Oversikt over nye og endra statlege styringssignal retta mot kommunane - bygd på vedtak i 2006
Brev | Dato: 25.04.2007 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Kommunal- og regionaldepartementet
Mottakar: Fylkesmennene
Vår referanse: 07/152-15 TEF
Oversikt over nye eller endra statlege styringssignal retta mot kommunesektoren. Oversikta byggjer på vedtak gjort i 2006.
Vedlagt følgjer ei oversikt over nye eller endra statlege styringssignal retta mot
kommunesektoren. Oversikta byggjer på vedtak gjort i 2006.
Oversikta er meint som ei hjelp i det generelle samordningsarbeidet i
fylkesmannsembeta. Vi viser i samband med dette til rettleiar for
forventningsbrevmetoden, og tidlegare oversikter over statlege styringssignal som er sendt frå Kommunal- og regionaldepartementet. I tillegg til dei sakene som er nemnde i den vedlagte oversikta, gjer vi merksam på at departementa sine budsjettproposisjonar er sentrale styringsdokument.
Vi vil som tidlegare år understreke at bruk av forventningsbrev ikkje er den einaste
måten å gjera samordninga mellom staten og kommunesektoren betre. Embeta står fritt til om dei vil nytte forventningsbrevmetoden, eller om dei vil velje andre
verkemidlar for samordning av statlege styringssignal til kommunesektoren.
Vi ventar at oversikta vert delt ut til relevante statlege forvaltingsorgan regionalt. Den kan også sendast til KS-kretsen i fylket. Oversikta vert lagt ut på KRD si temaside om kommunar.
Det er gitt opp peikarar til internett for dei fleste av styringsdokumenta som er nemnde i forventningsbrevet.
Meir informasjon som er viktig for kommunane sitt plan- og budsjettarbeid for 2008 kjem i kommuneproposisjonen for 2008.
Med helsing
Kristin Morken (e.f.)
avdelingsdirektør
Terje Falch
førstekonsulent