Prop. 1 S 2011–2012

FOR BUDSJETTÅRET 2012 — Utgiftskapittel: 800–868, 2530 Inntektskapittel: 3821, 3822, 3842, 3846, 3855, 3856, 3858, 3859

Til innhaldsliste

Del 2
Nærmare om budsjettforslaget

3 Nærmare om budsjettforslaget

Programområde 11

Programkategori 11.00 Administrasjon

Hovudinnhald og prioriteringar

Under programkategori 11.00 Administrasjon ligg lønns- og driftsutgifter til departementet og utgifter til stillingar som departementet finansierer i Europakommisjonen.

Mål

For 2012 blir desse måla prioriterte:

Hovudmål

Delmål

  1. God og open forvalting

  • 1.1 Effektiv organisering og drift av departementet

  • 1.2 Effektiv organisering og drift av tilknytte verksemder

  • 1.3 God og målretta informasjon

Resultatrapport og strategiar

Delmål 1.1: Effektiv organisering og drift av departementet

Resultatrapport 2010/2011

Departementet har sett i verk tiltak for å gi eit best mogleg samsvar mellom oppgåveprioritering, ressursallokering og bruk av den samla kompetansen i departementet.

Sidan 2010 har det blitt arbeidd med eit prosjekt (BLD 2013) som skal sikre at departementet når dei politiske måla gjennom god organisering og effektive arbeidsprosessar. Det inneber mellom anna vurdering av arbeids- og oppgåvedelinga mellom departement og etatar og den interne organiseringa i departementet.

Strategiar og tiltak for 2012

Prosjektet BLD 2013 har tre vidt definerte utviklingsområde med ulike tiltak knytte til kvart av dei:

  1. utvikling og styrking av rolla som sekretariat for den politiske leiinga

  2. evne til å handtere skiftande politiske prioriteringar og nye oppgåver

  3. betre samhandling/samordning og deling av kunnskap på tvers av avdelingar

Det overordna målet er å sikre at dei politiske måla blir nådde gjennom god organisering og effektive arbeidsprosessar.

Innføringa av nytt system for elektronisk sakshandsaming har blitt utsett til våren 2012 grunna åtaket 22. juli og omprioriteringar av ressursar i DSS. Det nye systemet skal effektivisere arbeidsprosessane og lette samhandlinga på tvers av avdelings- og departementsgrenser.

Delmål 1.2: Effektiv organisering og drift av tilknytte verksemder

Resultatrapport 2010/2011

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som blei presenterte i Prop. 1 S (2009–2010).

Departementet har lagt vekt på at styringa stimulerer verksemdene til å leggje opp drifta rasjonelt og målretta. Under følgjer omtale av BLDs største underliggjande verksemder.

Organisering og drift av Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat)

Etaten blei oppretta mellom anna for å utvikle eit betre barnevern og familievern med god økonomisk kontroll. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) skal sikre at regionane utnyttar ressursane godt, og er ansvarleg for at regionane når sine mål. Det er direktoratet si oppgåve å nå måla med reforma frå 2004 med dei ressursane som står til disposisjon.

Arbeidet med å effektivisere etaten har gitt resultat. Direktoratet sette i 2010 i gang eit program for god fagleg praksis og økonomisk balanse i det statlege barnevernet (Program 2010). Bufetat nådde målet om å halde budsjettet i det statlege barnevernet. Etaten hadde ikkje behov for tilleggsløyvingar utover tilleggsløyvinga i revidert nasjonalbudsjett 2010 som følgje av innføring av standardkontraktar for statlege beredskaps- og familieheimar.

Gjennom programmet har etaten arbeidd målretta for å oppnå god praksis innanfor vedtekne budsjettrammer. Regionane har utarbeidd utviklingsplanar med utgangspunkt i utfordringar knytte til eigen region. Eit viktig tiltak har vore å utarbeide eit mandat og retningslinjer for arbeidet til fagteama i Bufetat. Retningslinjene skal bidra til å kvalitetssikre arbeidet til fagteama og gi likeverdige tilbod frå statleg barnevern til brukarar, kommunar og andre samarbeidspartnarar. Retningslinjene er tekne i bruk og skal evaluerast i 2011 på bakgrunn av erfaringar og dialogen med den kommunale barnevernstenesta. Eit anna fokusområde i Program 2010 har vore opphaldstid på institusjon. Dette har gitt positive resultat i form av redusert opphaldstid og færre barn med opphaldstid over to år.

Arbeidet held fram for at fleire barn og unge skal få alternative tilbod til institusjon der det er formålstenelig. Bufetat lykkast med å redusere talet på barn i institusjon i 2010.

Målet er at alle barn som treng tenester frå barnevernet, får tilbod av riktig kvalitet og til riktig tid. Bufetat har gjennomført fleire aktivitetar for å auke kvaliteten i tenestetilbodet i 2010. Aktivitetane er samanførte og spissa i Kvalitetsutviklingsprogrammet 2011.

Eit vesentleg bidrag til utviklinga av det statlege barnevernet sine tenester, er rapporten Kvalitet i barnevernsinstitusjonar, som blei levert i 2010. Rapporten peiker på forbetringsområde når det gjeld systematikk og målretting av arbeidet med kvart barn.

For å få meir kunnskap om tenestene er det i 2010 gjennomført ei omfattande brukarundersøking blant alle som bur på institusjonar i Noreg. Resultata frå denne undersøkinga vil vere viktig i det vidare arbeidet med ein brukarstrategi og kvalitetsutviklingsprogrammet for etaten.

I 2010 har bruken av hjelpetiltak i heimen auka, fleire familiar har fått hjelp, og mange har blitt foreldre gjennom adopsjon. Sjølv om mange er nøgde med tilbodet dei får frå Bufetat, viser kommuneundersøkingar, brukarundersøkingar og tilbakemeldingar frå tilsynsstyresmakter at det er utfordringar i mange delar av tilbodet, og at det er behov for ei kvalitetsforbetring.

Departementet sette i 2010 i verk ei evaluering av forvaltingsreforma i barnevernet frå 2004. Evalueringa vil gi eit grunnlag for den vidare utviklinga av det statlege barnevernet.

Effektiv sakshandsaming i fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Fylkesnemndene blei oppretta som ein eigen, sjølvstendig organisasjon underlagt Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet frå 1. januar 2011. Den nye direktøren for fylkesnemndene har fungert i stillinga sidan mars 2010 og har hatt ansvaret for å gjennomføre omorganiseringa. Den nye sentraleininga har frå 1. januar 2011 teke over mange av dei administrative oppgåvene frå departementet.

Eit mål med opprettinga av fylkesnemndene som eige forvaltingsorgan var å senke sakshandsamingstida og betre ressursutnyttinga i verksemda. Det er sett i gang ein prosess for å betre ressursbruken i nemndene, og styringssystemet i nemndene blir også gjennomgått.

Det er utvikla og teke i bruk nye rapportar som er baserte på dei ulike sakshandsamingsreglane i barnevernlova, og prosentdelen saker behandla innan dei ulike fristane, kjem fram i dei nye rapportane. Tabellen under viser saksmengda og delen saker handsama innanfor dei ulike fristane i barnevernlova i 2010:1

Sakstype

Saksmengde

Delen handsama innanfor fristen (i prosent)

Kontroll av akuttvedtak

1 600

96

Klage på akuttvedtak

487

86

Saker etter barnevernlova som er handsama med forhandlingsmøte

1 285

12

Saker etter sosialtenestelova som er handsama med forhandlingsmøte

81

52

Saker etter barnevernlova som er handsama utan forhandlingsmøte

467

26

Talet på innkomne saker til fylkesnemndene har auka med 18 prosent frå 2009 til 2010. Trass i auken i saker har fylkesnemndene senka den gjennomsnittlege tida til handsaming for alle saker frå 56,4 til 54,5 dagar i same periode. Sakshandsamingstida er senka gjennom fleire år frå 78 dagar i 2007. Som eit resultat av den kraftige auken i saksinngangen i 2010, og for å betre resultatoppnåinga, blei løyvinga til fylkesnemndene auka med 10 mill. kroner i 2011. Løyvinga skal mellom anna nyttast til å auke kapasiteten, og det er tilsett fleire nye nemndsleiarar i første halvår av 2011.

Strategiar og tiltak for 2012

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)

IMDi set i verk integreringspolitikken på ansvarsområdet til departementet. IMDi er ein premissleverandør for politikkutvikling i departementet gjennom å leggje grunnlaget for eit kunnskapsbasert arbeid på integreringsfeltet. IMDi er eit kompetansesenter og ein pådrivar for at kommunar og andre aktørar skal bli dyktige i arbeidet med busetjing, integrering og inkludering.

IMDi har dei viktigaste økonomiske verkemidla på området gjennom forvalting av integreringstilskotet, tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap og tilskot under kap. 821, post 71 Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd.

Integreringspolitikken har mange aktørar. IMDi er eit sentralt samordningsorgan overfor kommunar, KS og statlege etatar, mellom anna Vox og Arbeids- og velferdsdirektoratet. IMDi bidreg i Kostnadsgruppa og Berekningsgruppa for utlendingsforvaltninga. Desse gruppene skal sikre heilskap og samanheng i forvaltinga på utlendingsfeltet.

Barne-, ungdoms- og familieetaten

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) forvaltar det statlege barnevernet og familievernet. Bufetat består av fem regionar og ei sentral eining, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). 26 fagteam er bindeleddet til det kommunale barnevernet. Dei regionale barnevernsstyresmaktene har ansvar for mellom anna å hjelpe kommunane med å plassere barn utanfor heimen, rekruttere og formidle fosterheimar, gi fosterheimane nødvendig opplæring og rettleiing og for å etablere og drive statlege institusjonar.

Effektiv organisering er ein føresetnad for å nå måla til Bufetat. Måla er knytte til måla for barneverns- og familievernsreforma frå 2004, der staten overtok den fylkeskommunale delen av barnevernet og familievernet. Både barnevernet og familievernet har ein sentral plass i den samla barne- og familiepolitikken, og dei må derfor sjåast i samanhang. Måla er mellom anna å sikre eit likeverdig tilbod til barn og unge som treng barnevernstenester, god kvalitet og fagleg utvikling i barnevernet, god økonomisk styring og eit betre samarbeid med kommunane og tilgrensa tenester.

Departementet legg vekt på at det langsiktige kvalitetsutviklingsprogrammet i Bufetat, som blei starta i 2011 etter erfaringane frå Program 2010, blir ført vidare. Gjennom Program 2010 såg ein at etaten enno ikkje har nådd målet om likeverdige tenester, at kvaliteten i tenestene ikkje alltid er god nok, at det er rom for effektivisering, og at det er for stor variasjon i organiseringa av regionane. Målet for kvalitetsutviklingsprogrammet er å få riktig kvalitet i etaten sitt tenestetilbod, godt samarbeid og riktig deling av ansvar med kommunane, effektiv ressursbruk i etaten, tydeleg forståing av roller og ansvar og trygge og kompetente medarbeidarar. BLD legg vekt på at Bufetat held fram med omstilling og utvikling av etaten for å sikre kostnads- og formålseffektiv drift som gir god kvalitet og likeverdige tenester.

Departementet legg vekt på å utvikle tiltaka i det statlege barnevernet. Samstundes er eit godt samarbeid mellom statleg og kommunalt barnevern ein føresetnad for å få til gode tiltak, sjå omtale under delmål 6.1 Gode tiltak og høg kompetanse i statleg og kommunalt barnevern. Bufetat vil i 2012 halde fram arbeidet med å auke kvaliteten på statlege og private tiltak og å styrkje samarbeidet mellom statleg og kommunalt barnevern.

BLD er i gang med ei evaluering av barnevernsreforma. Evalueringa vil mellom anna sjå på oppgåve- og finansieringsansvaret i statleg og kommunalt barnevern. Etter at resultata frå evalueringa er klare, vil departementet vurdere å leggje fram ein lovproposisjon for Stortinget der endringar i ansvarstilhøva mellom stat og kommune blir vurdert på bakgrunn av evalueringa. Samstundes skal det ikkje no settast i verk store prosjekt som vil kunne stå i strid med prosessen rundt evalueringa.

Departementet legg vekt på at familievernet og foreldremeklingstenesta skal vere velfungerande og prioritere arbeid med barnefamiliar der konfliktnivået er høgt.

Etaten har dei seinare åra fått nye ansvarsområde på likestillings- og ikkje-diskrimineringsfeltet. Ved hjelp av dei verkemidla etaten rår over, skal etaten bidra til å fremme likestilling og hindre diskriminering. Etaten skal særleg leggje vekt på tiltak for personar med nedsett funksjonsevne og lesbiske, homofile, bifile og transpersonar.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker er ein viktig del av det statlege barnevernet. Fylkesnemndene har avgjerdsrett i dei såkalla tvangssakene etter barnevernlova og avgjer mellom anna saker om omsorgsovertaking. Barn som er råka av omsorgssvikt, er i ein særs vond situasjon, og det er viktig at sakene deira blir avgjorde så fort som mogleg. Rask avgjerd i saker er òg viktig for at andre delar av det kommunale og statlege barnevernet skal kunne nytta ressursane effektivt.

Frå og med 2011 er fylkesnemndene skilde ut frå BLD. Målet med omorganiseringa er mellom anna styrkt administrativ styring og betre utnytting av dei tildelte ressursane. Departementet forventar gevinstar av omorganiseringa mellom anna frå utveksling av beste praksis på tvers av organisasjonen og høg kvalitet og auka produktivitet i sakshandsaminga. Det er òg viktig at variasjonen i sakshandsamingstid mellom nemndene blir mindre, og Sentraleininga for fylkesnemndene skal leggje til rette for at systema for utveksling av ressursar blir nytta og vidareutvikla.

Fylkesnemndene har over fleire år redusert den gjennomsnittlege sakshandsamingstida samstundes med at det har vore ein kraftig auke i saksmengda. Løyvinga til fylkesnemndene blei i 2011 auka med 10 mill. kroner for å styrkje sakshandsamingskapasiteten og den administrative leiinga. Departementet ventar at den auka løyvinga vil få full effekt i 2012, og at sakshandsamingstida vil gå ned som følgje av dette. I tillegg skal fylkesnemnda arbeide med å effektivisere drifta. Departementet føreslår å auke løyvinga med ytterlegare 2,35 mill. kroner i 2012.

Delmål 1.3: God og målretta informasjon

Resultatrapport 2010/2011

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som blei presenterte i Prop. 1 S (2009–2010).

BLD har gjennomført informasjons- og kommunikasjonstiltak i samband med dei ulike aktivitetane innanfor departementet sine fagområde. Departementet kartlegg systematisk dei sakene der informasjons- og kommunikasjonstiltak er nødvendige og viktige verkemiddel. Dette gjer BLD overordna og langsiktig gjennom kvartalsvise strategisamlingar, og dessutan kvar veke og dag på eit meir detaljert nivå.

Departementet legg vekt på publikumsvennleg, open og korrekt informasjon som skal vere forståeleg og i rett tid for dei ulike målgruppene.

Kommunikasjonsverksemda til BLD skjer i stor grad gjennom eigne initiativ, men òg for å handsame informasjonsbehov i media. Dette er ein viktig kanal til publikum. Det nye fagområdet, inkluderingsfeltet, har òg gitt større merksemd frå publikum og media og har ført til auka aktivitet med informasjon og kommunikasjon.

Departementet har dessutan ein jamn pågang frå internasjonal presse, som særleg interesserer seg for Noreg som likestillingsnasjon.

Det er òg ei viktig prioritering å syte for at heimesida til departementet på regjeringa.no er korrekt og aktuell. Gjennom året er sosiale medium nytta i ei viss grad ved særskilde høve.

Klarspråksprosjektet i BLD, som går frå 2010 til 2012, skal kartleggje og analysere skriftleg språkbruk i BLD. Prosjektet skal utvikle metodar, etablere strukturar og tilføre kompetanse for klarspråk i departementet. Målet er å skrive klart, brukartilpassa og forståeleg.

Strategiar og tiltak for 2012

BLD skal drive god og målretta informasjons- og kommunikasjonsverksemd innan dei ulike fagområda til departementet. BLDs kommunikasjonsverksemd skal vere tufta på eigne initiativ og vurdert kontinuerleg ut frå aktivitetane innanfor fagområda.

Media og departementets nettstad er sentrale kanalar for å nå ut til dei ulike målgruppene. Dei sosiale media er eigna kanalar som skal brukast meir i konkrete prosjekt og aktivitetar. Informasjonen på nettstaden skal vere korrekt og aktuell. Handsaming av informasjonsbehov i media skal utgjere ein vesentleg del av kommunikasjonsaktivitetane.

Nærmare om budsjettforslaget:

Kap. 800 Barne-, likestillings og inkluderingsdepartementet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

144 696

146 350

148 886

21

Spesielle driftsutgifter

6 347

14 692

14 591

Sum kap. 0800

151 043

161 042

163 477

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn til stillingar og andre driftsutgifter i departementet.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje utgifter til tenestemenn som er lånte ut til Europakommisjonen på likestillings-, barne- og ungdomsfeltet, utvalsarbeid og andre tidsavgrensa oppdrag. Løyvinga kan òg nyttast til støtte til andre tiltak innanfor ansvarsområda til departementet.

Kap. 3800 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Tilfeldige inntekter

357

16

Refusjon av foreldrepengar

2 563

18

Refusjon av sykepengar

1 207

Sum kap. 3800

4 127

Programkategori 11.05 Integrering og mangfald

Hovudinnhald og prioriteringar

BLD har eit overordna ansvar for å samordne politikken og tiltaka på integrerings- og inkluderingsområdet og for å sikre samanheng mellom integrerings- og inkluderingspolitikken og andre politikkområde.

Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga skal bidra til å synleggjere utviklinga og vere eit grunnlag for å vurdere resultata av det arbeidet styresmaktene gjer. Det er sett 17 mål med tilhøyrande indikatorar på ansvarsområde til åtte departement, sjå omtale i Del III.

Departementet skal sørgje for at politikken på integrerings- og inkluderingsområdet blir sett i verk gjennom ulike aktørar, der kommunane spelar ei vesentleg rolle. Departementet har òg eit sektoransvar for mellom anna forvalting av introduksjonslova og statsborgarlova.

Ei heilskapeleg utlendingsforvalting med god flyt i heile tiltakskjeda og samarbeid mellom dei ulike forvaltingsledda er ein føresetnad for rask busetjing av flyktningar og legg premissar for det vidare integreringsarbeidet. Ansvaret for utlendingsfeltet er delt mellom fleire departement og etatar. Desse er BLD, Justisdepartementet (JD), Utlendingsdirektoratet (UDI), Utlendingsnemnda (UNE) og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).

IMDi skal setje i verk integrerings- og inkluderingspolitikken på ansvarsområdet til departementet og er departementets fagorgan. IMDi skal gi faglege råd og vere eit kompetansesenter for kommunane og sektorstyresmaktene.

Vox er nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk og har det pedagogiske ansvaret for opplæring i norsk og samfunnskunnskap på oppdrag frå departementet. Vox har ansvar for læreplan, norskprøver, læremiddelutvikling og fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid.

Kontaktutvalet mellom innvandrarar og myndigheitene (KIM) er eit rådgivande organ for styresmaktene og kan fremme synspunkt frå innvandrarar til det offentlege.

Etter ein periode med open arbeidsinnvandring fram til 1975 har innvandringa til Noreg frå land utanfor Norden i hovudsak vore humanitær, det vil seie flyktninginnvandring og familieinnvandring. Ei endring kom med EØS-utvidinga i 2004, og i 2006 blei arbeid på nytt den viktigaste innvandringsårsaka med den store auken av arbeidsinnvandrarar frå dei nye medlemslanda i Sentral- og Aust-Europa. Dei seinaste åra har det òg vore ein auke i sameining av familie til arbeidsinnvandrarar frå nye EØS-land, først og fremst Polen. Blant familieinnvandrarane er det flest kvinner og barn.

I perioden frå 1990 til 2010 fekk i alt 470 600 personar med statsborgarskap frå eit land utanfor Norden opphald. I heile perioden kom 25 prosent som flyktningar, 37 prosent som familieinnvandrar, 29 prosent som arbeidsinnvandrar og 10 prosent på grunnlag av utdanning.

Innvandringa til Noreg har eit større mangfald enn i mange andre europeiske land. Innvandrarane kjem frå 215 ulike land og sjølvstendige regionar. Det er stor variasjon i kven det er som innvandrar, årsakene til innvandringa og kor lenge dei har vore i landet.

Delen sysselsette med innvandrarbakgrunn er framleis lågare enn i befolkninga elles. Tal frå SSB viser at i 4. kvartal av 2010 var delen 61,6 prosent, mot 69,1 prosent i befolkninga som heilskap. Det er store skilnader mellom landgrupper. Medan nivået blant innvandrarar frå Norden var 74,6 prosent, var delen frå Afrika 43,9 prosent. Delen sysselsette menn er høgare enn delen sysselsette kvinner uansett landbakgrunn. Til dømes var delen sysselsette kvinner frå Somalia 22 prosent, medan delen sysselsette menn frå Sri Lanka var 75 prosent.

Inkluderingsutvalet tilrår i si NOU 2011:14 Bedre integrering – mål, strategier og tiltak mellom anna ein strategi for arbeid og sysselsetjing gjennom utvida aktivitetsplikt og ekstra innsats for å auke sysselsetjinga og redusere overkvalifisering.

Rapportar om levekår og kjønnsforskjellar frå SSB frå 2010 viser at det i dei fleste innvandrargruppene er store levekårskilnader mellom menn og kvinner. Menn har oftare røynsle frå yrkeslivet i opphavslandet. Kvinner står i høgare grad enn menn utanfor arbeidslivet i Noreg, har færre norske venner og opplever meir einsemd. Tal frå SSB viser òg at innvandrarar oppfattar helsa si som dårlegare enn folk elles. Innvandrarkvinner oppfattar helsa si som dårlegare enn innvandrarmenn.

Rapportar om økonomi og levekår blant låginntektsgrupper viser at innvandrarar og innvandrarfamiliar oftare bur i hushald med lågare inntekt enn innbyggjarane elles. Ein studie har kartlagt vedvarande økonomisk fattigdom blant ulike innvandrargrupper, etter kjenneteikn som landbakgrunn, innvandringsårsak og butid i tidsrommet 1993–2007. Også denne studien dokumenterer at delar av innvandrarbefolkninga er meir utsette for vedvarande økonomisk fattigdom og økonomisk langtidsfattigdom enn innbyggjarane elles.

Av Inkluderingsutvalets NOU 2011:14 går det fram at over ein tredjedel av innvandrarhushalda frå Asia og Afrika har ei inntekt under EUs låginntektsgrense. Låg yrkesdeltaking er ei viktig årsak til at eit mindretal i innvandrarbefolkninga har dårlege levekår over tid.

Utvalet peiker vidare på at det i heile utdanningsløpet frå barnehage til vidaregåande skole er lågare deltaking og resultat blant barn og unge med innvandrarbakgrunn. I barnehagar er det 30 prosent lågare deltaking blant dei yngste barna med innvandrarbakgrunn enn blant alle barn. I grunnskolen er det ein dobbelt så høg del innvandrarelevar på lågaste nivå når det gjeld lesedugleik. I den vidaregåande opplæringa fell 1 av 3 elevar med innvandrarbakgrunn av.

Likevel gir dette ikkje heile biletet. Hausten 2010 var det ein større del norskfødde med innvandrarforeldre mellom 19 og 24 år i høgare utdanning enn totalt for heile befolkninga (38 mot 31 prosent).

Valdeltakinga for innvandrarar er lågare enn deltakinga for innbyggjarane sett under eitt. Ved stortingsvalet i 2009 deltok 52 prosent av innvandrarane. Samla valdeltaking var 76 prosent. Ved lokalvala i 2007 var samla valdeltaking på 62 prosent. 40 prosent av norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn og 36 prosent av utanlandske statsborgarar med stemmerett nytta stemmeretten sin.

Desse variasjonane og nyansane i biletet er sentrale for utforminga av politikken og verkemidla framover. Departementet må systematisk samle inn kunnskap som kan danne grunnlag for politikkutvikling og forvalting. Ein opplyst, levande og open debatt fremmar inkludering og bidreg òg til ein treffsikker politikk på området. Departementet sitt hefte Vi er på rett vei, Tall og fakta om integreringen i Norge skal bidra til ein betre opplyst debatt.

Departementet arbeider med ei stortingsmelding om integrerings- og inkluderingspolitikken som skal fremmast i 2012. Stortingsmeldinga skal ha eit solid og breitt kunnskapsgrunnlag, ho skal kartleggje integrerings- og inkluderingspolitikken så langt og bidra til å forankre prinsipp som skal liggje til grunn for politikken i åra framover. Meldinga skal byggje på to element; innsats for å sikre gode levekår for heile befolkninga og spørsmål knytte til fellesskapsbygging i samfunnet. Meldinga vil mellom anna ta utgangspunkt i innstillingane frå Velferds- og migrasjonsutvalet og Inkluderingsutvalet og drøfte fleire av problemstillingane og tiltaka som er fremma der.

Mål

For 2012 blir desse måla prioriterte:

Hovudmål

Delmål

2. Like moglegheiter, rettar og plikter for innvandrarar og barna deira til å delta og bidra i arbeids- og samfunnsliv

2.1 Rask busetjing til kommunane

2.2 God opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

2.3 Rask overgang til arbeid eller utdanning etter gjennomført introduksjonsprogram

2.4 Kjennskap til og oppslutning om lover og grunnleggjande rettar og plikter

2.5 Høgare sysselsetjing blant innvandrarar

2.6 Høg deltaking i samfunnslivet blant innvandrarar og barna deira

2.7 God kunnskap om integrerings- og inkluderingspolitikken i befolkninga

2.8 Offentlege tenester som er tilpassa mangfaldet i befolkninga

Resultatrapport og strategiar

Delmål 2.1: Rask busetjing til kommunane

Resultatrapport 2010/2011

Per 30. juni 2011 hadde kommunane busett 2 259 personar. Berre 68 prosent av dei vart busett innan målet på seks månader etter vedtak om opphald. Den 30. juni 2011 venta 2 011 personar i mottak på å bli busette. Dette var litt færre enn på same tid i 2010.

Per 30. juni 2011 hadde kommunane busett 269 einslege mindreårige under 18 år frå mottak og omsorgssenter. Av desse blei berre 12 prosent busette innan målet på tre månader etter at dei fekk vedtak om opphald. Einslege mindreårige som er busette frå mottak og omsorgssenter, hadde i gjennomsnitt venta på å bli busette i ein kommune i 6,8 månader etter vedtak om opphald. Dette er ein auke frå 30. juni 2010, da den gjennomsnittlege ventetida var 6,2 månader.

Sjølv om måloppnåinga for busetjing har vore svak så langt i år, reknar IMDi med at ho vil bli betre mot slutten av 2011, særleg for einslege mindreårige. Årsaka til dette er at kommunane har auka kapasiteten til å busetje fleire, samtidig som talet på personar som skal busetjast, går ned.

Tabell 3.1 Gjennomsnittleg ventetid på busetjing frå mottak i månader

Per 31.12.2009

Per 31.12.2010

Per 30.06.2011

Frå vedtak til busetjing

5,3

5,7

6,1

Frå saksoppretting til busetjing

14,3

15,7

16,6

Tabell 3.2 Busette flyktningar i kommunane og familiesameinte med desse

Busetjingsår

2007

2008

2009

2010

Per 30.06.2011

Flyktningar

2 668

3 597

4 622

4 698

1 891

Overføringsflyktningar

1 109

743

1 387

1 099

368

Familiesameinte1

954

1 260

1 425

1 094

472

Sum

4 731

5 600

7 434

6 891

2 731

Einslege mindreårige av desse

148

207

606

669

269

1 Personar som kommunane får integreringstilskot for. Søknad må vere innlevert i integreringstilskotsperioden til den ein søkjer om familiesameining med.

Strategiar og tiltak for 2012

I 2012 er det behov for å busetje om lag 5 500 flyktningar i norske kommunar. Talet inkluderer personar som blir busette frå mottak og omsorgssenter, og overføringsflyktningar som blir busette når dei kjem til landet. I tillegg reknar ein med at det vil kome om lag 1 400 familiesameinte til i kommunane. I 2012 er det behov for å busetje 370 einslege mindreårige frå mottak og omsorgssenter og 15 einslege mindreårige overføringsflyktningar. Målet er at flyktningar frå mottak skal vere busette i ein kommune innan seks månader etter vedtak om opphald. For einslege mindreårige er målet at dei skal vere busette innan tre månader.

Busetjing av einslege mindreårige vil framleis vere ei særleg utfordring. I 2008 blei det busett 207, i 2009 blei det busett 606, og i 2010 blei det busett 669 einslege mindreårige. Sjølv om kommunane dei seinare åra har teke imot langt fleire einslege mindreårige, har altfor mange einslege mindreårige venta altfor lenge i mottak eller omsorgssenter på ein kommune å flytte til. Den 30. juni 2011 var talet på einslege mindreårige som hadde venta i meir enn tre månader, 103.

Regjeringa har ulike tiltak til vurdering for å oppnå raskare busetjing, særleg av einslege mindreårige.

Den 31. januar 2011 sende departementet på høyring eit forslag om å endre dagens busettingsordning. I høyringsrunden kom det mange gode innspel som departementet tek med seg i det vidare arbeidet.

IMDi starta hausten 2011 eit toårig pilotprosjekt med direkteplassering av einslege mindreårige asylsøkarar i utvalde kommunar, slik at einslege barn og unge kan bli busette like etter at dei kjem til landet, utan lange opphald i mottak eller på omsorgssenter. Pilotprosjektet blir evaluert for at vi mellom anna kan få vurdert kva for ordning vi skal ha for busetjing av einslege mindreårige i framtida.

Gjennom Husbanken får kommunane tilbod om økonomiske verkemiddel som kan nyttast til bustader for flyktningar. Kommunane kan få lån og tilskot til etablering av kommunale utleigebustader. Alle som tek del i introduksjonsprogrammet kan søkje om bustøtte.

Integreringstilskotet skal gi rimeleg dekking av dei gjennomsnittlege meirutgiftene kommunane har ved busetjing og integrering av flyktningar det året dei blir busette og dei fire neste åra. Saman med tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap gir dette kommunane midlar til å få busett alle som får opphald.

I tillegg til å sikre rask busetjing av flyktningar er det viktig at kommunane får støtte og hjelp til å utvikle kvaliteten på introduksjonsprogrammet og norskopplæringa. Det skal sikre at dei som tek del i introduksjonsprogrammet, kjem raskt over i arbeid eller vidare utdanning og kvalifisering. Kommunane treng ofte informasjon og råd for å etablere og utvikle passande bu- og omsorgstiltak for einslege mindreårige. IMDi, Bufdir og Husbanken skal hjelpe kommunane med dette.

Delmål 2.2: God opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Resultatrapport 2010/2011

Målet for opplæringa i norsk og samfunnskunnskap er at vaksne innvandrarar så snart som mogleg skal lære norsk, slik at dei kan ta del i yrkes- og samfunnslivet. Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar blir regulert av introduksjonslova (lov av 4. juli 2003 nr. 80 om introduksjonsordning og norskopplæring for nykomne innvandrarar). Opphaldsgrunnlaget og alderen til innvandraren avgjer kva for rettar og plikter ho eller han har til norskopplæring.

Tabell 3.3 Rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap

Personkrins1

Rett

Plikt

Gratis

Omfang

1)Personar som har fått asyl, personar med opphald på humanitært grunnlag og familiesameinte med desse gruppene og dei med kollektivt vern, 16–55 år.

X

X

X

300 timar (250 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap). Ved behov opp til 2 700 norsktimar i tillegg. For dei som har fått løyve etter 1. januar 2012 er omfanget 600 timar (550 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap). Ved behov opp til 2 400 norsktimar i tillegg.

2) Familiesameinte med norske og nordiske borgarar busette i Noreg, 16–55 år.

X

X

X

300 timar (250 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap). Ved behov opp til 2 700 norsktimar i tillegg. For dei som har fått løyve etter 1. januar 2012 er omfanget 600 timar (550 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap). Ved behov opp til 2 400 norsktimar i tillegg.

3) Personar frå gruppe 1) eller 2) i alderen 55–67 år.

X

X

300 timar (250 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap). Ved behov opp til 2 700 norsktimar i tillegg. For dei som har fått løyve etter 1. januar 2012 er omfanget 600 timar (550 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap). Ved behov opp til 2 400 norsktimar i tillegg.

4) Arbeidsinnvandrarar utanfor EØS-/EFTA- regelverket, 16–55 år.

X

300 timar (250 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap).

1 Gjeld personar som har fått løyve etter 1. september 2005 som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve etter utlendigslova.

Det er eit mål at personar med rett og/eller plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap startar raskt i opplæringa. Totalt var det 10 916 personar som fekk rett og plikt til slik opplæring i 2009, og av dei hadde 86 prosent starta på opplæringa innan dei tre første halvåra etter at dei fekk rett og plikt, 85 prosent av kvinnene og 89 prosent av mennene. Av dei som kom i 2007, og som framleis er i gruppa for rett og plikt til opplæring, 8200 personar, hadde 80,4 prosent oppfylt plikta si til 300 timar opplæring innan tre år. Det er ingen nemneverdig skilnad på menn og kvinner. Tala er baserte på registreringar i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR).

Deltakarar i norskopplæringa kan gå opp til avsluttande prøve i norsk. Det finst to nasjonale avsluttande prøver som måler kunnskapar i norsk på forskjellige nivå, Norskprøve 2 og 3. Norskprøve 3 prøver kunnskapar på eit høgare nivå enn Norskprøve 2. Tabellen under viser dei samla prøveresultata dei siste fire åra.

Tabell 3.4 Prøveresultat Norskprøve 2 og 3

Norskprøve 2 og 3

Munnleg del

Skriftleg del

Talet på møtte

Talet på beståtte

Beståtte i prosent

Mål i prosent

Talet på møtte

Talet på beståtte

Beståtte i prosent

Mål i prosent

2010

14 459

12 636

87,4

90

14 510

8 397

57,9

65

2009

11 461

10 108

88,2

95

11 791

7 029

59,6

60

2008

9 039

8 032

88,8

9 179

4 780

52,0

2007

6 907

6 370

92,2

7 194

3 555

49,4

Tabellen viser at stadig fleire har gått opp til norskprøvene dei siste åra. Vi ser at delen som stod til prøva, er blitt lågare frå 2009 til 2010. Delen som stod til skriftleg i 2010, er likevel 8,5 prosentpoeng høgare enn i 2007. Kvinner har noko betre resultat på prøvene enn menn, særleg på dei skriftlege prøvene. I 2010 bestod 59,9 prosent av kvinnene og 54,8 prosent av mennene skriftleg prøve, og til munnleg prøve bestod 88 prosent av kvinnene og 86,5 prosent av mennene.

20–25 prosent av deltakarane har lita eller inga utdanning frå heimlandet. Desse går i mindre grad opp til avsluttande prøve enn andre. I 2010 hadde 6 prosent av kandidatane til skriftleg prøve og 10 prosent av kandidatane til munnleg prøve lita eller inga utdanning. 38 prosent av dei med lita eller inga utdanning frå heimlandet bestod skriftleg og 83,5 prosent bestod munnleg prøve.

Vox – nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk har ansvaret for læreplan, norskprøver, læremiddelutvikling og fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid for opplæringa i norsk og samfunnskunnskap. For å heve kvaliteten på opplæringa i norsk og samfunnskunnskap gjennomførte IMDi og Vox i 2010 etterutdanningskurs for lærarar, fagdagar og leiarsamlingar med til saman rundt 2 800 deltakarar. Universitetet i Bergen tilbyr vidareutdanning (fjernundervising) i norsk som andrespråk retta mot lærarar som underviser vaksne innvandrarar i norsk.

Eit nettbasert opplæringstilbod i samfunnskunnskap er under utvikling. I 2011 starta Vox arbeid med å utvikle digitale avsluttande prøver i norsk og samfunnskunnskap og å revidere læreplanen. Utkast til revidert læreplan i norsk og samfunnskunnskap har vore på alminneleg høyring.

Asylsøkjarar over 16 år som bur på mottak, kan få inntil 250 timar norskopplæring. Så å seie alle i målgruppa får tilbod om norskopplæring, viser ei undersøking som TNS-Gallup har gjort for IMDi. Mange nyttar tilbodet, men ikkje alle. Ved halvparten av opplæringsstadene er det ni av ti som deltek, og ved tre av fire er det meir enn 75 prosent som deltek. Dei fleste gjennomfører 250 timer, ved 61 prosent av opplæringsstadene gjennomfører deltakarane vanlegvis 250 timar eller meir. Dette viser at gjeninnføringa av norskopplæring for asylsøkjarar har vore vellykka. Norskopplæringa er viktig både for asylsøkjaren, mottaket og lokalmiljøet.

Gode økonomiske rammevilkår for kommunane er viktig for å sikre eit godt opplæringstilbod. Inntil 2010 blei tilskotet fordelt over fem år. Bakgrunnen for det er at kommunane har plikt til å tilby opplæring i inntil fem år frå den enkelte har fått opphalds- eller arbeidsløyve første gong. Tilbakemeldinga frå kommunane viser at dei fleste gjennomfører opplæringa dei første to–tre åra i Noreg, og det er da kommunane har utgiftene. I samsvar med dette blei det i 2010 innført utbetaling over tre år. Tilskotsordninga er omtalt under kap. 822, post 60.

Strategiar og tiltak for 2012

Gode norskkunnskapar og grunnleggjande kjennskap til det norske samfunnet er ein føresetnad for å kunne skaffe seg arbeid og utdanning. Opplæring i norsk og samfunnskunnskap er derfor eit sentralt integreringstiltak, og introduksjonslova gir innvandrarar rett og/eller plikt til slik opplæring.

For å leggje enda betre til rette for at innvandrarar skal lære norsk og få kunnskap om det norske samfunnet, har Stortinget vedteke at retten og plikta til opplæring skal utvidast frå 300 til 600 timar, at alle som er omfatta av rett og plikt til opplæring, skal avslutte opplæringa med ei prøve i norsk og samfunnskunnskap, at staten skal føre tilsyn med kommunane, og at kommunane skal ha plikt til internkontroll. Auken i timetalet skal gjelde dei som blir omfatta av rett og plikt eller rett til opplæring etter 1. januar 2012. Fylkesmanntilsyn og kommunal internkontroll vil bli innført i løpet av 2012.

Ny læreplan skal gjelde frå og med skoleåret 2012–2013. Våren 2012 vil Vox informere opplæringsstadene om endringane. I utkast til ny læreplan er det gjort framlegg om mål for opplæring i samfunnskunnskap, mål for digital kompetanse og mål for alfabetisering.

Arbeidet med å utvikle digitale prøver vil halde fram i 2012.

Det er viktig for samfunnet og den enkelte at kunnskapane blir dokumenterte. Utvidinga av timetalet vil medverke til at fleire lærer meir norsk, og statleg tilsyn og kommunal internkontroll vil medverke til betre kvalitet og opplæring i samsvar med lova. Kommunane skal tilby opplæring i samfunnskunnskap på eit språk deltakaren forstår. Dette kravet har ikkje alle kommunane oppfylt. Innføring av obligatorisk prøve i samfunnskunnskap saman med læringsmål for denne opplæringa i læreplanen og tilbod om nettbasert opplæring på fleire språk er tiltak som har som mål at opplæringa i samfunnskunnskap skal bli gjennomført i samsvar med lova.

Delmål 2.3: Rask overgang til arbeid eller utdanning etter gjennomført introduksjonsprogram

Resultatrapport 2010/2011

Introduksjonsordninga skal gi deltakarane eit individuelt kvalifiseringstilbod som skal medverke til rask overgang til arbeid eller vidare utdanning. Introduksjonslova gir nykomne innvandrarar mellom 18 og 55 år både rett og plikt til å delta i introduksjonsprogram om dei har behov for grunnleggjande kvalifisering. Personkrinsen for rett og plikt til introduksjonsprogram er personar som har fått asyl, kollektivt vern i massefluktsituasjon, er overføringsflyktningar eller har fått opphaldsløyve på humanitært grunnlag etter søknad om asyl. I tillegg kjem familiemedlemmer til personar i desse gruppene. Frå 1. juli 2011 er også personar som etter samlivsbrot har fått opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag på grunn av mishandling i samlivet, omfatta av rett og plikt til introduksjonsprogram.

På oppdrag frå departementet utarbeider SSB kvart år ein monitor for deltakarar i introduksjonsprogrammet. Tala viser at 57 prosent av dei som gjekk ut av introduksjonsordninga i 2008, var sysselsette eller under utdanning i november 2009. Delen for menn var 67 prosent, medan delen for kvinner var 48 prosent. 16 prosent var registrerte arbeidsledige eller på tiltak, og 27 prosent hadde anna eller inga registrering. Tilsvarande tal for dei som gjekk ut av programmet i 2007, var 63, 13 og 24 prosent, og for dei som gjekk ut i 2006, var dei tilsvarande tala 65, 10 og 25 prosent. Resultata har dermed hatt ei negativ utvikling frå 2006 til 2009.

Resultata varierer når ein bryt ned tala med bakgrunn i kjønn, landbakgrunn og kva kommune deltakarane bur i. I underkant av 80 prosent av menn frå Eritrea gjekk over til ordinært arbeid eller utdanning etter introduksjonsprogrammet, medan i overkant av 40 prosent av kvinner frå Somalia klarte det same. Kvinner sett under eitt, har likevel hatt ei positiv utvikling over tid.

Departementet vil skaffe meir kunnskap om kvifor resultata ikkje er like gode som før, slik at det kan setjast i verk tiltak.

I 2010 og 2011 har det blitt gjennomført to FOU-prosjekt. Fafo har, i samarbeid med Institutt for samfunnsforskning (ISF), undersøkt kvifor enkelte grupper av kvinner i liten grad kjem i arbeid eller utdanning etter at dei er ferdige med programmet. Undersøkinga gir meir kunnskap om kvalifiseringa til programdeltakarar, og særleg om kvalifiseringa til kvinner frå utvalde land, om erfaringar i kommunane, om kva som gir progresjon til kvinnene i programmet, og om overgangen deira til arbeid eller utdanning. Rapporten dokumenterer at det er store skilnader i kommunanes programtilbod til introduksjonsdeltakarane, og kvinner med lita utdanning og store omsorgsoppgåver får eit svært ulikt programtilbod. Intensiteten på, innhaldet i og moglegheitene i programtilbodet avhenger av kva for ein kommune kvinnene bur i. Rapporten frå Fafo viser at tida i introduksjonsprogrammet kan vere ulik for kvinner og menn. Fordi kvinner er overrepresenterte i opplæringsprogram med langsam progresjon, har dei i gjennomsnitt kome kortare enn menn ved avslutta programtid. Kvinner har hyppigare fråvær grunna sjukdom hos barn, eiga helse og særleg på grunn av graviditet og barnefødslar. Kvinner deltek i mindre grad enn menn i arbeids- eller språkpraksis og andre arbeidsretta tiltak. Kvinner med låg utdanning og mange barn får i mange tilfelle ikkje heiltidsprogram.

Rambøll Management har analysert resultata i introduksjonsprogrammet. Eit sentralt element i analysen har vore ei kartlegging av konsekvensane NAV-reforma har for organisering av introduksjonsprogrammet. Undersøkinga viser at 43 prosent av kommunane som var med i undersøkinga, har valt å leggje forvaltinga av introduksjonsprogrammet inn i NAV. Det kjem fram at ei organisering av introduksjonsprogrammet innanfor NAV ikkje nødvendigvis fører til betre og meir koordinerte tenester for deltakarane. Dette heng først og fremst saman med at dei ønskte gevinstane av ei samorganisering i stor grad ikkje er realiserte. Det gjeld òg integrering av flyktningarbeid i NAV og samarbeid mellom programrådgivarar og andre NAV-tilsette.

Det er store skilnader i kva resultat kommunane oppnår. Samanfatta viser rapporten at det er ei rekkje faktorar som spelar inn på resultatoppnåinga til kommunane. Undersøkinga gir grunn til å tru at fleire deltakarar vil kunne gå over til arbeid eller utdanning etter avslutta program dersom kommune og stat samordnar innsatsen. Dette gjeld både når introduksjonsordninga er organisert i NAV, og når ho er organisert utanfor NAV. Undersøkinga viser vidare at god leiarforankring aukar sjansane for god resultatoppnåing i introduksjonsprogrammet. Å ha mål og resultatstyring i arbeidet vil kunne medverke til at fleire deltakarar har overgang til arbeid eller utdanning. Auka tilgang til kommunale og statlege tiltak vil kunne medverke til meir arbeidsretting av programmet. Undersøkinga viser òg at leiarar for introduksjonsprogrammet i ein del kommunar vurderer at norskopplæringa ikkje held høg nok kvalitet.

I 2010 deltok 11 800 personar i introduksjonsprogrammet. Dette var nesten 20 prosent fleire enn året før.

Strategiar og tiltak for 2012

Det er viktig å oppnå gode resultat i introduksjonsprogrammet. Introduksjonsprogrammet er eit av dei sentrale integreringstiltaka for nykomne innvandrarar, og kvaliteten skal vere best mogleg. Fafos rapport om Kvinner i kvalifisering stadfester det tidlegare evalueringar har vist, nemleg at det er behov for statleg tilsyn og plikt til kommunal internkontroll med kommuneplikter etter introduksjonsloven. Regjeringas forslag om statleg tilsyn og plikt til internkontroll blei vedteke av Stortinget i juni 2011, og ordningane blir satt i verk i 2012. Dette skal medverke til auka kvalitet i introduksjonsordninga og betre resultat. Samstundes er det stort behov for kunnskapsutvikling og erfaringsformidling for å oppnå betre resultat i fleire kommunar, og dette vil stå sentralt i den oppfølginga IMDi har av kommunane.

Departementet har fått mange innspel til korleis introduksjonsordninga kan styrkjast i framtida. Forslag til tiltak frå både Inkluderingsutvalet, Brochmann-utvalet, Fafo og Rambøll vil bli viktige innspel til arbeidet med stortingsmeldinga om integrering som blir lagt fram i 2012.

Delmål 2.4: Kjennskap til og oppslutning om lover og grunnleggjande rettar og plikter

Resultatrapport 2010/2011

Ordninga med frivillig statsborgarseremoni blei innført i samband med at ny lov om statsborgarskap tok til å gjelde frå september 2006. Seremonideltakarar får boka Velkomen som ny statsborgar. Under seremonien gir deltakarar over 18 år eit truskapsløfte. Ansvaret for å arrangere seremoniane er lagt til fylkesmannsembeta. IMDi har ansvar for å gi rettleiing til fylkesmennene.

Målet for 2010 var at fleire skulle delta i seremonien. Deltakinga i 2010 var på 21,8 prosent, noko som er ein auke på 0,1 prosentpoeng frå 2009. I 2010 blei det til saman gjennomført 25 seremoniar i alle fylka med i alt 1 758 deltakarar.

Om lag halvdelen av dei 11 192 nye norske statsborgarane i 2010 kom opphavleg på grunn av familieinnvandring, medan fire av ti kom som asylsøkjarar. Personar frå Somalia, Irak og Afghanistan var dei største gruppene i 2010.

Oxford Research AS evaluerte statsborgarregelverket på oppdrag frå departementet . Det går fram av rapporten Rettigheter og tilhørighet (november 2010) at meir forsking på samanhengen mellom statsborgarskap og integrering er nødvendig. Dessutan føreslår forfattarane ein brei analyse av formåla med statsborgarskapet og med statsborgarskapslovgivinga.

Dokumentasjon av identitet er framleis ei utfordring i statsborgarsakene. Dei fleste av avslaga er grunna i at kravet til klarlagd identitet ikkje er oppfylt. Dette gjeld mange flyktningar og personar frå land utan ein sentral administrasjon. Dei kan like fullt bli norske statsborgarar dersom det ikkje er grunn til å tvile på opplysningane dei har gitt. Der søkjaren gir motstridande opplysningar om eigen identitet, kan ein ikkje gi norsk statsborgarskap.

Det er eit mål at valdeltakinga blant personar med innvandrarbakgrunn skal vere den same som for gjennomsnittet i befolkninga. IMDi har, på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet, i samarbeid med KIM, frivillige organisasjonar og politiske parti, gjennomført ei rekkje informasjons- og mobiliseringstiltak for å auke valdeltakinga ved kommune- og fylkestingsvalet i 2011. Tiltaka retta seg særskilt mot unge veljarar og grupper med innvandrarbakgrunn med låg eller minkande valdeltaking.

Ved stortingsvalet i 2009 låg valdeltakinga for innbyggjarane sett under eitt på 76 prosent, medan ho låg på 52 prosent for personar med innvandrarbakgrunn. Deltakinga blant innvandrarar har gått marginalt ned samanlikna med vala i 2001 og 2005 (53 prosent).

Valdeltakinga blant innvandrarar heng saman med kor lenge dei har budd i landet. Dei med lengst butid, har høgast valdeltaking. Både blant innvandrarar og innbyggjarane elles aukar valdeltakinga med alder. Noko av forskjellen i valdeltakinga mellom innvandrarar og gjennomsnittet for befolkninga kan derfor forklarast med ulik alderssamansetjing.

Sidan 2007 har Universitetet i Oslo, på oppdrag frå departementet, halde kurset Å vere religiøs leiar i det norske samfunnet. Det er gjennomført to kursrekkjer, og den siste blei avslutta hausten 2010. Det har vore om lag 20 deltakarar på kvart kurs, og dei har kome frå forskjellige trussamfunn. Alle har hatt utanlandsk bakgrunn, og dei fleste har vore muslimar og kristne.

Handlingsplan mot kjønnslemlesting(2008–2011) og Handlingsplan mot tvangsekteskap(2008–2011) har som mål å motverke og førebyggje kjønnslemlesting og tvangsekteskap. Handlingsplanane er eit samarbeid mellom seks departement, der BLD koordinerer arbeidet. Det er i stor grad underliggjande etatar som er ansvarlege for gjennomføringa av tiltaka. Rapportane viser at tiltaka i planane blir gjennomførte som planlagt.

Handlingsplan mot kjønnslemlesting (2008–2011)

Per april 2011 er alle tiltak i handlingsplanen sette i verk , av desse er 13 tiltak avslutta.

Nasjonalt kompetansesenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) har ein nasjonal kompetansefunksjon i arbeidet mot kjønnslemlesting. Senteret skal formidle kunnskap, drive kompetanseheving, byggje nettverk, utføre forskings- og utviklingsarbeid og gi råd til yrkesutøvarar og tilsette som jobbar på feltet. NKVTS har kartlagt arbeidet med kjønnslemlesting i Noreg. Kartlegginga viser mellom anna at tre av fire instansar har beredskap på kjønnslemlestingsproblematikk, og at hjelpetenestene har gjennomført kompetanseheving i temaet. Instansane som blei kartlagde, har eit utstrakt samarbeid med andre tenester i arbeidet med kjønnslemlesting, spesielt ulike helsetenester, men også med barnevern og skole. Dei fleste ser likevel behov for å auke samarbeidet med andre tenester. NKVTS tilrår at den noverande beredskapen på denne typen problematikk blir oppretthalden til ein får betre kunnskap om det omfanget problemet har. Vidare har NKVTS utarbeidd ei nettbasert rettleiing for arbeidet mot kjønnslemlesting. Tilbod om samtale og frivillig underlivsundersøking har ikkje vore eit tiltak i handlingsplanen mot kjønnslemlesting, men har vore ei forsøksordning. NKVTS har fått i oppdrag å foreta ein gjennomgang av ordninga.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har ansvaret for fem av tiltaka i planen. Det blir årleg gjennomført regionale nettverks- og erfaringsutvekslingssamlingar mellom ulike etatar og organisasjonar. Kjønnslemlesting er inkludert som tema i foreldrerettleiingsprogrammet og integrert i opplæringa for rettleiarar ved helsestasjonar, i barnehage, i barnevernstenesta, ved PPT, i familiesentra, i flyktningtenesta og i introduksjonsprogrammet.

Frivillige organisasjonar får økonomisk støtte til førebyggjande og haldningsskapande arbeid. I 2011 blei 16 søknadar innvilga. Den nettbaserte spørsmåls- og svartenesta ung.no er vidareutvikla, og informasjonen til ungdom om kjønnslemlesting er lagt til rette på ein betre måte.

Bufdir har ansvaret for å greie ut om systematisk registrering av kjønnslemlestings- og tvangsekteskapssaker. Ein rapport er under sluttføring.

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har ansvaret for alle dei åtte tiltaka for Tilgjengelege helsetenester og tre andre tiltak i planen. I tillegg har Helsedirektoratet ansvar for å innføre tilbod om samtaler og frivillige underlivsundersøkingar for jenter frå risikogrupper. Tilbodet blei introdusert på landsbasis frå 2010, men dei fleste stader blei ikkje tiltaket sett i gang før i 2011.

Oxford Research følgjeevaluerer handlingsplanen. Tredje delrapport blei publisert sommaren 2011.

Handlingsplan mot tvangsekteskap (2008–2011)

Per april 2011 er 39 tiltak i handlingsplanen sett i verk, av desse er 11 tiltak avslutta. Eit tiltak er framleis under planlegging.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har tilsett 30 minoritetsrådgivarar som skal hjelpe ungdom som blir utsette for press og tvang i samband med ekteskapsinngåing. Vidare skal dei bidra til å heve kompetansen om tvangsekteskap og relaterte tema på vidaregåande skolar, jf. tiltak fire i handlingsplanen. IMDi har òg tilsett integreringsrådgivarar for å bidra til å styrkje handsaminga av familiesaker og auke kompetansen på tvangsekteskap ved aktuelle utanriksstasjonar, jf. tiltak 31 i handlingsplanen. I 2010 og 2011 var det rådgivarar ved høvesvis seks og fire utanriksstasjonar. I 2010 arbeidde minoritets- og integreringsrådgivarane med til saman 373 saker som omhandla problematikk knytt til tvangsekteskap, vald og ekstrem kontroll. Talet for første halvår 2011 var 194 saker mot 221 saker første halvår 2010.

Minoritetsrådgivarane fangar opp saker tidlegare enn andre delar av hjelpeapparatet og gjer det mogleg å gripe inn og setje i verk førebyggjande tiltak. Erfaringane har vist at det er behov for eit lågterskeltilbod på skolane. I 2011 har fire minoritetsrådgivarar blitt utplasserte ved pedagogisk psykologisk teneste, oppfølgingstenesta og barnevernet i utvalde kommunar for å spreie kompetansen. Integreringsrådgivarane har opparbeidd kompetanse og nettverk som har blitt formidla til dei tilsette ved utanriksstasjonane.

Kompetanseteam mot tvangsekteskap er eit team med representantar frå Utlendingsdirektoratet (UDI), Politidirektoratet (POD), Bufdir og IMDi. IMDi koordinerer teamet. Kompetanseteamet gir førstelinetenesta råd og rettleiing i konkrete saker. Kompetanseteamet arbeidde med 378 saker i 2010, om lag 100 fleire enn i 2009. Talet for første halvår 2011 var 197 mot 200 på same tid i 2010. Auken i førespurnader tyder på at tiltaka i handlingsplanen er kjende og møter eit behov. Kompetanseteamet tek òg hand om ordninga med refusjon av utanriksstasjonane sine utgifter til heimsending der ungdom er blitt utsette for, eller står i fare for å bli utsette for, tvangsgifte eller kjønnslemlesting i opphavslandet.

I tillegg har kompetanseteamet ansvar for å tildele plassar i det nasjonale butilbodet til unge over 18 år som er utsette for tvangsekteskap eller trugsmål om tvangsgifte, jf. tiltak 27 i handlingsplanen. Butilbod for unge under 18 år er i regi av Bufetat / det statlege barnevernet.

Bufdir har fått i oppdrag å utvikle tilbodet for unge over 18 år. Det er så langt etablert 17 bueiningar med 25–30 plasser. Tre av bueiningane er bufellesskap. I dette inngår dei 11 krisebustadene som dei frivillige organisasjonane tidlegare har disponert. I samband med overtaking av desse krisebustadene etterlyste dei frivillige organisasjonane eit akuttilbod utanom krisesentertilbodet. BLD etablerte derfor ei refusjonsordning for organisasjonane ved plassering på hotell. Ordninga blei forvalta av Bufdir, men ho har ikkje vore nytta i 2011. Ordninga vil bli ført vidare i 2012.

Bufdir har gjennomført kompetanseheving i klinisk arbeid med æresrelatert vald. Elleve familievernkontor deltok i kompetansehevinga. Kontor som er lokaliserte i nærleiken av butilboda for ungdom utsette for tvangsekteskap eller anna æresrelatert vald (tiltak 27 og 28), har blitt prioriterte. Det er eit mål at familievernet skal inngå i støttetilbodet knytt til butilboda. Som ledd i kompetansehevinga har Bufdir òg utarbeidd ei rettleiing om tvangsekteskap særleg retta mot det kommunale barnevernet.

IMDi har i 2011 gitt støtte til fire kommunar, Stavanger, Kristiansand, Skien og Trondheim, for å etablere lokale tverrfaglege og tverretatlege prosjekt om arbeidet mot tvangsekteskap og æresrelatert vald. I tillegg har IMDi, på oppdrag frå BLD, utvikla ein modell for formidling av erfaringar frå eit tilsvarande treårig prosjekt i Drammen, Vold i nære relasjoner – æresrelatert vold, som blei sluttført i 2010. Prosjektet hadde som mål å hente inn aktuell og utvikle ny kompetanse, å utarbeide tiltakskjeder og å utvikle og implementere rutinar for samarbeid mellom relevante etatar og verksemder.

IMDi har i 2010 og 2011 gitt støtte til frivillige organisasjonar som driv førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap. I 2010 blei det gitt støtte til 24 prosjekt og i 2011 til 26 prosjekt. IMDi har erfart at organisasjonane utgjer eit viktig supplement til offentlege tiltak. Organisasjonane representerer viktige kanalar inn i eigne miljø.

Institutt for samfunnsforsking (ISF) følgjeevaluerer tiltaka i handlingsplanen mot tvangsekteskap. ISF har publisert to av i alt tre delrapportar. Desse stadfester i stor grad IMDi sine funn og resultat, og funn frå evalueringa har blitt vektlagde i vidareføringa av arbeidet. Sluttrapporten frå ISF vil liggje føre i november 2011.

I samband med tiltak 11 i Handlingsplan mot tvangsekteskap, tiltak 18 i Handlingsplan mot kjønnslemlesting og tiltak 45 i Justis- og politidepartementet sin Handlingsplan mot vald i nære relasjonar har Vox halde kurs for lærarar i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar om korleis dei kan ta opp temaet tvangsekteskap, kjønnslemlesting og vald i barneoppsedinga i klassene.

Strategiar og tiltak for 2012

Gjennom statsborgarseremonien skal ein sikre ei høgtidleg og verdig markering av overgangen til norsk statsborgarskap. Seremonien skal markere at nye statsborgarar sluttar seg til dei grunnleggjande verdiane som statsborgarskapet kviler på, med like rettar og plikter. Seremonien vil også gi lokalsamfunnet og storsamfunnet høve til å ønskje nye statsborgarar velkomne. Det er eit mål at deltakinga i statsborgarseremonien skal auke. Fylkesmannsembeta har ansvaret for å arrangere seremoniane. Midlar til å arrangere seremoniane går inn i fylkesmannsembeta sine årlege tildelingar frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. IMDi har ein rettleiarfunksjon overfor fylkesmennene.

Det er viktig at leiarar med innvandrarbakgrunn i trussamfunn har kunnskap om det norske samfunnet og innsikt i dei grunnleggjande verdiane det norske samfunnet byggjer på, og at dei har tenkt over kva det vil seie å vere leiar i eit trussamfunn i Noreg. Kurset Å vere religiøs leiar i det norske samfunnet vil derfor bli vidareført og vidareutvikla med eit tydelegare fokus på tvangsekteskapsproblematikk enn i dag.

Tilbodet om samtale og frivillig underlivsundersøking som førebyggjande tiltak mot kjønnslemlesting blei innført på landsbasis frå 2010, i praksis frå 2011. Departementet har gitt Nasjonalt kunnskapssenter mot vald og traumatisk stress (NKVTS) i oppdrag å vurdere nytten av tilbodet som førebyggjande tiltak, praktiseringa av og erfaringar med ordninga. Det vidare arbeidet vil byggje på ein rapport frå NKVTS.

Regjeringa vil vidareføre og vidareutvikle arbeidet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting gjennom ein ny handlingsplan mot tvangsekteskap for 2012 og ein ny handlingsplan mot kjønnslemlesting for 2012. Dei nye handlingsplanane vil byggje på tiltak som er sette i gang, og ha fokus på førebygging, vern og straffeforfølging gjennom samarbeid og samordning og kunnskap og kompetanse. Dei lokale, tverrfaglege og tverretatlege prosjekta om arbeid mot tvangsekteskap, æresrelatert vald og kjønnslemlesting vil bli vidareførte og utvikla i ny handlingsplanperiode.

Delmål 2.5: Høgare sysselsetjing blant innvandrarar

Resultatrapport 2010/2011

Talet på sysselsette innvandrarar auka med 23 700 frå 4. kvartal 2009 til 4. kvartal 2010. Fordi innvandrarbefolkninga òg auka, var delen sysselsette likevel nesten uendra, på 61,6 prosent. I heile befolkninga gjekk delen sysselsette ned, frå 69,7 til 69,1 prosent det siste året.

Høgast var sysselsetjinga blant dei nordiske innvandrarane med 74,6 prosent. Dernest kom dei frå EU-landa i Aust-Europa med 70,9 prosent og dei frå Vest-Europa elles med 70,8 prosent. For innvandrargruppene elles var sysselsetjingsprosentane slik: Nord-Amerika og Oseania 64,1 prosent, Sør- og Mellom-Amerika 62,9 prosent, Aust-Europa utanom EU 61,5 prosent, Asia 53,3 prosent og Afrika 43,9 prosent.

Den registrerte arbeidsløysa blant innvandrarar gjekk ned frå 7,8 prosent i februar 2010 til 7,7 prosent i februar 2011. I resten av befolkninga gjekk den registrerte arbeidsløysa ned frå 2,5 til 2,3 prosent. Når det gjeld talet på registrerte ledige, er det enno ein viss auke blant innvandrarar, på 1 650. Når prosentdelen ledige i denne gruppa likevel går litt ned, er årsaka at talet på sysselsette har auka. Veksten i arbeidsinnvandringa er ei viktig årsak til dette. Størst nedgang i arbeidsløyseprosenten var det blant dei frå EU-landa, 0,5 prosentpoeng. Elles var det ein svak nedgang på under 0,5 prosentpoeng i dei fleste gruppene, med unntak av den asiatiske, som hadde ein svak auke på 0,4 prosentpoeng.

Ser vi på prosentdelen av registrerte ledige i dei ulike gruppene, har den afrikanske gruppa enno høgast arbeidsløyse, på 13,4 prosent. Deretter kjem innvandrarar frå EU-landa i Aust-Europa, med 10,2 prosent ledige. Vidare ser vi at innvandrarar frå Asia hadde 8,8 prosent ledige, dei frå Sør- og Mellom-Amerika 7,8 prosent og innvandrarar frå Aust-Europa utanom EU 7,5 prosent ledige. Innvandrarar frå Norden og Vest-Europa hadde i same følgd 3,0 og 3,7 prosent ledige.

Talet på innvandrarar som deltok på ordinære arbeidsmarknadstiltak, gjekk ned frå 8 250 i 1. kvartal 2010 til 6 548 i 1. kvartal 2011, ein nedgang på 20 prosent. Blant deltakarane utanom innvandrargruppa gjekk talet ned frå 13 572 til 9 700 deltakarar, noko som er ein nedgang på 28 prosent.

Undersøkingar viser at personar med innvandrarbakgrunn oftare er overkvalifiserte for stillinga si enn befolkninga generelt. Auka arbeidserfaring gir mindre overkvalifisering for alle. Med ti års arbeidserfaring er delen overkvalifiserte blant tilsette med bakgrunn frå Afrika, Asia mv. redusert med 12 prosentpoeng, og i heile folket er delen redusert med 15 prosentpoeng. Sjølv om auka arbeidserfaring har nesten like stor effekt blant innvandrarar frå Afrika, Asia mv. som for folket i alt, minkar ikkje gapet mellom dei to gruppene nemneverdig. Etter ti års arbeidserfaring er framleis 37 prosent av innvandrarane frå Afrika, Asia mv. overkvalifiserte for den jobben dei har, mot 11 prosent i heile folket.

Introduksjonsordninga for nykomne innvandrarar og opplæring i norsk og samfunnskunnskap er viktige ordningar som skal medverke til å auke deltakinga i yrkes- og samfunnslivet. Departementet har allereie innført fedrekvote i omsorgspermisjonen for deltakarar i introduksjonsprogrammet. Kvoten er innført for fedrar med barn som er fødde etter 1. september 2010. Frå og med 1. juli 2011 blei òg målgruppa for introduksjonsordninga utvida. Kvinner som har kome på grunnlag av familiesameining, og som så får opphald på sjølvstendig grunnlag ved samlivsbrot eller mishandling, kan få ta del i introduksjonsordninga. Sjå også omtale under delmål 2.3 Rask overgang til arbeid eller utdanning etter gjennomført introduksjonsprogram.

Det er eit mål at delen av personar med innvandrarbakgrunn som er tilsette i staten, skal auke. Innan statsforvaltinga er det innført ei ordning med at minst éin søkjar med innvandrarbakgrunn skal kallast inn til intervju dersom han eller ho er kvalifisert for stillinga. Ei kartlegging som Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet gjorde i 2008, syner at 33 prosent av dei med innvandrarbakgrunn som blei kalla inn til intervju, blei tilsette i stillinga. Nokre kommunar har også teke i bruk tilsvarande intervjuordningar. Regjeringa ønskjer at fleire kommunar tek i bruk ordninga, og har gitt IMDi i oppdrag å støtte kommunesektoren i dette arbeidet. IMDi underteikna i mars 2011 ei avtale med Sarpsborg kommune om innføring av intervjuordninga. IMDi er i dialog med KS om intervjuordninga.

I 2008 starta eit toårig forsøk med moderat kvotering av personar med innvandrarbakgrunn i stillingar i 12 statlege verksemder. Sluttevalueringa syner at verkemiddelet i liten grad er nytta og er dårleg implementert i nokre av verksemdene. Det kan sjå ut som om to år er for lite til å implementere og sjå effekten av tiltaket. Samstundes viser evalueringa at tiltaket har skapt auka merksemd og medvit kring rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn. Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet vurderer korleis dei skal følgje opp forsøket.

Sidan 2006 har arbeids- og inkluderingsministeren, no barne-, likestillings- og inkluderingsministeren, halde årlege møte med leiarane i dei statlege heileigde verksemdene for å diskutere korleis ein kan auke talet på tilsette med innvandrarbakgrunn. Verksemdene er mellom anna blitt oppmoda til å auke talet på leiarar med innvandrarbakgrunn og til å motverke at innvandrarar fell først ut i samband med nedbemanning. IMDi følgjer opp verksemdene mellom møta og lagar statusrapport over arbeidet. Rapporten for 2010 syner at verksemdene har oppretthalde aktivitetsnivået. Delen leiarar med innvandrarbakgrunn har halde seg stabil frå 2009, og det har vore ein liten auke i delen toppleiarar med innvandrarbakgrunn. Fleire jobbsøkjarar med slik bakgrunn som har blitt kalla inn til intervju, har blitt tilsett. Statsrådens møte med dei statleg heileigde verksemdene i 2011 vil markere avslutninga på statsrådens møter av denne typen. IMDi held fram med å dokumentere dei statlege heileigde verksemdene sine aktivitetar for auka rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn, samt tilrettelegging for mangfald og inkludering på arbeidsplassen. I tillegg blir arbeidet styrkt gjennom oppstart av IMDis nettverk for mangfald i desse verksemdene, med fokus på HR-fagleg oppfølging og kompetansetilførsel frå IMDi.

Prosjektet Mangfaldsløft blei utvikla i samarbeid mellom Arbeids- og velferdsdirektoratet og IMDi i 2008, etter forslag frå ei arbeidsgruppe som var sett saman av partane i arbeidslivet. Hovudmålet har vore å auke rekrutteringa av innvandrarar til arbeidslivet med særleg vekt på ikkje-vestlege innvandrarar. Det har vore lokale samarbeidsprosjekt i Fredrikstad, Skien/Grenlandsregionen og Søndre Nordstrand i Oslo, med deltakarar frå kommunane, NAV-kontor, IMDi og partane i arbeidslivet. Mangfaldsløft blei avslutta i desember 2010 og har blitt evaluert undervegs og til slutt i prosjektperioden. Sluttrapporten gir ei oversikt over aktivitetar og samla funn frå evalueringa. Dei lokale prosjekta kan vise til ulik grad av måloppnåing i form av overgang til arbeid for deltakarane; frå 0 til 90 prosent. Skilnaden i måloppnåing heng saman med dei lokale prosjekta sine val av målgruppe, målgruppa sine bakgrunnsvariablar, behov og føresetnader, i tillegg til val av arbeidsmetode. Utover sprikande kvantitative resultat har dei lokale prosjekta samla sett oppnådd kvalitative resultat i form av auka kunnskap, erfaringar om målgruppa og suksessfaktorar i arbeidet. Evalueringa viser at dei lokale prosjekta særleg har lykkast med kartlegging, rettleiingsmetodikk, oppfølging og arbeidsgivarkontakt. I tillegg har Mangfaldsløft synleggjort utfordringar knytte mellom anna til målgruppa sin heterogenitet og behovet for varierte tiltak og metodar. Intensjonen er no at erfaring og læring frå prosjekta skal spreiast til heile NAV og til andre aktørar på integreringsfeltet (flyktningtenesta, vaksenopplæringa, dei regionale kontora til IMDi, arbeidsgivarar mv.). Sluttrapporten frå evalueringa kan lesast på ramboll-management.no.

Mangfoldsportalen.no blei lansert i mars 2009, i samarbeid med partane i arbeidslivet. Portalen rettar seg mot arbeidsgivarar, tillitsvalde og ansvarlege for opplæring og HR i verksemder i offentleg og privat sektor. Han gir informasjon og rettleiing om rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn og om mangfaldsarbeid. IMDi er ansvarleg for portalen. Besøket til portalen har halde seg stabilt sidan lanseringa. I 2010 var det i snitt 39 besøk / 126 visingar kvar dag. Gjennomsnittleg lengde på besøka var seks minutt, noko som tyder på at dei besøkande tek seg tid til å lese innhaldet. Portalen er vidareutvikla med ny modul i nettkursa (e-læring) og med database med oversikt over relevante lover og reglar. Nye fagartiklar og fleire gode eksempel er publiserte.

Det er store variasjonar i deltaking i arbeidslivet blant innvandrarane. Ei særleg utfordring er låg sysselsetjing i nokre grupper av kvinner med innvandrarbakgrunn. Mange kvinner som ikkje tek del i arbeidslivet, er heimeverande og blir økonomisk underhaldne av ein mann som er i arbeid. Desse kvinnene er derfor ikkje i kontakt med NAV eller i gang med noka form for kvalifisering, og ein må jobbe særskilt for å finne og motivere dei til å ta del i kvalifisering til arbeid. Resultatrapporten frå IMDi for 2010 viser at 529 personar frå 59 land tok del i Ny sjanse i 2010. Meir enn 35 prosent av deltakarane hadde bakgrunn frå Somalia og 18 prosent frå Irak. Av alle deltakarane var 77 prosent kvinner. I snitt gjekk 23 prosent av alle deltakarane til arbeid eller utdanning i 2010. Dette resultatet er lågare enn åra før. Resultata har frå starten i 2005 og fram til 2009 halde seg på eit stabilt og høgt nivå. Frå starten i 2005 og fram til 2009 gjekk totalt 43 prosent av deltakarane over til arbeid eller utdanning.

Det er stor variasjon når det gjeld resultat for dei ulike målgruppene i Ny sjanse. 43 prosent av deltakarane i ungdomsprosjekta går over til arbeid eller utdanning og 16 prosent av deltakarane i prosjekta retta mot heimeverande kvinnene. Av dei heimeverande kvinnene blir 20 prosent overførte til anna tiltak, og 12 prosent søkjer arbeid gjennom NAV. IMDi forklarer nedgangen i resultat med fleire forhold som kan ha påverka kor mange som gjekk over i arbeid eller utdanning etter avslutte program. Dette er mellom anna situasjonen på arbeidsmarknaden, utdanningsnivået og arbeidserfaringa til deltakarane og forhold ved gjennomføringa av prosjekta. Få heimeverande kvinner går over til arbeid eller utdanning, og IMDi forklarer at mange av kvinnene som ikkje tidlegare har teke del i noka form for kvalifisering, har ein lenger veg å gå enn dei som har vore deltakarar i Ny sjanse dei tidlegare åra. Ny sjanse er òg omtalt under kap. 821, post 62.

Erfaringar frå forsøksverksemda tyder på at innvandrarar har særlege utfordringar når dei skal etablere eiga bedrift fordi dei har manglande kjennskap til norske rutinar og prosessar og vanskar med å få lån. Det er få målretta tilbod om rettleiing for etablerarar som tek omsyn til dei særlege behova denne gruppa har. For 2011 blei det løyvd 3,25 mill. kroner til ei styrking av entreprenørskap for innvandrarar. Departementet ba IMDi setje i gang ein pilot for å teste ut utforminga av ei meir permanent ordning som gjev støtte, i form av delfinansiering, til ein kommune, interkommunalt samarbeid, eller ein fylkeskommune som vil opprette eit regionalt etablerarsenter for innvandrarar. Eit regionalt etablerarsenter skal ha to kjerneoppgåver. Det skal tilby opplæring og individuell rettleiing og oppfølging til innvandraretablerarar, og det skal vere eit kunnskapssenter med kompetanse- og rettleiingstenester for andre kommunar og aktørar i regionen. Kommunen vil elles få fridom til å utforme og tilpasse tilbodet til lokale behov. Det blei sett av 3 mill. kroner til dette formålet. Det blei òg sett av midlar til evaluering av dette prøveprosjektet og til ei utgreiing av korleis IMDi, med sine regionalkontor, kan fylle rolla som eit nasjonalt kunnskapssenter om etablerarverksemd for innvandrarar.

Det er viktig at arbeidsinnvandrarar som har busett seg i landet, får dei same høva til å ta del i yrkes- og samfunnslivet som resten av folket. Startpakka Ny i Norge for arbeidsinnvandrarar om nøkkelspørsmål ved arbeid og opphald i landet er utarbeidd av IMDi og har vore distribuert sidan 15. september 2009. Tilbakemeldingane tyder på at Ny i Norge har treft informasjonsbehovet.

I Stortingsmelding nr. 18 (2007–2008) Arbeidsinnvandring såg regjeringa eit behov for tiltak som kan leggje til rette for at arbeidsinnvandrarar blir kjende med pliktene sine og kan bruke rettane sine på linje med resten av folket. Mellom anna blei det føreslått å greie ut om innføring av norskopplæring som eit generelt tilbod for alle arbeidsinnvandrarar og dei vaksne familiemedlemmene deira. Velferds- og migrasjonsutvalet (NOU 2011:7) har vurdert tilbodet om norskopplæring til innvandrarar. Fleirtalet i utvalet tilrår ikkje noko generelt tilbod om gratis norskundervising til vaksne EØS-borgarar som buset seg i Noreg. Samstundes har Inkluderingsutvalet (NOU 2011:14) tilrådd gratis norskopplæring til arbeidsinnvandrarar som buset seg i Noreg, og til familiesameinte med desse. Dei ulike vurderingane til utvala viser at vi må vurdere dette grundig før vi konkluderer.

Strategiar og tiltak for 2012

Regjeringa vil hindre at vi får eit samfunn der systematiske skilnader i levekår følgjer etniske skiljelinjer. Arbeid er det viktigaste verkemiddelet for å sikre den enkelte gode levekår. Auka deltaking i arbeidslivet skal vere hovudstrategien for å sikre ei god samfunnsutvikling. Eit godt kvalifiseringstilbod er nødvendig for å oppnå målet om auka deltaking i arbeidslivet for innvandrarar. Regjeringa vil også i 2012 ha sterkt fokus på vidareutvikling av kvalifiseringstilbodet for innvandrarar med behov for kompetanse for norsk arbeidsliv. Regjeringa vil parallelt arbeide vidare mot diskriminering og for ein inkluderande rekrutteringspolitikk, mellom anna i samarbeid med partane i arbeidslivet, slik at innvandrarane sin kompetanse kjem betre til nytte på alle nivå i arbeidslivet.

Over fleire år har vi registrert ein tendens der enkelte innvandrargrupper har dårlegare levekår og i større grad er avhengige av offentlege velferdsordningar enn resten av befolkninga. Dette gjeld særleg innvandrarar frå land i Asia og Afrika som har kome som flyktningar og familieinnvandrarar. Lågare sysselsetjing og høgare arbeidsløyse samanlikna med befolkninga elles er ein viktig grunn til skilnadene. Det er særleg viktig å få fleire i denne gruppa i arbeid og motverke utstøyting frå arbeidslivet. Det er viktig å auke sysselsetjinga blant kvinnene og at ungdommen får arbeid på lik linje med annan ungdom og i samsvar med kvalifikasjonane sine.

Det er lagt opp til ein brei innsats for å få personar som står utanfor arbeidsmarknaden, deriblant innvandrarar, over i arbeid. Denne innsatsen er omtalt i Prop. 1 S (2011–2012) for Arbeidsdepartementet.

Låg kompetanse og svake grunnleggjande ferdigheiter samanlikna med krava i arbeidsmarknaden er ei utfordring og gjer at ein del innvandrarar òg i 2012 vil ha behov for tilpassa opplæring og særskild hjelp for å kome i varig arbeid.

Det er viktig å oppnå gode resultat i introduksjonsprogrammet. Introduksjonsprogram er eit av dei sentrale integreringstiltaka for nykomne innvandrarar, og kvaliteten skal vere best mogleg. Departementet har fått mange innspel til korleis introduksjonsordninga kan styrkjast i framtida frå mellom anna Inkluderingsutvalet og Velferds- og migrasjonsutvalet. Sjå også delmål 2.3 Rask overgang til arbeid eller utdanning etter gjennomført introduksjonsprogram.

Forsøket med Ny sjanse blir ført vidare i 2012. Det blir retta særleg inn mot utvalde landgrupper med spesielt høg arbeidsløyse eller låg sysselsetjing. Kvinner frå desse utvalde landgruppene vil vere hovudmålgrupper.

Det er viktig med ein medviten og aktiv politikk blant alle arbeidsgivarar for å auke rekrutteringa av personar med innvandrarbakgrunn og for at dei får arbeid i tråd med kvalifikasjonane sine. Regjeringa ser det som viktig at offentleg sektor skal gå føre med eit godt eksempel. Plikta i staten til å intervjue minst éin søkjar med innvandrarbakgrunn dersom han eller ho er kvalifisert for stillinga, vil bli ført vidare. IMDi vil også i 2012 arbeide for at fleire kommunar og fylkeskommunar skal innføre ei tilsvarande ordning.

Auka gründerverksemd blant innvandrarar vil vere eit positivt bidrag til målet om auka sysselsetjing. Arbeidet med å utvikle eit tilbod om rettleiing for etablerarar som tek omsyn til dei særlege behova denne gruppa har, vil halde fram.

Ei kartlegging har gitt betre oversikt over godkjenningsordningane for lovregulerte yrke og eit betre grunnlag for å vurdere om det er behov for tiltak for å unngå at desse ordningane skaper utilsikta hindringar for innpass på arbeidsmarknaden for innvandrarar. Regjeringa vil følgje opp kartlegginga.

Delmål 2.6: Høg deltaking i samfunnslivet blant innvandrarar og barna deira

Resultatrapport 2010/2011

For all slags deltaking i organisasjonar, unnateke religiøse, har innvandrarar lågare grad av organisering enn befolkninga i alt. Kvinner med innvandrarbakgrunn er sterkast underrepresenterte.

Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd skal bidra til å styrkje frivillige organisasjonar si rolle i integreringsarbeidet, jf. rapportering på kap. 821, post 71. Det blir gitt støtte til lokale innvandrarorganisasjonar, til aktivitet i lokalsamfunn, til landsdekkjande organisasjonar som arbeider på integreringsfeltet, til arbeid mot tvangsekteskap og til organisasjonar og grupper som gir målretta informasjon om det norske samfunnet til nye innvandrarar. Samla legg dette tilskotet grunnlag for aktiv samfunnsdeltaking for personar med innvandrarbakgrunn.

Målet med tilskotsordninga til landsdekkjande organisasjonar har vore å leggje til rette for organisasjonar som arbeider for å sikre at alle har dei same moglegheitene, rettane og pliktene når det gjeld å ta del i samfunnet og å ta i bruk eigne ressursar. Tilskotsordninga skal mellom anna bidra til å byggje opp kunnskap basert på erfaring og kompetanse om kva som fremmar inkludering og auka deltaking frå innvandrarbefolkninga i samfunnet. Målet med tilskotet til lokale organisasjonar er å medverke til å styrkje innvandrarbefolkningas deltaking i organisasjonslivet lokalt og å auke tilgjenget til sosiale nettverk for denne delen av befolkninga.

IMDi har samarbeidsavtaler med til saman seks frivillige organisasjonar med mål om å gjere det lettare for kommunar å ta imot og busetje nykomne innvandrarar. Desse organisasjonane er Frivillighet Norge, Norges Fotballforbund, Raudekrossen i Noreg, Norske Kvinners Sanitetsforening, Norsk Folkehjelp og Redd Barna. Gjennom avtalene er det gitt støtte til ei rekkje lokale prosjekt over heile landet som skal bidra til utvikling av lokalt integreringsarbeid og lokale møteplassar mellom minoritets- og majoritetsbefolkninga. Avtalene skal i tillegg bidra til metodeutvikling og auka kunnskap om frivillig integreringsarbeid og til at det blir rekruttert fleire innvandrarar som medlemmer, tillitsvalde og tilsette i organisasjonane.

Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene (KIM) er ein viktig reiskap for å få fleire stemmer med innvandrarbakgrunn inn i samfunnsdebatten. Utvalet gir råd til styresmaktene i saker som vedkjem innvandrarar. KIM vedtek sjølv sine satsingsområde. I 2011 var desse likeverdige offentlege tenester, likestilling og deltaking og arbeid med rettar. Sjå eiga omtale av KIM under kap. 823.

I 2010/2011 har departementet sett i gang ein analyse av tilskotsordningane over kap. 821, post 71. Departementet har fått innspel frå ei rekkje ulike miljø. Det er spurt om innretninga av posten kan bli justert, slik at formåla med tilskota blir oppnådd på ein god måte. Departementet har hatt eit tett samarbeid med IMDi som har gitt fleire innspel. Innspela viser mellom anna at det er viktig å styrkje frivillig arbeid lokalt. Departementet har motteke få synspunkt på rolla til dei landsdekkjende organisasjonane. Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor har, på oppdrag frå departementet, utarbeidd eit notat basert på forsking om frivillig sektor og innvandrarar. Departementets analyser byggjer òg på evalueringar av dei ulike ordningane på posten. Vidare byggjer han på omtala av frivillig deltaking i NOU 2011:14 Bedre integrering – mål, strategier og tiltak.

Når innvandrarar er tilknytte frivillige organisasjonar, bidreg dette til utvikling av tillit på individnivå. Foreiningar i nærmiljøet er viktige arenaer for brubygging mellom minoritet og majoritet. Deltaking på felles møteplassar i nærmiljøet kan bidra til å styrkje fellesskapskjensla og å auke tillitsband mellom minoritets- og majoritetsbefolkninga.

Barnehagen er ein viktig arena for inkludering og språkstimulering. Forsøk med gratis kjernetid i barnehage i område med ein høg del minoritetsspråklege barn inneber tilbod om gratis opphald i barnehage fire timar om dagen, totalt inntil 20 timar per veke. Formålet med forsøket med gratis kjernetid er, gjennom auka deltaking i barnehage, å førebu barna på skolestart, å betre norskkunnskapane for minoritetsspråklege barn og å medverke til sosialiseringa generelt. Ei målsetjing med forsøket er å sikre ei målretta oppfølging av dei føresette med innvandrarbakgrunn, slik at dei kan medverke til at barna kan følgje ordinær undervising på skolen. Forsøket har også som formål å auke forståinga hos foreldra for at norsk språk er viktig, og for deltaking i sosiale aktivitetar. Vidare skal tiltaket medverke til å sikre at barnehagepersonalet har god kompetanse i fleirkulturell pedagogikk og språkstimulering. Forsøket med gratis kjernetid i barnehage omfattar område i Oslo, Drammen og Bergen.

Rapporteringa frå Oslo kommune om forsøket for fire- og femåringar syner at barnehagedeltakinga her har auka år for år fram til 2009, og at fleire søkjer heildagsplass. I 2010 var det derimot ein liten nedgang i deltakinga i Oslo. Kommunen melder at dei tilsette har fått meir kompetanse til å jobbe systematisk med språkutviklinga til det enkelte barnet. Skolar i dei aktuelle bydelane melder at det språklege nivået og dei sosiale dugleikane til barna som startar på skolen, er betre enn tidlegare. Skolar seier også at dei opplever at foreldre er meir engasjerte i barnas skolegang enn tidlegare.

Forsøka med gratis kjernetid, som er sette i gang seinare i bydelen Gamle Oslo og i Drammen og Bergen, har medverka til at barnehagedeltakinga har auka i områda der det er forsøk. Særleg stor auke har det vore i Drammen. Det er sett i gang ei treårig ekstern evaluering av forsøket med gratis kjernetid.

Staten og Oslo kommune gjorde i januar 2007 avtale om ei brei og heilskapleg satsing for å betre miljø- og levekåra i Groruddalen over ein periode på ti år. BLD har det overordna ansvaret for statens innsats på programområde 4 i satsinga, som omhandlar oppvekst, utdanning, levekår, kulturaktivitetar og inkludering. IMDi samordnar det statlege arbeidet.

Til Groruddalssatsinga blei det på programområde 4 i 2011 sett av 48,6 mill. kroner frå staten til ekstraordinære tiltak på fleire departement sine ansvarsområde. Ei følgjeevaluering blei gjennomført i perioden 2008–2010. I sluttrapporten frå 2010 blir det peikt på at dei mange tiltaka i satsinga kvar for seg gir mange effektar og peiker fram mot måla. Satsinga blir vurdert å vere på rett kurs. Følgjeevalueringa har ikkje sett på resultat av satsinga. Det er òg starta ei midtvegsevaluering som på grunnlag av gjennomførte tiltak skal vurdere kva effektar satsinga har hatt etter dei fire første åra. Evalueringa skal vere ferdig i 2011. Det er blitt arbeidd kontinuerleg med å få ny kunnskap om forskjellane i levekår i Groruddalen og om tiltak som kan betre levekåra.

Det viktigaste enkelttiltaket i programområde 4 er gratis kjernetid i barnehage. I tillegg er det gitt midlar til Språkløftet og Utviklingsprosjektet i skolar med meir enn 25 prosent minoritetsspråklege elevar. Desse to prosjekta blir avslutta i 2011. Språkløftet har medverka til at ein har fått eit meir systematisk og fagleg samarbeid mellom skolane og barnehagane som deltek. Folkehelseprosjekt som skal bidra til å redusere helseforskjellane i befolkninga i Groruddalen, er gjennomført i alle dei fire bydelane. Prosjekta dreier seg mellom anna om fysisk aktivitet, kosthald og førebygging av livsstilsrelaterte sjukdommar som diabetes.

I 2008 underteikna staten ved Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Oslo kommune ei intensjonsavtale om Handlingsprogram Oslo Sør. Handlingsprogram Oslo Sør er eit forpliktande samarbeid for å betre oppvekst- og levekåra i bydelen Søndre Nordstrand dei nærmaste ti åra. I tillegg til dei ordinære midlane som går til bydelen, har staten gitt i underkant av 15,2 mill. kroner i ekstraordinære midlar til dette handlingsprogrammet i 2011. Også i Handlingsprogram Oslo Sør har ein arbeidd med barn og oppveksttiltak, særleg når det gjeld språk og skole, og med styrking av foreldrerolla, i tillegg til auka deltaking i arbeidslivet. IMDi samordnar den statlege innsatsen innanfor satsinga.

Strategiar og tiltak for 2012

Frivillige organisasjonar har ei sentral rolle i demokratiet. I Noreg tek innbyggjarane del i frivillig verksemd i langt større grad enn i dei fleste andre land. Foreiningar i sivilsamfunnet er viktige arenaer for inkludering, produksjon av fellesskapskjensle, tillit og tilhøyrsle. Dei bidreg til at menneske kan utfalde seg, til sjølvrealisering og trivsel, og dei reduserer isolasjon og passivitet. Dei byggjer òg nettverk og kompetanse som kan vere eit springbrett vidare ut i utdanning og arbeid.

Det er eit problem når innvandrarar fell utanfor frivilligheita som opplæringsarena for fellesskapsverdiar. Lågare deltaking i frivillig verksemd gjer at innvandrarar i mindre grad enn andre får tilgang til ressursar i form av kunnskap, fellesskap og nettverk. Mange organisasjonar har ein tendens til å rekruttere dei som er like dei som alt er i organisasjonen. Skal dette endrast, må ein utvide dei sosiale nettverka på lokalt nivå til også å famne minoritetar.

Departementet vil auke fokuset på lokal aktivitet og på arbeid mot diskriminering i organisasjonane. Vidare vil ein halde fram med formidling av informasjon og rettleiing til innvandrarar og med innsats mot tvangsekteskap.

Organisasjonane som tidlegare har fått støtte som landsdekkjande, er særs ulike når det gjeld formål, arbeidsform og organisering, slik at det er vanskeleg å vurdere måloppnåing og støttebeløp. For å sikre ei fleksibel ordning som gir rom for fornying og breidde i organisasjonslandskapet, og som sikrar innvandrarbefolkninga ei stemme, vil departementet leggje om ordninga. Tilskotsordninga til landsdekkjende organisasjonar vil bli lagt ned. I staden vil ein sikre støtte til nokre organisasjonar gjennom direkte øyremerking i statsbudsjettet. Ordninga vil heretter bli kalla støtte til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet, som er ei meir dekkjande nemning.

Målet med tilskotet til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet vil vere å bidra til auka deltaking i og tillit til samfunnet blant innvandrarbefolkninga. Tilskotet skal bidra til å sikre at alle har dei same moglegheitene, rettane og pliktene når det gjeld å delta i samfunnet og å ta i bruk eigne ressursar. I tida framover vil det vere eit særskilt fokus på arbeid mot diskriminering.

Premissen for å gi støtte vil vere at organisasjonane jobbar utoverretta, er inkluderande, driv brubygging og samarbeider med andre organisasjonar. Tilskota må bidra til å byggje relasjonar baserte på respekt, tillit og aksept mellom ulike aktørar på integreringsfeltet. Organisasjonane må kunne vise til planlagde mål og oppnådde resultat for å få støtte.

Midlane til arbeid mot tvangsekteskap vil bli vurderte i budsjettet for 2013. Det er gjennomført ei eiga evaluering av denne tilskotsordninga. Det vil ikkje bli gjort endringar i støtta til informasjons- og rettleiingstiltak.

Enkelte område i større byar har særskilde utfordringar med levekår av eit slikt omfang at det er behov for særlege satsingar. Personar med innvandrarbakgrunn er ofte overrepresenterte i desse områda. Områdesatsing kan vere eit viktig verkemiddel for å betre levekåra i avgrensa geografiske område. Ei områdesatsing er eit samarbeid mellom stat og kommune som skal bidra til å betre levekåra ved å sjå fleire verkemiddel i samanhang og til å skape synergieffektar av statlege og kommunale middel. Ei slik heilskapleg satsing kan òg vere viktig for å snu ei negativ sosial eller økonomisk utvikling i eit område og for å stimulere til sosial inkludering i lokalsamfunnet og deltaking i samfunnet elles. Regjeringa har gjort langsiktige samarbeidsavtaler med Oslo kommune om felles områdesatsingar for å betre levekåra i fire bydelar i Groruddalen og bydelen Søndre Nordstrand.

Å meistre språk er ein viktig føresetnad for deltaking i samfunnet. Deltaking i barnehage førebur barn på skolestarten, betrar norskkunnskapane deira og medverkar til sosialisering generelt. Forsøksordninga med gratis kjernetid i barnehage vil derfor bli ført vidare i 2012. Sjølv om Språkløftet og Utviklingsprosjektet i skolar med meir enn 25 prosent minoritetsspråklege elevar blir avslutta i 2011, vil Kunnskapsdepartementet vidareføre skolesatsinga i Groruddalen og Oslo Sør i ei anna form i 2012. Kunnskapsdepartementet har sett av 10 mill. kroner årleg til nye skoletiltak i områda i perioden 2012–2016.

Delmål 2.7: God kunnskap om integrerings- og inkluderingspolitikken i befolkninga

Resultatrapport 2010/2011

BLD har i kunnskapsarbeidet sitt i 2011 vidareført samarbeidet med SSB om utvikling og vedlikehald av statistikk og analysar om migrasjon, integrering og levekår, jf. ssb.no/innvandring. Statistikken er ei plattform for vidare analyse og for politikkutforming, men er òg viktig for å oppnå ein faktabasert og konstruktiv debatt om integrering.

BLD støttar òg programmet for forsking på Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) i regi av Noregs forskingsråd og forskingsprogrammet Virtuelt senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor, jf. omtale i Del III.

IMDi har ei sentral rolle i å spreie informasjon om integrerings- og inkluderingspolitikken og bidra med kunnskapsutvikling. IMDi sine viktigaste informasjonskanalar til brukarar, samarbeidspartnarar og samfunnet elles er nettportalen imdi.no og nyhendebrevet i-nytt.

Informasjonsverksemda til IMDi har i 2010 og 2011 særleg vore retta mot tiltak innan busetjing, introduksjonsordninga/norskopplæring, sysselsetjing av kvinner, arbeid mot tvangsekteskap, arbeidsinnvandring, statsborgarseremoni og val. Fremming av fagrelatert informasjon er prioritert framfor hyppig nyhendeproduksjon.

Andre viktige informasjonskanalar er nettstader som nyinorge.no, Mangfalds- og migrasjonsbiblioteket og kunnskapsformidling i form av medium og publikasjonar. Ein av desse publikasjonane er iFAKTA, som IMDi har publisert både i 2010 og 2011. Dette er eit faktahefte om innvandrarar og integrering som rettar seg mot befolkninga generelt. I IMDis rapportserie blei det i mai 2011 publisert ein rapport som omhandla norskopplæring for vaksne innvandrarar. Hausten 2011 lanserte BLD eit hefte som inneheld tal og fakta på område som er sentrale for integreringa. Heftet er òg å finne på regjeringa.no.

I 2008 sette regjeringa av midlar for å prøve ut ei ordning der frivillige organisasjonar gir målretta informasjon og rettleiing til innvandrarar for å styrkje deltakinga deira i lokalsamfunn og utvikle nettverk. Denne ordninga blei styrkt i 2009 og vil bli ført vidare i 2012, jf. omtale under kap. 821, post 71 Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd.

Strategiar og tiltak for 2012

Politikkutviklinga på integrerings- og inkluderingsområdet skal byggje på kunnskap, gjennom evalueringar av verkemidla på området, utvikling av nasjonale grunnlagsdata og generell forsking og kunnskapsutvikling nasjonalt og internasjonalt.

Samarbeidet med SSB om statistikk som gjeld innvandring, integrering og inkludering av innvandrarar og barna deira, blir ført vidare, og BLD vil gi støtte til programmet for forsking på Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) også i 2012.

Gjennom å produsere kunnskap og gjere kunnskapen tilgjengeleg legg ein til rette for ein brei offentleg debatt om integrering og inkludering. Målgruppa for slik kunnskap er både heile befolkninga og innvandrarar spesielt. IMDi har ein viktig funksjon i produksjon og formidling av kunnskap, metodar og verkemiddel som kommunar og statlege etatar kan nytte i arbeidet overfor innvandrarar. I tillegg vil ein i 2012 fokusere på å formidle resultata av integreringspolitikken til heile befolkninga.

Gjennom støtte til landsdekkjande organisasjonar blir det bygd opp ulike kompetansemiljø når det gjeld kva som fremmar, og kva som hindrar inkludering. Slike miljø formidlar òg erfaringar og kompetanse når det gjeld dette, til styresmaktene og til innbyggjarane elles. Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkning og myndigheitene (KIM) bidreg til å få fram ulike erfaringar og få til ein brei offentleg debatt om integrering og inkludering.

Delmål 2.8: Offentlege tenester som er tilpassa mangfaldet i befolkninga

Resultatrapport 2010/2011

På direktoratsnivå har IMDi ei sentral rolle i å koordinere arbeidet for at personar med innvandrarbakgrunn skal få tilbod om likeverdige offentlege tenester. IMDi har også samarbeidsavtaler med fleire direktorat og etatar som har ansvaret for viktige velferdsoppgåver. Kommunane har ansvaret for ein vesentleg del av velferdstenestene.

Per 31. desember 2010 var det registrert 1 206 tolkar i 66 språk i Nasjonalt tolkeregister. Av desse har 58 prosent statsautorisasjon og/eller tolkeutdanning. Departementet vil sikre at dei som er førte opp i registeret, har minimumskompetanse i tolking. Praktiserande tolkar som ønskjer å bli registrerte, og som ikkje har fullført utdanning eller har statsautorisasjon, må ta ei språkprøve og gjennomføre eit innføringskurs i kva for ansvar tolken har. Det er mogleg å kvalifisere seg til registeret i 73 språk. IMDi oppfordrar offentlege tolkebrukarar og tolkeformidlarar til å sende personar som blir brukte som tolkar, til språkprøve og utdanning. Hittil har 3 956 personar som tolkar på 70 språk, teke språkprøva. Av desse var det 65 prosent som ikkje greidde krava.

Universitetet i Oslo administrerer statsautorisasjonsordninga for tolkar. Autorisasjonsprøva er krevjande, og 91 prosent av kandidatane strauk i 2010. Strykprosenten er noko lågare for kandidatar med grunnutdanning i tolking. Per 31. desember 2010 har 178 tolkar i 21 språk fått løyve som statsautorisert tolk, 61 prosent av dei er kvinner.

Satsinga på utdanning for tolkar dei siste åra har medverka til at fleire tolkar har auka kompetansen sin. I 2007 blei det etablert ei permanent tolkeutdanning ved Høgskolen i Oslo (HiO). Per 31. desember 2010 har totalt 317 studentar i 45 språk bestått grunnutdanninga Tolking i offentleg sektor (30 studiepoeng) ved høgskolen. Dei første påbyggingsmodulane (Tolking i retts- og nemndsmøte og Tolking av monologar – hugs og notatteknikk) i retning av eit bachelorstudium blei tilbydde ved HiO i 2009 og 2010. Til saman har 147 tolkar teke desse to modulane og bestått eksamen. IMDi samarbeider med høgskolen for å sikre at utdanningstilbodet er tilpassa det behovet samfunnet har for tolkar på ulike språk.

Det er ei utfordring at ulike sektorar ikkje bruker kvalifiserte tolkar i tilstrekkeleg grad. Ei undersøking om bruk av tolk i straffesakskjeda (IMDi-rapport 6-2009) viser at berre éin av tre i kriminalomsorga bruker tolk når det er behov for det, og sjølv om domstolane som oftast bruker tolk ved behov, har berre éin av tre i domstolane faste rutinar for å kontrollere kvalifikasjonane til tolken. I ei undersøking om bruk av tolk i grunnskolen i Oslo svarer éin av tre at barn av og til eller ofte blir nytta som tolk for foreldra.

Som eit ledd i arbeidet for personar med somalisk bakgrunn i Noreg er det sett i verk eit prosjekt for å vidareutvikle ei ordning med bruk av såkalla linkarbeidarar – det vil seie personar med det same språket og den same erfaringsbakgrunnen som brukarane – i formidlinga av informasjon til somaliarar som kjem i kontakt med det offentlege hjelpeapparatet. Formålet er å finne gode metodar som sikrar at brukarar med somalisk bakgrunn får den informasjonen dei har krav på. Forsøket blei starta opp i bydelen Gamle Oslo hausten 2010 og vil vare i to år.

Gjennom Handlingsplan for integrering og inkludering av innvandrarbefolkninga (2007–2010) styrkte regjeringa innsatsen for at innvandrarar raskt kan kome ut i inntektsgivande arbeid og delta aktivt i samfunnet. Handlingsplanen inneheldt tiltak innanfor ansvarsområda til sju departement, og innsatsområda var arbeid og busetjing, oppvekst, utdanning og språk, likestilling og deltaking. 2010 var det siste året med styrking av Handlingsplan for integrering og inkludering av innvandrarbefolkninga, men tiltaka i planen blei førte vidare i 2011.

Regjeringa har i 2011 ført vidare Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga, som måler effektar av inkluderingspolitikken over tid på dei ulike samfunnsområda. Det er også eit formål med ordninga at ho skal tydeleggjere for det enkelte sektororganet kva ansvar det har overfor innvandrarbefolkninga. I alt er det 17 mål som omfattar ansvarsområda til åtte departement. Kvart mål har éin eller fleire indikatorar som skal vise kva retning utviklinga går i. I statsbudsjettet for 2012 rapporterer departementa på måloppnåing for sjuande året på rad. Den samla rapporteringa på måla er å finne i Del III. Måla for inkludering, indikatorane og kor treffsikre dei er, er analyserte av Direktoratet for forvalting og IKT (Difi). Analysen viste at ordninga har rom for forbetring. Mellom anna meinte Difi at ein bør sjå nærmare på måla.

Strategiar og tiltak for 2012

Likeverdige offentlege tenester må vere tilpassa behova til befolkninga. Dette inneber at dei enkelte fagstyresmaktene har ansvar for tenestetilboda til alle gruppene innanfor sitt område, også innvandrarar og barna deira. Oppgåver knytte til helse, utdanning, bustad og arbeidsliv, ligg innanfor ansvarsområda til andre departement.

For å sikre ei heilskapleg og målretta politikkutvikling har BLD eit særskilt samordnings- og pådrivaransvar i integrerings- og inkluderingspolitikken. På direktoratsnivå er det IMDi som har denne oppgåva.

Med bakgrunn mellom anna i Difi sin analyse av Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga vil BLD vurdere korleis ordninga kan gjerast betre.

Rapporteringa frå dei ansvarlege departementa syner mellom anna at det har blitt vanskeleg for mange innvandrarar å kome inn på arbeidsmarknaden. Samstundes er auken i arbeidsløyse blant innvandrarar den same som auken i den samla arbeidsløysa.

Talet på minoritetsspråklege barn i barnehagar har auka dei siste åra. For femåringar er delen minoritetsspråklege nesten like høg som for andre barn.

IMDi har eit særskilt ansvar for å utvikle og formidle kunnskap om og metodar for å tilpasse offentlege tenester for alle brukargruppene. Det inneber mellom anna å leggje til rette for bruk av tolk dersom brukarar har behov for det.

Arbeidet for at likeverd og rettsvern i offentleg tenesteyting ikkje blir svekt ved språkbarrierar, vil bli ført vidare. Tilgang på kvalifiserte tolkar medverkar til å styrkje rettstryggleiken til individet. Sjølv om norskopplæringa for nykomne innvandrarar er styrkt, vil behovet for tolking vare ved. Innsatsen blir retta mot desse områda:

  • kvalifiserte tolkar som er tilgjengelege over heile landet, og som dekkjer behovet

  • god utdanningskapasitet som held høg kvalitet og dekkjer behovet

  • god kunnskap om bruk av tolk i offentleg sektor

  • formålstenleg og kunnskapsbasert regulering av tolkefeltet

For å auke tilgangen på kvalifiserte tolkar og stimulere tolkane til å dokumentere og auke kompetansen sin blei det i 2005 oppretta eit nasjonalt tolkeregister. Registeret skal også leggje til rette for at dei som bestiller tolk, bruker kvalifiserte tolkar. Det langsiktige målet er at flest mogleg av tolkane i registeret skal ha statsautorisasjon og tolkeutdanning. IMDi er nasjonal fagstyresmakt for tolking i offentleg sektor og eig og driv registeret. Nasjonalt tolkeregister blei evaluert i 2011. På bakgrunn av tilrådingane i evalueringa vil IMDi vurdere utviklingstiltak for å styrkje registeret.

Utdanningstilbodet for tolkar skal vere godt og funksjonelt. Tolkeutdanning blei eit permanent tilbod ved Høgskolen i Oslo frå hausten 2007, og oppbygging av eit bachelorstudium vil bidra til å profesjonalisere tolkeyrket enda meir. Arbeidet for auka kunnskap i offentleg sektor om samanhengen mellom rettsvern og kvaliteten på tolkinga held fram. Sektorstyresmaktene og kommunane har sjølvstendig ansvar for å utvikle gode rutinar for bestilling, betaling og bruk av kvalifisert tolk.

IMDi har leidd ei arbeidsgruppe som har sett på behovet for å regulere tolkefeltet. Arbeidsgruppa har kome med forslag til korleis det offentlege kan betre praksisen for bruk av tolk. Eit tiltak i handlingsplanen for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering er at ein skal vurdere å innføre felles retningslinjer for bruk av kvalifisert tolk i offentleg sektor. Det skal vidare vurderast å innføre sektorspesifikke retningslinjer for dei delane av offentleg sektor som har mykje å seie for velferda til brukarane. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Helse- og omsorgsdepartementet, Domstoladministrasjonen, Utlendingsdirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet er i gang med å utarbeide eller har utarbeidd slike retningslinjer. Retningslinjene må gjerast kjende i kommunane. Arbeidsgruppa tilrår òg at opplæring i kommunikasjon via tolk går inn som ein del av opplæringa til tilsette i offentleg sektor. Høgskolen i Oslo har fått midlar frå IMDi til å utvikle kursopplegg for kommunikasjon via tolk.

For å sikre eit breiare og meir stabilt fagleg miljø, kunne bruke sensorar felles og kunne gi autorisasjon i alle språka det blir gitt utdanning i, skal statsautorisasjonsordninga for tolkar overførast frå Universitetet i Oslo til Høgskolen i Oslo.

I samarbeid med relevante myndigheiter gjennomfører IMDi ei årleg undersøking om bruk av tolk i ulike delar av offentleg sektor. Desse undersøkingane syner at barn blir nytta som tolk i ulike delar av offentleg sektor som til dømes hos fastlegar, i straffesaker og i grunnskolen. Departementet skal setje ned ei gruppe som skal vurdere moglege verkemiddel som kan nyttast for å unngå at barn blir nytta som tolk i offentleg sektor.

Nærmare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.05 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

820

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

178 038

179 939

186 554

3,7

821

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

4 102 165

4 781 244

5 118 994

7,1

822

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

1 479 775

1 664 649

1 727 031

3,7

823

Kontaktutvalet mellom innvandrar og styresmakter

6 192

6 312

6 441

2,0

Sum kategori 11.05

5 766 170

6 632 144

7 039 020

6,1

Inntekter under programkategori 11.05 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

3820

Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet

5 780

3821

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

77 670

101 334

95 224

-6,0

3822

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

82 872

94 320

116 614

23,6

3823

Kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmakter

176

Sum kategori 11.05

166 498

195 654

211 838

8,3

Utgifter under programkategori 11.05 fordelte på postgrupper

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

01-23

Drift

244 887

268 049

278 694

4,0

50-59

Overføringar til andre statsrekneskap

6 000

6 000

6 186

3,1

60-69

Overføringar til kommunar

5 462 777

6 298 624

6 696 326

6,3

70-98

Overføringar til private

52 506

59 471

57 814

-2,8

Sum kategori 11.05

5 766 170

6 632 144

7 039 020

6,1

Kap. 820 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

178 038

179 939

186 554

Sum kap. 0820

178 038

179 939

186 554

Status for verksemda

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) er BLD sitt utøvande organ for statens integrerings- og inkluderingspolitikk og er ein premissleverandør for utvikling av politikken på feltet.

Dei viktigaste oppgåvene til IMDi er:

  • å bidra til at kommunane buset flyktningar som får opphald i Noreg i tråd med intensjonane i busetjingsordninga

  • å bidra til rask overgang frå introduksjonsprogram til arbeid eller utdanning

  • å bidra til å utvikle og setje i verk integrerings- og inkluderingspolitikken

  • å vere eit kompetansesenter for kommunane og andre samarbeidspartnarar som arbeider med integrering og inkludering

  • å ta initiativ overfor sektorstyresmakter om kva høve og barrierar ulike grupper av innvandrarar står overfor, og å gi departementet råd og rettleiing

  • å bidra til å førebyggje og motverke tvangsekteskap

  • å ta initiativ overfor og å samarbeide med næringsliv og organisasjonar for å auke innvandrarar si deltaking i arbeids- og samfunnsliv

IMDi sitt arbeid skal byggje opp under fagstyresmaktene si ivaretaking av sektoransvaret.

IMDi er organisert med kontor i Oslo, Gjøvik, Kristiansand, Bergen, Trondheim og Narvik.

Målgrupper

Kommunane er den viktigaste målgruppa og samhandlingspartnaren til IMDi. Andre målgrupper er mellom anna næringsliv og arbeidsgivarar, statlege sektororgan på både direktoratsnivå og lokalt nivå, ulike organisasjonar, nykomne innvandrarar og meir etablerte innvandrargrupper, innbyggjarane generelt og personar i utlandet som skal busetje seg i Noreg.

Verkemidla

Dei viktigaste verkemidla til IMDi er lover og forskrifter, kunnskap og kunnskapsutvikling, dokumentasjon, spreiing av erfaring, informasjon og haldningsskapande arbeid. I tillegg disponerer direktoratet økonomiske verkemiddel som tilskotsordningar, prosjektmidlar og utviklings- og forskingsmidlar.

I 2012 vil IMDi møte dei største utfordringane på desse områda:

Busetjing

IMDi skal, i samarbeid med KS og kommunane, bidra til rask busetjing av personar som har fått vedtak om opphald i Noreg etter søknad om asyl, jf. omtale under delmål 2.1. Busetjing av einslege mindreårige vil vere ei særleg utfordring. IMDi satsar på å utvikle det systematiske samarbeidet med kommunane for å bidra til at kommunane sitt arbeid med integrering og inkludering er godt integrert i den overordna og heilskaplege planlegginga deira.

Arbeid og kvalifisering

Det er viktig med innsats frå relevante sektorstyresmakter for å få god måloppnåing.

Dei største utfordringane i 2012 vil vere:

  • auka sysselsetjing blant innvandrarar, særleg blant kvinner med låg sysselsetjing

  • rask overgang frå introduksjonsprogram til arbeid og/eller utdanning

Særlege satsingar

  • tiltak for å motverke og førebyggje tvangsekteskap

  • områdesatsingar i Groruddalen og bydelen Søndre Nordstrand i Oslo

  • ein auke i talet på kvalifiserte tolkar og sikring av tilgang til tolkar som dekkjer fleire språk

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekkje utgifter til drift av IMDi. Departementet føreslår å flytte 3 mill. kroner til posten frå kap. 821, post 73 til arbeidet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting.

Innanfor ramma ligg oppgåver knytte til arbeidet med uttak og busetjing av overføringsflyktningar, mellom anna til kulturorienteringsprogram og til informasjonsverksemd om flyktningar.

Departementet føreslår ei løyving på 186,6 mill. kroner i 2012.

Kap. 3820 Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Diverse inntekter

1 312

15

Refusjon av arbeidstiltak

26

16

Refusjon av foreldrepengar

1 877

18

Refusjon av sykepengar

2 565

Sum kap. 3820

5 780

Kap. 821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

21

Spesielle driftsutgifter, kunnskapsutvikling, kan overførast

31 430

45 218

49 020

50

Noregs forskingsråd

6 000

6 000

6 186

60

Integreringstilskot, kan overførast

3 926 034

4 304 872

4 563 218

61

Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, overslagsløyving1

258 504

334 262

62

Kommunale innvandrartiltak

86 195

107 179

108 494

70

Busetjingsordninga og integreringstilskot, oppfølging

3 560

4 020

4 145

71

Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd

45 924

48 460

49 462

72

Statsautorisasjonsordninga for tolkar m.m.

1 952

2 369

2 442

73

Tilskot

1 070

4 622

1 765

Sum kap. 0821

4 102 165

4 781 244

5 118 994

1 Ordninga låg under kap. 854 fram til 2011. Rekneskapstalet for 2010 er ført på kap. 854.

Post 21 Spesielle driftsutgifter – kunnskapsutvikling, integrering og mangfald, kan overførast

Målet for løyvinga er å få god og relevant kunnskap om integrering og inkludering i samfunnet, bidra til formidling av slik kunnskap og utvikle gode metodar og god praksis til bruk for kommunar og statleg forvalting. Både departementet, IMDi og VOX nyttar midlar under denne posten.

Rapport 2010/2011

I 2010 og 2011 har mykje av midlane vore nytta til utvikling og vedlikehald av statistikk og nye analysar om migrasjon, integrasjon og levekår, jf. ssb.no/innvandring. Andre sentrale tema for prosjekt og utviklingsarbeid har vore analysar av årsaker til resultatnedgang i introduksjonsprogrammet og kvifor nokre grupper får svake resultat i dette programmet, bruk av tolk i offentlege etatar, busetjing av flyktingar, kartlegging av faktorar som avgjer om innvandrarar blir buande i distriktskommunar, og fråfall i vidaregåande opplæring. Det er vidare nytta midlar til utvikling av kunnskap og metodar for å hindre tvangsekteskap og ekstrem kontroll, og til lokale prosjekt for å prøve ut modellar for samarbeid blant offentlege etatar i nokre kommunar i arbeidet for å motverke tvangsekteskap. Det er utvikla ei handbok for korleis brukarundersøkingar kan gjerast. Det blir nytta midlar i eit samarbeidsprosjekt mellom velferdsetatar med mål om å oppsummere kunnskap om tverretatlege tema. Delar av midlane blir brukte i regionane til utviklingsprosjekt der prosjekta skal ha overføringsverdi for kommunar og andre etatar lokalt.

Det er starta utvikling av eit opplæringsopplegg om velferdssamfunnet retta mot opplæringa på 50 timar i samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, utvikling av metodar for alfabetisering av vaksne innvandrar som ikkje kan lese og skrive på noko språk, og utprøving av modellar for norskopplæring på arbeidsplassen

Det er starta ei kartlegging av kommunane sine utgifter knytte til busetjing og integrering av flyktingar og einslege mindreårige.

Vidare er det nytta midlar til evaluering av Groruddalssatsinga og av statsborgarreglane. Det er òg gitt midlar til deltaking i forskingsprogrammet Virtuelt senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor. Det er starta ei evaluering av tiltaket med gratis kjernetid i barnehage i Oslo. Det er òg starta eit forsøk med å busetje einslege mindreårige direkte i ein kommune.

Budsjettforslag for 2012

Departementet føreslår ei løyving på 49,0 mill. kroner i 2012. Løyvinga vil bli nytta til faste prosjekt, evalueringar, statistikkprosjekt innanfor samarbeidsavtala med SSB om utvikling og vedlikehald av statistikk og analysar om migrasjon, integrering og levekår, utviklingsarbeid, utvikling av dataverktøy og til formidling av kunnskap. Evalueringar, statistikkprosjekt og prosjekt knytte til handlingsplanar og satsingar, skal prioriterast. I kunnskapsarbeidet skal det vere eit kjønnsperspektiv.

Posten er auka med 2 mill. kroner som er flytta frå post 62 og post 71. Auken skal vere ein del av finansieringa av fylkesmannstilsyn med ordningane i introduksjonslova.

Post 50 Noregs forskingsråd

Midlane på posten skal nyttast til programmet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) under Noregs forskingsråd.

Departementet føreslår ei løyving på 6,2 mill. kroner i 2012.

Post 60 Integreringstilskot, kan overførast

Formål

Formålet med integreringstilskotet er å medverke til rask busetjing. Målet er at flyktningane skal bli busette i ein kommune innan seks månader etter at dei har fått opphaldsløyve (innan tre månader for einslege mindreårige). Tilskotet skal dekkje dei gjennomsnittlege meirutgiftene kommunane har ved busetjing og integrering av flyktningane i busetjingsåret og dei fire neste åra. Tilskotet skal medverke til at kommunane har eit planmessig og aktivt busetjings- og integreringsarbeid, slik at flyktningane snarast mogleg får arbeid og kan forsørgje seg sjølve. Tilskotet skal også medverke til rask busetjing av eldre og flyktningar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar.

Tildelingskriterium

Integreringstilskot

Kommunane får utbetalt integreringstilskot ved busetjing av flyktningar og personar med opphald på humanitært grunnlag og familiesameining med flyktningar i fem år. For familiesameining med personar som har opphald på humanitært grunnlag, får kommunane utbetalt integreringstilskot for dei tre første åra.

Integreringstilskotet kan, i enkelte tilfelle og når særlege grunnar taler for det, bli utbetalt for personar som blir busette frå mottak sjølv om dei ikkje har opphald på grunnlag av søknad om asyl, er overføringsflyktningar eller har kollektivt vern. Ein føresetnad er at dei blir busette etter avtale med kommunen.

Alle kommunane får tilskot etter same satsstruktur og nivå. Kommunane får eit høgare tilskot for einslege vaksne enn for andre vaksne. Kommunane får òg eit høgare tilskot for einslege mindreårige enn for andre barn. Satsane er viste i tabellen under. Tilskotet blir utbetalt uavhengig av kva behov den enkelte flyktningen måtte ha for oppfølging, tiltak og tilrettelegging i kommunen.

Tabell 3.5 Satsar for integreringstilskotet

Busetjingsår

Satsar 2008

Satsar 2009

Satsar 2010

Satsar 2011

Satsar 2012

År 1 (einslege vaksne)

200 000

210 000

År 1 (andre vaksne)

130 000

143 5002

147 500

150 000

156 500

År 1 (einslege mindreårige)

150 000

156 500

År 1 (barn)

110 000

123 500

127 500

130 000

135 000

År 2

123 4001

142 0002

146 400

150 000

156 500

År 3

99 6001

126 0002

130 400

131 500

135 000

År 4

73 000

75 000

80 000

80 000

80 000

År 5

70 000

70 000

70 000

70 000

70 000

Sum (einslege vaksne)

496 000

556 500

574 300

631 500

651 500

Sum (andre vaksne)

581 500

598 000

Sum (einslege mindreårige)

581 500

598 000

Sum (barn)

476 000

536 500

554 300

561 500

576 500

1 I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2008 blei satsane for integreringstilskotet i år 2 og år 3 auka til høvesvis 130 000 kroner og 112 000 kroner. Aukane hadde halvårseffekt og gjaldt frå 1. juli 2008.

2 I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2009 blei satsane for integreringstilskotet i år 1, år 2 og år 3 auka til høvesvis 143 500 kroner, 142 000 kroner og 126 000 kroner. Aukane hadde heilårseffekt.

Tilskot ved busetjing av personar over 60 år og personar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar

Ved busetjing av personar som har fylt 60 år, får kommunen eit ekstra eingongstilskot. Satsen for 2012 er føreslått til 143 000 kroner.

Ved busetjing av flyktningar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar kan kommunane få ekstra tilskot på grunnlag av dokumenterte behov. Ordninga har to delar, og personar som kommunane søkjer tilskot for, kan utløyse anten tilskot 1 eller tilskot 2. Departementet føreslår å setje satsen for tilskot 1 til 160 000 kroner (eingongstilskot) for 2011 og satsen for tilskot 2 til inntil 800 100 kroner per år i inntil 5 år, det vil seie for same perioden som integreringstilskotet. Tilskota blir ikkje trekte frå ved fastsetjing av tilskot under toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester, jf. kap. 575, post 60.

Skoletilskot

Ved busetjing av barn i grunnskolealder får kommunane eit tilskot til språkopplæring. Tilskotet skal dekkje den kommunale eigendelen til særskild norskopplæring og morsmålsopplæring. Satsen for 2012 er føreslått til 11 000 kroner.

Tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar

Kommunane får eit særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, jf. kap. 821, post 61. Kommunane kan også få refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak knytte til einslege mindreårige flyktningar, jf. kap. 854, post 65.

Barnehagetilskot

Ved busetjing av barn i barnehagealder (0–5år) får kommunane eit eingongstilskot til særskild tilrettelegging for barn av nykomne flyktningar, som til dømes utgifter til tospråklege assistentar. Satsen for 2012 blir føreslått til 21 800 kroner.

Overføringsflyktningar

Regjeringa føreslår ein kvote på 1 200 overføringsflyktningar for 2012. Integreringstilskotet er dimensjonert for busetjing av 1120 overføringsflyktningar. I tillegg blir det løyvd midlar til tiltak for gjenbusetting av flyktningar på kap. 820, post 01 og kap. 490, post 73 Gjenbusetjing av flyktningar – støttetiltak. Sjå eiga omtale under postane. Midlane på kap. 490, post 73 kan nyttast under kap. 821, post 60.

Oppfølging og kontroll

Kommunane skal ikkje leggje fram særskild rekneskap for integreringstilskotet. Berekningsutvalet kartlegg kommunane sine utgifter til busetjing og integrering, jf. kap. 821, post 70 Busetjingsordninga og integreringstilskot, oppfølging.

Integreringstilskotet er mellom anna med på å finansiere introduksjonsprogramma til kommunane. Deltaking i introduksjonsordninga og i opplæringa i norsk og samfunnskunnskap i kommunen skal registrerast i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR), sjå rapportering under delmål 2.3 Rask overgang til arbeid eller utdanning etter gjennomført introduksjonsprogram.

Rapport for 2010/2011

I 2010 blei det betalt ut integreringstilskot for 3 926 mill. kroner. Det blei betalt ut eldretilskot for 12,5 mill. kroner, tilskot ved busetjing av flyktningar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og åtferdsvanskar på 160 mill. kroner og skoletilskot på 63 mill. kroner.

Budsjettforslag for 2012

Departementet føreslår ei løyving på 4 563,2 mill. kroner i 2012.

Post 61 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege, mindreårige flyktningar, overslagsløyving

Løyvinga skal dekkje det særskilde tilskotet som blir utbetalt til kommunane når einslege, mindreårige flyktningar blir busette. Tilskotet er flytt til dette kapitlet i 2011.

Tildelingskriterium

Alle kommunar er inkluderte i ordninga ved busetjing av einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar. Tilskotet blir differensiert frå den månaden vedkomande blir busett. Tilskotet blir utbetalt til og med det året den einslege mindreårige fyller 20 år. IMDi betaler ut tilskotet til kommunane basert på talet på barn som blir busette i dei respektive kommunane.

Oppfølging og kontroll

I rundskrivet frå IMDi om tilskotet blir det teke atterhald om at BLD eller IMDi og Riksrevisjonen skal ha tilgang til å kontrollere at midlane blir nytta etter føresetnaden, jf. løyvingsreglementet § 10, 2. ledd og riksrevisjonslova § 12, 3. ledd.

Budsjettforslag 2012

Det er føreslått å auke tilskotet frå 123 144 kroner per barn per år i 2011 til 126 840 kroner i 2012, tilsvarande prisjustering.

Departementet føreslår ei løyving på 334,3 mill. kroner i 2012.

Post 62 Kommunale innvandrartiltak

Formålet med tilskotsordninga er å styrkje integreringsarbeidet i kommunane. Midlane skal mellom anna brukast til desse tiltaka:

  • forsøk med gratis kjernetid i barnehagar i område med ein stor del minoritetsspråklege barn

  • forsøksordninga Ny sjanse. Formålet med denne forsøksordninga er å prøve ut kvalifisering etter same modellen som introduksjonsordninga for innvandrarar som ikkje har tilknyting til arbeidslivet. Forsøket rettar seg mot innvandrarar frå utvalde land med særleg høg arbeidsløyse eller låg sysselsetjing (Pakistan, Marokko, Tyrkia, Somalia, Afghanistan og Irak). Kvinner frå desse landgruppene er ei hovudmålgruppe. Forsøket rettar seg òg mot kvinner som er heime, som ikkje tek del i noka opplæring eller kvalifisering, og som ikkje får sosialhjelp. Målet med forsøket er kvalifisering og formidling til ordinært arbeid.

Rapport for 2010/2011

Gratis kjernetid i barnehagar

Midlane til forsøket skal dekkje 20 timar gratis kjernetid i barnehage per veke til alle barna i målgruppa for forsøket. Midlane skal også brukast til arbeid med å rekruttere barn som ikkje har søkt barnehageplass, til arbeid med systematisk språkstimulering i barnehagane, til å heve kompetansen til barnehagepersonalet og til tiltak retta mot foreldre.

Forsøket med gratis kjernetid i barnehagar i område med ein stor del minoritetsspråklege barn starta i bydelen Stovner i Oslo i 2006 og er gradvis utvida. Dei fire bydelane i Groruddalen og bydelen Søndre Nordstrand i Oslo har vore med i forsøket sidan 1. august 2007, og forsøket der omfattar fire- og femåringar. I 2010 blei forsøket med gratis kjernetid utvida til bydelen Gamle Oslo og område i Drammen (Fjell og delar av Strømsø), men da med treåringar som målgruppe. I 2011 blei forsøket i Drammen utvida til fireåringar, og forsøket i Gamle Oslo blei endra til å omfatte fireåringar i staden for treåringar. I tillegg blei det i 2011 starta eit forsøk for fire- og femåringar i tre skolekrinsar i Årstad i Bergen, og frå 1. august 2011 også eit forsøk for femåringar i Drammen i dei same områda der det allereie er forsøk for tre- og fireåringar. Satsinga i Bergen heng saman med ei områdesatsing same stad. Den tidlegare utprøvinga av forsøket i Drammen med eit gratis korttidstilbod berre for minoritetsspråklege barn og tilbod om norskopplæring og fysisk aktivitet for mødrer blei avslutta frå og med barnehageåret 2010/2011.

Løyvinga til forsøket var 60 mill. kroner i 2010 og 68,8 mill. kroner i 2011. I 2010 fekk Oslo kommune tildelt 56 mill. kroner. Restmidlar på 1,322 mill. kroner frå forsøket i 2010 i bydelen Gamle Oslo er brukt til vidare utvikling av forsøket i Oslo. I 2011 har Oslo kommune fått 57,6 mill. kroner. Drammen kommune har fått tildelt 2,4 mill. kroner for 2010 og 6,6 mill. kroner for 2011. Bergen kommune har fått 1,6 mill. kroner til oppstart av eit forsøk i 2010 og 4,6 mill. kroner til forsøket i 2011. Forsøket er omtalt under delmål 2.6.

Budsjettforslag for 2012

Departementet føreslår å løyve 108,5 mill. kroner på posten for 2012:

  • 69,4 mill. kroner til forsøk med gratis kjernetid i barnehagar. Gratis kjernetid for alle fire- og femåringar i Groruddalen og Søndre Nordstrand i Oslo kommune blir ført vidare. Forsøket i bydelen Gamle Oslo, forsøket i Drammen for tre-, fire- og femåringar og forsøket i tre skolekrinsar i Bergen blir òg førte vidare.

  • 27 mill. kroner til vidareføring av Ny sjanse. Ein del av løyvinga til Ny sjanse nyttast til prosjekt der hovudmålet er metodedokumentasjon.

  • 10,5 kroner til arbeidet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting.

  • 0,5 mill. kroner til styrking av integreringsarbeidet for ustette grupper av innvandrarar.

  • 1,1 mill. kroner settes av til prosjekt for direkteplassering av einslege, mindreårige asylsøkjarar.

Post 70 Busetjingsordninga og integreringstilskot, oppfølging

Berekningsutvalet kartlegg kommunane sine utgifter til busetjing og integrering. Sosialkontor/sosialtenester, introduksjonsprogram/introduksjonsstønad, barne- og ungdomsverntenester, innvandrar- og flyktningkontortenester, tolketenester, omsorg for personar med rusproblem, støttekontakt, bustad- og bustadadministrasjonstenester, sysselsetjingstiltak, yrkeskvalifisering og arbeidstrening, integreringstiltak i grunnskolen, kultur- og ungdomstiltak, barnehagar, utgifter til den kommunale helsetenesta og felleskostnader blir rekna som integreringstiltak.

Rapport for 2010/2011

I 2011 har IMDi disponert ei løyving på 4,0 mill. kroner. Av desse er 2,27 mill. kroner nytta til kartlegginga Berekningsutvalet gjer av kommunane sine utgifter knytte til busetjing av flyktningar, og 1,75 mill. kroner til det samla arbeidet KS gjer på flyktningfeltet.

Budsjettforslag for 2012

Departementet føreslår ei løyving på 4,1 mill. kroner for 2012. Av desse skal 2,3 mill. kroner nyttast til kartlegginga Berekningsutvalet gjer av kommunane sine utgifter, og 1,8 mill. kroner til det samla arbeidet KS gjer på flyktningfeltet.

Post 71 Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd

Tilskotsordninga på post 71 er delt i 1) tilskot til frivillig verksemd i lokalsamfunn som medverkar til deltaking, dialog og samhandling, 2) tilskot til drift av nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet, 3) tilskot til frivillige organisasjonar sitt haldningsskapande/førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap og 4) informasjons- og rettleiingstiltak retta mot innvandrarar. I tillegg blir det gitt midlar over denne posten til innsats for særleg utsette innvandrargrupper i samsvar med tiltaksplanen mot fattigdom og til kontakt mellom innvandrarorganisasjonar og styresmakter.

1. Frivillig verksemd i lokalsamfunn som medverkar til deltaking, dialog og samhandling

Ordninga er todelt og gjeld støtte til a) drift av lokale innvandrarorganisasjonar og b) frivillig verksemd. Delar av løyvinga er øyremerkt organisasjonar og aktivitetar i Groruddalen og bydelen Søndre Nordstrand i Oslo. Hovuddelen av midlane blir fordelt av fylkeskommunane på bakgrunn av rundskriv frå IMDi. Midlane blir fordelte mellom fylkeskommunane ut frå talet på utanlandskfødde personar og barna deira som er fast busette i fylket, og som er fødde utanfor Norden, Sveits, USA, Canada, Australia og New Zealand. Tal frå Statistisk sentralbyrå per 1. januar det føregåande året ligg til grunn for berekninga av tilskotet. Fylkeskommunane får 10 prosent av tilskotsramma i administrasjonstilskot.

Mål

Formålet med driftstilskot til lokale innvandrarorganisasjonar er å medverke til å styrkje innvandrarbefolkningas deltaking i organisasjonslivet lokalt og til å auke tilgjengelegheita til sosiale nettverk for denne delen av befolkninga. Formålet med tilskotet til frivillig verksemd er å skape møteplassar og aktivitetar i lokalsamfunn på tvers av ulike grupper i befolkninga. Tiltaka skal vere knytte til integrering og inkludering av personar med innvandrarbakgrunn.

Begge tilskota skal bidra til å skape auka tillit til og tilhøyrsle i det norske samfunnet.

Rapport for 2010/2011

I 2010 blei 14,35 mill. kroner sette av til fylkeskommunane på denne tilskotsposten. Av desse blei 1,5 mill. kroner brukte til administrasjon og 12,8 mill. kroner til fordeling.

Det blei tildelt 3,7 mill. kroner (3,2 mill. kroner)2 til drift av lokale innvandrarorganisasjonar, fordelte på 254 (273) organisasjonar. Det blei tildelt 7,5 mill. kroner (8,9 mill. kr) i prosjektstøtte til 761 (804) organisasjonar. Av desse er 470 (495) innvandrarorganisasjonar og 291 (309) andre aktørar.

For 2011 blei det sett av 14,35 mill. kroner til denne tilskotsordninga. Det blei sett av 1,25 mill. kroner til lokalt arbeid i samband med Groruddalsatsinga og Handlingsprogram Oslo Sør.

2. Nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet

Målet med tilskotet til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet er å bidra til auka deltaking i og auka tillit til samfunnet blant innvandrarbefolkninga. Tilskotet skal bidra til å sikre at alle har dei same moglegheitene, rettane og pliktene når det gjeld å delta i samfunnet og ta i bruk eigne ressursar. Det skal vere eit auka fokus på arbeid mot diskriminering.

Departementet føreslår at det i 2012 blir gitt øyremerkte tilskot til nasjonale ressursmiljø slik det framgår av tabell 3.6.

Departementet vurderer at desse organisasjonane, stiftingane og sentra vil gi den nødvendige balansen mellom breidde, fornying og kontinuitet, jf. formålet med ordninga.

Dei nasjonale ressursmiljøa vil ha ei viktig rolle i å følgje innvandrings- og integreringsfeltet. Dei skal, mellom anna, vere ei kjelde til alternativ kunnskap, formidling av erfaringar og synspunkt frå innvandrarbefolkninga. Miljøa skal samle og formidle kunnskap og kompetanse på integreringsfeltet basert på forsking, erfaring, brei kontaktflate og solid forankring i ulike innvandrarmiljø. Miljøa skal dekkje ulike behov i arbeidet med integrering.

Tabell 3.6 Tilskot til nasjonale ressursmiljø

Organisasjon

Tilskot 2011

Tilskot 2012

Antirasistisk senter (ARS)

1 700 000

2 175 000

Human Rights Service (HRS)

1 835 000

900 000

Innvandrernes Landsorganisasjon (INLO)

907 000

850 000

Kristent Interkulturelt Arbeid (KIA)

1 265 000

1 265 000

Minotenk – minoritetspolitisk tenketank (ny i 2010)

750 000

750 000

MiRA – ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner

1 291 000

1 300 000

Multikulturelt Initiativ- og Ressursnettverk (MiR) (ny i 2011)

500 000

500 000

Norsk Organisasjon for Asylsøkere (NOAS)

1 967 000

1 970 000

Organisasjonen mot offentlig diskriminering (OMOD)

1 438 000

1 440 000

Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF)

1 844 000

1 850 000

LIM – Likestiling, integrering og mangfold (ny i 2012)

500 000

Utrop (ny i 2012)

500 000

Totalt

13 497 000

14 mill. kr

3. Frivillige organisasjonar sitt haldningsskapande/førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting

Mål

Målet med ordninga er å stimulere frivillige organisasjonar til å førebyggje tvangsekteskap og kjønnslemlesting gjennom å arbeide for endring i holdningar og praksis i aktuelle miljø. Gjennom dette vil ein auke sjansane for at dei unge kan ta sjølvstendige val og å hindre at kjønnslemlesting blir gjennomført på barn som har opphald i Noreg.

Frivillige organisasjonar kan søkje om støtte til haldningsskapande og førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap og mot kjønnslemlesting. Dette er fellestiltak i handlingsplanane mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting for 2012. Ordninga blir forvalta av IMDi. Tilskot til frivillige organisasjonars haldningsskapande/førebyggjande arbeid mot kjønnslemlesting har tidligare vore forvalta av Bufdir, men blir no innarbeidd i tilskotsordninga på kap. 821, post 71. Ein del frivillige organisasjonar jobbar med begge tema, til dels overfor same målgrupper. Ein samla tilskotsforvaltning for frivillige organisasjonars arbeid mot tvangsekteskap og mot kjønnslemlesting vil gi betre moglegheiter til standardisering og effektivisering for tilskotsforvaltar.

Det blir gitt støtte til haldningsskapande og førebyggjande arbeid, inkludert informasjonstiltak, nettverksbygging og andre former for dialog og kontakt retta mot unge med innvandrarbakgrunn og foreldra deira.

Rapport for 2010/2011

IMDis erfaringar med snart fire års forvalting av tilskotsordninga mot tvangsekteskap er at organisasjonane utgjer eit viktig supplement til offentlege tiltak. Organisasjonane er viktige kanalar inn i eigne miljø. Erfaringane med forvaltinga av midlane til kortsiktige prosjekt innanfor kvart budsjettår er at det ikkje i tilstrekkeleg grad sikrar langsiktig arbeid og kompetansebygging. Bruken av midlane bør i større grad planleggjast for fleire år om gangen.

I 2010 blei det gitt støtte til 24 prosjekt. I 2011 har 26 søknader fått prosjektstøtte med til saman 8,95 mill. kroner. Av desse er 21 prosjekt vidareføringar, og fem prosjekt er nye. Åtte søknader har fått avslag. Organisasjonane som har teke imot støtte i 2011, er Afrikansk helse- og sosial utvikling organisasjon, Drammen Røde Kors, Internasjonal helse- og sosialgruppe (IHSG), Kristent Interkulturelt Arbeid (KIA) Trondheim, Kirkens Bymisjon Bergen, Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner (LLH) Trondheim, Minhaj Konfliktråd (MKR), Minotenk, MiRA – ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner, Norsk Folkehjelp, Palestinaforeningen Bergen, Primærmedisinsk verksted (PMV), Det norske råd for kurdernes rettigheter (RKR), Tyrkisk Kvinneforening, Selvstendig Demokratisk Kurdisk Kvinneforening (SDKK), Shilo, Sisters of Lillesand, Skeiv verden Oslo og Akershus, Stiftelsen Internasjonalt Hus, Ungdom mot Vold og Utrop.

Nye prosjekt som har teke imot støtte i 2011, er Det Felles Innvandrerråd i Hordaland (DFIRH), Dost Eli, Furuset Idrettsforening og Oslo Krisesenter.

IMDi har i perioden 2009–2011 gitt støtte til fem pilotprosjekt i utlandet i regi av organisasjonar med base i utlandet. Integreringsrådgivarane følgjer opp prosjekta som er i land der integreringsrådgivarane er stasjonerte, eller land som dei dekkjer. Prosjekta skal prøve ut førebyggjande og haldningsskapande tiltak og metodar i målgruppenes opphavsland som også kan vere aktuelle å bruke i Noreg. Erfaringa tilseier at ein bør vidareføre støtta til slike transnasjonale prosjekt.

4. Informasjon og rettleiingstiltak retta mot innvandrarar

Mål

Innvandrarar skal få informasjon som er tilpassa behova deira. Særleg nykomne treng kunnskap om og innføring i det norske samfunnet. Mange treng også rettleiing for å styrkje deltakinga i lokalsamfunnet. Sidan 2008 har det blitt sett av midlar til ei ordning der frivillige organisasjonar kan gi målretta informasjon og rettleiing til innvandrarar. Innanfor denne ordninga blir det òg tildelt midlar til frivillige organisasjonar sitt arbeid med busetjing og integrering av flyktningar og med inkludering av innvandrarar i lokalsamfunnet. I 2010 blei ordninga med tilskot også utvida til å omfatte vidareføring av samarbeidsavtaler mellom IMDi og frivillige organisasjonar som medverkar til integrering av busette flyktningar i kommunane. Ordninga blir forvalta av IMDi.

Rapport for 2010/2011

For 2011 var det sett av 7,06 mill. kroner. 24 organisasjonar har fått støtte i 2011. Av desse er det ni vidareføringar frå 2010. Støtta har mellom anna gått til ulike frivilligsentralar, Oslo katolske bispedømme og eit prosjekt retta mot polske arbeidsinnvandrarar i regi av Tømrer og Byggfagforeningen. I tillegg har dei seks frivillige organisasjonane som IMDi har samarbeidsavtaler med, motteke støtte i 2011. Desse er Raudekrossen i Noreg, Norsk Folkehjelp, Norges Fotballforbund, Norske Kvinners Sanitetsforening, Redd Barna og Frivillighet Norge.

Innsats for særleg utsette innvandrargrupper og dialog mellom innvandrarorganisasjonar og styresmaktene

Rapport for 2010/2011

For 2010 var det sett av 2 mill. kroner til innsats for særleg utsette innvandrargrupper i samsvar med tiltaksplanen mot fattigdom. Av dette gjekk 1,4 mill. kroner til Primærmedisinsk verksted. Resten av midlane blei nytta til tiltak retta mot somaliarar i Noreg, primært i regi av Oslo kommune.

Det er tildelt 300 000 kroner til dialog mellom innvandrarorganisasjonar og styresmakter. Midlane er mellom anna nytta til workshop for unge somaliarar.

For 2011 blei det tildelt 1,5 mill. kroner til innsats for særleg utsette innvandrargrupper.

Budsjettforslag for 2012

Departementet føreslår ei løyving på 49,5 mill. kroner på posten for 2012. Av dette er 14 mill. kroner sette av til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet og 0,3 mill. kroner til kontakt mellom innvandrarorganisasjonar og styresmakter. 16,6 mill. kroner er sette av til lokale innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd i lokalsamfunn, av dette 2,25 mill. kroner til organisasjonar og aktivitet i Groruddalen og på Søndre Nordstrand. Det er sett av 10 mill. kroner til frivillige organisasjonar sitt haldningsskapande/førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap og 7,06 mill. kroner til informasjon og rettleiingstiltak retta mot innvandrarar.

På posten er det òg sett av 1,5 mill. kroner til innsats for særleg utsette innvandrargrupper i samsvar med tiltaksplanen mot fattigdom.

Post 72 Statsautorisasjonsordninga for tolkar m.m.

Løyvinga skal finansiere den faglege og administrative gjennomføringa av autorisasjonsprøva for tolkar. Gjennom autorisasjonsordninga kan tolkar få dokumentert at dei har den grunnkompetansen i tolking som er nødvendig for å utføre tolkearbeid på ein fullgod måte. Tilgang på godt kvalifiserte tolkar er avgjerande for å sikre at fagpersonar og offentleg tilsette skal kunne informere, rettleie og høyre partane trass i språkbarrierar, slik at innvandrarar får eit likt tilbod som resten av innbyggjarane. Tilgangen på kvalifiserte tolkar er i dag lågare enn behovet, og det må autoriserast tolkar med fleire språk.

Løyvinga skal også nyttast til å følgje opp den forpliktinga Noreg har etter Nordisk språkkonvensjon. Oppfølgingsarbeidet er delegert til Finnmark fylkesbibliotek, som rapporterer til IMDi. Biblioteket har ei norsk–finsk tolke- og omsetjarteneste og ligg i Finnmark fylkeskommune. Tolketenestene er primært regionale, medan omsetjingstenestene er landsdekkjande. Biblioteket driv i tillegg informasjonsverksemd. IMDi bidreg med å gjere språkkonvensjonen kjend og følgjer opp det nordiske samarbeidet rundt konvensjonen, som ligg under Nordisk råd.

Departementet føreslår ei løyving på 2,4 mill. kroner.

Post 73 Tilskot

Løyvinga blir nytta til tilskot til deltaking i internasjonale kunnskapsforum om migrasjon, integrering og inkludering av innvandrarar og til prosjekttilskot. Ho vil også bli nytta til å finansiere kurset Å vere religiøs leiar i det norske samfunnet ved Universitetet i Oslo.

Rapport for 2010/2011

Løyvinga er mellom anna nytta til tilskot til deltaking i Transatlantic Council on Immigration, til Universitetet i Oslo sitt opplæringsprogram for religiøse leiarar med utanlandsk bakgrunn og til tiltak i Handlingsplan mot tvangsekteskap.

Budsjettforslag for 2012

Departementet føreslår å flytte 3 mill. kroner frå posten til kap. 820, post 01, knytt til arbeidet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting.

Departementet føreslår ei løyving på 1,8 mill. kroner.

Kap. 3821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Integreringstilskot for overføringsflyktningar, ODA-godkjende utgifter

77 670

79 887

82 100

02

Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, ODA-godkjende utgifter 1

21 447

13 124

Sum kap. 3821

77 670

101 334

95 224

1 Ordninga låg under kap. 3854 fram til 2011. Rekneskapstalet for 2010 er ført på kap. 3854.

Post 01 Integreringstilskot for overføringsflyktningar, ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter knytte til busetjing av overføringsflyktningar i kommunane kan, i samsvar med statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Centre), bli godkjent som offisiell utviklingshjelp. Departementet føreslår at 82,1 mill. kroner av utgiftene på kap. 821, post 60 blir rapporterte inn som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp blir ført som inntekt på kap. 3821, post 01.

Post 02 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan, i samsvar med statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Centre), bli godkjent som offisiell utviklingshjelp. Departementet føreslår at 13,1 mill. kroner av utgiftene på kap. 821, post 61 blir rapporterte inn som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp blir ført som inntekt på kap. 3821, post 02.

Kap. 822 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

21

Spesielle driftsutgifter, opplæring i norsk og samfunnskunnskap, kan overførast

16 206

21 682

22 354

22

Norskprøver for vaksne innvandrarar

13 021

14 898

14 325

60

Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

1 450 548

1 628 069

1 690 352

Sum kap. 0822

1 479 775

1 664 649

1 727 031

Post 21 Spesielle driftsutgifter – opplæring i norsk og samfunnskunnskap, kan overførast

Løyvinga skal nyttast til å utvikle kompetanse, metodar, lærebøker og andre læringsressursar for den obligatoriske opplæringa i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Løyvinga skal òg nyttast til dekkje lønn og driftsutgifter i Vox– Nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, som ivaretek dette arbeidet.

Rapport for 2010/2011

I 2010 blei det tildelt 16,18 mill. kroner til fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid. Midlane er fordelte mellom Vox, IMDi og fylkesmennene med respektive 11,83 mill. kroner, 2,45 mill. kroner og 1,9 mill. kroner. I 2010 blei det gjennomført leiarsamlingar, todagars etterutdanningskurs for lærarar og pedagogiske fagdagar. Vox har òg ansvaret for ei godkjenningsordning for private tilbydarar av opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. I 2010 er det gitt støtte til læremiddel i språkpermmetodikk, teiknspråklege læremiddel, læremiddel for deltakarar med lese- og skrivevanskar og for analfabetar. I 2011 er det gitt støtte til arbeidsretta læremiddel. Arbeidet med å utvikle digitale prøver i norsk og samfunnskunnskap starta i 2011.

Budsjettforslag for 2012

Departementet føreslår ei løyving på 22,4 mill. kroner for 2012. Løyvinga skal mellom anna nyttast til å vidareføre arbeidet med å utvikle digitale prøver i norsk og samfunnskunnskap.

Post 22 Norskprøver for vaksne innvandrarar

I læreplanen for norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar er det fastsett at det skal vere to avsluttande prøver i norsk, Norskprøve 2 og 3. Formålet med denne løyvinga er å sikre gode prøver og ei effektiv gjennomføring av prøvene.

Rapport for 2010/2011

Kvar norskprøve består av ein munnleg og ein skriftleg del. I 2010 blei det gjennomført 29 000 munnlege og skriftlege prøver. Det er Folkeuniversitetet / Norsk språktest som er ansvarleg for å gjennomføre prøvene på grunnlag av ei avtale med Vox.

Budsjettforslag for 2012

Departementet føreslår ei løyving for 2012 på 14,3 mill. kroner, som omfattar utgifter til å utvikle oppgåver, til å gjennomføre prøvene, til sensur og tilbakemelding til opplæringsstadene om resultata.

Post 60 Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Målet med tilskotsordninga er å sikre at kommunane tilbyr opplæring til vaksne innvandrarar med rett og plikt eller rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, slik at dei lærer tilstrekkeleg norsk dei første fem åra dei er i landet til at dei kan fungere i yrkes- og samfunnslivet. Tilskotet blir òg nytta til norskopplæring for asylsøkjarar.

Opplæringa skal skje i samsvar med introduksjonslova med forskrifter og retningslinjer for norskopplæring for asylsøkjarar. Tilskotet skal stimulere kommunane til å fremme effektivitet, gjennomstrøyming og resultat i opplæringa, mellom anna gjennom interkommunalt samarbeid. Kommunane kan behalde eit eventuelt overskot av tilskotet dersom dei effektiviserer opplæringa gjennom formålstenleg organisering og god kvalitet innanfor ramma av lov, føresegner og retningslinjer.

Tildelingskriterium

Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova omfattar tre delar: persontilskot, resultattilskot og grunntilskot.

Persontilskot

Kommunen vil få tilskot for kvar person i målgruppa med rett og plikt eller rett til opplæring som har fått opphalds- eller arbeidsløyve som dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve. Tilskotet har to satsar, éin for personar frå Afrika, Asia, Oseania (eksklusiv Australia og New Zealand), Aust-Europa, Sør-Amerika og Mellom-Amerika og ein lågare sats for personar frå Vest-Europa, Nord-Amerika, Australia og New Zealand. Grunngivinga for å ha to satsar er at dei som har morsmål som ligg nærmare norsk og meistrar det latinske alfabetet, lærer norsk raskare enn andre. Frå og med 2010 blei det lagt om frå ei utbetaling over 5 år til ei utbetaling over tre år. I ein overgangsperiode medfører det at ein må ha forskjellige satsar for dei som er omfatta av rett og plikt / rett til opplæring før og etter 1. januar 2010.

Tabell 3.7 Satsar for persontilskotet

2010

Utbetaling over 5 år

2010

Utbetaling over 3 år

2011

Utbetaling over 5 år

2011

Utbetaling over 3 år

2012

Utbetaling over 5 år

2012

Utbetaling over 3 år

Tilskotsår

Låg sats

Høg sats

Låg sats

Høg sats

Låg sats

Låg sats

Låg sats

Høg sats

Låg sats

Høg sats

Låg sats

Høg sats

År 1

9 000

24 400

10 400

27 000

9 000

24 400

11 300

28 800

9 000

24 400

11 700

30 300

År 2

13 200

34 200

18 200

48 500

13 200

34 200

19 200

50 600

13 200

34 200

19 800

52 000

År 3

11 100

30 000

11 700

31 900

11 100

30 000

11 700

31 900

11 100

30 000

12 000

32 800

År 4

3 500

9 400

3 500

9 400

3 500

9 400

År 5

3 500

9 400

3 500

9 400

3 500

9 400

Sum

40 300

107 400

40 300

107 400

40 300

107 400

42 200

111 300

40 300

107 400

43 500

115 100

Resultattilskot

Formålet med dette tilskotet er å stimulere til resultat og gjennomstrøyming i opplæringa. Tilskotet omfattar innvandrarar som har rett og plikt eller rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap. I 2012 vil tilskotet vere på 6 500 kroner per bestått munnleg og skriftleg del av Norskprøve 2 og 3. Det inneber at resultattilskotet vil kunne variere frå 6 500 til 26 000 kroner per person, avhengig av kor mange prøver den enkelte går opp til og består.

Grunntilskot

For å betre dei økonomiske rammevilkåra for dei små og mellomstore kommunane er det etablert eit grunntilskot for kommunar med 150 personar eller færre i personkrinsen for rett og plikt eller rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova. Tilskotet blir utbetalt i to satsar; høg sats til dei kommunane som har 4–150 personar i personkrinsen, og låg sats til dei som har 1–3 personar i personkrinsen. Høg sats vil vere om lag 420 000 kroner og låg sats om lag 165 000 kroner. Talet på personar i personkrinsen registrerte i NIR per 15. januar 2012, vil liggje til grunn for den endelege fastsetjinga av satsane og utbetalinga til kommunane i 2012. Tilskotet gjer det også lettare for kommunar som ikkje har busett flyktningar tidlegare, å etablere opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

Norskopplæring for asylsøkjarar i mottak

Norskopplæringa omfattar asylsøkjarar i ordinære mottak som er over 16 år, og som ikkje har fått endeleg vedtak. Ordninga gjeld ikkje personar over 18 år som er omfatta av Dublin-prosedyren. Asylsøkjarar som er lenge i transittmottak fordi dei har store helseproblem, kan få norskopplæring. Asylsøkjarar kan få inntil 250 timar opplæring. Opplæringa skal avsluttast når den enkelte har fått 250 timar, eller når ho eller han har fått avslag utan utsetjande verknad. Asylsøkjarar som får positivt vedtak, har rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova.

Kommunane får tilskot per person som er omfatta av norskopplæring for asylsøkjarar. Heile tilskotet for den enkelte blir utbetalt det året asylsøkjaren kjem til eit ordinært mottak. Satsen for 2012 er 17 500 kroner.

Oppfølging og kontroll

IMDi har ansvaret for å forvalte dette tilskotet på nasjonalt nivå, og fylkesmennene har ansvar for tilskotsforvaltinga på regionalt nivå. Kommunane skal ikkje leggje fram særskild rekneskap verken for tilskot til opplæring etter introduksjonslova eller tilskot til norskopplæring for asylsøkjarar. Gjennom den årlege kartlegginga frå Berekningsutvalet vil ein få oversikt over om det er eit rimeleg samsvar mellom kommunane sine utgifter til opplæring i norsk og samfunnskunnskap og statstilskotet. Gjennomført norskopplæring for den enkelte som er omfatta av rett og plikt til opplæring, blir registrert i NIR. Norskopplæring for asylsøkjarar blir også registrert i NIR. Dersom kommunane gjennomfører opplæring etter introduksjonslova og norskopplæring for asylsøkjarar til ein lågare kostnad enn det tilskotet dei har motteke, beheld dei tilskotet uavkorta. Dersom tilskotet er utbetalt på feilaktig grunnlag, vil det bli gjort ei avrekning. Kommunane er ikkje forplikta gjennom lov til å gi asylsøkjarar norskopplæring, men når dei har motteke tilskot til norskopplæring for asylsøkjarar, må dei gi opplæring i samsvar med retningslinjene for dette tilskotet. Dersom norskopplæring for asylsøkjarar ikkje er gjennomført som forventa, vil det etter ei konkret vurdering kunne bli aktuelt å krevje tilskotet tilbakebetalt.

Berekningsutvalet si kartlegging for 2010 viser at utgiftene har stige frå 2009 til 2010. Berekningsutvalet kartlegg utgifter med og utan utgifter til lokale. Dersom ein reknar med utgifter til lokale, har utgiftene auka med 3,6 prosent, og utan lokalutgifter har dei auka med 3,7 prosent. I og med at utgiftsveksten er lågare enn prisauken som er kompensert gjennom statsbudsjettet, tyder det på at tilskotet dekkjer om lag ein like stor del av utgiftene som tidlegare. I 2009 dekte tilskotet og andre inntekter 86,2 prosent av kommunane sine gjennomsnittlege utgifter til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, medrekna utgifter til lokale.

Budsjettforslag for 2012

Departementet føreslår ei løyving på 1 690,4 mill. kroner til opplæring i norsk og samfunnskunnskap i samsvar med introduksjonslova og til norskopplæring for asylsøkjarar.

Kap. 3822 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter

82 872

94 320

116 614

Sum kap. 3822

82 872

94 320

116 614

Post 01 Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan, i samsvar med statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Centre), bli godkjent som offisiell utviklingshjelp. Departementet føreslår at 116,6 mill. kroner av utgiftene på kap. 822, post 60 blir rapporterte inn som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp blir ført som inntekt på kap. 3822, post 01.

Kap. 823 Kontaktutvalet mellom innvandrarar og myndigheitene

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

6 192

6 312

6 441

Sum kap. 0823

6 192

6 312

6 441

Status for verksemda

Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene (KIM) er eit rådgivande og uavhengig organ for styresmaktene og eit forum som kan fremme synspunkt frå innvandrarbefolkninga til offentlegheita.

Utvalet skal vere ein kompetent høyringsinstans på dei politikkområda som vedkjem innvandrarar og barna deira, og skal sjølv ta initiativ til å setje aktuelle saker på den politiske og offentlege dagsordenen. KIM skal, gjennom medlemmene sine, vere i kontakt med og utveksle synspunkt og erfaringar med innvandrarorganisasjonar og -miljø i regionane.

For å fylle rolla si som rådgivande organ har KIM kontakt med offentlege styresmakter, fag- og forskingsmiljø, politiske parti, interesseorganisasjonar og andre samarbeidspartnarar. Utvalet møtest minst fire gonger i året.

KIM vedtek sjølv satsingsområda sine for kvar utvalsperiode. Satsingsområda indikerer kva saker KIM vil prioritere i utvalsperioden, men utvalet vil også setje søkjelyset på andre saker om nødvendig.

KIM består av éin leiar og 23 medlemmer med innvandrarbakgrunn frå alle fylka i Noreg. Alle fylka har éin representant og éin vararepresentant i utvalet, med unntak av Oslo og Akershus, som har høvesvis fire og to representantar og tilsvarande tal for vararepresentantar. Medlemmene i KIM skal representere breidda blant innvandrarbefolkninga.

Rapport for 2010/2011

Frå 1. januar 2010 var det nye utvalet for perioden 2010–2013 på plass. For denne perioden har KIM valt å prioritere desse områda: 1) likeverdige offentlege tenester, 2) likestilling og deltaking og 3) rettar og arbeid knytt til rettar.

Prinsippet om likeverdige offentlege tenester har i 2010 vore hovudbodskapen i høyringar som KIM har delteke i knytt til skoleverket, trygdesystemet, barnevernet, helsestyresmaktene og politivesenet. I samarbeid med andre aktørar inviterte KIM til dagskonferansen Helse og helsetenester i eit multietnisk samfunn. KIM nytta innspela frå konferansen i arbeidet med oppfølging av samhandlingsreforma.

KIM deltek i referansegrupper og utval og held fleire foredrag og innlegg, også internasjonalt. Viktige saker i 2010 var mellom anna problemstillingar knytte til statsborgarregelverket, diskrimineringslova og forbod mot hovudplagg, og dialogarbeid overfor det offentlege.

Post 01 Driftsutgifter

Departementet føreslår ei løyving på 6,4 mill. kroner til drift av KIM i 2012.

Kap. 3823 Kontaktutvalet mellom innvandrarar og myndigheitene

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Diverse inntekter

173

18

Refusjon av sykepengar

3

Sum kap. 3823

176

På post 01 Diverse inntekter vil det bli rekneskapsført enkelte inntekter av mindre omfang.

Programkategori 11.10 Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering

Hovudinnhald og prioriteringar

Regjeringa har som mål at kvinner og menn skal kunne delta i arbeidslivet og dele på omsorgsoppgåvene i heimen. Slik kan samfunnet få nytte av all den kompetansen som finst blant innbyggjarane, og både kvinner og menn kan få brukt og utvikla evnene sine på ulike arenaer.

Noreg har ein stor del av den vaksne befolkninga i arbeid samanlikna med andre land. Delen kvinner som er i arbeidsstyrken, er blant dei aller høgaste i OECD-området og ligg vesentleg over snittet for EU-landa.

Likelønn mellom kvinner og menn er ein føresetnad for likestilling. Likelønn er først og fremst eit ansvar for partane i arbeidslivet, men mangelen på likelønn er eit problem som krev ei brei tilnærming. I Meld. St. 6 (2010–2011) Likestilling for likelønn er det gjort nærmare greie for lønnsskilnadene mellom kvinner og menn og kvinners deltaking i arbeidslivet. Meldinga drøftar tiltak som kan bidra til å minske lønnsgapet.

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval, Likestillingsutvalet, som har fått i mandat å greie ut norsk likestillingspolitikk med utgangspunkt i livsløp, etnisitet og klasse. Målet med utgreiinga er å leggje grunnlaget for ein heilskapleg og kunnskapsbasert likestillingspolitikk for framtida. Utvalet skal levere utgreiinga til BLD innan 1. august 2012. Ei delutgreiing om likestillingsapparatet skal liggje føre seinhaustes 2011.

For å nå målet om likestilling mellom kvinner og menn i familie-, arbeids- og samfunnsliv er det nødvendig å sjå familie-, likestillings- og arbeidslivspolitikken i samanheng. Noreg har ein av dei høgaste fødselsratane i den industrialiserte delen av verda, kombinert med høg sysselsetjing blant kvinner. Dette er eit resultat av ein langsiktig politikk for at kvinner og menn skal kunne kombinere arbeid og familie. Det er viktig med tilrettelegging, slik at kvinner kan halde ved lag tilknytinga til arbeidslivet og ikkje får for lange avbrekk i småbarnsfasen.

Gode barnehagar til alle er eit sentralt verkemiddel. I tillegg er det bygd ut ei rekkje velferdstenester som har styrkt kvinners tilknyting til arbeidslivet og lagt til rette for at kvinner kan kombinere yrkesaktivitet med barn og familie.

Ein strategi for å styrkje kvinnene sin posisjon i arbeidslivet ytterlegare er å stimulere fedrane til å ta ein større del av omsorgsoppgåvene heime. Regjeringa har dei seinare åra gjort fleire endringar i foreldrepengeordninga som betrar fedrane sine rettar og legg til rett for auka fedreuttak. Samtidig har ein òg auka den totale stønadsperioden for foreldrepengar. Departementet vil i samråd med Arbeids- og velferdsetaten arbeide for god informasjon til fedrar om rettane deira. Departementet samarbeider òg med dei største organisasjonane i arbeidslivet for å skape merksemd om fedrane sine rettar og om behovet for å stimulere fedrar til å ta rettane i bruk. Dette arbeidet vil halde fram.

Kontantstøtta kan bidra til at kvinner trekkjer seg ut av arbeidslivet for ein periode, og til at barn ikkje kjem i barnehage. Dette kan vere uheldig, mellom anna med tanke på barn og kvinner si integrering og barn si språkutvikling. Regjeringa føreslår derfor endringar i kontantstøtteordninga frå 1. august 2012. Regjeringa føreslår å avvikle kontantstøtta for toåringar. Forslaget må sjåast i samanheng med at det er innført rett til barnehageplass. Barn som fyller eitt år innan utgangen av august månad, har rett til barnehageplass frå august same år. Barn som fyller eitt år frå og med september, vil ha rett til plass frå august påfølgjande år. Det inneber at alle barn vil ha fått rett til barnehageplass innan dei fyller to år. Forslaget om å avvikle kontantstøtta for toåringar må òg sjåast i samanheng med at fleire offentlege utval har peika på uheldige sider ved kontantstøtteordninga, jf. NOU 2011: 7 Velferd og migrasjon og NOU 2011: 14 Bedre integrering.

I tråd med regjeringas politiske plattform blir det føreslått ei styrking av kontantstøtta for dei yngste barna. Satsen for barn i alderen 13-18 månader blir føreslått auka til 5 000 kroner per månad. Dette vil vere ei vesentleg betring for småbarnsforeldre som har eit inntektsbortfall i tidsrommet mellom utløpet av foreldrepengeperioden og oppstart i barnehage. For barn i alderen 19–-23 månader føreslår ein at dagens sats på 3 303 kroner per månad blir ført videre

Kontantstøtta skal fortsatt vere avhengig av barnehagebruk, men det føreslås ei forenkling ved at det berre skal vere to satsar for kontantstøtte; heil og halv sats. Dersom barnet ikkje har plass i barnehage, blir det gitt full kontantstøtte. Dersom barnet har ei avtalt opphaldstid i barnehage på inntil 20 timer i veka, blir det utbetalt 50 prosent kontantstøtte.

Når kontantstøtta blir avvikla for toåringane, vil etterspurnaden etter barnehageplassar auke. Kommunane vil derfor få kompensert for forventa auke i kostnadane til barnehagesektoren. Endringa av kontantstøtta inneber ei nedsetjing av løyvinga til kontantstøtte på 135 mill. kroner i 2012. Det er avsett knappe 92 mill. kroner til kompensasjon til kommunane for forventa auka i etterspurnaden etter barnehageplassar.

Foreldre og kommunar må få tid til å innrette seg etter endringane. Departementet føreslår derfor at endringane trer i kraft 1. august 2012, og vil fremme ein proposisjon for Stortinget med forslag til nødvendige lovendringar. Til og med juli 2012 blir det utbetalt kontantstøtte etter gjeldande regler.

Departementet legg stor vekt på tiltak for å styrkje samliv i parforhold, skape gode relasjonar og slik førebyggje samlivsoppløysing. I samband med samlivsbrot skal barn og foreldre ha tilbod om hjelp for å redusere verknader for barna av konfliktar mellom foreldra, mellom anna i form av samtalegrupper for barn, samstundes med at foreldra får eit tilbod om hjelp frå familievernet. Det skal også arbeidast med å stimulere til auka tverrfagleg samarbeid mellom kommunale tenester for å gjere det mogleg å fange opp barn og unge som treng særskild oppfølging på eit tidleg tidspunkt.

Familievernkontora som finst over heile landet, har ei viktig rolle når det gjeld parterapi og konfliktløysing. Familievernet sitt samarbeid med instansar som barnevern og domstolar skal styrkjast.

Vald mot kvinner er eit alvorleg og omfattande samfunnsproblem, og regjeringa arbeider både for å førebyggje valden og for å sikre tilbod til personar som er utsette for vald i nære relasjonar. Ein ny handlingsplan mot vald i nære relasjonar vil gjelde frå 2012, der BLD vil ha ansvaret for gjennomføringa av ei rekkje tiltak, mellom anna retta mot krisesentertilbodet i kommunane.

BLD utarbeider ei rettleiing til krisesenterlova med presiseringar og tolkingar av lova og retningslinjer og tilrådingar til kommunane.

Regjeringa skal ha ein tydeleg profil når det gjeld likestilling og ikkje-diskriminering på grunnlag av kjønn, seksuell orientering, etnisitet og nedsett funksjonsevne, både nasjonalt og internasjonalt. Sentralt i dette arbeidet står oppfølging av Handlingsplan for betre livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (2009–2012), Handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering (2009–2012), Handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge (2009–2013) og Likestilling 2014; regjeringa sin handlingsplan for likestilling mellom kjønna.

Diskriminering er eit brot på menneskerettane som råkar både den enkelte og samfunnet. Utvikling og effektiv handheving av diskrimineringslovgivinga er sentralt i arbeidet med å fremme gode verkemiddel mot diskriminering på ulike grunnlag. Departementet vil arbeide med å sjå dei ulike diskrimineringsgrunnlaga meir i samanheng. Arbeidet med ny diskrimineringslovgiving i oppfølginga av forslaget i NOU 2009:14 og arbeidet med å sikre at aktivitets- og rapporteringspliktene i likestillingslova, diskrimineringslova og diskriminerings- og tilgjengelova blir følgde opp av aktørane som er omfatta av pliktene, er viktige oppgåver.

Departementet føreslår å auke løyvinga til Likestillings- og diskrimeringsnemnda med 1 mill. kroner til arbeidet med å handheve reglar om diskriminering.

Regjeringa har vedteke å feire 100-årsjubileet for at Stortinget 11. juni 1913 vedtok å innføre allmenn røysterett (kvinnestemmeretten). Dei sentrale fellesverdiane demokratiet vårt byggjer på, som stemmerett, likestilling, deltaking og representasjon, skal danne ramma rundt feiringa. BLD har fått sekretariatsfunksjonen.

Regjeringa skal også i 2012 halde fram med å auke innsatsen for å sikre rettane til lesbiske og homofile. Det vil bli sett i verk eit arbeid for å vurdere behovet for ein revidert handlingsplan for lhbt-politikken. Oppbygginga av det nasjonale kompetansesenteret om lhbt-spørsmål som blei sett i gang i 2011, skal halde fram i 2012. Løyvinga til formålet er styrkt med 2 mill. kroner.

God forskingsbasert kunnskap er eit viktig grunnlag for politikkutforminga, og departementet disponerer midlar til forsking, både programløyvingar til Noregs forskingsråd og prosjektløyvingar med sikte på å styrkje kunnskapsgrunnlaget på dei ulike saksområda. Departementet driv òg informasjonsverksemd retta mot allmenta og gir tilskot til frivillige organisasjonar som arbeider for likestilling og mot diskriminering. Barne-, ungdoms- og familieetaten og Arbeids- og velferdsetaten forvaltar ei rekkje verkemiddel på saksområdet.

Mål

For 2012 blir desse måla prioriterte:

3. Likestilling mellom kvinner og menn i familie-, arbeids- og samfunnsliv

3.1: Likeverdig foreldreskap og godt samarbeid til beste for barna

3.2: Ei velfungerande og tilgjengeleg familievernteneste

3.3: Eit godt grunnlag for å vidareutvikle likestillingspolitikken i eit livsløps-, klasse- og etnisitetsperspektiv

3.4: Eit familievennleg arbeidsliv

3.5: Likelønn mellom menn og kvinner

3.6: Gode og tilgjengelege tilbod til personar utsette for vald i nære relasjonar

4. Eit ikkje-diskriminerande samfunn for alle uavhengig av m.a. kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne og etnisitet

4.1: Gode verkemiddel mot diskriminering på grunnlag av kjønn, seksuell orientering, etnisitet og nedsett funksjonsevne

4.2: Full deltaking og likestilling for personar med nedsett funksjonsevne

Resultatrapport og strategiar

Delmål 3.1: Likeverdig foreldreskap og godt samarbeid til beste for barna

Resultatrapport 2010/2011

Likeverdig foreldreskap og samarbeid til beste for barna i delte familiar

Godt regelverk for delte familiar og for fastsetjing av foreldreskap

Endringar i barnelova som Stortinget vedtok den 23. mars 2010, jf. Prop. 14 L (2009–2010) og Ot.prp. nr. 104 (2008–2009), blei følgde opp i 2010 gjennom ulike informasjonstiltak. I tillegg er det sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå Justis- og politidepartementet og BLD for å greie ut i kva for situasjonar barn treng betre vern enn det dagens lovgiving gir, og korleis ein bør gi slikt vern. Arbeidsgruppa skal særskilt vurdere korleis ein kan sikre seg at domstolane handsamar spørsmålet om foreldreansvar, fast bustad og samvær der ein forelder blir dømd for vald og/eller overgrep mot eigne barn, og at det blir teke omsyn til barnet ved vurderinga.

Regjeringa har som mål å leggje til rette for samvær mellom barn og foreldre i tilfelle der desse ikkje bur saman. Det er av sentral verdi for barnet å ha kjennskap til opphavet sitt. Samvær under tilsyn kan nyttast når det er vanskeleg med vanleg samvær. Tilsynsordninga er ei lovpålagd oppgåve heimla i barnelova, og det offentlege betaler for tilsyn opp til 16 timar årleg. Departementet foretar ei gjennomgang av ordninga.

Barnebidrag

Talet på foreldre som ordnar barnebidraget mellom seg utan å bruke tilbodet frå det offentlege, held fram med å auke, men ikkje like raskt som tidlegare. Det er grunn til å tru at bidragsrettleiing, gebyrordninga og informasjon frå NAV samla sett bidreg til at ca. 50 prosent av foreldra avtaler bidraget privat.

Tabell 3.8 viser at det framleis i hovudsak er menn som er bidragspliktige, og kvinner som er bidragsmottakarar. Mannlege bidragsmottakarar og kvinnelege bidragspliktige utgjer mellom sju og åtte prosent av høvesvis alle bidragsmottakarar og bidragspliktige.

Tabell 3.8 Talet på bidragspliktige og bidragsmottakarar med offentleg fastsett bidrag fordelt på kjønn 2002, 2004, 2006, 2008, 2009 og 2010*

Totalt

Menn prosent

Kvinner prosent

Kjønn ikkje oppgitt

Bidragspliktige

2002

128 587

86,6

9,2

4,2

2004

107 805

86,8

8,1

5,1

2006

101 685

86,3

8,2

5,5

2008

91 374

86,3

7,7

6,0

2009

87 092

86,3

7,7

6,0

2010

83 835

86,2

7,6

6,2

Bidragsmottakarar

2002

135 033

9,2

89,5

1,3

2004

114 799

8,1

90,4

1,5

2006

109 167

8,1

90,7

1,2

2008

98 738

7,7

91,2

1,1

2009

94 412

7,5

91,3

1,2

2010

91 056

7,5

91,3

1,2

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet, tal per 31/12

Eit av dei viktige måla med omlegginga av bidragsregelverket i 2003 var at bidragsreglane skulle leggje betre til rette for samvær mellom barnet og den av foreldra barnet ikkje bur fast saman med. Bidragsstatistikken frå NAV viser at samværet som ligg til grunn for fastsetjinga av barnebidrag, ikkje har endra seg særleg dei siste åra. Det er ein svak tendens til at gruppa med mest samvær har auka noko. Sidan fleire foreldre gjer private avtaler om barnebidrag, blir NAV-statistikken på dette området stadig mindre representativ for oppløyste familiar generelt. Departementet ser det derfor som heilt nødvendig å gjennomføre intervjuundersøkingar om dette temaet i åra framover.

Stans av offentlege ytingar ved barnebortføring

Utgreiinga om å halde tilbake offentlege ytingar, medrekna barnetrygd, kontantstøtte, foreldrepengar og barnebidrag, ved barnebortføring blei sendt på høyring med frist 1. november 2009. Høyringa viste at det var støtte for forslaga, men at det var nødvendig med meir utgreiing av menneskerettar. Departementet følgjer opp med utgreiing av desse spørsmåla.

Sikker fastsetjing av farskap

Rettsmedisinsk institutt (RMI) ved Universitetet i Oslo gjennomfører DNA-analysar i farskapssaker på oppdrag frå det offentlege (NAV og domstolane). I 2010 blei det utført 829 analysar, medan det i 2009 blei utført 847 analysar. Talet på oppdrag er altså stabilt og er lågt i høve til talet på fødde barn.

Godt tilbod til barn som lever i konfliktfylte familiar etter samlivsbrot

Det blei i 2010 delt ut 3 mill. kroner for å styrkje tilbodet til barn som lever med høg konflikt mellom foreldra etter samlivsbrot. Midlane finansierer eit pilotprosjekt i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Prosjektet har tre hovudelement: auka tilbod om samtalegrupper for barn og unge i kommunane, parallelle tilbod til foreldra om konfliktløysing ved familievernkontora og utvikling av betre samarbeidsrutinar mellom ulike kommunale tenester for barn og unge for å fange opp dei som treng særskild oppfølging på eit tidleg tidspunkt.

Alle kommunar i landet fekk tilbod om stimuleringsmidlar for oppstart eller auking av tilbod om samtalegrupper for barn. Totalt 50 kommunar fekk til saman om lag 1,5 mill. kroner til dette formålet. I tillegg er det starta eit samarbeid mellom fire pilotkommunar (Hamar, Bærum, Larvik og Levanger) og deira lokale familievernkontor for betre oppfølging av barn og familiar i målgruppa. Om lag 600 nye barn deltok i samtalegrupper i 2010.

Bufdir har teke over kursopplegget Fortsatt foreldre, som er utvikla av Modum Bad, og har starta arbeidet med å få familievernkontora til å ta kursopplegget i bruk. Fortsatt foreldre inngår som ein viktig del av pilotprosjektet Ser du meg? om betre tilbod til barn og foreldre som lever i høg konflikt etter samlivsbrot.

Målet med meklingsordninga er at foreldra skal kome fram til ei avtale om barna etter samlivsbrot, og meklaren skal hjelpe foreldra med dette. Der saka er eigna for det, vil det vere til barnet sitt beste at foreldra blir samde om ei avtale på eit tidleg stadium, som alternativ til handsaming ved domstolane.

I 2010 blei det utført 20 550 meklingar, 365 fleire meklingar enn året før. 37 prosent av meklingane skjedde i samband med separasjon eller skilsmisse, 31 prosent var i samband med samlivsbrot mellom sambuarar, medan 32 prosent var meklingar før barnefordelingssaker for retten. Prosentfordelinga var om lag den same i 2009.

Ei brei evaluering av meklingsordninga (SINTEF, 2009–2011) viser at dei fleste foreldra opplever at dei blir møtte av meklarane på ein profesjonell og god måte. Funna frå evalueringa viser vidare at om lag 75 prosent av foreldra har ei avtale om kvar barnet skal bu, og om samvær etter gjennomført mekling. Avtaleoppnåinga er såleis om lag som ved tidlegare evaluering av meklingsordninga, men slik at tidsbruken under mekling er korta vesentleg ned. Det er ei utfordring å få fleire foreldre med høgt konfliktnivå til å nyttiggjere seg den frivillige delen av meklingstilbodet der saka er eigna for det, som alternativ til å reise sak for domstolen. Samstundes tyder funn frå evalueringa på at mange av sakene der foreldra ikkje blir samde, har særleg høgt konfliktnivå. Vidare synest det å vere ein overrepresentasjon av problematikk knytt til vald, rus og psykiatri blant desse sakene.

Det har i 2010 vore arbeidd vidare med tiltak som skal bidra til at fleire foreldre med høgt konfliktnivå kjem fram til ei avtale om kvar barnet skal bu, og om samvær etter å ha gjennomført mekling. I 2010 har den regionvise opplæringa for meklarar mellom anna hatt merksemd på samarbeid med tingrettane og metodisk tilnærming i høgkonfliktsaker. Forskingsprosjektet Metodeutvikling i saker med høgt konfliktnivå, som blei utført av Universitetet i Oslo og var ferdig i februar 2011, har mellom anna undersøkt kjenneteikn ved saker med høgt konfliktnivå og freista å beskrive framgangsmåtar under mekling som er særleg eigna i saker med høgt konfliktnivå.

Domstoladministrasjonen har, i samarbeid med departementet, gjennomført fire regionale kompetansehevingsseminar for dommarar, advokatar, sakkunnige og meklarar ved familievernkontor i 2010. Seminara (2009–2011) skal bidra til tverrfaglege drøftingar av utfordringar og gode framgangsmåtar ved handsaminga av barnelovsaker ved domstolane. Samlingane skal òg bidra til at rettsaktørane får auka kjennskap til og samhandlar meir med familievernkontora, og kan bidra til at fleire foreldre kjem fram til avtaleløysing på eit tidleg stadium.

BLD har i 2010 leidd ei arbeidsgruppe med representantar frå Dommerforeningen, Advokatforeningen, Psykologforeningen, Domstoladministrasjonen, Justisdepartementet og Bufdir. Gruppa har sett på kva slags tiltak som bør gjennomførast for å nå målet om færre saker for domstolane, og førebyggje og handsame oppattekne søksmål på ein god måte. Ein har særleg sett på tiltak knytte til informasjon, haldningar og kompetanse. Tilrådingane til arbeidsgruppa vil bli følgde opp vidare internt og overfor eksterne aktørar.

Tilbod om samlivskurs

Målsetjinga med tilskotsordninga er å styrkje samliv i parforhold, skape gode relasjonar og førebyggje samlivsoppløysing. Eit viktig mål er å gi barna trygge og stabile oppvekstvilkår. I marknadsføring og gjennomføring av samlivskurs er det viktig at kursa skal appellere til både kvinner og menn, og at begge kjønn skal ha utbytte av kursa.

I 2010 blei det delt ut 4,5 mill. kroner til tilskotsordninga. Organisasjonar som arbeider for å styrkje og vedlikehalde parforhold, kan søkje om midlar. Det blir gitt stønad til både lokale samlivskurs og utviklingstiltak på samlivsområdet. Det blei gitt støtte til 182 lokale samlivskurs og 22 utviklingstiltak i 2010.

Kontantstøtte til eitt- og toåringar utan fulltids barnehageplass

Kontantstøtta blei ført vidare utan endringar i satsar eller regelverk i 2010.

Tabell 3.9 Barn i kontantstøttealder og barn med kontantstøtte

Gjennomsnitt

2007

2008

2009

2010

Endring 2009/2010 (%)

Barn i kontantstøttealder

112 498

114 470

116 315

119 209

+2 894 (+2,5 %)

Barn med kontantstøtte

55 890

47 815

42 351

38 999

–3 352 (–7,9 %)

Eittåringar med kontantstøtte

33 439

29 119

26 035

24 584

–1 451 (–5,6 %)

Toåringar med kontantstøtte

22 452

18 696

16 317

14 415

–1 902 (–11,7 %)

Kjelde:  Arbeids- og velferdsdirektoratet, målt i månadlege gjennomsnittstal

Nedgangen i talet på barn med kontantstøtte frå 2009 til 2010 på 3 352 barn kjem av at 6 246 fleire barn hadde heiltidsplass i barnehage, medan det var 2 894 fleire barn i aldersgruppa. Av barn med kontantstøtte hadde 22,6 prosent redusert støtte. Det er 0,4 prosentpoeng færre enn i 2009. Dei fleste har lang deltid i barnehage med 20 eller 40 prosent kontantstøtte. Det er flest toåringar med redusert støtte. Kontantstøtta blir utbetalt til den av foreldra som søkjer om støtte. I om lag 87 prosent av tilfella er dette mødrene.

Barnetrygd

Barnetrygda blei ført vidare utan endringar i satsar eller regelverk i 2010. Tabell 3.10 viser utviklinga i talet på mottakarar.

Tabell 3.10 Mottakarar av barnetrygd etter kjønn. Gjennomsnittstal for 2006, 2008, og 2010

I alt

Ordinær stønad

Utvida stønad

Ekstra småbarnstillegg

2006

I alt

617 485

487 102

130 383

7 177

Prosentdel kvinner:

94,0 %

97 %

82,5 %

98,0 %

Prosentdel menn:

6,0 %

3,0 %

17,5 %

2,0 %

2008

I alt

629 224

503 379

125 845

6 194

Prosentdel kvinner:

92,8 %

95,6 %

81,6 %

97,9 %

Prosentdel menn:

7,2 %

4,4 %

18,4 %

2,1 %

2010

I alt

646 177

514 874

131 303

6 169

Prosentdel kvinner:

91,5 %

94,3 %

80,6 %

97,5 %

Prosentdel menn:

8,5 %

5,7 %

19,4 %

2,5 %

Det er ein auke i talet på menn som barnetrygdmottakarar; i 2006 og 2010 var prosentdelen høvesvis 6 og 8,5. Dette har nok samanheng med ein auke i delen familiar med delte løysingar for barna etter samlivsbrot.

Strategiar og tiltak for 2012

Nedanfor er ein gjennomgang av strategiar og tiltak for å fremme likeverdig foreldreskap og godt samarbeid til beste for barna.

Departementet vil følgje opp NOU 2009:5 Farskap og annen morskap. Fastsetting og endring av foreldreskap.

Norske rettsreglar regulerer ikkje surrogati direkte. Personar busette i Noreg, gjer i aukande omfang avtaler med surrogatmødrer i andre land. Dette fører til komplekse juridiske problemstillingar. Departementet sette i mars 2010 ned ei interdepartemental arbeidsgruppe for å gå gjennom og vurdere lovverket og internasjonale konvensjonar som vedrører surrogati, og kome med tilrådingar til prosedyrar for handsaming av denne typen saker i framtida. Det er sendt brev om fastsetjing av farskap i surrogatitilfelle, brev om reglane om foreldrepengar ved surrogati og rundskriv om registrering i folkeregisteret. Det ligg no betre til rette for ei einsarta og korrekt praktisering av regelverket. Regjeringa vil vurdere lovendringar på området.

Regjeringa har som mål å auke vernet av barn og styrkje rettane til foreldre i internasjonale saker om foreldreansvar og tiltak for vern av barn. Stadig fleire barn og foreldre har forankring i fleire land på grunn av global mobilitet. Regjeringa vil halde fram med arbeidet for å leggje til rette for gjennomføringa av Haagkonvensjonen frå 1996 om foreldreansvar og tiltak for vern av barn.

Det er eit internasjonalt mål å hindre barnebortføring og påskunde tilbakeføring av bortførte barn. Regjeringa ønskjer å ta i bruk nye verkemiddel for å oppnå dette. Departementet vil i 2011 følgje opp utgreiinga om å halde tilbake offentlege ytingar og barnebidrag ved internasjonal barnebortføring og Justis- og politidepartementet si vurdering av utgreiinga sett i samband med Noregs plikter etter menneskerettane, sjå omtale under resultatrapporteringa.

Det er eit mål at fleire foreldre med høgt konfliktnivå rundt samvær og kvar barnet skal bu fast, får hjelp frå familievernkontora til å løyse usemja gjennom eit godt og tilgjengeleg meklingstilbod, i staden for å reise sak for domstolane. Det vil normalt dempe konfliktnivået mellom foreldra og vere til barnet sitt beste at foreldra kjem fram til ei avtale på eit tidleg stadium. Meklinga etter ekteskapslova og barnelova og det heilskaplege tilbodet på familievernkontora (sjå omtale under delmål 3.2) er godt eigna til å hjelpe foreldra med å kome fram til gode avtaler og til å betre foreldresamarbeidet om barna etter samlivsbrot. For å sikre betre utnytting av det frivillige meklingstilbodet og andre tilbod i regi av familievernet skal det arbeidast vidare med informasjons- og haldningsendrande tiltak, utviklingsarbeid knytt til saker med høgt konfliktnivå, og auka kompetanse. Familievernet sitt samarbeid med instansar som barnevernet og domstolane skal styrkast. Det vil bli sett i gang eit prøveprosjekt hausten 2011.Vidare må det arbeidast for at det i større grad blir teke i bruk gode framgangsmåtar for høyring av barn under mekling. Tiltaka som skal gjennomførast vil mellom anna byggje på tilrådingar frå ei arbeidsgruppe leia av departementet og funn frå evalueringa av meklingsordninga som blei ferdigstilt hausten 2011, sjå omtale under resultatrapporteringa.

Eit pilotprosjektet retta mot barn og foreldre som har store samarbeidskonfliktar etter samlivsbrot, som starta opp hausten 2010, har blitt svært godt teke imot. Tiltaket har styrkt tilbodet om samtalegrupper for barn og unge som opplever samlivsbrot, samstundes med at foreldra får tilbod om hjelp frå familievernkontoret til å betre samarbeidet om barna gjennom avtaler til beste for dei. Ein arbeider òg med å stimulere til auka tverrfagleg samarbeid mellom kommunale tenester. Siktemålet er å fange opp barn og unge, som treng særskild oppfølging, på eit tidleg tidspunkt. Dette skjer gjennom etablerte koordinerande team eller eit direkte samarbeid mellom to eller fleire tenester. Den generelle kunnskapen om konsekvensane for barn og unge av samlivsbrot og andre vanskelege endringar i livssituasjonen skal styrkjast hos tilsette i barnehagar, skolar, helsestasjonar og andre tenesteområde som møter barn og foreldre. Familievernkontora kan tilby rettleiing til dei kommunale tenestene.

Det er viktig å sikre ein god prosess og robuste avgjerder i dei tilfella der det er nødvendig at domstolane handsamar saka. Departementet vil ha særleg merksemd på tiltak som kan sikre ei best mogleg handsaming av saker der det er problematikk knytt til vald og overgrep. Det skal derfor gjennomførast forsking for å få meir kunnskap om domstolane si handsaming av desse sakene, i regi av Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS). Departementet har også initiert eit utviklingsprosjekt som mellom anna skal identifisere korleis ein kan handsame saker med valdsproblematikk på ein god måte – frå sakene kjem inn til mekling, og ved eventuell seinare domstolshandsaming. Vidare vil departementet framleis samarbeide med Domstoladministrasjonen om kompetanseheving for dommarar og andre profesjonelle aktørar i barnelovssaker. Komande kompetanseheving skal særleg gjelde handsaminga av saker med valds- og overgrepsproblematikk.

Det er behov for ny kunnskap om korleis familiane i dag innrettar seg etter samlivsbrot. Departementet vil derfor ta initiativ til ei ny samværsundersøking i 2012. Undersøkinga vil sjå på utviklinga av delt bustad som løysing, kartleggje konfliktnivå, omfanget av samvær og økonomiske ordningar og avtaler. Ei undersøking må sikre at ein får samanlikning over tid, samtidig som det blir gitt plass til nye problemstillingar. Resultata vil bli brukte til å vurdere om utviklinga mot betre samarbeid i dei delte familiane går i riktig retning.

Omlegging av kontantstøtteordninga

Det er eit mål for regjeringa å sikre høg deltaking i arbeidslivet, også blant foreldre i småbarnsfasen. Kontantstøtta kan bidra til at kvinner trekkjer seg ut av arbeidslivet for ein periode, og til at barn ikkje kjem i barnehage. Dette kan vere uheldig, mellom anna med tanke på barn og kvinner si integrering og barn si språkutvikling. Det blir derfor føreslått endringar i kontantstøtteordninga frå 1. august 2012.

Kontantstøtta blir føreslått avvikla for toåringar. Forslaget må sjåast i samanheng med at det er innført rett til barnehageplass. Barn som fyller eitt år innan utgangen av august månad, har rett til barnehageplass frå august same år. Barn som fyller eitt år frå og med september, vil ha rett til plass frå august påfølgjande år. Det inneber at alle barn vil ha fått rett til barnehageplass innan dei fyller to år. Forslaget om å avvikle kontantstøtta for toåringar må og sjåast i samanheng med at fleire offentlege utval har peika på uheldige sider ved kontantstøtteordninga, jf. NOU 2011: 7 Velferd og migrasjon og NOU 2011: 14 Bedre integrering.

I tråd med regjeringas politiske plattform føreslås ei styrking av kontantstøtta for dei yngste barna. Satsen for barn i alderen 13–-18 månader foreslås auka til 5 000 kroner per månad. Dette vil vere ei vesentleg betring for småbarnsforeldre som har eit inntektsbortfall i tidsrommet mellom utløpet av foreldrepengeperioden og oppstart i barnehage. For barn i alderen 19–-23 månader føreslår ein at dagens sats på 3 303 kroner per månad blir behalden.

Heil kontantstøtte blir utbetalt dersom barnet ikkje har plass i barnehage. Har barnet plass i barnehage i mindre enn 33 timar per veke, blir det i dag utbetalt delvis kontantstøtte etter fire ulike satsar (20, 40, 60 og 80 prosent kontantstøtte avhengig av avtalt opphaldstid i barnehage). Desse satsane har vore knytte til satsane for statleg tilskot til barnehagar. Etter at tilskotet til barnehagar er blitt innlemma i rammetilskotet til kommunane, har desse satsane falle bort, og noko av grunngivinga for det finmaska kontantstøttesystemet vi har i dag, fell òg bort. Det er dessutan slik at ein del foreldre har uttrykt misnøye med den gjeldande ordninga fordi dei får mindre kontantstøtte enn dei hadde forventa. Departementet føreslår derfor at det berre skal vere to satsar for kontantstøtte; heil og halv støtte. Dersom barnet ikkje har plass i barnehage, blir det gitt heil kontantstøtte. Dersom barnet har ei avtalt opphaldstid i barnehage på inntil 20 timer i veka, blir det utbetalt 50 prosent kontantstøtte.

Når kontantstøtta blir avvikla for toåringane, vil etterspurnaden etter barnehageplassar auke. Kommunane vil derfor få kompensert for forventa auke i kostnadane til barnehagesektoren. Endringa av kontantstøtta inneber ei nedsetjing av løyvinga til kontantstøtte på 135 mill. kroner i 2012. Det er avsett knappe 92 mill. kroner til kompensasjon til kommunane for forventa auka i etterspurnaden etter barnehageplassar i 2012.

Foreldre og kommunar må få god tid til å innrette seg på endringane. Departementet føreslår derfor at endringane trer i kraft 1. august 2012. Til og med juli 2012 blir det utbetalt kontantstøtte etter gjeldande regler. Departementet vil fremme ein proposisjon for Stortinget med forslag til nødvendige lovendringar.

Arbeids- og velferdsetaten si forvalting på BLDs ansvarsområde

Arbeids- og velferdsetaten har ansvar for forvalting av ytingane barnetrygd, kontantstøtte og foreldrepenger og regelverket for barnebidrag. Etaten har hatt utfordringar både når det gjeld talet på saker til behandling (tidlegare omtala som restansar) og med å sikre rett utbetaling til den enkelte mottakar.

Frå våren 2009 fram til årsskiftet 2010/2011 var det ein betydeleg reduksjon i talet på saker til behandling i etaten. Saksbehandlingsstida for ei rekkje ytingar gjekk også ned. I 1. tertial 2011 har talet på ubehandla saker vore stabilt. Framleis er omfanget av saker som ikkje behandlast innan rett tid høgt, særleg for enkelte ytingar på familieområdet.

Utfordringa knytt til å utbetale rett yting blei mellom anna peika på ved revisjonen av rekneskapa for 2008 og 2009. Mot slutten av 2009 og gjennom 2010 har Arbeids- og velferdsdirektoratet sett i verk eit systematisk arbeid for å betre kontroll og kvalitet i forvaltinga av ytingane. Det er utarbeidd ein kontrollstrategi for perioden 2009-2015 og ein handlingsplan for intern kontroll for åra 2010-2011, jf. nærmare omtale i Arbeidsdepartementet sin budsjettproposisjon.

BLD har lagt vekt på at utfordringene knytt til Arbeids- og velferdsetaten si forvalting på departementet sitt ansvarsområde, må sjåast i samanheng med det samla utfordringsbildet for etaten. Det er viktig å ha ei heilskapleg tilnærming til utfordringane. BLD har derfor hatt ein tett dialog med Arbeidsdepartementet og etaten sjølv. Denne dialogen vil bli ført vidare.

Det skal arbeidast vidare med konkrete tiltak for å betre forvaltinga av sakene og informasjonen til brukarane på BLDs ansvarsområde. På sentrale område som barnebidrag og kontantstøtte har etaten sjølv gjort undersøkingar som viser betring av kvaliteten. Det er framleis nødvendig med tiltak. Forbetringsarbeidet vil stå sentralt i BLDs dialog med Arbeidsdepartementet og Arbeids- og velferdsetaten.

Delmål 3.2: Ei velfungerande og tilgjengeleg familievernteneste

Resultatrapport 2010/2011

Ei velfungerande og tilgjengeleg familievernteneste

Dei siste åra har det vore ein betydeleg auke i etterspurnaden etter tenester frå familievernet. Aktivitetsveksten frå 2008 og 2009 har halde fram i 2010. Det er ein auke i talet på konsultasjonar både for meklingar og kliniske tenester.

Årsrapporten frå Bufetat for 2010 syner at det blei gjennomført knapt 116 000 konsultasjonar i familievernet, 5,2 prosent fleire enn i 2009. Av desse var om lag 94 000 knytte til behandling og 22 000 til meklingar. Dette er ein auke frå 2009 på 4,1 prosent i behandlingssamtaler og 1,1 prosent i meklingar.

78,2 prosent av tidsbruken i familievernet på landsbasis går til behandlingssaker, 14,4 prosent til mekling og 7,5 prosent til førebyggjande verksemd. Fordelinga er om lag som i 2009.

Talmaterialet frå 2009 viser at i 69 prosent av dei nye sakene var det ei kvinne som bestilte time, om lag som i 2008.

Eit nyttig, variert og tilpassa tilbod til brukarane

Bufdir har utarbeidd ein kommunikasjonsstrategi for familievernet 2010–2012, Et synlig familievern. Bufdir planlegg å gjennomføre ei opinionsundersøking hausten 2011 for å kartleggje effektane av kommunikasjonsstrategien hittil.

Bufdir arbeider med å utvikle ein offentleg familieportal, familie.no, som skal syte for brei og kvalitetssikra kunnskap om samliv og foreldrerettleiing til befolkninga generelt, og særleg familiar som har barn med nedsett funksjonsevne. Det er òg gitt ut to nummer i familievernets skriftserie som er distribuert internt og til eksterne samarbeidspartnarar, eitt om vald i nære relasjonar og eitt om brukarmedverknad i familievernet.

Tabell 3.11 Årsverk i familievernet

År

2006

2007

2008

2009

Årsverk

387

433

424

432

Kjelde:  SSB, familievernstatistikk

Om lag halvparten av leiarane i familievernet i perioden 2006–2009 var kvinner. Kjønnsfordelinga blant dei tilsette har halde seg stabil med om lag ¾ kvinner og ¼ menn. Det er relativt høg gjennomsnittsalder blant dei tilsette i familieverntenesta. Mange tilsette vil nå pensjonsalderen innan få år, og dette kan innebere ein fare for tap av mykje erfaring og kompetanse. Det er viktig at denne kompetansen blir overført til nye medarbeidarar i tenesta, og det må utarbeidast planar og tiltak som kan verke positivt overfor seniorane. Bufdir har utarbeidd ein tiltaksplan for seniorpolitikk i familievernet 2010–2014.

Bufdir starta i 2010 implementering av Klient- og resultatstyrt praksis (KOR), eit system for brukarretta kvalitetsutvikling, som ein integrert del av terapiarbeidet for å vidareutvikle kvaliteten og tilpasse tilbodet direkte til den det gjeld. Det er valt ei trinnvis implementering av KOR, med vekt på opplæring og rettleiing. I 2010 har 16 familievernkontor teke i bruk KOR.

Implementering av KOR er det viktigaste tiltaket for å få betre brukarmedverknad i familievernet. Brukarmedverknad var òg temaet på den nasjonale fagkonferansen for familievernet i 2010. Metodikken er godt motteken av tilsette og klientar, og implementeringsarbeidet har så langt vore vellykka. I 2011 vil halvparten av familievernkontora ha teke i bruk metoden. Etter planen skal alle dei 64 familievernkontora ha teke i bruk KOR innan utgangen av 2012.

Tilboda til familiar med valdsproblem er integrerte i familieverntenesta. Undersøkingar syner at kontora årleg møter mellom fire og seks tusen familiar der vald er eit problem. Familievernet har utvikla eit metodeopplegg, Tryggare barndom, for familiar med valdsproblemer som ønskjer å halde fram samlivet. Metoden legg stor vekt på tryggleik og er eit terapeutisk tilbod. Det tidlegare Brubyggjarprosjektet i familievernet har utvikla ein terapeutisk metode i møte med ungdom som er utsette for tvangsekteskap, og for familiane deira. Bufdir gjennomfører – i samarbeid med RVTS Øst – ei kompetanseheving i klinisk arbeid med æresrelatert vald i 2010–2011. Det faglege innhaldet er basert på erfaringane frå Brubyggjarprosjektet ved Aker familievernkontor og kultur- og traumesensitiv behandling i arbeid med æresrelatert vald. Familievernterapeutar ved 11 familievernkontor deltek i kompetansehevinga, i tillegg til RVTS-ane og Bufdir. Familievernkontor som er lokaliserte i nærleiken av butilboda for ungdom utsette for tvangsekteskap og annan æresrelatert vald, har blitt prioriterte. Det er eit mål at familievernet skal inngå i støttetilbod til unge knytte til butilboda. I tillegg deltek alle RVTS-ane i kompetansehevinga, med tanke på at dei vil få ei viktig rettleiingsrolle overfor familievernet i denne typen arbeid på lengre sikt, og for å leggje til rette for regionale nettverk.

Familievernet gir tilbod om sinnemeistringskurs, gruppetilbod for valdsoffer og grupper for barn som har vore vitne til eller utsette for vald. Kompetansen på arbeid med vald i nære relasjonar skal framleis styrkjast i tenesta, og samarbeidet med andre tenesteytarar skal førast vidare.

Det er starta eit prosjekt som heiter Kunnskap om vold – familievernets arbeid med vold i nære relasjoner i Finnmark. Alle familievernkontora i Finnmark har gjennomført kompetansehevande tiltak. Alle terapeutane har fått opplæring i terapeutisk arbeid med par der den eine er valdsutøvar. Alternativ til vold (ATV) har gitt rettleiing og halde kurs for familievernkontora.

Strategiar og tiltak for 2012

Nedanfor er forslag til tiltak og strategiar for korleis familievernet kan utviklast til ei teneste mest mogleg i samsvar med brukarane sine behov.

Familievernkontora har som ei sentral målsetjing å styrkje parforholda og førebyggje samlivsbrot. Tidleg hjelp kan minske pågangen i helsetenestene, barnevernet, rettsstellet og NAV. Vidare er det ei viktig målsetjing at foreldre med eit høgt konfliktnivå får hjelp til å samarbeide om barna, både før og etter samlivsbrot. Målet er eit familievern som sikrar eit likeverdig tenestetilbod til brukarane, har høg kvalitet på det faglege arbeidet og utnyttar ressursane effektivt.

Det er varierande dekningsgrad for familieverntenesta i ulike delar av landet. Bufdir vurderer kontinuerleg drifta av familievernet og vil halde fram arbeidet for å sikre eit mest mogleg likeverdig tilbod i regionane.

Det er eit mål at enda fleire foreldre med eit høgt konfliktnivå får hjelp til å kome fram til ei avtale hos familievernkontora, og at det frivillige meklingstilbodet blir betre utnytta slik at foreldra kan få til ei avtale om barna på eit tidleg stadium, utan at konflikten blir eskalert. Samarbeidet med domstolane i meklingssaker vil bli ført vidare, og arbeidet med å sikre ein god fagleg meklingspraksis held fram i 2012. Samstundes skal tilbodet om samarbeidssamtaler i familievernet utviklast vidare. Tilskotsordninga til samlivskurs blir ført vidare som eit førebyggjande og likestillingsfremmande tiltak. Målet med samlivskurs er å styrkje parforhold, skape gode relasjonar og førebyggje samlivsoppløysing. Familievernkontora vil halde fram med eit tilbod om samlivskurs retta mot foreldre til barn med nedsett funksjonsevne. Bufdir vil halde fram med å tilby kommunane kursmateriell for samlivskurset Godt Samliv, som er eit parkurs for førstegangsforeldre. Dei ulike tilboda om samlivskurs i regi av familieverntenesta må sjåast i samanheng med resten av Bufdir si verksemd retta mot kommunane. Regionkontora i Bufetat har ansvaret for å utvikle eit systematisk og forpliktande samarbeid med kommunane på dette området.

Som ein del av Bufdir sitt samla tilbod mot kommunane inngår informasjon og rettleiing om samtalegrupper for fedrar, kalla Papparingen. Tilbodet gir fedrar høve til å snakke om det å vere far på menn sine eigne premissar.

For å sikre brukarane sin medverknad i utviklinga av kvaliteten på tenestene innfører familievernet eit gjennomgåande felles system for tilbakemeldingar frå klientane som skal nyttast i alle terapi- og rettleiingssamtaler. Bufdir skal vidareføre implementeringa av KOR, med sikte på at heile familievernet skal bruke han ved utgangen av 2013.

Familievernkontoret skal vere den naturlege staden å søkje hjelp for samlivsproblem, mekling eller samarbeidsproblem om felles barn. For å sikre eit heilskapleg perspektiv i familievernet sitt arbeid skal det stimulerast til auka samarbeid med andre delar av tenesteapparatet. Ein føresetnad for ei tilgjengeleg teneste er at familievernet er kjent blant folk flest. Oppfølging av kommunikasjonsstrategien for familievernet skal medverke til at allmenta får større kjennskap til familievernkontora og tilboda deira. Bufdir skal arbeide vidare med utviklinga av ein offentleg familieportal, familie.no, som skal gi brei, kvalitetssikra kunnskap til publikum generelt om samliv og foreldrerettleiing, og særleg overfor familiar som har barn med nedsett funksjonsevne.

Tilboda til familiar med valdsproblem er ein integrert del av familieverntenesta. Familievernet vil halde fram med å styrkje kompetansen på arbeid med vald i nære relasjonar, mellom anna i samarbeid med stiftinga Alternativ til vold (ATV).

Delmål 3.3: Eit godt grunnlag for å vidareutvikle likestillingspolitikken i eit livsløps-, klasse- og etnisitetsperspektiv

Resultatrapport 2010/2011

Likestillingsutvalet fekk i oktober 2010 ei presisering av mandatet for å vurdere verkemiddelapparatet knytt til likestillings- og diskrimineringsfeltet. Utvalet skal levere delutgreiinga si til BLD innan 15. november 2011.

Kvinnepanelet blei etablert av barne-, likestillings- og inkluderingsministeren i 2010. Panelet var breitt samansett og kom med ein rapport i september 2010. Målet med panelet var at det skulle medverke til debatt og modernisering av kjønnslikestillinga i Noreg. Tiltaka som blei føreslåtte i rapporten til panelet, retta seg mot arbeidsliv, likelønn, førebygging av vald, likestilt foreldreskap, utdanning og helse.

Forskingsrapporten Kjønnsforskjeller i arbeidsmarkedet i 1999 og 2009 frå NIFU-STEP viser at det har vore ein sterk vekst i talet på uteksaminerte kandidatar med høgare grad frå 1999 til 2009. Kvinner står for den sterkaste veksten og utgjer fleirtalet av kandidatar med høgare grad. Dei fleste fagområda er kvinnedominerte. Fleire uteksaminerte kvinner enn menn arbeider i det offentlege. Departementet har bestilt ein tilleggsanalyse om lønnsnivået blant kandidatar med høgare grad.

Departementet finansierte delar av prosjektet Det gode liv på Sørlandet og tradisjonelle kjønnsroller, som blei gjennomført av Universitetet i Agder, Senter for likestilling, i 2010. Prosjektet viser at det er fleire tradisjonsbundne menn i Agder enn elles i landet, og at dei er meir religiøst orienterte. Det kan også sjå ut som om dei er med på å prege regionen sin identitet i stor grad.

SINTEF er tildelt eit prosjekt som skal gi eit oppdatert og samla bilete av den norske arbeidsmarknaden i eit kjønnsperspektiv ved å kartleggje graden av horisontal og vertikal kjønnssegregering i det norske arbeidslivet 1988–2010 og samanlikne graden av horisontal og vertikal kjønnssegregering blant unge og eldre yrkesaktive og blant innvandrarar samanlikna med ikkje-innvandrarar.

Det er viktig at den omfattande databasen Livsløp, generasjon og kjønn (LOGG) blir brukt til vidare forsking, jf. Prop. 1 S (2010–2011) for BLD. Departementet har sett i gang prosjektet Likestilling heime, som NOVA/ISF utfører. Målet med prosjektet er å få meir kunnskap om kjenneteikna for par som har likedeling heime, i eit livsløps- og klasseperspektiv, og å sjå på i kor stor grad haldningar til likestilling påverkar likestilling heime, og om det kan ha noko å seie kvar folk bur. Resultata blir presentert i Likestillingsutvalet si utgreiing.

BLD har delteke i OECD-prosjektet The Future of Families to 2030 både finansielt og som medlem i prosjektet si styringsgruppe. Formålet har vore å samle saman data og utforske trendar i hushalds- og familiestrukturar for dei neste to tiåra (framskrivingar) og å undersøkje kva for implikasjonar desse trendane har for ulike politikkområde. Rapporten tek for seg utviklinga og utfordringar framover for einpersonhushald, eineforsørgjarfamiliar og for familiar med og utan barn. Oppsummert tyder dataa på store endringar i hushalds- og familiestrukturen i alle OECD-land. Rapporten peiker deretter på faktorar som formar dette familielandskapet fram til 2030; demografiske endringar, samfunnsmessige og sosiale trendar, teknologi og den økonomiske utviklinga. Oppsummert vil familielandskapet i OECD-land fram mot 2030 sannsynlegvis forandre seg markert og krevje omfattande endringar i alle familiepolitikkrelevante område frå sosiale stønader og utdanning til bustadbygging og arbeid.

Rapporten peiker på ulike politiske utfordringar og moglege måtar å møte desse på. Nokre døme på slike utfordringar er at det i dei fleste OECD-landa vil vere vanskeleg å oppretthalde dagens universelle sosiale ordningar dei neste to tiåra (meir målretting må til), og at utviklinga vil føre til ei annleis ansvarsdeling mellom individ, familie og stat. Vidare blir det viktig med ei heilskapleg tilnærming til ulike problem, i staden for ei stykkevis og delt tilnærming. Det blir peikt på at ein må prioritere å få individ og familie ut av langvarige dysfunksjonelle situasjonar (gjennom målretta tidleg utdanning for barn), at det bør leggjast vekt på bruk av ny teknologi (telearbeid og -utdanning), at endringar i hushaldet og familien sannsynlegvis vil resultere i høgare mobilitet (familiar bur langt frå kvarandre), og til sist at eit vedvarande trykk på vidare likestilling er viktig (fleksibilitet for foreldre, utbygging av foreldrepermisjonar). BLD har omfattande internasjonal samhandling, og rapporten gir eit godt inntak til framtidige utviklingstrekk i andre OECD-land.

Departementet har, saman med Kunnskapsdepartementet, medverka til Barnetilsynsundersøkinga 2010, som er gjennomført av Statistisk sentralbyrå. Undersøkinga tek for seg fleire sider ved barnefamiliars tilsynsordningar for barn mellom 0 og 9 år. Både prioriteringane deira i val av hovudtilsynsordning, synet deira på kvalitet og ei kartlegging av kva dei betaler for tilsynet, er del av undersøkinga. Departementet har sett i gang forsking som skal setje søkjelyset på foreldre sin bruk av permisjonen til både far og mor og overgangen til barnehagen for eitt- og toåringar.

Strategiar og tiltak for 2012

Regjeringa skal ha ein tydeleg profil når det gjeld likestilling mellom kjønna, både nasjonalt og internasjonalt, og har ei rekkje tiltak og strategiar for å nå desse måla.

Hausten 2011 legg regjeringa fram ein ny handlingsplan for likestilling mellom kjønna, Likestilling 2014. Handlingsplanen gjeld for perioden 2011–2014 og er sektorovergripande. I handlingsplanen inngår politiske strategiar og tiltak innanfor ei rekkje samfunnsfelt, som det segregerte arbeidslivet, utdanning, økonomisk makt, det likestilte foreldreskapet, vald i nære relasjonar, kjønnsstereotypiar, kvinner i leiing, demokratisk deltaking og helse. Arbeidet med å følgje opp St.meld. nr. 8 (2008–2009) Om menn, mannsroller og likestilling vil bli ført vidare i 2012. Målsetjinga vil framleis vere å få menn meir aktivt med i utviklinga av eit kjønnslikestilt samfunn. Stiftinga Reform yter viktige bidrag i dette arbeidet, mellom anna ved å utvikle og spreie kunnskap om menns likestillingspolitiske utfordringar, og gjennom sine aktive innspel til politikken. BLD yter driftstilskot til Reform.

Det offentlege Likestillingsutvalet, leidd av professor Hege Skjeie, skal levere ei utgreiing om framtidas likestillingspolitikk august 2012. Utgreiinga skal gjennomførast i eit livsløps-, klasse- og etnisitetsperspektiv. Målet med utgreiinga er å leggje grunnlaget for ein heilskapleg og kunnskapsbasert likestillingspolitikk for framtida. Som ei oppfølging av utgreiingane frå Kvinnepanelet og Likestillingsutvalet vil regjeringa starte arbeidet med ei stortingsmelding om likestilling mellom kjønna.

BLD vil føre vidare og styrkje samarbeidet med fylkesmennene om kommunal oppfølging av aktivitets- og rapporteringspliktene. BLD og fylkesmennene er i dialog for å konkretisere korleis fylkesmennene sitt oppdrag på likestillingsområdet skal gjennomførast.

BLD og Kommunal- og regionaldepartementet har i perioden 2008–2011 gitt prosjektmidlar til regionale senter for likestilling og mangfald. Likestillingsutvalet vil levere ei delutgreiing seinhaustes 2011. Delutgreiinga skal gi forslag til regjeringa om organiseringa av verkemiddelapparatet. I påvente av dette vil BLD forlengje prosjektløyvinga til tre regionale sentra for likestilling og mangfald med eitt år. Dette gjeld Likestillingssenteret i Hamar, KUN senter for kunnskap og likestilling i Steigen og Senter for likestilling i Kristiansand. Dei tre regionale sentra skal følgje opp lokale og regionale verksemder gjennom rettleiing, opplæring og erfaringsutveksling i arbeidet for å fremme likestilling.

BLD leier eit interdepartementalt utval som skal greie ut ei eventuell regulering av balansen mellom kjønna i styra i dei store aksjeselskapa med private eigarar. Utvalet skal leggje fram ein rapport innan utgangen av 2011.

For å fremme likestilling og mangfald i det samiske samfunnet har BLD, saman med Sametinget og Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, i 2010 oppretta ei stilling ved Gáldu – Kompetansesenteret for urfolks rettigheter. Dette er eit treårig prøveprosjekt fram til 2013 og ei oppfølging av Sametinget sin handlingsplan for likestilling. Prosjektet har som mål å styrkje kompetansen og kunnskapen i likestillings- og ikkje-diskrimineringsarbeidet i det samiske samfunnet.

BLD vil styrkje arbeidet for likestilling og mot diskriminering gjennom nordisk samarbeid, mellom anna gjennom arbeidet i Ministerrådet for likestilling. Det er eit mål å utvide omgrepet likestilling i det nordiske samarbeidet til å omfatte fleire diskrimineringsgrunnlag enn kjønn og nedsett funksjonsevne, så som etnisitet og seksuell orientering, og sjå desse i samanheng. Under det norske formannskapet for Nordisk ministerråd i 2012 vil det bli teke initiativ til ein politisk debatt om desse spørsmåla i Ministerrådet for likestilling (MR-JÄM).

Arbeidet med å implementere ein aktiv Europa-politikk vil halde fram. Departementet vidarefører dette arbeidet gjennom å delta i ei høgnivågruppe for ikkje-diskriminering, EU-programmet PROGRESS, som omfattar arbeid mot diskriminering og for mangfald, EFTA si arbeidsgruppe for kjønnslikestilling, ikkje-diskriminering og familiepolitikk og gjennom ei rådsstilling ved Noregs EU-delegasjon i Brussel med barne-, ungdoms-, familie-, likestillings- og ikkje-diskrimineringspolitikken som arbeidsområde.

Europarådet skal omorganiserast frå 2012. Målet er å redusere talet på styringskomitear og ekspertgrupper. Dette vil mellom anna medføre endringar for styringskomiteane for likestilling (CDEG), sosiale tilhøve (CDCS) og forumet for funksjonshemma (CAHPAH). Departementet er representert i desse komiteane i dag. Ny komitéstruktur og nye mandat skal fastsetjast endeleg hausten 2011. Ein vil tilpasse seg den nye strukturen i 2012 og handsame representasjon i ulike komitear med bakgrunn i dei pliktene Noreg har og den nytteverdien ein ser i deltaking.

Gjennom ei rekkje FN-konvensjonar er Noreg forplikta til å fremme likestilling og hindre diskriminering på ulike grunnlag. Departementet prioriterer arbeidet i 3. komité under FNs generalforsamling og vil gi innspel frå eige fagområde. Departementet vil vidareføre den årlege nasjonale kontaktkonferansen mellom styresmaktene og frivillige organisasjonar. Konferansen tek opp FN-prosessane om likestillings- og ikkje-diskrimineringsspørsmål. Noreg vil bli eksaminert av FNs kvinnediskrimineringskonvensjon (CEDAW) i 2012. Noreg vil leggje fram ein statusrapport om oppfølgingsarbeidet med tilrådingane frå FNs rasediskrimineringskomité i 2012.

Regjeringa har vedteke å feire 100-årsjubileet for at Stortinget 11. juni 1913 vedtok å innføre allmenn røysterett (kvinnestemmeretten). Regjeringa ønskjer at jubileet skal ta vare på det historiske perspektivet, samstundes som det engasjerer og er framtidsretta. Til å leie arbeidet har regjeringa sett ned ein komité som blir leidd av fylkesmannen i Buskerud, Kirsti Kolle Grøndahl. Komiteen ønskjer at dei sentrale fellesverdiane som demokratiet vårt byggjer på, som stemmerett, likestilling, deltaking og representasjon, skal danne ramma rundt feiringa. I tillegg til nokre få, større offisielle arrangement, håpar komiteen å inspirere til lokale arrangement over heile landet, i tillegg til markeringar internasjonalt. Det har vore eit mål å sjå Stemmerettsjubileet i samanheng med Grunnlovsjubileet 2014, og det er oppretta eit godt samarbeid. Regjeringa vil styrkje løyvinga til arbeidet med stemmerettsjubileet i 2012. BLD har fått sekretariatsfunksjonen.

Delmål 3.4: Eit familievennleg arbeidsliv

Resultatrapport 2010/2011

I regjeringas handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner, har BLD ansvar for to tiltak. Det eine tiltaket er å gi sjølvstendig næringsdrivande same rett til svangerskapspengar og foreldrepengar som arbeidstakarar. Dette er gjennomført med verknad frå 1. juli 2008. Det andre tiltaket er ei satsing for å få fleire menn til å ta ut meir enn fedrekvoten. Å få fedrar til å ta ut meir foreldrepengar vil gjere det enklare for kvinner å kombinere entreprenørskap og familieliv. NIFU, i samarbeid med Østlandsforskning, har gjennomført ei midtvegsevaluering av handlingsplanen. I rapporten (NIFU rapport 2010/2011) blir det tilrådd at planen anten blir spissa og får eit sterkare fokus på entreprenørskap, eller at han blir lagt breiare opp med fokus på kvinner som entreprenørar og leiarar. Nærings- og handelsdepartementet, som har ansvaret for planen, vil saman med mellom anna BLD og KRD ta stilling til kva strategi som skal veljast.

I St.meld. nr. 8 (2008–2009) Om menn, mannsroller og likestilling går det fram at regjeringa vil samarbeide med partane i arbeidslivet for å styrkje informasjonen om arbeidstakarane sine rettar til å tilpasse arbeid til familieliv, og for å utforme tiltak som stimulerer arbeidsgivarar til å ha ein personalpolitikk med strategiar for dei som tek permisjon, og for arbeidstakarar med barn. På bakgrunn av dette, arrangerte BLD, i samarbeid med dei største organisasjonane i arbeidslivet, éin nasjonal og to regionale konferansar om familievennleg arbeidsliv i 2010, sjå nærmare omtale under delmål 3.4 i Prop. 1 S (2010–2011) for BLD.

I samarbeid med Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet har BLD utarbeidd brosjyren Anbefalinger for en familievennlig personalpolitikk i staten. Brosjyren blei lansert i 2010 og gir statlege arbeidsgivarar gode råd om korleis dei kan gjere verksemda meir familievennleg. I tillegg gir brosjyren ei oversikt over dei viktigaste rettane som foreldre har i arbeidslivet.

Strategiar og tiltak for 2012

For å nå målet om eit familievennleg arbeidsliv er det nødvendig å sjå familie-, likestillings- og arbeidslivspolitikken i samanheng.

Regjeringa arbeider for at både kvinner og menn skal kunne delta i yrkeslivet gjennom ulike livsfasar. Noreg har høg yrkesdeltaking blant kvinner. Dette har mykje å seie for verdiskaping og økonomisk vekst. Det å sikre høg sysselsetjing blant foreldre krev tilrettelegging i arbeidslivet og likestilling mellom kvinner og menn i fordelinga av omsorgsoppgåvene i heimen. Noreg har ei rekkje ordningar retta mot familien som har til formål å styrkje fedrane si omsorgsrolle og kvinnene si deltaking i yrkeslivet og gjere det mogleg for begge foreldra å halde ved lag tilknytinga til arbeidslivet i småbarnsfasen. Gode barnehagar for alle og fleksible permisjonsordningar er viktige verkemiddel.

Det er eit mål å skape merksemd kring familie- og arbeidsliv i alle delar av landet og i heile arbeidslivet. Departementet tek sikte på å støtte gode tiltak regionalt som kan støtte opp om og vidareutvikle dei gode erfaringane frå arbeidslivskonferansane i 2010 og 2011. I samband med at Noreg har formannskapet i Nordisk ministerråd, vil departementet arrangere ein nordisk konferanse om familievennleg arbeidsliv i 2012.

Departementet vil utvikle den gode dialogen med arbeidslivet vidare. Saman med partane i arbeidslivet vil departementet sjå på korleis vi kan utvikle ein mal for livsfasesamtaler mellom vertande fedrar og mødrer og arbeidsgivarane deira. Målet med livsfasesamtala er auka medvit om korleis jobb og familie kan balanserast, og å informere om rettar og moglegheiter. For å bidra til likare arbeidsdeling i heimen vil departementet styrkje kompetansen om fedrar og likestilt foreldreskap i NAV, på helsestasjonane og for lærarar i introduksjonsprogram.

I Meld. St. 6 (2010–2011) Likestilling for likelønn går det fram at regjeringa vil vurdere ei ordning med rett til lønn under ammefri. Meldinga skisserer ei plikt for arbeidsgivarar til å betale lønn éin time per dag fram til barnet fyller eitt år til mødrer som har behov for fri frå arbeidet for å amme barnet. Det er lagt til grunn at kvinner som arbeider deltid i form av heile arbeidsdagar med eit redusert tal på dagar, vil ha behov for ammefri dei dagane dei arbeider, medan kvinner som arbeider deltid i form av kortare arbeidsdagar ikkje har det same behovet.

Delmål 3.5: Likelønn mellom kvinner og menn

Resultatrapport 2010/2011

Hausten 2010 la regjeringa fram Meld. St. 6 (2010–2011) Likestilling for likelønn. Meldinga blei handsama av Stortinget våren 2011. Meldinga syner korleis politikken for likestilling kan medverke til å minske lønnsgapet mellom kvinner og menn. Meldinga gjer greie for problema knytte til skilnadene i lønn for kvinner og menn, peiker ut politiske mål og legg fram konkrete tiltak som vil styrkje likestillinga i arbeidslivet og familien.

Meldinga omtaler skilnadene i lønn og inntekt og årsakene til at kvinner framleis tener mindre enn menn. Biletet er stabilt, sjølv om det har vore ei viss utjamning det siste tiåret. Kvinner har investert sterkt i yrkesarbeid og utdanning og har i eit kvart hundreår vore i fleirtal i høgare utdanning. Utdanning og yrkesdeltaking har likevel ikkje ført til tilsvarande lønns- og inntektsutjamning mellom kjønna. Lønnsgapet følgjer kjønnsdelinga i arbeidslivet. Med atterhald for kvinner i høgare utdanning er ungdom enno tradisjonelle i sine val av yrke. Familiane er meir jamstelte, men ei hevdvunnen arbeidsdeling gjeld i dei fleste høva. Desse tilhøva påverkar kvinner si deltaking i arbeidslivet og inntekta deira. I tillegg kjem diskriminering og lågare verdsetjing av kvinner sitt arbeid.

Gjennom fakta og analysar grunngir meldinga kvifor regjeringa legg vekt på to verkefelt i sin politikk for utjamning av lønnsgapet. Det er nødvendig å hindre lønnsdiskriminering på arbeidsplassen gjennom å halde lovverket i hevd. Samstundes vil ei jambyrdig arbeidsdeling i familien vere ein styrke for kvinner i arbeidslivet. I meldinga diskuterer regjeringa fleire tiltak som vil bli følgde opp i 2012, sjå omtale under strategiar og tiltak.

Strategiar og tiltak for 2012

Det inntektspolitiske samarbeidet er ein grunnleggjande del av den økonomiske politikken i Noreg, og ein dialog mellom styresmaktene og partane i arbeidslivet er ein føresetnad for dette samarbeidet. Den viktigaste arenaen for lønnsutjamning er lønnsoppgjera gjennom forhandlingar mellom partane. Lønnsoppgjera er partane sitt eige ansvar, men regjeringa er i dialog med partane og medverkar til at likelønn blir sett på dagsordenen under oppgjera.

Stortingsmeldinga om likelønn, som blei behandla i Stortinget våren 2011, syner korleis konkrete tiltak for likestilling òg er viktige bidrag til lønnsutjamning.

Det første gjeld ei slagkraftig oppfølging av likelønn etter gjeldande rettsreglar, slik dei er nedfelte i likestillingslova §§ 3 og 5. Regjeringa vil sikre at det blir utarbeidd lønnsstatistikk på den enkelte arbeidsplassen. Statistikken skal syne lønn fordelt på kjønn og stillingskategoriar. Vidare vil regjeringa sikre ei plikt for arbeidsgivarar til å opplyse om lønn til tillitsvalde ved mistanke om diskriminering. Sjå omtale under delmål 4.1.

Det er òg eit mål å hindre at tilsette får svekte vilkår og svakare lønnsutvikling på grunn av foreldrepermisjon. Regjeringa vil derfor vurdere om det er nødvendig med ei presisering av arbeidstakar sine rettar under og etter foreldrepermisjon. Sjå omtale under delmål 4.1.

I tillegg dreier seg om korleis tilhøve mellom familie- og arbeidsliv har innverknad på kvinner si lønn. Stortingsmeldinga om likestilling for likelønn syner at kvinner taper i lønn når dei får barn og tek lange permisjonar. Ei jamnare deling av permisjonen mellom foreldra vil mellom anna styrkje kvinner sin posisjon i arbeidslivet og lønnsutviklinga deira samanlikna med menn. Eit av tiltaka i meldinga er at regjeringa vil vurdere ei meir jamstelt foreldrepengeordning gjennom ei tydelegare tredeling av permisjonstida, med like store delar reserverte for mor og far.

Eit anna tiltak er at regjeringa vil vurdere å innføre ei plikt for arbeidsgivarar til å dekkje lønn under ammefri til barnet er eitt år. Sjå omtale under delmål 3.4.

God og tilgjengeleg lønnsstatistikk og gode lønnsindikatorar er eit nødvendig verkemiddel i regjeringa sitt arbeid for å redusere lønnsforskjellane mellom kvinner og menn. Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera gir ut lønnsstatistikk for kvinner og menn kvart år, etter næring, alder og utdanning. EU har utvikla eit meir djuptgåande sett av indikatorar og analysar av lønnsutviklinga for kvinner og menn.

Regjeringa vil vurdere å nytte dette verktøyet frå 2012 for ei systematisk og årviss oversikt over utviklinga i Noreg.

Delmål 3.6: Gode og tilgjengelege tilbod til personar utsette for vald i nære relasjonar

Resultatrapport 2010/2011

Tilgjengelege tilbod til personar utsette for vald

Lov om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova), jf. Ot.prp. nr. 96 (2008–2009), blei sett i kraft frå 1. januar 2010. Krisesenterlova inneber at kommunane har plikt til å sikre at personar som er utsette for vald eller trugsmål om vald i nære relasjonar, får vern, hjelp og oppfølging. Frå 2011 blei statstilskotet til krisesentertilbodet lagt inn i rammetilskotet til kommunane, medan 2010 var eit overgangsår der staten bidrog med 80 prosent av driftstilskotet til krisesentertilbodet etter søknad frå vertskommunane. I overgangsåret blei den statlege, øyremerkte løyvinga lagt om frå ei overslagsløyving til ei rammestyrt løyving. I tillegg blei den statlege løyvinga i 2010 styrkt med 45 mill. kroner til nødvendige endringar for å tilpasse tilbodet til krava i lova og 19 mill. kroner som ei eingongsløyving i overgangsåret.

Stortinget løyvde 15 mill. kroner i øyremerkt tilskot til kommunane til krisesentertilboda i samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2011. Tilskotet blei fordelt til kommunar med store omstillingsutfordringar som følgje av krisesenterlova og ny finansieringsordning for krisesentertilbodet.

Kommunen skal føre internkontroll med krisesentertilbodet, og fylkesmannen skal føre tilsyn med at kommunane oppfyller pliktene dei er pålagde etter krisesenterlova §§ 2, 3, 4 og 8. Departementet har utarbeidd ei rettleiing i internkontroll av det kommunale krisesentertilbodet for kommunane og har i samarbeid med representantar frå fylkesmennene utarbeidd ei rettleiing for fylkesmannen sitt tilsyn med krisesentertilbodet. For å hjelpe kommunane med implementeringa av krisesenterlova gjennomførte BLD, i samarbeid med fylkesmennene, 10 regionsamlingar om krisesenterlova i 2009/2010. Til saman deltok 190 kommunar på desse samlingane.

Tryggleik mot vald i nære relasjonar og menneskehandel

Med bakgrunn i Nordlandsforskning si evaluering av incestsentra frå 2009 har departementet tydeleggjort krava til incestsentra og valdtektssentra i rundskriv Q-22/2011 med retningslinjer for statstilskot til incestsentra og valdtektssentra. Bufdir gir årlege tilskot og set vilkår for drifta til Landsdekkjande telefon for offer for incest og seksuelt misbrukte. Den landsdekkjande incesttelefonen tok imot til saman 22 100 oppringingar i 2010, 9 240 av desse kom frå utsette jenter/kvinner, 4 215 frå utsette gutar/menn og 776 frå pårørande. I 2010 har det vore arbeidd med å etablere felles møtepunkt mellom Landsdekkjande telefon og incestsentra for å fremme kontakt og samarbeid og såleis gi brukarane eit best mogleg tilbod. Telefonen blir drifta av Incestsenteret i Vestfold. Bufdir gir også årleg driftstilskot til stiftinga Fellesskap mot seksuelle overgrep (FMSO), som er ein paraply- og interesseorganisasjon for senter mot incest og seksuelle overgrep. Fem organisasjonar fekk tilskot til valdsførebyggjande tiltak i 2010.

Tabell 3.12 Krisesentra. Talet på tilsette fordelt på kvinner og menn i perioden 2006–2010. I tillegg kjem tilsette som arbeider kun i tilbodet for menn

Tilsette

2006

2007

2008

2009

2010

Kvinner

369

383

416

478

492

Menn

9

10

10

18

17

I alt

378

393

426

496

509

Kjelde:  Tala for 2008, 2009 og 2010 er utarbeidde av Sentio Research AS.

Tabell 3.13 Aktiviteten ved krisesentra 2006–2010

2006

2007

2008

2009

2010

Talet på registrerte krisetelefonar

12 811

13 796

12 008

12 357

14 533

Talet på dagvitjingar

8 817

7 640

7 310

7 546

8 154

Tal på bebuarar

- kvinner

1 899

1 790

1 742

1 869

2 038

- barn

1 488

1 420

1 506

1 734

1 994

- menn

0

7

4

9

37

Gjennomsnittleg opphaldstid på krisesentra for bebuarar (talet på døgn), av desse for

24

28

30

30

29

- kvinner utan innvandrarbakgrunn

18

24

22

22

24

- kvinner med innvandrarbakgrunn

31

34

36

36

35

- bebuarar med etnisk minoritetsbakgrunn (i %)

56

58

59

61

63

Kjelde: Oversikta for 2008 og 2009 er utarbeidd av Sentio Research AS.

Tabell 3.14 Incestsentra. Talet på brukarar og tilsette fordelt på kvinner og menn i perioden 2006–2010

2006

2007

2008

2009

2010

Førstegongs kontakt med incestutsette*

Kvinner

1 610

1 462

1 569

1 039

1 104

Menn

450

501

574

337

445

I alt

2 060

1 963

2 143

1 376

1 549

Tilsette

Kvinner

87

104

131

120

126

Menn

10

10

16

18

13

I alt

97

114

147

138

139

Kjelde:  Tala for 2009 og 2010 er utarbeidde av Sentio Research AS.

For å bidra til at menn får eit betre tilbod, har BLD finansiert etablering av ein eigen nettstad for gutar og menn som er utsette for seksuelle overgrep; utsattmann.no. Nettsida har hatt rundt 1 100 treff og 300 faste brukarar i månaden. Departementet har også støtta to prosjekt i regi av Kirkens ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep med føremål om å gi utsette gutar og menn eit betre tilbod. Det er eit godt samarbeid mellom dei ulike organisasjonane og sentra som arbeider på dette feltet.

BLD har ansvaret for gjennomføringa av ei rekkje tiltak i regjeringa sin handlingsplan mot vald i nære relasjonar (2008–2011), Vendepunkt. Bufdir har utvikla vidare eit prøveprosjekt for vidaregåande skole om kommunikasjon og handsaming av konfliktar med særleg vekt på parforhold og familierelasjonar. Som eit samarbeid mellom familievern og skole er det utvikla eit undervisingsopplegg som i 2010 blei prøvd ut i tre vidaregåande skolar med godt resultat. Vidare utprøving skjer i 10 skolar i 2011.

Tilboda til familiar med valdsproblem er integrerte i familieverntenesta. Familievernet gjennomfører fleire prosjekt der vald i familien er tema. I tillegg gir ein tilbod om sinnemeistringskurs, gruppetilbod for valdsoffer og grupper for barn som har vore vitne til eller utsette for vald.

Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS), dei Regionale ressurssentra om vold, traumatisk stress og sjølvmordsforebygging (RVTS) og Reform – ressursenter for menn er viktige instansar på feltet. Dei utgjer rapportar, brosjyrar og gjennomførar ulike opplæringsprogram.

Det er hovudsakleg menn som utøver alvorleg vald i nære relasjonar, og det er nødvendig å få menn til å seie frå til menn som utøver vald at slik åtferd ikkje er akseptert. Med mål om å nå fram til menn med denne bodskapen lanserte departementet kampanjen Fotball mot vald våren 2011. Kampanjen er eit samarbeid med Hvitt Bånd, som er ein internasjonal kampanje mot vald mot kvinner driven av Reform – ressurssenter for menn. Kampanjen Fotball mot vald rettar seg mot fotballklubbar og -spelarar på alle nivå. Gjennom kampanjen blir mennene i fotball-Noreg oppfordra til å ta eit aktivt standpunkt mot vald mot kvinner. Kampanjen blir i stor grad drifta gjennom aktiviteten på nettsida fotballmotvold.no.

Regjeringa arbeider for å etablere eit landsdekkande hjelpe- og behandlingstilbod til valdsutøvarar, der Alternativ til vold (ATV) har ei viktig rolle. I 2010 blei det gjort eit arbeid for å motivere kommunar til å etablere ATV-tilbod. I Finnmark blir det utvikla eit tilbod til valdsutøvarar i samarbeid mellom Bufetat/familievern og ATV. Frå 2011 tok BLD over forvaltinga av heile statstilskotet til ATV. ATV fekk til saman 864 klientar til behandling i 2010. 540 av desse var vaksne valdsutøvarar.

BLD deltek i eit samarbeid og ei samfinansiering mellom fleire departement og direktorat av eit alternativ butiltak for offer for menneskehandel, Lauras hus, som blei vidareført i 2010. Tiltaket femner om alle som er utsette for menneskehandel, men med særleg vekt på dei som føder barn, og som har særskilt behov for ein trygg busituasjon der dei òg får tett oppfølging. Til saman ti kvinner og seks barn budde på Lauras hus i 2010. I samarbeid med Justisdepartementet er informasjon og haldningspåverknad i vidaregåande skole ført vidare i 2010. Forsvaret har integrert menneskehandel som eit tema i etikkundervisinga.

Informasjonstiltak har stått sentralt i BLDs oppfølging sidan 2007. Det blei òg gitt støtte i 2010 til Reforms arbeid med å vidareutvikle sin informasjon til menn som kjøper og sel sex. BLD har i 2010 delteke i arbeidet med regjeringas nye handlingsplan mot menneskehandel, Saman mot menneskehandel (2011–2014).

Strategiar og tiltak for 2012

For å nå målet om gode og tilgjengelege tilbod til personar som er utsette for vald i nære relasjonar, skal departementet setje i verk og føre vidare ei rekkje tiltak .

I tillegg til støtte til hjelpetiltak for offer er utviklinga av eit landsdekkjande hjelpetilbod til valdsutøvarar eit viktig tiltak for å kjempe mot vald i nære relasjonar. Menn skal også med i kampen mot vald mot kvinner gjennom eigne tiltak retta mot menn på mennene sine eigne arenaer.

Departementet utarbeider ei rettleiing til krisesenterlova med presiseringar og tolkingar av lova og retningslinjer og tilrådingar til kommunane. Bufdir skal ha ansvaret for at det blir utarbeidd eigen statistikk om krisesentertilbodet også i 2012. Departementet tek òg sikte på innrapportering av enkelte nøkkeltal i KOSTRA-skjema 7 (personell og verksemd i kommunale sosiale tenester). Departementet tek vidare sikte på å setje i gang med å evaluere implementeringa av krisesenterlova i 2012.

Betre tilgang til incestsentra og valdtektssentra for alle aktuelle brukargrupper, inkludert personar med nedsett funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn, er eit viktig mål. Tilbodet til gutar og menn som er utsette for incest og seksuelle overgrep, skal framleis vere eit prioritert område for sentra.

Ein ny handlingsplan mot vald i nære relasjonar vil vere gjeldande frå 2012, og BLD vil ha ansvar for gjennomføringa av ei rekkje tiltak. Det skal sytast for nødvendig og relevant kompetanseheving av det kommunale krisesentertilbodet i 2012 i samarbeid med KS. RVTS-ane vil spele ei viktig rolle når det gjeld kompetanseheving, informasjon, rettleiing og etablering av nettverk innan det kommunale krisesentertilbodet og i incestsentra og valdtektssentra.

I 2012 vil NKVTS arbeide vidare med oppdraget om å initiere prosjekt om vald i nære relasjonar i innvandrarfamiliar. Resultata frå desse forskingsprosjekta vil gå inn i arbeidet med den vidare utviklinga av hjelpetilbodet til kvinner og menn som er utsette for vald i nære relasjonar.

Undervisingsopplegget om kommunikasjon og konflikthandtering, utvikla i samarbeid mellom familievernet og skolen, skal bli gitt som tilbod til alle vidaregåande skolar.

Frå 2011 overtok BLD forvaltinga av det statlege tilskotet til Alternativ til vold (ATV). Tidlegare blei ATV samfinansiert av Justis- og politidepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og BLD. Utbygginga av tilbod i regi av ATV vil halde fram i 2012, med ei målsetjing om at fem nye kontor som er under planlegging og etablering, skal vere i drift seinast frå 2013. Samarbeidet mellom ATV og Bufetat/familievernet om eit tilbod til valdsutøvarar i Finnmark skal halde fram. Departementet vil setje i gang eit arbeid med å vurdere endringar i tilskotsordninga til ATV. I dialogen med ATV blir behovet for eit samarbeid med andre hjelpeinstansar, mellom anna familievernet, sterkt understreka.

Regjeringa lanserte ein ny handlingsplan mot menneskehandel i 2010. Ei sentral utfordring knyter seg framleis til behovet for trygge bustader for personar som er utsette for menneskehandel, og som søkjer refleksjonsperiode for å vurdere om dei skal røpe bakmenn og vitne i ei mogleg rettssak. Dei fleste dette gjeld, blir utnytta til prostitusjon.

Det skal greiast ut nærmare korleis regelverk og finansiering av for eksempel trygge bustader skal utformast for dei som vekslar mellom refleksjons- og asylstatus. Departementet vil i 2012, i samarbeid med aktuelle departement, bidra til å avklare framtidige løysingar for personar som søkjer refleksjonsperiode.

Delmål 4.1: Gode verkemiddel mot diskriminering på grunnlag av kjønn, seksuell orientering, etnisitet og nedsett funksjonsevne

Resultatrapport 2010/2011

Inga diskriminering på grunnlag av kjønn, seksuell orientering eller etnisk bakgrunn

Godt regionalt og lokalt likestillings- og antidiskrimineringsarbeid

BLD har ei pådrivar- og rettleiingsrolle for å fremme likestilling og hindre diskriminering på ulike grunnlag overfor andre departement. Samstundes har kvart departement eit særskilt ansvar for å utvikle mål og strategiar på sine eigne fagområde. Å integrere arbeidet for likestilling i det ordinære daglege arbeidet og sikre at arbeidet blir forankra i leiinga i den enkelte verksemda er viktige verkemiddel for å lykkast i arbeidet for å fremme likestilling på ulike grunnlag.

BLD ønskjer, i samarbeid med partane i arbeidslivet og LDO, å stimulere til ein auka innsats i arbeidslivet for å fremme likestilling på grunn av kjønn, etnisitet og nedsett funksjonsevne gjennom utlysing av prosjektmidlar. Midlane skal bidra til god oppfylling av aktivitets- og rapporteringsplikta. Private og offentlege arbeidsgivarar, organisasjonane i arbeidslivet, frivillige organisasjonar og stiftingar har kunna søkje. I tildelinga har ein vore oppteken av tiltak som har forankring i verksemdene sjølve, som utviklar rutinar og verktøy, og som set i gang nye prosessar når det gjeld å analysere likestillingssituasjonen i verksemdene.

BLD har planar om å publisere resultata frå prosjekta i eit samla hefte i 2012.

BLD har også ein rådgivarfunksjon overfor dei andre departementa mellom anna når det gjeld integrering av kjønns- og likestillingsperspektivet i statsbudsjettet. I 2010 er det utarbeidd ei rettleiing til utgreiingsinstruksen for likestillingsutgreiingar knytte til kjønn, etnisitet og nedsett funksjonsevne.

Departementet har ført vidare innsatsen for det regionale likestillingsarbeidet. Offentlege og private verksemder har plikt til å ta hand om likestillings- og mangfaldsperspektivet både som tenesteytar og arbeidsgivar på lokalt og regionalt nivå. Det er i 2010 gitt midlar til vidareføring av dei regionale likestillingssentra. Dei regionale sentra for likestilling og mangfald har ei informasjons- og pådrivarrolle for aktivitets- og rapporteringsplikta etter likestillingslova, diskrimineringslova og diskriminerings- og tilgjengelova. Sentra har ytt rettleiing, opplæring og erfaringsutveksling til lokale og regionale verksemder. Dei regionale sentra for likestilling og mangfald blei evaluerte i 2010 av Arbeidsforskningsinstituttet (AFI).

Evalueringa viser mellom anna at det er brei semje om at det er behov for regionale aktørar som kan drive meir pådriving og rettleiing på likestillingsfeltet. Fleire framhevar fordelen ved sentra sin geografiske nærleik og kjennskap til dei lokale kontekstane. AFI konkluderer med at sentra har behov for meir ressursar, dels for å kunne prioritere fleire område enn kjønn og kjønnslikestiling og dels for å kunne vere så aktive i regionane som mogleg. Rapporten gir ingen konkrete tilrådingar med omsyn til framtidig organisering av det regionale arbeidet for likestilling og mangfald.

Dei regionale prosjekta som departementet i tidlegare år har tildelt pengar til, har levert sine rapportar. Agder-fylka si 10-årssatsing på likestilling, Fritt Valg, er vidareført. Prosjektet bidreg til metodeutvikling for likestillingsarbeid og metodar som kan gi større variasjon i val av utdanning. Metodane som blir utvikla, rettar seg både mot barnehagar, grunnskole og høgare utdanning.

Departementet har fungert som pådrivar overfor fylkesmennene og deira rettleiing av kommunane i aktivitets- og rapporteringspliktene. Departementet har mellom anna sendt brev til fylkesmennene med presiseringar av korleis departementet vil at fylkesmennene skal utøve si rettleiingsrolle overfor kommunane i likestillingsarbeid. Fylkesmennene sitt arbeid med rettleiing av kommunane på dette feltet varierer i omfang og innhald. Departementet planlegg kurs for fylkesmennene i rettleiing og oppfølging av aktivitets- og rapporteringspliktene.

I 2010 leverte Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) utgreiinga Medievold avler vold – reell frykt eller moralsk panikk?. Prosjektet var ei oppfølging av stortingsmeldinga om menn. Utgreiinga konkluderer med at ein på bakgrunn av den forskinga som ligg føre, ikkje kan slå fast om det er ein samanheng mellom gutar sin bruk av medievald, haldningane deira til og bruken deira av vald. Forskarane kjem òg med tilrådingar om framtidig forsking på området.

Løyvinga til Reform – ressurssenter for menn blei ført vidare. Innsatsen var i 2010 knytt til synleggjering av senteret, forsking på menn, eit meir familievennleg arbeidsliv og synleggjering av menn som fedrar, satsing på menn med innvandrarbakgrunn og sosial inkludering, oppvekst og sosialisering for gutar og dessutan valdsførebyggjande arbeid.

Reform har mellom anna arbeidd med barnehageprosjektet Gender loops og utviklinga av Papparingen – eit gruppe- og samtaleopplegg for fedrar med små barn. Reform har også viktige lågterskeltilbod retta mot menn i ulike krisesituasjonar, i form av telefontenester, grupperettleiing og ulike samtale- og rettleiingsopplegg.

Inga diskriminering på grunn av seksuell orientering

Den auka innsatsen til regjeringa for å sikre rettane til lesbiske og homofile, støtte homofile og lesbiske i å leve ope og aktivt arbeide mot diskriminering blei ført vidare i 2010. Regjeringa sin Handlingsplan for betre livskvalitet blant lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (2009–2012) dannar basisen for arbeidet.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) fordelte i 2010 ca. 1,4 mill. kroner til 26 prosjekt og tiltak som kan bidra til betre livskvalitet for lhbt-personar. Prosjekt som er knytte opp mot lhbt-personar og haldningsarbeid i bedrifter og arbeidsliv, eller som er knytte til fleire diskrimineringsgrunnlag, lhbt-ungdom, eldre lhbt-personar og lhbt-personar i idrettsmiljø, er blitt prioriterte.

På bakgrunn av ei brei utgreiing som BLD la fram i 2010, har BLD etablert eit ressurssenter for lhbt-spørsmål. Senteret er knytt til Bufdir. Senteret skal etablere samarbeid med dei ulike sektorane, organisasjonar og partane i arbeidslivet og støtte arbeidet med å tilpasse tenester og tilbod og utvikle betre kunnskap om behov og utfordringar blant lhbt-personar.

FAFO-rapporten Behov for helse- og omsorgstjenester blant lesbiske og homofile blei publisert i 2010. Rapporten greier ut om tilgjengeleg kunnskap om eldre lesbiske og homofile sine behov for helse- og omsorgstenester. Det kan vere grunnlag for å tru at ei veksande gruppe eldre lesbiske og homofile vil stille det offentlege hjelpeapparatet innanfor pleie og omsorg overfor nye utfordringar. Rapporten gir grunnlag for tenesteutvikling og vidare kunnskapsinnhenting i regi av helsestyresmaktene.

Rokkan-senteret sin rapport Kartlegging av barne- og familievernets tilbod til lhbt-personar kom i 2010. Det kom mellom anna fram eit behov for styrkt kunnskap blant Bufetat sine tilsette om kva utfordringar og behov lhbt-personar har. Rapporten vil bli følgd opp av Bufdir i 2011.

Det er behov for nye analysar av lesbiske og homofile som har inngått partnarskap og ekteskap. Dei siste analysane blei gjorde i 2001. Departementet har sett i gang ein studie som vil omfatte alle som inngjekk registrert partnarskap frå 1993 til 2008 og likekjønna ekteskap i 2009 og 2010. Studien vil mellom anna gi svar på aldersavstanden mellom dei to partane, kvar i landet dei bur, erfaring frå tidlegare ekteskap / registrert partnarskap, og om det auka talet på likekjønna par som vel å få barn dei siste åra, kan ha endra den betydelege overrisikoen for skilsmisse som tidlegare forsking har vist for par av to kvinner samanlikna med par av to menn og ulikekjønna par.

Aktiv innsats for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering

Regjeringa sin Handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering (2009–2012) er retta mot å motverke diskriminering som særleg innvandrarar og barna deira, samar og nasjonale minoritetar kan oppleve. Regjeringa samarbeider med partane i arbeidslivet om felles tiltak som inngår i planen. Ein statusrapport per 1. januar 2011 syner at 57 av dei 66 tiltaka i planen er sette i verk i 2010. Av desse er 23 tiltak gjennomførte.

Departementet har utarbeidd ein eigen strategi for korleis aktørane som er omfatta av aktivitets- og rapporteringsplikta, skal få auka kjennskap til pliktene. I 2010 er det mellom anna utarbeidd eit rundskriv til § 9 i diskriminerings- og tilgjengelova og sett i gang arbeid med utvikling av ei standard opplæringspakke for leiarar i privat og offentleg verksemd.

I 2010 har Statistisk sentralbyrå på oppdrag frå departementet utvikla statistikkgrunnlag som kan brukast til å gjennomføre ei kartlegging av talet på innvandrarar i bedrifter.

Likestillings- og diskrimineringsombodet har i 2009 og 2010 fått støtte frå PROGRESS-programmet til å gjennomføre kampanjen Mangfold på ordentlig! for å auke kompetansen blant norske arbeidsgivarar, partane i arbeidslivet og allmenta generelt om krava og moglegheitene som ligg i dei nye reglane om aktivitets- og rapporteringsplikt. I 2009 og 2010 har om lag 1 500 personar delteke på seminar og ekspertkonferanse. Nesten 100 tilsette i Posten Norge og 150 tilsette i Asker kommune har delteke på ein spesialtilpassa workshop om likeverdig tenesteyting.

FAFO har gjennomført undersøkinga Mangfold og likestilling i arbeidslivet. Holdninger og erfaringer blant arbeidsgivere og tillitsvalgte. Studien viser mellom anna at halvparten av arbeidsgivarane har sett opp konkrete mål for likestilling, men det er stor variasjon mellom ulike bransjar. Dei fleste bedriftsleiarar i undersøkinga er kjende med at dei har ei aktivitets- og rapporteringsplikt, sjølv om tiltrua til lovpålegget er låg.

Oslo kommune har, med støtte frå departementet, gjennomført kontrollar av utestader for å sjå om dei følgjer forbodet mot diskriminering. Departementet har saman med LDO, Oslo kommune og Oslo politidistrikt oppretta ei referansegruppe mot diskriminering i utelivet.

Hausten 2010 samla departementet og Reform – ressurssenter for menn ei rekkje organisasjonar og menn med innvandrarbakgrunn til utveksling av idear for å få innspel til departementet sitt vidare arbeid for auka likestilling med fokus på menn med innvandrarbakgrunn som ressurs i arbeidet med likestilling.

Departementet har tidlegare støtta mentorprogram på etnisitetsfeltet. I 2010 har Likestillingssenteret på Hamar med støtte frå BLD kartlagt mentorordningar i arbeidslivet knytte til likestilling på fleire grunnlag. Senteret har også utarbeidd ei rettleiing for mentorar.

Departementet har oppretta ei tverrdepartemental arbeidsgruppe for å vurdere ikkje-rettslege verkemiddel for å få fleire personar med innvandrarbakgrunn inn i styrer i offentleg eigde føretak. Det vil vil bli arbeidd vidare med tiltaket i handlingsplanperioden.

Senter for studier av holocaust og livssynsminoriteter har fått i oppdrag å undersøkje kva haldningar befolkninga har til jødar og jødedom, muslimar og romfolk. Studien skal gjennomførast i samarbeid med internasjonale ekspertar på feltet og skal vere ferdig i 2012.

Internasjonalt samarbeid på samlivs-, likestillings- og likebehandlingsområdet

Noreg har i 2010 fremma kjønnsperspektivet og likebehandling på ulike diskrimineringsgrunnlag i FN og andre faste organ for internasjonalt samarbeid.

FN-samarbeidet

Noreg har i 2010 halde ein høg profil i FN-forum for kvinnespørsmål og ikkje-diskrimineringsspørsmål. Departementet deltok i arbeidet i 3. komité under FNs generalforsamling, som omhandlar familiepolitikk, barn og unge, likestilling mellom kjønna, etnisk likestilling og personar med nedsett funksjonsevne.

I mars 2010 forplikta Noreg seg til å følgje opp 66 tilrådingar frå FNs medlemsland som blei mottekne under høyringa i FNs menneskerettsråd (Universial Periodic Review) i desember 2009. Departementet arbeider i 2011 med å følgje opp dei tilrådingane som gjeld barn, likestilling og ikkje-diskriminering og inkludering.

Noreg leverte sin 8. rapport om oppfølging av FNs kvinnediskrimineringskonvensjon (CEDAW) i september 2010. Hausten 2010 førebudde Noreg seg på eksaminasjonen ved FNs rasediskrimineringskomité (CERD). Eksaminasjonen blei gjennomført i februar 2011, og overvakingskomiteen (CERD) la fram sine konkluderande merknader i mars 2001. I 2011 startar departementet arbeidet med å følgje opp tilrådingane frå CERD. BLD har i 2010 følgt opp sluttdokumentet frå FNs tilsynskonferanse mot rasisme (Durban II), som blei halden i Genève i april 2009.

Samarbeidet i Europarådet

Styringskomiteen for likestilling (CDEG) arbeider for like moglegheiter og like rettar for kvinner og menn og for å styrkje integrering av kjønnslikestilling i medlemslanda og i Europarådet som institusjon, og har etablert eit samarbeid på tvers av ulike komitear. I 2010 blei samarbeid innan utdanning og om media si rolle prioritert.

Komiteen har hatt eit sterkt fokus på arbeidet mot vald mot kvinner og bidrege til å starte arbeidet for ein konvensjon om vald mot kvinner og vald i heimen; verdas første internasjonale rettslege instrument på dette området. Arbeidet blei sluttført frå ekspertkomiteen si side i 2010. Den 7. april blei den viktige konvensjonen vedteken av Ministerkomiteen.

Komiteen la i 2010 fram to rapportar; ein analytisk og samanliknande studie av arbeid med vald mot kvinner og ein rapport over statusen i dei 47 medlemslanda når det gjeld demokratisk deltaking for kvinner. Den siste rapporten viste at det ikkje har vore nokon vesentleg framgang når det gjeld kvinner si deltaking i politiske styringsorgan dei seinare åra.

BLD har, saman med Justis- og politidepartementet, delteke i ein adhockomité i Europarådet i perioden 2009–2010. Komiteen har utarbeidd utkast til Europarådskonvensjonen om førebygging og nedkjemping av vald mot kvinner og vald i nære relasjonar.

Departementet har i 2010 koordinert oppfølginga av tilrådingane frå den europeiske kommisjonen mot rasisme og intoleranse (ECRI) i kommisjonens fjerde rapport om Noregs arbeid på feltet. I 2011 leverer Noreg ein midtvegsrapport om oppfølginga av hovudtilrådingane.

Europarådets arbeid med rettane for personar med nedsett funksjonsevne er nærmare omtalt under delmål 4.2.

Norden og nærområda

Departementet tek del i det nordiske samarbeidet på kjønnslikestillingsområdet. Dette inneber deltaking i Ministerrådet for likestilling (MR-JÄM). Ministerrådet har vedteke eit nytt fireårig samarbeidsprogram for perioden 2011–2014; Likestilling skaper et bærekraftig samfunn. Prioriterte område i det nye samarbeidsprogrammet er utdanning, kjønn, etnisitet og likestilling, likestilling på arbeidsmarknaden og nulltoleranse mot kjønnsrelatert vald.

Samarbeid i EU og EØS

BLD oppretta i 2010 ei rådsstilling ved Noregs delegasjon i Brussel med barne-, ungdoms-, familie-, likestillings- og ikkje-diskrimineringspolitikken som arbeidsområde. Departementet førte vidare ordninga med ein nasjonal ekspert i kommisjonen. Noreg deltek i det fleirårige rammeprogrammet DAPHNE III (2007–2013). Dette er EUs handlingsprogram om vald mot barn, ungdom og kvinner. BLD har ansvaret for å koordinere den norske deltakinga i programmet. Arbeidet held fram i 2011.

BLD følgjer opp dei utlysingane som kjem under PROGRESS-programmet, og har gitt Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) i mandat å søkje støtte frå programmet. I 2009 og 2010 gjennomførte LDO kampanjen Mangfold på ordentlig! for å auke kompetansen blant norske arbeidsgivarar, partane i arbeidslivet og allmenta generelt om dei nye reglane om aktivitets- og rapporteringsplikt.

I 2010 deltok Noreg for andre året på rad i EUs høgnivågruppe om ikkje-diskriminering som observatør. Høgnivågruppa rapporterer om verksemda si til EUs årlege Equality Summit. Blant temaa som har vore oppe i gruppa i 2010, er tiltak for å kjempe mot diskriminering og fremme likebehandling for lhbt-personar, tiltak mot etnisk diskriminering i arbeidslivet og ei betring av situasjonen for romfolket. Aldersdiskriminering i arbeidslivet blir tema for 2011.

Bilateralt samarbeid

I 2010 blei det starta eit samarbeid på departementsnivå med Vietnam. Målet er å styrkje kunnskapen om og erfaringa med arbeid med likestilling mellom menn og kvinner. Samarbeidet varer fram til 2014.

Ei samla lov mot diskriminering på alle grunnlag er greidd ut.

BLD har i 2010 arbeidd med oppfølginga av NOU 2009:14 Et helhetlig diskrimineringsvern. Arbeidet held fram i 2011.

Strategiar og tiltak for 2012

Regjeringa skal ha ein tydeleg profil når det gjeld likestilling og ikkje-diskriminering på grunnlag av kjønn, seksuell orientering, etnisitet og nedsett funksjonsevne, både nasjonalt og internasjonalt.

Sentralt i arbeidet med å fremme gode verkemiddel mot diskriminering på grunnlag av kjønn, seksuell orientering, etnisitet og nedsett funksjonsevne står oppfølging av Handlingsplan for betre livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (2009–2012), Handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering (2009–2012), Likestilling 2014 – regjeringa sin handlingsplan for likestilling mellom kjønna (2011–2014) og Handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge (2009–2013).

BLD vil arbeide med å sjå dei ulike diskrimineringsgrunnlaga meir i samanheng. Arbeidet med ny diskrimineringslovgiving i oppfølginga av forslaget i NOU 2009:14 og arbeidet med å sikre at aktivitets- og rapporteringspliktene i likestillingslova, diskrimineringslova og diskriminerings- og tilgjengelova blir følgde opp av aktørane som er omfatta av pliktene, er viktige oppgåver.

Regjeringa skal auke innsatsen for å sikre rettane til lesbiske og homofile, støtte homofile og lesbiske i å leve ope og aktivt motarbeide diskriminering. Regjeringa sin handlingsplan Betre livskvalitet blant lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (2009–2012) dannar grunnlaget for arbeidet.

Behovet for ein revidert plan vil bli vurdert. Det vil bli vurdert om det er behov for å vidareføre tiltak, og om det også bør utformast mål og tiltak på sektorar som ikkje har hatt dette til no. Dette skal vere med på å sikre ei offensiv utvikling av dette politikkområdet også utover den gjeldande planperioden.

Oppbygginga av det nasjonale kompetansesenteret om lhbt-spørsmål, som blei sett i gang i 2011, skal halde fram i 2012. Sentrale aktivitetar for senteret i 2012 vil mellom anna vere å følgje opp mål og tiltak i regjeringa sin handlingsplan, deriblant gjennomføring av FoU-prosjekt, etablering av eit kontaktnettverk på tvers av sektorane og utvikling av ein kunnskapsbase på Internett.

Det skal i 2012 leggjast opp til eit større paraply-prosjekt med merksemd på levekår blant lhbt-personar og haldningar i den norske befolkninga, basert på representative, kvantitative data.

Departementet vil støtte forskingsprosjektet Frå registrerte partnarskap til ny ekteskapslov: Nye grupper og mindre skilsmisserisiko? også i 2012.

Evalueringa av innføringa av ei felles ekteskapslov, som blei starta i 2011, skal fullførast i 2012.

Innsatsen for å fremme likestilling og hindre diskriminering av personar med innvandrarbakgrunn blir ført vidare i 2012, og regjeringa sin handlingsplan på feltet er det viktigaste grunnlaget for innsatsen. BLD koordinerer arbeidet med å følgje opp planen og samarbeider med dei åtte hovudorganisasjonane i arbeidslivet om felles tiltak for å hindre diskriminering i arbeidslivet. Eit av hovudmåla med handlingsplanen er å bidra til ei god implementering av dei nye aktivitets- og rapporteringspliktene. Eit anna hovudmål er å auke kunnskapen om arten av, omfanget av og årsakene til diskriminering for å kunne setje i verk meir treffsikre tiltak. Dei viktigaste tiltaka for BLD i 2012 er å etablere eit forum for likestillingsdata som vil gi betre oversikt over kva som finst av statistikk som kan belyse likestilling og diskriminering på ulike grunnlag. Ein vil og føre vidare arbeidet med å auke prosentdelen personar med etnisk minoritetsbakgrunn i styra i offentleg eigde føretak, gjennomføre forskingsprosjekt om antisemittisme og gi midlar til LDOs prosjekt retta mot å sikre likeverdige offentlege tenester.

Noreg tek over formannskapet i Nordisk ministerråd frå 1. januar 2012. Hovudtemaet i det norske formannskapsprogrammet er Velferdsstaten i eit nordisk perspektiv. Prioriterte undertema som fell innanfor ramma av BLDs politikkområde, er likestilling, universell utforming, integrering og inkludering og andre tverrgåande tema som utfordringar på barne- og ungdomsområdet. Dette er viktige element i utforminga av ein berekraftig nordisk velferdsmodell.

Innanfor ramma av hovudprogrammet er det utarbeidd sektorprogram på likestillingsområdet, på området universell utforming og på området barn og unge, som også omfattar familiestøttande tiltak. Norden er på mange måtar blitt fleirkulturelt, og utfordringar knytte til integrering og inkludering står på dagsordenen i alle dei nordiske landa. Både innanfor dette og andre politikkområde legg det norske formannskapet vekt på gjensidig samarbeid, læring og utvikling. Det er stor interesse i alle dei nordiske landa for korleis ulike velferdspolitiske utfordringar kan løysast. Det vil under det norske formannskapet mellom anna bli halde nordiske/internasjonale konferansar både på likestillingsområdet og på området universell utforming.

Europarådet vedtok i 2010 ei tilråding om medlemslanda sin politikk for å sikre lesbiske, homofile, bifile og transpersonar grunnleggjande rettar og ein rimeleg livskvalitet for gruppa. Europarådet skal gå gjennom arbeidet med tilrådinga i dei ulike landa innan 2013. Oppfølginga av tilrådinga i Noreg blir koordinert av BLD.

Delmål 4.2: Full deltaking og likestilling for personar med nedsett funksjonsevne

Resultatrapport 2010/2011

Inga diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne

Regjeringa sin handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge (2009–2013) har som visjon at Noreg skal vere universelt utforma innan 2025. 16 departement er involverte med over 200 tiltak.

Tiltaka har ei tidsramme på frå eitt til 15 år, og fleire er større, langsiktige program som leverer resultat årleg.

Nær 20 tiltak blei avslutta i 2010. Tiltak innanfor mellom anna kommunalt utviklingsarbeid, informasjon, opplæring og utdanning, standardisering og indikatorutvikling fekk støtte frå stimuleringsmidlar til handlingsplanen i 2010.

Regjeringa er i gang med å få fram indikatorar for tilgjenge som både kan måle grad av tilgjenge og effekt av innsats for auka tilgjenge over tid. Indikatoren for planlegging syner at universell utforming i aukande grad er ein del av den kommunale planlegginga. I 2010 hadde 30 prosent av kommunane og 37 prosent av fylkeskommunane ein gjeldande plan med universell utforming, noko som er høvesvis 4 prosentpoeng fleire og uendra sidan 2009.

Det er oppretta ei referansegruppe med deltaking frå interesse- og fagorganisasjonar. Referansegruppa blir orientert om arbeidet og gir innspel til vidare innsats. Gruppa har to møte i året.

Det er under arbeid standardar på fleire område. Ein omfattande standard for byggverk blei gjord ferdig og publisert i 2010, saman med ein standard for tilgjengelege reiselivsmål.

For å auke merksemda om dei moglegheiter og behov for nyskaping som finst, er det sett i gang arbeid med ein innovasjonspris for universell utforming. Prisen er òg ein del av arkitektursatsinga arkitektur.no, som Kulturdepartementet samordnar. Prisen skal delast ut i 2011.

For å styrkje det internasjonale samarbeidet, tilgangen på informasjon og kompetanse er det sett i gang arbeid med ein internasjonal konferanse om universell utforming. Konferansen blir halden i Oslo i 2012. Deltasenteret er prosjektansvarleg for konferansen.

Deltasenteret i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet bidreg med ei rekkje arbeid for å støtte målsetjinga i handlingsplanen. Arbeida dekkjer eit breitt spekter av tema, mellom anna verktøy for å utarbeide handlingsplanar for universell utforming i statsetatar, ein rettleiar for tilgjengelege nettsider, ei utgreiing av vegfinning i bygg, ei samordning av arbeidet med indikatorar og fagleg hjelp til å utvikle standardar. Deltasenteret samarbeider breitt med andre statlege faginstitusjonar, forskingsinstitutt, kommunar og interesseorganisasjonar.

Handlingsplanen for universell utforming skal evaluerast i tidsrommet frå våren 2011 til våren 2013.

IT Funk (2007–2013) er ei tverrgåande satsing knytt til personar med nedsett funksjonsevne og ny teknologi under Noregs forskingsråd. Gjennom fleire år har satsinga utvikla ei arbeidsform basert på tett samarbeid mellom næringsliv, FoU-miljø, brukarorganisasjonar og offentlege instansar.

Mennesker med utviklingshemming skal heller ikke diskrimineres! Informasjons- og utviklingsprogram 2010–2013 blei lagt fram i oktober 2010. Programmet er utarbeidd i samarbeid mellom BLD og andre departement, interesseorganisasjonar, fagorganisasjonar og fagmiljø. Det inneheld hovudretningslinjene for politikken for menneske med utviklingshemming, som blei fastlagde i samband med reforma for 20 år sidan: omtale av viktig lovgiving på området og informasjon om korleis departementa arbeider for å gjennomføre intensjonane i reforma.

I juni 2010 blei Statens råd for likestilling av funksjonshemma, Deltasenteret, fordelingsnemnda for tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar og antidiskriminerings- og levekårsarbeidet (medrekna forvaltinga av FoU-midlar som skal betre situasjonen for personar med nedsett funksjonsevne) flytte over frå Helsedirektoratet til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Statens råd for likestilling av funksjonshemma, som har til oppgåve å gi råd mellom anna til departement og direktorat, vidareførte i 2010 sysselsetjing for personar med nedsett funksjonsevne som hovudsatsingsområde. Rådet har delteke i departementa sitt arbeid med å auke yrkesdeltakinga for personar med nedsett funksjonsevne.

Det blir gitt driftstilskot til funksjonshemma sine organisasjonar, tilskot til ferie- og velferdstiltak for personar med nedsett funksjonsevne og tilskot til likemannsarbeid. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet forvaltar ordninga, og midlane blir fordelte av ei eiga nemnd. Direktoratet har fått i oppdrag å foreta ein gjennomgang av regelverket for tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar.

Som ansvarleg departement for å koordinere politikken for personar med nedsett funksjonsevne deltok BLD i 2010 i nordisk samarbeid gjennom Ministerrådet for sosial og helse (MR-S) og Det nordiske handikappolitiske rådet.

BLD deltek som observatør i EUs høgnivågruppe for personar med nedsett funksjonsevne. I 2010 vedtok EU ein ny europeisk strategi for personar med nedsett funksjonsevne for 2010–2020.

Ministerrådet i Europarådet vedtok i 2006 ein eigen handlingsplan for personar med nedsett funksjonsevne for perioden 2006–2015. Det er etablert eit eige forum (CAHPAH) som følgjer opp handlingsplanen. Noreg er med i dette forumet. I 2010 blei det gjennomført ei midtvegsevaluering av handlingsplanen.

Strategiar og tiltak for 2012

For å fremme deltaking og likestilling for personar med nedsett funksjonsevne støttar BLD opp under den vidare implementeringa av diskriminerings- og tilgjengelova. Viktige verkemiddel på området er oppfølging av handlingsplanen for universell utforming og auka tilgjenge for 2009–2013, informasjons- og utviklingsprogrammet om politikken for personar med utviklingshemming og revideringa av strategiplanen for familiar med barn som har nedsett funksjonsevne.

Arbeidet med å fremme likestilling og hindre diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne i alle aldersgrupper må sjåast i samanheng med andre diskrimineringsgrunnlag som kjønn, seksuell legning og innvandrarbakgrunn. God kunnskap om levekåra og livssituasjonen til personar med nedsett funksjonsevne i alle aldrar er eit viktig underlag i utforminga av politikken. Arbeid med å utvikle verktøy for dokumentasjon av levekårsituasjonen vil bli sett i gang.

Målretta informasjons-, forskings- og utviklingstiltak skal bidra til å betre levekår- og livssituasjonen for personar med nedsett funksjonsevne.

Tilskot til kunnskapsutvikling skal stimulere til auka innsats i forskinga om levekår og livssituasjonen til personar med nedsett funksjonsevne.

Regjeringas handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge for 2009–2013 skal støtte opp under implementeringa av diskriminerings- og tilgjengelova, ny plan- og bygningslov og anna ny lovgiving som handlar om universell utforming.

Deltasenteret er staten sitt kompetansesenter for deltaking og tilgjenge. Visjonen til Deltasenteret er deltaking og tilgjenge for alle. Målet er at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne delta i samfunnet på linje med andre. Senterets arbeid er basert på at universell utforming, tilrettelegging, teknologi og hjelpemiddel saman fører til auka deltaking og tilgjenge for menneske med nedsett funksjonsevne.

Deltasenteret arbeider tett opp mot tiltaka i regjeringa sin handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge for 2009–2013. Deltasenteret skal identifisere funksjonshemmande barrierar og vise korleis desse hindringane kan fjernast eller reduserast. Senteret skal utvikle kunnskap og vere rådgivar i spørsmål som gjeld tilgjenge. Vidare skal senteret synleggjere nytten av tverrfagleg innsats.

Regjeringas visjon er at Noreg skal vere universelt utforma innan 2025. Visjonen skal ein nå gjennom ulike sektortilpassa verkemiddel. Det blir nytta tidfeste mål. Sentrale innsatsområde i planen er bygg, uteområde/planlegging, transport og IKT. Ein raud tråd i planen er auka sysselsetjing for personar med nedsett funksjonsevne. Gjennom handlingsplanen skal departementet arbeide for at sektorstyresmaktene skal implementere universell utforming som standard i regelverk og praksis. 15 departement tek del med tiltak i planen. Det er knytt stimuleringsmidlar til planen. Desse blir nytta til prioriterte og tverrsektorielle tiltak. Det er oppretta eit forum med deltaking frå interesseorganisasjonar, faglege organisasjonar og faginstitusjonar for informasjon og tilbakemelding om tiltak og framdrift i handlingsplanen. Regjeringa er i gang med å utvikle nasjonale indikatorar for tilgjenge på dei sentrale innsatsområda. Det vil bli gjennomført samfunnsøkonomiske analysar for å klarleggje dei verknadene universell utforming har for den enkelte og for sosial og økonomisk berekraft. Analysane inngår i evalueringa av handlingsplanen. Det vil bli lagt vekt på å styrkje kompetansen i kommunane for å gjennomføre tiltak i tråd med intensjonane i handlingsplanen og lover på feltet.

Det er teke initiativ til å arrangere ein stor internasjonal konferanse om universell utforming i Oslo i 2012 for å styrkje kontakten med internasjonale fagmiljø på feltet.

Det er sett i gang eit arbeid for å gjennomgå status i oppfølgjing av Strategiplanen for familier med barn med nedsett funksjonsevne frå 2005. I denne samanhengen er det innhenta eit omfattande kunnskapsgrunnlag om situasjonen for barn og unge med nedsett funksjonsevne og deira familiar. Kontakt med ulike myndigheiter, brukar- og yrkesorganisasjonar på feltet inngår som ein del av arbeidet. Prosessen blir leia av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

BLD vil, i samarbeid med andre departement, følgje opp arbeidet med informasjons- og utviklingsprogrammet Mennesker med utviklingshemming skal heller ikke diskrimineres!. Mellom anna skal det gjennomførast regionale konferansar i 2012 for alle kommunar, aktuelle organisasjonar, fagmiljø og departement.

BLD vil i 2012 bidra til jobbstrategien for unge med nedsett funksjonsevne mellom anna gjennom fleire av tiltaka i regjeringas handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge (2009–2013) og gjennom oppfølging av likestillings- og diskrimineringslovgivinga.

Statens råd for likestilling av funksjonshemma er eit regjeringsoppnemnt rådgivande organ for offentlege styresmakter, særleg departementa, og statsforvaltinga elles. Rådet skal gi rom for drøfting mellom rådet sine medlemmer og offentlege organ og skal kunne ta initiativ og kome med tilrådingar. Rådet har eit sekretariat. Mandatet til rådet går ut i mars 2012. Departementet vil i den samanhengen revurdere den framtidige rolla og funksjonen til rådet.

Det er utarbeidd ein strategi for IT Funk sitt arbeid med forsking og innovasjon. Strategien ligg til grunn for arbeidet i perioden 2010–2012. Ei evaluering av IT Funk vil starte opp hausten 2011.

Arbeidet for likestilling og mot diskriminering i nordisk samanheng held fram, mellom anna gjennom det norske formannskapet i Nordisk ministerråd i 2012. Universell utforming er ei av satsingane under formannskapet.

Noreg tek del som observatør i EUs høgnivågruppe for personar med nedsett funksjonsevne. Departementet vil følgje opp EUs arbeid med rettane til personar med nedsett funksjonsevne, mellom anna gjennom EUs strategi for funksjonshemma for perioden 2010–2020.

Noreg tek aktivt del i Europarådet sitt arbeid med rettane til personar med nedsett funksjonsevne.

BLD vil følgje opp arbeidet i FN om rettane til personar med nedsett funksjonsevne. BLD deltek mellom anna i oppfølginga av konvensjonen om rettane for menneske med nedsett funksjonsevne, og BLD deltek som observatør i FNs kommisjon for sosial utvikling, som er eit organ under ECOSOC. BLD stiller ressursar til disposisjon for arbeidet til FNs spesialrapportør for personar med nedsett funksjonsevne.

Regjeringa vil førebu verjemålsreforma i løpet av 2012 med sikte på at lova kan tre i kraft frå 1. juli 2013 (jf. nærmare omtale i Justis- og politidepartementet sin budsjettproposisjon).

Når verjemålsloven trer i kraft sørgjer Regjeringa for at Noreg får eit regelverk og ein organisasjon for verjemål som gir auka rettstryggleik og rettslikskap for svake grupper som har behov for bistand til å ivareta sine interesser. Iverksettinga av lova er ein føresetnad for eventuell ratifisering av FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne (CRPD).

Nærmare om budsjettforslaget:

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

840

Krisetiltak

330 853

114 000

107 237

-5,9

841

Samliv og konfliktløysing

31 469

33 476

33 179

-0,9

842

Familievern

335 039

339 730

348 026

2,4

843

Likestillings- og diskrimineringsnemnda

2 283

2 363

3 409

44,3

844

Kontantstøtte

1 401 455

1 437 000

1 223 000

-14,9

845

Barnetrygd

14 849 462

14 950 000

15 030 000

0,5

846

Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

59 239

69 556

72 338

4,0

847

Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne

207 908

213 613

218 310

2,2

849

Likestillings- og diskriminerings ombodet

51 128

52 713

54 347

3,1

Sum kategori 11.10

17 268 836

17 212 451

17 089 846

-0,7

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på postgrupper

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

01-23

Drift

297 282

295 066

303 915

3,0

50-59

Overføringar til andre statsrekneskapar

65 099

64 813

66 823

3,1

60-69

Overføringar til kommunar

305 633

78 659

70 000

-11,0

70-98

Overføringar til private

16 600 822

16 773 913

16 649 108

-0,7

Sum kategori 11.10

17 268 836

17 212 451

17 089 846

-0,7

Inntekter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

3842

Familievern

4 664

577

595

3,1

3846

Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

436

500

Sum kategori 11.10

5 100

577

1 095

89,8

Kap. 840 Krisetiltak

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

21

Spesielle driftsutgifter

13 803

5 547

5 719

60

Tilskot til krisesenter

236 717

15 000

61

Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

61 427

63 659

70 000

62

Tilskot til kommuner

7 489

70

Tilskot til valdsførebyggjande tiltak mv., kan nyttast under kap. 858 post 01

11 417

29 794

31 518

Sum kap. 0840

330 853

114 000

107 237

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga blir nytta til finansiering av tiltak i handlingsplanen mot vald i nære relasjonar (tiltak knytt til implementering av krisesenterlova), tiltak mot menneskehandel og andre valdsførebyggjande tiltak.

Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

Mål

Løyvinga dekkjer tilskot til incestsenter for incestutsette og pårørande til incestutsette barn og til valdtektssenter for valdtektsutsette og deira pårørande.

Kriterium for tildeling

Vertskommunen for det enkelte incestsenteret eller valdtektssenteret skal godkjenne budsjettet og har ansvar for økonomioppfølging. Det blir gitt eigne retningslinjer for statstilskotet for incestsentra og valdtektssentra i rundskriv Q-22. Statstilskotet er øyremerkt. Finansieringa er delt mellom stat og kommune, slik at 20 prosent kommunalt tilskot, og eventuelt tilskot frå helseføretak eller fylkeskommune, utløyser 80 prosent statleg tilskot.

Oppfølging og kontroll

Incestsentra og valdtektssentra skal utarbeide årsrapport og statistikk for verksemda.

Budsjettforslag 2012

Løyvinga dekkjer tilskot til 20 incestsenter og to valdtektssenter. Tilskotsordninga blir forvalta av Bufdir etter retningslinjer gitte av departementet i rundskriv Q-22/2012.

Post 70 Tilskot til valdsførebyggjande tiltak mv., kan nyttast under kap. 858, post 01

Løyvinga dekkjer mellom anna driftstilskot til Alternativ til vold (ATV), NKVTS, Landsforeningen for seksuelt misbrukte, stiftinga Fellesskap mot seksuelle overgrep (FMSO) og landsdekkjande hjelpetelefon for incestutsette. Midlane til FMSO og incesttelefonen og tilskot til valdsførebyggjande tiltak og forsøks- og utviklingstiltak blir forvalta av Bufdir.

Heile tilskotet til NKVTS for 2012 er samla under post 70, etter at 0,8 mill. kroner til dette formålet er overført frå kap. 847, post 21. NKVTS sine tiltak retta mot personar med nedsett funksjonsevne, blir dermed også finansierte over denne løyvinga.

Kap. 841 Samliv og konfliktløysing

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

21

Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

12 032

13 832

14 261

22

Opplæring, forsking, utvikling mv.

6 593

6 010

4 861

23

Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

6 243

6 437

6 637

70

Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 858 post 01

4 251

4 344

4 479

71

Tiltak etter samlivsbrot for barn i konfliktfylte familiar

2 350

2 853

2 941

Sum kap. 0841

31 469

33 476

33 179

Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

Posten omfattar godtgjersle til meklarar utanom familievernet, dekking av reiseutgifter til foreldra i særlege tilfelle og utgifter til tolk når slike utgifter fell inn under refusjonsordninga for tolketenesta. Godtgjersle til meklarar utanom familievernet blir gitt etter tilsvarande satsar som for fri rettshjelp. Stortinget bestemmer satsen etter forslag frå Justis- og politidepartementet. Satsen er føreslått til 925 kroner per time frå 1. januar 2011. Ordninga blir forvalta av Bufdir.

Post 22 Opplæring, forsking, utvikling mv.

Posten omfattar midlar til opplæring av nye meklarar og til kompetanseheving for meklarkorpset. Bufdir forvaltar midlar til opplæring av meklarar. Midlane under posten skal mellom anna nyttast til å følgje opp ei evaluering av meklingsordninga, til utviklingsprosjekt knytt til saker med høgt konfliktnivå, og til kompetanseheving i barnelovsaker med valds- og overgrepsproblematikk.

Det er flytta høvesvis 135 000 kroner og 1,2 mill. kroner til kap. 858, postane 01 og 21, til ordninga med godtgjersle ved tilsyn under samvær etter barnelova i saker med høgt konfliktnivå.

Post 23 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

Rettsmedisinsk institutt (RMI) ved Nasjonalt folkehelseinstitutt (FHI) utfører alle DNA-analysar som er rekvirerte av domstolane og Arbeids- og velferdsdirektoratet ved fastsetjing av farskap, og departementet refunderer utgiftene dette medfører. Utgiftene til DNA-analysar følgjer automatisk av reglane i barnelova om fastsetjing og endring av farskap.

Post 70 Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 858, post 01

Posten omfattar tilskot til lokale samlivskurs og utviklingstiltak. Løyvinga blir forvalta av Bufdir.

Post 71 Tiltak etter samlivsbrot for barn i konfliktfylte familiar

Posten skal nyttast til ulike tiltak for å styrkje tilboda til barn som opplever sterke konfliktar i heimen i samband med samlivsbrot. Mellom anna skal midlane gå til tilbod om samtalegrupper for barn og unge som opplever samlivsbrot, dei skal stimulere til auka samarbeid mellom kommunale tenester for barn og unge og dei skal brukast til å fange opp barn og unge som treng særskild oppfølging på eit tidleg tidspunkt. Midlane skal òg nyttast til å utvikle parallelle tilbod om samarbeidssamtaler for foreldra ved familievernkontora.

Kap. 842 Familievern

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

202 722

202 860

206 913

21

Spesielle driftsutgifter

5 468

6 916

7 130

70

Tilskot til kyrkja si familievernteneste mv., kan nyttast under post 01

126 849

129 954

133 983

Sum kap. 0842

335 039

339 730

348 026

Status for verksemda

Familievernet er ei spesialteneste som har familierelaterte problem som sitt fagfelt. Familievernet er den einaste delen av hjelpeapparatet som har familien som hovudarbeidsområde og parbehandling som spesialfelt. Kjerneoppgåvene er behandling og rådgiving ved vanskar, konfliktar eller kriser i familien og mekling etter § 26 i lov om ekteskap og § 51 i barnelova. Familievernkontora driv utoverretta verksemd om familierelaterte tema, medrekna rettleiing, informasjon og undervising retta mot hjelpeapparat og publikum.

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Posten dekkjer lønn til faste stillingar, engasjement, ekstrahjelp og godtgjersle og utgifter til varer og tenester i det offentlege familievernet. Løyvinga omfattar også tilskot til oppgåvene dei offentlege familievernkontora har i samband med samlivstiltaket Hva med oss? (kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, post 01), og dekkjer administrasjonsutgifter knytte til familievernet ved regionkontora i Bufetat.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til forsking, utviklingsarbeid og kompetanseheving i familievernet. Midlane blir hovudsakleg forvalta av Bufdir, mellom anna til oppfølging av tiltak i Kompetanseplanen for familievernet, og til vidareføring av arbeidet med brukarretta kvalitetsutvikling i tenesta.

Post 70 Tilskot til kyrkja si familievernteneste mv., kan nyttast under post 01

Midlane blir nytta til å finansiere drifta av dei kyrkjelege familievernkontora. Dei kyrkjelege familievernkontora får midlar til drifta ved tilskotsbrev frå Bufetat i samsvar med inngått avtale om drift av familievernkontor. Posten dekkjer også tilskot til oppgåvene dei kyrkjelege familievernkontora har i samband med samlivstiltaket Hva med oss? (kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, post 01).

Kap. 3842 Familievern

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Diverse inntekter

1 066

577

595

15

Refusjon av arbeidsmarkedstiltak

76

16

Refusjon av foreldrepengar

470

18

Refusjon av sykepengar

3 052

Sum kap. 3842

4 664

577

595

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene skriv seg frå ulike prosjekt og tiltak. Storleiken på inntektene varierer frå år til år.

Kap. 843 Likestillings- og diskrimineringsnemnda

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

2 283

2 363

3 409

Sum kap. 0843

2 283

2 363

3 409

Status for verksemda

Likestillings- og diskrimineringsnemndas kompetanse og oppgåver er regulerte i diskrimineringsombodslova med tilhøyrande forskrift. Nemnda handhevar reglar om diskriminering i desse lovene: likestillingslova, diskrimineringslova, diskriminerings- og tilgjengelova, arbeidsmiljølova kap. 13 og bustadlovene. Nemnda er eit sjølvstendig forvaltingsorgan som er administrativt underlagt departementet. Departementet kan ikkje gi instruks om eller gjere om nemnda si utøving av styringsmakt i handsaming av enkeltsaker.

Nemnda er eit kollegialt organ med 12 medlemmer: éin leiar, éin nestleiar, seks andre medlemmer og fire varamedlemmer. På kvart møte deltek fem medlemmer. Nemnda har eit eige sekretariat som førebur møta, legg fram saker for nemnda, lagar utkast til vedtak etter rådslaging i nemnda og administrerer ordninga med tvangsfullmakt. Departementet har det administrative ansvaret for nemnda, med mellom anna tilsetjing i sekretariat.

Alle saker i nemnda blir først handsama av Likestillings- og diskrimineringsombodet, som gir ei fråsegn i saka. I hastesaker kan ombodet gjere bindande vedtak etter diskrimineringsombodslova § 4. Da blir nemnda ordinær klageinstans.

Nemnda kan gjere vedtak eller gi fråsegn om at det ligg føre brot på dei lovene nemnda er sett til å handheve. Likestillings- og diskrimineringsnemnda kan gi påbod om at det diskriminerande tilhøvet skal stansast eller rettast.

Nemnda fekk 62 nye saker til handsaming frå Likestillings- og diskrimineringsombodet i 2010. 14 av sakene er saker etter diskriminerings- og tilgjengelova av 1. januar 2009. Nemnda hadde ti ordinære møte og eitt konstitueringsmøte i 2010. Det blei handsama til saman 41 saker i 2010.

I arbeidet med å sikre at nemnda sine vedtak og fråsegner blir følgde, har sekretariatet i hovudsak prioritert å følgje opp vedtak. Sekretariatet har motteke tilbakemelding i fem saker om at vedtaket frå nemnda er følgt. Nemnda har gjort vedtak om pålegg i tre saker.

I framkant av kvart møte blir sakene annonserte på nemnda si heimeside. Vedtak og fråsegner blir gjorde tilgjengelege for alle på heimesida og på annan måte i dei miljøa som har særleg interesse av dei. I saker av særleg interesse for media blir det samstundes med nemnda sine vedtak og fråsegner sendt ut ei pressemelding.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer lønn til medarbeidarar og andre driftsutgifter for sekretariatet, dessutan godtgjersle og utgifter til nemndmedlemmer og eventuelle vitne og sakkunnige som blir innkalla. Nemnda hadde to faste stillingsheimlar per 1. juli 2011.

Løyvinga er føreslått auka med 1 mill. kroner.

Kap. 844 Kontantstøtte

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

70

Tilskot, overslagsløyving

1 401 455

1 437 000

1 223 000

Sum kap. 0844

1 401 455

1 437 000

1 223 000

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Mål

Kriterium for tildeling

Kontantstøtteordninga er heimla i lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte til småbarnsforeldre. Målet med ordninga og tildelingskriteria går fram av lova.

Til og med juli 2012 blir det utbetalt kontantstøtte etter dei gjeldande reglane og etter dei same satsane som i 2011.

Frå og med august 2012 vil retten til kontantstøtte vare til og med månaden før barnet fyller to år. Heil kontantstøtte vil utgjere 5 000 kroner for barn i alderen 13–18 månader, sjå tabell 3.17. For barn i alderen 19–23 månader vil heil kontantstøtte utgjere 3 303 kroner per månad. Heil kontantstøtte blir utbetalt viss barnet ikkje har plass i barnehage. Dersom barnet har ei avtalt opphaldstid i barnehagen på inntil 20 timar i veka, blir det utbetalt 50 prosent kontantstøtte. Har barnet ei avtalt opphaldstid på 20 timar eller meir i veka, blir det ikkje utbetalt kontantstøtte.

Endringa av kontantstøtta inneber isolert sett ei nedsetjing av løyvinga til kontantstøtte på 135 mill. kroner i 2012.

Oppfølging og kontroll

Kontantstøtteordninga blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet, som administrativt er underlagt Arbeidsdepartementet. Det er etablert rutinar for samhandling mellom Arbeidsdepartementet og BLD om mellom anna årlege tildelingsbrev og etatsstyring generelt. Som ledd i resultatoppfølging og økonomikontroll blir det halde etatsstyringsmøte og faglege kontaktmøte mellom dei nemnde departementa og Arbeids- og velferdsdirektoratet. Sjå nærmare omtale av Arbeids- og velferdsetatens forvalting på BLD sitt ansvarsområde under delmål 3.1.

Budsjettforslag 2012

Budsjettforslaget byggjer på endra regelverk og satsar, jf. Kriterium for tildeling, og prognosar over

  • forventa tal på barn i kontantstøttealder basert mellom anna på SSBs siste befolkningsframskriving

  • forventa utvikling i bruk av kontantstøtteordninga basert på statistikken til Arbeids- og velferdsdirektoratet

  • måltal for nye barn i barnehage i 2011 og 2012, jf. omtale i Kunnskapsdepartementet sin Prop. 1 S (2011–2012) under kap. 231 Barnehagar

Forslag til satsar for 2012 står i tabell 3.16 og 3.17 nedanfor.

Tabell 3.15 Talet på barn med rett til stønad. 2010. Prognosar for 2011 og 2012

Gjennomsnitt 2010

Gjennomsnitt 2011*

Gjennomsnitt 2012

Eitt- og toåringar med kontantstøtte

38 999

39 887

30 800

Kjelde: * Saldert budsjett

Tabell 3.16 Forslag til satsar for kontantstøtte fram til og med 31. juli 2012 (kroner)

Avtalt opphaldstid per veke

Kontantstøtte i prosent av full yting

Beløp per barn per år

Beløp per barn per månad

Ikkje bruk av barnehageplass

100

39 636

3 303

Til og med 8 timar

80

31 704

2 642

9–16 timar

60

23 784

1 982

17–24 timar

40

15 852

1 321

25–32 timar

20

7 932

661

33 timar eller meir

0

0

0

Tabell 3.17 Forslag til satsar for kontantstøtte for eittåringar frå og med 1. august 2012 (kroner)

Avtalt opphaldstid per veke

Kontantstøtte i prosent av full yting

Beløp per barn per månad

Beløp per barn per månad

Barn i alderen 13–18 månader

Barn i alderen 19–23 månader

Ikkje bruk av barnehageplass

100

5 000

3 303

Til og med 19 timar

50

2 500

1 652

20 timar eller meir

0

0

0

Kap. 845 Barnetrygd

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

70

Tilskot, overslagsløyving

14 849 462

14 950 000

15 030 000

Sum kap. 0845

14 849 462

14 950 000

15 030 000

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Mål

Barnetrygda skal bidra til å dekkje utgifter til forsørging av barn.

Kriterium for tildeling

Barnetrygda er heimla i lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd. Tildelingskriteria går fram av lova.

Oppfølging og kontroll

Barnetrygda blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet, jf. tilsvarande punkt under kap. 844 Kontantstøtte.

Budsjettforslag 2012

Budsjettforslaget byggjer på uendra stønadssatsar frå 2011 og prognosar over

  • talet på barn med rett til barnetrygd og talet på stønadsmottakarar med rett til utvida stønad (barnetrygd for eitt barn meir enn det faktiske barnetalet)

  • talet på småbarnstillegg for einslege forsørgjarar med barn 0–3 år

  • talet på barn med finnmarks- og svalbardtillegg

  • forventa utgifter til etterbetalingar

Prognosane byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga til SSB, jf. tabellane under.

Tabell 3.18 Forslag til satsar for barnetrygd frå 2012 (i kroner)

Satsar per månad

Satsar per år

Ordinær barnetrygd

970

11 640

Småbarnstillegg til einslege forsørgjararmed barn 0–3 år

660

7 920

Finnmarkstillegg for barn 0–18 år

320

3 840

Svalbardtillegg 0–18 år

320

3 840

Tabell 3.19 Talet på barn med rett til barnetrygd i 2010. Prognosar for 2011 og 2012

Gjennomsnitt 2010

Gjennomsnitt 2011

Gjennomsnitt 2012

Barn med barnetrygd

1 106 692

1 114 300

1 119 544

Barn med finnmarkstillegg

20 684

20 334

20 336

Barn med svalbardtillegg

410

425

410

Kjelde:  Arbeids- og velferdsdirektoratet

Tabell 3.20 Talet på stønadsmottakarar i 2010. Prognosar for 2011 og 2012

Gjennomsnitt 2010

Gjennomsnitt 20111

Gjennomsnitt 2012

Stønadsmottakarar med barnetrygd for

- eitt barn

296 439

294 018

299 881

- to barn

249 552

251 224

252 450

- tre barn

83 600

85 101

84 571

- fire barn

13 682

14 061

13 841

- fem eller fleire barn

3 578

3 606

3 620

Sum stønadsmottakarar

646 851

648 010

654 363

Stønadsmottakarar med utvida stønad

131 636

133 522

134 704

Stønadsmottakarar med småbarntillegg til einsleg forsørgjar

6 114

6 410

5 808

1 Saldert budsjett 2011

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet. Tala for stønadsmottakarar etter kor mange barn dei får utbetalt barnetrygd for, er eksklusiv stønadsmottakarar som mottek ei ekstra barnetrygd (utvida stønad). Nokre av barna blir det utbetalt delt barnetrygd for; både mor og far får barnetrygd.

Utrekning av utgifter til barnetrygd basert på talet på barn, satsar mv. i tabellane ovanfor, vil gi eit noko lågare utgiftsnivå enn budsjettforslaget for 2012. Avviket kjem av etterbetalingar, som særleg gjeld EØS-borgarar med arbeid i Noreg, der sakshandsaminga tek vesentleg lengre tid enn i ordinære barnetrygdsaker.

Kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50

19 177

23 967

28 435

50

Forsking, kan nyttast under post 21

8 371

6 500

6 702

70

Tilskot

13 247

16 587

14 501

71

Særlege familiepolitiske tiltak

1 053

72

Tiltak for lesbiske og homofile

7 341

9 069

9 350

73

Tilskot til Likestillingssentre

5 304

5 468

5 638

79

Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid, kan overførast

4 746

7 965

7 712

Sum kap. 0846

59 239

69 556

72 338

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50

Forskings- og utviklingsmidlane på denne posten blir i hovudsak nytta til finansiering av større og mindre enkeltprosjekt av særleg relevans på områda samliv, likestilling og ikkje-diskriminering.

Det er mellom anna sett av midlar til gjennomføring av regjeringa sine handlingsplanar Betre livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar 2009–2012, Handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering og Likestilling 2014, regjeringa sin handlingsplan for kjønnslikestilling. Posten dekkjer også utgifter knytte til ei rådsstilling ved EU-delegasjonen i Brussel med ansvar for barne-, familie-, likestillings- og ikkje-diskrimineringspolitikken og til ein nasjonal ekspert i Europarådet.

Løyvingane til ressurssenter for lhbt-spørsmål og arbeidet med 100-årsjubileet for allmenn røysterett i 2013 er styrkte.

Post 50 Forsking, kan nyttast under post 21

Midlane skal nyttast til Kjønnsforskingsprogrammet og programmet Velferd, arbeidsliv og migrasjon i regi av Noregs forskingsråd.

Post 70 Tilskot

Posten blir nytta til tiltak og prosjekt til å fremme kjønnslikestilling, og til tilskot til frivillige organisasjonar. Mellom anna blir løyvinga på 4 mill. kroner nytta til grunnfinansiering av Reform – ressurssenter for menn.

Tilskotet til familie- og likestillingspolitiske organisasjonar blir vidareført. Målet med tilskotsordninga er å bidra til debatt, auka kunnskap og synleggjering av familie- og likestillingspolitiske tema. Ordninga skal leggje til rette for at dei frivillige organisasjonane kan supplere og korrigere det offentlege familie- og likestillingspolitiske arbeidet.

Det blir gitt tilskot til drift av frivillige organisasjonar som arbeider med familie- og likestillingspolitikk og til tiltak/prosjekt som er i tråd med formålet for tilskotsordninga. Midlane blir lyste ut, og tildeling skjer ein gong i året på grunnlag av søknad. Tilskotsordninga blir forvalta av Bufdir etter retningslinjer gitte av departementet i årleg rundskriv Q-1.

Post 72 Tiltak for lesbiske og homofile

Løyvinga vil bli nytta til driftstilskot til lhbt-organisasjonane LLH, Skeiv ungdom og Skeiv verden og bladet BLIKK. Midlane skal også nyttast til tilskot til relevante prosjekt/tiltak i regi av ulike interesseorganisasjonar.

Post 73 Tilskot til likestillingssenter

Løyvinga går til delfinansiering av verksemda ved Likestillingssenteret, som blir drifta av stiftinga Kvinneuniversitetet i Hamar og verksemda ved KUN senter for kunnskap og likestilling, som blir drifta av stiftinga Kvinneuniversitet Nord.

Post 79 Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid, kan overførast

Noreg deltek i det fleirårige EU-programmet PROGRESS (2007–2013). Programmet inkluderer desse områda: sysselsetjing, sosialt vern og inkludering, arbeidsvilkår, arbeid mot diskriminering og for mangfald.

Kap. 3846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Prosjektinntekter

436

500

Sum kap. 3846

436

500

Kap. 847 Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

28 961

27 134

26 550

50

Forsking

5 600

5 600

5 774

70

Tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar

155 471

161 400

166 403

71

Tiltak for auka tilgjenge og universell utforming, kan overførast, kan nyttast under post 21

17 876

19 479

19 583

Sum kap. 0847

207 908

213 613

218 310

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

Løyvinga blir nytta til målretta informasjons-, forskings- og utviklingstiltak som bidreg til å betre situasjonen for personar med nedsett funksjonsevne.

Post 50 Forsking

Løyvinga skal nyttast av Noregs forskingsråd (NFR) til IT Funk, som er ei tverrgåande satsing knytt til personar med nedsett funksjonsevne og ny teknologi under Noregs forskingsråd.

Post 70 Tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar

Formålet med tilskotsordninga er å gi dei funksjonshemma sine organisasjonar betre høve til å drive interessepolitisk arbeid og yte service til eigne medlemmer i form av mellom anna lokale velferdstiltak. I tillegg skal ordninga styrkje dei høva paraplyane Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) og Samarbeidsforumet for funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) har til å drive interessepolitisk arbeid og yte service til medlemsorganisasjonane. Tilskotsordninga skal også medverke til å styrkje organisasjonane når det gjeld sjølvhjelpsarbeid. Tilskotet skal bidra til å styrkje dei høva organisasjonane til funksjonshemma har til å gjennomføre gode velferds-, fritids- og ferietiltak for personar med nedsett funksjonsevne.

Post 71 Tiltak for auka tilgjenge og universell utforming, kan nyttast under post 21, kan overførast

Løyvinga skal nyttast til målretta og tverrsektorielle tiltak i regjeringa sin handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge (2009–2013). Tiltaka skal mellom anna støtte opp under implementeringa av diskriminerings- og tilgjengelova, ny plan- og bygningslov og anna ny lovgiving som handlar om universell utforming mellom anna på områda utdanning, transport og IKT.

Kap. 849 Likestillings- og diskrimineringsombodet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

50

Basisløyving

51 128

52 713

54 347

Sum kap. 0849

51 128

52 713

54 347

Status og hovudoppgåver for verksemda

Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) blei etablert 1. januar 2006 og er eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter, administrativt tilknytt BLD. Likestillings- og diskrimineringsombodets formål og oppgåver går fram av diskrimineringsombodslova §§ 1 og 3.

Hovudoppgåva til ombodet er å fremme likestilling og kjempe mot diskriminering uavhengig av mellom anna kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og alder. Ombodet handhevar diskrimineringsforboda i lovverket, gir rettleiing og er ein pådrivar for likestilling og mangfald. Ei fråsegn frå ombodet er ikkje- rettsleg bindande. Ombodet kan likevel gjere bindande vedtak om å stanse diskriminerande handlingar dersom eit slikt vedtak ikkje kan vente til Likestillings- og diskrimineringsnemnda kan handsame saka, jf. diskrimineringsombodslova § 4.

LDO skal føre tilsyn med og handheve likestillingslova, diskrimineringslova, diskriminerings- og tilgjengelova, arbeidsmiljølovas ikkje-diskrimineringskapittel og diskrimineringsforboda i bustadlova. Ombodet skal vere eit alternativ til domstolshandsaming av saker om diskriminering og vere eit lågterskeltilbod som er lett tilgjengeleg for brukarane.

I tillegg har ombodet ansvar for å overvake at norsk rett samsvarer med FNs kvinnekonvensjon og rasediskrimineringskonvensjonen.

Resultatrapport og strategiar

Resultatrapport 2010/2011

Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla presenterte i Prop. 1 S (2009–2010).

Høg kvalitet i lovhandhevinga

Korrekt og effektiv sakshandsaming

Talet på handsama klagesaker

I 2010 registrerte ombodet 1631 rettleiings- og klagesaker. Av dei var 301(18,5 prosent) klagesaker.

Ombodet handsama 314 klagesaker i 2010. Av desse blei 13 saker registrerte i 2009. I desse sakene gav ombodet anten ei fråsegn, avviste saka eller la bort saka. I tillegg kom ombodet med 21 fråsegner i samband med kontroll av aktivitets- og rapporteringsplikta til kommunane og to utvalde departement, Fiskeri- og kystdepartementet og Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Av dei 301 klagesakene som ombodet tok imot i 2010, omhandla 24 klager fleire enn eitt diskrimineringsgrunnlag. Funksjonsevne med 137 saker (45,5 prosent) og kjønn med 75 saker (24,9 prosent) er dei to diskrimineringsgrunnlaga ombodet fekk flest klager på i 2010, dernest kjem etnisitet m.m med 56 saker (18,6 prosent). På grunnlag som alder, religion, språk og medlemskap i fagforeining o.a. var det heller få saker.

Talet på saker som er handsama etter hasteparagrafen

Likestillings- og diskrimineringsnemnda kan gi pålegg om å rette opp eller stanse ein diskriminerande praksis. Formålet er å stanse ei diskriminerande handling eller ein diskriminerande praksis raskt. Det er særleg ved ulovlege stillingsannonsar ombodet har nytta høvet til dette.

I 2010 varsla ombodet om hastevedtak i 13 saker. Dei fleste gir tilbakemelding om at dei rettar seg etter ombodets fråsegn og varsel om hastevedtak.

Sakshandsamingstid

Det er eit mål at ombodet skal gi personar som opplever diskriminering, rask tilbakemelding og avgjerd ved klage. Formålet med opprettinga av eit ombod var òg at det skulle vere reelt domstolsavlastande ved å sikre ei enklare og raskare handsaming.

Dei som vender seg til ombodet gjennom e-post eller brev med spørsmål om rettleiing, får normalt svar etter nokre dagar, godt innanfor den forvaltingsrettslege fristen på tre veker. For klagesaker er gjennomsnittleg sakshandsamingstid om lag 42 veker.

Tala viser at handsamingstida for fråsegn (etter klage) har auka med bortimot to veker frå 2009 til 2010. Det kan vere fleire forklaringar på dette. Mellom anna er talet på fråsegner nesten dobla frå året før. Ombodet har i nokre saker om manglande tilkomst venta med å avgjere saka til verksemda har forsøkt å rette opp tilhøvet. I nokre saker dreg avgjerda ut i tid fordi klagemotparten ikkje svarer.

Den auka pågangen til ombodet, både når det gjeld rettleiingssaker og klagesaker, heldt fram også i 2010. Frå 1. januar 2011 har LDO ei ny organisering og nye rutinar for sakshandsaming. Formålet er mellom anna å korte ned sakshandsamingstida.

Eit lågterskeltilbod som er lett tilgjengeleg for brukarane

God rettleiing

Talet på registrerte rettleiingssaker

I 2010 gav ombodet rettleiing i til saman 1330 saker.

Dei fleste sakene har normalt vore saker om diskrimineringsgrunnlaga kjønn og etnisitet. I 2010 gav derimot ombodet langt fleire rettleiingar i spørsmål om grunnlaget nedsett funksjonsevne enn om etnisitet, høvesvis 368 saker (27,7 prosent) versus 171 saker (12,9 prosent). Flest rettleiingar i saker blei gitte på grunnlaget kjønn; 483 saker (36,3 prosent). Rekna etter område, var arbeidsliv med 625 saker (47 prosent) og varer og tenester med 234 saker (17,6 prosent) dei to største.

Ombodet vil leggje større vekt på god rettleiing, slik at førespurnader blir svarte på så tidleg som mogleg. Ei eiga rettleiingsavdeling er derfor oppretta frå januar 2011.

Ein stor del av rettleiinga blir gitt i samband med rettleiing om aktivitets- og rapporteringspliktene og kontrollen av utgreiingane frå kommunane i årsrapportane.

I 2010 starta LDO eit samarbeid med Alna bydel om leiaropplæring innanfor leiing i eit mangfaldsperspektiv.

LDO har for andre gong halde kurs for leiarar og tilsette i staten om mangfald og likestilling i arbeidslivet. Kurset er i regi av Direktoratet for forvalting og IKT, og LDO står for innhaldet.

Antirasistisk senter, British Council og LDO samarbeidde om konferansen Et mangfoldig og likestilt arbeidsliv. Viktige formål med konferansen var aktivitets- og rapporteringspliktene i lovverket, dagens praksis og utkastet til ei ny, heilskapleg diskrimineringslov.

LDO var operatør for det EU-finansierte informasjonsprosjektet Fostering good practices in the workplace. Formålet var å auke kompetansen om aktivitets- og rapporteringspliktene og generell diskrimineringsjuss blant arbeidsgivarar, HR-tilsette, juristar og partane i arbeidslivet. LDO har utvikla vidare nettbasert informasjon om likestilling og mangfald i arbeidslivet, set i gang målretta informasjonstiltak i ulike medium, gjennomført ein landsdekkjande informasjonsturné og tilby workshops på ulike stader omkring i landet for å auke medvitet om likeverdig tenesteyting. Til saman deltok 630 personar.

Rettleiingsmateriell

I 2010 utarbeidde LDO heftet Overser du kompetanse? Nedsett funksjonsevne – full arbeidsevne saman med Helsedirektoratet og Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Ombodet har òg gitt ut ei handbok om religion på arbeidsplassen. Generelle brosjyrar om LDO på 12 språk er blitt vidareutvikla og distribuerte, mellom anna brosjyren Sei ifrå.

Offensiv og synleg pådrivar for likestilling og mot diskriminering

Godt påverknadsarbeid retta mot relevante styresmakter, kompetansemiljø og interesseorganisasjonar

Talet på saker som er tekne opp på eige initiativ

I 2010 tok LDO opp tre klagesaker i spørsmål om ulovlege stillingsannonsar. Erfaringa er at dei fleste arbeidsgivarar ikkje er klar over at dei bryt lova, og at dei rettar opp annonsen når LDO gjer dei merksame på at dei bryt lova.

Ombodet sine kontrollar av likestillingsutgreiingane er tekne på eige initiativ.

LDO har òg teke initiativ overfor ulike styresmakter for å sikre ein meir likestilt praksis, til dømes betre studiefinansiering for studentar med nedsett funksjonsevne.

Vidare har LDO fremma konkrete endringsforslag gjennom innspel og kommentarar til handlingsplanar, rettleiingsdokument og andre dokument som blir utarbeidde av departement og direktorat.

Aktivitets- og rapporteringspliktene

Fram til 2010 kontrollerte LDO berre offentleg sektor. I 2010 valde LDO å satse meir på privat sektor i tillegg til å følgje opp det offentlege.

Gjennom Hovudorganisasjonen for handel og tenester si avdeling for arbeidslivspolitikk er det inngått eit samarbeid med eit par større private verksemder om rettleiing i systematisk likestillingsarbeid og opplæring i aktivitets- og rapporteringspliktene.

LDO har òg teke kontakt med store aktørar innan revisjonsbransjen med sikte på å sikre at verksemdene dei reviderer, rettar seg etter rapporteringspliktene, og at dette går fram i årsmeldingane.

Innan det offentlege har ein følgt opp dei sektorane som allereie er kontrollerte: kommunar, departement og universitet, høgskolar og forskingsinstitutt. Arbeidet syner eit stort behov for informasjon om pliktene og korleis det skal rapporterast.

Av dei 21 kommunane LDO kontrollerte, blei 9 godkjende og 12 ikkje godkjende. Likestillingsutgreiingane til to kommunar blei bringa inn for Likestillings- og diskrimineringsnemnda. I 2010 oppsummerte LDO erfaringane etter tre år (2007–2009) med kontroll av kommunane sine likestillingsutgreiingar i ein eigen rapport. Ei hovuderfaring er at kombinasjonen av kontroll og rettleiing gir best resultat og størst forståing for rapporteringsplikta som eit verktøy for likestilling.

Etter kontroll av likestillingsutgreiingane til Fiskeri- og kystdepartementet og Fornyings- og administrasjonsdepartementet i Prop. 1 S (2009–2010) konkluderte LDO med at ingen av utgreiingane oppfylte krava i likestillingslova.

LDO medverka til å utarbeide ein standardisert mal for likestillingsutgreiingar for statleg sektor.

Talet på registrerte føredrag, høyringsfråsegner, rapportar og anna dokumentasjonsarbeid, arrangement, medieoppslag mv.

Det var i 2010 i overkant av 4 000 treff på omtale av LDO i nettbaserte medium, i tillegg artiklar i papiravisene og innslag i radio og fjernsyn. LDO har hatt eit femtitals kronikkar og innlegg i ulike aviser over heile landet – også i nokre fagblad.

I 2010 kunne ein måle om lag 85 000 treff på LDO sine nettsider, den viktigaste kanalen for kunnskapsdeling om LDO. Samstundes nyttar LDO også sosiale medium.

Førekomsten av diskriminering og graden av likestilling i samfunnet blir i hovudsak dokumentert oppsummerande gjennom publikasjonane SaLDO og Praksis. Samfunnsrekneskapen for likestilling og diskriminering, SaLDO, syner at det framleis er likestillingsutfordringar i det norske samfunnet. På området funksjonsevne er det òg stor mangel på statistikk.

I 2010 hadde LDO ei stor satsing på utelivsdiskriminering med debattmøte både i Oslo og i Bergen og eit større seminar saman med BLD og Oslo kommune. Satsinga blei ført vidare i 2011.

LDO deltek i ulike internasjonale forum som tek opp spørsmål om likestilling og diskriminering, både i Norden, EU, Europarådet og FN, mellom anna i eit nordisk og eit europeisk nettverk av likestillings- og diskrimineringsorgan. Ombodet har eit særskilt ansvar for å sjå til at norsk forvaltingspraksis er i tråd med kvinnekonvensjonen og rasediskrimineringskonvensjonen i FN. I 2010 førebudde LDO sin supplerande rapport til FNs rasediskrimineringskomité, CERD, i samband med at regjeringa skulle eksaminerast av rasediskrimineringskomiteen i Genève i februar 2011. Ombodet starta òg arbeidet med den supplerande rapporten til FNs kvinnediskrimineringskomité. Noreg som statspart skal eksaminerast i februar 2012.

Strategiar og tiltak for 2012

LDO sitt overordna mål for perioden 2011–2013 er eit meir likestilt samfunn der makt og innverknad er jamnare fordelt, fridomen er tilgjengeleg for alle og enkeltmennesket sitt verd er ukrenkeleg. Meir konkret vil det seie at alle får same tilgangen til viktige samfunnsområde som utdanning, arbeidsliv og fritid. Ombodet skal vidare utfordre kulturelle barrierar for å hindre at myter, fordommar og stereotypiar får avgrense folk sine moglegheiter. Ombodet vil prioritere arbeidet mot stereotypiar og arbeide for å implementere styresmaktenes aktivitetsplikter.

God kommunikasjon og lett tilgjenge er såleis viktige føresetnader for at dei som opplever diskriminering, skal bruke LDO og få hjelp.

LDO har intensjonar om ein forsterka innsats dei neste fire åra for å auke verksemder sine kunnskapar om dei lovfeste aktivitets- og rapporteringspliktene gjennom informasjon og kunnskapsspreiing til arbeidsgivarar og andre.

I 2012 vil LDO arbeide særleg med desse områda:

  • eit reelt mangfaldsamfunn

  • rett til rettar – målretta arbeid for at alle skal kjenne til diskrimineringsvernet

  • likeverdige offentlege tenester

  • eit likestilt arbeidsliv med aktivitets- og rapporteringsplikta som verkemiddel

  • eit heilskapeleg diskrimineringsvern

  • eit universelt utforma samfunn

LDO sine innspel til rapporten frå FNs kvinnekomité i 2011 vil vere ein del av grunnlaget for eksaminasjonen av korleis norske styresmakter handhevar FNs kvinnekonvensjon, Committee on the Elimination of Discrimination against Women (CEDAW), våren 2012. LDO vil følgje opp tilrådingane frå både kvinnekomiteen og rasediskrimineringskomiteen, Committee on the Elimination of the Racial Discrimination (CERD), etter eksaminasjonane i 2011 og 2012. Konvensjonsovervakinga er ei ståande oppgåve for ombodet, tett knytt til enkeltsaker og avleidd pådrivingsarbeid.

Post 50 Basisløyving

Løyvinga skal dekkje lønn til medarbeidarane og andre driftsutgifter.

Programkategori 11.20 Tiltak for barn og unge

Hovudinnhald og prioriteringar

Eit overordna mål for barne- og ungdomspolitikken er å sikre at alle barn og unge har gode og trygge oppvekst- og levekår. Dette inneberer at alle skal ha eit likeverdig tilbod og like moglegheiter. Sentralt står arbeid for å motverke marginalisering, å bidra til å jamne ut forskjellar i levekår og å fremme medverknad og deltaking for barn og unge på ulike område i samfunnet.

Departementet har ansvaret for utforminga og samordninga av den generelle barne- og ungdomspolitikken. Politikkutforminga skjer i samspel mellom ulike departement, andre statlege styresmakter, kommunesektoren og frivillige organisasjonar. Departementet forvaltar fleire tilskotsordningar retta mot barn og unge, mellom anna ei ordning for barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem.

Departementet foreslår å auke løyvinga til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane med 5 mill. kroner.

Departementet har ansvar for utvikling av barnevern- og adopsjonspolitikken, etatsstyring av det statlege barnevernet og forvaltninga av barnevernlova. Departementet har eit overordna ansvar på adopsjonsfeltet og ansvar for forvaltinga av adopsjonslova. Departementet har òg ansvaret for Noregs oppfølging av FNs barnekonvensjon om barnerettane.

Barneombodet arbeider for at barns behov, rettar og interesser blir tekne tilbørleg omsyn til på alle område i samfunnet. Barneombodet følgjer med på at lovgiving til vern om barns interesser blir følgt, og at norsk rett samsvarer med dei pliktene Noreg har etter FNs konvensjon om barnerettane.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker har avgjerdsrett i dei såkalla tvangssakane etter barnevernlova, som mellom anna omfattar saker om overtaking av omsorg og plassering av ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Løyvinga blei kraftig styrkt i 2011, og departementet føreslår å styrkje satsinga på fylkesnemndene ytterligare med 2,35 mill. kroner i 2012. Den auka løyvinga skal nyttast til å auke sakshandsamingskapasiteten og styrkje den administrative styringa av verksemda.

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) forvaltar det statlege barnevernet. Hovudoppgåva til barnevernet er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid, og å bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår. Etaten har òg ulike oppgåver på adopsjonsfeltet, forvaltar tilskotsordningar og har ansvar for at Noreg følgjer opp EUs ungdomsprogram Aktiv ungdom. Bufetat består av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og fem regionale einingar. Sjå delmål 1.2 effektiv organisering og drift av tilknytte verksemder for nærmare omtale.

Talet på barn som får hjelp frå barnevernet, har auka kvart år over lang tid. Sjølv om kommunane har sette i verk førebyggande tiltak og i betydeleg grad auka ressursbruken i barnevernet, har veksten i saksmengda overgått veksten i tal på stillingar. I tillegg viser rapportar frå fylkesmennenes tilsyn at det i mange av landets kommunar er problem med å oppfylle alle lovkrav. For å sikre at alle utsette barn og unge får riktig hjelp til riktig tid, er det viktig å rette ein innsats mot sviktområda. Den statlige finansieringa av dei kommunale barnevernstenestene skjer gjennom kommunens frie inntekter. I 2011 blei dette supplert med øyremerka midlar. Regjeringa vil i 2012 øyremerke ytterligare 50 mill. kroner til det kommunale barnevernet. Saman med satsinga på 240 mill. kroner frå 2011, vil til saman vel 290 mill. kroner vere øyremerkte det kommunale barnevernet i 2012. Fylkesmannsembeta vil handsame søknadene frå kommunane om dei nye stillingane som satsinga i 2012 gir rom for.

Mål

For 2012 blir desse måla prioriterte:

Hovudmål

Delmål

5. Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom

5.1 Høgt kunnskapsnivå og god kompetanse om barn og ungdom

5.2 Deltaking og like moglegheiter for alle barn og unge

5.3 Målretta tiltak mot fattigdom blant barn og unge

5.4 Makt og påverknad for barn og unge

6. Eit barnevern som gir barn og ungdom omsorg og vern slik at dei meistrar liva sine og utviklar evnene sine

6.1 Gode tiltak og høg kompetanse i statleg og kommunalt barnevern

6.2 Høg rettstryggleik for barn, unge og familiane deira

6.3 Heilskaplege og samordna tilbod og tenester

6.4 Auka kapasitet i det kommunale barnevernet

Resultatrapport og strategiar

Delmål 5.1: Høgt kunnskapsnivå og god kompetanse om barn og ungdom

Resultatrapport 2010/2011

Godt samarbeid mellom ulike departement, mellom statlege og lokale styresmakter og med frivillig sektor

Samarbeidet mellom departementa om ein gjennomgåande politikk for barn og unge blei ført vidare gjennom ulike politiske forum, samarbeidsgrupper og arbeid med mellom anna handlingsplanar, felles strategiar og forsøks- og utviklingsarbeid. Publikasjonen Satsing på barn og ungdom, som gir eit oversyn over mål og innsatsområde i statsbudsjettet, blei gitt ut i februar 2010.

Trondheim kommune blei kåra til Årets barne- og ungdomskommune 2010. Kåringa skjedde på Barne- og ungdomskonferansen 2010.

BLD har gjennom 2010 stimulert til auka dialog og samspel mellom styresmaktene og frivillig sektor. Det har vore systematisk kontakt med frivillige organisasjonar og grupper, mellom anna gjennom møte og konferansar. Det har vore god kontakt med forskingsmiljø omkring frivillig arbeid og deltaking frå ungdom. Departementet har oppfordra kommunar som departementet er i kontakt med gjennom tilskotsordningar, til å styrkje samspelet med barn, ungdom, foreldre og frivillig sektor.

Departementet har i 2010 arbeidd med oppfølginga av forslag frå ei ekspertgruppe som blei sett ned for å greie ut unges høve til eit positivt fritidsmiljø og deltaking og innverknad lokalt. Mellom anna har Nordlandsforskning, på oppdrag frå BLD, gjennomført ei kartlegging av opne møteplassar som fritidsklubbar og ungdomshus. Rapporten blei offentleggjord i april 2011. Departementet si oppfølging av alle forslaga frå ekspertgruppa er samla i eit eige orienteringsdokument som er lagt ut på BLD sine nettsider.

Betre informasjon om og oppfølging av FNs konvensjon om barnerettane på alle forvaltingsnivå

Noreg blei eksaminert av FNs barnekomité i januar 2010 på bakgrunn av fjerde rapport til FN om oppfølging av barnekonvensjonen. Merknadene frå komiteen inneheldt tilrådingar på alle områda for barnerettane og blei omsette til norsk og distribuerte til kommunane, statlege styresmakter med fleire. BLD har vidare sett i gang eit systematisk arbeid for å gå gjennom merknadene og tilrådingane. Kontaktforumet for betre oppfølging av barnekonvensjonen mellom dei aktuelle departementa held òg fram og har i 2010 mellom anna samarbeidd om å følgje opp merknadene og tilrådingane. Dette har resultert i ein rapport om departementa si oppfølging som blei gjord offentleg i juni 2011. Redd Barna har, med økonomisk støtte frå BLD, utarbeida ein barnevennleg versjon av merknadane frå barnekomitéen som blei lansert i august 2011.

Det blei gjennomført eit dialogforum mellom ungdomsrepresentantar frå fylka og Barne-, likestillings- og inkluderingsministeren i mai 2010. Tema for forumet var ungdoms helse, ungdoms innverknad og stemmerett for 16-åringar.

Fylkesmannen i Troms lanserte i 2009 satsinga Sjumilssteget – for barn og unges beste. Gjennom å fokusere på sju sentrale rettar i barnekonvensjonen har fylkesmannen funne ein reiskap for å kvalitetssikre kommunane sitt tilbod til barn og unge. BLD har i 2010 løyvd midlar til fylkesmannen for å formidle Sjumilssteg-modellen til andre fylkesmenn i Noreg.

Målretta forsking, kompetanseoppbygging og erfaringsformidling

BLD har ført vidare samarbeidet med Noregs forskingsråd gjennom forskingsprogrammet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM). Det er òg gitt tilskot til ulike forskingsmiljø til oppdrag og undersøkingar. Departementet har ført vidare samarbeidet med Kulturdepartementet om Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor, for å sikre forsking på barn og unges frivillige engasjement, mellom anna innanfor barne- og ungdomsorganisasjonane.

Samarbeidet med Statistisk sentralbyrå (SSB) om å utarbeide aktuell statistikk om barn og ungdom blei ført vidare. BLD har òg tildelt midlar til delfinansiering av Barnebarometeret, der SSB har utarbeidd eit indikatorsett for barns miljø og helse. Helse- og omsorgsdepartementet er ansvarleg for prosjektet. BLD har òg delfinansiert tilrettelegginga av grunnlagsdata og analysearbeidet til boka Risiko og marginalisering – norske barns levekår i kunnskapssamfunnet. Boka er ein studie av levekåra til barn og unge. Grunnlagsarbeidet er òg nyttig i form av å fungere som indikatorsett for risiko og marginalisering.

Medie- og informasjonskanalar tek omsyn til barn og ungdoms særskilde rettar og behov

BLD har ført vidare støtta til nettportalen ung.no. Nettportalen har som målsetjing å vere ein samla informasjonskanal frå departementa til ungdom. I 2010 har ung.no nådd ut til 2,8 mill. unike brukarar.

Våren 2010 arrangerte Bufdir to regionale ungdomsinformasjonskonferansar. Temaet for konferansane var korleis informasjonsarbeidet retta mot ungdom kan etablerast, gjennomførast og styrkjast i kommunane. Innhaldet var spissa mot nye nettbaserte medium og korleis offentlege aktørar, kommunane især, kan nå ungdom via elektroniske kanalar.

Tiltaksplanen Barn, unge og Internett blei ført vidare. Tiltaksplanen er ein del av Trygg bruk-prosjektet, som arbeider for trygg bruk av digitale medium for barn og unge. Medietilsynet har koordinert tiltaksplanen og prosjektet. Gjennom prosjektet er det bygt opp eit nettverk der departement, statlege etatar, forskingsinstitusjonar, frivillige organisasjonar, bransjeorganisasjonar og føretak arbeider saman om kunnskap, ressursar og informasjon om trygg bruk av teknologi for barn og ungdom. Ein ny Trygg bruk-undersøkelse om barn og digitale medium blei òg presentert i 2010. Undersøkinga syner at godt over halvparten av barna har fått informasjon om trygg bruk av Internett, og at det er ein større del som har fått informasjon om trygg bruk av mobiltelefon no enn ved undersøkinga i 2008. BLD tok òg del, saman med aktuelle departement, i oppfølginga av EU-programmet Sikrare Internett (2009–2013).

BLD gav i 2010 tilskot til organisasjonen Barnevakten. Tilskotet skal nyttast til organisasjonens informasjonsarbeid om media og ny teknologi gjennom foreldremøte i skole og barnehage. Barnevakten møter i sitt arbeid mellom 10 000 og 12 000 foreldre i foreldremøte i skole og barnehage kvart år.

Strategiar og tiltak for 2012

Godt samarbeid mellom ulike departement, mellom statlege og lokale styresmakter og med frivillig sektor

BLD vil arbeide for at samarbeidet mellom ulike departement om ein gjennomgåande politikk for barn og ungdom blir ført vidare. Dette skjer mellom anna gjennom samarbeid om handlingsplanar, felles strategiar, forsøks- og utviklingsarbeid, informasjonsarbeid og konferansar. BLD fører òg vidare samarbeidet mellom departementa om utgiving av publikasjonen Satsing på barn og ungdom, som gir oversikt over mål og innsatsområde i statsbudsjettet.

Som ledd i arbeidet med å stimulere kommunane til å auke satsinga på barn og ungdom utnemner BLD kvart år Årets barne- og ungdomskommune. Kåringa skjer på Barne- og ungdomskonferansen, ein årleg konferanse for tilsette i kommunar, ungdom og politikarar frå heile landet. I tillegg til denne faste konferansen blir dialogen med kommunane og fylkeskommunane ført vidare gjennom andre konferansar, samlingar og møte.

BLD vil òg i 2012 stimulere til dialog og samspel mellom styresmaktene og frivillig sektor. Frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar spelar ei viktig rolle, både som ein arena for læring om demokrati og likebehandling og som tilbydarar av verdifulle aktivitetstilbod for barn og unge. Det vil bli lagt opp til kontakt med ungdomsmiljøa gjennom systematisk kontakt med frivillige organisasjonar og grupper, mellom anna gjennom høyringar og møte. Det vil òg bli lagt vekt på kontakt med forskingsmiljø som forskar på frivillig arbeid og deltaking blant ungdom.

BLD har ansvaret for å fremme og koordinere arbeidet med ei betre overvaking av gjennomføringa av FNs konvensjon om barnerettane. Arbeidet med oppfølginga av merknadene og tilrådingane frå FNs barnekomité frå januar 2010 vil halde fram i 2012, mellom anna gjennom dialog mellom statlege organ, frivillige organisasjonar og Barneombodet. På enkelte område har regjeringa bede om ytterlegare oppfølging. Det er sett i gang ein dialog mellom BLD og aktuelle departement for å kome fram til konkrete forslag til tiltak på dei aktuelle områda. Det vil òg bli halde jamlege møte med frivillige organisasjonar. Som eit ledd i å styrkje barn og unges høve til medverknad på statleg nivå blir dialogforumet mellom barne-, likestillings- og inkluderingsministeren og ungdomsrepresentantar òg ført vidare.

Stimulere til målretta forsking, kompetanseoppbygging og erfaringsformidling

BLD ser det som viktig å stimulere til forsking, kompetanseoppbygging og erfaringsformidling som ledd i arbeidet med å sikre ein god politikk for barn og ungdom. Samarbeidet med Noregs forskingsråd om forskingsprogrammet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (2009–2018) blir ført vidare. Departementet vil òg føre vidare samarbeidet med Kulturdepartementet om Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor, for å sikre forsking på barn og unges frivillige engasjement, mellom anna innanfor barne- og ungdomsorganisasjonane. I tillegg vil samarbeidet med SSB om statistikk om barn og ungdom bli ført vidare. Det vil bli gitt tilskot til forskingsmiljø, til oppdrag og undersøkingar og til utarbeiding av eksempelsamlingar. Det vil òg bli gitt tilskot til konferansar og anna kompetanseoppbygging om barn og ungdom.

Trygg bruk av digitale medium

BLD vil framleis ta del i den tverrdepartementale tiltaksplanen Barn, unge og Internett. Her blir barn og foreldres haldningar til og bruk av Internett jamleg kartlagde. Tiltaksplanen er ein del av Trygg bruk-senteret (tidlegare Trygg bruk-prosjektet) som blir koordinert av Medietilsynet. Departementet tek del i ei tverrdepartemental kontaktgruppe for å fremme barn og ungdom sine interesser og behov i utviklinga av informasjonssamfunnet. BLD vil, saman med andre aktuelle departement, føre vidare arbeidet med oppfølginga av EU-programmet Sikrare Internett (2009–2013).

Delmål 5.2: Deltaking og like moglegheiter for alle barn og unge

Resultatrapport 2010/2011

Gode oppvekst- og levekår for ungdom i større bysamfunn

BLD forvaltar tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, som i 2010 omfatta 23 bykommunar. I 2010 var ordninga på om lag 48,9 mill. kroner. Innsatsen er todelt: ei satsing retta mot ungdom (ungdomstiltak), og ei særskild satsing retta mot barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem (fattigdomstiltak). Satsinga retta mot ungdom, utgjorde 17,4 mill. kroner, og fattigdomssatsinga utgjorde 31,5 mill. kroner. Fattigdomssatsinga er nærmare omtalt under resultatrapporten for delmål 5.3 Målretta tiltak mot fattigdom blant barn og unge.

Midlane til ungdomstiltak er nytta til tiltak og prosjekt retta mot ungdom i alderen 12–25 år med særskilde behov og utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Dei fire største byane og sju prioriterte bydelar i Oslo disponerer sjølve ei ramme til ungdomstiltak. Dei 19 andre bykommunane søkjer departementet om midlar. Om lag 82 prosent av midlane blei fordelte mellom dei fire store byane Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. Oslo fekk samla om lag 50 prosent av desse midlane. Om lag 18 prosent blei fordelte på dei resterande bykommunane etter søknad. Det blei i 2010 gitt tilskot til 100 ungdomstiltak i dei 23 bykommunane.

Om lag fem prosent av løyvinga blei forvalta av departementet og nytta til strakstiltak og utviklingsarbeid. Departementet har hatt to kontaktmøte med bykommunane som er omfatta av ordninga. Det blei utarbeidd ei ny rettleiing for søknadshandsaminga for 2011.

Departementet har òg teke del i arbeidet med Groruddalssatsinga. Det blei mellom anna sett av 13 mill. kroner på kap. 857 Barne- og ungdomstiltak, post 73 Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn i 2010, øyremerkte arbeidet med Grorud fleirbrukshall. Arbeidet med hallen er forseinka, og det er ikkje utbetalt midlar i 2010 som følgje av arkeologiske funn på tomta.

Eit oppvekstmiljø fritt for vald, mobbing, rus, kriminalitet og diskriminering

Innsatsen for å motverke vald, mobbing, rus, kriminalitet og diskriminering i barne- og ungdomsmiljøa blir ført vidare mellom anna gjennom regjeringa sin handlingsplan om førebygging av kriminalitet, Gode krefter, som kom i 2009. BLD har fleire tiltak i handlingsplanen og har i 2010 arbeidd med oppfølginga av desse.

Gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn er det gitt stønad til prosjekt som arbeider for å motverke vald, kriminalitet, rus, rasisme og diskriminering blant ungdom. Det er gitt stønad til fleire strakstiltak for å løyse akutte problem i ungdomsmiljøa, mellom anna prosjekt retta mot belasta kriminelle unge og kriminelle ungdomsgrupper.

BLD tok del som partnar i Manifest mot mobbing (2009–2010). Arbeidet har særskilt handla om mobbing i dei organiserte fritidsmiljøa. Mobbing på den digitale arenaen blei sett på dagsordenen gjennom Medietilsynets arbeid med barn og unges mediebruk i Trygg bruk-prosjektet, som òg omhandlar kjønnsrelatert mobbing, seksuell trakassering og anna risikoåtferd på Internett. Det blei gitt støtte til Medietilsynet og til Ungdom & Fritid for å arrangere seminar om digital mobbing. BLD støtta òg forsking om mobbing og antisosial åtferd i 2010. Eit nytt Manifest mot mobbing (2011–2014) blei underteikna i februar 2011.

Gjennom tilskotsordninga Mangfold og inkludering støttar BLD lokale ungdomsprosjekt som fokuserer på mangfald, haldningar og deltaking. Prosjekta blir gjennomførte av frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, fritidsklubbar, ungdomshus og lokale ungdomsmiljø. I 2010 fekk 53 prosjekt støtte. Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) forvaltar ordninga på vegne av BLD.

Eit inkluderande oppvekstmiljø og like levekår for alle grupper barn og ungdom

Satsinga Unge utenfor blei avslutta i 2010. Utviklingsarbeidet starta i 2007, og åtte kommunar og bydelar har gjennom arbeidet utvikla arbeidsmåtar og samarbeidsformer retta mot ungdom som fell utanfor opplæring og arbeidsliv. Eksempelsamlinga Veier tilbake til skole og arbeid skildrar erfaringar og resultat frå utviklingsarbeidet. Hausten 2010 gav BLD i tillegg ut rettleiingsmaterialet Det magiske øyeblikket, som handlar om korleis ein betre kan kome i kontakt med unge som slit, slik at ungdom som treng hjelp, blir oppdaga og får den hjelpa dei treng på eit tidleg tidspunkt.

På initiativ frå departementet blei det i 2010 òg gjennomført utgreiingar og evalueringar som fortel om resultat og gevinstar av tiltak retta mot ungdom i målgruppa. Vista Analyse gav mellom anna ut ein rapport som viser samfunnsøkonomiske konsekvensar av marginalisering blant ungdom. Rapporten slår fast at tiltak som gjer at fleire unge kjem i arbeid, gir betydelege økonomiske gevinstar for samfunnet.

Kunnskap frå utviklingsarbeid og forsking om tiltak retta mot marginalisert ungdom, ligg til grunn for vidare arbeid. BLD starta hausten 2010 opp Losprosjektet for å styrkje oppfølginga av utsett ungdom. Førebels deltek eit utval kommunar frå åtte fylke i prosjektet. Prosjektet blei utvida med kommunar frå to nye fylke i 2011. Formålet er å betre tilknytinga til skole og arbeid blant særleg risikoutsette unge i alderen 14–23 år. Gjennom prosjektet skal ungdom få ein kontaktperson – ein los – som skal følgje dei opp og hjelpe dei med å nyttiggjere seg tilbod som blir gitte i skolen eller av andre instansar. BLD samarbeider med Kunnskapsdepartementet og Arbeidsdepartementet om prosjektet.

Barn og ungdom med innvandrarbakgrunn er ei prioritert målgruppe i arbeidet for å betre oppvekst- og levekåra. Gjennom tilskotsordningane Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn og Mangfold og inkludering er det gitt støtte til ei rekkje aktivitetar og tiltak retta mot barn og unge i denne gruppa. Prisen Årets forbilde blei delt ut for sjette gong til ein vaksen med innvandrarbakgrunn som gjer særs mykje for barn og ungdom.

BLD fekk utarbeidd rapporten Religiøse grupper og brotprosessar i 2008. Som oppfølging har Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging i region vest (RVTS Vest) i 2009/2010 fått i oppdrag av BLD å kartleggje kunnskapen i hjelpeapparatet og omfanget av førespurnader. Det blei skrive ein rapport og halde ein fagkonferanse om temaet i 2010.

BLD førte i 2010 vidare arbeidet med Sametinget for å fremme utviklinga av tilbod i kommunane som skal styrkje samisk identitet og tilknyting for barn og ungdom i lokalsamfunnet. BLD har teke del i arbeidet med Handlingsplan for samiske språk, som blei lagd fram i 2009. BLD har i 2010 òg gitt tilskot til informasjonsfilmar om samisk oppvekst og kultur.

For å styrkje arbeidet med å skape eit meir inkluderande oppvekstmiljø for barn og unge med nedsett funksjonsevne fekk BLD utarbeidd ei eksempelsamling for alle kommunar om korleis ein kan inkludere barn og unge med nedsett funksjonsevne i fritidsaktivitetar. BLD har òg gitt driftstilskot og hatt halvårige kontaktmøte med samanslutninga Unge funksjonshemma. Fleire organisasjonar for barn og unge med nedsett funksjonsevne har fått grunnstønad gjennom BLD si tilskotsordning til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, og lokale tiltak har fått støtte gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn.

Arbeid med likeverd og like høve for jenter og gutar blei følgt opp gjennom ulike tilskotsordningar, mellom anna Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, og gjennom kontakt med organisasjonar og ungdomsmiljø. Nordisk ministerråd initierte i 2009 ei undersøking om nordiske ungdommars haldningar til mellom anna likestilling, fritid og familieforhold. Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) fekk midlar av BLD til å gjennomføre den norske delen av datainnsamlinga. Som ei oppfølging av denne datainnsamlinga fekk NOVA i 2010 midlar til eit forskingsprosjekt om ungdom, kjønn og likestilling i Norden. Forskingsprosjektet vil vere ferdig hausten 2011.

Internasjonalt arbeid

Ei omtale av det internasjonale barne- og ungdomsarbeidet finst i del III, Omtale av særlege tema.

Strategiar og tiltak for 2012

Gode oppvekst og levekår for barn og ungdom i større bysamfunn

Fleire barn og ungdom blir råka av dårlege oppvekst- og levekår i storbyane enn i andre delar av landet. Det er derfor behov for ei særskild satsing retta mot barn og ungdom i større byar.

BLD vil bidra til at barn og ungdom i område med levekårsproblem kan få høve til å delta på lik linje med andre. Tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn vil bli ført vidare og vil i 2012 omfatte 23 bykommunar og sju prioriterte bydelar i Oslo. Målet er å medverke til å betre oppvekst- og levekår og bidra til sosial inkludering. Ordninga er retta inn mot barn og ungdom. Løyvinga skal nyttast til tiltak og prosjekt for barn og ungdom med spesielle behov og for utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Sjå òg omtale under kapittel 857 Barne- og ungdomstiltak, post 60 Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn.

Gjennom Grorudalssatsinga og Handlingsprogram Oslo Sør vil departementet framleis bidra til å styrkje barn og ungdoms oppvekstvilkår.

Informasjon til barn og ungdom

Det er viktig for styresmaktene å leggje til rette for samla og lett tilgjengeleg informasjon til barn og unge. Nettstaden ung.no, som blir drifta av Bufdir, tilbyr ungdom mellom 14 og 20 år informasjon om det dei lurer på, og bidreg til å sikre barn og unge sine rettar og interesser på informasjons- og medieområdet. Ung.no skal vere den nettstaden offentlege instansar bruker for å nå ut til ungdom. Ung.no skal i 2012 føre vidare samarbeidet med fleire offentlege etatar og nettsider for å sikre ungdom relevant informasjon gjennom fleire kanalar. Ung.no går i 2012 frå å vere prosjekt til å bli innlemma i Bufdir sitt ordinære informasjonsarbeid. Løyvinga blir samstundes auka med 0,5 mill. kroner.

Bufdir administrerer også det norske Eurodesk-kontoret, som publiserer informasjon og svarer på spørsmål om stipendordningar og moglegheiter for å jobbe og studere i Europa.

Innsats mot vald, mobbing, rus, kriminalitet og diskriminering

Innsatsen for å motverke vald, mobbing, rus, kriminalitet, rasisme og diskriminering i barne- og ungdomsmiljøa blir ført vidare. Departementet har fleire tiltak i handlingsplanen Gode krefter – kriminalitetsførebyggjande handlingsplan (2009–2012). Gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn vil det òg i 2012 bli gitt stønad til tiltak som har som mål å motverke vald, kriminalitet, rus, rasisme, diskriminering og andre negative trekk i ungdomsmiljøa.

Manifest mot mobbing (2011–2014) er eit forpliktande samarbeid mellom regjeringa og sentrale aktørar i arbeid mot mobbing. BLDs innsats mot mobbing rettar seg særskilt mot dei organiserte fritidsmiljøa. BLD vil halde fram arbeidet for at fritidsklubbar og frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar skal stå fram som opne og inkluderande møteplassar. BLD vil òg arbeide særskilt mot mobbing og trakassering via digitale medium og mobbing relatert til kjønn.

BLD vil gjennom tilskotsordninga Mangfold og inkludering støtte opp om lokale ungdomsprosjekt som legg vekt på mangfald, haldningar og nye former for deltaking. Tilskotsordninga blir forvalta av Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), og målgruppa er frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, fritidsklubbar, ungdomshus og lokale ungdomsmiljø.

Eit inkluderande oppvekstmiljø og like levekår for alle grupper barn og ungdom

BLD vil styrkje den særskilde innsatsen retta mot ungdom som står i fare for å falle utanfor opplæring og arbeidsliv, gjennom Losprosjektet med 1 mill. kroner. Målet med prosjektet er å betre tilknytinga til skole og arbeid blant særleg risikoutsette unge i alderen 14–23 år. Ein må sjå innsatsen i samanheng med Kunnskapsdepartementet si satsing for auka gjennomføring i vidaregåande opplæring – Ny GIV.

BLD har sett i gang eit forskingsprosjekt for å evaluere måloppnåinga i Losprosjektet, og rapport skal leverast til BLD i 2014. Resultata frå evalueringa skal nyttast som grunnlag for å vurdere ei eventuell nasjonal spreiing av prosjektet.

Barn og ungdom med innvandrarbakgrunn er ei prioritert målgruppe i arbeidet med å sikre gode oppvekst- og levekår for alle. Verkemidla ligg særleg innanfor tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn og innanfor barnevernet, sjå omtale under delmål 6.1 Gode tiltak og høg kompetanse i statleg og kommunalt barnevern, og gjennom tilskot til forsking og utviklingsarbeid. Departementet vil òg i 2012 dele ut ein pris til ein vaksen med innvandrarbakgrunn som gjer ein særleg innsats for barn og ungdom.

BLD har gitt Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS), region vest, i oppgåve å etablere kompetansetiltak for og rettleiing om religiøse miljø og brotprosessar til tilsette i hjelpeapparatet. Det langsiktige målet er å gjere det ordinære hjelpeapparatet betre i stand til å møte menneske med traumatiske opplevingar knytte til religiøse miljø og brotprosessar.

Departementet vil føre vidare samarbeidet med Sametinget for å fremme utviklinga av tilbod i kommunane for å styrkje samisk identitet og tilhøyrsle og sikre at rettane til barn og unge blir innarbeidde i kommunale planar. BLD samarbeider med Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet og Sametinget om Handlingsplan for samiske språk.

BLD vil òg i 2012 bidra til å styrkje integrering og deltaking blant unge med nedsett funksjonsevne gjennom jamleg dialog med samanslutninga Unge funksjonshemma. Vidare får mange frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar for barn og unge med nedsett funksjonsevne grunnstønad frå BLD si tilskotsordning til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar. Lokale tiltak kan òg få stønad gjennom tilskotsordningane Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn og Mangfold og inkludering.

Målet om likeverd og like høve for jenter og gutar blir følgt opp mellom anna gjennom ulike tilskotsordningar og gjennom kontakt og dialog med ungdomsmiljøa. Til dømes er likeverd og like høve for jenter og gutar eit kriterium det blir lagt vekt på i tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn.

EUs ungdomsprogram Aktiv ungdom

Ei omtale av programmet finst i del III, Omtale av særlege tema.

Delmål 5.3: Målretta tiltak mot fattigdom blant barn og unge

Resultatrapport 2010/2011

Reduserte konsekvensar av fattigdom blant barn, ungdom og familiar i større bysamfunn

Den særskilde satsinga retta mot barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem, blei ført vidare i 2010 gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. 31,5 mill. kroner blei fordelte på 184 tiltak i dei 23 bykommunane og dei sju prioriterte bydelane som er omfatta av ordninga. Det blei gitt støtte til ferie- og fritidstiltak og til tiltak som kan fremme tilknyting til arbeidslivet for unge med lite eller mangelfull utdanning. Det blei òg gitt støtte til meir langsiktige og samordna tiltak som skal motverke utstøyting av barn og unge som er råka av fattigdomsproblem. Satsinga blei ført vidare i 2011, og løyvinga blei auka med 5 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett. Samla løyving i 2011 er 36,5 mill. kroner.

Evalueringsrapporten av departementets særlege satsing retta mot barn, unge og familiar råka av fattigdom, innanfor tilskotsordninga, blei levert i mai 2010. Evalueringa omhandlar tiltaka og måten ordninga blei forvalta på i byane/bydelane som var omfatta av ordninga i perioden 2003–2009. Eit viktig oppfølgingspunkt har vore å sikre at tiltaka skal vere opne for alle for å motvirke stigmatisering og styrkje kontrollen med måloppnåinga. I 2010 blei regelverket for tilskotsordninga og rettleiinga justerte for å klargjere ansvaret for oppfølging og kontroll som følgje av tilrådingane i evalueringa. Tilrådingane i rapporten er òg følgde opp mellom anna gjennom utvikling av eit hefte med oversikt over alle tiltaka i byane i 2010.

Strategiar og tiltak for 2012

Reduserte konsekvensar av fattigdom blant barn, ungdom og familiar i større bysamfunn

Ein stor del av barna som lever i familiar med vedvarande låg inntekt, bur i dei store byane. Fattige barn blir oftare råka av sosial og økonomisk utestenging frå deltaking på fritida og reiser sjeldnare på ferie med familien sin. Det er nødvendig å ta omsyn til barns behov når det gjeld tiltak mot fattigdom, og leggje til rette for at alle barn og unge skal få delta og utvikle seg uavhengig av foreldra sin sosiale og økonomiske situasjon.

BLD vil i 2012 føre vidare den særskilde satsinga retta mot barn, unge og familiar råka av fattigdomsproblem, gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. Ordninga støttar ferie- og fritidstiltak for barn, ungdom og familiar, tiltak som bidreg til kvalifisering og inkludering, og meir langsiktige og samordnande tiltak som skal motverke utstøyting av barn og unge råka av fattigdomsproblem. Samhandling mellom offentlege aktørar og frivillig sektor står sentralt for å fremme dei sosialpolitiske målsetjingane som ligg til grunn for innsatsen mot fattigdom. Arbeidet med tilskotsordninga blir følgt opp ved at departementet årleg har to kontakt- og erfaringsmøte med byane.

BLDs tilskotsordning retta mot fattigdom blant barn, ungdom og familiar i storbyane, inngår i regjeringas samla satsing mot barnefattigdom. Tilskotsordninga vil bli sett i samanheng med andre statlege tilskotsordningar og satsingar. Her kan det særleg visast til Arbeidsdepartementet si nye tilskotsordning Kompetanse og utviklingstiltak for å forebygge og redusere fattigdom blant barn, unge, og barnefamilier som er kontakt med sosialtjenesten, sjå omtale under Arbeidsdepartementets Prop 1 S (2011-2012) kapittel 621. Det er eit mål at det skal bli enklare for søkarane å få ei heilskapleg oversikt over ordningane. Ei samla oversikt over regjeringas innsats mot fattigdom finst i Arbeidsdepartementets Prop 1 S (2011-2012).

Delmål 5.4: Makt og påverknad for barn og unge

Resultatrapport 2010/2011

Brei deltaking frå barn og ungdom i dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane

BLD støttar det nasjonale og internasjonale arbeidet til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane gjennom tilskotsordninga for nasjonal og internasjonal grunnstønad. Midlane blir fordelte av Fordelingsutvalet. I 2010 blei 85,3 mill. kroner i nasjonal grunnstønad fordelte på 81 organisasjonar. Dette er ein auke på 5 organisasjonar frå 2009, og auken heng hovudsakleg saman med at spesielt organisasjonar for barn og unge med innvandrarbakgrunn eller med nedsett funksjonsevne kjem inn i ordninga. 3,5 mill. kroner i internasjonal grunnstønad blei fordelte på 33 organisasjonar i 2010. Dette er ein auke på 2 organisasjonar frå 2009. Departementet har òg arrangert den årlege kontaktkonferansen for dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane. Temaet for konferansen i 2010 var deltaking for alle.

Tilskotsordningane skal leggje til rette for barn og unges deltaking i barne- og ungdomsorganisasjonane og sikre organisasjonane som arena for medverknad og demokrati. Dette blir sikra ved at dei organisasjonane som får støtte, må vere demokratisk oppbygde med lik rett til påverknad frå fylte 15 år.

I tillegg fordelte Bufdir 9,6 mill. kroner til nasjonalt driftstilskot og 3,1 mill. kroner til internasjonalt driftstilskot til Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar, Ungdom & Fritid og Unge funksjonshemma. 2010 var det første året der Ungdom & Fritid og Unge funksjonshemma fekk tildelt internasjonalt tilskot, noko som har resultert i eit auka internasjonalt engasjement i begge samanslutningane.

Barn og ungdom har innverknad på utviklinga av samfunnet

Departementet heldt i 2010 fram med å stimulere kommunane til å auke barn og unges deltaking i og innverknad på samfunnet. Departementet har følgt opp eit forskingsprosjekt om organ for medverking for barn og ungdom i kommunar og fylke. Tala frå undersøkinga viser at 82 prosent av dei om lag 350 kommunane og bydelane som svarte på undersøkinga, har eit organ der barn og unge har innverknad. Rapporten viser òg at det er fleire saksområde der barn og unge kan bli inviterte til å diskutere lokale avgjerder. Resultata frå prosjektet har vore ein del av kunnskapsgrunnlaget for departementets vidare arbeid med å styrkje barn og ungdoms deltaking og innverknad i kommunane.

Departementet har spreidd kunnskap om kor viktig det er å involvere barn og ungdom i deira eige lokalmiljø, mellom anna gjennom den årlege barne- og ungdomskonferansen for kommunesektoren. Temaet på konferansen i 2010 var ung makt og lokalt engasjement. BLD har saman med Kommunal- og regionaldepartementet gitt ut eit rundskriv til kommunane som gir ei samla framstilling av barn og unges rettar, lover og regelverk knytte til fritidsmiljø og til deltaking og innverknad. Rundskrivet blei sendt til kommunane i april 2011.

Regjeringa sette hausten 2010 ned eit offentleg utval som skal greie ut unges makt og deltaking. Utvalet skal leggje fram arbeidet sitt 15. desember 2011.

Strategiar og tiltak for 2012

Det er behov for å ha kontinuerleg søkjelys på den retten barn og ungdom av begge kjønn har til deltaking og innverknad i kvardagslivet og i samfunnsutviklinga. Departementet ønskjer å stimulere til at enda fleire kommunar arbeider for brei medverknad frå barn og unge, slik at dette blir ein viktig og innarbeidd del av kommunane si verksemd. BLD vil bidra til utveksling av idear og røynsle, mellom anna gjennom kåringa av Årets barne- og ungdomskommune og ved at temaet blir diskutert på konferansar og samlingar.

Brei deltaking frå barn og ungdom i dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane

Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane er viktige aktørar i barne- og ungdomspolitikken. BLD støttar det lokale, nasjonale og internasjonale arbeidet til organisasjonane gjennom ulike tilskotsordningar. Støtta er eit viktig verkemiddel for å sikre barn og unges deltaking og engasjement. Målet er å bidra til eit levande og mangfaldig organisasjonsliv for og med barn og unge. Departementet føreslår å auke løyvinga til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane med 5 mill. kroner i 2012.

BLD vil føre vidare tilskotsordninga for dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane. Ordninga omfattar både grunnstønad til nasjonalt og internasjonalt arbeid, jf. forskrifta om tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar. For å vurdere måloppnåinga med tilskotsordninga vil Fordelingsutvalet sjå på rapporteringa frå organisasjonane i samband med den årlege søknaden om tilskot og utføre ei spørjeundersøking i organisasjonane. Resultata vil danne grunnlag for det vidare arbeidet med tilskotsordninga.

Kontakten og dialogen med frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar vil halde fram gjennom jamlege kontaktmøte og den årlege kontaktkonferansen mellom departementet og frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar.

Unges makt og deltaking

Departementet vil i 2012 vurdere forslag frå eit offentleg utval som ser på unges makt og deltaking (Ungdommens maktutredning). Utvalet, som blei sett ned hausten 2010, skal ha eit breitt perspektiv på arbeidet og greie ut høve og barrierar for makt og deltaking for ulike grupper. Det skal vurdere forslag som kan bidra til å auke unges makt og deltaking på ulike arenaer. Dessutan skal utvalet greie ut unges makt over og høve for meistring av eigen livssituasjon, forhold knytte til unges makt som forbrukarar og som brukarar av offentlege tenester. Utgreiinga skal i hovudsak konsentrere seg om ungdom i alderen 12–26 år og skal leggjast fram for departementet 15. desember 2011.

Departementet vil i 2012 òg vidareføre oppfølginga av forslag frå ei ekspertgruppe som blei sett ned av BLD for å greie ut om ungdom sine høve til eit positivt fritidsmiljø og deltaking og innverknad lokalt. Dette vil bli sett i samanheng med forslaga frå Ungdommens maktutredning.

Barn har, etter FNs konvensjon om barnerettane, rett til å bli høyrde i saker som gjeld barn. BLD ønskjer derfor å inkludere barn i prosessen med rekruttering av nytt barneombod. Det skal opprettast eit barneutval som skal delta i utforminga av kravspesifikasjonane og ved gjennomføring av intervju. Utvalet skal bestå av åtte barn i alderen frå 12 til 18 år.

Delmål 6.1: Gode tiltak og høg kompetanse i statleg og kommunalt barnevern

Resultatrapport 2010/2011

Det kommunale barnevernet

Alle kommunane har ei barnevernsteneste som er ansvarleg for å utføre dei oppgåvene som etter lova ikkje ligg hos eit statleg organ. Kommunal barnevernsteneste har mellom anna ansvar for å gjere undersøkingar, gjere vedtak om hjelpetiltak i heimen, førebu saker for Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker, følgje opp barn som er plasserte utanfor heimen, godkjenne fosterheim for det enkelte barnet, drive førebyggjande arbeid og gjere akuttvedtak.

I 2010 var det 49 800 barn og unge som mottok tiltak frå barnevernet. Dette var 7,1 prosent fleire enn året før, og auken frå 2008 til 2009 var på 5,3 prosent. Nær 3 300 fleire barn mottok tiltak i 2010 samanlikna med året før. Dette er den største veksten i talet på barn med tiltak vi har sett sidan den nye barnevernlova trod i kraft i 1993.

Talet på barn med tiltak i 2010 auka i alle aldersgruppene. Det er som i tidlegare år fleire gutar enn jenter i barnevernet: 27 400 gutar mot 22 400 jenter tok imot tiltak i 2010. Blant dei barna som var nye i barnevernet i 2010, var det 55 prosent gutar.

Ser ein på barn med tiltak i høve til folketalet, får ein fram eit noko annleis bilete. Det var ein auke i alle aldersgruppene målt per 1 000 barn, men den største auken var i aldersgruppa 13–17 år, der talet på barn med tiltak auka frå 49 til 51 per 1 000 barn siste året. Det er òg i denne aldersgruppa ein finn flest barn med barnevernstiltak per 1 000 barn. Aldersgruppa 3–5 år har den nest største auken, frå 32 til 34 per 1 000 barn frå 2009 til 2010.

I 2010 starta barnevernet nær 32 900 undersøkingar. Dette er 2 700 fleire enn året før og ein auke på 9 prosent frå 2009. Av alle meldingane som førte til at det blei starta undersøking, kom over halvparten frå følgjande fire av tjue moglege meldingsinstansar: foreldra (mor/far/føresette), skolen, barnevernstenesta og politiet/lensmannen. Meldingar frå barnehagar har auka med 13 prosent frå 2009, men står likevel berre bak rundt 4 prosent av meldingane som førte til undersøking.

Av dei nær 50 000 barna som tok imot tiltak frå barnevernet i 2010, var det 84 prosent som berre fekk hjelpetiltak. Talet på barn som mottok hjelpetiltak, auka med 7,8 prosent frå året før. Talet på barn med omsorgstiltak auka igjen frå 2009 til 2010 med nær 300, etter at det var ein liten nedgang frå 2008 til 2009. Ser ein på dei lange linjene, viser dei at medan 29 prosent av tiltaka var omsorgstiltak i 1993, var berre 16 prosent omsorgstiltak i 2010. Det er altså i stor grad veksten i hjelpetiltak som forklarer veksten i tiltak i barnevernet. Med hjelpetiltak meinar ein både hjelpetiltak i regi av kommunen, hjelpetiltak i regi av kommunen med statleg støtte og hjelpetiltak i statleg regi.

Det statlege barnevernet

Ved utgangen av 2010 fekk 5 000 barn og unge eit tiltak frå det statlege barnevernet. Figur 3.1 viser utviklinga i statlege tiltak dei siste åra.

Figur 3.1 Talet på opphaldsdagar 2008-2010

Figur 3.1 Talet på opphaldsdagar 2008-2010

Samla sett var det 5,1 prosent fleire opphaldsdagar i 2010 enn i 2009 i det statlege barnevernet. Også relativt til barnebefolkninga aukar delen barn som mottek tilbod frå Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat). Ved utgangen av 2010 fekk om lag 4,5 barn per 1 000 barn i alderen 0–19 år eit tiltak i det statlege barnevernet.

Det er først og fremst omsynet til dei individuelle behova til barnet som er utslagsgivande i val av tiltak. Samstundes er det eit mål å redusere bruken av institusjon til fordel for stabile familieplasseringar, fordi det for dei fleste barn er betre å bu i ein familie enn på institusjon. Nedgongen i bruk av institusjon til fordel for auka bruk av fosterheimar held fram i tråd med målsettinga. Det var ein reduksjon i bruk av institusjon på 4,9 prosent frå 2009 til 2010. Bufetat har òg arbeidd med å redusere opphaldstida i institusjon. I 2010 er gjennomsnittleg opphaldstid for aktive saker redusert med tolv dagar for landet samla sett. Det er òg færre barn som har vore lenger enn to år på institusjon. Ettersom mange barn er innom institusjonar, er det viktig å få til godt samarbeid og gode overgangar mellom institusjonar og fosterheim.

Nedgangen i bruken av institusjon fører til ein auke i bruk av fosterheim. Særskilt er det ein auke i talet på opphaldsdagar i kommunale fosterheimar med statleg forsterking, det vil seie kommunale fosterheimar som staten støttar økonomisk. Frå 2009 til 2010 var det ein auke på meir enn 30 prosent i fosterheimar med statleg forsterking. Samla sett var auken i fosterheim på 13,6 prosent. Bruken av hjelpetiltak i heimen er samla sett redusert med 7,2 prosent samanlikna med 2009. Dette gjeld hjelpetiltak i statleg regi eller hjelpetiltak i regi av kommunen med statleg støtte. Bruken av Parental Management Training – Oregon (PMTO) auka med 20 prosent og bruken av Multisystemisk terapi (MST) auka med 13 prosent mellom 2009 og 2010. PMTO og MST er tiltak som er baserte på kunnskap og forsking, og dette støttar opp under målet om å auke bruken av tiltak som er baserte på kunnskap og forsking. Andre hjelpetiltak blei i perioden reduserte.

For å utnytte kapasiteten i dei statlege barnevernsinstitusjonane skal Bufetat først redusere bruken av private institusjonar. Resultata for 2010 viser at etaten lykkast med dette, og nedgangen er størst i private institusjonar. Det var i 2010 ein reduksjon i talet på opphaldsdagar i private institusjonar på 7,2 prosent. Det er framleis fleire opphaldsdagar i private institusjonar enn i statlege. Ved kjøp frå private blir ideelle aktørar prioriterte framfor dei andre private aktørane.

Bufetat har i 2010 implementert standardkontrakt for statlege familieheimar og beredskapsheimar. Standardkontrakten varer i fem år og gir oppdragstakarane mellom anna rett til frihelger, friperiodar mellom oppdrag og medlemskap i Statens pensjonskasse. Alle heimar som hadde kontrakt med Bufetat per 12. februar 2010, fekk tilbod om å gå over på standardkontrakt. Nærmare 90 prosent av fosterheimane har valt å gjere det.

Barnevernets legitimitet i befolkninga

Bufdir er rangert som nummer 23 av 50 norske offentlege verksemder i ei måling av offentleg omdømme hausten 2010, og har dermed eit middels godt omdømme i befolkninga.

Barne- og ungdomsundersøkinga 2010 målte kva kjennskap og haldningar barn har til barnevernet. Resultata av undersøkinga viser at dei fleste (68 prosent) knyter barnevernet til noko positivt (å hjelpe barn som har det vanskeleg). Størsteparten veit kva som er oppgåvene til barnevernet, og skolen er den viktigaste kjelda til informasjon om barnevernet, deretter venner og familie. Nesten fire av ti veit om barn eller unge som får eller har fått hjelp av barnevernet. Bufdir har laga eit pedagogisk materiell som dei kommunale barnevernstenestene kan bruke når dei fortel barn og unge i grunnskolen om barnevernet.

Forsking og utvikling

BLD og Bufdir arbeidde i 2010 med å styrkje kunnskapsgrunnlaget i barnevernet. Satsinga bygde på den langsiktige forskings- og utviklingsstrategien (2009–2012) frå departementet og direktoratet på barnevernsområdet. Støtte til barnevernsforsking blei ført vidare. To større, nye satsingar på forsking blei sette i verk i 2010.

Med stønad frå Bufdir blir det gjennomført eit strategisk program for forsking om fosterheimar (2010–2012). Programmet blir gjennomført av tre forskingsmiljø i Noreg (NOVA, noverande BUS Vest / RBUP Vest og Fafo) med samarbeidspartnarar i Sverige og Danmark.

Departementet initierte i 2010 ei evaluering av forvaltingsreforma i barnevernet. Med evalueringa skal departementet få ein heilskapeleg analyse av om måla med reforma er nådde, og evalueringa vil vere sentral i den vidare utviklinga av barnevernet. Evalueringa, som er supplert med resultat frå anna relevant forsking, skal kome i mars 2012.

Helse- og omsorgsdepartementet og BLD samarbeidde i 2010 om å skape meir heilskaplege kompetansemiljø knytte til barn og unge si utvikling og dei behova barn og unge har for samansette tenester. Som eit resultat av dette arbeidet blei Barnevernets utviklingssenter i Nord-Noreg og Regionsenter for barn og unges psykiske helse i Nord-Noreg slått saman i 2011 og fekk namnet Regionalt kunnskapssenter for barn og unge – Nord (RKBU). Ei tilsvarande samanslåing blei gjord i region vest.

Nasjonalt kompetansenettverk for sped- og småbarns psykiske helse er ein del av Regionsenter for barn og unges psykiske helse i aust og sør. Nettverket blir hovudsakleg finansiert av Helsedirektoratet. Utviklingsarbeidet i 2010 var knytt til utprøving i Noreg av internasjonalt kjende kartleggings-, utgreiings- og behandlingsmetodikk for dei minste barna.

Kompetanseheving og spreiing av kunnskap

NOU 2009:8 Kompetanseutvikling i barnevernet inneheld framlegg om kvalitetsutvikling av studiar og studiemiljø i lys av barnevernet sitt framtidige kompetanse- og kvalifiseringsbehov. Utgreiinga blei sendt på høyring hausten 2009, og høyringsinstansane er i stor grad samde i tilrådingane frå utvalet. I samarbeid med Kunnskapsdepartementet er BLD i ferd med å konkretisere og følgje opp utvalet sine tilrådingar.

God oppfølging av barn i kommunalt og statleg barnevern

Departementet oppretta i 2010 ei arbeidsgruppe under Bufdir som har vurdert tiltak for å styrkje arbeidet med kommunale fosterheimar. Gruppa har mellom anna vurdert oppfølging og rettleiing til fosterforeldre, konfliktløysing, utgreiing av barn før plassering, tiltak for biologiske foreldre, tilsynsførarordninga og korleis praksis kan bli meir einskapleg i kommunar og regionar.

Ei ny fosterheimsavtale for kommunale fosterheimar blei ferdig i 2010. Avtala er meir vidfemnande og informativ enn den tidlegare avtala og gir fosterforeldre betre kunnskap om kva rettar og plikter dei har.

Bufetat har oppretta to barnevernsinstitusjonar for ungdom med rusproblem, kvar av dei med 3–5 plassar. Ei kurspakke for å heve kompetansen om rus blant tilsette i institusjonar er distribuert til alle institusjonar. Utover dette har kurset om forskrifta om rettar i institusjonar blitt revidert.

Dei fem institusjonane som nyttar metoden MultifunC, er tilpassa unge med særs alvorlege åtferdsvanskar. Rekruttering av ungdommar til ei effektevaluering av denne behandlingsmodellen starta i 2009. Evalueringa blir sluttført i 2014.

Tidleg og rett hjelp til grupper av utsette barn, unge og familiane deira

Barnevernet har eit særleg ansvar for utsette barn og unge og bør derfor ha brei kunnskap om barnefattigdom og aktuelle verkemiddel.

Departementet og Bufdir følgjer opp tiltaka som gjeld barn og unge i handlingsplanane mot kjønnslemlesting, tvangsgifte og menneskehandel. Når det gjeld tvangsgifte, arbeider Bufdir særskilt med å etablere eit tilpassa tilbod om bustad i kvar region for unge under 18 år som blir utsette for vald og tvangsekteskap. Arbeidet vil bli avslutta i 2011.

BLD og direktoratet har følgt opp tiltaka som gjeld barn og unge i handlingsplanen. Det er utarbeidd ein ny handlingsplan på området, Saman mot menneskehandel (2011–2014). Barneperspektivet i planen er styrkt.

Bufetat styrkte i 2010 det strukturerte samarbeidet på regionalt og lokalt nivå mellom barnevern, psykisk helsevern for barn og unge og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Som ledd i regjeringa si satsing for barn av psykisk sjuke og rusmisbrukande foreldre blei innsatsen i 26 modellkommunar ført vidare. Bufdir og Helsedirektoratet utarbeidde i 2010 eit modulbasert opplæringsprogram i samarbeid med Regionsenter for barn og unges psykiske helse (RBUP), Regionale ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS), Kompetansesenter rus og Bufetat. Målet er å styrkje kompetansen om tidleg intervensjon i kommunane, og å samordne kompetansetilbod på kommunalt nivå.

Satsinga på auka kompetanse om rus blei òg retta mot barn og unge som sjølv rusar seg. Målsetjinga var å avdekkje problema tidlegare og etter det setje i verk tiltak. Det er nødvendig med ei systematisk oppfølging av barna og foreldre/familie over tid for å sikre varig endring. Departementet løyvde midlar til Bergen kommune for å greie ut ein modell for rusførebygging for barn heilt ned til 10 år. Eit slikt lågterskeltilbod skal kunne kartleggje problemet, identifisere barn som er i faresona, og gi behandling til barn og unge som treng det.

Erfaringar frå prosjektet Barn som lever med vald i familien (2004–2009) blei formidla gjennom ein landsdekkjande regional konferanse hausten 2010. Prosjektet gav i januar 2011 ut fagboka Barn som lever med vald i familien, som byggjer på erfaringar frå prosjektet. Målgruppa for boka er studentar og fagpersonar.

Alarmtelefonen for barn og unge, som er eit nasjonalt kontaktpunkt for barn og unge som treng hjelp, blei ført vidare i 2010. Frå oppstarten i juni 2009 til utgangen av juni 2011 hadde Alarmtelefonen handsama 300 akutte saker. I same tidsrommet hadde Alarmtelefonen i tillegg vidareformidla 373 meldingar til lokale barnevernstenester. Departementet fekk i september 2011 ein evalueringsrapport om Alarmtelefonen frå Rambøll Management. Departementet vil no vurdere forslaga i rapporten.

Planperioden for Strategi mot seksuelle og fysiske overgrep mot barn (2005–2009) blei avslutta i 2009. Planperioden for regjeringa sin handlingsplan mot vald i nære relasjonar (2008–2011), Vendepunkt, blir avslutta i 2011. BLD vurderer no saman med andre aktuelle departement korleis innsatsen mot vald mot barn og seksuelle overgrep skal førast vidare i 2012. Sjå omtale under delmål 3.6 Gode og tilgjengelege tilbod til personar utsette for vald i nære relasjonar.

Departementet tok i samarbeid med Justisdepartementet del i oppfølginga av NOU 2008:15 Barn og straff. Oppfølginga har mellom anna vore knytt til oppretting av ungdomseiningar som er særskilde lukka bustader for unge lovbrytarar, i regi av Kriminalomsorgen. Sjå òg omtale under 6.3 Heilskaplege og samordna tilbod og tenester.

Bufdir har hovudansvaret for å følgje opp Program for foreldrerettleiing i kommunane i samarbeid med Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet. Sommaren 2011 var det 200 rettleiarar i 110 kommunar i Noreg. Program for foreldrerettleiing har eit førebyggjande mål og skal styrkje foreldra si rolle og leggje til rette for ei god utvikling for barn. Samstundes er intensjonen å nå utsette familiar tidleg. Det finst fleire variantar av foreldrerettleiingsprogram, mellom anna basisprogram, program for foreldre med innvandrarbakgrunn og program for foreldre som har barn med nedsett funksjonsevne. Program retta mot fosterforeldre, har òg vore prøvde ut.

Ivaretaking av den fleirkulturelle kompetansen i barnevernet

Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR) fekk i 2005 i oppdrag frå BLD og Bufdir å innhente kunnskap om fleirkulturelt arbeid i barnevernet. Departementet følgde opp funna i dette arbeidet i 2008 og i 2009 ved å finansiere ei vidareutdanning for kompetanseheving i barnevernet ved fire utvalde høgskular. Vidareutdanninga omhandla òg samisk kultur.

Denne vidareutdanninga er evaluert av NTNU Samfunnsforskning, og sluttrapport blei levert hausten 2010. Evalueringa konkluderte med at vidareutdanninga er fagleg sterk og godt gjennomført frå utdanningsinstitusjonane si side. Rapporten peiker på nokre svake trekk når det gjeld korleis arbeidsgivarane legg til rette for bruk av kompetansen. På bakgrunn av evalueringa vurderer departementet vidare tiltak for framleis styrking av den fleirkulturelle kompetansen i barnevernet.

Å auke delen tilsette med innvandrarbakgrunn i barnevernstenesta er eit ledd i arbeidet med å auke den fleirkulturelle kompetansen i barnevernet og å gi arbeidet større legitimitet. Per 1. oktober 2010 var 881 personar med innvandrarbakgrunn tilsette i barnevernstenesta. Dei utgjer 6,1 prosent av alle dei tilsette i barnevernstenesta. Den tilsvarande prosentdelen for 2009 var 5,6. Per 1. oktober 2010 hadde 129 studentar på barnevernsutdanningane innvandrarbakgrunn, det vil seie 5,8 posent av alle studentane på barnevernsutdanningane. Tilsvarande tal for 2009 var 114 studentar og 5,2 prosent.

Som eit ledd i oppfølginga av NOU 2009:8 Kompetanse i barnevernet har departementet gitt stønad til eit treårig pilotprosjekt ved Høgskolen i Oslo. Gjennom å utvikle eit målretta og systematisk rekrutteringsarbeid skal ein auke delen mannlege studentar og studentar med innvandrarbakgrunn ved barnevernspedagogutdanninga.

BLD har sidan hausten 2008 gjennomført mentorordninga Nattergalen ved åtte høgskolar og universitet. Målet med ordninga er at dei tilsette i barnevernet skal bli meir kultursensitive i møte med barn, unge og familiar, og at fleire unge med minoritetsbakgrunn fullfører vidaregåande opplæring og tek høgare utdanning. Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) evaluerer ordninga, og sluttrapport skal leverast hausten 2011. BLD vil vurdere å vidareføre mentorordninga i 2012.

Gode omsorgstilbod til einslege mindreårige asylsøkjarar

Sidan barnevernet overtok ansvaret for einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år, har det kome langt fleire enn prognosane tilsa. Talet på einslege mindreårige asylsøkjarar har likevel gått ned sidan toppåret 2009. I juni i 2009 var 212 einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år under barnevernets omsorg. Av desse var 87 i statlege omsorgssenter, medan 125 var plasserte i private tiltak. Ved utgangen av 2010 var det 157 einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år under barnevernets omsorg. Av desse var 130 i statlege omsorgssenter, medan 27 var plasserte i private tiltak. Fylkesmannen har fått oppgåva med å føre tilsyn. Fylkesmannen er òg klageinstans for enkeltvedtak gjorde overfor denne gruppa.

Tala frå 2010 viser at 43 prosent av dei einslege mindreårige asylsøkjarane var frå Afghanistan. Det kom òg ein del barn frå Sri Lanka, Eritrea, Etiopia og Somalia. Dei aller fleste er gutar, og det er derfor særlege utfordringar knytte til butilboda og kjønn. Bufetat har utarbeidd rutinar for busetjing av einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år i samarbeid med Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI). Ei omtale av IMDIs busetjingsarbeid finst under delmål 2.1 Rask busetjing til kommunane. Det er eit mål at busetjinga skal skje innan tre månader etter opphaldsløyve. Per 30. juni 2011 var ventetida for busetjing av einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år frå omsorgssenter 7,6 månader. Dette er det same som i 2010, men ein auke på 2,3 månader sidan 2009.

Regjeringa har vedteke at ein ikkje vil fremme forslag om å overføre omsorgsansvaret for einslege mindreårige asylsøkjarar over 15 år til barnevernet i denne stortingsperioden. Barnevernet har hatt ansvaret for dei einslege mindreårige under 15 år sidan desember 2007, og det er viktig å få kunnskap om korleis reforma har virka. Departementet ønskjer derfor å evaluere omsorgsreforma i 2011/2012.

Kommunane mottok òg i 2010 statsrefusjon for utgifter utover ein eigendel til kommunale barnevernstiltak for einslege mindreårige, for å oppnå målet om å busetje einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar så raskt som mogleg i gode omsorgstiltak. Ordninga med eit særskilt tilskot til kommunane ved busetjing blei ført vidare. I desember 2010 blei det gitt ut eit rundskriv om kommunane sitt ansvar for einslege mindreårige asylsøkjarar og andre mindreårige personar i asylmottak og kommunar. BLD vil evaluere dei økonomiske ordningane for flyktningar og einslege mindreårige asylsøkjarar i 2011/2012.

I 2010/2011 har departementet, i samarbeid med Bufdir og IMDi, utarbeidd ei handbok til kommunane om arbeidet med busetjing og integrering av einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar. Handboka er meint å vere eit enkelt oppslagsverk for å formidle oppdatert informasjon og er distribuert til alle landets kommunar.

Strategiar og tiltak for 2012

Førebyggjande tiltak og tidleg intervensjon

Regjeringa ønskjer framleis å styrkje det førebyggjande arbeidet retta mot utsette barn, unge og familiane deira, slik at ein kan kome tidleg inn med gode tiltak og på den måten unngå problemutvikling. Det gjeld til dømes å støtte og utvikle tiltak og metodar som kan betre omsorgsevna til foreldra for å unngå plassering i fosterheim og på institusjon. Det er òg behov for at det i lokalmiljøa finst førebyggjande lågterskeltilbod for utsette familiar med små barn som er i ein vanskeleg livssituasjon.

BLD fører vidare samarbeidet med Bufdir om tilrettelegging og utvikling av foreldrerettleiingsprogram i kommunane og andre tiltak for utsette familiar og barn med særskilde behov. Ei evaluering av foreldrerettleiingsprogrammet i regi av International Child Development Programme (ICDP) viser at programmet gir god støtte for foreldre og gir betre relasjonar mellom barn og foreldre ved å redusere åtferdsproblem. Vidare oppfølging blir vurdert mellom anna på bakgrunn av rapporten.

Kunnskapsutvikling i barnevernet

Eit kunnskapsbasert tenestetilbod er ein grunnleggjande føresetnad for at barn, unge og familiane deira får hjelp av høg kvalitet. Dette krev kunnskapsutvikling gjennom målretta forskingsinnsats og kompetansebygging. BLD og Bufdir har utvikla ein langsiktig forskings- og utviklingsstrategi (2009–2012) på barnevernsområdet. I 2012 vil ein starte arbeidet med ein FoU-strategi for neste periode.

Arbeidet med å utvikle kunnskapsgrunnlaget gjennom konkrete FoU-prosjekt held fram i 2012. Forskingsinnsatsen på fosterheimsområdet og på hjelpetiltaksområdet er av dei prioriterte og langsiktige prosjekta. Departementet vil òg få ein forskingsrapport som skal svare på kvifor og kva som skjer når barnevernet legg bort meldingar og undersøkingar.

Nye tal og ny statistikk om barn med innvandrarbakgrunn i barnevernet vil bli prioriterte. Ein vil òg sjå nærmare på levekåra til einslege mindreårige flyktningar. Vidare skal ein evaluere reforma knytt til barnevernets omsorgsovertaking av einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år. Ein tek òg sikte på å initiere eit prosjekt om barn som er offer for menneskehandel.

Det kommunale barnevernet har plikt til å evaluere hjelpetiltaka det set i gang. Dette følgjer av ei lovendring i barnevernlova som trod i kraft 1. juli 2009. I 2012 vil departementet utarbeide materiell som vil hjelpe kommunane i arbeidet når dei skal evaluere hjelpetiltaka dei bruker.

For å skipe meir heilskaplege forskings- og kompetansemiljø knytte til barn og unge si utvikling og behovet deira for samansette tenester, har Helse- og omsorgsdepartementet og BLD arbeidd for at Barnevernets utviklingssenter og Regionsenter for barn og unges psykiske helse skal slåast saman til eit felles senter. I 2012 skal sentra i Midt-Noreg slåast saman.

BLD vil i samarbeid med andre departement styrkje innsatsen for å førebyggje og avdekke vald og overgrep mot barn og unge og for at dei utsette skal få god hjelp og behandling. Departementet vil mellom anna setje i verk tiltak i Handlingsplan mot vald i nære relasjonar (2012–2014).

Barns rett til å bli høyrde er eit viktig prinsipp i utviklinga av eit godt barnevern. Regjeringa vil vidareføre arbeidet med brukarundersøkingar og mellom anna diskutere med utdanningsinstitusjonane korleis prinsippet kan sikrast i utdanninga av dei som skal arbeide i barnevernet.

Eit breitt samansett panel gir hausten 2011 råd til regjeringa om utviklinga av barnevernet (Barnevernpanelet). Regjeringa vil vurdere forslaga i 2012 i lys av tilrådingane frå evalueringa av forvaltingsreforma i barnevernet.

Kommunalt barnevern

NOU 2009:8 Kompetanseutvikling i barnevernet fremma fleire forslag både for styrking av grunnutdanningane og for kompetansestyrking etter fullført grunnutdanning. Departementet følgjer opp forslaga frå utvalet. I 2012 er desse forslaga nye:

  • gjennomføre ein utdanningskonferanse som drøftar behova for eit meir einskapleg studietilbod med høg kvalitet, i samarbeid med utdanningsinstitusjonane og andre involverte instansar

  • innføre ei ordning med rettleidd praksis for nytilsette i barnevernet, jf. omtale delmål 6.4 Auka kapasitet i det kommunale barnevernet

Departementet samarbeider tett med Kunnskapsdepartementet om å følgje opp tilrådingane til utvalet, og oppfølginga må òg sjåast i samanheng med Kunnskapsdepartementets stortingsmelding om utdanning for yrka i velferdsstaten.

Regjeringa si satsing på auka kapasitet i det kommunale barnevernet inneber òg ei satsing på auka kompetanse i barnevernstenesta. I 2011 har kommunane fått tildelt om lag 52 mill. kroner til tiltak for å styrkje kompetansen i sakshandsaming, til fagleg kompetanseheving, til rettleidd praksis og til tiltak for å betre organiseringa av tenesta. Sjå òg omtale under delmål 6.4 Auka kapasitet i det kommunale barnevernet.

Det er framleis behov for å auke kompetansen i det kommunale barnevernet. Auken i dei øyremerkte midlane til kommunalt barnevern i 2012 vil gi rom for tilbod om rettleidd praksis og andre kompetansetiltak i kommunane.

Utvikle tiltak for å identifisere rusproblem hos barn og unge og utvikle tilbod til barn av rusmisbrukande og psykisk sjuke foreldre

Erfaring viser at mange i barnevernet slit med rusrelaterte problem i vaksen alder. I 2012 vil departementet i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, Justisdepartementet og Kunnskapsdepartementet vurdere å setje i gang eit pilotprosjekt på bakgrunn av ei utgreiing av organisering og utvikling av eit rusførebyggjande lågterskeltilbod i Bergen kommune. Målet er å etablere eit tilbod som skal fange opp barn og unge frå 10 til 20 år som er i fare for å utvikle, eller som har utvikla eit rusmiddelmisbruk. Lågterskeltilbodet skal kunne gi rettleiing og informasjon til foreldre og tilgrensande tenester, og det skal tilby forskingsbasert behandling til barn og unge som treng det.

Bufetat har sett i gang eit systematisk arbeid for betre kartlegging av ungdoms livssituasjon og rusproblem gjennom opplæring av tilsette i barnevernet i bruk av kartleggingsverktøyet EuroADAD. I 2012 vil opplæringa i kartleggingsverktøyet skje i regi av Bufetat.

Regjeringa har sett i gang ei satsing retta mot barn av psykisk sjuke og/eller rusmiddelavhengige foreldre for 2007–2014, jf. St.prp. nr. 1 (2007–2008).

Som ledd i denne satsinga har departementet sett i verk Modellkommuneprosjektet og oppnemnt 26 kommunar som modellkommunar frå 2007–2014. Departementet vil arbeide vidare saman med modellkommunane for å utarbeide modellar for tverrfagleg samarbeid, tidleg intervensjon, førebyggjande tiltak og heilskapleg og systematisk langsiktig oppfølging av barn i denne målgruppa. For å styrkje kunnskapsutviklinga når det gjeld omsorgssvikt og skeivutvikling, og opplæringa av tilsette i barnevernet gir departementet støtte til Kompetansenettverk for spe- og småbarns psykiske helse ved RBUP søraust. Nettverket utviklar kompetansehevande tiltak i tråd med barnevernets behov og tilbyr kurs over heile landet.

Menneskehandel

BLD og Bufdir har eit særleg ansvar for å sjå til at mindreårige offer for menneskehandel har trygge stader å bu, hjelp og vern. I 2011 blei det lansert ein ny handlingsplan, Saman mot menneskehandel (2011–2014). Barneperspektivet i den nye planen er styrkt, og arbeidet i 2012 vil bli knytt til iverksetjinga av handlingsplanen. Det er i alt fem tiltak i planen som gjeld barn. Eit av dei nye tiltaka er å innhente forskingsbasert kunnskap om situasjonen til mindreårige offer i Noreg. BLD vil i samarbeid med andre departement og direktorat følgje opp dei barneretta tiltaka i handlingsplanen både på nasjonalt og internasjonalt nivå.

Departementet vil fremme eit forslag til lovendring til Stortinget om mellombels plassering av barn utsette for menneskehandel utan samtykkje. Sjå omtale under 6.2 Høg rettstryggleik for barn, unge og familiane deira.

Utvikle tiltaka i det statlege barnevernet

Arbeidet med å utvikle tiltaka i det statlege barnevernet held fram. Tiltaka skal vere baserte på kunnskap frå ny forsking for å auke kvaliteten på alle tiltak i barnevernet. Dette er for å sikre at tiltaka blir verksame, trygge, sikre, at dei involverer brukarane, er samordna, utnyttar ressursane på ein god måte og er tilgjengelege og rettferdig fordelte. Det er eit mål å halde fram vridinga frå bruk av institusjonar til meir bruk av fosterheimar og hjelpetiltak i heimen.

I 2012 vil departementet særleg arbeide med å:

  • utvikle eit meir differensiert institusjonstilbod på bakgrunn av arbeidet med rapporten Kvalitet i barneverninstitusjoner

  • styrkje arbeidet med å rekruttere nye fosterheimar

  • halde fram arbeidet med brukarmedverking i utviklinga av tiltaka i det statlege barnevernet

Ved kjøp av barnevernstenester frå private tiltak vil ideelle aktørar framleis bli prioriterte framfor dei andre private aktørane. Den 13. juli 2011 tok Klagenemnda for offentlege innkjøp (KOFA) ei avgjerd i ei sak som gjaldt påstand om ulovlege direkte kjøp av institusjonsplassar for barn i barnevernet. KOFA kom til at enkeltkjøpa ikkje var omfatta av forskrift om offentlege innkjøp og dermed ikkje var underlagde ei kunngjeringsplikt. Denne avgjerda vil kunne gi auka fleksibilitet ved innkjøp. Departementet vil, i samråd med andre aktuelle departement, vurdere kva for handlingsrom avgjerda gir.

Gode omsorgstilbod til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar

Bufetat har det nasjonale ansvaret for koordinering og drift av arbeidet med einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år. Sett i lys av svingingane i talet på einslege mindreårige asylsøkjarar som kjem til Noreg, vil departementet sjå på organiseringa av dette tilbodet framover.

Departementet har sett i gang ei evaluering av refusjonsordninga for kommunale barnevernsutgifter og tilgrensande økonomiske ordningar som kommunane mottek i samband med busetjing av einslege mindreårige asylsøkjarar. Dette inneber mellom anna å kartleggje kva utgifter kommunane har til denne gruppa barn. Formålet med evalueringa er å sjå om det er mogleg å forenkle dei økonomiske ordningane utan at det går ut over kvaliteten på bu- og omsorgstilbodet for einslege mindreårige. Departementet vil følgje opp evalueringa i 2012.

I samarbeid med Kunnskapsdepartementet utvikle og setje i verk tiltak som medverkar til like høve, inkludert skoleresultat og fullføring av utdanning

BLD fører vidare innsatsen gjennom Losprosjektet, der målet er å styrkje skole- og arbeidstilknytinga til marginaliserte unge, sjå òg omtale under delmål 5.2 Deltaking og like moglegheiter for alle barn og unge. Innsatsen må sjåast i samanheng med Kunnskapsdepartementet si satsing for auka gjennomføring i vidaregåande opplæring – Ny GIV.

BLD varsla at det ville bli arrangert ein internasjonal konferanse om barnevernsbarns skoleresultat i samråd med Kunnskapsdepartementet i 2011. Av praktiske høve kan ikkje konferansen haldast i 2011. BLD tek sikte på å arrangere konferansen i 2012. Målet med konferansen er å presentere forsking og tiltak som kan bidra til å betre skoleresultata og utdanningssituasjonen for barnevernsbarn. Innspela frå konferansen vil gi bidrag til ein strategisk plan for dette arbeidet i Noreg. Planen vil bli utarbeidd av BLD i samarbeid med Kunnskapsdepartementet.

Delmål 6.2: Høg rettstryggleik for barn, unge og familiane deira

Resultatrapport 2010/2011

Departementet sende ut eit høyringsforslag om revisjon av forskrift om rettigheter og bruk av tvang under opphold i barneverninstitusjoner og vil vedta reviderte forskrifter.

BLD vedtok i 2010 ei forskrift om senter for foreldre og barn som mellom anna regulerer godkjenning av og tilsyn med sentra, kvalitet og internkontroll og rettar for dei som bur på sentra.

Stortinget vedtok våren 2011 endringar i barnevernlova i samsvar med lovforslag sette fram i Prop. 40 L (2010–2011) Endringer i barnevernloven (krav til politiattester mv.). Endringane går ut på at det skal leggjast fram meir omfattande politiattestar i barnevernet, i samsvar med reglane om barneomsorgsattestar i politiregisterlova. Endringane blei sette i kraft 1. september 2011. Heimlane for statleg tilsyn med kommunalt barnevern blei òg presiserte i samsvar med føringar gitte i Meld. St. 7 (2009–2010) Gjennomgang av særlovshjemler for statlig tilsyn med kommunene. Endringane blei sette i kraft 15. april 2011.

Stortinget vedtok i 2010 endringar i adopsjonslova og barnevernlova om å opne for ein rett til kontakt mellom barnet og dei biologiske foreldra etter ein adopsjon utan samtykkje frå foreldra etter barnevernlova § 4-20 der dette er til barnets beste, jf. Prop. 7 L (2009–2010) Endringer i adopsjonsloven og barnevernloven. Lovendringane blei sette i kraft 1. oktober 2010.

Rettferdsvederlag

Det er eit mål med maksimalt eitt års sakshandsamingstid i Bufdir for søknader om rettferdsvederlag frå tidlegare barneheims- og fosterheimsbarn, jf. St.meld. nr. 24 (2004–2005) Erstatningsordningar for barn i barneheimar og spesialskular for barn med åtferdsvanskar. Av dei 189 sakene Bufdir handsama etter St.meld. nr. 24 i 2010, blei 149 handsama innanfor kravet på eitt år. Handsamingstida var i snitt sju månader for alle sakene etter St.meld. nr. 24.

Barnesakkunnig kommisjon

Barnesakkunnig kommisjon (BSK) blei oppretta 1. januar 2010. Vedtak i barnevernet har store konsekvensar for barna og andre involverte. Det må derfor vere høge krav til dei sakkunnige rapportane som blir nytta som grunnlag for vedtaka i barnevernet. Barnesakkunnig kommisjon blei oppretta for å sikre eit godt fagleg grunnlag i alle rapportane.

BSK har registrert 577 innkomne rapportar for 2010. Kommisjonen skriv i sin årsrapport for 2010 at hovudinntrykket er at dei fleste rapportane er gode nok til å danne grunnlag for avgjerda til oppdragsgivaren. Få rapportar er av så dårleg kvalitet at dei ikkje bør nyttast som sakkunnig vurdering utan tilleggsundersøking eller ny utgreiing.

I 30 prosent av sakene har kommisjonen merknader til dei sakkunnige rapportane, og i fem prosent av sakene blir det lagt fram krav om tilleggsrapport. Departementet har bede BSK gi informasjon om kva som kjenneteiknar dei rapportane der ein ber om tilleggsrapport. BSK har meldt at rapportane mellom anna kan vere ufullstendige, at dei kan gi ei for dårleg skildring av observasjonane som ligg til grunn for vurderingar og tilrådingar, at dei kan ha lite samsvar mellom premissar og tilrådingar, og at dei berre er baserte på ei gjennomgåing av dokument.

Departementet meiner dette viser eit behov for at ein uavhengig kommisjon går gjennom rapportane.

God, forsvarleg og effektiv handsaming i fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Sjå omtale under delmål 1.2 Effektiv organisering og drift av tilknytte verksemder.

Alle meldingar og undersøkingssaker skal gjennomførast i samsvar med tidsfristane i lova

Etter barnevernlova skal kommunane gå gjennom alle meldingar innan éi veke frå dei har teke imot meldingane. Figuren under viser talet på meldingar i åra frå 2004 til 2010, fordelt på meldingar som er gjennomgåtte innan ei veke, og meldingar der fristen på ei veke ikkje er halden.

Figur 3.2 Meldingar 2004–2010

Figur 3.2 Meldingar 2004–2010

I 2010 blei 97 prosent av meldingane gjennomgåtte før det var gått ei veke. Det er om lag på same nivå som 2009. Trass i at talet på meldingar auka i 2010, heldt delen av meldingar som blei gjennomgåtte før det var gått ei veke, seg stabil.

I 2010 førte 81 prosent av meldingane til at barnevernet sette i gang undersøkingar. Det skal ikkje gå meir enn tre månader, i særlege tilfelle seks månader, frå ei undersøking er sett i gang, til ho er ferdig. Figuren under viser talet på undersøkingar, fordelt på handsama saker innan fristen og fristoversitjingar.

Figur 3.3 Undersøkingar 2004–2010

Figur 3.3 Undersøkingar 2004–2010

Det var fristoversitjingar i litt under 18 prosent av undersøkingssakene i 2010. Dette er om lag på same nivå som i 2009. Det var store skilnader mellom kommunane og variasjonar frå fylke til fylke.

Om lag 52 prosent av dei avslutta undersøkingane blei lagde bort i 2010. Dette er nesten to prosentpoeng høgare enn i 2009.

Effektivt og målretta tilsyn

For å styrkje tilsynet med barnevernsfeltet blei – med verknad frå 1. januar 2010 – det overordna ansvaret for fylkesmannsembetas tilsyn med barnevernsinstitusjonane og barnevernstenesta i kommunane overført til Statens helsetilsyn. Målet med overføringa er å styrkje samordninga av og metodeutviklinga i det statlege tilsynet på sentrale velferdsområde. Statens helsetilsyn skal òg bidra til eit kontinuerleg oppsyn med område der det er fare for svikt. Helsetilsynet har ansvar for at tilsynsstyresmaktene byggjer opp og held ved like kompetanse, og dei har ansvar for å hente inn, oppsummere og formidle erfaringar med tilsynet til aktuelle aktørar.

Fylkesmannen førte i 2010 tilsyn med barnevernsinstitusjonane og barnevernstenesta i kommunane. Lovpålagt individtilsyn er gjennomført i 95 prosent av tilfella. Statens helsetilsyn har gått gjennom tilsynsrapportane som fylkesmennene har utarbeidd, for å få auka kunnskap om sårbare område i tenestene og utøvinga av fylkesmennene sitt tilsyn. Spesielt er det lagt vekt på å få kunnskap om omfanget av og innhaldet i fylkesmennenes samtaler med barn som ledd i tilsynet.

Rapporteringar frå kommunane til fylkesmennene viste at kommunane per 31. desember 2010 hadde tilsynsansvar for 7 376 barn i fosterheimar. Av desse hadde 89 prosent tilsynsførar. Berre 59 prosent av desse barna har fått tilsyn i samsvar med lovkrava. Dette er ein nedgang på fire prosentpoeng frå 2009. BLD sende i desember 2010 ut eit brev til alle kommunane der departementet på nytt stadfeste deira ansvar for å oppnemne tilsynsførar til alle barn som er i fosterheim. Fylkesmannen er særleg merksam på at fosterbarn manglar tilsynsførar, og fleire fylkesmenn har gjennom tilsynet sitt lagt vekt på om kommunane har oppnemnt mange nok tilsynsførarar.

Ungdom med tiltak i barnevernet skal ha god oppfølging òg etter fylte 18 år

16 prosent fleire unge mellom 18 og 22 år tok imot tiltak i 2010 sett i høve til 2009. Totalt var det vel 5 500 unge over 18 år som tok imot tiltak i 2010, noko som berre utgjer om lag 11 prosent av alle barn med tiltak det året.

Departementet ga i juni 2011 ut eit rundskriv Tiltak etter barnevernloven for ungdom over 18 år. Rundskrivet gjer informasjon om lovendringa som gir denne gruppa eit betre barneverntilbod.

Sjå òg omtale av Losprosjektet under delmål 5.2 Deltaking og like moglegheiter for alle barn og unge.

Sikre barns interesser ved innanlands- og utanlandsadopsjon

Stortinget vedtok i 2010 ei innstramming i reglane om å anerkjenne utanlandske adopsjonar. Adopsjonar som er gjennomførte i adoptantens statsborgarland, skal ikkje lenger vere automatisk gyldige i Noreg dersom adoptanten var busett her i landet da adopsjonen blei gjennomført. Endringa blei sett i kraft 1. oktober 2010. Utanlandske statsborgarar busette i Noreg vil da, som alle norske statsborgarar busette i Noreg, måtte søkje norske adopsjonsstyresmakter om godkjenning på førehand, jf. Prop. 7 L (2009–2010) Endringer i adopsjonsloven og barnevernloven.

Den europeiske konvensjonen om adopsjon av barn er frå 1967. Konvensjonen blei sagt opp av Noreg i 2009. Den 14. januar 2011 blei den reviderte europeiske konvensjon av 27. november 2008 om adopsjon av barn ratifisert. Den reviderte konvensjonen har som 1967-konvensjonen som formål å oppnå større rettseining mellom medlemsstatane på adopsjonsområdet.

Departementet er i ferd med å følgje opp utgreiinga frå det regjeringsoppnemnde utvalet som leverte si innstilling i oktober 2009, NOU 2009:21 Adopsjon – til barnets beste. Utgreiinga har vore på brei høyring i 2010. Utvalet har mellom anna sett nærmare på dei oppgåvene og det ansvaret styresmaktene bør ha i saker om adopsjon. Mellom anna har utvalet føreslått endringar for handsaming av søknad om adopsjon. Utvalet har vidare føreslått endringar i dei krava norske styresmakter stiller til adoptivsøkjarar, i lys av dei krava utanlandske styresmakter stiller til dei same søkjarane.

Strategiar og tiltak for 2012

Barnevern

Eit forslag til nye reglar i barnevernlova om mellombels plassering av barn som er utsette for menneskehandel utan samtykkje, har vore på høyring og vil bli fremma for Stortinget. Lovendringane inneber at desse barna får eit særleg tilrettelagt institusjonstilbod som gir nødvendig vern mot menneskehandel.

I 2004 tok staten over dei fylkeskommunale oppgåvene i barnevernet. Denne endringa blir no evaluert. Regjeringa vil vurdere å leggje fram ein lovproposisjon for Stortinget der endringar i ansvarstilhøva mellom stat og kommune blir vurderte på bakgrunn av evalueringa.

Departementet har sendt ut eit høyringsforslag om revisjon av forskrift om rettigheter og bruk av tvang under opphold i barneverninstitusjon. Departementet vil vedta reviderte forskrifter hausten 2011. Departementet har i tillegg sendt forslag om revisjon av forskrift om barnets talsperson i saker som skal behandles i fylkesnemnda ut på høyring.

Effektivt og målretta tilsyn

Fylkesmennene vil følgje opp overfor kommunane at berre om lag 60 prosent av barna får tilsyn i samsvar med lovkrava. BLD tek òg opp problemstillinga med KS. BLD vil vurdere organiseringa av barnevernet i 2012. I den samanhengen vil departementet òg vurdere tilsynsførarordninga med sikte på å sørgje for eit meir effektivt tilsyn med fosterheimane.

Adopsjon

Departementet vil sikre ei mest mogleg lik handsaming av saker som gjeld søknad om adopsjon både i og mellom dei fem regionane i Bufetat. Departementet vil derfor følgje utviklinga av praksis nøye.

Adopsjonsfeltet har blitt granska på eit breitt grunnlag i NOU 2009:21 Adopsjon – til barnets beste, der det mellom anna er føreslått endringar når det gjeld handsaming av søknad om adopsjon og kva for krav som bør stillast til adopsjonssøkjarar. NOU 2009:21 har vore ute på høyring, og departementet vil i første omgang vurdere dei mest sentrale forslaga. Dernest vil ein gjere ei breiare gransking av adopsjonspolitikken.

Talet på adopsjonar har dei siste åra gått ned, og ventetida for adoptivsøkjarar er aukande. Som følgje av dette har adopsjonsorganisasjonane særlege utfordringar knytte til mellom anna finansieringa av verksemda. Det er viktig at organisasjonane på ein formålstenleg og effektiv måte heile tida er i stand til å ta hand om dei særskilde omsyna som gjer seg gjeldande i arbeidet med adopsjonsformidlinga av barn frå utlandet.

Delmål 6.3: Heilskaplege og samordna tilbod og tenester

Resultatrapport 2010/2011

Eit heilskapleg tilbod til utsette barn, unge og familiar

For å sikre at utsette barn og unge får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid, må det vere eit systematisk og forpliktande samarbeid mellom kommunalt og statleg barnevern. Bufdir, BLD og KS har i samarbeid utvikla ei rettleiing for kommunalt og statleg barnevern når det gjeld samarbeidsavtaler. Rettleiinga inneheld råd for gode avtaleprosessar og malar for avtaler og er publisert på barnevernet.no.

Våren 2011 blei samarbeidsavtala mellom KS og BLD revidert. I den nye avtala er det lagt vekt på betre samordna innsats for utsette barn og unge gjennom godt samvirke mellom statleg og kommunalt barnevern og gjennom samarbeid mellom kommunale tenester.

Departementet har sidan 2008 gitt KS støtte til drift av effektiviseringsnettverket for barnevernstenesta. Utifrå årsrapportar og møte med KS meiner departementet at det har blitt gjort eit godt og nyttig arbeid gjennom effektiviseringsnettverka. Støtta til effektiviseringsnettverka heldt fram i 2010, og departementet ønskjer ei vidare oppfølging av arbeidet framover.

BLD har følgt opp prosjektet Sammen for barn og unge – bedre samordning av tjenester for utsatte barn og unge i 2010.

Departementet har i 2011 arbeidd med å følgje opp forslaga frå NOU 2009:22 Det du gjør, gjør det helt (Flatø-utvalet). Utvalet sine forslag er viktige innspel i departementet sitt arbeid med å betre samarbeidet mellom ulike tenester for utsette barn og unge.

BLD har sendt tre rettleiingar til kommunane. Snakk med meg, ei rettleiing om å snakke med barn i barnevernet, har også blitt omsett og teken i bruk på Island og i Sverige. Til barnets beste er ei rettleiing om samarbeid mellom barnehagen og barnevernstenesta, og i tillegg blei det sendt ut ei rettleiing om oppfølging av foreldre med barn og ungdom plasserte i fosterheim eller på institusjon. Departementet har oppfordra fylkesmannen til å formidle rettleiingane og innhaldet i dei gjennom si informasjons- og opplysningsverksemd overfor kommunane.

Departementet oppretta eit barnevernspanel i november 2010. Panelet skal gi konkrete tilrådingar og råd om korleis vi kan utvikle barnevernet til beste for barnet. Panelet har 21 representantar. Representantane kjem frå barnevernet, brukarorganisasjonar, fagforbund, forskingsmiljø og utdanningsinstitusjonar, eller har personlege erfaringar med barnevernet som tenestemottakarar eller foreldre. Panelet leverte rapporten sin til departementet i september 2011.

Regjeringa oppretta i februar 2011 eit offentleg utval som skal vurdere det biologiske prinsippet i barnevernet. Prinsippet er eit sentralt kriterium i barnevernslova, men har ikkje vore heilskapeleg drøfta. Utvalet skal mellom anna synleggjere kva for problemstillingar og dilemma barnevernet møter når tenesta skal ta stilling til barnets beste. Det biologiske prinsippet er viktig i vurderingar av om barn bør få hjelp i heimen og nærmiljøet, eller om dei bør bu utanfor heimen i ein kort eller lang periode. Innstillinga frå utvalet skal vere ferdig 1. februar 2012. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på egna måte.

Stønad til organisasjonar på barnevernsområdet

For å leggje til rette for fagleg dialog og brukarmedverknad har ein ført vidare samarbeidet mellom departementet og organisasjonar som arbeider med barnevern og utsette barn og unge. Det gjeld mellom anna Norsk Fosterhjemsforening, Norges Barnevernsamband, Landsforeningen for barnevernsbarn, Voksne for Barn og PAG-Stiftelsen. Departementet nyttar fleire av organisasjonane sine innspel og forslag til å betre tilbodet frå barnevernet i utviklinga av tilbodet og i arbeidet for å sikre rettane til barnevernsbarn.

BLD førte vidare den økonomiske støtta til Home-Start Familiekontakten Norge (Home-Start), som er ein frivillig organisasjon som tilbyr støtte og praktisk hjelp til utsette og vanskelegstilte familiar med barn under sju år. Home-Start er eit viktig førebyggjande tiltak for å hindre problemutvikling i familiane på eit tidleg stadium.

Strategiar og tiltak for 2012

Vidareutvikle samarbeid med KS

BLD vil vidareføre samarbeidet med KS om utvikling av barnevernet. Samarbeidet byggjer på ei felles forståing av at ei positiv utvikling på barnevernsområdet er avhengig av ein heilskapleg barne- og ungdomspolitikk. Kommunane har eit hovudansvar for å sikre samanhengande og koordinerte tenester til utsette barn og unge. Partane legg derfor vekt på at samarbeidet skal fremme gode, lokalt forankra løysningar.

Betre samordning av tenester for barn og unge

BLD arbeider for å sikre eit betre og meir samordna tilbod til utsette barn og unge. Som ledd i dette vurderer departementet korleis forslaga frå NOU 2009:22 Det du gjør, gjør det helt. Om bedre samordning av tjenester for utsatte barn og unge (Flatø-utvalet) skal følgjast opp – dette i samarbeid med andre aktuelle departement.

Stønad til organisasjonar på barnevernsområdet

BLD ønskjer brukarmedverknad og at alle partane på barnevernsfeltet skal bli høyrde. Departementet har kontakt med ei rekkje organisasjonar som gjer ein stor innsats på feltet. Departementet støttar og samarbeider med organisasjonar som Norsk Fosterhjemsforening, Landsforeningen for barnevernsbarn, Barnevernsambandet med fleire.

Departementet vil framleis gi støtte til nasjonal samordning og oppfølging av Home-Start Familiekontakten Norge.

Betre oppfølging av biologiske foreldre

BLD vil styrkje tilbodet om oppfølging av biologiske foreldre som mister omsorga for barn. Departementet vil greie ut kva for ein instans som kan følgje opp foreldra, og prøve ut ein modell for dette.

Barn som gjer kriminelle handlingar

At barn ikkje skal bli gjengangarar i fengselssystemet, er ei viktig målsetjing. For å unngå dette er det viktig at barnevernet kjem tidleg inn og bidreg i samarbeid med justissektoren før, under og etter soning. For å styrkje oppfølginga av unge lovbrytarar er det fremma forslag om at å innføre ei plikt for barnevernstenesta til å møte i fengslingsmøte. Det skal vidare etablerast eit tverretatleg team som skal vere knytt til ein av justissektorens eigne sonings- og varetektseiningar for ungdommar som har gjort kriminelle handlingar. Dette er ei prøveordning for to år. Det tverretatlege teamet skal sikre ei fleirfagleg tilnærming til barnas behov og sikre at relevante forvaltingsstyresmakter følgjer opp den innsette både under og etter straffegjennomføringa. Ein tilsett i Bufetat region vest skal arbeide i teamet, saman med personar frå høvesvis helsesektoren og kriminalomsorga. Utdanningssektoren samarbeider med einingane slik at det blir gitt opplæring til dei som har rett og plikt til det.

Delmål 6.4: Auka kapasitet i det kommunale barnevernet

Resultatrapport 2010/2011

Styrkt kapasitet og kompetanse i det kommunale barnevernet

Det har vore ein stor auke i talet på saker i barnevernet dei siste åra. Veksten i talet på stillingar har ikkje halde følgje med den auka saksmengda i barnevernstenestene. Omfattande dokumentasjon viser at det er svikt i oppfølginga av lovkrav innanfor barnevernet.

I 2010 la regjeringa til rette for 400 nye stillingar til kommunalt barnevern gjennom vekst i dei frie inntektene til kommunane jf. Prop. 1 S (2009–2010) frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. Rapporteringa frå kommunane viser at det berre blei oppretta 106 nye stillingar i det kommunale barnevernet i 2010. Låge tal i slutten av 2010 tyder på ei viss tilpassing til øyremerkinga året etter, men avstanden frå målet om 400 nye stillingar i 2010 var uansett stor.

Regjeringa si øyremerking av 240 mill. kroner til ei styrking av det kommunale barnevernet har gitt 400 nye tilsette i den kommunale barnevernstenesta i 2011. Fylkesmannsembeta, som kjenner kommunane godt, handsamar søknader om midlar frå kommunane. Kommunane har vist stor interesse for å få midlar. I alt 93 prosent av alle kommunar og bydelar har søkt om midlar, og søknadane har vore politisk handsama i kommunane. Dei nye stillingane utgjer ein auke i talet på tilsette på 12 prosent. I øyremerkinga er det òg sett av midlar til eit kompetanseløft. Fleire kommunar har søkt og fått løyvd midlar til tiltak som vil auke kompetansen i barnevernet. I 2011 er 181 mill. kroner løyvde til stillingar, og 51 mill. kroner er løyvde til tiltak som vil auke kompetansen i kommunane

Strategiar og tiltak for 2012

Det er framleis eit behov for å auke kapasiteten i barnevernstenesta. Det er også eit behov for å jamne ut forskjellar mellom kommunane for å sikre alle barn eit likeverdig tilbod uavhengig av bustad. Regjeringa føreslår derfor å øyremerkje ytterlegare 50 mill. kroner til det kommunale barnevernet, til saman vel 290 mill. kroner i 2012. Dette vil gi ei ytterlegare auke på 70 stillingar som vil kome barnevernstenestene med særskilte behov til gode. Regjeringa legg opp til å foreslå at midlane blir vidareførte også utover 2012. Det kommunale barnevernet skal hovudsaklig finansierast gjennom rammeoverføringar til kommunane. Dei øyremerka midla er eit supplement for å bidra til tilstrekkelege ressursar i det kommunale barnevernet.

Det er òg nødvendig å byggje opp kompetanse og styrkje fagmiljøa i barnevernet. Eit høgare kompetansenivå i tenestene er òg viktig for å rekruttere og halde på tilsette. Nytilsette i barnevernet treng god oppfølging og rettleiing for å kunne takle utfordringane arbeid i barnevernet fører med seg. I NOU 2009:8 Kompetanseutvikling i barnevernet blir det tilrådd å etablere ei turnusordning i grunnutdanningane i barnevernet. Satsinga på stillingar i kommunane gjer at tenestene blir betre rusta til å gi nyutdanna og nytilsette slik kvalifisert rettleiing. I 2012 vil det derfor bli sett i gang eit arbeid med å opprette eit vidareutdanningstilbod for å kvalifisere erfarne tilsette i barnevernet til å gi profesjonell rettleiing til nyutdanna og nytilsette kollegaer (rettleia praksis). Tilbodet vil ved full drift gjere det mogleg å uteksaminere til saman 175 studentar per år på landsbasis.

Nærmare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

850

Barneombodet

14 054

12 912

13 672

5,9

852

Adopsjonsstønad

15 157

14 896

15 358

3,1

853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

122 020

132 448

137 448

3,8

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

843 034

813 184

988 733

21,6

855

Statleg forvalting av barnevernet

5 233 593

5 280 933

5 321 704

0,8

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

451 644

229 077

243 214

6,2

857

Barne- og ungdomstiltak

201 921

202 506

211 534

4,5

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

227 107

252 569

268 570

6,3

859

EUs ungdomsprogram

10 233

7 274

7 422

2,0

Sum kategori 11.20

7 118 763

6 945 799

7 207 695

3,8

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på postgrupper

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

01-23

Drift

5 858 092

5 759 827

5 830 673

1,2

30-49

Nybygg og anlegg

26 408

66 427

67 955

2,3

50-59

Overføringar til andre statsrekneskap

18 808

9 300

9 588

3,1

60-69

Overføringar til kommunar

948 485

920 983

1 059 750

15,1

70-98

Overføringar til private

266 970

189 262

239 729

26,7

Sum kategori 11.20

7 118 763

6 945 799

7 207 695

3,8

Inntekter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

3850

Barneombodet

1 417

3853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

865

3854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

44 593

3855

Statleg forvalting av barnevernet

1 100 582

953 795

930 439

-2,4

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

283 395

136 900

173 160

26,5

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

7 527

433

433

0,0

3859

EUs ungdomsprogram

3 778

2 300

2 300

0,0

Sum kategori 11.20

1 442 157

1 093 428

1 106 332

1,2

Kap. 850 Barneombodet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

14 054

12 912

13 672

Sum kap. 0850

14 054

12 912

13 672

Status og hovudoppgåver for verksemda

Barneombodet er eit uavhengig og sjølvstendig organ, oppretta gjennom eiga lov (lov av 6. mars 1981 nr. 5 om barneombod). Formålet med lova er å bidra til å fremme barns interesser i samfunnet.

Barneombodet har inga formell avgjerdsmakt og driv derfor ikkje handsaming av enkeltsaker etter forvaltingslova. Ombodet har ikkje makt til å avgjere saker eller omstøyte vedtak i forvaltinga. Barneombodet handhevar ingen lover, men har ansvar for heile det barnefaglege feltet.

Barneombodet har primært ein pådrivarfunksjon, men skal også føre generelt tilsyn med barns oppvekstvilkår. Hovudoppgåva til ombodet er å fremme barns interesser overfor det offentlege og private og følgje med i utviklinga av barns oppvekstkår. Ombodet skal særleg følgje med på at lovgiving til vern om barns interesser blir følgd, og at norsk rett samsvarer med dei pliktene Noreg har etter FNs konvensjon om barnerettane.

Ombodet skal ta vare på barns interesser i samband med planlegging og utreiing på alle felt, føreslå tiltak som kan styrkje barns rettstryggleik, og tiltak som kan løyse eller førebyggje konfliktar mellom barn og samfunn. I tillegg skal Barneombodet følgje med på at det blir gitt tilstrekkeleg informasjon til det offentlege og private om barns rettar og om tiltak dei har behov for.

Ombodet har også ei viktig rolle som pådrivar når det gjeld å fremme barns interesser.

Resultatrapport og strategiar

Resultatrapport 2010/2011

Vern mot overgrep

Merknader til Noreg frå barnerettskomiteen i FN

Ei sentral oppgåve for Barneombodet i 2010 har vore å følgje opp rapporteringa til FN sin barnerettskomité i Genève. Dei avsluttande merknadene frå komiteen blei publiserte i januar 2010. Ombodet har også arbeidd for at BLD skal leggje til rette for ein god og gjennomsiktig prosess for oppfølging av merknadene frå FN.

Vald mot barn – også eit ansvar for tannhelsetenesta

Barneombodet arbeider med å ansvarleggjere alle miljø som kan bidra til å stanse vald mot barn.

Sidan 2006 har ombodet arbeidd inn mot tannhelsetenesta for å styrkje tryggingsnettet i barndommen og bidra til å avdekkje overgrep eller omsorgssvikt. I tillegg vende ombodet seg til Helse- og omsorgsdepartementet i februar 2010 og etterlyste mellom anna retningslinjer, rettleiingar og rutinar med klare føringar om kva tannhelsetenesta skal sjå etter, og korleis dei som arbeider i tannhelsetenesta, skal gå fram når dei mistenkjer omsorgssvikt eller overgrep.

Vidare etterlyste Barneombodet eit forpliktande tverrfagleg samarbeid mellom kommunale tenester om likt tannhelsetilbod uavhengig av kvar ein bur i landet, og oppfølgingsrutinar når barn ikkje møter opp til tannlegetimar.

Både Helsedirektoratet og ulike fylkeskommunar har sett i verk tiltak for at tenesta skal bli enda meir medviten på ansvaret sitt. Fleire fylkeskommunar har etablert samarbeidsavtaler mellom barnevern og tannlegar på fylkeskommunalt nivå.

Barn og straff

I 2010 har Barneombodet gjennomført fleire ekspertmøte med barn som har vore i politiarrest. Fleire av barna rapporterte mellom anna om dårlege tilhøve i arresten og lite informasjon om kor lenge dei måtte bli der. Ombodet gjorde i tillegg ei undersøking blant alle politidistrikta i landet. Ho avdekte svært varierande praksis når det gjeld bruk av politiarrest for barn. Justis- og politidepartementet har varsla ei betring av tilhøva for barn i politiarrest.

Barn i utlendingsforvaltinga

Ombodet har teke opp spørsmål knytte til tilbod om bustad, aldersvurdering og skole- og fritidstilbod for einslige, mindreårige asylsøkjarar. Barneombodet besøkte mellom anna einslege, mindreårige asylsøkjarar med avgrensa opphaldsløyve på Salhus mottak utanfor Bergen i 2010. Etter dette besøket tok ombodet oppatt uroa si for dei einslige, mindreårige asylsøkjarane i eit brev til Justis- og politidepartementet. Tilbodet ved Salhus mottak blei evaluert i slutten av 2010, og det er no vedteke at mottaket skal leggjast ned.

Dødsstadsundersøking

Barneombodet har i lengre tid arbeidd for auka rettstryggleik og betre oppfølging ved plutseleg og uventa spedbarnsdød og har vore engasjert i arbeidet for at det skal innførast obligatoriske rutineundersøkingar av dødsstaden når sped- og småbarn døyr brått og uventa. Barneombodet har mellom anna teke til orde for obligatorisk dødsstadsundersøking i alle saker der barn døyr ein brå og uventa død, uavhengig av samtykkje frå foreldra. Justis- og politidepartementet har føreslått at det blir innført etterforskingsplikt når barn under 18 år døyr brått og uventa uavhengig av mistanke om straffbare forhold.

Betre tilgang til tenestene i samfunnet

Tilsyn med og tilgang på barnevern

Barneombodet gjennomførte i 2010 eit prosjekt om korleis tilsyns- og klagesystemet kontrollerer at barnevernet tek hand om barn og unge sine rettar. Prosjektet undersøkte om tilsynet ved fylkesmannsembeta sikrar at barnevernet følgjer opp sine plikter etter barnevernlova og barnekonvensjonen. Rapporten frå prosjektet Makteslaust tilsyn – tilsyns- og klagesystemet i barnevernet viser at dei manglane og avvika som tilsyna til fylkesmennene avdekkjer, ikkje nødvendigvis blir retta opp i etterkant. Når verkemiddel som rettleiing eller pålegg om å rette opp avvika ikkje fungerer, tilrår Barneombodet at fylkesmennene nyttar seg av bøtelegging i større grad enn dei gjer i dag, og at dei gjennomfører fleire eigeninitierte tilsyn der dei ser på innhaldet i, kvaliteten og tilgangen på barnevernet.

Barn som tolk

Utilstrekkelege tolketenester råkar barn både ved at barn blir brukte som tolk, og ved at tolketenesta ikkje er god nok i saker der barn er involverte. Barneombodet har arbeidd med korleis ein hindrar at barn blir brukte som tolk, og korleis ein sikrar god tilgang til tolk i saker som involverer barn. Barneombodet vende seg til BLD 9. september 2010 med eit ønske om at det blir innført eit forbod mot å bruke barn som tolk i offentleg sektor. Ombodet ser at det kan vere grunnar til å gjere unntak i nødssituasjonar, men meiner at hovudregelen bør vere eit klart forbod. Dette vil hindre at barn blir sette i situasjonar der dei får tilgang til informasjon dei ikkje burde hatt av omsyn til alder, tilhøve mellom foreldre og deira eige behov for vern.

Stemmerett for 16-åringar ved kommuneval

Sida 2007 har Barneombodet arbeidd for at det skal bli gjennomført forsøk med stemmerett for 16-åringar ved kommuneval. Regjeringa gjekk inn for dette i 2008, og i 2009 blei det endeleg vedteke i Stortinget at ein skulle gjennomføre forsøk ved kommunevalet i 2011. Tjue kommunar og Longyearbyen er tekne ut til å delta i forsøket.

Ombodet gjennomførde i 2011 ein omfattande turné til dei fleste av forsøkskommunane for å motivere kommuneleiinga og ungdommane til å gjennomføre eit godt val.

Ungdommens nasjonalforsamling

Barneombodet får ofte innspel om at det er behov for ein arena der unge kan ta opp saker som er viktige nasjonalt. På Ungdommens bystyremøte i Oslo i 2010 vedtok ungdommane i Oslo at dei ønskte ei Ungdommens nasjonalforsamling.

Barneombodet og Barne- og ungdomsrådet i Oslo (BURO) arrangerte eit pilotprosjekt Ungdommens nasjonalforsamling 2010 i Oslo og på Eidsvoll frå 19. til 21. september. To ungdommar mellom 13 og 18 år frå kvart fylke blei inviterte til å bli samde om fem viktige saker for norsk ungdom. Målet var at sakene skulle bli diskuterte og sette på dagsordenen av politikarar på Stortinget og i regjeringa.

Alle vedtak, erfaringar, metodar, tips og råd frå pilotprosjektet blei samla i ein rapport. Rapporten, som blei gitt til leiaren for utvalet Ungdommens maktutredning i mars 2011, viser korleis ei slik samling kan gjennomførast i framtida.

Barn og unge tek del i eiga sak

Helsetilsynet har teke over ansvaret for det landsomfattande tilsynet for barnevernet. Barneombodet har medverka til at Helsetilsynet sitt nasjonale tilsyn med barnevernet for 2011 har valt å føre tilsyn med om barnevernstenestene i kommunane oppfyller barn sin rett til å bli høyrte.

Kunst og kultur som ein rett for barn og unge

Med bakgrunn i innspel til Barneombodet frå personar som arbeider med kunstproduksjon og -formidling for barn, sende Barneombodet i april 2010 eit brev til kulturministeren med fleire problemstillingar som Barneombodet ønskte at statsråden skulle sjå nærmare på.

I mars 2011 annonserte Kulturdepartementet at dei har sett ned eit utval som skal sjå på utviklinga på kulturfeltet i Noreg. Barneombodet vil følgje med på at barneperspektivet blir teke vare på i utvalet sitt arbeid fram mot utgangen av 2012.

Deltaking av barn og unge i Barneombodet sitt eige arbeid

I 2010 har Barneombodets ekspertmøte med barn handla om barn på hybel, barn i asylmottak, barn i fengsel, barn i politiarrest, barn i spesialklassar, barn med orale avvik, barn innanfor barne- og ungdomspsykiatrien, om bruken av opplevingskortet i Ålesund og om ungdom og psykisk helse.

Nye ekspertgrupper blei etablerte i 2010 med ungdom som bur i kommunale bustader, ungdom som har erfaring med fråfall frå vidaregåande opplæring, og barn som bur i barnevernsinstitusjon. Fleire av ekspertgruppene har resultert i rapportar med konkrete anbefalingar til styresmaktene.

Meldingar til barnevernet, meldingar til politiet og innsyn i saker

Ombodet har bede om innsyn i éi barnevernssak og éi straffesak i 2010. Ei av sakene blei send til tilsynsstyresmaktene for vidare oppfølging. Barneombodet følgjer med på resultatet av tilsynet og kjem eventuelt til å følgje opp saka vidare dersom barnet sin rettstryggleik ikkje blir teken vare på.

Barneombodet har sendt tre meldingar til barnevernet i 2010. Ombodet følgjer med på og etterspør oppfølginga og handsaminga av desse meldingane.

Strategiar og tiltak for 2012

Barneombodet vil i 2012 arbeide for at barn sine behov, rettar og interesser blir tekne tilbørleg omsyn til på alle samfunnsområde. Ombodet vil særleg føreslå tiltak som kan styrkje rettstryggleiken til barn.

Barneombodet vil arbeide vidare med å verkeleggjere barnekonvensjonens rettar i Noreg ved å sikre rettane til barn gjennom betre lovgiving, betre samordning av tenester for barn og betre fordeling av ressursar til barn. Dette inneber å arbeide mot diskriminering som gjeld alder, urfolks- og nasjonal minoritetsstatus og personar med innvandrarbakgrunn.

For å oppnå auka respekt for synspunkta til barn vil Barneombodet arbeide for at barn skal ha rett til å uttale seg i saker som gjeld dei sjølve, og at barn skal ha rett til å delta aktivt i samfunnet. Barneombodet vil derfor setje eit særleg søkjelys på instansar som handsamar saker der barn er involverte.

Barneombodet vil i 2012 òg arbeide for at dei sivile rettane til barn blir sikra i Noreg. Dette inneber arbeid for å sikre retten til tanke-, samvits- og religionsfridom for barn og for å sikre barns tilgang til rett informasjon.

Barneombodet ser behov for at handsaminga av barn som er skilde frå foreldra, bør bli betre, og at barn bør få betre rettar i familiesameiningssaker. Barneombodet vil derfor arbeide vidare med dette i 2012. Det same gjeld barn som er fråtekne familiemiljøet, og barn som er utsette for vald og omsorgssvikt.

Dei siste åra har Barneombodet arbeidd med å betre barns helse. Dette vil halde fram i 2012 og vere spesielt retta mot tilhøva for barn med nedsett funksjonsevne, helsetenester for barn og levestandarden for barn som lever i fattigdom.

Arbeidet med å betre tilgangen til utdanning, fritid og kulturelle aktivitetar vil halde fram. Dette inneber å arbeide for betre tilgang til tilpassa undervising og eit godt skolemiljø, for å oppnå målsetjinga for utdanning og for eit betre kunst- og kulturtilbod.

Barneombodet vil òg arbeide for at barn som har behov for det, får spesielle forsvarstiltak. Dette gjeld spesielt flyktningbarn, barn som er i konflikt med lova, barn som er utsette for utnytting eller menneskehandel, og barn som tilhøyrer minoritetsgrupper eller urfolk.

Arbeidet med å styrkje og utvikle Barneombodets internasjonale engasjement vidare vil vere knytt til å betre European Network of Ombudspersons for Children, som eit nettverk for barns rettar, og til å følgje opp kontaktar i ulike land for å utvikle barneombodsinstitusjonar.

Kunnskapsdepartementet vil styrkje ressursane til Barneombodet for 2012 slik at ombodet òg kan arbeide med saker som gjeld elevane sitt psykososiale skolemiljø, sjå omtale under kap 226 post 21 i Prop. 1 S (2011-2012) for Kunnskapsdepartementet.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn til tilsette og andre driftsutgifter ved Barneombodet. For 2012 er posten auka med 0,5 mill. kroner for å dekkje eingongsutgifter i samband med flytting til nye lokale.

Kap. 852 Adopsjonsstønad

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

70

Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

15 157

14 896

15 358

Sum kap. 0852

15 157

14 896

15 358

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Stønad til adoptivforeldre som har adoptert barn frå utlandet

Stønaden til foreldre som adopterer barn frå utlandet, var i 2010 på 41 280 kroner per barn. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), som forvaltar tilskotsordninga, tok imot 344 søknader om adopsjonsstønad, mot 315 søknader i 2009. 343 adopsjonar er formidla i 2010.

Om tildelinga av eingongsstønad

Eingongsstønad ved adopsjon av barn frå utlandet blei innført i 1992 for å motverke ei ujamn sosial fordeling av adopsjonar knytt til foreldras økonomi på grunn av dei høge kostnadene ved adopsjon frå utlandet.

Stønaden blir ytt til adoptivforeldre som på førehand har fått samtykkje av norske adopsjonsstyresmakter til å adoptere barn frå utlandet. Adopsjonen må anten vere gjennomført i Noreg, eller han må vere gjennomført i utlandet og registrert i det sentrale adopsjonsregisteret i Bufdir. Direktoratet skal først ha motteke rette dokument frå opphavslandet til barnet før det kan handsame søknaden. Eit vilkår for stønad er at adoptivforeldra faktisk var busette i Noreg da dei fekk barnet i si omsorg, og da adopsjonen blei gjennomført eller registrert her i Noreg. I spesielle tilfelle vil det, på bakgrunn av forhold i opphavslandet, ta lang tid å få adopsjonen registrert i Noreg. Det kan likevel bli gitt eingongsstønad dersom barnet har kome til Noreg med sikte på adopsjon og adoptivforeldra faktisk var busette her i landet da dei fekk barnet i si omsorg.

Tilskotet til foreldre som adopterer barn frå utlandet, er i 2011 på 42 560 per barn. Stønaden blir auka til 43 880 kr per barn i 2012, tilsvarande prisjustering.

Kap. 853 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

122 020

132 448

137 448

Sum kap. 0853

122 020

132 448

137 448

Status for verksemda

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker har avgjerdsmakt i dei såkalla tvangssakene i barnevernlova, sosialtenestelova og smittevernlova. Over 90 prosent av sakene er saker etter barnevernlova. Resultatrapport, strategiar og tiltak for fylkesnemndene er omtalte under programkategori 11.00 Administrasjon, under delmål 1.2 Effektiv organisering og drift av tilknytte verksemder.

Likestilling

Per desember 2010 var det 102 tilsette i fylkesnemndene. Av desse var 69,6 prosent kvinner. 33 av 63 fylkesnemndsleiarar var kvinner.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer lønnsutgifter og andre driftsutgifter mellom anna knytte til opplæring, drift og leige av lokale og til kjøp av varer og tenester i dei 12 fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker. Løyvinga dekkjer òg utgifter til lønn og andre driftsutgifter i sentraladministrasjonen for fylkesnemndene. Om lag ein tredjedel av løyvinga på posten blir nytta til saksutgifter i nemndene.

BLD føreslår at løyvinga til fylkesnemndene blir auka med 2,35 mill. kroner. Midlane skal nyttast til å styrkje sakshandsamingskapasiteten og den administrative styringa av verksemda.

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

35 241

73 432

79 048

50

Forsking

11 906

5 000

5 155

60

Kommunalt barnevern

240 000

290 460

64

Særskilt tilskot ved busetting av einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

251 9291

65

Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

484 874

457 400

539 000

71

Utvikling og opplysningsarbeid mv., kan nyttast under post 21

47 818

25 737

24 535

72

Tilskot til forsking og utvikling i barnevernet

11 266

11 615

50 575

Sum kap. 0854

843 034

813 184

988 773

1 Ordninga er flytta til kap 821 frå 2011

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

Posten dekkjer utgifter til ulike førebyggjande tiltak, mellom anna kjøp av tenester innanfor utvikling og implementering av nye metodar i barnevernet, evaluering av barnevernsreforma, adopsjon, arbeid retta mot barn av rusmisbrukande og psykisk sjuke foreldre, familierådslag og liknande tiltak. Posten dekkjer òg kostnader til konferansar, tilsynsopplæring, informasjon, kompetanseutvikling i kommunane og internasjonale forpliktingar. Vidare blir posten nytta til drift av Barnesakkunnig kommisjon og Barnevernets tvisteløysingsnemnd.

Departementet føreslår å auke løyvinga reelt med 6,7 mill. kroner til rettleia praksis av nyutdanna og nytilsette i barnevernet. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet føreslår, i samråd med Helse- og omsorgsdepartementet, å flytte 1 mill. kroner frå Helse- og omsorgsdepartementets budsjett kapittel 762, post 70 til posten. Midlane blir i dag nytta til Sametingets arbeid med barnevern og familievern. Helse- og omsorgsdepartementet vil framleis gi tilskot til Sametinget til tenester under Helse- og omsorgsdepartementets ansvarsområde. Forslaget påverkar ikkje bruken av midlane.

Det er føreslått å redusere løyvinga reelt på posten med 4,4 mill. kroner i samband med interne omprioriteringar. Midlane er føreslått omprioriterte som følgje av at fleire prosjekt blir ferdigstilte i 2011.

Departementet føreslår samla løyving på posten på 79 mill. kroner

Post 50 Forsking

Løyvinga på posten skal nyttast av Noregs forskingsråd til forskingsprogramma Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) og Program for rusmiddelforsking.

Post 60 Kommunalt barnevern

Mål

Løyvinga skal dekkje særskilt tilskot til kommunane for å styrkje det kommunale barnevernet.

Tildelingskriterium

Løyvinga blir fordelt av fylkesmennene etter søknad frå kommunane. Hovuddelen av denne løyvinga skal gå til nye stillingar, men det vil òg vere mogleg å søkje om midlar til enkelte andre tiltak, til dømes kompetansetiltak, som styrkjer barnevernet lokalt.

Oppfølging og kontroll

Løyvingar og tilskot frå denne posten blir kontrollerte gjennom kommunanes rapportering til fylkesmannen.

Budsjettforslag for 2012

Departementet føreslår å auke løyvinga med 43,3 mill. kroner til å dekkje utgifter i kommunane til 70 nye stillingar i barnevernet og enkelte andre tiltak. Posten er prisjustert. Den samla løyvinga på posten er 290,5 mill. kroner.

Post 65 Refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak knytte til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

Mål

Løyvinga skal dekkje statsrefusjon for kommunale utgifter til barnevernstiltak. Mange bu- og omsorgstiltak for einslege mindreårige asylsøkjarar er kommunale tiltak som blir drifta av kommunane i samband med busetjing (til dømes bukollektiv). Bufetat har ansvaret for å gi rettleiing til kommunane ved val av butiltak med meir. Dersom utgiftene til bu- og omsorgstiltak med stønad og oppfølging er høgare enn den kommunale eigendelen, skal utgiftene refunderast av staten. Bufetat har ansvaret for å administrere refusjonsordninga.

Kriterium for tildeling

Kommunane blir omfatta av ordninga dersom dei set i verk barnevernstiltak for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar. Etter fullmakt frå BLD er det Bufetat som betaler ut refusjon til kommunane, jf. Rundskriv om statsrefusjon for kommunale barnevernutgifter for enslige mindreårige asylsøkere og flyktninger (Q-05/2004).

Oppfølging og kontroll

BLD har tilgang til å setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene for løyvinga, jf. løyvingsreglementet § 10.

Budsjettforslag 2012

Det er føreslått å auke eigendelen frå 14 605 kroner per månad i 2011 til 15 043 kroner per månad, tilsvarande prisjustering. Ein forventar at det blir utbetalt refusjon for om lag 993 barn i 2012 mot 955 barn i 2011.

Det er føreslått å auke løyvinga på posten med 6,16 mill. kroner.

Post 71 Utvikling og opplysningsarbeid o.a., kan nyttast under post 21

Løyvinga på posten blir i hovudsak retta inn mot organisasjonar som arbeider med førebygging av problemutvikling blant barn og unge, tiltak som kan betre oppfølginga av barn i fosterheim og institusjon, og vidareutvikling av desse tiltaka. Departementet føreslår å flytte tilskotet på 2 mill. kroner til Røde Kors tilbod Ferie for alle til kap. 857, post 71. Flyttinga påverkar ikkje bruken av midla, men samlar tilskot som naturleg høyrer saman på same kapittel.

Post 72 Tilskot til forsking og utvikling i barnevernet

Posten dekkjer tilskotet til forsking ved Atferdssenteret.

Departementet føreslår å flytte tilskotet til metodeutvikling ved Atferdssenteret til posten. Dette påverkar ikkje bruken av midlane, men gjer postbruken korrekt og ryddig. Midlane var tidlegare løyvde over kapittel 855, post 21.

Departementet føreslår å flytte tilskotet til Barnevernets utviklingssenter til posten. Dette påverkar ikkje bruken av midlane, men gjer postbruken korrekt. Midlane var tidlegare løyvde over kapittel 855, post 21.

Samla føreslår departementet å flytte 38,6 mill. kroner frå kap. 855, post 21 til posten.

Kap. 3854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

44 546

18

Refusjon av sykepengar

47

Sum kap. 3854

44 593

Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60

3 384 321

3 411 000

3 433 510

21

Spesielle driftsutgifter

65 238

64 130

27 118

22

Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

1 545 944

1 564 330

1 612 824

45

Større nyanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

26 408

66 427

67 955

60

Tilskot til kommunane, kan nyttast under post 01

211 682

175 046

180 297

Sum kap. 0855

5 233 593

5 280 933

5 321 704

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60

Posten omfattar mellom anna lønnsutgifter, utgifter til leige og drift av lokale, utgifter til opplæring og andre utgifter til varer og tenester i det statlege, regionale barnevernet. Posten dekkjer òg driftsutgifter ved statlege barnevernsinstitusjonar og drift av andre statlege barnevernstiltak.

Eit forslag til nye reglar i barnevernlova om mellombels plassering av barn som er utsette for menneskehandel i institusjon utan samtykkje, har vore på høyring og vil bli fremma for Stortinget. Departementet føreslår å auke løyvinga på kapitlet reelt med 8,5 mill. kroner til meirutgifter som følgje av lovendringa.

Departementet viser òg til omtale under kapittel 572, post 60 Innbyggertilskudd, for Kommunal- og regionaldepartementet, der det blir føreslått ein tilsvarande auke i løyvinga for å dekkje Oslo kommune sin del av meirutgiftene som følgjer av lovendringa.

Det er venta ein auke i talet på barn og unge med tiltak i det statlege barnevernet. Samstundes er det ei vriding frå mindre bruk av institusjon til meir bruk av fosterheimar. Denne vridinga har ein barnevernfagleg grunngjeving, men fosterheimar er òg mindre kostnadskrevande enn plassering i institusjon. Departementet ventar at kostnadsreduksjonen som følgjer av vridinga er høgare enn meirutgiftene som følgjer av at fleire barn og unge har tiltak i regi av etaten. Departementet føreset at etaten i større grad utnyttar sitt eige tiltaksapparat, og at kjøp av private barneverntenester blir redusert. Framlegget må sjåast i samanheng med endring på kap. 3855, post 60. Forslaget inneber ei reell vidareføring av dei endringar som blei vedtekne i RNB for 2011, der løyvinga på posten blei redusert med 52 mill. kroner.

Samla føreslår departementet ei løyving på posten på 3 433,5 mill. kroner i 2012.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til forsking, utviklingstiltak og opplæring for å styrkje kvaliteten og effektiviteten i barnevernet. Dette gjeld mellom anna etablering og utprøving av nye metodar i barnevernet og studiar av effektane av ulike behandlingsopplegg.

Posten er føreslått redusert med 0,4 mill. kroner i samband med interne omprioriteringar. Midlane er føreslått omprioriterte som følgje av at eit prosjekt blir ferdigstilt i 2011.

Departementet føreslår å samle tilskotet til metodeutvikling ved Atferdssenteret og tilskotet til Barnevernets utviklingssenter. Dette påverkar ikkje bruken av midlane, men gjer postbruken korrekt og ryddig. Departementet føreslår å flytte 38,6 mill. kroner til kapittel 854, post 72.

Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

Posten dekkjer kjøp av private barnevernstiltak.

Post 45 Større nyinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten dekkjer større utstyrskjøp, mellom anna bilar til barnevernsinstitusjonar.

Post 60 Tilskot til kommunane, kan nyttast under post 01

Posten dekkjer overføringar til kommunane for refusjonar av utgifter som overstig satsen for kommunale eigendelar til forsterking av fosterheimar og nærmiljøbaserte tiltak.

Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Diverse inntekter

19 967

26 670

27 497

02

Barnetrygd

3 729

3 477

3 585

03

Refusjon for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar

106 783

15

Refusjon av arbeidstiltak

554

16

Refusjon av foreldrepengar

37 063

17

Refusjon lærlingar

63

18

Refusjon av sykepengar

87 376

60

Kommunale eigendelar

845 047

923 648

899 357

Sum kap. 3855

1 100 582

953 795

930 439

Post 01 Diverse inntekter

Dei budsjetterte inntektene på posten gjeld ulike prosjekt og tiltak. Storleiken på inntektene varierer frå år til år.

Post 02 Barnetrygd

På posten er det budsjettert med barnetrygd for barn under omsorg av barnevernet. Utgifter motsvarande refusjonane blir rekneskapsførte på kapittel 855 Statleg forvalting av barnevernet.

Post 60 Kommunale eigendelar

På posten er det budsjettert med kommunale eigendelar i samband med opphald i barnevernsinstitusjonar, fosterheimar eller ved tiltak i heimen. Det blir føreslått ei prisjustering for kommunanes eigendelar for barn med tiltak i statleg barnevern frå inntil 34 359 kroner til inntil 35 390 kroner per barn per månad for tiltak i institusjon. For andre tiltak blir eigendelen prisjustert frå inntil 26 850 kroner til inntil 27 656 kroner per barn per månad. Som følgje av at ei endra samansetjing av tiltak i statleg barnevern fører med seg mindre inntekter, blei løyvinga redusert med 52 mill. kroner i RNB 2011. Regjeringa føreslår å vidareføre reelt dei endringane som blei vedtekne i RNB for 2011, og føreslår ei løyving på posten på 899 mill. kroner.

Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

451 644

229 077

243 214

Sum kap. 0856

451 644

229 077

243 214

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til drift av omsorgssentra for barn og eventuelt til kjøp av plassar i private tiltak og til arbeidet med busetjing av einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år.

I saldert budsjett for 2011 dekte løyvinga 115 plassar. Løyvinga blei auka til å dekkje 162 plassar i omsorgssentra i revidert nasjonalbudsjett for 2011. I 2012 er det venta at det i gjennomsnitt vil vere 120 einslege mindreårige asylsøkjarar under barnevernet si omsorg, og løyvingsforslaget på posten er tilpassa dette.

Regjeringa føreslår ei løyving på 243 mill. kroner på posten. Løyvinga tilsvarer drift av 120 statlege omsorgsplassar.

Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Diverse inntekter

801

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

270 866

136 900

173 160

16

Refusjon av foreldrepengar

4 065

17

Refusjon lærlingar

27

18

Refusjon av sykepengar

7 636

Sum kap. 3856

283 395

136 900

173 160

Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar, kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp med heimel i statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Centre). Regjeringa føreslår at 173,2 mill. kroner av utgiftene på kap. 856, post 01 blir rapporterte inn som utviklingshjelp, jf. kap. 167 Flyktningstiltak i Norge godkjent som utviklingshjelp (ODA), post 21 Spesielle driftsutgifter, på Utanriksdepartementet sitt budsjett. Tilsvarande beløp blir ført som inntekt på denne posten.

Departementet ventar at det i gjennomsnitt vil vere 120 barn under barnevernet si omsorg i 2012. Departementet føreslår ei løyving på 173,2 mill. kroner i 2012.

Kap. 857 Barne- og ungdomstiltak

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

2 290

12 655

7 847

50

Forsking

6 902

4 300

4 433

60

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast

48 537

49 993

70

Barne- og ungdomsorganisasjonar

97 605

100 621

108 740

71

Utviklingsarbeid, kan nyttast under post 21

10 832

4 000

7 124

73

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast

47 918

79

Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv., kan overførast

36 374

32 393

33 397

Sum kap. 0857

201 921

202 506

211 534

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

Posten vil bli nytta til utgifter i samband med konferansar, informasjonsmateriell, utgreiingar, forsking, statistikk og anna som inngår i arbeidet med å sikre eit godt oppvekstmiljø for barn og ungdom. Det vil òg bli brukt midlar frå posten til delar av ei satsing på ungdom som står utanfor opplæring og arbeidsliv (Losprosjektet).

Nettportalen ung.no går over i regulær drift, og departementet føreslår å flytte 2 mill. kroner til kap. 858, post 01 Driftsutgifter.

Posten er føreslått redusert med 3,2 mill. kroner i samband med interne omprioriteringar. Midlane er føreslått omprioriterte som følgje av at fleire prosjekt blir ferdigstilte i 2011.

Post 50 Forsking

Løyvinga på posten skal nyttast av Noregs forskingsråd til forskingsprogrammet Velferd, arbeidsliv og migrasjon.

Post 60 Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast

Mål

Posten blir nytta til tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. Formålet er å bidra til å betre oppvekst- og levekåra i 23 bykommunar; Oslo (sju prioriterte bydelar), Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Tromsø, Drammen, Skien, Fredrikstad, Sandnes, Sarpsborg, Bodø, Sandefjord, Larvik, Ålesund, Arendal, Porsgrunn, Haugesund, Tønsberg, Halden, Moss, Hamar og Gjøvik.

Tildelingskriterium

Løyvinga har barn og ungdom som målgruppe og blir nytta til tiltak og prosjekt som rettar seg mot barn og ungdom med spesielle behov, og utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Ordninga er delt i éi satsing retta mot ungdom (ungdomstiltak) og éi satsing retta mot barn, ungdom og familiar råka av fattigdomsproblem. Barn og ungdom med innvandrarbakgrunn står overfor spesielle utfordringar, og arbeid som fremmar integrering, har høg prioritet. Bykommunane blir inviterte til å søkje om tilskot til tiltak som:

  • bidreg til sosial inkludering og førebyggjer uønskt sosial åtferd, som vald, mobbing, kriminalitet og rus, og som førebyggjer fordommar og diskriminering og fremmar gjensidig aksept

  • bidreg til deltaking og medverking for barn, ungdom og ungdomsgrupper som i liten grad nyttar dei eksisterande kultur- og fritidstilboda

  • bidreg til kvalifisering og inkludering av ungdom mellom anna gjennom etablering av alternative meistringsarenaer

  • førebyggjer og/eller dempar fattigdomsproblem blant barn, ungdom og familiar

  • fremmar likeverd og like høve for jenter og gutar

  • fremmar deltaking og likeverdige høve for barn og unge med nedsett funksjonsevne

I overkant av ein tredjedel av løyvinga blir nytta til ungdomstiltak. Ein kan søkje om tilskot til tiltak for ungdom med spesielle behov, utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Om lag tre femtedelar av løyvinga er sette av til tiltak retta mot barn, unge og familiar råka av fattigdomsproblem. Ein kan søkje om tilskot til ferie- og fritidstiltak, tilskot til tiltak som kan bidra til kvalifisering og inkludering, og tilskot til meir langsiktige og samordna tiltak som skal motverke utstøyting av barn og ungdom som er råka av fattigdomsproblem. Løyvinga kan òg nyttast til strakstiltak for å løyse oppgåver og problem av akutt karakter i ungdomsmiljøa og til utviklingsarbeid. Bydelar, frivillige organisasjonar, ungdomsgrupper, offentlege og private aktørar kan søkje. Departementet kan òg ta initiativ til å støtte enkelte prioriterte område. I tråd med Soria Moria-erklæringa vil tiltak i Groruddalen bli særleg prioriterte.

Budsjettforslag 2012

Departementet føreslår å vidareføre løyvinga reelt.

Post 70 Barne- og ungdomsorganisasjonar

Mål

Formålet er å leggje til rette for at barn og ungdom kan delta i barne- og ungdomsorganisasjonane. Dei frivillige organisasjonane er viktige aktørar i ungdomspolitikken, dei er sosiale møteplassar for barn og unge, og dei bidreg til å skape trygge og inkluderande oppvekstmiljø. Tilskotet skal stimulere organisasjonane til engasjement og medansvar og sikre organisasjonane som arenaer for medverknad og demokrati.

Kriterium for tildeling

Forskrift av 29. november 2007 med endringar av 15. september 2009 blei gjeldande frå tilskotsåret 2010. Midlane blir forvalta av eit eige fordelingsutval med sekretariat i Bufdir. BLD er klageinstans for vedtak gjorde av Fordelingsutvalet.

Også midlar til tilskotsordninga Mangfold og inkludering inngår i posten. Ordninga blir forvalta av Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) og har eigne retningslinjer.

LNU, Ungdom & Fritid og Unge funksjonshemma kan søkje om driftstilskot til sitt nasjonale arbeid. Dette tilskotet blir forvalta av Bufdir.

Det blir òg nytta midlar frå posten til forsking på barne- og ungdomsorganisasjonar.

Oppfølging og kontroll

Krav til revisjon, rapport og kontroll av nasjonal grunnstønad er regulert av Forskrift om tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar og instruks for Fordelingsutvalet. Andre tilskot som blir gitte gjennom denne posten, blir kontrollerte gjennom rapportering og rekneskap.

Budsjettforslag 2012

Posten er føreslått styrkt med 5 mill. kroner for å sikre at dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane har gode rammevilkår, og ikkje skape uvisse om finansieringa.

Post 71 Utviklingsarbeid, kan nyttast under post 21

Mål

Posten blir nytta til å støtte forsking og utviklingsarbeid som kan gi auka kunnskap og bidra til å styrkje oppvekstmiljøet for barn og ungdom.

Kriterium for tildeling

Frå posten blir det vidare gitt tilskot til utviklingsarbeid, kompetanseoppbygging og erfaringsformidling som ledd i gjennomføringa av dei måla som departementet har sett for arbeidet på barne- og ungdomsområdet. Posten vil òg bli nytta til delar av ei satsing på ungdom som står utanfor opplæring og arbeidsliv (Losprosjektet).

Oppfølging og kontroll

Løyvingar og tilskot frå denne posten blir kontrollerte gjennom rapportering og rekneskap.

Budsjettforslag 2012

Departementet føreslår å styrkje satsinga på Losprosjektet. Det er føreslått å auke løyvinga reelt med 1 mill. kroner til formålet. På posten er det satt av 2 mill. kroner til Røde Kors tilbod Ferie for alle. Tilskotet er flytta frå kap. 854, post 71. Flyttinga påverkar ikkje bruken av midla, men samlar tilskot som naturleg høyrer saman på same kapittel.

Post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid, o.a. kan overførast

Mål

Posten skal dekkje tiltak som stimulerer til internasjonalt samarbeid på barne- og ungdomsområdet. Målgruppene er frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, enkeltpersonar og grupper av barn og ungdom, institusjonar som arbeider med barn og ungdom, og offentlege styresmakter lokalt, regionalt og nasjonalt.

Hovuddelen av posten blir nytta til Noreg sitt bidrag til deltaking i EU-programma Aktiv ungdom, Sikrare Internett og DAPHNE III, som varer fram til 31. desember 2013. Posten dekkjer òg Noreg sitt bidrag til Det europeiske ungdomsfondet i Europarådet, kostnader i samband med bilateralt samarbeid, samarbeidet i nærområda, særleg samarbeidet innanfor rammene av Noregs deltaking i Barentsrådet og Austersjørådet, og andre tiltak knytte til det mellomstatlege samarbeidet på ungdomsområdet. Vidare får dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane grunnstønad til sitt internasjonale arbeid. LNU, Ungdom & Fritid og Unge funksjonshemma kan søkje om tilskot til sitt internasjonale arbeid.

Kriterium for tildeling

Bidraga for deltaking i dei ulike EU-programma blir fastsette etter ein fordelingsnøkkel nedfelt i EØS-avtala. Storleiken på bidraget til Det europeiske ungdomsfondet blir fastsett av Ministerkomiteen i Europarådet. Tilskot til bilateralt samarbeid, til samarbeidet i nærområda og anna internasjonalt samarbeid blir fastsette av departementet ut frå gjeldande avtaler og prinsipp. Tilskotet til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane blir forvalta av Fordelingsutvalet etter kriterium fastsette i eiga forskrift. Søknader frå LNU, Ungdom & Fritid og Unge funksjonshemma om tilskot til internasjonalt arbeid blir handsama av Bufdir.

Oppfølging og kontroll

Europarådets ungdomsdirektorat og Europarådets revisjonsstyre kontrollerer Det europeiske ungdomsfondet. Revisjonsretten i EU og EUs internrevisjon kontrollerer bruken av budsjettmidlar til dei programma Noreg tek del i. Departementet har eit ansvar for å etablere rutinar for sakshandsaming og kontroll av tildelinga av tilskot frå programmet Aktiv ungdom. Tilskotet til ungdomssamarbeid i Barentsregionen blir forvalta av Barentssekretariatet i Kirkenes. Tilskotet gitt av departementet, blir følgt opp ved kontroll av rapport og rekneskap. Bufdir og Fordelingsutvalet har ansvaret for oppfølging av og kontroll med dei tilskota dei forvaltar til organisasjonane sitt internasjonale arbeid.

Budsjettforslag 2012

Departementet føreslår å vidareføre løyvinga reelt.

Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 855 post 01

185 674

202 805

209 063

21

Spesielle driftsutgifter

8 983

19 662

28 472

22

Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar

32 450

30 102

31 035

Sum kap. 0858

227 107

252 569

268 570

Status for verksemda

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufetat) består av éi sentral eining – Barne-, ungdoms og familiedirektoratet (Bufdir) – og fem regionar. Bufdir er etatsleiar for Bufetat. Regionkontora har underliggjande utøvande einingar innanfor barnevern og familievern. Regionkontora handsamar òg søknader om førehandssamtykkje til utanlandsadopsjon og søknader om innanlandsadopsjon. Bufdir har ansvaret for fagleg, økonomisk og administrativ styring, koordinering og utvikling av Bufetat. Direktoratet handsamar klager på saker der regionane er første instans.

Hovudoppgåva til etaten er å gi barn, unge og familiar som treng hjelp og støtte, tiltak med høg og riktig kvalitet i heile landet.

Ansvarsområda for etaten omfattar òg tiltak under desse budsjettkapitla:

  • kap. 821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

  • kap. 840 Krisetiltak

  • kap. 841 Samliv og konfliktløysing

  • kap. 842 Familievern

  • kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot o.a.

  • kap. 847 Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne

  • kap. 852 Adopsjonsstønad

  • kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

  • kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

  • kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

  • kap. 857 Barne- og ungdomstiltak

  • kap. 859 EUs ungdomsprogram

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 855, post 01

Løyvinga dekkjer lønnsutgifter og andre driftsutgifter i Bufdir, mellom anna knytte til opplæring, leige og drift av lokale og kjøp av varer og tenester.

Nettportalen ung.no går over i regulær drift etter avslutta prosjektperiode. Departementet føreslår å flytte 2 mill. kroner frå kap. 857, post 21 til posten for å finansiere nettportalen. Dette er ein auke i løyvinga til ung.no med 0,5 mill. kroner.

Departementet føreslår at ordninga med samvær under tilsyn av ein offentleg oppnemnd tilsynsførar blir overført til Bufdir. Departementet føreslår å flytte 0,135 mill. kroner frå kapittel 841, post 22 til administrasjon av ordninga til posten. Sjå òg omtale under kapittel 858, post 21.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til forsking og utviklingstiltak og utbetalingar av godtgjeringar for medlemmene i Fordelingsutvalet.

Departementet føreslår at ordninga med samvær under tilsyn av ein offentleg oppnemnd tilsynsførar blir overført til Bufdir. Departementet føreslår å flytte 1,2 mill. kroner frå kapittel 841, post 22 til ordninga til posten. Sjå òg omtale under kapittel 858, post 01.

Posten skal òg nyttast til utgifter til utvikling av eit nytt fag-, klient- og rapporteringssystem (BIRK) som skal gi betre kvalitet i datagrunnlaget i barnevernet. Midlane til utvikling av rapporteringssystemet blei opphavleg løyvde i 2010 og 2011, men prosjektet har blitt forseinka og løyvingane har ikkje blitt nytta fullt ut. Etter ein gjennomgang er det nå lagt til grunn ei utviding i tid av BIRK. Departementet føreslår å auke løyvinga med 7 mill. kroner til utvikling av BIRK i 2012. Den samla løyvinga til BIRK i 2012 er med dette 24 mill. kroner.

Post 22 Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar

Posten skal dekkje reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar.

Kap. 3858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Diverse inntekter

2 554

433

433

15

Refusjon av arbeidstiltak

33

16

Refusjon av foreldrepengar

2 748

17

Refusjon lærlingar

87

18

Refusjon av sykepengar

2 105

Sum kap. 3858

7 527

433

433

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene skriv seg frå ulike prosjekt og tiltak. Inntektene er knytte til eigendelar i samband med deltaking i Hva med oss? og inntekter i samband med andre samlivstiltak. Storleiken på inntektene varierer frå år til år.

Kap. 859 EUs ungdomsprogram

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter, kan overførast

10 233

7 274

7 422

Sum kap. 0859

10 233

7 274

7 422

Deltakinga i programma Sikrare Internett og DAPHNE, tiltak som skal hindre vald mot barn, ungdom og kvinner, er delfinansierte av dette budsjettkapitlet.

Post 01 Driftsutgifter, kan overførast

Posten dekkjer lønn og utgifter til varer og tenester ved det nasjonale kontoret som forvaltar programmet. Ein må sjå løyvinga i samanheng med kap. 3859 EUs ungdomsprogram, som omhandlar Europakommisjonen sitt bidrag til drift av det nasjonale kontoret og Eurodesk. Nettokostnaden på posten etter frådrag for inntektene under kap. 3859 er Noreg sin nasjonale del av drifta av det nasjonale kontoret for EU-programmet Aktiv ungdom. Posten kan òg nyttast til å dekkje kostnader knytte til evalueringa av programmet.

Kap. 3859 EUs ungdomsprogram

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Tilskot frå Europakommisjonen

3 330

2 300

2 300

16

Refusjon av foreldrepengar

395

18

Refusjon av sykepengar

53

Sum kap. 3859

3 778

2 300

2 300

Post 01 Tilskot frå Europakommisjonen

Posten gjeld tilskot frå Europakommisjonen til drift av det nasjonale kontoret for gjennomføring av EUs ungdomsprogram Aktiv ungdom. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet utarbeider ein årleg arbeidsplan for det nasjonale kontoret, og planen blir godkjend av BLD og Europakommisjonen.

Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikken

Hovudinnhald og prioriteringar

Forbrukarpolitikken skal sikre forbrukarane ei sterk stilling i samfunnet og medverke til eit meir etisk og miljøforsvarleg forbruk.

Dei fleste forbrukarane i Noreg nyt godt av høg og aukande velstand og kjøpekraft. Vare- og tenestetilbodet blir stadig utvida og endra som følgje av teknisk og økonomisk utvikling. Samtidig finst det miljømessige grenser for ein vidare forbruksvekst. Dette stiller nye krav til både forbrukarane og forbrukarpolitikken.

Kompleksiteten og mangfaldet som forbrukarane står overfor i det moderne samfunnet, gjer at risikoforhold knytte til varer eller tenester, blir vanskelege å få oversikt over. I dei seinare åra har det til dømes blitt utvikla nye bank-, finans- og forsikringsprodukt som det ofte er vanskeleg for forbrukarane å vurdere og velje imellom.

Det ligg store utfordringar i å sikre forbrukarane gode rettar og god informasjon når dei skal gjere val som har store konsekvensar for privatøkonomien. Dette gjeld til dømes i samband med kjøp og sal av bustader. Ofte oppstår det konfliktar som kunne vore unngått om informasjonsgrunnlaget hadde vore betre.

Regjeringa legg til grunn at trygge, velinformerte og aktive forbrukarar er viktig for godt fungerande marknader. Regjeringa arbeider med informasjonsløysingar, mellom anna på Internett, retta både mot vaksne forbrukarar og mot skolen i form av læringsmål og undervisingsmateriell. Det er særleg aktuelt å sjå på løysingar for nettbasert informasjon i marknaden for handverkartenester.

Undersøkingar viser at mange som får gjeldsordning, ikkje berre har økonomiske vanskar, men også helseproblem og sosiale problem. Mange klarer ikkje å gjennomføre gjeldsordninga, og ein relativt stor del av dei som klarer det, får raskt nye gjeldsproblem. Ei utfordring framover blir å sørgje for at denne gruppa får tilstrekkeleg støtte og oppfølging. Det er også nødvendig å sjå på nye tiltak for å førebyggje gjeldsproblem. Mykje tyder på at unge vaksne i aukande grad får økonomiske problem. BLD vil derfor vurdere tiltak retta spesielt mot denne gruppa.

Universell utforming handlar om planlegging og utforming av produkt og omgivnader for å oppnå eit inkluderande samfunn med full deltaking og likestilling for alle. Dette inneber at produkt og tenester skal vere utforma slik at flest mogleg kan nytte dei utan spesialløysingar. Forbrukarinformasjon må til dømes leggjast til rette for blinde og svaksynte og for grupper som ikkje meistrar norsk.

Samanlikna med mange andre land har Noreg sterke forbrukarrettar. Det må likevel arbeidast vidare både nasjonalt og internasjonalt med å tryggje rettane som er etablerte, og med å utvikle desse i tråd med nye behov og utviklingstrekk.

Materielt forbruk, og særleg forbruk av ressursar som ikkje kan fornyast, er ei belasting for naturgrunnlaget. Det er nødvendig med kollektive tiltak for å endre eller redusere forbruket. Samtidig er det viktig at den enkelte forbrukaren tenkjer igjennom og korrigerer forbruksvanane sine ut frå omsyn til miljøet. Eit vilkår for dette er at det finst tilgjengeleg informasjon som gjer det mogleg å gjere opplyste val.

Frivillige merkeordningar har lenge vore nytta for å formidle standardisert og kvalitetssikra informasjon om val som er gode for miljøet og medverkar til etisk forbruk. BLD vil arbeide vidare med informasjonstiltak som kan medverke til å styrkje effekten av merkeordningane som forbrukarrettleiing.

At nasjonale marknader blir opna, meir like og vevde saman gjennom auka internasjonal handel, endrar også situasjonen til forbrukarane. Produksjonsstaden er blitt mindre viktig fordi særpreg og forskjellar knytte til opphavslandet til produkta, blir viska ut når alt blir standardisert og produksjonen skjer i regi av store multinasjonale selskap. Samtidig engasjerer mange forbrukarar seg når det kjem fram opplysningar om uakseptable forhold i verdikjedene, til dømes miljøkriminalitet, barnearbeid og rovdrift på arbeidskraft. Behovet for informasjon om pris, kvalitet og standardane som leverandørane følgjer, gjeld både varer og tenester.

Regjeringa vil at etikk og samfunnsansvar i større grad skal bli teke omsyn til i samband med offentlege innkjøp. Ved å stille krav til tilbydarar om at varer skal vere tilverka under forsvarlege forhold, kan offentlege verksemder tene som førebilete og medverke til større etterspurnad etter varer frå tilbydarane som oppfyller krava. Over tid kan dette medverke til eit betre tilbod av varer som er produserte under forsvarlege forhold, og til at det blir enklare for forbrukarane å velje slike varer.

Forbrukarorganisasjonane har ei viktig rolle i norsk forbrukarpolitikk. I tillegg til å uttrykkje brukarane sine interesser overfor næringslivet og offentlege verksemder, medverkar dei til at det blir teke omsyn til forbrukarane i samband med offentlege vedtak.

BLD har hovudansvaret for å fremme forbrukarpolitikken til regjeringa. Departementet forvaltar viktige forbrukarlover og har ansvar for fleire sjølvstendige institusjonar som varetek rettane og interessene til forbrukarane. Forbrukarpolitikken er elles prega av at ansvaret for viktige tiltak og regelverk er fordelt på mange departement og tilsynsorgan som ofte må samarbeide for å vareta omsynet til forbrukarane.

Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikken inneheld løyvingar til Forbrukarrådet, Forbrukarombodet, Statens institutt for forbruksforsking, Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet, Stiftelsen Miljømerking og forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid. Budsjettforslaget på programkategorien inneber ei endring på om lag 4 prosent samanlikna med budsjettet for 2011.

Forbrukarrådet er den største og mest vidfamnande reiskapen for å oppfylle måla for forbrukarpolitikken. Formålet for Forbrukarrådet er å arbeide for auka forbrukarinnverknad i samfunnet, medverke til ei forbrukarvennleg utvikling og fremme tiltak som kan betre stillinga til forbrukarane.

Forbrukarombodet har som hovudoppgåve å føre tilsyn med at marknadsføringa og avtalevilkåra til næringsdrivande er i samsvar med marknadsføringslova.

Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) har som formål å drive forsking, utgreiing og testverksemd ut frå omsynet til forbrukarane. Instituttet medverkar med forskingsbasert kunnskap til styresmakter, politikarar, næringsliv, organisasjonar og forbrukarar.

Forbrukartvistutvalet (FTU) avgjer mellom anna klagesaker i samband med forbrukarkjøp og handverkartenester når handsaminga til Forbrukarrådet ikkje fører fram.

Marknadsrådet (MR) avgjer mellom anna saker etter marknadsføringslova, når forhandlingar mellom Forbrukarombodet og næringsdrivande ikkje fører fram.

Stiftelsen Miljømerking i Noreg (Miljømerking) er oppretta for å forvalte Svanen, den fellesnordiske ordninga for positiv miljømerking av varer og tenester. Miljømerking er i tillegg ansvarleg organ i Noreg for Blomen, miljømerkeordninga til EU.

Mål

For 2012 blir desse måla prioriterte:

Hovudmål

Delmål

7. Ei sterk stilling for forbrukarane

7.1: Gode rammevilkår og rettar for forbrukarane

7.2: God og effektiv sakshandsaming av tvistar på forbrukarområdet

7.3: Informerte og opplyste forbrukarar

7.4: Godt kunnskapsgrunnlag for forbrukarpolitikken

8. Eit etisk og miljøforsvarleg forbruk

8.1: Medvit og informasjon om etiske og miljømessige konsekvensar av forbruksval

Resultatrapport og strategiar

Delmål 7.1: Gode rammevilkår og rettar for forbrukarane

Resultatrapport 2010/2011

Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i Prop. 1. S (2009–2010) under kap. 860 Forbrukarrådet, kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid og kap. 866 Statens institutt for forbruksforsking.

Etter medverknad frå mellom andre Forbrukarrådet fekk finansavtalelova i 2010 nye reglar som gir betre vern av forbrukarane. Etter dei nye reglane skal plikta som kredittytarane har til å rå frå lån, skje både munnleg og skriftleg. Forbrukarar som likevel vel å ta opp lån, må stadfeste åtvaringa skriftleg. Tilsynsorgana har også fått fleire sanksjonsmiddel overfor dei som bryt reglane.

Forbrukarrådet støtta i 2010 ein bankkunde i ein rettsleg prosess for å få slått fast at det er uakseptabelt av finansleverandørar å tilby lånefinansierte spareprodukt som dei veit eller burde vite ikkje er til gunst for kjøparane. Tingretten gav kunden medhald, men banken valde å anke saka. Uavhengig av kva det endelege utfallet av saka blir, har Forbrukarrådet gjennom å støtte saka gjort det vanskelegare å tilby slike produkt.

Forbrukarrådet medverka til at privatpersonar fekk betre høve til å annonsere bustadene sine på Internett utan å bruke eigedomsmeklar. Rådet medverka også til at bustadoppføringslova blei endra slik at garantisummane og -tida for kjøparar av nye bustader blei auka. Lovendringane tok til å gjelde 1. juli 2011.

Forbrukarrådet arbeidde med å styrkje forbrukarvernet på den digitale marknaden. Etter ei vurdering av innhaldet i sosiale medium klaga Forbrukarrådet inn mellom andre Facebook til Datatilsynet for ikkje å ta nok omsyn til personvernet. Bruksvilkåra for fleire spelplattformar fekk også merksemd. Arbeidet på området medverka til større merksemd blant forbrukarane om bruksvilkår og personvernspørsmål.

Forbrukarrådet sluttførte i 2010 eit arbeid for å sikre forbrukarrettane i samband med at det skal innførast justerplikt og eit nytt takstsystem (parallelltakst) for drosjer. Ei ny forskrift om drosjetakstar som Forbrukarrådet medverka til, tok til å gjelde 1. september 2011.

Forbrukarrådet retta merksemd mot offentlege tenester. Ei undersøking frå 2009 viste at det er store variasjonar mellom kommunar når det gjeld prisen på og innhaldet i skulefritidsordninga. Gjennom å følgje opp undersøkinga medverka Forbrukarrådet til at det er sett i gang eit arbeid under Kunnskapsdepartementet med å få på plass nasjonale kvalitetskrav til ordninga. Forbrukarrådet dokumenterte også store variasjonar i prisen og kvaliteten på tenestene til dei tekniske etatane i mange kommunar.

I januar 2009 blei det vedteke eit nytt timesharedirektiv i EU som vil styrkje forbrukarrettane. Medan det gamle direktivet berre gjaldt timeshareavtaler for meir enn tre år, omfattar det nye også timeshareavtaler for mindre enn tre år, langtidsferieprodukt (såkalla ferieklubbar mv.), vidaresal og byte av timeshareprodukt. BLD sende 1. mars 2011 på høyring eit forslag som tek sikte på å gjennomføre direktivet i norsk rett. Gjennomføringa vil krevje endringar i tidspartlova eller at lova blir erstatta med ei ny lov.

Ei ny marknadsføringslov blei sett i kraft 1. juni 2009. Prisforskriftene som var gitte med heimel i den gamle lova, er no under revisjon. Eit utkast til ei ny, samla forskrift blei sendt på høyring tidleg i 2011 med høyringsfrist 1. juni. Etter utkastet vil næringsdrivande mellom anna bli plikta til å leggje ut prislister på heimesidene sine.

Lov om varer av edelt metall mv. blei sett i kraft 1. januar 2011. Den gjeldande reguleringa av varer av edelt metall blei hovudsakleg vidareført. Frå same dato overtok Justervesenet kontrollen med varer av edle metall. Dette inneber ei meir effektiv organisering av arbeidet med å sikre at forbrukarane får gull-, sølv- og platinavarer med det innhaldet av edelt metall som er påstempla.

EU-kommisjonen la i 2008 fram eit forslag til eit nytt direktiv om forbrukarrettar. Noreg hadde fleire innvendingar til forslaget, fordi det på enkelte punkt ville svekkje norske forbrukarrettar. Forslaget tok sikte på å erstatte dei gjeldande direktiva om fjernsal, sal utanfor fast utsalsstad (dørsal), forbrukarkjøp og urimelege avtalevilkår, som alle er gjennomførte i norsk rett. Forslaget la opp til totalharmonisering av lovgivinga, det vil seie at medlemslanda ikkje kan ha andre reglar enn direktivet innanfor områda dette gjeld for.

I 2010 og våren 2011 blei det frå norsk side arbeidd vidare med å sikre at direktivet ikkje skal føre til at norske forbrukarrettar skal bli svekte.

Sommaren 2011 blei EU-organa samde om direktivet, og det vil formelt bli vedteke før slutten av 2011. Direktivet vil bli mindre inngripande enn det som opphavleg blei føreslått. Det vil i hovudsak berre gjelde opplysingsplikt og angrerett ved visse salssituasjonar som dørsal, Internett-sal mv. Dette er positivt sett frå ein norsk ståstad.

For å få til gode og balanserte standardar er det viktig med forbrukarinnverknad i standardiseringsarbeid. Samarbeidet mellom Forbrukarrådet, Standard Norge og departementet om eit fagråd og eit forbrukarsekretariat i Standard Norge blei vidareført i 2010. Dette medverkar til at forbrukarrepresentantar deltek i fleire nasjonale og internasjonale standardiseringsprosjekt.

På oppdrag frå BLD kartla Standard Norge i 2009 kva som finst av spesifikasjonar, retningslinjer og standardar for universell utforming på ulike tenesteområde. Arbeidet blei følgt opp i 2010 med støtte til igangsetjing av eit standardiseringsprosjekt for universell utforming av tenester. Prosjektet fell inn under regjeringa sin handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge (2009–2013) og er vidareført i 2011.

BLD har delteke i arbeidet med ein internasjonal standard for samfunnsansvaret til organisasjonar, ISO 26000. Standarden blei lansert i 2010 og er no omsett til norsk.

Strategiar og tiltak for 2012

Saksmengda etter gjeldsordningslova har auka sterkt dei seinaste åra. Gjeldsproblem ser òg ut til å råke nye grupper, som unge vaksne og personar over 50 år. Mange har problem både med å kome inn under lova og med å gjennomføre ei gjeldsordning. Departementet har hatt på høyring forslag til forenklingar i gjeldsordningslova som skal motverke desse problema.

Det blir vurdert om det skal opnast for at personar som er busette utanfor Noreg, kan søkje om gjeldsordning frå landet dei bur i, og om gjeldsordningar frå dei andre nordiske landa skal godkjennast i Noreg og motsett.

Mange namsmenn har få saker og såleis vanskar med å skaffe seg tilstrekkeleg kompetanse på gjeldsordningsfeltet. BLD vil, i samråd med Justis- og politidepartementet, sjå nærmare på om det er mogleg å leggje handsaminga av gjeldsordningssakene til utvalde namsmenn i staden for at alle namsmennene skal handsame slike saker.

Satsane for livsopphald i gjeldsordningssaker har blitt høge. Både reglane om gjeldsordning og reglane om tvangsinndriving ved trekk i lønn skal sikre midlar til nødvendig livsopphald. Ved lønnstrekk er det ikkje utarbeidd satsar frå sentralt hald, og det er store ulikskapar i kor mykje skyldnarane får behalde til eige underhald. Det blir arbeidd med å vurdere nye standardiserte satsar både for dei som har gjeldsordning, og for dei som har lønnstrekk.

Ei arbeidsgruppe med representantar frå BLD, Justis- og politidepartementet, Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet og Nærings- og handelsdepartementet er i ferd med å greie ut ulike modellar for å registrere gjelda til privatpersonar, avgrensa til kredittkortgjeld og forbrukslån. Gruppa ser på både offentlege og private løysingar. Formålet med ei eventuell registrering av slik gjeld er å gjere kredittytarane i stand til å gjere betre kredittvurderingar av lånesøkjarane enn i dag, og slik førebyggje uheldige gjeldsspiralar.

BLD har hatt forslag til ei ny lov om tidspartar, langtidsferieprodukt mv. ute på høyring med frist 1. juli 2011. Høyringsforslaget tek sikte på å gjennomføre det nye timesharedirektivet i EU i norsk rett, jf. omtale under resultatrapporten. Ei ny lov kan tre i kraft frå 1. januar 2012.

Dei gjeldande forskriftene om prisopplysingar for varer og tenester er under revisjon, jf. omtale under resultatrapporten. Målet er å kome fram til ei ny, samla forskrift om varer og tenester som kan tre i kraft i 2012. Den nye forskrifta skal medverke til meir velfungerande marknader og gi forbrukarane betre prisinformasjon.

Partane i EU blei sommaren 2011 samde om eit nytt direktiv om forbrukarrettar. Direktivet vil bli formelt vedteke før slutten av 2011. Det er mindre omfattande og inngripande enn det opphavlege forslaget frå EU-kommisjonen (jf. omtale under resultatrapporten), og slik har arbeidet med direktivet gått i rett retning sett frå ein norsk ståstad. Direktivet vil vere EØS-relevant, og departementet vil venteleg starte arbeidet med å førebu lovendringar i 2012.

Direktivet om urimeleg handelspraksis er gjennomført i den nye marknadsføringslova, som blei sett i kraft 1. juni 2009. EU-kommisjonen er i gang med å lage ein rapport om korleis medlemslanda har gjennomført direktivet. Rapporten skal etter planen liggje føre i april 2012. Kommisjonen vil i samband med dette også vurdere å endre direktivet på enkelte punkt. Departementet vil følgje opp arbeidet med ein eventuell revisjon av direktivet i 2012.

Handlingsplan for betre kosthald i befolkninga (2007–2011) omtalar mellom anna behovet for å redusere marknadsføring av usunne matvarer retta mot barn og unge. Sidan 2007 har matvarebransjen hatt frivillige retningslinjer for slik marknadsføring. Verdens helseorganisasjon (WHO) tilrår at styresmaktene tek ei aktiv rolle, og dette vil også bli følgt opp i Noreg. Helse- og omsorgsdepartementet og BLD vil greie ut behovet for å innføre ei lov- og forskriftsregulering av marknadsføring av mat- og drikkevarer retta mot barn og unge.

Matkjedeutvalet blei oppnemnt i 2010 for å greie ut styrkjetilhøva i verdikjeda for mat, vurdere utviklinga og føreslå tiltak som kan vareta forbrukarinteresser som til dømes pris, vareutval, kvalitet og tilgjenge. Innstillinga frå utvalet (NOU 2011:4 Mat, makt og avmakt – om styrkeforholdene i verdikjeden for mat) blei levert til Landbruks- og matdepartementet, Fornyings- og administrasjonsdepartementet og BLD i april 2011 og er send på høyring til 1. desember 2011. Når høyringsrunden er gjennomført, vil regjeringa kome tilbake til korleis tilrådingane frå utvalet skal følgjast opp.

Arbeidet med å utforme nasjonale og internasjonale standardar er ope for alle interessentar som ønskjer å delta. Næringslivet er ofte sterkt representert. Det er viktig å leggje til rette for at også forbrukarinteressene blir varetekne i arbeidet, slik at det blir laga gode og balanserte standardar.

Forbrukarsekretariatet i Standard Norge skal fremme omsyn til forbrukarane og stimulere til forbrukardeltaking i standardiseringa. Sekretariatet er oppretta gjennom eit samarbeid mellom BLD, Forbrukarrådet og Standard Norge og vil bli ført vidare i 2012. Sentrale oppgåver for sekretariatet er å koordinere og formidle forbrukarinformasjon som er viktig i standardiseringa. Sekretariatet har også ei viktig rolle i opplæring og rettleiing for deltakarar i standardiseringsverksemd.

Delmål 7.2: God og effektiv sakshandsaming av tvistar på forbrukarområdet

Resultatrapport 2010/2011

Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i Prop. 1 S (2009–2010) under kap. 860 Forbrukarrådet, kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid og kap. 867 Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet.

Forbrukarrådet medverka til at Bankklagenemnda og Forsikringsklagekontoret frå 1. juli 2010 blei slått saman til den nye Finansklagenemnda. Gjennom den nye nemnda har forbrukarane fått ei meir robust eining til å handsame tvistar med finansføretak om produkt knytte til bank, forsikring, finans og verdipapirfond.

Husleigetvistutvalet løyser tvistar mellom utleigarar og leigarar av bustader med heimel i husleigelova. Etter medverknad frå Forbrukarrådet blei det i 2010 etablert utval i Trondheim og Bergen. Frå før var det etablert utval i Oslo og Akershus. Mange forbrukarar har dermed fått eit betre tvisteløysingstilbod.

Regjeringa sette i 2009 ned eit utval for å greie ut ulike sider ved det utanrettslege tilbodet for handsaming av forbrukartvistar. Målet var å få fram forslag som kan styrkje og forbetre tilbodet. Det utanrettslege tvisteløysingstilbodet på forbrukarområdet består i dag hovudsakleg av Forbrukartvistutvalet (FTU) og frivillige nemnder oppretta gjennom avtalar mellom Forbrukarrådet og bransjane.

Utvalet la hausten 2010 fram NOU 2010:11 Nemndsbehandling av forbrukertvister. Her blei det mellom anna tilrådd ei ny lov om nemndshandsaming av forbrukartvistar, at det skal vere like reglar for sakshandsaming i dei ulike nemndene, og at også tvistar knytte til kjøp og sal av fast eigedom, skal vere ein del av det utanrettslege tilbodet. Utgreiinga var ute på høyring våren 2011.

Det kom i 2010 inn 1 214 saker til FTU, mot 1 216 i 2009. Sakene hadde i snitt ei handsamingstid på 110 dagar, mot 129 dagar i 2009. Målet om ei gjennomsnittleg handsamingstid på under seks månader blei dermed nådd.

Til Marknadsrådet kom det inn 24 saker, mot 18 i 2009. Marknadsrådet gjorde vedtak i 14 saker. Den gjennomsnittlege handsamingstida var på 71 dagar, og målet om ei gjennomsnittleg handsamingstid på under tre og ein halv månad blei dermed nådd.

For å gjere det enklare å klage på kjøp i andre EU- eller EØS-land har Europakommisjonen i samarbeid med nasjonale forbrukarorganisasjonar etablert eit nettverk av forbrukarkontor (EEC Net) i dei fleste europeiske landa. Kontoret i Noreg (Forbrukar Europa) er lokalisert saman med Forbrukarrådet. Forbrukar Europa registrerte 1 865 førespurnader i 2010. Av desse kom 1 428 frå forbrukarar som trong juridisk hjelp. Resten (437) kom frå forbrukarar som ønskte informasjon. 60 prosent av førespurnadene kom frå norske forbrukarar. Frå 2009 til 2010 var auken i talet på førespurnader til Forbrukar Europa på over 20 prosent.

Strategiar og tiltak for 2012

Det er eit viktig forbrukarpolitisk mål å gi forbrukarane tilgang til effektiv og rimeleg tvisteløysing. Forbrukarsaker handlar ofte om mindre beløp, og domstolshandsaming kan derfor vere uforholdsmessig kostbart og ressurskrevjande.

I NOU 2010:11 Nemndsbehandling av forbrukertvister foreslo eit offentleg utval ulike tiltak for å styrkje og forbetre tvisteløysingstilbodet, jf. omtale under resultatrapporten. Utgreiinga frå utvalet var ute på høyring våren 2011. BLD tek sikte på å leggje fram dei første forslaga om oppfølging i 2012.

Eit viktig mål for Forbrukartvistutvalet (FTU) er at tilbodet om ei kostnadsfri og forenkla tvisteløysing er allment kjent, at sakshandsaminga er rask og god, og at sentrale prinsipp om rettstryggleik blir tekne vare på. Sakene skal ha ei gjennomsnittleg handsamingstid på under fem månader rekna frå sakene kjem inn til sekretariatet for FTU. Ein grunnleggjande føresetnad for funksjonen til FTU som konfliktløysar og førebyggjande organ er at utvalet har tillit, og at organet blir oppfatta som uavhengig og nøytralt.

I saker for Marknadsrådet som gjeld klage på marknadsføring etter marknadsføringslova, er målet ei gjennomsnittleg sakshandsamingstid på under tre og ein halv månad, rekna frå sakene kjem inn til sekretariatet, til vedtaka blir sende ut til partane. For saker som gjeld alkohol- og tobakksreklame, er det ikkje fastsett noko mål for handsamingstida. Sakene om alkoholreklame som har vore oppe hittil, har vore store og med omfattande innlegg frå begge sider. Ein må derfor rekne med noko lengre handsamingstid for desse.

I EU er ein også oppteken av korleis ein skal sikre at forbrukarane får vareteke rettane sine i praksis. For tvistar der forbrukaren og den næringsdrivande held til i kvart sitt land, er det også viktig å leggje til rette for utanrettsleg tvisteløysing og god informasjon. EU-kommisjonen arbeider derfor med å greie ut kollektiv tvisteløysing, som til dømes gruppesøksmål. Noreg sende i april 2011 eit innspel til EU-kommisjonen, og her blei det mellom anna gitt informasjon om den norske tvistelova som opnar for gruppesøksmål. EU-kommisjonen vil innan utgangen av 2011 presentere hovudprinsippa som bør gjelde for kollektiv tvisteløysing, og skissere vegen vidare. BLD vil i 2012 følgje opp vidare initiativ frå EU om alternativ tvisteløysing.

EU-kommisjonen gjennomførte tidleg i 2011 ei høyring for å få eit betre grunnlag for eit forslag som skal fremmast hausten 2011. Formålet med forslaget er å medverke til rask, enkel og rimeleg utanrettsleg tvisteløysing for forbrukarar i Europa. BLD vil følgje arbeidet og medverke til eit godt regleverk som også tek omsyn til nasjonale løysingar og særtrekk. Det same gjeld eit forslag om tvisteløysing på Internett, som EU-kommisjonen også skal fremme i 2011.

BLD vil i tillegg følgje opp rekommandasjonen frå EU-kommisjonen om eit einskapleg system for klassifisering, rapportering og registrering av forbrukarklager. Kommisjonen ønskjer at systemet skal takast i bruk av organ som handsamar forbrukarklager. Siktemålet er mellom anna at systemet skal nyttast i samband med Kommisjonen sine resultattavler (Consumer Markets Scoreboard).

Forbrukar Europa (sjå omtale under resultatrapporten) vil også i 2012 gi informasjon og hjelp til forbrukarar ved tvistar knytte til kjøp av varer og tenester over landegrensene frå næringsdrivande i EØS-området.

Delmål 7.3: Informerte og opplyste forbrukarar

Resultatrapport 2010/2011

Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i Prop. 1 S (2009–2010) under kap. 860 Forbrukarrådet og kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid.

Forbrukarrådet hadde i 2010 omfattande kontakt med forbrukarane gjennom om lag 75 000 telefonsamtalar, 25 000 e-postar og 3,2 millionar besøk på Forbrukarportalen (forbrukarportalen.no). Mange nytta også den nettbaserte klagerettleiinga som finst på Forbrukarportalen. Utviklinga har i dei seinare åra gått i retning av at stadig fleire nyttar e-post og Internett i kontakten med Forbrukarrådet. Færre nyttar telefon.

Det har i dei seinare åra vore små endringar i kva forbrukarane vender seg til Forbrukarrådet om. Forbrukarrådet får framleis flest spørsmål om kjøp av bil, husleige, handverkartenester og elektronikk.

Dei overordna måla for Finansportalen (finansportalen.no) er å gi informasjon til forbrukarane og medverke til at forbrukarmarknaden for finansielle tenester fungerer betre. Dagleg oppdatert prisinformasjon på portalen gjer det enklare for forbrukarane å orientere seg i marknadene for sparing, lån og forsikring.

Trafikken på Finansportalen har halde seg på eit stabilt nivå. Tala for gjennomsnittleg besøkande per veke var 9 220 i 2008, 10 250 i 2009 og 8 150 i 2010. For å nå ut til flest mogleg hushald har Finansportalen utvikla kalkulatorar for bustadlån, banksparing og smålån til bruk på eksterne nettsider. Nettsider som inneheldt Finansportalen sine kalkulatorar, hadde hausten 2010 i gjennomsnitt 14 500 brukarar per veke. Tala seier ikkje noko sikkert om den faktiske bruken av kalkulatorane.

For å auke mobiliteten blant bankkundar blei eit særskilt verktøy for bankbyte lansert på Finansportalen i 2009. Tal frå Finansnæringens Fellesorganisasjon tyder ikkje på at Finansportalen hittil har ført til at fleire forbrukarar har bytt hovudbank.

Ei undersøking som Norsk finansbarometer gjennomførte i 2010, viste at elleve prosent av dei spurde hadde nytta Finansportalen til å samanlikne vilkåra til ulike finansielle aktørar. Av desse hadde sju prosent samanlikna vilkåra hos bankar, tre prosent samanlikna vilkåra på skadeforsikring og ein prosent samanlikna vilkåra på fond. Tala er nesten identiske med tala for 2009. Brukarane av Finansportalen svarte at tenesta hadde god nytteverdi, var tilgjengeleg og enkel i bruk.

Hausten 2010 blei den nye prissamanlikningstenesta Sende pengar heim lansert på Finansportalen. Tenesta samanliknar kostnadene for private pengeoverføringar til 25 mottakarland. Det blei også gjort endringar i den tekniske plattforma til portalen. Mellom anna blei søkjefunksjonane betra.

BLD har sidan 2008 samarbeidd med Forbrukarrådet om forbrukarinformasjon for minoritetsspråklege. Nye informasjonsbrosjyrar om grunnleggjande forbrukarrettar blei i 2010 lanserte på engelsk, urdu, arabisk, somali og norsk. Brosjyrane gir informasjon om mobiltelefon- og bruktbilkjøp, inkasso, husleige og privatøkonomi. Opptrykk og gratis utsending av brosjyrane har ført til at informasjonen har kome til nytte mellom anna gjennom Vox (Nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk), NAV, flyktningkontor, barnevernskontor og skolar. Brosjyrane er også tilgjengelege på Forbrukarportalen.

Det er eit forbrukarpolitisk mål å styrkje undervisinga i forbrukaremne i skolen. Saman med dei andre nordiske landa og Estland sluttførte Noreg i 2010 eit nytt måldokument om forbrukarundervisinga. Måldokumentet er ei oppfølging av OECD sin rekommandasjon om forbrukarundervising for perioden 2009–2012 og skal vere eit bidrag til utvikling av nasjonale strategiar. I Noreg vil dokumentet bli nytta i arbeidet med å implementere forbrukarundervisinga under Kunnskapsløftet.

Høgskolen i Hedmark har fått midlar av BLD til å vere sekretariat for det internasjonale prosjektet PERL (Partnership for Education and Research about Responsible Living). PERL er eit nettverk av lærarar og forskarar frå over 120 institusjonar i 50 land som medverkar til å utvikle kompetanse og undervising om berekraftig forbruk. PERL samarbeider med og mottek støtte frå mellom andre EU-kommisjonen, UNEP og UNESCO. PERL er ei vidareføring av Sokrates-programmet Consumer Citizenship Network 2004–2009 (EU sitt handlingsprogram for utdanning).

Strategiar og tiltak for 2012

Informasjon er eit av dei mest sentrale verkemidla i forbrukarpolitikken. Forbrukarane skal ha god og tilstrekkeleg informasjon om vare- og tenestetilbodet, og kunnskap om gjeldane rettar og plikter. Informasjon fremmar forbrukarmakt og gjer det mogleg for forbrukarane å ta velinformerte og medvitne val. Det offentlege forbrukarapparatet har ei viktig informasjonsoppgåve overfor forbrukarane.

Tenestene til Forbrukarrådet er det viktigaste bidraget i den offentlege forbrukarinformasjonen. Forbrukarrådet treff forbrukarane kvar dag gjennom ulike kanalar: Forbrukarportalen (forbrukarportalen.no), Finansportalen (finansportalen.no), Forbrukar Europa (forbrukereuropa.no), Forbrukartelefonen, e-post, klagenemnder, skriftleg kontakt og besøk på regionkontora. Kontakten med forbrukarane er omfattande. I 2012 ventar Forbrukarrådet å ha kontakt med om lag 90 000 forbrukarar via e-post og Forbrukartelefonen. På heimesida er det venta om lag 3 millionar besøk.

Forbrukarrådet har som mål å gi hjelp til sjølvhjelp for flest mogleg forbrukarar gjennom kompetent, effektiv og tilgjengeleg service. Forbrukarportalen er sentral i servicearbeidet og vil i 2012 bli bygd om og lansert på nytt. For at forbrukarane skal kunne ta aktive og informerte val, vil Forbrukarrådet halde fram med å produsere og publisere informasjon og testar på nettet.

Undersøkingar har gjennom mange år vist at brukarane er godt nøgde med tenestene til Forbrukarrådet. Målet for 2012 er at delen nøgde skal liggje på same høge nivå som i tidlegare år.

Forbrukarombodet og SIFO har omfattande informasjonsoppgåver. For å førebyggje ulovleg marknadsføring og bruk av urimelege kontraktar rettar Forbrukarombodet informasjon til både forbrukarar og næringsdrivande. Informasjon om den digitale marknadsplassen, mellom anna om personvern, korleis ein kan unngå nettsvindel, og vilkåra for mobile innhaldstenester, er område som er aktuelle for ombodet framover. Etter marknadsføringslova skal Forbrukarombodet også føre tilsyn med at reklame ikkje er i strid med likeverdet mellom kjønna. SIFO vil halde fram med å medverke aktivt i samfunnsdebatten, med resultat og nyhende frå forbruksforskinga, og med kunnskapar om stillinga til forbrukarane og maktforholda i marknaden.

Departementet legg til rette for at elevar og lærarstudentar skal få innføring i forbrukaremna ved å utvikle undervisingsmateriell og gjennom breitt samarbeid, også internasjonalt, om strategiar og mål for forbrukarundervisinga. Forbrukaremna er tverrfaglege og skal gi elevane kunnskap om berekraftig forbruk, digitale medium, personleg økonomi og generelt om forbrukarrettar og -plikter. Målet er å gjere elevane i stand til å opptre som sjølvstendige og kritiske forbrukarar. Det er også viktig å motverke at reklame får spele på kjønnsroller og skape urealistiske kroppsideal for jenter og gutar, kvinner og menn

Finansportalen (finansportalen.no) kunne frå mai 2011 tilby eit nytt verktøy som på ein enkel måte gjer det mogleg å samanlikne både vilkår og prisar på ei rekkje skadeforsikringar under villa-, innbu-, reise- og bilforsikring. Frå starten var berre fire skadeforsikringsselskap kopla til løysinga, men før utgangen av 2011 vil fleire selskap slutte seg til. Forsikringsprodukta vil bli meir gjennomsiktige og forståelege når dei kan samanliknast på Finansportalen. Med dette samanlikningsverktøyet ferdig utvikla har Finansportalen alt innhald og alle tenester som opphavleg var planlagde, og gir forbrukarane eit heilskapleg bilete av marknadene for både sparing, lån og forsikring. Utfordringane framover vil vere å sikre at flest mogleg institusjonar og produkt blir viste på portalen, og å nå ut med informasjon til flest mogleg. For at Finansportalen skal bli oppfatta som informativ og relevant, vil ein arbeide for å utvikle innhaldet vidare i takt med mellom anna endringar i marknaden. Det er til dømes aktuelt å tilpasse portalen til nye digitale kanalar.

I Soria Moria II-erklæringa blir det lagt til grunn at trygge, velinformerte og aktive forbrukarar er viktige for godt fungerande marknader. Mange forbrukarar kjenner til dømes stor utryggleik i marknaden for kjøp og sal av bustader. Det blir derfor arbeidd med å styrkje rettane til bustadkjøparar og sikre desse betre informasjon. Departementet vurderer også tiltak som kan gi større tryggleik ved kjøp av handverkartenester på bustader.

Regjeringa vil medverke til å vidareutvikle nøytrale informasjonskanalar på Internett. Nettbaserte løysingar gir betre høve for effektiv forbrukarinformasjon enn om forbrukarane skal samle inn informasjonen frå ulike kjelder på eiga hand. BLD meiner at marknadsportalar – i tillegg til prisinformasjon – også bør innehalde informasjon om forhold ved produkta og leverandørane som til dømes miljø, etikk/samfunnsansvar, arbeids- og kontraktforhold. Marknaden for handverkartenester på bustader er ein av marknadene som er særleg aktuell å greie ut med tanke på nettbasert informasjon.

Forbrukarrådet har på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet teke på seg å etablere og drifte ein marknadsportal for tannhelsetenester. Målet er at ein tannhelseportal skal lanserast våren 2012.

BLD har i 2011, i samarbeid med Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, fått gjort ei vurdering av moglege gevinstar ved å samordne dei offentlege prisportalane som er retta mot forbrukarane. Tilrådingane frå denne utgreiinga vil bli nytta i det vidare arbeidet med slike portalar.

BLD har i samarbeid med andre departement som forvaltar merkeordningar, gått gjennom omfanget, bruken og nytten av merkeordningar retta mot forbrukarane på den norske marknaden. Gjennomgåinga viser at forbrukarane må ta stilling til ei stor og aukande mengd merke. Det er identifisert eit femtitals frivillige ordningar med symbol eller forenkla merkesystem, med ulik karakter, ulikt formål og ulik utbreiing. Av desse er ni offentlege eller ordningar som får offentleg støtte. Dei ni ordningane har som formål å fremme norske matprodukt, helse og sunnheit, miljø- og klimaomsyn og etisk handel.

Ei undersøking frå SIFO viser at forbrukarar flest er tilfredse med merkeordningane. Forbrukarar som er interesserte i bestemte eigenskapar ved varene, set seg inn i og nyttar dei aktuelle ordningane når dei handlar. Det er ikkje grunnlag for å seie at mangfaldet av merke er eit problem i seg sjølv. Likevel viser undersøkinga at det er eit klart behov for betre informasjon om kva dei ulike merka tyder.

For dei offisielle merkeordningane og merkeordningane som får offentleg støtte, er det utarbeidd ei oversikt over formål, utbreiing/omfang og offentleg støtte. Saman med forbrukarundersøkinga gir dette materialet eit godt grunnlag for å vurdere korleis dei offentlege merkeordningane fungerer for forbrukarane.

Undersøkinga viser at det er dei offentlege merka som har den største tilliten i marknaden, og at det heilt klart har mykje å seie for tilliten til merka at det offentlege står bak. Det nordiske miljømerket Svanen er klart den best kjende av alle merkeordningane. Regjeringa har over fleire år prioritert profilering av miljømerka Svanen og Blomen.

Regjeringa vil arbeide vidare med informasjonstiltak som kan medverke til å styrkje effekten av merkeordningane som forbrukarrettleiing. I samband med dette vil ein særleg vurdere nettbaserte informasjonsløysingar og samarbeid med varehandelen for å betre informasjonen på utsalsstadene.

Delmål 7.4: Godt kunnskapsgrunnlag for forbrukarpolitikken

Resultatrapport 2010/2011

Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i Prop. 1 S (2009–2010) under kap. 866 Statens institutt for forbruksforsking.

Innanfor fagområda til SIFO blei det i 2010 sett i gang 19 nye prosjekt. Det blei publisert 14 tidsskriftsartiklar og 11 bokartiklar.

Deltaking i og leiing av internasjonale prosjekt har lenge vore eit satsingsområde for SIFO. I 2010 blei EU-prosjekta BARENERGY, EuroMARC og DIAREL om høvesvis barrierane for at hushalda skal redusere energibruken, mat frå fjellet og religiøs slakting, avslutta. I Beauty-prosjektet, som også blei avslutta i 2010, samarbeidde SIFO med mellom andre Göteborgs universitet om å sjå på spørsmål kring skjønnheit og helse. Ein konklusjon frå prosjektet var at utsjånaden i aukande grad har blitt synleg gjennom forbruket til folk.

SIFO fekk hausten 2010 mykje merksemd rundt prosjektet A secret success, om energibruken i norske hushald. Det kom fram at elektrisitetsforbruket til hushalda har blitt redusert i dei seinare åra. Flytting bort frå gardsbruk med store våningshus til einebustader, rekkjehus og blokkar, betre isolasjon og bruk av meir effektivt elektrisk utstyr er blant forklaringsfaktorane.

SIFO arbeidde vidare med å utvikle kvaliteten på og nytteverdien av standardbudsjettet for forbruksutgifter. Standardbudsjettet er ikkje eit minimumsbudsjett, og det blei derfor også arbeidd med å utvikle ein minstestandard for forbruk.

Av totalt 38 tilsette forskarar ved SIFO i 2010 hadde 18 doktorgrad. Seks av forskarane hadde forskar I-kompetanse. Tretten doktorgradsprosjekt var under arbeid. To av desse blei etablerte i 2010. Ingen doktorgradar blei fullførte.

Delen prosjekt med ekstern finansiering var i 2010 på 41 prosent, mot 39 prosent i 2009.

Prosjekt finansierte av Forskingsrådet, utgjorde 28 prosent av totalbudsjettet, eller 65 prosent om ein ser bort frå basisløyvinga frå departementet. Dette er klart høgare enn i 2009. Delen av prosjekta som var finansiert frå forskingsprogrammet til EU, var på vel 2 prosent, eller nærmare 6 prosent om ein ser bort frå basisløyvinga. Dette er klart mindre enn i 2009.

Formidlinga frå SIFO av forskingsresultat gjennom foredrag, populærvitskaplege artiklar, kronikkar og medieomtale var omfattande. Instituttet deltok i og var arrangør av seminar og konferansar om ulike forbrukartema.

BLD samarbeidde med Forbrukarrådet, Forbrukarombodet og SIFO om ei oppfølging av forbrukarundersøkinga Forbrukertilfredshetsindeksen frå 2008. Undersøkinga viste at bustadomsetjing er særleg krevjande for forbrukarane. Hausten 2010 blei det derfor sett i gang to kvalitative undersøkingar om kjøp og sal av brukte bustader. SIFO og TNS Gallup stod for gjennomføringa. Resultata blei presenterte i mai 2011 og viser at mange kjenner seg svært usikre, særleg ved bustadkjøp. Det blir etterlyst betre informasjon, støttefunksjonar når ein står aleine overfor ei vanskeleg avgjerd, og ein meir oversiktleg prosess. Dette er viktige signal i det vidare arbeidet med bustadspørsmål.

Noreg er med på delar av satsinga til EU-kommisjonen på Consumer Markets Scoreboard, som er ei resultattavle som dokumenterer situasjonen for forbrukarane i den indre marknaden. Noreg deltok i ei omfattande forbrukarundersøking, der 50 ulike vare- og tenestemarknader blei undersøkte og rangerte utifrå parametrane tillit, openheit og klageforhold. Funna blei publiserte hausten 2010. Marknadene for finansielle tenester, eigedomsmekling og teletenester peikte seg ut som særleg problematiske. Slike internasjonale samanlikningar er nyttige i arbeidet med å definere innsatsområde i forbrukarpolitikken.

Strategiar og tiltak for 2012

Ein aktiv forbrukarpolitikk føreset god kunnskap om tilhøva til forbrukarane.

Gjennom forsking og testverksemd skal SIFO medverke til å belyse problemstillingar som er viktige for forbrukarane og relevante for forbrukarpolitikken. Kvardagslivet til forbrukarane og hushalda står sentralt. SIFO medverkar med kunnskap om ulike marknader, varer og tenester, haldningane og åtferda til forbrukarane, dei sosiale samanhengane forbruket skjer innanfor, og om offentleg politikk som verkar inn på situasjonen til forbrukarane.

Kunnskapsproduksjonen til instituttet blir vurdert med tanke på relevans og nytte. Viktige forskingsområde i den seinare tida – som også reflekterer aktuelle tema i samfunnsdebatten – har vore forbruksutgifter og levekår, forbruk og miljø, leverandørmakt og pris, mat og tillit, ungdom og kommersialisering, og bruk av ny informasjons- og kommunikasjonsteknologi.

I dei seinare åra er det lagt stor vekt på å dokumentere tilhøva for forbrukarane gjennom nasjonale og internasjonale marknadsundersøkingar. Formålet er å skaffe kunnskap om behova for tiltak med sikte på å gjere marknaden tryggare eller enklare, eller gi kundane større valfridom. Nasjonalt samarbeider BLD med SIFO, Forbrukarrådet og Forbrukarombodet om å utvikle og gjennomføre slike undersøkingar. Ein ønskjer først og fremst å rette merksemda mot marknader som har vist seg problematiske eller særskilt krevjande for kundane. Blant aktuelle område for kartlegging i 2012 er marknadene for handverkartenester og finansielle tenester.

EU-kommisjonen har dei seinare åra utvikla eit omfattande system for å overvake og dokumentere situasjonen for forbrukarane i den indre marknaden. Det blir samla inn store mengder data om mellom anna utsalsprisar, klagesaker og produkttryggleik, og om kor tilfredse forbrukarane er i ulike marknader. Vidare blir det gjort studiar av enkeltmarknader eller -sektorar, til dømes e-handel, finansielle tenester og elektrisitet, og om forbrukarane sine kunnskapar. Resultata blir publiserte to gonger årleg, i det såkalla Consumer Markets Scoreboard. Under EØS-avtala og rammeprogrammet for forbrukarpolitikk blir det arbeidd for at flest mogleg av desse undersøkingane også skal inkludere data frå Noreg. Det er svært nyttig å kunne samanlikne tilhøva for forbrukarane i Noreg med tilsvarande i andre land.

Regionkontora til Forbrukarrådet har, gjennom sin forbrukarservice, ein viktig funksjon som kontaktpunkt mot enkeltforbrukarar. Statistikken over desse kontaktane gir god oversikt over kva forbrukarproblem som finst. Dette kunnskapstilfanget gir, saman med annan dokumentasjon, eit viktig kunnskapsgrunnlag for forbrukarpolitikken.

Tal frå inkassobransjen kan tyde på at unge vaksne i aukande grad er råka av økonomiske problem. Mange unge har lita erfaring med økonomiske spørsmål, til dømes låneopptak og bruk av ulike betalingsinstrument. Dei kan også vere særleg sårbare for aggressiv marknadsføring. BLD har saman med Forbrukarrådet, Forbrukarombodet og SIFO sett i gang eit prosjekt som skal sjå nærmare på årsakene til betalingsmisleghald hos unge vaksne. Kartlegginga vil gi grunnlag for å vurdere om det er nødvendig med tiltak retta spesielt mot denne gruppa.

Delmål 8.1: Medvit og informasjon om etiske og miljømessige konsekvensar av forbruksval

Resultatrapport 2010/2011

Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i Prop. 1 S (2009–2010) under kap. 860 Forbrukarrådet, kap. 862 Positiv miljømerking og kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid.

Forbrukarrådet gjennomførte i 2010 ein test som viste at det var vanskeleg for forbrukarane å gjere miljøvennlege val i daglegvarebutikkar. Utvalet av miljøvennlege varer verka tilfeldig, og ofte var varene også dyrare og bortgøymde. Testrapporten danna grunnlag for eit arbeid med å påverke daglegvarebransjen i ei meir miljøvennleg retning. Forbrukarrådet la også stor vekt på å presentere produkttestar som gjer det enklare for forbrukarane å ta berekraftige val.

Stiftelsen Miljømerking(Miljømerking) arbeider med å oppdatere og produsere ny informasjon om miljømerkte produkt som er enkle og trygge miljøval i kvardagen. BLD gav i 2010 økonomisk støtte til Miljømerking for å vidareutvikle og styrkje dei offisielle miljømerka Svanen og Blomen. Informasjonsarbeidet blei særleg retta mot småbarnsforeldre og personar som arbeider med barn.

Det blei i 2010 gitt ut 116 nye norske lisensar og registreringar for Svanen innanfor ulike produktgrupper. Målet var å gi ut 60. I tillegg blei fleire lisensar og registreringar utvida med nye produkt. Sidan fleire lisensar og registreringar gjekk ut som følgje av reviderte og skjerpte kriterium, blei nettoauken i lisensar og registreringar 85. Ved utgangen av året var det totalt 559 gyldige lisensar og registreringar i Noreg, mot 474 ved utgangen av 2009.

Krava til miljømerkte varer og tenester blir reviderte og skjerpte kvart tredje til femte år. I 2010 blei sju kriteriedokument reviderte, medan målet var å revidere 15. Avviket frå målet hadde delvis samanheng med evalueringar som viste at krava er stramme nok.

For å få til ei miljøforbetring av varer og tenester er det også viktig at lisensar og registreringar som går ut, blir fornya etter skjerpte krav. I 2010 blei 39 lisensar og registreringar fornya. Målet var å fornye 40.

For 2010 hadde Miljømerking som mål at over 90 prosent av innbyggjarane skulle ha kjennskap til Svanen. Ei undersøking mot slutten av året synte at kjennskapen var på rundt 95 prosent. Dette er litt meir enn i 2009. Det var ingen signifikante skilnader i kjennskapen til Svanen mellom kvinner og menn.

For Blomen er det eit langsiktig mål å auke kjennskapen til 30 prosent. Ei undersøking synte at kjennskapen var på rundt 11 prosent i 2010. I 2009 var kjennskapen på 14 prosent. Nedgangen kan ha samanheng med at Blomen fekk ny logo i 2010. Fleire kvinner enn menn hadde kjennskap til merket.

BLD deltok i eit samarbeidsprosjekt under Nordisk ministerråd for å utforme ein visjon for det nordiske miljømerket Svanen fram mot 2015. Dei nordiske miljøministrane godkjende i november 2010 Visjon for Svanen 2015.

BLD hadde dialog med ulike bransjar om spørsmål knytte til miljømessig og etisk forbruk, mellom andre sjokoladeindustrien, tekstilbransjen og elektronikkbransjen. Departementet støtta prosjektet Tekstilpanelet, som tekstilbransjen står bak, og arbeidet til elektronikkbransjen med å betre informasjonen om etiske, sosiale og miljømessige sider ved produksjon og resirkulering av mobiltelefonar. Nettsida eletikk.no blei lansert på ein konferanse i desember 2010.

I tråd med regjeringa sin Handlingsplan for miljø og samfunnsansvar i offentlege innkjøp (2007–2010) blei det i 2010 etablert eit opplærings- og rådgivingstilbod for innkjøparar i offentleg sektor. Tilbodet er knytt til Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). I 2010 blei det i samarbeid med svenske og danske styresmakter utvikla ein nettbasert rettleiar for etikk i offentlege innkjøp. Den norske versjonen av rettleiaren blei lansert av Difi i mai 2011.

Strategiar og tiltak for 2012

Regjeringa vil setje fokus på dei miljømessige og etiske utfordringane som følgjer av eit høgt forbruk. Gjennom ein aktiv forbrukarpolitikk vil regjeringa arbeide for at det samla forbruket blir meir berekraftig. Regjeringa vil arbeide for å skape større medvit om miljø- og klimakonsekvensar av forbruksval og av det samla private forbruket. Det er eit mål å skape større engasjement i samfunnet om løysingar som fører til eit meir berekraftig forbruksmønster. Eit berekraftig forbruksmønster omfattar både økonomiske, sosiale og miljømessige forhold.

Departementet vil medverke til å styrkje og vidareutvikle dei offisielle miljømerka Svanen og Blomen. Desse merkeordningane blir nytta til å formidle standardisert og kvalitetssikra informasjon om val som er gode for miljøet. For å sikre at talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden aukar, er det viktig at forbrukarar og innkjøparar i enda sterkare grad spør etter slike. Det er eit mål å auke kunnskapen om at Svanen og Blomen tek omsyn til miljøverknadene gjennom heile livssyklusen, og at krava for å kunne miljømerke produkt og tenester er strenge.

I ein nyleg publisert forskingsrapport frå SIFO (nærmare omtalt under delmål 7.3 ovanfor) kjem det fram at forbrukarane i stor grad nyttar merkeordningar når dei gjer forbruksval i kvardagen. Samtidig viser rapporten at forbrukarane ikkje har nok kunnskap om kva dei ulike merka står for. BLD vil medverke til å gjere kunnskap om dei ulike merkeordningane lett tilgjengeleg for forbrukarane. BLD vil også byggje opp under tiltak som gir medvitne forbrukarar tilgang på fleire varer som er tilverka under akseptable miljø- og arbeidsforhold. Forbrukarrådet vil dessutan halde fram med å gjere det enklare for forbrukarane å gjere etiske og miljøforsvarlege kjøpsval, mellom anna ved å gjennomføre produkttestar og ved informasjon på Forbrukarportalen.

Skal forbrukarane få større tilgang på varer som er produserte på ein etisk og miljøansvarleg måte, må næringsdrivande finne det lønnsamt å produsere og investere berekraftig. Betre innsyn i heile verdikjeda til produkt er ein føresetnad for at forbrukarane, ved medviten etterspurnad, skal kunne medverke til at næringsdrivande endrar produktsortiment og produksjonsmåtar. Departementet ser positivt på tiltak som bransjane sjølve set i verk for å auke engasjementet til næringslivet, og som medverkar til utvikling av fleire produkt som er tilverka etter høge etiske og miljørelaterte standardar.

Det er viktig at næringsdrivande ikkje nyttar miljø- og etikkargumentasjon på ein uriktig eller villeiande måte i marknadsføringa. Forbrukarombodet, som forvaltar marknadsføringslova, skal sjå til at dette ikkje skjer, og arbeide for at forbrukarane skal få riktig og relevant informasjon også om etiske og miljømessige forhold ved varer og tenester.

Det er eit mål at så mange offentlege verksemder som mogleg stiller sosiale krav i innkjøpa sine der dette er relevant. Departementet vil arbeide for å heve kompetansen i offentleg sektor om sosiale krav i offentlege innkjøp. Direktoratet for forvalting og IKT (DIFI) har det operasjonelle ansvaret for å utvikle verktøy og yte hjelp til offentlege innkjøparar som ønskjer å stille slike krav.

Skolen er ein viktig arena for å skape forståing for etikk-, miljø-, ressurs- og klimaproblema og for å skape sunne haldningar til forbruk. Mellom anna blir det gitt støtte til det internasjonale PERL-prosjektet, som Høgskolen i Hedmark er sekretariat for. Prosjektet medverkar til å utvikle kompetanse og undervising om berekraftig forbruk (sjå nærmare omtale under delmål 7.3).

I tillegg til å drive informasjons- og haldningsarbeid med sikte på å endre forbruket i ei meir berekraftig retning vil BLD arbeide for å utvikle metodar og indikatorar som gjer det mogleg å skildre miljøbelastinga frå det private forbruket på samfunnsnivå. Tidlegare anslag tyder på at effekten av betre teknologi og meir miljøtilpassa produkt omtrent blir utlikna av auken i det materielle forbruket. For å møte miljø- og klimautfordringane er det eit mål i forbrukarpolitikken å medverke til ein nedgang i den samla miljøbelastinga frå forbruket.

Nærmare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

860

Forbrukarrådet

105 449

108 760

114 131

4,9

862

Positiv miljømerking

4 677

5 822

6 002

3,1

865

Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid

15 454

13 432

13 848

3,1

866

Statens institutt for forbruksforsking

26 481

27 041

27 879

3,1

867

Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

7 635

7 752

7 913

2,1

868

Forbrukarombodet

23 494

21 495

21 927

2,0

Sum kategori 11.30

183 190

184 302

191 700

4,0

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på postgrupper

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

01-23

Drift

41 760

38 159

39 028

2,3

50-59

Overføringar til andre statsrekneskapar

131 930

135 801

142 010

4,6

70-98

Overføringar til private

9 500

10 342

10 662

3,1

Sum kategori 11.30

183 190

184 302

191 700

4,0

Inntekter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

3867

Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

271

3868

Forbrukarombodet

1 987

Sum kategori 11.30

2 258

Kap. 860 Forbrukarrådet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

50

Basisløyving

97 149

99 203

102 278

51

Marknadsportalar

8 300

9 557

11 853

Sum kap. 0860

105 449

108 760

114 131

Status for verksemda

Forbrukarrådet er ein uavhengig interesseorganisasjon som skal gjere forbrukarar dyktige og påverke styresmakter, organisasjonar og næringsdrivande til å opptre forbrukarvennleg. I tillegg skal Forbrukarrådet hjelpe forbrukarar som har fått problem i samband med at dei har kjøpt ei vare eller teneste, og som til dømes treng hjelp til å fremme ei klage.

Forbrukarrådet er organisert som eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter, eigne vedtekter og eit styre.

Dei ti regionkontora til Forbrukarrådet har ansvaret for lokale tenester til forbrukarane og har ein viktig funksjon som kontaktpunkt mot enkeltforbrukarar. Det forbrukarpolitiske arbeidet blir leidd frå hovudkontoret i Oslo.

Post 50 Basisløyving

Posten dekkjer lønnsutgifter til faste medarbeidarar, godtgjering til medlemmene i styret, utgifter til kontordrift og politiske aktivitetar og husleige i Forbrukarrådet. Vidare dekkjer løyvinga kostnader ved å greie ut aktuelle problemstillingar som er viktige for forbrukarane, og kostnader ved å bringe prinsipielle spørsmål inn for domstolane for å få avklara kva som er gjeldande forbrukarrett. Løyvinga skal også dekkje nasjonale utgifter i samband med deltakinga i European Consumer Centres-nettverket.

Som forvaltingsorgan med særskilde fullmakter har Forbrukarrådet fått fritak frå det statlege bruttobudsjetteringsprinsippet, jf. Bevilgningsreglementet § 3, fjerde ledd. Tilsetjingstilhøva til dei tilsette er regulerte i tenestemannslova. Forbrukarrådet leverer årsrapport til departementet, jf. Bestemmelser om økonomistyring i staten § 1.5.1.

Det blir føreslått ei løyving på 102,278 mill. kroner på posten.

Post 51 Marknadsportalar

Posten dekkjer kostnadene til ordinær drift og utvikling av Finansportalen og Tannhelseportalen.

Finansportalen, som blei opna i januar 2008, skal gjere det enklare for forbrukarane å samanlikne dei mange og ulike produkta som finst på marknadene for sparing, lån og forsikring, og såleis medverke til at desse fungerer betre.

Etter førespurnad frå Helse- og omsorgsdepartementet har Forbrukarrådet teke på seg å etablere og drifte ein marknadsportal for tannhelsetenester. Tannhelseportalen, som etter planen skal lanserast våren 2012, skal gjere det enklare for forbrukarane å få oversikt over prisane på ulike tannhelsetenester.

Det blir føreslått ei løyving på 11,853 mill. kroner på posten. Forslaget inneber ei styrking av posten på 2 mill. kroner til å dekkje utgifter til drift av Tannhelseportalen.

Kap. 862 Positiv miljømerking

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

70

Driftstilskot til offentleg stiftelse for positiv miljømerking

4 677

5 822

6 002

Sum kap. 0862

4 677

5 822

6 002

Status for verksemda

Formålet med miljømerking er å stimulere til meir miljøtilpassa produktutvikling og mindre miljøbelastande forbruk. Dette skal ein oppnå gjennom å utvikle kriterium for miljømerking av varer og tenester, godkjenne produkt og rettleie forbrukarar og innkjøparar.

Stiftelsen Miljømerking i Noreg (Miljømerking) er oppretta for å forvalte Svanen, den fellesnordiske ordninga for frivillig positiv miljømerking av varer og tenester. Miljømerking er også ansvarleg organ i Noreg for Blomen, miljømerkeordninga til EU.

Miljømerking blir leidd av eit styre med representantar oppnemnde av BLD, miljøvernstyresmaktene, Næringslivets Hovedorganisasjon, Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon, LO, Forbrukarrådet, handelskjedene og miljøorganisasjonane.

Miljømerking fekk i 2010 om lag 4,7 mill. kroner i statleg driftsstøtte frå BLD. Av desse blei om lag 1,5 mill. kroner nytta til å dekkje kostnader som følgjer av rolla som ansvarleg organ i Noreg for Blomen. I tillegg fekk Miljømerking litt over 1 mill. kroner i støtte frå Miljøverndepartementet. Dei samla inntektene var på om lag 23 mill. kroner. Hovuddelen av desse var knytte til lisensiering av Svanen.

Miljømerking hadde per 1. mars 2011 25 tilsette. Av desse var 18 kvinner.

Post 70 Driftstilskot til offentleg stiftelse for positiv miljømerking

Posten dekkjer tilskot til administrasjon av den nordiske miljømerkeordninga og utgifter som følgjer av rolla som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU.

Det blir føreslått ei løyving på 6,0 mill. kroner på posten.

Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

10 631

8 912

9 188

79

Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

4 823

4 520

4 660

Sum kap. 0865

15 454

13 432

13 848

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Midlane på posten blir i hovudsak nytta til å finansiere enkeltprosjekt, utgreiingar og utviklings- og informasjonstiltak som har særleg relevans for forbrukarområdet. Posten dekkjer også mellom anna kjøp av tenester, kostnader til konferansar og finansiell støtte til tiltak som fremmar forbrukarpolitiske omsyn.

Posten skal finansiere utgiftene til forbrukarsekretariatet i Standard Norge (sjå nærmare omtale under delmål 7.1) og Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) sitt arbeid med sosiale og etiske krav i offentlege innkjøp. Det er sett av 1 mill. kroner til Difi sine tenester på dette området.

Midlar vil også bli nytta til arbeid med å styrkje undervisinga i forbrukaremne i skolen. Departementet har utvikla eit samarbeid med Høgskolen i Hedmark for dette formålet. Vidare er departementet med på å finansiere sekretariatet for det internasjonale PERL-prosjektet (Partnership for Education and Research about Responsible Living) som høgskolen leier.

Departementet samarbeider med Forbrukarrådet om å vidareutvikle nøytrale informasjonskanalar på Internett. Departementet er med på å finansiere utgreiingar om marknadsportalar på nye område. For 2012 er det sett av 1 mill. kroner til utviklingsarbeid med ein marknadsportal for handverkartenester.

Løyvinga vil dekkje utgifter til informasjonstiltak som kan medverke til å styrkje effekten av forbrukarretta merkeordningar. Aktuelle tiltak er til dømes finansiering av nettbaserte informasjonsløysingar og samarbeid med varehandelen om informasjonstiltak.

Posten vil også bli nytta til å finansiere nasjonale og internasjonale marknadsundersøkingar for å skaffe kunnskap om behova for tiltak som kan gjere marknaden tryggare eller enklare for forbrukarane. Departementet samarbeider med SIFO, Forbrukarrådet og Forbrukarombodet om å utvikle og gjennomføre slike undersøkingar, og Noreg tek del i EU-kommisjonen sitt arbeid for å overvake og dokumentere situasjonen for forbrukarane. Posten vil i 2012 dekkje utgifter til ei stilling i EU-kommisjonen knytt til marknadsundersøkingar (Consumer Markets Scoreboard).

Departementet vil i 2012 setje av midlar til eit prosjekt – i samarbeid med Forbrukarrådet, Forbrukarombodet og SIFO – for å kartleggje årsaker til betalingsmisleghald hos unge vaksne.

Vidare vil posten bli nytta til å gi økonomisk tilskot til tiltak og enkeltprosjekt hos næringslivet og frivillige og ideelle organisasjonar som kan knytast til eitt eller fleire av dei forbrukarpolitiske måla til regjeringa. Dette gjeld til dømes bransjeinitierte tiltak og prosjekt som næringslivet eller andre samarbeidspartnarar er med på å finansiere.

Post 79 Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

Mål

EFTA- og EØS-landa har sidan 2000 delteke i rammeprogrammet til EU-kommisjonen om forbrukarpolitikk, på like vilkår som EU-landa. Rammeprogrammet inneber at Noreg får betre høve til å delta og medverke. Midlane under programmet blir nytta til å finansiere EU-kommisjonen sine eigne tiltak, samarbeidstiltak mellom EU-/EØS-statane og støtte til europeiske forbrukarorganisasjonar.

Kriterium for tildeling

Utgiftene Noreg har i dei ulike programma til EU, blir fastsette etter ein fordelingsnøkkel som er nedfelt i EØS-avtala og vil variere med utviklinga av nasjonalprodukta (BNP) i EFTA- og EØS-landa.

Oppfølging og kontroll

Revisjonsretten i EU og internrevisjonen til EU kontrollerer bruken av budsjettmidlane til dei programma som Noreg deltek i, jf. elles EØS-avtala.

Budsjettforslag 2012

Posten skal dekkje kostnadene ved deltaking i rammeprogrammet til EU for forbrukarpolitikk. Storleiken på dei årlege bidraga til EU-kommisjonen varierer med svingingane i eurokursen, utviklinga i BNP, den faktiske aktiviteten under programmet og det endelege EØS-budsjettet.

Det blir føreslått ei løyving på 4,66 mill. kroner på posten.

Kap. 866 Statens institutt for forbruksforsking

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

50

Basisløyving

26 481

27 041

27 879

Sum kap. 0866

26 481

27 041

27 879

Status for verksemda

Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) har til formål å drive forsking, utgreiing og testverksemd ut frå omsynet til forbrukarane si stilling og rolle i samfunnet. Instituttet medverkar med forskingsbasert kunnskap til styresmakter, politikarar, næringsliv, organisasjonar og forbrukarar.

SIFO er organisert som eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter, eigne vedtekter og eit styre. Drifta er finansiert med ei basisløyving over statsbudsjettet og med prosjektinntekter. Instituttet utfører prosjekt med finansiering frå statlege verksemder, Noregs forskingsråd, EU, næringslivet og ulike organisasjonar.

Driftsinntektene til SIFO var i 2010 på vel 45,8 mill. kroner, mot 42,2 mill. kroner i 2009. Av desse var 26,5 mill. kroner basisløyving frå BLD. Resten, 19,3 mill. kroner, var inntekter frå ulike eksterne oppdrag. I 2009 var basisløyvinga frå BLD på 25,6 mill. kroner og inntektene frå eksterne prosjektoppdrag på 16,6 mill. kroner.

Post 50 Basisløyving

Posten dekkjer utgifter til lønn og godtgjering og utgifter til drift ved instituttet.

Basisløyvinga omfattar fire hovudelement: løyving til grunnfinansiering av instituttet, løyving til forvaltingsrelaterte oppgåver, løyving til strategisk kompetanseutvikling og løyving til laboratorie- og testverksemda ved instituttet.

Som forvaltingsorgan med særskilde fullmakter har SIFO fått fritak frå det statlege bruttobudsjetteringsprinsippet, jf. Bevilgningsreglementet § 3, fjerde ledd. Tilsetjingstilhøva for dei tilsette er regulerte i lov om statens tenestemenn. SIFO leverer årsrapport til departementet, jf. Bestemmelser om økonomistyring i staten § 1.5.1.

Det blir føreslått ei løyving på 27,879 mill. kroner på posten.

Kap. 867 Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

7 635

7 752

7 913

Sum kap. 0867

7 635

7 752

7 913

Status for verksemda

Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet (FTU) og Marknadsrådet har i oppgåve å førebu saker som skal avgjerast i FTU og Marknadsrådet. Førebuinga av sakene for FTU legg beslag på størstedelen av ressursane.

FTU, som består av ein leiar, tre nestleiarar og ti medlemmer, handsamar tvistar om forbrukarkjøp, handverkartenester og angrerett mellom næringsdrivande og forbrukar eller mellom private partar. Vedtaka er bindande for partane og får verknad som ein dom, med mindre saka blir bringa inn for tingretten. Ein tvist som forbrukaren ønskjer å bringe inn for FTU, må først ha vore handsama ved eit av regionkontora til Forbrukarrådet.

Marknadsrådet, som består av ein leiar, ein nestleiar og sju medlemmer med personlege vararepresentantar, handsamar hovudsakleg saker om marknadsføring som blir lagde fram gjennom Forbrukarombodet. I tillegg er Marknadsrådet klageinstans for saker om brot på merkeføresegnene i tobakkskadelova og reklameforbodet i denne lova og i alkohollova. Marknadsrådet er også klageinstans for vedtak som Statens medieforvalting har gjort i medhald av kringkastingslova § 3-1 tredje ledd om reklame for livssyn eller politiske bodskap.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til lønn for faste medarbeidarar og andre driftsutgifter ved Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet. Posten dekkjer også godtgjersle og utgifter til medlemmene i Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet.

Det blir føreslått ei løyving på 7, 913 mill. kroner på posten.

Kap. 3867 Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

16

Refusjon av foreldrepengar

209

18

Refusjon av sykepengar

62

Sum kap. 3867

271

Kap. 868 Forbrukarombodet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Driftsutgifter

23 494

21 495

21 927

Sum kap. 0868

23 494

21 495

21 927

Status og hovudoppgåver for verksemda

Hovudmålet til Forbrukarombodet er å redusere førekomsten av lovstridig marknadsføring og å betre vernet for forbrukarar i standardkontraktar.

Forbrukarombodets arbeid består i å føre tilsyn med at marknadsføringa og avtalevilkåra til næringsdrivande er i samsvar med marknadsføringslova. Forbrukarombodet skal leggje vekt på å gjere verksemda kjend blant publikum og på å informere publikum og næringsdrivande om innhaldet i lova og om praksis.

Saker som forbrukarombodet ikkje løyser gjennom frivillige ordningar, kan bringast inn for Marknadsrådet, som kan gjere forbodsvedtak mot aktuelle tiltak. Saman med forbodsvedtak skal det som hovudregel også gjerast vedtak om tvangsmulkt som den næringsdrivande må betale dersom vedtaket ikkje blir følgt. I tillegg kan det etter marknadsføringslova gjerast vedtak om gebyr for lovbrot som allereie har skjedd.

Forbrukarombodet handhevar forskrifter om fibermerking og vedlikehaldsmerking av tekstilar og fører tilsyn med reglar gitte i medhald av kringkastingslova og kredittkjøpslova. Forbrukarombodet er også nasjonalt kontaktpunkt for e-handel etter e-handelslova. I tillegg har ombodet ansvaret for å føre tilsyn med marknadsføring av alternativ behandling av sjukdom. Gjennom marknadsføringslova fører Forbrukarombodet også tilsyn med at rettane til forbrukarane i anna lovverk (til dømes angrerettlova) blir tekne vare på.

Forbrukarombodet arbeider for å betre vernet for unge forbrukarar i aldersgruppa 18–25 år. Ombodet jobbar i den samanhengen aktivt med å nå ut med informasjon til unge forbrukarar.

Vidare arbeider Forbrukarombodet internasjonalt for å betre forbrukarvernet. Ombodet tek del i eit system der tilsynsmakter i alle dei europeiske landa har plikt til å samarbeide i saker der det skjer ulovleg marknadsføring over landegrensene.

Resultatrapport og strategiar

Resultatrapport 2010/2011

Redusert ulovleg marknadsføring og færre urimelege kontraktar – ein enkel og trygg forbrukarkvardag

Reduksjon av lovstridige marknadsføringsmetodar

Forbrukarombodet nytta i 2010 store ressursar på å redusere lovstridige marknadsføringsmetodar innafor marknader som har stor økonomisk påverknad på forbrukarane, slik som finans, bustad og IKT.

På finansområdet lanserte Forbrukarombodet tidleg i 2010 retningslinjer for marknadsføring av Individuell pensjonssparing (IPS). I tillegg gjennomførte ombodet kontrollaksjonar der ein avdekte og greip inn mot lovstridig marknadsføring av lån og kreditt. Ombodet oppretta i 2010 også ei arbeidsgruppe som arbeidde med å lage ei rettleiing for fleire sentrale spørsmål kring marknadsføring av kreditt. Rettleiinga blei publisert i april 2011. Det blei òg lansert retningslinjer for marknadsføring av barne- og helseforsikring og gjennomført ein kontrollaksjon for å sjå til at desse blir følgde.

Forbrukarombodet gjennomførte kontrollaksjonar mot bustadannonsar med mangelfulle prisopplysningar. Det blei konstatert ei klar betring, og marknadsføring utan totalpris skjer no heilt unntaksvis.

Forbrukarombodet fullførte i 2010 arbeidet med eit prosjekt som såg på kompliserte prisstrukturar og ei rekkje andre problemstillingar på mobiltelefonmarknaden. Som eit resultat av prosjektarbeidet blei det mellom anna innført ein bransjenorm om betre informasjon på mobilfaktura som bidrog til å gjere det lettare å finne ut kva abonnement som er det beste for forbrukaren. I mobilbransjen blei det også rydda opp i marknadsføring av kontantkort og mobilt breiband.

Forbrukarombodet gjennomførte også eit prosjekt som såg på oppbygginga av marknaden for levering av såkalla triple play-tenester. Her analyserte ein mellom anna forbrukarutfordringar ved koplingssal av breiband, tv og telefoni, der ulike mekanismar hindrar forbrukarane i å kjøpe desse tenestene frå forskjellige tilbydarar. I tillegg blei det skissert moglege tiltak som vil kunne gi forbrukarane betre høve til å velje ulike tilbydarar.

I 2010 arbeidde Forbrukarombodet òg mykje med prismarknadsføring og prismerking. God og riktig informasjon om pris er viktig for forbrukarane når dei skal velje mellom ulike varer og tenester. Forbrukarombodet stoppa på starten av året villeiande marknadsføring med bruk av pris etter kampanje. Tre store aktørar i brune-/kvitevarebransjen har stadfest at dei ikkje vil gjenta denne typen marknadsføring. I daglegvarebransjen blei det utarbeidd ein norm for bruk av prissamanlikningar. Forbrukarombodet hadde ein ny kontroll for å sjekke prismerking i daglegvareforretningar. Kontrollen viste at prismerkinga i mange butikkar har blitt noko betre det siste året, men framleis var ho mangelfull.

Mange forbrukarar er opptekne av å ta miljø- eller etikkomsyn i forbruket sitt. Da er det viktig at dei næringsdrivande ikkje nyttar miljø- og etikkargumentasjon på feil eller villeiande måte i marknadsføringa si. Forbrukarombodet hadde i 2010 møte og kontakt med aktørar som no har blitt klimanøytrale i samsvar med ombodets retningslinjer. Deltaking på konferansar i inn- og utland, mellom anna EU Summit og OECD-konferanse om miljøspørsmål, har bidrege til å få ut informasjon om Forbrukarombodets arbeid på miljøområdet til mange aktørar.

Forbrukarombodet får kvart år mange klager frå forbrukarar som reagerer på uønskte oppringingar frå telefonseljarar. I 2009 kom det nye reglar om mellom anna telefonsal i marknadsføringslova. Trass i at regelverket har blitt stramma inn, fekk Forbrukarombodet i 2010 over 1 000 skriftlege klager som gjaldt oppringing til forbrukarar som er reserverte mot telefonsal i Reservasjonsregisteret. Klagene kom trass i at Forbrukarombodet nytta store ressursar på dialog med aktørar i bransjen om kva endringar dei måtte gjere for å unngå å bryte forbodet mot oppringing til reserverte forbrukarar.

Forbrukarombodet har gjort forbodsvedtak mot fire selskap for villeiande marknadsføring av slankeprodukt. Den nye 48-timarsregelen i marknadsføringslova for å leggje fram dokumentasjon for påstandar blei nytta i tre av desse vedtaka.

Vern for forbrukarar i standardkontraktar

Generelt er det viktig at standardkontraktar som blir nytta av forbrukarar, er klare og balanserte, og at dei ikkje er urimelege. I 2010 starta Forbrukarombodet arbeidet med å gå gjennom forbrukarstandardkontraktar som blir nytta av norske bankar for å kartleggje om desse er i tråd med endringane i finansavtalelova. Arbeidet held fram i 2011.

På bustadområdet tilpassa mange studentsamskipnader leigevilkåra sine etter Forbrukarombodets mønsterkontrakt i 2010. Ombodet starta også kartlegging av avtalevilkåra for leige av hytte og feriebustad, særleg avbestillingsvilkår, med tanke på eit arbeid for å betre desse. Dette arbeidet held fram i 2011.

På breibandsmarknaden følgde Forbrukarombodet opp bransjenorma for Internett-aksess ved å ta opp problemstillingar knytte til bindingstid, oppseiing, angrerett og informasjon om Brukarklagenemnda for elektronisk kommunikasjon. Alle dei 82 tilbydarane av Internett-tilgang blei sjekka, og behov for korrigeringar blei påpeikte der det var nødvendig. På mobilmarknaden blei det oppnådd semje med operatørane om at desse skal innføre ei 18-årsgrense for kjøp av abonnement på mobile innhaldstenester. Forbrukarombodet sin mønsterkontrakt for nettbutikkar blei følgd opp gjennom ein sveip av 100 norske nettbutikkar i samarbeid med Forbrukarrådet der ein kartla avtalevilkåra til butikkane.

I tillegg stadfeste Oslo tingrett Marknadsrådet sitt vedtak om at eit strømselskap ikkje kan ha vilkår om bindingstid og oppseiingsgebyr i ei fast avtale om levering av marknadskraft. Det er også gjennomført endringar i fleire kontraktar til private frisør- og hudpleieskolar.

Vern av barn og unge som forbrukarar

Barn og unge er populære forbrukarar som blir utsette for mykje marknadsføring og kommersielt press. Stadig fleire og yngre barn har eigne mobiltelefonar, og dei er store brukarar av Internett. Eit viktig tema for Forbrukarombodet har derfor vore å få avklara avtalekompetansen hos barn når dei nyttar mobil og nett. I høyringsrunden for den nye verjemålslova etterlyste Forbrukarombodet ei gransking av barns bruk av mobiltelefon og Internett, metodar for elektronisk avtaleinngåing og betalingsinstrument sette opp mot verjemålslova. Ombodet har sett spørsmålsteikn ved kva avtaler mindreårige sjølve kan inngå, og kva avtaler verja må inngå på vegner av den mindreårige. Desse problemstillingane blei, som ei følgje av innspela frå ombodet, tekne inn i det vidare lovarbeidet og debatterte i Stortinget. Førearbeida til den nye verjemålslova gir nå nærmare rettleiing for korleis ein skal forstå verjemålslova § 9 om mindreåriges rettslege handleevne.

Forbrukarombodet har stilt krav om og fått aksept frå innhaldsleverandørar for at det skal vere 18-årsgrense for sal av abonnementstenester som blir leverte til mobiltelefon, og bede om at marknadsføringa av desse tenestene blir endra.

I tillegg har ombodet handsama fleire saker av prinsipiell karakter rundt bruk av lokkemiddel som ekstraytingar ved sal av produkt som har særleg appell til barn. Diskusjonen rundt denne problemstillinga held fram i 2011.

Ombodet har òg arbeidd med problemstillingar kring marknadsføring på bloggar retta mot barn, og har gitt innspel til Noregs idrettsforbund si revidering av retningslinjer om marknadsføring til barn i idretten.

Vern for forbrukarar på ein europeisk marknad

Den nye marknadsføringslova innfører mellom anna eit europeisk regelverk som forbyr urimeleg marknadsføring. Europeisk samarbeid er derfor enda viktigare enn tidlegare. Forbrukarombodet deltek aktivt i det europeiske nettverket for organ tilsvarande ombodet i andre europeiske land (CPC), både i møte, saker og prosjekt. Forbrukarombodet har leidd ei arbeidsgruppe som har følgt opp den europeiske rapporten om skattar og avgifter på flymarknaden.

Forbrukarombodet held fram med å arbeide aktivt mot dei moglege negative verknadene av EU-kommisjonen sitt forslag til direktiv om forbrukarrettar. Ombodet har også uttalt seg om kommisjonens forslag til harmonisering av den europeiske kontraktretten.

Strategiar og tiltak for 2012

Redusere førekomsten av lovstridig marknadsføring

Forbrukarombodet vil i 2012 halde fram å verne forbrukarar mot lovstridig marknadsføring på dei områda som har mest å seie økonomisk for forbrukarane. Alle forbrukarar inngår avtaler om finansielle tenester, anten det er kreditt, lån, sparing, betaling, forsikring eller anna. Det er ofte store og viktige avtaler for den enkelte forbrukaren, og det er viktig at opplysningar som blir gitte i marknadsføringa, er eigna til å gi eit riktig bilete av innhaldet i og kostnadene ved tenestene. Forbrukarombodet vil bidra til dette.

Forbrukarombodet vil arbeide vidare for at marknadsføringa av bustader gir god informasjon om til dømes alle dei kostnadene som kjøparen blir forplikta til å betale, og at ho heller ikkje på annan måte er villeiande.

IKT-marknaden er også eit område som er har mykje å seie for forbrukarane sin økonomi med til dømes avtaler om breiband, telefoni og abonnement på TV-kanalar. Forbrukarombodet vil i 2012 halde fram arbeidet med å gjere marknadsføringa og prisinformasjonen på denne marknaden betre og lettare tilgjengeleg for forbrukarane. Som tidlegare vil Forbrukarombodet arbeide mykje med prismarknadsføring og prismerking. Problemet finn ein i dei fleste bransjar, og Forbrukarombodet vil i 2012 prioritere nokre utvalde bransjar som er viktige for forbrukarane.

Nye reglar frå 2009 har betra situasjonen med telefonsal noko, men framleis opplever mange å bli oppringde av telefonseljarar sjølv om dei er reserverte mot telefonsal i Reservasjonsregisteret. Forbrukarombodet held fram dialogen med bransjen og vil også ta i bruk sanksjonar når det er nødvendig.

Mange forbrukarar er plaga av spam, anten på e-post eller på sms. En del av spammen på sms er òg overtaksert, slik at mottakarane må betale for han. Forbrukarombodet grip inn med sanksjonar i dei mest alvorlege sakane og vil i 2012 fortsetje å handsame dei mange klagane på spam frå forbrukarar.

Betre vernet for forbrukarar i standardkontraktar

Forbrukarombodet vil gjere ei vurdering av ulike standardkontraktar på ulike livsområde, og da særleg kontraktar på område som er økonomisk viktige for forbrukarane. Generelt er det viktig at kontraktane er klare og balanserte, og at dei ikkje er urimelege. Forbrukarombodet har i 2011 vore i dialog med finansnæringa om nye og betre balanserte standardkontraktar for forbrukarar. Dette omfattande arbeidet vil halde fram i 2012.

Kontraktane som er nytta i samanheng med kjøp av bustad, har ikkje alltid regulert forbrukarens rettar på ein god nok måte. Forbrukarombodet vil i 2012 sjå til at kontraktane som no blir nytta, ikkje er urimelege. Mange nyttar i dag òg store summar på feriebustad. Forbrukarombodet har starta på ei kartlegging av kontraktar på denne marknaden, og arbeidet vil halde fram i 2012. Forbrukarombodet har òg dei siste åra arbeidd mykje med å sørgje for at privatskolar nyttar rimelege og balanserte kontraktar. Ombodet samarbeider mellom anna med Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga i dette arbeidet, som vil halde fram i 2012. Stadig fleire forbrukarar inngår avtaler om kjøp av digitale tenester som til dømes musikk, film, spel og applikasjonar på nett eller via telefon. Forbrukarombodet vil i 2012 arbeide for at vilkåra som gjeld for desse avtalene, er klare og rimelege og sikrar ein trygg avtaleprosess.

Betre vernet for barn og unge vaksne forbrukarar

Forbrukarombodet vil i 2012 halde fram arbeidet med forbrukarutfordringar for unge vaksne i aldersgruppa 18–25 år. I den samanhengen vil ombodet vurdere innhaldet i til dømes kredittkortavtaler, skolekontraktar og avtaler mellom næringsdrivande og russ. Forbrukarombodet vil òg sjå nærmare på vilkåra og prosessane rundt avtaler om mobilbruk og avtaler som blir gjorde på Internett. Forbrukarombodet vil arbeide for at unge vaksne ikkje skal få unødige betalingsproblem. Ombodet jobbar aktivt for å nå ut med informasjon på nettet til unge forbrukarar, mellom anna ved bruk av sosiale medium.

Omfanget av reklame til barn har auka, og reklamen har blitt meir påtrengjande. Med den nye marknadsføringslova fall forbodet mot tilgift og konkurransar vekk. Forbrukarombodet meiner slike marknadsføringsformer kan innebere urimeleg marknadsføring til barn. Forbrukarombodet vil følgje med på utviklinga av korleis slike verkemiddel blir brukte, og gripe inn mot lovstridige tiltak.

Når stadig fleire og yngre barn har eigne mobiltelefonar, er dei òg meir tilgjengelege for direkte retta marknadsføring som telefonsal og reklame på sms og i sosiale medium. Forbrukarombodet vil bidra til å hindre at barn og unge blir utsette for direkte kjøpsoppfordringar i desse kanalane.

Arbeide internasjonalt for betre forbrukarvern

I EU er fleire direktiv om forbrukarvern under arbeid. Forbrukarombodet har vore svært kritisk til mykje av dette arbeidet fordi direktiva vil totalharmonisere viktige spørsmål frå kontraktretten. Forbrukarombodet har arbeidd tett med fleire departement og Forbrukarrådet for å påverke innhaldet i direktiva. Dette arbeidet held fram i 2012. Marknadsføringslova frå 2009 er ei delvis implementering av eit totalharmonisert europeisk regelverk som forbyr urimeleg marknadsføring. Det er derfor viktig at Forbrukarombodet arbeider kontinuerleg med å påverke tolkinga av direktivet, slik at terskelen for kva som er villeiande eller urimeleg, ikkje blir sett lågare enn det vi ønskjer i Noreg.

Forbrukarombodet vil nytta samarbeidet med dei andre europeiske landa aktivt for å stoppe ulovleg marknadsføring eller urimelege vilkår i tilfelle der utanlandske selskap rettar seg mot norske forbrukarar, og der norske selskap rettar seg mot forbrukarar i andre europeiske land.

Forbrukarombodet vil i 2012 òg vere aktivt i samarbeidet mellom dei nordiske forbrukaromboda og i internasjonale forum som Organisation for Economic Cooperation and Development (OECD), International Consumer Protection and Enforcement Network (ICPEN) og London Action Plan On International Spam Enforcement Cooperation. Forbrukarombodet vil særleg prioritere internasjonalt arbeid på områda netthandel, barn som forbrukarar og miljøargumentasjon i marknadsføringa.

Kap. 3868 Forbrukarombodet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

01

Diverse inntekter

821

16

Refusjon av foreldrepengar

742

18

Refusjon av sykepengar

424

Sum kap. 3868

1 987

Programområde 28

Programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon

Mål

For 2012 blir desse måla prioriterte:

Hovudmål

Delmål

3. Likestilling mellom kvinner og menn i familie-, arbeids- og samfunnsliv

3.7: Ei foreldrepengeordning som bidreg til å fremme likestilt foreldreskap

Resultatrapport og strategiar

Delmål 3.7: Ei foreldrepengeordning som bidreg til å fremme likestilt foreldreskap

Resultatrapport 2010/2011

Fleire fedrar får rett til fedrekvote

For fedrar til barn fødde eller adopterte 1. juli 2010 eller seinare, er vilkåra for fedrekvoten endra. Tidlegare var det eit krav om at mor hadde tent opp rett til foreldrepengar i minst 50 prosent stilling for at far skulle ha rett til fedrekvote. Dette vilkåret er fjerna. Derfor er det no fedrekvote i alle tilfelle der både mor og far har rett til foreldrepengar. Endringa gir om lag 1 500 fleire fedrar rett til fedrekvote.

Med verknad for fødslar og adopsjonar frå 1. juli 2011 er stønadsperioden for foreldrepengar forlenga med 1 veke til 47 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 57 veker med 80 prosent. Samstundes er fedrekvoten utvida med 2 veker til 12 veker.

For fødslar og adopsjonar frå og med 1. juli 2011 har fedrar med eiga opptening fått rett til å ta ut foreldrepengar i same veketal som fedrekvoten når mor har varig uførepensjon. Det er rekna at opp til om lag 300 fedrar vil få rett til å ta ut foreldrepengar som følgje av denne endringa i lovverket.

Omfanget av fedreuttak av foreldrepengar

Tabell 3.21 syner talet på mødrer og fedrar som avslutta ein periode med foreldrepengar i 2010. 57 957 mødrer og 45 148 fedrar avslutta ein periode med foreldrepengar i 2010. Foreldra sin bruk av foreldrepengar har blitt meir oppstykka enn før. Dette heng mellom anna saman med at foreldrepengeordninga blei gjort meir fleksibel i 2007. Foreldrepengane kan nyttast fram til barnet fyller tre år. Dette gjer at ikkje alle fedrar og mødrer som avslutta ein periode med foreldrepengar i 2010, fekk barn i 2009 eller 2010. Dagar med foreldrepengar blir dermed eit meir høveleg mål på omfanget av fedreuttak av foreldrepengar enn talet på avslutta periodar.

Om ein ser på dagar med foreldrepengeutbetalingar i 2010, gjekk 15 prosent av dagane til fedrar og 85 prosent av dagane til mødrer. Til samanlikning tok fedrar 11,8 prosent av alle dagar med foreldrepengar i 2009. I 2010 var det 90 608 mødrer og 49 209 fedrar som hadde minst éin dag foreldrepengar. For fedrar til barn fødde 1. juli 2009 eller seinare, er fedrekvoten ti veker. Auken i fedrars bruk av foreldrepengar er noko mindre enn den prosentvise endringa i lengda på fedrekvoten frå seks til ti veker. Dette kan henge saman med at ein del av fedrane som tok ut foreldrepengar i 2010, ikkje hadde rett til ti veker med fedrekvote. Det kan også ha si årsak i at ein del av fedrane som fekk barn frå og med 1. juli 2009, har utsett fedrekvoten heilt eller delvis. Departementet ventar derfor at utvidinga av fedrekvoten i 2009 først vil få full effekt etter nokre år.

At fedrane har så liten del av alle dagar med foreldrepengar, må ein til dels sjå i samanheng med at rettane til fedrane i stor grad er bestemte av kva mor gjer etter fødselen. For at far skal kunne ta ut foreldrepengar som ikkje er fedrekvote, må mor ut i arbeid, ta offentleg godkjend utdanning på heiltid, ta offentleg godkjend utdanning i kombinasjon med arbeid som til saman gir heiltid, vere for sjuk til å ta seg av barnet eller vere innlagd i helseinstitusjon. Ulike undersøkingar (AFI-rapport 2/2008, NAV-rapport 2/2009) tyder på at også andre forhold enn utforminga av regelverket påverkar korleis foreldra deler permisjonen mellom seg. Mellom anna opplever ein del fedrar motstand frå arbeidsplassen om dei ønskjer å ta ut meir enn fedrekvoten. Foreldre legg også ofte større vekt på far sin arbeidssituasjon enn på mors som grunngjeving for ikkje å ta lengre permisjon. Foreldra sine haldningar elles spelar også inn.

Etter endringane som blei gjorde i foreldrepengeordninga i 2007, kan ein ikkje seie sikkert kor mange fedrar som tek ut meir enn fedrekvoten før det har gått tre år etter at barnet blei fødd. NAV har utarbeidd mellombels tal for fedrane til barn fødde i perioden 1. juli 2008–30. juni 2009. Etter om lag to år har 29,2 prosent av fedrane som har nytta seg av foreldrepengar, teke ut meir enn fedrekvoten, medan 8,4 prosent har teke mindre enn fedrekvoten. For fedrane til barn fødde 1. juli 2007–30. juni 2008, var det om lag to år etter at barnet blei fødd, 26,7 prosent av fedrane med foreldrepengar som hadde teke meir enn fedrekvoten, og 8,1 prosent som hadde teke mindre enn fedrekvoten. Det er såleis ein klar auke i talet på fedrar som tek meir enn fedrekvoten. At det òg er ein liten auke i talet på fedrar med mindre enn fedrekvoten, kan henge saman med at det har blitt fleire som nyttar ordningar med utsetjing og fleksibelt uttak.

Arbeidsavklaringspengar blei innførte 1. mars 2010. Ordninga gir rett til opptening av foreldrepengar, men dette vil ikkje få heilårsverknad før i 2011. Departementet har derfor i samråd med NAV ikkje utarbeidd tal for foreldrepengar med grunnlag i arbeidsavklaringspengar for 2010. For fedrar til barn fødde 1. juli 2010 eller seinare, har far rett til fedrekvote i alle høve der mor har tent opp foreldrepengar. Også denne endringa vil tidlegast få verknad i 2011.

Tabell 3.21 Fødslar og bruk av foreldrepengeordninga i 2009 og 2010

20091

2010

Endring 2009/2010

Talet på fødslar

60 931

60 608

–323

Talet på levandefødde barn

61 807

61 422

–385

Talet på kvinner som avslutta minst ein periode med foreldrepengar ved fødsel

54 475

57 957

3 482

- av desse med 80 prosent lønnskompensasjon

35 914

33 373

–2 541

Talet på menn som avslutta minst ein periode med foreldrepengar ved fødsel

43 179

45 148

1 969

- av desse med permisjon i inntil 24 dagar

10 859

11 354

495

- av desse med permisjon i 25 dagar

998

1 684

686

- av desse med permisjon i 26–29 dagar

777

956

179

- av desse med permisjon i 30 dagar

23 119

10 971

–12 148

- av desse med permisjon i 31–39 dagar

1 290

1 862

572

- av desse med permisjon i 40–49 dagar

1 696

2 342

646

- av desse med permisjon i 50 dagar

321

10 862

10 541

- av desse med permisjon i 50–59 dagar

914

1 119

205

- av desse med permisjon i 60 dagar eller meir

3 205

3 998

793

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag ved fødsel for kvinner (kr)

300 699

315 329

14 630

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag ved fødsel for menn (kr)

371 287

379 198

7 911

Talet på kvinner med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel

3 285

3 744

459

Talet på menn med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel

3 667

5 292

1 625

Talet på fødslar utanfor institusjon

161

169

8

Talet på kvinner med svangerskapspengar

2 977

3 468

491

- av desse sjølvstendig næringsdrivande

161

191

30

Talet på kvinner som avslutta minst ein periode med foreldrepengar ved adopsjon

335

422

87

- av desse med 80 prosent lønnskompensasjon

210

238

28

Talet på menn som avslutta minst ein periode med foreldrepengar ved adopsjon

264

339

75

- av desse med permisjon i inntil 24 dagar

80

96

16

- av desse med permisjon i 25 dagar

3

16

13

- av desse med permisjon i 26–29 dagar

5

8

3

- av desse med permisjon i 30 dagar

88

40

–48

- av desse med permisjon i 31–39 dagar

13

19

6

- av desse med permisjon i 40–49 dagar

16

21

5

- av desse med permisjon i 50 dagar

4

59

55

- av desse med permisjon i 50–59 dagar

4

7

3

- av desse med permisjon i 60 dagar eller meir

51

73

22

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag ved adopsjon for kvinner (kr)

388 433

355 921

17 488

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag ved adopsjon for menn (kr)

374 175

386 210

12 035

Talet på kvinner med gradert uttak av foreldrepengar ved adopsjon

73

85

12

Talet på menn med gradert uttak av foreldrepengar ved adopsjon

46

67

21

Talet på kvinner med eingongsstønad ved fødsel

12 189

11 294

–895

Talet på menn med eingongsstønad ved fødsel

17

18

1

Talet på kvinner med eingongsstønad ved adopsjon

1

1

0

Talet på menn med eingongsstønad ved adopsjon

0

0

0

Talet på menn med minst ein dag med foreldrepengar ved fødsel utan rett til fedrekvote (mor har hatt eingongsstønad / mor har hatt ein stillingsdel på under 50 prosent før fødsel)

1 083

1 240

157

- av desse med permisjon i inntil 24 dagar

138

142

4

- av desse med permisjon i 25 dagar

6

22

16

- av desse med permisjon i 26–29 dagar

24

22

–2

- av desse med permisjon i 30 dagar

64

34

–30

- av desse med permisjon i 31–39 dagar

64

79

15

- av desse med permisjon i 40–49 dagar

91

80

–11

- av desse med permisjon i 50 dagar

9

28

19

- av desse med permisjon i 50–59 dagar

62

61

–1

- av desse med permisjon i 60 dagar eller meir

625

772

147

Kjelde: SSB, Arbeids- og velferdsdirektoratet.

1 Nokre av tala for 2009 er endra i høve til Prop. 1 S (2010–2011) for BLD.

Strategiar og tiltak for 2012

Foreldrepengeordninga er eit sentralt familie- og likestillingspolitisk verkemiddel. Ei god og fleksibel foreldrepengeordning gjer det mogleg for både mødrer og fedrar å halde oppe tilknytinga til arbeidslivet i småbarnsfasen og dele på omsorgsoppgåvene i heimen. For å nå målet om at ordninga skal fremme likestilt foreldreskap, er det viktig å halde fram arbeidet med å leggje til rette for og stimulere til at fedrane tek meir permisjon. Dei endringane i regelverket som er gjennomførte for å styrkje fedrane sine rettar dei siste åra, vil òg føre til auka foreldrepengeuttak blant fedrar i 2012. Fedrars deltaking i omsorga for barnet i det første leveåret er viktig for tidleg å etablere god kontakt mellom far og barn. Auka deltaking i barneomsorga frå fedrane legg òg grunnlag for auka yrkesaktivitet blant mødrer og for eit meir likestilt foreldreskap. Vidare kan auka fedreuttak skape eit godt grunnlag for ei meir likestilt omsorgsdeling når barnet blir større.

Fedrekvoten er eit av dei viktigaste tiltaka for å auke fedrars uttak av foreldrepengar. I Meld. St. 6 (2010–2011) Likestilling for likelønn har regjeringa varsla at ho vil innføre ei tydelegare tredeling av foreldrepengeperioden; med like lange kvotar til kvar av foreldra og ein noko lengre fellesdel. Dette vil understreke at foreldrepengeordninga tilhøyrer begge foreldra, og at dei aktivt må ta stilling til korleis dei vil fordele fellesdelen mellom seg.

I Meld. St. 6 (2010–2011) Likestilling for likelønn går det fram at regjeringa vil vurdere å innføre ei plikt for arbeidsgivar til å betale lønn under ammefri i barnets første leveår, jf. nærmare omtale under delmål 3.4 Eit familievennleg arbeidsliv. Ein eventuell rett til ammefri med lønn frå arbeidsgivar legg til rette for at mødrer kan gå tidlegare tilbake til arbeidet etter fødselen, og at fedrane kan ta ut ein større del av foreldrepengeperioden.

I regjeringa sin Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner går eit av tiltaka ut på at BLD vil arbeide for at fleire fedrar enn i dag tek ut ein større del av foreldrepengeperioden enn fedrekvoten. Det går fram av handlingsplanen at departementet i samarbeid med Arbeids- og velferdsetaten vil styrkje informasjonen til foreldra om korleis dei kan fordele stønadsperioden seg imellom. NAV la om rutinen for søknad om foreldrepengar hausten 2010 for at fedrar skal få betre informasjon om kva rett dei har til foreldrepengar. Fedrane får eit eige brev frå NAV om sine rettar, søknadsfristar etc. Departementet vil i samarbeid med NAV følgje med på om endringa har ønskt verknad. I St.meld. nr. 8 (2008–2009) Om menn, mannsroller og likestilling går det òg fram at regjeringa vil samarbeide med partane i arbeidslivet for å styrkje informasjonen om arbeidstakarane sine rettar når det gjeld å tilpasse arbeid til familieliv, og for å utforme tiltak som stimulerer arbeidsgivarar til å ha ein personalpolitikk med medvitne strategiar for permisjonstakarar og arbeidstakarar med barn.

Nærmare om budsjettforslaget

Kap. 2530 Foreldrepengar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

70

Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

13 919 957

14 163 000

15 575 000

71

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

403 387

405 000

354 700

72

Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

384 840

410 000

420 000

73

Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

105 742

105 000

115 000

Sum kap. 2530

14 813 926

15 083 000

16 464 700

Mål

Stønadene under dette kapitlet skal kompensere for bortfall av inntekt i samband med svangerskap, fødsel og adopsjon og sikre støtte til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar.

Tildelingskriterium

Tildelingskriterium er omtalte under dei enkelte budsjettpostane nedanfor.

Oppfølging og kontroll

Foreldrepengar blir forvalta av Arbeids- og velferdsetaten, jf. tilsvarande punkt under kap. 844 Kontantstøtte.

Budsjettforslag 2012

Det er ikkje føreslått endringar i satsane eller regelverket for foreldrepengar.

Det er lagt til grunn ein auke i gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag ved fødsel og adopsjon tilsvarande gjennomsnittet av anslaget på den generelle lønnsveksten for 2011 og 2012.

Budsjettforslaget byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga til Statistisk sentralbyrå.

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Foreldrepengar ved fødsel blir betalte ut etter reglane i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16. Det er eit vilkår for rett til foreldrepengar at stønadsmottakaren har vore yrkesaktiv med pensjonsgivande inntekt i minst seks av dei siste ti månadene før stønadsperioden tek til, jf. folketrygdlova § 14-6. Visse trygdeytingar, etterlønn, lønna utdanningspermisjon og avtening av militær- og sivilteneste blir likestilte med yrkesaktivitet etter denne regelen og gir oppteningsrett til foreldrepengar. Inntekt over seks gonger grunnbeløpet i folketrygda (6 G) gir ikkje grunnlag for foreldrepengar, jf. folketrygdlova § 14-7. Per 1. mai 2011 utgjer grunnbeløpet 79 216 kroner.

Stønadsperioden ved fødsel er 47 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 57 veker med 80 prosent lønnskompensasjon, jf. folketrygdlova § 14-9. Tolv av desse vekene er øyremerkte far (fedrekvoten). Far har rett til fedrekvote i alle tilfelle der begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar. Sidan stønadsperioden med 100 prosent dekning er avgrensa til 47 veker, kan det maksimalt bli refundert 429 594 kroner per stønadstilfelle. Bortsett frå dei vekene som er øyremerkte for kvar av foreldra, kan foreldra fordele stønadsperioden mellom seg i samsvar med reglane i folketrygdlova § 14-13.

Når berre far har tent opp rett til foreldrepengar, kan han ta ut inntil 38/48 veker dersom mor går ut i arbeid eller utdanning eller er for sjuk til å ta seg av barnet, jf. folketrygdlova § 14-14. For barn fødde 1. juli 2011 eller seinare, kan far ta ut inntil tolv veker med foreldrepengar utan at det blir stilt krav til mors aktivitet når mor har uførepensjon, jf. folketrygdlova § 14-14.

Foreldrepengar kan takast ut gradert i samsvar med skriftleg avtale med arbeidsgivar om delvis arbeid, jf. vilkåra i folketrygdlova § 14-16. Folketrygdlova § 14-11 gir òg rett til å utsetje stønadsperioden når den som mottek foreldrepengar, er i arbeid på heiltid. Uttak av foreldrepengar må vere avslutta seinast innan barnet fyller tre år.

Under post 70 høyrer òg svangerskapspengar som blir ytte i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-4.

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon blir ytt etter reglane i folketrygdlova § 14-17 til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar. Stønaden er på 35 263 kroner og er føreslått vidareført med same beløp frå 2011 til 2012. Ved fleirbarnsfødslar og fleirbarnsadopsjonar blir det ytt ein eingongsstønad per barn.

Forvaltinga av stønad ved fødsel utanfor institusjon, jf. folketrygdlova § 5-13, som blir ytt til kvinner som ikkje er innlagte på sjukehus eller fødestue i samband med fødselen, er overført til Helsedirektoratet. Ein føreslår derfor at budsjettmidlane blir overførte til kapittel 2755 post 72 under Helse- og omsorgsdepartementet frå 1. januar 2012.

Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

Feriepengar av foreldrepengar blir ytte i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-8. Folketrygda yter feriepengar til arbeidstakarar med 10,2 prosent av utbetalte foreldrepengar for dei første 12 vekene av kvar stønadsperiode, alternativt for 15 veker dersom det er valt 80 prosent lønnskompensasjon.

Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

Foreldrepengar ved adopsjon blir ytte etter vilkåra i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16 ved adopsjon av barn under 15 år. Ved adopsjon er stønadsperioden 44 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 54 veker med 80 prosent lønnskompensasjon, jf. folketrygdlova § 14-9. Fedrekvoten er på tolv veker. Sidan stønadsperioden med 100 prosent dekning er avgrensa til 44 veker, kan det maksimalt betalast ut 402 174 kroner per stønadstilfelle. Sjå elles omtalen under post 70.

Fotnotar

1.

Jf barnevernlova §§7-14, 7-19, 7-22 og 7-23 og sosialtenestelova §6-4.

2.

Tala i parentesar er for 2009.
Til forsida