2 Bakgrunnen for lovframlegget
2.1 Protokoll nr. 13 til den europeiske menneskerettskonvensjonen om avskaffing av dødsstraff i eitkvart høve
Ministerkomiteen i Europarådet vedtok 21. februar 2002 protokoll nr. 13 til den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK) om avskaffing av dødsstraff i eitkvart høve. Protokollen vart opna for underteikning 3. mai 2002, og tok til å gjelde 1. juli 2003. Per 22. april 2005 har 30 av dei 46 medlemsstatane i Europarådet ratifisert protokollen. Ytterlegare 13 statar har underteikna han, mellom dei Noreg.
Regjeringa gjer i ein eigen proposisjon framlegg om at Stortinget samtykkjer i ratifikasjon av protokoll nr. 13. I proposisjonen her foreslår regjeringa at protokollen skal gjelde som norsk lov.
Protokoll nr. 13 i engelsk originaltekst og norsk oversetjing følgjer som vedlegg 1 og 2 til proposisjonen her.
2.2 Protokoll nr. 14 til den europeiske menneskerettskonvensjon om endring av kontrollsystemet til konvensjonen
Ministerkomiteen i Europarådet vedtok 12. mai 2004 protokoll nr. 14 til EMK om endring av kontrollsystemet til konvensjonen. Protokoll nr. 14 er ein viktig del av ei reformpakke som har som formål å gjere Den europeiske menneskerettsdomstol (Domstolen) betre i stand til å handtere den store mengda av klagemål over brot på EMK. Ved sidan av protokollen er det vedteke rekommandasjonar og resolusjonar som skal medverke til å auke tempoet i sakshandsaminga ved Domstolen. Per i dag har Domstolen om lag 70 000 uavslutta saker, og mengda av restansar aukar raskt. Det er derfor svært viktig at reformene blir gjennomførde så fort som mogeleg. Protokollen vart opna for underteikning 13. mai 2004 etter lengre forhandlingar mellom partane til EMK. For ei nærare omtale av reforma og forhandlingane om denne, visast det til St.prp. nr. 4 (2004-2005) s. 5 flg.
Per 22. april 2005 har sju statar ratifisert protokollen (Armenia, Danmark, Georgia, Irland, Malta, Noreg og Storbritannia), og ytterlegare 34 statar har underteikna han. Protokollen vil først ta til å gjelde tre månader etter at alle partane i den europeiske menneskerettskonvensjonen har slutta seg til han (dvs. alle dei 46 medlemsstatane i Europarådet, unnateke Monaco).
Stortinget samtykte i norsk ratifisering av protokollen 28. oktober 2004 (sjå Innst. S. nr. 16 (2004-2005)), og Noreg ratifiserte protokollen 10. november 2004. I St.prp. nr. 4 (2004-2005) s. 12 lova regjeringa å fremje ein odelstingsproposisjon med forslag om endring i menneskerettslova slik at det går fram at det er EMK som endra ved ellevte og fjortande protokoll som gjeld som norsk lov, i god tid før protokollen tek til å gjelde.
EMK slik konvensjonen lyder når endringane i protokoll 11 og 14 er innarbeidde i engelsk originaltekst og norsk oversetjing, følgjer som vedlegg 3 og 4 til proposisjonen her.
2.3 Høyringa
Justisdepartementet sende 15. desember 2004 på høyring eit forslag om å ratifisere protokoll nr. 13 til EMK og å inkorporere protokoll nr. 13 og 14 til EMK i menneskerettslova § 2 nr. 1. Høyringsfristen var 1. mars 2005. Høyringsnotatet vart sendt til følgjande instansar:
Departementa
Sametinget
Domstoladministrasjonen
Regjeringsadvokaten
Riksadvokaten
Generaladvokaten
Stortingets ombudsmann for forvaltningen
Senter for menneskerettigheter
Den norske advokatforening
Den norske dommerforening
Norges Juristforbund
Befalets fellesorganisasjon
Landsorganisasjonen i Norge
Næringslivets Hovedorganisasjon
Amnesty International (norsk avdeling)
Det norske menneskerettighetshuset
Alle dei instansane som har kome med høyringssvar som kommenterer realiteten i forslaga, stiller seg bak forslaga i høyringsnotatet. Dette gjeld:
Den norske advokatforening
Den norske dommerforening
Befalets fellesorganisasjon
Landsorganisasjonen i Norge
I tillegg hadde Utanriksdepartementet nokre tekniske merknader som er innarbeida i proposisjonen her.
Følgjande instansar uttalte at dei ikkje hadde merknader til forslaga i høyringsnotatet:
Arbeids- og sosialdepartementet
Barne- og familiedepartementet
Finansdepartementet
Forsvarsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Moderniseringsdepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Domstoladministrasjonen
Næringslivets hovedorganisasjon
Regjeringsadvokaten
Riksadvokaten.