7 Merknader til dei einskilde paragrafane i lovframlegga
Til § 1-1 tredje leddet:
Det blir føyd til ei tilvising til § 3-1 sjuande leddet, slik at departementet får heimel til å gi forskrifter om inntak til kurs spesielt organiserte for vaksne.
Til § 2-3 andre leddet:
Det blir presisert at heimelen til å gi forskrift om vurdering av elevar også skal gjelde privatistar. I tillegg blir det presisert at heimelen også gjeld forskrifter om eksamen og om dokumentasjon.
Til § 2-6 nytt fjerde ledd:
Opplæringslova § 2-6 første leddet gir elevar som har teiknspråk som førstespråk, rett til grunnskoleopplæring i og på teiknspråk, og § 2-6 tredje leddet gir førskolebarn som har særleg behov for teiknspråkopplæring, rett til slik opplæring.
§ 2-6 nytt fjerde ledd slår fast at før kommunen gjer vedtak om opplæring etter første og tredje leddet, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering. Det er gjort framlegg om tilsvarande krav etter ny § 3-9.
Sjå også vurderingane til departementet under punkt 3.2.
Til § 3-3 sjette leddet:
Orda «for fag med særskilt store krav til teori, for fag med særskilde sertifiseringskrav» blir føyd til. Endringa inneber at departementet får heimel til i forskrift å gjere avvik frå den normale opplæringsstrukturen på grunn av høge teorikrav og/eller sertifiseringskrav.
Til § 3-4 første leddet:
Det blir presisert at heimelen til å gi forskrift om vurdering av elevar og lærlingar også skal gjelde privatistar. I tillegg blir det presisert at heimelen også gjeld forskrifter om eksamen, om fag- og sveineprøve og om dokumentasjon. Departementet sin heimel i lov om videregående opplæring § 6 til å gi forskrifter om godskriving av tidlegare gjennomgått opplæring eller praksis blir ført vidare.
Til ny § 3-9:
Første leddet fastslår rett for ungdom med teiknspråk som førstespråk til å velje vidaregåande opplæring i og på teiknspråk i eit teiknspråkleg miljø, eller til å velje å bruke tolk i ordinære vidaregåande skolar. Retten gjeld ungdom som har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1.
Før fylkeskommunen gjer vedtak om slik opplæring, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering av opplæringsbehovet til eleven. Det er gjort framlegg om tilsvarande krav etter § 2-6.
Sjå også vurderingane frå departementet under punkta 3.1 og 3.2.
Andre leddet definerer kva som er meint med teiknspråkleg miljø.
Departementet viser til dei generelle merknadene under punkt 3.3, der det blir lagt til grunn at elevar som vel opplæring i eit teiknspråkleg miljø, vil kunne få dette ved knutepunktskolane og ved skoleavdelingane til dei spesialpedagogiske kompetansesentra for hørselshemma.
Tredje leddet viser at retten til opplæring i eit teiknspråkleg miljø etter andre leddet er avgrensa til dei kurstilboda som desse skolane gir. I tillegg vil delar av dette opplæringstilbodet kunne givast med tolk.
Sjå også vurderingane til departementet under punkt 3.3.
Fjerde leddet gir departementet forskriftskompetanse til å gi reglar om omfanget av opplæringa i tid og om innhaldet i opplæringa.
Femte leddet gir departementet forskriftskompetanse til å gi reglar om mellom anna inntak. Sjå også vurderingane til departementet under punkt 3.4.
Til § 10-3:
Det blir presisert at undervisningspersonalet ved leirskolar med fast pedagogisk bemanning skal vere tilsett i den kommunen der leirskolen ligg. Orda «kompetansekrav for» blir tatt ut av overskrifta til paragrafen slik at overskrifta er i samsvar med lovframlegget.