Del 3
Strategiar og oversikter
5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet
5.1 Innleiing
Ny kunnskap og ny erkjenning gjennom forsking er ein føresetnad for at Noreg skal utvikle seg og lykkast som samfunn. Regjeringa vil derfor halde fram med å satse på forsking i åra framover, i tråd med måla i St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning.
I statsbudsjettet for 2012 har regjeringa foreslått å løyve totalt 25,5 mrd. kroner til forsking og utvikling (FoU), inkludert Skattefunn. Dette utgjer ein nominell auke på 822 mill. kroner samanlikna med 2011.
Fordelinga av løyvingane i 2012 viser følgjande hovudprioriteringar: Open arena for framifrå forsking (FRIPRO), bioteknologi, internasjonalisering og Senter for forskingsdriven innovasjon. For ein meir detaljert omtale av prioriteringane, sjå punkt 5.3.
Dei ni forskingspolitiske måla
Regjeringa la våren 2009 fram ei stortingsmelding om forsking, St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning, som foreslår at forskingspolitikken skal rettast inn mot fem strategiske mål og fire tverrgåande mål. Dei fire tverrgåande måla omhandlar forskingssystemet, medan dei strategiske måla viser temaområde som skal vere særleg prioriterte i forskingspolitikken. I tråd med Soria Moria-erklæringa legg måla òg sterkare vekt på velferdsutfordringane og det globale perspektivet i forskinga.
Regjeringa har som mål at norsk forskingspolitikk skal medverke til
å løyse globale utfordringar med særleg vekt på miljø-, klima-, hav-, mattryggleiks- og energiforsking
god helse, utjamning av sosiale helseskilnader og utvikling av helsetenester av høg kvalitet
forskingsbasert velferdspolitikk og profesjonsutøving i yrka i velferdssektoren
eit kunnskapsbasert næringsliv i heile landet
næringsrelevant forsking på områda mat, marin, maritim, reiseliv, energi, miljø, bioteknologi, IKT og nye materialar/nanoteknologi
høg kvalitet i forskinga
eit velfungerande forskingssystem
høg grad av internasjonalisering av forskinga
effektiv utnytting av forskingsressursane og -resultata
Måla er felles for alle departementa og løyvingane til forsking og utvikling i statsbudsjettet må sjåast i lys av desse måla. Dei fire tverrgåande måla er også nærmare omtalte under programkategori 07.70
5.2 Utviklinga i offentleg forskingsinnsats
Statistikk over norsk FoU-innsats blir utarbeidd av Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) og Statistisk sentralbyrå (SSB). FoU-statistikken opererer med fire finansieringskjelder: næringslivet, det offentlege, utlandet og andre kjelder. «Offentlege kjelder» omfattar statlege løyvingar og FoU-midlar frå fylkeskommunar og kommunar. «Utlandet» inkluderer mellom anna midlar frå EUs rammeprogram for forsking og oppdrag til norske miljø frå utanlandske verksemder. «Andre kjelder» inkluderer private fond og gåver og provenytap for staten av Skattefunn-ordninga. Den siste FoU-statistikken er frå 2009.
I 2009 var dei samla utgiftene til FoU i Noreg på om lag 41,9 mrd. kroner. Samanlikna med dei to åra før, var dette ein nominell auke på om lag 5,1 mrd. kroner frå 2007 og 1,4 mrd. kroner frå 2008. Til saman utgjorde dette ein årleg gjennomsnittleg realauke på 1,7 pst. Heile auken fann stad i 2008; frå 2008 til 2009 var det ein realnedgang i FoU-utgiftene på 1,14 pst. Realnedgangen i dei totale FoU-utgiftene skriv seg frå ein realnedgang i næringslivet på 3,7 pst. frå 2008 til 2009. Som eit resultat av dette har den delen av dei totale FoU-utgiftene i Noreg som er finansiert av næringslivet, gått ned frå 45 pst. i 2007 til 43,5 pst. i 2009.
NIFU utarbeider kvart år ein analyse av statsbudsjettet, og analysen gir ein indikasjon på utviklinga i den offentlege FoU-innsatsen etter 2009. Dei offentlege løyvingane til FoU over statsbudsjettet ligg om lag ti pst. høgare enn dei offentlege kjeldene i FoU-statistikken. Hovudårsaka til forskjellen er at statsbudsjettanalysen inneheld midlar som blir kanaliserte til utlandet. I 2010 vart det løyvd 22,8 mrd. kroner til FoU over statsbudsjettet. Det utgjorde om lag 0,91 pst. av bruttonasjonalproduktet (BNP) i 2010. I 2011 vart det løyvd 23,5 mrd. kroner til FoU over statsbudsjettet. Korrigert for forventa lønns- og prisutvikling vil dette gi ein reell vidareføring av dei offentlege FoU-løyvingane samanlikna med saldert budsjett for 2010 Dette er høgre enn det dei første anslaga frå Kunnskapsdepartementet tydde på. Basert på førebelse tal utgjer løyvingane til FoU over statsbudsjettet om lag 0,87 pst. av BNP i 2011. Rekna som del av fastlands-BNP utgjorde den offentlege FoU-innsatsen over statsbudsjettet om lag 1,2 pst.
I tillegg til direkte FoU-løyvingar kjem tapte skatteinntekter og tilskott gjennom Skattefunn-ordninga. Finansdepartementet reknar at provenyeffekten (tapte skatteinntekter) av prosjekt som vart gjennomførde i 2010 var på om lag 1,3 mrd. kroner. På usikkert grunnlag kan ein anslå provenyeffekten av Skattefunn-ordninga til om lag 1,25 mrd. kroner i 2011. Samla offentleg FoU-finansiering over statsbudsjettet, inkludert Skattefunn, er dermed på om lag 24,7 mrd. kroner i 2011, noko som tilsvarer om lag 0,92 pst. av BNP. Skattefunn-ordninga er nærmare omtalt i Prop. 1 S (2011–2012) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, kapittel 2, og i Prop. 1 S (2011–2012) for Nærings- og handelsdepartementet.
Regjeringa vil supplere det overordna målet om at FoU-innsatsen skal utgjere om lag 3 pst. av BNP med andre indikatorar og foreslo i St.meld. nr. 30 (2008–2009) tre indikatorar som saman gir eit meir nyansert bilete av forskingsinnsatsen i Noreg: offentleg FoU som del av fastlands BNP, FoU-innsats per innbyggjar og FoU-årsverk per 1 000 sysselsette.
Tabell 5.1 Utgifter til FoU og FoU-årsverk i 2009, eller siste tilgjengelege statistikkår. Faste 2 000-kroner
Land | FoU-utgifter som pst. av BNP | Offentlege FoU-utgifter som pst. av BNP | Utgifter til FoU per innbyggjar (NOK) | Offentlege FoU-utgifter per innbyggjar (NOK)2 | FoU-årsverk per 1 000 sysselsette |
---|---|---|---|---|---|
Sverige | 3,62 | 0,99 | 10 069 | 2 361 | 15,4 |
Finland | 3,96 | 0,95 | 11 075 | 2 389 | 20,8 |
Danmark | 3,02 | 0,86 | 8 242 | 1 783 | 19,7 |
Noreg | 1,8 | 0,82 | 6 880 | 2 988 | 14,0 |
Island1 | 2,65 | 1,02 | 5 750 | 2 459 | 16,9 |
OECD-gjennomsnitt1 | 2,34 | 0,65 | 5 963 | – | – |
1 Tal frå 2008.
2 Tal frå 2007.
Kjelde: OECD main Science and Technology Indicators 2009-1 og National Science Indicators/Thomson Reuters/NIFU. Tala er i faste 2 000-kroner
Tabellen viser skår på dei indikatorane som vart foreslått i meldinga. I 2009 utgjorde den totale FoU-innsatsen i Noreg 1,8 pst. av BNP. Det er lågast i Norden og under gjennomsnittet i OECD-området. Rekna som del av fastlands-BNP var den totale FoU-innsatsen høgare, om lag 2,27 pst. av BNP. Den offentlege FoU-innsatsen som prosentdel av BNP ligg over gjennomsnittet i OECD, men Noreg ligg framleis lågare enn dei andre nordiske landa også på denne indikatoren.
Om ein ser på offentleg finansiert forsking per innbyggjar, ligg Noreg høgst i Norden og på andreplass i OECD-området. For total FoU-innsats per innbyggjar ligg Noreg derimot sist av dei nordiske landa, bortsett frå Island. Den offentlege FoU-innsatsen i Noreg er med andre ord høg, medan FoU-innsatsen i næringslivet framleis ligg lågare enn i dei andre nordiske landa og under gjennomsnittsnivået i OECD. Dette kjem også til syne i tala for næringslivet, sjå nedanfor.
Samanlikna med dei fleste andre land har Noreg ein høg del forskarar, og i talet på årsverk per 1 000 sysselsette ligg Noreg på sjette plass mellom OECD-landa. Samstundes ligg Noreg klart sist av dei nordiske landa, noko som heng saman med den lågare totale FoU-innsatsen per innbyggjar.
Forsking og utvikling i sektorane
FoU-utgiftene ved universiteta og høgskolane utgjorde om lag 13,4 mrd. kroner i 2009. Dette er ein betydeleg auke frå 11,7 mrd. kroner i 2007. Den årlege gjennomsnittleg realauken frå 2007 til 2009 var på 2,1 pst. Universitets- og høgskolesektoren stod for 32 pst. av den samla FoU-innsatsen i Noreg i 2009, om lag same del som sektoren hadde i 2007.
Instituttsektoren stod for 24,5 pst. av dei samla FoU-utgiftene i Noreg i 2009, ein auke frå 22,7 pst. i 2007. FoU-utgiftene i sektoren var om lag 10,3 mrd. kroner i 2009. Det var ein årleg gjennomsnittleg realauke på fire pst. frå 2007 til 2009, noko som gjer instituttsektoren til den sektoren der FoU-utgiftene auka mest.
FoU-utgiftene i næringslivet var på om lag 18,2 mrd. kroner i 2009. Dette er uendra samanlikna med 2008, noko som gav ein realnedgang på 3,7 pst. frå 2008 til 2009. Næringslivet stod for om lag 43,5 pst. av dei totale FoU-utgiftene i Noreg i 2009, noko som er relativt lågt samanlikna med andre europeiske land, og ein nedgang frå 45 pst. i 2007.
Måling av forsking
Det er krevjande å finne indikatorar som gir eit fullstendig bilete av korleis det står til med forskinga i Noreg. Det er mellom anna ei utfordring å finne fram til indikatorar som seier noko om resultata av forskinga og ikkje berre om innsatsen. I St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning slår regjeringa fast at ho vil etablere eit opplegg for ein meir systematisk gjennomgang av resultat og ressursar i norsk forsking. I 2011 la Kunnskapsdepartementet for første gang fram Forskningsbarometeret – eit årleg barometer med 24 indikatorar for norsk forsking og innovasjon.
Det regjeringsnedsette utvalet for god måloppnåing av offentleg finansiert forsking, Fagerbergutvalet, la våren 2011 fram NOU 2011: 6 Et åpnere forskningssystem. Innstillinga er send ut til høring, og innstillinga og innspela frå høringsrunden vil inngå i arbeidet med framtidige forskingsbarometer og i kunnskapsgrunnlaget til ei ny forskingsmelding i 2013.
5.3 Forsking og utvikling i statsbudsjettet 2012
Regjeringa ønskjer i statsbudsjettet for 2012 å styrkje den nasjonale forskingsinnsatsen i tråd med måla i St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning og Innst. S. nr. 354 (2008–2009). Hovudprioriteringane på forskingsområdet i neste års statsbudsjett er Open arena for framifrå forsking (FRIPRO), bioteknologi, internasjonalisering og Senter for forskingsdriven innovasjon.
Med bakgrunn i statsbudsjettanalysen for 2011 frå NIFU viser Kunnskapsdepartementets overslag at dei samla løyvingane til forsking og utvikling i statsbudsjettet 2012 er på 24,3 mrd. kroner. Dette er en nominell auke på om lag 772 mill. kroner frå 2011. Dersom ein inkluderer Skattefunn-ordninga, blir anslaget for den offentlege FoU-finansieringa på 25,5 mrd. kroner. Dette vil anslagsvis tilsvare om lag 0,92 pst. av BNP i 2012.
Tabellen nedanfor viser overslaget over løyvingane til FoU over statsbudsjettet fordelte på departement. Anslaga er usikre. Endelege tal for FoU i statsbudsjettet vil bli lagt fram av NIFU i juni 2012.
Tabell 5.2 Overslag over løyvingane til FoU over statsbudsjettet, i mill. kroner
Departement | Saldert budsjett 2011 | Forslag 2012 | Endring 2011–12 (i pst.) |
---|---|---|---|
Kunnskapsdepartementet | 11 971 | 12 461 | 4 |
Helse- og omsorgsdepartementet | 3 120 | 3339 | 7 |
Nærings- og handelsdepartementet | 1 914 | 1904 | -1 |
Forsvarsdepartementet | 975 | 975 | 0 |
Fiskeri- og kystdepartementet | 865 | 894 | 3 |
Utanriksdepartementet | 802 | 819 | 2 |
Olje- og energidepartementet | 793 | 802 | 1 |
Miljøverndepartementet | 687 | 708 | 3 |
Landbruks- og matdepartementet | 590 | 596 | 1 |
Samferdsledepartementet | 285 | 297 | 4 |
Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet | 259 | 216 | -20 |
Kommunal- og regionaldepartementet | 237 | 239 | 1 |
Arbeidsdepartementet | 202 | 209 | 3 |
Barne-, likestillings- og integreringsdepartementet | 142 | 147 | 4 |
Kulturdepartementet | 125 | 132 | 5 |
Finansdepartementet | 108 | 108 | 0 |
Justis- og politidepartementet | 47 | 50 | 5 |
Statsbankane | 353 | 350 | -1 |
Totalt | 23 475 | 24 247 | 3,2 |
Tala er avrunda til nærmaste million.
Den nominelle auken i løyvingane til forsking er på om lag 3,2 pst. Dette tilsvarer ein liten realvekst samanlikna med 2011. Auken i FoU-løyvingane skriv seg delvis frå ein auke i løyvingane på postar med FoU-del og delvis frå satsingar på FoU-området. Nedgangen på budsjettet til Fornyings-, administrasjons-, og kyrkjedepartementet skriv seg frå at byggeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren har eit venta lågare finansieringsbehov i 2012. Auken på budsjettet til Kunnskapsdepartementet skriv seg mellom anna frå ein auke i kontingenten til EUs rammeprogram for forsking og heilårseffekt av studieplassar som vart oppretta i 2011.
Forsking og utvikling i statsbudsjettet for 2012.
Open arena for framifrå forsking (FRIPRO) sikrar finansiering til dei kvalitativt beste forskingsmiljøa, i skarp konkurranse med andre, og er eit viktig verkemiddel for høg kvalitet i forskinga. Det er avgjerande at det finst tilstrekkeleg med midlar på denne arenaen slik at ein sikrar god balanse mellom tematiske satsingar og opne arenaer. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til den opne konkurransearenaen med 100 mill. kroner. Løyvinga skal mellom anna støtte opp under regjeringas prioritering av bioteknologi og MNT-faga (matematikk, naturfag og teknologi).
Ordninga med Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) skal medverke til meir innovasjon gjennom samarbeid mellom forskingsintensive bedrifter og framståande forskingsmiljø, og ordninga er ein annan viktig del av regjeringas satsing på forsking av høg kvalitet. Regjeringa foreslår derfor at ordninga med Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) blir styrkt med 30 mill. kroner.
Bioteknologi er eit viktig satsingsområde med tanke på vekst og næringsutvikling, og regjeringa vil at norsk bioteknologisk forsking skal vere ein viktig reiskap for betre helse, framtidig verdiskaping og for eit betre miljø. FUGE-programmet blir avslutta i 2011. Regjeringa foreslår derfor ei ny strategisk satsing på bioteknologi på 85 mill. kroner. Den strategiske satsinga er ein del av vidareføringa av regjeringas satsing på bioteknologi og skal medverke til følgje opp prioriteringane i strategien for bioteknologi som regjeringa legg fram hausten 2011. I tillegg til den strategiske satsinga, kjem ei styrking av Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA) med 11 mill. kroner innanfor løyvinga til Forskingsrådet frå Nærings- og handelsdepartementet.
Internasjonalt forskingssamarbeid gir norske forskingsmiljø tilgang til den internasjonale kunnskapsfronten. Noreg er i høg grad avhengig av å hente kunnskap frå utlandet for å utvikle velferdssamfunnet og auke verdiskapinga. Den norske deltakinga i EUs rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling er sentral i internasjonaliseringa av norsk forsking. Regjeringa foreslår derfor å øyremerke 26 mill. kroner til tiltak som skal auke deltakinga til forskingsinstitutta i rammeprogrammet. Institutta gjer det bra i rammeprogrammet, men det er eit potensial for auka deltaking. Midlane skal også medverke til å styrkje samarbeidet mellom institutta og næringslivet, med sikte på både å auke deltakinga frå bedrifter i rammeprogrammet og å auke forskingsintensiteten i næringslivet.
I tillegg foreslår regjeringa å styrkje basisløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta med til saman 5 mill. kroner i 2012. Dette vil gi dei samfunnsvitskaplege institutta økonomisk moglegheit til å byggje opp den langsiktige kompetansen og slik styrkje den internasjonale konkurranseevna ytterlegare. I tillegg foreslår regjeringa at Nansensenteret (NERSC – Nansen Environmental and Remote Sensing Center) blir inkludert i den statlege basisfinansieringa på fordelingsarenaen for miljøinstitutta over budsjettet til Miljøverndepartementet.
Forskingsprogrammet Samfunnets kulturelle forutsetninger har som mål å medverke til ny kunnskap om dei kulturelle dimensjonane ved aktuelle samfunnsutfordringar. Regjeringa foreslår at programmet blir styrkt med 5 mill. kroner i 2012. Satsinga vil styrkje humanistisk og samfunnsfagleg forsking, og programmet skal medverke til ny kunnskap om dei ulike føresetnadane for samfunnsutviklinga.
Norsk helsevesen har god infrastruktur, sentrale helseregister, landsdekkjande helseundersøkingar og store biobankar. Ei satsing på helsedata og humane biobankar vil kunne utnytte potensialet for forsking på biologisk materiale for å betre kunne føresjå, førebyggje og behandle sjukdom. Regjeringa foreslår derfor at forskingssatsinga knytt til humane biobankar og helsedata blir styrkt med 10 mill. kroner i 2012.
Som ledd i oppfølginga av Nasjonal helse- og omsorgsplan foreslår Helse- og omsorgsdepartementet ei omdisponering av 10 mill. kroner til ei forskingsbasert følgjeevaluering av samhandlingsreforma. Forskingsrådet fikk i 2011 i oppdrag å førebu ei slik evaluering.
5.4 Noregs forskingsråd
Noregs forskingsråd mottek løyvingar over budsjetta til alle departementa, med unntak av Forsvarsdepartementet. Tildelingane frå departementa omfattar både generelle faglege tildelingar, instituttildelingar og særskilde midlar som er øyremerkte til einskilde program eller prosjekt. Tabellen nedanfor viser ei oversikt over løyvingsforslag for dei største bidragsytarane i 2012-budsjettet.
Tabell 5.3 Foreslåtte løyvingar til Noregs forskingsråd frå dei største bidragsytarane, i 1 000 kroner
Kap.post | Departement | Saldert budsjett 2011 | Forslag 2012 |
---|---|---|---|
285.52/286.50 | Kunnskapsdepartementet | 2 389 503 | 2 421 598 |
285.55 | Kunnskapsdepartementet – administrasjon | 258 492 | 266 505 |
920.50 | Nærings- og handelsdepartementet | 1 337 000 | 1 360 000 |
1830.50 | Olje- og energidepartementet | 722 000 | 718 000 |
1023.50 | Fiskeri- og kystdepartementet | 321 060 | 205 070 |
780.50 | Helse- og omsorgsdepartementet | 265 898 | 284 141 |
1137.50 | Landsbruks- og matdepartementet | 217 528 | 219 271 |
1410.51/53 | Miljøverndepartementet | 173 869 | 174 066 |
1301.50 | Samferdsledepartementet | 150 800 | 155 500 |
Sum | 5 836 150 | 5 804 151 |
Totalt er det ein nedgang i løyvingane frå dei største bidragsytarane på om lag 32 mill. kroner. Nedgangen skriv seg i hovudsak frå at Fiskeri- og kystdepartementet frå 2012 har foreslått å flytte basisløyvinga til primærnæringsinstitutta til ein eigen post.
Det er utvikla eit felles mål- og resultatstyringssystem for tildelingane frå departementa til Noregs forskingsråd. Systemet inneber felles retningslinjer for styringa av Forskingsrådet, ein felles målstruktur for tildelingsbreva og eit sett rapporteringsindikatorar. Den nye målstrukturen byggjer opp under dei nasjonale forskingspolitiske måla. Mål- og resultatstrukturen vart sett i verk frå og med budsjettåret 2010. Basert på desse måla er det også utvikla eit sett med styringsparametrar som utgjer grunnlaget for den rapporteringa Forskingsrådet arbeider fram for departementa. Styringsparametrane er utvikla i samband med tildelingsbreva for 2010. I 2011 er det første gong departementa rapporterer på verksemda til Forskingsrådet i tråd med den nye målstrukturen. I Prop. 1 S (2011–2012) for Kunnskapsdepartementet står denne rapporteringa under kap. 285.
Forskingsrådet skal evaluerast i løpet av stortingsperioden 2009–13. Evalueringa skal gi ei samla vurdering av Forskingsrådet ut frå dei overordna måla som er sette for verksemda til rådet, og vurdere desse i lys av nye utviklingstrekk. Evalueringsoppdraget er lyst ut, og Technopolis Group er valt ut til å gjennomføre evalueringa. Evalueringa er planlagd ferdig i august 2012.
6 Ressursar i grunnopplæringa
Innleiing
Kapitlet gir informasjon om status for og utvikling i ressursbruken i grunnopplæringa. Talet på elevar og lærlingar er objektive faktorar som er avgjerande for ressursbruken i skolen. Talet på lærarar, skolestruktur o.a. har òg innverknad på kostnadsnivået, men dette er til dels gjenstand for lokale prioriteringar og påverka av til dømes tilgang på lærarar.
Det er kommunane og fylkeskommunane som er ansvarlege for drifta av høvesvis grunnskolen og vidaregåande opplæring. Grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir i hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Både i kommunane og i fylkeskommunane er opplæring ein stor og viktig sektor. Samla netto driftsutgifter til grunnskole var i 2010 om lag 55 mrd. kroner og utgjorde i overkant av 30 pst. av driftsutgiftene i kommunane. Tilsvarande var samla netto driftsutgifter til vidaregåande opplæring i 2010 om lag 26 mrd. kroner og utgjorde i overkant av 56 pst. av driftsutgiftene i fylkeskommunane. Ressursbruken i grunnopplæringa i Noreg har vore relativt stabil i dei siste åra når det gjeld både totale ressursar og ressursar per elev.
Kapitlet startar med ei orientering om utviklinga i talet på elevar og lærlingar i grunnopplæringa, med informasjon om mellom anna fordeling på utdanningsprogram. Vidare er det ein omtale av lærartettleik og assistentar. Dei neste tema er vaksne i grunnopplæringa, leirskoleordninga, skolefritidsordninga (SFO) og leksehjelp, før det blir gitt ein omtale av kommunale utgifter til grunnopplæring og utgifter per elev, kommunale forskjellar i ressursbruk, samt skolestruktur. Mot slutten av kapitlet er internasjonale undersøkingar omtalte.
Talgrunnlaget er i hovudsak henta frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI), Statistisk sentralbyrå (SSB), KOSTRA (Kommune–stat-rapportering) og Utdanningsspeilet 2011 frå Utdanningsdirektoratet.
Elevar og lærlingar i grunnopplæringa
Hausten 2010 var det 614 020 elevar i ordinære private og offentlege grunnskolar. Tabellen under viser utviklinga i elevtalet sidan skoleåret 2005–06.
Tabell 6.1 Talet på elevar i grunnskolen i perioden 2005–06 til 2010–11. Ordinære grunnskolar
Skoleår | Barnetrinnet | Ungdomstrinnet | Totalt |
---|---|---|---|
2005–06 | 429 207 | 187 856 | 619 640 |
2006–07 | 430 737 | 188 301 | 619 038 |
2007–08 | 428 650 | 187 537 | 616 388 |
2008–09 | 425 756 | 188 262 | 614 033 |
2009–10 | 423 194 | 190 711 | 613 928 |
2010–11 | 422 494 | 191 459 | 614 020 |
Kjelde: GSI
Om lag 97 pst. av alle elevane som gjekk ut av 10. trinn i grunnskolen våren 2010, gjekk direkte over i vidaregåande opplæring same haust. Om lag halvparten av elevane som begynte på 1. trinn i vidaregåande opplæring hausten 2010, begynte på eit studieførebuande program. Talet på elevar i vidaregåande opplæring hausten 2010 var i alt 193 831 elevar. Av desse var det 4 884 elevar med vedtak om opplæring som fører fram til grunnkompetanse. Desse var tidlegare skilte ut i kategorien alternativ opplæring. Tala for Vg1 for 2010–11 kan derfor ikkje direkte samanliknast med tala for åra før. Tabellen nedanfor viser talet på elevar på studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram på dei tre stega i vidaregåande skole. At talet på elevar på yrkesfaglege program går ned på Vg3 samanlikna med på Vg2, skyldast at dei fleste elevane på dei yrkesfaglege programma blir lærlingar eller vel å ta påbygging til generell studiekompetanse etter Vg2. Det går fram av tabellen at talet på elevar på Vg3 stig noko både på yrkesfaglege program og på studieførebuande program samanlikna med i fjor. Vanskar med å få læreplass kan vere årsak til at fleire fekk tilbod om og valde Vg3 i skole.
Tabell 6.2 Fordeling av elevar på utdanningsprogram og -nivå i vidaregåande skole. Reviderte tal
Steg 1 | (Vg1) | Steg 2 | (Vg2) | Steg 3 | (Vg3) | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|
År | Studieføre-buande | Yrkesfagleg* | Studieførebuande | Yrkesfagleg | Studieførebuande | Yrkesfagleg | I alt |
2007–08 | 34 318 | 39 071 | 29 683 | 33 871 | 41 067 | 10 187 | 188 197 |
2008–09 | 33 359 | 38 821 | 30 236 | 33 812 | 41 345 | 5 947 | 183 520 |
2009–10 | 32 772 | 38 620 | 30 558 | 34 963 | 44 674 | 5 905 | 187 492 |
2010–11 | 35 508 | 40 706 | 29 877 | 35 386 | 45 640 | 6 714 | 193 831 |
* Av desse var det 4 884 elevar med vedtak om opplæring som fører fram til grunnkompetanse. Desse var tidlegare skilte ut i kategorien alternativ opplæring. Tala for Vg1 for 2010–11 kan derfor ikkje direkte samanliknast med tala for åra før.
Kjelde: SSB/Utdanningsdirektoratet
Frå og med 2003, da talet på lærlingar var i underkant av 30 000, auka talet fram til 2008. Per 1. oktober 2010 var det registrert 34 208 lærlingar og 1 311 lærekandidatar. Dette er om lag fem pst. færre lærlingar enn i 2009, mens det er om lag seks pst. fleire lærekandidatar enn i 2009. Nedgangen var størst i dei mannsdominerte yrkesfaga og skyldast truleg i hovudsak at det har vore vanskelegare å skaffe læreplassar på grunn av finanskrisa. Til læreplass i skoleåret 2010–11 var det 17 455 søkjarar, noko som utgjer ein auke på 715 søkjarar frå året før. Det er flest søkjarar til læreplassar i teknikk og industriell produksjon, bygg- og anleggsteknikk, helse- og sosialfag og elektrofag.
For meir informasjon om elevar og lærlingar i grunnopplæringa, sjå Utdanningsspeilet 2011.
Lærarårsverk
Årsverk til undervisningspersonale blir berekna på bakgrunn av registrerte årstimar. I 2010 er det berekna talet på årsverk til undervisning og andre oppgåver 56 132, det vil seie ei marginal endring frå året før.
Tabell 6.3 Berekna årsverk til undervisning og andre oppgåver i grunnskolen, utvikling i årsverk
År | Berekna årsverk til undervisning og andre oppgåver, sum årsverk | Av dette andre oppgåver |
---|---|---|
2006–07 | 53 752 | 6 240 |
2007–08 | 54 291 | 6 275 |
2008–09 | 55 377 | 6 364 |
2009–10 | 56 199 | 6 760 |
2010–11 | 56 132 | 6 645 |
Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)
I 2010 var talet på lærarårsverk i vidaregåande skole 21 215. Dette er ein auke på 148 frå 2009. Sidan 2006 har talet på lærarårsverk i vidaregåande opplæring auka med om lag 700. Auken har mellom anna samanheng med at det har vore vekst i elevtalet i same periode.
Tabell 6.4 Utvikling i talet på lærarårsverk i vidaregåande opplæring
Skoleår | Lærarårsverk i vidaregåande opplæring, fylkeskommunale skolar ekskl. lange fråvær |
---|---|
2006–07 | 20 503 |
2007–08 | 20 618 |
2008–09 | 20 846 |
2009–10 | 21 067 |
2010–11 | 21 215 |
Kjelde: KOSTRA
Berekna gjennomsnittleg gruppestorleik
Indikatoren berekna gjennomsnittleg gruppestorleik kjem fram ved å sjå på forholdet mellom elevtimar og lærartimar. Med elevtimar meiner ein totale ordinære timar til undervisning elevane får kvart år. Lærartimar er summen av alle timar lærarane gir undervisning per år. Indikatoren gruppestorleik gir uttrykk for kor mange elevar ein lærar har i gjennomsnitt per undervisningstime. Gruppestorleik 1 omfattar timar til spesialundervisning og særskild norskopplæring for språklege minoritetar (i alle offentlege og private grunnskolar unntatt spesialskolar og utanlandsskolar). Sidan desse timane blir inkluderte, kan det føre til at gruppestorleiken verkar lågare enn det nokre elevar og lærarar opplever i kvardagen.
Gruppestorleik 2 er ein annan måte å rekne gruppestorleik på. Her er timar til spesialundervisning og til særskild norskopplæring for språklege minoritetar tekne ut av både lærartimar og elevtimar i berekninga. Denne indikatoren er ikkje i same grad som gruppestorleik 1 eigna til å måle endringar i ressursinnsats over tid fordi endringar i praksis knytte til spesialundervisning og særskild norskopplæring vil kunne påverke indikatoren. Gruppestorleik 2 gir eit bilete av ressursinnsatsen for dei elevane som ikkje mottek særskilde individretta styrkingstiltak.
Dei berekna gruppestorleikane har vore relativt stabile på heile 2000-talet. Tabellen nedanfor viser ein marginal auke i gruppestørrelse 1 og 2 frå 2009 til 2010. Ei forklaring på at gruppestorleikane ikkje går ned i perioden, er at det er vorte færre små skolar med under 100 elevar, noko som medfører større grupper.
Gruppestorleik 2 er om lag på same nivå som i 2005–06. Det tyder på at hovudtyngda av dei auka ressursane i grunnskolen i perioden har gått til utviding av timetalet for alle på barnetrinnet, og til auke i spesialundervisning og individretta tiltak.
Tabell 6.5 Gjennomsnittleg gruppestorleik i grunnskolen
År | Gruppestorleik 1 | Gruppestorleik 2 |
---|---|---|
2006–07 | 13,94 | 16,93 |
2007–08 | 13,75 | 16,78 |
2008–09 | 13,70 | 16,86 |
2009–10 | 13,60 | 16,74 |
2010–11 | 13,65 | 16,95 |
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Det er stor variasjon i gruppestorleik 2. Figuren nedanfor viser at det er mange kommunar som har ein gruppestorleik som ligg under gjennomsnittet for landet. Dei større bykommunane og store kommunar i sentrale område har oftast høgre gruppestorleik, mens mindre kommunar har lågare gruppestorleik.
Elevar per kontaktlærar
I opplæringslova heiter det at kvar elev skal vere tilknytt ein lærar (kontaktlærar) som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld eleven, blant anna kontakten med heimen. Gjennomsnittleg tal på elevar per kontaktlærar har halde seg på eit relativt stabilt nivå sidan 2003–04. I skoleåret 2010–11 var det i snitt 15,8 elevar per kontaktlærar i grunnskolen. Dette er same tal som året før. For meir omtale av dette, sjå Utdanningsspeilet 2011.
Assistentar
Tabellen nedanfor viser at det i heile perioden frå 2005–06 til 2010–11 har vore ein auke i talet på årsverk til assistentar. Relativt sett har talet på assistentar auka meir enn talet lærarar.
Tabell 6.6 Årsverk til bruk for assistentar med oppgåver knytte til undervisninga i perioden frå 2001–02 til 2010–11
Skoleår | Assistentårsverk |
---|---|
2005–06 | 5 649 |
2006–07 | 6 054 |
2007–08 | 6 761 |
2008–09 | 7 000 |
2009–10 | 7 353 |
2010–11 | 8 081 |
Kjelde: GSI
Frå og med 2009–10 er assistenttimar til spesialundervisning registrerte særskilt i GSI. Sjå omtale under spesialundervisning.
Spesialundervisning
Elvar som ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har krav på spesialundervisning.
Delen elevar med spesialundervisning i grunnskolar og spesialskolar har auka moderat i dei siste åra og ligg på 8,4 pst. av alle elevar hausten 2010 mot 7,9 pst. hausten 2009. Om lag 70 pst. av alle elevar som mottek spesialundervisning, er gutar. I løpet av barnetrinnet og utover ungdomstrinnet aukar delen av elevar med spesialundervisning. Hausten 2010 hadde 4,1 pst. av elevane på 1. trinn enkeltvedtak om spesialundervisning. På 10. trinn var delen av elevar med spesialundervisning elleve pst.
Av elevane i ordinær grunnskoleopplæring som hadde enkeltvedtak om spesialundervisning, fekk 95 pst. spesialundervisning med undervisningspersonale. 48 pst. av elevane fekk timar med assistent. Berre eit fåtal elevar hadde enkeltvedtak som berre omfatta timar med assistentar.
Når det gjeld omfanget av lærarressursar som blir sette av til spesialundervisning, går om lag 17 pst. av lærartimane til spesialundervisning. Delen spesialundervisning aukar i løpet av barnetrinnet og utover på ungdomstrinnet.
Språklege minoritetar
I opplæringslova § 2-8 heiter det at elevar i grunnskolen med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg kunnskap i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Hausten 2010 fekk 43 854 elevar særskild norskopplæring, ein auke på seks pst. sidan året før. Elevane har om nødvendig òg rett til morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring. Hausten 2010 var det 2 664 elevar som fekk berre morsmålsopplæring, 11 546 elevar som fekk berre tospråkleg fagopplæring, og 4 377 elevar som fekk begge delar. Somalisk, urdu og arabisk var dei mest vanlege språka. For meir om dette, sjå Utdanningsspeilet 2010.
Hausten 2010 mottok 1 772 asylsøkjarar i mottak og 191 einslege mindreårige asylsøkjarar i omsorgssenter opplæring. For meir om dette, sjå omtale under kap. 225 post 64.
Vaksne i grunnopplæringa
Vaksne som treng grunnskoleopplæring, har rett til slik opplæring dersom dei sjølve ønskjer det (jf. opplæringslova § 4A-1).
Talet på vaksne som får opplæring på grunnskolenivå, har vore relativt stabilt sidan 2002. Hausten 2010 var det 10 503 vaksne som fekk grunnskoleopplæring. Det tilsvarande talet for 2009 var 9 502. Av dei som fekk slik opplæring i 2009, var det 5 031 som fekk spesialundervisning. Dette er 371 færre enn i 2009.
At talet på vaksne deltakarar i grunnskoleopplæring har auka frå året før, heng truleg saman med at innvandrarar som fekk varig opphaldsløyve før 1. september 2005, var i ei overgangsordning med rett til gratis norskopplæring. Overgangsordninga tok slutt 1. september 2010, og mange med rett til grunnskoleopplæring har truleg nytta denne sjansen.
Vaksne som ikkje har gjort bruk av retten til vidaregåande opplæring som ungdom, får rett til vidaregåande opplæring som vaksne frå og med det året dei fyller 25 år. Opplæringa skal tilpassast behova og livssituasjonen til den enkelte.
Vaksne som ønskjer å gjennomføre vidaregåande opplæring, kan søkje om ordinært inntak og konkurrere om plassane med søkjarane med ungdomsrett, eller dei kan søkje om individuelt opptak basert på realkompetanse. Med dette alternativet blir undervisninga ofte komprimert og/ eller avkorta. Vaksne kan òg søkje vidaregåande opplæring gjennom private tilbydarar av opplæring, til dømes studieforbund (Vox 2006), men det meste av opplæringa skjer i dei vidaregåande skolane.
Dei fleste vaksne får opplæring gjennom vaksenopplæringstilbod og er ikkje ein del av den generelle søkjar- og elevstatistikken for vidaregåande opplæring. Statistikkgrunnlaget for vaksne i vidaregåande opplæring har hatt store manglar. Problema har mellom anna vore knytte til at fylkeskommunane har ulike administrative system for rapportering, og til at dei rapporterer på ulike måtar. Utdanningsdirektoratet har leidd eit arbeid med å betre rutinane og kravspesifikasjonen for registrering og rapportering av vaksnes deltaking i vidaregåande opplæring.
Samla sett var det om lag 20 600 vaksne som deltok i vidaregåande opplæring i skoleåret 2009–10. Av desse fekk om lag 14 pst. vurdert realkompetansen sin.
For meir informasjon om vaksne i grunnopplæringa, sjå Utdanningsspeilet 2011.
Leirskoleordninga
I skoleåret 2010–11 planla 62 413 elevar å delta på eit leirskoleopphald. Dette utgjer 10,1 pst. av alle elevane i grunnskolen. Talet har lege på om lag ti pst. sidan 2001. Elevar kan få eitt leirskoleopphald i løpet av grunnskolen. Ettersom grunnskolen til saman utgjer ti år, og om lag ti pst. deltek på leirskole kvart år, tyder dette på at dei aller fleste elevane i grunnskolen får tilbod om leirskoleopphald i løpet av grunnskolen, i samsvar med målsetjinga.
Skolefritidsordninga
Hausten 2010 gjekk i alt 146 256 barn i skolefritidsordning (SFO). Av desse gjekk 96,5 pst. i kommunale ordningar, 3,5 pst. i private ordningar og eit fåtal ved statlege skolar. Delen barn på 1.–4. trinn som gjekk i SFO, var på om lag 61 pst. Om lag 56 pst. av barna i SFO hadde 100 pst. plass. I gjennomsnitt var foreldrebetalinga for ein elev med fulltidsplass i SFO 2 005 kroner per månad i skoleåret 2010–11 (GSI-tal for opphaldstid på 20 timar). I 2009–10 var talet 1 938 kroner. Korrigert for prisvekst er gjennomsnittleg pris om lag den same i desse to åra.
Leksehjelp på 1.–4. trinn
Stortinget løyvde i 2010 midlar til eit lovfesta tilbod frå og med hausten 2010 om åtte veketimar med gratis leksehjelp etter skoletid for alle elevar på 1.–4. trinn, jf. Innst. 12 S (2009–2010) og Innst. 279 L (2009–2010). Det er lagt til grunn at kommunane skal ha ansvaret for tilbodet, og at det kan organiserast slik det er mest hensiktsmessig ut frå lokale tilhøve. Tilbodet skal vere gratis, omfatte alle, og vere frivillig for kvar enkelt elev. Tal frå GSI viser at i skoleåret 2010–11 deltok 124 416 barn på 1.–4. trinn på leksehjelp. Dette utgjer i overkant av 52 pst. av elevane. På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har SSB gjennomført Barnetilsynsundersøkelsen fra 2010 (BTU). Undersøkinga viser mellom anna at delen elevar på 1.–4. trinn som deltek i leksehjelp, utgjer om lag 60 pst. Moglege forklaringar på det mindre avviket mellom GSI og BTU er at det er ulikt telletidspunkt for GSI og BTU, og at BTU er ei utvalsundersøking mens GSI omfattar alle skolar.
Både BTU og GSI viser at delen barn som deltek, er lågast på 1. trinn og høgst på 2. og 3. trinn. Ifølgje BTU er dei som deltek mest på leksehjelp, barn av foreldre med låg utdanning, barn frå låginntektsfamiliar og barn med mor frå eit anna fødeland enn Noreg.
Kommunal ressursbruk
Utgifter per elev
Korrigerte brutto driftsutgifter viser dei driftsutgiftene kommunane har til undervisning, inkluderte drift av skolelokale og skyss. Tabellen nedanfor viser at korrigerte brutto driftsutgifter per elev i grunnskolen var 90 778 kroner i 2010. Dette er ein auke på om lag to pst. frå 2009. I vidaregåande opplæring var korrigerte brutto driftsutgifter per elev på studieførebuande program 108 579 kroner, og på yrkesfaglege program 132 735 kroner – det vil seie ein nedgang på om lag 1,4 pst. og 1,3 pst. Den kommunale deflatoren var i same periode 3,4 pst. Det vil seie at det har vore ein liten realnedgang i utgifter per elev både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Til tross for ein betydeleg elevtalsvekst i vidaregåande opplæring etter 2004 har fylkeskommunane klart å halde oppe ressursbruken per elev om lag på same nivå.
I 2009 og 2010 er driftsutgifter til undervisningsmateriell lågare enn i 2007 og 2008. Hovudårsaka til dette er at utgiftsveksten har bremsa opp etter at Kunnskapsløftet i ein periode medførte eit behov for utskifting av læremiddel som følgje av nye læreplanar.
Tabell 6.7 Korrigerte brutto driftsutgifter per elev, løpande prisar
2007 | 2008 | 2009 | 2010 | ||
---|---|---|---|---|---|
Grunnskolen | |||||
Korrigerte brutto driftsutgifter per elev | 72 933 | 80 402 | 85 968 | 90 778 | |
| 57 022 | 61 946 | 66 353 | 70 275 | |
| 901 | 723 | 725 | 852 | |
| 1 777 | 1 793 | 1 505 | 1 498 | |
Vidaregåande opplæring | |||||
Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i studieførebuande utdanningsprogram | 92 661 | 98 905 | 106 496 | 108 579 | |
| 54 435 | 59 790 | 64 485 | 66 265 | |
Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i yrkesfaglege studieprogram | 116 692 | 122 586 | 130 066 | 132 735 | |
| 73 811 | 79 185 | 83 559 | 85 610 |
Kjelde: KOSTRA, Statistisk sentralbyrå
Lønnsutgiftene er den klart største driftskostnaden både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. I grunnskolen utgjorde lønnsutgiftene 77 pst. av dei totale driftskostnadene, medan den same delen i vidaregåande opplæring var 61 pst. på allmennfaglege og 64 pst. på yrkesfaglege studieretningar i 2010.
Kommunale forskjellar i ressursbruk
Det er store kommunale forskjellar i ressursbruk i skolen. I kommunar med spreidd busetnad er det fleire mindre skolar for at reiseavstanden til elevane skal vere akseptabel. For å kunne samanlikne kommunar må ein derfor korrigere for driftskostnader for elevtal og indikatorar for busetjingsmønster (reisetid og reiseavstand) – dette blir kalla strukturjustering (Hægeland mfl. 2008). Om lag 75 pst. av variasjonen mellom kommunane når det gjeld kor mykje pengar dei bruker på skole, kan forklarast med ulik kostnadsstruktur. Frie inntekter i form av eigedomsskatt og kraftinntekter har òg ein tydeleg effekt på utgiftsnivået. Kommunar med høge inntekter bruker meir pengar på skole. Den resterande variasjonen mellom kommunar kan mellom anna skyldast variasjonar i elevsamansetjinga. Spesielt for små kommunar kan elevar med behov for ekstrainnsats vere utslagsgivande. Ulikskapar kan òg skyldast ulik politisk prioritering mellom kommunar.
Skolestruktur
I skoleåret 2010–11 var det 2 795 offentlege kommunale grunnskolar, tre interkommunale grunnskolar og ein statleg grunnskole. I tillegg var det 160 private grunnskolar, 15 av dei i utlandet. I same skoleår var det 84 spesialskolar i Noreg. Av dei var 45 kommunale, 20 fylkeskommunale, åtte interkommunale, fem statlege og seks private.
Storleiken på grunnskolane varierer frå berre nokre få elevar til nærmare 800 elevar på dei største skolane. Ein skole har nærmare 900 elevar. Tabellen nedanfor illustrerer fordelinga av små, mellomstore og store skolar. Det har over tid vore ei utvikling i retning av fleire store skolar og færre små skolar. I dei siste åra har fordelinga vore om lag uendra.
Tabell 6.8 Fordeling av små, mellomstore og store grunnskolar (i pst.)
1997 | 2000 | 2005 | 2010 | |
---|---|---|---|---|
Færre enn 100 elevar | 40 | 37 | 36 | 31 |
100–299 elevar | 42 | 41 | 39 | 41 |
300 elevar eller meir | 19 | 22 | 26 | 28 |
Kjelde: GSI
Tabellen viser at det er ein tendens til at det blir færre skolar med mindre enn 100 elevar og fleire større skolar. Sju pst. av elevane går på skolar med mindre enn 100 elevar, 39 pst. går på skolar som har mellom 100 og 299 elevar, og 54 pst. går på skolar med meir enn 300 elevar. Sidan skoleåret 2002–03 har meir enn 50 pst. av elevane gått på store skolar (med meir enn 300 elevar).
På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet utførte Utdanningsdirektoratet våren 2010 ei kartlegging av skolenedleggingar. I perioden 2007–08 til 2009–10 vart det lagt ned 154 grunnskolar. Nordland og Møre og Romsdal er dei fylka der flest grunnskolar vart lagde ned. Kartlegginga viser at lågt elevtal er den viktigaste årsaka (i 60 pst. av tilfella), saman med kommuneøkonomi (50 pst.) og problem med å rekruttere kvalifiserte lærarar (tolv pst.). I dei fleste tilfella der kommuneøkonomi er oppgitt som årsak, er dette i kombinasjon med få elevar. Dette tyder på at ønsket om betre ressursutnytting er ein viktig forklaringsfaktor. Totalt omfatta nedleggingane i perioden vel 6 000 elevar. 66 pst. av desse vart flytte til samanslåtte eller eksisterande skolar, 30 pst. til heilt nye offentlege skolar og fire pst. til nye private skolar. Om lag 260 elevar har fått meir enn 20 kilometer reiseveg éin veg som følgje av nedleggingane. Dette tilsvarer om lag fire pst. av dei 6 000 elevane.
Hausten 2010 var det 437 vidaregåande skolar i landet. Av desse var 352 fylkeskommunale, 83 private og to statlege. Til samanlikning var talet på vidaregåande skolar hausten 2007 til saman 453 og hausten 2008 460. Sidan 2001 har det vorte 60 færre vidaregåande skolar i landet. For meir om dette, sjå Utdanningsspeilet 2011.
Internasjonale samanlikningar
Noreg bruker mykje ressursar på utdanning samanlikna med andre land, viser tal for 2006 frå OECD (Education at a Glance 2009: OECD Indicators). Dersom ein ser på utgiftene per elev, er Noreg eit av landa med dei høgste utgiftene, både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Det er særleg den høge lærartettleiken som forklarer den høge ressursbruken i Noreg, men det at norske lærarar bruker ein mindre del av arbeidstida til å undervise, trekkjer også utgiftene opp, særleg i vidaregåande opplæring. Lønnsnivået til lærarane og talet på undervisningstimar trekkjer ned samanlikna med gjennomsnittet for OECD.
OECD-landa bruker i gjennomsnitt 13,3 pst. av dei offentlege utgiftene på utdanning, medan talet for Noreg er 16,2. Dette må sjåast i samanheng med at oljeinntektene inngår i BNP.
7 Ressursar i barnehagesektoren
Innleiing
Kapitlet gir informasjon om status for og utvikling i ressursbruken i barnehagesektoren. Frå 1. januar 2011 er det kommunane som har ansvaret for å finansiere barnehagane. Barnehagane blir i all hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og foreldrebetalinga. Barnehagesektoren har vakse kraftig i dei seinare åra, og er no det tredje største tenesteområdet i kommunane. Samla brutto driftsutgifter i kommunane til barnehagar var om lag 36 mrd. kroner, og utgjorde om lag tolv pst. av driftsutgiftene i kommunane.
Første del av kapitlet gir ei oversikt over utviklinga i talet på barn i barnehage, og gir mellom anna informasjon om variasjonar i barns deltaking i barnehage ut frå inntekt og utdanning til foreldra. Det neste temaet er barnehagestruktur og organisering av barnehagane. Vidare er det ein omtale av personalet i barnehagane, den formelle kompetansen til dei tilsette og utdanning av førskolelærarar. Kapitlet inneheld òg informasjon om likestilling, minoritetsspråklege barn og tilsette i barnehage og barn med nedsett funksjonsevne i barnehage. Til sist i kapitlet er det ein omtale av kostnadene i og finansieringa av barnehagane.
Talgrunnlaget er henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB), KOSTRA (Kommune–stat-rapportering), Barnetilsynsundersøkelsen 2010, Database for statistikk om høgre utdanning (DBH), Asplan Viak og ulike undersøkingar som har vorte gjennomførte på oppdrag frå departementet.
Barn i barnehage
Tabell 7.1 Tal på barn i barnehage, auke i talet på barn i barnehage og barnehageplassar, dekningsgrad og gjennomsnittleg opphaldstid, 2007–10
2007 | 2008 | 2009 | 2010 | |
---|---|---|---|---|
Tal på barn i barnehage | 249 815 | 261 886 | 270 174 | 277 139 |
Auke i talet på barn i barnehage | 14 867 | 12 071 | 8 288 | 6 965 |
Auke i talet på heiltids barnehageplassar | 18 000 | 14 500 | 10 100 | 8 400 |
Dekningsgrad 1–5 år | 84,3 | 87,2 | 88,5 | 89,3 |
Dekningsgrad 1–2 år | 69,3 | 74,7 | 77,2 | 78,8 |
Dekningsgrad 3–5 år | 94,5 | 95,6 | 96,2 | 96,5 |
Dekningsgrad 1 år | 59,5 | 65,8 | 68,6 | 70,4 |
Dekningsgrad 2 år | 79,3 | 83,6 | 85,9 | 87,4 |
Dekningsgrad 3 år | 92,3 | 93,6 | 94,5 | 95,1 |
Dekningsgrad 4 år | 95,3 | 96,4 | 96,9 | 97,1 |
Dekningsgrad 5 år | 95,9 | 96,8 | 97,3 | 97,4 |
Gjennomsnittleg opphaldstid per veke | 41,9 | 42,4 | 42,8 | 43,1 |
Kjelde: Statistisk sentralbyrå og Asplan Viak
Ved utgangen av 2010 gjekk om lag 277 000 barn i ordinær barnehage eller familiebarnehage. I 2009 var tilsvarande tal om lag 270 000 barn, og i 2008 262 000. I tillegg nytta om lag 6 600 barn open barnehage i 2010. Barn under tre år utgjer no 37 pst. av alle barn i barnehage, mot 29 pst. i 2005.
Frå utgangen av 2005 og fram til utgangen av 2010 har nær 54 000 fleire barn fått plass i barnehage. Kommunane og private utbyggjarar har etablert om lag 67 000 nye heiltids barnehageplassar i same periode. Som tidlegare år gjekk også ein god del av kapasitetsveksten i barnehagesektoren i 2010 med til å auke opphaldstida til barn som allereie hadde plass i barnehage. Både i 2008, 2009 og 2010 vart det etablert 1,2 heiltidsplassar for kvart nytt barn som kom i barnehage. Det har dermed vorte bygd fleire barnehageplassar enn det har komme nye barn i barnehagen.
I 2010 hadde 87 pst. av barna heiltidsplass i barnehagen mot 85 pst. i 2009. Det vil seie ei avtalt opphaldstid i veka på 41 timar eller meir. Gjennomsnittleg avtalt opphaldstid har i same periode auka frå 42,8 til 43,1 timar per veke. I 2003, da barnehageforliket vart inngått i Stortinget, hadde 60,8 pst. av barna heiltidsplass i barnehage, og gjennomsnittleg avtalt opphaldstid var 38,1 timar per veke.
Det er viktig å skilje mellom avtalt opphaldstid og barnas faktiske opphaldstid. I Barnetilsynsundersøkelsen 2010 spurte SSB foreldra om når dei vanlegvis leverer og hentar barna, det vil seie faktisk opphaldstid. Undersøkinga viser at få barn har svært lange dagar i barnehagen. Berre 19 pst. nyttar heile plassen, det vil seie at dei lèt barna vere i barnehagen i 41 timar eller meir per veke. Det store fleirtalet av barnehagebarna (om lag 70 pst.) har ei faktisk opphaldstid i barnehagen på 25–40 timar i veka, og i gjennomsnitt er barna i barnehagen 35 timar i veka. Både den avtalte og den faktiske opphaldstida er nesten identiske for alle aldersgrupper. Det vil seie at eittåringar og femåringar er like lenge i barnehagen.
Dekningsgraden for barn i alderen eitt til fem år var i 2010 89,3 pst., som er ein auke på 0,8 prosentpoeng frå 88,5 pst. ved utgangen av 2009. Tilsvarande tal for 2008 var 87,2 pst. Den største auken i veksten i talet på barn er for barn under tre år. Auken her var på 4 717 barn. For barn i aldersgruppa eitt til to år auka dekningsgraden med 1,6 prosentpoeng frå 77,2 pst. til 78,8 pst. frå 2009 til 2010. For barn i aldersgruppa tre til fem år var dekningsgraden 96,5 pst., ein auke på 0,3 prosentpoeng frå 96,2 pst. i 2009.
Tabell 7.2 Tal på barn i barnehage etter eigarforhold, offentleg og privat, 2007–10
2007 | 2008 | 2009 | 2010 | |
---|---|---|---|---|
Offentlege | 134 376 | 141 502 | 145 046 | 147 180 |
– kommunale | 130 657 | 138 576 | 143 454 | 146 051 |
– fylkeskommunale/statlege | 3 719 | 2 926 | 1 592 | 1 129 |
Private | 115 439 | 120 384 | 125 128 | 129 959 |
– kyrkjelyd/trussamfunn | 8 062 | 7 667 | 7 769 | 7 723 |
– foreldreeigd | 34 322 | 33 616 | 33 170 | 33 083 |
– husmorlag/sanitetsforening | 1 335 | 1 194 | 1 139 | 1 151 |
– bedrift | 20 944 | 25 527 | 33 039 | 30 724 |
– pedagogisk/ideologisk org. | 5 764 | 4 989 | 4 900 | 8 048 |
– enkeltpersonar | 20 840 | 20 238 | 18 692 | 18 183 |
– andre | 24 172 | 27 153 | 26 419 | 31 047 |
I alt | 249 815 | 261 886 | 270 174 | 277 139 |
Note: Barn som går i familiebarnehagar, er inkluderte i tabellen. I 2010 gjekk 625 barn i offentlege familiebarnehagar, og 6 943 barn gjekk i private familiebarnehagar.
Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå
Ved utgangen av 2010 var det 6 579 barnehagar i Noreg. Om lag 54 pst. av desse var private. Frå 2008 til 2010 er det vorte 126 færre barnehagar. 6 965 fleire barn begynte i barnehage i 2010. Det er private barnehagar som har stått for hovudtyngda av veksten i barnehageplassar i dei siste åra. 69 pst. av veksten i talet på barn i barnehage i 2010 var i private barnehagar, mot 57 pst. i 2009.
Offentleg og privat del av barnehagesektoren er framleis relativt jamstore. I 2010 hadde 53 pst. av barna plass i ein offentleg barnehage, medan 47 pst. hadde tilbod i ein privat barnehage.
Barnehagestruktur
Tabell 7.3 Tal på barn i barnehage og tal på barnehagar etter barnehagestorleik, 2008–10
2008 | 2009 | 2010 | ||||
---|---|---|---|---|---|---|
Barn i barnehage | Barnehagar | Barn i barnehage | Barnehagar | Barn i barnehage | Barnehagar | |
1–25 barn | 31 740 | 2 497 | 30 005 | 2 351 | 28 528 | 2 197 |
26–50 barn | 68 433 | 1 838 | 68 031 | 1 834 | 66 762 | 1 794 |
51–75 barn | 92 328 | 1 498 | 95 391 | 1 548 | 96 818 | 1 570 |
76 barn eller fleire | 69 385 | 731 | 76 747 | 800 | 85 031 | 872 |
I alt | 261 886 | 6 564 | 270 174 | 6 533 | 277 139 | 6 433 |
Note: Dersom opne barnehagar blir inkluderte, er totaltalet på barnehagar i 2010 6 579.
Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå
Talet på store barnehagar har auka i dei siste åra, og stadig fleire av barnehagebarna går i desse barnehagane. I 2010 gjekk 31 pst. av alle barnehagebarn i barnehagar med 76 barn eller fleire, mot 28 pst. i 2009. Denne utviklinga blir stadfesta i undersøkinga Barnehagens organisering og strukturelle faktorers betydning for kvalitet, som IRIS gjennomførte i 2010. Ho viser at sjølv om delen barnehagar med meir enn 80 barn er lav, går ein firedel av barna i denne typen barnehage. 51 pst. av barna går i barnehagar med plass til 60 barn eller meir. Gjennomsnittsstorleiken på norske barnehagar er 47 barn.
Undersøkinga syner vidare at det framleis er mest vanleg at barnehagane er organiserte heilt eller delvis som tradisjonell avdelingsbarnehage (56 pst.). 25 pst. av barnehagane i undersøkinga plasserer seg mellom tradisjonell barnehage og avdelingsfri barnehage, medan seks pst. av barnehagane reknar seg heilt eller delvis som avdelingsfrie barnehagar. 13 pst. av barnehagane har berre ei barnegruppe og under 30 barn. Det er altså ein firedel av barnehagane som har innslag av både avdelingsbasert og avdelingsfri drift. Det er ikkje nokon klar samanheng mellom storleiken på barnehagen og organiseringsform for barnehagar med inntil 99 barn. For barnehagar med 100 eller fleire barn er det meir vanleg med avdelingsfri organisering eller mellomformer (51 pst.).
IRIS-undersøkinga viser at gjennomsnittleg gruppestorleik for barn under tre år er 12,4 barn, for grupper med barn over tre år er talet 18,7 barn. For blanda grupper med barn over og under tre år er gruppestorleiken 17,6 barn. Den gjennomsnittlege gruppestorleiken er vesentleg større i barnehagar som vart etablerte etter 2005, enn i barnehagar som er etablerte tidlegare.
Dess større barnehagen er, målt i talet på barn, dess større er barnegruppene. Gjennomsnittleg storleik på reine småbarnsgrupper i dei aller minste barnehagane (med mindre enn 30 barn) er 9,2 barn. I barnehagar med 80–99 barn og over 100 barn er dette talet høvesvis 14,0 og 13,2 barn.
Tabell 7.4 Gjennomsnittleg tal på barn per gruppe etter organiseringa av barnehagen
Type grupper | Heilt/delvis avdelingsbasert | Mellom avdelingsbasert og avdelingsfri | Heilt/delvis avdelingsfri | Barnehagar med ei gruppe | Total |
---|---|---|---|---|---|
Både små og store barn | 17,3 | 17,9 | 19,9 | 17,3 | 17,6 |
Berre små barn | 12,2 | 12,6 | 14,8 | 12,4 | |
Berre store barn | 18,8 | 18,0 | 22,7 | 18,7 |
Kjelde: International Research Institute of Stavanger (IRIS) (2011): Barnehagens organisering og strukturelle faktorers betydning for kvalitet. Rapport IRIS – 2011/09
Gruppestorleikar varierer med organiseringsform. Avdelingsfrie barnehagar har gjennomsnittleg høgre tal barn per gruppe enn avdelingsbaserte barnehagar. Dette gjeld uansett samansetjing av barnegruppa.
I barnehagane i IRIS-undersøkinga er gjennomsnittleg tal på barn per tilsett 3,4 for grupper med barn på inntil tre år, og 5,5 for grupper med barn på over tre år. For blanda grupper er gjennomsnittet 4,6 barn per tilsett. Desse tala varierte ikkje med organiseringsform (avdelingsfri–avdelingsbasert), men med auka tal på barn i barnehagen er det også ein tendens til at talet på barn per tilsett aukar.
Personalet i barnehagen
Barnehagar med kompetente tilsette er ein føresetnad for å kunne gi alle barn eit godt pedagogisk tilbod. Dette blir slått fast i St.meld. nr. 41 (2008–2009) Kvalitet i barnehagen, og det ligg til grunn for regjeringas satsing på auka kvalitet i barnehagetilbodet. KOSTRA-tal syner at talet på styrarar og pedagogiske leiarar med pedagogisk utdanning, det vil seie førskolelærarutdanning eller anna pedagogisk utdanning, auka med 1 625 personar frå 2009 til 2010. Utviklinga er ikkje lik over heile landet. Mange stader opplever å ha tilstrekkeleg godt kvalifisert pedagogisk personell i barnehagane, medan andre slit med rekrutteringa. Oslo og Akershus er framleis dei fylka som har størst vanskar med å rekruttere nok pedagogar.
Tabell 7.5 Personalet i barnehagen, 2008–10
2008 | 2009 | 2010 | |
---|---|---|---|
Tal på tilsette | 81 450 | 84 884 | 87 401 |
Tal på årsverk | 65 155 | 68 096 | 70 212 |
Tal på barn per årsverk | 4,0 | 4,0 | 3,9 |
– i offentlege barnehagar | 3,9 | 3,9 | 3,9 |
– i private barnehagar | 4,1 | 4,1 | 4,0 |
Tal på styrarar og pedagogiske leiarar | 27 035 | 28 925 | 29 915 |
– i pst. av dei tilsette | 33,2 | 34,1 | 34,2 |
Styrarar og pedagogiske leiarar med pedagogisk utdanning | 23 931 | 25 525 | 27 150 |
– i pst. av styrarar og pedagogiske leiarar | 88,5 | 88,2 | 90,8 |
Styrarar og pedagogiske leiarar med førskolelærarutdanning | 22 637 | 24 139 | 25 298 |
– i pst. av styrarar og pedagogiske leiarar | 83,7 | 83,5 | 84,6 |
Tilsette med pedagogisk utdanning | 29 395 | 30 011 | 31 404 |
– i pst. av dei tilsette | 36,1 | 35,4 | 35,9 |
Tilsette med førskolelærarutdanning | 26 338 | 27 129 | 28 007 |
– i pst. av dei tilsette | 32,3 | 32,0 | 32,0 |
Tilsette med barne- og ungdomsfagleg utdanning | 8 758 | 9 363 | 10 164 |
– i pst. av dei tilsette | 10,8 | 11,0 | 11,6 |
Kjelde: Kunnskapsdepartementet og Statistisk sentralbyrå
Ved utgangen av 2010 var det 87 401 tilsette som utførte 70 212 årsverk i barnehagane. Dette er ein auke på 2 116 årsverk frå året før. Nær 30 000 av dei tilsette var styrarar og pedagogiske leiarar. Sidan 2008 har talet på tilsette auka med nær 6 000 personar. Talet på barn per årsverk har gått svakt ned frå 4,0 i 2008 og 2009 til 3,9 i 2010. Dette har samanheng med at det har vorte fleire barn under tre år i barnehagane. Delen tilsette med barne- og ungdomsfagleg utdanning har auka med 0,8 prosentpoeng frå 2008 til 2010.
Tabell 7.6 Utdanning av førskolelærarar ved statlege og private høgskolar og universitet, 2006–10
2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | |
---|---|---|---|---|---|
Opptak til førskolelærarutdanning | 2 361 | 2 439 | 2 475 | 2 557 | 2 735 |
– av dette menn | 335 | 314 | 307 | 359 | 424 |
– del menn (i pst.) | 14,2 | 12,9 | 12,4 | 14,0 | 15,5 |
Uteksaminerte førskolelærarar | 1 272 | 1 435 | 1 365 | 1 532 | 1 679 |
– av dette menn | 106 | 128 | 148 | 170 | 168 |
– del menn (i pst.) | 8,3 | 8,9 | 10,8 | 11,1 | 10,0 |
Kjelde: Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)
Talet på studentar som er tekne opp til førskolelærarutdanninga, har auka frå 2 361 i 2006 til 2 735 i 2010. Ferdig uteksaminerte førskolelærarar har auka frå 1 272 til 1 679 i same tidsrom. I tråd med Strategi for rekruttering av førskolelærere til barnehagen (2007–2011) har det vore ein vesentleg auke i studiekapasiteten. Moglegheitene for førskolelærarstudium har samstundes vorte meir mangfaldige og tilgjengelege, med studieplassar fordelte på både ordinær førskolelærarutdanning, arbeidsplassbasert førskolelærarutdanning, vidareutdanning i pedagogisk utviklingsarbeid for førskolelærarar og vidareutdanning i barnehagepedagogikk for pedagogar med minst tre års høgre utdanning.
Likestilling
Verdigrunnlaget i Rammeplan om innhaldet i og oppgåvene til barnehagen presiserer at barnehagepedagogikken skal vitne om likestilling mellom kjønna. Barnehagen skal oppdra barn til å møte eit likestilt samfunn. Barnehagen skal byggje verksemda si på prinsippet om likestilling mellom dei to kjønna. Både gutar og jenter skal bli sette og hørde, og dei skal bli oppmuntra til i fellesskap å delta i alle aktivitetar i barnehagen.
Likestillingsarbeid er eit systematisk og langsiktig holdningsarbeid, samstundes som det krev handling her og no. Departementet arbeider for å fremme ein pedagogikk som medverkar til likestilling mellom gutar og jenter, og for å auke rekruttering av menn til barnehagen. Barn og unge treng både mannlege og kvinnelege rollemodellar. Ein betre kjønnsbalanse i barnehagen er også viktig for å kunne sikre personale med variert kompetanse.
Tabell 7.7 Menn i barnehagane, 2006–10
2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | |
---|---|---|---|---|---|
Menn tilsette i basisverksemd | 4 034 | 4 672 | 4 985 | 5 636 | 6 106 |
– i pst. av tilsette i basisverksemd | 6,9 | 7,3 | 7,3 | 7,9 | 8,3 |
Styrarar og pedagogiske leiarar | 1 350 | 1 545 | 1 671 | 1 889 | 2 030 |
Assistentar | 2 684 | 3 127 | 3 314 | 3 747 | 4 076 |
Note: Assistentar inkluderer ikkje tospråklege assistentar.
Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå
Ved utgangen av 2010 var om lag ti pst. av dei tilsette i barnehagane menn, noko som tilsvarer om lag 9 000 personar. 8,3 pst. eller om lag 6 100 av dei tilsette i basisverksemda til barnehagen er menn. I basisverksemda inngår personalet som arbeider med heile barnegruppa, det vil seie styrarar, pedagogiske leiarar og assistentar (ikkje tospråklege assistentar). Frå 2009 til 2010 har talet på menn i basisverksemda auka med om lag 470, det vil seie ein auke på om lag åtte pst.
Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at om lag 15 pst. av barnehagane hadde minst 20 pst. menn tilsette i basisverksemda si i 2010. I tillegg arbeidde 82 menn som tospråklege assistentar og 384 som anna personale.
Minoritetsspråklege barn og tilsette i barnehage
Talet på minoritetsspråklege barn i alderen eitt til fem år i barnehage har auka frå 24 815 i 2009 til 27 207 i 2010. I 2010 gjekk 71,2 pst. av alle minoritetsspråklege barn i barnehage. Det er ein auke på 0,6 prosentpoeng frå 2009. I 2010 gjekk 94,1 pst. av minoritetsspråklege femåringar i barnehage. Det er 0,5 prosentpoeng lågare enn i 2009.
Tabell 7.8 Minoritetsspråklege barn i barnehage, alder 1–5 år, 2007–10
2007 | 2008 | 2009 | 2010 | |
---|---|---|---|---|
Tal på minoritetsspråklege 1–5-åringar i barnehage | 18 667 | 21 909 | 24 815 | 27 207 |
Dekningsgrad minoritetsspråklege 1–5-åringar | 62,8 | 67,4 | 70,6 | 71,2 |
Dekningsgrad minoritetsspråklege 1-åringar | 25,4 | 30,3 | 32,8 | 34,2 |
Dekningsgrad minoritetsspråklege 2-åringar | 43,0 | 48,5 | 55,2 | 56,4 |
Dekningsgrad minoritetsspråklege 3-åringar | 72,1 | 75,9 | 81,0 | 83,5 |
Dekningsgrad minoritetsspråklege 4-åringar | 85,8 | 90,8 | 91,9 | 92,2 |
Dekningsgrad minoritetsspråklege 5-åringar | 90,0 | 92,8 | 94,6 | 94,1 |
Note: Minoritetsspråklege barn blir her definerte som barn med ein annan språk- og kulturbakgrunn enn norsk, med unntak av barn som har samisk, svensk, dansk eller engelsk som morsmål.
Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå
Tabell 7.9 Førskolelærarar med innvandrarbakgrunn som arbeider i barnehage, 2008–10
2008 | 2009 | 2010 | |
---|---|---|---|
Førskolelærarar med innvandrarbakgrunn som arbeider i barnehage | 1 132 | 1 348 | 1 515 |
– i pst. av alle førskolelærarar | 4,3 | 4,9 | 5,3 |
Kjelde: Arbeidsmarknadsstatistikk, Statistisk sentralbyrå
5,3 pst. av førskolelærarar som var tilsette i barnehagar i 2010, var innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre. Det er ein auke på 0,4 prosentpoeng frå 2009. 15 pst. av anna pedagogisk personell og 14 pst. av anna personell i barnehagane hadde innvandrarbakgrunn i 2010. Delen med anna personell har auka med to prosentpoeng sidan 2008.
Av 7 539 studentar i førskolelærarutdanninga i 2010 var 520 av innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre. I 2009 var talet 431.
Staten gir eit øyremerkte tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen, jf. kap. 231 post 63.
Barn med nedsett funksjonsevne i barnehage
Barnehagar er eit viktig pedagogisk tiltak for barn med nedsett funksjonsevne. Barn med nedsett funksjonsevne skal derfor ha prioritet ved opptak. I 2010 var det 15 122 barn med nedsett funksjonsevne og særlege behov i barnehagen. I 2010 fekk 6 213 barn under opplæringspliktig alder spesialpedagogisk hjelp etter § 5-7 i opplæringslova. Dette tilsvarer om lag 2,2 pst. av alle barn som går i barnehagen.
Universitetet i Agder har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet gjennomført ei undersøking av PPTs arbeid med barnehagen. Resultata ligg føre i rapporten En undersøkelse om PP-tjenestens arbeid med barnehagen (2011). Det går mellom anna fram at det i gjennomsnitt er 3,5 tilsette (årsverk) per PPT-kontor som arbeider med barn i alderen null til seks år, og over halvparten av kontora har mindre enn ein månads ventetid for barn i denne aldersgruppa. Vidare går det fram at PPT-tilsette meiner at den spesialpedagogiske kunnskapen til barnehagepersonalet er tilfredsstillande.
I undersøkinga som IRIS har gjennomført på vegner av departementet i 2010, er eitt av tema delen spesialpedagogar i barnehagane. Barn under opplæringspliktig alder som har særleg behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp etter opplæringslova. Spesialpedagogisk kompetanse er viktig for å identifisere behov for spesialpedagogisk hjelp hos barn i barnehagen. IRIS framhevar derfor at den spesialpedagogiske kompetansen er ein del av den strukturelle kvaliteten til barnehagen. Figuren over viser at det er fleire spesialpedagogar i dei store barnehagane enn i dei små.
Kostnader i og finansiering av barnehagar
Tabellen nedanfor viser kostnader per korrigerte opphaldstime i 2009 og 2010 for kommunale barnehagar, ikkje-kommunale barnehagar og private familiebarnehagar. Dei ordinære driftskostnadene i ikkje-kommunale barnehagar utgjer om lag 92 pst. av kostnadene til ordinær drift i kommunale barnehagar. Frå 2009 til 2010 har kostnadene til ordinær drift i kommunale barnehagar auka nominelt med 2,3 pst. I ordinære ikkje-kommunale barnehagar auka dei ordinære driftskostnadene nominelt med 4,6 pst.
Tabell 7.10 Kostnader per korrigerte opphaldstime, ordinære barnehagar og familiebarnehagar 2009–10
2009 | 2010 | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
Kommunale barnehagar | Ordinære ikkje-kommunale barnehagar | Private familiebarnehagar | Kommunale barnehagar | Ordinære ikkje-kommunale barnehagar | Private familiebarnehagar | |
Kostnader per korrigerte opphaldstime ordinær drift | 45,47 | 40,81 | 37,01 | 46,51 | 42,70 | 38,32 |
Kostnader per korrigerte opphaldstime særskild tilrettelegging | 4,37 | 0,37 | 0,02 | 4,9 | 0,48 | 0,13 |
Sum kostnader per korrigerte opphaldstime | 49,84 | 41,18 | 37,03 | 51,41 | 43,18 | 38,45 |
Note: Korrigerte opphaldstimar er berekna med omsyn til faktiske opphaldstimar og er omskalerte med ein faktor på 2 for barn under tre år, faktor 1,5 for treåringar og faktor 1 for barn over tre år. Kostnadsanalysen er basert på eit representativt utval på 46 kommunar og fire bydelar. For ei nærmare drøfting av utvalet og nytta utrekningsmetode, sjå rapportane frå dei aktuelle analysane.
Kjelde: Telemarksforskning (2011): Analyse av kostnader i barnehagene i 2010 og Fürst og Høverstad for Kunnskapsdepartementet (2010): Analyse av kostnader i barnehagene i 2009
Som tabellen nedanfor viser er foreldrebetalinga vesentleg redusert for alle inntektsgrupper etter innføring av maksimalprisen. Reduksjonen i foreldrebetalinga har vore høgre for hushald med høg inntekt enn for hushald med låg inntekt. Maksimalprisen er frå 2005 til 2011 reelt sett redusert med 31 pst. eller om lag 1 050 kroner (2011-kroner) per månad.
Tabell 7.11 Gjennomsnittlege månadssatsar i kroner (vekta) for foreldrebetaling etter bruttoinntekt, barn over tre år med fulltidsopphald i kommunale barnehagar, 2003–11
250 000 | 375 000 | 500 000 | |
---|---|---|---|
Januar 2003 | 2 579 | 3 008 | 3 097 |
Januar 2004 | 2 360 | 2 731 | 2 805 |
Januar 2005 | 2 356 | 2 691 | 2 741 |
Januar 2006 | 2 010 | 2 199 | 2 257 |
Januar 2007 | 2 017 | 2 235 | 2 289 |
Januar 2008 | 2 114 | 2 265 | 2 296 |
Januar 2009 | 2 060 | 2 208 | 2 261 |
Januar 2010 | 2 077 | 2 218 | 2 263 |
Januar 2011 | 2 090 | 2 229 | 2 270 |
Note: Kostpengar og tilleggsutgifter ekskluderte. Løpande nominelle prisar.
Kjelde: Statistisk sentralbyrå (2011): Undersøking om foreldrebetaling i barnehagar, januar 2011. Rapportar 26/2011
Frå 2011 blir barnehagane i all hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og foreldrebetalinga. Foreldrebetalinga utgjer ein stadig mindre del av finansieringa ettersom maksimalprisen har vorte redusert i dei siste åra. Tabellen under viser finansieringa av barnehagane i 2010, det vil seie da det framleis var statleg driftstilskott.
Tabell 7.12 Finansiering av barnehagar i 2010
Kommunale barnehagar | Ordinære ikkje-kommunale barnehagar | Private familiebarnehagar | |
---|---|---|---|
Opphaldsbetaling/anna brukarbetaling | 15,0 % | 17,9 % | 16,9 % |
Statstilskott | 49,8 % | 57,8 % | 63,8 % |
Kommunal driftsfinansiering/kommunale driftstilskott | 34,3 % | 21,7 % | 18,2 % |
Andre offentlege tilskott/andre inntekter | 0,9 % | 1,9 % | 0,2 % |
Ikkje-økonomisk støtte frå kommunane til ikkje-kommunale barnehagar | 0,0 % | 0,6 % | 0,5 % |
Ikkje-økonomisk støtte frå eigaren eller andre | 0,0 % | 0,1 % | 0,3 % |
Sum finansiering = sum kostnader + netto overskott | 100,0 % | 100,0 % | 100,0 % |
Underskott | 1,1 % | 0,7 % | |
Minus overskott inkl. avsetjing til dekking av skattekrav | -3,2 % | -2,4 % |
Kjelde: Telemarksforskning (2011): Analyse av kostnader i barnehagane i 2010.
8 Likestilling og arbeid mot diskriminering
Arbeidet med likestilling og mot diskriminering er eit systematisk og langsiktig holdningsarbeid som startar i barnehagen, blir ført vidare i skolen og må liggje til grunn i universitets- og høgskoleinstitusjonane og i forskinga. Målet er at alle skal ha like moglegheiter uavhengig av kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn og religion.
Barnehagen
Barnehagen skal oppdra barn til å møte og skape eit likestilt samfunn og byggje verksemda si på prinsippet om likestilling mellom dei to kjønna. Både gutar og jenter skal bli sedde og hørde, og dei skal bli oppmuntra til i fellesskap å delta i all aktivitet i barnehagen
Ved utgangen av 2010 var om lag ti pst. av dei tilsette i barnehagane menn, noko som tilsvarer om lag 9 000 personar. 8,3 pst. eller om lag 6 100 av dei tilsette i basisverksemda til barnehagen er menn. I basisverksemda inngår personalet som arbeider med heile barnegruppa, det vil seie styrarar, pedagogiske leiarar og assistentar (ikkje tospråklege assistentar). Frå 2009 til 2010 har talet på menn i basisverksemda auka med om lag 470, det vil seie ein auke på om lag åtte pst.
I 2010 hadde om lag 15 pst. av barnehagane minst 20 pst. menn tilsette i basisverksemda. Delen menn som fullfører førskolelærarutdanninga, er framleis berre rundt ti pst. av dei uteksaminerte studentane.
Det viktige arbeidet med å rekruttere fleire menn til barnehagen blir omfatta både av Strategi for rekruttering av førskolelærere til barnehagen 2007–2011 og av regjeringas nye handlingsplan Likestilling 2014. Likestilling 2014 vil bli lansert av Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet i løpet av hausten 2011, og han skal føre vidare det arbeidet som vart sett i gang i den førre handlingsplanen. I den nye planen er det framleis eit mål å auke delen menn tilsette i barnehagane til 20 pst., og at barnehagane skal fremme likestilling mellom gutar og jenter.
Departementet arbeider både for å auke rekrutteringa av menn, og for å fremme ein pedagogikk i barnehagen som medverkar til likestilling mellom gutar og jenter. Landets fylkesmenn er pålagde å opprette likestillingsteam i alle fylka for å vidareføre arbeidet med å rekruttere og halde på menn i barnehagane og fremme likestilling mellom gutar og jenter i læringsmiljøet til barnehagane. Det vil også bli sett i verk tiltak for å heve kompetansen hos tilsette om praktisk likestillingsarbeid i barnehagane. Departementet har sett ut eit undervisningsoppdrag på praktisk likestillingsarbeid til Likestillingssenteret.
Barnehagelova har fått ny formålsparagraf (§ 1), som tok til å gjelde 1. august 2010. Han slår mellom anna fast at barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering. I dette ligg det at barnehagen skal vere ein inkluderande arena for alle barn. Brukarundersøkinga til Difi viser at svært mange foreldre er godt nøgde med barnehagetilbodet, og for foreldre til barn med nedsett funksjonsevne representerer barnehagen avlastning, tryggleik og støtte. Barn med nedsett funksjonsevne har prioritet ved opptak i barnehage.
Rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen går grundigare inn på verdigrunnlaget til barnehagen. Det går mellom anna fram at barnehagepedagogikken skal medverke til likestilling mellom kjønna, og at personalet må reflektere over sine eigne holdningar til kva samfunnet ventar av gutar og jenter. For å støtte arbeidet med rammeplanen i barnehagen har departementet utarbeidd eigne temahefte, blant anna om barn med nedsett funksjonsevne, samiske barn, om språkleg og kulturelt mangfald og om likestilling. Målet er at hefta skal formidle kunnskap og erfaringar som grunnlag for refleksjon. Eitt av fagområda i rammeplanen er etikk, religion og filosofi. Gjennom arbeidet med dette skal barnehagen mellom anna gjere sitt til at barna utviklar toleranse og interesse for kvarandre og respekt for bakgrunnen til kvarandre, uavhengig av den kulturelle og religiøse eller livssynsmessige tilhørsla.
Grunnopplæringa
NIFU har på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet gjennomført ei kartlegging av status for arbeidet med likestilling i skolen med utgangspunkt i Handlingsplan for likestilling i barnehage og grunnopplæring 2008–2010. Konklusjonen til NIFU er at norske skolar ikkje arbeider etter nedfelte, skriftlege målsetjingar for likestilling, og at det i liten grad er diskusjonar med utgangspunkt i klare mål for kva – eller kvar – ein vil med likestilling. Samtidig blir det presisert at dette ikkje er det same som at skolane ikkje synest likestilling er viktig. Snarare blir likestilling sett på som sjølvsagt og noko det ikkje er nødvendig å diskutere.
Gjennomføring i vidaregåande opplæring
Fullføring av vidaregåande opplæring er ein viktig føresetnad for å komme inn på arbeidsmarknaden eller til vidare studium. Delen som gjennomfører opplæringa på normert tid, er tolv prosentpoeng større for jenter enn for gutar. I dei samiske områda er skilnadene enda større; 17 pst. fleire jenter enn gutar fullfører innan normert tid. Fråfallet er høgst blant innvandrargutar. Blant norskfødde jenter og gutar med innvandrarforeldre går imidlertid utviklinga i meir positiv retning. Gjennom prosjektet Ny GIV – gjennomføring i vidaregåande opplæring – arbeider departementet for å få fleire til å fullføre vidaregåande opplæring.
Utdanningsval/rådgiving
Målet om å jamne ut skilnadene i val av utdanning allereie på vidaregåande nivå er viktig for å oppnå økonomisk likestilling vidare. Det er presisert i forskrift at den einskilde eleven skal ha hjelp til å utvikle seg og utnytte ressursane sine utan omsyn til tradisjonelle kjønnsroller. Ein rapport frå SINTEF konkluderer med at verken rådgivarar eller skolar gir nok merksemd til moglegheitene for utradisjonelle utdanningsval. Rapporten kritiserer mangel på tiltak spesielt retta mot gutar. Segregeringa mellom kjønna er absolutt størst i vidaregåande opplæring.
I samband med Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter om ungdomstrinnet vil det i faget utdanningsval bli vurdert tiltak for korleis ein kan få elevar til å vurdere utradisjonelle utdanningsval. Regjeringa ønskjer ikkje å styre utdannings- og yrkesval, men ønskjer først og fremst å satse på systematisk, holdningsskapande arbeid og aktive tiltak. Det vil òg bli sett på korleis kjønnsdimensjonen i vidareutdanning av rådgivarar er teken hand om.
Utdanningsdirektoratet har utarbeidd rettleiingsmateriale for rådgivarar og lærarar om korleis skolen kan oppmode til å vere medviten om likestilling og utradisjonelle yrkesval.
Vaksne i grunnopplæringa
I skoleåret 2009–10 var det 10 500 vaksne i grunnskoleopplæring, og halvparten av desse var kvinner. I det same skoleåret var det 20 000 vaksne som deltok i vidaregåande opplæring, og av desse var 53 pst. kvinner.
Barn og unge med særskilde behov
Kunnskapsdepartementet har lagt fram Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap. Meldinga er ei oppfølging av NOU 2009: 18 Rett til læring. Meldinga inneheld fleire tiltak for å sikre tidleg innsats og gode læringsmiljø for barn, unge og vaksne med særlege behov. Det overordna målet med meldinga er å medverke til at skolar møter mangfaldet av føresetnader og evner elevane har gjennom tilpassa opplæring, og å førebyggje vanskar gjennom gode læringsmiljø. Elevar som ikkje får eit tilfredsstillande utbytte av den ordinære opplæringa, skal sikrast dette gjennom spesialundervisning av god kvalitet. Meldinga skal gjere sitt til at gjeldande rettar til barn, unge og vaksne med særskilde behov blir realiserte.
Regjeringa oppnemnde i statsråd 24. oktober 2008 eit offentleg utval som skulle sjå på tilbodet om opplæring til minoritetsspråklege barn, unge og vaksne. 1. juni 2010 vart NOU 2010: 7 Mangfold og mestring avlevert. NOU-en vart send ut til høring, og over 100 høringssvar kom inn. Nokre av forslaga i utgreiinga vart behandla i Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap og Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter. Blant anna tek ein her til orde for bruk av innføringsklasser, og Kunnskapsdepartementet varslar at ein vil sende ut til høring eit forslag i opplæringslova som opnar for at skoleeigarar kan ha særskilde innføringstilbod til nykomne minoritetsspråklege elevar i grunnskole og i vidaregåande opplæring. Departementet vurderer no om det er behov for fleire nasjonale føringar når det gjeld innhald i og organisering av særskilde innføringstilbod til nykomne minoritetsspråklege elevar i grunnskole og i vidaregåande opplæring.
Ytterlegare forslag frå NOU 2010: 7 vil bli vurderte og handsama i ulike prosessar. Blant anna vil regjeringa leggje fram ei melding til Stortinget om inkludering og integrering. Her vil utdanning vere eitt av fleire tema, og ein vil drøfte om det er naudsynt med auka kompetanse hos arbeidstakarar og leiarar på alle nivå.
Skolens arbeid mot antisemittisme og rasisme
I mai 2010 sette departementet ned ei arbeidsgruppe som skulle komme med forslag til korleis skolen kan arbeide systematisk og heilskapleg mot rasisme, antisemittisme og diskriminering på bakgrunn av den etniske og religiøse eller kulturelle tilhørselen til elevane. Gruppa var breitt sett saman og vart leidd av Inge Eidsvåg. I januar 2011 leverte gruppa rapporten Det kan skje igjen.
Rapportar om rasisme og antisemittisme i skolen gir grunn til uro, og det er svært alvorleg for dei elevane som opplever dette. Noreg er eit fleirkulturelt og samansett samfunn, og skolen er ein viktig møteplass der elevar med ulik bakgrunn kan bli kjende og få tillit til kvarandre. Departementet er oppteke av at skolen har eit ansvar for å arbeide systematisk og heilhetlig mot rasisme og antisemittisme. Kunnskapsrike lærarar som kan utnytte dei moglegheitene som ligg i læreplanane, er avgjerande.
I Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter foreslår departementet
å utvikle ein heilskapleg pedagogisk ressurs for skolens arbeid mot antisemittisme og rasisme, med utgangspunkt i læreplanverket
å utvikle etterutdanningsopplegg for lærarar om tema antisemittisme og rasisme
å oppfordre skolane til å markere Holocaustdagen 27. januar
Forsking og høgre utdanning
Likestilling mellom kjønna
Delen kvinner blant registrerte studentar har endra seg lite frå 2007 til 2010 når ein ser på dei store utdanningsgruppene. Hausten 2010 var om lag 60 pst. av studentane kvinner. I fleire av helse- og sosialfaga er kvinnedelen stabilt høg på over 80 pst. MNT-faga (matematikk, naturfag og teknologi) utgjer ein kontrast til helse- og sosialfaga med ein mykje lågare del kvinner. Matematikk og naturvitskap har nær 40 pst. kvinnelege studentar, teknologiske fag i underkant av 30 pst. og ingeniørutdanninga under 20 pst. Lærarutdanningane har tradisjonelt hatt ein høg kvinnedel, men her er variasjonen mellom utdanningane større enn i helse- og sosialfaga. I 2010 hadde førskolelærarutdanninga om lag 87 pst. kvinnelege studentar og faglærar- og yrkesfaglærarutdanningane om lag 56 pst. kvinner. Praktisk-pedagogisk utdanning og dei integrerte masterutdanningane ligg på 60 og 64 pst. Kvinnedelen blant studentane på dei nye grunnskolelærarutdanningane er høg, men det er stor skilnad mellom trinn 1–7 (om lag 83 pst.) og trinn 5–10 (om lag 63 pst).
I St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning legg regjeringa særleg vekt på kva rekruttering har å seie for forskingskvaliteten. Det er viktig med bevisst rekruttering av studentar og forskarar av begge kjønn til alle fag for å sikre best mogleg kvalitet og relevans i forskinga. Dette er ikkje berre eit spørsmål om rettferd og like moglegheiter for alle, men også om på beste måte å ta i bruk den kompetansen og dei talenta som finst i befolkninga. Forskinga skal reflektere mangfaldet i samfunnet, slik det kjem til uttrykk gjennom kjønn, etnisk bakgrunn og levekår.
Departementet ser det som ei viktig utfordring å arbeide for lik fordeling av kvinner og menn på alle stillingsnivå og fagområde. Utviklinga går rett veg, men langsamt. Derfor trengst det fleire tiltak for å rekruttere, halde på og kvalifisere forskarar av begge kjønn til alle fag. Blant dei faglege stillingane ved universitet og høgskolar blir delen kvinner lågare dess høgre ein kjem i stillingsstrukturen, jf. figuren nedanfor. Medan kvinner er i fleirtal blant stipendiatane, er berre om lag kvar femte professor kvinne. Over tid aukar likevel delen kvinner i alle dei viktigaste faglege stillingane. Variasjonen i kvinnedel blant faglege stillingar er stor mellom fagområda. Kvinner er særleg dårleg representerte blant førstestillingane i MNT-faga.
Departementet sette i 2010 i verk ei treårig prøveordning med insentiv for å auke kvinnedelen i høgre vitskaplege stillingar i MNT-fag. Formålet er å premiere universitet og høgskolar ved at kvar tilsetjing av ei kvinne i stillingane førstelektor, førsteamanuensis, professor og dosent i MNT-fag utløyser midlar til institusjonen. Ordninga omfattar no ni institusjonar som gir doktorgradsutdanning innanfor desse fagområda. I 2010 vart det tilsett 16 kvinner i stillingar som gir utteljing i insentivordninga. Ramma for ordninga er på 10 mill. kroner, avgrensa til maksimalt 300 000 kroner per tilsetjing. Budsjettutteljinga for tilsetjingar i 2010 kjem i 2012, og utgjer 4,8 mill. kroner. Sjå òg budsjettforslag under kap. 281 post 01.
Kunnskapsdepartementet krev at universiteta og høgskolane utarbeider handlingsplanar for likestilling mellom anna for å betre arbeidsvilkåra for kvinner i høgre akademiske stillingar. Kunnskapsdepartementet føreset at planane òg omfattar tiltak for å auke delen kvinner i førstestillingar.
I 2007 oppretta departementet ein likestillingspris for å premiere dei beste handlingsplanane og stimulere sektoren til målretta likestillingsarbeid. Prisen blir delt ut for femte gong i 2012.
Komité for kjønnsbalanse i forsking (Kif-komiteen) arbeider for å fremme likestilling mellom kjønna ved universiteta, høgskolane og forskingsinstitutta. Komiteen støttar institusjonane i arbeidet med å integrere likestilling i eiga verksemd, og kjem med framlegg om tiltak som kan betre kjønnsbalansen i forskingsmiljøa. Komiteen skal òg medverke til auka medvit om den skeive balansen mellom kjønna i akademia og forskingssystemet. Komiteen er finansiert av Kunnskapsdepartementet, og mottek halvparten av støtta gjennom Forskingsrådet.
Det viktigaste likestillingsarbeidet går likevel føre seg ved institusjonane. Universiteta og høgskolane arbeider aktivt med tiltak for å oppnå auka likestilling. Erfaringa syner at forankring i leiinga ved institusjonen og konkrete tiltak der verknadene kan bli målte, speler ei stor rolle for å lykkast med likestillingsarbeidet.
Noregs forskingsråd har laga ein Policy for likestilling og kjønnsperspektiver i forskning (2007–2012), som er grunnlaget for Forskingsrådets likestillingsarbeid.
I 2010 var det 26 pst. kvinnelege prosjektleiarar i Forskingsrådet, likt med året før. Blant doktorgrads- og postdoktorstipendiatane er kvinnedelen særleg høg innanfor handlingsretta program. Dette speglar den faglege profilen i desse programma. Dei inneheld mykje samfunnsvitskap, medisin og helsefag, der kvinnedelen generelt er høg. Om ein ser på dei einskilde faga, har medisin, samfunnsvitskap og humaniora over 50 pst. kvinner, medan kvinnedelen ligg på kring 30 pst. i teknologi og i matematikk og naturvitskap. I teknologifaga har kvinnedelen blant postdoktorane gått ned mellom 2009 og 2010.
I 2010 gjekk Forskingsrådet gjennom kriteria for handsaming av søknader. Gjennomgangen har ført til ei styrking og presisering av kjønns- og likestillingsdimensjonen i søknadsvurderinga.
Tiltak mot diskriminering
Departementet vil sikre rekrutteringa av minoritetsspråklege lærarar. Det blir gjennom særskilde løyvingar lagt til rette for tilpassa oppfølging av studentar med tospråkleg bakgrunn, mellom anna i fleksible utdanningstilbod.
I lov om universitet og høgskolar blir det understreka at styra ved institusjonane skal sørgje for eit godt læringsmiljø, og at institusjonen skal leggje til rette for studentar med særskilde behov.
Institusjonane er gjennom lov pålagde å ha eit læringsmiljøutval, som skal arbeide for at det blir teke vare på læringsmiljøet til studentane, inkludert dei med nedsett funksjonsevne.
Departementet tildeler årleg midlar til Universell (tidlegare Nasjonal pådrivareining for funksjonshemma i høgre utdanning) ved NTNU, som skal medverke til å fremme eit inkluderande læringsmiljø for studentar med nedsett funksjonsevne, og vere ein pådrivar for læringsmiljøutvala ved norske lærestader.
Brukarforum for funksjonshemma i høgre utdanning vart oppretta i 2000. Kunnskapsdepartementet finansierer drifta, og sekretariatet er lagt til Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO). Brukarforumet er ein møtestad for departement, tilsette i universitets- og høgskolesektoren og representantar frå organisasjonane for funksjonshemma, og der problemstillingar knytte til funksjonshemma og høgre utdanning blir drøfta.
NIFU har i 2010 på oppdrag av Deltasenteret og Kunnskapsdepartementet utarbeidd rapporten Tilretteleggingsutfordringer i høyere utdanning før og nå. Studentar som vart intervjua i 2010, var generelt sett nøgde med måten dei vart følgde opp på ved lærestadene, til tross for enkelthendingar der dei følte seg krenkte og diskriminerte.
Rapporten viser vidare at lærestadene driv eit omfattande arbeid knytt til tilrettelegging for studentar med nedsett funksjonsevne, men òg at lærestadene opplever ei rekkje utfordringar i dette arbeidet.
Likestilling og arbeidet mot diskriminering i verksemder underlagde Kunnskapsdepartementet
Etter likestillingslova § 1a, diskrimineringslova § 3a og diskriminerings- og tilgjengelova § 3 er alle arbeidsgivarar pålagde å jobbe aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling og hindre diskriminering (aktivitets- og meldeplikta). Kunnskapsdepartementet skal i Prop. 1 S gjere greie for tilstanden når det gjeld likestilling og diskriminering. Meldeplikta gjeld òg for verksemder og institusjonar under Kunnskapsdepartementet. I Prop 1 S blir det gjort ei overordna vurdering av tilstanden for ordinære (bruttobudsjetterte) verksemder underlagde departementet. For rapporteringa frå kvar enkelt verksemd blir det vist til årsrapportane til verksemdene.
Tabell 8.1 Delen menn og kvinner i ordinære forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet (2010)
Verksemd | Tilsette | Del menn (%) | Del kvinner (%) |
---|---|---|---|
Utdanningsdirektoratet | 280 | 36,8 | 63,2 |
Dei samiske vidaregåande skolane, Karasjok og Kautokeino | 89 | 37,1 | 62,9 |
Sameskolen for Midt-Noreg | 13 | 30,8 | 69,2 |
Spesialpedagogiske kompetansesenter | 852 | 27,2 | 72,8 |
Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar | 37 | 37,8 | 62,2 |
Foreldreutvalet for grunnopplæringa | 10 | 0 | 100,0 |
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) | 61 | 34,4 | 65,6 |
Senter for IKT i utdanninga | 47 | 53,2 | 46,8 |
Statens lånekasse for utdanning | 317 | 39,7 | 60,3 |
Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk | 87 | 29,9 | 70,1 |
Kjelde: Statens sentrtale tjenestemannsregister
Tabell 8.2 Gjennomsnittleg månadsforteneste for menn og kvinner i ordinære forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet (2010)
Verksemd | Gj.snittleg månadsforteneste, menn | Gj.snittleg månadsforteneste, kvinner | Lønn til kvinner i pst. av lønn til menn |
---|---|---|---|
Utdanningsdirektoratet | 43 109,0 | 40 134,0 | 93,1 |
Dei samiske vidaregåande skolane, Karasjok og Kautokeino | 41 803,0 | 34 126,0 | 81,6 |
Sameskolen for Midt-Noreg | 35 713,0 | 30 480,0 | 85,3 |
Spesialpedagogiske kompetansesenter | 38 729,0 | 36 423,0 | 94,0 |
Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar | 36 414,0 | 35 253,0 | 96,8 |
Foreldreutvalet for grunnopplæringa | – | 39 160,0 | – |
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) | 44 734,0 | 38 097,0 | 85,2 |
Senter for IKT i utdanninga | 39 928,0 | 43 937,0 | 110,0 |
Statens lånekasse for utdanning | 35 466,0 | 35 118,0 | 99,0 |
Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk | 40 069,0 | 38 542,0 | 96,2 |
Kjelde: Statens sentrale tjenestemannsregister
I Utdanningsdirektoratet, ved dei samiske vidaregåande skolane i Karasjok og Kautokeino og ved Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar (Vea) utgjer kvinner rett i overkant av 60 pst. av dei tilsette, medan det i Senter for IKT i utdanninga er ei jamn fordeling mellom kjønna. I dei spesialpedagogiske kompetansesentra utgjer kvinnene meir enn 70 pst. av dei tilsette. I sekretariatet for Foreldreutvalet for grunnopplæringa er det utelukkande kvinner. I dei tilsetjingane som har vorte gjorde i løpet av året til sekretariatet, har det vore lagt vekt på å rekruttere både menn og personar med nedsett funksjonsevne, men det var ikkje søkjarar som hadde tilstrekkelege kvalifikasjonar. I Utdanningsdirektoratet, i dei spesialpedagogiske kompetansesentra og ved Vea tener menn noko meir enn kvinner, mens det motsette gjeld for Senter for IKT i utdanninga. Verksemdene har ei bevisst holdning til likestilling og arbeider aktivt med å syte for likestilling når dei rekrutterer nye tilsette, ved fastsetting av lønn og i utforming av personalpolitiske tiltak.
Statens lånekasse for utdanning har ei viss overvekt av kvinner blant dei tilsette. Denne kjønnsbalansen blir reflektert på dei ulike stillingsnivåa i organisasjonen, både for kjønnsfordelinga og i lønnsfordelinga. Kjønnsfordelinga for faste medlemmer og varamedlemmer i Lånekassens styre er også jamn. Departementet vurderer likestillingssituasjonen som god. Lånekassen legg vekt på at arbeidsstokken skal spegle befolkninga på ein god måte. Lånekassen prøver å tiltrekkje seg søkjarar med innvandrarbakgrunn ved å ta inn eigna formuleringar i stillingskunngjeringane. Lånekassen legg til rette for at tilsette med funksjonshemmingar skal få ein effektiv og god arbeidskvardag. Dette er mellom anna gjort gjennom tilpassingar av det fysiske arbeidsmiljøet.
I Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) er om lag 65 pst. av dei tilsette kvinner. NOKUT legg vekt på å ha ei balansert fordeling mellom kjønna i sin organisasjon, og på rekruttering av kvinner i dei delane av verksemda der dei er i mindretal. I NOKUT er kvinner i fleirtal i mellom anna leiarstillingar. At kvinner tener noko mindre enn menn, skyldast mellom anna fordelinga av deltidstilsette, og at det er fleire kvinner enn menn på lågare sakshandsamarnivå. NOKUT legg til rette for arbeids- og tiltaksplassar for personar som NAV har avklart at bør få prøvd ut arbeidsevna si i det ordinære arbeidslivet. NOKUT har som ambisjon å kalle inn alle kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn til intervju i ledige stillingar.
I Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk er 70 pst. av dei tilsette kvinner. Fordelinga er om lag den same i alle stillingsgruppene, medan det er ei jamnare fordeling mellom kvinner og menn blant førstekonsulentar og administrativt personale. Av dei som vart tilsette i 2010, var 58 pst. kvinner. Lønnsmessig tener menn noko meir enn kvinner. Dei personalpolitiske retningslinjene i Vox slår fast at det skal vere like moglegheiter og lik behandling ved tilsetjing, forfremming, fastsetjing av lønn og rett til vidareutdanning og utdanningspermisjon, uavhengig av kjønn, funksjonshemming eller etnisk bakgrunn. Ved rekruttering av nye tilsette har Vox ei eiga formulering i utlysingane der dei oppmuntrar kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonshemming eller etnisk bakgrunn.
Likestilling og arbeid mot diskriminering i Kunnskapsdepartementet
Som arbeidsgivar er Kunnskapsdepartementet pliktig til å arbeide for å betre kjønnslikestillinga og for betre mangfald i samfunnet. Derfor har departementet som mål å oppnå best mogleg kjønnsbalanse i organisasjonen og gi dei tilsette tilgang til utvikling, karriere og velferd uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn og funksjonsevne.
Per 1. oktober 2010 var 63,5 pst. av dei tilsette i departementet kvinner. Delen kvinnelege tilsette er relativt stabil. Kvinner utgjer framleis den største delen av dei tilsette, og departementet vil i rekrutteringsarbeidet framleis vurdere korleis delen menn kan aukast.
Tabell 8.3 Delen menn og kvinner og gjennomsnittleg månadslønn etter stillingskode
År | Del menn (%) | Del kvinner (%) | Totalt | Lønn menn (kr) | Lønn kvinner (kr) | |
---|---|---|---|---|---|---|
Tilsette i departementet omfatta av HTA | 2010 | 36,5 | 63,5 | 334 | 44 867 | 41 846 |
2009 | 34,4 | 65,6 | 317 | 43 104 | 40 221 | |
Toppleiing | ||||||
Departementsråd/ ekspedisjonssjef | 2010 | 55,6 | 44,4 | 9 | 87 583 | 85 917 |
2009 | 55,6 | 44,4 | 9 | 83 950 | 82 354 | |
Mellomleiarar | ||||||
Avdelingsdirektør, direktør | 2010 | 47,0 | 53,0 | 51 | 55 273 | 54 374 |
2009 | 43,9 | 56,1 | 47,6 | 54 386 | 54 198 | |
Sakshandsaming | ||||||
Underdirektør, spesialrådgivar, prosjektleiar, fagdirektør (kun for 2010), byråsjef (kun for 2009) | 2010 | 64,7 | 35,3 | 17 | 57 235 | 58 522 |
2009 | 64,7 | 35,3 | 13,9 | 50 700 | 52 403 | |
Seniorrådgivar | 2010 | 36,4 | 63,6 | 143 | 43 526 | 43 749 |
2009 | 37,5 | 62,5 | 127,1 | 42 248 | 42 200 | |
Rådgivar | 2010 | 34,8 | 65,2 | 69 | 37 712 | 37 011 |
2009 | 33,6 | 66,4 | 62,5 | 35 526 | 35 248 | |
Førstekonsulent | 2010 | 22,0 | 78,0 | 41 | 32 543 | 33 307 |
2009 | 24,0 | 76,0 | 33,4 | 31 836 | 31 113 | |
Administrativt personale | ||||||
Seniorkonsulent, konsulent | 2010 | 18,2 | 81,8 | 11 | 28 155 | 32 446 |
2009 | 14,1 | 85,9 | 7,1 | 28 667 | 31 411 | |
Lærling | 2010 | 0,0 | 100,0 | 2 | – | 23 850 |
2009 | 0,0 | 100,0 | 1 | – | 22 766 |
Kjelde: Tabell 2 frå Statens sentrale tjenestemannsregister (SST) per 1. oktober 2009 og 1. oktober 2010. Merk at totalt (N) for 2009 er oppgitt i årsverk og ikkje i heiltidsekvivalentar
Per 1. oktober 2010 var 53 pst. av leiarane i Kunnskapsdepartementet kvinner. Mens kvinnerepresentasjonen i toppleiargruppa fram til 2004 låg på 20–30 pst., er han i dag på 44,4 pst. Gjennom fleire år har departementet lagt vekt på å rekruttere, kvalifisere og motivere kvinner til leiande stillingar. Departementet vil arbeide vidare for å halde oppe den gode kjønnsbalansen på leiarnivå.
Dei lokale partane drøfter detaljert lønnsstatistikk ein gong i året, mellom anna for å avdekkje om kvinner og menn er lønte ulikt. Partane er samde om at ein ikkje finn systematisk ulikskap som kan vere knytt til kjønn, når ein samanliknar menn og kvinner innanfor same stillingskode. At snittlønna for kvinner er 93,3 pst. av snittlønna for menn, kjem av at kvinner er i fleirtal i dei lågtlønte stillingskodane (konsulent, seniorkonsulent, førstekonsulent).
Tabell 8.4 Del menn og kvinner i deltid, midlertidig tilsetjing, foreldrepermisjon og legemeldt sjukefråvær
Deltid (%) | Midlertidig tilsette (%) | Foreldrepermisjon (%) | Legemeldt fråvær (%) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Menn | Kvinner | Menn | Kvinner | Menn | Kvinner | Menn | Kvinner | ||
Totalt i Kunnskapsdepartementet | 2010 | 2,5 | 17,9 | 11,5 | 10,8 | 0,0 | 4,2 | 1,8 | 2,5 |
2009 | 4,6 | 21,2 | 8,3 | 7,7 | 0,9 | 5,3 | 2,1 | 3,1 |
Kjelde: Tabell 4 frå SST per 1. oktober 2009 og per 1. oktober 2010. Merk at legemeldt fråvær er data per 31.12.09 og 31.12.10
Statistikken for oktober 2010 syner at 17,9 pst. av kvinnene er lønte i deltidsstillingar, medan det same gjeld for 2,5 pst. av dei mannlege tilsette. Dette er ein nedgang i begge gruppene samanlikna med 2009. Det legemelde sjukefråværet var i 2010 på 2,5 pst. for kvinner og 1,8 pst. for menn. Dette er ein nedgang samalikna med 2009.
Overtida i departementet har blitt redusert med om lag 30 pst. frå 2009. I 2010 arbeidde ein kvinneleg tilsett i Kunnskapsdepartementet i snitt 22,5 timar overtid. Det tilsvarande timetalet for ein mann var 29,5 timar.
Per 1. januar 2011 hadde 20 tilsette avtale om å kunne arbeide ein dag i veka frå heimekontor, 15 av desse var kvinner.
Personalpolitiske tiltak
I dei siste åra har Kunnskapsdepartementet satsa mykje på utvikling av leiarar og medarbeidarar. Det er sett i gang fleire ulike tiltak: Program for utvikling av medarbeidarar – i andre kull som starta i 2010, var 13 av 25 deltakarar kvinner. På kollegabasert rettleiing for mellomleiarar deltok 18 mellomleiarar med personalansvar, av desse var 14 kvinner. Departementet har no 15 mentorar, seks av desse er kvinner. På det årlege pensjonistførebuande kurset var det i 2010 seksten deltakarar, ni av dei var kvinner.
Likestillingstiltak: Kjønn, etnisk bakgrunn og nedsett funksjonsevne
Rekruttering
Kunnskapsdepartementet har i fleire år arbeidd for å rekruttere tilsette med innvandrarbakgrunn, og for at talet på nytilsette med nedsett funksjonsevne skal auke. Det er sett i gang fleire tiltak for å få til dette.
Departementets elektroniske personal- og leiarhandbok gjer greie for regelverket for innkalling av kandidatar med innvandrarbakgrunn til intervju og prioritering av kandidatar med nedsett funksjonsevne. Leiarhandboka har òg lenkje til Mangfoldsportalen og til inspirasjonsheftet Overser du kompetanse? utvikla av Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, Helsedirektoratet og Likestillings- og diskrimineringsombodet. Kunnskapsdepartementet deltek aktivt på karrieredagar ved aktuelle utdanningsinstitusjonar. Departementet prøver så langt det er mogleg å ha tilsette med ulik etnisk bakgrunn med på presentasjonen. Det same gjeld på departementets websider.
Det har vorte utvikla ei mentorordning med tanke på tilsette med annan etnisk bakgrunn; ordninga er seinare utvida til å gjelde alle nytilsette. Departementet gir leiarane rettleiing i rekruttering, blant anna om rekruttering til mangfald.
Departementet har få søkjarar med nedsett funksjonsevne til ordinære stillingar. Departementet vil setje i verk fleire IA-tiltak for å rekruttere fleire søkjarar med nedsett funksjonsevne, mellom anna betre samarbeid med NAV for å leggje til rette for praktikantar, fleire kanalar for kunngjering av ledige stillingar, og betre informasjon om at kvalifiserte søkjarar med nedsett funksjonsevne skal kallast inn til intervju. Arbeidet med dette starta våren 2011 i samband med at det vart inngått ny, lokal IA-avtale, og det skal vere avslutta i løpet av året. Departementet deltek også i ei felles statleg trainee-ordning for personar med nedsett funksjonsevne i 2011–12.
Lønns- og arbeidsvilkår, karriereutvikling
Kunnskapsdepartementet vil leggje til rette for gode arbeidsvilkår for ulike fasar i livet. Departementet drøfter mellom anna lønnspolitikken årleg med dei hovudtillitsvalde, òg med vekt på likestilling. Vi har innført systematisk kartlegging av sluttårsaker, som mellom anna kan avdekkje forskjellsbehandling. Vi har òg utarbeidd ein samla personalstatistikk for å sikre systematisk arbeid for å forbetre arbeidsvilkår, minske sjukefråvær, osv. for menn og kvinner.
Kunnskapsdepartementet har eit breitt internt utviklings- og opplæringstilbod. Tiltaka medverkar til likestilling og like moglegheiter for alle tilsette. Departementet vil føre vidare ordningar med mellom anna intern coaching, mentorar, utvikling av leiarar og medarbeidarar, internasjonale stipendordningar, hospiteringsordningar osv., med vekt på at tilboda skal bli gitte til både menn og kvinner.
Tiltak mot trakassering
Departementet har utvikla rutinar for varsling i tråd med reglane i arbeidsmiljølova. I tillegg har departementet regelmessige undersøkingar av arbeidsmiljøet, der tilsette kan gi varsel om mobbing anonymt.
9 Miljø
Kunnskapsdepartementet arbeider for å ha ein god miljøprofil innanfor dei ulike sektorane departementet og underliggjande verksemder er med på å forme.
Formidling av kunnskap og gode holdningar til miljøet er ein integrert del av det pedagogiske opplegget i barnehagane og skolane. Ifølgje formålsparagrafen i barnehagelova skal barnehagen i samarbeid og forståing med heimen ta hand om dei behova barn har for omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barna skal få utfalde skaparglede, undring og utforskartrang. Dei skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Natur, miljø og teknikk er eitt av sju fagområde i rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. For å støtte barnehagane i arbeidet er det utarbeidd eit temahefte om natur og miljø. I mange kommunar er det etablert eigne naturbarnehagar, anten i regi av kommunen sjølv eller av private aktørar.
Utdanning for berekraftig utvikling er integrert i læreplanverket for Kunnskapsløftet. Elevane og lærlingane skal, i høve til formålsparagrafen, lære å tenkje kritisk og handle etisk og miljøbevisst. I samarbeid med Miljøverndepartementet har Kunnskapsdepartementet initiert Den naturlege skolesekken, eit tiltak som koordinerer samarbeid mellom skolar og frivillige organisasjonar, og som mellom anna legg til rette for utvida bruk av det naturlege nærmiljøet til skolane i undervisninga. Samstundes gir Nettverk for miljølære skolane tilbod om faglege aktivitetar og felles arenaer for arbeidet med miljø og klima.
Noreg vil framleis ta aktiv del i FNs tiår for berekraftig utvikling (2005–2014). Den nasjonale strategien for utdanning for berekraftig utvikling (2006–2010) har både vore ei oppfølging av Utdanningstiåret og ein sentral del av den miljøpolitiske satsinga innanfor grunnopplæringa. FNs tiår for berekraftig utvikling går no inn i sin avsluttande fase. Utdanningsdirektoratet har fått ansvaret for å revidere den nasjonale strategien, i samarbeid med departementet, for perioden 2010–15.
Soria Moria-erklæringa legg vekt på at Noreg skal bli eit føregangsland i miljøpolitikken. Miljøforsking er naudsynt mellom anna for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for politikkutforminga, men òg for å leggje til rette for ei grøn omstilling av næringslivet. Ved å satse på utvikling av ny kunnskap og teknologi kan det vi gjer nasjonalt, også få verknad langt ut over Noregs grenser.
Forskingsmeldinga, St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning, legg vekt på at forskinga skal medverke til verdiskaping og til å løyse globale utfordringar. Klima og energi, biologisk mangfald, miljøgifter og havmiljø er viktige prioriteringar. Miljøforsking er òg eit viktig element i andre meldingar, som St.meld. nr. 7 (2008–2009) Et nyskapende og bærekraftig Norge, St.meld. nr. 22 (2008–2009) Svalbard, St.meld. nr. 39 (2008–2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen og Meld. St. 6 (2009–2010) Nordisk samarbeid.
Regjeringa har styrkt forskinga om fornybar energi og karbonfangst og -lagring med i alt 600 mill. kroner i perioden 2008–10. Klimaforskinga vart styrkt med 50 mill. kroner i 2010, mellom anna til etablering av eit nytt klimaforskingssenter i Bergen basert på kompetansen ved Bjerknessenteret. Målet er at det nye senteret skal utvikle ein framskutt posisjon i internasjonal klimaforsking og blant anna kunne medverke vesentleg til arbeidet i FNs klimapanel. Regjeringa har òg oppretta Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking i Tromsø, der forvaltningsretta forsking knytt til nordområda vil stå sentralt.
I 2010 kom alle åtte forskingssentra for miljøvennleg energi (FME) i gang. Regjeringa vil at samfunnsvitskapane skal vere ein viktig del av forskinga på miljøvennleg energi. Som ein del av regjeringas klimasatsing har derfor Noregs forskingsråd i tillegg etablert tre forskingssenter som særskilt legg vekt på samfunnsvitskaplege problemstillingar, dei såkalla FME Samfunn.
Departementet støttar miljøforsking gjennom ulike satsingar og program som Forskingsrådet har på miljøområdet. Departementet finansierer òg forsking innanfor EUs rammeprogram, der store delar er miljørelaterte.
Regjeringa ønskjer å sikre arven etter det internasjonale polaråret som no er avslutta. Det vart derfor etablert eit eige polarforskingsprogram i Noregs forskingsråd i 2011.
Noreg var initiativtakar til Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS), som er eit internasjonalt prosjekt for samarbeid om forskingsinfrastruktur på det europeiske vegkartet for forskingsinfrastruktur (ESFRI). SIOS har motteke pengar frå EUs sjuande rammeprogram for å starte den førebuande fasen av prosjektet. Prosjektet har som mål å gi ny kunnskap om klima og miljø i nordområda.
ECCSEL (European Carbon Dioxide Capture and Storage Laboratory Infrastructure) er eit anna norskinitiert prosjekt på det europeiske vegkartet for forskingsinfrastruktur. Også dette prosjektet har motteke midlar frå EU til første fase. Prosjektet har som mål å gi ny kunnskap om karbonfangst og -lagring, noko som vil kunne redusere utsleppa frå fossilt brennstoff.
Det er vesentleg at den kunnskapen som miljøforskinga resulterer i, blir formidla, både til folk flest og for bruk i forvaltning og næringsverksemd. Departementet ønskjer å leggje til rette for auka og betre forskingsformidling. Både universiteta, høgskolane, forskingsinstitutta og Noregs forskingsråd formidlar resultat frå miljørelevant forsking, i tidsskrift, bøker, på konferansar og på Internett.
Universitet og høgskolar er viktige institusjonar for kunnskapsformidling, men òg for forsking på miljøet. Miljøretta forsking er viktig for å få god forståing for miljøet og for korleis miljøet utviklar seg; dette er ein viktig føresetnad for god og fornuftig utforming av miljøpolitikken. Kunnskapsdepartementet støttar oppunder klimaforsking mellom anna gjennom løyvingar til programmet NORKLIMA under Noregs forskingsråd. Departementet har merksemd på oppfølginga av klimameldinga og klimaforliket når det gjeld forsking.
Eit anna viktig tiltak er departementets finansiering av kontingenten for norsk medlemskap i Global Biodiversity Information Facility (GBIF), som er eit internasjonalt initiativ for å sikre elektronisk tilgang til data om biologisk mangfald for forskarar og andre interesserte over heile verda. Den norske GBIF-noden er lagd til Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.
Artsdatabanken vart oppretta frå og med 2004, og er knytt til Vitskapsmuseet ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim. Artsdatabanken starta det faglege arbeidet i januar 2005 og gir ei nasjonal elektronisk oversikt over eigenskapar til og omfang av biologisk mangfald i Noreg når det gjeld både naturtypar og artar. Artsdatabanken har vore styrkt gjennom fleire år, og Kunnskapsdepartementet foreslår å vidareføre tildelinga i 2012. Tenestene til Artsdatabanken er særskilt viktige for miljøforvaltning, undervisning og forsking. Revidert raudliste over truga og sårbare artar vart lagd fram i 2010, og i 2011 gav dei ut den første raudlista over naturtypar. Denne lista byggjer på det nye systemet for Naturtyper i Noreg (NiN) som Artsdatabanken utvikla i 2009. Raudlista for naturtyper blir eit viktig verktøy for oppfølginga av ny lov om naturmangfald. I 2007 la dei fram ei Svarteliste over framande artar, og arbeidet med ein revidert versjon er i full gang med tanke på framlegging våren 2012. Andre tenester er Artsobservasjonar, der folk kan leggje inn sine eigne observasjonar, og Artskart med artsdata knytte til karttenester. Desse siste dataene blir òg publiserte direkte i det opne, internasjonale GBIF-nettverket.
Universitetsmusea speler ei viktig rolle i å forvalte vitskaplege natur- og kulturhistoriske samlingar. I St.meld. nr. 15 (2007–2008) Tingenes tale vart utfordringane til universitetsmusea drøfta, på mellom anna områda forsking, formidling og forvaltning av samlingane. Desse musea har ei viktig miljøpolitisk rolle gjennom forsking og formidling knytte til deira samlingar. Universitetsmusea er mellom anna pålagde ei rekkje forvaltningsoppgåver etter kulturminnelova. Musea er vortne styrkte i dei siste åra for mellom anna å sikre at samlingane kan bli forsvarleg oppbevarte. Frå 1. januar 2009 vart Arkeologisk museum knytt til Universitetet i Stavanger.
Meteorologisk institutt har i tillegg til ei rekkje andre funksjonar ei viktig rolle som kartleggjar av dei klimatiske endringane. Instituttet skal følgje den globale og den nasjonale klimautviklinga og skal gi tilfredsstillande klimainformasjon for samfunnsplanlegging og for utforming av Noregs klimapolitikk. Instituttet skal arbeide for at styresmakter, næringsliv, institusjonar og folk flest best mogleg skal få høve til å sikre liv og verdiar gjennom planmessig vern av miljøet.