Ot.prp. nr. 78 (1998-99)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

4 Tiltak i samband med lovframlegget om rettar for ungdom med teiknspråk som førstespråk

4.1 Kompetanseheving av lærarar

4.1.1 Framlegget i høringsnotatet

Departementet la i høringsnotatet til grunn at realkompetanse tilsvarande 10 vekttal teiknspråk var å sjå som eit minimum for å oppfylle retten etter lovendringsframlegget. Dette medfører at mange lærarar som skal undervise døve og sterkt hørselshemma ungdommar, må få heva kompetansen sin.

Styret for dei statlege spesialpedagogiske kompetansesentra har vurdert behovet for kompetanseheving, og har funne at mellom 80 og 90 lærarar vil ha behov for eit 10-vekttals kurs i teiknspråk, medan om lag 50 lærarar må få tilbod om eit 2 vekers forkurs til vekttalskurset.

Det medfører ein meirkostnad å skaffe større teiknspråkkompetanse i fylkeskommunane. Staten tek i ein avgrensa periode (1998-2000) på seg å dekkje dei meirutgiftene fylkeskommunane har til nødvendig etterutdanning av lærarar i vidaregåande opplæring ved kompetansesentra og knutepunktskolar som har behov for kompetanseheving i teiknspråk, jf. St prp nr 1 (1998-99).

Styret for dei statlege spesialpedagogiske kompetansesentra har laga ein plan for denne kompetansehevinga, som vil gå over 3 år. 64 lærarar starta 10-vekttalskurset hausten 1998. Det kravde 2.9 mill. kroner i 1998, det krev 5 mill. kroner i 1999 og vil krevje 1.5 mill. kroner i 2000. Dette skal dekkje dei utgiftene utdanningsinstitusjonane har til å gjennomføre opplæringa og dei meirutgiftene fylkeskommunane har til vikar, i tillegg til reise- og opphaldsutgifter for deltakarane. Det tilsvarer satsinga i grunnskolen i samband med innføringa av teiknspråkregelen i forskrift for grunnskolen § 2-4, som no er ført vidare i opplæringslova § 2-6.

4.1.2 Høringsinstansane

Nokre få høyringsinstansar har merknader til dette punktet. Troms fylkeskommune meiner at staten bør ta økonomisk og fagleg ansvar for oppbygginga av kompetansen i teiknspråk i alle fylke, ikkje berre ved kompetansesentra og knutepunktskolane. Oslo kommune tilrår at staten tek på seg opplæringsansvaret og stiller økonomiske midlar til disposisjon for kompetanseheving i teiknspråk utan å tidsavgrense statens ansvar.

Norges Døveforbund peiker på at 10 vekttal er for lite til å undervise på teiknspråk, og at minimumsgrensa bør hevast til 20 vekttal. Statens utdanningskontor i Sør-Trøndelag og Voksenopplæringsforbundethar tilsvarande synspunkt.

Høgskolen i Sør-Trøndelag uttaler at høgskolen «har i sin heltidsutdanning i tegnspråk 10+10 vekttall satset på et undervisningsintensivt opplegg. Studentene får mye praktisk språktrening sammen med tegnspråkinstruktører. Selv med et slikt opplegg mener vi at studentene etter å ha tatt 10 vekttall har et svakt grunnlag for å undervise i og på tegnspråk. Man rekker ikke mer enn å gi studentene en innføring i grunnleggende trekk i tegnspråkets struktur og i døves historie og kultur. Studentene kommer opp på et tegnspråknivå hvor de kan føre enkle samtaler. Vi snakker altså om et minimumsnivå».

Høgskolen peikar også på at innlæring av dugleik i teiknspråk krev mykje øving over lang tid, og at den hørande teiknspråkbrukaren etter ei tid vil gli bort frå det som er norsk teiknspråk, dersom vedkommande ikkje har kontakt med eit vakse teiknspråkleg miljø og/eller får etterutdanning. Dette må komme til uttrykk i opplæringsplanar og budsjett. Vidare peiker høgskolen på at lærarar som gjer bruk av tolk, må få kunnskap og tidsressursar som gjer at dei vil og kan samarbeide med tolken. God tolking i opplæringssamanheng krev som minimum at lærarane organiserer arbeidet slik at tolken kan få førebudd seg. Dette har opplagde konsekvensar for opplæringa og ressursane.

4.1.3 Vurderingar frå departementet

Det er fylkeskommunane som har ansvaret for opplæringa av elevar i vidaregåande opplæring. Det føreset at fylkeskommunane bruker nødvendige ressursar til kompetanseheving i samsvar med behovet, mellom anna til teiknspråkleg kompetanse. Døve elevar har alltid hatt behov for tilrettelagd opplæring på teiknspråk gjennom lærar som har slik kompetanse, ved å bruke tolk eller ved ulike kombinasjonsløysingar.

I samband med innføringa av § 2-4 i forskrift for grunnskolen, som no er ført vidare i opplæringslova § 2-6, la departementet til grunn at realkompetanse tilsvarande 10 vekttal teiknspråk var å sjå som eit minimum for å oppfylle rettane etter grunnskoleforskrifta. Departementet legg det same kravet til grunn for framlegget til § 3-9. På same måten som for grunnskolen fører dette til at mange lærarar må få heva kompetansen sin, noko som inneber meirkostnader. Den ordninga som staten i ein avgrensa periode tok på seg for å dekkje kommunane sine meirutgifter til nødvendig etterutdanning ved innføringa av rett til grunnskoleopplæring i og på teiknspråk, vert såleis ført vidare for lærarar som gir vidaregåande opplæring ved kompetansesentra og knutepunktskolane i ein periode på tre år frå 1998 til 2000.

Utover dette er det etablert opne studietilbod i teiknspråk ved Universitetet i Oslo og Høgskolen i Sør-Trøndelag. Desse vil på vanleg måte mellom anna kunne tilby 10-vekttals- og 20-vekttalsstudium i teiknspråk. Fylkeskommunen vil i framtida kunne nytte desse tilboda for å heve kompetansen i teiknspråk hos aktuelle lærarar. Det er elles høve til å ta teiknspråk som fag innanfor vanleg fireårig lærarutdanning.

Departementet viser til dette, og held fast ved framlegget i høringsutkastet på dette punktet.

4.2 Utvikling av læreplanar

4.2.1 Framlegget i høringsnotatet

Departementet påpeikte i høringsnotatet at opplæringslova sikrar elevar i grunnskolen med teiknspråk som førstespråk rett til opplæring i og på teiknspråk. Denne retten vil også bli gjord gjeldande for elevar i vidaregåande skole. For å sikre progresjon og kontinuitet i opplæringa vil det derfor vere behov for å utvikle ein læreplan i teiknspråk som førstespråk som byggjer på læreplanverka for grunnskolen.

Ein må rekne med at elevar som vel teiknspråk som førstespråk i vidaregåande opplæring, møter med ulike kunnskapar og føresetnader. I ein overgangsperiode etter innføringa av Reform 97 vil somme elevar ikkje kunne nå dei mål som læreplanen i teiknspråk for grunnskolen føreset. For å lette overgangen til vidaregåande skole er det derfor nødvendig å gi disse elevane eit fleksibelt teiknspråktilbod.

Etter departementet si oppfatning er det også behov for å styrkje opplæringstilbodet i teiknspråk for hørande. Dette vil kunne vere eit viktig rekrutteringstiltak med tanke på framtidig tolkeutdanning, da ein ser at ein del søkjarar til tolkestudia har for svak teiknspråkdugleik til å kunne bli tekne opp. Samtidig vil slike opplæringstilbod kunne medverke til betre sosial integrering mellom døve og hørande.

På denne bakgrunnen meiner departementet det er nødvendig å utvikle læreplanar i teiknspråk som til saman dekkjer opplæringsbehovet i teiknspråk på alle nivå i vidaregåande skole. Det er derfor behov for å utarbeide desse læreplanane:

Teiknspråk som førstespråk

Læreplanen skal

  • byggje på og føre vidare grunnskolens læreplan i teiknspråk

  • kunne tilpassast og koordinerast med læreplanen i norsk, slik at desse planane til saman gir same formelle og reelle kompetanse som norsk for hørande

  • kvalifisere for vidare studium i teiknspråk ved universitet og høgskole

  • leggje til rette for fleksible organiseringsmåtar med modular som kan tilpassast både allmennfagleg og yrkesfaglege løp

Teiknspråk som B/C-språk og valfag

Denne læreplanen vil vere eit undervisningstilbod både til hørselshemma og hørande elevar.

For hørselshemma vil denne læreplanen

  • sikre eit fleksibelt undervisningstilbod og ein smidigare overgang til vidaregåande skole for elevar med teiknspråk som førstespråk

  • kunne brukast i teiknspråkopplæring for hørselshemma elevar som har behov for teiknspråk som støttespråk

For hørande vil teiknspråk kunne tilbydast som

  • totimars valfag i alle studieretningar

  • studieretningsfag (C-språk, 4-4-4) i studieretninga for allmenne, økonomiske og administrative fag

Det er elles nødvendig å sjå læreplanane i teiknspråk, norsk og engelsk i samanheng i eit heilskapleg pedagogisk perspektiv. Læreplangruppa i teiknspråk vurderer derfor behovet for å endre mål og hovudmoment i læreplanane for norsk og engelsk, slik at dei blir tilpassa målgruppa for lovendringsforslaget i § 3-9.

4.2.2 Høringsinstansane

Høringsinstansane har ikkje merknader til dette punktet, bortsett frå Lærarforbundet og styret for dei statlege spesialpedagogiske kompetansesentra ved sektorstyret for hørsel, som likelydande peiker på at når det gjeld læreplanen i teiknspråk som førstespråk, må denne planen i tillegg til dei punkta som er nemnde i høyringsnotatet,

  • kunne tilpassast og koordinerast med læreplanen i samisk for samiske elevar, slik at desse planane til saman kan den gi same reelle og formelle kompetansen som samisk for hørande

  • gjere det mogleg for dei som har teiknspråk som førstespråk, å velje samisk eller norsk som andrespråk

4.2.3 Vurderingar frå departementet

Departementet viser til framlegget i høringsnotatet. For å sikre samiskspråklege elevar opplæring i teiknspråk, vil departementet vurdere behovet for eventuelle praktiske tilpassingar mellom læreplanen i teiknspråk som førstespråk og læreplanen i samisk. Det blir dessutan vist til omtalen av ungdommar som både er teiknspråklege og samiskspråklege og rettane deira i forhold til lovendringsframlegget under punkt 3.1.3.

4.3 Utvikling av læremiddel

Læremiddel

Departementet er i gang med å lage nye læreplanar i teiknspråk, for døve elevar som har teiknspråk som førstespråk, for hørselshemma elevar som har behov for teiknspråk som støttespråk i opplæringa og for hørande elevar som ønskjer opplæring i teiknspråk. Det må derfor utviklast og produserast lærebøker og supplerande læremiddel tilpassa desse nye læreplanane, og eventuelt supplerande læremiddel for døve elevar i andre fag. Nasjonalt læremiddelsenter har fått i oppdrag å gjere dette. Det vil også bli behov for å sjå nærmare på tilrettelegginga av eksamen.

Bilettelefon

  • Etableringa av knutepunktskolane føreset nært samarbeid med dei statlege spesialpedagogiske kompetansesentra. Det er også behov for nært samarbeid mellom knutepunktskolane og skoleavdelingane ved dei statlege spesialpedagogiske kompetansesentra, mellom anna om utvikling og bruk av fagspesifikke teikn innanfor dei ulike studieretningane. Som ei hjelp i dette arbeidet har styret for statlege spesialpedagogiske kompetansesenter teke initiativ til og sett i verk eit prosjekt om bruk av bilettelefon for lærarar og tolkar ved vidaregåande skolar for teiknspråklege elevar. Ved hjelp av bilettelefon kan lærarar og tolkar samtale på teiknspråk, gi og få rettleiing og utveksle teikn. Bilettelefon gjer det også mogleg at døve elevar ved dei ulike skolane kan drøfte faglege problemstillingar med kvarandre. Prosjektet starta våren 1998 og skal etter planen vare ut 1999. Det er gjennomført eit tilsvarande prosjekt for kompetansesentra, med berre positive erfaringar med bruken av bilettelefon.

  • Norges Døveforbund har fått ansvaret for eit anna prosjekt med utprøving av bilettelefon i tolkesamanheng. Departementet meiner det vil vere av særleg interesse med forsøksverksemd for å få kunnskap om kva som er mogleg og kva som set grenser når det gjeld

    • tolking i skoleverket ved hjelp av bilettelefon

    • tolking til gjeremåla i dagleglivet ved hjelp av bilettelefon

Rikstrygdeverket, Hjelpemiddelsentralen i Møre og Romsdal, Telenor, Styret for statlege spesialpedagogiske kompetansesentra og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet tek alle del i prosjektet, som etter planen skal vare ut 1999.

Teiknordbok

Departementet har sett i gang eit treårig prosjekt for å utvikle ei norsk teiknordbok i form av ein elektronisk database. Målgruppa for teiknordboka er familiar med døve barn, elevar og lærarar i grunnskole og vidaregåande skole, tolkar o a. Prosjektansvaret er lagt til Nasjonalt læremiddelsenter, jf St prp nr 1 (1998-99).

4.4 Utbygging av tolkeutdanninga

Universitetet i Oslo og Høgskolen i Sør-Trøndelag har begge bygd opp ei 2-årig utdanning for døvetolkar. Begge institusjonane har eit måltal på 20 studieplassar. Det har vore vanskar med å rekruttere nok studentar til studietilbodet, men institusjonane arbeider for å få fleire søkjarar. Høgskolen i Sør-Trøndelag har mellom anna starta eit årstilbod i teiknspråk for hørande. Det er også ei utfordring å byggje opp fagmiljøa ved institusjonane.

Både Universitetet i Oslo og Høgskolen i Sør-Trøndelag har gjennomført modulorganiserte kurs for å gi mellombels godkjende døvetolkar permanent godkjenning. I tilfelle der utdanna døvetolkar ikkje er tilgjengelege, har Sosial- og helsedepartementet opna for at ein unntaksvis kan nytte tolkar utan utdanning, men med realkompetanse.

4.5 Andre tiltak

Departementet har sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå Kommunenes Sentralforbund, fylkesutdanningssjefane og styret for dei statlege spesialpedagogiske kompetansesentra for hørselshemma. Arbeidsgruppa skal mellom anna vurdere og ta stilling til

  • spørsmål i tilknyting til inntak

  • utvikling og samordning av kurstilbod

  • betalingsordningar i tilknyting til retten

Formålet med arbeidet er å lage ei ryddig organisering på desse felta før lovføresegna trer i kraft. Forslaga frå arbeidsgruppa vil bli nyttige bidrag i det vidare arbeidet med inntaksreglane i samband med inntaket av denne elevgruppa.

Nærmare om betalingsordningar

Betalingsordningane for gjesteelevar ved knutepunktskolane er fylkeskommunane sitt ansvar. Det same gjeld oppfølginga i fritida. Departementet har fått signal om at betalingsordningane for teiknspråklege elevar som er gjesteelevar ved knutepunktskolar i andre fylkeskommunar ikkje alltid fungerer tilfredsstillande. Årsaka er at fylkeskommunane ikkje alltid er einige om korleis betalingsordningane skal vere for kostnaden ved skoleopphaldet og eventuelle buutgifter og oppfølging i fritida.

Departementet ser det som viktig at slike forhold ikkje blir til hinder for dei rettar elevane har etter stortingsvedtaket. Arbeidsgruppa har derfor fått i oppdrag å komme med forslag til løysingar det er nødvendig å avklare for å sikre dei teiknspråklege elevane så godt tilbod som råd er.

Det er teke sikte på at desse vanskane kan løysast ved avtalar om rettleiande satsar både når det gjeld skoleopphald og oppfølging på fritida. Arbeidsgruppa skal komme med forslag til løysingar innan 1. september 1999, og forslaget vil bli lagt til grunn i det vidare arbeidet.

Til forsida