8 Økonomiske og administrative konsekvensar
8.1 Økonomiske og administrative konsekvensar for stiftingane
Som nemnt i kapittel 3.1 over er det lagt til grunn at Stiftingstilsynet vil ha behov for om lag ti årsverk og at driftskostnadene vil utgjere i underkant av kr 9 mill. per år. Då er det også teke høgde for etableringskostnadene. Det er registrert ca. 9000 stiftingar her i landet. Ei fullfinansiering vil dermed medføre ei samla belastning som svarar til om lag kr 1000 i gjennomsnitt per stifting per år.
Departementet foreslår i kapittel 6.2 at finansieringa førebels bør forankrast i modellstrukturen omhandla i kapittel 3.2 slik at mesteparten av inntektene kjem frå ei årleg avgift, jf. grunngjevinga i kapitla der.
8.2 Økonomiske og administrative konsekvensar for det offentlege
Departementet foreslår i proposisjonen her at stiftingane skal finansiere kostnadene med Stiftingstilsynet fullt ut. Inntektene vil likevel ikkje ta til å kome inn før stiftingane kan registrere seg i det nye Stiftingsregisteret. Det kan først skje etter opprettinga 01.01.05. Justisdepartementet har derfor i Revidert nasjonalbudsjett for 2004, i samråd med Kultur- og kyrkjedepartementet, foreslått å bruke inntil 1 mill kroner av dei løyvingane som er gjevne for 2004 under Kultur- og kyrkjedepartementet budsjettkapittel 305 Lotteritilsynet, post 01 Driftsutgifter, til dekning av etableringskostnader.
Dei administrative konsekvensane for det offentlege er omhandla i kapittel 2.3 og 2.4.