6 Økonomiske og administrative konsekvensar av lovframlegga
6.1 Økonomiske konsekvensar av lovframlegga om rettar for ungdom med teiknspråk som førstespråk i kapittel 3 og 4
Det er vanskeleg å føreseie kva tilbod hørselshemma elevar som er omfatta av retten, vil føretrekkje med lovfesta rett til å velje. Berekningar viser at det er grunn til å tru at dei fylkeskommunale utgiftene etter innføringa av retten vil vere tilnærma uendra.
Desse føresetnadene er lagde til grunn for kostnadsberekninga av lovendringsforslaget:
Erfaringsmessig er det rimeleg å rekne med at det til kvar tid er 200 teiknspråklege elevar i vidaregåande opplæring. Ca. 90 elevar er knytte til kompetansesentra, 40 til knutepunktskolane, og ein reknar med at om lag 70 elevar følgjer vanleg undervisning i eit norskspråklig miljø med tolk.
Det er føresett at alle hørselshemma elevar som i dag ønskjer vidaregåande opplæring, er inne i opplæringssystemet, og at ei lovendring ikkje vil medføre at fleire ønskjer å ta slik opplæring.
Økonomisk oppgjer for tilbodet ved knutepunktskolane skjer mellom dei involverte fylkeskommunane etter gjesteelevordninga. Det er her lagt til grunn ein gjesteelevsats på 178 000 kroner for elevar ved knutepunktskolar. Gjesteelevsatsen kan variere noko frå skole til skole. Meirkostnaden per elev som bruker tolk i vanleg vidaregåande opplæring er rekna til 220 000 kroner. Det er da føresett at ein bruker tolketeneste.
Det er føresetnaden at talet på elevar ved kompetansesentra held seg på tilnærma same nivå som i dag.
Det er som nemnt vanskeleg å føreseie kva elevane vil velje etter ei lovendring. Vala vil avhenge av kva kurstilbod som blir gitt ved skoleavdelingane ved kompetansesentra og ved knutepunktskolane, og av tilboda elles.
Dersom ein reknar med at lovendringa vil føre til at alle hørselshemma elevar som i dag får opplæring med tolk i eit norskspråkleg miljø ønskjer vidaregåande opplæring i eit teiknspråklig miljø ved ein fylkeskommunal knutepunktskole, er mindrekostnaden for fylkeskommunane rekna til om lag 3 mill. kroner. Årsaka til at pårekna totalkostnad blir lågare, er at den pårekna meirkostnaden ved å gi ein hørselshemma elev opplæring med tolk i eit norskspråkleg miljø er høgare enn kostnadssatsen per elev ved ein knutepunktskole.
Dersom lovendringa vil føre med seg at alle hørselshemma elevar som i dag får opplæring ved knutepunktskolane, ønskjer å få opplæring med tolk i vanlege vidaregåande skolar, er den samla meirkostnaden for fylkeskommunane rekna til knapt 2 mill. kroner.
Etter dei berekningar departementet har gjort, er det dyrare å gi hørselshemma elevar tilbod om vidaregåande opplæring i eit norskspråkleg miljø med tolk enn i eit teiknspråkleg miljø ved ein fylkeskommunal knutepunktskole. Det er likevel vanskeleg å føreseie kva tilbod hørselshemma elevar som er omfatta av retten, vil føretrekkje med lovfesta rett til å velje. Truleg vil dei utgiftene fylkeskommunane får etter lovendringsforslaget, vere om lag dei same som i dag.
Kompetansesentra har internat for elevar i vidaregåande opplæring. Fylkeskommunane blir trekte i rammetilskottet med 184 000 kroner per elev som nyttar internattilbodet. Denne summen har ikkje vore justert sidan 1992.
Butilbodet og oppfølginga i fritida for hørselshemma elevar ved knutepunktskolane er under utvikling. Førebels kan fylkeskommunane berre gi eit avgrensa tilbod. Til no er det funne løysingar i dei enkelte tilfella. Dersom elevtalet stig og/eller behovet for sosialpedagogiske tenester aukar, vil det kunne medføre meirutgifter for fylkeskommunane.
Enkelte teiknspråklege elevar har meir enn andre elevar behov for spesialpedagogiske tiltak som krev ekstra ressursar.
Betalingsordningane for gjesteelevar ved knutepunktskolar er også omtalte under punkt 4.5.
Moglege økonomiske konsekvensar av utvida timetal (ny læreplan i teiknspråk)
For elevar i grunnskolen med teiknspråk som førstespråk er opplæringa styrkt med 2033 timar til teiknspråk. Elevar med teiknspråk som førstespråk får såleis vesentleg fleire undervisningstimar enn elevane elles i det 10-årige grunnskoleløpet.
I studieretningar i vidaregåande skole som har 35 undervisningstimar per veke, vil det ikkje vere realistisk å auke omfanget av opplæringa. Desse studieretningane vil derfor vere nøydde til å bruke valfagtimane til teiknspråkopplæring.
Elevar i allmennfagleg studieretning vil kunne få fritak for det andre obligatoriske framandspråket og bruke desse timane til teiknspråkopplæring. Dersom det skal vere mogleg for teiknspråklege elevar å lese B/C-språk i tillegg til teiknspråk som førstespråk, vil det vere behov for å auke undervisningstimetalet med omkring 8 veketimar fordelte over tre år. Dette vil innebere ein kostnadsauke på ca. 50 000 kroner per klasse per år. Med 10 klassar på allmennfagleg studieretning vil dette utgjere ca. 500 000 kroner per år på landsbasis. Det er da føresetnaden at desse timane ikkje kan dekkjast innanfor rammene av det ordinære lærartimetalet.
Det er i dag mange teiknspråklege elevar i vidaregåande opplæring som tek grunnkurs over to år (pårekna 30 til 40 pst.). Med styrkinga av teiknspråkundervisninga i grunnskolen og kompetansehevinga av lærarar vil elevane få betre føresetnader for å fullføre vidaregåande skole på normal tid. Det er derfor rimeleg å vente at den delen av elevane som tek grunnkurs over to år, vil minke noko i framtida, og at innsparing såleis er mogleg på litt lengre sikt.
Sjølv om lovendringsforslaget i § 3-9 vil kunne medføre at det blir behov for å heve lærartimetalet på tilsvarande måte som i grunnskolen, bør det derfor kunne kompenserast ved at fleire elevar fullfører eit vanleg vidaregåande opplæringsløp på tre år.
6.2 Økonomiske konsekvensar av lovframlegga om andre endringar i opplæringslova i kapittel 5
Dei foreslåtte lovendringane under kapittel 5 vil ikkje ha økonomiske konsekvensar. Forslaga er i hovudsak vidareføring av dei reglane som allereie gjeld. Lovfesting av avvik frå opplæringsordninga for fag med høge teorikrav og/eller sertifiseringskrav er ei stadfesting av det som no er praksis. Forslaget til endring i § 10-3 er ei vidareføring av dei reglane som gjeld etter grunnskoleforskrifta i dag.
6.3 Administrative konsekvensar av lovframlegga om rettar for ungdom med teiknspråk som førstespråk i kapittel 3 og 4
Lovendringsforslaget vil samla sett ikkje medføre administrative meirkostnader. Fylkeskommunane har også i dag ansvaret for å gi døve og sterkt tunghørte elevar vidaregåande opplæring.
Departementet skal sjå på organiseringa av tolketenesta for døve på ulike utdanningsnivå, jf. punkt 3.1.3. Når denne organiseringa er på plass, reknar ein med at det vil lette oppfølginga i fylkeskommunane av elevgruppa etter lovendringsforslaget.
Departementet viser til at det blir vurdert å lage reglar om inntak. I tillegg blir det arbeidd med å samordne kurstilboda for elevane i teiknspråklege miljø, jf. omtalen i punkt 3.5.3. Vi reknar med at dette på lengre sikt vil kunne lette det administrative arbeidet i fylkeskommunane samla sett.
6.4 Administrative konsekvensar av lovframlegga om andre endringar i opplæringslova i kapittel 5
Sidan forslaga i hovudsak er vidareføring av dei reglane som allereie gjeld, vil dei ikkje ha administrative konsekvensar.