9 Merknader til dei to føresegnene i lovframlegget
9.1 Til endringane i stiftingslova § 7 tredje ledd
Nogjeldande § 7 tredje ledd gjev ikkje heimel for å krevje ei årleg avgift, men berre gebyr for registrering av stiftingar i Stiftingsregisteret. Ved tilføyinga i lovframlegget her får ein heimel for også å krevje ei årleg avgift.
9.2 Til ny § 7 fjerde ledd
Krava er tvangsgrunnlag for utlegg. Under fullbyrdinga av krava vil skyldnaren kunne gjere dei same motsegnene gjeldande som under ei eventuell rettssak om kravet, jf. tvangsfullbyrdingslova § 4-2 tredje ledd. Regelen i tredje punktum er i samsvar med ein ganske vanleg lovgjevingspraksis i dag i samband med lovføresegner om at offentlege krav er tvangsgrunnlag for utlegg.