5 Merknader til lovframlegget
Del I
I menneskerettslova § 2 nr. 1 vert det teke inn ei tilvising til «fjortende protokoll 13. mai 2004», for å gjere det klart at det er den europeiske menneskerettskonvensjon slik konvensjonen lyder etter endringane gjennomført ved protokoll nr. 14, som gjeld som norsk lov.
I opplistinga av dei konvensjonane og protokollane som skal gjelde som norsk lov i menneskerettslova § 2 nr. 1, vert det teke inn ei tilvising til «Trettende protokoll 21. februar 2002 om avskaffelse av dødsstraff under enhver omstendighet», for å gjere det klart at jamvel denne protokollen til EMK skal gjelde som norsk lov.
Del II
Kongen får kompetanse til å fastsette at dei ulike delane av lovframlegget kan settast i verk til ulik tid. Det kan mellom anna fastsettast at tilvisinga til protokoll nr. 14 ikkje blir sett i verk før protokollen har teke til å gjelde, medan protokoll nr. 13 kan setjast i verk på eit tidlegare tidspunkt.