5 Framlegg om andre endringar i opplæringslova
5.1 § 1-1 Verkeområdet for lova - heimel til å gi reglar om inntak til kurs spesielt organiserte for vaksne
Hovudregelen i § 1-1 er at lova gjeld all offentleg vidaregåande opplæring, også læreforhold i bedrifter.
I tredje ledd er lova sitt verkeområde avgrensa når det gjeld grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring spesielt organisert for vaksne, som kommunen eller fylkeskommunen har ansvaret for.
Avgrensinga slik ho er utforma i tredje leddet inneber at departementet ikkje har heimel til å gi forskrift om inntak til kurs spesielt organiserte for vaksne. Slik heimel har departementet etter gjeldande reglar i lov 21. juni 1974 nr. 55 om videregående opplæring § 7. Departementet meiner det er behov for å kunne gi reglar om inntak til kurs spesielt organiserte for vaksne også i framtida. Forarbeida til opplæringslova tilseier ikkje at det har vore meininga å snevre inn den heimelen departementet har til å gi reglar om inntak. Departementet foreslår på denne bakgrunn at det i § 1-1 tredje leddet også blir vist til § 3-1 sjuande leddet som gir departementet heimel til å gi reglar om inntak.
Dei av høringsinstansane som har uttalt seg om dette framlegget, er einige med departementet.
5.2 § 3-3 Opplæringsordninga for den vidaregåande opplæringa
Opplæringslova § 3-3 tredje leddet har reglar om normalstrukturen 2+2 (to år i skole pluss to år i bedrift) for fag som har opplæring i bedrift. Somme fag har likevel ein annan opplæringsstruktur. Desse faga, såkalla avviksfag, har tre år med opplæring i skole før læretid i bedrift. Med verdiskapingstida i tillegg er det dermed opna for at den samla læretida for avviksfaga kan bli lengre enn det som følgjer av normalstrukturen.
For somme fag, til dømes flyfaga, blir det stilt særskilde internasjonale krav til opplæringa.
Avvika frå den normale opplæringsordninga har verka i fleire år utan klar lovforankring. Opplæringslova gir heller ikkje heimel for slike avvik.
Departementet foreslår på denne bakgrunnen ei lovendring som gir heimel for departementet til å gjere avvik frå opplæringsstrukturen på grunn av høge teorikrav og/eller sertifiseringskrav som gjer at fagarbeidarkompetansen må liggje på eit høgare nivå enn det normalstrukturen etter opplæringslova § 3-3 tredje leddet kan dekkje.
Nokre få høyringsinstansar - mellom anna Opplæringsrådet for byggtekniske fag, Opplæringsrådet for kjemi- og prosessfag, Opplæringsrådet for berg-, bygg- og anleggsfag og Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) - meiner departementet bør ha ein vidare heimel enn den som er foreslått i høringsnotatet. Dei meiner heimelen også bør omfatte fag som ligg innanfor normalordninga, men som likevel krev noko teori utover vidaregåande kurs I. Etter departementet si vurdering er det ikkje nødvendig å ha særskild heimel for desse faga. Det er departementet sin intensjon med framlegget å få heimel for dei avviksfaga som allereie no finst. Grunngivinga for framlegget om heimel for avviksfaga er at somme av desse faga, mellom anna flyfaga, har ei samla opplæringstid på meir enn tre år, dvs. meir enn retten til vidaregåande opplæring inneber.
5.3 § 2-3 Innhald og vurdering i grunnskoleopplæringa og § 3-4 Innhald og vurdering i den vidaregåande opplæringa: presisering av forskriftsheimelen
Etter gjeldande reglar i lov om videregående opplæring § 6 har departementet mellom anna heimel til å gi forskrift om vurdering, eksamen, vitnemål og godskriving av tidlegare gjennomgått skole, kurs eller annan praksis.
Heimelen er ført vidare i opplæringslova § 3-4 første leddet. Ordlyden i opplæringslova er likevel snevrare enn gjeldande regel. Etter § 3-4 har ikkje departementet lenger heimel til å gi forskrift om vurdering av privatistar. Departementet vil heller ikkje lenger ha heimel til å gi reglar om godskriving av tidlegare gjennomgådd opplæring eller praksis.
Sjølv om det følgjer av særmerknaden til paragrafen i Ot prp nr 46 (1997-98), meiner departementet det bør presiserast i lovteksten at heimelen også gjeld forskrifter om eksamen, fag-/sveineprøve og dokumentasjon.
Det har ikkje vore meininga å innsnevre departementet sin heimel samanlikna med det som no gjeld.
For å skape samanheng i lova, foreslår departementet tilsvarande presiseringar i § 2-3 som gjeld grunnskolen.
Dei av høringsinstansane som har uttalt seg om dette framlegget, er einige med departementet.
5.4 § 4-8 Straff
Etter opplæringslova § 4-8 kan den som grovt forsømmer opplæringsansvaret sitt, som ikkje opprettar lærekontrakt eller ikkje legg kontrakten fram for yrkesopplæringsnemnda til godkjenning, straffast med bøter. Denne regelen fører vidare gjeldande regel i lov 23. mai 1980 nr 13 om fagopplæring i arbeidslivet § 14.
Departementet meiner at eventuelle reaksjonar på brot på pliktene og forsømming av opplæringsansvaret må vurderast i forhold til det som elles gjeld, til dømes straffelova, avtalelova og allmenne erstatningsrettslege prinsipp. Fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda skal etter lova godkjenne lærebedrifter. Det inneber at yrkesopplæringsnemnda også må kunne trekkje tilbake ei godkjenning dersom bedrifta ikkje oppfyller pliktene sine. Fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda har tilsynsansvaret etter opplæringslova § 12-4. Departementet har også heimel til å gi pålegg om å utbetre forhold som er i strid med opplæringslova.
Om lag ein firedel av høyringsinstansane har uttalt seg til framlegget om å oppheve § 4-8. Fleirtalet av dei går imot departementet sitt framlegg om å oppheve regelen. To av opplæringsråda meiner regelen kan bli oppheva dersom det etter regelverket elles er mogleg å setje i verk sanksjonar. Eit anna opplæringsråd meiner regelen ikkje må opphevast før andre reaksjonsformer er utgreidde. LO uttaler i si fråsegn ønske «om at den nåværende § 4-8 bibeholdes. Dette er en entydig og klar paragraf om ansvar og konsekvenser - også for ikkejurister».
Departementet forstår innvendingane frå høringsinstansane som eit behov for å synleggjere opplæringsansvaret til lærebedriftene gjennom ein strafferegel. Departementet gjer på dette grunnlaget ikkje framlegg om at § 4-8 i opplæringslova blir oppheva.
5.5 § 10-3 Kompetansekrav for personell ved faste leirskolestader
Departementet foreslår å lovfeste den nogjeldande regelen i grunnskoleforskrifta § 1-5 nr 6 første ledd som seier at det pedagogiske personalet ved leirskolar med fast pedagogisk bemanning skal vere tilsett i vertskommunen. Denne forskrifta har ikkje heimel i opplæringslova. Departementet meiner at den rettslege reguleringa vi har i dag, bør førast vidare etter at opplæringslova trer i kraft 1. august 1999, og foreslår nødvendige lovendringar. Dette skal sikre kontinuiteten i undervisningsopplegget og tilsetjingsforholda for personalet. På denne måten vil undervisningspersonalet ha god kjennskap til forholda på staden og på dette grunnlaget kunne leggje undervisninga godt til rette for elevane.
Kommunal- og regionaldepartementet går imot lovframlegget med følgjande grunngiving:
«Vi ønsker at fagdepartementene er restriktive i forhold til å foreslå mange og detaljerte krav til kommunenes virksomhet. Slik vi ser det, bør kommunene få mulighet til å tilby det de mener er et godt undervisningstilbud ved leirskole, selv om det i noen tilfelle kan innebære at den som underviser har en annen kompetanse enn det KUF mener vil være mest hensiktsmessig generelt sett. Det kan også i enkelte tilfelle være slik at en person som innehar en hensiktsmessig kompetanse ikke er, eller ønsker å være, fast ansatt i kommunen.»
Departementet har merka seg at Norsk Leirskoleforening ønskjer ytterlegare forskriftsregulering av leirskoleverksemda. Etter departementet si vurdering gir lovframlegget tilstrekkeleg nasjonal styring.
Overskrifta i opplæringslova § 10-3 er foreslått endra i samsvar med departementet sitt lovframlegg.