Prop. 1 S (2011–2012)

FOR BUDSJETTÅRET 2012 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 2
Nærmare om budsjettforslaget

4 Nærmare om budsjettforslaget

Programkategori 07.10 Administrasjon

Utgifter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

200

Kunnskapsdepartementet

246 544

243 473

257 374

5,7

Sum kategori 07.10

246 544

243 473

257 374

5,7

Inntekter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

3200

Kunnskapsdepartementet

6 516

1 805

-100,0

Sum kategori 07.10

6 516

1 805

-100,0

Kap. 200 Kunnskapsdepartementet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

226 495

228 549

235 794

21

Særskilde driftsutgifter

17 239

12 148

19 015

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

2 810

2 776

2 565

Sum kap. 200

246 544

243 473

257 374

Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på post 01 skal dekkje lønn og driftsutgifter i departementet. Løyvinga på post 21 dekkjer mellom anna utgifter til drift av den norske UNESCO-kommisjonen og utgreiings- og utviklingsoppgåver i Kunnskapsdepartementet. Løyvinga på post 45 gjeld kjøp av datautstyr, programvare og tenester som blir nytta i utviklinga av IKT-systemet i departementet.

Mål for 2012

Måla for løyvinga over kap. 200 gjeld drift av Kunnskapsdepartementet. Dei faglege måla for departementet er omtalte i dei aktuelle fagkapitla.

Måla for 2012:

  • Departementet skal ha eit godt grunnlag for utforming av kunnskapspolitikken.

  • Departementet skal sikre at kunnskapspolitikken blir sett i verk.

  • Departementet skal ha god dialog med alle relevante aktørar i samfunnet.

I 2012 har Noreg formannskapet i Nordisk ministerråd, og den nordiske velferdsmodellen vil vere gjennomgåande tema i formannskapsåret. Utdanning og forsking medverkar til sosial utjamning og like moglegheiter, og gjennom formannskapet tek departementet sikte på å styrke den nordiske dialogen, kunnskapsutviklinga og samarbeidet på dei utdannings- og forskingspolitiske felta.

Rapport for 2010

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for å utvikle og setje i verk den overordna politikken for barnehage, utdanning, livslang læring og forsking. I 2010–11 har departementet i tillegg til dei faste budsjettproposisjonane utarbeidd desse proposisjonane og meldingane til Stortinget:

  • Prop. 161 L (2009–2010) Endringer i fagskoleloven

  • Prop. 15 L (2010–2011) Endringer i studentsamskipnadsloven

  • Prop. 96 L (2010–2011) Endringar i opplæringslova og privatskolelova (politiattest m.m.)

  • Prop. 74 S (2010–2011) Økonomiske og administrative konsekvenser av overføring av Rettsmedisinsk institutt frå Universitetet i Oslo til Nasjonalt folkehelseinstitutt

  • Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap

  • Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – MestringMuligheter

Kunnskapsdepartementet legg vekt på at politikkutforminga skal byggje på eit solid kunnskapsgrunnlag. Til å leggje til rette for kunnskapsbaserte avgjerder på alle nivå i utdanningssystemet har departementet i 2010 etablert Kunnskapssenter for utdanning. Samfunnsøkonomiske analysar er tekne meir i bruk som del av avgjerdsgrunnlaget. Informasjon frå dialogar med interesseorganisasjonar i sektoren og frå internasjonalt samarbeid er ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget. Departementet har samarbeidd med OECD i utforminga av Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter om ungdomstrinnet, og om system for målingar og evalueringar. Samarbeidet med OECD har utvida kunnskapsgrunnlaget med informasjon om erfaringar frå arbeid med ungdomstrinnet i andre land, samstundes som departementet har hatt tilgang til kompetanse og ekspertise som OECD rår over.

Mål- og resultatstyring som er forankra i politisk vedtekne mål og resultatforventningar, er hovudmodellen i styringa av underliggjande verksemder. Kunnskapsdepartementet har som ei oppfølging av rapporten Handlingsrom for kvalitet (2010) vurdert målstrukturen og mål- og resultatstyringa i universitets- og høgskolesektoren. I vurderinga har det vore samarbeid med ei referansegruppe med representantar frå sektoren, Universitets- og høgskolerådet og Nettverk for private høyskoler. Departementet vil føre vidare dagens fem breie sektormål, med nokre endringar for å leggje vekt på den samfunnsrolla sektoren har. I ny målstruktur for 2012 ligg det ei vesentleg delegering frå departementet til institusjonane ved at verksemdsmåla som var sette av departementet, no blir fjerna. Det vil gi institusjonane i sektoren større handlingsrom og sjølvstendig ansvar for å tilpasse mål- og resultatstyringa betre til eigenarten og strategiane for den einskilde institusjonen.

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har gjort ei evaluering for Kunnskapsdepartementet av rapporteringa mellom underliggjande verksemder og departementet. Evalueringa er mellom anna ein del av det arbeidet Kunnskapsdepartementet gjer for å følgje opp rapporten Handlingsrom for kvalitet, jf. omtale over. Dei ni verksemdene som er med i evalueringa, er alle forvaltningsorgan, men med ulike fullmakter og organisasjonsformer, t.d. med og utan styre. Departementet har lagt vekt på å ha eit breitt utval av verksemder på tvers av forvaltningsområda i departementet. Endeleg rapport frå Difi om evaluering av rapportering frå underliggjande verksemder kjem i oktober 2011.

Kunnskapsdepartementet har utvikla eit overordna styringsdokument som skal leggje til rette for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren. Styringsdokumentet vender seg til alle aktørar i sektoren, og gir oversyn over ansvarstilhøve, grunnleggjande tiltak i verksemdene og oppfølging i departementet av underliggjande verksemder. Vidare har dokumentet ein gjennomgang av aktuelle tema innanfor samfunnstryggleik og beredskap som er særleg relevante for kunnskapssektoren.

Kommunikasjonsområdet er i ei rivande utvikling der ikkje minst dei sosiale media får ei stadig viktigare rolle. Departementet har følgt opp dette både med ei eiga Facebook-side, gjennom YouTube og med Twitter-konto i regi av Kunnskapsdepartementet, der nyhendemeldingar jamleg går ut. Desse kanalane gjer det lettare å komme i dialog med alle dei som avgjerdene i departementet får følgjer for, og supplerer den faste nettbaserte kanalen regjeringa.no. Spesielt i samband med stortingsmeldingar er interaktiv dialog med grupper meldinga særleg vedkjem, blitt ein viktig del av kommunikasjonsarbeidet. Mellom anna skjedde dette i førebuingane til Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter om ungdomstrinnet, da departementet sette opp eigne nettkanalar for elevar og lærarar, og la til rette for at elevar kunne medverke direkte gjennom møteserien Kristinstime. Departementet satsar samstundes på å gjere nettstaden regjeringa.no meir attraktiv for lesarane ved å leggje ut lyd- og biletfiler.

Mediehandtering utgjer som før ein stor del av kommunikasjonsarbeidet i departementet, og skal medverke til at barnehage, utdanning og forsking får breiast mogleg dekning i både sentrale og lokale medium, i tillegg til dei mange fagblada som dekkjer desse områda. Departementet vurderer det slik at lokalaviser er godt eigna til å nå mange lesarar på ein god og grundig måte, og har meir enn før innretta arbeidet mot å nå ut med informasjon gjennom dei mange lokalavisene i landet.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å flytte 10,5 mill. kroner frå kap. 226 post 21, kap. 258 post 21 og kap. 281 post 01 til kap. 200 postane 01 og 21. Overføringa gjeld driftsoppgåver som opphavleg var etablerte som prosjekt, men som i dag inngår som ein del av det ordinære arbeidet til departementet retta mot sektoren.

Prosjekta i rammeavtalen mellom Norad og Kunnskapsdepartementet om utdanningsbistand er avslutta. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 3200 post 05 med 1,9 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 200 post 01.

Departementet foreslår å overføre 360 000 kroner til kap. 200 post 01 frå kap. 220 post 01 i samband med overføring av ei stilling frå Utdanningsdirektoratet til Kunnskapsdepartementet.

Kap. 3200 Kunnskapsdepartementet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

02

Salsinntekter o.a.

205

05

Refusjon utdanningsbistand NORAD o.a.

1 805

16

Refusjon av foreldrepengar

3 665

17

Refusjon for lærlingar

112

18

Refusjon av sjukepengar

2 534

Sum kap. 3200

6 516

1 805

Budsjettforslag for 2012

Løyvinga over post 05 gjeld refusjon etter rammeavtalen mellom Norad og Kunnskapsdepartementet om utdanningsbistand. Avtalen og prosjekta er no avslutta, og departementet foreslår å avvikle posten i 2012.

Programkategori 07.20 Grunnopplæringa

Utgifter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

220

Utdanningsdirektoratet

281 107

282 160

311 062

10,2

221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

10 698

13 358

13 887

4,0

222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

106 899

105 137

86 430

-17,8

223

Sametinget

34 355

35 420

36 518

3,1

224

Senter for IKT i utdanninga

96 794

85 448

87 558

2,5

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 082 409

1 114 784

1 140 048

2,3

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

1 043 559

1 193 366

1 221 045

2,3

227

Tilskott til særskilde skolar

63 182

66 039

72 579

9,9

228

Tilskott til private skolar o.a.

2 853 625

3 068 936

3 091 206

0,7

229

Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

24 241

22 212

22 669

2,1

230

Kompetansesenter for spesialundervisning

729 498

700 261

718 545

2,6

Sum kategori 07.20

6 326 367

6 687 121

6 801 547

1,7

Inntekter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

3220

Utdanningsdirektoratet

4 661

10 331

4 651

-55,0

3221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

15

3222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

6 214

4 443

4 581

3,1

3224

Senter for IKT i utdanninga

2 060

2 281

2 352

3,1

3225

Tiltak i grunnopplæringa

76 264

67 437

50 423

-25,2

3229

Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

4 780

2 459

2 534

3,1

3230

Kompetansesenter for spesialundervisning

80 350

66 562

68 326

2,7

Sum kategori 07.20

174 344

153 513

132 867

-13,4

Innleiing

Grunnopplæringa skal vere av høg kvalitet. Ho skal gi den einskilde og samfunnet naudsynte føresetnader for framtidig velferd, verdiskaping og demokratisk utvikling. Opplæringa skal medverke til å utvikle dei faglege dugleikane til elevane, men også deira sosiale og kulturelle kompetanse og evne til kritisk tenking og medverknad i demokratiske prosessar. Opplæringa skal gi alle elevar dugleikar, haldningar og verdiar som gjer dei i stand til å meistre sitt eige liv og delta i arbeids- og samfunnslivet. Alle skal ha moglegheit til å nå læringspotensialet sitt.

Dette er det omfattande og viktige mandatet som samfunnet har gitt grunnopplæringa. Samfunnsmandatet er nærmare konkretisert i formålsparagrafen for grunnopplæringa i opplæringslova og i privatskolelova og dei andre delane av lovverket. Kommunane, fylkeskommunane og dei private skolane som er godkjende etter privatskolelova, har fått i oppdrag å realisere samfunnsmandatet for grunnopplæringa.

Sjølv om grunnopplæringa har mange positive sider, er det godt dokumentert at måloppnåinga ikkje er tilstrekkeleg høg innanfor sentrale område. Departementet vil derfor prioritere tiltak for kvalitetsutvikling som er retta mot tre sentrale mål:

  • Alle elevar som går ut av grunnskolen, skal meistre grunnleggjande dugleikar som gjer dei i stand til å delta i vidare utdanning og i arbeidslivet.

  • Alle elevar og lærlingar som er i stand til det, skal gjennomføre vidaregåande opplæring med kompetanseprov som kan verdsetjast for vidare studium eller i arbeidslivet.

  • Alle elevar og lærlingar skal inkluderast og oppleve meistring.

Om grunnopplæringa i statsbudsjettet

Grunnopplæringa blir i all hovudsak finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane, det vil seie rammetilskottet og skatteinntekter. Rammetilskottet blir løyvd over Kommunal- og regionaldepartementets budsjettkapittel 571 og 572. Skoleeigarane har òg eit sjølvstendig ansvar for kvalitetsutvikling av opplæringa ved sine skolar og i lærebedriftene. Programkategori 07.20 finansierer viktige nasjonale stimuleringstiltak for å bidra til å styrkje kvaliteten i grunnopplæringa. Enkelte særskilde skolar og private skolar som er godkjende etter privatskolelova, blir også finansierte over programkategori 07.20.

Hovudprioriteringar for 2012

I statsbudsjettet for 2012 foreslår regjeringa ei samla styrking av grunnopplæringa på om lag 152 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å løyve 66,8 mill. kroner til innføring av valfag på ungdomstrinnet, jf. Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter. Av dette blir 64,6 mill. kroner lagde inn i rammetilskottet til kommunane. Valfag er foreslått innført på 8. trinn hausten 2012, og det blir tatt sikte på å utvide tilbodet til 9. og 10. trinn frå hausten 2013 og 2014. Dei totale kostnadane er anslått til i overkant av 470 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å løyve ytterlegare 15 mill. kroner til tiltak på ungdomstrinnet som skal medverke til lågare fråfall i vidaregåande opplæring. Regjeringa vil utvide prosjektet Ny GIV til fleire kommunar. I tillegg vil departementet i større grad prioritere kompetansemidlane til tiltak i Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon - Mestring - Muligheter, som etterutdanning i klasseleiing, rekneopplæring og leseopplæring.

Totalt legg Kunnskapsdepartementet opp til å bruke om lag 400 mill. kroner på kompetanseutvikling i grunnopplæringa i 2012. Staten har etablert eit system for kompetanseutvikling som består av tre hovudelement: eit varig system for vidareutdanning, etterutdanning for nasjonalt prioriterte område og rektorutdanning. I tillegg kjem midlar til kompetanseutvikling innanfor ramma av prosjektet Ny GIV.

Departementet legg vidare opp til å tildele om lag 150 mill. kroner til statlege støttetiltak, mellom anna rettleiarkorpset, fleire ulike kvalitetsutviklingsprogram og stimuleringstilskott til kulturskolar og kulturtilbod. I tillegg kjem ei løyving på til saman 115 mill. kroner til nasjonale senter, tilskott til kommunar og fylkeskommunar for tettare oppfølging av elevar i vidaregåande opplæring og tilskott til vitensenter som skal støtte den lokale kvalitetsutviklinga.

Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet (internasjonale undersøkingar, eit samanhengande nasjonalt prøve- og vurderingssystem, brukarundersøkingar, utdanningsstatistikk, forsking og evaluering) vil bli utvikla vidare i 2012, og departementet legg opp til å tildele om lag 200 mill kroner til dette.

I budsjettet for 2009 var det innført ei åtteårig ordning med rentekompensasjon for rehabilitering og investering i skole- og symjeanlegg med ei investeringsramme på 15 mrd. kroner. I 2012 foreslår regjeringa å fase inn ytterlegare 2 mrd. kroner av ramma, med ein budsjetteffekt på 70 mill. kroner i 2012. Frå innføringa av den nye ordninga i 2009 til og med 2012 er 9 mrd. kroner av investeringsramma fasa inn. Ordninga blir forvalta av Husbanken.

Tilstandsvurdering

Måla for grunnopplæringa gjeld for alle elevar og lærlingar. Elevbakgrunn er ei viktig forklaring på forskjellar i måloppnåing mellom skolar og kommunar, særleg den sosioøkonomiske bakgrunnen til elevane. Det betyr ikkje at effekten av elevbakgrunn er upåverkeleg. Fleire studiar viser at effekten av sosioøkonomisk bakgrunn er svakare i Noreg enn i mange andre land. Gode skolar lyfter alle elevgrupper.

Mål: Alle elevar som går ut av grunnskolen, skal meistre grunnleggjande dugleikar som gjer dei i stand til å delta i vidare utdanning og i arbeidslivet

Grunnleggjande dugleikar er eit naudsynt grunnlag for både fagkunnskap og læringsutbytte i vid forstand. Hovudårsaka til fråfall i vidaregåande opplæring er at dette grunnlaget er for svakt hos mange elevar. Både svake grunnleggjande dugleikar og ikkje fullført vidaregåande opplæring svekkjer grunnlaget for deltaking i vidare utdanning og i arbeids- og samfunnslivet vesentleg.

PIRLS-undersøkinga av lesing på 4. og 5. trinn viste at norske elevar skåra om lag som gjennomsnittet av landa som deltek, og at det faglege nivået var stabilt frå 2001 til 2006. Neste PIRLS-undersøking blir gjennomført i 2011.

I 2008 vart resultata frå TIMSS-undersøkinga av læringsutbyttet til elevar i matematikk og naturfag på 4. og 8. trinn lagde fram. For første gong viste ei internasjonal undersøking klare forbetringar i prestasjonane til norske elevar. Det var tydeleg framgang i prestasjonar i matematikk og naturfag på 4. trinn. I tillegg var det klar framgang i matematikkprestasjonane på 8. trinn. Nivået var likevel lågare enn i TIMSS 1995, i både naturfag og matematikk. Det var dessutan relativt få elevar i Noreg som presterte på dei høgste nivåa i den siste TIMSS-undersøkinga samanlikna med andre land.

I slutten av 2010 vart resultata frå PISA-undersøkinga som vart gjennomført i 2009, lagde fram. Undersøkinga, som testar 15-åringar, viser at Noreg er tilbake på nivået frå 2000 i lesing, naturfag og matematikk. Det er ein tydeleg framgang frå 2006 i alle kompetansane, men størst i lesing, jf. figuren nedanfor. Dei norske elevane ligg over gjennomsnittet for OECD-landa i lesing og rundt gjennomsnittet for matematikk og naturfag. Resultata frå PISA-undersøkinga stadfestar dermed resultata frå TIMSS-undersøkinga.

Figur 4.1 Norske resultat i PISA over tid for kvar av kompetansane

Figur 4.1 Norske resultat i PISA over tid for kvar av kompetansane

Kjelde: OECD 2010

I 2009 er dessutan delen elevar på dei lågaste nivåa redusert samanlikna med 2000 for alle dei tre fagområda i PISA. På den andre sida er delen elevar på dei høgste nivåa redusert i lesing og matematikk. Noreg har framleis svært få elevar på dei høgste prestasjonsnivåa samanlikna med andre land.

I 2009 vart ICCS, ei internasjonal undersøking om medborgarskap, gjennomført. Resultata viste at norske elevar på 8. og 9. trinn har svært gode kunnskapar om og god forståing av omgrepet medborgarskap samanlikna med dei andre landa, og at det ikkje har vore ei svekking i nivået samanlikna med den førre undersøkinga i 1999. Resultata av testen om korleis elevar bruker kunnskap om demokrati, samfunn og politikk til å trekkje slutningar på grunnlag av eksempel, viste at norske elevar på 9. trinn ligg på 5. plass av i alt 38 land. Finland og Danmark gjer det betre enn Noreg, medan Sverige gjer det dårlegare.

I motsetnad til i internasjonale undersøkingar kan ein ikkje eintydig tolke endringar i nasjonal karakterstatistikk eller nasjonale prøver som endringar i faglege dugleikar frå eitt elevkull til eit anna. Det skyldast at prøvene ikkje har eit felles utgangspunkt som endringar over år kan samanliknast med. Karakterstatistikk og nasjonale prøver avdekkjer derimot forskjellar mellom kommunar og skolar. Figuren nedanfor tyder på at nokre fylkeskommunar i større grad enn andre er i stand til å heve prestasjonane til fagleg svake elevar. Figuren samanliknar resultata av nasjonale prøver på 8. trinn i 2010 med resultata på 5. trinn tre år tidlegare for dei same elevane.

Figur 4.2 Prosentdel elevar på lågaste meistringsnivå på 5. trinn som skårar på middels/høgt meistringsnivå på 8. trinn. Nasjonale prøver i rekning 2007 og 2010. Prosentdel elevar totalt på lågaste meistringsnivå på 8. trinn i parentes

Figur 4.2 Prosentdel elevar på lågaste meistringsnivå på 5. trinn som skårar på middels/høgt meistringsnivå på 8. trinn. Nasjonale prøver i rekning 2007 og 2010. Prosentdel elevar totalt på lågaste meistringsnivå på 8. trinn i parentes

Kjelde: SSB

Mål: Alle elevar og lærlingar som er i stand til det, skal gjennomføre vidaregåande opplæring med kompetanseprov som kan verdsetjast for vidare studium eller i arbeidslivet

Fullført vidaregåande opplæring er ein føresetnad for opptak til høgre utdanning og er den plattforma all ungdom bør ha for å vere rusta for arbeidslivet. Det er stadig færre jobbar som ikkje krev vidaregåande eller høgre utdanning. I tillegg er personar utan vidaregåande opplæring spesielt sårbare for utstøyting frå arbeidslivet i økonomiske nedgangstider. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at arbeidsløysa blant ungdom (16–24 år) auka frå 7,5 pst. i 2008 til 9,1 pst. i 2009 og til 9,3 pst. i 2010. Første kvartal i 2011 var arbeidsløysa blant ungdom på ni pst. Det inneber at rundt 32 000 ungdommar var arbeidslause.

Det er derfor ei stor utfordring at dagens nivå for gjennomføring av vidaregåande opplæring berre er i underkant av 70 pst. Gjennomføring av vidaregåande opplæring blir normalt definert som fullført og bestått opplæring fem år etter påbegynt opplæring, jf. figuren nedanfor. For dei elevane som begynte vidaregåande opplæring i 2005, viser figuren kompetanseoppnåinga i 2010. Det er store forskjellar på studieførebuande og yrkesførebuande utdanningsprogram. I Ny GIV-prosjektet har staten sett som mål at gjennomføringa (definert som fullført og bestått i løpet av fem år, anten på normert tid eller meir enn normert tid) skal auke til 75 pst. innan 2015, det vil seie for elevar som starta vidaregåande opplæring i 2010.

Figur 4.3 Kompetanseoppnåing fem år etter at elevane begynte på vidaregåande opplæring. Årstala viser til tidspunktet da elevane starta i vidaregåande opplæring

Figur 4.3 Kompetanseoppnåing fem år etter at elevane begynte på vidaregåande opplæring. Årstala viser til tidspunktet da elevane starta i vidaregåande opplæring

Kjelde: SSB

Ein del av elevane som ikkje fullfører og består i løpet av fem år, kjem tilbake til vidaregåande opplæring på eit seinare tidspunkt. Dersom måletidspunktet blir sett til ti år etter påbegynt opplæring, aukar delen elevar som fullfører og består vidaregåande opplæring, til rundt 80 pst.

Det er store forskjellar i kompetanseoppnåinga til elevane som ikkje fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem år. Av dei elevane som starta vidaregåande opplæring i 2005, slutta 18 pst. undervegs i opplæringa, medan resten anten var i vidaregåande opplæring framleis (fem pst.), eller dei hadde gjennomført utan å ha bestått (sju pst.).

Figuren nedanfor viser forskjellane mellom fylka i gjennomføringa av vidaregåande opplæring etter fem år. Størst utfordringar er det i Nord-Noreg. Situasjonen i Nord-Noreg har i liten grad samanheng med skoleeksterne faktorar som elevbakgrunn, forhold på arbeidsmarknaden eller lange reiseavstandar. Det tyder på at faktorar som fylkeskommunane sjølve kan påverke, er ei viktig forklaring på forskjellane mellom fylka.

Figur 4.4 Fullført og bestått etter fem år på normert eller meir enn normert tid

Figur 4.4 Fullført og bestått etter fem år på normert eller meir enn normert tid

Kjelde: SSB

Eit anna mål på gjennomføring er overgangane frå kvart trinn i vidaregåande opplæring, jf. figur 1.5. Elevane kan ha ordinær progresjon, vere ute av vidaregåande opplæring eller repetere lågare eller same trinn i vidaregåande opplæring. Ordinær progresjon frå Vg1 og Vg2 blir rekna som overgang til opplæringstilbod på høgre nivå. Ordinær progresjon frå Vg3 blir rekna som oppnådd vitnemål / fag- eller sveinebrev / læreplass. Det er sett som nasjonalt mål at den ordinære progresjonen skal auke med to prosentpoeng for alle trinna i prosjektperioden til Ny GIV.

83,8 pst. av elevane frå Vg1 hadde ein ordinær progresjon i 2010. Det er ei forbetring samanlikna med tidlegare år. Delen elevar med ordinær progresjon frå Vg2 ligg stabilt rundt 80 pst. i perioden 2007 til 2010. For overgangen frå Vg3 har delen elevar med ordinær progresjon auka i same tidsperiode, men med eit svakt tilbakefall i 2010.

Overgangen frå Vg2 er kritisk for at elevar skal gjennomføre vidaregåande opplæring. Delen elevar som er ute av vidaregåande opplæring eitt år, aukar frå rundt ni–ti pst. frå Vg1 til rundt 15–16 pst. frå Vg2. Samstundes er delen elevar med ordinær progresjon frå begge desse trinna relativt lik.

Figur 4.5 Overgangar i vidaregåande opplæring. Årstala viser til tidspunktet da overgangane skjer

Figur 4.5 Overgangar i vidaregåande opplæring. Årstala viser til tidspunktet da overgangane skjer

Kjelde: SSB/Utdanningsdirektoratet

Mål: Alle elevar og lærlingar skal inkluderast og oppleve meistring

Eit godt læringsmiljø er ein rett for alle elevar. Dette inneber blant anna at alle elevar og lærlingar skal inkluderast i eit fellesskap der dei trivst og ikkje blir utsette for mobbing. Gode forhold for læring er også knytte til at elevane ikkje blir forstyrra av bråk og uro i undervisningstimane. Det er vidare viktig at alle elevar og lærlingar opplever meistring og framgang i faga. Det er fellesskolen som skal vere ramme for opplæringa. Det inneber at både fagleg sterke og fagleg svake elevar skal få utfordringar og oppleve motivasjon og meistring i opplæringa. Fleire studiar viser dessutan at gode faglege elevprestasjonar ofte heng saman med eit godt læringsmiljø i skolen.

Elevundersøkinga gir tilbakemelding på kva for oppfatning elevane har av sin eigen læringssituasjon, og er obligatorisk å gjennomføre for skoleeigarane ved 7. og 10. trinn i grunnskolen og for elevar på Vg1 i vidaregåande opplæring. For dei andre trinna er undersøkinga frivillig å gjennomføre for skoleeigarane. I figuren nedanfor blir nokre sentrale spørsmål frå Elevundersøkinga presenterte.

Figur 4.6 Eigenrapportering frå elevane om læringsmiljøet

Figur 4.6 Eigenrapportering frå elevane om læringsmiljøet

Kjelde: Elevundersøkinga 2010 og 2011

Trivselen i skolen er generelt høg gjennom heile grunnopplæringa. Det er likevel rundt åtte til ni pst. som seier at dei blir mobba to til tre gonger i månaden eller oftare på 7. og 10. trinn. Denne delen er noko lågare på 1. trinn av vidaregåande opplæring. Desse tala har vore stabile over lang tid. Med mobbing meiner ein gjenteke negativ åtferd frå ein eller fleire retta mot ein elev.

Når det gjeld motivasjon, skjer det ei tydeleg endring på ungdomstrinnet i delen elevar som likar skolearbeidet godt eller svært godt. Medan 60 pst. i 2011 likar skolearbeidet godt eller svært godt på 7. trinn, er det berre 38 pst. av elevane som opplever det same på 10. trinn. Det har likevel vore ei forbetring i delen elevar som likar skolearbeidet godt eller svært godt, på 10. trinn i løpet av dei siste åra. I vidaregåande opplæring aukar delen elevar som rapporterer om det same, til rundt 49 pst. I løpet av dei siste åra har denne delen auka klart i vidaregåande opplæring.

Samanlikna med dei andre trinna kan ein også observere ein svak auke på ungdomstrinnet i delen elevar som ofte eller svært ofte blir forstyrra av bråk og uro. Om lag 30 pst. av elevane på 10. trinn rapporterer at dei blir forstyrra av bråk og uro ofte eller svært ofte. Prosentdelen som rapporterer dette på ungdomstrinnet, er stabil mellom 2010 og 2011.

Vidare tyder Elevundersøkinga og annan dokumentasjon på at opplæringa generelt sett ikkje i tilstrekkeleg grad blir fagleg tilpassa både fagleg sterke og fagleg svake elevar. Det er ikkje alle elevar som opplever høge krav til læring. Det er berre rundt 58 pst. av elevane på 10. trinn og 61 pst. av elevane på Vg1 som opplever at opplæringa er tilpassa nivået deira i mange eller dei fleste faga. Denne delen elevar har likevel klart auka i løpet av dei siste åra. Den relativt låge delen norske elevar som presterer på høgste nivå i dei internasjonale undersøkingane, tyder på at opplæringa framleis ikkje blir tilpassa i tilstrekkeleg grad, verken for fagleg sterke eller fagleg svake elevar.

Strategiar og tiltak

Tilstandsvurderinga av måla viser at grunnopplæringa har mange sterke sider, og at måloppnåinga har auka i løpet av dei siste åra. Men framleis er det eit tydeleg behov for å føre vidare tiltak som er sette i gang, og ta nye grep for å medverke til at måloppnåinga i grunnopplæringa blir betre. Totalt sett er det Kunnskapsdepartementet si vurdering at måloppnåinga ikkje er tilstrekkeleg høg i grunnopplæringa.

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

Nasjonale kvalitetsutviklingstiltak blir finansierte over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Dei viktigaste kvalitetstiltaka i grunnopplæringa er kompetanseutvikling for lærarar og skoleleiarar. Internasjonal forsking viser at kompetansen til lærarar og skoleleiarar er blant dei faktorane som har størst betydning for læringsutbyttet til elevane. Departementet vil derfor føre vidare det nasjonale tilbodet innanfor vidare- og etterutdanning for lærarane og skoleleiarprogrammet for rektorar.

Boks 4.1 Kompetanse for kvalitet

Strategien for vidareutdanning av lærarar (2009–2012) vart etablert i ein partnarskap mellom Kunnskapsdepartementet, KS, lærar- og leiarorganisasjonane og Universitets- og høgskolerådet.

  • Strategien legg til grunn at lærarar skal få styrkt kompetansen sin i form av vidareutdanning med 30–60 studiepoeng i fag.

  • Prioriterte fag i strategien i denne perioden er norsk/samisk, matematikk, engelsk, leseopplæring, fysikk, kjemi, yrkesfaglege programfag, praktisk-estetiske fag og rådgiving.

  • Om lag 300 skoleeigarar har hatt lærarar med i ordninga kvart år. Av desse er om lag 260 offentlege skoleeigarar.

  • Strategien får svært positiv vurdering frå lærarar som har gjennomført studium som del av denne ordninga (Rambøll 2010).

  • Hausten 2011 vil departementet i samarbeid med strategipartane utvikle ein ny strategi for perioden 2012–15.

Det er fleire sentrale satsingsområde der departementet foreslår nye grep for å nå måla for grunnopplæringa. Desse er styrking av ungdomstrinnet, jf. Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter, auka fullføring i vidaregåande opplæring gjennom satsinga Ny GIV, styrking av fag- og yrkesopplæringa, satsing på læringsmiljø og elevvurdering samt styrking av tilbodet innanfor spesialundervisning og PP-tenesta, jf. Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap.

Gjennomføring i vidaregåande opplæring

Ny GIV vart lansert ved skolestart hausten 2010. Ny GIV er ein nasjonal dugnad for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Det er etablert tre underprosjekt som skal sørgje for ei heilskapleg gjennomføring av prosjektet. Dette gjeld Overgangsprosjektet, som legg vekt på oppfølging av dei svakaste elevane i siste del av 10. trinn og i vidaregåande opplæring, og Oppfølgingsprosjektet, som legg vekt på oppfølging av ungdom som ikkje er i vidaregåande opplæring eller i arbeid. Det tredje prosjektet har utarbeidd indikatorar og statistikk for å kunne overvake gjennomføringa av Ny GIV-prosjektet i samarbeid med fylkeskommunane.

For Overgangsprosjektet finansierer staten prosjektleiing i kvar fylkeskommune og ei felles prosjektleiing i kvart fylke for dei kommunane som deltek. Den tette oppfølginga av elevane blir basert på ein avtale som blir inngått mellom elev/føresette og skolen. Det blir særleg lagt vekt på å utvikle rekne-, skrive- og lesedugleikane til elevane, og elevane får tilbod om intensiv opplæring i dette. For at denne intensivopplæringa skal bli best mogleg, finansierer staten frå og med 2011 ei femdagars skolering av 600–700 lærarar i både ungdomsskolar og vidaregåande skolar første året. Alle ungdomsskolar og vidaregåande skolar i landet vil i løpet av 2013 ha fått skolert minimum to lærarar i grunnleggjande lese-, skrive- og rekneopplæring.

Overgangsprosjektet vart sett i verk hausten 2010. Tiltaka i prosjektet svarer i hovudsak på dei kritiske faktorane utdanningsforskinga peiker på for at gjennomføringsgraden i vidaregåande opplæring kan aukast. Hovudvekta er lagd på tett oppfølging av dei svakaste elevane i siste del av 10. trinn og i vidaregåande opplæring, slik at dei skal få betre føresetnader for å gjennomføre vidaregåande opplæring. Alle fylkeskommunar er med, og inngår i eit tett samarbeid med kommunar.

Oppfølgingsprosjektet følgjer om lag 20 000 unge mellom 16 og 21 år som verken er i vidaregåande opplæring eller i arbeid. Desse mottek i dag ikkje tilstrekkeleg oppfølging og hjelp. Det er særleg store utfordringar knytte til den delen av målgruppa som er under 19 år.

Ungdom som står utanfor skole og arbeid, er ofte i ein samansett og vanskeleg situasjon. Det er derfor viktig at den oppfølginga som blir gjort frå oppfølgingstenesta (OT) og NAV, inngår i ein samanheng av støttefunksjonar, eksempelvis gjennom kommunale tenester som barnevern, rusomsorg eller psykisk helseteneste. Prosjektet skal bidra til å skape eit berekraftig, strukturert og målretta system for at flest mogleg i målgruppa 16–21 år mottek nødvendig oppfølging. Målet er å motivere ungdom i målgruppa tilbake til ei vidaregåande opplæring som fører fram til grunnkompetanse eller full kompetanse, eller hjelpe dei inn på arbeidsmarknaden. Dette krev eit betre og meir forpliktande samspel mellom dei ulike verkemidla som fylkeskommunen, kommunane og NAV rår over. For å styrkje den faglege kvaliteten i oppfølginga finansierer staten hausten 2011 eit firedagars intensivkurs for 400–500 OT-tilsette og tilsette i NAV lokalt, i alle fylke. Det skal vidare utviklast og tilbydast studiepoenggivande vidareutdanning for oppfølgingstenesta frå og med 2012. I tillegg er ei ny forskrift for oppfølgingstenesta send ut til høring hausten 2011 og skal tre i kraft i 2012.

Boks 4.2 Ny GIV – gjennomføring i vidaregåande opplæring

Ny GIV – gjennomføring i vidaregåande opplæring – er ein nasjonal dugnad for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Blant dei mange tiltaka som inngår i satsinga, er desse sentrale:

  • tettare oppfølging av dei svakaste elevane på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring gjennom intensivt samarbeid mellom kommune og fylkeskommune

  • økonomisk støtte til lokale sommaraktivitetar for å lette overgangane

  • utvikling av etterutdanningsopplegg for lærarar i grunnskole og vidaregåande skole, i mellom anna grunnleggjande dugleikar, klasseleiing og praksisretting

  • meir relevant og praksisnær fag- og yrkesopplæring

  • meir bruk av opplæringsmodellar som gir grunnkompetanse (praksisbrev, lærekandidat)

  • samarbeid med partane i arbeidslivet om å skaffe fleire læreplassar

  • fagleg styrking av oppfølgingstenesta (OT)

  • forpliktande samarbeid mellom OT og NAV for å tilby tiltak og følgje opp ungdomsgruppa som står utanfor både arbeid og utdanning

  • utarbeiding av betre statistikk for resultatmåling av innsatsen for auka gjennomføring og redusert fråfall

I Oppfølgingsprosjektet finansierer også staten prosjektleiing i kvart fylke, som skal sikre ei slik oppfølging og samordning av innsatsen.

Ungdomstrinnet

Tiltaka i Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter skal leggje til rette for at elevane på ungdomstrinnet får auka motivasjon for å styrkje læringa og betre læringsresultata. Betre læringsresultat og motivasjon for læring er òg viktig for betre gjennomføring i vidaregåande opplæring. For å motivere elevane til auka innsats må opplæringa og skolekvardagen vere praktisk, variert, relevant og utfordrande.

Nasjonal forsking under evalueringa av Kunnskapsløftet og ekspertar frå OECD har peikt på at Noreg har utfordringar med å implementere den nasjonale utdanningspolitikken. Kunnskapsdepartementet vil, som varsla i meldinga, arbeide fram ein eigen gjennomføringsstrategi for å implementere tiltaka i meldinga. Satsing på lesing og rekning og styrking av lærarane sin kompetanse som klasseleiarar vil vere dei prioriterte innsatsområda i strategien. Forankring av strategien i sektoren vil mellom anna skje gjennom Gnist-partnarskapen. Som ledd i arbeidet med strategien vil departementet også ta i bruk det regionale nivået for å kunne tilby betre støtte til det lokale arbeidet i nettverk for kvalitetsutvikling for lærarar og skoleleiarar og for å støtte skoleeigarar i arbeidet med dei prioriterte innsatsområda.

Kunnskapsdepartementet viser til oppmodingsvedtak nr. 228, 25. mars 2010 i Innst. 192 S (2009–2010), jf. St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja:

«Stortinget ber Regjeringen vurdere tiltak som kan motvirke dagens kjønnsdelte arbeidsmarked og øke jenters og gutters reelle muligheter til å ta i bruk egne talenter gjennom utradisjonelle utdannings- og yrkesvalg.»

I Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter varslar departementet at det vil «vurdere endringer i faget utdanningsvalg for å sikre at faget gir et godt grunnlag for elevenes valg av videre utdanning», og at det vil «vurdere hvordan faget kan bidra til mindre kjønnsstereotype valg». I tillegg har departementet gjennom Realfag for framtida. Strategi for styrking av realfag og teknologi 2010–2014 sett i gang ei rekkje tiltak for å rekruttere jenter til realfag.

Boks 4.3 Eit praktisk og variert ungdomstrinn

Våren 2011 la Kunnskapsdepartementet fram Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter. Ein hovudstrategi i meldinga er å gjere undervisninga på ungdomstrinnet meir variert og praktisk, mellom anna gjennom betre arbeidsmåtar. Blant dei tiltaka som inngår i meldinga, er desse mest sentrale:

  • Valfag: Det er målet til departementet å utvikle nasjonale læreplanar i ti til tolv valfag. Opplæringa i desse faga skal vere praktisk og gi elevane auka kompetanse. 8. trinn skal starte med valfag frå hausten 2012. Departementet tek sikte på å utvide ordninga med valfag til 9. og 10. trinn i 2013 og 2014.

  • Klasseleiing: Det blir lagt stor vekt på dyktige lærarar og forsterka klasseleiing. Det skal utviklast eit skolebasert program over fem år for kompetanseutvikling i klasseleiing.

  • Rekne- og lesesatsing: For å leggje til rette for ei betre opplæring skal det mellom anna utviklast ei eiga reknesatsing for å fremme eit meir variert og praktisk opplæringstilbod i matematikk. Regjeringa vil òg samtidig forsterke lesesatsinga 2010–14 med særleg vekt på gutar på ungdomstrinnet.

  • Auka fleksibilitet: Departementet vil sende på høring forslag om å endre fag- og timefordelinga for å gi rom for lokal fleksibilitet.

Fag- og yrkesopplæringa

Gode fagarbeidarar er ein føresetnad for eit berekraftig og velfungerande samfunns- og arbeidsliv i tida framover. Fag- og yrkesopplæringa er ein sentral leverandør av arbeidskraft. Eit viktig mål for regjeringa er derfor å sørgje både for høg kvalitet på opplæringa og for at mange nok elevar vel ei fagopplæring. Låg gjennomføring gjeld i særleg grad for fag- og yrkesopplæringa. Sjølv om litt over halvparten av elevane i vidaregåande opplæring begynner i eit yrkesfagleg utdanningsprogram, er det berre om lag 15 pst. av eit kull som endar med fag- eller sveinebrev. Forklaringa er både at elevar frå yrkesfaga går ut av skolesystemet (fråfall), og at dei går inn i studieførebuande utdanningsprogram. Forsking viser at det er meir sannsynleg at elevar som får læreplass, gjennomfører vidaregåande opplæring enn elevar som ikkje får læreplass. Utviklinga i talet på lærekontraktar og delen elevar formidla til læreplass har vore positiv i dei seinare åra, men det er framleis mange elevar som ikkje får læreplass.

Regjeringa har teke initiativ overfor aktuelle partar til å fornye samfunnskontrakten om fag- og yrkesopplæringa og læreplassar, jf. St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja. Ein ny samfunnskontrakt vil understreke at lærlingordninga er viktig for arbeids- og samfunnslivet, vil forankre ansvaret til partane i utdannings- og kompetansepolitikken og medverke til at fleire gjennomfører vidaregåande opplæring. Innhaldet i samfunnskontrakten blir utforma i nært samarbeid med partane. Det er eit særskilt fokus på å auke talet på lærlingar i offentleg sektor. Statlege styresmakter som arbeidsgivar, på lik linje med arbeidsgivarorganisasjonane, må ta ansvar for å skaffe læreplassar for framtidige fagarbeidarar.

For mange elevar med lav motivasjon for vidare skolegang vil eit kortare opplæringsløp kunne medverke til at dei ikkje avbryt opplæringa. Forsøket med praksisbrev i fag- og yrkesopplæringa har sin bakgrunn i Innst. S. nr. 164 (2006–2007), jf. St.meld. nr. 16 (2006–2007) …og ingen sto igjen. Tidlig innsats for livslang læring og Innst. 192 S (2009–2010), jf. St.meld. nr. 44 (2008–2009). Praksisbrevet er ei toårig praksisbasert opplæring som kan utvidast til fullt fagbrev utan forseinkingar. Forsøket vart påbegynt i skoleåret 2007–08. Det er utvikla forsøkslæreplanar i 16 fag og lagt til rette for at alle fylke kan tilby praksisbrevet etter søknad. Den endelege reguleringa av tilbodet er ikkje fastsett, men vil vere tema for konsultasjonar med partane i arbeidslivet. Sluttevalueringa frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) viser ei vellykka ordning. 80 pst. av kandidatane følgde opplæringa heile vegen, og fleirtalet av dei har ambisjonar om fullt fag- og sveinebrev.

Arbeidet med å utvikle eit kvalitetsvurderingssystem i fag- og yrkesopplæringa vil bli vidareført. Systemet skal bestå av statistikk om gjennomføring, kunnskap om læringsmiljøet, vurderingar av kvaliteten på opplæringa i lærebedriftene og vurderingar av sysselsetjingssituasjonen for nyutdanna fagarbeidarar og vurderinga til bedriftene av dugleiken deira. Formålet er å kunne vurdere om målsetjingane for fag- og yrkesopplæringa blir nådde, og å identifisere område der kvaliteten kan betrast.

Elevar med særlege behov

Kunnskapsdepartementet la våren 2011 fram Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap, ei melding om opplæringa til barn, unge og vaksne med behov for særskild hjelp og støtte. Meldinga byggjer på NOU 2009: 18 Rett til læring og er den første stortingsmeldinga sidan 1998 som dekkjer heile det spesialpedagogiske området. Bakgrunnen for meldinga er den sterke auken i spesialundervisning og auken i opplæringstilbod der elevar blir tekne ut av det ordinære elevfellesskapet.

Det sentrale målet i meldinga er å forbetre den evna utdanningssystemet har til å fange opp og følgje opp barn og unge som treng hjelp og støtte. Det viktigaste tiltaket er å byggje eit lag rundt læraren ved å heve kompetansen i PP-tenesta og å omorganisere Statleg spesialpedagogisk støttesystem (Statped). Målet er at Statped skal bli ein aktiv tenesteytar av spesialpedagogisk støtte, og at alle kommunar og fylkeskommunar i Noreg skal kunne få likeverdig tilgang til kompetanse frå eit regionalt senter i Statped.

Departementet går ikkje inn for å erstatte retten til spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning med ein rett til ekstra tilrettelegging, slik Midtlyngutvalet ønskte, men understrekar i meldinga at retten må realiserast på ein annan måte enn i dag. Spesialundervisninga skal bli betre ved at PP-tenesta gir tydelegare tilrådingar, ved at det blir sett realistiske mål for kvar enkelt elev, og ved at resultata blir evaluerte.

Departementet foreslår at skolane får plikt til å vurdere og eventuelt prøve ut tiltak i ordinær opplæring før dei kan be om spesialundervisning. Målet er å forbetre arbeidet til skolen med tilpassa opplæring, og å unngå at for mykje ressursar blir flytte frå ordinær opplæring til spesialundervisning. Den nye grunnskolelærarutdanninga og det varige etter- og vidareutdanningsprogrammet for lærarar skal gjere skolen betre rusta til å førebyggje vanskar, tilpasse opplæringa og å skape gode og inkluderande læringsmiljø. Meldinga legg også opp til ein meir målretta bruk av assistentar.

Utforming av regelverk

Resultata frå tilsyna til fylkesmennene dei siste åra syner at det er utfordringar når det gjeld å etterleve opplæringslova og privatskolelova. Eitt av fleire tiltak som fylkesmenn og Utdanningsdirektoratet framhevar i tilsynsrapporten for 2009 for å betre etterlevinga, er å forenkle og tydeleggjere regelverket. Det blir også peikt på at lovføresegner av utprega skjønnsmessig karakter kan medverke til manglande etterleving i sektoren. Meld. St. 19 (2009–2010) Tid for læring nemner tiltak som at nasjonale styresmakter skal gjennomgå delar av regelverket med sikte på å gjere det enklare og meir tydeleg. Ved stortingsbehandlinga av meldinga, jf. Innst. 219 S (2010–2011), seier kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen at «det er positivt at det skal foretas en gjennomgang av deler av opplæringsloven for å vurdere om det er behov for et enklere regelverk. Komiteen mener dette er på høy tid, og legger til grunn at man i denne forbindelse også ser på tilhørende forskrifter og rundskriv».

Målsetjinga er at regelverket skal vere klart og tydeleg, samtidig som det skal kunne ta i vare individuelle omsyn. Føresegner som krev skjønn, kan oppfattast som vanskelegare å praktisere, og det kan hevdast at slike føresegner ikkje sikrar lik behandling.

Etter departementets vurdering kan regelverket vanskeleg fungere utan bruk av føresegner som krev skjønnsmessige vurderingar. Opplæringssektoren er kompleks, og regelverket må innrettast slik at det kan gjelde ulike personar i ulike situasjonar og som har ulike føresetnader. Tilpassa opplæring er eit sentralt prinsipp i opplæringslova og privatskolelova. Prinsippet gir uttrykk for at det skal takast individuelle og situasjonsbestemte omsyn. Dette inneber at sentrale føresegner i lovene, blant anna om tilpassa opplæring, bør utformast slik at det faktisk kan takast slike omsyn.

Departementet har gjennomgått delar av opplæringslova og privatskolelova ut frå eit generelt perspektiv om forenkling og vurdert bruken av dei skjønnsmessige føresegnene. Departementet legg stor vekt på behovet for at regelverket skal leggje til rette for at det kan takast individuelle og lokale omsyn, og vurderer det slik at ein vanskeleg kan erstatte dei skjønnsmessige føresegnene utan å miste dette høvet. Det kan likevel vere viktig at det blir stilt opp retningslinjer for skjønnet, anten i sjølve lovteksten eller i forarbeida. Departementet vil ta omsyn til dette i framtidig utforming av regelverket.

Skoleeigar, som skal sikre rammene for opplæringa, og rektorar og lærarar, som skal sørgje for at elevane får god undervisning, har bruk for og har etterspurt støtte og rettleiing. Det har derfor i dei siste åra vore utarbeidd mange rundskriv og rettleiingar frå sentrale opplæringsstyresmakter. I Riksrevisjonens rapport om spesialundervisning, Dokument 3:7 (2010–2011), blir betydninga av statleg rettleiing om lovverket understreka.

Rundskriv og rettleiarar er meinte som hjelpemiddel. Dei skal kunne brukast som oppslagsverk for å lette forståinga av føresegner i regelverket. For å sørgje for at regelverk i skolesektoren blir best mogleg, vil utkast til endringar ved behov også bli drøfta med dei som i praksis blir omfatta av regelverket, i tillegg til den offentlege høringa. Allereie vedtekne rundskriv og forskrifter er i stor grad kjende i sektoren av elevar, lærarar og skoleeigarar. Mange av rundskriva har også vore etterspurde, og det er såleis ikkje ønskeleg å fjerne desse. Endringar i rundskriv kan i seg sjølv også medføre tidskostnader i sektoren. Departementet vurderer kontinuerleg regelverket, og tek initiativ til justeringar når det er behov for det.

Andre område

Mange nok lærarar i skolen er viktig for ein god og trygg skolekvardag, slik at kvar enkelt elev får ei god opplæring og opplever å bli sett. Regjeringa vil sikre ressursar for å halde oppe og styrkje lærartettleiken i skolen. Kunnskapsdepartementet vil sende ut til høring eit forslag om endring i opplæringslova og privatskolelova om ei maksimumsgrense for berekna gruppestørrelse i grunnskolen. Forslaget vil innehalde to modellar. Den eine modellen er ei lovfesting av eit minste ressursnivå på den enkelte skolen, mens den andre modellen er ei lovfesting av eit minste samla ressursnivå innanfor den enkelte kommunen. Under kvar av modellane vil det vere eksempel på ulike nivå for ein minimumsressurs på ulike trinn.

Østbergutvalet, som vart oppnemnt hausten 2008, leverte i juni 2010 NOU 2010: 7 Mangfold og mestring. Utgreiinga har vore ute til høring. Oppfølging av minoritetsspråklege elevar inngår i mange politikkområde. Departementet vil vurdere vidare oppfølging av tiltaka i utgreiinga. Mellom anna vil regjeringa leggje fram ei melding for Stortinget om integrering og inkludering der opplæring for minoritetsspråklege vil vere eit tema.

Regjeringa ønskjer å gjennomføre eit kulturskolelyft slik at alle barn som vil, får eit kulturskoletilbod av god kvalitet. I 2010 og 2011 vart det løyvd 40 mill. kroner frå Kulturløftet II til utviklingsprosjekt knytte til å utvikle eit meir omfattande kulturskoletilbod for barn og unge. Regjeringa vil føre vidare denne innsatsen i 2012 for å gjere sitt til at fleire barn og unge får eit mangfaldig kulturtilbod eller kulturskoletilbod. I 2012 vil midlane rettast enno meir mot samarbeid mellom kulturskole og grunnskole/SFO. Hovuddelen av midlane skal gå til prosjekt med kombinerte stillingar i kulturskole og grunnskole/SFO, medrekna ungdomsskolar. Eit utval prosjekt som har fått støtte i 2010 og 2011 vil bli ført vidare i 2012. Alle midlane skal framleis vere søknadsbaserte.

Det er eit mål at fleire vaksne blir rekrutterte til og fullfører grunnskole og/eller vidaregåande opplæring. I samband med dette er det sett i gang forsøk med å utvikle modellar for vidaregåande opplæring for vaksne arbeidssøkjarar i samarbeid med NAV. Kunnskapsdepartementet har òg sett i verk forsøk med å utvikle og prøve ut modellar for opplæring for ufaglærte i helse- og omsorgssektoren og barnehagesektoren, knytte til arbeidsplassen. For andre tiltak på området grunnopplæring for vaksne, sjå kap. 220.

Kap. 220 Utdanningsdirektoratet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

231 463

227 793

256 969

21

Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70

6 801

3 745

3 861

70

Tilskott til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21

42 843

50 622

50 232

Sum kap. 220

281 107

282 160

311 062

Kap. 220 omfattar faste driftsoppgåver i Utdanningsdirektoratet, jf. post 01, post 21 og post 70. I tillegg kjem oppgåver som direktoratet har ansvaret for, men som blir finansierte over andre kapittel, til dømes gjennomføring av eksamen, jf. kap. 225 post 01, og mellombelse oppgåver knytte til kvalitetsutvikling og -vurdering i grunnopplæringa, jf. kap. 226. Omtale av politikk og tilstandsvurdering er derfor dels plassert under andre kapittel i denne proposisjonen. Oppgåvene i direktoratet er knytte til grunnopplæringsområdet og barnehageområdet. Det er nytt frå 2012 at departementet delegerer ei rekkje oppgåver på barnehageområdet til direktoratet.

Barnehageområdet har gjennomgått store endringar i dei seinaste åra med betydeleg utbygging av barnehageplassar. Frå 2011 er sektoren rammefinansiert, noko som gir kommunane ansvaret for finansiering av barnehagane. Statleg styring blir utøvd gjennom juridiske verkemiddel, tiltak for å auke kompetansen og pedagogiske styringsverkemiddel. Det er i dag om lag 6 700 barnehagar, der 54 pst. er private. Barnehagane skil seg frå andre offentlege tenestetilbod ved det store innslaget av private barnehagar, noko som gir særskilde styringsutfordringar.

St.meld. nr. 41 (2008–2009) Kvalitet i barnehagen, jf. Innst. 162 S (2009–2010), understrekar at det statlege apparatet må ha den kompetansen som er nødvendig for å møte desse nye utfordringane, og for å kunne bidra til å sikre høg kvalitet i sektoren. Meldinga varsla at Kunnskapsdepartementet tok sikte på å delegere oppgåver på barnehagefeltet til Utdanningsdirektoratet.

Barnehagar og skolar er pedagogiske institusjonar med ulik historie og samfunnsmandat. Ein legg derfor til grunn at ein skal ta vare på og utvikle vidare eigenarten i barnehagesektoren også etter at oppgåver er delegerte til direktoratet. Dette føreset at Utdanningsdirektoratet får tilført tilstrekkeleg med kompetanse og kapasitet på barnehagefeltet når oppgåvene er delegerte.

Kunnskapsdepartementet delegerer oppgåver på barnehageområdet til Utdanningsdirektoratet frå 2012 innanfor

  • lov- og regelverksforvaltning, inkludert tolking, rettleiing m.m.

  • utkast til forskrift/forskriftsendringar, inkludert rammeplanen

  • tilskottsforvaltning

  • embetsstyring av fylkesmennene, inkludert deira tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit

  • statistikk, forskings- og analyseoppgåver

  • rettleiing og implementering av rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver, inkludert utvikling av rettleiings- og støttemateriell

  • oppfølging av satsingar i sektoren og utvikling av støttemateriell på relevante område

  • kvalitetsutvikling i sektoren, inkludert forvaltning av midlar til kompetanse- og rekrutteringstiltak

  • informasjonstiltak, kampanjar og liknande

  • internasjonale oppgåver utover policyretta nettverk som OECD, EU og Norden

Oppgåvene på barnehagefeltet kjem i tillegg til dei oppgåvene som allereie er delegerte innanfor grunnopplæringa. Mål og oppgåver som er omtalte i innleiinga til programkategoriane 07.20 og 07.30, er førande for arbeidet til direktoratet.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga gjeld drift av Utdanningsdirektoratet. Utdanningsdirektoratet er underlagt Kunnskapsdepartementet og skal medverke til at vedteken politikk for barnehagane og grunnopplæringa blir sett i verk. Gjennom fagleg arbeid, nasjonale utviklingstiltak, juridiske og økonomiske verkemiddel, rettleiing, informasjon og dialog medverkar direktoratet til å sikre at den nasjonale barnehage- og utdanningspolitikken blir sett i verk og gjennomført, slik at barn, unge og vaksne i heile landet kan få ei likeverdig og tilpassa opplæring i eit inkluderande fellesskap.

Direktoratet er delegert mynde i forvaltningssaker som gjeld

  • embetsstyringa av fylkesmannsembeta på utdanningsområdet, og frå 1. januar 2012 på barnehageområdet

  • tilsynsarbeid som følgjer av opplæringslova, privatskolelova, vaksenopplæringslova kap. 4 Diverse skolar, folkehøgskolelova og frå 1. januar 2012 tilsynsarbeid som følgjer av barnehagelova

  • tolking av opplæringslova, privatskolelova, vaksenopplæringslova kap. 4 Diverse skolar, og folkehøgskolelova med forskrifter på nasjonalt nivå, og å gi god rettleiing om regelverket for grunnopplæringa. Det same gjeld for barnehagelova frå 1. januar 2012

  • etatsstyring av statlege skolar som gir grunnopplæring, jf. kap. 222

  • tilskott til eksamensavvikling, privatskolar, folkehøgskolar og andre formål, jf. kap. 225, 227, 228, 229 og 253

  • det statlege spesialpedagogiske støttesystemet (Statped), jf. kap. 230

Mål for 2012

Hovudprioriteringane for arbeidet til Utdanningsdirektoratet i 2012 er knytte til måla om eit tilgjengeleg barnehagetilbod av høg kvalitet og ei grunnopplæring med høg kvalitet, og til dei måla som er nemnde under kategoriinnleiingane.

Det overordna målet for delegering av oppgåver på barnehageområdet til Utdanningsdirektoratet er å styrkje den statlege kapasiteten for styring av og kvalitetsutvikling i barnehagesektoren. Det er vidare eit mål å skape større heilskap og samanheng i utdanningsløpet. Barnehagen og skolen har felles verdigrunnlag, og rammeplanen for barnehagen og læreplanen i grunnopplæringa har ein større grad av kontinuitet og samanheng no enn tidlegare.

Ved å overføre barnehageområdet frå Barne- og familiedepartementet til Kunnskapsdepartementet i 2005 varsla regjeringa ei meir heilskapleg satsing på oppvekst og opplæring. Når Utdanningsdirektoratet får delegert oppgåver på barnehageområdet frå 2012, vil dette ytterlegare styrkje samanhengen mellom barnehage og opplæring og skape synergiar for heile utdanningsløpet. Direktoratet skal leggje til rette for god kontakt og samhandling mellom relevante aktørar for å nå dei måla som er sette for barnehagane og grunnopplæringa.

Direktoratet skal følgje opp tiltak i St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen og i St.meld. nr. 41 (2008–2009) Kvalitet i barnehagen.

Direktoratet skal følgje opp tiltak i Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter.

Direktoratet skal følgje opp tiltak i Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap. Statped skal i 2012 organiserast som ei verksemd med ei felles leiing, men med fire fleirfaglege regionsenter. Dette vil sikre at regionsentra utviklar seg i same retning, og at Statped blir eit felles nasjonalt støttesystem med ein tydeleg profil og likeverdige tenester i heile landet.

Direktoratet har ansvaret for å utvikle og vidareutvikle tiltak for å få fleire til å fullføre vidaregåande opplæring. Direktoratet skal i 2012 satse vidare på at lærarar og skoleleiarar får relevant kompetanseutvikling av høg kvalitet. Direktoratet har ansvaret for rettleiarkorpset som skal gi rettleiing til skoleeigarar og skolar som treng hjelp for å komme i gang med å betre læreprosessane i skolen. Gjennom satsinga Betre læringsmiljø (2009–2014) skal direktoratet rettleie og støtte skoleeigarar og skolar i arbeidet med å sikre alle elevar eit godt læringsmiljø. Direktoratet skal òg medverke til at opplæringa innanfor dei yrkesfaglege utdanningsprogramma blir meir relevant for elevane. Ein foreslår at tildelinga til etterutdanningstilbod for lærarar blir styrkt i tråd med framlegg i ungdomstrinnsmeldinga og satsinga Ny GIV. Satsinga Ny GIV blir omtalt samla i programkategorien.

Eit anna sentralt mål i 2012 er å forbetre den lokale kapasiteten til kvalitetsutvikling gjennom statlege støttetiltak. Evalueringar viser store variasjonar i den evna skoleeigarane har til kvalitetsutvikling, samstundes som føresetnadene for å drive effektiv kvalitetsutvikling er svært ulikt fordelte.

Direktoratet skal føre vidare satsinga på grunnopplæring for vaksne etter kap. 4A i opplæringslova. Målet er at fleire vaksne blir rekrutterte til og fullfører grunnskole og/eller vidaregåande opplæring mellom anna med sikte på at dei vaksne skal få ein tryggare status i arbeidsmarknaden. Direktoratet skal arbeide vidare med å betre forståinga for vaksnes rett til grunnopplæring, medrekna rett til realkompetansevurdering. Direktoratet skal òg halde fram med arbeidet med å styrkje tilsynet med rettane til vaksne etter opplæringslova, og sørgje for tilgjengeleg og relevant statistikk, dokumentasjon og analyse av god kvalitet på vaksenopplæringsfeltet.

Arbeidet med utviklinga av tilsyn blir ført vidare i 2012.

Sidan hausten 2009 har Utdanningsdirektoratet samarbeidd med Politidirektoratet om eit opplegg for å auke kunnskapen hos skoleeigarar og skoleleiarar om førebygging av alvorlege skolehendingar. Dette samarbeidet er ført vidare, og er også utvida til å omfatte fagskolar, folkehøgskolar, høgskolar og universitet. Regjeringa har oppmoda skoleeigarane og institusjonane om å følgje opp med øvingar, slik at tilsette og andre står betre rusta i beredskapen mot alvorlege hendingar.

Rapport for 2010

Rapporteringa på kap. 220 for 2010 må ein sjå saman med rapporteringa for kap. 226, som gjeld oppgåver direktoratet har ansvaret for knytte til kvalitetsutvikling og -vurdering i grunnopplæringa.

Utdanningsdirektoratet medverkar til å gjere skoleeigarane i stand til å drive skolane på ein god måte, slik at elevane opplever eit godt læringsmiljø og får best mogleg læringsutbytte. Direktoratet medverkar blant anna med å byggje kompetanse og setje klar standard for skolen. Utdanningsdirektoratet gjennomfører kompetanse- og kapasitetstiltak mot skoleeigarar og skoleleiarar. Eksempel er nasjonal rektorutdanning og rettleiarkorps som gir hjelp til utvalde kommunar der direktoratet har gått djupare inn i skolekvardagen enn nokon gong tidlegare.

Det er utarbeidd ein forsøkslæreplan og rettleiing til arbeidslivsfaget, og det er gjennomført fellessamlingar for deltakarane i forsøket og oppstartssamlingar i alle fylke. Det har vore stor interesse for å delta i forsøket. Formålet med forsøket er å bidra til å skape eit ungdomstrinn som tek betre omsyn til variasjon mellom elevane. Elevar som ønskjer det, skal få større moglegheit til å arbeide praktisk og prøve ut interessene sine for yrkesfagleg opplæring tilpassa ungdomstrinnet. Uni Rokkansenteret har kartlagt den første piloteringa av forsøket. Kartlegginga viser at over 70 pst. av elevane i arbeidslivsfag meiner dei har fått ein betre skolekvardag. Undersøkinga viser at faget er godt motteke på forsøksskolane, og både lærarar og elevar svarer at arbeidslivsfaget gjer sitt til auka trivsel på skolen.

Direktoratet har laga ein samla informasjonsplan for arbeidet med å styrkje regelverkskompetansen hos skoleeigarar og auke kunnskapen om rettane til grunnopplæring for vaksne. Fylkesmennene har gjennomført regionale konferansar om den retten vaksne har etter opplæringslova, og denne retten har òg vore tema på direktoratets samlingar med fylkesmennene. Direktoratet har gjennomført ei kartlegging av den informasjonen som allereie ligg føre. Kartlegginga vil bli lagt til grunn for tiltak som skal setjast i verk i 2011. Vox har i samarbeid med direktoratet gjort greie for grunnlaget for tiltak som kan skape ei heilskapleg realkompetansevurdering.

Fylkesmannen i Oslo og Akershus og Fylkesmannen i Nord-Trøndelag gjennomførte våren 2010 tilsyn med vaksnes rett til grunnutdanning etter opplæringslova. Tilsynet er ført vidare i 2011.

Direktoratet har i 2010 følgt opp fire forsøk med å utvikle opplæringsmodellar som fører fram til fag- eller sveinebrev tilpassa vaksne arbeidssøkjarar som ikkje har fullført vidaregåande opplæring. Forsøka, som har vore gjennomførte i eit samarbeid mellom skoleeigarar og NAV, skal medverke til at fleire arbeidssøkjarar gjennomfører vidaregåande opplæring. Forsøksfylka arbeidde hausten 2010 særleg med forankring, modellutvikling, mål- og målgruppeforståing og med handlingsrommet for forsøket. Forsøksfylka evaluerer sjølve dei lokale forsøka, og rapporterer til direktoratet kvart halvår. Direktoratet følgjer opp forsøket i nært samarbeid med Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Direktoratet har gjennom fylkesmennene gjennomført nasjonalt tilsyn med felles tema og metodikk. Retten elevane har til eit godt psykososialt miljø er tema for det felles nasjonale tilsynet i 2010 og 2011. Det nærmare temaet for tilsynet er mellom anna skolens førebyggjande arbeid, brukarmedverknad og oppfølginga av saksbehandlingskrava knytte til krenkjande åtferd.

Direktoratet meiner det er positivt at tilsynet viser at leiinga ved dei fleste skolane er involvert i den daglege gjennomføringa av det systematiske arbeidet for å betre det psykososiale miljøet til elevane. Sjølv om mange skolar er på god veg, er det likevel ikkje godt nok at berre elleve skolar, av 114 skolar i 52 kommunar og 15 vidaregåande skolar i seks fylkeskommunar som det er ført tilsyn med til no, har unngått pålegg om å rette opp feil som er påviste av tilsynet. Det er tydelege avvik frå opplæringslovas føresegner om det psykososiale miljøet til elevane. Mellom anna er det mange skolar som ikkje følgjer kravet om at det skal fattast enkeltvedtak dersom ein elev eller foreldre ber om tiltak som gjeld det psykososiale miljøet. I gjennomsnitt er det ved dei til saman 129 skolane det er ført tilsyn med gitt 2,7 pålegg per skole.

Det er etablert ei sentral koordinering av tilsynet mellom fylkesmannsembeta for å sikre lik behandling og auka erfaringsutveksling mellom forvaltningsnivåa.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å flytte 715 000 kroner frå kap. 220 post 01 til kap. 1510 post 01 på budsjettet til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Midlane skal framleis finansiere nasjonale oppgåver hos Fylkesmannen i Hordaland knytte til opplæring i kriminalomsorga, jf. òg forslag under kap. 226 post 21.

Departementet foreslår å overføre 360 000 kroner frå kap. 220 post 01 til kap. 200 post 01 i samband med overføring av ei stilling frå Utdanningsdirektoratet til departementet.

Departementet foreslår å flytte 8,2 mill. kroner frå kap. 225 post 01. Midlane skal framleis finansiere faste stillingar i direktoratet knytte til oppgåver som gjeld eksamen.

Departementet har foreslått å redusere inntektskravet over kap. 3220 post 02 med 6 mill. kroner. Forslaget har bakgrunn i at ein stadig større del av rettleiingsressursane og anna materiell som Utdanningsdirektoratet utarbeider for sektoren, blir gjort gratis tilgjengeleg digitalt. Utgiftsløyvinga over kap. 220 post 01 må reduserast tilsvarande. Departementet foreslår å redusere løyvinga over kap. 226 post 21 med 6 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 220 post 01, for å halde driftsløyvinga til direktoratet på same nivå som i 2011.

Utdanningsdirektoratet vil frå 1. januar 2012 få delegert oppgåver på barnehagefeltet. Departementet ønskjer i samband med denne overføringa å styrkje direktoratet. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på posten med 8,4 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 231 post 21, og å auke løyvinga med 9 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 226 post 21.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70, og post 70 Tilskott til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21

Mål for 2012

Løyvingane på postane 21 og 70 må ein sjå i samanheng. Målet er å medverke til at elevar og lærlingar får eit opplæringstilbod av høg kvalitet.

Løyvinga på post 21 er knytt til oppdrag, jf. kap. 3220 post 01 Inntekter frå oppdrag. Løyvinga på post 70 skal medverke til at det blir utvikla og produsert læremiddel der det ikkje er grunnlag for kommersiell produksjon. Dette gjeld læremiddel for smale fag og/eller små elevgrupper, inkludert nynorske parallellutgåver, særskilt tilrettelagde læremiddel og læremiddel for språklege minoritetar. Utviklinga av læremiddel skal skje i samsvar med prinsippa om tilpassa opplæring og universell utforming, og ein skal ta vare på det fleirkulturelle perspektivet.

Rapport for 2010

Det er gitt tilskott til produksjon av læremiddel for Vg1, Vg2 og Vg3 innanfor yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram. Dette gjeld både basisutgivingar, parallellutgåver på nynorsk og fellesspråklege utgivingar. Det er vidare gitt støtte til multifunksjonelle læremiddel for grunnskolen og vidaregåande opplæring, læremiddel for elevar med behov for stor grad av individuell tilpassing og læremiddel for hørselshemma elevar. Det er vidare gitt tilskott til læremiddel i grunnleggjande norsk, morsmål og til tospråkleg fagopplæring for minoritetsspråklege elevar. Det nordiske ordbokprosjektet LEXIN-N er ført vidare. Prosjektet skal evaluerast, og evalueringsrapport vil liggje føre i desember 2011.

Det er utvikla både trykte og digitale læremiddel på alle områda. Samarbeid med faggrupper knytte til ulike målgrupper og fagområde er ført vidare.

Direktoratet har i 2011 gått gjennom og justert berekningsgrunnlaget for ordninga i samarbeid med aktørane.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å flytte 2 mill. kroner frå kap. 220 post 70 til kap. 230 post 01, dette for å samle løyvinga til Møller kompetansesenter for utvikling og produksjon av læremiddel for hørselshemma elevar på ein post.

Kap. 3220 Utdanningsdirektoratet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Inntekter frå oppdrag

1 326

3 488

3 596

02

Salsinntekter o.a.

3 335

6 843

1 055

Sum kap. 3220

4 661

10 331

4 651

Inntektene gjeld oppdragsverksemd, salsinntekter og refusjonar. Ein stadig større del av rettleiingsressursane og anna materiell som Utdanningsdirektoratet utarbeider for opplæringa, blir gjort gratis tilgjengeleg digitalt. Inntektene frå sal av læremateriell i papirformat har dermed gradvis blitt reduserte. Omlegging til digital distribusjon og utfasing av gammalt materiell vil gi ein reduksjon i inntektene. Kunnskapsdepartementet foreslår å redusere inntektsløyvinga over kap. 3220 post 02 med 6 mill. kroner.

Kap. 221 Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

10 698

13 358

13 887

Sum kap. 221

10 698

13 358

13 887

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga gjeld drift av Foreldreutvalet for barnehagar (FUB) og Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG). FUG og FUB har felles sekretariat, og får eitt tildelingsbrev. Departementet vil vurdere denne ordninga.

FUB er eit sjølvstendig rådgivande organ for departementet i saker som gjeld samarbeidet mellom barnehage og heim. FUB skal arbeide for eit godt samarbeid mellom barnehage og heim, og skal ta i vare interessene til foreldra i barnehagesamanheng.

FUG er eit sjølvstendig rådgivande organ for departementet i saker som gjeld samarbeid mellom skole og heim. FUG skal arbeide for eit godt samarbeid mellom skole og heim, og skal ta i vare interessene til foreldra i skolesamanheng. Funksjonstida til det noverande utvalet går ut 31. desember 2011. Det blir oppnemnt nye medlemmer til FUG frå 1. januar 2012. Fungeringstida for medlemmane er fire år.

Mål for 2012

Hovudmålet for FUB er at samarbeidet mellom barnehage og heim skal medverke til at alle barn i barnehage får eit best mogleg tilbod. Eit godt samarbeid kan medverke til å jamne ut sosiale forskjellar og bidra til ein god overgang frå barnehage til skole.

For å nå dette målet skal Foreldreutvalet for barnehagar i 2012

  • vere eit rådgivande organ overfor Kunnskapsdepartementet i saker som gjeld samarbeidet mellom barnehage og heim

  • utføre informasjonsarbeid og rettleiing overfor dei tilsette i barnehagane, foreldra og kommunane om verdien av samarbeid med foreldra for arbeidet i barnehagen

  • vere i dialog med relevante organisasjonar og institusjonar

Hovudmålet for FUG er at samarbeidet mellom heim og skole skal komme alle elevar til gode, slik at dei får eit best mogleg utbytte av opplæringa. Eit godt samarbeid kan medverke til å jamne ut sosiale forskjellar mellom elevar og til å hindre fråfall. For å nå dette målet skal FUG i 2012

  • medverke til å auke læringsutbyttet til elevane gjennom å arbeide for eit godt samarbeid mellom heim og skole

  • medverke til å auke kompetansen i heim–skole-samarbeid for dei tilsette i skolen

  • medverke til å få fleire foreldre engasjerte i opplæringa

Rapport for 2010

Foreldreutvalet for barnehagar (FUB) vart oppnemnt i juni 2010, og har seks medlemmer og ein vararepresentant. Hausten 2010 har utvalet etablert kontakt med sentrale aktørar og presentert seg på mange av kommunesamlingane i regi av fylkesmannsembeta. Dette arbeidet vil halde fram i 2011, slik at utvalet får besøkt alle fylka. I tillegg har utvalet halde innlegg og foredrag på fleire konferansar. Informasjonsmateriell retta mot både foreldre og tilsette, er sendt til alle barnehagar i landet hausten 2011.

FUB har i si rolle som rådgivande organ for departementet gitt innspel til aktuelle saker som har vore ute til høring. FUB har delteke i fleire arbeids- og referansegrupper på nasjonalt nivå. Nettsida til FUB vart lansert våren 2011.

Året 2010 starta med lansering av dei nye nettsidene til FUG. På nettsidene ligg skoleringsmateriell gratis tilgjengeleg, og ein kan òg laste ned publikasjonane til FUG. Ein del av materiellet er omsett til andre språk. FUG har utarbeidd ein ressurspakke med tolv filmar om samarbeid mellom heim og skole. Filmane skal vere eit hjelpemiddel for foreldre, lærarar og skoleleiing i heile grunnopplæringa, samt for lærarutdanninga.

FUG har i si rolle som rådgivande organ for departementet og direktoratet gitt innspel i aktuelle saker. Utvalet har delteke i 20 arbeids- og referansegrupper på nasjonalt nivå.

Informasjonsmateriell retta mot både foreldre, kontaktlærarar og skoleleiarar er sendt til alle grunnskolar. FUG har gitt informasjon til skoleverket om den rolla foreldre har i opplæringa til elevane, dette for å auke kompetansen i heim–skole-samarbeid for dei tilsette i skolen. FUG har halde ei rekkje foredrag mellom anna på lærarutdanningsinstitusjonar, i kommunar og fylkeskommunar.

FUG har arbeidd for at alle foreldre engasjerer seg i opplæringa, uavhengig av sosial bakgrunn, mellom anna ved å spreie kunnskap om samanhengen mellom foreldrestøtte og motivasjon til elevane. Informasjon og rettleiing er gitt til foreldre, særleg tillitsvalde foreldre.

Budsjettforslag for 2012

I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2011 vart løyvinga til Foreldreutvalet for barnehagar auka for å styrkje rolla til FUB som rådgivande organ for Kunnskapsdepartementet i saker om samarbeid mellom barnehagen og heimen, jf. Prop. 120 S (2010–2011) og Innst. 420 S (2010–2011). Departementet foreslår å vidareføre denne auken med 260 000 kroner i 2012.

Kap. 222 Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

105 175

103 820

85 083

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

1 724

1 317

1 347

Sum kap. 222

106 899

105 137

86 430

Kapitlet omfattar hovudsakleg

  • drift av skole og internat ved Sameskolen i Midt-Noreg, Hattfjelldal

  • drift av Samisk vidaregåande skole i Karasjok og Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino

  • lønn etter rettsvilkårsavtalen for personale ved nedlagde statlege skolar og ventelønn for personale frå avvikla statsinternat i Finnmark

Løyvinga til sameskolane i Snåsa og Målselv er flytt frå kap. 222 post 01 til kap. 225 post 62 Tilskott til dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv frå og med 2012.

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Mål for 2012

Målet for løyvinga til dei samiske skolane er mellom anna å halde oppe og utvikle vidare samisk identitet, språk og kultur. Opplæringa ved skolane følgjer Kunnskapsløftet – Samisk.

Rapport for 2010

Sameskolen i Midt-Noreg

Sameskolen i Midt-Noreg er statleg. I skoleåret 2010–11 hadde skolen tre faste elevar. Desse tre elevane gjekk sitt siste år på ungdomstrinnet. I tillegg gir skolen tilbod om fjernundervisning i sørsamisk til elevar ved andre skolar i kommunen og i andre kommunar. I skoleåret 2010–11 fekk 29 elevar fjernundervisning ved skolen mot 19 elevar året før.

Søkninga til elevplassane ved skolen er svært låg, og i skoleåret 2011–12 er det ingen faste elevar ved skolen. Skolen vil likevel fylle ein funksjon ved å halde oppe og utvikle vidare samisk identitet, språk og kultur, også for elevar ved andre skolar, gjennom mellom anna tilbodet i fjernundervisning. Skoledrifta blir derfor halden oppe i inneverande skoleår med auka tilbod om fjernundervisning. I samråd med styret for skolen vil Utdanningsdirektoratet planleggje vidare prosess for skoledrifta i løpet av skoleåret 2011–12.

Fjernundervisning

I 2009 starta Utdanningsdirektoratet opp eit pilotprosjekt i lulesamisk fjernundervisning. Fylkesmannen i Nordland har ført pilotprosjektet vidare ved å utvikle Drag skole til ein ressursskole for lulesamisk fjernundervisning i samsvar med Utdanningsdirektoratets plan for samisk fjernundervisning.

Samiske vidaregåande skolar

Hausten 2010 hadde Samisk vidaregåande skole i Karasjok 140 fulltidselevar mot 116 elevar året før. Skolen gir også eksternt finansierte kurs. Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino hadde hausten 2010 88 fulltidselevar, mot 80 elevar året før. I tillegg til den ordinære undervisninga gir skolane fjernundervisning i samisk.

Begge skolane er opne for samiske elevar frå heile landet, og dei held fram med ordninga med vertsfamiliar primært for dei yngste tilreisande elevane.

Hausten 2010 sende Kunnskapsdepartementet eit oppdragsbrev til Statsbygg der departementet bad om ei utgreiing av behovet for ombygging og/eller nybygg ved dei samiske vidaregåande skolane. Saka er teken opp i fleire møte mellom styret for dei samiske vidaregåande skolane og Utdanningsdirektoratet i 2010 og 2011, og brukarane av skolebygga er trekte inn i arbeidet. Departementet har orientert Sametinget om oppdraget til Statsbygg.

Ein rapport om framtidig forvaltningsansvar for dei to samiske vidaregåande skolane vart behandla i Sametinget i 2008. Sametinget vedtok å setje i verk eit utgreiingsarbeid for å gjere Sametinget i stand til å ta over forvaltningsansvaret for skolane. Utdanningsdirektoratet har inntil vidare forvaltningsansvaret for skolane.

Rettsvilkårsavtale og ventelønn

I samband med tidlegare nedlegging av statlege skolar og statsinternat i Finnmark blir det utbetalt midlar til tidlegare tilsette ved desse skolane og statsinternata. Det er Utdanningsdirektoratet som har ansvaret for utbetaling av midlane.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å føre vidare løyvinga til dei statlege samiske skolane. Løyvinga på 20,9 mill. kroner til sameskolane i Snåsa og Målselv blir foreslått flytt til kap. 225 post 62 Tilskott til dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv.

Kap. 3222 Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

02

Salsinntekter o.a.

6 214

4 443

4 581

Sum kap. 3222

6 214

4 443

4 581

Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna kurs og vaksenopplæring, sal frå kantine, hybelutleige og betaling frå heimeskolane for fjernundervisning.

Kap. 223 Sametinget

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

50

Tilskott til Sametinget

34 355

35 420

36 518

Sum kap. 223

34 355

35 420

36 518

Post 50 Tilskott til Sametinget

Mål for 2012

Målet med tilskottet er å medverke med finansiering til utdanningsformål i Sametinget, inkludert utvikling og produksjon av læremiddel for samiske elevar, medrekna spesialpedagogiske læremiddel, læreplanarbeid og tilskott til råd og rettleiing om samisk opplæring.

Det er eit høgt prioritert mål for tilskottet at dei samiske elevane skal få raskare og betre tilgang til læremiddel på sitt eige språk.

Rapport for 2010

Det er stadig stor mangel på samiske læremiddel. I 2009 vart det derfor oppretta ei arbeidsgruppe med representantar for Sametinget, Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet. I juni 2010 la gruppa fram ein rapport med forslag til tiltak for meir effektiv utvikling og produksjon av samiske læremiddel. Sametinget har ansvaret for oppfølginga av rapporten. Kunnskapsdepartementet vil halde seg orientert om oppfølginga av rapporten blant anna i jamlege samarbeidsmøte med Sametinget.

Våren 2010 vart det gjennomført tilsyn med korleis rettane til dei samiske elevane blir oppfylte i åtte kommunar og ein fylkeskommune. Tilsynet avdekte avvik i tre kommunar. Avvika blir i stor grad knytte til manglande forsvarleg system for dei pliktane kommunane har til å gi samiske elevar opplæring på og/eller i samisk. Det er også rapportert at manglande tilgang på læremiddel er ei utfordring for opplæring i og på samisk. I tillegg tyder resultata frå tilsynet på at det kan vere tilfelle der elevar med rett til opplæring i og på samisk ikkje får korrekt timetal i alle fag, jf. fag- og timefordelinga i Kunnskapsløftet. Det ser ut til å vere variasjonar i praksis mellom skoleeigarane knytte til timetal for samiskopplæringa. Ei arbeidsgruppe med representantar for Sametinget, Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet la vinteren 2011 fram ein rapport med tiltak for å møte desse utfordringane. Departementet er i gang med å vurdere dei tiltaka som gruppa foreslår i rapporten.

Sametinget og Kunnskapsdepartementet har faste samarbeidsmøte to gonger i halvåret på administrativt nivå, i tillegg til konsultasjonar etter behov og nærmare avtale.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår at løyvinga for 2012 blir ført vidare på same nivå som i 2011.

Kap. 224 Senter for IKT i utdanninga

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

62 394

50 370

51 393

21

Særskilde driftsutgifter

34 400

35 078

36 165

Sum kap. 224

96 794

85 448

87 558

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter

Mål for 2012

Senter for IKT i utdanninga skal medverke til å realisere og utvikle politikken på IKT-feltet og skal samarbeide med relevante offentlege og private verksemder. Senteret skal òg delta i internasjonalt samarbeid.

Senteret skal arbeide for at IKT medverkar til auka kvalitet, styrkt læringsutbytte og betre læringsstrategiar hos norske elevar, lærlingar og studentar. Ei viktig oppgåve blir å arbeide for å styrkje digital kompetanse for elevar, lærlingar og studentar uavhengig av deira sosiale bakgrunn og bustad. Eit utgangspunkt vil vere å styrkje arbeidet med innføring og fagleg bruk av IKT i utdanninga ut frå læreplanar og andre styrande dokument, og medverke til at IKT blir ein drivar for pedagogisk innovasjon.

Verksemda skal utvikle og spreie kunnskap basert på forsking om bruk av IKT i utdanninga. Senteret skal mellom anna analysere og vurdere det pedagogiske potensialet som ny teknologi og digitale medium representerer, også med tanke på framtidig potensial. Senteret skal fremme digital dømmekraft i sektoren og følgje opp arbeidet med universell utforming av IKT. Senteret skal fremme utvikling av IKT i utdanninga av lærarar og førskolelærarar, samt andre tilsette i barnehagane.

Senteret skal greie ut om og kvalitetssikre læringsteknologiske løysingar og profesjonelle driftsløysingar for sektoren og sikre utvikling av infrastruktur for IKT i grunnopplæringa. Senteret skal følgje opp arbeidet med ei nasjonal identitetsforvaltning for utdanningssektoren basert på Feide – Felles elektronisk identitet – og delta i arbeidet med identitetsforvaltning i offentleg sektor.

Senteret skal samle og gjere tilgjengeleg informasjon om utdanning og yrke, og gi støtte for val av utdanning og karriere. Den nasjonale utdanningsportalen utdanning.no skal styrkjast for å utvikle innovative tenester. Desse tenestene skal vere i tråd med satsinga til regjeringa på Digitalt førsteval, noko som inneber at tenester i første hand skal vere digitale, og at brukarane aktivt må velje manuelle løysingar som papir eller telefon om dei føretrekk det.

Rapport for 2010

Senter for IKT i utdanninga vart etablert 1. januar 2010, og har i det første året lagt vekt på å etablere og utvikle relasjonar til ei rekkje aktørar. Senteret har etablert faste møte med Utdanningsdirektoratet og kontaktforum med KS. Dei er i dialog med Difi, skoleeigarar og universitets- og høgskolesektoren. Dei er i dialog med Standard Noreg om korleis brukarane best kan informerast om standardisering innanfor mellom anna læringsteknologi.

Senteret har òg etablert og delteke i fora for rettleiing, erfaringsdeling og spreiing av kompetanse om Feide. Feide er ei identitetsforvaltning med felles autentiseringsløysing for utdanningssektoren som mellom anna gir ei enkel og sikker pålogging til digitale tenester. Feide er sentral for arbeidet med ein tenesteorientert arkitektur for sektoren. Status i dag er at 16 fylke med vel 80 pst. av elevane i vidaregåande opplæring har implementert Feide, og for grunnskolen er tala 81 kommunar med om lag ein firedel av elevane. Senteret har vore aktivt overfor tenestetilbydarar, og tilfanget av tenestar med Feide-pålogging har auka. Senteret har i samarbeid med offentlege og private aktørar starta eit arbeid med å personifisere tenester for mellom anna syns- og hørselshemma.

Senteret har begynt eit arbeid med å effektivisere administrative prosessar i skolen. Dette arbeidet er ført vidare i 2011.

I samband med konferansen Kaleido 2010 opna senterets nyutvikla «Rom for læring» i Tromsø, eit fysisk rom der lærarar, elevar og førskolelærarar kan prøve ut, dokumentere og dele erfaringar med IKT i læringsarbeidet.

Senteret har gjennomført ei kartlegging av tilgang til, bruk av og holdningar til IKT i barnehagane og ei djuptgåande kvalitativ undersøking blant skoleelevar som grunnlag for vidareutvikling av senterets longitudinelle undersøking om digital kompetanse til tilsette i barnehage og skole og elevar i grunnopplæringa.

Senteret har utarbeidd forslag til retningslinjer for kvalitet i digitale læremiddel.

Senteret gir ut tidsskriftet Nordic Journal of Digital Literacy med forsking om IKT og læring.

Skolementor er ein nettbasert ressurs for skoleutvikling som støttar skoleleiarane i arbeidet med digital kompetanse. Tenesta gjer det mogleg for skolar å kartleggje og utvikle kapasiteten sin i samband med pedagogisk bruk av IKT. Om lag 300 skolar har gjort seg nytte av Skolementor.

Dei nasjonale retningslinjene for informasjonssikkerheit er følgde opp. I samarbeid med Teknologirådet og Datatilsynet har senteret på bestilling sendt 435 000 elevhefte frå prosjektet til skolar. Nettstaden dubestemmer.no og ressursane på nettstaden er heilt eller delvis omsette til andre språk. Nettmodulen dubestemmer.no om digital mobbing vart lansert i april 2010. Senteret deltek i Trygg bruk-nettverket.

Senteret er med i prosjektet Innovative Technologies for an Engaging Classroom (iTEC). Målet med iTEC er å bidra til å forme framtidas klasserom ut frå den teknologien og den infrastrukturen som allereie er til stades i skolen. Vidare deltek vel 800 skolar med om lag 1 200 lærarar i eTwinning, eit prosjekt i regi av EUs eLearning-program.

Senter for IKT i utdanninga hadde høgre aktivitet i 2010 enn planen tilsa og hadde derfor større utgifter enn budsjettert i 2010. I tillegg til eit meirforbruk på 900 000 kroner som vart ført i 2010 er det komme utgifter på om lag 13 mill. kroner i 2011 som dekkjer utgifter knytt til aktivitet som skjedde i 2010. Dette etterslepet vil påverke aktiviteten ved senteret og måloppnåinga i 2011. Mellom anna vil prosjekt der det ligg føre avtaler, bli førte vidare, nokre med noko lågare gjennomføringstakt. Samstundes vil det i mindre grad vere rom for nye aktivitetar. Kunnskapsdepartementet følgjer opp senteret i styringsdialogen for å sikre at økonomiforvaltninga blir tilfredsstillande.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2011.

Kap. 3224 Senter for IKT i utdanninga

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Inntekter frå oppdrag o.a.

2 060

2 281

2 352

Sum kap. 3224

2 060

2 281

2 352

Post 01 gjeld inntekter frå oppdragsverksemd, i hovudsak frå EU-prosjekt og frå Universitetet i Oslo.

Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

141 905

157 411

152 332

60

Tilskott til landslinjer

168 512

173 567

178 774

62

Tilskott til dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv

20 909

63

Tilskott til samisk i grunnopplæringa, kan overførast

44 975

51 643

52 487

64

Tilskott til opplæring av unge asylsøkjarar og barn av asylsøkjarar

160 351

141 973

134 822

66

Tilskott til leirskoleopplæring

40 091

41 377

42 618

67

Tilskott til opplæring i finsk

7 725

8 318

8 160

68

Tilskott til opplæring i kriminalomsorga

216 404

218 776

225 339

69

Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma

244 861

251 878

246 937

70

Tilskott til opplæring av lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov

18 779

29 564

30 480

71

Tilskott til utvikling av musikk- og kulturskolane

9 413

9 705

10 006

72

Tilskott til internasjonale utdanningsprogram

4 577

4 958

4 723

73

Tilskott til studieopphald i utlandet

9 437

9 730

10 032

74

Tilskott til organisasjonar

15 379

15 884

22 429

Sum kap. 225

1 082 409

1 114 784

1 140 048

Kap. 225 omfattar tilskott til målretta tiltak i grunnopplæringa.

Post 01 Driftsutgifter

Mål for 2012

Målet med løyvinga er å finansiere gjennomføringa av sentralt gitt eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring, samt den sentralt gitte delen av fag- og sveineprøva innanfor yrkesfaga.

Ordninga er heimla i forskrift til opplæringslova § 3-26 og Kunnskapsløftet om gjennomføring av eksamen i grunnskolen og vidaregåande opplæring. Løyvinga dekkjer kostnader til trykking, pakking og distribusjon av eksamensoppgåver, Kopinor-avgift, språkvask, nemndsamlingar, sensorskolering osv. Løyvinga dekkjer også utgifter til sensur og klagesensur, som er kostnader til lærarar som har teke på seg oppdrag med å vere sensorar ved sentralt gitt eksamen. Midlane blir utbetalte via Fylkesmannen.

Rapport for 2010

For skoleåret 2010–11 vart det våren 2011 avlagt om lag 76 000 eksamenar i grunnskolen og om lag 173 000 i vidaregåande opplæring. Totalt var det om lag 3 700 sensorar som deltok i vurderingsarbeidet. Totalt vart om lag 55 pst. av eksamenssvara leverte elektronisk i Prøvegjennomføringssystemet (PGS).

Kvart år blir det gjennomført evaluering av eksamen i nokre utvalde fag, og for 2010 omfatta dette eksamen i norsk i vidaregåande opplæring, herunder eksamen i norsk som andrespråk for språklege minoritetar. Evalueringa viste at det generelt er få kontroversielle sider ved eksamen i norsk hovudmål og sidemål. Oppsummert viser hovudfunna for eksamen i norsk at fleirtalet av lærarar og sensorar seier seg einige i at det er godt samsvar mellom dei gitte eksamensoppgåvene og kompetansemåla i læreplanen. Lærarar og sensorar vurderer også stort sett at oppgåvene gav elevane moglegheit til å vise kompetansen sin i norsk hovud- og sidemål. Overgangsordninga for eksamen i norsk som andrespråk er meir problematisk, og direktoratet vil følgje opp dette.

For 2011 skal eksamen i utvalde samfunnsfag evaluerast. Direktoratet vil mellom anna gjere greie for korleis eksamen med førebuingsdag og alle hjelpemiddel fungerer i samfunnsøkonomi. Evalueringa våren 2011 skal også sjå nærmare på korleis hjelpemiddelordninga til eksamen i Kunnskapsløftet fungerer for ulike elevgrupper. Fleire tema i evalueringa blir knytte til korleis elevane får moglegheit til å vise kompetansen sin i tråd med læreplanen, og korleis sensorane vurderer kompetansen slik han kjem til uttrykk på eksamen.

Budsjettforslag for 2012

Utdanningsdirektoratet har ansvaret for ein del oppgåver knytte til eksamen som er finansierte over kap. 225 post 01. Departementet foreslår å flytte 8,2 mill. kroner frå kap. 225 post 01 til kap. 220 post 01 for å samle løyvingane knytte til drift på ein post. Midlane er knytte opp mot faste stillingar i Utdanningsdirektoratet.

Post 60 Tilskott til landslinjer

Mål for 2012

Målet med tilskottsordninga er å medverke til å gi elevar frå heile landet eit nasjonalt tilbod i små og/eller kostbare kurs i vidaregåande opplæring. Tilskottet går til drift av landslinjene og innkjøp av utstyr.

Rapport for 2010

Kapasiteten i skoleåret 2010–11 var på 1 450 heilårsplassar. Kapasitetsutnyttinga samla for alle landslinjene var på om lag 84 pst. hausten 2010 og om lag 85 pst. våren 2011.

I Prop. 1 S (2010–2011) for Kunnskapsdepartementet vart det varsla at regjeringa ville vurdere å innføre ei ny ordning for finansiering av nye landslinjetilbod. Etter ei nærmare vurdering har Kunnskapsdepartementet komme til at ein ikkje ønskjer å gjere endringar i finansieringa av landslinjer, og at dagens ordning blir ført vidare, jf. Prop. 115 S (2010–2011) Kommuneproposisjonen 2012.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår at løyvinga for 2012 blir ført vidare på same nivå som i 2011.

Post 62 Tilskott til dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv

Løyvinga til sameskolane i Snåsa og Målselv er flytt frå kap. 222 post 01. Sameskolane i Snåsa og Målselv er kommunale, og det blir gitt tilskott til drift av skolane og tilhørande internat.

Mål for 2012

Målet med tilskottsordninga er mellom anna å halde oppe og utvikle vidare samisk identitet, språk og kultur. Opplæringa ved skolane følgjer Kunnskapsløftet – Samisk.

Rapport for 2010

Hausten 2010 hadde skolen i Snåsa ti elevar, mot tolv elevar året før. I tillegg fekk elleve elevar fjernundervisning. Skolen i Målselv hadde hausten 2010 22 elevar, mot 15 elevar året før. Det er ei utfordring for skolane å skaffe pedagogisk personale med formell undervisningskompetanse i samisk. Skolane tek i bruk ordninga med studieheimlar for å vidare- og etterutdanne lærarar, men har samstundes utfordringar med å skaffe vikarar med kompetanse i samisk.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å føre vidare løyvinga til sameskolane i Snåsa og Målselv på same nivå som i 2011. Løyvinga er flytt frå kap. 222 post 01.

Post 63 Tilskott til samisk i grunnopplæringa, kan overførast

Under denne posten er det tre tilskottsordningar: ei ordning for samisk i grunnskolen, ei ordning med samiske studieheimlar for lærarar i grunnskolen og ei ordning for samisk i den vidaregåande opplæringa.

Mål for 2012

Målet med tilskottsordninga er å medverke med finansiering til kommunar, fylkeskommunar og private skolar som tilbyr samiskopplæring i samsvar med §§ 6-2 og 6-3 i opplæringslova. Opplæringa skal følgje læreplanverket for Kunnskapsløftet – Samisk. Elevane skal ha opplæring i samisk som førstespråk (samisk 1) eller samisk som andrespråk (samisk 2 / samisk 3). Målet med tilskottet er òg å styrkje kompetansen i samisk for lærarar i grunnskolen.

Rapport for 2010

Tabellen under viser at det i dei siste åra har vore ein liten nedgang i talet på grunnskoleelevar som vel samisk som førstespråk og samisk som andrespråk.

Tabell 4.1 Tal på grunnskoleelevar som vel samisk som første- og andrespråk i perioden 2008–11

Skoleår

2008–09

2009–10

2010–11

Samisk som førstespråk

1 043

1 010

975

Samisk som andrespråk

1 474

1 326

1 285

Totalt

2 517

2 336

2 260

Tala inkluderer også elevar som går på dei samiske skolane.

Kjelde: Grunnskolens informasjonssystem (GSI)

Talet på tildelte studieheimlar har vore på om lag same nivå i dei siste åra.

Våren 2011 fekk i alt 191 elevar/lærlingar opplæring i samisk i vidaregåande opplæring ved fylkeskommunale og private vidaregåande skolar. Dette er ein nedgang samanlikna med 2010, da 250 elevar/lærlingar fekk opplæring i samisk.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår ei samla løyving på 52,5 mill. kroner på posten i 2012.

Post 64 Tilskott til opplæring av unge asylsøkjarar og barn av asylsøkjarar

Mål for 2012

Målet med tilskottet er å medverke med finansiering til kommunar slik at unge asylsøkjarar og barn av asylsøkjarar samt einslege mindreårige asylsøkjarar får grunnskoleopplæring, jf. opplæringslova § 2-1, 2. ledd. Tilskottet skal nyttast til opplæring av barn og unge i grunnskolealderen og ungdom i alderen 16–18 år som ikkje har utdanning tilsvarande norsk grunnskole.

Under denne posten er det to tilskottsordningar. Tilskottssats for opplæring av unge asylsøkjarar og barn av asylsøkjarar i statlege asylmottak er i 2012 sett til 73 107 kroner per barn per skoleår, og sats for opplæring i omsorgssenter er sett til 159 091 kroner per barn per skoleår.

Talet på asylsøkjarar varierer mykje frå år til år. I 2012 er det venta eit gjennomsnittleg belegg ved mottak og omsorgssenter på om lag 16 500 personar, om lag same nivå som i 2011. Budsjettet for 2012 finansierer opplæring for hausten 2011 og våren 2012, dette fordi tilskottet blir betalt ut etterskottsvis ut frå talet på elevar i opplæring. Hausten 2011 er det venta eit snitt på 1 621 som får opplæring i mottak, og 116 som får opplæring i omsorgssenter. Tilsvarande tal for våren 2012 er 1 507 i mottak og 132 i omsorgssenter.

Rapport for 2010

Hausten 2010 fekk 1 452 barn i grunnskolealderen og 320 i aldersgruppa 16–18 år som var busette i mottak, opplæring. 191 einslege mindreårige asylsøkjarar i omsorgssenter fekk opplæring.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår ei samla løyving på 134,8 mill. kroner på posten i 2012.

Post 66 Tilskott til leirskoleopplæring

Mål for 2012

Målet med tilskottsordninga er å stimulere kommunane til å gi alle elevar eit leirskoleopphald i løpet av grunnskolen. Tilskottet skal medverke til å dekkje lønnsutgifter til lærarane. Midlar til leirskoleopphald må finansierast av kommunane.

Rapport for 2010

Tal frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI) viser at om lag 10,1 pst. av alle elevane i grunnskolen planla å reise på leirskole i skoleåret 2010–11. Dette talet har lege på om lag ti pst. sidan 2001. Ettersom grunnskolen til saman utgjer ti år, og om lag ti pst. planlegg å reise på leirskole kvart år, tyder dette på at dei aller fleste elevane får tilbod om leirskoleopphald i løpet av grunnskolen.

Departementet vil følgje utviklinga i talet på elevar som får tilbod om å reise på leirskole.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2011.

Post 67 Tilskott til opplæring i finsk

På denne posten er det tre tilskottsordningar: ei ordning for opplæring i finsk som andrespråk i grunnskolen, ei ordning for opplæring i finsk som andrespråk i vidaregåande opplæring og ei ordning for finske studieheimlar i grunnskolen.

Mål for 2012

Målet med tilskottet til grunnskolen er å medverke med finansiering til kommunar og private skolar i Troms og Finnmark som gir elevar med kvensk-finsk bakgrunn opplæring i finsk som andrespråk i samsvar med dei rettane som går fram av § 2-7 i opplæringslova. Det er òg eit mål å styrkje kompetansen i finsk for lærarar i grunnskolen. Det er vidare eit mål å gi opplæring i finsk som andrespråk til elevar og lærlingar med kvensk-finsk bakgrunn i vidaregåande opplæring som ønskjer det, og det blir gitt tilskott til fylkeskommunar og private skolar som gir slik opplæring.

Rapport for 2010

Tabellen under viser ein nedgang i talet på grunnskoleelevar med finsk som andrespråk i dei siste åra.

Tabell 4.2 Utviklinga i talet på grunnskoleelevar med finsk som andrespråk

Skoleår

2008–09

2009–10

2010–11

Tal på elevar

826

761

754

Endring frå året før

-2 %

-8 %

-1 %

Kjelde: Grunnskolens informasjonssystem (GSI)

Talet på tildelte studieheimlar har vore på om lag same nivå i dei siste åra. I vidaregåande opplæring vart det våren 2011 gitt opplæring i finsk til 23 elevar, mot 19 elevar året før.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 158 000 kroner som følgje av nedgang i talet på elevar og endringar i gruppesamansetninga av elevane.

Post 68 Tilskott til opplæring i kriminalomsorga

Mål for 2012

Målet med tilskottsordninga er å medverke med finansiering til fylkeskommunane slik at det blir gitt opplæring på grunnskolenivå til innsette eller lauslatne som ikkje har fullført grunnskolen, og vidaregåande opplæring til innsette eller lauslatne som har rett til og ønskjer det. Mange har kort soningstid eller sit i varetekt. For å motivere flest mogleg til å ta opplæring, og for at slike fangegrupper skal ha eit opplæringstilbod, er det også eit mål at det blir gitt kortare kurs, med ei primær målsetjing om kurs eller delkurs som er knytte til kompetansemål frå Læreplanverket for Kunnskapsløftet og opplæring i grunnleggjande dugleikar.

Rapport for 2010

Det er no etablert opplæring i alle dei 51 fengsla regjeringa har sagt det skal vere opplæring i. I tillegg er det oppfølgingsklasser ti stader i landet. I 2010 var talet på opplæringsplassar 2 532 (843 på deltid og 1 689 på heiltid), ein auke på 44,6 pst. samanlikna med 2009. Nesten 8 000 personar tok del i ei eller anna form for opplæring i løpet av 2010.

Tal på eksamenar (973) og kompetansebevis (730) var på om lag same nivå som året før (1 170 eksamenar i 2009 mot 1 100 i 2008 og 678 i 2007, og 844 kompetansebevis i 2009 og 829 i 2008). Talet på lærekontraktar som er inngåtte, har hatt ein auke frå året før (53 i 2010 mot 38 i 2009). I tillegg har 747 innsette gjennomført korte arbeidskvalifiserande kurs.

Skolane arbeider no i større grad med å leggje til rette for opplæring og rådgiving overfor innsette med korte dommar. Det skjer ved realkompetansevurdering, korte arbeidskvalifiserande kurs, rådgiving og planlegging av utdanning etter avslutta soning. I 2010 vart det gjennomført 238 realkompetansevurderingar, ein auke på 12,3 pst. samanlikna med året før. Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, har hatt ansvaret for eit nasjonalt prosjekt om realkompetansevurdering.

For å få ei betre oppfølging av straffedømde etter avslutta soning er prosjektet Tilbakeføring gjennom utdanning og arbeid (tilsvarande KrAmi i Sverige) etablert i Rogaland og Troms under leiing av Fylkesmannen i Hordaland. Dette er eit samarbeid mellom utdanningsstyresmaktene, kriminalomsorga, NAV, kommunane og frivillige organisasjonar. Prosjektet skal avsluttast i 2012.

Budsjettforslag for 2012

Departementet forslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2011.

Post 69 Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma

Målet med tilskottsordninga er å kompensere kommunane for meirutgifter til investeringar i skolebygg i samband med skolestart for seksåringar. Den samla investeringsramma var fastsett til 5 182,9 mill. kroner. Ordninga med kompensasjon for investeringar i skolebygg vil halde fram til 2017. Per 31. desember 2011 er samla restgjeld på 1 185,5 mill. kroner, og per 31. desember 2012 vil restgjelda vere på 973,14 mill. kroner. Investeringskompensasjonen er basert på den effektive renta på ni månaders statskassevekslar per 1. juli kvart år, med eit tillegg på 0,5 prosentpoeng. I 2011 var rentesatsen for ordninga 2,83 pst., og for 2012 er han fastsett til 2,92 pst.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår at løyvinga på posten blir redusert med 4,9 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2011.

Post 70 Tilskott til opplæring av lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov

Mål for 2012

Målet med tilskottsordninga er å stimulere lærebedrifter til å gi lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov høve til å oppnå ei fagutdanning eller delar av ei fagutdanning. Særskilde behov viser her til manglande evne til å få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet. I tillegg skal tilskottsordninga stimulere lærebedrifter til å gi kandidatar som er omfatta av forsøksordninga med praksisbrev, høve til å oppnå praksisbrev. Dette skal medverke til å styrkje sjansen for ungdommane til å jobbe i det ordinære arbeidslivet.

Rapport for 2010

Tabellen under viser at talet på søknader har auka vesentleg i dei siste åra.

Tabell 4.3 Søknader frå 2006–10 fordelte på lærlingar og lærekandidatar

År

Tal på søknader

Lærlingar

Lærekandidatar

2006

108

108

0

2007

97

97

0

2008

186

129

57

2009

278

159

119

2010

357

176

181

Søknader om tilskott for lærekandidatar, som vart innlemma i ordninga frå hausten 2007, utgjorde i 2010 om lag 50 pst. av søknadene. Retningslinjene for tilskottsordninga er endra frå 1. januar 2011 for å svare på den auka søknadsmengda og sikre ei likeverdig behandling av søkjarane til tilskottsordninga.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å løyve 30,5 mill. kroner til tilskottsordninga i 2012.

Post 71 Tilskott til utvikling av musikk- og kulturskolane

Mål for 2012

Målet med tilskottsordninga er å medverke til å utvikle musikk- og kulturskoletilbodet i kommunane ved å stimulere til aktivitet og utvikling av gode modellar for innhald, organisering og samarbeid lokalt. Tilskottsmottakar er Norsk kulturskoleråd, og målgruppa er musikk- og kulturskolar som gjennomfører prosjekt for å utvikle musikk- og kulturskoletilbodet i kommunane.

Rapport for 2010

I 2010 vart det gitt tilskott til Kulturskolefokus i ulike fylke. Desse prosjekta er retta inn mot dei faglege og organisatoriske utfordringane til kulturskolen, og tek sikte på å nå både kulturskoleleiarar og -lærarar i ein region for å fremme samarbeid og kompetanseutvikling. Vidare er det gitt tilskott til ulike KOM!-prosjekt (Kreativt Oppvekstmiljø) og KOM i Fokus-prosjekt som har som mål å utvikle kulturskolen som kunst- og kulturfagleg ressurssenter i kommunen i samarbeid med øvrige delar av skole- og kultursektoren. I 2010 vart det også gitt tilskott til Menuhin Competition, som er ein verdsleiande konkurranse for unge fiolinistar. Andre tiltak var IKT-utvikling og informasjonsarbeid og tidsskrift, barne- og ungdomssymfoniorkester der 170 musikarar frå ni til 21 år var deltakarar, samt framhald av fylkesutstillingar innanfor visuelle kunstfag og nettbasert utdanning i musikkteknologi. Norsk kulturskoleråd har inngått ein samarbeidsavtale med Noregs musikkhøgskole, og i 2010 arrangerte dei blant anna Kulturskolens lederkonferanse med ca. 130 deltakarar og Pedagogdagene med over 300 deltakarar. Begge konferansane er viktige møtearenaer for fagleg utvikling for tilsette i skoleslaget og ein møteplass for tilsette på feltet for yrke og utdanning. Utviklingsmidlane er også brukte til fagkoordinator i kunstfag og samarbeid med Den kulturelle skolesekken. Dei lokale utviklingsmidlane vart i 2010 fordelte til 40 kommunar.

For omtale av 40 mill. kroner i øyremerkt stimuleringstilskott til kulturskolar og kulturtilbod, sjå kap. 226 post 21.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på same nivå som i 2011.

Post 72 Tilskott til internasjonale utdanningsprogram

Gjennom EØS-avtalen deltek Noreg i alle EU-programma på området utdanning og opplæring. Midlane på denne posten skal dekkje bidraget frå Noreg til Cedefop, utgifter til nasjonal ekspert ved Cedefop og nasjonal drift av Det europeiske ungdomsparlamentet (EUP). Tilskottet skal medverke til at Noreg tek del i forpliktande samarbeid på tvers av landegrensene for å oppnå internasjonalisering av norsk utdanning. Hovudformålet for samarbeidsaktivitetane er å utvikle kvaliteten, den interkulturelle dialogen og den europeiske dimensjonen i utdanningssystema i deltakarlanda.

Kontingent til Cedefop

Cedefop er EUs utviklings- og informasjonssenter for yrkesopplæring. Aktivitetane som er underlagde Cedefop, har som målsetjing å auke kunnskapen om og kompetansen innanfor grunnleggjande yrkes- og profesjonsopplæring på alle nivå og auke kvaliteten på og tilgangen til etter- og vidareutdanning. Det blir utbetalt kontingent til Cedefop, med fråtrekk for kostnader knytte til den nasjonale eksperten, etter fastsett regelverk.

Nasjonal ekspert

Den nasjonale eksperten er tilsett ved Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU), og det er EU som disponerer eksperten etter avtale. Tilskott blir utbetalt til SIU for å dekkje utgifter til den nasjonale eksperten etter fastsett regelverk.

Det europeiske ungdomsparlamentet

Det europeiske ungdomsparlamentet (EUP) er ei parlamentssamling for ungdom frå over 30 land i Europa der globale og europeiske spørsmål blir diskuterte. Noreg har delteke i dei årlege sesjonane med ti ungdommar og to vaksne sidan EUP vart oppretta i 1987. Tilskottet til EUP skal dekkje utgifter til deltaking i EUP og drift av ein nasjonal komité. Ein del av løyvinga skal dekkje utgifter til informasjon om EUP, uttak av deltakarskolar og deltaking i nasjonale og internasjonale sesjonar i EUP.

Budsjettforslag for 2012

Løyvinga på posten blir fastsett på bakgrunn av kontingent til Cedefop, valutakurs, utgifter til internasjonal ekspert og norsk deltaking ved det europeiske ungdomsparlamentet. Departementet foreslår ei samla løyving på 4,7 mill. kroner i 2012.

Post 73 Tilskott til studieopphald i utlandet

Målet med tilskottsordninga er å leggje til rette for at ungdom frå Noreg kan få skolegang og studieopphald i utlandet. Dette skal gi dei betre kunnskap om kultur og språk i andre land og auka identitetsforståing. I tillegg skal ordninga gi fransklærarar frå Noreg høve til fagleg og kulturell oppdatering gjennom studieopphald i Frankrike.

Rapport for 2010

Hausten 2010 gjekk 55 elevar frå Noreg på dei treårige franske vidaregåande skolane. Det kom inn 54 nye søknader for hausten 2010, og 18 elevar fekk plass. Noreg har kvart år høve til å sende 22 elevar per årskull til dei tre skolane.

I 2010 vart det gitt tyske stipend til 16 elevar fordelte på fire heilstipend og tolv delstipend. Det var også ein norsk følgjelærar med delstipendiatane.

Hausten 2010 gjekk 78 elevar på United World Colleges (UWC) fordelte på to årskull. Det kom inn 155 nye søknader for hausten 2010, og 40 elevar fekk plass. Noreg har kvart år høve til å sende 40 elevar per årskull til skolane.

I 2010 vart individuelle Trollstipend gitte til tolv lærarar. 553 elevar frå grunnskolen og den vidaregåande skolen reiste saman med 49 lærarar på studieopphald og skoleutveksling med støtte frå Trollstipend.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på same nivå som i 2011.

Post 74 Tilskott til organisasjonar

Mål for 2012

Målet med tilskottsordninga er å stimulere offentlege og frivillige organisasjonar til å setje i verk tiltak som på ulike måtar medverkar til kvalitetsutvikling og betre læringsmiljø i grunnopplæringa.

Rapport for 2010

I 2010 er det gitt tilskott til Norsk kulturskoleråd, Det norske hageselskap, Landslaget for nærmiljøskolen, Noregs Mållag, Rådet for folkemusikk og folkedans, Kristent Pedagogisk Forum, Dissimilis kultur- og kompetansesenter, Maihaugen Norsk handverksutvikling, International Baccalaureate Organization, Elevorganisasjonen, Landslaget for norskundervisning, Friluftsrådenes Landsforbund, Magasinett og Pirion, Foreningen Norden og Landslaget Fysisk Fostring i Skolen.

Budsjettforslag for 2012

Fellesrådet for kunstfagene i skolen (FKS) er ei samanslutning av Landslaget for norskundervisning, Landslaget for medieundervisning, Dans i skolen og Landslaget drama i skolen. FKS arbeider for å styrkje stillinga til kunstfaga, frå barnehage til og med høgre utdanning. Kunst i Skolen er ein landsdekkjande medlemsorganisasjon som blant anna har til formål å arbeide for at biletkunst skal få ein sentral plass i lærings- og holdningsdannande arbeid i skolen. Dei to organisasjonane har fått tilskott over budsjettet til Kulturdepartementet. Frå og med andre halvår 2011 vil tilskottet til FKS og Kunst i Skolen bli gitt over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Tilskottet til FKS og Kunst i Skolen blir ikkje påverka av overføringa. Som ein del av overføringa foreslår ein å auke løyvinga på posten med om lag 5 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon på budsjettet til Kulturdepartementet, jf. omtale under kap. 320 post 74 og kap. 322 post 78. Vidare blir det foreslått å auke løyvinga på posten med ytterlegare 1 mill. kroner. Departementet foreslår ein samla auke på posten på om lag 6 mill. kroner.

Kap. 3225 Tiltak i grunnopplæringa

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

76 264

67 437

50 423

Sum kap. 3225

76 264

67 437

50 423

Visse innanlandske utgifter til flyktningar kan i høve til statistikkdirektiva til OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Ein del av løyvinga på kap. 225 post 64 blir rapportert som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp blir foreslått løyvd over kap. 3225 post 04. Refusjonen av ODA-godkjende utgifter er i 2012 på om lag 50,4 mill. kroner.

Kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast

1 043 559

1 135 374

1 103 946

50

Nasjonale senter i grunnopplæringa

57 344

60

Tilskott til kommunar og fylkeskommunar

35 000

36 050

71

Tilskott til vitensenter

22 992

23 705

Sum kap. 226

1 043 559

1 193 366

1 221 045

Kap. 226 omfattar løyvingar til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Skoleeigarane har eit sjølvstendig ansvar for kvalitetsutvikling av opplæringa ved sine eigne skolar og i lærebedriftene. Løyvingane på kapitlet finansierer verkemiddel som skal støtte kvalitetsutviklinga til skoleeigarane.

Den største delen av løyvinga på kapitlet går til kompetanseutvikling for lærarar og skoleleiarar. Det er godt dokumentert at lærarar og skoleleiarar har behov for vesentleg auka kompetanse. Dette gjer det nødvendig med ekstra statleg støtte til kompetanseutvikling i sektoren.

Løyvinga finansierer ei rekkje ulike former for statleg støtte til lokal kvalitetsutvikling. Dette gjeld statlege skoleutviklingsaktørar (nasjonale senter, rettleiarkorps, vitensenter), statlege kvalitetsutviklingsprogram og stimuleringstilskott. Føresetnadene for å gjennomføre kvalitetsutvikling er svært ulikt fordelte mellom skoleeigarane.

Vidare finansierer løyvinga aktivitetar knytte til forvaltning og utvikling av læreplanverket for grunnopplæringa. Utdanningsdirektoratet er delegert ansvaret for forvaltning og utvikling av læreplanar samt for å gi rettleiing om bruken av læreplanane.

Løyvinga finansierer nasjonalt kvalitetsvurderingssystem, som består av følgjande element: internasjonale undersøkingar, eit samanhengande nasjonalt prøve- og vurderingssystem, brukarundersøkingar, utdanningsstatistikk, forsking og evaluering og statleg tilsyn med kommunesektoren. Løyvinga finansierer GNIST-sekretariatet, som driv partnarskapen som mellom anna skal auke rekrutteringa og statusen til læraryrket. Talet på kvalifiserte søkjarar til lærarutdanninga har auka med 45 pst. i perioden rekrutteringskampanjen har vore gjennomført (2008–11), jf. omtale i hovudinnleiinga. Til samanlikning har talet på søkjarar til høgre utdanning totalt auka med 28 pst. i same periode. Løyvinga skal òg finansiere ei vidareføring av Gnist-partnarskapen, mellom anna ein ny kampanje med start i 2012 for å rekruttere fleire lærarar. Kampanjen skal saman med andre tiltak sikre ei solid rekruttering til dei nye grunnskolelærarutdanningane i åra framover.

Løyvinga på post 21 finansierer tidsavgrensa statlege eller lokale prosjekt, medan løyvingane på postane 50, 60 og 71 finansierer tilskott til underliggjande statlege einingar, kommunesektoren eller andre mottakarar. Ansvaret for forvaltning av midlane på kapitlet og gjennomføringa av tiltaka er i stor grad delegert til Utdanningsdirektoratet. Dei faste driftsoppgåvene til direktoratet blir finansierte over kap. 220.

Deler av løyvinga over kap. 226 post 21 gjeld barnehageformål.

Løyvinga kan nyttast til dekning av lønn til tilsette i Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet som arbeider med tidsavgrensa prosjekt.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Rapport for 2010

Kompetanseutvikling i grunnopplæringa

Skoleeigarane har ansvaret for å sikre nødvendig kompetanseutvikling for sine tilsette i grunnopplæringa, jf. § 10-8 i opplæringslova. Det er likevel nødvendig med ekstra statleg støtte til kompetanseutvikling i sektoren til dømes ved endringar i kompetansekrav, implementering av reformer og oppfølging av avdekte nasjonale svakheiter. Staten har etablert eit system for kompetanseutvikling som består av tre hovudelement: eit varig system for vidareutdanning for lærarar, etterutdanning på nasjonalt prioriterte område og rektorutdanning.

Samanlikna med tidlegare år har det totalt sett vore ein auke i kommunane sin bruk av midlar til vidare- og etterutdanning. Skoleeigarane rapporterer om noko høgre bruk av eigne midlar enn statlege, med unntak av etterutdanning for aktørar i fag- og yrkesopplæringa, der fylkeskommunane rapporterer å ha brukt om lag halvparten så mykje eigne midlar som det dei har fått i statleg støtte.

Vidareutdanning for lærarar

Gjennom strategien Kompetanse for kvalitet er det etablert eit varig system for vidareutdanning for å styrkje den faglege, fagdidaktiske og pedagogiske kompetansen til lærarar i grunnskolen og vidaregåande opplæring. Strategien er utforma i samarbeid med lærarorganisasjonane, KS og Nasjonalt råd for lærarutdanning. Vidareutdanninga består av individuelle opplegg på høgskole- og universitetsnivå som gir studiepoeng til deltakarane. Strategien inneber at lærarane får frigjort tid til å studere, ved at det blir gitt tilskott til skoleeigaren til å dekkje vikarutgifter.

Strategien dekkjer viktige fag og område med særleg nasjonale behov for vidareutdanning. I studieåret 2010–11 vart det oppretta 91 studietilbod innanfor dei nasjonalt prioriterte faga norsk/samisk, matematikk, engelsk, leseopplæring, fysikk, kjemi, yrkesfaglege programfag, praktisk-estetiske fag og rådgiving.

Vel 4 000 lærarar har søkt om å få delta i ordninga for studieåret 2011–12, medan om lag 1 530 av desse er godkjende av skoleeigarane. Til samanlikning deltok om lag 1 570 lærarar i studieåret 2010–11. Målet var opptil 2 500 deltidsstudentar. Den låge søkninga frå skoleeigarane er ei utfordring som er drøfta med strategipartane.

Som eit resultat av drøftingane er det for studieåret 2011–12 gjort endringar som skal medverke til større fleksibilitet lokalt og redusere avstanden til studiestaden. Det er dessutan sett i verk ei rekkje informasjonstiltak knytte til ordninga, og det er innført eit nasjonalt nettbasert søknadssystem for lærarane og skoleeigarane. Fylkesmennene har fått i oppdrag å tildele midlar til skoleeigar etter søknad. Midlane som blir tildelte, skal dekkje statens del av vikarutgiftene og eventuelle studieavgifter. Vidare er samarbeidet om vidareutdanning i lærarutdanningsregionane styrkt. For studieåret 2011–12 er det oppretta fem nye tilbod, til saman 96 tilbod fordelte på 22 institusjonar. Dei nye tilboda vart oppretta for å gi ei betre geografisk spreiing på nokre av faga.

Det er òg sett i gang ei evaluering av ordninga. På alle viktige kriterium vurderer majoriteten av deltakarane vidareutdanninga til å vere god eller svært god. Over 80 pst. seier at dei har fått styrkt sin eigen fagkompetanse, og heile 90 pst. vurderer det faglege innhaldet i studiet til å vere godt eller svært godt. Lærarane er dessutan positive til den tilrettelegginga som er gjord av skoleeigar og skoleleiar ved den enkelte skolen. Det er særleg matematikk, engelsk, norsk og leseopplæring som har hatt høg deltaking. 258 kommunar, 18 fylkeskommunar og 41 private skolar har rapportert at dei har delteke i vidareutdanning med statleg støtte.

Etterutdanning på nasjonalt prioriterte område

Gjennom fylkesmennene er det tildelt midlar til etterutdanning av lærarar, rådgivarar og aktørar innanfor fag- og yrkesopplæringa på nokre prioriterte område. Etterutdanning viser til ulike former for kompetanseopplegg som ikkje gir studiepoeng til deltakarane.

Kommunane rapporterer om god deltaking i etterutdanning i leseopplæring, rådgiving og elevvurdering, og noko mindre i rekneopplæring. Også fylkeskommunane rapporterer om mange deltakarar i elevvurdering, og her skårar også bruk av IKT i faga og fagspesifikke kurs høgt.

Som følgje av lågare deltaking i vidareutdanning i 2010–11 enn det var lagt opp til, vart det i 2010 omdisponert midlar frå vidareutdanning til gjennomføring av etterutdanning og til utvikling av integrerte etterutdanningstilbod innanfor læreplanforståing, klasseleiing og standpunktvurdering. Tilbod på desse temaområda er sette i gang frå hausten 2011 i dei seks lærarutdanningsregionane.

I 2010 vart det òg tildelt midlar til lærarutdanningsinstitusjonane til tiltak knytte til rettleiing av nyutdanna lærarar. Midlane vart sette i samanheng med midlar frå kap. 231 til rettleiing av nyutdanna førskolelærarar. Ordninga er ført vidare, og midlane vart tildelte i juni 2011.

Utdanningsdirektoratet tildelte i 2010 midlar til tolv lærarutdanningsinstitusjonar til etterutdanning i entreprenørskap og innovasjon. Ungt Entreprenørskap er tildelt midlar både i 2009 og i 2010. For 2010 vart det lagt særskild vekt på inkludering av fag- og yrkesopplæringa.

I samband med overgangsprosjektet i Ny GIV vart det tildelt midlar til etterutdanning for om lag 650 lærarar i både ungdomsskolar og vidaregåande skolar første året. Dette vil i løpet av to år bli bygd ut til å gjelde to lærarar ved alle ungdomsskolar og vidaregåande skolar. Etterutdanning til lærarane skal forbetre opplæringa i grunnleggjande rekne-, skrive- og lesedugleikar. I tillegg vart det tildelt midlar til nasjonal og lokal prosjektleiing til overgangsprosjektet og oppfølgingsprosjektet i Ny GIV.

Rektorutdanning

Målgruppa for rektorutdanninga er primært rektorar og nytilsette rektorar, men også andre som har leiarfunksjonar, deltek. Tilbodet har status som vidareutdanning på høgskole- og universitetsnivå og gir 30 studiepoeng til deltakarane.

Det vart i 2010 lyst ut ein ny anbodskonkurranse om ei nasjonal skoleleiarutdanning. Av fire tilbydarar vart det inngått kontrakt med to, som no supplerer dei fire tilbydarane frå første året (2009). Dei i alt seks tilbydarane starta opp skoleleiarutdanninga hausten 2010 med om lag 380 nye deltakarar. I 2011 er det planlagt ein kapasitet i rektorutdanninga på i alt 400 nye deltakarar. Det blir gjennomført ei forskingsbasert evaluering av rektorutdanninga.

Statleg støtte til lokal kvalitetsutvikling

Løyvinga finansierer statleg støtte til lokal kvalitetsutvikling. Dette gjeld ulike statlege skoleutviklingsaktørar, kvalitetsutviklingsprogram og stimuleringstilskott. Formålet er å støtte den lokale kvalitetsutviklinga i sektoren.

Statlege skoleutviklingsaktørar

Arbeidet med å etablere rettleiarkorpset som skal støtte skoleeigarar og skolar med særlege behov for kvalitetsutvikling, er ført vidare. Pilotprosjektet i Vest-Agder og Hordaland vart forlengd for fire av dei opphavlege elleve kommunane for å få betre kunnskap om erfaringane med rettleiing, og for å prøve ut rettleiing over lengre tidsrom enn eitt år. Hausten 2010 lyste Utdanningsdirektoratet ut ordinært tilbod om rettleiing i sju fylke. Etter søknad er det inngått avtalar med 28 kommunale og ein fylkeskommunal skoleeigar om rettleiing. Til saman 99 skolar er omfatta av avtalane. Det er etablert elleve rettleiarlag som gir rettleiing, og 49 rettleiarar er rekrutterte inn i laga. Rettleiarkorpset nyttar verktøy som er utvikla gjennom Kunnskapsløftet – fra ord til handling.

Erfaringane frå pilotprosjektet tyder på at rettleiinga frå rettleiarkorpset er viktig for å få til endringsarbeid i kommunane, og gjere kommunane og skolane betre i stand til å arbeide som lærande organisasjonar. Erfaringane så langt har vore viktige for utviklinga av det tilbodet som starta opp i desember 2010. Direktoratet har sett i gang ei større evaluering av det tilbodet som no er etablert i sju fylke. Tilbodet om rettleiarlag vil i 2012 gå ut til kommunar i fem nye fylke, og dermed vere landsdekkjande i løpet av 2012.

I Budsjett-innst. S. nr. 12 (2008–2009) bad kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen regjeringa om å vurdere permanent drift av Senter for samisk i opplæringa som eit nasjonalt kompetansesenter ved Samisk høgskole. Det er i 2010 og 2011 tildelt midlar for å føre senteret vidare som eit prosjekt. Departementet vil vidareføre løyvinga til senteret frå og med 2012, jf. omtale under kap. 260 post 50.

I 2010 vart det løyvd midlar til samiske utviklingstiltak, mellom anna vidareutvikling av fjernundervisning og kompetanseutvikling i samisk.

Fylkesmennene i Troms og Finnmark samarbeider om læremiddel- og kompetanseutvikling i finsk som andrespråk / kvensk. Det er mellom anna oppretta ein ny nettstad som samlar alle læringsressursane for opplæring i faget. Fylkesmennene i Finnmark og Troms arrangerer årlege seminar for lærarar som underviser i finsk som andrespråk / kvensk.

Statlege kvalitetsutviklingsprogram

Det er oppretta eller vidareført fleire statlege kvalitetsutviklingsprogram som skal styrkje føresetnadene for lokal kvalitetsutvikling i sektoren.

Bedre læringsmiljø (2009–2014) vart i 2010 etablert som den nasjonale strategien på læringsmiljøfeltet. Utdanningsdirektoratet sette i gang lokale utviklingsprosjekt hos 40 skoleeigarar og 86 skolar, og formidla forskingsbasert kunnskap. Mellom anna vart ein rettleiar om arbeid mot mobbing send til alle grunnskolar i landet i januar 2011. I januar 2010 vart Manifest mot mobbing underteikna av sentrale nasjonale partar for perioden 2010–14.

Bedre læringsmiljø inneheld nettbasert rettleiing og materiell om oppfølging av regelverk og praktisk arbeid med læringsmiljøet til elevane. Målet er at ressursane skal vere ei støtte i det arbeidet som skolar og skoleeigarar gjer med å sikre elevane sin rett til eit godt læringsmiljø. Våren 2010 kjende 84 pst. av skoleleiarane og 90 pst. av skoleeigarane til satsinga. 36 pst. av skolane og 40 pst. av skoleeigarane hadde brukt rettleiing og materiell som er utarbeidde. Evalueringar viser at Bedre læringsmiljø blir brukt som kjelde til kunnskap og som praktisk hjelpemiddel. Materiellet blir oppfatta som nyttig og konkret. Prosjektdeltaking fører til auka merksemd om læringsmiljø og skoleutvikling.

Heilskapleg skoledag (2009–2012) er eit utviklingsprosjekt som utviklar tre modellar for god samanheng mellom skolen og skolefritidsordninga (SFO). Utviklingsprosjektet skal medverke til at utvidinga av timetalet for 1.–7. trinn frå hausten 2010 med ein veketime og innføringa av tilbod om til saman åtte veketimar gratis leksehjelp for elevane på 1.–4. trinn blir utnytta effektivt. Målsetjinga er at skolefritidsordninga støttar opp under utviklinga av eit godt læringsmiljø og fagleg læring i skolen. Innhaldet i den utvida skoledagen er både fagleg styrking, leksehjelp, fysisk aktivitet, sunne måltid og kulturelle aktivitetar. Totalt deltek ni skolar i seks kommunar i prosjektet i 2010–11. Erfaringar så langt viser at innsatsen i SFO blir meir verdsett, kompetansen i SFO har auka, og samarbeidet mellom skolen og SFO har auka noko. Elevane er i hovudsak nøgde med den hjelpa dei får til lekser på skolen, og foreldra er positive til at SFO skal støtte læringsarbeidet i skolen. Utfordringar i utviklingsprosjektet er mellom anna knytte til forankring av modellane på alle nivå, og tid til og arenaer for samarbeid og organisering av skolemåltid. Når det gjeld leksehjelp, viser tal frå GSI at om lag halvparten av elevane deltek i tilbodet som vart innført frå hausten 2010. SSBs barnetilsynsundersøking (2010) viser at dei som deltek mest er barn med foreldre som har låg utdanning, barn frå låginntektsfamiliar og barn med mor frå eit anna fødeland enn Noreg. Blant desse gruppene er det om lag 70 pst. som deltek.

Program for skolebibliotek (2009–2013) skal fremme lesedugleiken til elevane gjennom utvikling av skolebiblioteket som læringsressurs. Lærarar, skolebibliotekarar og skoleleiarar får gjennom etterutdanning kunnskap om skolebiblioteket og aktiv bruk av det i undervisninga. Det er utvikla rettleiing i informasjonskompetanse tilpassa læreplanen for alle trinn.

Det er oppretta eller vidareført fleire statlege utviklingsprogram innanfor rådgiving og karriererettleiing. Partnarskap for karriererettleiing skal utvikle modellar for karrieresenter baserte på lokale tilhøve. Det er oppretta karrieresenter i alle fylka. Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, har etablert ei nasjonal koordinerande eining for karriererettleiing frå 2011. Eininga vil òg koordinere midlane til partnarskapane. Ein individuell utviklingsplan for utdannings- og yrkesrettleiing er utvikla og prøvd ut i tre fylke. Evalueringa av planen viser at det er stort behov for eit slikt verktøy, og at verktøyet er viktig for å auke kvaliteten på den individuelle rettleiinga i skolen. Ein arbeider med å vurdere om, og korleis, ein kan gjere planen tilgjengeleg for alle elevar. 15 skolar har utvikla og prøvd ut ulike modellar for å auke kvaliteten på sosialpedagogisk rettleiing gjennom prosjektet God sosialpedagogisk rettleiing. Prosjektet har ført til betre samhandling omkring sosialpedagogisk rettleiing i prosjektskolane. Noreg deltek dessutan i tre internasjonale ekspertnettverk som omhandlar karriererettleiing.

Forsøk med arbeidslivsfag vart utvida i 2010 og omfattar no 82 kommunar og 133 skolar. I inneverande skoleår er det elevar i arbeidslivsfag på alle dei tre ungdomsskoletrinna. Forsøkslæreplanen i arbeidslivsfaget skal gjelde ut forsøksperioden (til 2013). Rettleiing til læreplanen vart publisert i september 2010. Rettleiinga omtalar korleis læreplanen i arbeidslivsfag kan tolkast, og gir døme på undervisningsopplegg, malar og vurdering i arbeidslivsfag for 8. trinn. Rettleiinga vil bli revidert og supplert med nye eksempel for 9. og 10. trinn. Evalueringa av forsøket med arbeidslivsfag syner at skoleleiarar er entusiastiske, og at faget er ønskt av både lærarar, elevar og foreldre. Tilbodet om arbeidslivsfag har hatt størst innverknad på rekrutteringa til fordjupingsfaga, som på nokre av forsøksskolane er vortne heilt borte. Men dette har ikkje ført til at færre skolar tilbyr undervisning i framandspråk. To tredelar av elevane i arbeidslivsfaget er gutar, og ein tredel er jenter. Frå 2011 kan alle kommunar som ønskjer det, starte forsøk med arbeidslivsfag, men utan økonomisk kompensasjon.

Prosjektet Betre vurderingspraksis skal styrkje vurderingskulturen i skolen, blant anna på grunnlag av informasjon frå kvalitetsvurderingssystemet. Prosjektet vart avslutta i 2009. Departementet vil vurdere korleis arbeidet med å styrkje vurderingskulturen i grunnopplæringa skal førast vidare på grunnlag av erfaringane frå prosjektet. Auka kvalitet på vurderingsarbeidet i skolen er høgt prioritert. I forskrifta til opplæringslova er det derfor vedteke eit nytt felles kapittel for grunnskole og vidaregåande opplæring om individuell vurdering. For å sikre at forskrifta blir forstått og brukt riktig i sektoren, har Utdanningsdirektoratet gjennomført seminar i alle fylka og utvikla rettleiingsmateriell, inkludert ein ny nettstad, Vurdering for læring.

Forsøk med praksisbrev (2007–2011) i fag- og yrkesopplæringa prøver ut ei toårig praksisbasert opplæring som kan bli utvida til ordinært fagbrev utan forseinkingar. Det er utvikla forsøkslæreplanar i 16 fag og gitt høve til at alle fylka kan tilby praksisbrevet etter søknad. Den endelege reguleringa av tilbodet er ikkje fastsett, men vil vere tema for konsultasjonar med partane i arbeidslivet i 2011. Sluttevalueringa frå NIFU viser ei vellykka ordning. 80 pst. av kandidatane følgde opplæringa heile vegen, og fleirtalet av dei har ambisjonar om fullt fag- og sveinebrev.

Statleg stimuleringstilskott for kulturskolar

Det er sett av i alt 40 mill. kroner i stimuleringstilskott for kulturskolar og kulturtilbod, som del av Kulturløftet II. Målsetjinga er å utvikle eit mangfaldig og kvalitativt betre kulturtilbod til fleire elevar, utvikle den kulturelle kompetansen til elevane gjennom erfaring med ulike kulturelle uttrykksformer, samt å leggje til rette for betre nytting av dagens ressursar.

I 2010 gjekk midlane til 184 prosjekt i skolar, kommunar, kulturskolar og organisasjonar som Norsk kulturskoleråd. Det kom inn totalt 411 søknader. Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen (KKS) mottek rapportar frå dei ulike søkjarane, og vil følgje opp desse på ulike måtar. 13 prosjekt vart i 2011 vurderte til å ha nasjonal interesse med stor overføringsverdi. KKS vil følgje opp desse spesielt. Midlane blir forvalta av Utdanningsdirektoratet. I 2011 har direktoratet motteke 352 søknader. Bruken av midlane skal evaluerast.

Læreplanar

Utdanningsdirektoratet har ansvaret for å forvalte læreplanverket og justere læreplanane ved behov. Departementet meiner at mindre og hyppigare justeringar er betre enn store endringar som blir gjennomførte gjennom ei læreplanreform. Hausten 2011 startar eit arbeid med å revidere læreplanar i norsk, matematikk, samfunnsfag, naturfag og engelsk. Mellom anna skal grunnleggjande dugleikar komme tydeleg fram i læreplanane. Dei reviderte læreplanane skal fastsetjast med verknad frå skoleåret 2013–14.

For å støtte sektoren i implementeringa av læreplanane har direktoratet i samarbeid med fagpersonar utarbeidd rettleiingar til læreplanar for norsk, matematikk, kroppsøving, naturfag, samfunnsfag, engelsk, mat og helse, samisk som andrespråk, finsk som andrespråk, framandspråk, grunnleggjande norsk for språklege minoritetar og morsmål for språklege minoritetar. Desse rettleiingane er publiserte på nettsidene til direktoratet. Rettleiing til læreplanen for samisk som førstespråk er publisert på sørsamisk, nordsamisk, lulesamisk og norsk. For å kunne vurdere bruken av og røynslene med rettleiingane til læreplanane for fag blir det gjennomført ei kartlegging.

Forsøket med opplæring i framandspråk på 6.–7. trinn i 2010–12 er ført vidare etter eigen førebels læreplan. Evalueringa av forsøket skal gi grunnlag for vurdering ved ei eventuell utviding av timetalet. Departementet vil også hauste meir erfaring med innhaldet i framandspråkopplæringa, styrkje språkkompetansen til elevane og gi dei eit betre grunnlag for val av fag på ungdomssteget.

Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem

Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem omfattar internasjonale undersøkingar, eit samanhengande nasjonalt prøve- og vurderingssystem, brukarundersøkingar, utdanningsstatistikk, forsking og evaluering og statleg tilsyn med sektoren. Når det gjeld formidling av informasjon frå systemet til sektoren, er nettstaden Skoleporten eit sentralt verktøy. Dei internasjonale undersøkingane er viktige for å vurdere kvaliteten på norsk grunnopplæring samanlikna med andre land, og utviklinga over tid av det faglege nivået til elevane. Nasjonal karakterstatistikk og nasjonale prøver kan ikkje eintydig tolkast som endringar i faglege dugleikar frå eitt elevkull til eit anna. Det skyldast at prøvene ikkje har eit felles utgangspunkt som endringar over fleire år kan samanliknast med. Noreg deltek for tida i følgjande internasjonale undersøkingar:

  • PISA (OECD) testar dugleikar i lesing, matematikk og naturfag for 15-åringar kvart tredje år. PISA vart sist gjennomført i 2009 med hovudvekt på lesing, og resultata vart presenterte i 2010.

  • PIRLS (IEA) testar lesedugleik på 4. og 5. trinn kvart femte år. Neste PIRLS-undersøking blir gjennomført i 2011.

  • TIMSS (IEA) testar 4. og 8. trinn i matematikk og naturfag kvart fjerde år. Neste TIMSS-undersøking blir gjennomført i 2011.

  • TIMSS Advanced (IEA) vart gjennomført i 2008, og resultata vart lagde fram hausten 2009. Studien testa matematikk og fysikk på høgste nivå i vidaregåande opplæring.

  • TEDS-M (IEA) er ein ny studie retta mot lærarstudentar i 16 land, og skal kartleggje korleis lærarstudentane er førebudde på å undervise i matematikk. Resultata frå studien vil bli lagde fram i løpet av 2011.

  • TALIS (OECD) er ei kartlegging retta mot lærarar og rektorar på ungdomstrinnet i 23 land. Resultata frå den første undersøkinga vart lagde fram i september 2009. Neste runde i TALIS er planlagd i 2013.

Det samanhengande nasjonale prøve- og vurderingssystemet består i hovudsak av nasjonale prøver og obligatoriske kartleggingsprøver. Dei nasjonale prøvene skal gi styringsinformasjon til skolar og skoleeigarar, og bli nytta i den pedagogiske utviklinga til elevane. Dei obligatoriske kartleggingsprøvene og anna prøve- og kartleggingsmateriell skal avdekkje behov for oppfølging og tilrettelegging på elev- og skolenivå. I skoleåret 2010–11 er det gjennomført nasjonale prøver på 5., 8. og 9. trinn i lesing og rekning og på 5. og 8. trinn i engelsk. Det er vidare gjennomført obligatoriske kartleggingsprøver i talforståing og reknedugleik på 2. trinn, i lesedugleik på 1., 2. og 3. trinn og i lesing og rekning som grunnleggjande dugleik på Vg1. Det er utvikla frivillige kartleggingsprøver i talforståing og reknedugleik på 1. og 3. trinn, i engelsk på 3. trinn og i engelsk på Vg1.

Formålet med brukarundersøkingane er at elevar, lærlingar, lærarar og føresette skal kunne gi tilbakemelding om læringsmiljøet på skolen eller i lærebedrifta. Resultata frå brukarundersøkingane blir brukte av skolar, skoleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen. Elevundersøkinga er gjennomført i grunnskolen sidan 2002 og er obligatorisk å gjennomføre for skoleeigarane på 7. og 10. trinn i grunnskolen og for elevar på Vg1 i vidaregåande opplæring. I tillegg tilbyr Utdanningsdirektoratet brukarundersøkingar for lærarar, foreldre, lærlingar og instruktørar i lærebedrift. 11 000 lærarar og 56 000 foreldre har i 2010 gjennomført desse undersøkingane. Seks fylkeskommunar nytta i 2010 Lærlingundersøkinga, og tre av desse nytta Instruktørundersøkinga. Det blir arbeidd kontinuerleg for å auke deltakinga i brukarundersøkingane.

Utdanningsdirektoratet er delegert ansvaret for statistikk om grunnskolen gjennom utvikling og oppfølging av Grunnskolens informasjonssystem (GSI), statistikk om vidaregåande opplæring og statistikk om vaksne med rett til grunnopplæring. Det blir gjennomført eit kontinuerleg arbeid med å forbetre statistikkgrunnlaget og utvikle fleire indikatorar på tilstanden i sektoren.

Fire sentrale forskings- eller evalueringsprogram om grunnopplæringa blir heilt eller delvis finansierte over kapitlet. Forskingsprogrammet Utdanning 2020 skal betre kunnskapsgrunnlaget for politikkutforming, forvaltning, profesjonsutdanning og profesjonsutøving. Forskingsprogrammet PRAKUT 2010–2014 skal heve kvaliteten på den praksisnære utdanningsforskinga og styrkje kompetansen i lærarutdanningane. PIAAC er ei internasjonal undersøking av dugleikane hos vaksne; ho er under utvikling av OECD. Forskingsprogramma og PIAAC blir omtalte under programkategori 07.50. Den forskingsbaserte evalueringa av Kunnskapsløftet skal mellom anna gi kunnskap om korleis reforma blir implementert. I tillegg finansierer løyvinga ei rekkje mindre kartleggingar, evalueringar og forskingsbaserte analysar. I tillegg er eit Kunnskapssenter for utdanning etablert frå 2011; det skal ha oversikt over nasjonal og internasjonal utdanningsforsking. Senteret blir nærmare omtalt under programkategori 07.50.

Vidare skal det gjennomførast ei forskingsbasert evaluering av Ny GIV. Evalueringa skal både kartleggje gjennomføringa av tiltak og dokumentere og forklare effektane av tiltaka for gjennomføringa av vidaregåande opplæring.

For å vidareutvikle grunnlaget for sjølve kvalitetsvurderingssystemet er vitskapleg kompetanse om pedagogiske målingar styrkt gjennom særskild institusjonsstøtte. Vertsinstitusjonen skal medverke til kompetanseutvikling og formidling mot ulike brukargrupper og dermed styrkje grunnlaget for nasjonalt kvalitetsvurderingssystem. Støtta blir nærmare omtalt under programkategori 07.50.

Utviklinga av kvalitetsvurderingssystemet i fag- og yrkesopplæringa er ført vidare. Systemet skal bestå av informasjon om gjennomføring, læringsmiljø, kvaliteten på opplæringa i lærebedriftene og overgangen til arbeidsmarknaden for nyutdanna fagarbeidarar, jf. St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja.

Utprøving av ei gjennomgåande dokumentasjonsordning for fag- og yrkesopplæringa starta opp i 2010 og blir sluttført innan utgangen av 2011. Dokumentasjonen er eit tillegg til vitnemål og fag- og sveinebrev og skal gi lærebedrifter og arbeidsgivarar informasjon om læringsaktivitetar elevane og lærlingane har delteke i.

Statleg tilsyn med grunnopplæringa er også eit kjerneelement i nasjonalt kvalitetsvurderingssystem, men blir omtalt under kap. 220.

Mål for 2012

Tilstandsvurderinga av måla for grunnopplæringa viser at grunnopplæringa har mange sterke sider, og at måloppnåinga har vorte betre i løpet av dei siste åra. Men framleis er det eit tydeleg behov for å føre vidare tiltak som er sette i gang, og ta nye grep for å medverke til at måloppnåinga i grunnopplæringa blir betre. Totalt sett er ikkje måloppnåinga tilstrekkeleg høg i grunnopplæringa.

Satsinga på kompetanseutvikling for lærarar og skoleleiarar blir ført vidare som mål i 2012. Departementet legg opp til å bruke om lag 400 mill. kroner på kompetanseutvikling. Departementet og partane som samarbeider om strategien Kompetanse for kvalitet, har vurdert satsinga og gjort endringar som skal medverke til større fleksibilitet lokalt, styrkje samarbeidet med dei nye lærarutdanningsregionane og forenkle søknads- og opptaksprosedyrane slik at fleire lærarar lettare vil få høve til å nytte tilbodet. Departementet vil i samarbeid med partane drøfte andre verkemiddel for å auke deltakinga. Departementet legg opp til at tildelinga til rektorutdanninga blir ført vidare på det same nivået som i 2011. I 2012 vil departementet i større grad prioritere kompetansemidlar til gjennomføring av prioriterte tiltak i Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter, som etterutdanning i klasseleiing, rekneopplæring og leseopplæring. Det skolebaserte programmet for klasseleiing skal inngå som eit element i ein gjennomføringsstrategi for å implementere tiltak i meldinga.

I tillegg kjem midlar til kompetanseutvikling i Ny GIV. I samband med overgangsprosjektet skal etterutdaninga i opplæring i grunnleggjande rekne-, skrive- og lesedugleikar innan 2013 byggjast ut til å omfatte to lærarar ved alle ungdomsskolar og vidaregåande skolar. I 2012 skal det dessutan utviklast eit opplegg for yrkesretting i vidaregåande opplæring. I oppfølgingsprosjektet skal det også etablerast kompetanseutvikling for saksbehandlarar i den fylkeskommunale oppfølgingstenesta (OT), dei vidaregåande skolane, fagopplæringa og NAV. Etter kvart som talet på kommunar og skolar aukar i Ny GIV, vil det innebere fleire styringsutfordringar frå nasjonalt hald. Departementet legg derfor opp til å auke løyvinga til kommunale prosjektleiarar– både for å kunne gi prosjektet den nødvendige merksemda lokalt, og for å skape den heilskapen og samanhengen som er avgjerande viktig for å lykkast nasjonalt.

Å forbetre den lokale kapasiteten for kvalitetsutvikling i sektoren gjennom statlege støttetiltak blir ført vidare som eit mål i 2012. Departementet legg opp til å tildele om lag 150 mill. kroner til ulike statlege støttetiltak i 2012. Dette skal mellom anna finansiere rettleiarkorpset, fleire ulike kvalitetsutviklingsprogram og stimuleringstilskott til kulturskolar og kulturtilbod.3 I 2012 vil stimuleringstilskottet til kulturskolar og kulturskoletilbod rettast enno meir mot samarbeid mellom kulturskole og grunnskole/SFO. Hovuddelen av midlane skal gå til prosjekt med kombinerte stillingar i kulturskole og grunnskole/SFO, medrekna ungdomsskolar. Eit utval prosjekt som har fått støtte i 2010 og 2011 vil bli ført vidare i 2012. Alle midlane skal framleis vere søknadsbaserte. I tillegg kjem løyvinga til nasjonale senter på post 50, tilskott til kommunar og fylkeskommunar på post 60 og tilskott til vitensenter på post 71.

Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet vil bli utvikla vidare i 2012, inkludert kvalitetsvurderingssystemet for fag- og yrkesopplæringa. Noreg har i 2011 hatt ein systematisk gjennomgang av kvalitetsvurderingssystemet i samarbeid med OECD som vil bli følgd opp i 2012. Departementet legg opp til å tildele om lag 200 mill. kroner til utvikling og drift av nasjonalt kvalitetsvurderingssystem. I tillegg blir midlar til systemet løyvde over kap. 220.

Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter varslar innføring av valfag på ungdomstrinnet. Innføringa startar i skoleåret 2012–13. Det skal utviklast læreplanar for dei første åtte valfaga: produksjon for sal og scene, produksjon av informasjon, produksjon av varer og tenester, fysisk aktivitet og helse, design og redesign, forsking i praksis, internasjonale kontaktar og teknologi i praksis. Til saman skal det utviklast nasjonale læreplanar for tolv til 14 valfag.

Arbeidet med kvalitetsutvikling i grunnopplæringa krev særskild kompetanse på prioriterte område. Løyvinga på kapitlet blir derfor òg nytta til tidsavgrensa prosjekt i den sentrale utdanningsadministrasjonen.

Universitetet i Oslo har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet gjort ei utgreiing om regelverket knytt til mobbing, og eit eventuelt behov for ei ordning med elevombod. Som ei oppfølging av utgreiinga, vil departementet styrkje ressursane til Barneombodet slik at ombodet også kan arbeide med saker som gjeld elevar sitt psykososiale skolemiljø. Utgreiinga foreslo primært å opprette eit nasjonalt elevombod. Ombodet skal etter forslaget ha ei omfattande form med ei rekkje ulike oppgåver som rettleiing, behandling av klager og moglegheit til å føre saker for domstolane på vegner av elevar og føresette. Enkelte av forslaga vil kunne føre til overlapp i oppgåver med allereie etablerte organ. Nokre av desse oppgåvene kan også vere vanskelege å sameine. Dette gjeld mellom anna forslaget om at ombodet skal ha ansvar for både behandling av klager og samtidig kunne føre saker for domstolane. Departementet vil arbeide vidare med oppfølginga av andre delar av utgreiinga. Det skal også arbeidast vidare med å vidareutvikle den nasjonale satsinga Betre læringsmiljø og Manifest mot mobbing med sine årlege kampanjar.

Budsjettforslag for 2012

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve ytterlegare 15 mill. kroner til tiltak på ungdomstrinnet som skal medverke til lågare fråfall i vidaregåande opplæring. Departementet vil utvide prosjektet Ny GIV til fleire kommunar. I tillegg vil departementet i større grad prioritere kompetansemidlane til tiltak i Meld. St. 22 (2010-2011) Motivasjon - Mestring - Muligheter, som etterutdanning i klasseleiing, rekneopplæring og leseopplæring.

Dei nasjonale sentra er bygde opp over lang tid, og departementet legg opp til å føre sentra vidare på permanent basis. Departementet foreslår derfor å flytte løyvinga på 57,3 mill. kroner til ein eigen post, jf. kap. 226 post 50.

Nasjonalt senter for romrelatert utdanning (NAROM) bruker primært tilskotta frå Kunnskapsdepartementet til aktivitetar som er knytte til grunnopplæringa. Departementet foreslår derfor å flytte 6,2 mill. kroner frå kap. 281 post 01 til kap. 226 post 21 for å samle tilskottet til NAROM på ein post.

Utdanningsdirektoratet vil frå 1. januar 2012 få delegert ansvaret for oppgåver på barnehagefeltet. Departementet ønskjer i samband med dette å styrkje direktoratet. Det er derfor foreslått å redusere løyvinga med 9 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 220 post 01.

Departementet har foreslått å redusere inntektskravet over kap. 3220 post 02 med 6 mill. kroner. Forslaget har bakgrunn i at ein stadig større del av rettleiingsressursane og anna materiell som Utdanningsdirektoratet utarbeider for sektoren, blir gjort gratis tilgjengeleg digitalt. Utgiftsløyvinga må reduserast tilsvarande, og departementet foreslår at løyvinga over kap. 226 post 21 blir redusert med 6 mill. kroner gjennom ei flytting til kap. 220 post 01.

Departementet foreslår å flytte finansieringa av enkelte mindre tilskott og oppgåver frå kap. 226. post 21 til andre postar på budsjettet. Dette gjeld tilskott til Samisk høgskole som blir flytt til kap. 260 post 50. Midlar til nasjonale oppgåver hos Fylkesmannen i Hordaland i samband med opplæring i kriminalomsorga blir foreslått flytt til kap. 1510 post 01. Midlane til internasjonal sekretær i Folkehøgskolerådet blir flytt til kap. 253 post 71. Midlar som finansierer driftsoppgåver som opphavleg var etablerte som prosjekt, men som i dag inngår som ein del av det ordinære arbeidet til departementet retta mot sektoren blir foreslått flytt til kap. 200 postane 01 og 21. Midlane som vart flytt i samband med overføringa av tilskottet til Fellesrådet for kunstfagene i skolen og Kunst i skolen i samband med revidert nasjonalbudsjett, blir foreslått permanent flytt til kap. 225 post 74. Midlar til forsøk med opplæring på arbeidsplassen blir flytt til kap. 258 post 21. For nærmare omtale av dei enkelte flyttingane, sjå omtale under posten midlane er flytt til. Dei foreslåtte flyttingane inneber ein samla reduksjon i løyvinga på 15,4 mill. kroner.

Samla foreslår Kunnskapsdepartementet ei løyving på 1,1 mrd. kroner over kap. 226 post 21 i 2012.

Post 50 Nasjonale senter i grunnopplæringa

Departementet foreslår å flytte tilskotta til dei nasjonale sentra i grunnopplæringa frå kap. 226 post 21 til ein ny post 50. Dei nasjonale sentra er bygd opp over lang tid, og departementet legg opp til å føre sentra vidare på permanent basis.

Dei nasjonale sentra skal bidra til at den nasjonale utdanningspolitikken blir sett i verk og gjennomført slik at barn, unge og vaksne kan få ei likeverdig og tilpassa opplæring av høg kvalitet i eit inkluderande fellesskap. Sentra skal hjelpe universitets- og høgskolesektoren og lærarutdanningsinstitusjonane i arbeidet med satsingar på kompetanseutvikling. Fagleg styring og oppfølging av sentra er delegert til Utdanningsdirektoratet. Sentra har fått delegert ansvaret for dei nasjonale strategiplanane. Det er oppretta åtte senter innanfor sentrale fagområde i grunnopplæringa.

Boks 4.4 Oversikt over dei nasjonale sentra i grunnopplæringa

Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (Høgskolen i Oslo og Akershus)

Senteret skal gjennom verksemda si som nasjonalt ressurssenter bidra til auka kvalitet i opplæringstilbodet til minoritetsspråklege og bidra i arbeidet med å utvikle inkluderande, fleirkulturelle læringsfellesskap i barnehagen og grunnopplæringa.

Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa (Universitetet i Oslo)

Senteret skal gjennom verksemda si som nasjonalt ressurssenter bidra til auka kvalitet i naturfagopplæringa. Senteret skal bidra til auka motivasjon og interesse for naturfaga i barnehagen og grunnopplæringa.

Nasjonalt senter for matematikk i opplæringa (NTNU)

Senteret skal gjennom verksemda si som nasjonalt ressurssenter bidra til auka kvalitet i matematikkopplæringa. Senteret skal bidra til auka motivasjon og interesse for faget. Senteret skal vidare bidra til å styrkje kompetansen i den grunnleggjande dugleiken rekning i barnehagen og grunnopplæringa.

Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Universitetet i Stavanger)

Senteret skal bidra til auka kvalitet i leseopplæringa. Senteret skal vere eit nasjonalt ressurssenter i arbeidet med å styrkje kompetansen i den grunnleggjande dugleiken lesing. Senteret skal gjennom verksemda si bidra til lesestimulering og leseglede i barnehagen og grunnopplæringa.

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Høgskulen i Volda)

Senteret skal gjennom verksemda si som nasjonalt ressurssenter bidra til auka kvalitet i arbeidet med nynorsk i barnehagen og grunnopplæringa. Senteret skal vidare bidra til interesse og motivasjon for nynorsk i barnehagen og grunnopplæringa.

Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa (Høgskolen i Østfold)

Senteret skal arbeide for auka kvalitet i framandspråkopplæringa og for at opplæringa skal få eit praktisk og variert innhald. Senteret skal gjennom verksemda si som nasjonalt ressurssenter bidra til auka motivasjon og interesse for framandspråk.

Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa (Universitetet i Nordland)

Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa skal bidra til auka kvalitet i kunst- og kulturfaga i barnehagen og grunnopplæringa. Senteret skal gjennom verksemda si som nasjonalt ressurssenter bidra til engasjement for faga og for auka interesse for kunst- og kulturfag i opplæringa.

Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking (Høgskolen i Sør-Trøndelag)

Senteret skal bidra til auka kvalitet i skriveopplæringa. Senteret skal vere eit nasjonalt ressurssenter i arbeidet med å styrkje kompetansen i den grunnleggjande dugleiken skriving. Senteret skal gjennom verksemda si bidra til skrivestimulering og skriveglede i barnehagen og grunnopplæringa.

Rapport for 2010

Nye mandat for dei nasjonale sentra vart fastsette av Kunnskapsdepartementet i 2010. Arbeidet med fagstyring og utvikling av verksemdene er ført vidare. I oppdragsbrevet for 2010 og 2011 fastset Utdanningsdirektoratet mål, resultatkrav og prioriteringar for to år i samsvar med statlege satsingar. Strategien Realfag for framtida 2010–2014 er lansert, og Tiltaksplan for Nynorsksenteret 2009–2012 og Tiltaksplan for programfag innen fremmedspråk 2009–2013 er førte vidare.

Mål for 2012

Dei nasjonale sentra skal innanfor sine fagområde støtte sektoren med lokal kvalitetsutvikling gjennom læreplanrelatert verksemd, formidling og rettleiing samt kompetanseutvikling.

Budsjettforslag for 2012

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på om lag 57 mill. kroner i 2012.

Post 60 Tilskott til kommunar og fylkeskommunar

Formålet med tilskottet er å styrkje kapasiteten på lokalt nivå til å leggje til rette for overgangen mellom ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring og dermed medverke til å auke gjennomføringa av vidaregåande opplæring. Løyvinga skal nyttast til tiltak for tettare oppfølging av elevar med svake grunnleggjande dugleikar på obligatoriske kartleggingsprøver i Vg1, og av elevar med svake grunnleggjande dugleikar og høgt fråvær på ungdomstrinnet.

Rapport for 2010

Rapportar frå fylkeskommunane viser stor breidd i dei lokale tiltaka som er finansierte av midlane. Av overordna tiltak kan nemnast utarbeiding av tiltaksplanar, etterutdanningstilbod for rektorar, lærarar og rådgivarar, etablering av regionale rettleiingssenter og samarbeid mellom ulike skoleslag. Nokre fylke har valt å styrkje bemanninga med tolærarordning, ekstra gruppedeling og tilsetjing av miljøarbeidarar. Av individretta tiltak kan nemnast identifisering, kartlegging og oppfølging av einskilde elevar både i grunnskolen og i vidaregåande skole, styrking av skolehelsetenesta, sommarskole, innføringskurs, førebuande kurs for minoritetsspråklege elevar, alternative læringsarenaer, praksisbrevordning og utvida bruk av lærekandidatordninga. Dei fleste fylkeskommunane rapporterer at dei har nytta ei eller anna form for kartlegging av læringsresultata til elevane, i tillegg til fråvær, også frå ungdomsskolen.

Fylkeskommunane rapporterer at få tiltak har eksistert lenge nok til at dei kan seie noko sikkert om effektar av dei. Ordninga er ført vidare til 2011 og skal sjåast i samanheng med Ny GIV.

Mål for 2012

Målet med løyvinga er å styrkje satsinga på tettare oppfølging av elevar med svake grunnleggjande dugleikar på obligatoriske kartleggingsprøver i Vg1, og av elevar med svake grunnleggjande dugleikar og høgt fråvær allereie på ungdomstrinnet. Tilskottet skal inngå som eit element i Ny GIV.

Budsjettforslag for 2012

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på om lag 36 mill. kroner i 2012.

Post 71 Tilskott til vitensenter

Målet med tilskottet er å medverke til å utvikle regionale vitensenter som eit tilbod til elevar, studentar, lærarar og foreldre, samt allmenta. Eit vitensenter er eit populærvitskapleg opplevings- og læringssenter for teknologi, naturvitskap og matematikk der besøkjarane lærer ved å eksperimentere. Saman skal dei regionale vitensentra utgjere eit heilskapleg nasjonalt tilbod. Tilbodet skal vere knytt til gjeldande læreplanar i realfag, og medverke til å auke interessa og motivasjonen for realfag blant skoleelevar, studentar og lærarar. Vitensentra er eit viktig verkemeddel for å styrkje holdningar til og kunnskap i realfag, og for rekruttering til eit kompetanseområde Noreg treng både no og i framtida.

Rapport for 2010

I 2010 fekk åtte regionale vitensenter statleg støtte. Besøkstala i 2010 var på totalt 593 000, om lag same nivå som i 2009. Dette utgjer meir enn ei dobling frå 2003, da talet på besøkjarar var 225 000. I 2010 var det 116,3 årsverk tilknytte vitensentra.

Retningslinjer for tilskottet er fastsette av departementet med verknad frå 25. mars 2011.

Mål for 2012

Vitensenterprogrammet (VITEN) har fastsett ein eigen strategi for utvikling av dei regionale vitensentra. Målet med tilskottet er å medverke til å utvikle regionale vitensenter som eit tilbod for elevar, studentar, lærarar og foreldre, samt allmenta. Tilskottet skal gå til drift av dei regionale vitensentra.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2011.

Kap. 227 Tilskott til særskilde skolar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

60

Tilskott til Moskvaskolen

1 328

1 300

1 339

61

Tilskott til vaksenopplæring i Andebu kommune

4 500

62

Tilskott til Fjellheimen leirskole

5 053

5 205

5 361

70

Tilskott til Den franske skolen i Oslo

6 266

6 460

6 660

71

Tilskott til internatdrifta ved Krokeide vidaregåande skole

21 660

22 331

23 023

72

Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College

27 317

28 164

29 037

73

Tilskott til opplæring i Kenya og Etiopia

1 558

2 579

2 659

Sum kap. 227

63 182

66 039

72 579

Kap. 227 omfattar tilskott til skolar som ikkje har lovheimla rett til tilskott, men som departementet likevel ønskjer å støtte fordi verksemda ved skolane dekkjer viktige behov.

Post 60 Tilskott til Moskvaskolen

Mål for 2012

Målet med tilskottsordninga er å gi elevar frå Noreg med kompetanse i russisk høve til å ta Vg3 ved Moskvaskolen. Tilskottet skal nyttast til å dekkje pliktene til Akershus fylkeskommune i høve til avtalen med Det statlege russiske vitskapsakademiet om driftsstønad til Moskvaskolen.

Rapport for 2010

I skoleåret 2010–11 var det ingen elevar frå Noreg som tok Vg3 ved Moskvaskolen. Dette skyldast svingingar i etterspurnaden frå elevar frå Noreg etter skoleplassar ved skolen. Tala har i dei siste åra svinga frå null til elleve elevar. Skoleåret 2010–11 er det andre året utan norske elevar. Tilskottet skal nyttast til å dekkje pliktene til Akershus fylkeskommune i samband med samarbeidsavtalen, irekna administrasjon, utstyr og pedagogisk personale, og blir derfor ikkje rekna ut frå elevtal og satsar per elev. Det blir kontinuerlig arbeidd med å rekruttere elevar til tilbodet. Inneverande skoleår har fem norske elevar starta Vg3 ved skolen.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2011.

Post 61 Tilskott til vaksenopplæring i Andebu kommune

Mål for 2012

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at vaksne som bur ved Stiftelsen Signo i Andebu kommune, får vaksenopplæring dersom dei har behov for det.

Stiftelsen Signo har ein institusjon og ein skole i Andebu kommune for døvblinde og døve med tilleggsfunksjonshemmingar. Skolen er i dag finansiert av staten over kap. 230 post 01. Vaksne som bur ved institusjonen i Andebu kommune og har behov for vaksenopplæring, har fått finansiert denne opplæringa dels av opphavskommunen og dels av staten over kap. 230 på statsbudsjettet. Ifølgje opplæringslova er det Andebu kommune som er ansvarleg for å finansiere opplæring for vaksne som har meldt flytting til Andebu kommune. Det er derfor behov for ei opprydding når det gjeld finansieringa av vaksenopplæring ved Signo. Departementet foreslår at finansieringsansvaret blir ført over til Andebu kommune, og at det blir oppretta eit eige tilskott til kommunen for å dekkje ekstrakostnadene i samband med dette ansvaret, medrekna kostnader til sakkyndig vurdering. Departementet foreslår at den nye tilskottsordninga blir finansiert ved at dei midlane som i dag går til vaksenopplæring ved Signo på kap. 230, blir flytte til den nye tilskottsposten, samt at den delen av opplæringskostnadene som tidlegare vart dekte av opphavskommunen, blir trekte frå kommuneramma. Totalt utgjer dette 4,5 mill. kroner.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår at det i 2012 blir løyvd 4,5 mill. kroner i tilskott til vaksenopplæring og sakkyndig vurdering i Andebu kommune.

Post 62 Tilskott til Fjellheimen leirskole

Mål for 2012

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at barn, unge og vaksne med psykisk utviklingshemming eller lærevanskar kan få eit opphald ved Fjellheimen leirskole.

Rapport for 2010

Talet på deltakarar ved leirskolen i 2010 var totalt 970 personar. Resultatkravet som er fastsett i retningslinjene for tilskottet, er 900 deltakarar per år.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2011.

Post 70 Tilskott til Den franske skolen i Oslo

Mål for 2012

Noreg har ein avtale med Frankrike som forpliktar Noreg til å gi eit årleg tilskott til Den franske skolen i Oslo, mot at Frankrike i eige land legg til rette for opplæring av lærlingar frå Noreg. Målet med tilskottsordninga er å styrkje samarbeidet med Frankrike, og å styrkje stillinga til det franske språket i Noreg.

Rapport for 2010

I skoleåret 2010–11 hadde Den franske skolen i Oslo 262 elevar på barnetrinnet, 163 elevar på ungdomstrinnet og 52 elevar i vidaregåande opplæring, totalt 477 elevar. Dette ligg på same nivå som i skoleåret 2009–10 (476 elevar), etter ein auke frå skoleåret 2008–09 på 29 elevar. Skoleåret 2010–11 var det til saman seks lærlingar frå Noreg som fekk opplæring innanfor restaurant- og matfaget i Frankrike.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2011.

Post 71 Tilskott til internatdrifta ved Krokeide vidaregåande skole

Mål for 2012

Målet med tilskottsordninga er å medverke til drifta av internatet ved Krokeide vidaregåande skole og det sosialmedisinske hjelpeapparatet ved skolen, slik at vaksne som treng eit særskilt opplegg under skolegangen, kan få eit tilfredsstillande tilbod som kvalifiserer dei for arbeidslivet.

Rapport for 2010

I 2010 var det totalt 151 elevar ved internatet, 70 elevar om våren og 81 elevar om hausten. Våren 2011 var det totalt 80, ein auke på ti elevar samanlikna med våren 2010.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2011.

Post 72 Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College

Mål for 2012

United World Colleges (UWC) er ein internasjonal organisasjon som arbeider for å fremme fred og forståing gjennom utdanning. Røde Kors Nordisk United World College i Fjaler i Sogn og Fjordane er ein av ti UWC-skolar på fem kontinent. Skolen fører elevane fram til ein IB-eksamen. Målet med tilskottsordninga er å medverke til finansiering av Røde Kors Nordisk United World College, slik at dei nordiske landa kan halde fram med å ha ein UWC-skole plassert i Noreg.

Rapport for 2010

I skoleåret 2010–11 hadde skolen 200 elevar frå 92 land. 30 pst. av elevane kom frå nordiske land, fire pst. frå Nord-Amerika, sju pst. frå Vest-Europa, 13 pst. frå Afrika, 24 pst. frå Asia, elleve pst. frå Aust- og Sentral-Europa og elleve pst. frå Latin-Amerika.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2011.

Post 73 Tilskott til opplæring i Kenya og Etiopia

Mål for 2012

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at misjonærbarn frå Noreg i Kenya og Etiopia kan få god undervisning lokalt i staden for å måtte bu på skoleinternat langt frå foreldra. Tilskottet skal bidra til at misjonærskolane i Kenya og Etiopia skal kunne drive desentralisert undervisning for barneskoleelevar og ha ei samarbeidsordning med internasjonale skolar for ungdomsskoleelevar. Misjonærskolane er eigde av Norsk Luthersk Misjonssamband.

Rapport for 2010

Hausten 2010 fekk seks elevar på barnetrinnet og fem elevar på ungdomstrinnet undervisning lokalt i Etiopia. I same periode fekk tre elevar på barnetrinnet og ein elev på ungdomstrinnet undervisning lokalt i Kenya. Våren 2011 fekk tre elevar på barnetrinnet og ingen elevar på ungdomstrinnet undervisning lokalt i Etiopia. I Kenya fekk seks elevar på barnetrinnet og ein elev på ungdomstrinnet undervisning lokalt i same periode.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår at løyvinga for 2012 blir ført vidare på same nivå som i 2011.

Kap. 228 Tilskott til private skolar o.a.

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

70

Private grunnskolar, overslagsløyving

1 137 841

1 227 842

1 294 934

71

Private vidaregåande skolar, overslagsløyving

1 145 663

1 258 350

1 230 504

72

Private skolar godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova, overslagsløyving

197 816

196 086

161 008

73

Private grunnskolar i utlandet, overslagsløyving

85 857

79 818

88 877

74

Private vidaregåande skolar i utlandet, overslagsløyving

19 875

22 141

21 565

75

Private skolar for funksjonshemma elevar, overslagsløyving

168 958

178 883

184 720

76

Andre private skolar, overslagsløyving

34 959

40 875

41 755

77

Den tyske skolen i Oslo, overslagsløyving

4 109

10 799

10 639

78

Kompletterande undervisning, overslagsløyving

31 577

26 334

28 534

79

Toppidrett

24 795

25 565

26 358

80

Privatskoleorganisasjonar

609

628

647

81

Elevutveksling til utlandet

1 566

1 615

1 665

Sum kap. 228

2 853 625

3 068 936

3 091 206

Innleiing

Private skolar som er godkjende etter § 2-1 i privatskolelova og § 17 i kap. 4 i vaksenopplæringslova, har rett til tilskott og til å drive verksemd etter føresegnene i lova. I tillegg blir det gitt tilskott til kompletterande undervisning, jf. privatskolelova § 6-4. I tillegg til tilskott som blir gitte i samsvar med privatskolelova og vaksenopplæringslova, blir det over kapitlet gitt tilskott til Den tyske skolen i Oslo, toppidrett, privatskoleorganisasjonar og til elevutveksling i utlandet.

Tabellen under viser korleis talet på elevar og private skolar som mottek tilskott, har endra seg frå skoleåret 2008–09 til skoleåret 2010–11. For grunnskolen gjeld tala frå elevteljinga 1. oktober. For vidaregåande skole gjeld gjennomsnittet av talet på elevar frå elevteljingane 1. oktober og 1. april.

Tabell 4.4 Private skolar, tal på skolar og elevar

Skoletype

Skolar

Elevar

2008–09

2009–10

2010–11

2008–09

2009–10

2010–11

Skolar for funksjonshemma elevar

10

10

10

499

509

542

Private skolar godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova

42

41

35

2 210

2 277

2 211

Andre private skolar1

2

2

166

180

Vidaregåande skolar

75

76

75

11 846

11 750

12 155

Grunnskolar

145

147

151

13 995

14 387

14 751

Grunnskolar i utlandet

14

14

15

776

836

778

Vidaregåande skolar i utlandet

6

6

5

189

189

203

Sum

292

296

293

29 515

30 114

30 820

1 Desse skolane fekk tilskott per elev frå og med budsjettåret 2010.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Hausten 2010 gjekk 2,4 pst. av grunnskoleelevane i private skolar. Dette er same nivå som hausten 2009. Hausten 2010 gjekk 6,4 pst. av elevane på vidaregåande nivå i private skolar. Hausten 2009 var talet til samanlikning 6 pst.

Tilskottssatsar

Satsane for tilskott til dei fleste private skolar byggjer på dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skolen, jf. privatskolelova kap. 6. Satsane for 2012 blir rekna ut på grunnlag av kommunal ressursbruk til skole i 2010, rapportert gjennom KOSTRA. Tilskottsgrunnlaget er korrigert for utgifter som er rapporterte i KOSTRA, men som ikkje skal med i grunnlaget for utrekninga av tilskottet fordi desse utgiftene blir påførte kommunesektoren og ikkje dei private skolane. Satsane blir justerte for ein venta pris- og lønnsauke fram til og med 2012. Nærmare informasjon om utrekningsmåten ligg på www.utdanningsdirektoratet.no.

Post 70 Private grunnskolar, overslagsløyving

Om ordninga

Private grunnskolar som er godkjende etter privatskolelova, får tilskott med 85 pst. av tilskottssatsen. Posten omfattar tilskott til gratis frukt og grønt for elevar ved private grunnskolar med ungdomstrinn og kombinerte skolar med barne- og ungdomstrinn. Posten omfattar også tilskott til gratis leksehjelp for elevar på 1.–4. trinn.

Budsjettforslag for 2012

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga med 65 mill. kroner frå saldert budsjett 2011. Om lag 23 mill. kroner av denne auken skyldast ein teknisk feil i satsberekninga i budsjettet for 2011, jf. Prop. 120 S (2010–2011). I tillegg foreslår departementet å auke løyvinga med 2,1 mill. kroner for innføring av valfag på ungdomstrinnet. Totalt foreslår departementet dermed å auke løyvinga på posten med 67,1 mill. kroner.

Post 71 Private vidaregåande skolar, overslagsløyving

Om ordninga

Dei private vidaregåande skolane får 85 pst. av tilskottssatsen. Posten omfattar eit årleg tilskott til Kongshaug Musikkgymnas som kjem i tillegg til det beløpet skolen får etter privatskolelova, jf. St.prp. nr. 1 (2003–2004) for Utdannings- og forskingsdepartementet. I 2012 vil skolen få 3 202 000 kroner i særskilt tilskott.

Budsjettforslag for 2012

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å redusere løyvinga med 27,8 mill. kroner frå saldert budsjett 2011. Om lag 21 mill. kroner av denne reduksjonen skyldast ein teknisk feil i satsberekninga i budsjettet for 2011, jf. Prop. 120 S (2010–2011).

Post 72 Private skolar godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova, overslagsløyving

Om ordninga

Vaksenopplæringslova kap. 4 tro i kraft 1. juli 2010 samtidig som kap. 6A i privatskolelova vart oppheva. Skolar som 30. juni 2010 var godkjende og i drift etter kap. 6A i privatskolelova, vart flytte over til kap. 4 i vaksenopplæringslova.

Vaksenopplæringslova slår fast at satsane for tilskott til desse skolane skal reknast ut frå tilskottsgrunnlaget, som tilsvarer kostnader per elev i offentleg skole. Satsane til desse skolane er knytte til tre av satsane for private vidaregåande skolar. Unntak frå dette er Norsk Yrkesdykkerskole. Dei tre satsane er knytte til utdanningsprogram for studiespesialisering, idrettsfag, og musikk, dans og drama. Vidaregåande skolar godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova får 75 pst. av tilskottssatsane.

Anthon B. Nilsen Utdanning AS eig fleire skolar som har fått tilskott etter kap. 4 i vaksenopplæringslova: Westerdals School of Communication AS, Norsk lydskole AS, Film- og TV-akademiet AS og Oslo Kunstfagskole AS. Fleire av utdanningane ved desse skolane har vorte akkrediterte på høgskolenivå og er organiserte under dei juridiske einingane Westerdals Høyskole AS og NISS Høyskole AS. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å flytte om lag 46,4 mill. kroner frå kap. 228 post 72 til kap. 260 post 70. Sjå òg kap. 260 post 70.

Budsjettforslag for 2012

Norsk lydskole, Oslo kunstfagskole, Film- og TV-akademiet og Westerdals School of Communications har fått godkjent delar av tilboda sine som høgskolar. Departementet foreslår å overføre 46,4 mill. kroner til kap. 260 post 70, jf. omtale over. På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar, samt flytting av midlar for dei elevane som går over til høgskolestudiet, foreslår departementet å redusere løyvinga med 35,1 mill. kroner.

Post 73 Private grunnskolar i utlandet, overslagsløyving

Om ordninga

Skolane får tilskott etter same grunnlag som private grunnskolar i Noreg, men satsen blir høgre sidan desse skolane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift.

Budsjettforslag for 2012

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga med 9 mill. kroner. I tillegg foreslår departementet å auka løyvinga med 0,1 mill. kroner for innføring av valfag på ungdomstrinnet. Totalt foreslår departementet dermed å auke løyvinga på posten med 9,1 mill. kroner.

Post 74 Private vidaregåande skolar i utlandet, overslagsløyving

Om ordninga

Skolane får tilskott etter same grunnlag som private vidaregåande skolar i Noreg, men satsen blir høgre sidan desse skolane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift.

Budsjettforslag for 2012

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å redusere løyvinga med 0,6 mill. kroner.

Post 75 Private skolar for funksjonshemma elevar, overslagsløyving

Om ordninga

For grunnskolar og vidaregåande skolar for funksjonshemma elevar blir driftsutgifter dekte 100 pst. ved statstilskott etter ein normalsats per elev, jf. privatskolelova § 6-1, fjerde ledd. Skolane får i tillegg statstilskott til husleigeutgifter på same nivå som i 2003, jf. Innst. O. nr. 80 (2002–2003).

Budsjettforslag for 2012

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga med 5,8 mill. kroner.

Post 76 Andre private skolar, overslagsløyving

Om ordninga

Posten omfattar tilskott til Sørlandet Seilende Skoleskibs Institution (MS Sjøkurs) og Unge Sjømenns Kristelige Forening (MS Gann). Skolane får tilskott per elev etter sats for utdanningsprogram for teknikk og industriell produksjon. Skolane får 85 pst. av tilskottssatsen. I tillegg får desse skolane eit fast tilskott som blir prisjustert kvart år.

Budsjettforslag for 2012

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga med 0,9 mill. kroner.

Post 77 Den tyske skolen i Oslo, overslagsløyving

Om ordninga

Ny avtale mellom Noreg og Tyskland om Den tyske skolen i Oslo vart godkjend av Stortinget 19. november 2009, jf. Innst. 43 S (2009–2010) og St.prp. nr. 92 (2008–2009) Om samtykke til inngåelse av en avtale mellom Norge og Tyskland om omgjøring av Den tyske skolen i Oslo – Max Tau til en tysk-norsk bikulturell skole. Utdanningsdirektoratet godkjende hausten 2010 Den tyske skolen i samband med den nye avtalen. Tilskottet til Den tyske skolen i Oslo er regelstyrt. Tilskottet blir rekna ut på same måte som tilskottet til private skolar som er godkjende etter privatskolelova, men med 54,4 pst. av tilskottssatsen. Hausten 2010 var det 205 elevar ved Den tyske skolen i Oslo.

Budsjettforslag for 2012

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å redusere løyvinga med 160 000 kroner.

Post 78 Kompletterande undervisning, overslagsløyving

Om ordninga

Tilskottsordninga medverkar til finansiering av kompletterande undervisning i norsk, samfunnsfag og religion, livssyn og etikk (RLE) for elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskolar. Forvaltninga av ordninga vart overført frå Fylkesmannen i Oslo og Akershus til Utdanningsdirektoratet frå og med 1. januar 2010.

Hausten 2010 kom det inn 158 søknader. Av 141 innvilga søknader galdt 92 søknader foreldreundervisning og 35 søknader undervisning i grupper. Elevane heldt til i 38 ulike land. Vidare var sju søknader frå godkjende svenske og norske skolar i utlandet, fem søknader var frå internasjonale skolar i Noreg, og to søknader var frå nettskolar. Dei to nettskolane hadde i alt 1 186 elevar hausten 2010, fordelte med 1 063 elevar ved Globalskolen og 123 elevar ved Norskskolen, og elevane var frå 102 forskjellige land.

Tilskottsordninga vart evaluert i 2006. Ein av konklusjonane var at det er vanskeleg å dokumentere at elevar som får opplæring i regi av foreldre eller i gruppeundervisning, får opplæring av tilfredsstillande kvalitet, og at midlane blir brukte etter intensjonen. På denne bakgrunnen vart tilskottsordninga lagt om frå og med skoleåret 2010–11 slik at berre verksemder, det vil seie godkjende norske private grunnskolar i utlandet, svenske skolar i utlandet, nettskolar og internasjonale eller utanlandske grunnskolar i Noreg, kan få tilskott, jf. Innst. S. nr. 355 (2008–2009), St.prp. nr. 67 (2008–2009) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2009 og Innst. 12 S (2009–2010), Prop. 1 S (2009–2010) for Kunnskapsdepartementet. Det er innført ei overgangsordning for foreldre- og gruppeundervisning, det vil seie at tilskottet til slik undervisning blir redusert med ein tredel kvart skoleår i tre år frå og med hausten 2010, slik at tilskottet er heilt avvikla frå og med skoleåret 2012–13.

Kunnskapsdepartementet legg til grunn at fleire elevar vil velje nettskole når tilskottet til foreldre- og gruppeundervisning blir redusert.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår at løyvinga blir auka med 2,2 mill. kroner.

Post 79 Toppidrett

Om ordninga

Målet med tilskottet er å mederke til at dei skolane som er omfatta av ordninga, kan leggje betre til rette for at toppidrettsutøvarar kan kombinere trening med vidaregåande opplæring.

Ordninga gjeld skolar som i tillegg til godkjenninga etter privatskolelova er godkjende som toppidrettsgymnas av Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF). Ordninga omfattar følgjande skolar: NTG i Bærum, Geilo, Kongsvinger, Lillehammer og Tromsø, Wang i Oslo, Moss og Stavanger, og Telemark toppidrettsgymnas. Det blir gitt eit fast tilskott til kvar av desse skolane. Det er ein føresetnad at skolane har elevar på tilbodet om særskild tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett. Dersom det blir fleire godkjende skolar med tilbod om slik opplæring, og som samtidig blir godkjende av NIF, vil dei ikkje automatisk bli omfatta av ordninga med særskilt toppidrettstilskott.

Tilskuddsposten blir prisjustert kvart år. Nærmare informasjon om tilskott per skole ligg på www.utdanningsdirektoratet.no.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2011.

Post 80 Privatskoleorganisasjonar

Om ordninga

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at privatskoleorganisasjonane kan drive med samordningsoppgåver for medlemsskolane sine. Tilskott blir gitt til privatskoleorganisasjonar som har private skolar med rett til statstilskott som medlemmer. I 2011 fekk fem privatskoleorganisasjonar tilskott ut frå at dei til saman hadde 232 godkjende medlemsskolar.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2011.

Post 81 Elevutveksling til utlandet

Om ordninga

Statstilskott etter privatskolelova kan ikkje nyttast til elevutveksling til utlandet. Denne tilskottsordninga gjeld for utveksling til utlandet for elevar i private vidaregåande skolar med rett til statstilskott. Skolane kan søkje om støtte til administrasjon, oppfølging av og tilrettelegging for elevutveksling. Tilskottet kan bli gitt til godkjende samarbeidsprosjekt mellom norske private vidaregåande skolar med rett til statstilskott og utanlandske skolar. Følgjande private vidaregåande skolar er godkjende for å kunne bli tildelte slikt tilskott: Danielsen videregående skole i Bergen, Heltberg Private Gymnas i Oslo og Drottningborg videregående skole i Grimstad. I 2011 fekk kvar av skolane eit basistilskott på 100 000 kroner. Resten av tilskottsmidlane vart fordelt etter talet på elevar innanfor ordninga.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2011.

Kap. 229 Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

23 241

21 190

21 623

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

1 000

1 022

1 046

Sum kap. 229

24 241

22 212

22 669

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på posten går til drift av Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar.

Den fremste målsetjinga til Vea er å utdanne kompetente yrkesutøvarar som bransjen og næringa treng på grøne fagområde.

Fagskolen har elevar og studentar fordelte på tre hovudretningar: blomsterdekoratør-, gartnar- og anleggsgartnarfaglege utdanningsprogram. Vea har fire ulike NOKUT-godkjende fagskoletilbod innanfor grøn design og miljøfag som er fordelte på desse hovudretningane.

Skolen skal framleis gi tilbod på vidaregåande nivå for elevar frå ulike fylke når fylkeskommunen betaler for det, jf. kap. 3229 post 61. I tillegg gir skolen tilbod om vaksenopplæring på vidaregåande nivå.

Mål for 2012

I 2012 skal Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar halde fram arbeidet med å utvikle ei fagskoleutdanning med god kvalitet, auke talet på studentar gjennom fleksible og tilpassa studieopplegg, heve kompetansen hos tilsette og utvikle fagleg samarbeid med nasjonale og internasjonale miljø.

Rapport for 2010

Opptaket for hausten 2010 viser eit betydeleg større tilfang av elevar og studentar enn tidlegare.

Tal for opptak hausten 2010 viser at Vea samla har 123 elevar og studentar som tek utdanning på heiltid og deltid ved Vea. Det er ein auke i talet på elevar og studentar på 43 pst. samanlikna med året før. 77 pst. av studentane skoleåret 2010–11 er deltidsstudentar. Tendensen framover tyder på ein stadig auke i samlingsbaserte studium på deltid, noko som indikerer at deltidsstudium, som gir auka fleksibilitet og er tydelegare relevant for bransjen, gir fleire studentar.

Skoleåret 2010–11 var det fire heiltidsstudentar på fagskolenivå. Det er det same som året før. Det var 39 heiltidsstudentar på fagskolenivå. Dette er ein auke på 15 studentar frå året før. Auken er mellom anna eit resultat av etablering av ny samlingsbasert fagskoleutdanning i anleggsgartnarteknikk.

Skoleåret 2010–11 var det 56 deltidsstudentar og 14 heiltidsstudentar som tok vaksenopplæring på vidaregåande nivå. Dette er ein auke frå året før. Ti av elevane i vidaregåande opplæring gjekk på fylkeskjøpte plassar. Det er det same talet som året før.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår at løyvinga i 2012 blir ført vidare på same nivå som i 2011.

Kap. 3229 Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

02

Salsinntekter o.a.

3 196

1 485

1 531

16

Refusjon foreldrepengar

35

18

Refusjon av sjukepengar

359

61

Refusjon frå fylkeskommunar

1 190

974

1 003

Sum kap. 3229

4 780

2 459

2 534

Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna kurs og vaksenopplæring, sal frå kantine, hybelutleige og betaling frå heimeskolane for fjernundervisning. Post 61 gjeld betaling frå fylkeskommunar for kjøp av opplæringsplassar ved Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar. Løyvingane blir foreslått ført vidare på same nivå som i 2011.

Kap. 230 Kompetansesenter for spesialundervisning

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

657 130

639 433

655 894

21

Særskilde driftsutgifter

64 700

52 989

54 632

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

7 668

7 839

8 019

Sum kap. 230

729 498

700 261

718 545

Statleg spesialpedagogisk støttesystem (Statped) er eit nettverk av spesialpedagogiske senter under Utdanningsdirektoratet. Statped skal gi spesialpedagogiske tenester av god kvalitet på individ- og systemnivå, særleg på område der ein ikkje kan forvente at kommunane har kompetanse. På denne måten skal Statped medverke til at barn, unge og vaksne får eit tilfredsstillande læringsutbytte. Statped skal i tillegg spreie spesialpedagogisk kompetanse og forskingsbasert kunnskap om likeverdig, tilpassa og inkluderande opplæring.

Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvingane gjeld

  • drift av Statped med tolv statlege kompetansesenter og kjøp av tenester frå to private institusjonar, inkludert ventelønn og lønn etter rettsvilkårsavtalen for overtalige

  • utvikling, produksjon og distribusjon av spesialpedagogiske læremiddel

  • Utdanningsdirektoratets råd for inkluderande opplæring

  • prosjektretta støtte til organisasjonar for funksjonshemma

  • utgifter til nasjonal koordinator i Utdanningsdirektoratet for European Agency for Development in Special Needs Education, internasjonalt samarbeid, m.m.

Mål for 2012

Statped skal arbeide mot følgjande mål i 2012:

  • Tenesteyting: Statped er ein tydeleg og tilgjengeleg ytar av spesialpedagogiske tenester til kommunar og fylkeskommunar. Statped gir tenester på både individ- og systemnivå, og alle kommunar og fylkeskommunar får likeverdig tilgang til Statpeds tenester.

  • Kunnskapsspreiing: Statped har spisskompetanse innanfor spesialpedagogiske fagområde og er ein bidragsytar til kunnskaps- og kompetansespreiing på desse områda.

  • Kompetanseutvikling: Statped har ein strategi for prioritering av område for forskings- og utviklingsarbeid og er ein samarbeidspartnar for universitet og høgskolar.

Parallelt med den daglege drifta skal ein interimsorganisasjon klargjere etableringa av nye Statped med sikte på å vere operativt frå 1. januar 2013.

På bakgrunn av Midtlyngutvalets utgreiing NOU 2009: 18 Rett til læring, høringsfråsegn og eigne utgreiingar varsla departementet i Prop. 1 S (2010–2011) at Statpeds verksemder skal organiserast til fleirfaglege regionsenter. Målet er at Statped skal bli eit felles nasjonalt støttesystem med ein tydeleg profil og likeverdige tenester i heile landet. Våren 2011 la departementet fram ei stortingsmelding om betre læring for barn, unge og vaksne med særskilde behov, Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap, der den nye organiseringa av Statped vart presentert. Statped skal organiserast som ei verksemd med ei sentral leiing og med fire fleirfaglege regionsenter: Statped Nord, Statped Midt, Statped Vest og Statped Søraust. Det blir også etablert eit avdelingskontor i Kristiansand under Statped Søraust. Regionsentra vil framleis ha tilsette på fleire ulike arbeidsstader. Kapitlet som omhandlar endringane for Statped i stortingsmeldinga, vart handsama i Stortinget 15. juni 2011, jf. Innst. 405 S (2010–2011).

Rapport for 2010

Statped har i hovudsak arbeidd på to område: å yte spesialpedagogiske tenester overfor kommunar og fylkeskommunar og å utvikle, formidle og byggje opp spesialpedagogisk kompetanse. Tabellen nedanfor viser fordelinga av dei vel 850 årsverka i Statped.

Fordeling av tenestene frå Statped harmonerer med folketalet, og ein kan derfor ikkje påvise geografiske skeivskapar, men små og mellomstore kommunar nyttar Statped etter måten meir enn store (by-) kommunar. Ei forklaring på dette er at dei største kommunane sjølve har brei kompetanse i si eiga PP-teneste.

Tabell 4.5 Statpeds tenesteprofil, målt i forbruk av årsverk

Type teneste/aktivitet

2008

2009

2010

Opplæring heiltid (over tolv veker) og deltid (under tolv veker)

159,9

155,6

118,9

Bu- og fritidstilbod

53,3

53,1

45,3

Utgreiingar

100,2

96,3

79,9

Rådgiving, konsultasjon

122,5

111,2

112,0

Kurs og kunnskaps-/informasjonsspreiing

223,0

187,1

161,1

FoU/kompetanseutvikling

97,6

83,9

35,8

Læremiddelarbeid/-produksjon

43,0

44,2

35,4

Anna

50,0

48,7

10,9

Leiing

Desse områda var ikkje skilde ut for åra 2008 og 2009

67,0

Stab/støtte/service

157,3

Sum

849,5

780,1

823,6

Underrapportering og manglande registrering

7,8

52,5

16,3

Samisk spesialpedagogisk støtte

4,5

4,3

3,5

Felles IKT-drift og support (Statped IKT)

9,0

9,5

9,5

Totalt årsverk

870,8

846,4

852,9

Kjelde: Utdanningsdirektoratet; Årsrapport Statped 2010

Tenesteyting

Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om tenester frå Statped på dei områda der dei ønskjer å heve sin eigen kompetanse. Dei fleste tenestene frå Statped er gratis, og vedtak frå Statped om å yte tenester til enkeltbrukarar vil som hovudregel blir rekna som enkeltvedtak om spesialundervisning etter forvaltningslova og opplæringslova.

Det har inntil nyleg ikkje systematisk vorte samla dokumentasjon for verksemda til Statped som heile, utover årsrapportane til dei sjølvstendige kompetansesentra. I 2011 har Utdanningsdirektoratet utarbeidd ein årsrapport med oversikt over verksemda til Statped i 2010, og det har også vorte etablert eit system med brukarkartlegging.

Tenesteproduksjonen i Statped har i følgje årsrapporten hatt om lag same profil i 2010 som året før, men likevel slik at systemretta tiltak og tenester har fått ein noko større plass og merksemd. Dette kjem mellom anna til syne i saker der tenester blir gitte til grupper av kommunar, der kompetansebygging for å gjere dei meir sjølvhjulpne er eit viktig mål. Fleire av sentra melder om søknader om tenester til nye brukargrupper, og at det er ei utfordring med prioriteringar av innsatsen og utvikling av samhandlingsformer med omsyn til ansvarsområda til andre tenesteytarar.

Tabellane under viser at innretninga på tenesteytinga frå Statped har vore stabil, og at det ikkje er gjennomført større dreiing og endringar i drifta. Dette er i samsvar med dei føringane som er gitte om at Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap skal danne grunnlaget for omorganisering.

Tabell 4.6 Ressursinnsatsen frå Statped på dei ulike vanskeområda (i pst.)

2008

2009

2010

Syn

18,6

18,4

18,6

Hørsel (inkludert skoledrift/internat for hørselshemma og døvblinde)

44,1

44,7

45,9

Språk- og talevanskar

10,8

11,8

11,2

Samansette lærevanskar og åtferdvanskar

17,7

16,4

15,9

Spesialpedagogiske tenester i Nord-Noreg (inkludert samisk spesialpedagogisk stønad)

8,5

8,4

8,2

Fellestiltak/andre tiltak

0,3

0,3

0,2

Sum

100,0

100,0

100,0

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Tabell 4.7 Ressursinnsatsen frå Statped på dei ulike typane teneste (i pst.)

2008

2009

2010

Opplæring heiltid (over tolv veker) og deltid (under tolv veker)

19

20

20

Bu- og fritidstilbod

7

7

7

Utgreiingar

11

12

13

Rådgiving, konklusjon

14

14

19

Kurs og kunnskaps-/informasjonsspreiing

27

24

27

FoU/kompetanseutvikling

11

11

6

Lærarmiddelarbeid/produksjon

5

6

6

Anna

6

6

2

Sum

100,0

100,0

100,0

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Det er i 2010 gjennomført ei brukarkartlegging av tilfredsheit hos brukarar, skolar/barnehagar og pedagogisk-psykologisk teneste (PP-teneste). Kartlegginga er utført av Oxford Research på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Det kom svar frå 74,5 pst. av brukarsakene som var med i kartlegginga. Resultata syner at brukarar, skole/barnehage og PP-teneste er godt nøgde med gjennomføringa av og kvaliteten på dei tenestene sentra gir. På ein skala frå 1 til 5 skårar generell tilfredsheit 4,5, medan fagleg kvalitet ligg på 4,2. Ser ein på gjennomsnittsverdiar av generell tilfredsheit knytt til aldersgrupper, syner dei 4,8 knytt til førskole, 4,5 knytt til skolealder og 4,4 knytt til vaksne. Det er òg kartlagt tilfredsheit knytt til regionar, men her er tala for nokre regionar for små til at ein kan generalisere ut frå dei. Kartlegginga er ført vidare i 2011.

Den statlege spesialundervisninga i Noreg vart omorganisert i 1992, da fleire statlege spesialskolar vart avvikla eller overførte til andre forvaltningsnivå. Fleire spesialskolar vart også omgjorde til statlege spesialpedagogiske kompetansesenter. Unntaket var at staten framleis skulle behalde dei statlege skolane for hørselshemma. Tabellen nedanfor viser at 134 elevar fekk opplæring på heiltid ved desse skolane i 2010. Det har vore ein nedgang i talet på heiltidselevar i dei siste åra, og dei fleste hørselshemma elevane får no opplæringstilbod i bustadkommunen/heimefylket. Nokre av desse får opplæring på deltid ved dei statlege skolane, samtidig som dei er elevar ved kommunale eller fylkeskommunale skolar. I 2010 var det 204 elevar som fekk eit slikt tilbod på deltid.

Tabell 4.8 Heiltidselevar, deltidselevar og internatelevar i grunnskole og vidaregåande opplæring ved dei statlege skolane for hørselshemma 2009–10

Haust 2008

Haust 2009

Haust 2010

Heiltidselevar grunnskolealder

82

87

76

Heiltidselevar vidaregåande opplæring

62

63

58

Sum heiltidselevar

144

150

134

Deltidselevar grunnskolealder

213

194

195

Deltidselevar vidaregåande opplæring

6

12

9

Sum deltidselevar

219

206

204

Internatelevar heiltid

21

22

24

Kjelde: Utdanningsdirektoratet; Årsrapport Statped 2010

Kompetanseutvikling

Det andre av hovudoppdraga til Statped er å utvikle kompetanse og formidle kunnskap om brukarar med behov for særskild hjelp og støtte i opplæringa. Dette blir gjort gjennom samarbeid med universitet, høgskolar og andre forskingsmiljø ved at Statped-sentra inngår samarbeidsavtalar, for eksempel om felles forskingsprosjekt. Fram til omorganiseringa av Statped er gjennomført, er dei ulike sentra definerte som eigne verksemder. Dei står derfor relativt fritt til å organisere arbeidet sitt med forsking og utvikling.

Rambøll Management Consulting har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet gjennomført ei kartlegging av Statpeds arbeid med forsking og utvikling. Kartlegginga viser at om lag 100 årsverk i Statped er knytte til dette arbeidet, og at det blir organisert på ulike måtar. Arbeidet blir som oftast finansiert gjennom eigen, men til ein viss grad også ekstern finansiering. Den strategiske tilnærminga til arbeidet er godt forankra ved det enkelte kompetansesenteret, men kartlegginga viser samtidig at det ikkje finst ein formalisert heilskapleg strategi for forskings- og utviklingsarbeidet i Statped som heile.

Oppmodingsvedtak

Kunnskapsdepartementet viser til oppmodingsvedtak nr. 13, 23. oktober 2008 i Innst. S nr. 10 (2008–2009), jf. St.meld. nr. 23 (2007–2008) Språk bygger broer:

«Stortinget ber Regjeringen komme tilbake med forslag til tiltak slik at elever som trenger utvikling i talespråk, tegnspråk, alternativ kommunikasjon, supplerende kommunikasjon, eller en kombinasjon av disse, får innfridd sine rettigheter etter lovverket.»

I Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap heiter det at departementet vil vurdere å fremme forslag om «en egen lovbestemmelse i opplæringsloven om opplæring av elever med behov for alternativ og supplerende kommunikasjon». Det skal ikkje innførast nye rettar, men det blir presisert at elevar med rett til spesialundervisning har rett til nødvendig innlæring av alternativ og supplerande kommunikasjon, jf. kap. 4.12 i meldinga. Når det gjeld CI-opererte barn og elevar, har Utdanningsdirektoratet i 2009 utarbeidd ei rettleiing for opplæring av barn og unge med hørselshemming. Sterkt tunghørde og barn og elevar med CI er sikra støtte til tale- og lyttetrening gjennom reglane om spesialundervisning i opplæringslova kap. 5. Departementet vil for øvrig vurdere eit tverrfagleg forum eller råd for å bidra til ei betre samordna pedagogisk oppfølging av barn med CI, jf. kap. 4.13 i meldinga.

Kunnskapsdepartementet viser til oppmodingsvedtak nr. 349, 27. mai 2009 i Innst. S nr. 239 (2008–2009), jf. Dok. 8:72 (2008–2009):

«Stortinget ber Regjeringen vurdere endring i opplæringsloven slik at elever som trenger utvikling i talespråk, tegnspråk, alternativ kommunikasjon, supplerende kommunikasjon, eller en kombinasjon av disse, sikres likeverdige rettigheter i lovverket.»

Departementet viser til oppfølginga av oppmodingsvedtak nr. 13, 23. oktober 2008, jf. omtalen over. I Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap heiter det at departementet vil vurdere å fremme forslag om «egen lovbestemmelse i opplæringsloven om opplæring av elever med behov for alternativ og supplerende kommunikasjon». Det skal ikkje innførast nye rettar, men det blir presisert at elevar med rett til spesialundervisning har rett til nødvendig innlæring av alternativ og supplerande kommunikasjon, jf. kap. 4.12 i meldinga.

Kunnskapsdepartementet viser til oppmodingsvedtak nr. 350, 27. mai 2009 i Innst. S nr. 239 (2008–2009), jf. Dok. 8:72 (2008–2009):

«Stortinget ber Regjeringen å gjennomgå Statped-systemet med sikte på å styrke og videreutvikle kompetansen om alternativ og/eller supplerende kommunikasjon (ASK), samt å vurdere å opprette ett eller flere nasjonale kompetansesentre for ASK.»

Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap kap. 6 inneheld ein omtale av korleis departementet vil følgje opp vedtaket nærmare:

«Statped-systemet er gjennomgått av Midtlyng-utvalget og utredet videre av departementet i oppfølgingen av NOU 2009: 18 Rett til læring. Kompetansen på ASK skal videreutvikles i Statped. Med en regionsenterstruktur vil det ikke være hensiktsmessig å opprette egne kompetansesentre for ASK. Det er derimot viktig at ASK utvikles som en del av flerfagligheten slik at den samlede kompetansen i Statped kan utnyttes på best mulig måte.»

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å flytte 1,9 mill. kroner frå kap. 220 post 70 til kap. 230 post 01, dette for å samle løyvinga til Møller kompetansesenter for utvikling og produksjon av læremiddel for hørselshemma elevar på ein post.

Departementet foreslår å styrkje kap. 230 post 01 med 4,2 mill. kroner til omorganiseringa av Statped.

Stiftelsen Signo har ein institusjon og ein skole i Andebu kommune for døvblinde og døve med tilleggsfunksjonshemmingar. Skolen er i dag finansiert av staten over kap. 230 post 01. Vaksne som bur ved institusjonen i Andebu kommune og har behov for vaksenopplæring, har fått finansiert denne opplæringa dels av opphavskommunen og dels av staten over kap. 230. Ifølgje opplæringslova er det Andebu kommune som er ansvarleg for å finansiere opplæring for vaksne som har meldt flytting til Andebu kommune. Det er derfor behov for ei opprydding når det gjeld finansieringa av vaksenopplæring ved Signo. Departementet foreslår at finansieringsansvaret blir ført over til Andebu kommune, og at det blir oppretta eit eige tilskott til kommunen for å dekkje ekstrakostnadene i samband med dette ansvaret. Departementet foreslår derfor å flytte 2,5 mill. kroner frå kap. 230 post 01 til kap. 227 post 61. Sjå òg omtale på kap. 227 post 61.

Departementet foreslår å redusere inntektsløyvinga til Statped over kap. 3230 post 02 med 300 000 kroner. Utgiftsløyvinga over kap. 230 post 01 blir foreslått redusert tilsvarande.

Kap. 3230 Kompetansesenter for spesialundervisning

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Inntekter frå oppdrag

64 690

52 989

54 632

02

Salsinntekter o.a.

15 660

13 573

13 694

Sum kap. 3230

80 350

66 562

68 326

Post 01 gjeld oppdragsverksemd som kompetansesentra utfører for kommunar, fylkeskommunar, høgskolar, universitet m.m.

Post 02 gjeld sal av læremiddel, sal av elevprodukt, sal frå kantine, utleige av lokale, inntekter frå hjelpemiddeltilpassing og inntekter frå kurs (kursmateriell, deltakarbetaling og opphaldsutgifter i samband med kurs). I Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap blir det lagt opp til endringar av praksis for inntekter knytt til tilrettelagde læremiddel, som for eksempel lydbøker. I dag låner Statped ut denne typen bøker til kommunar og fylkeskommunar mot eit gebyr per bok. Det er ønskjeleg å redusere desse gebyra slik at dei på sikt berre dekkjer formidlingskostnadane. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga over kap. 3230 post 02 med 300 000 kroner.

Programkategori 07.30 Barnehagar

Utgifter under programkategori 07.30 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

231

Barnehagar

26 198 867

536 664

342 236

-36,2

Sum kategori 07.30

26 198 867

536 664

342 236

-36,2

Om finansieringa av barnehagane i statsbudsjettet

Til og med 2010 var barnehagane i all hovudsak finansierte gjennom statleg tilskott løyvd over programkategori 07.30, frie midlar til kommunane og foreldrebetaling. Frå 2011 vart hovuddelen av dei statlege tilskotta til barnehagar innlemma i rammetilskottet til kommunane. Kommunane har dermed overteke ansvaret for finansieringa av barnehagane. Nærmare informasjon om ressursbruken i barnehagesektoren finst i kap. 7 i del 3.

Innleiing

Målet til regjeringa er eit tilgjengeleg barnehagetilbod av høg kvalitet, og som gjennom tidleg innsats medverkar til sosial utjamning og livslang læring. Tidleg innsats inneber både eit godt pedagogisk tilbod frå barna er små, og at problem blir avdekte og tiltak sette inn tidleg i utdanningsløpet.

Regjeringa vil i 2012 leggje fram ei stortingsmelding om framtidas barnehage. Meldinga skal gi ei tydeleg retning for barnehagepolitikken både om kvaliteten og innhaldet, kompetansen til personalet i barnehagen og styringsutfordringane i sektoren.

Regjeringa ønskjer å legge til rette for at alle barnehagar skal ha høg og likeverdig kvalitet. Sjølv om kommunane har teke over ansvaret for finansiering av barnehagane, vil regjeringa sikre dei ikkje-kommunale barnehagane gode og stabile rammevilkår.

Hovudprioriteringar for 2012

Hovudmåla til regjeringa på barnehagefeltet er likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar, at alle barnehagar skal vere ein god arena for omsorg, leik, læring og danning, og at alle barn skal få delta aktivt i eit inkluderande fellesskap.

Regjeringa vil i 2012 føre vidare den statlege satsinga på barnehagar. Totalt er det foreslått å auke løyvingane til barnehageformål med om lag 522 mill. kroner i 2012.

Regjeringa vil sikre ikkje-kommunale barnehagar gode driftsvilkår i ein rammefinansiert sektor. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å auke minimumstilskottet til ikkje-kommunale barnehagar frå 91 til 92 pst. frå 1. august 2012. Det er foreslått å løyve 28,5 mill. kroner til formålet i 2012. Inkludert heilårseffekten av opptrappinga av minimumstilskottet i statsbudsjettet for 2011, foreslår regjeringa ei samla styrking av ikkje-kommunale barnehagar på om lag 162 mill. kroner. Auka tilskott til ikkje-kommunale barnehagar vil leggje til rette for å jamne ut skilnadene i lønns- og arbeidsvilkår mellom tilsette i kommunale og ikkje-kommunale barnehagar.

Det er eit mål for regjeringa at foreldrebetalinga skal vere så låg at alle som ønskjer det, skal ha råd til å betale for ein barnehageplass. Kunnskapsdepartementet foreslår å føre vidare maksimalgrensa for foreldrebetalinga på same nominelle nivå som i 2011. Det er foreslått å løyve 233,7 mill. kroner til dette formålet i 2012. Inkludert heilårseffekten av nominell vidareføring av maksimalprisen i statsbudsjettet for 2011, foreslår regjeringa ei samla løyving på 360 mill. kroner til lågare pris i barnehagen.

I 2012 vil det totalt over kap. 231 bli nytta over 120 mill. kroner til forsking, kvalitets- og rekrutteringstiltak. Kompetansen til personalet i barnehagen er avgjerande for kvaliteten på tilbodet. Mangelen på pedagogar og låg formell kompetanse blant dei tilsette i barnehagane krev vidare satsing for å rekruttere fleire pedagogar og for å heve kompetansen til barnehageassistentane. Kunnskapsdepartementet ønskjer derfor å føre vidare arbeidet med rekruttering og kompetanseheving.

Mål: Retten til barnehageplass blir innfridd

Stortinget innførte ein individuell rett til barnehageplass i 2009. Målet for regjeringa er at alle barn skal få oppfylt den lovfesta retten sin. Retten inneber at barn som har fylt eitt år innan 1. september, og som har søkt innan fristen for hovudopptaket, har rett til barnehageplass same året. Retten skal oppfyllast innan utgangen av august det året det blir søkt om plass for. Den individuelle retten er ei minimumsplikt for kommunane. Det er viktig at kommunane følgjer med på endringar i fødselstal, til- og fråflytting og andre faktorar som påverkar barnehagetilbodet.

Tilstandsvurdering

I september 2011 gjennomførte departementet ei undersøking som viste at fire kommunar av ulike grunnar hadde særlege utfordringar og ikkje klarte å innfri retten til barnehageplass innan 1. september 2011. Dette omfattar til saman om lag 60 barn som må vente med oppstart i barnehagen til seinare på hausten. Departementet har bedt fylkesmennene om å følgje opp desse kommunane for å forsikre seg om at tiltak for å opprette dei nødvendige barnehageplassane blir sett i verk.

Ved utgangen av 2010 gjekk om lag 277 100 barn i ordinær barnehage eller familiebarnehage. I tillegg nytta om lag 6 600 barn tilbod om open barnehage. Barn under tre år utgjer no 37 pst. av alle barn i barnehage, mot 29 pst. i 2005.

Frå utgangen av 2005 og fram til utgangen av 2010 har nær 54 000 fleire barn fått plass i barnehage. Kommunane og private utbyggjarar har etablert om lag 67 000 nye heiltids barnehageplassar i same periode. Noko av kapasitetsauken i barnehagesektoren har i fleire år gått med til å auke opphaldstida til barn som allereie har plass i barnehage. Det har derfor vorte bygd fleire barnehageplassar enn det har komme nye barn i barnehagen, jf. nærmare omtale i kap. 7 om ressursar i barnehagesektoren.

I januar 2011 vart følgjande statlege tilskott innlemma i rammetilskottet til kommunane:

  • ordinært driftstilskott til barnehagar (kap. 231 post 60)

  • tilskott til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehage (kap. 231 post 62)

  • skjønnsmidlar til barnehagar (kap. 231 post 65)

Ved innføring av rammefinansiering er det lagt til rette for at kommunane skal kunne tilby plass til alle barn med rett til barnehageplass.

Strategiar og tiltak

Regjeringa foreslår å avvikle kontantstøtta for toåringar og innføre differensierte kontantstøttesatsar for eittåringar, jf. Prop. 1 S (2011–2012) for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. Det blir lagt til grunn at endringane i kontantstøtta vil gi auka behov for barnehageplassar. Kommunane blir kompenserte for meirutgiftene gjennom ein auke i rammetilskottet på 91,9 mill. kroner, jf. omtale i Prop. 1 S (2011–2012) for Kommunal- og regionaldepartementet.

Mål: Høg kvalitet

Det er tre mål for regjeringas satsing på høg kvalitet i barnehagen: likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar, at alle barnehagar skal vere ein god arena for leik, omsorg, læring og danning, og at alle barn skal få delta aktivt i eit inkluderande fellesskap.

Likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar

Det er store variasjonar i barnehagesektoren i Noreg når det gjeld eigarskap, storleik, organisering og personale. Det er eit mål å jamne ut kvalitetsskilnader i barnehagetilbodet og å sikre eit likeverdig tilbod av høg kvalitet for alle barn.

Tilstandsvurdering

Fleire undersøkingar som har vore gjennomførte i dei siste åra, viser at det er store variasjonar mellom kommunane i tilrettelegging for høg og likeverdig kvalitet i alle barnehagar. I 2010–11 gjennomførte International Research Institute of Stavanger (IRIS) på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet ei undersøking av organiseringa av barnehagane og kva konsekvensar strukturelle faktorar har for kvalitet. Ein av konklusjonane er at dei ulike barnehageformene har ulike kvalitetstrekk. Dess større barnehagane er, dess oftare oppfyller dei krava til formell utdanning hos personalet. Tilsette i store barnehagar har òg betre moglegheiter for fagleg utvikling enn tilsette i små barnehagar. Pedagognorma blir oftare etterlevd jo større barnehagen er. Dei mellomstore barnehagane kom godt ut på ulike kvalitetsindikatorar slik som utdanningsnivået til dei tilsette, oppfylling av pedagognorma, areal per barn, rom til å skjerme dei yngste, gruppestorleik, nærvær av pedagogiske leiarar i barnegruppene, og talet på barn som den enkelte vaksne held seg til. Dei minste barnehagane kom særleg godt ut for dei yngste barna fordi dei held seg til eit avgrensa tal på tilsette.

Forsking om og for barnehagar er nødvendig for å utvikle praksisfeltet, og det er ein viktig føresetnad for kvalitetsutvikling i barnehagesektoren. Det har vore ein sterk auke i barnehageforskinga i dei seinare åra. Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) presenterte våren 2011 ei kartlegging av utdanningsforskinga i 2009 som syner at barnehageområdet hadde størst prosentvis vekst blant forskingsområda frå 2007 til 2009, frå 36 mill. kroner i 2007 til 107 mill. kroner i 2009, ein auke på om lag 200 pst. Likevel utgjer barnehageforskinga framleis berre 13 pst. av den samla innsatsen innanfor utdanningsforsking. Det er derfor nødvendig å føre vidare forskingssatsinga på barnehagar. Kartlegginga syner dessutan at talet på professorar og forskarar med doktorgrad er lågare på barnehageområdet enn innanfor andre område i utdanningsforskinga. Det er behov for å sjå nærmare på tilhøve som kan påverke rekruttering og kompetansenivå.

Både det nye forskingsprogrammet Praksisretta utdanningsforsking 2010–2014 (PRAKUT) og Utdanning 2020 (2009–2018) har store utlysingar i 2011 der ein kan vente fleire nye forskingsprosjekt med relevans for barnehagar.

I tillegg til ulike forskingsprogram vil Noregs forskingsråd huse det nye nasjonale kunnskapssenteret for utdanning. Kunnskapssenteret er under etablering i 2011, og barnehageområdet inngår i oppdraget til senteret. Kunnskapssenteret vil mellom anna samle, analysere og spreie kunnskap om kva som gir god kvalitet i barnehagar.

Kunnskapsdepartementet og Folkehelseinstituttet (FHI) har sidan 2007 samarbeidd om prosjektet Språkutvikling og læringsutbytte fra 6 mnd. til 8 år – påvirkninger fra hjem, barnehage og skole. Dette er eit underprosjekt i den norske mor og barn-undersøkinga (MoBa). I perioden fram mot 2016 vil FHI undersøke effektar på mellom anna den språklege utviklinga til barna ved ulik kvalitet i barnehagen.

Den nasjonale forskarskolen for lærarutdanningane (NAFOL), som vart etablert i 2009, består av eit nettverk av 24 norske høgskolar og universitet som tilbyr forskarutdanning for stipendiatar. I 2010 vart 20 stipendiatar tekne opp til det første kullet, og i januar 2011 starta kull to med 23 stipendiatar. Fleire av stipendiatane utfører sitt doktorgradsarbeid innanfor barnehagerelaterte tema.

God styring av barnehagesektoren kan medverke til å redusere kvalitetsskilnadene mellom barnehagane. Tilsyn er eit viktig verkemiddel. På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet gjennomførte PricewaterhouseCoopers (PWC) ei undersøking i 2011 om tilsynspraksisen til kommunane. Undersøkinga syner at kommunane har auka tidsbruken til tilsyn med om lag 60 pst. i perioden 2003–10. Det er svært positivt sett i lys av den sterke veksten i talet på barnehageplassar i same periode. Samtidig viser undersøkinga at tilsynspraksisen varierer betydeleg mellom kommunane. I perioden 2006–10 har 21 pst. av kommunane ikkje gjennomført stadlege tilsyn med dei ordinære kommunale barnehagane. Kommunane har ei dobbeltrolle som barnehageeigar og tilsynsmyndigheit. Denne rolla er utfordrande, men mange av kommunane har gjennomført organisatoriske grep for å styrkje sjølvstendet og legitimiteten til tilsynet, til dømes interkommunalt samarbeid i tilsynssamanheng. Fylkesmannen fører tilsyn med kommunane som barnehagemyndigheit. Dette tilsynet vart styrkt med 7,2 mill. kroner i 2011. Riksrevisjonens rapport, jf. Innst. 72 S (2009–2010), peikte mellom anna på kor viktig tilsyn er for å sikre kvaliteten på barnehagetilbodet.

Den nye forskrifta om finansiering av ikkje-kommunale barnehagar tok til å gjelde frå 1. januar 2011. Ikkje-kommunale barnehagar får etter forskrifta ei sikker finansiering. Dei kommunale tilskotta skal gi økonomisk grunnlag for eit godt barnehagetilbod, og det er derfor ein føresetnad at midlane blir brukte i barnehagane, og ikkje går til urimeleg høge vederlag til eigarane. Departementet arbeider med framlegg til føresegner som regulerer bruken av tilskott og foreldrebetaling. Desse føresegnene skal sikre at midlane kjem barna til gode.

Kommunane overtok ansvaret for finansiering av barnehagane frå januar 2011. Kunnskapsdepartementet arrangerte hausten 2010 samlingar for fylkesmannsembeta og kommunane om forskrift om likeverdig behandling ved tildeling av offentleg tilskott til ikkje-kommunale barnehagar. I tillegg har Fylkesmannen rettleidd kommunane i dei nye reglane. Kommunane sjølve har gjort ein stor innsats for å setje seg inn i dei nye reglane og har utarbeidd satsar for drifts- og kapitaltilskott til ikkje-kommunale barnehagar. Endringa i finansieringa har vore ei stor utfordring for sektoren der både kommunar og ikkje-kommunale barnehageeigarar må rette seg etter eit nytt system. Kunnskapsdepartementet har løpande kontakt med sentrale aktørar i sektoren, og vil følgje utviklinga i kommunane nøye i tida framover.

For å implementere endringar i barnehagelova, den nye formålsparagrafen og følgjeendringar i rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen, vart fylkesmennene tildelte 1,9 mill. kroner i 2011. Fylkesmennene har eit særleg oppdrag i å formidle endringane og å leggje til rette for utviklingsarbeid i kommunar og barnehagar. Den nye formålsparagrafen i barnehagelova er tydeleg når det gjeld dei verdiane som barnehagane skal byggje på, krava til verksemda i barnehagen og samarbeidet med foreldra.

Strategiar og tiltak

For å sikre likeverdig kvalitet i alle barnehagar og stabile rammevilkår for ikkje-kommunale barnehagar tek regjeringa sikte på å halde fram med opptrappinga av tilskottet til ikkje-kommunale barnehagar. Hausten 2011 vart minimumstilskottet til dei ikkje-kommunale barnehagane auka frå 88 til 91 pst. av det dei kommunale barnehagane i gjennomsnitt får i offentlege tilskott. I statsbudsjettet for 2012 foreslår regjeringa å auke minimumstilskottet frå 91 til 92 pst. frå 1. august 2012. Det er foreslått å løyve 28,5 mill. kroner til dette formålet. Regjeringa tek sikte på å oppnå full likeverdig behandling av kommunale og ikkje-kommunale barnehagar i løpet av 2014.

Frå 1. januar 2012 vil Kunnskapsdepartementet delegere forvaltnings- og utviklingsoppgåver på barnehagefeltet til Utdanningsdirektoratet. Rolledelinga mellom departementet og direktoratet vil dermed i hovudsak bli den same som på opplæringsområdet. Målet med delegeringa av oppgåver til direktoratet er å styrkje arbeidet med kvalitetsutvikling i sektoren. Samanhengen mellom barnehage og opplæring vil bli ytterlegare styrkt når Utdanningsdirektoratet får oppgåver på barnehageområdet.

Barnehagelovutvalet, (tidlegare Brustadutvalet), som blir leidd av Kjell Erik Øie, skal vurdere styringsverktøya i barnehagesektoren. Utvalet vil levere innstillinga si 1. desember 2011. Departementet vil vurdere tilrådingane frå utvalet og komme tilbake til korleis desse skal følgjast opp.

Departementet vil føre vidare forskingsinnsatsen på barnehagefeltet i 2012. I tillegg har Kunnskapsdepartementet gitt Noregs forskingsråd i oppdrag å setje ut eit nytt, stort femårig forskingsprosjekt om kva slags barnehagar som er bra for trivselen og utviklinga til barn, og kor gode barnehagane i Noreg er. Prosjektet vil inngå i forskingsprogrammet Utdanning 2020, og blir lyst ut i 2011. Utlysingane i forskingsprogramma PRAKUT og Utdanning 2020 vil innebere ei rekkje nye relevante forskingsprosjekt, som mellom anna skal sjå på tilbodet til dei yngste barna og barnehagen som arena for omsorg og læring. Dei vil bli sette i gang i 2012. PRAKUT og Utdanning 2020 er nærmare omtalte under programkategori 07.50.

Forskarskolen vil medverke til auka kvalitet i barnehageforskinga gjennom ei organisert forskarutdanning i eit nasjonalt nettverk av samarbeidande institusjonar. Tiltaket vil over tid auke talet på doktorgrader på barnehageområdet. Utdanningsforskingsprogramma PRAKUT og Utdanning 2020 i regi av Noregs forskingsråd gir rom for større omfang og betre kvalitet på barnehageforskinga.

Departementet har støtta Atferdssenterets utviklingsprosjekt som omhandlar barns sosiale utvikling i barnehagen. Atferdssenteret vil i 2012 levere ein ny rapport som omhandlar treåringar.

Departementet støttar barnehagedelen i den norske mor og barn-undersøkinga til Folkehelseinstituttet. Dette er eit tillegg til spørreundersøkinga retta mot mødrene som mellom anna vil kunne gi kunnskap om kva barnehagen har å seie for språkleg utvikling hos barn. Dei siste resultata frå undersøkinga vil etter planen komme i 2016.

Departementet har starta arbeidet med å utvikle eit system for å følgje med på utviklinga av kvaliteten i barnehagesektoren. I arbeidet har det vore viktig å få fram sektorens syn på og behov for eit slikt kvalitetsvurderingssystem. Det vart derfor arrangert eit fagseminar der mellom anna representantar frå fylkesmenn, kommunar, Statistisk sentralbyrå (SSB) og forskingsfeltet deltok. Vidare utvikling av systemet er ei av dei oppgåvene som vil bli overførte til Utdanningsdirektoratet frå januar 2012.

For å kunne utvikle barnehagesektoren på ein god måte må regjeringa ta stilling til kva som skal vere måla for framtidas barnehage. Departementet vil derfor leggje fram ei stortingsmelding om framtidas barnehage hausten 2012. I meldinga vil det bli gitt eit oppdatert kunnskapsgrunnlag. I dei siste åra har det vore lagt fram fleire offentlege utgreiingar og stortingsmeldingar som omhandlar framtidas barnehage. Forslaga til tiltak skal saman med kunnskapsgrunnlaget i desse dokumenta leggje eit grunnlag for regjeringas syn på framtidas barnehage.

Kompetansen til personalet og rekruttering av fleire pedagogar er òg sentrale faktorar for å sikre likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar. Forslag til tiltak på dette området er omtalte under målet om barnehagen som ein god arena for omsorg og leik, læring og danning.

Alle barnehagar skal vere ein god arena for omsorg og leik, læring og danning

Førskolealderen er ein læringsintensiv fase for barna. Grunnlaget for deltaking i sosiale fellesskap, for vennskap og for vidare utvikling og læring blir lagt i tidlege barneår. Barnehagen skal ta på alvor læringa og utviklinga til alle barn og ruste det einskilde barnet for livslang læring.

For at barnehagen skal vere ein lærande og utviklande arena for alle barn, er det nødvendig at barnehagen har nok tilsette med god kunnskap og kompetanse om barn, barndom og utvikling hos barn. Kompetente tilsette er ein føresetnad for å gi alle barn eit godt pedagogisk tilbod og for høg kvalitet i barnehagen. Dette blir slått fast i St.meld. nr. 41 (2008–2009) Kvalitet i barnehagen, og det ligg til grunn for regjeringas satsing på kvalitet.

Tilstandsvurdering

Barnehagesektoren har gått gjennom ei stor reform i dei seinare åra, med mellom anna kraftig utbygging av talet på barnehageplassar og stor auke i talet på tilsette. Talet på tilsette har auka med nær 30 000 sidan 2003, og sjølv om studiekapasiteten i førskolelærarutdanninga samtidig er betra, er det for få av dei nytilsette som har barnehagefagleg kompetanse. Dette skyldast delvis at det tek lengre tid å utdanne personale enn å byggje ut barnehageplassar, men vel så viktig er det at arbeid i barnehagen framleis har låg status. Dette er eit problem for rekrutteringa.

I St.meld. nr. 41 (2008–2009) Kvalitet i barnehagen vart det varsla at departementet vil gi ut ein rettleiar om krava til pedagogisk bemanning i barnehagelova med forskrifter. Rettleiaren vart utgitt i august 2011. I barnehagelova og rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen er det lagt nasjonale føringar på å sikre kvaliteten på barnehagetilbodet. Krava til pedagogisk bemanning (pedagognorma) skal sikre tilstrekkeleg kvalifiserte tilsette i barnehagen. Rettleiaren har som formål å klargjere regelverket for pedagogisk bemanning. Det er inga endring i regelverket.

Delen styrarar og pedagogiske leiarar utan godkjend utdanning etter barnehagelova var i 2010 på 13,7 pst., mot 13,8 pst. i 2009. Med dagens tal manglar det om lag 4 000 pedagogar i barnehagane. Departementet antar at klargjeringa av lovas krav til pedagogisk bemanning vil gi behov for fleire førskolelærarar. Det vil vere høve for den enkelte barnehageeigaren til å søkje kommunen om dispensasjon frå utdanningskrava og pedagognorma. Rettleiaren og tydeleggjeringa av regelverket vil i ein periode gi ein auke i talet på dispensasjonar. På lengre sikt vil delen pedagogar i barnehagane kunne auke sidan den store barnehageutbygginga er over og det blir utdanna fleire førskolelærarar.

Tal frå Samordna opptak per april 2011 syner at talet på søkjarar som har førskolelærarutdanning som førsteval, er redusert for tredje år på rad. I 2009 var det 3 621 utdanningssøkjarar som hadde førskolelærarutdanning som førsteval, mot 3 070 i 2010 og 3 050 i 2011. Reduksjonen er ikkje stor i absolutte tal, men dersom ein ser utviklinga i lys av at det totalt sett har vore ein auke i søkninga til høgre utdanning, kan dette tyde på at førskolelærarutdanninga har vorten mindre populær enn før.

Departementet har gjennom Strategi for kompetanseutvikling i barnehagesektoren (2007–2011) og Strategi for rekruttering av førskolelærere i barnehagen (2007–2011) arbeidd for å styrkje kompetansen til dei tilsette og rekruttere fleire førskolelærarar. Begge strategiane er inne i sitt siste år. Strategi for kompetanseutvikling i barnehagesektoren (2007–2011) har vore kartlagd gjennom heile perioden, og sluttrapport vart ferdigstilt i august 2011. Kartlegginga gir indikasjonar på at kommunane har styrkt rolla si som organisator av felles kompetansetiltak for både offentlege og private barnehagar. Fleire barnehagetilsette har teke del i kompetanseutviklingstiltak i strategiperioden enn tidlegare. Mange har teke del i vidareutdanning som gir formell kompetanse, mens eit klart fleirtal av dei tilsette har teke del i kurs og anna opplæring. Dei prioriterte temaområda i strategiplanen ser ut til å ha vorte følgde opp med tilsvarande prioritering lokalt. Kartlegginga tyder på at strategien har vorten oppfatta som viktig, og at han har medverka til auka verdsetjing av det arbeidet som blir utført i barnehagane.

God leiing av den einskilde barnehagen er nødvendig for å sikre og utvikle kvaliteten i barnehagetilbodet. Leiarskap er ikkje eit eige fag i førskolelærarutdanninga, og Kunnskapsdepartementet har derfor oppretta ei særskild leiarutdanning på masternivå for styrarar i barnehagar frå og med hausten 2011. Fem utdanningsinstitusjonar gir tilbod om denne utdanninga, som eit deltidsstudium over to semester. Interessa for utdanninga har vore stor. Over 1 100 styrarar søkte på 240 plassar. I revidert nasjonalbudsjett for 2011 vart det derfor løyvd midlar til å auke studiekapasiteten med ytterlegare 60 plassar, jf. Innst. 420 S (2010–2011) og Prop. 120 S (2010–2011). Å satse på vidareutdanning av styrarar er viktig for å auke kompetansen og halde på førskolelærarar i barnehagane.

Programmet Veiledning for nyutdannede lærere er eit viktig verkemiddel for å auke kompetansen i barnehagane. Programmet vart hausten 2011 utvida, slik at alle nyutdanna førskolelærarar no vil få tilbod om rettleiing. Det er barnehageeigar som har hovudansvaret for at tilbodet om rettleiing blir sett i verk.

Hausten 2010 overleverte Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) ei evaluering av førskolelærarutdanninga, gjord på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Evalueringa synte at utdanninga ikkje har halde følgje med utviklinga i barnehagesektoren i dei seinare åra med mellom anna større mangfald i barnegruppene og nye organisasjonsformer, samt høgre krav til kvalitet. NOKUT kom med ei rekkje forslag til fagleg forbetring av førskolelærarutdanninga. Departementet har i 2011 vurdert tilrådingane frå NOKUT, og sett i verk fleire tiltak. Det viktigaste er ein revisjon av rammeplanen for førskolelærarutdanninga. Departementet har sett ned eit breitt samansett rammeplanutval for førskolelærarutdanninga som skal komme med forslag til ny rammeplan. Ny rammeplan for førskolelærarutdanninga vil gjelde frå og med skoleåret 2012–13.

Eit nasjonalt barnehageforum med sentrale aktørar i sektoren vart oppretta i 2010. Forumet skal medverke til dialog og kunnskapsdeling om dei utfordringane som er knytte til kvalitet, kompetanse og rekruttering i barnehagesektoren. Forumet har møte med statsråden to gonger per år.

Den nye formålsparagrafen i barnehagelova slår fast at barnehagen som arena for læring og danning mellom anna skal leggje til rette for barns undring, utforskartrong og deira glede over å skape. For å understøtte barnehagane i arbeidet med å implementere endringane i lov og rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen blir pilotprosjektet om barnehagen som læringsmiljø og danningsarena sett i gang i seks fylke hausten 2011. Under koordinering av fylkesmennene og med støtte frå fagfolk ved universitet/høgskolar i regionen skal barnehagane utvikle praksisen sin slik at verdiane i formålet kan bli omsette i kvardagserfaringar for barna.

I Handlingsplan for samiske språk er eit av tiltaka å utarbeide ein eigen kompetansestrategi som har språkmiljø og språkstimulering som eitt av fire prioriterte område. Denne vart utvikla i 2010. Strategien understrekar at samiske barn må få støtte til å bevare språket sitt. Det er eit godt etablert samarbeid mellom dei fem fylkesmennene lengst nord i Noreg og Sametinget (RegioNor). Saman arbeider dei med å utforme regionale og lokale tiltak for aktivt å stimulere kommunar med samiske barn til å søkje kompetansemidlar.

Kunnskapsdepartementet har utarbeidd eit hefte til foreldre i barnehagen, med vekt på regelverk, rammeplan og rett til barnehageplass. Dette er omsett til nord-, sør- og lulesamisk. Departementet har i samarbeid med Sametinget utforma ein rettleiar som skal gi retning for kva som kan vere barnehagens innhald når det gjeld samisk språk og kulturutvikling. Denne ligg føre på norsk og nordsamisk, og skal omsetjast til sør- og lulesamisk. I tillegg er rettleiaren Frå eldst til yngst. Samarbeid og samanheng mellom barnehage og skole og Temahefte om språkmiljø og språkstimulering i barnehagen omsette til nord- og sørsamisk. Ny utgåve av rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen med endringar som følgje av ny formålsparagraf har også vorten omsett til nordsamisk.

Handlingsplan for likestilling i barnehage og grunnopplæring (2008–2010) er avslutta. Likestilling 2014 – regjeringas handlingsplan for likestilling mellom kjønna vil bli lansert av Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet i løpet av hausten 2011. Å betre kjønnsbalansen blant personalet i barnehagane og å vidareutvikle eit læringsmiljø i barnehagane som medverkar til å fremme likestilling mellom gutar og jenter, er eit langsiktig arbeid som må halde fram. For utdjupande omtale, sjå kap. 8 Likestilling.

Foreldreutvalet for barnehagar (FUB), som vart oppretta i august 2010, skal medverke til eit godt samarbeid mellom barnehage og heim slik at alle barn får eit best mogleg barnehagetilbod. For nærmare omtale av FUB, sjå kap. 221 post 01.

Strategiar og tiltak

Kompetansen til personalet er den viktigaste ressursen i barnehagen, og ein føresetnad for eit barnehagetilbod med høg kvalitet. Regjeringa ønskjer å auke den barnehagefaglege og barnefaglege kompetansen i barnehagane, og foreslår derfor å føre vidare satsinga på rekruttering av førskolelærarar og kompetanseutvikling i barnehagane i 2012. I 2012 vil det totalt over kap. 231 bli nytta over 120 mill. kroner til forsking, kvalitets- og rekrutteringstiltak.

For å følgje opp, forsterke og koordinere det vidare arbeidet med kompetanseutvikling i barnehagane har Kunnskapsdepartementet sett i gang eit større prosjekt, Kompetanse 2020. Hovudmålet for prosjektet er å styrkje kompetansen til dei tilsette og heve statusen for arbeid i barnehage, og departementet vil i løpet av 2012 leggje fram ein samla kompetansestrategi. Eit av elementa i denne kompetansestrategien er ein rekrutteringskampanje for førskolelærarutdanning retta mot unge utdanningssøkjarar. Kampanjen skal gå over minst tre år, med oppstart i 2012. Hovudmålet med kampanjen er å auke merksemda om førskolelærarutdanninga som eit interessant og spennande studieval, og barnehagen som ein interessant arbeidsplass. Strategi for rekruttering av førskolelærere i barnehagen (2007–2011) skal evaluerast, og resultata vil liggje føre våren 2012. Evalueringa vil vere eit viktig bidrag til korleis vidare satsingar på å rekruttere førskolelærarar til barnehagane skal innrettast.

Leiarutdanninga for styrarar og programmet Veiledning for nyutdannede lærere er to viktige tiltak som er sette i gang, og som blir førte vidare i 2012.

Departementet vil halde fram med arbeidet med å følgje opp tilrådingane frå NOKUT for forbetring av førskolelærarutdanninga. Ny rammeplan for førskolelærarutdanninga blir innført frå skoleåret 2012–13. Det vil også bli oppretta eigne følgjegrupper som skal overvake det arbeidet utdanningsinstitusjonane gjer med kvalitetsutvikling, når det gjeld både implementering av ny rammeplan og dei tilbakemeldingane som den einskilde institusjonen har fått gjennom evalueringa til NOKUT. Departementet vil også halde tett kontakt med utdanningsinstitusjonane gjennom den ordinære styringsdialogen.

Ei rekkje kompetanse- og utviklingstiltak blir no sette i gang i barnehagesektoren. Desse byggjer på og fører vidare dei nasjonale strategiane for kompetanse og rekruttering, samstundes som dei tek for seg det nye formålet og dei nye endringane i rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. Dette gjeld tiltak som kompetanseheving for assistentar i barnehagane, vidareutdanning i pedagogisk utviklingsarbeid for førskolelærarar, leiarutdanning for styrarar og rettleiing av nyutdanna førskolelærarar. Førskolelærarar vil få auka kompetanse innanfor spesialpedagogikk gjennom ny rammeplan for førskolelærarutdanninga. Ved behandlinga av stortingsmeldinga om kvalitet i barnehagen vart det varsla ei større revidering av rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. Fleire utval har hatt forslag til endringar. Departementet vil, etter at stortingsmeldinga om framtidas barnehage er lagt fram, vurdere om det er behov for endringar i rammeplanen.

Kunnskapsdepartementet vil styrkje språkmotiveringsseminar i små kommunar der få tilsette har rettleiingskompetanse. Departementet skal i tillegg leggje til rette for informasjons- og erfaringsspreiing om gode språkutviklingstiltak.

Boks 4.5 Tiltak for auka kompetanse og rekruttering i barnehagane

Kompetente tilsette er ein føresetnad for å gi alle barn eit godt pedagogisk tilbod og for høg kvalitet i barnehagen. Rekruttering av førskolelærarar er eit viktig mål for regjeringa.

  • Regjeringa satsar vidare på rekruttering av førskolelærarar og kompetanseutvikling i barnehagane i 2012.

  • Til forsking, kvalitets- og rekrutteringstiltak vil det totalt i 2012 bli nytta meir enn 120 mill. kroner.

  • Ein rekrutteringskampanje for førskolelærarutdanning startar i 2012.

  • Leiarutdanning på masternivå for styrarar i barnehagar vart oppretta hausten 2011.

  • Prosjektet Kompetanse 2020 er etablert for å forsterke arbeidet med kompetanseutvikling i barnehagane.

Alle barn skal få delta aktivt i eit inkluderande fellesskap

Barnehagen skal inkludere alle, uavhengig av bakgrunn og funksjonsnivå, og har eit særleg ansvar for å sikre god og tidleg hjelp til barn som har behov for særskild oppfølging.

Tilstandsvurdering

Regjeringa er oppteken av at barnehagetilbodet blir lagt til rette slik at alle barn får eit godt omsorgs- og læringsmiljø som fremmer trivsel, livsglede, meistring og kjensle av eigenverd. Barnehagen er ein viktig arena for å arbeide med førebyggjande tiltak for helse, sosial inkludering og livslang læring. For at barnehagen skal fungere førebyggjande er det viktig at barn med alle typar bakgrunn går i barnehage. Samanlikning av tal frå Barnetilsynsundersøkelsen i 2010 og tilsvarande undersøking i 2002 viser at det er vorte større sosial utjamning i barnehagebruk. Ein større del barn med innvandringsbakgrunn og barn av foreldre med låg utdanning og låg inntekt går i barnehage i 2010 enn i 2002.

Det er viktig med godt samarbeid mellom barnehagane og andre statlege og kommunale instansar som har ansvar for barn og oppvekst. FoU-prosjektet Samarbeid til barnets helhetlige utbytte? En case-basert studie av samarbeidet rundt barnehagebarn med individuell plan, gjennomført av Universitetet i Agder og Agderforskning, vart avslutta hausten 2010. Resultata syner mellom anna at barnehagen er ein viktig initiativtakar til tverrfagleg samarbeid til dømes når det gjeld å få gjort avtalar med fagpersonar. Ei utfordring som blir trekt fram i rapporten, er at kompetansen til personalet i barnehagen ikkje blir verdsett i stor nok grad når det gjeld oppfølging av barn med spesielle behov.

I april 2011 la Kunnskapsdepartementet fram Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap. Tidlig innsats og gode læringsmiljøer for barn, unge og voksne med særlige behov, som følgjer opp forslaga til Midtlyngutvalet i NOU 2009: 18 Rett til læring. Departementet foreslår mellom anna å sikre at alle barn får tilbod om språkkartlegging i barnehagen, og å flytte opplæringslovas føresegn som gjeld barn under opplæringspliktig alder, til barnehagelova. Dette gjeld mellom anna retten til spesialpedagogisk hjelp. Flytting av desse føresegnene vil kunne medverke til å styrkje samarbeidet mellom barnehagane og den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT). Meldinga skal behandlast i Stortinget hausten 2011.

Barnehage er ein viktig arena for integrering og språkopplæring for minoritetsspråklege barn i førskolealderen. Språk gjer det mogleg å kommunisere og gir identitet og tilhørsel til eit fellesskap. I dei siste åra har delen minoritetsspråklege barn i barnehage auka. I 2010 gjekk 71 pst. av alle minoritetsspråklege barn i alderen eitt til fem år i barnehage, mot 54 pst. i 2005. For alle barn i aldersgruppa var dekningsgraden 89 pst. i 2010.

For å rekruttere minoritetsspråklege barn til barnehage, betre norskkunnskapane for minoritetsspråklege barn og medverke til sosialiseringa generelt har Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet eit forsøk med gratis kjernetid i barnehage, jf. Prop. 1 S (2011–2012) for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. Forsøket inneber tilbod om gratis opphald i barnehage fire timar om dagen, totalt inntil 20 timar per veke i utvalde område med ein høg del minoritetsspråklege barn. Forsøket vart sett i gang i 2006 og har gradvis vorte utvida. Per 1. august 2011 er det forsøk i seks bydelar i Oslo, i to område i Drammen og i tre skolekrinsar i Bergen. Målgruppa for forsøket er i hovudsak alle fire- og femåringar i forsøksområda, unnateke i Drammen, der forsøket også gjeld treåringar, og i bydel Gamle Oslo, der målgruppa er fireåringar. Rapporteringa frå forsøkskommunane seier at gratis kjernetid har medverka til at talet på minoritetsspråklege barn i barnehage har auka. Ved inngangen til 2011 hadde nesten alle fire- og femåringar i Groruddalen og Søndre Nordstrand erfaring frå barnehage. Også i Drammen, Bergen og i bydel Gamle Oslo har barnehagedeltakinga auka.

Som følgje av forslag i NOU 2010: 7 Mangfold og mestring er det sett i verk fleire tiltak. Det er mellom anna utvikla ein nettressurs for fleirspråklege barn, og denne vart tilpassa til barnehage i 2011, sjå nærmare omtale under post 63. Regjeringa er oppteken av at fleire av dei barna som har særleg behov for språkstimulering, kan bli oppdaga tidleg. Kunnskapsdepartementet sette i 2010 ned eit ekspertutval som skal gi ei fagleg vurdering av verktøy som blir nytta til språkkartlegging i barnehagane. Arbeidet er eit ledd i å leggje til rette for at barnehagane skal kunne tilby språkkartlegging til alle barn ved treårsalderen. Formålet med språkkartlegging er at barnehagane skal finne fram til alle barn som strever med språket, slik at dei kan få nødvendig støtte. Ekspertutvalet skal leggje fram ein rapport hausten 2011.

Kunnskapsdepartementet medverka til å arrangere ei brukarhøring for barnevernsbarn saman med Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet i februar 2011. Høringa tok for seg barnevernsbarns meistring av utdanningssystemet, og hadde merksemd på livslang læring frå barnehage til høgre utdanning.

Ny formålsparagraf for barnehagen vart sett i verk 1. august 2010. Det nye formålet framhevar mellom anna at barn skal behandlast som likeverdige individ. Barnehagen skal vere eit inkluderande fellesskap med plass for det einskilde barnet. Som følgje av ny formålsparagraf for barnehagen er det i 2011 gjort endringar i rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen.

Strategiar og tiltak

Barnas trivsel i barnehagen er eit viktig mål på kvaliteten på barnehagetilbodet. Trivselen til barna er ein indikator på om det er eit godt og inkluderande samspel mellom barnet, barnegruppa og personalet. Ei rekkje undersøkingar viser at foreldre i stor grad opplever at barn trivst i barnehagen, men det er behov for å kartleggje kva for erfaringar og opplevingar barna har sjølve. Departementet vil setje i gang ei undersøking der trivselen til barna også blir belyst ut frå perspektiva til barna, personalet og foreldra, slik at det kjem fram om det er samsvar mellom oppfatningane til barna, foreldra og personalet. Resultat vil liggje føre i løpet av 2012.

Det er framleis eit mål å auke talet på minoritetsspråklege barn i barnehagen, og å styrkje kompetansen til barnehagen på området språkstimulering og fleirkulturell pedagogikk, jf. nærmare omtale under Mål for inkludering i Prop. 1 S (2011–2012) for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Med grunnlag i rapporten frå ekspertutvalet som har vurdert språkkartleggingsverktøy som blir nytta i barnehagane, vil det bli sett i gang eit arbeid med å utarbeide rettleiingsmateriale til bruk for barnehagane.

Departementet vil følgje opp tiltaka i Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap.

Mål: Prisen skal vere så låg at alle som ønskjer det, skal ha råd til å ha barn i barnehage

Tilstandsvurdering

Maksimalprisen for foreldrebetalinga har vorten redusert frå 2 750 kroner per månad i 2005 til 2 330 kroner i 2011. Dette er ein reell reduksjon på om lag 31 pst eller 1 050 kroner (2011-kroner) per månad.

Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar slår fast at alle kommunar skal ha ordningar som kan tilby dei barnefamiliane som har lågast moglegheit til å betale, ein reduksjon i eller fritak for foreldrebetaling. Undersøkinga til Statistisk sentralbyrå (SSB) om foreldrebetaling frå januar 2011 syner at 21 pst. av kommunane har inntektsgraderte satsar. Andre kommunar tilbyr friplassar eller andre rabattordningar utanfor det ordinære systemet for betaling til barnehagen. Alle kommunane tilbyr syskenmoderasjon for hushald med to eller fleire barn i barnehage. Ei undersøking utført av TNS Gallup på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet viser at 4,7 pst. av barnehagebarna i kommunane med inntektsgradering får redusert foreldrebetaling eller friplass. Gjennomsnittleg rabatt for dei som får slik moderasjon, er 878 kroner per barn.

Hausten 2010 gjennomførte SSB ei ny, utvida Barnetilsynsundersøking på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. Ei tilsvarande undersøking vart gjennomført i 2002. Undersøkinga tek for seg mellom anna barnehagedeltaking ut ifrå hushaldningsinntekt. Det kjem fram i undersøkinga at familiar med låg inntekt i mindre grad enn familiar som ikkje har låg inntekt, nyttar barnehage. Blant familiar med låg inntekt er barnehagedeltakinga 74 pst., mot 90 pst. for dei som ikkje har låg inntekt.

Strategiar og tiltak

Regjeringa vil føre vidare maksimalprisen på same nominelle nivå kvart år framover, til målet i Soria Moria-erklæringa om ei maksimalgrense for foreldrebetalinga på 1 750 kroner (2005-kroner) blir innfridd.

Foreldrebetalinga for eit ordinært heiltidstilbod vil i 2012 maksimalt utgjere 2 330 kroner per månad og 25 630 kroner per år. Departementet foreslår å løyve 233,7 mill. kroner i budsjettet for 2012 slik at maksimalprisen kan førast vidare på same nominelle nivå som i 2011.

Kap. 231 Barnehagar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 51

95 742

146 168

131 799

50

Tilskott til samiske barnehagetilbod

13 339

13 753

14 179

51

Forsking, kan nyttast under post 21

7 299

7 517

7 750

60

Driftstilskott til barnehagar, overslagsløyving

19 267 981

83 275

10 000

61

Investeringstilskott, overslagsløyving

92 803

137 000

47 000

62

Tilskott til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehage

861 904

63

Tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder

115 133

118 551

122 108

64

Tilskott til mellombelse lokale, overslagsløyving

27 559

30 400

9 400

65

Skjønnsmidlar til barnehagar

5 717 107

Sum kap. 231

26 198 867

536 664

342 236

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 51

Midlane blir nytta til forsking, utviklingsarbeid, kartleggingar, utgreiingar, kompetansetiltak, rekrutteringstiltak, informasjons- og erfaringsspreiing i barnehagesektoren og utviklingsbehov som oppstår gjennom året.

Mål for 2012

Målet med løyvinga i 2012 er å medverke til å auke kvaliteten i barnehagane gjennom å føre vidare satsinga på kompetanse og rekruttering. Kompetansetiltaka vil medverke til at regjeringas mål om likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar blir nådd, og gjere det lettare for barnehagane å oppfylle formålsparagrafen til barnehagen. Midlane skal òg medverke til å styrkje kunnskapsgrunnlaget gjennom forsking, undersøkingar og kunnskapsoversikter.

Rapport for 2010

I 2010 vart det nytta om lag 74 mill. kroner til kompetanseutvikling og rekrutteringstiltak over post 21. I tillegg vart det løyvd midlar til kvalitetsfremmande tiltak over post 51 og post 63. Samla vart det nytta om lag 90 mill. kroner til kvalitetstiltak i 2010 over kap. 231.

Av midlane til kompetanseutvikling på post 21 vart 33 mill. kroner nytta til lokale kompetansetiltak i den nasjonale kompetansestrategien. Andre delrapport av Kompetanse i barnehagen – Strategi for kompetanseutvikling i barnehagesektoren (2007–2010) peiker på at ein effekt av strategien er at fleire kommunale og private barnehagar deltek på felles kommunale kompetansetiltak. Om lag 15,5 mill. kroner vart nytta til forsking og kunnskapsinnhenting over post 21. 6,7 mill. kroner av desse midlane vart tildelte forskingsprogrammet Utdanning 2020. Til kompetanseutvikling for minoritetsspråklege studentar/assistentar vart det tildelt om lag 2 mill. kroner. 1,8 mill. kroner av desse midlane vart tildelte Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO )og nytta til fire klasser for tospråklege assistentar etter den modellen Høgskolen i Oslo har for kompetanseheving av assistentar, KOMPASS. Rolla til NAFO var å tildele midlane til fire høgskolar, og å leie og følgje opp kompetansetiltaket. Det vart vidare tildelt om lag 0,8 mill. kroner til Pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagar (PUB-studiar). Til dette studiet vart det også løyvd midlar, om lag 4,2 mill. kroner, over kap. 226 post 21. Midlane vart fordelte på elleve universitet og høgskolar og nytta til 175 plassar til PUB-studiar.

Samla vart det nytta om lag 18 mill. kroner over post 21 til oppfølging av Strategi for rekruttering av førskolelærere til barnehagen (2007–2010). Av midlane som vart brukte til oppfølging av rekrutteringsstrategien, vart om lag 13,6 mill. kroner nytta til arbeidsplassbasert førskolelærarutdanning. Midlane vart nytta til om lag 240 studieplassar fordelte på to kull. Til rettleiingsprogrammet for nyutdanna førskolelærarar vart det nytta 2 mill. kroner. Det vart tildelt om lag 2,5 mill. kroner til utvalde fylkesmenn i pressregionar for å leggje til rette for målretta rekrutteringstiltak til førskolelærarutdanninga og til barnehagane. Midlane gjekk til regionale rekrutteringstiltak i samarbeid med sentrale aktørar. Tiltaka i rekrutteringsstrategien har medverka til auka breidd og mangfald i utdanningstilbodet. Fleire nyttar seg av moglegheitene til å utdanne seg til førskolelærar gjennom ulike etter-, vidare- og arbeidsplassbaserte utdanningstilbod.

Det vart i 2010 nytta om lag 3,4 mill. kroner til barnehagetiltak i Handlingsplan for likestilling i barnehage og grunnopplæring (2008–2010). Nokre av tiltaka i handlingsplanen har vore fleirårige. Dette gjeld oppretting av, og arbeid i, rekrutteringsteam og demonstrasjonsbarnehagar og nasjonale erfaringskonferansar. Rekrutteringsteama dekte alle fylka, og dei fleste hadde forankring på ein høgskole. Demonstrasjonsbarnehagane hadde nådd målet om 20 pst. tilsette menn, og også desse var spreidde i ulike delar av landet. Dette har gitt lokal forankring og kontinuitet på eit område som krev langsiktig satsing.

Fylkesmennene vart i 2010 tildelte 14 mill. kroner til særskilde oppgåver på barnehagefeltet. Midlane vart nytta til informasjon, rettleiing, utviklingstiltak og kommunale nettverk. Fylkesmannsembeta har rettleidd og informert kommunane løpande gjennom året. Dei har halde samlingar og kurs for kommunen som barnehagemyndigheit om nasjonale føringar, lover og regelverk på barnehagefeltet. Dette har gjort sitt til å auke kompetansen hos kommunen som barnehagemyndigheit.

Budsjettforslag for 2012

Kunnskapsdepartementet oppretta hausten 2011 ei særskild leiarutdanning på masternivå for styrarar i barnehagar. Som følgje av stor interesse for studiet vedtok Stortinget i revidert nasjonalbudsjett for 2011 å løyve midlar til å auke studiekapasiteten med 60 plassar, jf. Innst. 420 S (2010–2011) og Prop. 120 S (2010–2011). For å finansiere desse studieplassane i 2012 foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 4,5 mill. kroner.

Utdanningsdirektoratet vil frå 1. januar 2012 få delegert oppgåver på barnehagefeltet. Departementet ønskjer i samband med denne overføringa å styrkje direktoratet. Det er derfor foreslått å redusere løyvinga på posten med 8,4 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 220 post 01.

I samsvar med retningslinjene for finansieringsordninga for Fylkesmannen foreslår departementet å overføre 15 mill. kroner frå kap. 231 post 21 til kap. 1510 Fylkesmannsembetene post 01 Driftsutgifter. Styrkinga av Fylkesmannens tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit i 2011, blir ført vidare i 2012, og er inkludert i midlane som departementet foreslår å overføre.

Post 50 Tilskott til samiske barnehagetilbod

Mål for 2012

Sametinget forvaltar tilskott til samiske barnehagar, tilskott til språktiltak i norskspråklege barnehagar med samiske barn og midlar til informasjons-, rettleiings- og utviklingsarbeid. Formålet med tilskottet er å leggje til rette for at samiske barn skal få utvikle samisk språk og kultur i barnehagen.

Rapport for 2010

Sametinget mottok i 2010 om lag 13,3 mill. kroner i tilskott til samiske barnehagetilbod. 33 samiske barnehagar med til saman 705 barn fekk tildelt særskilt tilskott i 2010. I tillegg fekk 30 norskspråklege barnehagar tilskott til samisk opplæring. Det er gitt midlar til to språkprosjekt. Vidare er det gitt prosjektmidlar til eitt læremiddelprosjekt. Sametinget har utarbeidd ein brosjyre med informasjon om barnehagetilbod for samiske barn, og i samarbeid med Kunnskapsdepartementet er det laga ein rettleiar til samisk del i rammeplanen for barnehagar. I 2010 gjennomførte Asplan Viak, på oppdrag frå Sametinget, ei evaluering av tilskottsordninga til samiske barnehagar. Asplan Viak foreslår at Sametinget utformar klarare mål for tilskotta, at rapporteringskrava blir forenkla, at det blir utforma fleire malar for tilskott, og at Sametinget tek ei aktiv rolle som formidlar og rettleiar og følgjer opp språkopplæringstilbod. Generelt tyder undersøkinga på at tilskottet blir nytta etter intensjonen.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2011.

Post 51 Forsking, kan nyttast under post 21

Midlane blir nytta til forsking i og om barnehagar. Løyvinga på posten må sjåast i samanheng med løyvinga til kompetanseutvikling på post 21.

Løyvinga blir forvalta av Noregs forskingsråd gjennom ulike forskingsprogram.

Mål for 2012

Målet med løyvinga for 2012 er å styrkje forskinga i og om barnehagar.

Rapport for 2010

I 2010 vart det fordelt om lag 7,3 mill. kroner til barnehageforsking gjennom programma PRAKUT (2010–2013) og Utdanning 2020 (2009–2018).

I 2010 nytta departementet om lag 23 mill. kroner til PRAKUT, der 5 mill. kroner vart løyvde over post 51. Det nye forskingsprogrammet PRAKUT, jf. nærmare omtale under programkategori 07.50, avløyste i 2010 PraksisFoU (2006–2010). Eitt av fire forskingsområde i PRAKUT er Læring i barnehagar. Der er omsorg, leik og læring, samt leiing, sentrale komponentar. Det er særleg behov for kunnskap om kva som er eit godt barnehagetilbod for dei yngste barna, om inkludering og sosial utjamning og om kva fagområda har å seie for læringa og danninga til barnehagebarna.

Forskingsprogrammet PraksisFoU skulle fremme forskings- og utviklingsarbeid i lærarutdanningane, betre samanhengen mellom yrkesutdanning og yrkesutøving og medverke til at forskingsbasert kunnskap vart teken i bruk. I alt inneheldt programmet 13 prosjekt som retta seg mot barnehagen. Prosjekta omhandla tema som innhaldet i barnehagen, læring og utvikling, barnehagen som organisasjon, førskolelærarutdanning, livslang læring, overgangen mellom barnehage og skole og barn med nedsett funksjonsevne i barnehagen. Dei fleste prosjekta er inne i sin avsluttande fase, og endelege resultat frå dei fleste barnehageprosjekta vil liggje føre i løpet av 2011, dei siste tidleg i 2012. Prosjekta vil bli presenterte i ein samla rapport i 2012. Nokre av resultata vart presenterte på konferansen Forskning og utdanning i 2010 – hva vet vi om god praksis i barnehage og grunnopplæring, Oslo 2010. Framdriftsrapportane frå barnehageprosjekta tyder på at desse vil medverke med betydeleg ny kunnskap på sentrale område på feltet. Dette gjeld prosjekt som tek opp spørsmål knytte til språk, medverknad frå små barn og leik og læring i barnehagen. Fleire prosjekt omhandlar tilbod til barn med nedsett funksjonsevne og tema som inkludering og mangfald. I tillegg til ny kunnskap på viktige område er det forventa at barnehageprosjekta vil gi betydeleg kompetanseheving innanfor forsking ved institusjonar som driv førskolelærarutdanning, i tråd med eit av hovudmåla for PraksisFoU.

Utdanning 2020 er eit tiårig forskingsprogram om utdanningssektoren – frå barnehage til doktorgradsutdanning, jf. nærmare omtale under programkategori 07.50. Våren 2010 vart det gjennomført ei særskild utlysing på 12 mill. kroner til barnehageforsking i Utdanning 2020. Til saman 9 mill. kroner vart løyvde over kap. 231 – 2,3 mill. kroner over post 51 og 6,7 mill. kroner over post 21. Tre nye prosjekt fekk tildelt midlar og starta opp i 2010 og 2011. Desse prosjekta ser mellom anna på overgangen frå barnehage til skole og effektar av barnehage på læringa og utviklinga hos barn. Alle tre prosjekta blir etter planen avslutta i 2013.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2011.

Post 60 Driftstilskott til barnehagar, overslagsløyving

Fram til 2011 var det på denne posten fire tilskottsordningar: ordinært driftstilskott, tilskott til drift av barnehagar på Svalbard, tilskott til tiltak for barn av nykomne flyktningar og tilskott til lønnstillegg for førskolelærarar i Finnmark og Nord-Troms.

Ordinært driftstilskott til barnehagar

Det ordinære driftstilskottet har vore nytta til å nå måla om full barnehagedekning, lågare foreldrebetaling og god kvalitet i barnehagane. Driftstilskottet har vore øyremerkt og har vorte gitt til alle godkjende barnehagar. Tilskottet har vorte tildelt på grunnlag av det faktiske talet på barn i barnehagen, alderen til barna og avtalt opphaldstid per veke. Det ordinære driftstilskottet vart innlemma i rammetilskottet til kommunane frå 1. januar 2011.

Rapport for 2010

Driftstilskottet har, saman med dei andre statlege tilskotta, vore viktig for å stimulere til auka utbygging av barnehageplassar og har også gjort sitt til at barnehagane kan gi eit tilbod av god kvalitet til låg pris. Det vart i 2010 utbetalt om lag 19 268 mill. kroner i driftstilskott til barnehagar. Desse midlane gjekk i hovudsak til ordinært driftstilskott. Midlane medverka til at om lag 8 350 nye heiltidsplassar vart etablerte, noko som gav rom for om lag 7 000 fleire barn i barnehage. Totalt hadde om lag 277 100 barn plass i barnehage ved utgangen av 2010.

Budsjettforslag for 2012

Ein mindre del av løyvinga på kap. 231 post 60 vart halden utanfor innlemminga i rammetilskottet til kommunane i 2011 for å ta høgd for at nokre utbetalingar av driftstilskott for 2010 først ville bli gjennomførte i 2011. Førebelse tal frå statsrekneskapen viser at det er utbetalt driftstilskott for 2010 i 2011. Departementet anslår at det totalt i 2011 vil bli utbetalt 75,5 mill. kroner i driftstilskott, og foreslår derfor å overføre dette beløpet frå posten til kap. 571 post 60 på budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet. Det vil i 2012 vere behov for midlar på posten for å handtere eventuelle klager på driftstilskott for 2010 og tidlegare år. 10 mill. kroner blir derfor haldne utanfor overføringa til kap. 571 post 60.

Tilskott til drift av barnehagar på Svalbard

Målet med tilskottet har vore å medverke til at barnehageeigarar på Svalbard kan gi eit tilbod av god kvalitet med låg foreldrebetaling til dei som ønskjer barnehageplass. Tilskottet vart i 2011 innlemma i Svalbardbudsjettet, som blir forvalta av Justis- og politidepartementet.

Rapport for 2010

I 2010 vart det utbetalt om lag 10,4 mill. kroner i driftstilskott til barnehagane på Svalbard. 118 barn gjekk i barnehage i den norske busetnaden på Svalbard ved utgangen av 2010. Dekningsgraden for barn i alderen eitt til fem år vart med det om lag 89 pst.

Tilskott til tiltak for barn av nykomne flyktningar

Målet med tilskottet har vore å setje kommunar og private barnehageeigarar i stand til å gi barn av nykomne flyktningar eit barnehagetilbod når familien skal etablere seg i busetjingskommunen etter opphald i mottak. Tilskottet har omfatta eit barnehagetilbod på 15 timar per veke i åtte månader. Frå 1. januar 2011 vart tilskottet ført over til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, og det inngår no i ordninga med integreringstilskott.

Rapport for 2010

Det vart i 2010 utbetalt om lag 18,1 mill. kroner til dette formålet. 423 barn vart omfatta av ordninga i 2010. Dette er ein reduksjon på 37 barn frå 2009.

Lønnstillegg til førskolelærarar i Finnmark og Nord-Troms

Rapport for 2010

Om lag 14,1 pst. av styrarane og dei pedagogiske leiarane i Finnmark var utan godkjend utdanning ved utgangen av 2010, mot 9,8 pst. i 2009. Dette er ei negativ utvikling. Delen styrarar og pedagogiske leiarar utan godkjend utdanning i Finnmark er no omtrent på same nivå som gjennomsnittet for alle fylke. Tilsvarande tal for Troms var 12,1 pst. ved utgangen av 2010 og 14,2 pst. i 2009. Dette er ei positiv utvikling.

Lønnstillegget utgjorde i 2010 20 000 kroner per år i full stilling. Om lag 405 000 kroner vart nytta til dette formålet i 2010.

Budsjettforslag for 2012

Mangelen på førskolelærarar er lågare i Finnmark og Nord-Troms enn i andre delar av landet. Vurderinga til departementet er at det derfor ikkje er behov for dette tilskottet. Departementet vil avvikle lønnstillegget til førskolelærarar i Finnmark og Nord-Troms frå 1. januar 2012, og foreslår å redusere løyvinga med 260 000 kroner.

Post 61 Investeringstilskott, overslagsløyving

Rapport for 2010

Investeringstilskottet medverka til utbygging av om lag 8 350 nye heiltidsplassar, og det gav nær 7 000 fleire barn barnehageplass i 2010. Til saman vart det utbetalt om lag 93 mill. kroner i investeringstilskott i 2010.

Budsjettforslag for 2012

Regjeringa foreslår å avvikle investeringstilskottet for nye plassar frå 1. januar 2012. Det vil likevel vere behov for å løyve midlar på posten for å ta høgd for eit etterslep av uhandsama søknader om investeringstilskott knytte til etableringa av barnehageplassar i 2011. Departementet foreslår å løyve 47 mill. kroner på posten i 2012 for å dekkje etterslepet.

Post 62 Tilskott til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehage

Tilskottsordninga har medverka til at barn med nedsett funksjonsevne har kunna dra nytte av opphald i barnehagen. Barn med nedsett funksjonsevne kan trenge særskild tilrettelegging av fysiske og personalmessige forhold. Ei slik tilrettelegging vil ofte føre med seg ekstra kostnader for barnehageeigaren. Det har derfor vorte gitt eit ekstra tilskott frå staten til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehagen. Tilskottet vart innlemma i rammetilskottet til kommunane frå 1. januar 2011.

Rapport for 2010

I 2010 vart det tildelt om lag 862 mill. kroner i tilskott til kommunane. Tilskottet vart nytta til ekstra ressursar i barnehagar som gav barn med nedsett funksjonsevne eit barnehagetilbod. Ordninga omfatta 8 736 barn i 2010.

Post 63 Tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder

Mål for 2012

Barnehagen er ein god arena for integrering og språkopplæring. Tilskottet skal medverke til at kommunane kan utforme tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen. I tillegg skal ordninga medverke til at minoritetsspråklege barn går i barnehage, og at kommunane utarbeider heilskaplege tiltak på tvers av tenestetilboda. Tilskottet blir delt ut til kommunane ut frå talet på minoritetsspråklege barn som går i barnehage.

Rapport for 2010

Totalt vart om lag 115 mill. kroner nytta over posten i 2010. Om lag 106 mill. kroner vart fordelte til kommunane. KOSTRA-tal for 2010 syner at om lag 9 600 barn fekk tilbod om særskild språkstimulering utover det ordinære arbeidet med språkutvikling i barnehagen. Av desse gjekk om lag 7 300 barn i offentlege barnehagar og 2 300 barn i private barnehagar. Totalt var det i 2010 nesten 300 fleire barn som fekk tilbod om særskild språkstimulering samanlikna med 2009.

1 mill. kroner vart tildelt eit nettverk av høgskolar til eit samarbeidsprosjekt om førskolelærarutdanning for minoritetsspråklege studentar/assistentar. Det har vore rapportert som vellykka at klassene har vore haldne saman med resten av førskolelærarutdanninga, noko som har hatt positiv effekt på fagleg og språkleg utvikling.

Rambøll har på oppdrag frå departementet gjennomført ei evaluering av Kompetansetiltaksprosjekt i språkstimulering og flerkulturell pedagogikk for barnehageansatte 2005–2009 i regi av NAFO. Evalueringa viser at det har vore auka grad av samarbeid mellom barnehagar, fylkesmenn og høgskolar. Deltakarkommunane i kompetansetiltaksprosjektet har, i større grad enn kommunar utanfor prosjektet, prioritert og sett i gang kompetansetiltak i språkstimulering og fleirkulturell pedagogikk for barnehagetilsette.

350 000 kroner vart tildelte tiltak for kompetanseheving for minoritetsspråklege assistentar. Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) oppretta, i samarbeid med Høgskolen i Oslo, Høgskolen i Telemark og Dronning Mauds Minne Høgskole for førskolelærerutdanning (DMMH), fire klasser med kursdeltakarar frå ni fylke. Høgskolen i Oslo vil avslutte ei klasse innan utgangen av 2011. Vidare vil Høgskolen i Telemark og Dronning Mauds Minne Høgskole og ei av klassene ved Høgskolen i Oslo avslutte kompetansetiltaka sine innan våren 2012. Klassene har ei ramme på 30 studentar.

I tillegg fekk fylkesmennene om lag 7,1 mill. kroner til tiltak for språkstimulering i barnehagane. Fleire fylke har samarbeidd med NAFO og høgskolar og universitet om kompetansehevingsprosjekt, mellom anna om utviding av dei NAFO-prosjekta som allereie er sette i gang. Andre fylke har arrangert fagdagar og kurs.

Nettsida Tema morsmål vart i 2009 etablert for skolen etter modell av svenske Skolverket si nettside Tema modersmål. 350 000 kroner vart i 2010 tildelt NAFO via Utdanningsdirektoratet for å tilpasse nettsida til barnehage. Midlane vart òg nytta til å spreie informasjon om nettressursen til barnehagane.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2011.

Post 64 Tilskott til mellombelse lokale, overslagsløyving

Rapport for 2010

Tilskottet har medverka til auka utbygging av barnehageplassar. Rapportering frå kommunane per 20. september 2010 syner at 34 pst. av kommunane nytta mellombelse lokale i 2010. Totalt var det om lag 9 800 faste plassar i mellombelse lokale per 20. september 2010. Dette utgjer ein nedgang på ti pst. frå året før. Totalt vart det utbetalt om lag 27,5 mill. kroner i tilskott til faste plassar i mellombelse lokale i 2010.

Budsjettforslag for 2012

Regjeringa foreslår å avvikle tilskottet til mellombelse lokale for nye plassar frå 1. januar 2012. Det er likevel foreslått å løyve 9,4 mill. kroner på posten for å ta høgd for eit forventa etterslep av søknader om tilskott til mellombelse lokale frå 2011.

Post 65 Skjønnsmidlar til barnehagar

Målet med skjønnsmidlane har vore å kompensere for dei auka netto meirutgiftene til kommunane som følgje av maksimalpris, kommunal plikt til likeverdig behandling av ikkje-kommunale barnehagar og drift av nye barnehageplassar. Skjønnsmidlane er statlege midlar som har vorte overførte til kommunane og er øyremerkte barnehagedrift. Tilskottet vart frå 1. januar 2011 innlemma i rammetilskottet til kommunane.

Rapport for 2010

Skjønnsmidlane medverka til at om lag 8 350 nye heiltidsplassar vart oppretta i 2010. Totalt vart det utbetalt om lag 5 717 mill. kroner i skjønnsmidlar i 2010.

Programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m.

Utgifter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

252

EUs program for livslang læring

193 806

183 525

210 207

14,5

253

Folkehøgskolar

641 301

664 581

685 582

3,2

254

Tilskott til vaksenopplæring

204 358

211 700

208 541

-1,5

255

Tilskott til freds- og menneskerettssentra o.a.

58 806

62 917

65 383

3,9

256

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

58 800

60 403

64 296

6,4

257

Program for basiskompetanse i arbeidslivet

64 870

86 278

88 953

3,1

258

Tiltak for livslang læring

42 898

45 419

51 408

13,2

Sum kategori 07.50

1 264 839

1 314 823

1 374 370

4,5

Inntekter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

3256

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

15 545

10 943

11 282

3,1

Sum kategori 07.50

15 545

10 943

11 282

3,1

Innleiing

Eit høgt kunnskaps- og kompetansenivå i heile folket er grunnlaget for sosial utjamning og for at norske verksemder skal ha den kompetansen dei treng. Det er derfor viktig å leggje til rette for at fleire vaksne skal kunne tileigne seg ny kunnskap og oppgradere kompetansen sin gjennom utdanning og opplæring.

Moglegheita til å lære gjennom heile livet er viktig for at menneske skal ha kontroll over sitt eige liv og meistre kvardagen sin. Utdanning stimulerer til demokratisk deltaking, kulturell utvikling og til sjølvkjensle og identitet hos den einskilde. Livslang læring finn stad på mange arenaer. Regjeringa ønskjer å vidareutvikle dei uformelle arenaene for læring.

Regjeringa vil arbeide for at fleire vaksne skal kunne kvalifisere seg til eit yrkesliv som er i stadig utvikling. Regjeringa ønskjer særleg å løfte kunnskapsnivået for dei som treng det mest. Motivasjon, god rettleiing og fleksible ordningar for læring på ulike arenaer er viktige tiltak.

Når det gjeld utdanningssystemet samla sett, ønskjer regjeringa ein lærande utdannings- og opplæringssektor med brei rekruttering og med produktive og kvalitativt gode forskingsmiljø. Forskingsbasert kunnskap er avgjerande for at utdanningssektoren skal kunne utvikle seg vidare i tråd med forventningane frå samfunnet.

Fleire av aktivitetane som er omtalte under programkategori 07.50, blir òg omhandla under andre programkategoriar, og blir finansierte over budsjettkapittel utanfor 07.50. Til dømes er vaksenopplæring ein integrert del av aktivitetar innanfor grunnopplæringa og høgre utdanning.

Hovudprioriteringar for 2012

Vaksne med lite utdanning og svake grunnleggjande dugleikar deltek i liten grad i formell og ikkje-formell opplæring. For å få meir og betre kunnskap om årsakene til manglande deltaking i opplæring og om effektar av å delta i opplæring, vil departementet setje av 5 mill. kroner årleg i ein femårsperiode til forsking på vaksnes dugleikar og deltaking i opplæring.

I samband med Ny GIV-satsinga vil Kunnskapsdepartementet leggje betre til rette for at vaksne kan ta vidaregåande opplæring. I samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet blir det sett i gang forsøk med vidaregåande opplæring på arbeidsplassen for ufaglært arbeidskraft i helse- og omsorgssektoren og i barnehagesektoren.

For å få meir kunnskap om vaksnes dugleikar deltek Noreg saman med 25 andre land i OECD-programmet PIAAC – Den internasjonale undersøkinga om lese- og talforståing. Undersøkinga er den mest omfattande kartlegginga av vaksnes dugleikar som nokon gang er gjennomført i Noreg. PIAAC vil gjere det mogleg å samanlikne dugleiksnivå mellom deltakarlanda og jamføre med tidlegare målingar i Noreg av vaksnes dugleikar i lesing, skriving og rekning. Data og innsikt frå undersøkinga vil kunne medverke til utforminga av utdannings- og arbeidsmarknadspolitikken for vaksne.

Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) skal medverke til å styrkje grunnleggjande dugleikar i lesing, skriving, rekning og IKT blant vaksne arbeidstakarar og arbeidssøkjarar. Bedrifter og offentlege verksemder kan søkje om å få tilskott til å gi tilsette opplæring i grunnleggjande dugleikar. Talet på kvalifiserte søknader og samla omsøkt beløp har auka betydeleg sidan BKA vart starta i 2006. I 2012 foreslår departementet å løyve 83,8 mill. kroner i tilskott til opplæring av vaksne med svake grunnleggjande dugleikar gjennom BKA.

Departementet legg opp til å fastsetje eit nasjonalt heilskapleg kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR) og kople dette til det europeiske kvalifikasjonsrammeverket for livslang læring (EQF) i løpet av 2012. Rammeverket skal vise det faktiske læringsutbyttet på alle utdanningsnivåa, frå grunnskole til doktorgrad. Sjå nærmare omtale under kap. 258.

Departementet vil i 2012 halde fram med satsinga på utdanningsforsking i samsvar med strategien Kunnskap for kvalitet 2008–13. Programma for utdanningsforsking i Noregs forskingsråd, Utdanning 2020 og PRAKUT, er sentrale verkemiddel i satsinga.

Mål: Vaksne som treng det, får opplæring

Noreg har i dag ein arbeidsmarknad med høg produktivitet og høge kompetansekrav til arbeidskraft. Regjeringa ønskjer å medverke til at alle har høve til læring gjennom heile livet. Formålet er å hindre sosial ulikskap, medverke til at den einskilde skal ha tryggleik i arbeid og samfunnsdeltaking, og leggje til rette for at samfunnet skal få dekt kompetansebehova sine.

Tilstandsvurdering

Vaksne som treng grunnskoleopplæring og ikkje har rett til vidaregåande opplæring, har rett til gratis grunnskoleopplæring. I skoleåret 2009–10 var det til saman 9 500 vaksne som deltok i grunnskoleopplæring. 43 pst. av desse deltok i ordinær opplæring, medan 57 pst. fekk spesialundervisning. Talet på vaksne deltakarar i grunnskoleopplæring har vore stabilt sidan skoleåret 2003–04. Vaksne som har fullført grunnskoleopplæring eller tilsvarande, men ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har rett til gratis vidaregåande opplæring. I skoleåret 2009–10 var det 24 000 vaksne som deltok i vidaregåande opplæring. Det er ein nedgang på fire pst. frå skoleåret 2008–09. Sjå programkategori 07.20 for nærmare omtale av grunnopplæringa.

Statistisk sentralbyrås (SSB) framskriving av kunnskapsbehovet i framtida viser at behovet for ufaglært arbeidskraft har falle kraftig sidan 1970-åra, og vil halde fram med å falle jamt fram mot 2030. Samtidig ventar ein at arbeidsløysa i denne gruppa vil auke samanlikna med personar som har fullført vidaregåande opplæring eller høgre utdanning. I dag har om lag halvparten av dei arbeidsledige ikkje fullført vidaregåande opplæring.

Proba Samfunnsanalyse har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet utarbeidd rapporten Utfall på arbeidsmarkedet for personer som fullfører videregående opplæring som voksne. Rapporten viser at vaksne som fullfører yrkesfagleg vidaregåande opplæring og tek fagbrev, har 30 pst. færre uføredagar i året og ein auke i sysselsetjinga på sju pst. samanlikna med vaksne som kun har grunnskole som si høgste fullførte utdanning. Resultata kan tyde på at det å ta vidaregåande opplæring som vaksen beskyttar mot uførleik.

I skoleåret 2009–10 var det om lag 8 800 personar over 25 år som avla fag- og sveineprøve. Dette var om lag 300 fleire personar enn skoleåret før. For denne gruppa har talet på fag- og sveineprøver auka med 25 pst. i dei fem siste skoleåra. Av dei som går opp til fag- og sveineprøva, består om lag 94 pst. prøva. Om lag tre av fire vaksne som går opp til fag- og sveineprøve, er praksiskandidatar.

Lærevilkårsmonitoren er ei årleg kartlegging av læring og kompetanseutvikling blant vaksne, som blir gjennomført av SSB på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Undersøkinga viser at det har vore ein markert nedgang i deltakinga i opplæring sidan 2008, og i 2010 var deltakinga på det lågaste nivået som er registrert sidan målinga starta. Av dei sysselsette svarte 46,5 pst. at dei har delteke på kurs og anna opplæring i 2010. Dette er ein nedgang på 4,5 prosentpoeng frå fjoråret. 7,5 pst. av dei sysselsette deltok i formell vidareutdanning i 2010, ein nedgang på 1,5 prosentpoeng frå 2009. Delen av sysselsette som har eit læringsintensivt arbeid, held seg framleis stabil på over 60 pst.

Tabell 4.9 Læring i arbeidslivet, 2005–10

2005

2006

2007

2008

2009

2010

Læringsintensivt arbeid

60,8 %

61,7 %

63,5 %

63,0 %

61,5 %

Kurs og opplæring

50,6 %

51,8 %

54,5 %

51,0 %

46,5 %

Formell vidareutdanning

8,5 %

8,7 %

9,9 %

9,0 %

7,5 %

For perioden 2010–12 har NIFU fått analyseoppdraget for Lærevilkårsmonitoren. Nye metodiske vurderingar gjer at dei historiske estimata har små avvik samanlikna med tabellen i Prop. 1 S (2010-2011), og tala for 2007 er utelatne fordi det vart nytta ei anna undersøking til datainnsamlinga det året. Dette har likevel inga betydning for trenden i deltakinga over tid.

Kjelde: NIFU

Strategiar og tiltak

Vaksne med svake grunnleggjande dugleikar og som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, deltek i liten grad i formell og ikkje-formell utdanning, jf. St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja og NOU 2009: 10 Fordelingsutvalget. Det er behov for meir kunnskap om kva som hindrar eller avgrensar vaksnes deltaking i opplæring, og om kva effektar deltaking i opplæring har for den einskilde. Betre og meir kunnskap på dette feltet vil kunne medverke til at ein kan utarbeide nye og meir målretta og effektive tiltak for vaksne med svake grunnleggjande dugleikar. Departementet vil derfor setje av 5 mill. kroner årleg i ein femårsperiode til forsking på vaksnes dugleikar og deltaking i opplæring. Tiltaket blir finansiert over kap. 258.

Det er behov for å gjere vaksnes rett til grunnopplæring meir kjend i befolkninga. Departementet har gitt Utdanningsdirektoratet (Udir) i oppgåve å føre vidare satsinga på grunnopplæring for vaksne. I samarbeid med Vox har Udir arbeidd for å avklare forståinga av vaksnes rett til grunnopplæring. Udir har laga ein samla informasjonsplan for å styrkje kompetansen om regelverket hos skoleeigarar og auke kunnskapen om vaksnes rett til grunnopplæring. Sjå nærmare omtale under kap. 220.

Kunnskapsdepartementet vil halde fram med å styrkje vaksnes grunnleggjande dugleikar i lesing, skriving, rekning og IKT gjennom Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA). Programmet er retta mot dei gruppene som manglar den grunnleggjande kompetansen dei treng for å fungere godt i arbeids- og samfunnslivet. Opplæringa skjer hovudsakleg på arbeidsplassen, og både deltakarar og arbeidsgivarar opplever læring knytt til arbeid som relevant og nyttig. Sjå kap. 257 for nærmare omtale.

I samband med Ny GIV-satsinga vil Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet setje i gang forsøk med vidaregåande opplæring på arbeidsplassen for tilsette i helse- og omsorgssektoren og i barnehagesektoren. Formålet er å utvikle opplæringstilbod som kan medverke til at fleire vaksne ufaglærte i sektoren tek fagbrev. Forsøka vil bli gjennomførte i samarbeid med fylkeskommunane og vil bli følgde opp av departementas underliggjande verksemder.

Departementet vil føre vidare forsøka med utvikling av opplæringsmodellar som er tilpassa vaksne arbeidssøkjarar som ikkje har fullført vidaregåande opplæring. Udir har ansvaret for å følgje opp forsøka, sjå nærmare omtale under kap. 220.

Ei nasjonal koordinerande eining for karriererettleiing er etablert i Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk. Eininga skal mellom anna medverke til å styrkje kvaliteten i karriererettleiinga, auke kunnskapsgrunnlaget og fremme utvikling av likeverdige tilbod og tilgang til karriererettleiing for unge og vaksne i ulike livsfasar. Eininga vil òg koordinere midlane til dei regionale partnarskapane for karriererettleiing.

I samband med oppfølginga av St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja har Vox fått i oppdrag å vurdere tiltak som kan skape ei meir heilskapleg realkompetansevurdering. Vox skal hausten 2011 levere ei utgreiing som skal identifisere tilhøve som hindrar samordning og heilskapleg praksis. Utgreiinga skal òg foreslå tiltak som kan medverke til ei meir brukarretta realkompetansevurdering.

Mål: Kunnskap om samfunnets kompetansebehov

I lys av aldringa av befolkninga og den økonomiske og teknologiske utviklinga, er det naudsynt med god og regelmessig oppdatert kunnskap om framtidas behov for kunnskap og kompetanse. Tilgang til kompetent arbeidskraft er avgjerande for å halde oppe offentlege tenestetilbod av god kvalitet, og for at det skal vere mogleg for næringslivet å utvikle konkurransedyktige og miljøvennlege produkt og tenester.

Eit solid datagrunnlag, forsking og gode analysar er viktige verktøy for arbeids- og samfunnslivet generelt og for utdannings- og opplæringssektoren spesielt. Det er eit mål at kompetansepolitikken er innretta med omsyn til dei framtidige behova i arbeidsmarknaden og samfunnet.

Tilstandsvurdering

Fleire europeiske land har sett i verk tiltak og oppretta system for kartlegging, analysar og dialog om framtidas kompetansebehov. Formålet er at arbeidsmarknads-, utdannings- og innvandringspolitikken i større grad er samordna og målretta mot kompetansebehova i arbeidsmarknaden. I Noreg har Statistisk sentralbyrå (SSB) sidan 1990-åra utvikla og nytta makroøkonomiske modellar for å lage framskrivingar av tilbod og etterspurnad etter arbeidskraft fordelte på ulike utdanningar. Framskrivingane er nyttige for offentlege myndigheiter i planlegginga av utdanningskapasitet, næringspolitikk og velferdsordningar. SSBs siste framskriving av tilbod og etterspurnad etter arbeidskraft og utdanning kom i 2010 og går fram mot 2030.

Kunnskapsdepartementet har gitt ut rapporten Tilbud og etterspørsel etter høyere utdannet arbeidskraft fram mot 2020, som gir ei samla oversikt over og vurdering av behovet for kompetent arbeidskraft i ulike sektorar.

Saman med Miljøverndepartementet har Kunnskapsdepartementet arrangert eit seminar om behovet for utdanning og kompetanse i møte med klimaendringar.

Strategiar og tiltak

For å styrkje kunnskapen om samfunnets kompetansebehov har departementet gitt Vox i oppdrag å greie ut om grunnlaget for å opprette eit heilskapleg system for framskriving og analysar av framtidige kompetansebehov, jf. St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja. Rapport med forslag til innretning skal leverast departementet i desember 2011.

Kunnskapsdepartementet samarbeider med Arbeidsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet om å finansiere SSBs arbeid med utvikling av modellar og utarbeiding av rapportar om framtidas kompetansebehov.

Analysar er viktige for å kunne sjå behova for kunnskap og kompetanse i samanheng med utviklinga i arbeidsmarknaden. PIAAC – den internasjonale undersøkinga om lese- og talforståing er utvikla vidare gjennom ein omfattande felttest i 2010. Etter at ein hadde vurdert data frå felttesten i deltakarlanda, vart det slått fast at undersøkinga lèt seg gjennomføre og held god kvalitet. Departementet har bestemt at Noreg skal delta i PIAAC saman med 25 andre land, blant dei Sverige, Danmark og Finland. Undersøkinga skal gjennomførast av SSB i 2011 og 2012, og dei første resultata vil komme i 2013.

PIAAC vil gjere det mogleg å måle dugleikar og kompetanse i befolkninga i deltakarlanda og sjå nærmare på om dette kan forklare skilnader i vekst, utvikling og tilhøve i arbeidsmarknaden i dei ulike landa. Undersøkinga gjer det òg mogleg å samanlikne med tidlegare målingar av vaksnes dugleikar i lesing, skriving og rekning. Data og innsikt frå PIAAC vil kunne målrette framtidige satsingar knytte til utdannings- og arbeidsmarknadspolitikken for vaksne. Datamaterialet vil sidan bli tilgjengeleg for forskarar frå heile verda.

Den norske deltakinga i PIAAC er finansiert av Kunnskapsdepartementet, jf. kap. 226, Arbeidsdepartementet og Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Mål: Solid kunnskap om utdannings- og opplæringssektoren

Forskingsbasert kunnskap er avgjerande for at utdannings- og opplæringssektoren skal kunne utvikle seg vidare i tråd med krava i kunnskapssamfunnet og behova i sektoren. Departementet vil halde fram med satsinga på utdanningsforsking ved å leggje til rette for meir kunnskap om og for utdanningssektoren, og for at det vi veit om kvalitetsutvikling, kjem til nytte i politikkutforminga, i lærarutdanningane og på praksisfeltet.

Tilstandsvurdering

NIFU-rapporten Ressursinnsatsen innenfor utdanningsforskningen 2009 viser at det i 2009 vart utført utdanningsforsking for til saman 820 mill. kroner. Det offentlege finansierte 91 pst. av utdanningsforskinga. 66 pst. av FoU-midlane til utdanningsforsking kom frå basisløyvingane til universitet og høgskolar, medan tilskott frå Noregs forskingsråd utgjorde elleve pst. av midlane.

2 100 forskarar og anna fagleg personale, eller sju pst. av alle forskarar i universitets-, høgskole- og instituttsektoren, arbeidde med utdanningsforsking i 2009. Universiteta stod for nærmare halvparten av utdanningsforskinga, medan 40 pst. av forskinga vart utført av høgskolane og ti pst. av instituttsektoren. Grunnskolen er det største forskingsområdet innanfor utdanningsforskinga, følgt av forsking på høgre utdanning og barnehage. Forsking på barnehagefeltet har hatt den største veksten i dei siste åra.

Kunnskapen om utdanningsområdet er styrkt i dei siste åra. Samstundes er det framleis område der ein treng meir kunnskap. Det er naudsynt med meir kunnskap om reformer og tiltak som blir sette i verk, og den verknaden dei har på undervisninga og læringsutbyttet til elevar og studentar. Det er òg behov for meir innsikt i delar av vidaregåande opplæring, særleg om korleis undervisninga fungerer i dei yrkesretta programma. Kartlegginga frå NIFU viser at det er lite forsking på relasjonen mellom utdanning og arbeidsliv. Det er òg lite forsking om styringssystem, økonomi, organisasjon og leiing.

Kunnskapsdepartementet har ei langsiktig satsing på forsking om utdanningssektoren gjennom programma Utdanning 2020 (2009–18) og PRAKUT (2010–14) i Noregs forskingsråd. Ved utgangen av 2010 finansierte Utdanning 2020 til saman ni forskarprosjekt og 14 forprosjekt. Prosjektporteføljen dekkjer heile utdanningsløpet og har fagleg forankring innanfor pedagogikk, psykologi, samfunnsøkonomi, sosiologi og statsvitskap. Fleire av prosjekta har etablert internasjonale nettverk og samarbeid. I 2010 har Utdanning 2020 i særleg grad gitt eit lyft til forskinga om barnehagen. Våren 2011 vart det gitt støtte til fleire forprosjekt for å støtte forskinga om fag- og yrkesopplæringa og om kvalitet og læringsutbytte i høgre utdanning. Utdanning 2020 har store utlysingar i 2011 der ein kan vente nye forskingsprosjekt med relevans for desse områda. For å innfri måla om meir variert metodebruk og meir mangfald i teoriutviklinga innanfor norsk utdanningsforsking, har programstyret for Utdanning 2020 gjennomført konferansar og forskarseminar med internasjonal deltaking.

PRAKUT starta opp i 2010 og vil i løpet av hausten 2011 føreta dei første tildelingane til forskingsprosjekt. Den første utlysinga var særleg retta inn mot lærarutdanning og profesjonsutvikling. Det er òg planlagt ei større utlysing hausten 2011.

For å halde fram med forskinga på praksisfeltet i barnehage, skole og lærarutdanning vart Nasjonal forskarskole for lærarutdanningane (NAFOL) starta opp i 2010, sjå omtale under programkategoriane 07.30 og 07.60.

Strategiar og tiltak

I St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Kunnskapsdepartementet vart det lagt fram ein strategi for å styrkje utdanningsforskinga, Kunnskap for kvalitet 2008–2013. Departementet held fram med å følgje opp strategien gjennom forskingsprogramma i Noregs forskingsråd, Kunnskapssenteret for utdanning, forskarskolen NAFOL, direkte FoU-oppdrag, og gjennom støtte til ei eining for psykometrisk forsking. Til saman skal desse tiltaka medverke til å auke kapasiteten og rekrutteringa til forskingsfeltet og stimulere til betre kvalitet og relevans i utdanningsforskinga. Målet er at forskinga skal gi eit stadig meir solid kunnskapsgrunnlag for politikkutvikling og fornying, samt motivere for ein meir kunnskapsbasert praksis i sektoren. Eit rikare tilfang av god utdanningsforsking vil hjelpe oss til å forstå betre kva som fungerer for å få til fornying og kvalitetsutvikling ved utdanningsinstitusjonane.

Utdanning 2020 er eit tiårig forskingsprogram om utdanningssektoren, frå barnehage til doktorgradsutdanning. Departementet vil føre vidare budsjettramma til programmet med 35 mill. kroner i 2012. Departementet har òg gitt Noregs forskingsråd i oppgåve å lyse ut eit nytt femårig forskingsprosjekt om kva barnehagar som er bra for barns trivsel og utvikling. Programmet vil bli lyst ut gjennom Utdanning 2020. Finansieringa av Utdanning 2020 vil i 2012 gå over kapitla 226, 231, 258, 281 og 285.

PRAKUT er eit femårig forskingsprogram som starta opp i 2010 og har ei samla ramme på 115 mill. kroner. Programmet skal medverke til praksisretta kunnskapsutvikling som styrkjer barnehagen, grunnopplæringa og lærarutdanningane, og som sikrar ein betre samanheng mellom profesjonsutdanning og praktisk utøving av yrke. Programmet vil i 2012 bli finansiert over kapitla 226, 231 og 281.

Departementet foreslår å setje av 5 mill. kroner årleg i ein femårsperiode for å få meir og betre kunnskap om vaksnes dugleikar og deltaking i opplæring. Sjå nærmare omtale andre stader i programkategorien.

Departementet ønskjer å styrkje den praksisretta profesjonsforskinga. Gjennom vidareføring av Strategiske høgskoleprosjekt (SHP) vil det vere ei særleg merksemd mot praksisretta FoU i helse- og omsorgssektoren. Sjå òg omtale under programkategori 07.60.

Som ledd i å vidareutvikle Nord-Amerika-samarbeidet innanfor utdanning og forsking, vil departementet vurdere tiltak som kan stimulere dyktige utdanningsforskarar til forskingsopphald i Noreg.

Noregs forskingsråd tek sikte på å starte ei evaluering av utdanningsforskinga i løpet av 2012.

Kunnskapssenteret for utdanning er oppretta som ei avdeling i Noregs forskingsråd. Dei første tilsetjingane er gjorde, og senteret vil vere operativt i løpet av hausten 2011. Senteret skal ha oversikt over nasjonal og internasjonal forsking som kan gi innsikt i kva som medverkar til kvalitet i utdannings- og opplæringssystemet, samt formidle relevant forsking og medverke til ei meir kunnskapsbasert politikkutforming, forvaltning og praksis. Kunnskapssenteret vil i 2012 bli finansiert over kap. 226.

Departementet vil styrkje den vitskaplege kompetansen i pedagogiske målingar. Ei nasjonal eining for psykometrisk forsking er under etablering ved Universitetet i Oslo. Eininga vil bli finansiert over kap. 226.

Mål: Fremming av internasjonal mobilitet og forståing for menneskerettane og kultur

Departementet ønskjer å fremme deltaking i demokratiske prosessar og forståing for menneskerettane, fred og kultur gjennom å gi tilskott til vaksenopplæring, folkehøgskolar og freds- og menneskerettssentra.

Tilstandsvurdering

Internasjonalisering er ein viktig del av norsk utdanningspolitikk, og det er naudsynt å stimulere den faglege utviklinga til institusjonane, elevane og studentane på dette området. Kunnskap om språk og kultur er svært viktig for at det norske samfunnet, og spesielt næringslivet, skal kunne fungere i ein open verdsøkonomi, og for at nyutdanna personar skal vere kvalifiserte for eit stadig meir internasjonalt samfunns- og næringsliv.

Dei 78 folkehøgskolane i Noreg er eit alternativ og supplement til det formelle utdanningssystemet. I dei seinare åra har det totale elevtalet på folkehøgskolane lege på 6 000–7 000 årselevar, det vil seie rundt ti pst. av eit årskull 19-åringar. Eit år på folkehøgskole kan for mange unge gi moglegheit til å utvikle seg i ein modningsfase i overgangen til vaksenlivet.

Freds- og menneskerettssentra medverkar til å formidle demokratiske verdiar og holdningar til barn og unge. Gjennom utstillingar og pedagogiske undervisningsopplegg gir dei kvart år opplæring til fleire tusen elevar i grunnopplæringa. Fleire av sentra tilbyr òg opplæring for studentar og lærarar. Sentra har ulik profil, nyttar ulike verkemiddel og har forskjellige pedagogiske opplegg som dei presenterer for elevane. Felles for alle sentra er at dei på bakgrunn av erfaringar frå tidlegare konfliktar og krigar ønskjer å fremme dialog, samhandling og forståing.

Strategiar og tiltak

Departementet gir støtte til drift og utvikling av sju freds- og menneskerettssenter. Desse sentra skal medverke til formidling, dokumentasjon og forsking innanfor områda fred, menneskerettar, fangehistorie og folkemord, og medverke til at elevar i grunnopplæringa kan få opplæring i demokratiske verdiar og holdningar.

Departementet vil medverke til at det skal vere mogleg for alle i utdanningssektoren i Noreg å ta delar av utdanninga i utlandet. Deltaking i EUs program for livslang læring, Action Programme in the field of Lifelong Learning 2007–2013 (LLP), er eit viktig verkemiddel for å leggje til rette for dette.

Folkehøgskolane legg vekt på allmenndanning og folkeopplysning. Pedagogisk fridom er eit særtrekk ved folkehøgskolane, som er eksamensfrie og ubundne av pensum.

Kap. 252 EUs program for livslang læring

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

70

Tilskott

193 806

183 525

210 207

Sum kap. 252

193 806

183 525

210 207

Post 70 Tilskott

Om ordninga

Noreg deltek i EUs program for livslang læring, Action Programme in the field of Lifelong Learning 2007–2013 (LLP).

LLP dekkjer heile utdanningsløpet frå barnehage til vaksenopplæring og består av fire sektoraktivitetar: Comenius (barnehage, grunnskole og vidaregåande opplæring), Erasmus (høgre utdanningsinstitusjonar), Leonardo da Vinci (fag- og yrkesopplæring) og Grundtvig (vaksenopplæring). Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) er nasjonal koordinator for programmet.

Mål for 2012

Målet med norsk deltaking i programmet er å etablere moglegheiter for mobilitet i heile utdanningssektoren. Dette skal medverke til å utvikle kvaliteten, den interkulturelle dialogen og den europeiske dimensjonen i utdanningssystemet. Gjennom deltaking i programmet får norske aktørar sjansen til å samarbeide med elevar, studentar og tilsette ved utdanningsinstitusjonar frå dei fleste landa i Europa.

Rapport for 2010

Talet på søkjarar til partnarskap innanfor skolesamarbeidet Comenius har i dei siste åra vore stabilt og hadde ein liten auke i 2010. Samstundes auka det samla søknadsbeløpet med 14 pst. samanlikna med 2009. Til saman vart 94 søknader med norsk deltaking godkjende i 2010, og 64 pst. av søknadene gjekk gjennom (utteljingsprosent). Grunn- og vidaregåande skole er nokså likt representerte, medan berre to pst. av dei innvilga søknadene kom frå barnehagar. Dette er ein nedgang på tre prosentpoeng samanlikna med 2009. Fleirtalet av Comenius-partnarskapane dreier seg om språk og kulturforståing, miljø og klima, og IKT, og dei er i stor grad tverrfaglege. 2010 var det første året da tiltaket Comenius individuell elevutveksling vart gjennomført. Til saman reiste ti norske elevar frå tre skolar utanlands, medan 22 elevar frå andre land kom til Noreg.

I alt 53 norske høgre utdanningsinstitusjonar har skaffa seg tilgang til deltaking i Erasmus mobilitetsaktivitetar ved å søkje om Erasmus University Charter. Talet på Erasmus-studentar til Noreg har auka jamt i dei siste ti åra. Talet på Erasmus-studentar frå Noreg som reiser utanlands, auka fram mot skoleåret 2008–09, men i 2009–10 var det ein liten nedgang i talet på utreisande studentar. Til saman var det 1 356 utreisande Erasmus-studentar frå Noreg i 2009–10, og om lag sju pst. av desse var på praksisopphald. Noreg tek imot langt fleire utvekslingsstudentar gjennom Erasmus enn vi sender ut, noko som òg er tilfellet for ein del andre vesteuropeiske land. Samanlikna med skoleåret 2008–09 var det i perioden 2009–10 ein auke i utreisande aktivitet i kategoriane lærarmobilitet og tilsettmobilitet.

Mange utdanningsinstitusjonar og bedrifter bruker Leonardo da Vinci-mobilitetsordninga som eit verkemiddel for å auke rekrutteringa innanfor ulike fag, fremme læringslyst og motivasjon, og førebu norske elevar og lærlingar på arbeid ved fleirkulturelle arbeidsplassar. Det er ei god geografisk og fagleg spreiing blant søkjarane. I Leonardo da Vinci-programmet er det tre typar tiltak innanfor fag- og yrkesopplæring: partnarskapsprosjekt, vidareutviklingsprosjekt og mobilitetsprosjekt. Programmet har i 2010 hatt ein auke i talet på både søknader og deltakarar. Færre og større søknader per institusjon gjer at auken i talet på deltakarar er høgre enn auken i talet på søknader. I 2010 deltok 92 organisasjonar i programmet. Desse omfattar utdanningsinstitusjonar, opplæringskontor og -senter, fylkeskommunar og små og mellomstore bedrifter. I 2010 plasserte norske institusjonar ut programdeltakarar i 405 mottakarinstitusjonar fordelte på 27 partnarland.

Etter nokre år med stabil interesse for Grundtvig-programmet var det i 2010 ein nedgang i talet på søknader, særleg i søknader til partnarskapar. I 2010 var det 24 søknader mot 35 året før, og for første gong kom det ikkje inn nokre søknader med norsk koordinator. Det kan vere fleire årsaker til dette, som at søknadsprosedyrane administrativt sett er noko ressurskrevjande, og at koordineringa kan vere arbeidskrevjande utover det som tilskottet kan dekkje. Det er òg få nye søkjarar og ein tendens til at fleire private aktørar utan utdanning som primæroppgåve søkjer om støtte. I løpet av 2010 har det vore 56 fungerande partnarskapar. Talet på innvilga individuelle stipend er stabilt samanlikna med 2009. Det er ein auke i talet på førebuande besøk. Tilbakemeldingane frå dei som tek del i partnarskapar, reiser på studieopphald og kurs, er gjennomgåande positive, og dei involverte organisasjonane rapporterer at dei drar nytte av samarbeidet.

Tabell 4.10 Deltaking i Erasmus og Leonardo da Vinci, 2007–10

Erasmus

2007–08

2008–09

2009–10

Utreisande studentar

1 154

1 410

1 356

Innkommande studentar

2 847

3 403

-

Utreisande lærarar og tilsette

482

477

561

Innkommande lærarar og tilsette

448

482

-

Leonardo da Vinci

2008

2009

2010

Deltakarar i mobilitetsprosjekt

1 485

2 265

2 686

Tal for innkommande studentar, lærarar og tilsette i Erasmus er førebels ikkje tilgjengelege for skoleåret 2009–10

Kjelde: Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU).

Budsjettforslag for 2012

Kontingenten for 2012 er berekna til om lag 202,2 mill. kroner. Vidare er det sett av 8 mill. kroner som skal dekkje kostnadene for fem norske nasjonale ekspertar under LLP. Departementet foreslår ei løyving på 210,2 mill. kroner. Endringa frå 2011 kjem i hovudsak av endring i valutakursen.

Kap. 253 Folkehøgskolar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

70

Tilskott til folkehøgskolar

636 552

659 685

680 135

71

Tilskott til Folkehøgskolerådet

3 613

3 725

4 240

72

Tilskott til nordiske folkehøgskolar

1 136

1 171

1 207

Sum kap. 0253

641 301

664 581

685 582

Post 70 Tilskott til folkehøgskolar

Mål for 2012

Målet med tilskottet er å fremme allmenndanning og folkeopplysning gjennom å medverke til at det kan opprettast og drivast folkehøgskolar.

Om ordninga

Folkehøgskolane er eit supplement til den læringa som finn stad gjennom det ordinære utdanningssystemet og i arbeidslivet.

Tilskottet er tredelt. Basistilskottet er likt for kvar folkehøgskole. Elevtilskottet blir fastsett på grunnlag av gjennomsnittleg elevtal for dei siste tre åra før det føregåande året. Tilskott til husleige blir fordelt etter innstilling frå Folkehøgskolerådet. I tillegg får fire folkehøgskolar der ein stor del av elevane har redusert funksjonsevne, eit særskilt tilskott for desse elevane.

Folkehøgskolane gir tilbod om langkurs på 16,5 veker eller meir og kortkurs på minst tolv timar. Føresegner om kursordningar, elevrapportering, tilskottsmodell m.m. er gitt i forskrifta til folkehøgskolelova.

Nordnorsk Pensjonistskole og Norsk senter for seniorutvikling er godkjende som folkehøgskoleliknande tiltak, og får tilskott etter folkehøgskolelova.

Tabell 4.11 Elevtal i folkehøgskolane 2006–10

År

2006

2007

2008

2009

2010

Elevar langkurs vår og haust (16,5–33 veker)

12 582

11 908

12 014

13 160

13 840

Elevar kortkurs (3 dagar–16 veker)

19 079

18 588

16 849

19 011

19 049

Sum elevar

31 661

30 496

28 863

32 171

32 889

Årselevar langkurs

6 407

6 130

6 291

6 539

6 945

Årselevar kortkurs

834

756

714

794

745

Sum årselevar

7 241

6 886

7 005

7 333

7 690

Sum godkjende årselevar / fastsett elevtal

7 215

6 879

6 851

7 280

7 608

Tilskottselevar

7 212

7 269

7 181

7 136

6 989

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Rapport for 2010

Elevtalet på langkurs har auka med 5,1 pst. frå 2009 til 2010. Talet på deltakarar på kortkurs viser ein auke på 0,2 pst. frå 2009 til 2010.

Setesdal folkehøgskole starta opp hausten 2010. Skolen er godkjend for inntil 40 elevplassar, og hadde ved oppstart 24 elevar. Skolen representerer eit nyskapande tilbod innanfor motorsport, og gir dermed eit tilbod til ei ungdomsgruppe som elles har svært få skoletilbod.

Departementet har våren 2011 gjennomgått folkehøgskoletilbudet i Noreg, herunder spørsmålet om finansiering. Medrekna den nye Setesdal folkehøgskole er det i alt 78 folkehøgskolar i Noreg. Departementet viser til at det i 2010 var om lag 7 000 årselevar på langkursa, noko som utgjer om lag elleve pst. av eit årskull 19-åringar. Kjønnsmessig er det flest jenter som går på folkehøgskole (om lag 60 pst. av elevmassen).

Fagleg fridom er ein grunnverdi for folkehøgskolane, og skolane har innanfor dei vilkåra som følgjer av folkehøgskolelova, fridom til å utforme sitt eige læringsprogram. Det blir gitt tilbod om eit breitt spekter av fag ved landets folkehøgskolar. Departementet har vurdert spørsmålet om finansiering, og vil peike på at eventuell godkjenning av nye folkehøgskolar bør avhenge av at det blir sett av midlar til dette på statsbudsjettet.

I Prop. 1 S (2010–2011) peikte departementet på at folkehøgskolane kan spele ei rolle i arbeidet for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Som del av satsinga Ny GIV vart det sommaren 2011 arrangert sommarkurs særleg retta mot denne målgruppa ved åtte folkehøgskolar.

I statsbudsjettet for 2011 er det avsett 0,5 mill. kroner til oppstart av eit folkehøgskolekonsept spesielt retta mot fråfallselevar frå vidaregåande opplæring. Midlane er disponerte til utviklingstiltak for denne målgruppa i regi av tre folkehøgskolar (Risøy folkehøyskole, Danvik folkehøgskole og Sunnfjord folkehøgskole). Midlane vart avsett til formålet i samsvar med ein fleirtalsmerknad frå finanskomiteen, jf. Innst, 2 S (2010–2011):

«Flertallet foreslår å støtte det viktige arbeidet folkehøyskolene gjør ved å øke støtten med 6 mill. kroner. 0,5 mill. kroner av midlene foreslås øremerket til oppstart av arbeidet med et folkehøgskolekonsept som er spesielt rettet mot frafallselever fra videregående skoler.»

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2011.

Post 71 Tilskott til Folkehøgskolerådet

Folkehøgskolerådet er ein interesseorganisasjon for folkehøgskolane. Både Norsk Folkehøgskolelag og Noregs Kristelege Folkehøgskolelag har medlemmer i rådet. I tillegg har rådet eit fast sekretariat.

Tilskottet medverkar til at Folkehøgskolerådet kan ta hand om fellesoppgåver for folkehøgskolane og koordineringsoppgåver for Utdanningsdirektoratet. Vidare er det eit mål å medverke til at Folkehøgskolerådet kan fremme kunnskap om og utvikling innanfor skoleslaget. Rådet har i tråd med oppdrag i tilskottsbrevet gitt innstilling til fordeling av husleigetilskott, og har dessutan avlasta departementet og Utdanningsdirektoratet ved å gi råd og rettleiing til skolane.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å flytte 0,4 mill. kroner frå kap. 226 post 21 til kap. 253 Folkehøgskolar post 71 Tilskott til Folkehøgskolerådet. Midlane skal framleis medverke til å finansiere ei stilling som internasjonal sekretær.

Post 72 Tilskott til nordiske folkehøgskolar

Tilskottet medverkar til at det kan drivast nordisk folkehøgskoleverksemd. Tilskottet går til dekning av utgifter til norske lærarressursar ved Nordiska folkhögskolan i Kungälv og til norsk deltaking på kursa ved Den Nordiske Folkehøgskolen i Genève. Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2011.

Kap. 254 Tilskott til vaksenopplæring

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

70

Tilskott til studieforbund

178 413

184 951

184 951

71

Tilskott til nettskolar

12 904

13 304

13 716

72

Tilskott til Studiesenteret Finnsnes

3 752

3 868

73

Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar

9 289

9 577

9 874

Sum kap. 254

204 358

211 700

208 541

Departementet foreslår å overføre løyvinga til Studiesenteret Finnsnes frå kap. 254 post 72 til kap. 260 post 50.

Post 70 Tilskott til studieforbund

Om ordninga

Etter ny vaksenopplæringslov er det fastsett ein overgangsperiode for studieforbund som varer fram til 31. desember 2012. I løpet av denne perioden må studieforbunda søkje om godkjenning i samsvar med krava i den nye vaksenopplæringslova. Den nye tilskottsordninga inneheld tre element: grunntilskott, opplæringstilskott og tilretteleggingstilskott. Grunntilskottet og opplæringstilskottet blir rekna ut frå den gjennomførte aktiviteten i dei to siste åra. Studieforbunda fordeler midlane vidare til medlemsorganisasjonane sine. Ein viss del av opplæringstilskottet kan nyttast til administrasjon. Departementet og Vox vil i overgangsperioden følgje med på verknadene av den nye vaksenopplæringslova og forskriftene.

Ein mindre del av tilskottet vil bli nytta til å refundere kostnader i samband med opplæring i samisk språk som blir gjennomført av godkjende studieforbund eller nettskolar, jf. samelovas forskrift om rett til opplæring i samisk.

Mål for 2012

Tilskottet til studieforbund skal medverke til at studieforbunda og medlemsorganisasjonane deira kan tilby fleksibel og brukartilpassa opplæring for vaksne.

I samsvar med vaksenopplæringslova skal studieforbunda drive opplæringsaktivitet på grunnlag av desse overordna måla:

  • å medverke til å halde ved like og styrkje demokratiet og leggje grunnlaget for ei berekraftig utvikling ved å engasjere og utvikle aktive medborgarar

  • å gjere det mogleg for menneske å påverke sin eigen livssituasjon

  • å kjempe mot utstøyting og medverke til inkludering

  • å medverke til motivasjon og tilgang til kunnskap og kompetanse for alle og slik møte behov i eit samfunn og arbeidsliv i stadig endring

  • å styrkje det kulturelle mangfaldet og auke deltakinga i kulturlivet

  • å vere ein sjølvstendig arena for læring og eit supplement til offentlege utdanningstilbod for vaksne

Rapport for 2010

Etter at ny vaksenopplæringslov vart sett i kraft, kom det frå 2010 nye krav til rapportering og utrekning av tilskott. Ut frå dei nye krava rapporterte dei godkjende studieforbunda om til saman 40 200 kurs med rett til tilskott. I snitt hadde kursa ei varigheit på 33 timar. Desse kursa hadde 504 200 deltakarar, og dei fleste deltok på kurs innanfor estetiske fag og handverksfag. I alt hadde kursa ei varigheit på 1,3 mill. timar.

Samanlikna med 2009 viser tala ein auke i talet på deltakarar, kurs og kurstimar, men tala frå 2010 kan ikkje samanliknast med tala frå tidlegare år. Til og med 2009 måtte eit kurs vare i minst tolv timar og ha minst fem deltakarar for å kunne få tilskott og inngå i statistikken. Frå 2010 går grensa ved åtte timars varigheit, og minstekravet til talet på deltakarar er fjerna. Med utgangspunkt i grunnlagsdata frå Statistisk sentralbyrå har Vox konkludert med at auken i 2010 i stor grad er knytt til svært korte kurs og kurs med svært få deltakarar. Dersom ein nyttar tal som kan samanliknast med tidlegare år, var det i 2010 ein nedgang i talet på deltakarar, kurs og kurstimar, ifølgje Vox.

Vox publiserte i 2011 ein rapport som ser nærmare på utviklinga i tilskott og deltaking i studieforbunda i perioden 2006–09. Rapporten viser at realveksten i statstilskottet til studieforbunda i denne perioden var på 18 pst., medan talet på deltakarar gjekk ned med sju pst. Ifølgje rapporten var det ingen klar samanheng mellom auken i tilskottet og utviklinga i deltakinga i studieforbunda i åra 2006–09.

Den nye vaksenopplæringslova inneheld seks overordna mål for opplæringsaktiviteten til studieforbunda, og frå og med 2010 skal studieforbunda rapportere på desse. I denne første rapporteringa har fleire av studieforbunda gitt ei oversikt over kursaktivitet knytt til dei overordna måla, men omtale og vurdering av måloppnåing ligg i liten grad føre. Vox vil vidareutvikle den nye rapporteringa i samarbeid med studieforbunda.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på nominelt same nivå som i 2011.

Post 71 Tilskott til nettskolar

Namnet på posten er endra for å betre spegle kven som er mottakarar av tilskott frå posten.

Mål for 2012

Tilskottet skal medverke til at nettskolane kan

  • utvikle fjernundervisning som opplæringsmetode

  • gi tilgang til fleksibel, kvalitetssikra opplæring for å møte behova til den einskilde i samfunns- og arbeidsliv

  • utvikle opplæringstilbod som er lagde til rette for den einskilde ut frå føresetnader og behov

Frå og med 2012 fell det aktivitetsbaserte tilskottet bort etter ein overgangsperiode. Den nye tilskottsordninga skal gå til utvikling av metodar og kvalitet i fjernundervisninga, jf. omtale i forskrifta til vaksenopplæringslova.

Frå 2012 vil fellesorganet for nettskolane, Norsk forbund for fjernundervisning og fleksibel utdanning (NFF), gjere ei fagleg vurdering av bruk og fordeling av det årlege tilskottet. NFF vil gi innstilling til Vox, som forvaltar løyvinga over kap. 254 post 71.

Ein mindre del av tilskottet kan nyttast til å halde fram med statistikk over omfanget av opplæring knytt til nettskolane.

Rapport for 2010

Til Statistisk sentralbyrå (SSB) rapporterte nettskolane at dei hadde 17 100 fullførte kurs i 2010. Dette er ein nedgang på sju pst. frå 2009. Talet på fullførte kurs er meir enn halvert sidan år 2000. I denne perioden har nedgangen vore størst i talet på kurs med offentleg eksamen, frå 28 400 i 2000 til 7 700 i 2010. Dette er ein nedgang på 73 pst. I same periode auka derimot talet på kurs med tilbod om intern eksamen frå 6 000 til 9 200, ein auke på 53 pst.

Utviklinga i aktiviteten må sjåast i samanheng med auken i talet på studentar som er registrerte på desentraliserte utdanningstilbod eller fjernundervisningstilbod ved institusjonar for høgre utdanning. Tal frå Databasen for høyere utdanning (DBH) viser at talet på denne studentgruppa auka med 15 pst. frå 2006 til 2010.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2011.

Post 72 Tilskott til Studiesenteret Finnsnes

Rapport for 2010

Studiesenteret Finnsnes hadde i 2010 åtte desentraliserte høgskolestudium i samarbeid med Universitetet i Tromsø, Høgskolen i Harstad og Høgskolen i Finnmark. I tillegg til profesjonsstudia tilbydde senteret fleire vidareutdanningskurs.

Studiesenteret Finnsnes har også i 2010 delteke i arbeidet med Kunnskapsparken Finnsnes og Campus Midt-Troms.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår at løyvinga frå 2012 blir flytt til kap. 260 post 50 og lagd inn i rammeløyvinga til Universitetet i Tromsø, som vil fordele løyvinga vidare til Studiesenteret Finnsnes. Sjå nærmare omtale under kap. 260 post 50.

Post 73 Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar

Mål for 2012

Tilskottet skal vere med på å sikre drifta av fellesorgana for studieforbunda og nettskolane, Voksenopplæringsforbundet (VOFO) og Norsk forbund for fjernundervisning (NFF). Organisasjonane skal utføre fellesoppgåver for medlemsorganisasjonane og fremme kunnskap om og utvikling av fagområda. Ein del av løyvinga er øyremerkt til VOFO Finnmark.

Rapport for 2010

VOFO har i 2010 arbeidd med fleire saker knytte til iverksetjing av ny vaksenopplæringslov og forskrift og overgangen til nye reglar for tilskottsordninga. I samband med utvikling og kvalitetsarbeid deltek VOFO i fleire nettverk for vaksnes læring, både nasjonalt og internasjonalt. VOFO har meldt frå om at utviklingsprosjektet Kursadministrasjonsprogram for studieforbunda (KAS) er forseinka grunna problem med leveransen. KAS blir testa ut av studieforbunda hausten 2011, og VOFO tek sikte på at KAS blir ferdigstilt mot slutten av 2011.

NFF har i 2010 arbeidd med endringar som følgjer av ny vaksenopplæringslov og nye retningslinjer for tilskott. NFF fekk i 2010 fire nye medlemsinstitusjonar slik at organisasjonen til saman har 31 medlemmer. NFF er engasjert i fleire norske, nordiske og europeiske utviklingsprosjekt, og to av desse har fått støtte frå Kunnskapsdepartementet i 2009–10.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2011.

Kap. 255 Tilskott til freds- og menneskerettssentra o.a.

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

70

Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

25 200

25 919

26 722

71

Falstadsenteret

14 727

15 184

15 655

72

Stiftelsen Arkivet

5 525

5 696

6 389

73

Nansen Fredssenter

5 000

5 155

5 315

74

Narviksenteret

1 646

2 047

2 110

75

Det europeiske Wergelandsenteret

6 708

6 916

7 130

76

Raftostiftelsen

2 000

2 062

Sum kap. 255

58 806

62 917

65 383

Freds- og menneskerettssentra er stiftelser som arbeider med dokumentasjon, forsking og formidling innanfor områda demokrati, fred og menneskerettar, fangehistorie og folkemord. Tilskotta skal medverke til at sentra kan vere med på å synleggjere historia på dette området, styrkje fredsarbeid og mellommenneskeleg forståing, og gi opplæring i demokratiske verdiar og holdningar, særleg blant barn og unge.

Tilskottsforvaltinga under kapitlet er delegert til Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, unnateken post 75 Det europeiske Wergelandsenteret, som får tilskott direkte frå departementet.

Post 70 Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

Mål for 2012

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) kan drive forsking, dokumentasjon, undervisning og formidling på områda holocaust, folkemord, minoritetsspørsmål og menneskerettar.

Rapport for 2010

HL-senteret samarbeider med Oslo kommune om den kulturelle skolesekken og har i 2010 gjennomført undervisningsopplegga Hamsun, nazismen og antisemittismen og Fortellinger om Holocaust. HL-senteret har òg utvikla eit fast grunnkurs for lærarar for å auke kompetansen i undervisning om holocaust og andre folkemord.

Kunnskapsdepartementet gav i 2010 HL-senteret i oppdrag å vere sekretariat for ei arbeidsgruppe leia av Inge Eidsvåg, som i 2011 la fram forslag til korleis skolen kan arbeide mot antisemittisme og rasisme.

Prosjektet Norske frivillige i Waffen-SS har i 2010 arbeidd med formidling av forskingsfunn og med å ferdigstille ei bok med resultat frå prosjektet. Ein foreløpig sluttrapport vart levert i juni 2010.

HL-senteret er ein av 20 deltakande institusjonar i det nye prosjektet European Holocaust Research Infrastructure, som blir koordinert av det nederlandske instituttet for krigsdokumentasjon. Det fireårige prosjektet, som starta i november 2010, tek sikte på å fremme internasjonal forsking på feltet ved å integrere og digitalisere arkivsamlingar som er relevante for studiar av holocaust.

Eit anna forskingsprosjektet ved HL-senteret som starta opp i 2010, var Antisemittisme i Norge? Den norske befolknings holdninger til jøder og jødedom.

I tillegg til den permanente utstillinga var HL-senteret i 2010 vertskap for dei to vandreutstillingane Da naboer var medmennesker og Villa Wannsee – Melancholy Grandeur.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2011.

Post 71 Falstadsenteret

Mål for 2012

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Falstadsenteret kan drive eit opplærings- og dokumentasjonssenter om fangehistorie frå andre verdskrigen, og fremme kunnskap om demokrati, humanitær folkerett og menneskerettane.

På oppmoding frå Kunnskapsdepartementet har Statsbygg inngått ein avtale om kjøp av den såkalla Kommandantboligen på Falstad. Overtakinga skjer med atterhald om at eigedomen blir bruksendra. Kommandantboligen var ein del av fangeleirkomplekset Falstad under andre verdskrigen og vart bygd av fangar i 1943–44. Departementet tek sikte på at eigedomen blir stilt til disposisjon for Falstadsenteret gjennom ein leigeavtale med Statsbygg.

Rapport for 2010

Falstadsenteret hadde i 2010 om lag 12 000 besøkjarar. Om lag 6 000 av desse var elevar, studentar og lærarar som deltok i undervisningsopplegg. Det er oppretta avtalar med Trondheim kommune, Levanger kommune og Verdal kommune om undervisningstilbod knytte til den kulturelle skolesekken. I 2010 vart det utvikla nye formidlings- og undervisningsopplegg for grunnskolen og vidaregåande opplæring som tilfredsstiller krava i læreplanane.

Senteret samarbeider òg med NTNU, Høgskolen i Nord-Trøndelag og Høgskolen i Sør-Trøndelag om undervisning av studentar i vernepleie, samfunnsfag og lærarutdanning.

Dokumentasjons- og forskingsarbeidet var i 2010 hovudsakleg knytt til det treårige forskingsprosjektet Painful Heritage. Dette omfattar mellom anna registrering av krigskulturminne og identifisering av østeuropeiske krigsgraver. Prosjektet er eit samarbeid med Vitskapsmuseet ved NTNU.

Forskingsprosjektet Internasjonalt intervjuprosjekt starta opp i 2010 og er eit samarbeid med universitet og fagmiljø i Russland, Polen og Serbia. Målet er å spore opp og intervjue norske og utanlandske personar som sat i tyske fangeleirar i Noreg under okkupasjonen. 18 personar vart intervjua i 2010.

Falstadsenteret hadde i 2010 tre temporære utstillingar og tre miniutstillingar. I tillegg har senteret oppgradert museumsutstillinga Ansikt til ansikt.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2011.

Post 72 Stiftelsen Arkivet

Mål for 2012

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Stiftelsen Arkivet er eit informasjons- og dokumentasjonssenter om krigshistoria, folkeretten og menneskerettane, og er eit senter for demokrati og fredsskapande arbeid.

Rapport for 2010

I 2010 hadde Stiftelsen Arkivet meir enn 11 000 besøkjarar. Av desse var 8 500 elevar, studentar og lærarar som deltok på forskjellige undervisningsopplegg.

EU-prosjektet Sharing European Memories vart avslutta i 2010. Stiftelsen Arkivets bidrag, Forget but not Forgive, vart kåra til vinnar i den konkurransen som markerte slutten på prosjektet. Prosjektet Krigsarkiver.no starta opp i 2010.

Stiftelsen tok i 2010 initiativet til å etablere Forum for okkupasjonshistorie, som har om lag 30 medlemmer.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å auke løyvinga med 516 000 kroner, jf. Innst. 420 S (2010–2011) og Prop. 120 S (2010–2011)

Post 73 Nansen Fredssenter

Mål for 2012

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Nansen Fredssenter kan tilby kurs og opplæring for å fremme arbeidet for fred, forsoning og menneskerettane som eit alternativ eller supplement til opplæring ved andre institusjonar.

Rapport for 2010

Aktivitetane ved Nansen Fredssenter har i stor grad vore retta mot elevar og studentar med flyktningbakgrunn. Senteret har stått bak fleire foredrag, opne møte, konferansar, samlingar og seminar. Det vart arrangert fagseminar for å ta opp utfordringar og dilemma i fredsarbeid, og senteret heldt fram med sine dialogseminar for deltakarar frå krigsramma område.

Nansen Fredssenter koordinerer studiereiser frå fleire norske kommunar til skolar på Balkan, og senteret arrangerer òg dialogseminar for deltakarar frå Balkan i Noreg.

Senteret mottek jamleg besøk av grupper frå Balkan som ledd i forsoningsprosjekt på Balkan. Senteret har òg kontaktar og samarbeidsorganisasjonar i Afghanistan, Irak og Sri Lanka.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2011.

Post 74 Narviksenteret

Mål for 2012

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Narviksenteret kan fremme kunnskap og forståing om fred og menneskerettar gjennom dokumentasjon og formidling av mellom anna krigs- og okkupasjonshistoria til Nord-Noreg.

Rapport for 2010

Arbeidet med dokumentasjon og forsking er eit prioritert område for Narviksenteret. I 2010 fekk senteret tilgang til rettsdokument frå rettssaken mot 36 tyske SS-kommandantar og vakter i norske fangeleirar for jugoslavar. Materialet har vore uopna sidan 1946, og det er sett i gang eit arbeid med å omsetje dokumenta til norsk.

Narviksenteret har i 2010 delteke i EU-programmet Youth in action og teke imot frivillige ungdommar frå Russland, Serbia, Polen og Tyskland. Senteret og volontørane har mellom anna medverka til å leite fram informasjon om krigsfangar og byggje opp minnestaden for fangeleiren i Beisfjord.

Om lag 1 900 elevar vitja krigsmuseet i Narvik i 2010. Narviksenteret har òg medverka til foredrag, konferansar, produksjon av ei vandreutstilling, bokutgiving, kunstnariske tiltak og ein foredragsserie.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2011.

Post 75 Det europeiske Wergelandsenteret

Mål for 2012

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Det europeiske Wergelandsenteret (EWC) kan vere eit ressurssenter for opplæring i interkulturell forståing, menneskerettane og aktivt medborgarskap.

Rapport for 2010

I løpet av 2010 vart EWC fullt bemanna, og talet og omfanget på aktivitetar auka betrakteleg samanlikna med i oppstartsåret 2009. I tråd med mandatet skal senterets aktivitetar støtte opp om Europarådets satsing på utdanningsfeltet. Nøkkelområde her er kompetanseutvikling for lærarar og andre aktørar på feltet, formidling av læringsmateriell og tilrettelegging for dialog, samarbeid og erfaringsutveksling. EWC er ope for alle medlemsstatane i Europarådet.

Blant aktivitetane var det tredje Pestalozzi-seminaret Preparing future teachers for intercultural understanding, som vart arrangert i mai 2010. Seminaret vart arrangert i samarbeid med Europarådet og hadde 28 deltakarar frå 18 land. Sommaren 2010 medverka EWC òg til gjennomføringa av sommarskolen Democracy at School i Polen og til sommarskolen Summer School on Human Rights and Democracy i Oslo.

Til saman deltok 650 personar frå 43 europeiske land og fem andre land på arrangement i regi av EWC i 2010. Deltakarane var mellom anna rektorar, lærarar, studentar, vitskapleg tilsette ved universitet og høgskolar, politikarar og journalistar.

EWC har i 2010 arbeidd med å utvikle databasar, eit internettbibliotek og andre internettressursar for å formidle læringsmateriell og skape ein virtuell møteplass for personar som arbeider med interkulturell forståing, menneskerettar og demokratibygging. Talet på nye besøkjarar på EWCs nettsider auka i 2010 med 47 pst. frå 2009.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2011.

Post 76 Raftostiftelsen

Mål for 2012

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Raftostiftelsen kan tilby eit godt utdanningstilbod om menneskerettane for elevar, studentar, lærarar og andre grupper. Løyvinga skal medverke til at stiftinga kan sørgje for kvalitetssikring, ivaretaking og vidareføring av kunnskap, kompetanse og kontaktnett som er bygde opp gjennom åra.

Rapport for 2010

Løyvinga vart oppretta i 2011.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2011.

Kap. 256 Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

40 793

45 416

48 844

21

Særskilde driftsutgifter

18 007

14 987

15 452

Sum kap. 256

58 800

60 403

64 296

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk skal vere eit kompetansepolitisk fagorgan underlagt Kunnskapsdepartementet. Vox har ansvaret for å forvalte tilskott til vaksenopplæring, jf. kap. 254, tilskott til freds- og menneskerettssentra, jf. kap. 255, og Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA), jf. kap. 257. Vox forvaltar òg løyvinga til dei regionale partnarskapa for karriererettleiing, jf. kap. 226, og nokre av prosjektmidlane som blir løyvde over kap. 258.

Vox arbeider for å auke vaksnes deltaking i samfunns- og arbeidsliv gjennom å heve kompetansenivået hos vaksne. I dei seinare åra har Vox lagt særleg vekt på opplæring i grunnleggjande dugleikar og vaksnes læring. Det har òg særleg vore arbeidd med eit effektivt og heilskapleg system for vurdering av realkompetanse, og utvikling av god og relevant karriererettleiing. Vox har samarbeidd med Utdanningsdirektoratet (Udir) om å avklare forståinga av vaksnes rett til grunnopplæring og arbeider med marknadsføring og informasjon om kompetansemåla.

Etter planen flyttar Vox 1. desember 2011 inn i nye lokale i Oslo sentrum, jf. Innst. 420 S (2010–2011) og Prop. 120 S (2010–2011).

Mål for 2012

Vox skal vere eit fagorgan for kompetansepolitikken. Måla for 2012:

  • Vox skal medverke i arbeidet med å utvikle kompetansepolitikken.

  • Vox skal ha oversikt over og formidle relevant og oppdatert kunnskap om det kompetansepolitiske området, nasjonalt og internasjonalt.

  • Vox skal medverke til høgre kompetanse blant vaksne.

  • Vox skal medverke til gode og relevante ordningar for karriererettleiing og realkompetansevurdering.

  • Vox skal forvalte og utvikle tilskottsordningar.

  • Vox skal vere sekretariat for nasjonalt fagskoleråd.

  • Vox skal i perioden 2009–12 vere vertskap for Nordisk nettverk for voksnes læring (NVL).

Rapport for 2010

For å utvikle formålstenlege indikatorar for vaksnes læring har Vox i 2010 arbeidd med å få oversyn over nordisk, europeisk og internasjonalt indikatorarbeid. Vox deltek i eit nordisk prosjekt i regi av NVL om å kartleggje nordiske indikatorar for formell vaksenopplæring.

Vox har etablert eit felles forskingsprosjekt saman med Udir for å utvide kunnskapsgrunnlaget om vaksne som tek grunnskoleopplæring. Forskingsprosjektet skal etter planen avsluttast i 2012.

Vox har i 2010 arbeidd med å bringe metodikken og kompetansemåla i rammeverket for grunnleggjande dugleikar inn på arenaer der dei tidlegare ikkje har vore brukte. Vox samarbeider med Udir og NAV om å leggje til rette for at fleire offentlege tilbydarar skal bruke rammeverket for grunnleggjande dugleikar gjennom mellom anna å styrkje kompetansen hjå NAV-medarbeidarar på feltet grunnleggjande dugleikar. Vox har òg starta eit samarbeid med Kommunenes Sentralforbund (KS) for å byggje opp kompetansen i kommunane slik at fleire offentlege tilbydarar bruker rammeverket i si opplæring av vaksne. Rammeverket dannar utgangspunktet for opplæringa innanfor Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA).

Vox tilbyr fleire gratis dagskurs for lærarar og opplæringstilbydarar som arbeider med grunnleggjande dugleikar for vaksne. Kursa tek utgangspunkt i kompetansemåla for grunnleggjande dugleikar og prinsipp for vaksnes læring. Formålet er å gi auka kompetanse i å tilpasse opplæringstilbod til vaksne.

Vox har halde fram med arbeidet med å greie ut eit nasjonalt system for realkompetansevurdering. Målet med utgreiinga er å identifisere tilhøve som hindrar samordning og heilskapleg praksis, og foreslå tiltak som kan gi grunnlag for ei meir brukarretta realkompetansevurdering. Arbeidet blir utført i samarbeid med ei referansegruppe.

Kunnskapsdepartementet gav i juni 2010 Vox i oppdrag å etablere ei eining for nasjonal koordinering av karriererettleiing som ei oppfølging av St.meld. nr. 16 (2006–2007) … og ingen sto igjen og St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja. Eininga starta opp 1. januar 2011.

Kunnskapsdepartementet gav i august 2010 Vox i oppdrag å opprette eit sekretariat for Nasjonalt fagskoleråd. Sekretariatet følgjer opp behova i rådet for tilrettelegging og oppfølging av rådsmøta, sakshandsaming og utgreiingsarbeid innanfor ramma av tildelinga.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å flytte lønnsmidlar til den nasjonale eininga for karriererettleiing til kap. 256 post 01. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner i 2012.

Kap. 3256 Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Inntekter frå oppdrag

12 449

9 705

10 006

02

Salsinntekter o.a.

1 174

1 238

1 276

16

Refusjon av foreldrepengar

754

17

Refusjon lærlingar

33

18

Refusjon av sjukepengar

1 135

Sum kap. 3256

15 545

10 943

11 282

Inntektene på post 01 kjem frå oppdragsverksemd ved Vox. Inntektene på post 02 kjem frå sal av læremateriell.

Kap. 257 Program for basiskompetanse i arbeidslivet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

64 870

5 000

5 155

70

Tilskott, kan overførast

81 278

83 798

Sum kap. 257

64 870

86 278

88 953

Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) skal medverke til å gi vaksne moglegheit til å styrkje sine grunnleggjande dugleikar i lesing, skriving, rekning og IKT slik at færre fell ut av arbeidslivet på grunn av for dårleg basiskompetanse.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

Mål for 2012

Løyvinga skal nyttast til å utvikle programmet slik at fleire vaksne med svake grunnleggjande dugleikar kan få opplæring, og slik at opplæringa skal halde høg kvalitet. Det er eit mål å utvikle programmet vidare slik at fleire bransjar og fleire grupper av arbeidstakarar med svake grunnleggjande dugleikar kan delta i programmet.

Løyvinga skal òg kunne nyttast til forsøk som kan gjere BKA betre i stand til å svare på kompetansebehova i arbeidslivet.

Rapport for 2010

Våren 2010 gjekk Vox inn i ein avtale med HSH om samarbeid kring ein større søknad til BKA. Målet med samarbeidet er å utvikle ein modell for BKA-opplæring i bransjar med sterkt innslag av franchisetakarar.

Det vart òg etablert ein ny avtale med Byggenæringens Landsforening (BNL). Avtalen er ein del av strategien for å nå små og mellomstore bedrifter og underrepresenterte bransjar.

Det er oppretta ein omfattande samarbeidsavtale med Posten Norge AS. Prosjektet har som mål å gjennomføre opplæring i grunnleggjande dugleikar for 500 medarbeidarar i Posten. Vox nyttar samarbeidet med Posten til å måle effektar av tiltaket på både individ- og avdelingsnivå. Effektane skal målast over tid, og dei endelege resultata vil først komme i 2014.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2011.

Post 70 Tilskott, kan overførast

Mål for 2012

Tilskottsordninga skal medverke til å styrkje grunnleggjande lese-, skrive-, rekne- og IKT-dugleikar blant vaksne arbeidstakarar og arbeidssøkjarar. Bedrifter og offentlege verksemder kan søkje om tilskott både til motivasjonsarbeid og til opplæring i grunnleggjande lesing, skriving, rekning og IKT.

Det er eit prioritert mål at opplæringa skal nå vaksne med svake grunnleggjande dugleikar. Opplæringa skal halde høg kvalitet og vere tilpassa behova til dei vaksne, slik at ho gir ein positiv effekt for den einskilde.

Det er eit mål at fleire bransjar er representerte i programmet, særleg dei som sysselset arbeidskraft med låg utdanning og er konjunkturutsette bransjar, samt at programmet skal nå små og mellomstore verksemder.

Ein mindre del av løyvinga skal gå til å utvikle gode modellar for samarbeid mellom NAV, fylkeskommunar og verksemder, slik at fleire arbeidssøkjarar kan få opplæring i grunnleggjande dugleikar.

Rapport for 2010

I 2010 lyste Vox ut 68 mill. kroner i BKA-tilskott. Det kom inn 343 søknader til søknadsfristen, og det vart søkt om til saman 168 mill. kroner. Det er ein auke i omsøkt beløp på 38 pst. frå 2009. Programmet fekk ei tilleggsløyving på 10 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett i 2010. Til saman vart det i 2010 tildelt 78 mill. kroner i tilskott til bedrifter og offentlege verksemder. Til tross for tilleggsløyvinga var det godt kvalifiserte søknader til ein samla verdi av om lag 55 mill. kroner som ikkje fekk støtte.

Tabell 4.12 Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA), 2006-10

2006

2007

2008

2009

2010

Omsøkt beløp, i mill. kroner

85

78

119

122

168

Talet på søknader

167

208

279

270

343

Talet på innvilga søknader

65

70

96

162

204

Talet på innmelde deltakarar

2 032

2 153

2 869

5 362*

4 994*

Talet på innmelde deltakarar i 2009 og 2010 er førebelse.

Kjelde: Vox

Programmet har òg i 2010 styrkt delen kurs med hovudformål lesing, skriving og rekning. Dette er i tråd med føringane frå departementet. Opplæring i lesing, skriving og rekning er ofte tidkrevjande med omsyn til rekruttering og gjennomføring, noko som gjer opplæringa meir kostbar per deltakar og per kurs.

Frå 2010 er det innført ei elektronisk sluttrapportering for tilskottsmottakarar som mellom anna skal medverke til meir kunnskap om effektane av BKA-opplæringa.

I samband med utlysinga av tilskottsmidlar for 2011 arrangerte Vox hausten 2010 informasjonsmøte om BKA i Bergen, Oslo, Stavanger, Tromsø, Trondheim og Ålesund. Vox hadde ei særskild informasjonssatsing retta mot Møre og Romsdal og Troms, som er to fylke med relativt låg deltaking i BKA.

Tilskottet vart i 2010 gitt over post 21. Frå 2011 er tilskottet etablert som ei eiga tilskottsordning og blir gitt over post 70. Rapporten for tilskott gitt i 2010, blir omtalt under post 70.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å løyve 83,8 mill. kroner på posten i 2012.

Kap. 258 Tiltak for livslang læring

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

4 423

3 896

3 981

21

Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 01

38 475

41 523

47 427

Sum kap. 258

42 898

45 419

51 408

Post 01 Driftsutgifter og Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 01

Mål for 2012

Departementet vil nytte løyvinga over kap. 258 til tiltak for livslang læring, og til statistikk, dokumentasjon, analysar og forsking som kan medverke til politikkutvikling på heile ansvarsområdet til departementet, med særskild prioritering av vaksnes læring. Målet er mellom anna å kartleggje framtidas kompetansebehov.

Betre og meir kunnskap om kva som hindrar eller avgrensar vaksnes deltaking i opplæring, og om kva effektar deltaking i opplæring har for den einskilde, er viktig for å kunne utvikle nye og meir målretta og effektive tiltak for vaksne med svake grunnleggjande dugleikar. Departementet foreslår å setje av 5 mill. kroner årleg i ein femårsperiode til forsking på vaksnes dugleikar og deltaking i opplæring.

I samband med Ny GIV-satsinga vil Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet setje i gang forsøk med vidaregåande opplæring på arbeidsplassen for ufaglærte tilsette i helse- og omsorgssektoren og i barnehagesektoren. Forsøka vil bli gjennomførte i samarbeid med fylkeskommunane og vil bli følgde opp av departementas underliggjande verksemder.

Departementet vil føre vidare forsøka med utvikling av opplæringsmodellar som er tilpassa vaksne arbeidssøkjarar som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, jf. omtale under kap. 220.

Løyvinga til forskingsprogrammet Utdanning 2020 vil bli ført vidare i 2012.

Departementet har utarbeidd eit forslag til nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR) som skal vise det faktiske læringsutbyttet på alle utdanningsnivåa, frå grunnskole til doktorgrad. Forslaget har vore ute til høring, og departementet vil gå gjennom høringsfråsegnene og fastsetje det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket. Departementet vil òg arbeide med å kople det norske rammeverket til det europeiske kvalifikasjonsrammeverket for livslang læring (EQF). EQF beskriv utdanningskvalifikasjonar på europeisk nivå i form av læringsutbytte og er eit verktøy for å kunne samanlikne ulike lands utdanningssystem. Etter planen skal arbeidet med fastsetjing av NKR og kopling til EQF vere sluttført i 2012.

Arbeidet med å styrkje samordninga og skape ein meir einskapleg praksis for realkompetansevurdering vil halde fram.

Det er sett ut eit oppdrag om å evaluere Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA). Evalueringa vil etter planen bli fullført i 2012.

Det er eit mål for departementet å vidareutvikle statistikk på vaksenfeltet, jf. Innst. 192 S (2009–2010) og St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja.

Departementet vil la delar av løyvinga gå vidare til Vox til utvikling av kunnskapsbasert og fleksibel vaksenopplæring.

Ein mindre del av løyvinga vil kunne gå til studieforbunda og nettskolar som prosjektstøtte. Nokre av midlane vil òg kunne bli nytta som tilskott til studieforbund som har vedteke samanslåing i samsvar med overgangsordningane i ny lov om vaksenopplæring.

Ein mindre del av løyvinga vil kunne nyttast i samband med at Noreg har formannskapet i Nordisk Ministerråd i 2012.

Rapport for 2010

Løyvinga til rettleiing for tillitsvalde om opplæring og kompetanseutvikling, jf. Innst. 12 S (2010–2011), er gjennom Vox fordelt vidare til dei regionale partnarskapane for karriererettleiing.

Kunnskapsdepartementet gav i 2010 Proba Samfunnsanalyse i oppdrag å greie ut om verknadene av å ta vidaregåande opplæring etter at ein person har fylt 25 år. Rapporten Utfall på arbeidsmarkedet for personer som fullfører videregående opplæring som voksne viser at vaksne som fullfører yrkesfagleg vidaregåande opplæring og tek fagbrev, er meir i arbeid og i mindre grad er uføre enn personar som kun har grunnskole som høgste fullførte utdanning.

Senter for økonomisk forsking (SØF) har gjennomført eit prosjekt for Kunnskapsdepartementet for å måle dei samfunnsøkonomiske kostnadene av fråfall i vidaregåande opplæring. Rapporten Kostnader av frafall i videregående opplæring viser mellom anna at dersom delen av eit kull som fullfører vidaregåande opplæring, aukar frå 70 til 80 pst., kan den samfunnsmessige gevinsten bli 5,4 mrd. kroner for kvart kull.

I 2010 vart det sett i gang forsøk i fylkeskommunane Finnmark, Oppland, Sogn og Fjordane og Oslo for å utvikle opplæringsmodellar på vidaregåande opplæringsnivå som kan byggje på og kombinerast med dei tilboda vaksne kan få gjennom arbeidsmarknadsopplæringa (AMO). Målgruppa for forsøket er hovudsakleg registrerte arbeidssøkjarar som ikkje har fullført vidaregåande opplæring. Sjå òg omtale under kap. 220.

Kunnskapsdepartementet og Statistisk sentralbyrå (SSB) har gått inn i ein avtale om at departementet skal finansiere ny offisiell statistikk om vaksnes deltaking i opplæring. Statistikken vil bli publisert årleg frå 2011 med utgangspunkt i Lærevilkårsmonitoren.

NIFU har fått i oppdrag å gjennomføre analysar av Lærevilkårsmonitoren i perioden 2010–12.

Delar av departementets løyving til Utdanning 2020 vart i 2010 finansierte over kap. 258.

Departementet har arrangert samlingar i Nasjonalt forum for utdanningsforsking. Forumet medverkar til å samle forskarar, utveksle kunnskap og erfaringar på feltet, og gi merksemd til viktige tema.

Campell Collaboration har i perioden 2008–10 hatt hovudkontoret sitt i Noreg ved Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta. Kunnskapsdepartementet har saman med andre departement og direktorat medverka til å dekkje utgiftene til hovudkontoret i denne perioden.

Departementet har ein avtale med Nasjonalt folkehelseinstitutt om å kartleggje omfanget av språkvanskar hos barn. Prosjektet byggjer på Den norske mor og barn-undersøkinga (MoBa).

Departementet gav i 2010 Vox i oppdrag å etablere ei nasjonal eining for karriererettleiing frå 1. januar 2011. Ein mindre del av løyvinga gjekk til Vox for å førebu oppstarten av arbeidet til eininga.

Vox har sett på det arbeidet som er gjort med framskriving av kompetansebehovet i Noreg og Europa. I desember 2010 arrangerte Vox eit seminar om temaet for partane i arbeidslivet.

Vox har arbeidd med å standardisere både rettleiingar, pedagogiske verktøy og testar slik at lærarar og opplæringstilbydarar har tilstrekkelege ressursar til å kunne tilby opplæring av god kvalitet til vaksne med svake grunnleggjande dugleikar.

Ein mindre del av løyvinga er gjennom Vox fordelt vidare til pedagogisk utviklingsarbeid og særlege målgrupper hos studieforbunda og nettskolane.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å auke løyvinga over kap. 258 post 21 med 1,5 mill. kroner for å styrkje forskinga på vaksnes dugleikar og deltaking i opplæring.

Departementet foreslår å flytte 7,2 mill. kroner frå kap. 226 post 21 til kap. 258 post 21 i samband med forsøk med vidaregåande opplæring for vaksne på arbeidsplassen.

Departementet foreslår å flytte 1,6 mill. kroner frå kap. 258 post 21 til kap. 200 postane 01 og 21. Overføringa gjeld driftsoppgåver som opphavleg var etablerte som prosjekt, men som i dag inngår som ein del av det ordinære arbeidet til departementet retta mot sektoren.

Departementet foreslår å flytte 2,5 mill. kroner frå kap. 258 post 21 til kap. 256 post 01. Overføringa gjeld lønnsmidlar til nasjonal eining for karriererettleiing.

Programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning

Utgifter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

260

Universitet og høgskolar

23 421 430

25 037 200

26 091 046

4,2

270

Internasjonal mobilitet og sosiale formål for studentar

351 573

319 868

329 784

3,1

276

Fagskoleutdanning

55 158

56 868

3,1

280

Felles einingar

123 223

321 147

364 681

13,6

281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

761 897

440 303

363 745

-17,4

Sum kategori 07.60

24 658 123

26 173 676

27 206 124

3,9

Inntekter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

3280

Felles einingar

1 171

2 020

1 172

-42,0

3281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

424

37 250

10

-100,0

Sum kategori 07.60

1 595

39 270

1 182

-97,0

Innleiing

Noreg skal ha høgre utdanning, forsking og fagskoleutdanning av høg kvalitet som utviklar kunnskap og kompetanse for den einskilde og samfunnet, og medverkar til framtidig velferd og verdiskaping.

Kunnskap, kritisk refleksjon, kjeldekritikk, vitskapleg metode og meiningsbryting er kjerneverdiar i høgre utdanning og forsking. Dette er òg dei verdiane som skapar motvekt mot fordommar og kunnskapsløyse, som kan resultere i frykt og hat. Det er viktig at universitet og høgskolar er ein arena der argument kan brytast og studentane får utvikla evna til å forstå og vurdere kritisk ulike perspektiv og ståstader. Etter terrorangrepa i Oslo og på Utøya er det enda tydelegare kor viktige desse grunnverdiane er.

Tilstrekkeleg studiekapasitet og ein desentralisert universitets- og høgskolestruktur er viktig for å sikre lik tilgang til høgre utdanning i heile landet og dermed medverke til tilgang på kvalifisert arbeidskraft og regional utvikling.

Universitet og høgskolar skal vere synlege aktørar i samfunnslivet og medverke regionalt, nasjonalt og globalt. Institusjonane skal utdanne gode kandidatar og medverke til innovasjon og verdiskaping basert på resultat frå forsking og fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid.

Samarbeid, arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon (SAK) er eit sentralt tiltak for regjeringa for å oppnå høgre kvalitet i utdanning og forsking, gjennom meir profilerte institusjonar og robuste fagmiljø. SAK er òg eit viktig verkemiddel for å oppnå god administrativ samordning mellom institusjonar.

Høg utdanningskvalitet er avgjerande i både nasjonal og internasjonal kontekst. Relevante utdanningar som førebur studentane til å gå ut i arbeidslivet, og som er forankra i forsking og praksiskunnskap, er viktig i eit samfunn der kunnskap ofte er avgjerande for både å kunne realisere seg sjølv og for å utvikle velferdssamfunnet.

Forsking skal gi grunnleggjande ny kunnskap for å møte framtidige utfordringar for samfunnet. Noregs samla forskingsinnsats er ein føresetnad for å utvikle velferd, sikre eit framtidsretta og nyskapande næringsliv og medverke til å møte dei globale utfordringane innanfor mellom anna klima, energi og helse.

Mål for høgre utdanning og fagskoleutdanning

Dei nasjonale måla og behova skal sikrast ved at Kunnskapsdepartementet set overordna sektormål som aktørane i sektoren samla skal medverke til å nå. Departementet har i 2011 revidert den nasjonale målstrukturen for universitet og høgskolar, i dialog med aktørar frå sektoren. I ny målstruktur for 2012 ligg det ein vesentleg delegasjon frå departementet til institusjonane ved at verksemdsmåla som var sette av departementet, no blir fjerna. Det vil gi institusjonane i sektoren større handlingsrom og sjølvstendig ansvar for å tilpasse mål- og resultatstyringa betre til eigenarten og strategiane for den einskilde institusjonen.

I måla for sektoren legg departementet vekt på behova til samfunnet og eigenarten ved institusjonane. Departementet har lagt til grunn at dei nasjonale sektormåla skal vere langsiktige og ei stabil ramme som aktørane kan utvikle sine eigne strategiar og planar innanfor. Innanfor sektormåla har regjeringa overordna forventningar og særskilde prioriteringar, som saman med sektormåla ligg til grunn for strategiane og tiltaka til departementet, og som òg skal liggje til grunn for dei strategiane og planane som aktørane sjølve utviklar.

I styringsdialogen med institusjonane vil departementet vere oppteke av at den einskilde institusjonen har verksemdsmål som underbyggjer eigenarten, utfordringane og utviklingsstrategiane til institusjonen. I tillegg skal summen av verksemdsmåla i sektoren vere tilstrekkeleg for å oppfylle sektormåla og for gjennomføring av politikken til regjeringa.

Måla for den høgre utdanningssektoren:

  • Universitet og høgskolar skal gi utdanning av høg internasjonal kvalitet i samsvar med behov i samfunnet.

  • Universitet og høgskolar skal i tråd med eigenarten sin utføre forsking, kunstnarleg og fagleg utviklingsarbeid av høg internasjonal kvalitet.

  • Universitet og høgskolar skal vere tydelege samfunnsaktørar og medverke til internasjonal, nasjonal og regional utvikling, formidling, innovasjon og verdiskaping.

  • Universitet og høgskolar skal ha effektiv forvaltning av verksemda, kompetansen og ressursane i samsvar med samfunnsrolla si.

  • Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Universitetet i Stavanger og Universitetet i Tromsø skal byggje opp, drive og halde ved like museum med vitskaplege samlingar og utstillingar for publikum.

Innanfor desse sektormåla legg regjeringa i 2012 særskild vekt på at sektoren prioriterer

  • auka kapasitet i høgre utdanning, særskilt i profesjonsfaga

  • auka forskingsinnsats i realfag, teknologifag og profesjonsfag

  • auka samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon

Det overordna målet for fagskoleutdanning er at

  • Godkjend fagskoleutdanning skal vere av høg kvalitet og gi studentane kvalitetssikra, fleksible og arbeidsmarknadsretta utdanningstilbod.

Hovudprioriteringar i 2012

Nedanfor er eit kort oversyn over forslag til dei viktigaste satsingane i 2012. For ei meir utfyllande oversikt, sjå avsnitta om strategiar og tiltak for kvart av dei ulike målområda nedanfor. Forslaga er òg nærmare presiserte under dei einskilde budsjettkapitla.

Det vart i 2009 og 2011 løyvd midlar til høvesvis om lag 4 200 og 2 200 nye studieplassar. Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 239,8 mill. kroner for å vidareføre dei studieplassane som vart tildelte i 2009 og 2011, og trappe opp med nye kull i tillegg. Det inneber ein auke på om lag 2 600 plassar frå 2011 til 2012. Med vidareføring av desse plassane og opptrapping med nye kull vil regjeringa ha oppretta til saman 18 000 studieplassar innan 2016. Kunnskapsdepartementet foreslår ein auke i den resultatbaserte utteljinga på om lag 219 mill. kroner som følgje av auka studentopptak og samla auke i avlagde studiepoeng.

Kunnskapsdepartementet foreslår å auke grunnløyvinga til universitet og høgskolar med om lag 28,4 mill. kroner i 2012 for å føre vidare dei nye grunnskolelærarutdanningane i kategori D i finansieringssystemet.

Kunnskapsdepartementet vil betre kvaliteten i førskolelærarutdanninga gjennom å sikre ei god iverksetjing av ny rammeplan for utdanninga. Fleire forskjellige lærarutdanningar gir kompetanse for arbeid på trinn 8–13. Departementet vil arbeide vidare med utvikling av rammeplanar for lærarutdanninga som særleg er retta mot trinn 8–13. Departementet foreslår ei løyving på 10 mill. kroner til desse to formåla.

Kunnskapsdepartementet vil føre vidare arbeidet med å skape ein meir robust og mangfaldig universitets- og høgskolesektor gjennom samarbeid, arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon (SAK) og foreslår å føre vidare 50 mill. kroner til ulike SAK-prosessar i 2012.

Studentbustader er viktige for at alle studentar kan få tilbod om ein rimeleg bustad under utdanninga. I Soria Moria II-erklæringa er det sett som mål å byggje 1 000 studentbustader i året. Regjeringa foreslår å løyve om lag 242 mill. kroner til bygging av nye studentbustader i 2012.

Regjeringa ønskjer god og effektiv infrastruktur ved universitet og høgskolar, og foreslår å løyve om lag 1,3 mrd. kroner til bygg som er under oppføring. Regjeringa foreslår i tillegg startløyving til nytt teknologibygg ved Universitetet i Tromsø på 30 mill. kroner i 2012. Teknologibygget har ei godkjend kostnadsramme på 427,4 mill. kroner. Løyvingane vil bli foreslått gitt over budsjettet til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Kunnskapsdepartementet foreslår òg samla 196,1 mill. kroner i utstyrsløyvingar til nybygg for Høgskolen i Bergen og sentrumsbygga ved Universitetet i Oslo.

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve til saman 31,5 mill. kroner i husleigekompensasjon for bygg for sjukepleie ved Høgskolen i Oslo og Akershus og nytt bygg ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

eCampus er eit prosjekt for å byggje ut og oppgradere IKT-infrastrukturen i universitets- og høgskolesektoren, og er eit sentralt tiltak for å sikre tilgang på fleksibel og desentralisert utdanning i heile landet. Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på 12 mill. kroner i 2012 for å styrkje programmet.

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 6 mill. kroner til oppgradering og vidareutvikling av IT-systema ved Samordna opptak for å medverke til eit effektivt og korrekt nasjonalt opptak.

Mål: Universitet og høgskolar skal gi utdanning av høg internasjonal kvalitet i samsvar med behov i samfunnet

Tilstandsvurdering

Samarbeid, arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon (SAK)

SAK er eit tiltak for høgre kvalitet i utdanning og forsking gjennom meir profilerte institusjonar og meir robuste fagmiljø. Dette er nødvendig for at universiteta og høgskolane skal kunne oppfylle mandatet som sentrale aktørar i samfunnsutviklinga, og for at verksemda skal halde nødvendig høg internasjonal kvalitet.

Sektoren har slutta opp om SAK-politikken, og institusjonane har sjølve teke mange initiativ. Det er skipa nettverk og samarbeid mellom universitet og høgskolar i alle delar av landet. I nokre av prosessane deltek også private høgskolar. Siktemålet er i nokre tilfelle samanslåing av institusjonar, i andre tilfelle samarbeid om einskilde utdannings- eller forskingsområde. Generelt er det stor semje om at institusjonane har mykje å tene på eit utvida forpliktande samarbeid, òg i høve til å framstå som attraktive partnarar for samfunnet omkring. Kunnskapsdepartementet følgjer dei ulike SAK-prosessane i tett dialog med institusjonane.

Departementet meiner at SAK er eit godt og verksamt tiltak for kvalitetsheving som har gitt gode resultat. Det er likevel fleire institusjonar som har eit breiare utdanningstilbod enn det er fagleg og økonomisk grunnlag for. Departementet meiner at samanslåing av institusjonar kan vere formålstenleg i nokre tilfelle.

Kapasitet i høgre utdanning

Hausten 2010 var det registrert om lag 207 000 eigenfinansierte studentar i høgre utdanning, ifølgje tal frå Database for statistikk om høgre utdanning. Dette er ein auke på om lag 13 800 frå 2008. Auken kan sjåast i samanheng med veksten i ungdomskulla og regjeringa si tildeling av nye studieplassar i 2009. Tal frå Samordna opptak (SO) våren 2011 viser ein auke i samla søkjartal på 5 200 samanlikna med 2010. I tillegg kjem ein venta auke i talet på søkjarar gjennom lokale opptak. Gjennom budsjettet for 2011 tildelte departementet midlar til om lag 2 200 nye studieplassar. Dette medverkar til at institusjonane kan møte den auka tilgangen på studentar hausten 2011.

Kunnskapsdepartementet la i desember 2010 fram rapporten Tilbud og etterspørsel etter høyere utdannet arbeidskraft fram mot 2020. Det er i åra framover venta ein auke i både ungdomskulla og den delen av innbyggjarar som ønskjer å ta høgre utdanning. Ifølge framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå (SSB) (2010) aukar aldersgruppa 19–29 år med 40 000 personar innan 2015 og med 65 000 innan 2020. Framskrivingar frå SSB indikerer òg at behovet for høgre utdanna arbeidskraft vil halde fram med å stige. Utviklinga i arbeidsmarknaden og næringslivet viser at Noreg vil trenge arbeidstakarar med utdanning på ulike område, særskilt lærarar, realistar, teknologar og økonomar.

Tal frå SO viser at det er institusjonar i og nær dei store byane som har flest førstevalssøkjarar per studieplass. Dette er ein tendens som har vist seg over fleire år. Lærestader i Oslo har rundt tre førstevalssøkjarar per studieplass, medan nokre av lærestadene i dei nordlegaste fylka har kring éin førstevalssøkjar per plass. Samtidig er det variasjon i søkninga til dei ulike studietilboda ved dei enkelte institusjonane. I 2011 viser søkjartala likevel ein relativt større auke for universiteta og høgskolane utanfor dei store byane.

Talet på studentar med innvandrarbakgrunn i høgre utdanning har auka dei siste åra og utgjer drygt ti pst. av studentmassen ved norske lærestader i 2009. Denne studentgruppa søkjer seg særleg til tekniske og naturvitskaplege fag. Det er flest studentar med innvandrarbakgrunn i Oslo.

For å sikre lik tilgang til høgre utdanning i alle delar av landet er det nødvendig å gjere det enklare og meir effektivt å samarbeide internt, mellom ulike campusar og på tvers av institusjonane i universitets- og høgskolesektoren.

I 2010 tok drygt seks pst. av studentane fleksible tilbod organisert desentralisert og som fjernundervisning. Frå 2006 til 2010 har det vore ein svak auke i delen studentar som brukar fleksible tilbod. Det er store skilnader mellom institusjonane i kor mykje dei satsar på fleksibel utdanning. Eksempelvis hadde åtte av høgskolane over 20 pst. av studentane sine innanfor fleksible tilbod. Det er òg ein tendens til at lærestadene no har desentraliserte nettstøtta tilbod over heile landet, medan dei tidlegare i større grad gav desentraliserte utdanningar i eigen region. Departementet har i 2011 gitt UNINETT AS midlar til å starte arbeidet med å utvikle eCampus. eCampus er eit utviklingsprogram for utbygging av ny og moderne IKT-infrastruktur ved institusjonane. Ein slik infrastruktur vil gi etter- og vidareutdanningsstudentar, fjernstudentar og desentraliserte studentar enklare tilgang til ordinære studietilbod av høg kvalitet i alle delar av landet. Det er behov for å styrkje dette programmet.

Kvalitet i utdanninga

Fleire evalueringar frå NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) har peikt på utfordringar i fagleg kvalitet ved ulike utdanningar. Departementet legg dei overordna rammene for utviklinga av kvalitet, og NOKUT speler her ei viktig rolle. Sjå omtale av NOKUT under kap. 280 post 01. Det er likevel institusjonane som har hovudansvaret for kvaliteten i utdanningane sine. Utfordringane ved små og store institusjonar kan vere ulike, men det er viktig at alle institusjonane har strukturar og system som gjer at kvaliteten blir både sikra og utvikla.

Det er vanskeleg å samanlikne utdanningar mellom land. Noreg er med i ei rekkje samarbeidsprosjekt som har til hensikt å sikre høg kvalitet i utdanninga, og som skal medverke til at utdanning kan godkjennast over landegrensene. For at eit slikt system skal fungere, må Noreg kunne vise at norske utdanningar held høg kvalitet.

Eitt aspekt av slikt samarbeid er det kvalifikasjonsrammeverket som no er i ferd med å bli implementert, sjå nærmare omtale i kap. 260. Slike rammeverk blir innførte i dei fleste land i Europa og inneber mellom anna at merksemda blir retta mot læringsutbyttet. På lengre sikt vil innføringa av rammeverket påverke korleis vi vurderer kvaliteten i høgre utdanning. Mellom anna blir det arbeidd med å utvikle metodar for å kunne samanlikne læringsutbytte mellom land.

Det er førebels få gode indikatorar på kvalitet i høgre utdanning, og få av dei kan samanliknast internasjonalt. I Tilstandsrapport for høyere utdanningsinstitusjoner 2011 er det sett på nokre indikatorar som indirekte kan vise noko om kvaliteten på høgre utdanning. Dei omfattar tidsbruk, undervisnings- og vurderingsformer, relevans og læringsutbytte. Tala viser at Noreg ligg nær snittet for dei europeiske landa når det gjeld kor mange timar studentane bruker på sjølvstudium per veke. Samtidig får norske studentar i snitt berre 13 timar undervisning i veka. Dette er mindre enn for dei fleste andre landa i Europa. Sju av dei 23 landa som deltok i undersøkinga, har over 20 undervisningstimar i veka. Portugal toppar statistikken med 25 timer.

I kandidatundersøkinga frå NIFU (Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning) i 2009 svarte 75 pst. at dei var litt eller svært nøgde med undervisningskvaliteten. Noko færre studentar var litt eller svært nøgde med tilbakemelding og rettleiing frå undervisningspersonalet. Andre kandidatundersøkingar viser at dei fleste studentane er nøgde med relevansen i dei utdanningane dei har teke. Ei undersøking frå Universitetet i Oslo i 2010 viste at arbeidsgivarane i mange tilfelle vurderer dei nyutdanna kandidatane som betre enn det kandidatane gjer sjølve.

For å sikre god relevans er det viktig å sjå nærmare på samfunnsrolla til institusjonane. Undersøkingar har vist at samarbeid med arbeidslivet for ofte har vore personavhengig og tilfeldig. Det er behov for samarbeid som er meir strukturert, og som er betre forankra i leiinga, planane og strategiane ved institusjonane. Alle institusjonane skal derfor i løpet av 2011 opprette Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA) og utarbeide ein strategi for slikt arbeid. Dette vart teke opp i etatsstyringsmøta med institusjonane våren 2011. RSA vil innebere eit fast kontaktpunkt mellom institusjonane og arbeidslivet.

Kvalitetsreforma medførte auka krav til fagleg leiing og koordinering for å sikre heilskap, progresjon og kvalitet. Styring og leiing av utdanning er framleis i stor grad overlate til den enkelte forelesaren. OECD-rapporten Learning Our Lesson: Review of Quality Teaching in Higher Education (2010) lyfter fram utdanningsleiing som ein av dei viktigaste suksessfaktorane for å oppnå høgre kvalitet i utdanninga. Det er behov for meir kunnskap om korleis utdanningsleiing fungerer ved dei norske institusjonane.

Forsking og kunstnarleg og fagleg utviklingsarbeid av høg kvalitet er, saman med mellom anna pedagogisk kompetanse, grunnlaget for kvalitet i utdanninga. Fleire evalueringar av kortare profesjonsutdanningar peiker på at forskingskompetansen til dei som underviser, er for svak. I utdanningar som tradisjonelt har vore universitetsfag, kan det vere behov for styrking av den pedagogiske kompetansen.

NOKUT har dei siste åra mellom anna reakkreditert odontologi, rettsvitskap, farmasi og sjukepleiarutdanningane og evaluert allmennlærar-, ingeniør- og førskolelærarutdanningane. Dette har gitt kunnskap om kvaliteten i dei enkelte utdanningane både nasjonalt og lokalt. På dette grunnlaget har både departementet og den enkelte institusjonen i dei siste åra gjennomført ei rekkje større og mindre tiltak mellom anna knytte til organisering og leiing av utdanningane, forskingskvalitet og kompetansen til fagpersonalet. Dette har styrkt samarbeidet med praksisfeltet og andre utdanningsinstitusjonar.

Dei nye grunnskolelærarutdanningane starta opp hausten 2010. Søkninga er samla sett betre enn til den tidlegare allmennlærarutdanninga, men det er nødvendig å auke søkninga særleg til grunnskolelærarutdanninga for trinn 1–7. Ei følgjegruppe ser på korleis institusjonane følgjer opp rammeplanen for dei nye utdanningane, og la våren 2011 fram ein første rapport. Her kjem det fram at utdanningsinstitusjonane viser stor vilje til å gjennomføre reforma, men at det er for tidleg å vurdere kvaliteten i dei enkelte programma.

Lærarutdanningane som særleg er retta mot trinn 8–13, må òg justerast og tilpassast grunnopplæringa. Det er behov for å leggje til rette for utdanningar som er meir praksisnære, forskingsbaserte og fagleg krevjande.

NOKUT sluttførte evalueringa av førskolelærarutdanninga hausten 2010. Her kjem det fram utfordringar mellom anna knytte til forskingskompetansen til fagpersonalet, manglande integrering mellom dei ulike faga, og variasjonen i kvalitet mellom institusjonane.

Departementet fastsette i februar 2011 ein ny rammeplan som skal medverke til ei forskingsbasert, praksisnær og integrert ingeniørutdanning av høg kvalitet. For å nå målsetjinga må det leggjast vekt på samarbeid mellom institusjonane for å oppnå arbeidsdeling, mobilitet og ein robust og profilert studieportefølje. Det er også nødvendig å styrkje rekrutteringa på alle nivå og stimulere til auka kvalitet i MNT-faga (matematikk, naturfag, teknologi) i samsvar med strategien Realfag for framtida. NOKUTs evaluering av ingeniørutdanningane i 2008 viste òg at utstyrssituasjonen ved fleire av institusjonane som tilbyr utdanninga, var krevjande.

Velferdstenestene har behov for tilstrekkeleg tilgang på relevant kunnskap og kompetanse av høg kvalitet som sikrar gode, effektive, trygge og likeverdige tenester for alle. NAV-reforma, Samhandlingsreforma og reforma i barnevernet har ført til endra kompetansebehov og krev derfor endringar i utdanningane. Reformene peiker på felles utfordringar for tenestene og behov for betre samspel mellom yrkesfelt og utdanning. Målet om betre helse og velferd for alle innbyggjarane inneber at tenestene må vere kunnskapsbaserte. Utan auka kvalitet og relevans i dei helse-, sosial- og velferdsfaglege utdanningane vil Noreg få problem med å halde oppe og vidareutvikle kvaliteten og effektiviteten i velferdstenestene i framtida.

Internasjonalisering av utdanninga

Internasjonalisering av høgre utdanning og forsking er eit sentralt verkemiddel for å fremme auka kvalitet og relevans, fremme språk- og kulturkunnskap og fleirkulturell kompetanse. Gode internasjonale samarbeidspartnarar er avgjerande for utviklinga av det norske kunnskapssystemet i åra som kjem. Det er behov for eit strategisk, systematisert og berekraftig internasjonalt samarbeid som er forankra i leiinga ved institusjonane og når breitt ut i organisasjonen. I tillegg er det behov for å kople det internasjonale forskingssamarbeidet saman med utdanningssamarbeidet for å sikre eit heilskapleg institusjonelt samarbeid og kvalitet i utdanningsdelen av samarbeidet.

Norsk høgre utdanning blir gradvis meir internasjonal, gjennom at stadig fleire universitet og høgskolar opprettar nye studietilbod på engelsk og etablerer fellesgrader og studieprogram med institusjonar i andre land. Samarbeid om studieprogram og fellesgrader er høgt politisk prioritert både i Noreg og i andre europeiske land. Årsaka er at det kan skape tettare band mellom lærestader i ulike land, fagleg og organisatorisk utvikling, meir transparens mellom utdanningssystem, internasjonal arbeidsdeling og meir mobilitet på arbeidsmarknaden. Slikt samarbeid fordrar mykje arbeid og langsiktig satsing. Senter for internasjonalisering av høgre utdanning har ei viktig rolle som samarbeidspartnar og rådgivar for departement, universitet og høgskolar. Sjå nærmare omtale i kap. 280 post 50.

Deltakinga i internasjonale utdanningsprogram, som Nordplus, Nordic Master og EU-programma Erasmus Mundus og Livslang læringsprogrammet (LLP), er særs viktig for å leggje til rette for vidare internasjonalisering av norsk høgre utdanning. Til dømes kjem dei aller fleste utvekslingsstudentane til Noreg gjennom Erasmus Mundus.

Noreg deltek framleis aktivt i Bolognaprosessen, frå 2010 kalla Det europeiske området for høgre utdanning (EHEA). I 2010 og 2011 er arbeidet konsentrert om å førebu ministermøtet i 2012 i Bucuresti. Noreg deltek i førebuingane gjennom tre internasjonale arbeidsgrupper: for den sosiale dimensjonen, for den globale dimensjonen og for rapportering av implementeringa av elementa i EHEA.

Regjeringa har peikt ut nordområda som Noregs viktigaste strategiske satsingsområde i åra framover. Kunnskap er navet i nordområdestrategien, og innsatsen til universitet og høgskolar er derfor heilt sentral for å nå måla i strategien. Institusjonane forvaltar ansvaret sitt på ein god måte gjennom å ta aktivt del i samarbeids- og programaktivitetar som byggjer opp under måla i strategien, mellom anna gjennom Universitetssenteret på Svalbard, Arktisk Universitet, Samarbeidsprogrammet med Russland, Nordområdestipendprogrammet og ved å inngå bilaterale avtalar med institusjonar i naboland i nord.

Våren 2010 vart det underteikna ein intensjonsavtale om høgre utdanningssamarbeid mellom Noreg og Russland. Avtalen er på eit overordna nivå og har som siktemål å styrkje og utvikle vidare det bilaterale samarbeidet innanfor høgre utdanning. Kunnskapsdepartementet og Det føderale russiske utdannings- og vitskapsdepartementet har no etablert ei arbeidsgruppe under denne avtalen.

Institusjonane medverkar også i bistandssamarbeid for høgre utdanning, mellom anna gjennom å delta i Utanriksdepartementets program Nasjonalt program for utvikling, forskning og utdanning (NUFU) og Norads program for masterstudier (NOMA). Begge programma vart evaluerte i 2010. Dei blir slåtte saman til eitt program i 2011.

Studentvelferd

Studentvelferd er viktig for å sikre at alle får ein reell lik rett til utdanning. Det er såleis avgjerande med robust og likeverdig studentvelferd i heile landet.

Gjennom lov om universitet og høgskolar har institusjonane ansvar for læringsmiljøet til studentane, medan det er studentsamskipnadene som gjennom studentsamskipnadslovgivinga har i oppgåve å ta seg av velferdsbehovet til studentane ved den einskilde lærestaden. Studentvelferda er organisert gjennom dei 24 studentsamskipnadene ved lærestadene i landet. Samskipnadene varierer i storleik både når det gjeld talet på utdanningsinstitusjonar dei skal betene, talet på studentar, tilsette og omsetning.

Ei av dei viktigaste oppgåvene til studentsamskipnadene er å tilby studentbustader. I dei seinare åra har regjeringa prioritert bygging av studentbustader, og det er gjennomført tiltak for å framskynde bygginga. I 2009 vart det gitt tilsegn om statsstøtte til bygging av 1 591 studentbustader, i 2010 til 983 og i 2011 til 1 054. Det er likevel behov for fleire studentbustader for å møte det aukande talet på studentar, inkludert internasjonale studentar, òg på grunn av eit redusert tilbod i den private marknaden.

Driftssituasjonen for studentsamskipnadene er tilfredsstillande, men enkelte har utfordringar når det gjeld organisering, økonomisk styring og soliditet.

Strategiar og tiltak

Samarbeid, arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon (SAK)

Samarbeid, arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon er viktig for den vidare utviklinga av universitets- og høgskolesektoren. Det er viktig å få full verknad av dei mange positive initiativa som er i gang, anten målet er samanslåing av institusjonar eller fagleg styrking gjennom forpliktande samarbeid i nettverk eller på andre måtar. Det er framleis behov for meir spissing og konsentrasjon av innsatsen gjennom at kvar institusjon i samspel med andre peiker ut faglege satsingar og tydeleggjer profilen ved institusjonen.

Institusjonane har stor grad av fagleg sjølvstende, men Kunnskapsdepartementet vil leggje overordna føringar på SAK-arbeidet og føre dialog med institusjonane. Det er eit siktemål at institusjonane har robuste og sterke fagmiljø, og at studentgruppene er så store at dei gir grunnlag for eit godt læringsmiljø. Departementet vil òg i 2012 støtte SAK-arbeidet ved institusjonane med strategiske midlar, jf. budsjettforslag under kap. 260. Kunnskapsdepartementet vil evaluere verknaden av dei SAK-midlane som er løyvde hittil, som grunnlag for framtidige avgjerder om løyvingar. Departementet vil ta initiativ til å samle og dele røynsler frå SAK-arbeidet slik at institusjonane i fellesskap kan dra nytte av erfaringane.

Kapasitet i høgre utdanning

Ungdomskulla vil vekse i dei kommande åra. Kunnskapsdepartementet vil føre vidare studieplassane som vart oppretta i 2009 og 2011 med opptrapping av nye kull. Dette medfører ein auke på om lag 2 600 studieplassar frå 2011 til 2012 og ein samla auke på om lag 18 000 nye plassar i 2016. Kunnskapsdepartementet vil følgje med på utviklinga framover i tilbod av og etterspurnad etter studieplassar. Departementet legg til grunn at universiteta og høgskolane medverkar til å fylle dei plassane som er oppretta, og til å møte regionale og nasjonale behov på område der det er særleg behov, som innanfor lærarutdanninga, MNT-faga og helse- og velferdsfaga.

Kvalitet i høgre utdanning

Dei norske institusjonane inngår i evalueringar, kartleggingar og samanlikningar, som òg omfattar utanlandske institusjonar. På denne måten kjem sterke og svake sider ved norsk utdanning tydelegare fram. Departementet vil styrkje arbeidet med å utvikle kunnskapsgrunnlaget for kvaliteten i norsk høgre utdanning.

Institusjonane har hovudansvaret for at utdanningane dei tilbyr, har høg internasjonal kvalitet og er forskingsbaserte og relevante. Institusjonane må i 2012 halde fram med det langsiktige arbeidet med å vidareutvikle kvalitetssikringssystem og auke kunnskapsgrunnlag. Styret ved institusjonane kan dermed gjere dei nødvendige strategiske grepa for å oppnå stadig betre kvalitet, raskare gjennomstrøyming og meir profilerte tilbod i samsvar med behova i samfunnet. NOKUT har eit nasjonalt ansvar for å følgje opp arbeidet ved institusjonane og stimulere til kvalitetsutvikling og erfaringsspreiing. NOKUT vil i 2012 halde fram med den andre runden av evaluering av kvalitetssikringssystema.

I det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket blir det stilt krav til kva studentane skal ha av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse etter avslutta utdanning. I løpet av 2012 skal institusjonane ha fastsett læringsutbytte for alle studietilboda sine. Auka merksemd om læringsutbytte vil òg innebere meir vektlegging av relevans og gjere kvalifikasjonane til kandidatane meir forståelege for arbeidsgivarane.

NOKUT vil i løpet av hausten 2011 avgjere kva institusjon som skal vere eit pilotsenter for framifrå utdanning i lærarutdanninga.

I ulike evalueringar er det peikt på at norske institusjonar bør styrkje arbeidet med utdanningsleiing. Departementet vil derfor leggje auka vekt på dette området i arbeidet med å styrkje utdanningskvaliteten.

God fagleg og pedagogisk kompetanse er ein føresetnad for høg kvalitet på undervisninga, og departementet vil derfor arbeide med mellom anna kompetanseutvikling av det faglege personalet.

Departementet tek sikte på å fastsetje ein ny rammeplan for førskolelærarutdanninga våren 2012 på bakgrunn av forslag frå eit rammeplanutval hausten 2011 og ei påfølgjande brei høring i sektoren. Sjå òg kap. 281 post 01.

Følgjegruppa som skal sjå på utviklinga innanfor dei nye grunnskolelærarutdanningane, vil framover vurdere utfordringar knytte til mellom anna rekruttering nasjonalt og regionalt, praksisopplæringa og vidareutviklinga av programplanane ved institusjonane.

Departementet vil utvikle rammeplanar for lærarutdanningane som særleg er retta mot trinna 8–13. Sjå òg kap. 281 post 01.

Departementet har i 2011 bede ei arbeidsgruppe om å vurdere det framtidige behovet for juridisk kompetanse i arbeidsmarknaden. Arbeidet vil liggje føre i løpet av 2012.

Regjeringa vil ved årsskiftet 2011/12 leggje fram ei stortingsmelding om utdanning for velferdstenestene. Meldinga vil presentere ein samla nasjonal kunnskapspolitikk for framtidas helse-, sosial- og velferdsfaglege utdanningar. Utdanningane frå vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning og høgre utdanning inngår, saman med velferdsfagleg og helse- og sosialfagleg forsking og forskarutdanning ved universiteta og høgskolane. Meldinga vil ta utgangspunkt i kompetansebehova i arbeidslivet for helse, velferd og omsorg. Målet er at utdanningane betre skal kvalifisere medarbeidarar i velferdstenestene til å utøve yrket med grunnlag i heilskapleg kunnskap basert på både forsking og praktisk erfaring.

Meldinga vil drøfte kva for endringar i strukturar, styring, organisering, dimensjonering og fagleg innhald i dei helse-, sosial- og velferdsfaglege utdanningane som er nødvendige for å møte kompetansebehova i tenestene. Viktige tema vil vere samspelet mellom utdanning, forsking og arbeidsliv, struktur og innhald i utdanningane, korleis praksisstudia i høgre utdanning kan gjerast betre, tiltak for å auke rekrutteringa av helsefagarbeidarar med utdanning frå vidaregåande opplæring, og styrking av praksisnær forsking som grunnlag for høg kvalitet i både utdanningane og arbeidet på yrkesfeltet.

Internasjonalisering av utdanninga

I det internasjonale utdanningssamarbeidet vil departementet søkje å leggje til rette for betre kvalitet, og for at samarbeidet må vere forankra i leiinga ved institusjonane og nå breitt ut i organisasjonen. Kopling mellom det internasjonale utdannings- og forskingssamarbeidet vil vere viktig.

Oppfølginga av St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning er framleis viktig, mellom anna ved støtte til utvikling av fellesgrader. Departementet vil òg arbeide vidare for å styrkje det bilaterale samarbeidet med strategisk viktige partnarar. I tillegg til samarbeidet med USA og Canada, jf. Strategien for auka høgre utdanningssamarbeid med Nord-Amerika, vil departementet leggje vekt på oppfølging av intensjonsavtalane med India, Kina, Argentina, Brasil, Chile og Russland og lyse ut fellesgrader med Frankrike.

Studentvelferd

I Soria Moria II-erklæringa er det sett som eit mål å byggje 1 000 studentbustader i året. Kunnskapsdepartementet tek sikte på å finansiere om lag 1 000 nye hybeleiningar i 2012.

For å redusere den framtidige risikoen har departementet vurdert alternative styringsmodellar for samskipnadene som kan styrkje grunnlaget for sunn økonomisk drift av studentvelferdstenestene og tilsynet og kontrollen departementet har med verksemda. I januar 2011 sende departementet ut til høring forslag til endringar i lovgivinga for studentsamskipnadene. Departementet vurderer endringar i lovgivinga for å skape robust og likeverdig studentvelferd i heile landet.

Mål: Universitet og høgskolar skal i tråd med eigenarten sin utføre forsking, kunstnarleg og fagleg utviklingsarbeid av høg internasjonal kvalitet

Tilstandsvurdering

Universitet og høgskolar fyller ei viktig rolle i forskingssystemet. Dei står for meir enn 30 pst. av alt FoU-arbeid som blir utført i Noreg. Dei store universiteta driv grunnforsking på mange område og har derfor særleg gode føresetnader for å utforske eigendefinerte faglege spørsmål. Dei mindre fagmiljøa har i dei seinare åra spissa den faglege profilen og konsentrert den faglege innsatsen om færre område. For høgskolane er særleg profesjonsforsking og utvikling av utdanning knytt til praksisfeltet viktig. For å møte etterspurnaden i samfunnet etter nye løysingar, produkt og tenester er det samtidig avgjerande at dei faglege prioriteringane til institusjonane speler godt saman med nasjonale prioriteringar og regionale behov.

Infrastruktur for forsking

Betre infrastruktur er i aukande grad ein føresetnad for forsking av høg kvalitet, og for internasjonalt forskingssamarbeid. I EUs rammeprogram for forsking er investeringar i forskingsinfrastruktur ein grunnpilar for utviklinga av internasjonalt forskingssamarbeid. Det er etablert eit europeisk vegkart for storskala forskingsinfrastruktur. Noreg deltek i fleire store prosjekt på vegkartet, òg som vertskap for infrastrukturen. Det gjeld mellom anna eit anlegg for karbonfangst, ECCSEL (European Carbon Dioxide Capture and Storage Laboratory Infrastructure), ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS). Noregs forskingsråd har utarbeidd eit eige norsk vegkart for forskingsinfrastruktur. Det nasjonale vegkartet skal sikre planmessig investering i større, felles forskingsinfrastruktur som institusjonane ikkje maktar å realisere over sine eigne budsjett. I 2010 vart det løyvd 210 mill. kroner til storskala forskingsutstyr til biobankar, offshore vindenergi, havobservasjonsglidarar og mikro- og nanoteknologi. Vegkartet har ei rolle i å synleggjere nasjonal forskingsinfrastruktur som allereie er i utvikling eller planlagd. Ved å løfte fram investeringsklare prosjekt som er grundig vurderte og kvalitetssikra, men som heilt eller delvis manglar finansiering, fungerer vegkartet også som rettleiar for offentlege eller private finansieringskjelder av forskingsinfrastruktur. Noregs forskingsråd vil i 2011 fordele 400 mill. kroner frå den nasjonale infrastruktursatsinga.

Investeringar i nybygg og rehabilitering av gamle bygg er viktig for samspelet mellom forsking, utdanning og innovasjon. Planlegging av nye bygg til universitet og høgskolar må sjåast i nær samanheng med behov for utstyr og infrastruktur for forskingsverksemd.

Samarbeid, arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon (SAK)

SAK-politikken skal medverke til meir profilerte institusjonar og meir robuste fagmiljø. Evalueringar har peikt på at norsk forsking er prega av mange, små og fragmenterte fagmiljø. Sjølv relativt store utdannings- og forskingsinstitusjonar kan ha vanskar med å oppfylle ambisjonar om breidd utan at det går utover kvaliteten og arbeidsvilkåra til dei tilsette.

I tillegg til å medverke til meir robuste fagmiljø skal SAK-politikken fremme nødvendig tverrfagleg samarbeid. På prioriterte område har regjeringa eit mål om at norsk forsking skal medverke til å løyse globale utfordringar, til dømes innanfor klima, miljø og energi. Innsats på desse tverrfaglege områda er avhengig av bidrag frå fleire fagmiljø, disiplinar og institusjonar. Institusjonane har slutta opp om SAK-politikken, og det er teke mange interessante samarbeidsinitiativ som vil medverke til betre resultat og til fornying av forskinga.

Publisering

Ved inngangen til 2000-talet var det ei utfordring for norsk forsking å auke omfanget av og kvaliteten på den vitskaplege publiseringa. Eit tiltak var å innføre ein indikator for publisering i finansieringssystemet for universitet og høgskolar. Talet på publiseringspoeng veks framleis, men har flata ut. Medan auken var på mellom åtte og tolv pst. årleg frå 2005 til 2009, steig talet med berre 4,3 pst. frå 2009 til 2010. Det er særleg ved dei store universiteta veksten har avteke. Universiteta stod for 79 pst. av dei rapporterte publiseringspoenga i 2010, medan dei statlege høgskolane stod for om lag 17 pst. og dei private høgskolane for om lag fire pst.

Ei samanlikning av vitskapleg publisering ved universiteta i dei nordiske landa viser at omfanget av artiklar og talet på siteringar i dei siste åra har vakse meir ved norske universitet enn ved andre nordiske universitet, med unntak av Island. Trass i klar forbetring blir artiklar frå norske universitet framleis siterte mindre enn artiklar frå svenske og særleg danske universitet. Det kan tyde på at det stadig er eit potensial for å forbetre kvaliteten på og synleggjere forskinga ved dei norske universiteta.

Noregs forskingsråd

Konkurranseutsetjing av midlar gjennom Noregs forskingsråd er viktig for å styrkje både kvaliteten i forskinga og relevansen for samfunnet av forskinga. Universitet og høgskolar mottok 2,25 mrd. kroner frå Forskingsrådet i 2010. Av desse midlane gjekk 90 pst. til universiteta og seks pst. til dei statlege høgskolane. Universiteta gjer det godt særleg innanfor verkemiddel retta mot langsiktig grunnleggjande forsking, som grunnforskingsprogram og fri prosjektstøtte. Tal frå Forskingsrådet viser at delen av dei samla løyvingane som gjekk til universiteta og høgskolane, fall frå 41 pst. i 2005 til 35 pst. i 2009. Nedgangen heng saman med at Forskingsrådet har auka satsinga si på brukarstyrt forsking i næringslivet. Tildelinga frå Forskingsrådet per forskarårsverk ved universitet og høgskolar var i faste prisar lågare i 2010 enn i 2004. Sjølv om profilen på programma i Forskingsrådet har vorte meir retta mot næringslivet, gjer auka forskingskapasitet og målretta faglege prioriteringar hos universitet og høgskolar at sektoren har potensial til å hente ut meir midlar enn i dag.

Nasjonale FoU-program for høgskolar, profesjonsforsking og regional utvikling

Høgre utdanningsinstitusjonar er viktige som regional drivkraft og for å styrkje kompetansen og innovasjonen i distrikta. Gjennom Forskingsrådet er det etablert program som Verkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI) og Regionale forskingsfond (RFF) for å styrkje institusjonane som regionale utviklingsaktørar. Strategiske høgskoleprosjekt (SHP) har vore retta mot statlege høgskolar. Ei evaluering av SHP frå 2011 viser at satsinga har vore svært vellykka. Programmet har auka merksemda om FoU og har styrkt forskingskvaliteten og -kompetansen ved høgskolane.

Midlane gjennom desse programma medverkar til å stimulere til auka samspel mellom næringsliv, offentleg sektor og forskingsmiljø. Føresetnadene for å løyse den regionale utviklingsoppgåva har gjennom dette vorte betre.

EU-finansiert forsking

EUs rammeprogram for forsking er eit viktig verkemiddel for å internasjonalisere norsk forsking. Tal frå EU viser at norske universitet og høgskolar oppnår om lag same tilslagsprosent på søknader i det sjuande som i det sjette rammeprogrammet, men tildelingane blir større. Utteljinga i kroner steig nominelt frå om lag 164 mill. kroner i 2009 til om lag 196 mill. kroner i 2010. I Det europeiske forskingsrådet (ERC), som gir særs prestisjefylte tildelingar på vitskapleg kvalitet, gjer norske forskarar det betre enn tidlegare, men framleis dårlegare enn forskarar frå dei andre nordiske landa. Det er framleis nødvendig med auka norsk deltaking i konkurransen om midlar frå rammeprogramma. Forskingsrådet har ei økonomisk støtteordning for institusjonar som ønskjer å søke midlar frå desse programma. I tillegg held universitet og høgskolar fram med å byggje opp kompetansen for å søkje midlar frå EU.

Internasjonalisering av forsking

Internasjonalt forskingssamarbeid er viktig for å auke kvaliteten på forskinga, særleg i små land. Det gir tilgang til verdifulle forskarnettverk. Internasjonalt samforfattarskap på vitskaplege publikasjonar er ein indikator på omfanget av internasjonalt forskingssamarbeid. I verdsmålestokk ligg alle dei nordiske landa høgt på denne indikatoren. Norske forskarar har auka publiseringsomfanget med utlandet dei siste seks åra. Framleis publiserer norske forskarar mest saman med forskarar frå dei same landa som før – USA, Storbritannia og Sverige. Store, framveksande forskingsnasjonar som Kina, India og Brasil utgjer enno ein liten del av sampubliseringa med norske forskarar. Dette kan endre seg i dei kommande åra, da det er eit mål å auke forskingssamarbeidet med desse landa. Ved universiteta vart 53 pst. av dei vitskaplege artiklane i 2009 forfatta i samarbeid med utanlandske forskarar. Det er ein svak auke frå 51 pst. i 2004.

Doktorgradsutdanninga

Doktorgradsutdanninga skal dekkje behova for rekruttering av vitskapleg personale hos både universitet og høgskolar, og ein stadig aukande etterspurnad etter høgkompetent arbeidskraft frå næringsliv og samfunn elles. Det vart avlagt 1 184 nye doktorgrader i Noreg i 2010, som er nær ei dobling frå 2001. I alt 17 institusjonar tildelte doktorgrader i 2010, men framleis dominerer dei fire største universiteta med 85 pst. av dei avlagde gradene. 34 pst. av dei avlagde doktorgradene i 2010 vart finansierte innanfor rammeløyvinga frå departementet, 24 pst. av Forskingsrådet og 42 pst. av andre eksterne finansieringskjelder. Delen av nye doktorgrader finansiert over rammeløyvinga har auka dei siste åra. Det heng saman med opptrappinga av stipendiatstillingar direkte til institusjonane til og med 2009. Enno har ikkje alle desse stillingane resultert i avlagde doktorgrader. Det er derfor grunn til å tru at talet på nye doktorgrader vil halde fram med å auke i åra som kjem.

Delen utanlandske statsborgarar som tek norsk doktorgrad, aukar stadig og var på 28 pst. i 2010, klart høgst i Norden. Dette medverkar til internasjonalisering av norsk forsking. Det er samtidig ei utfordring å kunne halde på utanlandske stipendiatar etter at dei har avlagd doktorgraden, og rekruttere nordmenn til vitskaplege stillingar på einskilde fagområde.

Det er innført fagspesifikke måltal for fullføring i doktorgradsutdanninga, jf. Innst. S. nr. 354 (2008–2009) og St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning. Sjølv om tal frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) tyder på at fleire stipendiatar no fullfører doktorgraden på kortare tid enn tidlegare, er det framleis rom for forbetring. Auka gjennomstrøyming og færre avbrot frå doktorgradsutdanninga vil i seg sjølv kunne gi fleire avlagde grader per år.

Strategiar og tiltak

Infrastruktur for forsking

God tilgang på oppdatert vitskapleg utstyr og infrastruktur for forsking er avgjerande for at norsk eksperimentell forsking skal kunne ta del i den internasjonale forskingsfronten. St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning fastla arbeidsdelinga mellom dei ulike aktørane i forskingssystemet når det gjeld finansiering av vitskapleg utstyr og infrastruktur. Basisutstyr som kostar mindre enn 2 mill. kroner, har institusjonane sjølve ansvaret for. Investeringar i høgre prisklasser blir finansierte gjennom Forskingsrådets nasjonale vegkart for utstyr og infrastruktur. I 2009 og 2010 vart ein del av Fondet for forsking og nyskaping øyremerkt forskingsinfrastruktur. Frå 2011 er det årleg øyremerkt 280 mill. kroner. I 2012 foreslår Kunnskapsdepartementet å føre vidare løyvinga til forskingsinfrastruktur av nasjonal strategisk interesse på same nivå over kap. 285 post 54. Formålet med vegkartet er å prioritere større investeringar i utstyr og infrastruktur opp mot kvarandre. Departementet vil føre vidare satsinga på vegkartet. For å sikre betre utnytting av utstyr legg Forskingsrådet inn midlar til drift i prosjektløyvingane sine.

Internasjonalt samarbeid om etablering av tung infrastruktur for forsking blir stadig viktigare. EU har oppretta eit eige vegkart for stor europeisk forskingsinfrastruktur, ESFRI (European Strategy Forum on Research Infrastructure). Noreg er involvert i fleire ESFRI-prosjekt, både som vertsland og deltakar. Sjå òg omtale av utstyr og infrastruktur under programkategori 07.70 Forsking.

Samarbeid, arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon (SAK)

Regjeringa vil leggje vekt på meir samarbeid, arbeidsdeling og betre konsentrasjon av forskingsmiljø. Departementet foreslår å føre vidare satsinga for å støtte SAK-arbeidet ved institusjonane i 2012. Samanlikna med tidlegare år vil det bli retta meir merksemd mot samarbeidstiltak som fremmer arbeidsdeling og konsentrasjon. Fagleg konsentrasjon vil gi tilgang til større nasjonale og internasjonale nettverk. Mange av verkemidla til Forskingsrådet gjer sitt til større konsentrasjon og auka arbeidsdeling i det norske forskingssystemet.

Publisering

Vitskapleg publisering er den viktigaste kanalen for å synleggjere resultata av forsking. I samband med auka tal for publisering er det viktig å sørgje for kvalitet. Internasjonalt samarbeid med større merksemd på sampublisering og gode forskingsvilkår er viktige føresetnader for meir publisering av høgre kvalitet. Departementet legg vekt på at institusjonane gjer interne prioriteringar for å ta omsyn til gode forskingsvilkår. Samanhengande tid til forsking er av stor betydning. Departementet avventar den kommande tidsbruksundersøkinga blant fagleg personale ved universitet og høgskolar. Undersøkinga vil kunne gi eit betre utgangspunkt for å gjennomgå samla tidsbruk og rammevilkår for forskarane.

Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd skal styrkje kvaliteten i norsk forsking og sikre at samfunnsbehova for forsking blir møtte. Dei frie konkurransearenaene Senter for framifrå forsking (SFF), Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI), Yngre framifrå forskarar (YFF), Open arena for framifrå forsking (FRIPRO) og Strategiske høgskoleprosjekt (SHP) er blant dei fremste verkemidla for kvalitet i forskinga. Særleg sentra skal medverke til å konsentrere forskingsmiljøa, spisse forskingsprofilane ved institusjonane og gi norsk forsking større gjennomslag internasjonalt. Departementet vil styrkje FRIPRO med 100 mill. kroner. Sjå nærmare omtale under programkategori 07.70, kap. 285 post 52. I tillegg har universiteta sjølve sett av midlar til å finansiere fleire av prosjekta som ikkje oppnår finansiering i Forskingsrådet, trass i gode faglege tilbakemeldingar. Samla sett blir dermed den frie konkurransearenaen betrakteleg styrkt. Departementet vil føre vidare SFF, SFI, YFF og SHP. Det kjem ei ny tildeling av SFF-ar i 2012, når løyvingane til dei første sentra går ut. Full effekt av finansieringa gjennom Forskingsrådet føreset at det er godt samspel mellom prosjektløyvingane og eigne strategiar og satsingar ved institusjonane. For å sikre institusjonane handlingsrom til slike prioriteringar drøftar Universitets- og høgskolerådet og Forskingsrådet om det er mogleg å finansiere dei einskilde prosjekta betre frå Forskingsrådets side. Konsekvensen vil i så fall bli nokre færre prosjekt innanfor den noverande ramma til Forskingsrådet. Departementet ser positivt på denne prosessen.

Nasjonale FoU-program for høgskolar, profesjonsforsking og regional utvikling

Departementet foreslår å føre vidare satsinga på nasjonale FoU-program i Forskingsrådet: Praksisretta utdanningsforsking 2010–2014 (PRAKUT), Utdanning 2020 og Verkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI), FORNY-programmet og FoU-program for musea. Programperioden for Strategisk høgskoleprosjekt (SHP) går ut i 2012. Evalueringa frå 2011 konkluderte med at programmet har hatt gode resultat. Ei vidareføring av programmet skal gi ei enda tydelegare institusjonsstrategisk og målretta tilnærming som skal styrkje forsking, fagleg utviklingsarbeid og kompetanseheving ved høgskolane. SHPII vil i tillegg til å vere ein open konkurransearena også ha ei særleg merksemd mot praksisretta FoU for helse- og sosialområda. Programmet skal òg inkludere private høgskolar som har institusjonsakkreditering. Sjå omtale av desse programma under kap. 281 post 50.

EU-finansiert forsking

EUs rammeprogram for forsking gir norske forskarar og forskingsmiljø tilgang til verdifulle internasjonale nettverk og kompetanse. Samarbeid gjennom EU-forsking medverkar til å gjere norsk forsking meir synleg på den internasjonale arenaen. Departementet satsar på ulike tiltak, mellom anna gjennom EU-kontoret i Noregs forskingsråd. Det samarbeider tett med dei institusjonane som har størst potensial for å auke norsk deltaking i EUs rammeprogram. Kunnskapsdepartementet foreslår å auke løyvinga over kap. 285 post 52 med 26 mill. kroner til styrking av tiltak for å auke deltaking frå forskingsinstitutta i EUs rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling. Det sjuande rammeprogrammet sluttar i 2013, og EU er i ferd med å definere innhaldet i oppfølgjaren. Norske universitet og høgskolar må vere med og påverke utforminga av den neste EU-satsinga på forsking.

Internasjonalisering av forsking

Kunnskapsdepartementet legg vekt på internasjonalisering av høgre utdanning og forsking for å styrkje kvalitet, mobilitet og samhandling. Viktige element i dette er Noregs deltaking i det europeiske forskingssamarbeidet. Departementet vil arbeide for å styrkje norsk forskingssamarbeid med Argentina, Brasil, Chile, India, Kina og Russland, land som Noreg har bilaterale avtalar med.

Doktorgradsutdanninga

Nasjonale nettverksforskarskolar knyter saman stipendiatar innanfor same fagfelt ved ulike institusjonar til eit større fagleg nettverk. Ambisjonen er å styrkje kvaliteten i doktorgradsutdanninga, auke gjennomstrøyminga og få fleire til å fullføre. Ordninga vart lyst ut gjennom Forskingsrådet, og fem nettverksforskarskolar vart oppretta i 2008. Departementet vil styrkje ordninga med 20 mill. kroner i 2012 til utlysing av nye nasjonale forskarskolar for åtte år. NOKUTs reakkrediteringar og evalueringar viser at profesjonsutdanningane har utfordringar med kunnskapsgrunnlaget. Det er derfor særleg viktig å styrkje doktorgradsutdanninga og forskingsaktiviteten innanfor profesjonsfaga, og dei nye nasjonale nettverksskolane skal rettast inn mot desse fagområda. Det vil medverke til å styrkje både profesjonsutdanningane og kunnskapsgrunnlaget for utøving av profesjonane. Kunnskapsdepartementet vil rundt årskiftet 2011/12 leggje fram ei stortingsmelding om velferdsutdanningane, og dei nasjonale forskarskolane vil òg vere viktige innanfor desse profesjonane. Midlane går til faglege tiltak og drift av skolane og blir løyvde over kap. 285 post 52. Sjå programkategori 07.70. Sjølv om ordninga blir styrkt, vil det framleis berre vere ein mindre del av stipendiatane som er knytte til nasjonale nettverksforskarskolar. Mindre fråfall og kortare gjennomføringstid vil medverke til å auke talet på avlagde doktorgrader i Noreg. Ei evaluering av norsk forskarutdanning vil bli gjennomført i 2012.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 502, 17. juni 2009:

«Stortinget ber Regjeringen gjennomgå forskningsetiske regler for master- og doktorgradsprogrammer når det gjelder forskning på barn og unge innenfor skjæringspunktet helse- og sosialforskning, og komme tilbake til Stortinget med dette på egnet måte.»

Kunnskapsdepartementet gav i april 2010 Dei nasjonale forskingsetiske komiteane i oppdrag å gå gjennom gjeldande regelverk på området. Den overordna vurderinga til komiteane låg føre i juni 2010. Komiteane meiner at området er tilfredsstillande regulert i gjeldande lovverk, og at det ikkje er behov for reglar som er særleg retta mot master- og doktorgradsprogram. Departementet støttar vurderingane om at det ikkje er nødvendig med ytterlegare tiltak overfor institusjonane.

Mål: Universitet og høgskolar skal vere tydelege samfunnsaktørar og medverke til internasjonal, nasjonal og regional utvikling, formidling, innovasjon og verdiskaping

Tilstandsvurdering

Universitet og høgskolar som samfunnsaktørar

EU har peikt ut kunnskapstriangelet forsking, utdanning og innovasjon som nøkkeldrivar for økonomisk vekst og konkurranseevne. Universitet og høgskolar er sentrale aktørar for å vidareutvikle samspelet i dette kunnskapstriangelet for å skape betre kunnskapsoverføring til samfunnet. Dei er særleg viktige for å forvalte og utvikle den menneskelege kapitalen som Noregs viktigaste ressurs i åra framover.

Det er behov for å auke samspelet og kontakten mellom universitet og høgskolar og samfunnet. Opne institusjonar er avgjerande for å møte behova i samfunnet og næringslivet. Det er eit krav at universitet og høgskolar skal etablere eit Råd for samarbeid med arbeidslivet og saman med råda utvikle strategiar for å auke kvaliteten og fleksibiliteten i utdanningstilboda.

Departementet ser det som positivt og tenleg for samfunnet at tilsette ved universitet og høgskolar driv formidling utover det den einskilde er pålagd, og/eller har bistillingar, så lenge det er i tråd med gjeldande regelverk.

Frå 2010 har Kunnskapsdepartementet arbeidd for å auke merksemda om samfunnsrolla til institusjonane, mellom anna gjennom samfunnskontraktar. Formålet er å styrkje samspelet mellom universitet og høgskolar og samfunnet rundt, og korleis dette kan bli betre. Arbeidet med dette skal auke samhandlinga mellom institusjonane og aktuelle samfunnspartnarar gjennom dialog og samarbeid basert på verksemda og profilen til den enkelte institusjonen. I 2010 vart det sett i gang ein pilotprosess for utvikling av ein samfunnskontrakt for mellom anna dei høgre utdanningsinstitusjonane i Nord-Noreg. Sekretariatet for arbeidet vart lagt til Universitetet i Nordland og Universitetet i Tromsø i fellesskap. Råd for høgre utdanning i Nord-Noreg fungerer som styringsgruppe for arbeidet. Institusjonane har avlagt ein rapport til departementet og har begynt arbeidet med å utvikle samarbeid med næringslivet.

Formidling

Formidling av forsking er viktig for å auke forståinga for og oppslutninga om forsking i samfunnet. Formidling av forsking til eit breitt publikum skjer i stort omfang gjennom fleire ulike kanalar. Rapportering (april 2011) viser at i 2010 har forskarar ved universitet og høgskolar registrert nærmare 17 000 bidrag til formidling av forsking i form av til dømes intervju, kronikkar og populærvitskaplege foredrag og artiklar.

Vitskaplege artiklar som resultat av offentleg finansiert forsking bør som hovudregel vere tilgjengelege for alle. Delen ope tilgjengelege artiklar er framleis låg. Det felles forskingsinformasjonssystemet Cristin (Current Research Information System in Norway) for universitets- og høgskolesektoren, helsesektoren og instituttsektoren er gitt det nasjonale koordineringsansvaret for å auke delen norske vitskaplege artiklar som er ope tilgjengelege.

Bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet

Bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA) er prosjekt eller annan aktivitet som ikkje er finansiert gjennom grunnfinansieringa til institusjonane. BOA er ein god indikator på omfanget av universitets- og høgskolesektoren si samhandling med omverda og næringslivet. Det er berre små endringar i bidragsinntektene som del av driftsinntektene frå 2009 til 2010. Det same gjeld oppdragsinntektene som del av driftsinntektene. Sett bort frå forskingsmidlane frå Noregs forskingsråd og EU har BOA-inntektene som del av dei totale driftsinntektene ved universitet og høgskolar likevel gått noko ned i perioden 2007–10. Nasjonale og internasjonale finansieringskjelder må utnyttast betre for å stimulere til meir aktivitet innanfor kjerneområda til institusjonane.

Kommersialisering av forskingsresultat

For at forsking skal kunne medverke til auka verdiskaping og innovasjon er det viktig at det blir lagt til rette for kommersialisering av forskingsresultat. FORNY 2020 i Forskingsrådet er eit særs viktig verkemiddel som finansierer kommersialisering av forskingsresultat frå offentleg finansierte forskingsinstitusjonar. Programmet er i gang frå 2011 og avløyser FORNY, som har vore i drift sidan 1995. Finansieringa frå programmet blir i stor grad nytta til å drifte teknologieiningane ved universiteta for kommersialisering av forskingsresultata (Technology Transfer Offices). Teknologieiningane utgjer ei grenseflate mellom forsking og marknad. Talet på mottekne forretningsidear har auka betrakteleg sidan 2008. I 2010 vart det innmeldt 596 forretningsidear, og tendensen viser ein auke i registrerte patent. Merksemda om kommersialiseringsaktivitetar og immaterielle rettar aukar i sektoren.

Strategiar og tiltak

Universitet og høgskolar som samfunnsaktørar

Forsking og kompetanseutvikling speler ei stadig viktigare rolle for samfunnsutviklinga. Kunnskapsutveksling vil vere avgjerande for å løyse globale utfordringar innanfor til dømes miljø, energi og klima, og å skape betre helsetenester og auka nyskaping i næringslivet. Departementet er derfor oppteke av betre samhandling og kontaktflate mellom høgre utdanningsinstitusjonar, næringsliv og relevante samfunnsaktørar, og at dette må vere ein integrert del av strategiane til institusjonane. Universiteta og høgskolane har auka merksemd på dette samspelet. Universitetet i Agder, i samarbeid med Høgskolen i Telemark, Universitetet i Bergen og høgskolane i Møre og Romsdal, vil i 2012 i samarbeid med departementet rette særleg merksemd mot korleis desse institusjonane kan utvikle samfunnsrolla si.

Formidling

Synleggjering av forsking og formidling av forskingsresultat både i tradisjonelle kanalar og i nye medium er avgjerande for å nå ut til eit så breitt publikum som mogleg, og for allmentas interesse for og forståing av forsking. Forskingsinformasjonssystemet Cristin er etablert mellom anna for å fremme det nasjonale arbeidet med open tilgang. Departementet foreslår å styrkje Cristin i budsjettet for 2012, sjå kap. 280 post 51. Samtidig er det viktig at universitet og høgskolar har eigne retningslinjer for open tilgang.

Bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet

Inntekter til bidrags- og oppdragfinansiert aktivitet (BOA) spenner over alt frå grunnforsking til etter- og vidareutdanning, og kjeldene er alt frå lokalt næringsliv til internasjonale konsern og lokale, regionale og nasjonale myndigheiter. Omfanget av BOA indikerer institusjonane sin relevans for aktørar på ulike nivå i samfunnet rundt. Departementet vil understreke at arbeidet for å styrkje BOA-inntektene heng saman med utviklinga av samfunnsrolla til institusjonane, jf. omtale av samfunnskontraktarbeidet. Auka BOA-inntekter representerer eit potensial for å styrkje kjerneverksemda og dermed underbyggje eigne faglege strategiar ved institusjonane.

Departementet er oppteke av at institusjonane arbeider vidare med å utarbeide gode rutinar knytte til BOA.

Kommersialisering av forskingsresultat

Departementet er oppteke av at forretningsidear skal nyttast betre i form av nye selskap og fleire lisensieringar og patent. FORNY 2020 er eit viktig verkemiddel for å kommersialisere og formidle forskingsresultat til samfunnet.

Departementet arbeider saman med institusjonane for felles retningslinjer for immaterielle rettar. Regjeringa har sett ned ei interdepartemental arbeidsgruppe for å vurdere behovet for nasjonale prinsipp for handtering av immaterielle verdiar. Rapporten frå arbeidsgruppa har vore ute til høring, og departementet vil følgje opp mottekne innspel.

Mål: Universitet og høgskolar skal ha effektiv forvaltning av verksemda, kompetansen og ressursane i samsvar med samfunnsrolla si

Tilstandsvurdering

Mål- og resultatstyring

Mål- og resultatstyring ligg til grunn for Kunnskapsdepartementets styring av universitets- og høgskolesektoren. Departementet har i dei siste åra lagt auka vekt på ein meir overordna dialog med institusjonane om mål, resultat og strategi. Utgangspunktet har vore og er at styret er det øvste organet ved institusjonen og har ansvaret for institusjonen sine resultat, strategiar og planar for å nå eigne mål og sektormåla.

I tildelingsbreva for 2010 signaliserte departementet til institusjonane at ein ville vurdere mål- og resultatstyringa for sektoren. Det var behov for å sjå på om målstrukturen frå departementet var for omfattande, gav tilstrekkeleg styringssignal og på passande nivå, og gav rom for differensiering mellom institusjonar med ulik eigenart og storleik. Rapporten Handlingsrom for kvalitet (2010) etterlyste mellom anna tydelegare styringssignal frå departementet, ein styringsdialog meir prega av eit langsiktig perspektiv og ein strategi knytt til profilane til universiteta og høgskolane. Departementet har i løpet av 2010–11 i samarbeid med ei referansegruppe frå sektoren vurdert mål- og resultatstyringa og dei måla og styringsparametrane som departementet set for universitets- og høgskolesektoren. På bakgrunn av dette arbeidet legg departementet for 2012 fram ein revidert målstruktur for sektoren som vil gi institusjonane eit vesentleg større handlingsrom for å utvikle og tilpasse mål- og resultatstyringa til eigenarten til den einskilde institusjonen.

Arbeidsmiljø og personale

Universitet og høgskolar skal medverke til eit mindre kjønnsdelt arbeidsliv. Studentane er framleis tradisjonelle når dei vel utdanning. Talet på kvinner i professorstillingar har auka, men er framleis for lågt. Det er òg eit potensial for å auke talet på kvinner i toppleiarstillingar, både faglege og administrative. Sjå nærmare omtale av likestilling i sektoren i Del III, kap. 8.

Gode arbeidsvilkår for dei tilsette er nødvendig for å halde oppe og forbetre resultata i sektoren, og styrkje institusjonane som attraktive arbeidsplassar.

Det er viktig for regjeringa å redusere talet på mellombelse tilsetjingar i universitets- og høgskolesektoren. Kunnskapsdepartementet sette derfor ned ei arbeidsgruppe for å vurdere bruken av mellombelse tilsetjingar, og gruppa leverte sin rapport 1. november 2010. Rapporten avdekte at det var ein betydeleg del mellombelse tilsetjingar i sektoren. Høringa viste brei tilslutning til ei rekkje tiltak knytte til praksisen ved institusjonane for bruk av mellombelse tilsetjingar. Departementet vil vurdere vidare tiltak.

Departementet har nær dialog med universiteta og høgskolane for vidare oppfølging av rapporten. Mange institusjonar har gjort kartleggingar, utarbeidd strategiar og sett i verk tiltak for å redusere mellombels tilsetjing. Særleg forskarstillingar knytte til eksternt finansierte prosjekt er ei utfordring. Fleire institusjonar legg no faglege planar for å kunne tilsetje ein større del av desse forskarane i faste stillingar. I tillegg legg institusjonane vekt på å hjelpe mellombels tilsette med å utvikle karriereplanar.

Det er for tidleg å fastslå effekten av dei tiltaka institusjonane har sett i verk. Database for høgre utdanning har registrert ein jamn reduksjon i mellombels tilsette frå 20,8 pst. i 2008 til 18,3 pst. i 2010. Tal frå einskilde institusjonar tyder på at denne utviklinga vil halde fram.

Økonomistyring og forvaltning

Universitet og høgskolar er nettobudsjetterte institusjonar. Styret ved den einskilde institusjonen har ansvaret for å handle strategisk og gjere prioriteringar innanfor dei økonomiske og styringsmessige rammene som dei rår over. Styret har dermed eit særleg ansvar for å ha god styring og kontroll over dei økonomiske disposisjonane sine. For universiteta og høgskolane utgjorde dei økonomiske avsetningane i snitt 10,6 pst. av tildelinga i 2008; dei steig til elleve pst. i 2009 og gjekk tilbake til 10,1 pst. i 2010. Dei fleste institusjonane har eit nivå på avsetningane som svarer til behova.

Det er framleis fleire institusjonar som har eit breiare utdanningstilbod enn det over tid er fagleg og økonomisk grunnlag for. Til dømes er det på mange masterstudium få studentar. Talet på studietilbod aukar, og det er framleis mange utdanningstilbod på 60 studiepoeng eller mindre. Det er få kandidatar per masterstudium. Dette tyder på at det er eit potensial for betre utnytting av ressursane ved å sjå på studieporteføljen ved institusjonane i samanheng, og å utnytte potensialet innanfor samarbeid, arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon (SAK).

Styra ved institusjonane har ansvaret for at institusjonane blir drivne effektivt og i samsvar med gjeldande lov- og regelverk. Samtidig som kvaliteten i forvaltninga av institusjonane har vorte betre, har krava til den administrative forvaltninga auka. Økonomiforvaltninga i universitets- og høgskolesektoren er særleg omfattande og komplisert. Kvaliteten på rekneskapane har samla sett vorte betre dei seinaste åra, men det er framleis nokre utfordringar, særleg i samband med forvaltning av lønn, innkjøp og bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet.

Stadig meir komplekse omgivnader gjer informasjonstryggleik til ei utfordring for institusjonane. Sidan 2007 er det sett i verk tiltak for å bevisstgjere leiinga om det ansvaret dei har, og for å få på plass nødvendig dokumentasjon. Framleis er det mange av institusjonane som har komme for kort i dette arbeidet. Det er avgjerande at alle universitet og høgskolar kjem opp på eit akseptabelt nivå når det gjeld styrande dokument innanfor informasjonstryggleik.

Administrativt samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon

Gode administrative tenester ved universitet og høgskolar støttar opp under kvaliteten i utdanning, forsking og formidling. Det blir stilt store krav til mellom anna økonomiforvaltninga ved institusjonane. Samla sett er breidda av administrative oppgåver ei utfordring særleg for dei små institusjonane. Behovet for særskilt kompetanse kan løysast ved å få tenester frå andre institusjonar, til dømes ved at store institusjonar kan hjelpe dei små. På det administrative området er det derfor ønskeleg med meir samarbeid og arbeidsdeling for å sikre tenester av høg kvalitet og for å utnytte ressursane betre. Administrativt samarbeid er ein sentral del av mange av dei SAK-prosessane som er etablerte, og i nokre tilfelle er slikt samarbeid hovudformålet.

Bygg og utstyr

Formålstenlege bygg er ein føresetnad for forsking og utdanning av høg kvalitet. Særleg i dei eksperimentelle faga er det viktig med tilgang til det fremste innanfor vitskapleg utstyr for å liggje i forskingsfronten, og for at bygga tener formålet. Den auken i studenttala som er venta å halde fram i fleire år, aktualiserer byggjebehova i universitets- og høgskolesektoren. Det er behov for nybygg, oppgradering og rehabilitering av den eksisterande bygningsmassen i sektoren for at han skal vere tilpassa gjeldande krav og situasjon.

Det har sidan 2006 vore arbeidd med ein Landsverneplan for universitets- og høgskolebygg. Statsbygg har no sluttført arbeidet og foreslår å frede eller gi annan vernestatus til 293 bygningar i sektoren. Landsverneplanen har vore ute til høring og er nyleg oversend Riksantikvaren for vidare handsaming.

Sjølv før Landsverneplanen er vedteke, utgjer bygningar og lokale ein stor kostnad for universitet og høgskolar. Alle institusjonane som forvaltar eigedommane sjølve, har no aktivert bygningsmassen i rekneskapane for å synleggjere kostnadene og gi betre informasjonsgrunnlag for framtidig investeringsbehov. Aktiveringa viser at universitet og høgskolar forvaltar ein stor formue for samfunnet. Samtidig er store delar av eigedommane gamle, og dette vil i åra framover gjere det særs krevjande å halde oppe verdien av desse eigedommane.

I 2011 er sju ordinære byggjeprosjekt under oppføring i universitets- og høgskolesektoren, i tillegg til nokre kurantprosjekt. Fleire byggjeprosjekt er i planleggingsfasen, jf. omtale under strategiar og tiltak. Sjå òg vedlegg 2 tabell 2.14 og 2.15 for oversikt over dei prosjekta som er sette i gang, og som held fram i 2012, og tabellane 2.17–2.19 for prosjekt som framleis er i planleggingsfasen.

Samorganiseringa av Noregs veterinærhøgskole og Universitetet for miljø- og biovitskap

Kunnskapsdepartementet oppnemnde 1. mars 2010 eit fellesstyre for det samorganiserte universitetet på Ås med eksternt oppnemnd styreleiar. Fellesstyret har fullmakt til å binde institusjonane i spørsmål om samanslåinga og har i oppgåve å arbeide for fellesskap og samarbeid på tvers av dei eksisterande institusjonsgrensene, og utarbeide opplegg for nødvendige omstillingsvedtak. Fellesstyret har vedteke eit samfunnsoppdrag for det nye universitetet og har arbeidd med både organisering av det nye universitetet og innspel i prosjekteringa av nybygg på Ås. Fellesstyret og dei to institusjonsstyra har alle fatta vedtak om samorganisering frå 1. januar 2014 dersom byggjeprosjektet går som planlagt.

Strategiar og tiltak

Mål- og resultatstyring

Departementet har utforma reviderte mål for universiteta og høgskolane i 2012, sjå Innleiing ovanfor. Målformuleringane byggjer som tidlegare i hovudsak på formåla i universitets- og høgskolelova og er langsiktige for å vere ei stabil ramme som aktørane i sektoren kan utvikle sine eigne strategiar og verksemdsmål innanfor. Den nye målstrukturen legg større vekt på kva samfunnet ventar av sektoren, og at måloppnåinga i sektoren skal gi effekt for samfunnet. Det er lagt vekt på at ein i målstyringa skal kunne differensiere mellom ulike institusjonar.

Tidlegare har departementet i tillegg til dei felles sektormåla sett felles verksemdsmål for universiteta og høgskolane. Institusjonane skal no setje eigne verksemdsmål. Dette vil gi institusjonane større handlingsrom og fridom til å utvikle sine eigne mål i tråd med samfunnsrolla si. Denne endringa byggjer på at det er styret ved dei enkelte institusjonane som har ansvaret for at den faglege verksemda er i samsvar med overordna føringar frå Stortinget og regjeringa. I tildelingsbreva til den enkelte institusjonen vil departementet setje betrakteleg færre nasjonale styringsparametrar, både for å auke handlingsrommet til institusjonane og for å gi tydelegare politiske signal og retning i den overordna styringa. Departementet legg opp til at innføringa av ny målstruktur vil vere eit utviklingsarbeid i sektoren. Det vil også vere ein dialog om dei nasjonale styringsparametrane.

Styringsdialogen mellom departementet og institusjonane er endra dei siste åra og er no prega av meir dialog om langsiktige perspektiv, strategisk utvikling og profil. Departementet vil utvikle styringsdialogen vidare og leggje vekt på at han skal spegle det ansvaret institusjonane har for si eiga styring og utvikling. I styringsdialogen med institusjonane vil departementet også vere oppteke av at den samla målstrukturen i sektoren er tilstrekkeleg for å oppfylle sektormåla og for gjennomføring av politikken til regjeringa. Samtidig vil det vere viktig for departementet at den enkelte institusjonen har verksemdsmål som underbyggjer utfordringane, eigenarten og utviklingsstrategien til institusjonen.

Rapporteringa frå institusjonane er viktig for å sikre innsyn i og kunnskap om utviklinga og resultata i sektoren. Departementet nyttar den informasjonen som kjem fram, og utarbeider mellom anna ein årleg tilstandsrapport for sektoren. Informasjonen er ikkje minst viktig for institusjonen sjølv for å kunne planleggje verksemda, sjå og vurdere resultata både i lys av dei forventningane og krava som er stilte til verksemda, og i samanheng med deira eigne mål og strategiar. Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet evaluert rapporteringa frå dei underliggjande verksemdene til departementet. På bakgrunn av mellom anna denne evalueringa vil departementet vurdere rapporteringskrava for universiteta og høgskolane.

God forvaltning

Hovudstrategien til departementet er å gjere styra ansvarlege og sikre at dei tek eit sjølvstendig ansvar for den faglege og administrative drifta og utviklinga ved institusjonen. Det omfattar både det ansvaret som styra har, og som er definert i hovudinstruksen for universitet og høgskolar, og at dei administrative oppgåvene blir løyste i samsvar med gjeldande regelverk.

For å auke kvaliteten i økonomiforvaltninga legg departementet vekt på å arbeide førebyggjande gjennom eit godt overordna rammeverk, gode administrative system og rutinar, kompetanseutvikling og aktiv oppfølging av institusjonane i sektoren. Det vil bli lagt vekt på det ansvaret styra har for at verksemda har tilfredsstillande system for intern kontroll og langsiktig økonomisk planlegging som gir god og effektiv utnytting av ressursane.

Departementet er oppteke av at forvaltninga til både departementet og institusjonane blir betre, og har gjennomført eit utgreiingsprosjekt som vurderer tiltak som kan medverke til auka kvalitet og meir effektiv økonomiforvaltning. Utgreiinga omfattar både organiseringa av forvaltningsarbeidet og verkemiddelbruken, med mål om å finne betre og meir effektive løysingar. Departementet gjennomfører òg fleire kartleggingar i sektoren for å få meir kunnskap om intern kontroll og kvalitet i rekneskapsrapportering, organisering og oppfølging av innkjøpsområdet i sektoren, og budsjett- og økonomistyringsmodellar.

Som del av det arbeidet Kunnskapsdepartementet gjer for å betre informasjonstryggleiken i universitets- og høgskolesektoren, har UNINETT AS på oppdrag frå departementet gjennomført eit forprosjekt om informasjonstryggleik for statlege universitet og høgskolar. Departementet har ønskt å få vurdert korleis departementet best kan ta hand om det overordna ansvaret for informasjonstryggleik i sektoren gjennom å byggje på eksisterande miljø ved UNINETT og ved dei største universiteta. Departementet har motteke rapporten frå forprosjektet og vil med utgangspunkt i dette materialet ta stilling til den vidare oppfølginga av dette forvaltningsområdet.

Administrativt samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon

Innanfor midlar som er sette av til SAK-tiltak, vil Kunnskapsdepartementet sikre at ein rimeleg del går til administrative samordningstiltak. Tiltaka skal mellom anna medverke til eit felles system for innkjøp mellom institusjonane i Bergen og Trøndelag, der Universitetet i Bergen og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet har teke eit særskilt ansvar. Vidare skal dei medverke til utvikling av felles administrativ kapasitet mellom kunsthøgskolen og dei tre vitskaplege høgskolane i Oslo.

Bygg og utstyr

Byggjeprosjekt i 2012

Regjeringa foreslår ei startløyving på 30 mill. kroner til nytt teknologibygg ved Universitetet i Tromsø, jf. Prop. 1 S (2011–2012) for Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Det nye teknologibygget i Tromsø er eit viktig bidrag i satsinga til regjeringa på realfag. Bygget skal erstatte dei utrangerte og ueigna lokala som utdanninga held til i no, samtidig som dei skal lokaliserast saman med andre aktivitetar ved institusjonen. Teknologibygget ved Universitetet i Tromsø har ei kostnadsramme på 427,4 mill. kroner (per juli 2012).

I tillegg til det nye prosjektet foreslår regjeringa for 2012 om lag 1,3 mrd. kroner til vidareføring og avslutning av seks ordinære byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren, sjå tabell 2.14 i vedlegg 2, og etterbetalingar av avslutta prosjekt. To kurantprosjekt blir òg vidareførte, sjå tabell 2.15. Sjå òg Prop. 1 S (2010–2011) for Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Byggjeprosjekt under vurdering

Det er fleire nye byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren som er under vurdering. Fire av desse er førte fram til forprosjekt. Forprosjekt legg grunnlaget for fastsetjing av kostnadsramma til dei aktuelle prosjekta. Byggjeprosjekta som er førte fram til forprosjekt, er andre byggjesteget for bygg for medisin og helsefag (MH2) ved Universitetet i Tromsø, nytt bygg for IT- og matteknologi ved Høgskolen i Sør-Trøndelag, restaurering av Urbygningen ved Universitetet for miljø- og biovitskap og rehabiliteringa av Noregs idrettshøgskole. MH2, IT- og matteknologibygget og Urbygningen har godkjende kostnadsrammer. Det blir vidare arbeidd med å ferdigstille forprosjekt for nytt utstillingsveksthus for Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Stortinget løyver prosjekteringsmidlar på tre budsjettpostar over budsjettet til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet avhengig av om bygga tilhører institusjonar som forvaltar bygningsmassen sjølve (kap. 1580 post 30), eller institusjonar som betaler husleige til Statsbygg (kap. 2445 post 30 og 32). Kunnskapsdepartementet har bestilt prosjektering av sju prosjekt for sjølvforvaltande institusjonar og tre ordinære prosjekt som vil gå inn i husleigeordninga, jf. tabell 2.17 og 2.18 i vedlegg 2. Fornyings, administrasjons- og kyrkjedepartementet foreslår i 2012 ei ramme på om lag 57 mill. kroner for prosjektering av prosjekt for sjølvforvaltande institusjonar, og om lag 186 mill. kroner for prosjektering av bygg innanfor husleigeordninga. Kunnskapsdepartementet vil saman med Statsbygg vurdere kva prosjekt som skal prioriterast innanfor rammene i 2012, og framdrifta på desse. Før Kunnskapsdepartementet set prosjektering av bygg i bestilling hos Statsbygg, er dei gjenstand for handsaming i departementet. For prosjekt som har ein forventa kostnad på meir enn 750 mill. kroner, må ein greie ut ulike konsept som må kvalitetssikrast eksternt. I 2012 tek Kunnskapsdepartementet sikte på å avslutte handsaminga si av tre byggjeprosjekt: Kulturhistorisk museum, nytt forskings- og undervisningsanlegg for livsvitskap inkludert kjemi og farmasi og nytt klinikkbygg for odontologi – alle ved Universitetet i Oslo.

Utstyr til bygg

I 2012 foreslår regjeringa å løyve 196,1 mill. kroner til utstyr og inventar til byggjeprosjekt under oppføring. Dette gjeld restaurering av sentrumsbygga fase ein ved Universitetet i Oslo, og nytt bygg for samlokalisering av Høgskolen i Bergen på Kronstad. Sjå nærmare omtale under kap. 260.

Samorganiseringa av Noregs veterinærhøgskole og Universitetet for miljø- og biovitskap

Fellesstyret for det samorganiserte universitetet på Ås vil i samarbeid med Kunnskapsdepartementet arbeide vidare med den faglege samorganiseringa og samanslåinga av det nye universitetet på Ås. Det vedtekne samfunnsoppdraget til fellesstyret for det nye universitetet vil bli lagt til grunn for arbeidet. Eit utval la fram ein rapport om organisering i juni 2011, og fellesstyret skal vedta organiseringa hausten 2011.

For prosjekteringa legg fellesstyret og Kunnskapsdepartementet til grunn at Senter for husdyrforsøk skal få nybygg og ny lokalisering.

Mål: Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Universitetet for miljø- og biovitskap, Universitetet i Oslo, Universitetet i Stavanger og Universitetet i Tromsø skal byggje opp, drive og halde ved like museum med vitskaplege samlingar og utstillingar for publikum

Tilstandsvurdering

Universitetsmusea har eit nasjonalt ansvar for forvaltning og formidling av sentrale delar av kultur- og naturarven. Samlingane inneheld fleire millionar objekt av stor nasjonal og internasjonal verdi og betydning. Delar av desse samlingane er primærkjelde til forsking på ei rekkje fagområde.

For å styrkje tilgangen til databasar og auke kompetansen om formidling ved universitetsmusea fekk Museumsutvalet under Universitets- og høgskolerådet hausten 2010 i oppdrag å greie ut ein ny modell for eit digitalt universitetsmuseum. Arbeidet bygde på rapporten om eit nasjonalt digitalt universitetsmuseum som vart lagd fram i mai 2009, og høringssvara til denne. Museumsutvalet la fram eit forslag om å etablere ei ny eining Digital viten, med ei skisse til korleis denne kan organiserast i tett samarbeid med musea. Departementet har forslaget til vurdering.

Sikring og bevaring av samlingane er ei vesentleg oppgåve for musea i forvaltninga av den kultur- og naturhistoriske arven. Tidlegare rapportering har vist utilstrekkeleg sikring og bevaring ved universitetsmusea. Kunnskapsdepartementet har i samarbeid med universiteta samordna, utforma og forbetra resultatindikatorane for sikring og bevaring. Det er ein auke i delen av samlingane ved universitetsmusea som er tilfredsstillande sikra, men det er forskjellar mellom musea. Framgangen i tilfredsstillande bevaring har vore noko mindre.

Tilhøva for sikring og bevaring av samlingane har òg vorte betre gjennom å byggje om og leige meir egna lokale. Spreiinga av samlingane på fleire lokale gjer likevel at det kan vere vanskeleg å forske på materialet. Fullgode løysingar krev nye lokale som gir gode tilhøve for både bevaring, sikring og forsking.

Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo er i dag lokalisert på fire stader i ni bygningar. I tillegg til manglande areal er lokala til dels i svært dårleg stand. Den eksterne kvalitetssikringa av konseptval for Kulturhistorisk museum vart ferdigstilt i 2009.

Strategiar og tiltak

Samlingane ved universitetsmusea inneheld objekt av stor nasjonal og internasjonal verdi. Den strategiske forskingssatsinga ved universitetsmusea skal medverke til å utvikle musea når det gjeld forsking, formidling og bevaring. Noregs forskingsråd har våren 2011 gitt støtte til tre prosjekt innanfor arkeologi, biosystematikk og museologi for perioden 2011–14. Alle universitetsmusea deltek i dei prosjekta som er fagleg relevante for verksemda deira.

Universiteta må framleis prioritere ressursar for å forbetre tilhøva for sikring og bevaring av samlingane ved musea. Det er avgjerande for å sikre og bevare samlingane som forskingsobjekt for framtida. Dette gjeld både betring av tilhøva i eksisterande lokale og leige av mellombelse lokale utanfor institusjonen, fram til nye lokale er på plass.

Departementet ønskjer å føre vidare forskinga ved musea og slik bevare viktig kompetanse, og samtidig redusere talet på mellombelse stillingar. Vidare satsing på forsking ved musea vil òg gi betre vilkår for samarbeid mellom musea og relevante fagmiljø ved andre delar av universiteta. Sjå nærmare omtale under kap. 281 post 50.

Statsbygg har fått i oppdrag å planleggje nye magasin og utstillingslokale for Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger, Vitskapsmuseet i Trondheim og nye magasin for Universitetsmuseet i Tromsø. Vidare planlegg Statsbygg renovering av Bergen Museum. Planane for denne renoveringa er no delte i to fasar slik at sørfløyen kan renoverast før resten av bygningen.

Kunnskapsdepartementet har sett ned eit internasjonalt ekspertutval for å gjere ei heilskapleg vurdering av risiko, skade og kostnad knytte til ei mogleg flytting av vikingskipa og dei alunkonserverte gjenstandane. Arbeidet omfattar òg ei risikovurdering av den planlagde tomta i Bjørvika. Utvalet skal etter planen leggje fram vurderinga si innan utgangen av 2011.

Mål: Godkjend fagskoleutdanning skal vere av høg kvalitet og gi studentane kvalitetssikra, fleksible og arbeidsmarknadsretta utdanningstilbod

Tilstandsvurdering

Fagskoleutdanning er viktig for å sikre korte, yrkesretta tilbod tilpassa ny teknologi og nye trendar og krav i arbeidslivet. Fagskoleutdanning byggjer på fullført vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse.

I mai 2011 var 1 370 ulike fagskoletilbod godkjende av NOKUT. Til samanlikning var det 1 321 fagskoletilbod i desember 2009. Auken frå tidlegare år har med det flata noko ut.

Tilskottet til teknisk og maritim fagskoleutdanning vart i budsjettet for 2010 flytt frå Kunnskapsdepartementets budsjett og innlemma i rammetilskottet til fylkeskommunane.

I budsjettet for 2011 vart tilskottet til ei gruppe fagskolar, som låg under tidlegare kap. 6A i privatskolelova, teke ut av rammetilskottet til fylkeskommunane og lagt til kap. 276 post 72 på Kunnskapsdepartementets budsjett.

I tillegg blir det løyvd midlar til helse- og sosialfagleg fagskoleutdanning over kap. 761 post 60 Tilskott til omsorgstenester under Helse- og omsorgsdepartementet.

Det var i oktober 2010 om lag 4 300 studentar (heiltidsekvivalentar) i fylkeskommunal teknisk og maritim fagskoleutdanning. Samanlikna med skoleåret 2009–10 er det ein auke på 254 heiltidsekvivalentar, eller om lag seks pst. Førebelse tal for skoleåret 2011–12 tyder på ein ytterlegare auke i søkjartala for desse fagskolane, og det er i juli 2011 registrert om lag 3 700 søkjarar. Dette er ein auke på om lag 40 pst. samanlikna med søkjartala frå i fjor. Søkjartala for fagskoleutdanning er usikre, og departementet viser til arbeidet med etablering av Database for statistikk om fagskoleutdanning.

Departementet har medverka til å opprette eit nasjonalt råd for fagskoleutdanning frå 2010. Med det har fagskolane fått eit eige forum og eit kontaktpunkt mot Kunnskapsdepartementet og andre nasjonale instansar. Med den endringa i fagskolelova som vart vedteken i desember 2010, jf. Innst. 64 L (2010–2011) og Prop. 161 L (2009–2010), fekk departementet heimel til å gi forskrift om eit nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk om ulike kvalitetsfremmande tiltak i fagskoleutdanning. Departementet arbeider no med utkast til ny fagskoleforskrift.

Som del av arbeidet i departementet med å utvikle eit nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk deltok representantar frå Fagskolerådet i utarbeidinga av utkast til læringsutbytteskildringar for fagskoleutdanning. Læringsutbytteskildringane for fagskoleutdanning var ute til høring våren 2011 i samband med den generelle høringa om nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk, sjå omtale under programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m.

I 2010 fekk departementet oppretta eit forum for fagskolestatistikk, som er viktig for etableringa av ein Database for statistikk om fagskoleutdanning (DBH-F). Denne databasen og første rapportering, som er lik for private og offentlege fagskolar, vil vere på plass frå hausten 2011. Forum for fagskolestatistikk vil ha sekretariatet i Database for høgre utdanning (DBH), som har fått oppdraget med å utvikle og drifte DBH-F.

Strategiar og tiltak

Departementet har medverka til at Nasjonalt fagskoleråd har kunna starte eit arbeid for å etablere ein studentorganisasjon for fagskolestudentar. Det vil bli halde ein oppstartskonferanse hausten 2011 med etablering av eit interimstyre og ein etableringskonferanse i løpet av våren 2012.

Departementet vil òg arbeide vidare med utviklinga av DBH-F.

Departementet vil komme tilbake med ei vurdering av vidare finansiering av fagskolane i kommuneproposisjonen for 2013, jf. Innst 429 S (2010–2011) og Prop. 115 S (2010–2011).

Kap. 260 Universitet og høgskolar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

50

Statlege universitet og høgskolar

22 593 319

24 157 242

25 106 655

70

Private høgskolar

828 111

879 958

984 391

Sum kap. 0260

23 421 430

25 037 200

26 091 046

Post 50 Statlege universitet og høgskolar og post 70 Private høgskolar

Mål for 2012

Måla for den høgre utdanningssektoren samla sett er gitt i kategoriinnleiinga. Dei overordna måla og prioriteringane til regjeringa gjeld òg for det enkelte universitetet og den enkelte høgskolen.

Rapport for 2010

For rapportering for 2010, sjå òg tabellar i vedlegg 2 og 3.

Mål: Utdanning av høg internasjonal kvalitet

Samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon (SAK)

I statsbudsjettet for 2010 vart det løyvd til saman 50 mill kroner i SAK-midlar. Formålet var å medverke til meir profilerte institusjonar og meir robuste fagmiljø i sektoren. Hovuddelen av midlane vart fordelte til større regionale samarbeidsprosessar der fleire institusjonar er involverte.

Departementet har sagt at fusjonar skal vere sjølvvalde. I nokre prosessar der målet opphavleg var fusjon, er institusjonane i staden einige om eit utvida, forpliktande fagleg samarbeid. Det er viktig at desse samarbeida medverkar til reell arbeidsdeling. Høgskolen i Oslo og Høgskolen i Akershus fusjonerte 1. august 2011. Både høgskolane i Gjøvik, Hedmark og Lillehammer og høgskolane i Buskerud, Vestfold og Østfold har som mål å slå seg saman med verknad frå 1. januar 2013. Begge prosessane er støtta med SAK-midlar både i 2010 og i 2011. Elles har SAK-midlane mellom anna medverka til samarbeid i sektoren om studietilbod innanfor ulike profesjonsutdanningar, samarbeid om etablering av forskarskolar der den samla kompetansen ved deltakarinstitusjonane kan utnyttast, og samarbeid på det administrative området, inkludert biblioteksamarbeid. Det er òg tildelt SAK-midlar for å styrkje utdanning og forsking innanfor det samiske området.

Kapasitet i utdanninga

I 2010 førte departementet vidare finansiering av 3 000 nye studieplassar i høgre utdanning som vart vedtekne i revidert nasjonalbudsjett i 2009, og av om lag 400 studieplassar frå statsbudsjettet 2009. Det vart òg løyvd midlar til å føre vidare satsinga frå 2009 på etter- og vidareutdanning og desentraliserte utdanningar. Samla for 2009 og 2010 medførte dette ein auke i løyvinga til universitet og høgskolar tilsvarande 6 900 fleire studieplassar hausten 2010 samanlikna med hausten 2008.

Tal frå Database for høgre utdanning viser at det var registrert om lag 207 000 eigenfinansierte studentar, tilsvarande 193 800 eigenfinansierte fulltidsstudentar (heiltidsekvivalentar) ved universitet og høgskolar hausten 2010. Det er ein auke på om lag 13 000 fulltidsstudentar frå hausten 2008. Dette er meir enn auken i løyvinga til nye studieplassar frå statsbudsjettet og revidert nasjonalbudsjett for 2009 skulle tilseie, jf. St.prp. nr. 1 (2008–2009) og St.prp. nr. 67 (2008–2009).

Auken i talet på studieplassar har medverka til å kunne møte veksten i ungdomskulla og halde oppe den prosentdelen av eit årskull som tek høgre utdanning.

Institusjonane har i 2010 lagt vekt på å føre vidare dei auka opptaka på dei prioriterte fagområda, som var lærarutdanning, helse- og sosialfagutdanning og matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag. I tillegg har auken i talet på studieplassar medført at institusjonane har kunna tilpasse studietilboda til kompetansebehov i regionen, ønska til institusjonane om profilering og studievala til studentane.

Lærarutdanning

Dei nye grunnskolelærarutdanningane starta opp hausten 2010. På nasjonalt nivå var rekrutteringa svært god med ein samla auke i opptaket på om lag 17 pst. samanlikna med den tidlegare allmennlærarutdanninga. Rekrutteringa var likevel svakare enn ønskeleg. Dette gjeld i første rekkje nokre av dei minste høgskolane. Dei regionale møta om grunnskolelærarutdanningane som departementet gjennomførte hausten 2010, viste ein klar auke i institusjonelt samarbeid om mellom anna rekruttering, utvikling av fagtilboda og kompetanseutvikling av fagpersonalet. Det er i tillegg etablert meir samarbeid om forsking, og slik er grunnlaget styrkt for å vidareutvikle ei forskingsbasert utdanning.

NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) sluttførte hausten 2010 evalueringa av førskolelærarutdanninga. NOKUT konkluderer med at førskolelærarutdanninga har akseptabel fagleg kvalitet, men peiker òg på utfordringar, mellom anna knytte til studentrekruttering, forskingskompetansen til fagpersonalet, låg studieinnsats og til at studentane etterlyser strengare krav. Det er variasjon mellom institusjonane når det gjeld samanheng mellom teori og praksis og studiekvalitet. Det blir òg vist til at førskolelærarutdanninga har låg status og blir nedprioritert ved institusjonane. Kunnskapsdepartementet sette hausten 2010 ned eit utval som skal utforme utkast til ein ny rammeplan for førskolelærarutdanninga. Alle institusjonar med førskolelærarutdanning er bedne om å lage ein eigen plan for oppfølging lokalt. Planane vil bli vurderte og godkjende av departementet.

For å leggje til rette for profesjonsretta og forskingsforankra lærarutdanningar har departementet mellom anna ført vidare satsinga på forskarskole, senter for framifrå utdanning og rettleiing av nyutdanna og nytilsette lærarar. Sjå omtale under kap. 281 post 01.

Realfag, ingeniørutdanning og entreprenørskap

Eit utval har på bakgrunn av evalueringa til NOKUT i 2008 utarbeidd utkast til ny rammeplan for ingeniørutdanning. Etter ei brei høring i sektoren fastsette departementet ein ny rammeplan i februar 2011. Den nye forskrifta er kortfatta med hovudvekt på venta læringsutbytte til kandidatane. Det er lagt til rette for eit internasjonalt semester, ei bacheloroppgåve på 20 studiepoeng og auka profesjonsrelevans. Rammeplanen føreset ei større omlegging ved den enkelte institusjonen for å leggje til rette for ei forskingsbasert, praksisnær og integrert ingeniørutdanning.

Institusjonane har i 2010 utarbeidd lokale planar for å følgje opp utfordringar i ingeniørutdanninga som NOKUT peikte på både nasjonalt og for den enkelte institusjonen.

Alle kandidatar med høgre utdanning skal i tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket ha kompetanse innanfor innovasjon og nyskaping. Rapporteringar viser at arbeidet med innovasjon og entreprenørskap får auka merksemd ved universitet og høgskolar. Fleire studieprogram har no tilbod om slike emne.

Kvalifikasjonsrammeverket

Universitet og høgskolar kom i 2010 godt i gang med arbeidet med å implementere det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket for høgre utdanning gjennom å skildre læringsutbyttet for studietilboda sine i samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket for høgre utdanning. Institusjonane har frist til 2012 med å implementere kvalifikasjonsrammeverket.

Mål: Forsking av høg internasjonal kvalitet

Kvalitet i forsking

Senter for framifrå forsking (SFF) er det fremste verkemiddelet i Forskingsrådet for å utvikle norske forskingsmiljø i internasjonal toppklasse. Ei evaluering gjennomført av Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) viser at ordninga er svært vellykka. Ikkje minst har SFF-ane gjort norsk forsking meir synleg internasjonalt og styrkt rekrutteringa til norsk forsking. Ein ny runde SFF-ar vart lyst ut våren 2011.

Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) skal styrkje innovasjon gjennom satsing på langsiktig forsking. Dei første SFI-ane vart midtvegsevaluerte i 2010. Evalueringa viser at sentra held høg vitskapleg kvalitet og medverkar til nyskaping i samarbeid med næringsliv og offentleg sektor.

Programma Strategiske høgskoleprosjekt (SHP) og Praksisretta utdanningsforsking (PraksisFoU/PRAKUT) har vore viktige for å styrkje kvaliteten i forsking ved høgskolane og i profesjonsfag.

Samarbeidsorgana til fagmiljøa, som fakultetsmøte og råd, er gode arenaer for å få identifisert og initiert lovande prosjekt for betre arbeidsdeling og konsentrasjon.

I Prop. 1 S (2009–2010) for Kunnskapsdepartementet varsla departementet ein handlingsplan for å styrkje forskingstilknytinga til profesjonsutøvarane og relasjonane mellom forsking og utdanning. Dette vil bli følgt opp i stortingsmeldinga om utdanning for velferdstenestene, sjå omtale av meldinga i kategoriinnleiinga.

Forskarutdanning

Universiteta og høgskolane har 2 864 øyremerkte stipendiatstillingar innanfor grunnløyvinga. I 2010 var det over grunnløyvinga tilsett nesten 3 100 stipendiatar ved institusjonane. Institusjonar med eigen doktorgradsrett fekk frå hausten 2009 høve til å omgjere inntil fem pst. av stipendiatstillingane sine til postdoktorstillingar. Talet på tilsette i postdoktorstillingar som er finansierte over grunnløyvinga, auka med tolv pst. i 2010, tilsvarande 36 stillingar. Stipendprogram for kunstnerisk utviklingsarbeid omfattar løyving til 23 stipendiatar.

Departementet tok i 2010 initiativet til ei ny internasjonal evaluering av kvaliteten i norsk forskarutdanning, ti år etter den førre evalueringa. Oppdraget vart lyst ut våren 2011, og evalueringa skal vere ferdig i juni 2012.

Infrastruktur og utstyr

Forskingsrådet etablerte den første utgåva av nasjonalt vegkart for forskingsinfrastruktur i 2010. Fire storskala utstyrsfasilitetar med partnarar frå universitets- og høgskolesektoren er under etablering. Norwegian Micro- and Nanofabrication Facilities, som er eit samarbeid mellom Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Universitetet i Oslo, Høgskolen i Vestfold og SINTEF, fekk tildelt 65 mill. kroner. Biobank Norway, som involverer dei fire største universiteta, dei regionale helseføretaka og Folkehelseinstituttet, mottok 80 mill. kroner. Norwegian Atlantic Current Observatory, som er etablert ved Universitetet i Bergen, mottok 18 mill. kroner. Norwegian Wind Energy Research Infrastructure, eit samarbeid mellom alle dei sentrale norske aktørane på fagfeltet, mellom anna universiteta i Bergen og Oslo, fekk tildelt 45 mill. kroner.

Mål: Formidling, innovasjon og verdiskaping

Innovasjon og entreprenørskap

Det gamle FORNY-programmet vart avvikla i 2010. Programmet har medverka til auka medvit om og meir aktivt arbeid med kommersialisering av forskingsresultat. Mellom anna basert på evalueringa av dette programmet vart det frå og med 2011 etablert eit nytt program for kommersialisering av forskingsresultat – FORNY 2020.

Ordninga med nærings-ph.d. skal medverke til å knyte næringsliv og akademia tettare saman. I februar 2011 var det 77 aktive kontraktar om nærings-ph.d.-stipend. Nærings- og handelsdepartementet med støtte frå Kunnskapsdepartementet tildelte hausten 2009 stimuleringsmidlar til å opprette utdanningstilbod innanfor immaterielle rettar ved fem ulike universitet og høgskolar. Tolv institusjonar søkte om midlar, og fem fekk midlar til å utvikle slike tilbod.

Open tilgang til vitskaplege artiklar

Departementet ventar ein kraftig auke i open tilgang på vitskaplege artiklar. Talet på tilgjengelege artiklar gjennom dei opne arkiva til institusjonane sjølve steig med 56 pst. i 2010, men utgjer likevel berre fem pst. av dei vitskaplege artiklane frå universitet og høgskolar. Kunnskapsdepartementet etablerte saman med Helse- og omsorgsdepartementet i 2010 Cristin (Current Research Information System in Norway) som felles forskingsinformasjonssystem for universitets- og høgskole-, institutt- og helsesektoren. Cristin skal mellom anna arbeide for å auke delen ope tilgjengelege vitskaplege artiklar.

Eigarskap i selskap

Kunnskapsdepartementet har gitt Universitetet i Bergen fullmakt til å bruke overskott frå oppdragsverksemd til kapitalinnskott ved oppretting av eit aksjeselskap for å forvalte stiftingar som har tilknyting til Universitetet i Bergen o.a., jf. Prop. 1 S (2009–2010) for Kunnskapsdepartementet. Selskapet, Unifond AS, vart stifta 9. februar 2010.

Mål: God organisering, drift og ressursforvaltning

Kompetente styre

Fleirtalet av dei statlege institusjonane har halde på ordninga med valt rektor som også er styreleiar, men stadig fleire vel å ha tilsett rektor og ekstern styreleiar. I 2010 hadde åtte av dei statlege institusjonane tilsett rektor og ekstern styreleiar. Fem høgskolar har endra styremodell frå 1. august 2011, og det er no 25 statlege institusjonar med valt rektor og elleve statlege institusjonar med tilsett rektor og ekstern styreleiar. Alle dei private institusjonane har ekstern styreleiar.

Dei eksterne styrerepresentantane tilfører styra eit breiare spekter av kompetanse og erfaring, med impulsar frå næringsliv og kultur- og samfunnsliv. Mange av styrerepresentantane har hovudstilling ved ein annan høgre utdanningsinstitusjon i Noreg eller eit anna nordisk land, men det er òg mange frå private bedrifter, helsesektoren og kommune- og fylkesadministrasjonen.

Den årlege Rapport og planar frå styret til departementet er i aukande grad eit strategisk dokument som gir god informasjon til departementet om resultat, mål og planar. Rapporteringa viser at styra arbeider med strategisk viktige faglege og administrative saker for verksemda.

Mange av institusjonane har komme langt i arbeidet med risikovurderingar på overordna nivå knytte til strategiar og planar. I 2010 fekk PricewaterhouseCoopers Noreg i oppdrag å gjennomføre ei kartlegging av status for internkontroll knytt til finansiell rapportering. Resultata frå undersøkinga vil liggje føre hausten 2011.

Leiing og personalforvaltning

I løpet av dei seinare åra har fleirtalet av dei statlege institusjonane etablert faglege leiargrupper på institusjonsnivå med fleire pro- eller viserektorar i tillegg til rektor. Dette kan vere eit uttrykk for at den faglege leiinga er styrkt. For inneverande styreperiode har dei største institusjonane, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og universiteta i Oslo og Bergen, ei fagleg leiargruppe på fire personar, med ulike ansvarsområde.

Delen av fagleg personale med førstestillingskompetanse er eit mål på kompetansenivået i sektoren. Førstestillingskompetansen i sektoren har auka frå 57 til 66 pst. sidan 2004, i stor grad på grunn av kompetanseheving i statlege og private høgskolar.

Departementet er merksam på den høge delen mellombels tilsette ved universitet og høgskolar. Delen er på veg ned, men er framleis for høg og langt høgre enn i arbeidslivet elles.

I 2010 fekk Arbeidsforskningsinstituttet i oppdrag å undersøkje tidsbruken blant dei vitskapleg tilsette ved universitet og høgskolar. Det er ti år sidan førre tidsbrukundersøking. Formålet er mellom anna å kartleggje korleis Kvalitetsreforma har påverka tidsbruken for vitskapleg tilsette. Resultata frå undersøkinga vil etter planen vere klare hausten 2011.

Likestilling mellom kjønna

Departementet sette i 2010 i verk ei treårig prøveordning med insentiv for tilsetjing av kvinner i høgre vitskaplege stillingar i matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag. Ni institusjonar med doktorgrad på desse fagområda er med i ordninga. I 2010 vart det tilsett 16 kvinner i stillingar som gir utteljing i insentivordninga. Sjå nærmare omtale i del III kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering.

Økonomisk stilling og forvaltning

Statlege universitet og høgskolar mottok om lag 31,9 mrd. kroner i driftsinntekter i 2010. Løyvinga frå Kunnskapsdepartementet og andre departement og statlege etatar utgjer om lag 26,3 mrd. kroner. I tillegg kjem om lag 1,6 mrd. kroner i offentlege og private bidrag, medan oppdragsinntekter og andre inntekter utgjer til saman om lag 4 mrd. kroner i 2010. Sjå tabell 3.11 i vedlegg 3, som viser inntekter etter inntektskjelde.

Avsetningane til planlagde tiltak i framtidige budsjettår har gått ned med 65,7 mill. kroner frå 2009 til 2010 og utgjorde om lag 2,3 mrd. kroner i 2010, eller 10,1 pst. av løyvinga frå Kunnskapsdepartementet. Av dette var avsetningar til utsett verksemd om lag 1,1 mrd. kroner, avsetningar til strategiske formål 412 mill. kroner, og avsetningar til større investeringar 129 mill. kroner. Avsetningane knytte til tildelingar frå Noregs forskingsråd, regionale forskingsfond og andre departement var på 708 mill. kroner. Det er avsetningane til større påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt finansierte av grunnløyvinga frå Kunnskapsdepartementet som har gått mest ned, slik at 2010 var eit år da fleire institusjonar nytta oppsparte midlar til å setje i verk dei strategiske planane sine. Sjå tabell 3.12 i vedlegg 3, som viser forholdet mellom kontantbehaldning, påkommande kostnader og avsetningar.

Private høgskolar som mottek løyving over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, hadde om lag 2,2 mrd. kroner i bokførte inntekter i 2010. Løyvinga frå staten utgjorde om lag 833 mill. kroner og eigenbetaling frå studentane 1,1 mrd. kroner. Det varierer mykje mellom dei private høgskolane kor stor del statstilskottet og eigenbetalinga frå studentane utgjer av totale driftsinntekter. For nokre av høgskolane viser rekneskapane svak soliditet, og departementet har i tilskottsbrevet for 2011 sett som vilkår at desse institusjonane må utarbeide ein langsiktig plan for å byggje opp tilstrekkeleg eigenkapital, slik at studentane ikkje risikerer at studietilbodet blir avvikla.

Bygg

I 2010 vart tre ordinære byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren ferdigstilte. Med nytt bygg for lærarutdanninga ved Høgskolen i Vestfold er høgskolen lokalisert saman på Campus Bakkenteigen. Høgskolen har sidan 1996 meir enn dobla studenttalet, og det nye bygget legg òg til rette for framtidig vekst. Ferdigstillinga av andre byggjetrinn for Kunsthøgskolen i Oslo har òg fysisk samla kunsthøgskolen. Anlegget står no fram som eit internasjonalt framifrå anlegg for kunstutdanning. Nybygget for informatikkmiljøa ved Universitetet i Oslo har samla denne verksemda på éin plass, samstundes som det har ført til auka tryggleik for datainstallasjonane. Det er viktig for både Universitetet i Oslo og dei nasjonale funksjonane som universitetet handsamar.

Vidare vart det ferdigstilt tre kurantprosjekt som har hatt ulike formål. Med nytt lokale for musikkutdanninga ved Universitetet i Agder er all aktivitet i Kristiansand samla på Gimlemoen. Det nye kontorbygget for humanistiske fag ved Høgskolen i Volda har letta kontorsituasjonen for høgskolen. Ombygginga ved Høgskolen i Lillehammer har gjort høgskolen betre i stand til å ta imot framtidig studentvekst gjennom at tidlegare beredskapslokale har vorte bygde om til undervisningsformål.

Finansieringssystemet

Hovudtrekka i finansieringssystemet for universitet og høgskolar vart førte vidare med nokre mindre endringar etter evalueringa av systemet i 2009. I tråd med forslag frå regjeringa vedtok Stortinget at frå og med rapporteringsåret 2010 skulle avlagde studiepoeng på vidareutdanning rapporterast i same kategori som tilsvarande grunnutdanning. Studiepoeng avlagde ved Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) blir òg rapporterte av institusjonane frå og med 2010 og vil gi utteljing i utdanningsinsentiva frå 2012.

Det vart vedteke fleire endringar for forskingsinsentiva gjeldande frå rapporteringsåret 2010 med budsjettverknad frå 2012. Institusjonar som ikkje sjølve har akkreditering for å gi doktorgrad, men har tilsette som disputerer ved ein annan institusjon med akkreditering, skal ha utteljing tilsvarande 20 pst. av den ordinære doktorgradsutteljinga. Kandidatar frå Stipendprogrammet for kunstnerisk utviklingsarbeid vart frå 2010 rekna inn i indikatoren doktorgradskandidatar, og midlar frå regionale forskingsfond vart likestilte med midlar frå Forskingsrådet. Vidare vart EU-indikatoren utvida til å omfatte midlar frå Joint Technology Initiatives (JTI), ERA-NET (Networking the European Research Area) og initiativ etter EU-traktaten artikkel 185 i tillegg til midlar frå EUs sjuande rammeprogram. Endringane i kva som inngår i dei ulike indikatorane, medfører ei justert vekting mellom dei frå budsjettåret 2012.

Mettingsdykkarutdanninga

Etableringa av mettingsdykkarutdanninga, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2006–2007) for Kunnskapsdepartementet, vart sett i gang som eit spleiselag mellom staten og oljeselskapa. Etableringa har komme i store finansieringsproblem fordi investeringane har vorte vesentleg dyrare enn opphavleg planlagt. Departementet har bedt Høgskolen i Bergen i samarbeid med oljeselskapa om å finne ei løysing på den nødvendige restfinansieringa. Det er ikkje gitt tilsegn om ytterlegare statleg finansiering, og Statoil arbeider framleis med å få til ei finansiering frå oljebransjen.

Mål: Universitetsmusea

Universitetsmusea skal formidle kunnskap til omverda gjennom mellom anna utstillingar, foredrag, bøker og nettbasert formidling. Det er ein føresetnad at samlingane er tilgjengelege for eit breitt publikum. Dei fem universitetsmusea hadde samla om lag 1,2 millionar besøkjarar i 2010. Vitskapsmuseet ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) har hatt ein auke på 30 pst. i besøkstalet frå 2009. Universitetsmuseet i Tromsø, Vitskapsmuseet ved NTNU og Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo har digitalisert over 80 pst. av samlingane sine, og over 50 pst. av desse er òg tilgjengelege på nettet.

Budsjettforslag for 2012 for postane 50 og 70

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på om lag 26,1 mrd. kroner over kap. 260 i 2012, fordelte med om lag 25,1 mrd. kroner til universitet og statlege høgskolar over post 50 og om lag 984,4 mill. kroner til private høgskolar over post 70. Dette omfattar både den langsiktige og strategiske løyvinga og den resultatbaserte utteljinga knytt til utdanningsinsentiva og forskingsinsentiva.

Utdanning

Det vart i 2009 og 2011 løyvd midlar til om lag 4 200 og 2 200 nye studieplassar. Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 234,8 mill. kroner over kap. 260 i 2012 for å føre vidare dei studieplassane som vart tildelte i 2009 og 2011, og trappe opp med nye kull i tillegg. Det inneber ein auke i løyvinga på om lag 225,5 mill. kroner på kap. 260 post 50 og om lag 9,3 mill. kroner på kap. 260 post 70. Sjå òg kap. 280 post 71. Departementet legg til grunn at universiteta og høgskolane medverkar til å fylle dei plassane som er oppretta, og til å møte regionale og nasjonale behov på område der det er særleg behov, som innanfor lærarutdanninga, MNT-faga og helse- og velferdsfaga.

Frå budsjettet for 2011 er dei nye grunnskolelærarutdanningane innplasserte i kategori D i finansieringssystemet for universitet og høgskolar. Finansiering av den auka grunnløyvinga skjer over fire år, parallelt med opptrapping av fleire kull i dei nye utdanningane. For 2012 foreslår departementet å fordele auken i grunnløyvinga mellom institusjonane ut frå talet på registrerte studentar hausten 2010, i tråd med fordelinga i 2011. Kunnskapsdepartementet foreslår ein auke i løyvinga på om lag 27,3 mill. kroner på kap. 260 post 50 og om lag 1 mill. kroner på kap. 260 post 70. Innplasseringa vil frå budsjettåret 2013 òg gi høgre utteljing i utdanningsinsentiva, basert på avlagde studiepoeng for 2011.

Den resultatbaserte utteljinga knytt til utdanning aukar med om lag 219 mill. kroner i 2012, fordelte med om lag 200 mill. kroner over post 50 og om lag 19 mill. kroner over post 70. Auken kjem i hovudsak som følgje av auka studentopptak i både 2009 og 2010, mellom anna grunna oppretting av fleire studieplassar i 2009, jf. St.prp. nr. 1 (2008–2009) og St.prp. nr. 67 (2008–2009).

Kunnskapsdepartementet foreslår å vidareføre satsinga på samarbeid, arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon (SAK) med 50 mill. kroner i 2012. Arbeidet har lagt til rette for kvalitetsutvikling i sektoren. Det er framleis behov for spissing og konsentrasjon i sektoren, sjå omtale under Strategiar og tiltak i kategoriinnleiinga. Departementet vil komme tilbake til fordelinga av midlane i 2012.

Stortinget vedtok gjennom statsbudsjettet for 2010 å opprette trafikkflygarutdanning ved Universitetet i Tromsø. Det vart lagt til grunn ein samla kostnad på vel 30 mill. kroner over tre år. Kunnskapsdepartementet foreslår no å løyve dei resterande 4,7 mill. kroner.

Kunnskapsdepartementet har sidan 2009 tildelt midlar over kap. 281 post 01 til studieplassar i opera- og repetitørutdanning ved Kunsthøgskolen i Oslo og Noregs musikkhøgskole. Studieplassane er førte vidare og er ferdig opptrappa. Kunnskapsdepartementet foreslår å flytte midlane, tilsvarande om lag 4,3 mill. kroner, frå kap. 281 post 01 og til ramma til dei to institusjonane over kap. 260 post 50.

Anthon B. Nilsen Utdanning AS eig fleire skolar som har fått tilskott etter kap. 4 i vaksenopplæringslova: Westerdals School of Communication AS, Norsk lydskole AS, Film- og TV-akademiet AS og Oslo Kunstfagskole AS. Fleire av utdanningane ved desse skolane har vorte akkrediterte på høgskolenivå og er organiserte under dei juridiske einingane Westerdals Høyskole AS og NISS Høyskole AS. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å flytte om lag 46,4 mill. kroner frå kap. 228 post 72 til kap. 260 post 70. Sjå òg kap. 228 post 72.

Forsking

Den resultatbaserte utteljinga til forsking utgjer om lag 1,5 mrd. kroner i 2012. Vekting av utteljinga for dei ulike indikatorane er for budsjettet 2012 endra i tråd med den evalueringa som vart presentert i Prop. 1 S (2009–2010) for Kunnskapsdepartementet. Dei resultata som institusjonane har oppnådd på indikatorane for forskingsinsentiva i 2010, inneber ein reduksjon på 979 000 kroner for dei statlege institusjonane over post 50 og ein tilsvarande auke for dei private over post 70.

Bygg

Dei noverande lokala for ingeniørutdanninga ved Universitetet i Tromsø har vore meint som midlertidige lokale. Lokala er i dårleg stand og eignar seg ikkje lenger for undervisning. Leigeavtalen går ut i 2012, med mogleg forlenging til 2013. Regjeringa foreslår ei startløyving på 30 mill. kroner til nytt teknologibygg ved universitetet i 2012 over budsjettet til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Godkjend, samla kostnadsramme er 427,4 mill. kroner (per juli 2012). Det er behov for 20 pst. av kostnadsramma til inventar og utstyr knytt til laboratorium og andre spesialrom i framtidige statsbudsjett.

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve om lag 24,1 mill. kroner i husleigekompensasjon for bygg for sjukepleie ved Høgskolen i Oslo og Akershus, og om lag 7,4 mill. kroner for nytt bygg ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Høgskolen i Oslo og Akershus har vist ein betydeleg vilje til å møte behovet for auka studiekapasitet, og Kunnskapsdepartementet foreslår i tillegg ei auke i grunnløyvinga til høgskolen med om lag 1,8 mill. kroner. Kunnskapsdepartementet føreset at høgskolane finansierer resterande kostnader til husleige innanfor eksisterande budsjettramme.

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 196,1 mill. kroner i 2012 til utstyr og inventar til to byggjeprosjekt under oppføring. Nybygg for Høgskolen i Bergen er planlagt ferdigstilt til studiestart hausten 2014. Departementet legg opp til ei samla utstyrsramme til prosjektet på 340 mill. kroner (prisnivå per 2011) fordelte over tre år og foreslår ei løyving på 175,3 mill. kroner i 2012. For fase éin av restaurering og ombygging av sentrumsbygga ved Universitetet i Oslo legg departementet opp til ei samla utstyrsramme på 80,2 mill. kroner (prisnivå per 2011) fordelte over to år, og foreslår å gi resterande løyving på 20,8 mill. kroner i 2012.

Etter gjeldande praksis blir det løyvd 15 pst. av kostnadsramma til utstyrsmidlar for ordinære byggjeprosjekt og 20 pst. for bygg med stort innslag av laboratorium og andre spesialrom. I tråd med dette vart det samla løyvd 469,7 mill. kroner i 2011 til utstyr og inventar til Høgskolen i Oslo og Akershus, Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo. I 2012 skal det trekkjast ut igjen av rammene til desse institusjonane samla 279,5 mill. kroner knytte til utstyrs- og inventarmidlar for 2011.

Odontologiutdanninga ved Universitetet i Tromsø vart etablert i 2004 og er ferdig utbygd med eit årleg opptak på 40 studieplassar. Departementet foreslår å fase ut midlar til investeringar i nytt utstyr knytt til utdanninga og redusere løyvinga til universitetet med om lag 7,6 mill. kroner frå 2012.

Andre saker

Statens pensjonskasse har varsla dei statlege institusjonane i sektoren om at arbeidsgivardelen av pensjonspremien aukar frå 11,15 pst. til 12,09 pst. frå 2011 til 2012. Kostnadsauken for desse institusjonane samla er estimert til om lag 190 mill. kroner i 2012 samanlikna med 2011, som er lågare enn kostnadsreduksjonen frå 2010 til 2011. Nivået på pensjonspremien i 2012 svarer om lag til den kompensasjonen som vart lagd inn i rammene til institusjonane ved overgang til nettobudsjettering.

Studiesenteret Finnsnes tilbyr kurs og andre vaksenopplæringstiltak som alternativ eller supplement til ordinære studietilbod ved andre utdanningsinstitusjonar. Senteret har eit nært samarbeid med Universitetet i Tromsø og høgskolane i Harstad og Finnmark, sjå rapport under kap. 254 post 72. Frå 2012 foreslår Kunnskapsdepartementet å leggje løyvinga på om lag 4 mill. kroner til Studiesenteret Finnsnes inn i ramma til Universitetet i Tromsø, som vil fordele løyvinga vidare til senteret. Aktivitetane ved studiesenteret skal framleis vere særleg innretta mot behova i industri og næringsliv i ytre Midt-Troms og skal medverke til å styrkje kontakten mellom utdanningsinstitusjonar, næringsliv og offentleg forvaltning.

Stortinget bad i handsaminga av statsbudsjettet for 2009 om ei vurdering av permanent drift av Senter for samisk i opplæringa som eit nasjonalt kompetansesenter ved Samisk høgskole, jf. Innst. S. nr. 12 (2008–2009). Kunnskapsdepartementet foreslår å leggje løyvinga på 2,1 mill. kroner inn i ramma til Samisk høgskole, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 226 post 21.

Den nasjonale pådrivareininga for funksjonshemma i høgre utdanning, no Universell, vart etablert ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i 2002. I tillegg til midlar over grunnløyvinga til NTNU, har Kunnskapsdepartementet frå 2008 tildelt midlar over kap. 281 post 01. For å samle løyvinga frå departementet blir det foreslått å flytte 750 000 kroner frå kap. 281 post 01 til rammetilskottet til NTNU over kap. 260 post 50.

Gründerskolen ved Universitetet i Oslo (UiO) er eit samarbeidsprosjekt mellom universiteta og fleire høgskolar i Noreg og er lagd til Senter for entreprenørskap ved UiO. Studentar ved Gründerskolen får i dag støtte frå Lånekassen for å betale Innovasjon Norge for tilrettelegging av obligatorisk praksisopphald i utlandet.

Kunnskapsdepartementet foreslår å redusere skolepengestøtta til studentar ved Gründerskolen som får støtte til delstudium i utlandet, og i staden leggje til rette for at kostnadene blir betalte av UiO. Departementet foreslår i tråd med dette å auke grunnløyvinga til UiO med 1,1 mill. kroner over kap. 260 post 50 mot ein tilsvarande reduksjon av budsjettet til Lånekassen, jf. omtale under kap. 2410 post 71 og post 90.

Kunnskapsdepartementet viser til Innst. 320 S (2010–2011) og Prop. 74 S (2010–2011) Økonomiske og administrative konsekvenser av overføring av Rettsmedisinsk institutt fra Universitetet i Oslo til Nasjonalt folkehelseinstitutt. Overføringa inneber flytting av administrative tenester frå universitetet til Folkehelseinstituttet. Departementet foreslår på bakgrunn av dette å redusere løyvinga til UiO med om lag 2,8 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av løyvinga til Folkehelseinstituttet over kap. 710 post 01 til Helse- og omsorgsdepartementet.

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet har administrert ordninga med kjøp av studieplassar i medisin i utlandet. Ordninga var ferdig utfasa i 2010, og løyvinga på posten vart derfor redusert i revidert nasjonalbudsjett for 2011, jf. Innst. 420 S (2010–2011) og Prop. 120 S (2010–2011). Departementet foreslår derfor å føre vidare dette kuttet på posten med 599 000 kroner.

Høgskulen i Sogn og Fjordane ønskjer å bruke 10 000 kroner frå verksemdskapitalen til tilskott til stiftinga Nynorsk kultursentrum. For å leggje til rette for fagleg interessant samarbeid mellom høgskolen og stiftinga, og for at høgskolen kan vere representert i rådet for stiftinga, ser Kunnskapsdepartementet det som tenleg at høgskolen får fullmakt av Stortinget til dette, jf. forslag til vedtak IV nr. 3.

Kap. 270 Internasjonal mobilitet og sosiale formål for studentar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

71

Tilrettelegging for internasjonal mobilitet

13 262

14 673

15 128

74

Tilskott til velferdsarbeid

68 137

70 249

72 427

75

Tilskott til bygging av studentbustader, kan overførast

270 174

234 946

242 229

Sum kap. 270

351 573

319 868

329 784

Post 71 Tilrettelegging for internasjonal mobilitet

Mål for 2012

Målet med tilskottet er å medverke til internasjonal mobilitet for studentar og forskarar.

Rapport for 2010

I 2010 vart det løyvd 5,9 mill. kroner til Fulbright-programmet over dette kapitlet. Løyvinga har gått til stipendprogrammet og medverka til å støtte særleg kvalifiserte søkjarar i studium på master- og doktorgradsnivå i USA, og tilsvarande studentar og forskarar frå USA som vil studere i Noreg. Om lag 60 norske studentar fekk i 2009–10 stipend over dette programmet for å studere eller forske i USA.

For å samle løyvinga til Association of Norwegian Students Abroad (ANSA) vart midlar til ANSA til velferdsarbeid over kap. 270 post 74 flytte til kap. 270 post 71 frå 2010. Det vart løyvd 7,4 mill. kroner til ANSA i 2010. Løyvinga har gått til informasjonstiltak retta mot norske studentar i utlandet og utgifter til tilrettelegging for studium i utlandet og studentvelferd for norske studentar i utlandet.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å løyve om lag 15,1 mill. kroner over kap. 270 post 71 i 2012. Det omfattar ei løyving til Fulbright Foundation på om lag 7,2 mill. kroner i 2012 og å føre vidare løyvinga til ANSA med om lag 7,9 mill. kroner.

Post 74 Tilskott til velferdsarbeid

Mål for 2012

Målet med tilskottsordninga er å medverke til studentvelferd ved utdanningsinstitusjonane og å fremme interessene til studentane.

Rapport for 2010

Tilskottet til samskipnadene blir gitt som grunntilskott og tilskott per student. For 2010 vart det ikkje løyvd øyremerkte tilskott til studentbarnehagar, men det vart teke særskilt omsyn til studentbarnehagane i tråd med tidlegare fordelingsnøkkel. Samla vart det utbetalt om lag 68 mill. kroner i 2010. Av desse vart det utbetalt om lag 62,5 mill. kroner til 25 studentsamskipnader med om lag 200 000 medlemmer. I tillegg vart det utbetalt om lag 4,3 mill. kroner til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar.

Det vart utbetalt om lag 1,3 mill. kroner til Statistisk sentralbyrå for Levekårundersøkinga om studentar i 2010. Undersøkinga skal sluttførast i 2012.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å løyve 72,4 mill. kroner over kap. 270 post 74 i 2012. Departementet foreslår at ein ved utrekninga av tilskott til studentsamskipnadene for 2012 skal føre vidare ordninga frå 2009 når det gjeld studentbarnehagar.

Post 75 Tilskott til bygging av studentbustader, kan overførast

Mål for 2012

Målet med tilskottsordninga er å sikre bygging av studentbustader og medverke til å sikre ein rimeleg bustadsituasjon for studentar. Studentbustadene skal vere eit supplement til den private bustadmarknaden.

Rapport for 2010

Ved utgangen av 2010 disponerte studentsamskipnadene 32 323 hybeleiningar, ein auke på 1 573 einingar frå 2009. I 2010 gav regjeringa tilsegn om tilskott til bygging og rehabilitering av 983 hybeleiningar.

Budsjettforslag for 2012

Det er eit mål for regjeringa at alle skal kunne ta høgre utdanning. Derfor er studentbustader eit viktig tiltak. Kunnskapsdepartementet tek sikte på å finansiere om lag 1 000 nye hybeleiningar i 2012 og foreslår derfor å løyve om lag 242,2 mill. kroner over kap. 270 post 75 i 2012.

For at studentsamskipnadene skal kunne byggje studentbustader med god kvalitet med omsyn til miljø og energi, samstundes som bustadene er godt tilgjengelege for alle, vart den ordinære kostnadsramma auka med 100 000 kroner i heile landet frå 2011. Departementet foreslår å føre vidare dei same rammene i 2012. Departementet følgjer oppføringa av studentbustader tett og har komme til at Kristiansand er å rekne som pressområde. Den øvre kostnadsramma i pressområda Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø, Stavanger, Drammen, og Kristiansand frå 2012, er 700 000 kroner per hybeleining, der 250 000 kroner er fast statstilskott. Den øvre kostnadsramma i landet elles er 600 000 kroner per hybeleining, der 200 000 kroner er fast statstilskott.

Departementet føreset at husleiga for bustader for studentar med nedsett funksjonsevne ikkje skal vere høgre enn det andre studentar betaler for ei hybeleining tilpassa éin person. Departementet understrekar at det er viktig at kvar studentsamskipnad har eit tilfredsstillande tilbod til studentar med nedsett funksjonsevne.

Kap. 276 Fagskoleutdanning

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

72

Annan fagskoleutdanning

55 158

56 868

Sum kap. 276

55 158

56 868

Post 72 Annan fagskoleutdanning

Posten omfattar tilskott til 14 fagskolar. Desse fagskolane har godkjende utdanningstilbod i fag som mellom anna kunst og film, design, kristent livssyn, byggfag og jordbruk. Dei skil seg med det frå dei tekniske og helse- og sosialfaglege fagskoletilboda. I tillegg har dei i større grad eit nasjonalt nedslagsfelt og er økonomisk sårbare. Skolane låg tidlegare under kap. 6A i privatskolelova og har sidan fått akkreditering som fagskoleutdanning. Tilskottet for skolane vart i 2010 gitt over budsjetta til fylkeskommunane. Midlane for 13 av skolane vart i 2011 tekne ut av rammetilskottet til fylkeskommunane og overførte til budsjettet under Kunnskapsdepartementet. Midlane for den fjortande skolen vart samtidig overførte til kap. 276 frå kap. 228 Tilskott til private skolar o.a.

Mål for 2012

Målet med tilskottsordninga er å medverke til gode utdanningstilbod på dei 14 skolane med tilskott over kapitlet.

Rapport for 2010

Tilskottsordninga var ikkje oppretta i 2010.

Budsjettforslag for 2012

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på om lag 56,9 mill. kroner i 2012. Tildeling til Norsk samfunnsvitskapleg datateneste for drift av databasen for fagskoleutdanning (DBH-F) og til Vox, for sekretariatet for Fagskolerådet, er foreslått over kap. 281 post 01.

Kap. 280 Felles einingar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

52 623

57 161

57 407

21

Særskilde driftsutgifter

70 600

78 789

50

Senter for internasjonalisering av høgre utdanning

45 154

52 554

51

Drift av nasjonale fellesoppgåver

103 121

71

Tilskott til UNIS

97 217

105 272

72

Tilskott til UNINETT

23 247

23 968

73

Tilskott til NORDUnet, kan overførast

19 579

22 359

Sum kap. 280

123 223

321 147

364 681

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar løyving til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT).

Mål for 2012

Det er sett følgjande mål for verksemda til NOKUT i 2012:

NOKUT skal vere eit anerkjent kvalitetssikringsorgan på høgt internasjonalt nivå. NOKUT skal vere ein kvalitetsutviklar som medverkar til å styrkje kvaliteten i utdanninga. NOKUT skal gi allmenta informasjon om kvalitet og kvalitetsutvikling i høgre utdanning og fagskoleutdanning og godkjenning av utanlandsk utdanning.

Rapport for 2010

Det vart tildelt om lag 52 mill. kroner til NOKUT i 2010, medrekna 6 mill. kroner til vidare oppfølging av Brautasetutvalet.

Frå 2010 har NOKUT innført ein ny organisasjonsstruktur som har ført til ei samla avdeling for all tilsynsaktivitet. Kombinert med innføring av søknadsfristar og koordinert sakshandsaming har dette medverka til meir effektiv, lik og kvalitetssikra sakshandsaming på tvers av enkeltsøknader.

For fagskolesektoren har tilsynet i 2010 vore etter nye retningslinjer. For å få ein søknad handsama må fagskoletilbydaren ha tilfredsstillande system for kvalitetssikring, styreordning og reglement tilpassa utdanningane. Mange søknader vart avslåtte grunna manglar på desse områda i 2010. Det er forventa at søknadene frå no av vil ha betre kvalitet.

NOKUT har i 2010 arbeidd med ei ny forskrift om tilsyn med kvaliteten i høgre utdanning og fastsette denne i januar 2011 på bakgrunn av ei brei høring i sektoren. Alle føresegner som gjeld tilsyn med studium og institusjonar som omfattar høgre utdanning, er no samla i ei forskrift. Forskrifta skildrar kva som er verkemidla til NOKUT, og korleis ein kan søkje om akkreditering av studium og institusjonar. Den nye forskrifta har medverka til at NOKUTs arbeid med tilsyn har vorte enklare og tydelegare.

Søknader om nye utdanningstilbod i høgre utdanning har stabilisert seg i dei siste åra, medan det har vore ein auke i søknader om godkjenning av fagskoletilbod. Det er ein stadig auke i søknader om generell godkjenning av utanlandsk utdanning. Sakshandsaminga er betra, men det er framleis ei utfordring å handtere den store mengda søknader.

NOKUT starta i 2010 arbeidet med andre runde av evaluering av kvalitetssikringssystemet og avslutta hausten 2010 evalueringa av førskolelærarutdanninga.

I 2010 har NOKUT utvikla vidare analysefunksjonen. Han er eit viktig grunnlag for tilsynsfunksjonen, for å kartleggje situasjonen i høgre utdanning og fagskoleutdanning og for å vurdere aktuelle tiltak for å betre kvaliteten.

Budsjettforslag for 2012

Departementet vil føre vidare den auka satsinga i 2011 for å styrkje rolla til NOKUT som kvalitetssikrar og kvalitetsutviklar og foreslår å løyve om lag 57,4 mill. kroner til NOKUT i 2012. NOKUT skal føre vidare arbeidet med den andre runden av evaluering av kvalitetssikringssystemet. Departementet legg til grunn at NOKUT særleg vil arbeide med tilsyn av eksisterande utdanningar i 2012. NOKUT skal òg føre vidare analysearbeidet.

NOKUT har avvikla kantinedrift og har ikkje lenger inntekter frå denne. Departementet foreslår derfor å redusere inntektsløyvinga til NOKUT over kap. 3280 post 02 med 900 000 kroner. Utgiftsløyvinga over kap. 280 post 01 må reduserast tilsvarande slik at det samla løyvingsnivået til NOKUT blir uendra.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Dei fem organa Samordna opptak (SO), Noregsuniversitetet (NUV), BIBSYS, Artsdatabanken og Cristin (Current Research Information System in Norway) er einingar for drift av nasjonale fellesoppgåver som er organiserte etter § 1-4 fjerde ledd i lov om universitet og høgskolar, og som er knytte til universitet med status som forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Løyvinga til desse organa vart derfor i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2011 flytt frå kap. 280 post 21 til kap. 280 ny post 51 Drift av nasjonale fellesoppgåver, jf. Innst. 420 S (2010–2011) og Prop. 120 S (2010–2011). Sjå post 51 for omtale av resultatrapport for 2010, mål og budsjettforslag for 2012.

Post 50 Senter for internasjonalisering av høgre utdanning

Mål for 2012

Det er sett følgjande mål for Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) i 2012:

  • SIU skal motivere og stimulere utdannings- og forskingssektoren til å leggje vekt på internasjonalisering som verkemiddel for auka kvalitet i utdanning og forsking.

  • SIU skal sørgje for god og brei deltaking i dei programma senteret forvaltar, og medverke til at ulike aktørar bruker program og ordningar aktivt som verkemiddel for dei internasjonale strategiane og måla sine.

  • SIU skal medverke til å profilere Noreg som attraktivt samarbeids- og studieland overfor utlandet.

Rapport for 2010

SIU har ein stor programportefølje, og det er i all hovudsak god aktivitet i dei programma som SIU forvaltar. SIU legg stor vekt på kvalitet i programforvaltninga. For omtale av resultata for til dømes EUs program for livslang læring (LLP) og Erasmus Mundus, sjå kap. 252 post 70 og kap. 281 post 73.

Frå 2010 fekk SIU nye oppgåver med å vere eit sørvis- og kompetansesenter for skolar og skolestyresmakter og arbeider gjennom desse oppgåvene med å auke den norske deltakinga i tilgjengelege samarbeidsprogram på grunnopplæringsområdet. Dei nye oppgåvene til SIU for grunnopplæringa vart organiserte som eit prosjekt i SIU, og prosjektarbeidet bestod i å kartleggje korleis internasjonaliseringsaktivitetane blir drivne i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. I tillegg vart det oppretta kontaktar og nettverk. Målet for aktivitetane har vore å gi SIU eit grunnlag for vidare arbeid med internasjonalt utdanningssamarbeid.

Internasjonalisering i høgre utdanning er likevel framleis hovudarbeidsfeltet til SIU, og SIU har ei viktig rolle som samarbeidspartnar og rådgivar for departement, universitet og høgskolar. SIU har òg i 2010 medverka i arbeidet med internasjonalisering og internasjonalt samarbeid, mellom anna gjennom informasjon, analyse, utgreiing og rådgiving. SIU har dessutan hatt ei sentral rolle i oppfølginga av St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning og av det bilaterale samarbeidet med utvalde samarbeidsland, til dømes Russland, Kina, USA og Canada.

Ei gruppe leidd av Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) evaluerte i 2010 SIU på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. I rapporten gir gruppa SIU i hovudsak gode tilbakemeldingar, samtidig som ho gir forslag til korleis institusjonen kan utviklast vidare. Evalueringsrapporten har vore ute til høring hos relevante aktørar. I oppfølginga har departementet endra styreordninga for SIU. Endringane inneber mellom anna at ein legg auka vekt på den samla kompetansen i styret. Det blir òg understreka at styret skal vere meir orientert om si eiga strategiske rolle og forankring av strategiar og planar i sektoren og med sentrale samarbeidsaktørar. I oppfølginga av evalueringa arbeider departementet òg med å revidere vedtektene til senteret. Arbeidet skjer i nær dialog med SIU.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår ei løyving på om lag 52,6 mill. kroner til SIU i 2012. Delar av løyvinga er midlar som SIU utbetalar som tilskott til andre, og midlar til drift av program.

Forslaget omfattar ei flytting av 6 mill. kroner frå budsjettet til Utanriksdepartementet til budsjettet til Kunnskapsdepartementet, knytt til ordninga for kunnskap om Noreg ved høgre lærestader i utlandet.

Post 51 Drift av nasjonale fellesoppgåver

Det er oppretta ein ny post 51 Drift av nasjonale fellesoppgåver, som samlar tilskotta til organa Samordna opptak, Noregsuniversitetet, BIBSYS, Artsdatabanken og Cristin (Current Research Information System in Norway).

Mål for 2012

Samordna opptak skal sørgje for eit effektivt og korrekt studentopptak til grunnutdanningane ved universitet og høgskolar.

Noregsuniversitetet skal medverke til å gjere høgre utdanning meir tilgjengeleg, ved å stimulere utvikling av fleksible studietilbod slik at studentar får tilgang til relevant utdanning uavhengig av tid, stad og livsfase.

BIBSYS skal sikre universitet og høgskolar gode og kostnadseffektive bibliotektenester gjennom samarbeid om bibliotekfaglege fellessystem.

Artsdatabanken skal gi samfunnet oppdatert og lett tilgjengeleg informasjon om biologisk mangfald, noko som sikrar eit vitskapleg grunnlag for miljøforvaltninga.

Cristin skal gi forskinga auka verdi for samfunnet ved at forsking i fleire sektorar blir sett i samanheng. Cristin skal òg dokumentere, presentere og gjere ope tilgjengeleg kvalitetssikra data om vitskapleg publisering i ein felles nasjonal database som grunnlag for finansieringssystema i universitets- og høgskolesektoren, instituttsektoren og dei regionale helseføretaka.

Rapport for 2010

Samordna opptak (SO) vart tildelt 25,4 mill. kroner i 2010. SO har arbeidd for å leggje til rette for og gjennomføre eit effektivt og korrekt studentopptak ved hjelp av den nasjonale opptaksmodellen. Dette er særleg viktig med tanke på auken i talet på søkjarar i aldersgruppa 19–29 år i Noreg i dei kommande åra. I 2010 har SO på ein effektiv måte handtert ein søknadsmasse på om lag 105 000 søkjarar. SO har i 2010 sett ned ei arbeidsgruppe som i løpet av 2011 vil ha kartlagt problemstillingar rundt IT-systemet.

Noregsuniversitetet (NUV) vart tildelt 22,4 mill. kroner i 2010. Midlane har medverka til å utvikle og spreie kunnskap om IKT-støtta og fleksibel utdanning ved universitet og høgskolar. I 2010 fekk 34 prosjekt frå 21 institusjonar støtte. Eit breitt spekter av fagområde vart tildelt midlar. Næringsretta prosjekt er særleg godt representerte saman med prosjekt med vekt på pedagogisk bruk av IKT. NUV har i 2010 utvikla ein pilot for juridisk rettleiingsteneste på nett. I tillegg har NUV utarbeidd grunnlaget for den andre runden i Digital tilstand. Undersøkinga blir gjennomført i 2011 og vil sjå på utviklingstrekk i bruk av digitale verktøy og medium (IKT) i høgre utdanning.

BIBSYS driv biblioteksystemet BIBSYS for biblioteka på universitet og høgskolar, samt for Nasjonalbiblioteket og fagbibliotek i Noreg. Det er i stor grad ei brukarfinansiert ordning. Departementet tildelte 3 mill. kroner til BIBSYS i 2010. Ei viktig sak for BIBSYS har vore drøftingar om innkjøp av eit nytt biblioteksystem for å medverke til meir effektive bibliotektenester. Det nye systemet skal fasast inn fram mot 2013–14.

Artsdatabanken vart tildelt 19,8 mill. kroner frå departementet i 2010. I 2010 presenterte Artsdatabanken ei revidert Norsk raudliste for truga og sårbare artar, starta opp arbeidet med den første nasjonale raudlista for naturtypar, etablerte ekspertgrupper og utvikla verktøy for vurdering av økologisk risiko for framande artar. Arbeidet med Artsnamnebasen og rapporteringsverktøyet Artsobservasjonar heldt fram i 2010. Det er òg utvikla eit eige rapporteringssystem for fisk og eit system for rovdyr. På oppdrag frå Miljøverndepartementet har Artsdatabanken sett i verk omfattande kartlegging i Artsprosjektet. I samarbeid med Noregs forskingsråd og den svenske ArtDatabanken er det som del av Artsprosjektet etablert ein norsk-svensk forskarskole i biosystematikk.

Cristin (Current Research Information System in Norway) er eit felles system for informasjon om forsking ved universitet og høgskolar, og i helse- og instituttsektorane. Cristin vart etablert som permanent organisasjon frå 1. januar 2011. Det nye systemet erstatta dei gamle dokumentasjonssystema Frida og Forskdok i universitets- og høgskolesektoren frå hausten 2010. Rapporteringa av vitskapleg publisering ved universitet og høgskolar i 2010 vart gjennomført i Cristin. Cristin fekk vidare oppgåver med å medverke til open tilgang til vitskaplege artiklar og til å forhandle med forlag om lisensar og abonnement på vegner av universitet, høgskolar og institutt.

Budsjettforslag for 2012

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på om lag 103,1 mill. kroner over kap. 280 post 51 i 2012.

Departementet foreslår å føre vidare løyvinga til Samordna opptak på om lag 29 mill. kroner. I tillegg foreslår departementet ei løyving på 6 mill. kroner i 2012 over kap. 281 post 45 til investeringar i IKT-system, sjå omtale der.

Departementet foreslår å føre vidare løyvinga til Noregsuniversitetet med om lag 23,8 mill. kroner i 2012.

Departementet foreslår å løyve om lag 5,2 mill. kroner til BIBSYS i 2012, inkluderte 2 mill. kroner knytte til omstillingar ved å skifte ut biblioteksystemet.

Departementet foreslår å føre vidare løyvinga til Artsdatabanken med om lag 23,1 mill. kroner.

I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2011 vart løyvinga til Cristin flytt frå kap. 281 post 01 til kap. 281 post 51, jf. Innst. 420 S (2010–2011) og Prop. 120 S (2010–2011). Flyttinga innebar òg å nedjustere inntektsløyvinga over kap. 3281 post 02 knytt til lisens- og konsortieavtalar, og tilsvarande nedjustere utgiftsløyvinga over kap. 281 post 01. Det nye forskingsdokumentasjonssystemet er i ein oppstartsfase der det er behov for ressursar ut over ramma til brukarstøtte og open tilgang av artiklar. Departementet foreslår å auke løyvinga til Cristin med 2,5 mill. kroner til 22 mill. kroner i 2012.

Post 71 Tilskott til UNIS

Mål for 2012

Målet med tilskottet er å medverke til at Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) tilbyr høgre utdanning og driv forsking av høg internasjonal kvalitet med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høgarktisk område.

Rapport for 2010

Det vart tildelt om lag 89,6 mill. kroner over budsjettet til Kunnskapsdepartementet i 2010, medrekna om lag 4,7 mill. kroner til vidareføring av 20 nye studieplassar frå revidert nasjonalbudsjett for 2009. UNIS er ei aktiv og utoverretta verksemd, som leverer utdanning og forsking av høg kvalitet, som har eit både nasjonalt og internasjonalt nedslagsfelt. Gjennom dette har UNIS fått ein vesentleg plass på kunnskapsplattforma Svalbard. Studentar og tilsette ved UNIS utgjer ein stadig viktigare del av lokalsamfunnet. UNIS har hatt ein stram økonomi, men har sett i verk tiltak slik at verksemda gjekk med overskott på om lag 2,7 mill. kroner i 2010. Studentaktiviteten i 2010 var 120 studentårsverk, mot 119 i 2009. 47 pst. av studentane var norske. 43 pst. av studentane var kvinner.

I samband med evalueringa av finansieringssystemet i 2010 vart det vedteke at alle universiteta og høgskolane kan få utteljing for innrapporterte studiepoeng frå studentane sine som tek studieprogram ved UNIS. Endringa får budsjettverknad frå og med 2012.

Budsjettforslag for 2012

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving til UNIS på om lag 105,3 mill. kroner i 2012. Det omfattar om lag 1,7 mill. kroner til vidareføring av studieplassar som vart tildelte i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2009, og om lag 3,4 mill. kroner til vidareføring av nye studieplassar i samband med statsbudsjettet for 2011.

Post 72 Tilskott til UNINETT

Mål for 2012

Tilskottet skal medverke til å utvikle eit landsomfattande datanett og avanserte tenester for forsking, formidling og utdanning, i samspel med internasjonale forskingsnett i Europa og verda elles.

Rapport for 2010

Det vart i 2010 gitt om lag 82,5 mill. kroner til UNINETT AS over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Målet om utbygging av forskingsnettet med gigabitkapasitet til heile universitets- og høgskolesektoren vart nådd i 2010. Trafikken i nettet held fram med å auke, og UNINETT AS er i gang med oppgraderingar av kapasiteten. Den felles løysinga for verifisering og autorisering i utdanningssektoren, Feide, omfattar no heile sektoren.

Av tilskottet til UNINETT AS i 2010 var 60 mill. kroner til ein fiberoptisk kabel mellom Longyearbyen og Ny-Ålesund, jf. Innst. 350 S (2009–2010) og Prop. 125 S (2009–2010). Kabelen skal auke kapasiteten på overføring av forskingsdata frå Ny-Ålesund til fastlandet og vidare til andre land. Ei slik utbygging av kapasiteten vil gjere Svalbard enda meir attraktiv som eit internasjonalt forskingssenter, og vil kunne føre til meir effektiv forsking. Traséval for legging av kabel må gjerast i semje med myndigheitene for å unngå konfliktar med fiske- og verneinteresser. Departementet føreset òg at den fiberoptiske kabelen blir lagd på ein kostnadseffektiv måte. UNINETT AS er godt i gang med prosjekteringa av arbeidet og har søkt Sysselmannen på Svalbard om nødvendig løyve.

Budsjettforslag for 2012

UNINETT AS driv kontinuerleg vidareutvikling av forskingsnettet og utvikling og implementering av nye teknologiske løysingar. For å føre verksemda vidare foreslår departementet ei løyving på om lag 24 mill. kroner over kap. 280 post 72. UNINETT AS har utvikla eCampus, eit prosjekt for utbygging av ny og moderne IKT-infrastruktur i sektoren. Prosjektet inneber utbygging av ein felles overordna arkitektur med standardiserte løysingar og felles grensesnitt. Tiltaket skal medverke til å effektivisere investeringane i IKT ved universitet og høgskolar gjennom å få på plass standardiserte løysingar. Det overordna målet er å gjere tilgjengeleg eksisterande utdanningstilbod og læringsressursar. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor ei tilleggsløyving på 12 mill. kroner i 2012 over kap. 281 post 70 for å stimulere til vidare utvikling i samband med oppstart av eCampus.

Post 73 Tilskott til NORDUnet AS, kan overførast

Mål for 2012

Målet med tilskottet er tilgang til det nordiske samarbeidet om ein IKT-struktur i verdsklasse. Tilskottet skal medverke til at NORDUnet AS skal sikre felles nettverksinfrastruktur for dei nordiske universitets- og høgskolesektorane, samt knyte dei til internasjonale nett og nett-tenester.

Rapport for 2010

Det vart tildelt om lag 22,2 mill. kroner til NORDUnet AS over budsjettet til Kunnskapsdepartementet i 2010. NORDUnet AS har i dei siste åra gjennomført ei stor nettverksoppgradering. I fellesskap driv dei nordiske forskingsnetta og NORDUnet AS ein infrastruktur for forsking og utdanning i internasjonal toppklasse. NORDUnet-samarbeidet gir dei nordiske akademiske netta meir kostnadseffektive internasjonale løysingar enn om kvart land skulle operert aleine. Det gir òg dei nordiske landa tung påverknad når det gjeld utforming av internasjonalt nett og val av tekniske løysingar.

Budsjettforslag for 2012

For å føre vidare aktiviteten foreslår Kunnskapsdepartementet ei løyving på om lag 22,4 mill. kroner i 2011.

Kap. 3280 Felles einingar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Inntekt ved oppdrag o.a.

10

02

Salsinntekter o.a.

1 171

2 010

1 172

Sum kap. 3280

1 171

2 020

1 172

Departementet foreslår å redusere inntektsløyvinga til NOKUT over kap. 3280 post 02 med 900 000 kroner. Sjå kap. 280 post 01.

Kap. 281 Felles tiltak for universitet og høgskolar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

308 288

310 795

177 646

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

12 784

15 849

11 000

50

Tilskott til Noregs forskingsråd

68 628

80 755

79 258

51

Senter for internasjonalisering av høgre utdanning

41 299

70

Andre overføringar, kan nyttast under post 01

65 176

73

Tilskott til internasjonale program

16 409

18 800

16 124

74

Tilskott til UNIS

89 553

75

UNINETT

82 548

76

Tilskott til NORDUnet, kan overførast

22 219

78

Tilskott til Universitets- og høgskolerådet

13 680

14 104

14 541

79

Ny universitetsklinikk i Trondheim, kan overførast

106 489

Sum kap. 281

761 897

440 303

363 745

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Posten omfattar tilskott til ulike tiltak og prosjekt innanfor mellom anna realfag og entreprenørskap, maritim utdanning, lærarutdanning, kunstnarleg utvikling, internasjonalisering og nordområdestrategi, forsking og formidling og dokumentasjon, statistikk og analyse knytt til universitets- og høgskolesektoren. Sidan tilskotta kan vere retta mot både statlege og ikkje-statlege aktørar, foreslår departementet å opprette ein ny post 70 Andre overføringar, kan nyttast under post 01. For post 01 foreslår departementet tilsvarande, at løyvinga kan nyttast under post 70.

Mål for 2012

Målet med midlane er å medverke til kvalitetssikring og -utvikling, samordning av prioriterte område og andre fellestiltak for å nå sektormåla.

Rapport for 2010

Realfag og entreprenørskap

Departementet tildelte i 2010 om lag 18 mill. kroner til tiltak innanfor realfag og entreprenørskap over kap. 281 post 01.

Regjeringa har som mål å auke talet på kandidatar med realfagleg og teknologisk kompetanse i samsvar med strategiplanen Realfag for framtida. Det vart i 2010 samla sett tildelt om lag 7,4 mill. kroner til tiltak for å medverke til kvalitet og rekruttering til teknologi- og realfagsutdanningane. Midlane har mellom anna medført at 1 750 elevar frå trinn 10–13 har fått matematikktrening gjennom ENTER-prosjektet. Det er utarbeidd ein rettleiar for bruk av berekningsorientert undervisning i realfagleg og teknologisk høgre utdanning basert på svært gode erfaringar frå prosjektet Computers in Science Education (CSE) ved Universitetet i Oslo. Tal frå Database for høgre utdanning viser ein viss auke i dei siste åra i talet på registrerte studentar i realfag og teknologi. Nasjonalt senter for realfagsrekruttering (RENATE-senteret) har spelt ei viktig rolle som ressurssenter. RENATE er i gang med fleire prosjekt som medverkar til arbeidet ved universitet og høgskolar med å auke kvaliteten på og rekrutteringa til teknologi og realfag. Som ei oppfølging av NOKUTs evaluering av ingeniørutdanninga frå 2008 utvikla departementet i 2010 ny rammeplan for ingeniørutdanning. Den nye rammeplanen vart etter ei brei høring fastsett i februar 2011. Ny rammeplan var viktig for å leggje til rette for ei forskingsbasert, yrkesretta og integrert ingeniørutdanning med betre rekruttering og gjennomstrøyming.

Nasjonalt senter for romrelatert opplæring (NAROM) vart samla tildelt 5,8 mill. kroner i 2010 over kap. 281 post 01 og kap. 226 post 21. Midlane medverkar til å auke interessa for teknologi- og realfaga og styrkje rekrutteringa til norsk romverksemd.

Det er fordelt midlar for å følgje opp ulike tiltak i Handlingsplan for entreprenørskap i utdanningen – fra grunnskole til høyere utdanning 2009–2014.

Maritim strategi

Departementet tildelte 18,5 mill. kroner i 2010 for å følgje opp den maritime strategien til regjeringa, Stø kurs. Det er stimulert til auka dialog, meir erfaringsutveksling og styrkt samarbeid i sektoren for å leggje til rette for kvalitetsutvikling, rekruttering og klarare ansvarsdeling. Det er utvikla eit mastertilbod i Maritime Management ved Høgskolen i Vestfold. Tilskottet har ført til at institusjonane har kunna styrkje rekrutteringa av dyktige fagfolk ved bruk av professor II- og lektor II-stillingar.

Lærarutdanning

Det vart i 2010 tildelt om lag 94 mill. kroner til oppfølging av lærarutdanning over kap. 281 post 01. Det regionale samarbeidet om dei nye lærarutdanningane vart tildelt 15 mill. kroner. Samarbeidet skal medverke til å styrkje kvaliteten på utdanninga og stimulere til tydelegare ansvarsdeling mellom institusjonane. Universitetet i Stavanger har sekretariatsansvar for ei følgjegruppe for grunnskolelærarutdanningane. Følgjegruppa skal hente data, sikre overblikk og vurdere utviklinga både nasjonalt og lokalt når det gjeld prosessar, kvalitet og resultat.

Den nasjonale satsinga på å auke kvaliteten i praksisopplæringa i lærarutdanningane (PIL-prosjektet) har ført til eit systematisk utviklingsarbeid og god erfaringsutveksling mellom dei institusjonane som er med i prosjektet. Det er sett i gang utvikling av vidareutdanning for å kvalifisere rettleiarar for nyutdanna og nytilsette lærarar og ei nasjonal satsing på dette feltet.

I 2010 starta arbeidet med å utvikle lærarutdanningane for trinn 8–13. Det vart òg arbeidd vidare med å utvikle ein strategi for rekruttering til samisk høgre utdanning med særleg vekt på språk- og lærarutdanning.

Kunstutdanning og kunstnarleg utviklingsarbeid

Departementet tildelte om lag 32 mill. kroner i 2010 til tiltak innanfor kunstutdanning og kunstnarleg utviklingsarbeid.

Program for kunstnerisk utviklingsarbeid omfattar to program, stipendprogrammet og prosjektprogram for kunstnarleg verksemd. Kunsthøgskolen i Bergen er operatør for programma. Stipendprogrammet er ein parallell til doktorgradsprogram og skal føre fram til kompetanse som førsteamanuensis ved tilsetjing i universitets- og høgskolesystemet. I 2010 tildelte departementet om lag 19 mill. kroner til stipendiatstillingar, drift av programmet og støtte til produksjon. I samband med evalueringa av finansieringssystemet for universitet og høgskolar vart det vedteke at kunststipendiatar skal gi utteljing tilsvarande doktorgrader. Endringa vil gi budsjettverknad i 2012 for seks stipendiatar som fullførte programmet i 2010.

Ei sjølvevaluering av stipendprogrammet frå 2008 viser at arbeidet til stipendiatane held høg fagleg kvalitet. Dei som har fullført programmet, er jamt over tilsette i stillingar med høg fagleg relevans for den kunstnarlege profilen deira.

I 2010 vart det for første gang gitt ei tildeling til prosjektprogram for kunstnarleg verksemd, på 2 mill. kroner. Arbeidet med å administrere programmet er lagt til styret for program for kunstnarleg verksemd.

For å auke rekrutteringa og styrkje kvaliteten på utdanninga er det mellom anna tildelt midlar for å føre vidare talentutviklingsprogrammet i musikk ved Noregs musikkhøgskole, talentutviklingsprogrammet Unge Talenter ved Barratt Due musikkinstitutt og eit professorat i biletkunst ved Kunsthøgskolen i Oslo.

Forsking og formidling

Det vart tildelt om lag 9,7 mill. kroner til ulike tiltak innanfor forsking og formidling over kap. 281 post 01 i 2010. Midlane gjekk mellom anna til å fremme kvinner i forsking og likestilling gjennom Komité for integreringstiltak – kvinner i forskning og likestillingsprisen. Det vart òg tildelt ein pris for kvalitet i utdanninga. Vidare vart det tildelt 5 mill. kroner til FoU-program for universitetsmusea. Det vart tildelt 2 mill. kroner til Forskingsprogram for forsking og innovasjon (FORFI) over kap. 281 post 50 Tilskott til Noregs forskingsråd. Begge programma vart i 2011 flytte til kap. 281 post 50.

Internasjonalt samarbeid

Departementet tildelte om lag 65 mill. kroner til internasjonalt samarbeid over kap. 281 post 01 i 2010, medrekna om lag 39 mill. kroner til Nordisk Ministerråd til avtale om tilgang til høgre utdanning.

Midlane til Nordisk Ministerråd har sikra at norske søkjarar til høgre utdanning i andre nordiske land har vorte behandla likt med nasjonale søkjarar ved vurdering av opptak. Det same gjeld andre nordiske statsborgarar som søkjer opptak til høgre utdanning i Noreg. St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning vart følgd opp med hovudvekt på pilotprosjekt for å betre internasjonaliseringa i profesjonsutdanningane. Departementet delte ut 2,5 mill. kroner til fem lærestader til pilotprosjekt innanfor lærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Prosjekta er komne i gang, og departementet arbeider med å følgje opp rapporteringa.

Tilskottet til International Council for Open and Distance Education (ICDE) vart òg ført vidare og har medverka til det internasjonale arbeidet innanfor fjernundervisning og fleksibel læring. I 2010 har ICDE lagt til rette for kunnskapsutveksling og kunnskapsutvikling mellom anna gjennom å arrangere konferansar og aktivitetar for medlemmer.

I tillegg vart midlane på denne posten nytta til oppfølging av ulike internasjonale samarbeidsavtalar og strategien for auka høgre utdanningssamarbeid med Nord-Amerika. Ein statusrapport for oppfølging av strategien, utarbeidd i 2010, viser stor aktivitet og gode resultat. Hovudtiltaket i strategien er Partnerskapsprogram for Nord-Amerika , som gir finansiering til tolv prosjekt over fire år frå 2008. I 2009 og 2010 vart det i tillegg lyst ut prosjektmidlar til etablering av samarbeidsrelasjonar mellom norske og nordamerikanske institusjonar og til styrking av eksisterande samarbeid. Det er stor interesse blant norske universitet og høgskolar for å samarbeide med institusjonar i Nord-Amerika, og det er god søkning til tilgjengelege midlar. Det har vore ein auke i studentmobiliteten frå USA og Canada til Noreg og frå Noreg til USA sidan lanseringa av strategien.

Dokumentasjon, statistikk og analyse

Departementet tildelte om lag 23 mill. kroner til tiltak innanfor dokumentasjon, statistikk og analyse over kap. 281 post 01 i 2010, medrekna Kandidatundersøkinga og strategisk forskingsprogram. Tiltaka har medverka til å føre vidare og auke kunnskapsgrunnlaget for sektoren, mellom anna gjennom drift av Database for statistikk om høgre utdanning (DBH), som er tilknytt Norsk samfunnsvitskapleg datateneste. DBH er ei viktig informasjonskjelde for og om sektoren og leverer mellom anna grunnlagsmaterialet for den årlege tilstandsrapporten for universitets- og høgskolesektoren. Det har òg vore nytta midlar til det internasjonale AHELO-prosjektet (Assessment of Higher Education Learning Outcomes), som skal utarbeide ein test som kan brukast til å måle og samanlikne læringsutbytte i høgre utdanning på tvers av landegrenser. Kandidatundersøkinga har kartlagt uteksaminerte studentar frå ulike norske studiestader med tanke på overgangen til arbeidslivet. Strategisk forskingsprogram har mellom anna undersøkt gjennomstrøyminga på ulike nivå i høgre utdanning.

Andre tiltak

Departementet tildelte om lag 47 mill. kroner til andre tiltak i 2010, mellom anna til tiltak som har medverka til å føre vidare og utvikle desentraliserte studietilbod. Det vart tildelt midlar til å føre vidare prosessen med samlokaliseringa av Noregs veterinærhøgskole, Veterinærinstituttet og Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås. Departementet sette ut ei ny levekårundersøking for studentar som blir ferdig i 2012, og nytta midlar for å delta i Eurostudent IV-undersøkinga, som skal samanlikne levekåra for studentar i 25 europeiske land. Det vart mellom anna gitt tilskott til Cristin (Current Research Information System in Norway) til prosjekt om tiltak for å auke open tilgang til vitskaplege artiklar. Prosjektet blir gjennomført i 2011.

Budsjettforslag for 2012

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på om lag 242,8 mill. kroner i 2012 over kap. 281 post 01 og post 70 Andre overføringar, kan nyttast under post 01. Av desse foreslår departementet å løyve om lag 177,6 mill. kroner over kap. 281 post 01. Departementet foreslår mellom anna at midlane til Cristin (Current Research Information System in Norway) blir løyvde over kap. 280 post 51 frå 2012. Departementet foreslår å overføre om lag 5 mill. kroner frå kap. 281 post 01 til kap. 200; beløpet gjeld driftsoppgåver som opphavleg var etablerte som prosjekt, men som i dag inngår som ein del av det ordinære arbeidet til departementet retta mot sektoren.

Lærarutdanning

Departementet foreslår ei samla tildeling på 40,3 mill. kroner til ulike tiltak knytte til førskolelærar- og lærarutdanning i 2012. Dette omfattar mellom anna midlar knytte til strategi for entreprenørskap, evaluering og oppfølging av den nye grunnskolelærarutdanninga, rettleiing av nyutdanna lærarar, vidareføring av midlane til Senter for framifrå utdanning (SFU) innanfor lærarutdanninga, vidare arbeid med førskolelærarutdanninga og lærarutdanningane retta mot trinn 8–13. Førskolelærarutdanninga skal starte opp etter ny rammeplan frå hausten 2012. Det blir i 2011 etablert ei nasjonal følgjegruppe som skal kartleggje og vurdere arbeidet ved institusjonane med å få på plass den nye utdanninga. Departementet foreslår å nytte om lag 6 mill. kroner knytte til oppfølging av NOKUTs evaluering av førskolelærarutdanninga og ei følgjegruppe for denne utdanninga. Departementet har sett i gang eit omfattande arbeid for å auke rekrutteringa til førskolelærarutdanninga, sjå omtale i kap. 231.

Departementet har starta eit arbeid med å utvikle nye rammeplanar for lærarutdanningane som særleg er retta mot trinn 8–13. Det er sett ned arbeidsgrupper som omfattar praktisk-pedagogisk utdanning, femårig integrert masterutdanning, treårige yrkesfaglærarutdanningar og faglærarutdanningar. Departementet tek sikte på at utkast til nye rammeplanar kan bli sendt ut til brei høring i 2012. Departementet foreslår å nytte om lag 4 mill. kroner knytte til rammeplanarbeidet for den delen av lærarutdanninga som er retta mot trinn 8–13.

Maritim utdanning

Departementet foreslår å føre vidare tildelinga på 18,5 mill. kroner til maritim utdanning. Midlane skal mellom anna gå til å følgje opp rapporten om maritim profesjonsutdanning som vart utarbeidd i 2009 av ei arbeidsgruppe nedsett av MARUT (Maritim utvikling). Midlane skal medverke til å auke spesialiseringa på utdanningstilboda, kompetanseutvikling av fagpersonane og tiltak for meir erfaringsutveksling og samarbeid mellom fagskolane og høgskolane som tilbyr maritim utdanning.

Realfag og entreprenørskap

Departementet foreslår å løyve om lag 11,6 mill. kroner knytte til realfag, teknologisk utdanning og entreprenørskap over kap. 281 post 01. Det inneber mellom anna å føre vidare arbeidet med å følgje opp tiltaka i Handlingsplan for entreprenørskap i utdanningen – fra grunnskole til høyere utdanning 2009–2014 og strategiplanen Realfag for framtida. Departementet foreslår at midlane til nasjonalt senter for romrelatert opplæring (NAROM) blir flytte til kap. 226 post 21.

Kunstutdanning og kunstnarleg utviklingsarbeid

Departementet foreslår å løyve om lag 32,3 mill. kroner i 2012 til tiltak innanfor kunstutdanning og kunstnarleg utviklingsarbeid over kap. 281 post 01. Det omfattar 17,3 mill. kroner til stipendprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid og ein auke frå 3 til 5 mill. kroner til drift av programmet. Ved ei overføring av 4 mill. kroner frå kap. 281 post 50 får prosjektprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid ein auke på 4 mill. kroner til totalt 6 mill. kroner i 2012. Det ligg òg inne ei vidareføring av talentutviklingsprogrammet i musikk ved Noregs musikkhøgskole. Departementet foreslår å flytte midlane til talentutviklingsprogrammet ved Barratt Due musikkinstitutt til kap. 281 post 70.

Internasjonalt samarbeid

Departementet foreslår å tildele om lag 16,3 mill. kroner til internasjonaliseringstiltak over kap. 281 post 01 i 2012. Det omfattar 10 mill. kroner til oppfølging av Strategien for auka høgre utdanningssamarbeid med Nord-Amerika. På grunnlag av statusrapporten frå 2010 har departementet revidert strategien i 2011 for ein ny strategiperiode 2012–15. Hovudprioriteringane i den nye strategien er samarbeid på myndigheitsnivå og nettverksarenaer, institusjonsbaserte partnarskap og sterkare kopling mellom forsking og høgre utdanning, samt mobilitet av studentar og forskarar. Tiltaka omfattar mellom anna ny utlysing under Partnerskapsprogram for Nord-Amerika, utlysing av nye prosjektmidlar og etablering av eigne tiltak for å styrkje samarbeidet med Canada. Departementet foreslår å flytte midlane til Nordisk Ministerråd for nordisk avtale om tilgang til høgre utdanning og ICDE (International Council for Open and Distance Education) til kap. 281 post 70.

Nordområdestrategi

Departementet foreslår å tildele 6 mill. kroner over kap. 281 post 01 til nordområdesatsing, inkludert 5 mill. kroner til Barentsinstituttet ved Universitetet i Tromsø. I tillegg foreslår departementet ei løyving på 12 mill. kroner over kap. 281 post 70 til eCampus for å medverke til eit velfungerande IKT-system. Dette skal leggje til rette for fleksibel utdanning, som er særleg viktig i delar av landet med spreitt busetnad og lange avstandar mellom utdanningstilboda. Sjå òg omtale i kap. 280 post 72.

Likestilling og like moglegheiter til utdanning

Departementet foreslår for 2012 at om lag 7 mill. kroner over kap. 281 post 01 blir nytta til likestilling og tiltak som kan medverke til å gjere det mogleg for alle å ta utdanning. Midlane omfattar mellom anna Brukarforum for funksjonshemma og likestillingspris. Dei omfattar òg 4,8 mill. kroner til insentivordninga for kvinner i høgre vitskaplege stillingar i matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag.

Dokumentasjon, statistikk og analyse

Departementet foreslår ei samla løyving på om lag 24,6 mill. kroner over kap. 281 post 01 til tiltak innanfor dokumentasjon, statistikk og analyse. Løyvinga omfattar mellom anna auka tilskott til Database for høgre utdanning ved Norsk samfunnsvitskapleg datateneste til om lag 14,2 mill. kroner i 2012 som følgje av etablering av ein database for fagskolestatistikk og oppbygging av rekneskapskompetanse. For å møte behovet for auka kunnskap om universitets- og høgskolesektoren vart det lyst ut eit strategisk forskingsprogram for perioden 2009–11. Departementet vil lyse ut eit nytt forskingsprogram på 5 mill. kroner årleg i perioden 2012–14.

Andre tiltak

Departementet foreslår om lag 21 mill. kroner til andre tiltak over kap. 281 post 01. Midlane omfattar mellom anna vidare tilskott til fusjonsprosessen mellom Universitetet for miljø- og biovitskap og Noregs veterinærhøgskole, tiltak knytte til oppfølging av St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja, arbeid med godkjenning av utanlandske vitnemål, midlar til oppfølging av nytt felles lønns- og personalsystem i sektoren og av den administrative forvaltninga i sektoren.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Mål for 2012

Målet med midlane er å medverke til gode fasilitetar og utstyr i sektoren.

Rapport for 2010

Det vart løyvd om lag 15,5 mill. kroner på posten i 2010. Midlane vart fordelte til sikring og bevaring av universitetsmusea, IKT-utstyr til Samordna opptak og investeringskostnader for eit felles integrert bibliotek for medisin og helsefag i universitetsklinikken i Trondheim, St. Olavs Hospital. Sjå òg kap. 281 post 79.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår ei samla løyving på 11 mill. kroner over kap. 281 post 45 i 2012.

Det er behov for investeringar i IT-systema til Samordna opptak (SO). Oppgradering og vidareutvikling av systema skal leggje til rette for at opptak til høgre utdanning kan gjennomførast effektivt og korrekt for både studentar og institusjonar. For å medverke til eit oppdatert datasystem foreslår departementet ei tilleggsløyving til SO på 6 mill. kroner over kap. 281 post 45 i 2012. Sjå òg kap. 280 post 51.

I samband med bygging av St. Olavs Hospital i Trondheim og ny universitetsklinikk for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet skal det byggjast eit felles bibliotek i Kunnskapssenteret i universitetsklinikken. Departementet foreslår å løyve 5 mill. kroner over kap. 281 post 45 i 2012. Sjå òg kap. 281 post 79.

Post 50 Tilskott til Noregs forskingsråd

Mål for 2012

Måla med tilskottet er å styrkje universitet og høgskolar som innovasjonsaktørar, medverke til meir og betre forsking i høgskolane og i profesjonsfaga, og fremme forsking ved universitetsmusea.

Rapport for 2010

Det vart løyvd om lag 68,6 mill. kroner til ulike program i Forskingsrådet over denne posten i 2010. Verkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI) har medverka til innovasjon, kunnskapsutvikling og verdiskaping gjennom forsterka samhandling og FoU-innsats i regionane. Strategiske høgskoleprosjekt (SHP) vart evaluert i 2010. Evalueringa viser at programmet har nådd målet om å styrkje forsking og kompetanse i høgskolane. FORNY-programmet har medverka til å styrkje arbeidet med kommersialisering av forretningsidear frå offentleg finansierte forskingsmiljø. Med bakgrunn i ei evaluering vart eit nytt og meir spissa FORNY 2020 etablert frå og med 2011. Utdanning 2020 har styrkt forskinga om undervisning og læring, styring, leiing og organisering av utdanning, og utdanning i samspel med arbeids- og samfunnsliv. Praksisretta utdanningsforsking (PRAKUT) vart oppretta i 2010 og byggjer vidare på programmet PraksisFoU. PRAKUT medverkar til å styrkje forskarkompetansen og kunnskapsgrunnlaget i lærarutdanningane. Det er òg etablert ein forskarskole for lærarutdanning (NAFOL). Det var òg tildelt midlar til Forskingsprogram for forsking og innovasjon (FORFI) over denne posten i 2010.

Budsjettforslag for 2012

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på om lag 79,3 mill. kroner over kap. 281 post 50 i 2012. Departementet foreslår å føre vidare tilskottet til VRI, FORNY, Utdanning 2020, PRAKUT 2010–2014, NAFOL og FORFI og FOU-program for universitetsmusea på same nivå som i 2010. For FoU-programmet for universitetsmusea foreslår departementet ei løyving på 5 mill. kroner over kap. 281 post 50 i 2012. Departementet foreslår å flytte 4 mill. kroner frå kap. 281 post 50 til post 01 for å styrkje prosjektprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid.

Strategiske høgskoleprosjekt (SHP) vart etablert i 2002, og programperioden går ut i 2012. Evaluering av SHP syner at verkemiddelet har lykkast i å styrkje forsking og fagleg utviklingsarbeid ved høgskolane. SHP har òg medverka til å styrkje strategiarbeidet på høgskolane og til å skape samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon av den faglege verksemda. Departementet foreslår å vidareføre tilskottet på om lag same nivå i 2012 for å etablere eit nytt SHPII, som framleis skal vere eit institusjonsstrategisk verkemiddel for å styrkje forsking og fagleg utviklingsarbeid på høgskolar. Programmet skal òg inkludere private høgskolar som har institusjonsakkreditering.

Departementet foreslår i tillegg ei løyving på 20 mill. kroner i 2012 til utlysning av nye nasjonale forskarskolar for åtte år. Det er særleg viktig å styrkje doktorgradsutdanninga og forskingsaktiviteten innanfor profesjonsfaga. Desse skolane vil òg gjere det mogleg å styrkje oppfølginga av velferdsutdanningane og SHPII. Løyvinga er foreslått over kap. 285 Noregs forskingsråd, post 52 Forskingsformål. Sjå programkategori 07.70.

Post 70 Andre overføringar, kan nyttast under post 01

Tilskotta over kap. 281 post 01 Driftsutgifter kan vere retta mot både statlege og ikkje-statlege aktørar. Det er derfor oppretta ein ny post 70 Andre overføringar, kan nyttast under post 01. Sjå òg omtale av kap. 281 post 01.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår ei samla løyving på om lag 242,8 mill. kroner over kap. 281 post 01 og post 70. Av desse foreslår departementet å løyve om lag 65,2 mill. kroner over kap. 281 post 70. Midlane over kap. 281 post 70 er i hovudsak knytte til Nordisk Ministerråd for nordisk avtale om tilgang til høgre utdanning og eCampus-satsinga. Dei omfattar òg midlar til mellom anna talentutviklingsprogrammet Unge Talenter, ICDE (International Council for Open and Distance Education), Studiesenteret.no, midlar til Kif-komitéen (Komité for kjønnsbalanse i forsking) og Kvinneuniversitetet.

Post 73 Tilskott til internasjonale program

Mål for 2012

Målet er å auke det internasjonale samarbeidet innanfor høgre utdanning gjennom Erasmus Mundus. Tilskottet over posten går til å dekkje medlemskontingenten for å delta i EU-programmet Erasmus Mundus.

Rapport for 2010

I 2010 vart det tildelt 16,4 mill. kroner til å dekkje medlemskontingenten for å delta i Erasmus Mundus og andre internasjonale utdanningsprogram og -tiltak av mindre omfang. Erasmus Mundus omfattar fellesgrader på master- og doktorgradsnivå og stipendprogram for studentar og forskarar frå land utanfor EU/EØS. Samarbeidet i Erasmus Mundus gjekk godt i 2010, og fleire norske institusjonar deltok i 2010 enn i 2009. Elleve norske høgre utdanningsinstitusjonar deltok i 19 Erasmus Mundus-program i 2010. Av desse er 18 mastergrader og éin doktorgradsutdanning. I tillegg deltok norske universitet og høgskolar i fire nettverk som skal vise partnarar frå land utanfor Europa at europeisk høgre utdanning er attraktiv.

SIU vart tildelt midlar til å setje i verk og gjennomføre tiltak for å styrkje samarbeidet mellom norske og kinesiske høgre utdanningsinstitusjonar. I tillegg fekk SIU midlar for å lyse ut fellesgrader mellom norske og franske høgre utdanningsinstitusjonar på bakgrunn av eit samarbeid mellom Den franske ambassaden i Noreg, franske utanriks- og høgre utdannings- og forskingsdepartement og Kunnskapsdepartementet.

Samisk høgskole fekk midlar knytte til driftsansvaret for hovudkontoret for World Indigenous Nations Higher Education Consortium (WINHEC). Det har medverka til å betre det internasjonale kontaktnettet og kompetansen ved høgskolen. Driftsansvaret til høgskolen går over tre år og til og med 2011.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår ei løyving på 16,1 mill. kroner over post 73 for å dekkje deltakinga i EU-programmet Erasmus Mundus. Departementet foreslår å flytte 1,8 mill. kroner knytte til dei mindre tiltaka over posten til kap. 281 post 01.

Post 78 Tilskott til Universitets- og høgskolerådet

Mål for 2012

Universitets- og høgskolerådet (UHR) skal fremme samordning mellom universitet og høgskolar innanfor høgre utdanning, forsking, formidling og ressursforvaltning.

Rapport for 2010

UHR fekk i 2010 tildelt om lag 13,7 mill. kroner, som omfatta 4,6 mill. kroner til utgiving av lærebøker. Departementet har som ein del av arbeidet med samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon (SAK) tildelt UHR midlar for å leggje til rette for felles tiltak som kan medverke til å styrkje den faglege leiinga ved universitet og høgskolar. I 2010 har ein viktig del av arbeidet til UHR vore å utarbeide og formidle innspel til nye stortingsmeldingar, oppfølging av kartlegginga av mellombelse stillingar i sektoren og rapporten Handlingsrom for kvalitet (2010). Vidare har UHR arbeidd med implementering av det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket for høgre utdanning og utarbeidd rapportar om forskingsbasert utdanning og harmonisering av karakterbruk.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å føre vidare løyvinga til UHR med om lag 14,5 mill. kroner i 2012. Det omfattar 4,8 mill. kroner til utgiving av lærebøker.

Post 79 Ny universitetsklinikk i Trondheim, kan overførast

Rapport for 2010

Byggjefase 1 vart ferdigstilt i 2005 og 2006, og første etappe av fase 2 vart fullført i 2010. Andre etappe av byggjefase 2 omfattar riving av høgblokka og bygging av Kunnskapssenteret, som er planlagt ferdigstilt i 2013. I tillegg står det att arbeid av teknisk og bygningsmessig art og arbeid utandørs.

Universitets- og høgskoleareala i fase 2 er finansierte over budsjettet til Kunnskapsdepartementet i høve til delen av totalt areal i universitetsklinikken, men avgrensa til maksimalt 1 135 mill. kroner (prisnivå desember 2004), jf. Innst. S. nr. 240 (2004–2005) og St.prp. nr. 65 (2004–2005) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2005. Arealramma for universitets- og høgskoledelen av byggjeprosjektet utgjer 49 500 kvm. I tillegg kjem areal til felles teknisk infrastruktur. Arealet i Kunnskapssenteret er vidare auka med 500 kvm netto funksjonsareal til eit felles integrert bibliotek for medisin og helsefag i Kunnskapssenteret i universitetsklinikken. Biblioteket vil vere eit bidrag til eit meir robust fagmiljø og forpliktande samarbeid mellom Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og Høgskolen i Sør-Trøndelag. Byggjekostnaden for auken i areala blir finansiert over kap. 260 post 50 og kap. 281 post 45.

Kunnskapsdepartementet tildelte 106,5 mill. kroner til utbygginga i 2010, og universitets- og høgskoledelen i universitetsklinikken er med dette ferdig finansiert. Sjå òg omtale av byggjeprosjektet i Prop. 1 S (2011–2012) for Helse- og omsorgsdepartementet, under kap. 732 post 81 Tilskott til regionale helseføretak.

Kap. 3281 Felles tiltak for universitet og høgskolar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

02

Salsinntekter o.a.

422

37 250

10

18

Refusjon av sjukepengar

2

Sum kap. 3281

424

37 250

10

I samband med at departementet foreslår å flytte løyvinga til Cristin (Current Research Information System in Norway) frå kap. 281 post 01 til kap. 280 post 51, må inntektsløyvinga til lisens- og konsortiumavtalar over kap. 3281 post 02 nedjusterast med om lag 38,4 mill. kroner. Utgiftsløyvinga over kap. 281 post 01 må nedjusterast tilsvarande.

Programkategori 07.70 Forsking

Utgifter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

283

Meteorologiformål

299 745

319 506

327 609

2,5

285

Noregs forskingsråd

1 461 705

1 440 422

2 688 103

86,6

286

Forskingsfond

6 266 232

4 426 573

219 000

-95,1

287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

227 546

235 286

251 298

6,8

288

Internasjonale samarbeidstiltak

1 337 518

1 374 822

1 634 782

18,9

Sum kategori 07.70

9 592 746

7 796 609

5 120 792

-34,3

Forslaget til utgiftsløyving over programkategori 07.70 er på om lag 5,12 mrd. kroner. Dette er ein reduksjon på 2,67 mrd. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2011. I statsbudsjettet for 2011 vart kapitalen i Fondet for nyskaping og forsking auka med 3 mrd. kroner. Regjeringa foreslår for 2012 at avkastninga frå fondet blir ført vidare som ei ordinær løyving. Korrigert for at løyvinga ikkje lenger inneheld nytt kapitalinnskott, inneber budsjettforslaget for 2012 på programkategori 07.70 ein auke på om lag 324 mill. kroner.

Inntekter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

3286

Forskingsfond

3 774 932

3 944 960

80 219 000

1 933,5

3287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

21 503

21 500

209 100

872,6

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

4 696

4 794

4 618

-3,7

Sum kategori 07.70

3 801 131

3 971 254

80 432 718

1 925,4

Forslaget til inntektsløyving over programkategori 07.70 er på om lag 80,4 mrd. kroner. Dette er ein auke på om lag 76,5 mrd. kroner i høve til saldert budsjett for 2011. Auken skriv seg i all hovudsak frå at kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping på 80 mrd. kroner teknisk blir ført tilbake til statskassa og inntektsført på kap. 3286 post 95 Fondskapital, jf. omtale under kap. 3286.

Innleiing

Samfunnet krev i dag forskingsbasert kunnskap på stadig fleire område. Forsking skal i tillegg gi oss grunnleggjande ny erkjenning. Forskingsinnsats er både ein føresetnad og eit verkemiddel for å møte dei globale utfordringane, for å utvikle velferda i samfunnet og for at vi skal ha eit framtidsretta og nyskapande næringsliv. Regjeringa vil halde fram med å satse på forsking i åra framover, og tar sikte på å leggje fram ei ny melding om forsking for Stortinget i 2013.

I St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning sette regjeringa fem strategiske og fire tverrgåande mål som skal gjelde for forskingspolitikken. Forsking knytt til dei fem strategiske måla skal medverke til å møte globale utfordringar, velferdsutfordringar og leggje grunnlaget for verdiskaping i framtida. Dei fire tverrgåande måla er: eit velfungerande forskingssystem, høg kvalitet i forskinga, auka internasjonalisering av forskinga og effektiv utnytting av ressursar til og resultat frå forskinga.

Figur 4.7 Målbilete for norsk forsking

Figur 4.7 Målbilete for norsk forsking

Dei tverrgåande måla i forskingsmeldinga gjeld for heile det norske forskingssystemet. Desse måla er omfattande, og dei er i stor grad overlappande og avhengige av kvarandre. Kunnskapsdepartementet har som forskingskoordinerande departement eit særleg ansvar for desse måla, og det er derfor dei som blir omtalte i denne programkategorien. Alle departementa finansierer forsking på sine område og skal gjennom forskingsløyvingane sine medverke til å nå dei forskingspolitiske måla som regjeringa har sett. Del III kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet inneheld ein heilskapleg omtale av den samla satsinga på forsking i statsbudsjettet.

Størstedelen av forskingsløyvingane under denne programkategorien omfattar løyvingar over Kunnskapsdepartementets budsjett til forsking gjennom Noregs forskingsråd. Kunnskapsdepartementet har eit særleg ansvar for grunnleggjande forsking. Vidare blir norsk deltaking i EUs rammeprogram og norsk deltaking i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar finansierte innanfor denne programkategorien. Programkategorien omfattar også løyvingar til Meteorologisk institutt. Direkte forskingsløyvingar til universitet og høgskolar er omtalte under programkategori 07.60.

Tilstandsvurdering

Mål: Eit velfungerande forskingssystem

Noreg har i all hovudsak eit velfungerande system for forsking. Eit velfungerande forskingssystem handlar mellom anna om å sørgje for tilstrekkeleg forskingskapasitet i heile landet, god balanse mellom samarbeid og konkurranse, gode system for kunnskapsoverføring og høg etisk standard i forskinga. Den sentrale rolla Forskingsrådet speler i det norske forskingssystemet gjer at midlane som blir løyvde gjennom rådet er viktige for kvaliteten, profilen og utviklinga av norsk forsking. Forskingsrådet har eit strategisk ansvar for å utforme ein portefølje av verkemiddel som skal få fram kvalitet, kunnskap på prioriterte område og formålstenleg samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon i norsk forsking, og gjennom dette medverke til eit velfungerande forskingssystem. Rådet må gi kunnskapsbaserte råd og analysar, løyse oppgåvene effektivt og ha verkemiddel som gir resultat som kan dokumenterast. I perioden 2006–10 har Forskingsrådet hatt ein realvekst i løyvingane sine på om lag 560 mill. kroner. Dette betyr at nesten ein tredel av veksten i offentlege løyvingar til FoU har gått gjennom Forskingsrådet. For ein meir detaljert omtale av aktiviteten til Forskingsrådet, sjå òg kap. 285 postane 52, 53 og 54.

Dei regionale fonda skal supplere dei nasjonale FoU-verkemidla og styrkje forskingsinnsatsen i regionane og samspelet mellom næringsliv, høgre utdanningsinstitusjonar, forskingsinstitutt og offentlege aktørar. Fonda møter FoU-behov i fylka ved å støtte FoU-prosjekt som er initierte av offentlege og private aktørar, og sikrar at delar av forskingspolitikken blir forankra regionalt.

I løpet av det siste tiåret har Noreg hatt ein sterk auke i talet på doktorgradskandidatar, og i 2010 vart det avlagt nær 1 200 doktorgrader. Det er nesten ei dobling frå 2001. Auken har vore langt sterkare enn i dei andre nordiske landa, men Noreg ligg framleis bak Sverige og Finland målt i talet på doktorgrader per innbyggjar. Det er fleire kjelder som finansierer doktorgradsutdanning. I tillegg til øyremerkte stillingar frå Kunnskapsdepartementet kjem stillingar som er oppretta av universitet og høgskolar, helseføretak og forskingsinstitutt. Forskingsrådet finansierer om lag halvparten av postdoktorstipenda og ein firedel av doktorgradsstipenda i Noreg. Regjeringa har òg oppretta ei ordning med nærings-ph.d for å styrkje FoU-aktiviteten i næringslivet.

Dei forskingsetiske komiteane skal sikre ein høg etisk standard i forskinga. Noreg har i dag eit omfattande komitésystem som er dekkjande for alle fagområde, og som tek vare på den etiske dimensjonen i norsk forsking på ein tilfredsstillande måte. Komiteane behandlar ulike forskingsetiske problemstillingar knytte til pågåande forskingsprosjekt og har utarbeidd retningslinjer for god forskingsetisk praksis.

Mål: Høg kvalitet i forskinga

Norsk forsking skal ha høg og aukande kvalitet. Dette gjeld både for breidda i forskinga og for toppforskingsmiljøa. I tillegg til satsinga på kvalitet på alle fagområde satsar regjeringa særskilt på å byggje solide kunnskapsmiljø på utvalde område, som til dømes bioteknologi, miljøvennleg energi og nordområda. Moderne vitskapleg utstyr og menneskelege ressursar til forsking står sentralt også for dette målet.

Å måle kvalitet i forskinga er krevjande, men det er fleire teikn på at norsk forsking er i framgang. Talet på vitskaplege publiseringar og siteringar har gått opp. I tillegg seier fagevalueringane til Forskingsrådet noko om forskingskvaliteten innanfor einskilde fag, og kva for ein posisjon faget har i ein internasjonal samanheng. Dei store programma FUGE og NANOMAT vart evaluerte i 2010. Evalueringane slår fast at programma har lyfte fagfelta når det gjeld kompetanse, produktivitet og kvalitet. Dette kjem mellom anna til uttrykk i ein auke i talet på publikasjonar etter år 2000. Forskingsmiljøa innanfor bio- og nanoteknologi er no oppe på eit nivå der dei gjer seg gjeldande i den internasjonale forskingsverda.

Forskingsrådet har fleire verkemiddel som er kvalitetsfremmande, og nyttar open konkurranse som eit kvalitetsfremmande tiltak. Fleire av desse tiltaka, slik som Open arena for framifrå forsking (FRIPRO) og ordningane med Senter for framifrå forsking (SFF), Yngre framifrå forskarar (YFF) og Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI), blir i sin heilskap finansierte over programkategori 07.70. Totalt er det 21 SFF-ar. Alle dei åtte sentra som vart starta opp i 2007, vart evaluerte i 2010–11 med svært godt resultat. Den opne arenaen for framifrå forsking fekk i 2011 auka sitt budsjett med 60 mill. kroner og lyste ut om lag 540 mill. kroner. Forskingsrådet har motteke nesten 1 000 søknader, og om lag ti pst. av søknadene vil få støtte.

Også den nasjonale satsinga på infrastruktur er finansiert over programkategori 07.70, og satsinga har vore eit av dei viktigaste tiltaka for kvalitet i norsk forsking i dei siste åra. Frå og med 2011 er den øyremerkte løyvinga til investeringar i nasjonal og internasjonal forskingsinfrastruktur på om lag 280 mill. kroner årleg, noko som er ei kraftig opptrapping av løyvingane samanlikna med tidlegare år. Mange forskingsfelt er tilgodesette med viktig forskingsinfrastruktur. I 2010 vart det løyvd 210 mill. kroner til storskala forskingsutstyr innanfor biobankar, offshore vindenergi og mikro- og nanoteknologi. Totalt skal Forskingsrådet tildele 400 mill. kroner til avansert og storskala infrastruktur i 2011. Infrastruktursatsinga syter også for ei nasjonal koordinering av forskingsinfrastruktur gjennom Forskingsrådet.

Noreg deltek i det europeiske samarbeidet om forskingsinfrastruktur som blir utvikla innanfor Det europeiske forskingsområdet (ERA). Det europeiske strategiske forumet for forskingsinfrastruktur (ESFRI), har utforma eit vegkart for kva for slags forskingsinfrastruktur Europa har størst behov for. Noreg ønskjer å vere vertskap for tre forskingsinfrastrukturar på dette vegkartet, jf. St. meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning. Dette er eit prosjekt for Svalbard som forskingsplattform (SIOS), karbonfangst og lagring ved NTNU (ECCSEL) og CESSDA, samfunnsvitskaplege dataarkiv i Bergen. Noreg deltek òg på andre store prosjekt på vegkartet til ESFRI, mellom anna European Spalation Source i Lund i Sverige. Likestilling er eit nøkkelelement i satsinga på kvalitet. Dei menneskelege ressursane må utnyttast, og lik fordeling av kvinner og menn på alle stillingsnivå og fagområde innanfor forskinga, særleg i høgre vitskaplege stillingar, er eit langsiktig mål. Arbeidet i Komité for kjønnsbalanse i forsking er viktig for å fremme auka likestilling.

Mål: Internasjonalisering av forskinga

Internasjonalt forskingssamarbeid gir norske forskingsmiljø tilgang til den internasjonale kunnskapsfronten. Noreg er i høg grad avhengig av å hente kunnskap frå utlandet for å utvikle velferdssamfunnet og auke verdiskapinga. Å vere eit attraktivt vertsland for forsking er ein del av dette. Norsk forsking og kompetanse gir også viktige bidrag til den internasjonale kunnskapsutviklinga. Internasjonalisering blir støtta gjennom medlemskap i internasjonale organisasjonar, gjennom nordisk og europeisk samarbeid, bilaterale forskingsavtalar med ulike land, institusjonelle avtalar og konkret program- og prosjektsamarbeid.

Norsk forsking har vorte meir internasjonal. Til dømes tek norske forskarar del i stadig fleire internasjonale forskingsprosjekt og publiserer stadig meir saman med forskarar frå andre land. Det er òg eit veksande tal utanlandske forskarar som arbeider ved norske institusjonar og verksemder. Deltakinga i mellom anna EUs sjuande rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar (2007–13) syner at norsk forsking kan hevde seg i skarp internasjonal konkurranse. Forskingsrådet har det operative ansvaret for mobilisering til, og oppfølging av, norsk deltaking i EUs forskingsprogram. Norske forskarar har oppnådd ei prosentvis høgre utteljing for kvart år sidan starten på rammeprogrammet i 2007. I 2007 oppnådde norske forskarar ei tildeling som tilsvarte om lag 1,5 pst. av dei fordelte midlane frå rammeprogrammet. I 2010 var delen auka til 2,33 pst. Sjølv om det har vore ei positiv utvikling er det framleis ei utfordring for alle nivåa i forskingssystemet å leggje til rette for at den norske medlemskapen i rammeprogrammet blir utnytta så godt som mogleg. Dette er viktig fordi deltaking sikrar kvalitet og internasjonale nettverk i norsk forsking, men også fordi Noreg bør syte for å få god økonomisk retur frå rammeprogrammet.

Mange av dei utfordringane forskinga søkjer å møte, er internasjonale og krev internasjonal innsats. Det er til dømes ei utvikling mot felles programsatsingar over landegrensa og om forskingsinfrastruktur. Dette gir utfordringar til korleis vi organiserer og prioriterer forskingsinnsatsen. Satsinga på forsking i verda blir stadig større. Dette gjeld så vel i OECD-landa som i dei sterkt veksande økonomiane Brasil, Kina, Russland, India og Sør-Afrika. Det er utfordrande, men naudsynt for norske forskarar og institusjonar å halde oppe og skape nye nettverk med dei fremste miljøa i verda.

Mål: Effektiv utnytting av resultat og ressursar

Ressursane som blir tilførte norsk forsking, skal utnyttast så effektivt som mogleg. Likeeins skal resultata frå forsking komme anna forsking og samfunnet til gode gjennom god utdanning, betre forvaltning, betre tenester og verdiskaping. Open tilgang til forskingsdata og forskingsresultat er nødvendig for å auke tilgangen til kunnskap og sikre offentleg sektor, forvaltning og næringsliv ein uavhengig kunnskapsbase. Regjeringa har sett ned eit utval for god måloppnåing i offentleg finansiert forsking – Fagerbergutvalet – som har sett på samanhengen mellom ressursar og resultat i norsk forsking. Utvalet leverte si innstilling 2. mai 2011. Utgreiinga syner at det er store skilnader mellom ulike institusjonar i kor mykje som blir publisert, og ikkje minst i kor mykje publiseringane blir brukte av andre. Konklusjonane til utvalet kan tyde på at det er potensial for å utnytte ressursane enda betre, men utvalet er tydeleg på at det er behov for meir kunnskap om effektane av forsking, og betre metodar for måling av forskinga.

I dei seinare åra har det vore aukande merksemd mot flyt av kunnskap mellom ulike aktørar og kommersialisering av forskingsresultat. Teknologioverføringseiningane ved forskingsinstitusjonane og ulike verkemiddel for kommersialisering i Forskingsrådet er i stadig utvikling. Det er vanskeleg å samanlikne Noreg med andre land når det gjeld kommersialisering, men talet på forretningsidear som er behandla ved teknologieiningane for universitet og høgskolar, har auka i dei seinaste åra. Sjå også programkategori 07.60.

Strategiar og tiltak

Sidan dei fire tverrgåande måla i stor grad er overlappande, blir strategiar og tiltak presenterte samla for alle fire måla.

Fondet for forsking og nyskaping

Fondet for forsking og nyskaping (Forskingsfondet) vart oppretta i 1999. Stortingets intensjon da Forskingsfondet vart oppretta, var å sikre stabil og føreseieleg finansiering av forskingsverksemd, jf. Innst. S. nr. 236 (1998–1999). I perioden 2005–2011 har regjeringa auka kapitalen i fondet med 44 mrd. kroner. Etter kvart som fondet har vakse har avkastninga frå fondet finansiert ei rekkje viktige formål, som til dømes tverrgåande satsingar som Senter for framifrå forsking (SFF), Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI), forskingsinfrastruktur og ei rekkje store program.

Fondet består av 16 kapitalinnskott med ulik rente. Denne konstruksjonen gjer at avkastninga over tid ikkje blir stabil og føreseieleg slik intensjonen til Stortinget var. Avkastninga av kapitalen i fondet er basert på renta på statsobligasjonar med tiårig løpetid. Etter at fondet no har eksistert i ti år betyr det at avkastninga frå fondet kjem til å gå opp og ned kvart år framover, avhengig av rentenivået. Ein slik situasjon vil etter regjeringas vurdering vere uhaldbar for ein sektor som er spesielt avhengig av langsiktige og føreseielege rammer.

Regjeringa foreslår derfor at avkastninga frå Forskingsfondet blir ført vidare som ei ordinær løyving, med eigne postar på statsbudsjettet. Dette inneber at fondsmekanismen ikkje blir ført vidare. På denne måten blir ikkje nivået på forskingsløyvingane redusert som følgje av lågare rente også framover. Samstundes vil denne endringa innebere at alle forskingsløyvingane blir justerte tilsvarande forventa pris- og lønsauke. Stortinget vedtok både i 2009 og 2010 at avkastninga frå deler av kapitalinnskottet skulle øyremerkast infrastruktur. Dette utgjer om lag 280 mill. kroner i 2011. Regjeringa vil sikre denne prioriteringa også i åra framover og foreslår derfor å opprette ei eiga løyving der desse midlane blir førte vidare.

Regjeringa vil halde fram med satse på forsking, i tråd med måla som vart sett i St. meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning jf. Innst. S. nr. 354 (2008–2009).

Infrastruktur

Nasjonale investeringar i forskingsinfrastruktur og norsk deltaking i internasjonalt samarbeid om forskingsinfrastruktur skal styrkje kvalitet og effektivitet i norsk forsking og byggje opp under dei nasjonale prioriteringane. Noregs forskingsråd administrerer satsinga på forskingsinfrastruktur.

Som ein del av satsinga har Forskingsrådet utvikla eit nasjonalt vegkart for infrastruktur som skal nyttast til langsiktig planlegging av investeringar i forskingsinfrastruktur. Gjennom vegkartet og satsinga syt også Forskingsrådet for arbeidsdeling og samarbeid mellom institusjonane når ny og kostbar infrastruktur blir etablert og drifta. Eit godt døme er etableringa av NorFab (The Norwegian Micro- and Nanofabrication Facility), som har motteke ei tildeling på 71 mill. kroner. NorFab knyter saman laboratorium i Trondheim (NTNU), Oslo (Universitetet i Oslo) og Horten (Høgskolen i Vestfold) til ein nasjonal infrastruktur der nye, miniatyriserte sensorar og maskiner blir laga og undersøkte.

Noreg deltek også aktivt i det europeiske samarbeidet om forskingsinfrastruktur (European Strategic Forum on Research Infrastructure – ESFRI) og er med i 21 av dei 44 prosjekta som stod på det europeiske vegkartet for forskingsinfrastruktur i 2010.

Forskingsmelding 2013

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei ny forskingsmelding i 2013. Som ei opptakt til meldinga blir forsking sett på dagsordenen i 2011 gjennom Vitskapsåret 2011. Målet er å skape ein brei samfunnsdialog om sentrale problemstillingar ved å invitere til allmenn diskusjon og debatt om høgre utdanning, forsking og innovasjon. Året blir markert med mange ulike arrangement i regi av ei rekkje ulike aktørar frå kommunar til næringsliv og universitet. Kunnskapsdepartementet står mellom anna for to store internasjonale konferansar.

Forskingsbarometeret

Det er krevjande å finne indikatorar som gir eit fullstendig bilete av korleis det står til med forskinga i Noreg. Det er mellom anna ei utfordring å finne fram til indikatorar som seier noko om resultata av forskinga og ikkje berre om innsatsen. Departementet har sett i gang eit arbeid for å finne fram til gode indikatorar, og lanserte i mars 2011 eit nytt årleg barometer med 24 ulike indikatorar for norsk forsking og innovasjon – Forskingsbarometeret. Forskingsbarometeret 2012 skal utviklast vidare i løpet av 2011.

Fagerbergutvalet

Fagerbergutvalet har innanfor ramma av dei ni overordna måla for norsk forsking drøfta samanhengen mellom mål, ressursar og resultat for offentleg finansiert forsking.

Utvalet tilrår ein overordna strategi som dei samanfattar i termen «eit opnare forskingssystem». Med dette meiner utvalet eit system som i større grad opnar for mangfald og konkurranse, og som syt for at dei beste forslaga og ideane vinn fram. Utvalet har vidare forslag knytte til forskingsvilkår, forskarutdanning og til styringssystema. Utvalet meiner at forslaga vil bidra til betre ressursutnytting og auka kvalitet i offentleg finansiert forsking.

Utvalet framhever at eit godt kunnskapsgrunnlag er nødvendig for å vurdere om det er eit godt samsvar mellom ressursar og resultat i offentleg finansiert forsking. Utvalet foreslår at Kunnskapsdepartementet etablerer eit indikatorsett for måling av offentleg finansiert forsking. Indikatorsettet skal kunne nyttast til dokumentasjon av resultat, til samanlikningar, medverke til betre mål- og resultatstyring og vere til hjelp i den vidare utviklinga av resultatbaserte finansieringssystem. Kunnskapsdepartementet har sendt innstillinga frå utvalet ut til høring. Innstillinga og innspel frå høringsinstansane vil inngå i kunnskapsgrunnlaget til departementet for arbeidet med ei ny forskingsmelding i 2013.

Evaluering av Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd har eit budsjett på om lag 7 mrd. kroner i 2011, noko som utgjer om lag ein tredel av den offentlege FoU-finansieringa i Noreg. I St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning varsla regjeringa at Forskingsrådet skulle evaluerast i løpet av inneverande stortingsperiode. I juli 2011 inngjekk Kunnskapsdepartementet kontrakt med det internasjonale selskapet Technopolis Group om evalueringa av Forskingsrådet. Evalueringa skal ha ein brei gjennomgang av Forskingsrådet ut frå dei måla som er sette for verksemda, og korleis rådet fungerer i det norske forskings- og innovasjonssystemet. Evalueringa skal også ha eit framoverretta perspektiv. Evalueringa skal vere ferdig innan august 2012.

Evaluering av finansieringssystemet for institutta

Departementet innførte i 2009 eit nytt basisfinansieringssystem for instituttsektoren, jf. St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Kunnskapsdepartementet og Innst. S. nr. 12 (2008–2009). I 2012 foreslår Kunnskapsdepartementet å styrkje basisløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta med til saman 5 mill. kroner i 2012 for å styrkje den langsiktige kunnskapsoppbygginga til institutta.

Stortinget slutta seg til forslaget til regjeringa om at det nye systemet blir evaluert etter at det har verka i tre år. I 2011 har perioden på tre år gått. Regjeringa legg opp til at evalueringa skal gjennomførast i 2012. Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2011, jf. Innst. 12 S (2010–2011), la Stortinget til grunn at Forskingsrådet ikkje skal vurdere om fleire institutt er kvalifiserte for statleg basisløyving, før finansieringssystemet er evaluert.

Utfallet av evalueringa og vurderingane og forslaga til regjeringa vil inngå som ein del av kunnskapsgrunnlaget fram mot neste forskingsmelding. Forskingsrådet skal medverke i det vidare arbeidet med utforming av ein politikk for instituttsektoren.

Akademisk fridom for tilsette ved forskingsinstitutta

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 171, 16. februar 2010 i samband med handsaminga av Innst. 135 S (2009–2010), jf. Dokument 8:7 S (2009–2010):

«Stortinget ber Regjeringen fremme forslag som på egnet måte tydeliggjør den akademiske frihet for forskere ved institusjoner som ikke omfattes av universitets- og høyskoleloven.»

Kunnskapsdepartementet har følgt opp vedtak nr. 171 på to måtar. For det første har departementet utarbeidd forslag til endring av standardkontrakten for forskings- og utgreiingsoppdrag. Forslag til ny standardkontrakt vart sendt ut til høring med frist til mai 2011. Departementet vurderer no den endelege utforming av standardkontrakten, og tek sikte på å fastsetje ny standardkontrakt i løpet av hausten 2011.

Kunnskapsdepartementet har vidare bedt Noregs forskingsråd om ei vurdering av korleis Forskingsrådets vilkår kan nyttast til å klargjere den akademiske fridommen for forskarar ved institusjonar som ikkje er omfatta av universitets- og høgskolelova. Forskingsrådet har på bakgrunn av dette utarbeidd forslag til reviderte tilskottsvilkår. Desse vart sende ut til høring til organisasjonar, store bedrifter og instituttsamanslutningar med frist til mai 2011. Høringsinnspela er til vurdering i Forskingsrådet. Avgjerd om nye tilskottsvilkår vil bli fatta i løpet av hausten 2011, og departementet vil informere Stortinget om endeleg konklusjon i budsjettproposisjonen for 2013.

Forsking av høg kvalitet

Ordningane med Senter for framifrå forsking (SFF) og Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) er viktige verkemiddel for å stimulere til forskingsmiljø i internasjonal klasse. Evalueringar har vist at sentra har medverka til å få fram forsking i internasjonal toppklasse og til å gjere norsk forsking meir synleg. Ordningane medverkar også til samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon i norsk forsking.

I 2010 og 2011 vart det gjennomført ei midtvegsevaluering av dei åtte SFF-sentra som vart oppretta i 2007. Vurderinga av den vitskaplege kvaliteten på forskinga ved sentra var særs positiv, og konklusjonen er at alle sentra får behalde SFF-statusen sin og får finansiering for fem nye år. Dei 13 eldste SFF-ane avsluttar sin SFF-periode neste år. Vertskapsinstitusjonane må etter dette sjølve på høveleg vis ta vare på dei forskingsmiljøa som er bygde opp gjennom ordninga. Samstundes har Forskingsrådet utlyst midlar til nye SFF-senter som vil bli peika ut i 2012. Da søknadsfristen gjekk ut i juni i år, hadde Noregs forskingsråd motteke 139 søknader. Aldri før har så mange søkt, og aldri har kvinnedelen blant leiarane for sentra som søkjer, vore høgre.

Dei første 14 sentra for forskingsdriven innovasjon vart starta opp i 2007. No er sju nye SFI-ar utpeikte, og dei vil vere i drift i løpet av 2011. Forskingsrådet har undersøkt korleis bedrifter og andre partnarar opplever sitt samarbeid med SFI-ane. Undersøkinga viser at SFI-ane er engasjerte i avansert og langsiktig forsking som er klart bruksorientert. Dette fell saman med hovudfunnet i midtvegsevalueringa av dei første 14 sentra. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor at ordninga med Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) blir styrkt med 30 mill. kroner i 2012.

Open arena for framifrå forsking (FRIPRO) sikrar finansiering til dei kvalitativt beste forskingsmiljøa i skarp konkurranse med andre, og er eit viktig verkemiddel for høg kvalitet i forskingssystemet. Det er avgjerande at det finst tilstrekkeleg med midlar på denne arenaen slik at ein sikrar god balanse mellom tematiske satsingar og opne arenaer. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til den opne konkurransearenaen med 100 mill. kroner. Løyvinga skal mellom anna støtte opp under regjeringas prioritering av bioteknologi og MNT-faga (matematikk, naturfag og teknologi).

Nye strategiar for bioteknologi, IKT og nanoteknologi

Bioteknologi er eit viktig satsingsområde med tanke på vekst og næringsutvikling, og regjeringa vil at norsk bioteknologisk forsking skal vere ein viktig reiskap for betre helse, framtidig verdiskaping og for eit betre miljø. Regjeringa vil derfor hausten 2011 leggje fram ein nasjonal strategi for bioteknologi, som vil vere retningsgivande for den vidare satsinga på bioteknologi i Noregs forskingsråd. Strategien peiker ut fire tematiske satsingsområde der dei nasjonale fortrinna eller samfunnsutfordringane fell saman med bioteknologiens moglegheiter. Kunnskapsdepartementet foreslår i 2012 ei ny strategisk satsing på bioteknologi på 85 mill. kroner som skal medverke til følgje opp prioriteringane i strategien.

Hausten 2011 vil regjeringa også leggje fram ein ny strategi for nanoteknologi. Arbeidet med strategien blir leidd av Nærings- og handelsdepartementet.

Regjeringa arbeider også med ein strategi for IKT. Arbeidet blir leidd av Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Internasjonalisering

Kunnskapsdepartementet samarbeider med Forskingsrådet om å auke og styrkje den norske deltakinga i EUs rammeprogram for forsking. Departementet har, i samarbeid med forskingssektoren, andre departement og Forskingsrådet, i 2010 utvikla ei tiltakspakke med dette formålet. Tiltakspakken har vorte godt motteken av forskingssektoren, og Forskingsrådet har vorte bedt om ein plan for oppfølging av tiltakspakken. Forskingsrådet har vidare ansvaret for mobilisering til, og oppfølging av, norsk deltaking i EUs forskingsprogram. Kunnskapsdepartementet foreslår å øyremerke 26 mill. kroner til tiltak som skal auke deltakinga til forskingsinstitutta i EUs rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling. Institutta gjer det bra i rammeprogrammet, men det er eit potensial for auka deltaking. Midlane skal òg medverke til å styrkje samarbeidet mellom institutta og næringslivet, med sikte på både å auke deltaking frå bedrifter i rammeprogrammet og å auke forskingsintensiteten i næringslivet.

EUs sjuande rammeprogram for forsking varer ut 2013. I februar 2011 presenterte Europakommisjonen ei grønbok om det neste rammeprogrammet, som startar i 2014, og som truleg blir ei samanslåing av forskings- og innovasjonsprogramma. Forskings- og høgre utdanningsministeren og nærings- og handelsministeren har på vegne av Noreg sendt eit offisielt innspel til kommisjonen. Fleire norske institusjonar og aktørar sende òg eigne innspel. Det neste rammeprogrammet har fått namnet Horizon 2020 og skal innehalde verkemiddel som medverkar til å nå måla i EUs strategi for grøn og berekraftig vekst, Europa 2020. Kunnskapsdepartementet følgjer opp utviklinga av Horizon 2020 og arbeider aktivt for å fremme norske interesser.

Ei viktig satsing innanfor utviklinga av Det europeiske forskingsområdet (ERA) er styrkt europeisk samarbeid om dei store samfunnsutfordringane gjennom etablering av felles europeiske forskingsprogram, såkalla Joint Programming. Noreg leiar saman med Belgia og Spania utviklinga av eit felles program innanfor marin og maritim forsking, Joint Programming Initiative Healthy and Productive Seas and Oceans (JPI Oceans). Ein ventar at EU kjem til å vedta dette initiativet i løpet av hausten 2011. Noreg deltek også i dei andre ni Joint Programming-initiativa.

Noreg har leiarskapen i Nordisk Ministerråd i 2012. Norden har lang erfaring i å samarbeide om forsking. Noreg vil i sin leiarskap leggje vekt på at nordisk forskingssamarbeid kan førebu breiare internasjonalt samarbeid. Det nordiske toppforskingsinitiativet innanfor klima og energi har til dømes fått merksemd i EU.

Open tilgang til forskingsdata

Open tilgang til forskingsdata og forskingsresultat er naudsynt for å auke tilgangen til noverande kunnskap og sikre samfunnet ein uavhengig og brei kunnskapsbase. Open tilgang til forskingsdata og -resultat er også viktig ut frå effektivitetsvurderingar. Noreg har ei stor mengd tilgjengelege forskingsdata og databankar, med lange tidsseriar – noko som er unikt i internasjonal samanheng. Noregs forskingsråd har i ein rapport konkludert med at både universitets- og høgskolesektoren, forskingsinstitutta og helseføretaka har utfordringar når det gjeld tilgang til data. Det er stor variasjon både mellom ulike fagområde og mellom institusjonane når det gjeld kva for eit system ein har for deling av data. Kunnskapsdepartementet vil derfor sette ned eit utval for å vurdere korleis ein kan auke tilgangen til offentleg finansierte forskingsdata, jf. St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning .

Det felles forskingsinformasjonssystemet Cristin (Current Research Information System in Norway) for universitets- og høgskolesektoren, helsesektoren og instituttsektoren er gitt det nasjonale koordineringsansvaret for å auke delen norske vitskaplege artiklar som er ope tilgjengelege. For ein nærmare omtale av Cristin, sjå programkategori 07.60.

Likestilling

Forskingsrådet skal halde fram med å arbeide for likestilling i forskinga, mellom anna ved å praktisere moderat kjønnskvotering i nokre tilfelle.

Komité for kjønnsbalanse i forsking (Kif-komiteen) arbeider for å fremme likestilling mellom kjønna ved universiteta, høgskolane og forskingsinstitutta. Kif-komiteen støttar institusjonane i arbeidet med å integrere likestilling i eiga verksemd, og kjem med framlegg om tiltak som kan betre kjønnsbalansen i forskingsmiljøa. Kif-komiteen skal òg medverke til auka medvit om den skeive balansen mellom kjønna i akademia og forskingssystemet. Kif-komiteen er finansiert av Kunnskapsdepartementet, og mottek halvparten av støtta gjennom Forskingsrådet. Ein ny komité vart oppnemnd i 2010 og skal verke fram til 2013.

Kap. 283 Meteorologiformål

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

50

Meteorologisk institutt

244 337

261 911

270 030

72

Internasjonale samarbeidsprosjekt

55 408

57 595

57 579

Sum kap. 283

299 745

319 506

327 609

Post 50 Meteorologisk institutt

Meteorologisk institutt er den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære formål i Noreg. Oppgåvene til Meteorologisk institutt er mellom anna å varsle vêret, studere klimaet, drive forskings- og utviklingsarbeid og formidle resultata av arbeidet. Varsling av ekstreme vêrtilhøve og dermed sikring av liv og verdiar har aller høgste prioritet. Meteorologisk institutt har òg andre viktige beredskapsoppgåver, mellom anna varsling ved atomulykker som gir utslepp til luft eller hav.

Instituttet lagar vêrvarsel for samfunnet generelt gjennom vêrvarslingssentralane i Tromsø, Bergen og Oslo. I tillegg er observasjonsstasjonar spreidde over heile landet og i Arktis. Instituttet har folk i arbeid på Jan Mayen, Bjørnøya, Hopen og Svalbard. Den aukande aktiviteten i nordområda krev gode vêrmeldingar. Observasjonane frå nordområda er òg med på å dokumentere klimaendringar. Meteorologisk institutt er dessutan aleine om å ha personell på Bjørnøya og Hopen, og sikrar i så måte norsk nærvær.

Mål for 2012

Meteorologisk institutt skal

  • auke kvaliteten på varsla for vêr, hav og miljø

  • utvikle vidare sitt observasjonssystem for vêrvarslings- og klimaformål

  • utføre forsking av høg kvalitet for å betre den offentlege meteorologiske tenesta

  • betre kunnskapen om klimaet i Noreg no, og om klimautviklinga i fortid og framtid

  • vere påliteleg, tilgjengeleg og relevant i all kommunikasjon

Rapport for 2010

Måla for 2010 vart i hovudsak nådde, og departementet er nøgd med måloppnåinga til Meteorologisk institutt. Instituttet kan syne til ein gjennomgåande auke i kvaliteten på varslinga for vêr, hav og miljø. Verifisering av varsla for 2010 syner at det er færre feil i viktige parametrar i varsla. Til dømes har nedbørsvarslinga vorte betre i 2010, noko som instituttet har jobba målretta med.

Instituttet vil arbeide vidare med å gjere vêrvarsla betre, særleg når det gjeld temperaturprognosane, sidan kvaliteten på denne varslinga viste ein svak nedgang i 2010.

Det er gjort ein stor innsats med å sikre stabil drift av IT-systema. Dette har gitt god regularitet i modellkjøringane og terminane i 2010, og sikra med det produksjonen av vêrvarsel.

For å sikre framleis god regularitet på dette området har Meteorologisk institutt mellom anna fornya samarbeidet med NTNU om tungrekneløysingar, og dei vil kjøpe ny, felles tungreknemaskin i 2011.

Instituttet arbeider systematisk og målretta for å levere kostnadseffektive flyvêrtenester. Eit felles nordisk kvalitetssystem for vurdering av flyvêrvarsel er utarbeidd, og gir dei norske flyvêrvarsla ein skår på 9,6 av 10 oppnåelege poeng i systemet.

Vêrradarnettet vart bygd ut, og stasjonsnettet blir modernisert i planlagt takt. I 2010 vart ny radar for Austlandet på Hurum sett i drift. Ny radar i Aust-Finnmark på Varangerhalvøya skal etter planen setjast i drift i løpet av 2012. Innsamlinga av observasjonar har i hovudsak gått som planlagt, og problemstasjonane er identifiserte og blir følgde opp i 2011.

Under oskeutsleppet på Island i april/mai 2010 vart dei ulike modellane for spreiing av forureining i atmosfæren tekne i bruk, og instituttet fekk demonstrert for seg sjølv og verda omkring at det var mogleg å kjøre modellane på kort varsel, og å spreie prognosane på ein effektiv måte, både nasjonalt og internasjonalt.

Meteorologisk institutt har i 2010 utført forsking av høg kvalitet som har betra den meteorologiske tenesta. Til dømes har utbetring av maritime modellar gitt betre varsel for bølgjer, vass-stand, sjøis, straum og hydrografi. Det var god tilgang på samfinansierte forskingsprosjekt i året som gjekk, og instituttet har hatt viktige og førande roller i fleire prosjekt. Instituttet er også godt representert på leiarnivå i nasjonale og internasjonale komitear og organisasjonar.

Meteorologisk institutt er ein betydeleg aktør på den norske klimaarenaen, og arbeidde til dømes bevisst med å auke tilgangen på data og tenester i året som gjekk, noko som gav positive utslag på brukarstatistikkane.

Vêrportalen yr.no sørgde for spreiing av vêrvarsel til allmenta, og er no rekna som instituttets hovudkanal ut til folket. Sommaren 2010 hadde yr.no for første gong fleire enn tre millionar unike brukarar i løpet av ei veke.

Meteorologisk institutt vart for femte år på rad kåra til den statsetaten som har best omdømme i Noreg.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2011.

Post 72 Internasjonale samarbeidsprosjekt

Mål for 2012

Målet med ordninga er å medverke til at Meteorologisk institutt kan ta del i internasjonale meteorologiske organisasjonar og prosjekt, og på den måten utvikle og forbetre dei meteorologiske tenestene i Noreg. Mellom anna skjer det mykje internasjonal utveksling av data, kunnskap og metodar. Løyvinga på posten går i hovudsak til å innfri dei forpliktingane Noreg har til å betale kontingentutgifter i samband med norsk deltaking i følgjande internasjonale meteorologiorganisasjonar:

  • Den meteorologiske verdsorganisasjonen (WMO)

  • Den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT)

  • Det europeiske senteret for mellomlange vêrvarsel (ECMWF)

  • Europeiske samarbeidsprosjekt mellom dei meteorologiske institutta (EUMETNET, ECOMET, EuroGOOS og Hirlam)

Rapport for 2010

Den nye konvensjonen for ECMWF tro i kraft i 2010. Det inneber at nye land kan bli medlemmer av ECMWF, og at senteret kan ha eit breiare fagleg perspektiv. Prognosemodellane til ECMFW blir stadig forbetra gjennom forsking, og det har vore mogleg å forbetre den geografiske oppløysinga til modellane gjennom auka tilgang på tungreknekraft. Ekstreme vêrhendingar som vinterstormen i Vest-Europa, flaumen i Pakistan og varmebølgja i Russland vart godt varsla.

EUMETSAT kom i 2010 svært langt i arbeidet med å fatte ei endeleg avgjerd om å starte programmet om tredje generasjons geostasjonære meteorologiske satellittar (MTG). Planlegginga av den andre polarbanesatellitten (Metop B) har komme svært langt. Denne satellitten vil gi enda betre data for nordområda. Oppskytinga er sett til våren 2012.

Det europeiske meteorologiske infrastruktursamarbeidet EUMETNET endra i 2010 organisasjonsform, frå å vere eit nettverk til å vere ein «Economic Interest Grouping» under belgisk lov. Talet på medlemsland aukar stadig. 26 europeiske land er no med i samarbeidet.

WMO planlegg ei langt betre global klimateneste, der prognosar for regional klimautvikling vil bli gjorde tilgjengelege i forståeleg form for ei rekkje brukargrupper. Eit forslag er utarbeidd av ei høgnivågruppe under leiing av Jan Egeland og skal behandlast på den 16. meteorologiske verdskongressen i 2011.

Budsjettforslag for 2012

Dei aller fleste EUMETSAT-programma har auka utgifter i 2012. EUMETSATs program for ein ny generasjon geostasjonære satellittar (Meteosat Third Generation) har komme godt i gang og vil halde fram i 2012. Innanfor det dyraste programmet i EUMETSAT, EPS (det løpande polarbanesatellittprogrammet), vil det bli skote opp ein ny satellitt (Metop-B) i løpet av 2012. For Noreg og nordområda er begge desse programma svært viktige. Polarbanesatellittane gir mellom anna den viktigaste satellittinformasjonen.

Eventuelle overskott av kontingentinnbetalingar til EUMETSAT blir overførte til eit fond, Working Capital Fund (WCF). Fondet er heimla i EUMETSATs statuttar og består av akkumulert budsjettoverskott. Kvart medlemsland har råderett over sin del. Eit rimeleg nivå på Noregs del av fondet er vurdert til å vere 5 mill. kroner. Gjeldande anslag viser at Noregs del av WCF ved utgangen av 2011 vil vere om lag 7,9 mill. kroner. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor at 2,9 mill. kroner av kontingenten til EUMETSAT i 2012 blir dekt gjennom Noregs del i WCF. Den foreslåtte løyvinga er derfor 2,9 mill. kroner lågare enn det samla kontingentbehovet i 2012.

Kap. 285 Noregs forskingsråd

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

52

Forskingsformål

1 210 985

1 181 930

1 274 025

53

Overordna forskingspolitiske prioriteringar

867 573

54

Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse

280 000

55

Administrasjon

250 720

258 492

266 505

Sum kap. 285

1 461 705

1 440 422

2 688 103

Forskingsrådet har i oppgåve å fordele midlar til forskingsprosjekt av høg kvalitet og relevans. Forskingsrådet har ei sentral rolle som forskingspolitisk rådgivar og har òg ein viktig møteplassfunksjon. Noregs forskingsråd er slik sett det viktigaste verkemiddelet regjeringa har for å sikre gjennomføring av forskingspolitikken.

Forskingsrådet har ansvaret for forsking innanfor alle fagområde og har eit breitt spekter av verkemiddel frå grunnforsking til innovasjon. Nokre verkemiddel er retta mot den einskilde forskaren eller verksemda, medan andre støttar senterdanningar og infrastruktur.

Ei av dei viktigaste oppgåvene for Forskingsrådet er å sikre kvalitet og relevans i den forskinga som blir utført gjennom å nytte nasjonal konkurranse i fordelinga av forskingsmidlar. Dette skjer gjennom at midlane i hovudsak blir tildelte etter konkurranse der søknadene blir vurderte i internasjonale fagpanel. Berre dei prosjekta som får best vurdering, blir tildelte støtte. Forskingsrådet har vidare ei viktig rolle i å sjå ulike forskingsområde i samanheng, mellom anna ved å knyte saman anvend forsking og grunnforsking.

Forskingsrådet får løyvingar over budsjetta til 16 ulike departement, og finansierer i 2011 forsking for om lag 7 mrd. kroner. Løyvingane til forsking over Kunnskapsdepartementets budsjett til Forskingsrådet blir i all hovudsak tildelte over kap. 285 postane 52, 53 og 54. I tillegg tildeler departementet midlar til basisfinansiering til forskingsinstitutta over kap. 287 post 57 og til forsking om forsking over kap. 287 post 21. Løyvingane til utdanningsforsking over Kunnskapsdepartementets budsjett er omtalte under kap. 226 post 21, kap. 231 postane 21 og 51 og kap. 258 post 21. Særskilde satsingar retta mot universitets- og høgskolesektoren er omtalte under kap. 281 post 50.

Det er utvikla eit sett med felles mål som gjeld for tildelingane frå alle departementa til Forskingsrådet. Desse måla skal medverke til at dei forskingspolitiske måla som regjeringa presenterte i St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning og handsama i Innst. S. nr. 354 (2008–2009), blir nådde. Ei oversikt over forskingsløyvingane frå dei andre departementa er presenterte i del III kap. 5.

Som følgje av at regjeringa foreslår å føre vidare avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping som ei ordinær løyving, blir det foreslått endringar i poststrukturen. Løyvingane over kap. 286 post 50 blir foreslått flytta til kap. 285 postane 53 og 54. Sjå nærmare omtale under kap. 285 postane 52, 53 og 54 og kap. 3286 post 85.

Mål for 2012

Dei måla som er sette for tildelingane til Forskingsrådet gjeld for heile kap. 285 og er som følgjer:

Overordna mål

Noregs forskingsråd skal medverke til at Noreg utviklar seg som kunnskapssamfunn. Noreg skal vere blant dei fremste samfunna når det gjeld å utvikle, dele og ta i bruk ny kunnskap. Forskinga skal skaffe kunnskap som kan medverke til auka verdiskaping og velferd, svare på samfunnsutfordringane og utvide grensene for erkjenninga.

Mål 1: Auka kvalitet, kapasitet og relevans i norsk forsking i heile landet

  • styrkt forsking på nasjonalt prioriterte område

  • styrkt breidd i langsiktig, grunnleggjande forsking og konsentrasjon av ressursar rundt den beste forskinga

  • styrkt breidd i forskingsbasert innovasjon og konsentrasjon av ressursar rundt dei beste forskings- og innovasjonsmiljøa

  • meir forsking i næringslivet, både i breidd og i spiss

  • styrkt forsking i tråd med kunnskapsbehovet til sektorane og forvaltninga

  • styrkt utbytte frå internasjonalt forskingssamarbeid

Mål 2: God ressursutnytting og formålstenleg arbeidsdeling, samhandling og struktur i forskingssystemet

  • god samanheng mellom nasjonal forskingsinnsats og internasjonalt forskingssamarbeid

  • meirverdi gjennom effektiv utnytting av forskingsløyvingane

  • dynamisk og effektiv samhandling og arbeidsdeling i forskingssystemet

  • ivaretaking av eit strategisk ansvar for forskingsinstitutta

Mål 3: Resultata av forskinga blir tekne i bruk i næringsliv, samfunnsliv og forvaltning i heile landet

  • god og tilpassa forskingsformidling til allmenta og gode læringsarenaer mellom føretak, institutt, universitets- og høgskolesektoren, helseføretaka og forvaltninga

  • styrkt kommersialisering av forskingsresultat og auka innovasjonsevne og -takt i næringsliv og offentleg sektor

  • styrkt kunnskapsgrunnlag i det forskingsstrategiske og rådgivande arbeidet

Rapport for 2010

Om rapporteringa

2010 er det første året da rapporteringa skjer etter den nye målstrukturen. Oppbygginga av rapporten vil derfor vere noko annleis enn for tidlegare år. Under følgjer først ei overordna vurdering av Forskingsrådets aktivitet i 2010. Deretter følgjer ei vurdering av måloppnåinga for dei enkelte hovudmåla.

Forskingsrådet får, som nemnt over, midlar frå ei rekkje departement, og i dei fleste tilfella vil det vere slik at fleire av løyvingane medverkar til det same målet. Rapporteringa under er knytt til løyvingane over budsjettet til Kunnskapsdepartementet.

Rapporten er ikkje utfyllande, men gir døme på aktivitet som medverkar til å oppfylle dei måla som er sette.

Overordna vurdering av måloppnåinga

Kunnskapsdepartementets vurdering er at måla for 2010 i hovudsak vart nådde. Forskingsrådet har prioritert oppfølginga av St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning høgt. Eit velfungerande forskingssystem vil vere avgjerande for vidare framgang i norsk forsking, og Forskingsrådet har lagt vekt på dette i verksemda si. Implementering av nytt basistilskottssystem for instituttsektoren, sterk satsing på forskingsinfrastruktur og finansiering av dei ulike senterordningane er døme på tiltak som medverkar til utvikling i forskingssystemet. Eit anna døme er likestillingsarbeidet. I 2010 arbeidde rådet vidare for å betre likestillinga i norsk forsking. Mellom anna vart likestillingsdimensjonen i søknadsvurderinga styrkt og presisert.

Rådet har særleg arbeidd med internasjonalisering. Forskingsrådet har spesielt lagt vekt på å kople norsk forskingsfinansiering saman med forskingsfinansiering i andre land. Dette gjeld både i Europa og med prioriterte samarbeidsland i verda elles.

Forskingsrådet har ansvaret for forsking for og i heile landet. Rådet har arbeidd godt med ordninga med regionale forskingsfond, som var på plass i mars 2010. Forskingsrådet har ei sentral rolle i forvaltninga av dei regionale forskingsfonda. Det er etablert ei eiga regionalavdeling i Forskingsrådet for å styrkje koordineringa av den regionale aktiviteten og for å medverke til samordning og felles læring.

Gjennom strategiarbeid, budsjettforslagsprosess, programplanlegging og nettverk medverkar Forskingsrådet til å utvikle den nasjonale, sektorovergripande samordninga av den offentlege forskingsinnsatsen. Forskingsrådet er ein sentral rådgivar for regjeringa. Forskingsrådet har mellom anna medverka aktivt i arbeidet med regjeringas forskingsstrategiar på område som klima, energi, olje og gass og nordområda.

Forskingsrådet har eit nasjonalt ansvar for allmennretta forskingsformidling, og driv tiltak som Nysgjerrigper, Forskingsdagane og konkurransen Unge Forskarar. Forskingsrådets formidlingsportefølje omfattar dermed tiltak retta mot alle aldersgrupper.

Tabellen under viser Forskingsrådets berekning av korleis rådet sine midlar frå Kunnskapsdepartementet retta seg mot dei ulike måla i 2010. Måla er av svært ulik karakter, mellom anna med tanke på kor omfattande dei er. Forskingsrådet sine tildelingar vil ofte medverke til fleire enn eitt mål, slik at kvar krone kan bli rekna fleire gongar. Tala viser at Kunnskapsdepartementets midlar i 2010 var særleg retta mot delmål 1.1, delmål 1.2 og delmål 2.3

Tabell 4.13 Løyvingane frå Kunnskapsdepartementet til Noregs forskingsråd fordelte på mål og delmål

Beløp i 1 000 kroner

Løyvingar frå Kunnskapsdepartementet

Mål 1: Auka kvalitet, kapasitet og relevans i norsk forsking i heile landet

Delmål 1.1: Styrkt forsking på nasjonalt prioriterte område

976 600

Delmål 1.2: Styrkt breidd i langsiktig, grunnleggjande forsking og konsentrasjon av ressursar rundt den beste forskinga

1 293 600

Delmål 1.3: Styrkt breidd i forskingsbasert innovasjon og konsentrasjon av ressursar rundt dei beste forskings- og innovasjonsmiljøa

193 200

Delmål 1.4: Meir forsking i næringslivet, både i breidd og i spiss

265 400

Delmål 1.5: Styrkt forsking i tråd med kunnskapsbehovet til sektorane og forvaltninga

525 400

Delmål 1.6: Styrkt utbytte frå internasjonalt forskingssamarbeid

246 000

Mål 2: God ressursutnytting og formålstenleg arbeidsdeling, samhandling og struktur i forskingssystemet

Delmål 2.1: God samanheng mellom nasjonal forskingsinnsats og internasjonalt forskingssamarbeid

241 600

Delmål 2.2: Meirverdi gjennom effektiv utnytting av forskingsløyvingane

Delmål 2.3: Dynamisk og effektiv samhandling og arbeidsdeling i forskingssystemet

1 327 700

Delmål 2.4: Ivaretaking av eit strategisk ansvar for forskingsinstitutta

163 000

Mål 3: Resultata av forskinga blir tekne i bruk i næringsliv, samfunnsliv og forvaltning i heile landet

Delmål 3.1: God og tilpassa forskingsformidling til allmenta og gode læringsarenaer mellom føretak, institutt, universitets- og høgskolesektoren, helseføretaka og forvaltninga

67 400

Delmål 3.2: Styrkt kommersialisering av forskingsresultat og auka innovasjonsevne og -takt i næringsliv og offentleg sektor

13 000

Delmål 3.3: Styrkt kunnskapsgrunnlag i det forskingsstrategiske og rådgivande arbeidet

34 470

Delmål 2.2 handlar om korleis Forskingsrådet arbeider med koordinering av ressursar i, og mellom, program, meir effektive arbeidsformer gjennom konsentrasjon av større prosjekt og med framdrift og gjennomføring i program og aktivitetar målt gjennom overføringar. Løyvingar til dette er ikkje skild ut i tabellen.

Mål 1: Auka kvalitet, kapasitet og relevans i norsk forsking i heile landet

Forskingsrådet fremmer auka kvalitet i norsk forsking på mange ulike måtar, mellom anna gjennom å ha nasjonale konkurransearenaer slik at ein sikrar at det er dei beste forskarane og dei beste forskingsmiljøa som får finansiering. Sentrale verkemiddel i Forskingsrådet er dei store programma, Open arena for framifrå forsking (FRIPRO), ulike senterordningar som til dømes Senter for framifrå forsking (SFF), ei rekkje grunnforskingsprogram, ordninga med Yngre framifrå forskarar (YFF)og forskarskolar. Innsatsen både i 2009 og i 2010 vart dominert av dei store programma og Open arena for framifrå forsking. Den opne arenaen for framifrå forsking er eit viktig tiltak for både rekruttering og kvalitet og hadde i 2010 ei løyving på om lag 480 mill. kroner. For å få meir kunnskap om effekten av dette verkemiddelet, har Forskingsrådet sett i verk ei ekstern evaluering. Evalueringa skal vere ferdig våren 2012.

Ordninga med Senter for framifrå forsking (SFF) er eit viktig verkemiddel for å fremme kvalitet og fornying i norsk forsking. Det er no 21 slike senter, fordelte på åtte vertsinstitusjonar. Fem av sentra er innanfor humaniora og samfunnsvitskap, seks er innanfor biovitskap, og ti er innanfor naturvitskap og teknologi. Alle sentra har hatt stor aktivitet i 2010. Samla budsjett er på over 1 mrd. kroner i året. Av dette finansierer Forskingsrådet 34 pst. Den verkemiddelevalueringa av SFF-ordninga som vart gjennomført i 2010, stadfesta inntrykket av at ordninga er vellykka.

Talet på stipendiatar som er finansierte av Forskingsrådet, er framleis aukande. Over halvparten av rekrutteringsårsverka er innanfor fagområda matematikk og naturvitskap og teknologi. Talet på kvinner i desse stillingane har vore stabilt i dei siste tre åra; 45 pst. av doktorgradsstipendiatane og 41 pst. av postdoktorstipendiatane er kvinner. Kjønnsprofilen fordelt på fagområde er skeiv. Det er overvekt av kvinner i medisinske fag, samfunnsvitskap og humaniora, medan det er overvekt av menn innanfor matematikk og naturvitskap og teknologi.

Klima, energitryggleik og miljøvennleg energi er sentrale område i Forskingsrådets innsats for å møte globale utfordringar. Satsinga som følgje av klimaforliket har vore viktig for desse områda. Satsinga på Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) og på forskingsinfrastruktur var spesielt tung. I dei siste åra har det komme fram eit klart behov for meir samfunnsvitskapleg og humanistisk forsking knytt til dei globale utfordringane. Forskingsrådet har derfor etablert tre nye forskingssenter for samfunnsvitskapleg forsking på miljøvennleg energi (FME-samfunn) i 2010. Forskingsrådet har òg lyst ut midlar til internasjonalt forskingssamarbeid på energiområdet.

I tråd med nasjonale prioriteringar og Forskingsrådets eigen nordområdestrategi har Forskingsrådet ei rekkje ulike program og verkemiddel som vektlegg nordområdeforsking. Stadig fleire nasjonar tek aktiv del i internasjonalt polarforskingssamarbeid. Kunnskapsdepartementet løyvde i fireårsperioden 2007–10 i alt 320 mill. kroner til Det internasjonale polaråret 2007–2010 (IPY). Gjennom IPY har Noreg styrkt sin posisjon som polarforskingsnasjon, og IPY har gitt viktige resultat i form av auka datatilfang, meir kunnskap og større forskingskapasitet.

Nesten to tredeler av Forskingsrådets innsats innanfor forsking på helse og helsetenester blir kanalisert til universitets- og høgskolesektoren. Frå 2009 til 2010 har instituttsektoren auka sin del med ein vekst på om lag 15 pst. Sentrale tema i dei helsefaglege programma har vore psykisk helse blant barn og unge, betre helse- og omsorgstenester, sjukdomsførebygging, arv versus miljø og livsstilsjukdommar. Den tematisk uavhengige forskinga utgjer òg ein viktig del av innsatsen. Dei planlagde evalueringane av norsk forsking innanfor biologi, medisin og helsefag vil bli lagde fram i 2011, og vil gi eit betre bilete på kvaliteten av norsk helseforsking.

Innsatsen retta mot velferd, arbeidsliv og utdanning auka frå 2009 til 2010. Veksten skyldast hovudsakleg ein auke i dei ulike programma innanfor utdanningsforsking og i Program for velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM). Forskingsrådets målretta innsats på området auka spesielt innanfor universitets- og høgskolesektoren, noko som til dels skyldast Utdanning 2020. Etter at fleire program vart avslutta i 2010, er dei tre programma Sykefravær, Utdanning 2020 og VAM no dei viktigaste forskingsprogramma for å sikre forsking på området. Forskingsrådet har medverka til å styrkje forsking om, og for, profesjonane innanfor fleire programsatsingar. Også utdanningsforskinga og forsking om sjukefråvær er styrkte.

Næringsrelevant forsking går føre seg i alle forskingsutøvande sektorar. Gjennom Forskingsrådet blir slik forsking støtta både i målretta program og i meir generelle verkemiddel. Forskingsrådet støttar opp under forskingsbasert innovasjon gjennom til dømes store program, Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI), Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA), Verkemiddel for regional innovasjon (VRI), Regionale forskingsfond (RFF), basisløyvingar til forskingsinstitutt, og nærings-ph.d. I tillegg kjem midlar frå skattefrådragsordninga Skattefunn. Hovudintensjonen med desse satsingane er at generelle verkemiddel utan tematiske eller næringsmessige avgrensingar, skal leggje til rette for langsiktig, næringsrelevant kompetanse og eit meir forskingsorientert og kunnskapsbasert næringsliv. For ein nærmare omtale av Regionale forskingsfond, sjå kap. 286 post 60.

Gåveforsterking

Gåveforsterkingsordninga hadde i 2010 ei ramme på 60 mill. kroner. I 2010 utbetalte Forskingsrådet 45,2 mill. kroner i gåveforsterking for private gåver på til saman 180,6 mill. kroner. Omfanget av private gåver har variert frå år til år. På grunn av liten bruk av ordninga vart det i 2010 overført 15 mill. kroner frå ordninga til bruk på forskingsinfrastruktur. Regjeringa foreslår å avvikle gåveforsterkningsordninga frå og med 2012. Sjå også omtale under kap. 285 post 53.

Mål 2: God ressursutnytting og formålstenleg arbeidsdeling, samhandling og struktur i forskingssystemet

Forskingsrådet vedtok ny strategi for internasjonalt samarbeid i 2010. Strategien dreier seg om korleis Forskingsrådet kan støtte opp om det internasjonale arbeidet til forskarane, institusjonane, føretaka, regjeringa og departementa. Den nye strategien trekkjer også fram kor viktig det er å koordinere den nasjonale og den internasjonale innsatsen for å sikre ei best mogleg utnytting av forskingsressursane.

Det multilaterale samarbeidet, særleg gjennom EUs rammeprogram og det felles europeiske forskingsområdet (ERA), utgjer hovudtyngda i det internasjonale samarbeidet. Det sjuande rammeprogrammet blir nærmare omtalt under kap. 288 post 73. For å styrkje utbyttet frå EU-forskinga skal Forskingsrådet informere og gi råd til aktørar som søkjer midlar frå EUs rammeprogram. Innanfor dette ligg også Prosjektetableringsstøtte (PES), ei ordning som blir brukt for å stimulere til auka norsk deltaking i rammeprogrammet og anna europeisk FoU-samarbeid. Forskingsrådet skaper også møteplassar, koordinerer aktivitetar og rapporterer resultat frå deltakinga.

I 2010 fekk norske forskarar tre Starting Grants og sju Advanced Grants frå ERC (European Research Council). For å stimulere til auka norsk interesse for Starting Grants har Forskingsrådet etablert ei finansieringsordning der norske søkjarar som blir innstilte til finansiering i ERC, men ikkje når heilt opp på grunn av budsjettavgrensing, får ei støtte på inntil 75 pst. av det aktuelle beløpet. I alt fekk fem unge forskarar nasjonal finansiering gjennom den nye finansieringsordninga.

Joint Programming Initiatives (JPI) er store program på tvers av dei europeiske landegrensene retta mot store globale og felles europeiske utfordringar. Alle dei foreslåtte JPI-initiativa er nær knytte til dei nasjonale prioriteringane. Noreg er anten deltakar eller observatør i alle dei initiativa som er lanserte eller under etablering. I 2010 vart det gitt klarsignal for etablering av fleire nye JPI-ar. Det er venta at EU vil vedta å føre vidare Noregs initiativ Friske og produktive sjøar og hav (Healthy and Productive Seas and Oceans) i løpet av hausten 2011. Forskingsrådet koordinerer den norske innsatsen for dette initiativet.

Også bilateralt samarbeid utanfor EU er viktig for å styrkje dei nasjonalt prioriterte områda. Innanfor helseforsking er til dømes samarbeidet med Nord-Amerika viktig. Avtalane med National Institutes of Health og National Science Foundation har stor verdi for å styrkje samarbeidet. I energiforsking er det no etablert eit tettare samarbeid med India og Japan innanfor CO2-fangst og -lagring og fornybar energi. På feltet miljøforsking er samarbeid med Kina viktig, og ein har gjennomført fellesutlysingar mellom norske og kinesiske program.

Samarbeidet med dei ti viktigaste samarbeidslanda innanfor forsking auka frå 2009 til 2010. Forskingsrådet har her spelt ei viktig rolle og har i 2010 følgt opp det bilaterale samarbeidet med dei prioriterte landa USA, Canada, Kina, Japan, India, Russland, Sør-Afrika og Brasil.

Forskingsrådet speler ei viktig rolle i arbeidet med å styrkje det nordiske samarbeidet. Det nordiske toppforskingsinitiativet innanfor klima, miljø og energi er godt i gang. Satsinga varer frå 2009 til 2013.

Konsentrasjon om større prosjekt gir rom for å sjå rekruttering, forskingsleiing, internasjonalisering og samarbeid i samanhang. For å medverke til dette har Forskingsrådet i dei siste åra hatt som målsetjing å vri tildelinga av midlar til færre framfor fleire og små prosjekt. Delen prosjekt som har ei ramme på over 1 mill. kroner, har auka frå 37 pst. i 2006 til 57 pst. i 2010. Auken har vore særleg stor det siste året. I 2010 har Forskingsrådet utvikla og implementert den elektroniske søknadshandsaminga slik at søknadshandsaminga blir meir effektiv.

Forskingsrådet har ei nasjonal koordineringsrolle når det gjeld investering i større forskingsinfrastrukturprosjekt. På denne måten sikrar ein at ein ikkje byggjer opp parallelle forskingsinfrastrukturar og at det blir ei effektiv ansvarsdeling mellom den enkelte institusjonen og Forskingsrådet. Satsinga på forskingsinfrastruktur har syta for utstyr innanfor fagfelta energi og miljø, mat, hav, helse, IKT, geologi, romfysikk, materialteknologi og bioteknologi, og har etablert ny infrastruktur for forsking med store datamengder. I 2010 tildelte Forskingsrådet 380 mill. kroner til forskingsinfrastruktur. Av dette gjekk 235 mill. kroner til følgjande fire storskala infrastrukturar: fjernstyrt havovervaking, offshore vindmøller, biobankar og nasjonal infrastruktur for nanoteknologi. Søknadene til finansieringsordninga har også danna grunnlag for Norsk veikart for forskningsinfrastruktur 2010. Vegkartet beskriv nasjonale og internasjonale forskingsinfrastrukturar som er avgjerande for å nå forskingspolitiske mål innanfor helse, klima, miljø og energi, og berre prosjekt av stor strategisk verdi for norsk forsking har vorte inkluderte i vegkartet. I 2010 vart det utlyst ytterlegare 400 mill. kroner til alle typar forskingsinfrastruktur, i tråd med vegkartet. Av desse vart 100 mill. kroner tildelt vitskapleg utstyr i mai 2011, dei resterande 300 mill. kronene vil bli tildelte storskala utstyr hausten 2011. Auka innsats på forskingsinfrastruktur har gitt eit vesentleg bidrag til betre samarbeid og arbeidsdeling i forskingssystemet. Også veksten gjennom store program mot fornybar energi har gitt eit betre grunnlag for nasjonalt koordinert innsats på dette området.

Mål 3: Resultata av forskinga blir tekne i bruk i næringsliv, samfunnsliv og forvaltning i heile landet

I 2010 arrangerte Forskingsrådet meir enn 100 konferansar, seminar og workshops for ulike eksterne grupper. Sluttkonferansen for det internasjonale polaråret var det største arrangementet, med 2 300 deltakarar frå heile verda. Forskingsrådet har også hatt arrangement retta mot næringslivet, og for bruk av forsking i politikkutforming og forvaltning. Forskingsrådet har òg starta arbeidet med ein kommunikasjonsstrategi.

Forskingsrådet legg til rette for utnytting av forskingsresultat gjennom fleire ordningar, mellom anna programma FORNY 2020 (kommersialisering av FoU-resultat), DEMO 2000 (prosjektretta teknologiutvikling i petroleumssektoren), BIA-programmet (brukarstyrt innovasjonsarena) og dei store programma. Senterordningane SFI og FME kan òg nemnast i denne samanhengen da bedrifter har ei sentral rolle i desse sentra.

Fleire forskingsprogram under Forskingsrådet har aktivitetar som i større eller mindre grad handlar om kunnskapsbehov innanfor forskings- og innovasjonspolitikken. I 2010 vart det etablert eit eige femårig forskingsprogram for dette, Kunnskapsgrunnlaget for forskings- og innovasjonspolitikken (FORFI). Sjå også kapittel 287 post 21.

Evalueringsverksemda er ei hovudkjelde til kunnskap om aktiviteten til Forskingsrådet og fagområda. I 2010 vart det gjennomført evalueringsaktivitet for over 25 mill. kroner. Dei gjennomførte evalueringane tok føre seg filosofi- og idéhistoriefagleg forsking (fagevaluering), sosiologisk forsking (fagevaluering), sosialantropologisk forsking (fagevaluering), SFF-ordninga (verkemiddelevaluering), strategiske høgskoleprosjekt – SHP (verkemiddelevaluering), SFI (midtvegsevaluering), FUGE og NANOMAT (programevalueringar), brukarstyrt forsking 2010, Forsking for innovasjon og fornying i offentleg sektor (FIFOS), Verdiskapande innovasjon i offentleg sektor (VIOS) og felles instituttevaluering av landbruksinstitutta.

Post 52 Forskingsformål

Løyvingane frå Kunnskapsdepartementet til Forskingsrådet over kap. 285 post 52 er departementets løyving til grunnforsking på alle fagområde. Posten dekkjer midlar til Open arena for framifrå forsking (FRIPRO), ulike forskingsprogram, vitskapleg utstyr, internasjonaliseringstiltak og strategi- og informasjonsarbeid i Forskingsrådet. Forskingsløyvingane på denne posten er særleg retta inn mot å fremme kvalitet uavhengig av fagområde.

Budsjettforslag for 2012

Regjeringa foreslår å auke løyvinga på posten med 92 mill. kroner. Regjeringa foreslår å føre avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping vidare som ei ordinær løyving og dermed avvikle fondsmekanismen. På denne måten blir ikkje nivået på forskingsløyvingane redusert som følgje av lågare rente også framover, jf. omtale under kap. 3286 post 85. Den auka løyvinga på posten inkluderer eit beløp som tilsvarer prisjustering av tidlegare fondsavkastning til Forskingsrådet. Posten har tidlegare ikkje blitt prisjustert sidan den har vore finansiert med fondsmidlar.

Innanfor løyvinga på posten skal Forskingsrådet auke tildelinga til Open arena for framifrå forsking (FRIPRO) med 100 mill. kroner. Løyvinga skal mellom anna støtte opp under prioriteringa til regjeringa av bioteknologi og MNT-faga (matematikk, naturfag og teknologi).

Departementet foreslår å løyve 26 mill. kroner til styrking av tiltak som skal auke deltakinga til forskingsinstitutta i EUs rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling. Institutta gjer det bra i rammeprogrammet, men det er et potensial for auka deltaking. Midlane skal også medverke til å styrkje samarbeidet mellom institutta og næringslivet, med sikte på både å auke deltakinga frå bedrifter i rammeprogrammet og å auke forskinga i næringslivet. Midlane vil bli tildelte gjennom Forskingsrådet som får i oppdrag å greie ut korleis ei slik ordning kan utformast for å styrkje desse formåla. Ei slik utgreiing skal liggje føre innan 1. februar 2012.

Vidare foreslår departementet å auke løyvinga til dei nasjonale forskarskolane med 20 mill. kroner. Satsinga skal særleg styrkje doktorgradsutdanninga og forskingsaktiviteten innanfor profesjonsfaga. Satsinga er nærmare omtalt under programkategori 07.60.

Departementet foreslår å løyve 1,27 mrd. kroner på posten i 2012.

Post 53 Overordna forskingspolitiske prioriteringar

Departementet foreslår å opprette ein ny post for å finansiere overordna forskingspolitiske prioriteringar. Dette inneber mellom anna finansiering av langsiktig, grunnleggjande forsking og forskingssatsingar på tvers av sektorar. Løyvinga har slik sett same formål som tidlegare kap. 286 post 50, med unntak av den delen av løyvinga som no går til forskingsinfrastruktur over kap. 285 post 54

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å løyve 867,6 mill. kroner på posten i 2012.

Innanfor løyvinga på posten skal Forskingsrådet styrkje ordninga med Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) med 30 mill. kroner. Forskingsrådet skal òg etablere ei ny strategisk satsing på bioteknologi på 85 mill. kroner. Dette skal vere ein del av satsinga til regjeringa på bioteknologi etter at FUGE-programmet blir avvikla i 2011. Satsinga skal medverke til å følgje opp prioriteringane i strategien for bioteknologi som regjeringa legg fram hausten 2011.

Innanfor løyvinga skal Forskingsrådet auke budsjettet til forskingsprogrammet Samfunnets kulturelle forutsetninger med 5 mill. kroner. Satsinga vil styrkje humanistisk og samfunnsfagleg forsking, og programmet skal medverke til ny kunnskap om dei kulturelle føresetnadane for samfunnsutviklinga. Forskingsrådet skal òg auke løyvinga til forskingssatsinga knytt til humane biobankar og helsedata med 10 mill. kroner. Desse forslaga er i tråd med budsjettforslaget til Forskingsrådet.

Departementet meiner at det er usikkert i kva grad gåveforsterkingsordninga løyser ut ekstra gåver frå det private, og foreslår å avvikle ordninga frå 2012.

Post 54 Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse

Departementet foreslår å opprette ein ny post for å finansiere forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse.

Stortinget vedtok i 2009 og 2010, jf. St. prp. nr. 1 (2008-2009), Budsjett-innst. S. nr. 12 (2008–2009), Prop. 1 S (2009–2010) og Innst. 12 S (2009–2010), at ein del av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping skulle vere øyremerkt forskingsinfrastruktur gjennom Forskingsrådet. For å vidareføre Stortingets intensjon om ei føreseieleg finansiering av denne typen infrastruktur foreslår departementet å oppretta ein eigen post for dette formålet.

I St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning vart finansieringsansvaret for dei ulike typane infrastruktur presisert. På bakgrunn av meldinga vart det bestemt at den enkelte forskingsinstitusjonen skal ha ansvaret for investeringane i såkalla basisutstyr, der basisutstyr er definert som utstyr som det er naturleg at mange institusjonar har, og som har ein investeringskostnad på opptil 2 mill. kroner. Finansieringa av basisutstyret skal dekkjast innanfor løyvingsramma til den enkelte institusjon. Ordninga til Forskingsrådet gjeld forskingsinfrastruktur som er av nasjonal, strategisk interesse, og som har ein investeringskostnad på mellom 2 mill. kroner og 200 mill. kroner. Ansvarsdelinga inneber at Forskingsrådet skal syte for å samordne investeringar i tilfelle der fleire miljø har behov for infrastruktur, men der kostnadene er så høge at det er mest tenleg med samarbeid. Midlane som går via Forskingsrådet, blir tildelte etter konkurranse.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å løyve 280 mill. kroner på denne posten til forskingsinfrastruktur av nasjonal interesse. Dette er midlar som tidlegare vart løyvde over kap. 286 post 50, og som er foreslått førte over til kap. 285 post 54.

Post 55 Administrasjon

Administrasjonsløyvinga til Noregs forskingsråd blir gitt over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. I tillegg til denne løyvinga finansierer Forskingsrådet administrasjonsutgifter som er knytte til dei ulike programma gjennom å bruke av det einskilde programbudsjettet.

Mål for 2012

Målet med løyvinga er at Forskingsrådet skal ha ei god personal- og økonomiforvalting som sikrar effektiv utnytting av ressursane i samsvar med måla for Forskingsrådet.

Rapport for 2010

Løyvingane over posten var på 250,7 mill. kroner i 2010. Dei samla administrasjonsutgiftene var på om lag 407 mill. kroner i 2010. Dette utgjorde om lag seks pst. av dei samla løyvingane frå departementa til Forskingsrådet, noko som er på same nivå som i dei to siste åra.

I perioden frå 2004 til 2010 har utgiftene til administrasjon nominelt vakse med 120 mill. kroner, der auken frå 2009 til 2010 var på nær 31 mill. kroner. I hovudsak skriv auken i dei siste åra seg frå nye årsverk, mellom anna knytte til Forskingsrådets oppfølging av klimaforliket og utviding av ordninga med regionale representantar. Forskingsrådet har i dei siste åra prioritert å få på plass gode IKT-løysingar. Systema for søknadshandsaming er no heilelektroniske. På denne måten er samhandlinga med søkjarar og andre brukarar effektivisert og forbetra. Jamlege undersøkingar sidan 2002 syner at brukarane i Forskings-Noreg er godt nøgde med tenestene.

I 2010 var 401,3 årsverk knytte til administrasjonen. Det er ein auke på vel 18 årsverk samanlikna med 2009. Delen kvinner er aukande, frå om lag 61 pst. i 2009 til om lag 63 pst. i 2010.

I løpet av hausten 2010 vidareutvikla Forskingsrådet organisasjonen sin slik at det frå 2011 er fire fagdivisjonar, Vitskap, Samfunn og helse, Energi, ressursar og miljø og Innovasjon. Omorganiseringa frå tre til fire fagdivisjonar inneber mellom anna at divisjonane kan utvikle kjernekompetanse på eit meir avgrensa område, og ha ei meir aktiv strategisk rolle som pådrivar og aktør når det gjeld globale og samfunnsmessige utfordringar der forsking vil spele ei viktig rolle.

Det har i dei siste åra vore merksemd kring nivået på den likviditeten Forskingsrådet har i Noregs Bank. Tabell 3.15 i vedlegg 3 viser utviklinga i likviditeten for dei fire siste rekneskapsåra.

Likviditeten består i hovudsak av tre element:

  • avsetning til dekning av påkommande kostnader som blir betalte ut året etter

  • avsetning av midlar til forskingsaktivitet som er utført, men som ikkje blir betalt ut før året etter (prosjektgjeld til utførte forskingsprosjekt)

  • midlar som er inntektsførte i Forskingsrådet, men som ikkje fullt ut er sett i aktivitet i det året midlane vart løyvde, altså ei forskyving i bruken av midlane. Denne forskyvinga i bruken av midlane skyldast to forhold:

    • forseinkingar ute i forskingsprosjekta (mellom anna ute ved universiteta og høgskolane) slik at utbetalingane kjem i eit anna tempo enn budsjetteringa hadde lagt opp til

    • at midlar ikkje er fordelte vidare til det einskilde forskingsprosjektet

Merksemda kring overføring av likviditet frå eitt budsjettår til eit anna har vore knytt til dei midlane som er sette av til planlagt forskingsaktivitet. Ved utgangen av 2010 utgjorde denne delen av likviditeten om lag 1,3 mrd. kroner av Forskingsrådets totale likviditet på 2,6 mrd. kroner. Dette er ein auke på om lag 300 mill. kroner samanlikna med året før.

Auken i dei overførte midlane er i hovudsak knytt til at det tek lang tid å få gjennomført naudsynte og lovpålagde planleggings- og innkjøpsprosessar for å kunne investere i utstyr og infrastruktur, og at det har vore forseinkingar i etableringsfasen av ordninga med Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME), som vart oppretta i 2010.

Kunnskapsdepartementet understrekar at det er naturleg at Noregs forskingsråd overfører midlar frå eit budsjettår til eit anna. Dette ligg i den rolla Forskingsrådet har i forskingssystemet. Den viktigaste rolla til Forskingsrådet er å fordele forskingsmidlar vidare ut i forskingssektoren etter nasjonal konkurranse, og slik sørgje for kvalitet og relevans i den forskinga som blir utført. Dette krev god planlegging og strenge krav til kvalitetssikring og oppfølging, noko som igjen krev tid.

Kunnskapsdepartementet har som mål å halde likviditeten på eit akseptabelt nivå. Kunnskapsdepartementet har merka seg dei forklaringane Forskingsrådet har gitt for auken i overføringsnivået, og vil følgje situasjonen nøye med innhenting av halvårlege rapportar.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår at løyvinga til administrasjon av Noregs forskingsråd blir ført vidare på same nivå som i 2011.

Kap. 286 Forskingsfond

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

50

Fondet for forsking og nyskaping, overføring til Noregs forskingsråd

1 053 832

1 207 573

60

Regionale forskingsfond, tilskott til forsking

212 400

219 000

219 000

95

Fondskapital – Fondet for forsking og nyskaping

5 000 000

3 000 000

Sum kap. 286

6 266 232

4 426 573

219 000

Post 50 Fondet for forsking og nyskaping, overføring til Noregs forskingsråd

Rapport for 2010

Rapportering om måloppnåing for 2010, er omtalt samla under kap. 285.

Budsjettforslag for 2012

Regjeringa foreslår at avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping blir ført vidare som ei ordinær løyving og at fondsmekanismen blir avvikla. Departementet foreslår derfor å avvikle posten og at løyvinga blir flytt til kap. 285 postane 53 og 54.

Post 60 Regionale forskingsfond, tilskott til forsking

Regionale forskingsfond vart oppretta frå 1. januar 2009 med ein kapital på 6 mrd. kroner. Kapitalen er plassert som kontolån til staten med ei rente som tilsvarer renta på statsobligasjonar med ti års bindingstid.

Styring og administrasjon av dei regionale forskingsfonda skjer på grunnlag av ein modell for vertskommunesamarbeid som er nedfelt i kommunelova § 28c. Denne modellen blir nytta i anna interkommunalt samarbeid, og inneber at dei fylkeskommunane som deltek i samarbeidet delegerer myndigheit til å forvalte dei regionale forskingsmidlane til ei felles folkevald nemnd. Nemnda blir i ordninga kalla fondsstyre.

Kunnskapsdepartementet har fastsett retningslinjer for regionale forskingsfond. Retningslinjene spesifiserer styringslinjer og aktørar for ordninga, oppgåvene og ansvarsområda deira, mellom anna grunnleggjande krav til administrering og styring av midlane i ordninga.

Mål for 2012

Dei regionale forskingsfonda skal styrkje regional forsking og innovasjon. Fonda skal medverke til langsiktig, grunnleggjande kompetansebygging i relevante forskingsmiljø og såleis medverke til auka kvalitet i forskinga. Fonda skal møte FoU-behov i fylka ved å støtte FoU-prosjekt initierte av offentlege og private aktørar. På denne måten blir forskings- og innovasjonspolitikk forankra i regionale føresetnader og avgjerder.

I 2011 sette Forskingsrådet i gang ei treårig følgjeevaluering av ordninga med regionale forskingsfond som kan gi grunnlag for forbetring og vidareutvikling av ordninga. Evalueringa skal halde fram i 2012 og 2013.

Rapport for 2010

Alle fondsstyra har lyst ut og tildelt midlar i 2010. Til saman kom det inn 560 søknader til dei sju fondsstyra. Samla sett for alle regionane er hovuddelen av midlane nytta til forsking på områda mat, energi, miljø, klima og teknologi. Bedrifter mottok størst del av midlane i 2010.

Forskingsrådet fekk tildelt om lag 27 mill. kroner over posten i 2010. Midlane skulle nyttast til felles utlysingar mellom fondsregionane og til eventuell utlysing av regionale problemstillingar i nasjonale forskingsprogram. I dialog med fondsstyra er om lag 26 mill. kroner tildelte fondsstyra etter same fordelingsnøkkel som for dei midlane som departementet tildeler direkte til fondsregionane. Midlane skal nyttast til fellesutlysingar som finansierer prosjekt på tvers av fondsgrensene, til utlysing av regionalt definerte problemstillingar i nasjonale forskingsprogram og til deltaking i internasjonale aktivitetar eller støtte til prosjekt med internasjonal deltaking.

Noregs forskingsråd har i samarbeid med sekretariata for fonda utvikla felles IKT-løysingar for elektronisk søknadshandsaming og levert andre støttetenester til dei regionale fondsstyra. Forskingsrådet har hatt ansvaret for læringsarenaer for kunnskapsutveksling og informasjon mellom fondsstyra og mellom fondsstyra og Forskingsrådet. Dei regionale kontora til Forskingsrådet er styrkte i samband med ordninga.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å løyve 219 mill. kroner på denne posten, det er same beløp som for 2011. Hovuddelen av løyvinga er fordelt direkte til fylkeskommunane i fondsregionane etter faste kriterium, jf. Prop. 1 S (2010–2011) for Kunnskapsdepartementet. Av dette foreslår departementet å løyve 31,5 mill. kroner til å finansiere forsking i dei fondsregionane som har best kvalitet på prosjekta sine, og til samarbeidsprosjekt mellom fondsregionane.

Departementet foreslår å løyve 8,7 mill. kroner til Forskingsrådet for årlege administrative meirutgifter knytte til ordninga. Forskingsrådet har ei viktig rolle i arbeidet med å fremme regional forsking. Rådet skal mellom anna sørgje for kvalitetssikring av søknadsbehandlinga til dei regionale fondsstyra og medverke til læring og erfaringsutveksling mellom dei ulike fondsregionane. Dei regionale representantane til Forskingsrådet skal yte hjelp til fondsstyra i arbeidet deira.

Tabell 4.14 Fordeling av midlane til fondsregionar og Noregs forskingsråd

(i 1 000 kroner)

Mottakar og formål

Beløp

Fondsregionar:

Vertsfylkeskommune

– Nord-Noreg

Troms

31 920

– Midt-Noreg

Sør-Trøndelag

24 959

– Innlandet

Hedmark

15 416

– Hovudstaden

Akershus

28 190

– Oslofjordfondet

Vestfold

33 833

– Agder

Aust-Agder

13 685

– Vestlandet

Hordaland

30 752

Noregs forskingsråd for dekning av årlege administrative meirutgifter knytte til ordninga

8 700

Noregs forskingsråd for fordeling til samarbeidsprosjekt i regionane

31 545

Totalt

219 000

Post 95 Fondskapital – Fondet for forsking og nyskaping

Departementet foreslår at avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping blir ført vidare som ei ordinær løyving, og at fondsmekanismen blir avvikla, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Som ein konsekvens av dette blir posten foreslått avvikla.

Kap. 3286 Forskingsfond

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

85

Avkastning – Fondet for forsking og nyskaping

3 562 532

3 725 960

86

Avkastning – Regionale forskingsfond

212 400

219 000

219 000

95

Fondskapital

80 000 000

Sum kap. 3286

3 774 932

3 944 960

80 219 000

Post 85 Avkastning – Fondet for forsking og nyskaping

Regjeringa foreslår å føre avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping vidare som ei ordinær løyving slik at ikkje nivået på forskingsløyvingane blir redusert som følgje av lågare rente også framover, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Dette inneber at fondsmekanismen blir avvikla, og at inntektsløyvinga over kap. 3286 post 85 ikkje skal finansiere utgiftsløyvingar til forsking i 2012. På bakgrunn av dette blir løyvinga på inntektsposten foreslått sett ned med 3,73 mrd. kroner. Dette beløpet står i samanheng med reduserte renteutgifter på kap. 1650 Statsgjeld, renter o.a., post 89 Renter og provisjon o.a. på innanlandsk statsgjeld under budsjettområdet til Finansdepartementet.

Departementet foreslår at avkastninga frå Forskingsfondet blir ført vidare som ordinære utgiftsløyvingar over kap. 285 postane 52, 53 og 54.

Endringa inneber òg at fondskapitalen på 80 mrd. kroner blir ført tilbake til statskassa og inntektsført på kap. 3286 post 95 Fondskapital. Tilbakeføringa inneber at gjelda til staten blir redusert med 80 mrd. kroner, samt at eigedelane til staten blir reduserte med 80 mrd. kroner. Samla kontantbehaldning blir ikkje påverka av tilbakeføringa, og det blir ikkje frigjort midlar til andre formål.

Post 86 Avkastning – Regionale forskingsfond

Budsjettforslag for 2012

Avkastninga frå regionale forskingsfond blir på 219 mill. kroner i 2012. Dette er same nivå som i 2011. Løyvinga blir utgiftsført med same beløp på kap. 286 post 60, jf. omtale på denne posten.

Post 95 Fondskapital

Departementet foreslår at 80 mrd. kroner som tidlegare utgjorde kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping, blir inntektsført på denne posten slik at kapitalen blir ført tilbake til statskassa, jf. omtale under kap. 3286 post 85.

Kap. 287 Forskingsinstitutt og andre tiltak

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 71

8 577

8 925

13 202

53

NUPI

3 954

4 077

4 203

56

Ludvig Holbergs forskingspris

9 101

9 100

9 100

57

Basisløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

147 128

168 858

179 093

58

Strategisk løyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

15 903

71

Tilskott til andre private institusjonar

30 481

31 926

32 916

73

Niels Henrik Abels matematikkpris

12 402

12 400

12 784

Sum kap. 287

227 546

235 286

251 298

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 71

Mål for 2012

Målet med løyvinga er å medverke til å betre kunnskapsgrunnlaget for forskingspolitikken.

Rapport 2010

Storparten av løyvinga på denne posten vart brukt i samband med eit nytt program som blir kalla Kunnskapsgrunnlaget for forskings- og innovasjonspolitikken (FORFI). Programmet, som er femårig, vart etablert og sett i drift frå 2010, og har eit totalbudsjett på nærmare 50 mill. kroner. Det vart løyvd midlar til tre forskarprosjekt som skal få fram ny kunnskap innanfor temaene strategiar og prioriteringar i norsk forskings- og innovasjonspolitikk og politikk for næringslivets samfunnsansvar.

I 2010 vart løyvinga òg mellom anna nytta til å finansiere Norwegian Open Research Archives (NORA), som var ein søkjeportal mot opne digitale arkiv ved forskings- og høgre utdanningsinstitusjonar i Noreg. NORA la òg til rette for treff i norske arkiv frå store internasjonale søkjetenester, og har vore ein fagleg pådrivar for open tilgang til forsking i Noreg. Frå 2011 vart tenestene til NORA lagde inn i det nye systemet Cristin (Current Research Information System in Norway), som er lokalisert til Universitetet i Oslo. Sjå nærmare omtale av Cristin i programkategori 07.60.

Løyvinga er også nytta til å finansiere eit utval som skal sjå samisk forsking og høgre utdanning i eit breitt regionalt, nasjonalt og internasjonalt perspektiv. Utvalet skal leggje fram utgreiinga si hausten 2011.

Løyvinga er òg nytta til å finansiere forskingssatsinga Forskning, innovasjon og økonomisk vekst (Vekstforsk), som skal styrkje samfunnsøkonomiske og innovasjonsteoretiske forskingsmiljø. Vekstforsk blir avslutta i 2011.

Nokre av midlane er dessutan nytta til å støtte forskingsprosjektet Et kunnskapsbasert Norge i regi av Handelshøyskolen BI. Prosjektet studerer næringar og regionar og samspelet mellom kunnskap og kapital og industrielle aktørar, og kartlegg kor viktig FoU-aktørar og kunnskapsmessige koplingar er for sterke næringsklyngjer. Prosjektet blir avslutta i 2011.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 4,3 mill. kroner knytt til den planlagde evalueringa av Noregs forskingsråd og utgifter i samband med utdelinga av Abelprisen, Holbergprisen og Kavliprisen.

Departementet foreslår å løyve 13,2 mill. kroner på posten i 2012.

Post 53 NUPI

Mål for 2012

Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) har til formål å medverke til auka innsikt i mellomfolkelege spørsmål, ved å drive forsking og ved å spreie informasjon om internasjonale forhold. Basisløyvinga til NUPI blir gitt over kap. 287 post 57, medan løyvinga på post 53 blir nytta til å finansiere NUPIs nasjonale informasjonsoppgåver, mellom anna instituttets rolle som formidlar til barn og unge i alderen 15–25 år. Målet for denne ordninga er å medverke til at NUPI skal vere eit leiande miljø for presentasjon av og diskusjon om internasjonal politikk.

Rapport for 2010

I tråd med målsetjinga for informasjonsarbeidet legg NUPI stor vekt på å vere synleg og å delta i det offentlege ordskiftet. NUPI arrangerte nærmare 100 seminar og konferansar i 2010. Av desse var 17 større konferansar eller seminar med meir enn 70 deltakarar. Forskarane ved NUPI har også i 2010 vore mykje nytta som kjelder, kommentatorar og ved å setje dagsordenen i media, og dei har i snitt hatt to aviskronikkar kvar på trykk i 2010.

NUPI legg særleg vekt på å spreie informasjon til barn og unge i alderen 15–25 år. Den viktigaste kanalen i dette arbeidet er nettstaden hvorhenderdet.no. I 2010 har NUPI utvikla eit virtuelt bibliotek i tilknyting til nettstaden. Her kan barn og unge mellom anna stille spørsmål og få råd og tips frå bibliotekarane til NUPI.

Nettstaden hvorhenderdet.no har eit nyhendebrev som ved utgangen av 2010 hadde over 5 000 mottakarar. I tillegg er det oppretta ei eiga Facebook-gruppe for nettstaden, med fleire tusen medlemmar. Besøk frå vidaregåande skolar frå heile landet er også ein viktig kanal for rekruttering til nettstaden, ved sida av den verdien den direkte formidlinga overfor målgruppa har i seg sjølv.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2011.

Post 56 Ludvig Holbergs forskingspris

Løyvinga blir finansiert av avkastninga frå Ludvig Holbergs minnefond, jf. kap. 3287 post 86. Midlane blir tildelte Universitetet i Bergen.

Mål for 2012

Ludvig Holbergs forskingspris er ein internasjonal, vitskapleg pris innanfor humaniora, samfunnsfag, juss og teologi. Prisen skal auke merksemda kring dei nemnde fagområda og tverrfagleg forsking. Prisen blir tildelt forskarar som på avgjerande måte har påverka internasjonal forsking på sitt område.

Rapport for 2010

I 2010 vart prisen delt ut til professor Nathalie Zemon Davis. Davis blir sett på som ein av dei fremste historikarane. Ho medverkar til innovativt forskingssamarbeid tverrfagleg og internasjonalt.

Budsjettforslag for 2012

Den avkastninga frå Holbergfondet som er opparbeidd i 2011 til bruk i 2012, vil vere på 9,1 mill. kroner, jf. kap. 3287 post 86.

Post 57 Basisløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

Ordninga med basisløyving til forskingsinstitutta vart innført i 2009, jf. St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Kunnskapsdepartementet, som eit ledd i å styrkje forskingsevna i denne delen av det norske forskingssystemet.

For å kunne delta i ordninga må eit institutt vere kvalifisert etter dei faglege kriteria som er fastsette i retningslinjer for statleg basisfinansiering av forskingsinstitutt av 19. desember 2008, og det må stillast ei basisløyving til rådvelde. I handsaminga av statsbudsjettet for 2011 vart forskingsinstitutta Frischsenteret for samfunnsøkonomisk forsking, NTNU Samfunnsforsking og Uni Rokkansenteret innlemma i ordninga med statleg basisløyving frå 2011, jf. Innst. 12 S (2010–2011). Stortinget la vidare til grunn at Forskingsrådet ikkje skal vurdere om fleire institutt er kvalifiserte for statleg basisløyving, før finansieringssystemet for institutta er evaluert.

Kunnskapsdepartementet har det overordna finansieringsansvaret for basisløyvinga til dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta.

Mål for 2012

Formålet med basisløyvinga er å sikre ein sterk samfunnsvitskapleg instituttsektor som kan tilby næringsliv og offentleg sektor relevant kompetanse og forskingstenester av høg internasjonal kvalitet. Basisløyvinga skal nyttast til langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging, skal medverke til at forskinga får god kvalitet og at institutta styrkjer rolla si som leverandør av anvend forsking. Løyvinga skal også bidra til at institutta styrkjer den internasjonale verksemda si og samarbeider godt med norske universitet og høgskolar.

I 2012 vil ti pst. av basisløyvinga til institutta bli omfordelte etter oppnådde resultat og fastlagde indikatorar, jf. Prop. 1 S (2010–2011). Dette er same del som i 2011.

Rapport for 2010

Løyvinga til strategiske satsingar vart avvikla i 2011 og innlemma i basisløyvinga på kap. 287 post 57. Rapporteringa for 2010 gjeld derfor midlane på både post 57 og 58 under kap. 287. Formålet med basisfinansieringa er å fremme kvalitet og gi institutta rom for langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging. Basisløyvinga skal nyttast til dei kvalitetsfremmande formåla og aktivitetane slik dei er fastsette i «Retningslinjer for statlig basisfinansiering av forskningsinstitutter».

Mengda publisering varierer mykje mellom dei samfunnsvitskaplege institutta. NUPI publiserte mest i 2010 med 2,71 publiseringspoeng per forskarårsverk. Trøndelag Forsking og Utvikling ligg lågast med 0,07 poeng. Snittet for alle dei samfunnsvitskaplege institutta er 0,88 publiseringspoeng per forskarårsverk.

I 2010 vart ti pst. av basisløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta fordelte mellom institutta etter oppnådde resultat. Tabellen synar kva dei samfunnsvitskaplege institutta fekk i basisløyving i 2010.

Tabell 4.15 Basisfinansiering 2010, mill. kroner

2010

Agderforskning

3,6

IRIS – Samfunns- og næringsutvikling

5,8

Møreforsking

4,2

Nordlandsforskning

4,7

Norut Alta

2,1

Norut Tromsø, samfunn

2,8

Telemarksforsking

2,9

Telemarskforsking, Notodden

1,1

Trøndelag Forskning og Utvikling

2,1

Vestlandsforsking

3,5

Østfoldforskning

2,8

Østlandsforskning

2,9

Arbeidsforskningsinstiuttet

7,2

Chr. Michelsen Institutt

14,3

Fafo

13,1

Fridtjof Nansens institutt

8,7

Frischsenteret

2,0

Institutt for samfunnsforskning

10,5

Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning

12,8

Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring

26,9

Norsk utanrikspolitisk institutt

15,4

Peace Research Institute Oslo

12,6

SINTEF Teknologi og samfunn

10,6

Samfunns- og næringslivsforskning AS (SNF)

6,3

Kjelde: 

Noregs forskingsråd

Budsjettforslag for 2012

Kunnskapsdepartementet foreslår å auke basisløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta med 5 mill. kroner. I tillegg kjem grunnløyvinga til Christian Michelsens Institutt på om lag 13,8 mill. kroner, som blir gitt over kap. 165 post 70 på budsjettet til Utanriksdepartementet. Kunnskapsdepartementet kan nytte denne løyvinga gjennom ei ordning med årleg belastningsfullmakt.

Departementet foreslår ei løyving på om lag 179 mill. kroner i 2012.

Post 58 Strategisk løyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

Løyvinga til strategiske satsingar vart avvikla i 2011 og innlemma i basisløyvinga på kap. 287 post 57.

Post 71 Tilskott til andre private institusjonar

Posten dekkjer tilskott til Senter for grunnforskning ved Det Norske Videnskaps-Akademi, Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo (DNVA), Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Akademi i Trondheim (DKNVS Akademi), Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Stiftelse (DKNVS Stiftelse), vitskaplege fond og Egede Instituttet.

Mål for 2012

Målet med tilskotta er at dei skal medverke til at forskingsinstitusjonane held fram med eller styrkjer den faglege verksemda og kompetansenivået. Tilskottet til DNVA har òg som mål å medverke til auka merksemd om forsking generelt og til auka internasjonalt samarbeid mellom forskarar. DNVA har i tillegg ansvaret for å administrere utdelinga av Abelprisen i matematikk og Kavliprisen i dei tre kategoriane astrofysikk, nevrovitskap og nanovitskap. Utgifter til Abelprisen blir løyvde over kap. 287 post 73.

Rapport for 2010

Rapporteringa for 2010 viser at alle forskingsinstitusjonane har halde fram med den faglege verksemda.

Senter for grunnforskning har gjort senteret meir synleg for samarbeidspartnarar og det offentlege. DNVA har medverka til auka merksemd om forsking generelt og har arrangert møte om fleire viktige forskingspolitiske tema, mellom anna klimaendringar. DNVA deler ut Abelprisen og Kavliprisen i matematisk-naturvitskaplege fag, og har frå 2010 også helde Akademiforelesinga i samfunnsvitskap og humaniora. DNVA deltek i fleire internasjonale organisasjonar, og medverkar til auka internasjonalt samarbeid mellom forskarar.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2011.

(i 1 000 kroner)

Institusjon

2010

2011

2012

Senter for grunnforskning

16 590

17 100

17 630

Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo

12 620

13 516

13 935

Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Akademi i Trondheim

366

375

386

Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Stiftelse

395

410

425

Vitskaplege fond

155

160

165

Egede Instituttet

355

365

375

Sum

30 481

31 926

32 916

Post 73 Niels Henrik Abels matematikkpris

Tilskottet blir disponert av Det Norske Videnskaps-Akademi, og går til å dekkje sjølve prisbeløpet og ulike arrangement knytte til prisutdelinga.

Løyvinga til Niels Henrik Abels matematikkpris er i dag finansiert av avkastninga frå Niels Henrik Abels minnefond. Regjeringa foreslår at prisen frå 2012 blir finansiert gjennom ei ordinær løyving over statsbudsjettet. Formålet med løyvinga blir uendra. For ei nærmare omtale av avviklinga av fondsmekanismen, sjå kap. 3287.

Mål for 2012

Niels Henrik Abels matematikkpris er ein internasjonal pris for framifrå forsking innanfor matematikk. Prisen skal medverke til å auke merksemda kring matematikk i samfunnet, særleg blant barn og unge.

Rapport for 2010

Abelprisen har vorte delt ut kvart år sidan 2003. Prisen er på 6 mill. kroner. Resten av løyvinga blir nytta til ulike arrangement i samband med prisutdelinga og til aktivitetar som skal auke interessa for matematikk i samfunnet. I 2010 gjekk prisen til professor John Torrence Tate for hans omfattande innverknad på talteorien.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 384 000 kroner. Auken skriv seg frå at posten er vorte prisjustert sidan han ikkje lenger er finansiert med fondsmidlar, sjå kap. 3287.

Kap. 3287 Forskingsinstitutt og andre tiltak

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

85

Avkastning frå Niels Henrik Abels minnefond

12 402

12 400

86

Avkastning frå Ludvig Holbergs minnefond

9 101

9 100

9 100

90

Fondskapital – Niels Henrik Abels minnefond

200 000

Sum kap. 3287

21 503

21 500

209 100

Niels Henrik Abels minnefond vart oppretta 1. januar 2002. Fondskapitalen har sidan opprettinga vore på 200 mill. kroner og har vore plassert som eit kontolån til staten med rente tilsvarande renta på statsobligasjonar med ti års bindingstid. Den årlege avkastninga av fondet har vore på 12,4 mill. kroner og har finansiert løyvinga på posten.

Regjeringa foreslår at avkastninga frå Niels Henriks Abels minnefond blir ført vidare som ei ordinær løyving og at fondsmekanismen blir avvikla frå og med 2012. Dette inneber at kap. 3287 post 85 ikkje skal finansiere Abelprisen i 2012. Formålet med løyvinga blir uendra.

På bakgrunn av dette blir løyvinga på inntektsposten sett ned med 12,4 mill. kroner. Dette beløpet blir motsvart av reduserte renteutgifter på kap. 1650 Statsgjeld, renter o.a., post 89 Renter og provisjon o.a. på innanlandsk statsgjeld under budsjettområdet til Finansdepartementet.

Ei avvikling inneber vidare at fondskapitalen på 200 mill. kroner blir ført tilbake til statskassa og blir inntektsført på kap. 3287 post 90.

Kap. 288 Internasjonale samarbeidstiltak

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

21

Særskilde driftsutgifter

7 210

6 817

7 028

72

Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

203 882

203 312

218 397

73

EUs rammeprogram for forsking, kan overførast

1 102 986

1 136 673

1 376 686

74

Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi, kan overførast

4 486

8 627

14 036

75

UNESCO

18 954

19 393

18 635

Sum kap. 288

1 337 518

1 374 822

1 634 782

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Mål for 2012

Det er eit mål at Noreg deltek aktivt innanfor nordisk og internasjonalt utdanningssamarbeid. Løyvinga skal mellom anna dekkje kontingenten til Senter for utdanningsforsking (CERI) under OECD samt nokre kostnader knytte til UNESCO-kommisjonens arbeid i Noreg og deltaking i ulike møte i UNESCO. Vidare går løyvinga til internasjonalt samarbeid på departementets ansvarsområde, mellom anna bilateralt samarbeid med prioriterte land.

Departementet vil vurdere tiltak som kan styrkje det bilaterale samarbeidet med Russland på myndigheitsnivå innanfor utdanning og forsking.

Ein mindre del av løyvinga vil kunne nyttast i samband med at Noreg i 2012 arrangerer eit OECD-høgnivåmøte på barnehagefeltet. Møtet vil òg bli finansiert over kap. 231 og kap. 258.

Noreg har formannskapet i Nordisk Ministerråd i 2012, og ein mindre del av løyvinga vil kunne nyttast i samband med formannskapet.

Rapport for 2010

UNESCO-kommisjonen har hatt fire møte i 2010. Kommisjonen har òg fremma UNESCOs mål i Noreg gjennom ulik aktivitet, ofte i samarbeid med andre partar. Departementet har ivareteke Noregs interesser i møte og konferansar. Arbeidet med rehabiliteringa av Norges hus i Paris vart starta i 2009, og arbeidet vart stort sett ferdig hausten 2010. Det vart òg gitt støtte til Noregs forskingsråd i samband med forskingssamarbeid i Latin-Amerika.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2011.

Post 72 Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

Mål for 2012

Medlemskapen i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar skal medverke til å nå overordna mål for norsk forskingspolitikk, inkludert høg kvalitet og internasjonalisering av norsk forsking.

Rapport for 2010

Medlemskapen i Organization for Nuclear Research (CERN), European Molecular Biology Laboratory (EMBL), European Molecular Biology Conference (EMBC), European Synchrotron Radiation Facility (ESRF) og International Agency for Research on Cancer (IARC) sikrar norske forskarar tilgang på avansert forskingsinfrastruktur. Forskingsrådet har eit særleg ansvar for norsk deltaking, inkludert oppfølging og spreiing av resultat av deltakinga.

CERN er eit av dei største laboratoria i verda for eksperimentelle studium innanfor kjerne- og elementærpartikkelfysikk. Verdas kraftigaste partikkelakselerator – Large Hadron Collider/LHC – vart starta opp i 2009. 86 norske studentar, stipendiatar og forskarar arbeidde ved CERN i 2010. Talet på nordmenn – i alt 14 – som var tilsette ved hovudkvarteret i Genève, er noko lågare enn venta ut frå nivået på medlemskontingenten. Samstundes er talet på norske doktorgradsstudentar og fellows som blir finansierte av CERN, noko høgre enn venta ut frå den same kontingenten, høvesvis to og sju. Forskingsrådet brukte om lag 21 mill. kroner fordelte på tre langsiktige forskingsprosjekt ved CERN, om lag same beløp som året før. Evalueringar som vart gjennomførte i 2009, viser at dei norske CERN-prosjekta held høg kvalitet. I 2010 er det samla inn ei stor mengd data frå alle eksperimenta ved LHC, noko som har resultert i ei lang rekkje vitskaplege publikasjonar.

EMBL er ein verdsleiande europeisk organisasjon innanfor molekylærbiologi, der forskinga blir utført av 85 frittståande forskingsgrupper. Noregs medlemskap er av stor verdi for det norske forskingsmiljøet innanfor livsvitskapane. EMBL utviklar teknologi, og tilbyr medlemslanda ei rekkje tenester knytte til mellom anna infrastruktur. EMBL har i dei siste åra opna for å inngå partnarskapsavtalar med framifrå forskingsmiljø i medlemslanda. EMBL har inngått partnarskapsavtale med to ulike forskingsmiljø i Noreg. Dette er eit kvalitetsstempel for norsk forsking, og Kunnskapsdepartementet er særs nøgd med dette, særleg sett i lys av at EMBL berre har inngått seks slike avtalar totalt. Dei norske miljøa det er inngått avtale med er Sars International Centre for Marine Molecular Biology og Norsk senter for molekylærmedisin (NCMM), som offisielt vart opna i 2010. Noreg ligg lang framme når det gjeld forsking på sjukdomsmekanismar for kreft, hjarte- og karsjukdommar, nevrologiske sjukdommar og immunsjukdommar, og forskinga ved NCMM skal vere særleg retta mot dei molekylærbiologiske sjukdomsmekanismane.

European Molecular Biology Conference (EMBC) står for den utadretta verksemda knytt til laboratoriet. Gjennom kontingenten til EMBC finansierer Noreg og dei andre medlemslanda mellom anna stipendprogram, kurs, workshops og konferansar.

Medlemskapen i ESRF er organisert gjennom eit nordisk konsortium (NORDSYNC) og gjer at norske forskarar får drive materialforsking og livsvitskap som krev avansert synkrotonstråling. Gjennom eit eige følgjeforskingsprogram skal Forskingsrådet medverke til god norsk utnytting av medlemskapen i ESRF. Frå 2010 er også nøytronforsking inkludert i programmet. Prosjekta i programmet medverkar til grunnleggjande forsking på felta fornybar energi, klima, helse og medisin. Gjennom ESRF er norske forskarar også med i eit sveitsisk-norsk samarbeid om ei eiga strålelinje (SNBL). Finansieringa frå Forskingsrådet i 2010 var på om lag 5 mill. kroner. Midlane blir nytta til å finansiere norske forskingsprosjekt ved ESRF og SNBL og til reisestønad til fagmiljøa. Programmet medverkar til god utnytting av nasjonale investeringar. Medlemskapen i ESRF blir godt utnytta av Noreg og dei andre nordiske partnarane i konsortiet. Programmet har medverka til god utnytting av nasjonale investeringar i avansert storskala forskingsinfrastruktur gjennom oppbygging av metodekompetanse og kapasitet i dei norske miljøa.

Det blir publisert ei rekkje artiklar frå norske forskarar på grunnlag av dei eksperimenta som blir utførte ved ESRF og SNBL, årleg om lag 40 artiklar i tidsskrift med fagfellevurdering.

IARC er eit internasjonalt kreftinstitutt knytt til Verdas helseorganisasjon. Den største nasjonale nytta av Noregs medlemskap ligg i det generelle bidraget organisasjonen gir til kreftforskinga, som spenner frå laboratoriebasert til epidemiologisk forsking. Norske forskarar samarbeider med fleire av forskargruppene ved instituttet, og Noregs medlem i IARCs faglege råd vart i 2010 vald til leiar for rådet.

Budsjettforslag for 2012

Kontingentane for dei enkelte medlemslanda blir bestemt ut frå ein avtalefesta berekningsnøkkel der bruttonasjonalprodukt er ein hovudfaktor. Kontingentkrava for 2012 er enno ikkje fastsette. Budsjettforslaget for 2012 er derfor i stor grad basert på vedtekne kontingentar for 2011.

Departementet foreslår at løyvinga blir nominelt auka med 15,1 mill. kroner. Auken skriv seg frå valutakursutviklinga, og da særleg i kontingenten til CERN. Vidare er auken knytt til at løyvinga til European Molecular Biology Conference (EMBC) ved ein feil vart sett for lågt i saldert budsjett for 2011. Dette utgjer om lag 2,8 mill. kroner.

Post 73 EUs rammeprogram for forsking, kan overførast

Løyvinga dekkjer norsk kontingent for deltaking i EUs rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar.

Mål for 2012

Hovudmåla for Noregs deltaking i EUs sjuande rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar er å fremme internasjonalisering og kvalitet i norsk forsking, å styrkje nasjonalt prioriterte FoU-område og å medverke til kunnskapsbasert innovasjon og fornying i norsk nærings- og samfunnsliv. Dette skjer mellom anna gjennom at norske forskarar deltek i tverrnasjonalt prosjektsamarbeid, gjennom mobilitet av forskarar og ved at det blir etablert internasjonale forskarnettverk. Noreg legg stor vekt på deltakinga i EUs forskingssamarbeid.

Rapport for 2010

EUs sjuande rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar (2007–13) er verdas største internasjonale forskingsprogram med eit samla budsjett på 50,5 mrd. euro. Den totale norske kostnaden for deltakinga i heile rammeprogrammet har vorte berekna til om lag 10 mrd. kroner. Det sjuande rammeprogrammet har som overordna mål å medverke til at det europeiske forskingsområdet blir verdsleiande. Rammeprogrammet skal òg medverke til at måla i Europe 2020-strategien om eit kunnskapssamfunn og ein berekraftig, kunnskapsbasert økonomi i Europa blir nådde. Med grunnlag i EØS-avtalen deltek norske forskingsmiljø og verksemder i EUs sjuande rammeprogram for forsking på lik linje med medlemslanda i EU. Evalueringa som NIFU gjorde av det sjette og deler av det sjuande rammeprogrammet, stadfestar at norske deltakarar har eit stort utbytte av deltakinga, sjølv om det er potensial for langt betre utnytting. Rammeprogrammet er det mest omfattande internasjonale forskingssamarbeidet Noreg er med i, både fagleg og økonomisk. Dei viktigaste samarbeidspartnarane til Noreg innanfor det sjuande rammeprogrammet er Storbritannia, Tyskland, Italia, Frankrike og Spania.

Deltaking i EUs rammeprogram gir godt utbytte for norsk forsking, og EU-forskinga er ein viktig forskingspolitisk arena for internasjonalisering av norsk forsking. Det er norsk deltaking i nesten sju pst. av alle innstilte prosjekt i rammeprogrammet så langt. Noreg har teke del i rundt 3 000 søknader og over 700 innstilte prosjekt. Dette gir ein suksessrate på nesten 24 pst., som er noko over snittet for deltakarlanda i EU. Norsk forsking fekk auka tildelingar frå EU frå 2009 til 2010. Det er likevel eit potensial for å auke deltakinga ytterlegare.

Alle dei ulike programma i EUs sjuande rammeprogram fell innanfor eit av dei prioriterte områda i forskingsmeldinga. På områda energi og miljø gjer norske forskarar det bra, med høg returprosent. Innanfor områda IKT og helse har vi større utfordringar.

Budsjettforslag for 2012

Samla budsjett for det sjuande rammeprogrammet er på om lag 50,5 mrd. euro. Den totale norske kontingenten vil vere på om lag 10 mrd. kroner. Kontingenten for det enkelte året blir bestemd av budsjettprofilen til rammeprogrammet, utviklinga i Noregs bruttonasjonalprodukt (BNP) samanlikna med BNP i dei andre deltakarlanda og utviklinga i valutakursen. Dei norske utbetalingane vil i 2012 omfatte dei utbetalingane som står att for det sjette rammeprogrammet, og utbetalingar til det sjuande rammeprogrammet. Kunnskapsdepartementet anslår at den norske kontingenten i 2012 blir på om lag 1,38 mrd. kroner.

På bakgrunn av dette foreslår departementet å auke løyvinga med 240 mill. kroner i 2012.

Post 74 Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi, kan overførast

Mål for 2012

Deltaking i Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi (EIT) skal medverke til å utvikle internasjonal innovasjonsevne i norske miljø og utvikle samspel mellom utdanning, næringsliv og forsking.

Rapport for 2010

Norsk deltaking i Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi (EIT) fekk tilslutning frå Stortinget våren 2008, jf. St.prp. nr. 56 (2007–2008) og Innst. S. nr. 251 (2007–2008). EIT er del av utviklinga av det europeiske forskingsområdet (ERA) og har som mål å fremme den europeiske innovasjonsevna gjennom å utvikle samarbeid på tvers av Europa for utdanning, næringsliv og forsking – det såkalla kunnskapstrianglet. Slikt samarbeid skal skje gjennom oppretting av kunnskaps- og innovasjonsnettverk, kalla KICs (Knowledge and Innovation Communities). Det er foreløpig inga norsk deltaking i dei KICs som er etablerte. EIT har eit styre samansett av 18 medlemmer frå ulike land, inkludert ein norsk medlem, og har hovudkontoret sitt i Budapest.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å auke løyvinga med 5,4 mill. kroner for å dekkje forpliktingane til kontingent i 2012.

Post 75 UNESCO

Mål for 2012

UNESCO, FNs særorganisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon, har i hovudoppgåve å medverke til fred og tryggleik ved å fremme internasjonalt samarbeid på fagområda til organisasjonen. Medlemslanda deltek på UNESCOs generalkonferanse og eksekutivråd, og kan dermed vere med på å påverke UNESCOs arbeid. Tilskottet er eit vilkår for norsk medlemskap og deltaking i UNESCO.

Basert på menneskerettsprinsipp og prinsippet om berekraftig utvikling skal Noreg støtte politikkutforming og tiltak i UNESCO som legg vekt på felles innsats og ansvar for å møte overnasjonale og globale utfordringar. Noregs innsats i UNESCO skal fremme demokratiutvikling, likestilling, reduksjon av fattigdom, styrking av fredsarbeid og reduksjon av konfliktar og utvikling av kunnskap som skaper gjensidig forståing og respekt.

Rapport for 2010

Løyvinga har vore nytta til å sikre norsk deltaking i UNESCO gjennom å dekkje medlemskontingenten og tilskott til World Heritage Fund. Noreg har arbeidd for at UNESCO skal bli meir effektivt og målretta, mellom anna gjennom aktiv medverknad til UNESCOs styremøte.

Budsjettforslag for 2012

Departementet foreslår å løyve om lag 18,6 mill. kroner til å dekkje forpliktingane til kontingenten og tilskottet til World Heritage Fund i 2012.

Kap. 3288 Internasjonale samarbeidstiltak

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

4 696

4 794

4 618

Sum kap. 3288

4 696

4 794

4 618

Løyvinga på post 04 gjeld innanlandske kostnader som etter statistikkdirektiva til OECD blir definerte som offentleg utviklingshjelp.

Programkategori 07.80 Utdanningsfinansiering

Utgifter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

2410

Statens lånekasse for utdanning

26 011 180

28 199 101

30 842 354

9,4

Inntekter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

5310

Statens lånekasse for utdanning

12 016 674

12 076 723

13 291 758

10,1

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

3 411 169

4 606 550

4 824 476

4,7

Sum kategori 07.80

15 427 843

16 683 273

18 116 234

8,6

Innleiing

Utdanningsfinansieringa skal gi alle lik moglegheit til utdanning og medverke til at samfunnet og arbeids- og næringslivet har tilgang på kompetanse og utdanna arbeidskraft. Statens lånekasse for utdanning (Lånekassen) administrerer utdanningsstøtteordningane, som er heimla i lov av 3. juni 2005 nr. 37 om utdanningsstøtte.

Utdanning og kompetanse er viktig for å gi kvar einskild utvikling og identitet, evne til å tenkje kritisk og ta del i demokratiske prosessar. Utdanningsstøtta legg såleis til rette for nyskaping og eit kunnskapsbasert samfunn, der den einskilde kan nytte evnene sine og medverke til å skape verdiar. Vidare er utdanningsstøtta eit sentralt verkemiddel for å nå visjonar og mål for regjeringa. Utdanningsstøtta medverkar til dømes til å sikre utdanna personale i barnehagen og i skolen, og gjer det mogleg for enkeltmenneske å nytte retten til vidaregåande opplæring og ta høgre og anna utdanning. Gode støtteordningar er eit sentralt verkemiddel for sosial utjamning i rekrutteringa til høgre utdanning, og for å leggje til rette for livslang læring. Støtteordningane legg òg til rette for rekruttering til forsking.

Utdanningsstøtta legg til rette for eit samfunn med høgt kunnskapsnivå og internasjonal orientering. Utdanning og kompetanse er stadig viktigare for eit velfungerande arbeidsliv. Kunnskapsdepartementet ønskjer at utdanningsstøtteordningane skal støtte opp under at utdanningssektoren raskt kan fange opp endringar i etterspurnaden etter arbeidskraft og utdanning.

Utdanningsstøtta skal vere treffsikker og leggje til rette for at elevar og studentar kan arbeide effektivt og med gode resultat. I tillegg til generelle støtteordningar som dekkjer behova til majoriteten av støttemottakarane, må utdanningsfinansieringa også vere målretta mot grupper og personar med særskilde behov.

Mange av dei som vart råka av terroraksjonane på Utøya og i Oslo er elevar og studentar. Kunnskapsdepartementet har lagt til rette for at interessene til elevane og studentane blir tekne vare på på best mogleg måte innanfor gjeldande regelverk om utdanningsstøtte.

Mål: Utdanningsstøtteordninga medverkar til at kvar einskild står fritt i val av utdanning. Alle kan ta utdanning uavhengig av geografiske forhold, alder, kjønn, funksjonsevne og økonomiske og sosiale forhold

Tilstandsvurdering

Fleirtalet av studentar og elevar nyttar støtteordningane gjennom Lånekassen. I undervisningsåret 2010–11 var det om lag 461 000 elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring og studentar i høgre utdanning. Om lag 370 000 personar mottok stipend og/eller lån til utdanning. Fleirtalet av støttemottakarane i høgre utdanning er i aldersgruppa 20–24 år, men i overkant av 1 000 personar var over 50 år i 2010–11. Kvinnene er i fleirtal blant støttemottakarane, og delen kvinner aukar med stigande alder. Det er òg eit fleirtal av kvinner blant studentane i høgre utdanning generelt. Elevar med ungdomsrett har rett til stipend til naudsynt individuelt utstyr (utstyrsstipend). I studieåret 2010–11 nytta 92,5 pst. av dei som har rett til det, denne ordninga.

Endringar over tid i samansetninga av gruppa studentar og elevar gjer at dei ulike innretningane i støtteordninga må bli vurderte frå tid til anna. I all hovudsak er ordninga ei universell velferdsordning som skal medverke til at alle har eit likt grunnlag for livsopphald under utdanninga. Kunnskapsdepartementet arbeider for tida med å undersøkje kva for vilkår, mellom anna økonomiske, studentane i høgre utdanning lever under. Dette vil gi eit betre kunnskapsgrunnlag for å kunne vurdere generelle forbetringstiltak for fleirtalet av studentane.

I dei seinaste åra har det vore ein klar profil på tiltaka departementet har foreslått for Stortinget om utdanningsstøtteordninga. Departementet ser at einskilde grupper kan ha behov for meir tilrettelegging enn det dei har i dag, for at dei skal ha reell moglegheit til fritt å velje utdanning. Dette gjeld mellom anna søkjarar med redusert funksjonsevne, studentar som er sjuke over lang tid, og studentar med barn. Når det gjeld arbeid med forbetringar for einskilde grupper, må ein òg sjå situasjonen i samanheng med dekninga frå andre velferdsordningar som skal sikre sosial utjamning, som ytingar frå folketrygda eller ytingar frå fylkeskommunen eller kommunen.

Frå og med studieåret 2011–12 kan studentar som ikkje har moglegheit til å arbeide ved sida av utdanninga på grunn av redusert funksjonsevne eller funksjonshemming, få utvida støtteperioden til tolv månader samt få eit ekstra månadleg stipend. Vidare kan studentar med redusert funksjonsevne som er forseinka ut over eitt år på grunn av manglande tilrettelegging i studiesituasjonen, få tildelt basisstøtta som stipend. Desse tiltaka skal medverke til at fleire personar med redusert funksjonsevne får høve til å ta høgre utdanning, og hindre at dei får høgre gjeld etter fullført utdanning.

Mål: Utdanningsstøtteordninga medverkar til internasjonalisering av utdanning og forsking ved å sikre at dei som ønskjer det, kan ta heile eller delar av utdanninga i utlandet

Tilstandsvurdering

For å nå dei måla om auka internasjonalisering som er nedfelte mellom anna i St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning, jf. Innst. S. nr. 202 (2008–2009), er det ein føresetnad at tilstrekkeleg mange har økonomisk moglegheit til å ta utdanning utanfor Noreg. Utdanningsstøtteordningane gjennom Lånekassen er eit sentralt verkemiddel for å få til dette. I internasjonal målestokk har Noreg svært gode økonomiske ordningar for studentar som vel å ta utdanning i utlandet. Det er likevel grunn til å arbeide vidare med å byggje ned dei barrierane som finst for å velje utdanning i utlandet, særleg i ikkje-engelskspråklege land. Det er gjort mindre endringar i regelverket for å opne for at fleire studentar enn tidlegare skal få støtte til gode språkkurs i ikkje-engelskspråklege land. Frå og med studieåret 2011–12 vil det berre vere krav om at timane i det fire veker lange førebuande språkkurset blir fordelte over minst tre dagar per veke, og ikkje over fem dagar som tidlegare.

Sjølv om ein trygg økonomisk basis er viktig for å velje utdanning i utlandet, vil utdanningsstøtteordninga aldri kunne vere det einaste verkemiddelet for å få nokon til å velje utdanning i utlandet framfor utdanning i Noreg. Ein må sjå dei økonomiske støtteordningane i samanheng med mellom anna styrkt satsing på informasjon og meir praktisk hjelp til å søkje seg til utdanning i utlandet.

I dei seinaste åra har talet på studentar i høgre utdanning i utlandet auka, etter nokre år med nedgang i studenttalet. Det samla talet på støttemottakarar i Lånekassen har òg auka i den same perioden. I perioden etter 2004–05 har det ikkje vore monalege endringar i støtteordninga for studentar i utlandet. Talet på studentar i utlandet har endra seg i perioden, i takt med talet på støttemottakarar generelt. Dette tyder på at generelle endringar i talet på studentar blir reflekterte i søkjartala til støtte til utdanning i utlandet. Kunnskapsdepartementet vil arbeide vidare med å følgje opp dei tiltaka for utdanningsstøtteordninga som vart varsla i St.meld. nr. 14 (2008–2009). Tiltaka gjeld både grunnopplæringa og høgre utdanning, og fokuset vil vere å leggje til rette for at elevar og studentar kan delta på undervisningsopplegg av høg kvalitet i utlandet.

Når det gjeld internasjonalisering av grunnopplæringa er hovudmålsetjinga å auke talet på grupper av elevar som får høve til å ta eitt undervisningsår ved ein utanlandsk vidaregåande skole. Samstundes er det viktig å få på plass eit kvalitetssikringssystem for dei opplegga som blir godkjende. Deltaking frå yrkesfaglege studieprogram og alle delar av landet skal sikrast. For studieåret 2011–12 vil ei ny elevgruppe kunne ta delar av den vidaregåande opplæringa i England med støtte frå Lånekassen. Det vil også bli gitt lån til skolepengar for elevar på vidaregåande skolar i utlandet for å sikre lik handsaming av skolar i Noreg og i utlandet som er godkjende etter privatskolelova. Endringa støttar opp under prinsippet om likebehandling og vil vere i samsvar med St.meld. nr. 14 (2008–2009).

For høgre utdanning er det eit viktig mål at det skal lønne seg å velje utdanning av høg kvalitet. Til dømes kan stipenddelen av stønaden til skolepengar knytast til dette valet, slik at studenten får meir av stønaden som stipend når studiestaden kan reknast som særleg god. I arbeidet med å følgje opp St.meld. nr. 14 (2008–2009) har Kunnskapsdepartementet førebels sett på ulike måtar å skipa til ei slik ordning på. Ein føresetnad er at alle utanlandske lærestader som fyller dei grunnleggjande krava til rett til utdanningsstønad, må kunne vurderast etter eitt felles system. Arbeidet til no viser at det er komplisert å få til ein modell som kan få den verknaden på val av studiestader som er hensikta. Kunnskapsdepartementet vil derfor førebels ikkje foreslå at ei slik ordning blir innførd.

Mål: Utdanningsstøtteordninga medverkar til livslang læring

Tilstandsvurdering

For å betre kunne handtere kombinasjonen av større ungdomskull og auka interesse for å studere i åra framover har Kunnskapsdepartementet varsla tiltak som auka fleksibilitet i den høgre utdanninga og betre samarbeid mellom arbeidslivet og den høgre utdanningssektoren, jf. Innst. 192 S (2009–2010) og St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja. I byrjinga av 2000-talet vart utdanningsstøtteordninga gjort meir fleksibel med betre høve til å kombinere fleire utdanningar over tid, og med høve til å ta opp utdanningslån uavhengig av økonomi. Dette vart gjort for at personar i etter- og vidareutdanning og andre som vil kombinere jobb og utdanning, òg skal kunne nytte ordninga.

Delen støttemottakarar i Lånekassen som er 25 år og eldre, var i 2010–11 om lag 18 pst. Dette kan tyde på at utdanningsstøtteordningane framfor alt blir nytta til å skaffe seg ei første kompetansegivande utdanning. Relativt få vaksne tek opp lån for å skaffe seg ei grunnopplæring eller ei vidaregåande opplæring. Utdanning på deltid er meir utbreidd blant dei eldre studentane i høgre utdanning, og delen som vel deltidsutdanning, stig med alderen. I aldersgruppa 20–24 år var det berre 2,5 pst. som valde deltidsutdanning i 2010–11, medan heile 41 pst. av dei som tok høgre utdanning i aldersgruppa 40–44 år, tok utdanning på deltid. Sjølv om talet på deltidsstudentar har vore stabilt i dei seinare åra, har delen som desse studentane representerer av alle støttemottakarane, gått ned.

Det vil vere sentralt framover å utvikle vidare støtteordninga i tråd med satsinga på kompetanseutvikling, som varsla i St.meld. nr. 44 (2008–2009). Auka fleksibilitet i utdanningssektoren må følgjast opp med omstilling av støtteordninga der det er naudsynt.

Strategiar og tiltak

Regjeringa meiner det er viktig å halde oppe kjøpekrafta i støtta til elevar, studentar og lærlingar, og har auka satsane i utdanningsstøtteordningane kvart år for å kompensere for prisutviklinga elles i samfunnet. Basisstøtta har auka frå 80 000 kroner for undervisningsåret 2005–06 til 92 500 kroner for undervisningsåret 2012–13. Justeringa frå undervisningsåret 2011–12 til 2012–13 er på 1,9 pst.

Departementet foreslår fleire mindre justeringar av utdanningsstøtta, mellom anna i ordninga med omgjering av utdanningslån til stipend, for å medverke til eit meir smidig regelverk. For å få til auka internasjonalisering av utdanninga, som omtalt i St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning, foreslår departementet mellom anna ei ny ordning med støtte til språkopplæring for studentar i enkelte land og ei utviding av talet på elevgrupper på vidaregåande nivå som kan få utdanningsstøtte til utvekslingsopphald i utlandet.

Kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 45

293 610

320 115

301 267

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

94 071

133 612

158 974

50

Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving

3 105 278

4 661 211

5 036 446

70

Utdanningsstipend, overslagsløyving

2 787 789

2 793 512

2 976 742

71

Andre stipend, overslagsløyving

581 348

532 741

598 164

72

Rentestøtte, overslagsløyving

810 410

1 105 890

1 265 276

73

Avskrivingar, overslagsløyving

419 558

404 420

452 020

74

Tap på utlån

333 193

350 000

350 000

76

Startstipend for kvotestudentar, overslagsløyving

7 503

7 751

7 898

90

Auka lån og rentegjeld, overslagsløyving

17 578 420

17 889 849

19 695 567

Sum kap. 2410

26 011 180

28 199 101

30 842 354

Postane 01 og 45 omfattar løyvingar til drift og modernisering av Lånekassen, medan løyvingane på postane 50–90 omfattar stipend, lån, rentestøtte, avskrivingar og andre delar av utdanningsstøtteordninga.

Ein stor del av utdanningsstøtta blir gitt i form av lån som kan bli gjorde om til stipend ved bestått utdanning (konverteringsordninga). Alt lån som blir utbetalt, blir løyvd over kap. 2410 post 90. I tillegg blir det løyvd midlar til avsetning til konverteringsfondet på kap. 2410 post 50 tilsvarande det beløpet som ein reknar med vil bli gjort om frå lån til stipend ved fullført utdanning, sjå nærmare omtale under post 50. Etter kvart som utdanning blir bestått, blir det overført midlar frå dette fondet til Lånekassen. Løyvinga på kap. 2410 post 50 dekkjer altså avsetning til forventa framtidige utgifter til stipend, medan rekneskapen på kap. 5310 post 93 viser den faktiske omgjeringa av lån til stipend for det aktuelle året.

Utgiftene til dei andre stipenda, slik dei kjem fram på kap. 2410 postane 70 og 71, inkluderer altså ikkje lån som er konverterte til stipend under konverteringsordninga. Skal ein få oversikt over dei samla årlege stipendutgiftene, må lån som er gjorde om til stipend, leggjast til dei stipendutgiftene som kjem fram i Lånekassens rekneskap. Ved å sjå kap. 5310 post 93 og kap. 2410 postane 70 og 71 i samanheng får ein oversikt over dette.

For 2012 er det rekna med at ca. 3,6 mrd. kroner vil bli utbetalte som stipend, og at det vil bli konvertert lån til stipend tilsvarande 4,9 mrd. kroner. Med dette reknar ein med at dei samla utgiftene til stipend blir på om lag 8,5 mrd. kroner i 2012.

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 45 og Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på post 01 omfattar midlar til drift av Lånekassen. Løyvinga på post 45 gjeld midlar til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, mellom anna kostnader i samband med moderniseringsarbeidet i Lånekassen.

Mål for 2012

Lånekassen skal forvalte utdanningsstøtteordningane på ein effektiv, sikker og kvalitetsmessig god måte. Samstundes skal Lånekassen tilby kundane effektive og tilgjengelege løysingar. Lånekassen skal nå måla for moderniseringsarbeidet innanfor dei tids- og kostnadsrammene som er fastsette i gjeldande styringsdokument.

Rapport for 2010

Samla sett hadde Lånekassen ei svært god måloppnåing i 2010. Mål knytte til sakshandsaminga og til kontakten med studentar, elevar, lærlingar og dei som er i ein tilbakebetalingsfase, vart i all hovudsak nådde. Målet for kurante tilbakebetalingssaker var det einaste som ikkje vart nådd i sin heilskap. Det var sett eit mål om at 43 pst. av sakene skulle vere kurante, medan resultatet vart 40 pst. Dette medførte likevel ikkje at kravet til gjennomsnittleg sakshandsaming ikkje vart nådd. Målet for gjennomsnittleg sakshandsaming var sett til ti dagar, medan resultatet vart åtte dagar for søknad om tildeling av støtte, og ti dagar for søknad om betalingsutsetjing. Det var sett mål om at 80 pst. av dei som ringde Lånekassen i 2010, skulle få svar, medan resultatet vart 87 pst. Gjennomsnittleg svartid vart tre dagar for førespurnad per e-post, som var det same som kravet til tida for sakshandsaminga. Lånekassen kan òg vise til gode resultat knytte til effektiv sakshandsaming og til digitalisering av sakshandsaminga. I 2010 vart det laga nye nett-tenester med elektroniske løysingar for kundar i tilbakebetalingsfasen, noko som har ført til at enda fleire av kundane til Lånekassen får rask sakshandsaming.

Planen til Lånekassen for det vidare arbeidet med moderniseringsprogrammet LØFT vart revidert i 2010, jf. Prop. 1 S (2010–2011) for Kunnskapsdepartementet og Prop. 125 S (2009–2010) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2010. Arbeidet med den andre delen av andre hovudleveranse (HL2-2) av IKT-fornyinga i Lånekassen starta mot slutten av 2010. Som følgje av problem knytte til framdrift, styring, organisering og kostnader, vart nye risikovurderingar av prosjektet gjennomførd. Resultatet vart at Kunnskapsdepartementet, som eit risikoreduserande tiltak, gav Lånekassen fullmakt til å overta prosjektstyring og prosjektansvar for HL2-2 frå hovudleverandøren. Leverandøren vil fortsatt vere hovudsamarbeidspartnar. For å sikre at fornyinga blir gjennomførd innanfor vedtekne økonomiske rammer, vil fleire risikoreduserande tiltak bli gjennomførde, mellom anna ei ekstern kvalitetssikring av leveransen. Departementet har komme til at desse endringane best sikrar ei kvalitetsmessig god gjennomføring av prosjektet innanfor gjeldande kostnadsramme. Det er risiko for ei ytterlegare forskyving av sluttidspunkt for programmet, truleg til ultimo 2013. Dette vil bli avklart når nytt styringsdokument for programmet ligg føre hausten 2011.

Budsjettforslag for 2012

Kunnskapsdepartementet foreslår å styrkje løyvinga på kap. 2410 post 01 med om lag 1,7 mill. kroner for å medverke til stabile og påreknelege driftsrammer. Gjennom tiltaket vil Lånekassen bli kompensert for pålagde oppgåver og kostnader i 2012 og tidlegare, og administrative meirutgifter knytte til regelverksendringar for 2012. Sjå nærmare omtale av forslaga under budsjettforslaget for kap. 2410 postane 50–90, kap. 5310 og kap. 5617.

Lånekassens utgifter til eID på høgt tryggleiksnivå skal dekkjast gjennom rammeoverføring til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Nye berekningar syner at overføringa for 2011 var for høg, derfor foreslår Kunnskapsdepartementet at det blir rammeoverført 125 000 kroner i budsjettet for 2012 frå kap. 1560 post 22 til kap. 2410 post 01.

Kunnskapsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 2410 post 01 med om lag 27,1 mill. kroner og å auke løyvinga på kap. 2410 post 45 med om lag 22,2 mill. kroner i tråd med gjeldande finansieringsplan for LØFT-programmet. Lånekassen vil i 2012 ha behov for å inngå avtalar som krev at Lånekassen forpliktar seg økonomisk ut over den løyvinga som er foreslått for 2012. Departementet foreslår at Lånekassen får fullmakt til å inngå avtalar ut over løyvinga for 2012, sjå forslag til vedtak IV nr. 5.

Kap. 2410 postane 50–90, kap. 5310 og kap. 5617

Løyvinga på desse postane utgjer støttebudsjettet til Lånekassen. Endringar i Lånekassens støtteordningar har som regel effekt på fleire budsjettpostar under kap. 2410, kap. 5310 og kap. 5617. Støttebudsjettet blir derfor omtalt samla. I tillegg blir dei enkelte postane omtalte kvar for seg lenger nede i teksten.

Mål for 2012

Sjå omtale av måla for utdanningsstøtteordninga for 2012 under programkategori 07.80.

Rapport for 2010

Ein stor del av ungdom og vaksne i Noreg tek utdanning. Støtteordningane gjennom Lånekassen er ein viktig føresetnad for å gjere dette mogleg. Lånekassen hadde per 1. januar 2011 om lag 898 000 kundar. Av desse er om lag 547 600 i tilbakebetalingsfasen. I undervisningsåret 2010–11 var det om lag 461 000 elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring og studentar i høgre utdanning. Om lag 370 000 personar mottok støtte frå Lånekassen.

Den samla tildelinga av utdanningsstøtte var for undervisningsåret 2010–11 på 20,5 mrd. kroner. Av dette vart i overkant av 3,4 mrd. kroner utbetalte som stipend, sjå tabell 4.18 for fordeling på dei ulike stipendformene. 17,1 mrd. kroner vart i undervisningsåret 2010–11 utbetalte som lån.

I kalenderåret 2010 vart om lag 3,4 mrd. kroner betalte ut som stipend, i tillegg vart om lag 4,5 mrd. kroner konverterte frå lån til stipend under konverteringsordninga. Dei samla utgiftene knytte til stipend i 2010 vart dermed på om lag 7,9 mrd. kroner.

I dei tre tabellane under er det gitt ei oversikt over utviklingstrekk i tala på kundar i Lånekassen og kunderelevante forhold både for dei kundane som får støtte, og for dei som er i ein tilbakebetalingsfase.

Tabell 4.16 Hovudtal for tildeling i dei fire siste undervisningsåra

2007–08

2008–09

2009–10

2010–11

Tal på elevar i vidaregåande opplæring og studentar i høgre utdanning1

441 463

449 658

453 140

460 900

Tal på støttemottakarar

289 575

303 468

345 959

369 544

Tal på støttesøkjarar

314 886

329 666

359 859

383 985

Tal på stipendmottakarar2

166 980

183 636

223 030

237 633

Tal på lånesøkjarar3

181 127

180 394

190 754

204 062

Tal på lånemottakarar

188 278

186 752

196 386

209 222

Totalt utbetalt stipend og lån (i mill. kroner)

17 062

17 361

18 898

20 495

Sum stipend (i mill. kroner)

3 049

3 035

3 226

3 386

Gjennomsnittsstipend (i kroner)

18 260

16 523

14 466

14 249

Sum lån (i mill. kroner)

14 013

14 349

15 671

17 108

Gjennomsnittslån (i kroner)

74 007

76 438

79 797

81 774

1 Talet er basert på tal på elevar i vidaregåande opplæring, tal frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) over studentar i Noreg, og Lånekassens eigne tal på studentar i utlandet.

2 Dette er talet på stipendmottakarar eksklusive dei som mottek konverteringsstipend. Tal for mottakarar av konverteringsstipend er ikkje med her fordi konvertering skjer i ettertid, sjå omtale under kap. 2410 post 50.

3 Dei som berre søkjer om utdanningsstipend, får støtta utbetalt som lån. Desse søkjarane blir registrerte som låntakarar og ikkje som lånesøkjarar. Dette er årsaka til at det er fleire lånemottakarar enn lånesøkjarar i tabellen.

Tabellen under gir ei oversikt over kor mange som har motteke ulike stipendtypar i dei to siste undervisningsåra, samt kor mykje Lånekassen har tildelt i stipend.

Tabell 4.17 Fordeling av ulike stipendformer i dei to siste undervisningsåra

Tal på stipend

Stipend i mill. kroner

2009–10

2010–11

2009–10

2010–11

Grunnstipend

67 208

70 945

993

1 019

Bustipend

30 602

30 475

1 051

1 063

Utstyrsstipend

150 490

161 892

189

203

Flyktningstipend

982

1 103

61

70

Stipend til skolepengar / gebyrstipend

11 467

12 754

291

328

Tilleggsstipend

727

831

19

24

Stipend til skolepengar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar

427

468

29

32

Språkstipend

461

515

7

8

Reisestipend, innland og Norden

45 127

47 336

54

57

Reisestipend, utanfor Norden

18 587

20 164

101

113

Reisestipend i Noreg for utanlandsstudentar

7 009

7 544

6

7

Reisestipend under kvoteordninga

800

815

5

5

Omgjering av lån til stipend ved sjukdom1

663

589

15

14

Foreldrestipend1

3 836

3 329

230

196

Forsørgjarstipend

10 900

11 330

175

185

Totalt

349 286

370 090

3 226

3 324

1 Omgjering av lån til stipend ved sjukdom og fødsel skjer i ettertid. Det betyr at det ikkje føreligg endelege tal for desse tiltaka ved utløpet av undervisningsåret. For undervisningsåret 2009–10 vart det endelege resultatet for omgjering ved sjukdom 28 mill. kroner, og ved fødsel 259 mill. kroner.

Tabellen under gir informasjon knytt til kundar i Lånekassen som er i ein tilbakebetalingsfase, og informasjon om rentestøtte under utdanning m.m.

Tabell 4.18 Hovudtal for tilbakebetaling i dei siste fire åra

2007

2008

2009

2010

Tal på tilbakebetalande låntakarar

519 297

530 700

538 494

547 617

Renteberande lån (i mill. kroner)

68 282

72 594

76 407

79 856

Betalte renter (i mill. kroner)

2 907

3 945

3 694

2 617

Avdrag (i mill. kroner)

5 235

4 877

4 819

5 501

Ettergitt/avskrive (i mill. kroner)

271

206

232

420

Rentestøtte (i mill. kroner)

1 231

1 586

1 388

810

Uteståande lån (i mill. kroner)

93 600

98 468

104 074

109 982

Uteståande renter (i mill. kroner)

2 460

2 906

2 627

2 396

I undervisningsåret 2010–11 vart alle satsane i utdanningsstøtteordningane auka med 1,6 pst. Vidare vart det i Prop. 1 S (2009–2010) for Kunnskapsdepartementet foreslått tiltak for å betre høva for fleire ulike grupper elevar og studentar. Stortinget gav si tilslutning til desse forslaga.

Som ei oppfølging av St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning vart det gjort justeringar i regelverket for tildeling av utdanningsstøtte for å redusere barrierane for å ta høgre utdanning i utlandet. Det blir no gitt utdanningsstøtte til studentar i land utanfor Norden frå og med semesteret etter at generell studiekompetanse i Noreg er oppnådd. Samstundes vart vilkåret om at utdanning i utlandet må vere offentleg godkjend i studielandet, fjerna. Dette inneber at det for gradsutdanning er tilstrekkeleg kvalitetssikring at Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) kan godkjenne utdanninga. For delstudium er det tilstrekkeleg kvalitetssikring at den norske lærestaden godkjenner utdanninga i utlandet som ein del av den utdanninga studentane er i gang med i Noreg. I 2009–10 auka talet på norske studentar i utlandet med 8 pst. frå året før, denne trenden heldt fram i 2010–11 med ein auke på 9,2 pst. Vidare vart St.meld. nr. 14 (2008–2009) følgt opp ved å opne for at to nye elevgrupper i vidaregåande opplæring kunne ta utvekslingsopphald i utlandet. Ei gruppe vart godkjend for opphald i England, og ei gruppe vart godkjend for opphald i Russland. I 2010–11 fekk 1 934 elevar støtte frå Lånekassen for utvekslingsopphald i utlandet.

Kvoteordninga er ei ordning der studentar frå utviklingsland og land på Vest-Balkan, Aust-Europa og Sentral-Asia kan søkje støtte gjennom Lånekassen til studium ved ein norsk lærestad. Ordninga er populær blant både studentane og lærestadene, og kvart år studerer om lag 1 100 kvotestudentar i Noreg. I 2010 vart det løyvd om lag 7,5 mill. kroner til ei ordning med startstipend, tilsvarande basisstøtte i to månader, til nye kvotestudentar. Dette skal sikre at kvotestudentar som kjem til Noreg, ikkje blir sette i ein vanskeleg situasjon utan midlar til livsopphald. Det kan ta lang tid å få utbetalt den ordinære utdanningsstøtta ettersom desse studentane må ha norsk personnummer og bankkonto før dei kan søkje lån. I 2010 var det i alt 424 kvotestudentar frå 36 lærestader som fekk om lag 7,5 mill. kroner i startstipend. Lånekassen har gjennomført ei kartlegging blant lærestadene som har kvotestudentar, og det har vore mange positive tilbakemeldingar. Det at studentane får midlar til livsopphald raskare, sørgjer for at dei også kan kjøpe læremiddel og delta i studentmiljøet frå starten av. For lærestadene er det ein stor fordel at Lånekassen står for utbetalinga til studentane, og at skolane berre legg til rette. Departementet meiner ordninga fungerer etter intensjonen, og vil følgje med vidare på situasjonen for nye kvotestudentar. Det vart også gjort to mindre endringar for kvotestudentane i 2010. Det vart opna for støtte til ei heimreise den første sommaren for studentar som startar utdanninga si i vårsemesteret. Vidare vart det opna for støtte om sommaren for kvotestudentar som er forseinka i det siste semesteret av utdanninga, og som kan fullføre utdanninga i løpet av ein til to månader om sommaren. Desse tiltaka gjer utnyttinga av kvoteordninga meir smidig for lærestadene og studentane.

For studentforeldre vart det i 2010 gjort to endringar i regelverket for Lånekassen. Foreldrestipendet blir no rekna ut på grunnlag av den studiebelastninga søkjaren har hatt i oppteningstida, ikkje på grunnlag av planlagd studiebelastning som tidlegare. Dette harmoniserer med prinsippa for berekning av foreldrepengar etter folketrygdlova, er meir føreseieleg, og reduserer moglegheitene for tilpassing til regelverket. Samstundes vart aldersgrensa for rett til sjukestipend ved omsorg for eigne sjuke barn heva frå ti til tolv år. Dette betrar situasjonen for ei lita gruppe studentar, dei med sjuke barn. Også dette forslaget inneber ei harmonisering med regelverket i folketrygda.

For å sørgje for likebehandling mellom elevar som tek kurs for å få generell studiekompetanse, vart det gjort ei mindre endring i regelverket. Tidlegare fekk elevar som gjekk rett over i slike kurs, støtte etter same regelverket som elevar med ungdomsrett til vidaregåande opplæring, medan elevar som tok ein pause for deretter å ta eit slikt kurs, fekk støtte etter same regelverket som studentar i høgre utdanning m.m. No får alle desse søkjarane støtte etter den delen av regelverket som gjeld høgre utdanning, fagskoleutdanning, folkehøgskoleutdanning og anna utdanning som ikkje er omfatta av opplæringslova § 3-1. Dei fleste av desse søkjarane vil sannsynlegvis oppleve endringa som riktig, sidan mange av dei er ganske vaksne og dei ikkje opplever behovsprøving mot inntekta til foreldra som naturleg.

Elevar som bur på institusjon på grunn av særlege behov, får dekt buutgifter m.m. av fylkeskommunen og har derfor ikkje rett til støtte frå Lånekassen. I tilfelle der kostnadene til nødvendig utstyr ikkje blir dekte av fylkeskommunen eller av andre offentlege midlar, meiner likevel departementet at det er riktig å gi utstyrsstipend. Det vart derfor innført eit unntak i 2010 for å tildele utstyrsstipend til elevar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1. Dette tiltaket er med på å fremme lik rett til utdanning for elevar som av ulike grunnar må bu på institusjon.

I 2009 vart det innført ei ordning med avskriving av utdanningsgjeld for låntakarar som fullførte visse lærarutdanningar innanfor realfag eller språk. I 2010 vart ordninga utvida med utdanningar i samiske språk. Ordninga bør få verke i fleire år før ein kan måle resultat av henne, og ho er foreslått ført vidare i 2012. Ordninga med avskriving generelt vart nytta av 250 personar i 2010.

I 2010 vart det også gjort endringar i systemet for å fastsetje renter i Lånekassen. Frå 1. juli 2010 vart både den faste og den flytande renta fastsette seks gonger i året mot tidlegare fire. Observasjonsperioden for flytande renter er to månader, og ny rente trer i kraft to månader etter avslutta observasjonsperioden. Observasjonsperioden for faste renter er ein månad, og ny fastrente gjeld frå første månad etter avslutta observasjonsperiode. Endringa la til rette for at rentebanen i Lånekassen i større grad enn tidlegare kunne følgje renteutviklinga i marknaden. Fastrentetilbod blir no gitt seks gonger i året mot tidlegare fire. Endringa har ikkje hatt innverknad på talet på terminar kundane skal betale inn, det er framleis fire forfall i året.

For å auke fleksibiliteten i tilbakebetalingsfasen vart det også foreslått å gjere det mogleg å gå ut av fastrenteavtalar etter berekning av over- eller underkurs. Dette vart gjort gjeldande frå 1. juli 2010. Kundane kan sjølve sjå berekninga av kostnadene ved dette på Dine sider på Lånekassens nettsider.

Verkeleg verdi

Som det vart varsla i Prop. 1 S (2009–2010) for Kunnskapsdepartementet, har det vore arbeidd med å anslå den verkelege verdien av dei fordringane staten har i låneordningane i Lånekassen. For å rekne ut den verkelege verdien av utlånsporteføljen er det laga ein modell som skil mellom kostnader knytte til dei utdanningspolitiske og sosiale tiltaka i støtteordningane, og kostnader knytte til kredittrisiko. Lånekassen hadde ein portefølje av uteståande lån og renter på 112,4 mrd. kroner ved utgangen av 2010. Den verkelege verdien av porteføljen er lågare enn den bokførte porteføljen. Dette skyldast både dei ulike utdanningspolitiske og sosiale ordningane som er knytte til støtteordningane i Lånekassen, og forventa tap som skuldast at kundane ikkje oppfyller betalingspliktane sine. Tabellen under syner kva for element det er justert for, når ein har berekna verkeleg verdi av porteføljen. På grunnlag av modellen og ein føresetnad om ei rente på fire pst. er den verkelege verdien av porteføljen ved utgangen av 2010 anslått til om lag 102,1 mrd. kroner. Differansen mellom bokført verdi og anslått verkeleg verdi utgjer om lag 10,3 mrd. kroner. Av dette er om lag 9 mrd. kroner knytte til stipend, rentestøtte og avskrivingar, medan om lag 1,3 mrd. kroner skuldast tap som følgje av kredittrisiko. Den verkelege verdien er dermed anslått til å vere 91 pst. av dei samla fordringane per 31. desember 2010. Kunnskapsdepartementet vurderer tapet som følgje av kredittrisiko som lågt, særleg med tanke på at låna blir gitt utan sikkerheit.

Tabell 4.19 Verkeleg verdi

Verdi i mill. kroner per 31. desember 2009

Verdi i mill. kroner per 31. desember 2010

Opphavleg portefølje

  • tilbakebetalarar

78 460

81 634

  • elevar og studentar

28 242

30 745

Sum opphavleg portefølje

106 702

112 379

Justeringar1

  • omgjering til stipend

3 308

3 083

  • rentefritak studentar

1 797

1 994

  • rentefritak tilbakebetalarar

1 902

2 005

  • ettergitt dødsfall

366

386

  • ettergitt sjukdom

659

694

  • ettergitt bustad

512

540

  • ettergitt Aust-Europa/u-land2

293

309

Justert portefølje

97 865

103 368

  • nedskriving

1 202

1 265

Verdi

96 663

102 103

1 I modellen er ikkje tal for over-/underkurs av fastrentelån inkludert. Per 31.12.2010 er overkurs rekna til om lag 185 mill. kroner.

2 Ettergiving til tidlegare kvotestudentar frå utviklingsland blir i hovudsak dekt inn gjennom ein årleg refusjon over Utanriksdepartementets kap.165 post 70.

Ved å leggje til grunn dei same føresetnadene som ved berekning av verkeleg verdi av porteføljen kan ein anslå noverdien av nye utlån i Lånekassen. Tabell 4.20 syner at staten kan forvente å få tilbake om lag 63 øre for kvar nye krone som blir lånt ut frå Lånekassen. Av dei 37 øra av kvar krone som ein ikkje kan forvente blir betalt tilbake, utgjer stipend, rentestøtte og avskrivingar over 36 øre. Under eitt øre per nye krone i nytt utlån blir forventa tapt som følgje av at låntakaren ikkje betaler. Berekninga gjeld alle nye utlån i Lånekassen, og skil ikkje på dei ulike gruppene av lån og låntakarar.

Tabell 4.20 Noverdien av 1 krone i nytt utlån

Verdi i kroner per 31.12.2009

Verdi i kroner per 31.12.2010

Opphavleg portefølje

  • tilbakebetalarar

0,000

0,000

  • elevar og studentar

1,000

1,000

Justeringar

  • omgjering til stipend

0,286

0,284

  • rentefritak studentar

0,051

0,052

  • rentefritak tilbakebetalarar

0,012

0,013

  • ettergitt dødsfall

0,002

0,002

  • ettergitt sjukdom

0,004

0,004

  • ettergitt bustad

0,003

0,003

  • ettergitt Aust-Europa/u-land

0,002

0,002

Justert portefølje

0,638

0,640

  • nedskriving

0,007

0,007

Verdi

0,631

0,633

Grunna avrunding er det i kolonnen for 2009 avvik mellom sumtala og tala som står ovanfor summane. Summane er i samsvar med verkeleg verdi.

Budsjettforslag for 2012

Forskrift om tildeling av utdanningsstøtte, som skal gjelde frå undervisningsåret 2012–13, og forskrift om forrenting og tilbakebetaling av utdanningslån og tap av rettar, som skal gjelde frå 1. januar 2012, blir sende ut til alminneleg høring medio oktober 2011. Departementet foreslår at alle støttesatsar i Lånekassen blir justerte med 1,9 pst. for undervisningsåret 2012–13.

Departementet foreslår at unge som er forsørgde av barnevernet og som er i ettervern, og som bur i fosterheim eller barnevernsinstitusjon, skal få utdanningsstøtte til høgre utdanning m.m. på lik linje med studentar som bur saman med foreldra. Dette vil medverke til at denne gruppa får tilgang til utdanningsstøtte på lik linje med andre unge, noko som vil gjere det lettare for desse å gjennomføre høgre utdanning. Departementet foreslår å løyve 50 000 kroner i rentestøtte til tiltaket, i tillegg kjem auka utlån på 4,4 mill. kroner i 2012.

Ordninga med omgjering av lån til stipend etter bestått eksamen (konvertering) vart innført frå hausten 2002. Ordninga inneber at søkjarane får tildelt heile basisstøtta som lån, og så blir delar av lånet (inntil 40 pst.) gjort om til stipend etter kvart som søkjaren fullfører utdanninga. Det er eit krav at søkjaren bur utanfor foreldreheimen for å kunne få ei slik omgjering. Konverteringsordninga er ei komplisert ordning som har vist seg å ha nokre manglar som det er behov for å rette på. Departementet foreslår at ordninga blir endra på to punkt. For det første at skilet mellom heimebuar og bortebuar skal etablerast allereie ved tildelinga av støtte; søkjarens bustatus vil dermed ikkje vere ein faktor på det seinare tidspunktet når konvertering skal gjennomførast. For det andre at konvertering alltid skal starte frå og med det semesteret eksamen er avlagd. Endringa vil innebere at søkjarar som er forseinka i utdanninga, og som byter bustatus (ein eller fleire gonger) i løpet av støtteperioden, kan få konvertering som dei ikkje ville fått i dagens system. Endringane departementet foreslår, vil sikre likebehandling av søkjarane og gjere ordninga meir føreseieleg og enklare å etterprøve for studentane Dei foreslåtte endringane er i tråd med intensjonen i konverteringsordninga om å stimulere til auka studiepoengproduksjon. Samstundes vil det bli enklare for studentane å halde seg oppdaterte på kva dei har fått, og kva dei kan få av konvertering. Departementet foreslår å løyve 2,6 mill. kroner til tiltaket.

Vidare blir det foreslått ei endring i regelen om at lån kan bli konverterte til stipend i åtte år bakover i tid. Noverande ordlyd opnar for at det kan bli gitt konvertering for meir enn åtte år bakover i tid dersom søkjaren sender inn eksamensresultat lang tid etter at utdanninga er teken. Departementet foreslår derfor å endre utgangspunktet for åtteårsfristen slik at han blir rekna frå det tidspunktet Lånekassen mottek eksamensresultata frå søkjaren. Det er rekna som eit rimeleg krav at dei som tek utdanning som gir grunnlag for konvertering, også sender inn dokumentasjon på dette, slik at fristen på åtte år blir reell. Departementet foreslår at løyvinga blir redusert med 139 000 kroner som følgje av tiltaket. Departementet foreslår også ei tidsavgrensing på åtte år for kor lenge overskottsresultat kan føre til konvertering for seinare periodar. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 93 000 kroner.

Utdanningsstøtta gjennom Lånekassen er ein del av eit større offentleg velferdssystem, og behovsprøving er eit viktig fordelingspolitisk verkemiddel. I dag blir utdanningsstipend og forsørgjarstipend behovsprøvde for studentar i høgre utdanning m.m. mot personinntekt, trygde- og pensjonsytingar og mot formue. Departementet foreslår at det også skal behovsprøvast mot kapitalinntekt. Forslaget inneber at det blir etablert eit felles innslagspunkt for behovsprøving mot person- og kapitalinntekt samla. Det er vidare naturleg å sjå behovsprøving mot formue og kapitalinntekt i samanheng; departementet foreslår derfor at innslagspunktet for behovsprøving mot formue blir auka med om lag 15 pst. frå same tidspunkt. Dette vil innebere at nokre fleire får omgjort stipend til lån på grunn av inntekt, mens nokre færre vil få omgjort på grunn av formue. Behovsprøvinga avgrensar berre kor stor del av lånet som kan gjerast om til stipend. Det vil ikkje påverke likviditeten i studietida, fordi søkjaren kan velje å ta opp fullt lån. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 10 mill. kroner.

Det blir vist til omtale av Gründerskolen under programkategori 07.60. Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 2410 post 71 med 760 000 kroner og løyvinga på kap. 2410 post 90 med 330 000 kroner mot ein tilsvarande auke i løyvinga på kap. 260 post 50.

I St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning vart det framheva at studentmobilitet er eit viktig aspekt ved internasjonalisering av utdanning, og det vart omtalt at stimulering til å ta utdanning i for eksempel Russland og Kina burde gjerast i form av språktiltak. Departementet foreslår derfor ei forsøksordning med å innføre rett til utdanningsstøtte til språkutdanning i utvalde land, sjølv om utdanninga ikkje er på nivå med høgre utdanning i Noreg. Forslaget inneber rett til utdanningsstøtte i opptil eitt år til språkutdanning i Kina, Russland, Brasil og India. Departementet foreslår å løyve 1,2 mill. kroner til tiltaket, i tillegg kjem auka utlån.

For å nå målet om auka internasjonalisering i vidaregåande opplæring foreslår departementet å løyve 822 000 kroner til å gi tre elevgrupper rett til å ta vidaregåande opplæring i utlandet med støtte frå Lånekassen. Det gjeld eitt opplegg der Hordaland fylkeskommune har eit samarbeid med fem forskjellige vidaregåande skolar i Basse-Normandie i Frankrike. Det gjeld vidare eit opplegg mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Armadale Academy i Skottland, samt eit opplegg mellom Storhamar videregående skole i Hedmark fylke og tre vidaregåande skolar i Canada.

Som følgje av at det likevel ikkje var mogleg å innføre støtte til eit år i utlandet til studieførebuande påbygging for elevar på yrkesfagleg utdanningsprogram i 2011–12, blir det foreslått å redusere løyvinga med 2,5 mill. kroner, jf. Innst. 420 S (2010–2011) og Prop. 120 S (2010–2011).

Post 50 Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving

Heile basisstøtta til studentar i høgre utdanning m.m. blir utbetalt som lån, og inntil 40 pst. av basisstøtta kan bli konvertert frå lån til stipend når utdanninga er gjennomført, jf. forslag til vedtak III nr. 3. Løyvinga på post 50 dekkjer avsetning til eit fond (konverteringsfondet) som Lånekassen trekkjer midlar frå etter kvart som lån blir gjorde om til stipend. Ved budsjettering av posten blir det lagt til grunn at elleve pst. av utdanninga det blir gitt støtte til, ikkje blir bestått og derfor ikkje gir omgjering frå lån til stipend. Utdanningsstipendet blir behovsprøvd mot inntekt og formue. Ved budsjettering av posten er det òg føresett at delar av stipenda blir gjorde om til lån etter den etterskottsvise behovsprøvinga mot inntekt og formue. Avsetninga på posten er altså redusert for den delen av låna som ikkje er forventa å bli konvertert fordi utdanninga ikkje blir gjennomført, og for den delen av stipenda som er forventa å bli rekonvertert til lån i samband med likningskontrollen.

Post 70 Utdanningsstipend, overslagsløyving

Løyvinga på posten gjeld utstyrsstipend, grunnstipend og bustipend til elevar og lærlingar i vanleg vidaregåande opplæring, samt flyktningstipend, foreldrestipend, sjukestipend og forsørgjarstipend for alle grupper.

Post 71 Andre stipend, overslagsløyving

Løyvinga på posten gjeld ulike stipend til dekning av reise, skolepengar og språkkurs i innland og utland.

Post 72 Rentestøtte, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekkjer kostnaden med at utdanningslån er rentefrie i utdanningstida, og er eit uttrykk for kor mykje staten subsidierer lånedelen av støtteordningane med. Løyvingsbehovet på posten varierer med rentenivået.

Tidlegare vart også rentefritak i tilbakebetalingsperioden ført på denne posten. Frå 2010 vart dette flytt til post 73, sidan rentefritak under tilbakebetaling blir sett i samanheng med andre avskrivingar som låntakarane har rett til etter forskrifta.

Post 73 Avskrivingar, overslagsløyving

Avskrivingane på post 73 er heimla i forskriftene til Lånekassen og i lov om utdanningsstøtte nr. 37 av 3. juni 2005. Avskrivingane på posten omfattar blant anna avskriving grunna sjukdom og død. Vidare er det eigne ordningar for avskriving for visse lærarutdanningar og for personar som er busette og arbeider i Finnmark. Restgjeld blir automatisk avskrive når restbeløpet er under minimumsbeløpet for innkrevjing i forskriftene.

Oversikta under viser dei elementa som utgjer post 73 Avskrivingar:

Tabell 4.21 Post 73 Avskrivingselement

Tiltak

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Sjukdom

78 376

80 000

81 000

Dødsfall

46 821

48 000

49 000

Automatisk avskriving

1 946

1 700

1 700

Avskriving for lærarutdanning

12 152

15 000

15 000

Finnmarks-avskriving

108 944

112 000

114 600

Avskriving kvoteordninga

27 184

27 600

29 000

Rentefritak

144 134

150 400

161 700

Sum

419 558

434 700

452 000

Tabell 4.22 Post 73 Avskrivingar

Tap på opphavleg hovudstol

266 000

Tap på årets renter

47 000

Tap på tidlegare opptente renter

139 000

Sum

452 000

Post 74 Tap på utlån

Løyvinga på posten dekkjer avskriving av grovt eller vedvarande misleghaldne utdanningslån. Låna blir avskrivne rekneskapsmessig som tap i Lånekassen når dei blir overførte permanent til Statens innkrevjingssentral (SI).

Oversikta under viser dei hovudelementa som utgjer post 74 Tap på utlån:

Tabell 4.23 Post 74 Tapselement

Tiltak

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

SI-permanent

283 857

300 000

300 000

Lån etter gjeldsordning

43 537

40 000

40 000

Andre forhold

5 799

10 000

10 000

Sum

333 193

350 000

350 000

Tabell 4.24 Post 74 Tap på utlån

Tap på opphavleg hovudstol

250 000

Tap på årets renter

6 000

Tap på tidlegare opptente renter

94 000

Sum

350 000

Kundar som ikkje har betalt etter tredje varsel om betaling, får lånet førebels overført til SI. Dersom SIs arbeid fører fram og kunden kjem à jour med betalingar, blir saka ført tilbake til Lånekassen. Lånekassen eig kravet og handterer gjeldsordningssaker i denne perioden. Det er først når lånet blir permanent overført til SI, normalt når gjelda har vore oppsagd i tre år, at kravet rekneskapsmessig blir overført til SI. Frå 1996 til og med 2010 har 53 536 kundar fått gjelda permanent overført til SI med eit samla beløp på 5,75 mrd. kroner. Av dette er det fram til i dag kravd inn nær 2,1 mrd. kroner. Innkrevjingsresultatet i 2010 for permanent overførte studielån vart på 251 mill. kroner mot 207 mill. kroner i 2009 og 209 mill. kroner i 2008. Det vart overført lån permanent frå Lånekassen til SI på om lag 284 mill. kroner i 2010, 277 mill. kroner i 2009 og 306 mill. kroner i 2008. Innkrevjinga til SI av overførte studielån er berekna til 240 mill. kroner i 2012.

Gjeldsslette etter gjeldsordning er berekna til 40 mill. kroner i 2012. Andre tapselement, mellom anna forelda renter, utanrettsleg gjeldsordning samt heil og delvis ettergiving av fordringar som det er uråd å drive inn, er berekna til om lag 10 mill. kroner.

Post 76 Startstipend for kvotestudentar, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekkjer utbetaling av stipend tilsvarande basisstøtte for to månader. Startstipendet blir utbetalt til kvotestudentane når dei kjem til lærestaden i Noreg for første gong.

Post 90 Auka lån og rentegjeld, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekkjer Lånekassens samla nye utlån i 2012, og berekna renter i løpet av året som ikkje er betalte ved utgangen av året.

Tidlegare vart berekna renter som vart betalte i året, også førte på denne posten, med ein tilsvarande motpost på inntektssida under kap. 5310 post 90. Dette vart endra frå 2010 ved at begge løyvingane blir nedjusterte, slik at det berre er dei rentene som ikkje blir betalte ved utgangen av budsjettåret som er synlege på denne posten som auke i låneløyvinga. Endringa inneber ikkje endringar for korleis renteinntektene blir førte på kap. 5617 post 80. Belasta gebyr blir ikkje lenger førte på post 90.

Nye utlån til kundar samt omgjeringar er berekna til å utgjere om lag 18,1 mrd. kroner, medan nettoutlån til ubetalte renter er berekna til å utgjere om lag 1,6 mrd. kroner. Den totale løyvinga på posten blir da om lag 19,7 mrd. kroner i 2012.

Tabell 4.25 Post 90 Oppsplitting i lånetypar

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Konverteringslån

6 204

6 430

Utdanningslån

9 414

9 756

Skole-/reiselån

1 884

1 949

Diverse utlån til omposteringar

-61

-65

Utlån til opptente, ikkje-betalte renter

1 257

1 626

Sum

18 698

19 696

Rekneskapen inneheld ikkje oppsplitting i lånetypar. Oppsplittinga er berekna størrelsar.

Kap. 5310 Statens lånekasse for utdanning

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

03

Diverse inntekter

813

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

24 000

24 000

16

Refusjon av foreldrepengar

1 042

18

Refusjon av sjukepengar

3 324

29

Termingebyr

27 647

27 265

25 500

89

Purregebyr

84 698

93 409

91 009

90

Redusert lån og rentegjeld

7 407 479

7 220 800

8 235 800

93

Omgjering av studielån til stipend

4 491 671

4 711 249

4 915 449

Sum kap. 5310

12 016 674

12 076 723

13 291 758

Kapitlet gjeld inntekter til Lånekassen, i hovudsak innbetalingar frå kundane og ulike refusjonar.

Post 03 gjeld i hovudsak refusjon av kostnader som Lånekassen har ved oppdrag for andre verksemder.

Visse innanlandske kostnader kan etter statistikkdirektivet i OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Post 04 gjeld ettergiving av studielån for kvotestudentar frå utviklingsland som flytter til heimlandet og buset seg der varig. Det er Utanriksdepartementet som betaler refusjonen til Lånekassen over kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjend som utviklingshjelp (ODA).

Post 29 gjeld gebyr på 35 kroner for førstegongsvarsling ved terminforfall. Kundar som nyttar eFaktura, blir ikkje belasta med gebyr ved førstegongsvarsel. Post 89 gjeld gebyr på 280 kroner ved andregongsvarsel og 490 kroner ved tredjegongsvarsel (varsel om oppseiing).

Løyvinga på post 90 gjeld innbetalte avdrag og betalte berekna renter frå tidlegare år. Avskrivne og betalte renter er frå 2010 splitta opp i avskrivne og betalte renter i inneverande og tidlegare budsjettperiodar. Avskriving av ikkje-renteberande lån samt avskriving av renteberande lån over kap. 2410 postane 73 og 74 som tidlegare vart førte på post 91, vart frå 2010 førte på post 90. Tilbakebetaling av opphavleg hovudstol er berekna til å utgjere om lag 6,2 mrd. kroner i 2012. Tilbakebetaling av rentegjeld frå tidlegare periodar er berekna til å utgjere om lag 1,3 mrd. kroner i 2012. Tilbakebetaling frå tap/kostnadsløyvingar utgjer om lag 700 mill. kroner (omfattar både hovudstol og berekna renter frå tidlegare periodar, spesifisert på kap. 2410 postane 73 og 74). Innbetalte gebyr og rentefritak vart frå 2010 ikkje lenger førte på denne posten.

Post 93 omfattar innbetaling frå eit fond (konverteringsfondet) til Lånekassen basert på konvertering av lån til stipend, sjå omtale under kap. 2410 post 50.

Kap. 5617 Renter frå Statens lånekasse for utdanning

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

80

Renter

3 411 169

4 606 550

4 824 476

Sum kap. 5617

3 411 169

4 606 550

4 824 476

Løyvinga på posten gjeld renter til staten for alle utlån til Lånekassens kundar. Dette gjeld renter som er belasta kundar i tilbakebetalingsfasen, og renter som er løyvde på tilskottspostar til å dekkje statens kostnader på lån som er rentefrie under utdanninga, og på lån som er avskrivne.

Rentestøtta er berekna til å utgjere om lag 1,4 mrd. kroner, medan opptente og innbetalte renter frå kundane er berekna til å utgjere om lag 1,8 mrd. kroner i 2012. Opptente ikkje-betalte renter frå kundane er berekna til å utgjere om lag 1,6 mrd. kroner, medan årets renter frå tap/kostnadsløyvingar er berekna til å utgjere om lag 50 mill. kroner i 2012. Belasta gebyr vart frå 2010 ikkje lenger førte på denne posten.