Oversikt over nye og endra statlege styringssignal retta mot kommunane bygd på vedtak i 2009

Vedlagt følgjer ein oversikt over nye eller endra statlege styringssignal retta mot kommunesektoren. Oversikten byggjer i hovudsak på vedtak gjort i 2009, men det er òg teke med vedtak som er fatta så langt våren 2010.

Oversikten er meint som ei hjelp i det generelle samordningsarbeidet i
fylkesmannsembeta. Vi viser i samband med dette til rettleiar for
forventningsbrevmetoden, og tidlegare oversikter over statlege styringssignal som er sendt frå Kommunal- og regionaldepartementet. I tillegg til dei sakene som er nemnde i den vedlagte oversikten, gjer vi merksam på at departementa sine budsjettproposisjonar er sentrale styringsdokument.

Vi vil som tidlegare år understreke at bruk av forventningsbrev ikkje er den einaste
måten å gjera samordninga mellom staten og kommunesektoren betre. Embeta står fritt til om dei vil nytte forventningsbrevmetoden, eller om dei vil velje andre
verkemiddel for samordning av statlege styringssignal retta mot kommunesektoren.

Vi ventar at oversikta vert delt ut til relevante statlege forvaltingsorgan regionalt. Den kan også sendast til KS-kretsen i fylket. Oversikta vert lagt ut på KRD si nettside om kommune- og fylkesforvalting så snart som mogleg. Det vil bli laga peikarar til internett for dei fleste av styringsdokumenta som er nemnde i forventningsbrevet.

Meir informasjon som er viktig for kommunane sitt plan- og budsjettarbeid for 2010 kjem i kommuneproposisjonen for 2011.

Vedlagte oversikt inneheld også ein gjennomgang av samarbeidsavtaler mellom staten og KS

Med helsing

 

Eli Johanne Lundemo
avdelingsdirektør Cecilie Børnes Utgård
førstekonsulent