Oversikt over nye og endra statlege styringssignal retta mot kommunane bygd på vedtak i 2007
Brev | Dato: 08.04.2008 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Kommunal- og regionaldepartementet
Mottakar: Fylkesmannsembeta
Vår referanse: 07/152-19 JAC
Vedlagt følgjer ei oversikt over nye eller endra statlege styringssignal retta mot
kommunesektoren. Oversikta byggjer på vedtak gjort i 2007.
Oversikta er meint som ei hjelp i det generelle samordningsarbeidet i
fylkesmannsembeta. Vi viser i samband med dette til rettleiar for
forventningsbrevmetoden, og tidlegare oversikter over statlege styringssignal som er sendt frå Kommunal- og regionaldepartementet. I tillegg til dei sakene som er nemnde i den vedlagte oversikta, gjer vi merksam på at departementa sine budsjettproposisjonar er sentrale styringsdokument.
Vi vil som tidlegare år understreke at bruk av forventningsbrev ikkje er den einaste
måten å gjera samordninga mellom staten og kommunesektoren betre. Embeta står fritt til om dei vil nytte forventningsbrevmetoden, eller om dei vil velje andre
verkemidlar for samordning av statlege styringssignal til kommunesektoren.
Vi ventar at oversikta vert delt ut til relevante statlege forvaltingsorgan regionalt. Den kan også sendast til KS-kretsen i fylket. Oversikta vert lagt ut på KRD si temaside om kommunar så snart som mogleg. Det vil bli gitt opp peikarar til internett for dei fleste av styringsdokumenta som er nemnde i forventningsbrevet.
Meir informasjon som er viktig for kommunane sitt plan- og budsjettarbeid for 2008 kjem i kommuneproposisjonen for 2009.
Departementet er kjend med at føreliggjande brev med vedlegg blir nytta i ulik grad i dei enkelte embeta. På denne bakgrunn ønskjer departementet ei tilbakemelding på om departementet i framtida skal prioritere å utarbeide eit slikt brev eller ikkje. Innspel kan sendast til janne.corneliussen@krd.dep.no innan 1. mai 2008.
Vedlagte oversikt innehelder også ein gjennomgang av samarbeidsavtaler mellom staten og KS.
Med hilsen
Kristin Morken (e.f.)
avdelingsdirektør
Janne Corneliussen
seniorrådgiver