2 Bakgrunn for lovforslaget
2.1 Innleiing
Lovforslaget byggjer på eit høyringsnotat som vart utarbeidd av Brønnøysundregistra første halvår 2002. Utvikling i arbeidsoppgåver og ei stor grad av registersamordning dei siste åra har gjort det nødvendig å sjå på harmoniseringa av reglane knytte til Einingsregisteret, Føretaksregisteret, Konkursregisteret og også andre offentlege register. Det blir lagt stadig større vekt på at innrapporteringspliktene til næringslivet må reduserast, og derfor er det behov for å sjå på gjenbruken av grunndata, og mellom anna formålsføresegna i einingsregisterlova.
Vidare hadde arbeidet med Einingsregisteret i praksis vist at det var behov for endringar.
I høyringsnotatet som ligg til grunn for desse endringsforslaga var det også forslag om å gjere Konkursregisteret til eit tilknytt register til Einingsregisteret. Dette er eit ledd i arbeidet med å kunne effektivisere og rasjonalisere konkursbubehandlinga, og heng nøye saman med Justisdepartementet sitt arbeid på området. Næringsdepartementet vil kome tilbake til forslaget i samarbeid med Justisdepartementet.
I høyringsnotatet vart det òg lagt fram forslag til ein del endringar i forskriftene til føretaksregisterlova og einingsregisterlova og dessutan i konkursforskrifta. Nærings- og handelsdepartementet vil følgje opp desse endringsforslaga separat.
Det skjer for tida store endringar både i tekniske løysingar og i regelverket som er knytt opp mot digitale signaturar, og moglegheitene for elektronisk innrapportering og totalt nettbaserte tenester frå offentlege register. Departementet vil jamleg vurdere behovet for ytterlegare endringar i føretaksregisterlova og einingsregisterlova dersom utviklinga innanfor desse områda tilseier at det er behov for betre tilpassa lovtekniske løysingar.
Ved kongeleg resolusjon av 29. august 2003 vart Einingsregisteret overført frå Finans- og tolldepartementet til Nærings- og handelsdepartementet. Denne odelstingsproposisjonen blir dermed lagt fram frå Nærings- og handelsdepartementet.
2.2 Høyring
Høyringsnotatet forslaget byggjer på vart sendt på høyring frå Finans- og tolldepartementet 20. desember 2002, med høyringsfrist 21. mars 2003.
Høyringsnotatet vart sendt til desse institusjonane og organisasjonane:
Alle departementa
Aksjonærforeningen i Norge
Brønnøysundregistra
Datatilsynet
Den norske revisorforening
Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen
Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo
Det juridiske fakultet, Universitetet i Tromsø
Finansnæringens Hovedorganisasjon
Forbrukarombodet
Forbrukarrådet
Gjeldsofferalliansen
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon
Handelshøgskolen BI
Konkurransetilsynet
Konkursrådet
Kredittilsynet
Landslaget for Regnskapskonsulenter
Norges autoriserte regnskapsføreres forening
Noregs Bank
Norges kemner- og kommunekassererforbund
Norges kommunerevisorforening
Norsk bedriftsforbund
Norske inkassobyråers forening
Norske kredittopplysningsbyråers forening
Næringslivets Hovedorganisasjon
Oslo Børs
Riksrevisjonen
Skattedirektoratet
Skattefogdenes landsforening
Skatterevisorenes forening
Sparebankforeningen i Norge
Statistisk sentralbyrå
Stiftelsen norsk konkursforbund
Stortingets ombodsmann for forvaltninga
Økokrim
Finans- og tolldepartementet har fått desse høyringssvara: Barne- og familiedepartementet, Den norske revisorforening, Fiskeridepartementet, Forsvarsdepartementet, Forbund for kommunal økonomiforvaltning og skatteinnfordring, Helsedepartementet, Kredittilsynet, Landbruksdepartementet, Miljøverndepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet har ingen merknader til høyringsnotatet.
Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Datatilsynet, Finansnæringens Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen i Norge (fellessvar), Forbrukarrådet, Justis- og politidepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Konkurransetilsynet, Landslaget for Regnskapskonsulenter, Norges autoriserte regnskapsføreres forening, Noregs Bank, Nærings- og handelsdepartementet, Næringslivets Hovedorganisasjon, Rikstrygdeverket, Skattedirektoratet og Statistisk sentralbyrå har alle hatt merknader til høyringsnotatet.
Høyringsinstansane er generelt positive til forslaga i høyringsnotatet. Finansnæringens Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen, Forbrukarrådet, Landslaget for regnskapskonsulenter, Næringslivets Hovedorganisasjon, Skattedirektoratet og Statistisk sentralbyrå framhevar spesielt at dei er positive til forslaga som vil føre til høgare kvalitet både i Einingsregisteret og Føretaksregisteret, og til betre samordning og gjenbruk av dei registrerte opplysningane. Elles blir dei viktigaste merknadene kommenterte nedanfor i tilknyting til dei aktuelle føresegnene.
2.3 Om utvalde register
Brønnøysundregistra har vore i verksemd frå 1981, og har i dag ansvaret for ei rekkje større og mindre register. Her følgjer ein kort omtale av dei registra som er sentrale for forslaga i denne proposisjonen.
I 1988 vart all registrering av næringsdrivande samla i Føretaksregisteret. Dette erstatta dei tidlegare lokale handelsregistra. Registeret har ansvar for å registrere alle norske og utanlandske føretak som driv næringsverksemd i Noreg, med unntak av ein del enkeltpersonføretak. Registeret skal sikre rettsvern og økonomisk oversikt, og er ei viktig kjelde for alle som treng korrekte opplysningar om aktørane i norsk næringsliv.
Konkursregisteret (1993) inneheld opplysningar om konkursbu og tvangsavviklingsbu. Registeret inneheld sentrale opplysningar om kvart enkelt bu, mellom anna kven som har vore dagleg leiar, styreleiar og revisor i eit konkursramma føretak, og om styreleiaren eller dagleg leiar har roller i andre føretak på tidspunktet for konkursopninga. Konkursregisteret kan òg gi opplysningar om nokon er ilagt konkurskarantene og innført i Konkurskaranteneregisteret (1991). Konkursregisteret vart oppretta som eit middel for å avdekkje og nedkjempe økonomisk kriminalitet, og for å vere eit forenklande mellomledd i bubehandlinga.
Einingsregisteret (1995) er eit register som inneheld grunndata om einingar som har registreringsplikt i dei tilknytte registra; arbeidsgivardelen av Arbeidstakar-/arbeidsgivarregisteret, Meirverdiavgiftsmanntalet, Føretaksregisteret, Skattemanntalet for etterskotspliktige skatteytarar, fylkesmannsregistra over stiftingar og Statistisk sentralbyrås bedrifts- og føretaksregister. Registeret samordnar opplysningar som finst om næringslivet og andre juridiske personar, tildeler organisasjonsnummer til einingane, og er gjennom dette eit viktig verktøy for vidare forenklingsarbeid for næringslivet.
Oppgåveregisteret (1997) har som hovudoppgåve å halde jamleg oversikt over dei oppgåvepliktene næringslivet har overfor det offentlege, og finne moglegheiter til samordning og forenkling. Målet er å lette næringslivet sine byrder knytte til innrapporteringsplikter.