Oversikt over nye og endra statlege styringssignal retta mot kommunane bygd på vedtak i 2010
Brev | Dato: 19.05.2010 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Opprinnelig utgitt av: Kommunal- og regionaldepartementet
Mottaker: Fylkesmennene
Vår referanse: 10/3004-16 CBU
Vedlagt følgjer ein oversikt over nye eller endra statlege styringssignal retta mot
kommunesektoren. Oversikten byggjer i hovudsak på vedtak gjort i 2010, men det er óg teke med vedtak som er fatta så langt våren 2011.
Oversikten er meint å vere ei hjelp i det generelle samordningsarbeidet i
fylkesmannsembeta. Vi viser i samband med dette til rettleiar for
forventningsbrevmetoden, og tidlegare oversikter over statlege styringssignal
sendt frå Kommunal- og regionaldepartementet. I tillegg til dei sakene som er nemnde i
den vedlagte oversikten, gjer vi merksam på at departementa sine budsjettproposisjonar er sentrale styringsdokument.
Vi vil som tidlegare år understreke at bruk av forventningsbrev ikkje er den einaste
måten å gjera samordninga mellom staten og kommunesektoren betre. Embeta står sjølv fritt til å velje om dei vil nytte forventningsbrevmetoden, eller om dei ta i bruk andre verkemiddel for samordning av statlege styringssignal retta mot kommunesektoren.
Vi ventar at oversikten vert delt ut til relevante statlege forvaltingsorgan regionalt. Den
kan óg sendast til KS-kretsen i fylket. Oversikta vert lagt ut på KRD si nettside under temaet Forholdet kommune- stat så snart som mogleg. Det vil bli laga peikarar til internett for dei fleste av styringsdokumenta som er nemnde i forventningsbrevet.
Meir informasjon som er viktig for kommunane sitt plan- og budsjettarbeid for 2011 kjem i kommuneproposisjonen for 2012.
Vedlagte oversikt inneheld óg ein gjennomgang av samarbeidsavtaler mellom staten og KS.
Med helsing
Eli Johanne Lundemo | |
avdelingsdirektør | Cecilie Børnes Utgård |
førstekonsulent |