for dei elevane som både er samiskspråklege og hørselshemma, sett i høve til dei utvida rettane norskspråklege og hørselshemmma elevar no får. Det blir peikt på at Kautokeino kommune offisielt er ein tospråkleg kommune, men at dei fleste innbyggjarane har samisk som førstespråk og som opplæringsspråk. Hørselshemma samiskspråklege elevar som vel opplæring med tolk, bør ha rett til å bruke tolk i eit samiskspråkleg miljø. Styret for statlege spesialpedagogiske kompetansesentra ved sektorstyret for hørsel uttaler at det bør innarbeidast i lovframlegget at samisk hørselshemma ungdom bør få lovfesta rett til å velje vidaregåande opplæring på teiknspråk i eit teiknspråkleg miljø eller vidaregåande opplæring med tolk i eit norskspråkleg miljø og/eller samiskspråkleg miljø.
Lærarforbundet legg til grunn at retten til opplæring i samisk etter opplæringslova § 6-3 også skal gjelde for hørselshemma elevar, og meiner at dette må innarbeidast i dette lovframlegget. Det blir vidare peikt på at dei to samiske vidaregåande skolane er statsskolar, og dermed ikkje underlagde fylkeskommunen.
3.1.3 Vurderingar frå departementet
Retten etter framlegget gjeld ungdom som har rett til opplæring etter § 3-1
Departementet forstår stortingsvedtaket slik at denne retten skal gjelde ungdom, jf. formuleringa i vedtaket. Departementet viser dessutan til at vaksne generelt ikkje har rett til vidaregåande opplæring, men at fylkeskommunen har plikt til å gi tilbod til søkjarar utan opplæringsrett.
Når fylkeskommunen gir vidaregåande opplæring med tolk i vanlege vidaregåande skolar til rettselevar, bør fylkeskommunen samstundes vurdere om det kan vere vaksne teiknspråklege søkjarar med ønske om det same opplæringstilbodet. På den måten vil ressursane til tolk kunne utnyttast best. Søkjarar utan opplæringsrett kan likevel ikkje gjere krav på å få opplæring etter § 3-9.
Departementet vil etter dette halde oppe framlegget i høringsutkastet om at retten berre kan gjerast gjeldande av ungdom som har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1.
Retten etter framlegget gjeld ikkje lærlingar
Departementet forstår ønsket om at det skal vere same rett for lærlingar som får opplæring i bedrift som for elevar som får opplæring i skole. Når departementet likevel ikkje vil gjere framlegg om slik rett for lærlingar, har det både økonomiske og praktiske grunnar. Lærlingordninga omfattar i underkant av 200 ulike fag, og dei fleste lærebedrifter har berre ein eller nokre få lærlingar. Etter departementet si vurdering kan det ikkje vere aktuelt å påleggje lærebedrifter som tek inn lærlingar med behov for tolkehjelp, å tilsetje tolk, heller ikkje mot økonomisk kompensasjon.
Tilskottsreglane for lærlingar gir grunnlag for ekstra tilskott for lærlingar med behov for tilrettelagd opplæring. Forutan eit ekstratilskott på kr 16 800 per år for læretida i bedrift, kan det søkjast om tilskott for særlege utgifter til ekstra personellressursar, lønnsmidlar til lærlingar, forbruk av materiale ut over det vanlege, og støtte til tilrettelegging av fag- og sveineprøve.
Departementet vil vurdere å gi ekstra stønad til lærebedrifter som sørgjer for å gi fagarbeidarar opplæring i teiknspråk. Dette vil truleg gjere det lettare å formidle lærlingar som treng døvetolk. Departementet vil i tillegg vurdere om det kan la seg gjere å samle teiknspråklege elevar, slik at dei kan få felles opplæring i ei større lærebedrift eller opplæring i skole ved såkalla alternativt vidaregåande kurs II.
Teiknspråklege elevar som har som målsetjing å oppnå delkompetanse og er under opplæringsavtale, er i denne samanhengen elevar, og vil ha rettar etter framlegget.
Departementet vil etter dette halde oppe framlegget i høringsnotatet om at retten skal gjelde elevar i vidaregåande opplæring.
Retten til å velje opplæring med tolk i vanlege vidaregåande skolar
Departementet er kjent med at det generelt er mangel på utdanna tolkar, og har vurdert om det av den grunn bør takast atterhald i lovframlegget for dei elevane som vel å ta vidaregåande opplæring med tolk i vanlege vidaregåande skolar.
Dei hørselshemma elevane som skoleåret 1998-99 går 9. klasse i grunnskolen, vil vere søkjarar til vidaregåande opplæring hausten 2000. I skoleavdelingane ved kompetansesentra er det skoleåret 1998-99 i alt 20 teiknspråklege elevar i 9. klasse, dessutan 7 elevar ved Vetland døveskole, dvs. i alt 27 elevar som får opplæring etter noverande grunnskoleforskrift § 2-4. All erfaring tyder på at det berre vil vere eit fåtal av desse 27 elevane som kjem til å velje opplæring med tolk i vanlege vidaregåande skolar. Det er 5 teiknspråklege 9.-klassingar som får opplæring etter grunnskoleforskrifta § 2-4 i heimkommunen.
Ut frå desse tala, og med kjennskap til elevtala i 7. og 8. klasse i grunnskolen, meiner departementet at det bør la seg gjere å oppfylle retten til dei elevane som kjem til å velje opplæring med tolk i vanlege vidaregåande skolar. Fylkeskommunane vil også kunne leggje opplæring med tolk til ein eller fleire bestemde skolar i fylkeskommunen.
Departementet arbeider både med å få ei betre tolkeutdanning og med å styrkje rekrutteringa til denne utdanninga. Universitetet i Oslo og Høgskolen i Sør-Trøndelag har bygd ut ei 2-årig utdanning for døvetolkar. Begge institusjonane har eit måltal på 20 studieplassar. Det har vore vanskar med å rekruttere nok studentar til studietilbodet, men institusjonane arbeider for å få fleire søkjarar. Høgskolen i Sør-Trøndelag har mellom anna starta eit årsstudium i teiknspråk for hørande. Det er også ei utfordring å byggje opp fagmiljøa ved institusjonane.
Desse tiltaka er ei oppfølging av omtalen i St meld nr 8 (1998-99) Om handlingsplan for funksjonshemma 1998-2001. I handlingsplanen står det også at departementet vil følgje opp spørsmålet om organisering av tolketenesta for døve på ulike utdanningsnivå. Tolketenesta ved hjelpemiddelsentralane har ansvaret for å skaffe tolk til alle situasjonar der hørselshemma har behov for tolk, med unntak av tolk i vanleg opplæringssituasjon. Det er i dag kommunane sitt ansvar å sørgje for tolketenester for døve elevar i grunnskolen, og fylkeskommunane sitt ansvar i vidaregåande opplæring. Fleire rapportar viser at det er manglande styring og samordning av døvetolking i grunnskolen og den vidaregåande skolen.
Hjelpemiddelsentralen i Sør-Trøndelag har gjennomført eit prosjekt som har gått over tre år, der hjelpemiddelsentralen koordinerte og administrerte alle typar tolking i fylket. Med bakgrunn i erfaringane frå dette prosjektet bad Sosial- og helsedepartementet om at Rikstrygdeverket sette ned ei arbeidsgruppe, som skulle sjå nærmare på korleis skoletolkinga bør organiserast. Sluttrapporten til arbeidsgruppa blir sendt over frå Rikstrygdeverket til Sosial- og helsedepartementet i juni 1999. Sosial- og helsedepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil deretter kunne vurdere kva som vil vere ei høveleg organisering av skoletolkinga for døve.
Både Universitetet i Oslo og Høgskolen i Sør-Trøndelag har gjennomført modulorganiserte kurs for å gi mellombels godkjende døvetolkar permanent godkjenning. I tilfelle der utdanna døvetolkar ikkje er tilgjengelege, har Sosial- og Helsedepartementet opna for at det unntaksvis kan nyttast tolkar utan godkjenning, men med realkompetanse. Sjå også punkt 4.4.
Ut frå talet på døve elevar i 9. klasse i grunnskolen, dei tiltaka som er i gang for å styrkje tolkeutdanninga og den kommande organiseringa av tolketenesta, finn departementet at det ikkje er grunnlag for å ta atterhald når det gjeld retten til opplæring med tolk i lovframlegget til § 3-9. Departementet viser dessutan til at fylkeskommunane kan samle opplæringa med tolk ved ein eller fleire bestemde skolar i fylkeskommunen, og til prosjektet som er i gang med bruk av bilettelefon, som er omtalt under punkt 4.3. Departementet vil likevel følgje utviklinga nøye på dette punktet.
Departementet vil etter dette gjere framlegg om ein lovregel i samsvar med framlegget i høringsutkastet, jf. utkastet til § 3-9 første leddet.
Retten til teiknspråkopplæring for samar
Departementet vil peike på at lovframlegget ikkje ekskluderer samar. Lovframlegget omfattar både norsk- og samiskspråkleg ungdom med teiknspråk som førstespråk. Samar med teiknspråk som førstespråk vil kunne velje mellom opplæring i og på teiknspråk i eit teiknspråkleg miljø (kompetansesenter eller knutepunktskole) eller med tolk i vanlege vidaregåande skolar eller ved ein av dei statlege vidaregåande skolane Samisk vidaregåande skole i Karasjok og Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino. Det siste alternativet er avhengig av tilgjengeleg tolk som beherskar både teiknspråk og samisk.
Departementet viser til at opplæringslova § 6-3 gir samar i vidaregåande opplæring rett til opplæring i samisk. Samar med teiknspråk som førstespråk vil likevel måtte gjere eit val mellom opplæring i og på teiknspråk i eit teiknspråkleg miljø, eller opplæring med tolk ved ein av dei to samiskspråklege skolane i Finnmark.
Departementet legg til grunn at dette vil gjelde få elevar. Per i dag er det to samiskspråklege elevar som får opplæring med tolk i heimkommunen etter grunnskoleforskrifta § 2-4, i respektive 4. og 10. klasse.
Departementet vil etter dette gjere framlegg om ein lovregel i samsvar med framlegget i høringsutkastet, jf. utkastet til § 3-9 første leddet.
3.2 Krav om sakkunnig vurdering før fylkeskommunen gjer vedtak etter § 3-9, og før kommunen gjer vedtak etter opplæringslova § 2-6 første og tredje leddet
3.2.1 Framlegget i høringsnotatet
I høringsnotatet vart det foreslått eit krav om sakkunnig vurdering før fylkeskommunen gjer vedtak om rett til opplæring etter § 3-9. Eit tilsvarande krav vart foreslått teke inn i opplæringslova § 2-6, som gjeld rett til teiknspråkopplæring for grunnskoleelevar og førskolebarn.
Departementet vurderte om det også burde gjerast endringar i rettane for grunnskoleelevar etter opplæringslova § 2-6 som følgje av at lovforslaget til ny § 3-9 er ulikt når det gjeld utforminga av rettane. Departementet gjekk ikkje inn for slike endringar for grunnskoleelevane på dette tidspunktet. I høringsnotatet vart det vist til at forskjellar i alder og praktiske og organisatoriske forhold kan grunngi ulik lovregulering. Dessutan ønskte departementet å sjå resultatet av den undersøkinga Asplan Viac gjennomfører om implementeringa av retten til teiknspråkopplæring i grunnskolen. Departementet meinte også at føresegna for grunnskolen er såpass ny at endringar no vil skape unødig uro. Det vart også vist til at det heller ikkje er registrert behov for endringar gjennom dei årlege rapporteringane frå statens utdanningskontor.
Departementet foreslo krav om sakkunnig vurdering før kommunen gjer vedtak om rett etter opplæringslova § 2-6, og at dette skulle setjast inn i opplæringslova § 2-6 som nytt fjerde ledd. Eit tilsvarande krav vart foreslått teke inn i endringsforslaget om ny § 3-9.
Høringsnotatet viste til at elevar som er omfatta av rettane etter §§ 2-6 og 3-9, også vil kunne ha rett til spesialundervisning etter kapittel 5 i opplæringslova.
3.2.2 Høringsinstansane
Av dei som har kommentert dette punktet, er det om lag like mange som støttar framlegget og som meiner det er unødvendig eller stiller seg tvilande til at det er nødvendig. Alle kompetansentra som gir tilrettelagde opplæringstilbod for døve og sterkt tunghørte, har merknader. Somme senter sluttar seg til framlegget og meiner det kan gi ein meir ryddig situasjon når det gjeld både rettane for elevane og saksbehandlinga i kommunane. Andre meiner at det kan synast unødvendig, og peiker på at det er overflødig å la sakkunnig vurdering vere eit vilkår ved språkval. Det blir vist til at det må leggjast avgjerande vekt på ønska frå foreldra når det gjeld språkval.
Andebu Kompetanse- og Skolesenter uttaler:
«Når det gjelder kravet om sakkyndig vurdering slik det fremkommer i ny § 3-9 første ledd og § 2-6 nytt fjerde ledd, vil AKS på generelt grunnlag slutte seg til denne bestemmelsen. Det virker vanskelig å tenke seg utløsning av rettigheter med så store konsekvenser og omkostninger uten at det offentlige forbeholder seg retten til å legge til grunn sakkyndige vurderinger.»
Andre instansar som støttar framlegget om sakkunnig vurdering, er Lærarforbundet, Foreldreutvalet for grunnskolen og Akershus fylkeskommune. Lærarforbundet viser til at erfaringar viser at det kan vere aktuelt for elevane å velje vidaregåande opplæring i eit teiknspråkleg miljø sjølv om dei ikkje har hatt det tidlegare.
Av dei som stiller spørsmål ved om sakkunnig vurdering er nødvendig før det blir gjort vedtak om rett etter § 2-6 og framlegget i § 3-9, viser mellom anna Norges Døveforbund til at det på dei fleste kontor for pedagogisk-psykologisk teneste er eit minimum av døvefagleg kunnskap. Universitetet i Oslo ved Institutt for spesialpedagogikk meiner at ungdom som har rett til opplæring og har teiknspråk som førstespråk, må vere sikra slik opplæring uavhengig av sakkunnig vurdering frå pp-tenesta, og uttaler mellom anna:
«Vi ser også en fare for at en sakkyndig vurdering kan gå i mot tegnspråkopplæring fordi kunnskapene om tegnspråk som fullverdig språk (som ikke hemmer talespråkutvikling) fortsatt ikke er godt nok nedfelt i alle fagmiljøer. En mulighet kunne etter vår oppfatning være å sløyfe forslaget om sakkyndig vurdering.»
Fleire høringsinstansar viser til at det må komme tydelegare fram kva som er meint med sakkunnig vurdering i samband med vedtak om teiknspråkopplæring, mellom andre Norsk Lærarlag. Andebu Kompetanse- og Skolesenter meiner dette kan løysast ved at departementet får heimel til å gi forskrift om innhaldet i den sakkunnige vurderinga, som mellom anna bør ha følgjande vurderingselement: Vurdering av kva språkkode som truleg er den lettast tilgjengelege for eleven, kva utbytte eleven har av å følgje læreplanar og undervisningsopplegg for teiknspråklege elevar, og kva slags språkmiljø eleven har behov for i opplæringssamanheng.
Enkelte høringsfråsegner kan tyde på at behovet for sakkunnig vurdering er større i grunnskolen enn i den vidaregåande opplæringa. Statens utdanningskontor i Vestfold viser til at dersom ein elev har hatt denne retten i grunnskolen, vil det vere naturleg at eleven automatisk får same retten i vidaregåande opplæring. I slike tilfelle bør det vere unødvendig med ny sakkunnig vurdering ved overgangen til vidaregåande opplæring.
Sektorstyret for hørsel stiller spørsmålet om opplæring etter §§ 2-6 og 3-9 er spesialundervisning eller tilpassa opplæring. Lærarforbundet uttaler:
«Vi oppfatter departementet slik at elevgruppen som omfattes av § 2-6 og forslag til § 3-9 ikke automatisk har rett til spesialundervisning, men at elevgruppen har samme rett som andre elever til spesialundervisning. Lærerforbundet vil påpeke at vi savner en utredning av forutsetninger og konsekvenser av dette syn. Så lenge en slik utredning ikke er gjort, mener Lærerforbundet at opplæringen av hørselshemmede skal knyttes til §§ om spesialundervisning.»
3.2.3 Vurderingar frå departementet
Departementet viser til at synspunkta blant høringsinstansane er delte når det gjeld framlegget til krav om sakkunnig vurdering, og at det er behov for å presisere kva som ligg i kravet. Dessutan er det behov for å omtale forholdet mellom retten til opplæring etter §§ 2-6 og 3-9 og retten til spesialundervisning etter kapittel 5 i opplæringslova.
Kravet om sakkunnig vurdering før vedtak etter §§ 2-6 og 3-9
Departementet gjer merksam på at den sakkunnige vurderinga etter § 3-9 ikkje skal ta stilling til sjølve språkvalet til eleven. Det er eleven si eiga oppfatning av språkleg identitet som er avgjerande her. Dersom eleven skulle vere i tvil om språkvalet, må den sakkunnige likevel vurdere dette i samråd med eleven. Ungdom som er over 15 år, tek sjølv avgjerd i spørsmål knytte til opplæringa; dette vil også gjelde retten til å velje opplæring etter § 3-9.
Før fylkeskommunen gjer vedtak om opplæring etter § 3-9, er det etter departementet si oppfatning likevel behov for ei sakkunnig vurdering som kan greie ut og ta standpunkt til kva opplæringsbehov den teiknspråklege eleven har. Dette er særleg viktig ved overgangen frå grunnskole til vidaregåande opplæring. Vurderinga vil setje fylkeskommunane betre i stand til å leggje opplæringa best mogleg til rette for teiknspråklege elevar.
Dei ovannemnde vurderingane gjeld også for ein stor del i høve til grunnskoleopplæring og tilbod til førskolebarn etter § 2-6.
Den sakkunnige vurderinga etter §§ 2-6 og 3-9 skal gjerast av den pedagogisk-psykologiske tenesta - denne tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det, jf. opplæringslova § 5-5. Dersom pp-tenesta ikkje sjølv har tilstrekkeleg fagkompetanse, må det innhentast slik kompetanse utanfrå, til dømes frå statleg kompetansesenter. Den sakkunnige vurderinga må følgje søknaden om inntak til vidaregåande opplæring.
Vedtak om opplæring etter §§ 2-6 og 3-9 er enkeltvedtak etter forvaltningslova, og reglane om enkeltvedtak må følgjast.
Departementet viser elles til at departementet etter § 3-9 femte leddet kan gi nærmare forskrifter. Dette vil også gjelde forskrifter om sakkunnig vurdering.
Departementet vil etter dette gjere framlegg om at det skal liggje føre sakkunnig vurdering før kommunen eller fylkeskommunen gjer vedtak om opplæring etter §§ 2-6 og 3-9, jf. framlegg om nytt fjerde ledd til § 2-6 og lovframlegget til § 3-9 første leddet.
Forholdet mellom retten til opplæring etter §§ 2-6 og 3-9 og retten til spesialundervisning etter kapittel 5 i opplæringslova
Hittil har teiknspråklege elevar som har fått opplæring ved kompetansesenter, knutepunktskolar eller med tolk i vanleg vidaregåande skole, fått slik opplæring med heimel i reglane om spesialundervisning, jf. forskrift for grunnskolen § 2-4 og lov om vidaregåande opplæring § 11. Forskrift for grunnskolen § 2-4 er no ført vidare som lovregel i § 2-6 under kapittel 2 i opplæringslova. På tilsvarande måte er dette lovframlegget for teiknspråklege elevar i vidaregåande opplæring lovteknisk plassert i § 3-9 i kapittel 3.
Rettane etter §§ 2-6 og 3-9 er særlege rettar for elevar med teiknspråk som førstespråk, og må slik sett avgrensast mot retten til spesialundervisning etter kapittel 5 i opplæringslova. Opplæring etter §§ 2-6 og 3-9 er dermed ikkje spesialundervisning i lovteknisk forstand.
Elevar som får opplæring etter §§ 2-6 og 3-9, vil likevel kunne ha rett til spesialundervisning dersom dei ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det vanlege opplæringstilbodet, jf opplæringslova § 5-1. Det vanlege opplæringstilbodet for denne elevgruppa vil mellom anna vere det læreplanverket som blir utvikla i sentrale fag for teiknspråklege elevar.
Dessutan vil truleg ein del av elevgruppa ha behov for spesialundervisning av andre grunnar enn dei som følgjer direkte av hørselstapet.
Hørselshemma elevar som ikkje har teiknspråk som førstespråk, men som har behov for teiknspråk som støttespråk, vil kunne få dette med heimel i reglane om spesialundervisning i kapittel 5 i opplæringslova.
3.3 Med teiknspråkleg miljø er meint skolar som har tilrettelagde opplæringstilbod i og på teiknspråk for hørselshemma elevar (lovutkastet § 3-9 andre leddet). Retten til opplæring i og på teiknspråk etter andre leddet er avgrensa til dei kurstilboda desse skolane gir. Delar av dette opplæringstilbodet kan givast med tolk (lovutkastet § 3-9 tredje leddet)
3.3.1 Framlegget i høringsnotatet
I høringsnotatet la departementet til grunn at med teiknspråkleg miljø er meint skolar som har tilrettelagde opplæringstilbod for hørselshemma elevar, eksempelvis skoleavdelingane ved statlege spesialpedagogiske kompetansesenter og fylkeskommunale knutepunktskolar.
Departementet viste til desse føresetnadene som grunnlag for at ein skole skal kunne definerast som «tegnspråklig miljø»:
Lærarar og personale elles som har dagleg kontakt med elevane, må ha teiknspråkleg kompetanse
Skolen må ha samarbeidsavtale med eit kompetansesenter for hørselshemma.
I tillegg til desse føresetnadene tilrådde departementet at
skolen bør ha samarbeid med tolketeneste
skolen bør ha eit sosialpedagogisk tilbod til elevane
Departementet viste i høringsnotatet til at skolar som har tilrettelagde opplæringstilbod for hørselshemma, ikkje vil kunne tilby opplæring på teiknspråk i alle fag, men at delar av kurstilbodet kan bli gitt med tolk, slik som i dag. Det vart såleis lagt til grunn at teiknspråklege elevar frå ulike studieretningar kunne få opplæring i fellesfaga av faglærar som beherskar teiknspråk, og at opplæring i studieretningsfaga vart gitt med tolk.
I høringsnotatet vart det vidare presisert at retten til opplæring i og på teiknspråk i eit teiknspråkleg miljø var avgrensa til dei kurstilboda desse skolane gir.
Departementet foreslo i høringsnotatet at desse presiseringane av retten skulle gå fram av lovregelen.
3.3.2 Høringsinstansane
Lærarforbundet peiker på at lovteksten opnar for ei svært vid tolking av kva som er meint med teiknspråkleg miljø. Lærarforbundet meiner også at det er nødvendig å ha ein viss storleik på elevgruppa for at skolen skal kunne seiast å ha eit teiknspråkleg miljø. Hordaland Foreldrelag for Hørselshemmede meiner at sjølve lovteksten er grei, men at omtalen av knutepunktskolane i høringsnotatet oppgraderer desse skolane til fullverdige teiknspråklege miljø, noko dei ikkje er samde i. Styret for statlege spesialpedagogiske kompetansesentra ved sektorstyret for hørsel er også usikre på om knutepunktskolane er fullverdige teiknspråklege miljø. Arbeidsdirektoratet viser til at elevane bør ha høve til å velje utdanning i eit breitt spekter av studieretningar og studieretningsfag. Det er derfor viktig at teiknspråkbasert opplæring blir lagd til skolar (både kompetansesenter og knutepunktskolar) som kan tilby eit slikt breitt spekter. Norges Døveforbund meiner det bør gå fram av lovteksten at det skal vere eit fleirtal av døve ved skolar som blir definerte som teiknspråklege miljø.
Heimdal videregående skole viser til at det per i dag er urealistisk å tenkje seg at lærarar og personale elles som har dagleg kontakt med elevane, skal ha teiknspråkleg kompetanse, og uttaler mellom anna:
«Ca 40 lærere er involvert i undervisning av døve elever i større eller mindre grad. Hvem dette er, vil variere fra år til år. Det sier seg selv at det vil ta mange år før alle lærerne ved en så stor skole som Heimdal vil kunne tilegne seg tegnspråkkompetanse, og en kan spørre seg om hvor realistisk dette er. Vi mener imidlertid at det er svært viktig at lærere har innsikt i tegnspråk, tegnspråkets syntaks og døves språksituasjon generelt. Knutepunktskolene vil måtte drive en kontinuerlig kursvirksomhet rettet mot lærere som underviser tegnspråkbrukende elever.»
Statens utdanningskontor i Sør-Trøndelag meiner at det bør fastsetjast ein rett til å få opplæring i fellesfaga av faglærar som klart beherskar teiknspråk.
Akershus fylkeskommune uttaler:
«Lovteksten synes å legge opp til at opplæringen enten skal foregå i et hørende miljø eller i et tegnspråklig miljø. Eventuelt kan noe av opplæringstilbudet i et tegnspråklig miljø gis ved bruk av tolk. Fylkesrådmannen synes ikke at forslaget til lovendringen i stor nok grad ivaretar den muligheten som ligger i at opplæringen kan finne sted i et kombinert opplegg der opplæringen gis delvis med tolk og delvis på tegnspråk. Dersom knutepunktskolene legges til en stor videregående skole med mange studieretninger, slik tilfellet er for Sandefjord videregående skole, så bør de hørselshemmede kunne velge en hvilken som helst studieretning på skolen og få tilbudet tilrettelagt delvis med base i et tegnspråklig miljø og delvis med tolk i ordinære klasser. En slik aktiv tenkning, som lovteksten burde gjenspeile, kunne føre til større valgmuligheter for de enkelte søkerne når det gjelder kursvalg, samtidig som de fikk ivareta sine behov for tilhørighet i et tegnspråkmiljø ved at de får opplæring i felles allmenne fag på sitt eget språk. Dette at elever med hørselshemming får delvis opplæring i et hørende miljø, vil også kunne fremme integrering og større forståelse mellom døve og hørende ungdommer.»
3.3.3 Vurderingar frå departementet
Teiknspråkmiljøet ved kompetansesentra for hørselshemma er utan tvil større enn ved knutepunktskolane. Etableringa av knutepunktskolar gir likevel hørselshemma fleire opplæringsval og kurstilbod enn dei kan få i skoleavdelingane ved kompetansesentra. Det teiknspråklege elevtalet ved knutepunktskolane Sandefjord og Heimdal har dessutan stige for kvart år sidan starten i 1996 og 1997.
Teiknspråkkompetansen til lærarane ved knutepunktskolane er under stadig utvikling. Ein del lærarar ved knutepunktskolane vil truleg likevel vere avhengige av tolk når dei underviser i felles allmenne fag den første tida etter at rettane etter framlegget er sette i verk.
Styret for dei statlege spesialpedagogiske kompetansesentra for hørselshemma ved sektorstyret for hørsel og dei aktuelle fylkeskommunane bør i fellesskap definere kva for skolar som skal vere knutepunktskolar. Det vil dessutan vere mogleg å justere talet på knutepunktskolar etter ei evaluering. Knutepunktskolane har nært samarbeid med eit statleg kompetansesenter for hørselshemma om skole-, fritids- og butilbodet, og kompetansesentra er derfor ein viktig del av det statlege støttesystemet.
Departementet held fast ved at i dag vil dei elevane som vel opplæring i teiknspråkleg miljø, kunne få det i skoleavdelingane ved dei spesialpedagogiske kompetansesentra for hørselshemma, det vil seie Andebu Kompetanse- og Skolesenter og Vestlandet kompetansesenter med skoleavdelingane Bjørkåsen videregående skole, Bergen og Kongstein videregående skole, Stavanger, og ved knutepunktskolane Sandaker, Sandefjord og Heimdal.
I lovutkastet til § 3-9 andre leddet i høringsnotatet gjorde departementet framlegg om denne ordlyden:
«Med teiknspråkleg miljø forstår ein skolar som har tilrettelagde opplæringstilbod i og på teiknspråk for hørselshemma elevar. Skolane kan i tillegg ha anna vidaregåande opplæring.»
Den siste setningen er overflødig og kan dessutan føre til mistydingar, sidan lovutkastet til § 3-9 tredje leddet presiserer opplæringsretten i eit teiknspråkleg miljø.
Departementet vil etter dette gjere framlegg om ein regel som er noko endra i høve til framlegget i høringsnotatet når det gjeld utkastet til § 3-9 andre leddet.
Departementet vil gjere framlegg om ein regel i samsvar med framlegget i høringsnotatet når det gjeld utkastet til § 3-9 tredje leddet.
3.4 Departementet kan gi nærmare forskrifter, mellom anna om inntak (lovutkastet § 3-9 femte leddet)
3.4.1 Framlegget i høringsnotatet
Departementet meinte det kunne vere formålstenleg å ha felles inntaksreglar og felles inntaksinstans for dei som søkjer opplæring i eit teiknspråkleg miljø. Det vart vist til at det totale elevtalet på landsbasis som søkjer inntak til dei vidaregåande skolane ved statlege kompetansesenter og fylkeskommunale knutepunktskolar, utgjer ca. 130 elevar i alt. Elevar som er integrerte i vanlege vidaregåande skolar, utgjer ca. 70 på landsbasis. På denne bakgrunnen foreslo departementet heimel for å gi nærmare forskrifter, mellom anna inntak av elevar og felles inntaksinstans etter § 3-9.
3.4.2 Høringsinstansane
Sør-Trøndelag fylkeskommune, Vestfold fylkeskommune, Statens utdanningskontor i Vestfold og Lærarforbundet meiner det er unødvendig med ein felles overordna instans for inntak, og meiner at inntaksnemndene i fylket vil kunne vere inntaksinstans også for desse elevane. Sør-Trøndelag fylkeskommune peiker på at fylkeskommunen som skoleeigar må ha avgjerande vedtaksmynde når det gjeld inntak til knutepunktskole. Kommunal- og regionaldepartementet har merknader til ordlyden i forskriftsheimelen.
Andre høringsinstansar, mellom andre Statens utdanningskontor i Sør-Trøndelag og Troms fylkeskommune, ser eit klart behov for nasjonale inntaksreglar og nasjonal inntaksinstans. Oslo kommune støttar framlegget om felles inntaksreglar og felles inntaksinstans. Norsk Forbund for Døvetolker og Døvblindetolkar peiker på at ei samordning av inntaket av teiknspråklege elevar opnar for å kunne vurdere kva for tolkar som vil vere mest kvalifiserte til å tolke i dei ulike faga. Dette vil også vere med og heve kvaliteten på den opplæringa teiknspråklege elevar får.
3.4.3 Vurderingar frå departementet
Det er fylkeskommunen som har ansvaret for å oppfylle retten til vidaregåande opplæring for alle som er busette i fylkeskommunen. Elevar som etter lovframlegget vel vidaregåande opplæring i og på teiknspråk i eit teiknspråkleg miljø, vil imidlertid kunne få dette anten ved skoleavdelingane ved eit statleg eller privat kompetansesenter, eller ved ein fylkeskommunal knutepunktskole. Departementet ser difor behov for å kunne gi forskrifter om inntak, då dette vil gjelde inntak av elevar frå heile landet og inntak til ulike forvaltningsnivå.
Departementet har sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå Kommunenes Sentralforbund, fylkesutdanningssjefane og Styret for dei statlege spesialpedagogiske kompetansesentra for hørselshemma. Arbeidsgruppa skal mellom anna vurdere spørsmål i tilknyting til inntak, sjå nærmare under punkt 4.5. Arbeidsgruppa skal komme med endeleg framlegg til departementet innan 1. september 1999, og framlegget vil bli lagt til grunn i det vidare arbeidet med inntaksreglar.
I høringsutkastet gjorde departementet framlegg om heimel til å gi nærmare forskrifter, mellom anna om inntak og felles inntaksinstans. I lovutkastet har departementet endra ordlyden i forskriftsheimelen til «departementet kan gi nærmare forskrifter, mellom anna om inntak.»
Departementet vil etter dette gjere framlegg om ein lovregel som er noko endra i ordlyden i høve til framlegget i høringsutkastet, jf utkastet til § 3-9 femte leddet.
3.5 Framlegget i høringsnotatet om at departementet kan påleggje fylkeskommunen å samordne kurstilboda for elevar som får opplæring i og på teiknspråk etter § 3-9
3.5.1 Framlegget i høringsnotatet
I høringsnotatet omtalte departementet at det var viktig at kurstilboda ved knutepunktskolane og skoleavdelingane ved kompetansesentra vart samorda. Samordning og utvikling av kurstilbod føreset nært samarbeid mellom fylkeskommunane og det statlege støttesystemet. Det vart derfor foreslått eit nytt tredje punktum i § 13-3 tredje leddet, slik at departementet kan påleggje fylkeskommunane å samordne kurstilboda for elevar som får opplæring etter § 3-9.
3.5.2 Høringsinstansane
Dei høringsinstansane som støttar framlegget, viser til at samordning av kurstilboda vil kunne gi økonomiske innsparingar ved at fleire tolkebrukarar kan nytte den same tolken. Norsk Forbund for Døvetolker og Døvblindetolker peiker vidare på at fleire teiknspråklege elevar i ein klasse vil opne for eit sosialt og fagleg fellesskap mellom teiknspråklege elevar. Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund meiner at slik samordning også bør gjelde for dei kurstilboda der elevane får opplæring med tolk. Norsk Elevorganisasjon meiner at det ikkje bør vere opp til departementet å påleggje fylkeskommunane å samordne kurstilboda for elevar som får opplæring i og på teiknspråk, men at lova bør slå fast plikta til samordning.
Kommunal- og regionaldepartementet går imot framlegget, og uttaler mellom anna:
«Vi er opptatt av at det ikke gis pålegg overfor kommunesektoren uten at det er sterke nasjonale hensyn som taler for det, jf bl.a. retningslinjene for statlig regelverk overfor kommuner og fylkeskommuner av 26.03.98 og arbeidet med «Et enklere Norge.»
3.5.3 Vurderingar frå departementet
På bakgrunn av innvendingane til Kommunal- og regionaldepartementet, vil Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet ikkje føre vidare framlegget om heimel til å kunne påleggje fylkeskommunane å samordne kurstilboda for elevar som får opplæring etter § 3-9.
Elevar som etter lovframlegget vel vidaregåande opplæring i og på teiknspråk i eit teiknspråkleg miljø, vil kunne få dette anten ved skoleavdelingane ved eit statleg eller privat kompetansesenter, eller ved ein fylkeskommunal knutepunktskole. Dette føreset eit nært samarbeid mellom dei fylkeskommunale knutepunktskolane og det statlege støttesystemet, også når det gjeld samordning og utvikling av kurstilbod. Departementet viser til at den arbeidsgruppa som er omtalt i punkt 3.4.3, mellom anna skal lage ein plan for samordning av dei kurstilboda som eksisterer og vidareutvikling av dei. Arbeidsgruppa skal i første rekkje konsentrere seg om samordning av kurstilboda ved kompetansesentra og knutepunktskolane, slik at dei elevane som startar vidaregåande opplæring skoleåret 2000-01, kan få eit så breitt opplæringstilbod som mogleg.
3.6 Diverse i tilknyting til lovendringsframlegga
Ansvaret for opplæringa etter § 3-9
Departementet viser til opplæringslova § 13-3 første ledd som fastslår fylkeskommunens plikt til å oppfylle retten etter opplæringslova. Dette omfattar også rettane etter § 3-9.
Heimreiser, reisefølgje, opphald m.m.
Departementet viser til opplæringslova § 13-4 tredje ledd, der det heiter:
«Departementet kan gi forskrifter om heimreiser, reisefølgje og opphald for dei som må innlosjerast for å få hjelp eller opplæring etter denne lova, dessutan forskrifter om skoleskyss og skyssgodtgjersle.»
Denne heimelen er ny for vidaregåande opplæring, og omfattar både rettar for elevane til heimreiser, reisefølgje og opphald, og ansvar for kommunen eller fylkeskommunen i den samanheng, jf. Ot prp nr 46 (1997-98) side 193 og 194. Heimelen omfattar mellom anna dei reglane som i dag følgjer av lov 9. mai 1986 nr 19 om organisering av velferd for elevar og studentar § 3 tredje ledd, som gjelder det ansvaret fylkeskommunen i dag har for å dekkje utgiftene for elevar i vidaregåande skolar for ekstern spesialundervisning.
Departementet legg til grunn at den ovannemnde forskriftsheimelen i opplæringslova § 13-4 tredje ledd også omfattar elevane i fylkeskommunale knutepunktskolar etter ny § 3-9.
Iverksetjing
Departementet tek sikte på at retten etter lovframlegget kan setjast i verk med verknad frå og med skoleåret 2000-01. På det tidspunktet reknar ein med at læreplanane er på plass, og at det eventuelt er gjort nødvendige endringar i forskrift til opplæringslova kapittel 6 Inntak til vidaregåande opplæring og formidling av lærlingar til lærebedrifter. Våren 2000 går også dei første teiknspråklege elevane ut av grunnskolen etter å ha gjennomført ungdomstrinnet i tråd med dei nye læreplanverka.