Prop. 1 S 2011–2012

FOR BUDSJETTÅRET 2012 — Utgiftskapittel: 800–868, 2530 Inntektskapittel: 3821, 3822, 3842, 3846, 3855, 3856, 3858, 3859

Til innhaldsliste

Del 3
Omtale av særlege tema

4 Likestilling i budsjettet og oppfølging av aktivitets- og rapporteringspliktene

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet(BLD) har ansvar for likestillings- og ikkje-diskrimineringsarbeid i og utanfor arbeidslivet. BLD har forvaltingsansvar for ei rekkje ikkje-diskrimineringslover. Dette gjeld

  • lov om likestilling mellom kjønna (likestillingslova)

  • lov om forbod mot diskriminering på grunn av etnisitet, religion mv. (diskrimineringslova)

  • lov om forbod mot diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne (diskriminerings- og tilgjengelova)

  • lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljølova) kapittel 13, som regulerer diskriminering på grunn av alder, politisk syn, seksuell orientering, deltidsarbeid, førebels tilsetjing og medlemskap i arbeidstakarorganisasjonar som er verna i arbeidsforhold

BLD arbeider aktivt, målretta og planmessig for likestilling, både innanfor sine sektorar og gjennom pådrivaransvaret departementet har på feltet. Departementet tek i vare sitt ansvar som pådrivar overfor andre departement, statlege verksemder, kommunal og privat sektor på ulike vis. Det er oppretta eit statssekretærutval og embetsmannsgrupper som skal sjå til at likestillingsperspektivet kjem inn i politikkutforminga.

Departementet finansierer fleire kompetanse- og ressurssenter som arbeider med rettleiing og informasjon, mellom anna Deltasenteret, som arbeider med universell utforming og tilgjenge for personar med funksjonsnedsetjingar, og lhbt- senter, som arbeider med seksuell orientering. Begge desse sentra er forankra i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). I tillegg støttar departementet Reform, som er eit ressurssenter for menn. Departementet gir òg støtte til tre regionale senter for likestilling som har til oppgåve å spreie kunnskap og informasjon om likestillingsarbeid både til kommunar, fylkeskommunar, fylkesmenn og private verksemder.

Fagdialogen mellom departementet og Likestillings- og diskrimineringsombodet er eit svært viktig element i arbeidet med likestilling og likebehandling.

Systematisk samarbeid med andre departement er viktig for å oppnå god samanheng og gjennomføring av likestillingspolitikken. BLD har koordineringsansvaret for fire sektorovergripande handlingsplanar som skal fremme likestilling og hindre diskriminering. Desse handlingsplanane handlar om politikken retta mot lesbiske, homofile, bifile og transpersonar, politikken for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering og politikken for universell utforming og auka tilgjenge.

Det blei i 2010 peikt ut eit offentleg utval som skal greie ut norsk kjønnslikestillingspolitikk med utgangspunkt i livsløp, etnisitet og klasse. Utvalet skal i 2011 levere ei delutgreiing der det vurderer dei eksisterande institusjonelle og organisatoriske rammene for likestillingsarbeid i offentleg regi på sentralt, regionalt og lokalt nivå. Utvalet skal òg fremme forslag om tiltak som kan utviklast vidare og styrkje den offentlege innsatsen.

Departementet ser det som viktig at likestillingspolitikken og tiltaka som følgjer av den, i størst mogleg grad blir gjennomførte innanfor ordinære system og ordinære tiltak. Denne mainstreamingspolitikken følgjer også av internasjonale konvensjonar som Noreg har slutta seg til. BLD følgjer den internasjonale utviklinga nøye og er også ansvarleg for å rapportere om situasjonen i Noreg i ulike internasjonale forum. God informasjon om tilhøva for likestilling på dei ulike grunnlaga sikrar ein gjennom innhenting av statistikk og bestilling av forskings- og utgreiingsoppdrag.

Likestilling er ein grunnleggjande verdi som er dekt av fleire lover retta mot ulike grupper i samfunnet. Det er visse skilnader, men også klare samanhengar. Departementet ønskjer å presentere desse samanhengane der det er høveleg. Eit døme på dette er aktivitets- og rapporteringspliktene. Desse finst i alle ikkje-diskrimineringslovene, og departementet legg vekt på å informere om dei samla.

Departementet følgjer også med på interseksjonalitet innanfor likestillingspolitikken. Ein person kan vere dekt av fleire diskrimineringslover. Det vil til dømes gjelde kvinner med funksjonsnedsetjingar. Også her er det viktig å fremme informasjon om likestilling og antidiskriminering som dekkjer variasjonane i befolkninga.

4.1 Barne- og ungdomstiltak

Departementet bidreg til likeverd og likeverdige høve for jenter og gutar, mellom anna gjennom ulike tilskotsordningar og gjennom dialog og kontakt med ungdomsmiljø. Til dømes er likeverd og likeverdige høve for jenter og gutar eit kriterium BLD legg vekt på i tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, som rettar seg mot 23 bykommunar. Her blir det kvart år gitt støtte til fleire prosjekt som bidreg til å sikre dette. Temaet blir òg teke opp på konferansar. BLD arrangerer konferansar retta både mot barne- og ungdomsmiljøet og mot kommunesektoren. Kjønnsperspektivet er òg teke hand om i arbeid retta mot mobbing og trakassering blant barn og unge. Departementet legg vekt på å følgje med på den retten barn og ungdom av begge kjønn har til deltaking og innverknad i kvardagslivet og samfunnsutviklinga. Når det gjeld forsking, utvikling av statistikk og anna innhenting av kunnskap om barn og unge, legg departementet vekt på å få informasjon om både jenter og gutar.

4.2 Barnevernet

Barnevernstenesta gir vern og omsorg til dei mest utsette barna og familiane deira, både barn som opplever omsorgssvikt, og barn som har alvorlege åtferdsproblem. Eit hovudmål for tenesta er å gi god og tilpassa hjelp, uavhengig av kjønn, etnisitet, funksjonsevne og seksuell orientering, og utan omsyn til kvar i landet barna bur. Tal frå barnevernsstatistikken til Statistisk sentralbyrå (SSB) for 2010 viser at det framleis er fleire gutar enn jenter som tek imot tiltak frå barnevernet. I 2010 var det rundt 55 prosent gutar og 45 prosent jenter som fekk eitt eller anna barnevernstiltak. Kjønnsfordelinga er den same dersom ein ser på talet på barn som var nye i barnevernet, eller barn som tok imot barnevernstiltak per 31. desember 2010.

Det er små kjønnsskilnader både når det gjeld talet på plasseringar i fosterheim og bruken av fleire typar hjelpetiltak. Det er ei overvekt av gutar i barnevernsinstitusjonar, høvesvis 57 prosent gutar og 43 prosent jenter. Det er òg ein tendens til at gutar oftare har hjelpetiltak som til dømes støttekontakt og/eller besøks- og avlastingsheim enn jenter. Dei tek òg oftare imot behandlingstilbod som MST (multisystemisk terapi, 60 prosent gutar) og PMTO (foreldreopplæring, 66 prosent gutar).

BLD og Bufdir vil framleis ta omsyn til tilrettelegging for begge kjønna der det er behov. For barnevernsinstitusjonane gjeld dette til dømes i arbeidet med internkontroll, kvalitetsarbeid og utviklinga av behandlingsmetodar.

Det er knytt særlege utfordringar til tilrettelegging for begge kjønn i omsorgstilboda for einslege mindreårige asylsøkjarar, jf. delmål 6.1 Gode tiltak og høg kompetanse i statleg og kommunalt barnevern. Det kjem mange fleire einslege mindreårige gutar enn jenter til landet. Om lag 80 prosent er gutar. Det må takast omsyn til dei forskjellane mellom jenter og gutar som desse barna er vande med.

4.3 Likestilling i innvandrarbefolkninga

Dei aller fleste innvandrarane i Noreg og dei norskfødde barna deira tek aktivt del i arbeidsliv og utdanning, er økonomisk sjølvstendige, snakkar norsk og deltek og bidreg på ulike arenaer i samfunnet. I nokre innvandrargrupper er det store skilnader på menn og kvinner si deltaking i arbeidslivet. Menn har oftare røynsle frå yrkeslivet i opphavslandet, og kvinner står i høgare grad utanfor arbeidslivet i Noreg enn menn. Ei særleg utfordring er låg sysselsetjing i nokre grupper av kvinner med innvandrarbakgrunn. Mange kvinner som ikkje tek del i arbeidslivet, er heimeverande og blir økonomisk underhaldne av ein mann som er i arbeid. Dei er derfor ikkje i kontakt med NAV eller i gang med noka form for kvalifisering, og ein må jobbe særskilt for å finne dei og motivere dei til å ta del i kvalifisering til arbeid. Regjeringa vil føre vidare og utvikle tiltak for å få fleire personar med innvandrarbakgrunn inn i arbeidslivet og unngå at personar med innvandrarbakgrunn fell ut av arbeidsmarknaden. Regjeringa vil særleg leggje vekt på at fleire kvinner med innvandrarbakgrunn får arbeid.

Regjeringa vil framleis ha stor merksemd på introduksjonsordninga, som er eit viktig tiltak for at dei som kjem til landet fordi dei har behov for vern, skal kunne få arbeid. Det er om lag like mange menn og kvinner som deltek i programmet. Samstundes ser ein at kjønn og landbakgrunn har mykje å seie for resultata i introduksjonsprogrammet. Resultata er nærmare omtalte under delmål 2.3 Rask overgang til arbeid eller utdanning etter gjennomført introduksjonsprogram. Norskkunnskapar og deltaking i arbeidslivet er ein nøkkel til inkludering. Målet for opplæringa i norsk og samfunnskunnskap er at vaksne innvandrarar så snart som mogleg skal lære norsk, slik at dei kan ta del i yrkes- og samfunnslivet. Blant dei som fekk rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap i 2007, var det ingen nemneverdig skilnad mellom menn og kvinner når det gjaldt kven som fullførte opplæringa. Resultata er nærmare omtalte under delmål 2.2 God opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.

Ny sjanse prøver ut kvalifiseringsprogram, etter den same modellen som introduksjonsprogrammet, for innvandrarar som over fleire år har mangla tilknyting til arbeidslivet. Innvandrarkvinner som er heime med barn, og som ikkje får sosialhjelp, har vore og er ei av målgruppene. Resultata er omtalte under delmål 2.5 Høgare sysselsetjing blant innvandrarar.

4.4 Forbrukarinformasjon og -kunnskap

Informasjon er eit av dei mest sentrale verkemidla i forbrukarpolitikken. God og tilstrekkeleg informasjon om vare- og tenestetilbodet og kunnskapar om gjeldande rettar og plikter er ein føresetnad for velfungerande marknader som er til gunst for forbrukarane.

Det er eit viktig mål for forbrukarpolitikken å medverke til å heve den generelle forbrukarkompetansen. I den grad det blir avdekt tydelege forskjellar i kompetansen mellom kvinner og menn, bør informasjonsverksemda leggjast til rette for å bøte på dette. Det er også viktig å motverke at reklame spelar på kjønnsroller eller medverkar til urealistiske kroppsideal for jenter og guter, kvinner og menn.

BLD legg særleg vekt på å styrkje undervisinga i relevante forbrukaremne, slik at begge kjønna skal få betre grunnleggjande føresetnader for å meistre praktiske forhold i kvardagslivet knytte til forbruk, anten dei gjeld berekraft, reklame, digitale medium, personleg økonomi eller generelle forbrukarrettar og -plikter. Tiltak vil bli retta både mot elevar i grunnskolen og den vidaregåande skolen og mot lærarstudentar. Kjønnsroller og forbruk er også eit relevant tema.

Foreldrepraten (foreldrepraten.no) er eit anna tiltak som framleis er aktuelt. Foreldrepraten er eit diskusjonsopplegg for foreldre der det mellom anna er lagt inn oppgåver som problematiserer at foreldre ser ut til å vurdere forbruket til gutar og jenter ulikt.

I forbrukarpolitikken har det vore arbeidd målretta med ulike informasjonstiltak retta mot heile eller delar av befolkninga. Det er til dømes satsa på å gi skoleelevar betre kunnskapar om ulike forbrukaremne og på å formidle grunnleggjande forbrukarrettar til innvandrarar. I informasjonstiltaka som er gjennomførte, har det i liten grad vore sondra mellom kvinner og menn. Undersøkingar tyder likevel på at det er enkelte, men moderate, forskjellar i kunnskapen om forbrukaremne mellom kvinner og menn.

BLD har i samarbeid med Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) og Høgskolen i Buskerud nyleg gjennomført ein studie av forbrukarkompetansen til elevane ved starten på det første året i den vidaregåande skolen. Studien indikerer kor godt elevane – både gutar og jenter – er rusta til å møte utfordringane som forbrukarar. Studien byggjer vidare på fleire undersøkingar frå 1990-åra om både generell forbrukarkompetanse og digital kompetanse.

Éin konklusjon er at kunnskapane om bruk av IKT-verktøy har auka dei siste ti åra. Gutane har framleis meir kunnskap enn jentene, men forspranget er blitt redusert. Når det gjeld spørsmål om personleg økonomi og forbrukarrettar, er det ingen klare forskjellar mellom gutane og jentene.

I dei seinare åra er det både med og utan medverknad frå BLD og Forbrukarrådet blitt lansert fleire nettportalar som skal rettleie forbrukarane og gjere det enklare for dei å samanlikne varer og tenester (forbrukarportalen.no, finansportalen.no, kraftprisdatabasen og telepriser.no).

I 2011 blei det gjennomført ei undersøking av kva høve nordmenn har til å byte bank, forsikringsselskap, straum- og mobiloperatør. Undersøkinga indikerer at portalane som dekkjer dette, ikkje er allment kjende. Bortsett frå at klart fleire menn enn kvinner hadde kjennskap til telepriser.no, var kjennskapen til portalane nokså likt fordelt mellom kjønna. Det var heller ikkje store forskjellar mellom delen menn og kvinner som faktisk hadde bytt leverandør. Resultata kan indikere at det ligg ei større utfordring i å gjere portalane kjende for fleire, enn i det at dei spelar ei ulik rolle for menn og kvinner.

BLD og andre departement som forvaltar merkeordningar, fekk i 2011 gått igjennom omfanget, bruken og nytten av merkeordningane som er retta mot forbrukarane. Eitt funn var at kvinner i større grad enn menn har ei meining om kva ulike merke relatert til mat tyder, medan menn i større grad enn kvinner har ei oppfatning om energiklasse-merket. Jamt over såg det ut til at kvinner har betre kunnskapar om merkeordningane enn menn.

BLD vil også arbeide vidare med informasjonstiltak som kan medverke til å styrkje effekten av merkeordningar som verkemiddel til forbrukarrettleiing. I samband med dette vil ulike nettbaserte informasjonsløysingar og samarbeid med varehandelen for å betre informasjonen på utsalsstader bli vurderte. Departementet vil også sjå på korleis innhaldet i ulike portalløysingar kan utviklast i takt med endringar i marknaden, slik at informasjonen blir til nytte for flest mogleg. I dette arbeidet bør det takast omsyn til at kvinner og menn i nokon grad har ulike interesser og behov.

Det finst lite forsking i Noreg på samanhenger mellom kjønn, forbruk og integrering. BLD støttar i 2011 eit forskingsprosjekt ved SIFO der det mellom anna blir vurdert om kjønnsroller i innvandrarfamiliar påverkar forbruksmønster og integrering av barn. Prosjektet skal avsluttast i 2011.

4.5 Betalingsproblem/gjeld

Tal frå analyseselskapet Experian viser at det per 1. mai 2011 var 217 389 dårlege betalarar i Noreg, forstått som personar med minst éin betalingsmerknad. Til saman hadde desse betalarane i underkant av ein million (925 292) betalingsmerknader, tilsvarande 4,3 merknader per person.

Materialet viser at det i dei seinare åra har vore ein sterk auke i talet på dårlege betalarar. Menn er generelt dårlegare betalarar enn kvinner. I aldersgruppa frå 25 til 45 år var over 10 prosent av mennene registerte som dårlege betalarar, mot 6,5 prosent av kvinnene. Det er blant unge vaksne i alderen 18 til 24 år at veksten i talet på betalingsmerknader er størst, og særleg blant unge menn. Det ser ut til at unge menn utan formue er mest utsette for å få betalingsmerknader.

Regjeringa ønskjer å motverke at folk skal få betalingsproblem som seinare kan utvikle seg til alvorlege gjeldsproblem. Sidan betalingsproblema særleg ser ut til å auke blant unge vaksne, vil BLD vurdere om det er nødvendig med tiltak retta spesielt mot denne gruppa. Innrettinga av eventuelle tiltak vil avhenge av kva årsakene til betalingsproblema viser seg å vere. I samband med utforminga av tiltak må det takast omsyn til om kjønn er ein relevant faktor.

4.6 Status i departementet og tilknytte verksemder

Likestillingslova § 1 a, diskrimineringslova § 3 a og diskriminerings- og tilgjengelova § 3 pålegg statlege verksemder ei aktivitetsplikt. Statlege verksemder skal arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling og hindre diskriminering når det gjeld kjønn, funksjonsnedsetjingar og etnisitet, religion mv.

Tabell 4.1 Tilstandsrapportering (kjønn) for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet for 2010

Kjønnsbalanse

Lønn

M%

K%

N

M

K

Totalt i verksemda

30

70

206

44 788

42 690

Departementsråd og ekspedisjonssjefar

50

50

6

83 555

80 739

Avdelingsdirektørar

28

72

18

58 617

59 238

Seniorrådgivarar

31

69

106

44 393

44 333

Rådgivarar

36

64

47

36 838

37 112

Førstekonsulentar

15

85

20

32 353

32 574

Konsulentar/sekretærar

100

9

30 483

Tabell 4.2 Tilstandsrapportering (kjønn) for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet for 2010

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M%

K%

M%

K%

M%

K%

M%

K%

Totalt i verksemda

3

17

10

14

5

95

3,2

2,8

Tabell 4.3 Tilstandsrapportering (kjønn) for Barne-, ungdoms- og familieetaten for 2010

Kjønnsbalanse

Lønn

M%

K%

N

M

K

Totalt i verksemda

35

65

5 309

32 950

33 756

Direktørar og avdelingsdirektørar

41

59

46

58 870

62 451

Seksjonssjefar og arkivleiarar

26

74

70

43 453

43 551

Leiarar av institusjonar, familievernkontor

41

59

210

46 598

45 846

Avdelingsleiarar i institusjonar

25

75

224

37 619

38 100

Fagstillingar profesjonsutdanning/masternivå

33

67

175

45 646

43 393

Seniorrådgivarar og prosjektleiarar

41

59

315

42 892

41 762

Rådgivarar

26

74

423

36 564

36 088

Fagstillingar høgskole lågare grad

34

66

2 248

32 178

32 309

Førstekonsulentar og seniorkonsulentar

18

82

306

33 452

33 277

Miljøarbeidarar

58

42

911

25 614

26 077

Kontorstillingar og sakshandsamarar lågare nivå

5

95

317

29 407

29 592

Andre stillingar hushald, drift, reinhald

27

73

64

28 102

26 215

Timelønn i verksemda

46

54

4 618

25 615

26 258

Tabell 4.4 Tilstandsrapportering (kjønn) for Barne-, ungdoms- og familieetaten for 2010

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M%

K%

M%

K%

M%

K%

M%

K%

Totalt i verksemda

29

26

8

5,7

8,6

91,4

6,5

7,2

Tabell 4.5 Tilstandsrapportering (kjønn) for Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet inkludert Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene for 2010

Kjønnsbalanse

Lønn

M%

K%

N

M

K

Totalt i verksemda

35

65

215

39 869

37 258

Direktør

100

0

1

94 917

Mellomleiing (stillingskode 1059/1060/1061)

41

59

17

50 930

49 071

Kategori 1 (st.kode 1364)

37

63

84

39 248

38 975

Kategori 2 (st.kode 1434)

34

66

109

36 822

34 166

Kategori 3 (st.kode 1408)

25

75

4

27 058

31 656

Tabell 4.6 Tilstandsrapportering (kjønn) for Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet inkludert Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene for 2010

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M%

K%

M%

K%

M%

K%

M%

K%

Totalt i verksemda

3

9

17

29

15

85

3,7

3,9

Tabell 4.7 Tilstandsrapportering (kjønn) for Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker for 2010

Kjønnsbalanse

Lønn

M%

K%

N

M

K

Totalt i verksemda

31

69

98

62 922

46 160

Direktør og regionleiarar

40

60

5

67 983

70 411

Daglege leiarar

56

44

9

64 476

56 933

Fylkesnemndsleiarar

47

53

47

63 783

63 783

Rådgivar

100

1

43 291

Førstekonsulentar

100

13

32 232

Konsulentar/sekretærar

4

96

23

21 183

29 227

Tabell 4.8 Tilstandsrapportering (kjønn) for Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker for 2010

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M%

K%

M%

K%

M%

K%

M%

K%

Totalt i verksemda

20

25

23

9

100

3,6

3,6

Tabell 4.9 Tilstandsrapportering (kjønn) for Forbrukarombodet i 2010

Kjønnsbalanse

Lønn

M%

K%

N

M

K

Totalt i verksemda

60

40

33

38 019

36 029

Toppleiing (ekspedisjonssjefar/direktørar)

66,7

33,3

6

49 823

50 175

Mellomleiing (avdelingsleiarar)

50

50

2

35 917

31 183

Seniorrådgivarar

66,7

33,3

6

37 735

37 225

Rådgivarar

57,1

42,9

7

33 925

34 103

Førstekonsulentar

50

50

10

32 693

32 282

Konsulentar/sekretærar

100

2

33 788

Tabell 4.10 Tilstandsrapportering (kjønn) for Forbrukarombodet i 2010

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M%

K%

M%

K%

M%

K%

M%

K%

Totalt i verksemda

0

0

0

0

2,58

4,18

Tabell 4.11 Tilstandsrapportering (kjønn) for Barneombodet for 2010

Kjønnsbalanse

Lønn

M%

K%

N

M

K

Totalt i verksemda

32

68

19

45 728

36 962

Tabell 4.12 Tilstandsrapportering (kjønn) for Barneombodet for 2010

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

Leiarutvikling

Anna fagleg utvikling

M%

K%

M%

K%

M%

K%

M%

K%

M%

K%

M%

K%

Totalt i verksemda

0

31

16,7

23,1

0

23,1

2

12

16,7

7,7

100

76,9

Tabell 4.13 Tilstandsrapportering (kjønn) for Likestillings- og diskrimineringsombodet for 2010

Kjønnsbalanse

Lønn

M%

K%

N

M

K

Totalt i verksemda

26

74

63

100

96,9

Toppleiing (Ombod)

100

1

100

Mellomleiing, avdelingsleiarar, informasjonssjef, adm. sjef

25

75

4

615 400

630 600

Kategori 1: Seniorrådgjevar (inkl. arkivleiar)

40

60

20

496 744

500 725

Kategori 2: Rådgjevar

24

76

25

422 000

443 377

Kategori 3: 1.konsulent

10

90

10

390 600

398 311

Kategori 4: Konsulent

100

3

380 633

Tabell 4.14 Tilstandsrapportering (kjønn) for Likestillings- og diskrimineringsombodet for 2010

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M%

K%

M%

K%

M%

K%

M%

K%

Totalt i verksemda

6,25

14,9

12,5

14,9

26,9

73,1

0,34

1,94

Tabell 4.15 Tilstandsrapportering (kjønn) for Forbrukartvistutvalet for 2010

Kjønnsbalanse

Lønn

M%

K%

N

M

K

Totalt i verksemda

34

66

8,8

33 962

35 275

Tabell 4.16 Tilstandsrapportering (kjønn) for Forbrukartvistutvalet for 2010

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M%

K%

M%

K%

M%

K%

M%

K%

Totalt i verksemda

0

17

0

17

0

0

0

9

4.7 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Mål for BLD som arbeidsgivar for perioden 2010–2013:

  • Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne skal vere representerte i alle avdelingar.

  • Delen søkjarar til stillingar i BLD frå underrepresenterte grupper skal aukast.

  • Delen menn skal aukast til 40 prosent.

  • Sikre lokale og arbeidsverktøy skal vere tilgjengelege for alle tilsette (generell universell utforming).

Mål for BLD som myndigheitsutøvar for perioden 2010–2013:

  • eit styrkt likestillingsperspektiv i Prop. 1 S for BLD

  • eit integrert likestillingsperspektiv på ulike grunnlag i dialog med tilknytte verksemder

  • eit samordna pådrivararbeid for integrering av eit likestillingsperspektiv på ulike grunnlag

  • eit ikkje-diskrimineringsperspektiv ved kjøp av varer og tenester

Departementet har i fleire år hatt som mål å rekruttere fleire menn, særleg til avdelingar og stillingstypar der kvinnedelen er høg. Departementet har òg vore merksam på å kalle inn kvalifiserte mannlege søkjarar til intervju. Det har vore ein auke i delen menn i BLD, frå 25 prosent i 2003 til 30 prosent i 2010. Likevel har det vore ein nedgang i talet på menn frå 2009 til 2010 med 5 prosentpoeng.

Utifrå tabellen for tilstandsrapporten (kjønn) for BLD ser ein at det er visse skilnader i lønn mellom kvinner og menn totalt i BLD. Det er fleire kvinner enn menn i dei lågare stillingskategoriane, og dersom ein ser på dei ulike stillingskategoriane, er det ingen vesentlege skilnader i lønna til menn og kvinner i departementet.

BLD utarbeidar årleg lønnsstatistikk fordelt på kjønn før dei lokale lønnsforhandlingane, slik at ein eventuelt kan setje i verk tiltak for å få ei så lik lønnsutvikling som mogleg mellom kvinner og menn. Overtidsstatistikken for 2010 viser at det er delvis samsvar mellom delen av kvinner i departementet og delen av kvinner som arbeider overtid. Gjennomsnittleg arbeider kvinnene i departementet noko meir overtid enn mennene.

BLD arrangerte i 2010 faglunsj for alle tilsette om diskriminering av lesbiske, homofile, bifile og transpersonar, og fleire i departementet har gått på kurs om aktivitets- og rapporteringspliktene. BLD har òg hatt opplæring av departementstilsette i internasjonale konvensjonar, diskrimineringslovgiving og utgreiingsinstruksen. BLD skal i arbeidsmiljøundersøkingar ta med spørsmål som ser på likestilling og diskriminering, og trakassering er teke inn som tema i malen for medarbeidarsamtalen.

Personalpolitikken til BLD er utforma med omsyn til ulike fasar i livet og nedfelt i personalpolitiske mål og tiltak i BLD. For å utvikle, halde på og nytte viktig kompetanse som seniormedarbeidarar har, har BLD etablert tilbod spesielt til medarbeidarar i seniorfasen.

Vidare har BLD utarbeidd ei felles rettleiing til utgreiingsinstruksen på dei ulike diskrimineringsgrunnlaga og utarbeidd eit eige rundskriv om tolkinga av § 9 Plikten til generell tilrettelegging (universell utforming). Rundskrivet er sendt til kommunane.

BLD som innkjøpar stiller krav om universell utforming ved leige av hotell, lokale, møterom, festlokale og utarbeiding av publikasjonar. BLD arbeider for at interne nettstader skal vere universelt utforma og er ein pådrivar for at regjeringa.no skal bli betre. Det er eit overordna mål at samansetjinga av departementet langt på veg skal spegle mangfaldet i samfunnet når det gjeld kjønn, alder, etnisk bakgrunn og funksjonsevne.

BLD har i ny IA-avtale innarbeidd at det ved intervju skal kallast inn minst éin kvalifisert kandidat med innvandrarbakgrunn, éin med nedsett funksjonsevne og éin av underrepresentert kjønn. Tiltaket er teke inn i rettleiinga til rekrutteringsprosessen.

Når det gjeld rekruttering av personar med nedsett funksjonsevne, har regelen i BLD vore at minimum éin søkjar skal kallast inn til intervju om han eller ho er kvalifisert. Det same prinsippet gjeld for personar med innvandrarbakgrunn. Generelt ser det ut til at tiltaka til no ikkje har hatt stor effekt med sikte på å få fleire tilsette av desse underrepresenterte gruppene. BLD skal derfor vurdere relevante profileringstiltak overfor underrepresenterte grupper og vurdere utvida formalisering av moderat kvotering av underrepresenterte grupper. BLD har statistikk over kjønn, etnisitet og nedsett funksjonsevne for søkjarar dersom søkjarane oppgir dette i søknadene sine. BLD vil på lengre sikt vurdere å bruke statistikk over søkjarar for dei enkelte diskrimineringsgrunnlaga.

Per i dag har ikkje BLD fullt ut standardiserte utlysningstekster. I løpet av 2011 skal BLD sjå på profileringa av BLD kor val av fellestekst i stillingsannonsar inngår.

Meir bruk av støtteordningar, praksisplassar, lønnstilskot, ordningar gjennom NAV mv. er òg tekne inn i den nye IA-avtala. BLD deltek i trainee-ordninga i staten. Nærmaste leiar skal ta opp med nytilsette om det er behov for særleg tilrettelegging. BLD har hatt seminar for leiarar og andre relevante medarbeidarar i mangfaldsleiing, og vil på sikt vurdere ei ordning med språkleg mentor for nytilsette med innvandrarbakgrunn.

BLD skal på lengre sikt gå gjennom tilskotsordningane med sikte på å vurdere likestillingsperspektivet på ulike grunnlag.

4.8 Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat)

Likestillingsperspektivet i Bufetat er integrert som ein viktig del i fleire prosessar internt i verksemda, m.a. i rekrutteringsarbeidet. Kvinnedelen er 65 prosent og mannsdelen 35 prosent. Bufetat har ikkje sett inn konkrete tiltak når det gjeld rekrutteringa av menn eller kvinner, og oppfordrar alle til å søkje stillingar, uavhengig av kjønn.

Det er størst kvinnedel i alle stillingskategoriane i Bufetat bortsett frå i miljøarbeidarstillingar, der det er 58 prosent menn og 42 prosent kvinner. Det vil mellom anna seie at Bufetat har flest kvinnelege leiarar på alle nivå i verksemda.

Bufetat har ei jamn lønnsfordeling mellom kvinner og menn innanfor dei ulike stillingskategoriane. På bakgrunn av ei jamn kjønnsfordeling på både lønns- og leiarnivå har ikkje Bufetat valt å setje inn tiltak på desse områda.

Bufetat følgjer dei sentrale føringane til å utforme stillingsannonsar slik at ein oppfordrar alle uansett etnisk bakgrunn, kjønn og funksjonsevne til å søkje ledige stillingar. I tillegg blir kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn inviterte til intervju, og det blir nytta moderat kvotering ved tilsetjing.

Deltasenteret i Bufdir har gjennomført ei kartlegging av universell utforming i lokala til Bufdir. I første omgang har det vore ei kartlegging av universell utforming i Bufdirs lokale i Oslo og Tønsberg (for tilsette og eksterne). I kartlegginga blei det føreslått tiltak for drift, vedlikehald og utvikling i lokala. Fleire av tiltaka er allereie sette i verk. Prosjektgruppa har òg kome med ei tilråding om at det bør gjennomførast ei kartlegging av den universelle utforminga i alle lokala som Bufetat disponerer.

Strategi for auka etnisk mangfald i Bufetat frå 2009 til 2012 definerer ulike mål for å fremme likestilling og hindre diskriminering. Hovudmålet er at Bufetat skal ha minst fem prosent tilsette med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn innan 1. januar 2012.

Den treårige strategien nemner fleire tiltak, m.a. ei trainee-ordning for ikkje-vestlege innvandrarar med sosialfagleg bakgrunn, der åtte traineear deltek, og ei støtteordning for utdanning for tilsette med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn som til dømes gjer det mogleg å ta treårig høgskoleutdanning som kvalifiserer for fagstillingar i barnevernet.

4.9 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)

I tabellen om tilstandsrapporten (kjønn) for IMDi ser ein at det er fleire kvinner enn menn tilsette i verksemda i 2010. Det er ikkje vesentlege skilnader i lønn mellom kvinner og menn når ein ser på dei ulike stillingskategoriane.

Eit av måla for personalpolitikken til IMDi er å fremme mangfald, særleg når det gjeld etnisitet, men også når det gjeld kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne og alder. IMDi har gjennomført ei intern omorganisering og vil gjennomgå personalpolitikk og lokalt avtaleverk i 2011, der ein mellom anna set søkjelyset på å fremme mangfald innanfor etnisitet, kjønn, alder, seksuell orientering og funksjonsevne og tilgjenge. IMDi legg til rette for IA-plassar og arbeidstreningsplassar for personar som har vanskeleg for å kome inn i arbeidslivet.

Internt i IMDi er det mellom anna avtalefest kjønnsnøytrale mål og kriterium for deltaking i alle stillingsgrupper, utval, prosjekt og anna arbeidsorganisering. Dette gjeld òg for kompetanseheving, rekrutteringsprosessar, lønnsfastsetjing, permisjonsavgjerder og utviklings- og opprykkshøve.

Personar med innvandrarbakgrunn blir oppfordra til å søkje ledige stillingar, og IMDi arbeider systematisk med rekruttering og oppfølging av nytilsette. IMDi tilbyr yrkestilpassa arbeidstrening til 4–8 personar med ikkje-vestleg bakgrunn. IMDi har hatt 11 personar på arbeidstrening i 2010, fordelte på Oslo, Gjøvik, Trondheim og Narvik. Lokala i Tollbugaten er lagde til rette for personar med redusert funksjonsevne.

Målet er at 25 prosent av dei tilsette i IMDi, inklusiv personar i permisjon og tilsette i Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene, skal ha innvandrarbakgrunn. Av 215 tilsette per 31. desember 2010 hadde 67 innvandrarbakgrunn. Det vil seie at 31,2 prosent hadde innvandrarbakgrunn, noko som er det same talet som året før. 41,2 prosent (7 av 17) av leiarane og 32,4 prosent (11 av 34)av dei nytilsette i IMDi har innvandrarbakgrunn.

Til utlyste stillingar der rekrutteringsprosessen blei avslutta innan 31. desember 2010, fekk IMDi inn 1453 søknader. Av desse var 433 (29,8 prosent) frå søkjarar med innvandrarbakgrunn.

IMDi har avtale med Norsk Folkehjelp om å vere rasismefri sone og arbeider med tiltak for å fremme likestilling for innvandrarkvinner.

I samsvar med IA-avtala har IMDi som mål at sjukefråværet skal reduserast i 2010 samanlikna med 2009. Sjukefråværet i 2010 var 5,3 prosent, noko som er ein reduksjon på 1,5 prosentpoeng frå 2009. Eigenmeldt fråvær var 1,5 prosent, medan legemeldt fråvær var 3,8 prosent. Arbeidsplassane er lagde til rette ergonomisk, og mellom anna er det tilbod om trening i arbeidstida. Permisjon blir godtekne for feiring av religiøse høgtidsdagar utanom den norske kyrke (gjeld ikkje nasjonale høgtidsdagar) for ein periode på inntil 2 dagar.

IMDi gir utvida tenestefri med lønn til tilsette over 62 år med 14 dagar, som er maksimumsgrensa etter hovudtariffavtala. Livsfaseperspektivet er innarbeidd i personalpolitikk og anna regelverk.

4.10 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Frå og med 2011 er fylkesnemndene skilde ut frå BLD, og har derfor ikkje noka rapportering frå 2010.

4.11 Forbrukarombodet

Forbrukarombodet arbeider for ei jamn kjønnsfordeling på alle nivå i verksemda. Ved nytilsetjingar i 2010 har kjønnsfordelinga vore lik mellom kvinner og menn.

Det har ikkje vore utført overtidsarbeid i 2010. Forbrukarombodet har arbeidd for ei jamn kjønnsfordeling innanfor vidareutvikling og kompetanseheving. Ved utgangen av 2010 har Forbrukarombodet berre heiltidstilsette.

Forbrukarombodet har i utlysningstekst for annonsering etter nye juristar oppfordra kandidatar med innvandrarbakgrunn til å søkje. Forbrukarombodet har motteke få søknader frå personar med innvandrarbakgrunn til stillingane. Ingen av desse har vore vurderte til å ha dei ønskte kvalifikasjonane, og har derfor ikkje vore inviterte til intervju.

Forbrukarombodet éin tilsett med innvandrarbakgrunn, noko som representerer om lag tre prosent av talet på tilsette. Det er same nivå som året før.

Til grunn for avtala om inkluderande arbeidsliv (IA) ligg ein politikk for helse, miljø og tryggleik (HMS).

Eit mål i IA-avtala er å rekruttere personar med redusert funksjonsevne. I utlysingsteksten for ledige stillingar frå Forbrukarombodet blir personar med behov for spesiell tilrettelegging oppfordra til å søkje. Desse søkjarane vil bli vurderte ut frå utdanning, erfaring, kvalifikasjonar og andre kriterium på linje med andre søkjarar. Det har ikkje meldt seg kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne på ledige stillingar til Forbrukarombodet i 2010.

Lokala til Forbrukarombodet er gjorde tilgjengelege for personar med nedsett funksjonsevne i samband med regelverk for universell utforming og auka tilgjenge.

Seniorpolitikk er utarbeidd og skal sikre at Forbrukarombodet tek vare på arbeidstakarar på seksti år og eldre og dekkjer dei behova denne gruppa måtte ha. Forbrukarombodet får del i deira erfaring og fagkunnskap og sikrar at denne blir ført vidare for framtida. I Forbrukarombodet blir det gjennomført årlege seniorsamtaler for arbeidstakarar over 60 år der ein ser på moglege tiltak for å auke motivasjonen, forbetre kompetansen og forlenge tilsetjingsperioden. Alle får tilbod om pensjonsforberedande kurs.

4.12 Barneombodet

Barneombodet har eit personalpolitisk mål om å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda til å søkje stillingar. Barneombodet har fleire kvinnelege enn mannlege tilsette. Ved rekruttering/tilsetjing har det vore lagt vekt på å få til ei jamnare kjønnsfordeling ved kontoret. Ein av dei tilsette i Barneombodet har innvandrarbakgrunn. Barneombodet har òg annonsert ledig stilling i samisk avis. Personar frå underrepresenterte grupper blir invitert til intervju dersom dei er kvalifiserte for stillingen.

Barneombodet er etablert som IA-bedrift og har sett kor viktig enkelte av tiltaka i avtala er når det gjeld å få til ei systematisk og kontinuerleg oppfølging av dei av personalet som i periodar har redusert arbeidsevne.

Barneombodet har eit stykke igjen når det gjeld universell utforming. Kontorlokala ombodet disponerer, tek ikkje tilstrekkeleg omsyn til lovkrava. Ein grunn til at rehabiliteringsarbeid ikkje er sett i gang, er at kontrakten for dei noverande lokala snart går ut. I kravspesifikasjonen for nye kontorlokale er det teke nødvendig omsyn til tilgjengelova.

4.13 Likestillings- og diskrimineringsombodet

LDO legg vekt på å vere gode på det arbeidet dei sjølve er faginstans på, nemleg mangfald i arbeidslivet mellom anna gjennom bruk av aktivitets- og rapporteringspliktene.

LDO sitt mål er å etterleve dei råd og den rettleiinga eigne tilsette gir andre verksemder når det gjeld å oppnå ein inkluderande personalpolitikk som fremjar likestilling på alle diskrimineringsgrunnlag.

Den overordna personalpolitikk til LDO har som mål å bidra til å realisere målet til Likestillings- og diskrimineringsombodet om å vere ein synleg og tillitvekkande samfunnsaktør. Politikken omfattar følgjande delområde: rekruttering, lokal lønnspolitikk, kompetanseutvikling, livsfasepolitikk og arbeidsmiljø. Felles for alle punkta er mål om mangfald, eit inkluderande arbeidsliv og tilgjenge. LDO skal leggje til rette for at tilsette i alle livsfasar får ein god arbeidssituasjon, og utvikling gjennom heile yrkeskarrieren.

LDO sin stab skal spegle mangfaldet i befolkninga gjennom:

  • jamn kjønnsfordeling i verksemda

  • minst 40 prosent av leiarane skal vere av kvart kjønn

  • minst 15 prosent skal ha innvandrarbakgrunn

  • minst 10 prosent skal ha nedsett funksjonsevne

LDO oppfyller dei to siste punkta. LDO brukar mangfaldserklæring i stillingsannonsar og nytter målretta rekrutteringskanalar for å oppnå målet dei har satt. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne skal minimum éin av kvar bli invitert til intervju.

LDO har mål om likelønn mellom kjønna i verksemda. I LDO har kvinner marginalt høgare lønn enn menn i alle stillingskategoriar. Alle stillingar i LDO skal la seg kombinera med familieliv og omsorgsoppgåver. Det er særs lite bruk av overtid i LDO.

Både menn og kvinner har fråvær knytt til barns sjukdom. LDO oppmodar mannlege tilsette til å ta større omsorgsansvar for barn og til å ta ut foreldrepermisjon ut over den fastsette kvota for fedrar. Fem kvinner hadde foreldrepermisjon i 2010, ingen menn.

LDO har som mål at det legemeldte fråværet innan utgangen av året skulle vere 4 prosent. Det samla fråværet gjennom året, både eigemeldt og legemeldt, var på 3,78 prosent. Det legemeldte fråværet utgjorde 2,31 prosent og det eigemeldte 1,47 prosent.

Tilsette i seniorsjiktet skal få høve til karriere- og kompetanseutvikling på lik linje med yngre medarbeidarar. LDO praktiserer årleg seniorsamtale etter fylte 55 år for tilsette som ønskjer det. I samtalen kan ein ta opp eventuelle ønskje om endring knytt til kompetansebehov, hospitering, tilrettelegging mv. Alle seniorar kan få pensjonsførebuande kurs for å få kunnskap om og oversikt over pensjonsrettane. To tilsette (begge kvinner) har delteke på eit slikt kurs i 2010. Ved årsskiftet var det 10 medarbeidarar (dvs. 14,9 prosent) i aldersgruppa 56 år eller eldre.

Medarbeidarar som treng tilrettelegging har fått det, enten det gjeld teknisk utstyr eller sjølve kontoret, eventuelt også etter bistand frå NAV. Tilsette kan også få tilrettelagt arbeidstilhøva gjennom ordninga med heimekontor. Som del av arbeidet med ein tilretteleggingsplan er det etablert ei eiga tilretteleggingsordning med samtalar ved byrjing i LDO og undervegs i tilsetjingsforholdet for å avdekkje individuelle behov.

Ein rutine for varsling av kritikkverdige tilhøve i LDO inngår som del av HMS-planen (vern mot trakkasering).

Sjå årsrapporten til Likestillings- og diskrimineringsombodet for meir utfyllande omtale av aktivitets- og rapporteringsplikene.

4.14 Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

Ved stillingsutlysingar oppmodar sekretariatet særskilt personar med innvandrarbakgrunn og/eller funksjonshemming til å søkje. Per 1. januar 2010 var det éin tilsett i Sekretariatet med innvandrarbakgrunn, men ingen med funksjonshemming.

For å nå ut til grupper med innvandrarbakgrunn, har sekretariatet lagt ut mykje informasjon på nettsidene til Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet på engelsk.

Inngangspartiet til Forbrukarhuset blei endra i 2009, slik at det no er lagt til rette for rullestolbrukarar. Utanom dette har ikkje Sekretariatet utarbeidd særskilde planar for rekruttering av desse gruppene.

Dei tilsette i Sekretariatet er i aldersgruppa 26 til 56 år. Det er derfor ikkje aktuelt med særskilde seniorpolitiske tiltak i sekretariatet no.

Sjukefråværet i Sekretariatet var lågare i 2010 enn i 2009. Arbeidsplassane er godt fysisk utstyrte / lagde til rette.

I 2010 hadde sekretariatet 8 tilsette; 5 kvinner og 3 menn. Alle hadde 100 prosent stilling, bortsett frå ein kvinneleg rådgivar, som hadde 80 prosent stilling. Dei tilsette hadde desse stillingane: 1 direktør, som er kvinne, 2 sekretærar, som er kvinner, 5 rådgivarar, derav tre menn og to kvinner. Det er ikkje utarbeidd retningslinjer, policy eller liknande for likestillingsarbeidet.

Ein prøver å leggje arbeidsplassen til rette for småbarnsforeldre i den grad det lèt seg gjere, mellom anna med tilbod om permisjon og ved at møte blir haldne i arbeidstida. Overtid er ikkje blitt brukt i 2010.

4.15 Andre kommentarar til omtalen

SIFO og Forbrukarrådet er ansvarleg for å gjere greie for rapporeringa i eigen årsrapport sidan desse er nettobudsjetterte verksemder.

5 Forsking og utvikling

God kunnskap og systematisk kunnskapsinnhenting gir eit sikrare og nødvendig grunnlag for politiske og faglege avgjerder. Langsiktige løyvingar til programforsking i Noregs forskingsråd, samarbeid med Statistisk sentralbyrå (SSB) om statistikkutvikling og analysar, direkte prosjektløyvingar til fagmiljø i institutt-, universitets- og høgskolesektoren og støtte til ulike kompetansesenter sikrar eit slikt grunnlag. I tillegg til å skaffe ny kunnskap kan dei same miljøa utføre oppdrag for departementet, som å utarbeide kunnskapsstatusar, gjere utgreiingar, gjennomføre kartleggingar og handsame statistikk. På fleire av ansvarsområda til departementet nyttar ein forsøk, utviklingsarbeid og brukarundersøkingar for å forbetre og reformere metodar og tenester. Forskingsbaserte evalueringar blir nytta for å undersøkje om tenester og ordningar treng å fornyast og forenklast.

Noregs forskingsråd fekk i 2011 fleire løyvingar over budsjettet til BLD. Frå 2010 tok departementa i bruk ein felles målstruktur for løyvingane sine til Forskingsrådet. Løyvingane frå BLD er knytte til delmål 1.5 Styrkt forsking i tråd med kunnskapsbehovet til sektorane og forvaltinga. Heile målstrukturen er omtalt i Prop. 1 S (2011–2012) frå Kunnskapsdepartementet.

BLD støttar programmet Kjønnsforsking (2008–2012) under Noregs forskingsråd. Programmet er eit tverrfagleg humanistisk og samfunnsvitskapleg forskingsprogram. Det overordna målet for programmet er å styrkje kjønnsforskinga som eit eige kunnskapsfelt og å få meir kunnskap om kjønn og likestilling. I alt er det 12 prosjekt i programmets portefølje. Programmet prioriterer både utvikling av kjønns- og likestillingsteori og styrking av samfunnsmessig relevant forsking om kjønn. Forskingsinnsatsen er konsentrert om fire tematiske område: arbeid og økonomi, offentlegheit, kultur og estetikk, rettar og politikk og samliv og relasjonar. BLD vil i 2012 støtte programmet med 4 mill. kroner.

BLD har i ei årrekkje teke del i finansieringa av velferdsforskinga til Noregs forskingsråd. Frå 2009 blei velferdsforskinga ført vidare i det nye programmet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) (2009–2018). Det er no 28 prosjekt i VAM som famnar eit breitt felt, mange disiplinar og samfunnsområde, og som omhandlar til saman 17 temaområde i programplanen. Forskingstema i programmet er aldring, konsekvensar av auka velstand og rikdom, internasjonal migrasjon og integrasjon av innvandrarar, familie og samfunn, verdiskaping og organisering i arbeidslivet og oppslutning om organisering og styring av velferdssamfunnet. VAM er eit handlingsretta program, og målet er at forskinga skal gi kunnskap som kan brukast i utforminga av politikk og forvaltinga av offentlege ordningar. BLD vil støtte programmet VAM med 17,3 mill. kroner i 2012.

BLD finansierer satsinga IT Funk (2007–2012) (IT for funksjonshemma) i Noregs forskingsråd. IT Funk skal bidra til at menneske med nedsett funksjonsevne får betre tilgang til informasjons- og kommunikasjonsteknologi og gjennom det betre tilgang til samfunnet. BLD vil føre vidare støtta til IT Funk med 5,6 mill. kroner i 2012.

Departementet legg stor vekt på å underbyggje politikk og tiltak som gjeld innvandrarar og barna deira med god forskingsbasert kunnskap, pålitelege data, påliteleg statistikk, evaluering av verkemidla på området og utvikling av metodar for det praktiske arbeidet. Sentrale spørsmål for forsking og utvikling er kva konsekvensar innvandring har for samfunnet, og kva moglegheiter og vanskar eit samfunn med aukande kulturelt, religiøst og etnisk mangfald møter. Det blir jamleg produsert statistikk om inn- og utvandring, innvandringsgrunnar, statsborgarskap, innvandrarar i Noreg, sysselsetjing og arbeidsløyse, haldningar til innvandring og innvandrarar, deltaking i val, nye innvandrarars deltaking i introduksjonsprogram, sekundærflytting og deltaking i arbeid blant flyktingar og deltaking i arbeid og utdanning blant unge med innvandrarbakgrunn. Det er under arbeid eit prosjekt som tek sikte på å gi ei heilskapleg oversikt over og forståing av innvandrarar sin veg inn i samfunnet ved å følgje utviklinga over tid.

Departementet vil arbeide for å få fram fleire analysar som samanliknar integrasjonen av innvandrarar i Noreg med situasjonen i andre land, og støttar eit utviklingsprosjekt som skal finne fram til sentrale indikatorar for å måle integrasjon av innvandrar mellom land innanfor ramma av arbeidet til migrasjonsgruppa i OECD. Departementet vil i 2012 halde fram med å bidra til rapporteringa til OECDs publikasjon International Migration Outlook. Departementet bidreg òg til eit nordisk prosjekt som samanliknar integrasjonen av innvandrargrupper frå same opphavsland i dei skandinaviske landa over tid med vekt på deltaking i utdanning og deltaking i arbeidsmarknaden. Prosjektet kjem med resultat i 2012.

BLD koordinerer arbeidet med Handlingsplan mot kjønnslemlesting (2008–2011) og Handlingsplan mot tvangsekteskap (2008–2011). Desse planane blir evaluerte fortløpande, og metodar og erfaringar frå arbeidet blir formidla vidare til kommunar, etatar og andre som møtar dei unge.

BLD har sidan 2010, på vegner av fleire departement, koordinert finansieringa av ei undersøking om haldningar til jødar og jødedom blant innbyggjarane i Noreg. Undersøkinga vil òg omfatte haldningar til romfolket og muslimar. Senter for studier av holocaust og livssynsminoriteter gjennomfører undersøkinga i tett samarbeid med internasjonale ekspertar på feltet. Undersøkinga vil òg få midlar i 2012.

BLD koordinerer arbeidet med å følgje opp regjeringas Handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge (2009–2013). Planen prioriterer innsatsområda uteområde/planlegging, bygningar, transport og IKT. Visjonen er at Noreg skal vere universelt utforma innan 2025. Dette vil medføre kostnader for samfunnet, og det er eit behov for betre metodar og kostnads- og nyttedata for dei samfunnsøkonomiske analysane som blir gjennomførte. Prosjekt for å utvikle metodar og skaffe slike data, blir sette i verk i samråd med andre departement.

BLD ser det som viktig å støtte forsking som kan bidra til å sikre betre kunnskap om barn og ungdoms oppvekst og levekår. Under Noregs forskingsråd sitt program VAM (sjå over) er det sett i gang fleire større prosjekt knytte til marginalisering og barns oppvekstkår. Det blir òg gitt tilskot til ulike forskingsmiljø til oppdrag og undersøkingar. Mellom anna blei det i 2011 sett i gang eit større forskingsprosjekt for å evaluere metodar og resultat i Losprosjektet, som blir gjennomført i utvalde kommunar. Målgruppa for prosjektet er ungdom mellom 14 og 23 år som står i fare for å falle utanfor skole og arbeid. Ein undervegsrapport vil liggje føre i 2012. Sluttrapporten skal liggje føre i 2014.

Departementet legg stor vekt på å utvikle eit barnevern bygt på kunnskap. Satsinga på målretta FoU-arbeid med praksisrelatert forsking, utvikling av tiltak bygde på kunnskap, kunnskapsspreiing og implementering, er grunnsteinen i eit kunnskapsbasert barnevern. Kunnskap frå forsking skal nyttast for å sikre gode og individtilpassa tenester til barn, unge og familiane deira. I dei siste åra er det satsa på bruk av tiltak som gjennom forsking kan dokumentere positive effektar for enkelte målgrupper innanfor barnevernet. Dette gjeld spesielt behandlingsmetodar i nærmiljøet for barn og unge med alvorlege åtferdsproblem. Saman med Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har BLD ein langsiktig forskings- og utviklingsstrategi på barnevernsfeltet for perioden 2009–2012. Siktemålet med strategien er å utvikle og styrkje forskingsmiljø gjennom systematisk satsing på å hente inn, bruke og setje i verk forsking for å utvikle tenestene vidare. Forskinga skal medverke til at barnevernstiltaka fungerer etter målsetjingane og gir barna eit betre liv.

God dokumentasjon om forbrukarane si stilling i Noreg er ein føresetnad for ein aktiv forbrukarpolitikk. Det meste av BLDs investeringar i FoU på forbrukarområdet skjer gjennom ei basisløyving til Statens institutt for forbruksforsking (SIFO). SIFO har i tillegg eigne prosjektinntekter. SIFO skal følgje med på åtferda til forbrukarane og utviklinga i ulike forbrukarmarknader, mellom anna når det gjeld pris- og konkurranseforhold, og skal formidle kunnskap av relevans for den forbrukarpolitiske debatten. SIFO har ei sentral rolle for å få fram, forvalte og formidle slik kunnskap. SIFO bidreg òg til å oppretthalde kompetanse og aktivitet på prioriterte område som forbruk og miljø og barn og unges forbruk. SIFO sine tre satsingsområde i 2011 er reguleringspolitikk, etnisitet og forbruk og materiell kultur. Sjå meir under programkategori 11.30 Forbrukarpolitikken, delmål 7.4.Godt kunnskapsgrunnlag for forbrukarpolitikken.

Departementet legg vekt på å medverke til grunnleggjande datainnsamling og statistikkutvikling på sine ansvarsområde. I 2012 vil mellom anna det vidare arbeidet med eit forum for likestillingsdata halde fram. Samarbeidet med SSB om utvikling og vedlikehald av statistikk og analysar om migrasjon, integrering og levekår blant innvandrarar blir ført vidare, og arbeidet med databasen livsløp, generasjon og kjønn (LOGG) held fram i samarbeid med SSB og Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA).

6 Internasjonalt arbeid

6.1 Innleiing

Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) gjennomførte i 2010 ei kartlegging av det internasjonale arbeidet i BLD. Ho såg på korleis arbeidet var organisert, og vurderte behovet for å klargjere mål og strategiar, for å styrkje samarbeidet på tvers av avdelingane og for å styrkje den sentrale koordineringa.

Difi anbefalte at BLD gjennomfører ein strategiprosess som klargjer mål og prioriteringar for det internasjonale arbeidet, med sikte på å utvikle heile organisasjonen for å få ei betre koordinering og gjennomgåande politikkutforming.

På bakgrunn av rapporten frå Difi har departementet utarbeidd desse måla for det internasjonale arbeidet:

  1. BLD skal ta vare på nasjonale interesser i all si deltaking i internasjonale aktivitetar.

  2. BLD skal vere ein kompetent og pårekneleg aktør og samarbeidspartnar i internasjonal verksemd.

  3. BLD skal delta i aktuelle internasjonale forum basert på relevans for sektorpolitikken og ressursmessig kapasitet.

  4. BLD skal følgje opp internasjonale forpliktingar/avtaler og ta initiativ til anna relevant internasjonalt samarbeid utifrå kva som kan tene den nasjonale politikkutviklinga vår.

Det er òg sett i verk organisatoriske tiltak som skal sikre god samhandling internt i departementet og oppfølging av prioriterte område.

6.2 Samarbeid i ulike institusjonar

6.2.1 Nordisk ministerråd og anna nordisk samarbeid

Noreg tek over formannskapet i Nordisk ministerråd i 2012. Regjeringa har vedteke at den nordiske velferdsmodellen vil vere sentral i formannskapet. BLD vil såleis få store oppgåver knytte til det norske formannskapet.

Barne-, likestillings- og inkluderingsministeren deltek i to ministerråd; Ministerrådet for likestilling og Ministerrådet for sosial- og helsepolitikk.

I 2010 blei Ministerrådet for likestilling samd om eit nytt fireårig samarbeidsprogram, Likestilling skaper eit berekraftig samfunn. Programmet blei sendt over som eit ministerforslag til Nordisk råd og vedteke under sesjonen. Som ein del av arbeidet med nytt samarbeidsprogram tok formannskapet initiativ til å få evaluert Nordisk institutt for kunnskap om kjønn (NIKK) si rolle og tilknyting til Nordisk ministerråd.

Under det norske formannskapet i 2012 vil det fireårige samarbeidsprogrammet Likestilling skaper eit berekraftig samfunn for perioden 2011–2014 vere inne i sitt andre år. Noreg vil innan det nordiske likestillingssamarbeidet skape samanheng til både det tidligare finske formannskapet i 2011 og det kommande svenske formannskapet i 2013. Ein vil leggje vekt på dei to tverrgåande hovudprioriteringane; integrering av eit kjønns- og likestillingsperspektiv og aktiv deltaking av menn/gutar. Samstundes vil ein vidareutvikle samarbeidet med perspektiva livsløp, klasse og etnisitet.

Ministerrådet for sosial og helse (MR-S) har årleg eitt ministermøte og tre til fire møte i embetsmannskomiteen (EK-S) for å førebu og følgje opp MR-S. BLD er, saman med Helse- og omsorgsdepartementet, medlem i EK-S. Utsette barn og unge og barnevern er del av komiteens ansvarsfelt. Departementet vil medverke til at barneperspektivet blir teke vare på gjennom det nordiske samarbeidsprogrammet på området. MR-S vedtok i juni 2010 særleg å prioritere prosjektmidlar i 2011–2012 til emnet Tidleg førebyggjande innsatsar for familiar i risiko for sosial marginalisering.

Nordisk ministerråds strategi for barn og unge i Norden frå 2010 utgjer grunnlaget for den samla aktiviteten Ministerrådet driv overfor barn og unge. Ansvaret dei ulike sektorane har for å sikre eit barne- og ungdomsperspektiv, er understreka i strategien. Med bakgrunn i strategien utarbeider Nordisk barne- og ungdomskomité (NORDBUK) ein handlingsplan. I NORDBUK sin handlingsplan for perioden 2010–2013 er det mellom anna lagt vekt på å styrkje arbeidet på tvers av sektorane og inkludere globaliseringsperspektivet i arbeidet. NORDBUK rapporterer til dei nordiske samarbeidsministrane om arbeidet i dei ulike sektorane.

NORDBUK arbeider i hovudsak med å leggje til rette for eigenorganisering og nordisk samarbeid mellom unge, stimulere til nye metodar for at unge skal kunne delta og ha innverknad i demokratiske prosessar, kulturelt mangfald, menneskerettar, internasjonalt samarbeid og koordinering av barne- og ungdomsforsking. NORDBUK har ei støtteordning til ungdomsarbeid retta mot organisasjonar og ungdomsmiljø. Målet med denne ordninga er å styrkje barn og unges deltaking i aktivitetar som dreier seg om kulturelle, politiske og sosiale spørsmål i Norden. Departementet sit i komiteen for Noreg.

I samband med at Ministerrådet for forbrukarspørsmål (MR-Konsument) blei lagt ned frå 1. januar 2006, vedtok forbrukarministrane å vidareføre samarbeidet på uformelt plan og å etablere Embetsmannsgruppa for nordisk samarbeid på forbrukarområdet (NordKons). Samarbeidet i NordKons er konsentrert om informasjons- og erfaringsutveksling.

Dei nordiske forbrukarministrane fastsette i 2010 eit samarbeidsprogram for det uformelle samarbeidet på forbrukarområdet for perioden 2010–2013. Av programmet går det mellom anna fram at landa vil samarbeide om å sikre eit godt forbrukarvern og ha dialog om forbrukarpolitiske forslag som blir drøfta i EU.

Departementet deltek òg i eit nordisk-estisk samarbeid om forbrukarundervising. Det er utvikla eit måldokument for oppfølging av OECDs rekommandasjon på forbrukarundervising (TemaNord 2010:567). Strategien blir følgt opp mellom anna med konferansar for lærarar og utdanningsbyråkrater i Norden og Estland.

Frå 1968 har det vore eit nordisk samarbeid om felles statsborgarreglar for nordiske borgarar. Det er gjort avtale om gjennomføring av visse avgjerder om statsborgarrett for nordiske borgarar frå eit anna nordisk land. Avtala er revidert i 2010, men den endra avtala er ikkje underteikna enno og er dermed ikkje sett i kraft. Kvart år er det nordiske embetsmannsmøte om statsborgarskap der BLD deltek.

Nordisk samrådsgruppe på høgt nivå for flyktningspørsmål (NSHF) er eit forum der landa uformelt drøftar problemstillingar på asyl-, flyktning- og migrasjonsområdet. Samarbeidet går i hovudsak på spørsmål knytte til utlendingsregelverket, men har også oppe tema på integreringsområdet. NSHF har to møte i året, eit embetsmøte om hausten og eit kombinert ministermøte/embetsmøte om våren. Det er Justis- og politidepartementet som koordinerer Noreg si deltaking i NSHF, men BLD deltek når spørsmål knytte til integrering er på dagsordenen.

Det eksisterer også eit uformelt nordisk samarbeid på lågare nivå om integreringspolitikk. Frå Noreg si side er det Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) som skjøttar dette samarbeidet.

6.2.2 Barentsregionen/nordområdepolitikken

Noreg vil ha formannskapet i Barentsrådet frå 15. oktober 2011. Hovudpunkta i programmet for formannskapet vil vere

  • berekraftig næringsutvikling i ein Barentsregion rik på ressursar

  • ei miljø- og klimavennleg utvikling basert på kunnskap

  • barentsinnbyggjaren, ein regional identitet – den menneskelege dimensjonen

Barentsrådet si arbeidsgruppe på det ungdomspolitiske området har mellom anna etablert eit kontor for informasjon og rettleiing (Barents Youth Coordination Office – BYCO) i Murmansk. Kontoret er finansiert i fellesskap av Russland, Finland, Sverige og Noreg. Kontorets hovudoppgåver er å formidle kontakt mellom organisasjonar og ungdomsgrupper i regionen, informere om høva til å finansiere felles prosjekt, aktivitetar og utvekslingar mellom landa og å vere til hjelp ved gjennomføringa av prosjekt og aktivitetar, spesielt med omsyn til visumsøknader. Kontoret er årleg involvert i om lag tretti prosjekt og tiltak. Arbeidsgruppa har medverka til at EUs ungdomsprogram kan nyttast til samarbeidsprosjekt i Barentsregionen, og har god kontakt med informasjonskontora til Nordisk ministerråd. Kontoret spelar ei vesentleg rolle i folk-til-folk-samarbeidet blant barn og unge i regionen. Det har mykje å seie for norske styresmakter og aktørar innan den frivillige sektoren når det gjeld kontakt med dei russiske regionane og forståing av russisk kultur og sosiale forhold. Ei viktig oppgåve for departementet i formannskapet for arbeidsgruppa vil vere å setje i verk ei samanslåing med regionrådet si arbeidsgruppe på ungdomsområdet. Departementets tildeling til finansiering av fleirnasjonale tiltak og prosjekt på barne- og ungdomsområdet, som blir forvalta av Barentssekretariatet, har vist seg å vere eit vellykka tiltak for å fremme mellomfolkeleg samarbeid. Ordninga blir ført vidare i 2012.

Departementet er med i Barentsrådet si arbeidsgruppe for helse og sosiale saker og Barents Helseprogram, som vurderer prosjektsøknader på helse-, sosial- og barneområdet i Nordvest-Russland. Programmet for utsette barn og unge (Children and Youth at Risk in the Barents region – CYAR) er eit delprogram under Barents Helseprogram som blei vedteke i 2008 av Barentsrådet si arbeidsgruppe for helse og sosiale saker. Dei fire hovudaktivitetane i CYAR-prosjektet er:

  • utvikling av ei situasjonsoversikt over utsette barn og unge i Barentsregionen

  • utveksling av ekspertkunnskap ved hjelp av årlege ekspertkonferansar

  • kompetansedeling på utvalde metodar og program med dokumentert effekt, ved hjelp av opplæringskurs og seminar for fagfolk som arbeider med målgruppene

  • informasjon og nettverksbygging ved etablering av ei funksjonell og regelmessig oppdatert nettside

Noreg har formannskapet for dette programmet i 2012, og Bufetat Region nord vil ta seg av dette på vegner av departementet. Bufetat Region nord rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og departementet om oppfølginga av dette programmet. Delprogrammet CYAR blir avslutta i 2012. Departementet vil i samarbeid med andre aktuelle departement vurdere korleis Barents-samarbeidet om utsette barn og unge skal handsames vidare.

6.2.3 Austersjøsamarbeidet

Noreg har hatt formannskapet i Austersjørådet fram til 1. juli 2011. Departementet har under formannskapet leidd ei arbeidsgruppe under Austersjørådet om samarbeidet innanfor det ungdomspolitiske området. Det er etablert eit særskilt sekretariat i Kiel, Tyskland, som skal betre informasjonen og utvekslinga av kunnskap om og for ungdom i regionen. Samarbeidet er regulert av ei eiga avtale som gjeld til desember 2011. Arbeidsgruppa har vedteke å føreslå å finansiere sekretariatet i eitt år til (2012). Etter det må ein eventuelt finne andre finansieringskjelder enn statlege bidrag frå medlemslanda i Austersjørådet. Tyskland tek over formannskapet for eitt år frå 1. juli 2011. Medlemslanda vil da drøfte om arbeidsgruppa skal fortsetje etter at finansieringa av sekretariatet er avslutta.

Medlemslanda i Austersjørådet skal halde fram med samarbeid og aktivitetar knytte til utsette barn og unge. Noreg deltek i Expert group for cooperation on children at risk (EGCC), som òg har ei eiga nettside, childcentre.info. Det er utarbeidd ein plan for prioriteringar i arbeidet for perioden 2011–2013. Formålet med samarbeidet er å dele kunnskap om politikk og tiltak og setje i verk ulike målretta tiltak innanfor tre prioriterte område: vern mot all seksuell utnytting av barn, vern av barn mot alle former for seksuelle overgrep og vald og dessutan rettar for barn og unge på institusjon. Noreg har mellom anna finansiert og utvikla eit opplegg for tilsyn med institusjonar for barn og unge. Dette vil bli ført vidare som kursopplegg i enkelte av medlemslanda. Barn som er utsette for overgrep generelt og menneskehandel spesielt, inngår som viktige tema i EGCC sitt arbeid.

6.2.4 Europarådet

I Europaråd-samarbeidet har Noreg dels rettslege forpliktingar som følgje av Europarådets konvensjonar, deriblant landrapporteringar, og dels politiske forpliktingar gjennom deltaking i Europarådets arbeid generelt og resolusjons- og konvensjonsarbeid spesielt.

Europarådets ministerkomité har i 2011 vedteke å endre komitéstrukturane, og dermed blir talet på komitear kraftig redusert. Reformarbeidet tek sikte på å leggje større vekt på direkte og understøttande aktivitetar som er knytte til Den europeiske menneskerettskonvensjonen, som Noreg har ratifisert. Dei ulike komiteane og aktivitetane er fordelte og lagde inn i tre ulike søyler:

  1. Human Rights

  2. Rule of Law

  3. Democracy

Frå 2012 blir det i alt 15 styringskomitear og seks underkomitear.

Ein ny europarådsstrategi basert på den nye strukturen kan bli vedteken i november 2011. Den nye komitéstrukturen innan Europarådet skal ta til å gjelde frå 2012.

Strukturen på ungdomsområdet vil for ein stor del bli oppretthalden, og prinsippet om samstyre mellom dei nasjonale departementa og barne- og ungdomsorganisasjonane (co-management) består. Departementet deltek i styringskomiteen for ungdomspolitikk. Eit særs viktig instrument for utviklinga av Europarådet sin ungdomspolitikk er dei to ungdomssentra i Strasbourg og Budapest og dessutan Det europeiske ungdomsfondet, som støttar prosjekt drivne av og for ungdom i regi av deira organisasjonar. I dei siste åra er det utvikla eit samarbeid mellom Europarådet og Europakommisjonen om enkelte spørsmål innanfor ungdomspolitikken. Det er særleg lagt vekt på å utvikle betre kunnskap om ungdom og samarbeid om leiarutdanning. Eit anna viktig tiltak er etableringa av European Knowledge Centre, som er under oppbygging med data frå ei rekkje europeiske land. Departementet prioriterer å bidra med levering av data til dette senteret og har etablert samarbeid med NOVA, Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring, om dette.

Samarbeidet om statsborgarskap i Europarådet er ein del av justissamarbeidet under The European Committee on Legal Co-operation (CDCJ). Justis- og politidepartementet har koordineringsansvaret, og BLD deltek etter behov. Europarådskonvensjonen av 6. november 1997 om statsborgarskap, som Noreg har underteikna, blei ratifisert 4. juni 2009 og blei sett i kraft 1. oktober 2009. Konvensjonen samlar, supplerer og utdjupar dei internasjonale konvensjonane om statsborgarskap og har mellom anna som mål å fastsetje visse internasjonale prinsipp og standardar på området.

6.2.5 EU/EØS

BLD har på eigne fagområde ansvar for implementering av EØS-relevant regelverk, EØS-finansieringsordningane og saker gjennom ESA si overvaking av EØS-avtala. BLD bidreg også i programsamarbeid og politikk- og regelverksutvikling i EU.

Regelverk

På forbrukarområdet er det ei stadig meir omfattande harmonisering av regelverket. Det meste av norsk forbrukarlovgiving er påverka av EØS-regelverket og vil bli ytterlegare påverka framover. Nytt direktiv om forbrukarrettar vil venteleg bli endeleg vedteke ein gong i 2011, etter nesten tre år med forhandlingar i EU.

Forslag til eit revidert direktiv om pakkereiser vil bli lagt fram mot slutten av 2011 eller tidleg i 2012. I 2011/2012 vil Kommisjonen setje fram forslag til regelverk og andre tiltak som gjeld forbrukartvistar: alternativ tvisteløysing, nettbasert tvisteløysing og kollektive tvistemål. Arbeidet med kontraktsretten, særleg ei felles referanseramme, vil vere sentralt i tida framover. Det vil også innehalde forbrukarspørsmål som ikkje kom med i forbrukardirektivet. I tillegg er det varsla ei gjennomarbeiding av ulike problemstillingar knytte til direktivet om urimeleg handelspraksis og direktivet om samanliknande og villeiande reklame, og ein vil sjå nærmare på problemet med såkalla kataloghaiar/fakturasvindel. Desse initiativa vil krevje stor innsats frå departementet si side for å medverke og påverke i prosessane med siktemål om å sikre eit best mogleg resultat sett frå norsk side.

Programsamarbeid

BLD deltek i desse EU-programma:

  • Aktiv ungdom

  • Sikrare Internett

  • Programmet for forbrukarpolitikk

  • PROGRESS

  • DAPHNE III

EU sitt ungdomsprogram Aktiv ungdom er ein viktig reiskap for at barn og ungdom skal kunne ta del i internasjonalt samarbeid og påverke internasjonale, nasjonale og lokale styresmakter. Programmet verkar for perioden 2007–2013, og departementet vil delta aktivt i arbeidet med å utforme den nye generasjonen program som skal tre i kraft frå 2014. Målgruppa er ungdom mellom 13 og 30 år og dei som jobbar med ungdom. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet skal, som nasjonalt kontor for dette EU-programmet, halde ved lag det høge nivået på informasjonsarbeidet og opplæringa av brukarar av programmet også i 2012. Ungdom med særskilde behov er den viktigaste målgruppa. Dei største delprogramma gjeld utveksling av ungdomsgrupper og deltaking i volontørtenesta.

Noreg deltek i rammeprogrammet for forbrukarpolitikk 2007–2013. Under programmet deltek Noreg i samarbeid om handheving av forbrukarregelverk over landegrensene (CPC) og ECC-net, eit nettverk av nasjonale kontor som hjelper forbrukarar ved kjøp over landegrensene, særleg med informasjon og tvisteløysing.

PROGRESS (2007–2013) er ei samanslåing og vidareføring av dei fire EU-programma om sosial ekskludering, ikkje-diskriminering, sysselsetjing og kjønnslikestilling. PROGRESS skal gi finansiell støtte til aktivitetar som kan bidra til gjennomføringa av EUs mål innan dei sysselsetjings- og sosialpolitiske områda. Arbeidsdepartementet har koordineringsansvaret for programmet og samarbeider med BLD om aktivitetar som gjeld BLD sitt fagområde.

Noreg har nyleg takka ja til å delta i Europakommisjonens nye program om utveksling av erfaringar om kjønnslikestilling for 2011–2012. Programmet, som er finansiert under PROGRESS, omfattar tre møte mellom medlemslanda i året og dessutan høve til å vere medarrangør av eller medlemsland som gir innspel til ein erfaringsutvekslingskonferanse innan temaet kjønnslikestilling. BLD koordinerer Noregs deltaking i dette programmet.

DAPHNE III (2007–2013) har som mål å førebyggje og nedkjempe alle former for vald både innanfor det offentlege og private mot barn, ungdom og kvinner, inkludert seksuell utnytting og menneskehandel. BLD koordinerer Noregs deltaking i DAPHNE III.

EØS-finansieringsordningane

EØS og Noregs finansielle ordningar er etablerte for å gjennomføre EFTA/EØS-landas bidrag til sosial og økonomisk jamstelling i Europa. Ordninga omfattar 15 medlemsland i EU. Ordninga har to delar, éin der Noreg, Island og Liechtenstein deltek, og éin der berre Noreg er med. Ordninga gjeld for fem år om gongen. Perioden vi no er inne i, gjeld frå 2009 til 2014.

Ordninga byggjer på bilaterale avtaler mellom EFTA/EØS-landa og Noreg på den eine sida og mottakarlanda på den andre sida. Det er fastsett 12 innsatsområde og 32 programområde. Dette er programområda som er aktuelle for BLD: fond for ikkje-statlege organisasjonar, utsette barn og unge, kjønnslikestilling, kapasitetsbygging og samarbeid mellom offentlege institusjonar og kjønnsbasert vald. Dei bilaterale forhandlingane er ikkje avslutta enno.

Politikkutvikling

BLD bidreg også til politikk- og regelverksutvikling innan EU, mellom anna gjennom deltaking i EUs rådgivande komité for likestilling og tilhøyrande adhocgrupper i tilknyting til komiteen, og i desse gruppene på EU- og EFTA-nivå:

  • EUs høgnivågruppe for ikkje-diskriminering

  • EUs høgnivågruppe for personar med nedsett funksjonsevne

  • EFTAs arbeidsgruppe for likestilling og ikkje- diskriminering

Noreg arbeider aktivt med å få plass som observatør i EUs høgnivågruppe for likestilling mellom kvinner og menn.

Utviklinga av EU sin integreringspolitikk er i dag basert på ikkje-rettslege tiltak og ikkje-bindande harmonisering av medlemslanda sin politikk. Med Lisboatraktaten er det likevel introdusert ein heimel som opnar for at fellesskapsorgana kan etablere tiltak og insentiv på feltet. Politikk som blir utvikla i EU, påverkar Noreg, og det er viktig å samarbeide med EU også på integreringsområdet.

Drøftingar rundt integreringspolitikk baserer seg på eit felles rammeverk for integrering som medlemslanda landa slutta seg til i 2005. Rammeverket set opp ei rekkje grunnprinsipp som er retningsgivande for medlemslanda si politikkutvikling. Utviklinga av politikken på feltet skjer i stor grad via erfarings- og informasjonsutveksling og via samarbeid om metodar for utvikling av integreringspolitikk. Noreg har, som einaste ikkje-medlemsland, observatørstatus i EU-landa sitt nettverk for integrering, National Contact Points on Integration (NCP). Nettverket har jamlege møte og er ein arena for informasjonsutveksling mellom landa. Nettverket har møte ca. fire gonger i året.

Noreg har delteke på alle EU sine ministerkonferansar om integrering. Førebuinga til desse møta skjer i stor grad gjennom NCP. Den siste, og fjerde, ministerkonferansen om integrering var i april 2010 i Zaragoza, Spania.

På ministerkonferansen i Zaragoza, og seinare i ministerrådet, blei det semje om at det skal utviklast europeiske modular for integrering - eit standardisert konsept med ulike komponentar som landa kan ta i bruk i sitt nasjonale integreringsarbeid. Det skal utviklast modular på tre område: 1) Introduksjons- og språkkurs, 2) Engasjement frå styresmakter og storsamfunnet, og 3) Aktiv deltaking i samfunnsliv. Noreg har deltatt på dei tre ekspertseminara som har blitt organisert i samband med utvikling av modulane. Resultata av arbeidet skal presenterast i løpet av 2011.

Consumer Policy Network er eit kontakt- og diskusjonsorgan på høgt nivå mellom Kommisjonen og embetsverket for forbrukarpolitikk i EØS-landa. Kommisjonen bruker nettverket mellom anna til å diskutere/sondere forslag til nye initiativ og til å drøfte pågåande aktivitetar. Deltaking i denne gruppa frå norsk side opnar for informasjon og medverknad til politikkutforminga på fagområdet. Noreg deltek også i ekspertgruppa knytt til Kommisjonen sitt arbeid med ulike forbrukar- og marknadsundersøkingar, inkludert Consumer Market Scoreboard (resultattavla for forbrukarmarknader). Deltaking i dei ulike gruppene og aktivitetane under forbrukarprogrammet er viktige for å sikre tilgang til informasjon og medverknad på politikkområdet.

Det er etablert eit nytt rammeverk for EU sin ungdomspolitikk for åra 2010–2018. Vedtaket inneber at EU legg vekt på ein sterkare tverrsektoriell struktur i arbeidet sitt, som byggjer på å skape fleire høve for ungdom, skape betre tilgang og deltaking og fremme solidaritet. Rammeverket tek for seg områda utdanning og opplæring, arbeid, kreativitet og entreprenørskap, deltaking, helse og idrett, frivillig arbeid, sosial inkludering og ungdommen og verda. Det er lagt vekt på at ungdomspolitikken i EU og medlemslanda skal vere kunnskapsbasert. Gjennomføringa av framlegget skal byggje på den opne samordningsmetoden. Noreg vil, innanfor ramma av EØS-avtala, bidra til oppfølging av meldinga til Europakommisjonen.

I EU sin strategi Europa 2020 er det fremma forslag om ulike flaggskip som skal bidra til gjennomføringa av strategien. To av dei, Youth on the move og An agenda for new skills and jobs, er særleg viktige for det ungdomspolitiske området. Det er lagt opp til at ungdomsprogrammet og rammeverket for framtidig ungdomspolitikk skal bidra til gjennomføring av dei måla som er sette i strategien Europa 2020.

Lisboa-traktaten frå 2009 har opna opp for innlemming av barnepolitikk i EU-politikken. På bakgrunn av dette har EU-kommisjonen utarbeidd ein EU-strategi for å fremme og sikre barn sine rettar i EUs interne og eksterne politikk og for å støtte medlemslands innsats på dette feltet. I februar 2011 gav kommisjonen ut meldinga An EU Agenda for the Rights of the Child, som presenterer generelle prinsipp som skal sikre at EUs handlingar harmonerer med FNs barnekonvensjon og menneskerettar. I tillegg definerer meldinga ei rekkje handlingar på det barnepolitiske området som EU kan bidra med. Handlingane er retta mot barns deltaking, barnefattigdom og barns vern og tryggleik. I 2012 vil Noreg halde fram med å følgje arbeidet og utviklinga på EUs barnepolitiske felt.

6.2.6 FN

Noreg er rettsleg forplikta til å implementere rettane som er nedfelte i FN-konvensjonane som staten har slutta seg til, og til å rapportere på implementeringa kvart fjerde år. BLD har det nasjonale koordineringsansvaret for implementeringa av Noreg sine forpliktingar som følgjer av

  • FN-konvensjonen om barnets rettar

  • FN-konvensjonen mot alle former for diskriminering av kvinner

  • FN-konvensjonen mot alle former for rasediskriminering

  • FN-konvensjonen om rettar for personar med nedsett funksjonsevne (som førebels ikkje er ratifisert av Noreg)

På bakgrunn av Noregs fjerde rapport til FN om oppfølging av barnekonvensjonen har Noreg i 2010 motteke avsluttande merknader frå FN sin barnekomité. BLD har sett i gang eit systematisk arbeid for å gå gjennom merknadene og tilrådingane. Det er etablert eit samarbeid både med relevante departement og frivillige organisasjonar om oppfølginga, og dette arbeidet vil halde fram i 2012. Barnekomiteen har bede om at Noregs femte rapport om oppfølging av barnekonvensjonen blir levert i 2016.

I 2012 skal Noreg eksaminerast av FN sin kvinnediskrimineringskomité på bakgrunn av Noreg sin åttande rapport til komiteen. I 2012 held BLD fram arbeidet med å følgje opp anbefalingane som det fekk frå FN sin rasediskrimineringskomité i mars 2011.

I tillegg har BLD fagansvar for å bidra til implementering av og rapportering på FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, som blir koordinert av Justis- og politidepartementet, og FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, som blir koordinert av Utanriksdepartementet. I tillegg bidreg BLD til Universal Periodic Review (UPR)-prosessen under FN sitt menneskerettsråd.

BLD deltek også i dei årlege møta i tredje komité i generalforsamlinga i FN, som dekkjer menneskerettsspørsmål knytte til likestilling og diskriminering på grunnlag av kjønn, etnisitet, nedsett funksjonsevne, seksuell orientering, barn mv. BLD har også oppfølgingsansvar for sentrale resolusjonar som er vedtekne i tredje komité eller i FNs tryggingsråd.

BLD deltek på dei årlege møta i FN sin kvinnekommisjon, som er den politiske møteplassen for fagstatsrådar, sivilt samfunn og FN-organa. Avhengig av temaa for møta deltek BLD i FN sin komité for økonomiske og sosiale spørsmål under FN si generalforsamling på dei årlege høgnivåmøta. Vidare deltek BLD i FN sin sosialkommisjon, som arbeider med politikken for personar med nedsett funksjonsevne, når temaa på dagsordenen tilseier det.

Som fagdepartement for likestilling mellom kvinner og menn deltek BLD på styremøta i UN Women saman med Utanriksdepartementet i den perioden Noreg har plass i styret, frå 2011 til 2014.

FNs høgkommissariat for flyktningar (UNHCR)

Working Group on Resettlement (WGR) blei oppretta i 1995 av ti gjenbusetjingsland som da hadde årlege kvotar med overføringsflyktningar: USA, Canada, Australia, New Zealand, Finland, Sverige, Noreg, Danmark, Sveits og Nederland. Arbeidsgruppa for gjenbusetjing har normalt møte i Genève to til tre gonger i året. Frå 1995 har det også vore eit årleg møte mellom UNHCR og frivillige organisasjonar som er involverte i dette arbeidet, Annual Tripartite Consultations on Resettlement (ATCR). I starten var møta i WGR og ATCR åtskilde, men no går dei faglege diskusjonane hovudsakleg føre seg i eit samla forum. Formannskapet går på omgang. Australia tok over formannskapet i juli 2011. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet deltek i WGR og ATCR, i tillegg deltek BLD på møte når integreringsspørsmål står på dagsordenen. Justis- og politidepartementet er hovudkontakt mot UNHCR når det gjeld gjenbusetjing av flyktningar.

6.2.7 Andre internasjonale forum

OECD

BLD deltek i sentrale forskingsprosjekt innanfor OECD, mellom anna International Futures Programme: The Future of the Family to 2030.

Departementet deltek i OECD sin komité for forbrukarsaker. Evaluering og revisjon av retningslinjene frå 1999 om elektronisk handel starta i 2010 og skal sluttførast i 2015. Tema for dette arbeidet i 2011 og 2012 er forbrukarvern ved betaling via mobiltelefon og Internett, forbrukarvern ved kjøp av digitale produkt og ved deltaking i sosiale nettverk på Internett. Komiteen har utvikla ei verktøykasse for utvikling av forbrukarpolitikk som no skal brukast på området kommunikasjonstenester. Miljø, forbrukarundervising og forbrukarundersøkingar er døme på andre tema komiteen arbeider med.

Forsking og analysar som relevante internasjonale organisasjonar og forum gjennomfører, er nyttige for Noreg. Det er av særleg interesse å kunne samanlikne situasjonen for innvandrarar og barna deira i Noreg med situasjonen for tilsvarande grupper i land med ein tilnærma lik innvandringspolitikk, eit liknande datagrunnlag og innvandrarar frå dei same opphavslanda.

Working party on migration er ein underkomité til Komiteen for arbeid og sosiale spørsmål. Hovudoppgåvene til komiteen er å analysere utviklinga av migrasjonsstraumar, å analysere OECD-landa si politikkutvikling for internasjonal migrasjon og integrering av innvandrarar og å bidra til å utvikle samanliknbar internasjonal statistikk.

OECD har dei siste åra sett migrasjon høgt på dagsordenen og prøver i auka grad å kople arbeidet på migrasjonsfeltet nært saman med andre relevante fagområde, særleg utdanning, arbeidsmarknad, økonomi og utvikling. Gjennom arbeidet opp mot OECD får Noreg kunnskap om politikken i andre land og resultata av politikken og dessutan innspel på norsk innvandrings- og integreringspolitikk. Ein meirverdi ved deltaking i migrasjonskomiteen er at også land utanfor Europa er medlemmer av OECD. Departementet vil i 2012 halde fram med å delta i OECDs migrasjonsgruppe og bidra til rapporteringa til OECDs publikasjon International Migration Outlook.

Global Forum on Migration and Development (GFMD)

GFMD er ein internasjonal, frivillig og open konsultasjonsprosess om politikk og praksis når det gjeld migrasjon og utvikling. Forumet blei lansert i Brussel i juli i 2007 og er ei oppfølging av dialogen i generalforsamlinga i FN om migrasjon og utvikling i New York i september 2006. Forumet er uformelt og ikkje-bindande. Det har hatt fire møte der det har samla meir enn 150 regjeringar og internasjonale og frivillige organisasjonar. Tilknytinga til FN er sikra ved FNs spesialrepresentant for internasjonal migrasjon og utvikling, og ved at konklusjonane frå diskusjonane blir formidla til FNs generalsekretær. Det skal vere ein dialog på høgt nivå om migrasjon og utvikling under FNs generalforsamling i 2013. Fram til da vil det bli halde årlege møte. Utanriksdepartementet er knutepunkt i Noreg for arbeidet mot GFMD.

Metropolis

Metropolis er eit internasjonalt nettverk og forum mellom forskarar og brukarar omkring migrasjon, integrasjon av innvandrarar og etniske relasjonar. Forumet sitt mål er å vere ein møteplass for forskarar og brukarar og å oppmuntre til politikkrelevant forsking og forskingsformidling om migrasjon, integrasjon av innvandrarar og etniske relasjonar.

Vel tjue land er med i forumet, som har eit styre der Noreg er med. Forumet arbeider gjennom ein årleg konferanse der mellom 700 og 1 000 personar tek del. Konferansane går på omgang mellom deltakarane. Den 16. internasjonale Metropolis-konferansen finn stad i Ponta Delgada på Asorane 12.–16. september 2011 og har hovudtemaet Migration Futures: Perspectives on global changes.

Transatlantic Council on Migration

Noreg har frå 2008 teke del i Transatlantic Council on Migration, eit uformelt forum for diskusjonar om migrasjon mellom forskarar og politikarar frå Europa og Nord-Amerika. Rådet er drifta av Migration Policy Institute i Washington og arrangerer møte og seminar med ulike tema i tillegg til at det utarbeider ei rekkje notat og rapportar om ulike tema. Deltaking i rådet skjer i samarbeid med Justis- og politidepartementet.

Intergovernmental Cosultations on Migration, Asylum and Refugees (IGC)

IGC er eit uformelt forum for gjensidig informasjonsutveksling om migrasjon og integrering mellom styresmaktene i for tida 17 land. FNs høgkommissariat for flyktningar (UNHCR), International Organization for Migration (IOM) og EU-kommisjonen deltek også. I IGC utvekslar ein informasjon og byggjer opp kompetanse om asyl- og flyktningpolitikk og om statsborgarskap og andre spørsmål som gjeld integrering, mellom anna kvalifisering av og språkopplæring for innvandrarar. Det er Justis- og politidepartementet som har koordineringsansvaret for deltaking i forumet.

7 Omtale av miljøprofilen i budsjettet

7.1 Forbrukarområdet

7.1.1 Miljøutfordringar

Både forbruksvolum og forbruksmønster i samfunnet har innverknad på miljøet, medrekna klimaet. Miljø-, ressurs- og klimabelastninga frå forbruket i Noreg er høgare enn det som svarer til eit berekraftig nivå i global målestokk. Omgrepet berekraftig forbruk tek opp i seg omsynet til både natur, ressursgrunnlag, helse, etikk og rettvis fordeling. Miljøutfordringa knytt til forbruk, handlar om å tilpasse forbruksmønsteret og det samla ressursforbruket i samfunnet til det naturen kan tåle.

Det er òg viktig å skape ei felles forståing av kva eit etisk og berekraftig forbruk inneber i praksis. Eit endra forbruksmønster og eit redusert samla ressursforbruk vil krevje endringar i både haldningar, åtferd og livsstil og dessutan i teknologi og økonomisk politikk. Det er eit gjennomgåande problem at dei fleste miljøgevinstane ved teknologiforbetringar har ein tendens til å bli meir enn oppetne av veksten i det totale forbruket.

Regjeringa sin strategi for ei berekraftig utvikling framhevar behovet for å endre produksjons- og forbruksmønstra. I forbrukarpolitikken er det eit mål å medverke til eit meir berekraftig forbruksmønster gjennom informasjon, kunnskapsformidling og haldningspåverknad.

For at forbrukarane skal kunne ta etiske og miljøtilpassa kjøpsval, må det finnast lett tilgjengeleg, påliteleg og tilstrekkeleg informasjon om etikk- og miljøaspekta ved produkta. Det er vidare viktig med større innsyn i og kunnskap om produksjonshistoria til produkta gjennom openheit i heile verdikjeda. Styresmaktene må også leggje rammer for og gi insentiv til næringsdrivande i ei meir berekraftig retning.

7.1.2 Mål

Det viktigaste verkemiddelet under ansvarsområdet til BLD når det gjeld etisk og berekraftig forbruk, er informasjon til forbrukarane. Informasjon om miljømessige, etiske og sosiale aspekt knytte til varer og tenester, gjer det mogleg for forbrukarane å velje dei produkta som belastar miljøet minst mogleg. Medvitne, aktive og godt organiserte forbrukarar kan gjennom etterspurnaden sin påverke næringsdrivande til i større grad å leggje omsyn til berekraft til grunn for investeringar og produksjon.

BLD følgjer ein todelt strategi som går ut på å

  • leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljømessige og etiske aspekt ved forbruket

  • styrkje kunnskapen og engasjementet til forbrukarane på spørsmål knytte til berekraftig forbruk

Informasjon om miljømessige og etiske aspekt ved varer og tenester kan formidlast gjennom til dømes nettbasert informasjon, produkttestar, marknadsføring frå næringslivet, undervising om forbrukstema i skolen og ved positiv miljømerking. I miljømerkinga blir den relevante informasjonen samanfatta i eit symbol (Svanen eller EU-blomen) som gir eit enkelt signal til forbrukaren. Det er eit særleg mål å utvikle vidare og styrkje dei eksisterande offisielle miljømerka, slik at dei kan få enda større gjennomslag i marknaden.

7.1.3 Rapport 2010

Arbeidet med miljømerkeordningane Svanen og EU-blomen blei ført vidare i 2010. BLD løyvde i tillegg særskilde midlar til profilering av dei offisielle miljømerka. Målet var å utvikle desse vidare og gjere dei meir kjende blant folk.

I samarbeid med andre departement gjennomførte BLD i 2010/2011 ei kartlegging av forbrukarretta merkeordningar og bad Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) undersøkje forbrukarane si oppfatning av merkeordningar. Rapporten slår fast at den offentlege merkeordninga Svanen er blant dei mest kjende merka hos forbrukarane. Undersøkinga peiker også på eit behov for å gjere informasjon om dei ulike merkeordningane meir tilgjengeleg for forbrukarane.

Departementet gav i 2010 økonomisk støtte til vidareutvikling og integrering av nettstaden etiskforbruk.no i miljønettstaden til Grønn Hverdag, gronnhverdag.no. Målet er at informasjon om etisk og miljøvennleg forbruk blir formidla saman, slik at medvitne forbrukarar får ei enklare oppgåve når dei leiter etter slik informasjon på nett.

BLD deltok i ei internasjonal arbeidsgruppe som utvikla ein internasjonal standard for organisasjonars samfunnsansvar (ISO 26000). Arbeidet med standarden blei sluttført i 2010.

7.1.4 Tiltak

Departementet vil arbeide for å skape større medvit om miljø- og klimakonsekvensar av forbruksval og av det samla private forbruket, og medverke til å konkretisere kva eit berekraftig forbruk betyr i praksis.

BLD vil arbeide for å vidareutvikle frivillig positiv miljømerking (Svanen og Blomen) som verktøy for eit meir berekraftig forbruksmønster. Målet er at talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden skal auke, og at forbrukarar i større grad spør etter slike.

Det er viktig at næringsdrivande ikkje nyttar miljø- og etikkargumentasjon på uriktig eller villeiande måte i marknadsføringa si. Forbrukarombodet, som forvaltar marknadsføringslova, arbeider for at forbrukarane skal få riktig og relevant informasjon også om etiske og miljømessige forhold ved varer og tenester.

I undervisinga i forbrukaremne i skolen er det viktig å fremme kunnskap om korleis forbruk verkar inn på miljø og klima, og korleis forbrukarane og hushalda kan opptre miljømedvite. BLD gir til dømes støtte til eit breitt internasjonalt nettverk for undervisarar og forskarar (PERL), som mellom anna utviklar undervisingsmateriell og utvekslar kompetanse om berekraftig forbruk og livsstil.

7.2 Barn og unge

7.2.1 Miljøutfordringar

Tilrettelegging og sikring av areal og miljø for leik og aktivitet for barn og unge i byar og tettstader er viktig. Særleg når utbygging skjer som fortetting av allereie etablerte bustadområde, må kommunane ved planlegging og utbygging ta nødvendige omsyn for å sikre barn og unge eit godt oppvekstmiljø, jf. krav i plan- og bygningslova. Utvikling av arenaer og metodar for deltaking og innverknad mellom anna gjennom barne- og ungdomsråd og frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar er ei viktig oppgåve for alle kommunar og fylkeskommunar for at barn og unge skal kunne delta i utforminga av oppvekstmiljøet.

7.2.2 Rapport og resultat

BLD har gjennom tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar stimulert til aktivitet i organisasjonar som har kultur- og miljøengasjement som aktivitet. BLD har òg delteke i Miljøverndepartementets arbeid med oppfølging av Rikspolitiske retningslinjer for å styrke barn og unges interesser i planleggingen (RPR). Eit fleirtal av kommunane og fylkeskommunane driv eit systematisk arbeid for deltaking og innverknad frå barn og ungdom. Mange barn og unge tek del gjennom tilrettelagde prosessar i kommunar og fylke og har høve til å medverke med synspunkt på utviklinga av oppvekstmiljøet.

7.2.3 Mål for arbeidet

BLD vil gjennom arbeidet med å fremme barn og unges rettar, deltaking og innverknad bidra til at det blir lagt stor vekt på det fysiske oppvekstmiljøet for barn og unge i regional og kommunal planlegging.

Viktige mål for BLD er at

  • alle kommunane og fylkeskommunane utviklar gode og varierte oppvekstmiljø

  • kommunane gjer ei samla vurdering av oppvekstmiljøet for barn og unge for å innarbeide mål og tiltak i planarbeidet til kommunane

  • alle barn og unge har høve til å delta for å kunne påverke utviklinga av nærmiljøet

7.2.4 Tiltak

BLD vil medverke til at det blir lagt vekt på barn og unges oppvekstmiljø i regional og kommunal planlegging. Departementet vil føre vidare arbeidet med å fremme barn og unges rettar, deltaking og innverknad, mellom anna gjennom FNs konvensjon om barnerettane, gjennom støtte til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar og gjennom å stimulere til idé- og erfaringsutveksling mellom kommunar. Kommunen som blir kåra til Årets barne- og ungdomskommune, skal vere særskilt god på å gi barn og ungdom reell innverknad på oppvekstmiljøet.

8 Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga

8.1 Forord

Regjeringa rapporterer årleg på 17 konkrete mål for inkludering som omfattar ansvarsområda til åtte departement. Formålet med Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga er å måle effektar av inkluderingspolitikken over tid på dei ulike samfunnsområda og å tydeleggjere for det enkelte sektororganet kva ansvar det har overfor innvandrarbefolkninga. Kvart mål har éin eller fleire indikatorar. Desse skal gi informasjon om utviklinga mot målet. Dei ansvarlege departementa rapporterer, i tråd med prinsippet om sektoransvar, årleg på måloppnåinga i sine eigne budsjettproposisjonar. Dette er det sjuande året på rad at det blir rapportert på måla. Omtala her i Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet sin budsjettproposisjon syner den samla rapporteringa på måloppnåinga.

Det har tidlegare vore varsla at måla for inkludering, indikatorane og kor treffsikre dei er, skulle bli gjennomgått. Dette arbeidet blei sett i gang hausten 2010. Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) fekk oppdraget og leverte ein rapport i februar 2011.

Rapporteringa på Mål for inkludering gir oss eit bilete av utviklinga på integreringsfeltet. Samtidig er det viktig å vere merksam på at rapporteringa på måla ikkje gir eit fullstendig bilete av tilstanden, og at det kan vere fleire årsaker til at situasjonen endrar seg i positiv eller negativ retning. Endringane i samansetjinga av innvandrarbefolkninga, til dømes kor mange som kjem som arbeidsinnvandrarar, og kor mange som er flyktningar, kan vere sentrale faktorar som forklarer endringar i måloppnåing. Det same gjeld kor gamle dei er, og om dei har kort eller lang butid i landet.

Rapporteringa frå dei ansvarlege departementa syner mellom anna desse hovudtrekka:

  • Frå 2005 til 2008 steig sysselsetjinga blant innvandrarar med 6,7 prosentpoeng til 64,2 prosent. Så fallsysselsetjinga til i underkant av 62 prosent i 2009 og har til 2010 vore omtrent uendra. Sysselsetjinga i 2010 var 61,6 prosent. Alle tala er for fjerde kvartal.

  • Auken i arbeidsløyse blant innvandrarar har i store trekk følgt utviklinga i samla arbeidsløyse, men delen arbeidsledige innvandrarar er stadig om lag tre gonger så høg som for befolkninga i alt.

  • I statsadministrasjonen, som omfattar departementa og dei underliggjande etatane, er det ein liten auke i delen tilsette med bakgrunn frå Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika, Oseania unnateke Australia og New Zealand og Europa utanom EU/EØS. Frå 1. oktober 2009 til same dato i 2010 var det ein auke på 0,2 prosentpoeng, til totalt 3,8 prosent.

  • For treårsperioden 1997–1999 auka delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med vedvarande låginntekt. For perioden 2004–2006 var det ein nedgang i delen med låginntekt i desse gruppene, særleg for personar frå Asia, Afrika, Latin-Amerika og Aust-Europa. Delen av innvandrarbefolkninga med låginntekt har halde seg relativt stabil etter dette, med ein liten nedgang i siste treårsperiode, 2007–2009. Delen innvandrarar med vedvarande låginntekt er framleis på eit høgt nivå. Av alle innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre hadde 16 prosent vedvarande låginntekt i perioden 2007–2009 målt ved 50 prosent av medianinntekta (OECD-skala) og 26 prosent målt ved 60 prosent av medianinntekta (EU-skala). Delen innvandrarar med låginntekt fell med aukande butid.

  • Frå 2005 til 2010 auka delen av minoritetsspråklege barn i barnehage frå 54 til 71 prosent. Veksten ser til å flate ut i 2010.

  • Frå 2008 til 2010 auka delen førskolelærarar med innvandrarbakgrunn med eitt prosentpoeng til 5,3 prosent av alle førskolelærarar i barnehagane. Likevel står ikkje delen førskolelærarar med innvandrarbakgrunn i dag i eit rimeleg forhold til delen minoritetsspråklege barn i barnehage, som er på 9,9 prosent.

  • Resultat frå nasjonale prøver i lesing og rekning på 5. og 8. trinn i 2010 og 2009 syner at avstanden mellom elevgruppa som heilskap og elevar med innvandrarbakgrunn har blitt mindre i lesing på begge trinna. I rekning blir òg avstanden noko mindre for 5. trinn, medan trenden går svakt i motsett retning for 8. trinn.

  • Etter nokre år med auke i den delen som kjem til landet som 13- og 16-åringar, og som fullfører og består vidaregåande opplæring, var det ein liten nedgang frå 2009 til 2010. I 2006 var det høvesvis 39 prosent av dei som kom til Noreg som 13-åringar, og 26 prosent av dei som kom til landet som 16-åringar som fullførte og bestod vidaregåande opplæring. I 2010 var desse delane høvesvis 49 og 37 prosent.

  • Delen innvandrarar som var oppe til og bestod avsluttande prøve i norsk etter fem års butid, var noko høgare i 2010 enn i åra 2004–2007, men lågare enn delen som var oppe til og bestod avsluttande prøve i norsk i 2008 og 2009.

  • Ingen innvandrargrupper hadde signifikant høgare dødsrate enn dei som er fødde i Noreg. Dette gjaldt både for kvinner og menn.

  • Delen tilsette med innvandrarbakgrunn i politi- og påtalemakta auka frå 2 prosent i 2005 til 3,4 prosent i 2010. I retts- og fengselsstellet auka delen tilsette med innvandrarbakgrunn frå 2,2 prosent i 2005 til 2,9 prosent i 2010.

  • Innvandrarar er ikkje ei spesifikk målgruppe i bustøtta, men er ofte overrepresenterte i grupper som får bustøtte. Talet på barnefamiliar i ordninga har auka med 15 prosent frå juni 2009 til 2011. Samtidig kan ein sjå at norskfødde med innvandrarforeldre utgjer ein svært liten del av mottakarane av bustøtte.

8.2 Samla oversikt over måla og dei ansvarlege departementa

8.2.1 Arbeid og velferd (Arbeidsdepartementet)

  • Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre får i aukande grad tilknyting til arbeidsmarknaden, kontrollert for forholda i arbeidsmarknaden.

  • Delen innvandrarar med vedvarande låginntekt skal minke ned mot nivået for befolkninga generelt.

8.2.2 Staten som arbeidsgivar (Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet)

  • Delen personar med innvandrarbakgrunn blant tilsette i staten skal auke.

8.2.3 Utdanning og oppvekst (Kunnskapsdepartementet)

  • Talet på barn med innvandrarbakgrunn som går i barnehage aukar.

  • Medverke til å få fleire førskolelærarar med innvandrarbakgrunn.

  • Barn og unge med innvandrarbakgrunn skal beherske norsk språk så tidleg som mogleg i skolegangen for å sikre eit godt læringsutbytte.

  • Delen norskfødde med innvandrarforeldre som fullfører vidaregåande opplæring skal tilsvare delen for befolkninga totalt.

  • Delen innvandrarar som kom til landet i ungdomsskole- eller vidaregåande alder, og som fullfører vidaregåande opplæring, skal auke.

  • Delen tilsette i grunnskolen og vidaregåande opplæring med innvandrarbakgrunn skal auke.

8.2.4 Språk og barnevern (Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet)

  • Vaksne innvandrarar skal lære tilstrekkeleg norsk til å fungere i samfunnet i løpet av dei første fem åra dei bur i landet.

  • Medverke til å auke delen tilsette med innvandrarbakgrunn i barnevernstenesta.

8.2.5 Helse og omsorg (Helse- og omsorgsdepartementet)

  • Helseforskjellane mellom etniske grupper skal reduserast.

8.2.6 Politi, kriminalomsorg og rettsvesen (Justis- og politidepartementet)

  • Ein skal sikte mot ein auke i delen tilsette med innvandrarbakgrunn i politi- og påtalemakta og i kriminalomsorga.

  • Ein skal arbeide for å auke delen lekdommarar med innvandrarbakgrunn.

8.2.7 Bustad og val (Kommunal- og regionaldepartementet)

  • Innvandrarar skal sikrast trygge butilhøve og unngå utstøyting i bustadmarknadene.

  • Delen personar med innvandrarbakgrunn og stemmerett som deltek ved kommunestyreval, fylkestingsval og stortingsval skal tilsvare valoppslutninga samla.

8.2.8 Kultur og media (Kulturdepartementet)

  • Auka deltaking og auka del aktive utøvarar med innvandrarbakgrunn innan kultur- og mediesektoren.

8.3 Arbeid og velferd

8.3.1 Mål

Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre får i aukande grad tilknyting til arbeidsmarknaden, kontrollert for forholda i arbeidsmarknaden.

Indikatorar

  • delen sysselsette innvandrarar

  • delen tiltaksdeltakarar som er innvandrarar, samanlikna med delen innvandrarar blant registrerte ledige

  • delen arbeidsledige norskfødde med innvandrarforeldre, samanlikna med innvandrarar og befolkninga totalt

  • delen sysselsette norskfødde med innvandrarforeldre, samanlikna med innvandrarar og befolkninga totalt

  • delen sysselsette innvandrarar med heiltidsstilling

  • delen sysselsette innvandrarar med deltidsstilling

Regjeringa har som mål å få fleire personar med innvandrarbakgrunn i arbeid. Fram til våren 2009 var situasjonen på arbeidsmarknaden prega av ein sterk nedgangskonjunktur både i Noreg og internasjonalt, og arbeidsløysa steig raskt ein periode. Sidan sommaren 2009 har det vore vekst i norsk økonomi. Talet på sysselsette er på veg opp, og arbeidsløysa har begynt å falle. Etter sommaren 2008 til 4. kvartal 2010 har likevel delen av befolkninga 15–74 år som er sysselsett, blitt redusert frå 72,4 til 69,1 prosent. Noko av nedgangen i sysselsetjingsraten må sjåast i samanheng med at det er blitt ein større del eldre blant personar i arbeidsdyktig alder. Trass i aukande arbeidsløyse og avgang frå arbeidsstyrken under finanskrisa i 2008 og 2009 har Noreg framleis ein stor del av befolkninga sysselsett. Det er viktig å utnytte dagens moderate oppgangskonjunktur til å redusere arbeidsløysa for innvandrarar, jf. del II, resultatområde 2, delmål 1 i Prop. 1 S (2011–2012) for Arbeidsdepartementet.

Status

Frå 4. kvartal 2005 fram til 4. kvartal 2008 steig sysselsetjinga blant innvandrarar frå 57,5 prosent til 64,2 prosent. Så fall sysselsetjinga til 61,7 prosent i 4. kvartal 2009. Til året etter var sysselsetjinga blant innvandrarar omtrent uendra. Sysselsetjinga 4. kvartal 2010 var 61,6 prosent. Målt i talet på personar auka sysselsetjinga med 24 000 blant innvandrarar frå 2009 til 2010. Fordi innvandrarbefolkninga også auka, var delen sysselsette likevel nesten uendra. Det er personar med bakgrunn frå EU-land i Aust-Europa som har hatt den største auken i talet på sysselsette frå 4. kvartal 2009 til 4. kvartal 2010.

Den auka arbeidsløysa blant innvandrarar har i store trekk følgt utviklinga i samla arbeidsløyse. Frå 4. kvartal 2009 til 4. kvartal 2010 auka arbeidsløysa for innvandrarar frå 6,6 til 7,1 prosent. Arbeidsløysa i denne gruppa blir påverka av konjunkturar omtrent som for andre arbeidstakarar, og delen arbeidsledige innvandrarar er stadig om lag tre gonger så høg som for befolkninga i alt. Arbeidsløysa har auka klart mest blant personar frå EU-land i Aust-Europa sidan våren 2008. Ein viktig grunn til dette er at mange av desse arbeidde i bygg og anlegg og industri.

Ved utgangen av mai 2011 utgjorde innvandrarane 41,1 prosent av dei ordinære tiltaksdeltakarane. Til samanlikning utgjorde dei 31,3 prosent av alle registrerte arbeidsledige. Norskfødde med innvandrarforeldre har stadig lågare arbeidsløyse enn innvandrarar, men høgare arbeidsløyse enn befolkninga i alt. Delen sysselsette norskfødde med innvandrarforeldre er lågare enn for innvandrarar og blei redusert frå 2009 til 2010. At sysselsetjingsdelen for denne gruppa er lågare enn for innvandrarar kan ha samanheng med at mange norskfødde med innvandrarforeldre er unge og går på skole. Blant sysselsette innvandrarar arbeidde 69,7 prosent heiltid per 4. kvartal 2010, medan 30,3 prosent arbeidde deltid. I befolkninga i alt var 71,4 prosent registrerte med heiltidsarbeid, medan 28,6 prosent arbeidde deltid. For nærmare omtale av indikatorane blir det vist til del I, punkt 3.2 Arbeidsmarknaden i Prop. 1 S (2011–2012) for Arbeidsdepartementet.

Tabell 8.1 Arbeidsløyse, sysselsetjing og tiltaksdeltaking i innvandrarbefolkninga. Prosent

Indikator

4. kvartal 2009

4. kvartal 2010

Delen sysselsette innvandrarar

61,7 Menn: 65,9 Kvinner 57,1

61,6 Menn: 65,8 Kvinner: 57,1

Delen tiltaksdeltakarar som er innvandrarar, samanlikna med delen innvandrarar blant registrerte ledige

37,5 (27,7 prosent av reg. ledige)

41,5 (30,3 prosent av reg. ledige)

Delen arbeidsledige norskfødde med innvandrarforeldre, samanlikna med innvandrarar og befolkninga totalt

4,7 (innvandrarar 6,6 og befolkninga totalt 2,5)

5,0 (innvandrarar 7,1 og befolkninga totalt 2,7)

Delen sysselsette norskfødde med innvandrarforeldre, samanlikna med innvandrarar (sjå over) og befolkninga totalt

53,6 (befolkninga totalt 69,7)

53,0 (befolkninga totalt 69,1)

Delen sysselsette innvandrarar med heiltidsstilling

71,4 Menn: 80,4 Kvinner: 60,2

69,7 Menn: 78,5 Kvinner: 58,7

Delen sysselsette innvandrarar med deltidsstilling

28,6 Menn: 19,6 Kvinner: 39,9

30,3 Menn: 21,6 Kvinner: 41,3

Kjelde: SSB

8.3.2 Mål

Delen innvandrarar med vedvarande låginntekt skal minke ned mot nivået for befolkninga generelt.

Indikatorar

  • delen innvandrarar med vedvarande låginntekt samanlikna med befolkninga sett under eitt

  • delen barn under 18 år med innvandrarbakgrunn som lever i husstandar med vedvarande låginntekt, samanlikna med alle barn

Innvandrarar, og særleg innvandrarar med landbakgrunn frå Asia, Afrika, Latin-Amerika og Aust-Europa, er betydeleg overrepresenterte i fleire typiske låginntektsgrupper, slik som unge, einslege, einslege forsørgjarar, par med små barn og familiar med tre eller fleire barn. Dette må ein sjå i lys av at sysselsetjinga blant innvandrarar frå dei nemnde gruppene er vesentleg lågare enn for befolkninga elles. Det er òg store skilnader i låginntekt etter innvandringsland, migrasjonsårsak og butid.

Status

Sidan første periode med måling av vedvarande låginntekt1 (1997–1999) auka delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med vedvarande låginntekt fram til treårsperioden 2003–2005. For perioden 2004–2006 var det ein nedgang i delen med låginntekt i desse gruppene, særleg for personar frå Asia, Afrika, Latin-Amerika og Aust-Europa. Delen av innvandrarbefolkninga med låginntekt har halde seg relativt stabil etter dette, med ein liten nedgang i siste treårsperiode (2007–2009). Målt ved 50 prosent av medianinntekta (OECD-skala) var 16 prosent av alle innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre registrerte med vedvarande låginntekt i treårsperioden 2007–2009, medan delen for personar med landbakgrunn frå Asia, Afrika, Latin-Amerika og Aust-Europa var 19 prosent. Tilsvarande del målt ved 60 prosent av medianinntekta (EU-skala) var høvesvis 26 og 30 prosent. Delen med vedvarande låginntekt i befolkninga som heilskap i perioden 2007–2009 var 3,3 prosent (50 prosent av medianinntekta, OECD-skala) og 8,1 prosent (60 prosent av medianinntekta, EU-skala). Nedgangen i delen innvandrarar med låginntekt i dei seinare åra har funne stad samtidig som delen av befolkninga som heilskap har vore relativt stabil. Innvandrarar har i dei seinare åra hatt ei god og til dels betre inntektsutvikling samanlikna med befolkninga som heilskap. Delen innvandrarar med vedvarande låginntekt er framleis på eit høgt nivå. Da personar med innvandrarbakgrunn utgjer ein større del av befolkninga, aukar jamvel talet på innvandrarar med låginntekt.

Delen innvandrarar med låginntekt fell med aukande butid. For innvandrarar med ei butid i Noreg på tre år hadde 40 prosent låginntekt i 2008. Delen med låginntekt fall til 31 prosent for dei med butid på mellom fire og ni år og til 19 prosent for alle som hadde budd i landet i 10 år eller meir. Blant innvandrarar med landbakgrunn frå mellom anna Tyrkia, Pakistan, Irak og Somalia har ein høg del låginntekt sjølv etter 10 års butid i landet.

Figur 8.1 Personar med vedvarande låginntekt (OECD-definisjon). Prosent

Figur 8.1 Personar med vedvarande låginntekt (OECD-definisjon). Prosent

Kjelde: SSB

Figur 8.2 Personar med vedvarande låginntekt (EU-definisjon). Prosent

Figur 8.2 Personar med vedvarande låginntekt (EU-definisjon). Prosent

Kjelde: SSB

Barn med innvandrarbakgrunn er overrepresenterte i låginntektsgruppa. Dette har samanheng med ein kombinasjon av svak tilknyting til arbeidsmarknaden hos foreldra og barnerike familiar. Om lag fire av ti barn i hushald med låginntekt har innvandrarbakgrunn. Delen barn med innvandrarbakgrunn i hushald med låginntekt har gått ned i siste treårsperiode (2007–2009). Ettersom innvandrarbefolkninga aukar, aukar jamvel talet på barn med innvandrarbakgrunn i husstandar med låginntekt. I treårsperioden 2007–2009 levde 27 prosent av barn under 18 år med innvandrarbakgrunn i husstandar med vedvarande låginntekt målt ved 50 prosent av medianinntekta (OECD-skala). Dette tilsvarer om lag 24 000 barn. Målt ved 60 prosent av medianinntekta (EU-skala) levde 36 prosent av barna med innvandrarbakgrunn i husstandar med låginntekt. Dette tilsvarer om lag 32 000 barn. Delen barn i familiar med bakgrunn frå Asia, Afrika, Latin-Amerika og Aust-Europa i husstandar med låginntekt er enda noko høgare. Til samanlikning høyrte høvesvis 5,0 og 7,7 prosent av alle barn til husstandar med vedvarande låginntekt i same periode.

Figur 8.3 Barn under 18 år som lever i husstandar med vedvarande låginntekt (OECD-definisjon). Prosent

Figur 8.3 Barn under 18 år som lever i husstandar med vedvarande låginntekt (OECD-definisjon). Prosent

Kjelde: SSB

Figur 8.4 Barn under 18 år som lever i husstandar med vedvarande låginntekt (EU-definisjon). Prosent

Figur 8.4 Barn under 18 år som lever i husstandar med vedvarande låginntekt (EU-definisjon). Prosent

Kjelde: SSB

Blant innvandrarbefolkninga er det ein noko høgare del menn enn kvinner med vedvarande låginntekt. Dette gjeld for begge målemetodane for låginntekt. Sett for befolkninga under eitt har ein noko høgare del kvinner låginntekt når grensa for låginntekt blir sett til 60 prosent av medianinntekta (EU-skala), medan det er ein marginalt høgare del av menn med låginntekt ved 50 prosent av medianinntekta (OECD-skala). Nedgangen i delen med låginntekt i innvandrarbefolkninga i siste treårsperiode (2007–2009) har funne sted både hos kvinner og menn.

Låginntekt heng i stor grad saman med manglande eller lita tilknyting til arbeidslivet. Delen personar som tilhøyrer ein husstand utan nokon yrkestilknytte, er høgare i innvandrarbefolkninga, og spesielt blant innvandrarar frå Asia, Afrika, Latin-Amerika og Aust-Europa, enn i befolkninga som heilskap. Sjå rapportering på målet om tilknyting til arbeidsmarknaden.

Sentrale innsatsområde i handlingsplanen mot fattigdom er tiltak for at det skal vere mogleg for alle å kome i arbeid, tiltak for at alle barn og unge skal kunne delta og utvikle seg, og tiltak for å betre levekåra for dei mest vanskelegstilte. Innvandrarar og barn i innvandrarhusstandar er blant målgruppene for innsatsen. Sjå omtale av innsatsen mot fattigdom i Prop. 1 S (2011–2012) for Arbeidsdepartementet.

8.4 Staten som arbeidsgivar

8.4.1 Mål

Delen personar med innvandrarbakgrunn blant tilsette i staten skal auke.

Indikatorar

  • delen personar med bakgrunn frå Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika, Oseania unnateke Australia og New Zealand og Europa utanom EU/EØS2 som er tilsette i statsadministrasjonen

  • delen personar med innvandrarbakgrunn tilsette i statleg heileigde verksemder

Staten som arbeidsgivar har eit særleg ansvar for å gå føre som eit godt døme ved å auke delen av dei tilsette i staten som har innvandrarbakgrunn. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for større mangfald i forvaltinga. Det er også viktig for staten sin legitimitet at forvaltinga så langt som mogleg speglar mangfaldet i befolkninga. Elles viser ein til Prop. 1 S (2011–2012) kap. 1500 for Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Status

Det er ein auke i delen tilsette med bakgrunn frå landgruppe 2 i statsadministrasjonen. Statsadministrasjonen omfattar departementa og dei underliggjande etatane. Per 1. oktober 2010 var det 3,8 prosent blant dei tilsette som hadde ein slik bakgrunn. Dette er ein auke frå 1. oktober 2009, da det tilsvarande talet var 3,6 prosent. Per 1. oktober 2010 var det blant dei tilsette 3,9 prosent kvinner og 3,8 prosent menn frå landgruppe 2.

Tabell 8.2 Tilsette med bakgrunn frå landgruppe 2 i statsadministrasjonen. Prosent

2008

2009

2010

Samla tal for departementsområda

3,2

3,6

3,8

Kjelde: SSB, arbeidsmarknadsstatistikk

Som i tidlegare år var det i 2010 store variasjonar mellom departementsområda når det gjeld kor stor del av dei tilsette som hadde bakgrunn frå landgruppe 2. SSB har justert tala for 2009 i samband med oppdatering av opplysningane. At Arbeidsdepartementet har hatt ei negativ utvikling sidan 2009, kan mellom anna ha si årsak i at integreringsområdet i 2010 blei flytt frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. I BLD auka delen av dei tilsette med bakgrunn frå landgruppe 2 frå 2,9 til 4,0 i same periode.

Tabell 8.3 Departementsområda med høgast del av dei tilsette med bakgrunn frå landgruppe 2, 4. kvartal 2009 og 4. kvartal 2010. Prosent

Departement

2009

2010

Kunnskapsdepartementet

6,3

6,8

Helse- og omsorgsdepartementet

5,1

5,4

Arbeidsdepartementet

5,1

4,4

Kjelde: SSB, arbeidsmarknadsstatistikk

Tabell 8.4 Departementsområda med høgast del av dei tilsette med bakgrunn frå landgruppe 2 (menn), 1. oktober 2010. Prosent

Departement

2010

Kunnskapsdepartementet

8,1

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

6,2

Helse- og omsorgsdepartementet

5,9

Kjelde: SSB

Tabell 8.5 Departementsområda med høgast del av dei tilsette med bakgrunn frå landgruppe 2 (kvinner), 1. oktober 2010. Prosent

Departement

2010

Kunnskapsdepartementet

5,6

Helse- og omsorgsdepartementet

5,2

Kommunal- og regionaldepartementet

4,4

Kjelde: SSB

Tabell 8.6 Departementsområda med lågast del av dei tilsette med bakgrunn frå landgruppe 2, 4. kvartal 2009 og 4. kvartal 2010. Prosent

Departement

2009

2010

Forsvarsdepartementet

0,9

0,9

Utanriksdepartementet

1,7

1,8

Miljøverndepartementet

1,9

2,0

Samferdselsdepartementet

1,7

2,0

Kjelde: SSB, arbeidsmarknadsstatistikk

Av dei 33 191 tilsette i dei heileigde statlege føretaka hadde 2 976 innvandrarbakgrunn i 4. kvartal 2010. Dette er ein auke frå 8,4 prosent i 4. kvartal 2009 til 9 prosent i 4. kvartal 2010. Som det går fram av tabellen under, har delen tilsette med innvandrarbakgrunn i dei heileigde verksemdene auka med 3,3 prosentpoeng sidan 2004.

Tabell 8.7 Tilsette med innvandrarbakgrunn i statsforvaltinga* og i heileigde statlege føretak. Prosent

2004

2005

2006

2007

2008

2009

2010

Kvinner (2010)

Menn (2010)

Statleg forvalting

6,5

6,8

7,0

7,5

8,1

8,5

8,9

5,2

3,7

– derav helseføretak

8,3

8,6

8,9

9,3

9,6

10,2

10,5

7,1

3,4

Heileigde statlege føretak

5,7

6,0

6,2

7,4

8,0

8,4

9,0

3,2

5,7

* Statsforvaltninga er avgrensa til den institusjonelle sektoren statsforvaltninga. Dette omfattar mellom anna departement, direktorat, tilsyn, Forsvaret, politi og rettsvesen, samt andre verksemder som hovudsakeleg finansierast og kontrollerast av staten. Eksempel på verksemder i sistnemnde gruppe er helseføretak, universitet og høgskolar.

Kjelde: SSB, registerbasert sysselsettingsstatistikk

Dei 25 heileigde statlege føretaka skil seg frå kvarandre både når det gjeld kva marknad dei opererer i, og når det gjeld storleik. Talet på tilsette varierer frå Posten Noreg med meir enn 20 000 tilsette til Staur Gard AS med tre tilsette. Delen av tilsette med innvandrarbakgrunn varierer frå null til 28 prosent i Norfund. Tal frå SSB frå 4. kvartal 2009 (baserte på tal frå 18 av dei 25 føretaka) syner at fire av føretaka står for 90 prosent av den totale delen tilsette med innvandrarbakgrunn i heileigde statlege føretak: Posten Noreg AS med dotterselskap (72 prosent), NSB AS med dotterselskap (10 prosent), NRK AS (5 prosent) og Vinmonopolet AS (4 prosent).

8.5 Utdanning og oppvekst

8.5.1 Mål

Talet på barn med innvandrarbakgrunn som går i barnehagar aukar.

Indikator

  • delen minoritetsspråklege barn i barnehage samanlikna med delen barn i barnehage samla

Minoritetsspråklege barn3 kan ha særskilde språklege utfordringar fordi dei lærer seg både morsmålet sitt og norsk. Språkleg forståing opnar for sosiale fellesskap, og barnehagen er derfor ein viktig integrerings- og språkopplæringsarena for minoritetsspråklege barn i førskolealder. Målretta språkstimuleringstiltak i førskolealder vil kunne bidra til ein betre skolestart for barn som ikkje har norsk som morsmål, og vil på lengre sikt kunne auke barna si deltaking på alle samfunnsarenaer. Sjå Prop. 1 S (2011–2012) for Kunnskapsdepartementet, Del III, 7 Ressursar i barnehagesektoren.

Status

I 2010 var det 27 455 barn med minoritetsspråkleg bakgrunn i barnehage. Dette er ein auke på knapt 2 400 minoritetsspråklege barn sidan 2009.

Ved utgangen av 2010 hadde om lag 71 prosent av alle minoritetsspråklege barn i aldersgruppa eitt til fem år barnehageplass. På same tidspunkt hadde om lag 89 prosent av alle barn i aldersgruppa barnehageplass.

Tabell 8.8 Delen minoritetsspråklege barn i barnehage og delen barn i barnehage av befolkninga totalt 2008–2010. Prosent

2008

2009

2010

Minoritetsspråklege barn

Barn totalt

Minoritetsspråklege barn

Barn totalt

Minoritetsspråklege barn

Barn totalt

1-åringar

30

66

33

69

34

70

2-åringar

48

84

55

86

56

87

3-åringar

76

94

81

95

84

95

4-åringar

91

96

92

97

92

97

5-åringar

93

97

95

97

94

97

1–5 år

67

87

71

89

71

89

Kjelde: SSB og Kunnskapsdepartementet

Det har vore ein auke i talet på minoritetsspråklege barn i barnehage dei seinare åra. Frå 2008 til 2009 auka delen av minoritetsspråklege barn i barnehage med 4 prosentpoeng, frå 67 til 71 prosent. Tilsvarande del var 54 prosent for 2005. I 2010 ser veksten ut til å flate ut. For femåringar er delen minoritetsspråklege barn med plass i barnehage 94 prosent og for fireåringar 92 prosent i 2010, om lag det same som året før. Talet for deltaking i barnehage for alle barn i desse aldersgruppene er 97 prosent. Delen minoritetsspråklege barn i alderen eitt til to år i barnehage er framleis låg (34 og 56 prosent, mot høvesvis 70 og 87 prosent av alle eitt- og toåringane), men delen er aukande samanlikna med i 2009, med ein vekst på eitt prosentpoeng i kvar aldersgruppe.

8.5.2 Mål

Medverke til å få fleire førskolelærarar med innvandrarbakgrunn.

Indikatorar

  • delen førskolelærarar med innvandrarbakgrunn som arbeider i barnehagane

  • delen studentar med innvandrarbakgrunn under utdanning for å bli førskolelærarar

Personalet i barnehagen har ei viktig rolle som førebilete for barna, og kultur- og verdiformidling i barnehagen skjer i vesentleg grad gjennom personalet. Personalet i barnehagen bør derfor representere det same mangfaldet som barna, både når det gjeld landbakgrunn og kjønn. Sjå Prop. 1 S (2011–2012) for Kunnskapsdepartementet, Del III, 7 Ressursar i barnehagesektoren.

Status

Ved utgangen av 2010 var det 1 515 førskolelærarar med innvandrarbakgrunn med jobb i barnehage, mot 1 148 i 2009. I 2010 utgjorde dette 5,3 prosent av alle førskolelærarane i barnehagane, og dette er ein auke på eitt prosentpoeng sidan 2008.

Hausten 2010 hadde 6,9 prosent av studentane i førskolelærarutdanninga innvandrarbakgrunn. Det er ein oppgang frå 6,1 prosent i 2009. Talet på studentar med innvandrarbakgrunn auka frå 431 i 2009 til 520 i 2010. Sidan 2007 har talet på menn med innvandrarbakgrunn i førskolelærarutdanninga halde seg stabilt på om lag 65 årleg, det vil seie 1 prosent av alle førskolelærarstudentane.

Tabell 8.9 Førskolelærarar med innvandrarbakgrunn som arbeider i barnehage fordelte på kjønn, 2008–2010. Absolutte tal og prosent

2008

2009

2010

Tal

Prosent

Tal

Prosent

Tal

Prosent

Totalt

1 132

4,3

1 348

4,9

1 515

5,3

Delen menn

104

0,4

107

0,4

124

0,4

Kjelde: SSB

I dag står ikkje delen førskolelærarar med innvandrarbakgrunn i eit rimeleg forhold til delen minoritetsspråklege barn i barnehage, som er på 9,9 prosent. Dei siste åra har det vore ein svak auke i delen førskolelærarar med innvandrarbakgrunn. Det er òg ei positiv utvikling i rekrutteringa til førskolelærarutdanninga. Dagens del på 6,9 prosent er meir enn ei dobling av delen frå 2000, da 2,9 prosent av førskolelærarstudentane hadde innvandrarbakgrunn.

8.5.3 Mål

Barn og unge med innvandrarbakgrunn skal beherske norsk språk så tidleg som mogleg i skolegangen for å sikre eit godt læringsutbytte.

Indikatorar

  • delen barn og unge med innvandrarbakgrunn som får særskild norskopplæring

  • resultat frå nasjonale prøver i lesing og rekning på 5. og 8. trinn for barn med innvandrarbakgrunn, samanlikna med elevgruppa som heilskap

Status

Av i alt 615 973 elevar i grunnskolen skoleåret 2010–2011 fekk 44 080 elevar særskild norskopplæring. Det tilsvarer 7,2 prosent av elevane, jf. tabellen under. Den delen av elevane som får særskild norskopplæring, har auka dei siste seks åra. Dette er ein naturleg konsekvens av at netto innvandring har blitt meir enn dobla dei siste seks åra. Spesielt er det innvandring frå andre europeiske land som har auka. Den delen som får særskild norskopplæring, er minkande med stigande klassetrinn, frå 9 prosent av elevane på 1. trinn til 5,2 prosent av elevane på 10. trinn. Dette indikerer at mange av elevane går over til ordinær norskopplæring i løpet av grunnskolen, då talet på elevar med innvandrarbakgrunn er jamt fordelt på dei ulike trinna.

Tabell 8.10 Elevar som får særskild norskopplæring i grunnskolen. Absolutte tal og prosent

Skoleår

2005–2006

2006–2007

2007–2008

2008–2009

2009–2010

2010–2011

Prosent

6,0

6,5

6,5

6,7

6,8

7,2

Tal

37 556

40 152

40 017

41 024

41 674

44 080

Kjelde: Grunnskolens informasjonssystem (GSI)

Som tabellen under syner, fekk om lag 63 prosent av elevane med innvandrarbakgrunn i grunnskolen særskild norskopplæring skoleåret 2010–2011. Denne delen har minka med 10 prosentpoeng dei siste to åra. Nedgangen i den delen av elevar med innvandrarbakgrunn som får særskild norskopplæring, kan vere relatert til ei endring i elevsamansetjinga, mellom anna at fleire elevar er fødde i Noreg. Vidare har det dei siste åra relativt sett vore størst auke av innvandrarar i aldersgruppa 6–15 år frå Aust-Europa. Andre årsaker kan også spele inn. Fleire foreldre sender barna sine i barnehage enn tidlegare.

Tabell 8.11 Delen elevar som får særskild norskopplæring av elevane med innvandrarbakgrunn. Prosent

Skoleår

2005–2006

2006–2007

2007–2008

2008–2009

2009–2010

2010–2011

Del

75

71

71

73

69

63

Kjelde: Grunnskolens informasjonssystem (GSI) og SSB

Nasjonale prøver i lesing, rekning og engelsk blir gjennomførte for alle elevane på 5. og 8. trinn (og på 9. trinn i lesing og rekning i 2010). Elevane skal fordelast på tre og fem nivå for høvesvis 5. og 8. trinn. Nivåa set ein etter korleis elevane fordeler seg på nasjonalt nivå. Det går med andre ord føre seg ei standardisering der ein fast del av elevane skal liggje innanfor gitte delar. Meistringsnivå 1 tilsvarer eit lågt meistringsnivå, og ca. 25 prosent av elevane på 5. trinn skal liggje på dette nivået. For 8. trinn skal ca. 30 prosent av elevane liggje på meistringsnivå 1 og 2.

Resultata frå prøvene syner at innvandrarar har den største delen elevar med dei svakaste prestasjonane, deretter følgjer norskfødde med innvandrarforeldre. Elevgruppa som heilskap har den største delen elevar på høgaste meistringsnivå og langt færre enn dei med innvandrarbakgrunn på lågaste meistringsnivå. Ulikskapen mellom elevar med innvandrarbakgrunn og elevgruppa som heilskap er større på 8. trinn enn han er på 5. trinn, og større i lesing enn i rekning. Totalt sett har avstanden mellom elevgruppa som heilskap og elevar med innvandrarbakgrunn blitt mindre i lesing på begge trinna, da færre elevar med innvandrarbakgrunn ligg på dei lågaste meistringsnivåa i 2010 samanlikna med 2009. I rekning blir også avstanden noko mindre for 5. trinn, medan trenden går svakt i motsett retning for 8. trinn.

Det er veldokumentert at språket og den sosiale bakgrunnen til elevane har mykje å seie for ulikskap i læringsutbytte mellom majoritets- og minoritetselevar (sjå for eksempel Opheim, Grøgaard og Næss 20104). Ein del av prestasjonsforskjellane mellom elevar med og utan innvandrarbakgrunn reflekterer at elevar med innvandrarbakgrunn i gjennomsnitt har foreldre med lågare utdanning og inntekt enn gjennomsnittet av elevar utan innvandrarbakgrunn.

Figur 8.5 Fordelinga av elevane på tre meistringsnivå på dei nasjonale prøvene i lesing på 5. trinn etter innvandrarbakgrunn i 2009 og 2010. Prosent

Figur 8.5 Fordelinga av elevane på tre meistringsnivå på dei nasjonale prøvene i lesing på 5. trinn etter innvandrarbakgrunn i 2009 og 2010. Prosent

Kjelde: SSB

Figur 8.6 Fordelinga av elevane på tre meistringsnivå på dei nasjonale prøvene i rekning på 5. trinn etter innvandrarbakgrunn i 2009 og 2010.  Prosent

Figur 8.6 Fordelinga av elevane på tre meistringsnivå på dei nasjonale prøvene i rekning på 5. trinn etter innvandrarbakgrunn i 2009 og 2010. Prosent

Kjelde: SSB

Figurane over syner at ein mindre del av innvandrarelevane presterer på det lågaste nivået i lesing og rekning i 2010 samanlikna med 2009. For elevgruppa som heilskap er det derimot ein liten auke i delen som presterer på det lågaste nivået.

Figur 8.7 Fordelinga av elevane på fem meistringsnivå på dei nasjonale prøvene i lesing på  8. trinn etter innvandrarbakgrunn i 2009 og 2010. Prosent

Figur 8.7 Fordelinga av elevane på fem meistringsnivå på dei nasjonale prøvene i lesing på 8. trinn etter innvandrarbakgrunn i 2009 og 2010. Prosent

Kjelde: SSB

Figur 8.8 Fordelinga av elevane på fem meistringsnivå på dei nasjonale prøvene i rekning på  8. trinn etter innvandrarbakgrunn i 2009 og 2010. Prosent

Figur 8.8 Fordelinga av elevane på fem meistringsnivå på dei nasjonale prøvene i rekning på 8. trinn etter innvandrarbakgrunn i 2009 og 2010. Prosent

Kjelde: SSB

Figurane over syner at for lesing er det ein mindre del av elevane med innvandrarbakgrunn som presterer på nivå 1 og 2 i 2010 enn i 2009. Det same er ikkje tilfellet for den samla elevgruppa. For rekning er det ein svak auke i den delen av elevane med innvandrarbakgrunn som presterer på nivå 1 og 2.

8.5.4 Mål

Delen norskfødde med innvandrarforeldre som fullfører vidaregåande opplæring, skal tilsvare delen for befolkninga totalt.

Indikatorar

  • delen norskfødde med innvandrarforeldre med direkte overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring, samanlikna med årskullet som heilskap

  • delen norskfødde med innvandrarforeldre som oppnår full yrkes- eller studiekompetanse i løpet av fem år etter avslutta grunnskole, samanlikna med årskullet som heilskap

Regjeringa har som mål at flest mogleg fullfører vidaregåande opplæring, da dette minkar sannsynet for fattigdom og marginalisering seinare i livet.

Status

Tabellen under syner at forskjellen mellom norskfødde med innvandrarforeldre og elevgruppa som heilskap har vore svært stabil dei siste fem åra. For skoleåret 2010–2011 er delen norskfødde med innvandrarforeldre med direkte overgang til vidaregåande opplæring litt høgare enn for elevgruppa som heilskap.

Tabell 8.12 Direkte overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring. Delen av innvandrarar, norskfødde med innvandrarforeldre og heile elevgruppa. Prosent

Avslutta grunnskole

Innvandrarar

Norskfødde med innvandrarforeldre

Alle elevar

2004–2005

*

95

97

2005–2006

*

97

97

2006–2007

83

97

96

2007–2008

80

96

96

2008–2009

80

96

97

2009–2010

77

97

96

*Tal på delen innvandrarar for 2004–2005 og 2005–2006 er ikkje med.

Kjelde: SSB

Tabellen under syner at forskjellen mellom norskfødde med innvandrarforeldre og befolkninga totalt når det gjeld kor mange som består vidaregåande i løpet av fem år, aukar med 2 prosentpoeng frå 2004 til 2005. Delen norskfødde med innvandrarforeldre som fullfører, har vore stabil dei siste tre åra. Årsaka til oppgangen for elevgruppa som heilskap er at det er fleire som gjennomfører til normert tid samanlikna med året før.

Tabell 8.13 Delen som avslutta grunnskolen våren 2000, 2002, 2004 og 2005, og som fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem år. Prosent

Fullført og bestått

Avslutta grunnskole

Norskfødde med innvandrarforeldre

Alle elevar

1999–2000

64

69

2001–2002

66

67

2003–2004

66

67

2004–2005

66

69

Kjelde: SSB

8.5.5 Mål

Delen innvandrarar som kom til landet i ungdomsskole- eller vidaregåande alder, og som fullfører vidaregåande opplæring, skal auke.

Indikator

  • delen innvandrarar som kom til landet som 13- og 16- åringar, og som fullfører og består vidaregåande opplæring innan dei fyller 30 år

Status

Dei fleste elevane i grunnskolen som har innvandra, har kome hit etter skolestart. På grunn av manglande innsamling av informasjon om kva for skolegang dei har frå før, er det vanskeleg å seie i kor stor grad dei har mist grunnskoleopplæring. Ungdommar som kjem til Noreg etter å ha fylt 16 år, har rett til grunnskoleopplæring for vaksne. Rundt kvar fjerde 18-åring som er innvandrar med bakgrunn frå Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika, Oseania unnateke Australia og New Zealand og Europa utanom EU/EØS, ca. 500 i kvart årskull, går ikkje i vidaregåande opplæring og har heller ikkje fullført grunnskole. Det er ukjent om desse ungdommane faktisk ikkje har fullført nokon grunnskole, eller om det er registreringa som manglar.

Tabell 8.14 Gjennomsnittleg del innvandrarar som har fullført og bestått vidaregåande opplæring i alderen 20–30 år, og som kom til Noreg da dei var 13 og 16 år. Prosent

Alder da dei kom til Noreg

20–30 år

13 år

16 år

2006

39

26

2007

46

32

2008

50

30

2009

51*

39*

2010

49

37

* I rapporteringa på Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga i Del III i Prop. 1 S (2010–2011) for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet var desse verdiane høvesvis 50 og 36. Dette kjem av feil som no er retta opp.

Kjelde: SSB

Den delen av dei som fullfører og består vidaregåande opplæring som kom til Noreg da dei var 13 år, og som i 2010 var mellom 20 og 30 år (1 791 personar), har vore relativt stabil på rundt 50 prosent dei siste tre åra. Ein stor del av desse elevane fullfører vidaregåande opplæring på meir enn normert tid. Variasjonane er store mellom årskulla. Medan 29 prosent av dei som var 21 år i 2010, har fullført og bestått vidaregåande opplæring, har 70 prosent av 27-åringane fullført og bestått. Av dei som kom til landet som 13-åringar, er det fleire jenter enn gutar som har bestått vidaregåande opplæring (høvesvis 60 og 41 prosent). I 2009 var delane jenter og gutar høvesvis 63 og 42.

Av dei som kom til Noreg da dei var 16 år, og som i 2010 var mellom 20 og 30 (2 338 personar), har i alt 37 prosent fullført og bestått vidaregåande opplæring. Dette er ein nedgang frå 2009. Berre 24 prosent av dei som var 20 år i 2010, har fullført og bestått vidaregåande opplæring, medan 60 prosent av 30-åringane har bestått vidaregåande opplæring. Også blant dei som kom til Noreg som 16-åringar, er det stor forskjell mellom gutar og jenter. I gjennomsnitt har 44 prosent av jentene og 31 prosent av gutane fullført og bestått innan dei er 30 år. For 2009 var dei tilsvarande tala for jenter og gutar 48 og 32 prosent.

Etter nokre år med auke i den delen som kjem til landet som 13- og 16-åringar, og som fullfører og består vidaregåande opplæring, var det ein nedgang frå 2009 til 2010. Indikatoren syner framleis at ein stor del av denne elevgruppa bruker meir enn normert tid på å fullføre og bestå vidaregåande opplæring, og at alderen deira når dei kjem, og kva kjønn dei har, har mykje å seie for om dei fullfører og består vidaregåande opplæring. Når ein samanliknar mellom år, må ein også ta omsyn til at samansetjinga av elevar vil variere frå år til år, mellom anna med tanke på landbakgrunn og omfang av tidlegare skolegang.

8.5.6 Mål

Delen tilsette i grunnskolen og vidaregåande opplæring med innvandrarbakgrunn skal auke.

Indikatorar

  • delen med innvandrarbakgrunn som går på utdanningar som fører til lærarkompetanse

  • delen med innvandrarbakgrunn tilsett innan undervising

Den viktigaste ressursen i grunnopplæringa er menneska som arbeider der. Kompetente tilsette er den viktigaste føresetnaden for god kvalitet og sosial utjamning i heile utdanningssystemet. Det er behov for fleire lærarar med innvandrarbakgrunn i skolen, slik at dei kan verke som positive rollemodellar for elevane. Samtidig kan desse lærarane bidra med viktig kultur- og språkkompetanse. Vidare er det viktig å heve kompetansen til fleire med innvandrarbakgrunn som allereie arbeider i skolen.

8.5.7 Status

Tabell 8.15 Delen med innvandrarbakgrunn av dei som går på utdanningar som fører til lærarkompetanse, og kva kjønn dei har. Prosent

2005*

2006

2007

2008

2009

2010

Innvandrarbakgrunn

5,1

4,0

5,0

5,9

6,1

6,2

Menn

27,1

26,5

25,8

25,1**

25,2

25,7

- menn med innvandrarbakgrunn

5,3

4,3

5,7

6,5

6,7

6,3

Kvinner

72,9

73,5

74,2

74,9**

74,8

74,3

- kvinner med innvandrarbakgrunn

5,0

3,9

4,8

5,7**

5,9

6,1

Talet på personar totalt

19 383

19 496

19 600

19 624**

20 690

22 114

* Delane kan ikkje samanliknast fullt ut med tala for seinare år pga. endringar i datagrunnlaget.

** I rapporteringa på Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga i Del III i Prop. 1 S (2010–2011) for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet blei det rapportert feil i desse verdiane.

Kjelde: SSB

Tabellen over syner at 6,2 prosent av dei som gjekk på utdanningar som førte til lærarkompetanse i 2010 (allmennlærarutdanning, førskolelærarutdanning, fagskolelærarutdanning, master lektorutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning), hadde innvandrarbakgrunn. Reknar ein berre med studentar med innvandrarbakgrunn frå Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika, Oseania unneteke Australia og New Zealand og Europa utanom EU/EØS (landgruppe 2), utgjer dei 4 prosent av alle som går på utdanningar som fører til lærarkompetanse.

Tabellen under syner at 4,6 prosent av undervisingspersonalet i kommunale grunnskolar hadde innvandrarbakgrunn i 2010. Dette er ein auke på 0,3 prosentpoeng frå 2009. I fylkeskommunal vidaregåande opplæring har delen av dei tilsette med innvandrarbakgrunn auka dei siste fem åra og tilsvarer no 5 prosent. Blant tilsette med innvandrarbakgrunn er det ei hovudvekt av innvandrarar frå andre europeiske land både for grunnskole og vidaregåande opplæring, høvesvis 2,6 og 3,4 prosent av alle tilsette.

Tabell 8.16 Delen med innvandrarbakgrunn blant undervisingspersonalet i kommunale grunnskolar og fylkeskommunal vidaregåande opplæring. Prosent

2005

2006

2007

2008

2009

2010

Kommunale grunnskolar

3,9

3,7

3,4

3,5

4,3*

4,6*

Fylkeskommunal vidaregåande opplæring

4,0

3,9

4,0

4,5

4,8

5,0

* Tala for 2009 og 2010 for grunnskolar inkluderer også lærarar med ikkje oppgitt utdanning, tilsvarande som tala for vidaregåande skole, og kan ikkje samanliknast med tidlegare tal.

Kjelde: SSB

Tala inkluderer både hovud- og biarbeidsforhold.

8.6 Språk og barnevern

8.6.1 Mål

Vaksne innvandrarar skal lære tilstrekkeleg norsk til å fungere i samfunnet i løpet av dei fem første åra dei bur i landet.

Indikator

  • delen vaksne innvandrarar med fem års butid i Noreg som har gått opp til og stått på avsluttande prøve i norsk

Regjeringa vil sikre at innvandrarane raskast mogleg kan bidra med ressursane sine i det norske arbeidslivet og samfunnet elles. Gode kunnskapar i norsk er ein føresetnad for å kunne delta i arbeids- og samfunnslivet, og det er viktig at innvandrarar lærer norsk så snart som mogleg etter at dei er komne til Noreg. Jo raskare ein innvandrarar lærer norsk, jo raskare kan han eller ho delta i samfunnet. Sjå programkategori 11.05 Integrering og mangfald, delmål 2.2.

Status

15 727 vaksne innvandrarar hadde fem års butid i Noreg ved utgangen av 2010. Talet inkluderer ikkje personar som hadde norsk statsborgarskap da dei kom til landet.

36,5 prosent av vaksne innvandrarar med fem års butid i Noreg hadde gått opp til avsluttande skriftleg prøve i norsk, og 28,4 prosent hadde gått opp til avsluttande munnleg prøve ved utgangen av 2010.

25,6 prosent av innvandrarane med fem års butid hadde bestått den munnlege prøva ved utgangen av 2010, og 21 prosent hadde bestått den skriftlege prøva.

Figuren under syner utviklinga for innvandrarar med fem års butid i Noreg som hadde avlagt anten Språkprøva, Norskprøve 2 eller Norskprøve 3.

Figur 8.9 Innvandrarar 16 år og eldre som har gått opp til og bestått avsluttande prøve i norsk fem år etter at dei kom til landet. Prosent

Figur 8.9 Innvandrarar 16 år og eldre som har gått opp til og bestått avsluttande prøve i norsk fem år etter at dei kom til landet. Prosent

Kjelde: Norsk språktest og SSB

Figuren syner at dei som kom til Noreg i 2005, og som framleis budde i landet ved utgangen av 2010, i noko større grad enn dei som kom i åra 1999–2002, har vore oppe til og bestått avsluttande prøve i norsk, men i mindre grad enn dei som kom i 2003 og 2004. Reduksjonen frå 2003 til 2005 kan ha samanheng med at gratis norskopplæring for arbeidsinnvandrarar blei fjerna frå 1. januar 2004.

Departementet vil at fleire skal gå opp til og bestå avsluttande prøve. Det er ei utfordring at den største delen av dei som kom til landet i 2005, ikkje kan dokumentere kunnskapar i norsk fem år seinare. Ein del av dei kan ha gode kunnskapar i norsk utan å ha vore oppe til prøve, men det kan òg tyde på at mange innvandrarar ikkje har lært så mykje norsk dei fem første åra sine i Noreg at dei kan delta i arbeids- og samfunnslivet. Stortinget vedtok i juni 2011 at alle som er omfatta av rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova, skal gå opp til avsluttande prøve i norsk og samfunnskunnskap.

8.6.2 Mål

Medverke til å auke delen tilsette med innvandrarbakgrunn i barnevernstenesta.

Indikatorar

  • delen studentar med innvandrarbakgrunn under utdanning for å bli barnevernspedagog

  • delen kvinner og menn med innvandrarbakgrunn under utdanning for å bli barnevernspedagog og tilsette med innvandrarbakgrunn som arbeider i barnevernstenesta

  • delen kvinner og menn med innvandrarbakgrunn som arbeider i barnevernstenesta

Barnevernstenesta skal nå ut til alle familiar, barn og unge og gi formålstenleg hjelp tilpassa den enkelte sitt behov. Hjelpa skal vere basert på oppdatert kunnskap. Å auke delen tilsette med innvandrarbakgrunn i barnevernstenesta er eit ledd i arbeidet med å auke den fleirkulturelle kompetansen i barnevernet. Mangfald blant dei tilsette kan føre til betre forståing av barn, unge og familiar med minoritetsbakgrunn som barnevernet er i kontakt med. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har fått tilbakemeldingar om at skepsisen til barnevernet kan vere sterkare i minoritetsmiljøa enn elles i befolkninga. Dette er uheldig, da også desse gruppene har behov for hjelp og støtte frå barnvernet. Å auke delen tilsette med innvandrarbakgrunn i barnevernstenesta kan medverke til å gi arbeidet større legitimitet. Sjå programkategori 11.20 Tiltak for barn og unge.

Status

Per 1. oktober 2010 hadde 129 studentar på barnevernsutdanningar innvandrarbakgrunn. Desse utgjer 5,8 prosent av alle studentane på barnevernsutdanningane. Dei tilsvarande tala for 2009 var 114 studentar og 5,2 prosent. Av dei med innvandrarbakgrunn var 23,8 prosent menn og 76,2 prosent kvinner. I 2009 var 26,4 prosent menn og 73,6 prosent kvinner.

Per 1. oktober 2010 arbeidde det 881 personar med innvandrarbakgrunn i barnevernstenesta. Desse utgjer 6,1 prosent av alle dei tilsette i barnevernstenesta. Blant tilsette med innvandrarbakgrunn var det 48,8 prosent menn og 51,2 prosent kvinner. Tilsvarande tal for 2009 var 5,6 prosent tilsette med innvandrarbakgrunn. Av desse var 46,6 prosent menn og 53,4 prosent kvinner.

Delen tilsette i barnevernstenesta med innvandrarbakgrunn er ikkje i samsvar med delen barn, unge og familiar med innvandrarbakgrunn som er i kontakt med barnevernet. Tal frå SSB syner at barn og unge som er innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre, oftare får hjelp frå barnevernet enn barn og unge utan innvandrarbakgrunn. 49 800 barn hadde tiltak i barnevernet i 2010. Det er 7,1 prosent fleire enn året før. Til samanlikning var auken 5,3 prosent frå 2008 til 2009.

Tabell 8.17 Studentar med innvandrarbakgrunn under utdanning for å bli barnevernspedagog, 4. kvartal 2010. Absolutte tal

Tal

I alt

Menn

Kvinner

I alt

2 352

386

1 966

Innvandrarar

129

33

96

Kjelde: SSB

Tabell 8.18 Tilsette i institusjonar innan barne- og ungdomsvern* etter innvandrarbakgrunn og kjønn, 4. kvartal 2009 og 4. kvartal 2010. Absolutte tal

I alt

Menn

Kvinner

2010

2009

2010

2009

2010

2009

I alt

14 257

13 288

3 974

3 677

10 283

9 611

Ingen innvandrarbakgrunn

13 376

12 544

3 544

3 330

9 832

9 214

Innvandrarar

881

744

430

347

451

397

* Tala på tilsette i institusjonar omfattar kommunale barnevernstenester og private som tilbyr same typen barnevernstenester, medrekna fosterheimar og forsterka fosterheimar.

Kjelde: SSB

8.7 Helse og omsorg

8.7.1 Mål

Helseforskjellane mellom etniske grupper skal reduserast.

Indikator

  • dødsraten for kvinner og menn med innvandrarbakgrunn i aldersgruppa 25–64 år samanlikna med dødsraten i befolkninga generelt

Innvandrarbefolkninga i Noreg er framleis ei relativt ung befolkningsgruppe. Tala for dødelegheit er derfor låge, og det er vanskeleg å rekne ut tal for dødelegheit årleg. I staden har ein summert tal over fleire år. I fjor blei det nytta tal frå åra 2001–2006. Av tekniske grunnar har det ikkje vore mogleg å oppdatere dessa tala i år. Analysen som ligg føre, er derfor den same som i fjor. Han baserer seg på dødsraten i perioden 3. november 2001 (folke- og bustadteljingstidspunktet) til 31. desember 2006. Det er nytta same metode som i rapportane frå føregåande år, og tala i årets rapport er identiske med fjorårets rapport.

Status

Tabellen under syner at ingen innvandrargrupper hadde signifikant høgare dødsrate enn dei fødde i Noreg. Dette gjaldt både for kvinner og menn. Dette var i samsvar med rapportar frå tidlegare år. Menn fødde i Noreg, Aust-Europa, Pakistan og Afrika, hadde signifikant høgare dødsrate enn menn fødde i Asia og Vest-Europa mfl. Resultata for kvinner var hovudsakleg som for menn.

Tabell 8.19 Dødsrate 2001–2006, etter fødeland, 25–64 år

Fødeland

Døde per 100 000 personår, aldersjustert

Talet på døde

Talet på personar

Relativ risiko3

Personar som har flytt ut av landet i perioden 2001–2006 (prosent)

MENN

Noreg

358

20 647

1 094 169

1

0,6

Vest-Europa mfl.1

307

643

45 628

0,86

12,7

Aust-Europa

383

140

9 588

1,07

6,0

Pakistan

435

98

5 627

1,22

4,1

Vietnam

250

47

4 330

0,70

1,7

Rest-Asia2

271

173

23 378

0,76

6,4

Afrika

387

122

10 613

1,08

9,5

KVINNER

Noreg

215

12 540

1 059 609

1

0,5

Vest-Europa mfl.1

175

375

44 605

0,81

10,3

Aust-Europa

178

79

11 430

0,83

5,0

Pakistan

306

48

4 751

1,42

3,1

Vietnam

194

27

4 049

0,90

2,0

Rest-Asia2

163

122

23 444

0,76

4,2

Afrika

247

42

7 158

1,15

7,8

1 Vest-Europa, Canada, USA, Australia, New Zealand

2 Asia utanom Pakistan og Vietnam

3 Relativ risiko samanlikna med dei fødde i Noreg, justert for alder

Kjelde: Nasjonalt folkehelseinstitutt

SSB publiserte ein rapport i 2010 om sosiale skilnader i helsa til innvandrarar.5 Rapporten syner at helsa i innvandrarbefolkninga varierer etter faktorar som utdanning, språkevne, religion, sysselsetjing, økonomi, bustad, arbeidsmiljø, sosial kontakt, opplevd diskriminering osv. Det kjem fram at innvandrarar med ein sterk sosioøkonomisk posisjon har betre helse enn innvandrarar utan desse fordelane. Dei same faktorane spelar også ei rolle for psykisk helse.

8.8 Politi, kriminalomsorg og rettsvesen

8.8.1 Mål

Ein skal sikte mot ein auke i delen tilsette med innvandrarbakgrunn i politi- og påtalemakta og i kriminalomsorga.

Indikatorar

  • delen tilsette med innvandrarbakgrunn innanfor politi- og påtalemakta

  • delen tilsette med innvandrarbakgrunn innanfor retts- og fengselsvesenet.

Status

I 2010 hadde 3,4 prosent av dei tilsette i politi- og påtalemakta innvandrarbakgrunn, mot 3,3 prosent i 2009. Dette utgjorde 553 personar. Av desse var 241 menn og 312 kvinner. 208 av dei hadde bakgrunn frå Asia, 62 frå Afrika, medan 152 hadde bakgrunn frå Aust-Europa. Som det går fram av tabellen under, har det vore ei jamn stigning sidan 2005.

Tabell 8.20 Tilsette i politi- og påtalemakta med innvandrarbakgrunn. Prosent og absolutte tal

År

Prosent

Tal

Menn

Kvinner

4. kvartal 2005

2,0

299

124

175

4. kvartal 2006

2,2

334

134

200

4. kvartal 2007

2,6

398

155

243

4. kvartal 2008

2,8

437

183

254

4. kvartal 2009

3,3

520

221

299

4. kvartal 2010

3,4

553

241

312

Kjelde: SSB

I 2010 hadde 2,9 prosent av dei tilsette i retts- og fengselsvesenet innvandrarbakgrunn, mot 2,7 prosent i 2008 Dette utgjorde 191 personar. Av desse var 92 menn og 99 kvinner. 56 av dei hadde bakgrunn frå Asia, 18 frå Afrika, medan 45 hadde bakgrunn frå Aust-Europa. Også her har det vore ei jamn stigning sidan 2006, da 1,9 prosent av dei tilsette i retts- og fengselsvesenet hadde innvandrarbakgrunn.

Tabell 8.21 Tilsette i retts- og fengselsvesenet med innvandrarbakgrunn. Prosent og absolutte tal

År

Prosent

Tal

Menn

Kvinner

4. kvartal 2005

2,2

144

62

82

4. kvartal 2006

1,9

122

57

65

4. kvartal 2007

2,1

130

61

69

4. kvartal 2008

2,4

151

79

72

4. kvartal 2009

2,7

180

87

93

4. kvartal 2010

2,9

191

92

99

Kjelde: SSB

Rekruttering til politiyrket skjer gjennom Politihøgskolen (PHS). PHS har drive aktivt og systematisk rekrutteringsarbeid retta mot søkjarar med minoritetsbakgrunn gjennom fleire år. Tabellen under syner tal for søkjarar til bachelorutdanninga og studentar med minoritetsbakgrunn som er tekne opp på utdanninga. I 2011 var det 131 søkjarar som har opplyst at dei har minoritetsbakgrunn, og av desse er det teke opp 23 studentar i årets opptak, 17 menn og 6 kvinner.

Tabell 8.22 Søkjarar med minoritetsbakgrunn til bachelorutdanninga ved Politihøgskolen. Absolutte tal

År

Talet på søkjarar totalt

Talet på søkjarar med minoritetsbakgrunn

Studentar med minoritetsbakgrunn som er tekne opp

Menn

Kvinner

2005

2 265

88

7

2006

1 965

79

9

6

3

2007

1 889

105

29

22

7

2008

1 990

134

29

23

6

2009

2 851

88

30

24

6

2010

3 220

93

22

19

3

2011

2 760

131

23

17

6

Kjelde: Politihøgskolen (Høgskolen har bedt søkjarar sjølve opplyse om dei har minoritetsbakgrunn. Dei som har kryssa av for minoritetsbakgrunn, er tatt med i rapporteringa.)

I 2010 blei det teke opp 175 aspirantar på Fengselsskolen. I 2011 blei det teke opp 209 aspirantar. I det ordinære opptaket for 2010 i 2009 var det 14 aspirantar med fleirspråkleg bakgrunn utover engelsk. Desse utgjorde 7 prosent av dei rekrutterte aspirantane. I det ordinære opptaket for 2011 i 2010 var det 17 aspirantar med fleirspråkleg bakgrunn utover engelsk. Desse utgjorde 8,1 prosent av dei rekrutterte aspirantane, noko som er ein auke på eitt prosentpoeng frå 2009.

Kriminalomsorgas utdanningssenter (KRUS) gjennomførte i 2009 eit omfattande informasjons- og rekrutteringsarbeid for å få ein større og breiare søkjarmasse til Fengselsskolen, med sikte på å få både fleire samisktalande aspirantar og fleire med annan etnisk og kulturell bakgrunn. Kriminalomsorga har dei siste åra samarbeidd med NAV for å kvalifisere fleire søkjarar med fleirkulturell bakgrunn for opptak til Fengselsskolen.

8.8.2 Mål

Ein skal arbeide for å auke delen lekdommarar med innvandrarbakgrunn.

Indikator

  • delen lekdommarar med innvandrarbakgrunn

Status

Det er lovfest at lekdommarutvala skal ha ei allsidig samansetjing, slik at utvala på best mogleg vis representerer alle delar av befolkninga, sjå Prop. 1 S (2011–2012) for Justis- og politidepartementet, programkategori 06.20 Rettsvesen. I lekdommarutvala som gjeld for perioden 1. mai 2008 til 1. januar 2013, har 3,7 prosent av lekdommarane innvandrarbakgrunn. Av desse har 1,8 prosent bakgrunn frå land utanfor Europa og Nord-Amerika. Dette er ein auke frå perioden 2004–2008, da dei tilsvarande prosenttala var høvesvis 2,8 og 1.

8.9 Bustad og val

8.9.1 Mål

Innvandrarar skal sikrast trygge butilhøve og unngå utstøyting i bustadmarknadene.

Indikatorar

  • delen innvandrarar som mottek statleg bustøtte

  • delen bustadlause med fødeland utanfor Europa og Nord- Amerika

Regjeringa har som mål at alle skal bu trygt og godt, noko som er ein viktig føresetnad for inkludering og deltaking i samfunnet. Gode og trygge buforhold legg til rette for gode oppvekstvilkår for barn og ungdom, samtidig som det gir vaksne eit viktig fundament for aktiv deltaking i samfunnslivet elles. Derfor er regjeringa oppteken av at innvandrarar blir sikra trygge butilhøve og ikkje blir utstøytte i bustadmarknadene.

Status

Innvandrarar er ikkje ei spesifikk målgruppe i bustøtta. Bustøtta er ei ordning som gir rett til støtte for husstandar med låge inntekter og høge buutgifter. Frå 1. juli 2009 blei eit nytt regelverk for ordninga sett i kraft. Ei første evaluering av det nye regelverket syner at bustøtta no når fleire enn tidlegare, og at ordninga er meir treffsikker når det gjeld å betre levekåra og buforholda for dei med låge inntekter.6 Det nye regelverket vil truleg på sikt føre til 35 000 nye bustøttemottakarar. Einslege utan trygd som ikkje har barn, er særleg høgt representerte blant dei nye mottakarane. Mange av desse var tidlegare ekskluderte frå ordninga. Talet på barnefamiliar i ordninga har auka med 15 prosent frå 25 400 i juni 2009 til 29 100 i 2011. For gruppa utan trygdeytingar har auken i same periode vore 73 prosent. Talet på nye mottakarar har auka med 19 prosent frå 109 000 i juni 2009 til 130 000 i juni 2011.

Delen innvandrarar som mottek statleg bustøtte, har auka jamt i perioden frå 2006 til 2009. Norskfødde med innvandrarforeldre utgjer ein svært liten del av bustøttemottakarane.

Resultata tyder på at i dei lågaste inntektsgruppene har innvandrarar større problem med å dekkje jamlege buutgifter enn befolkninga generelt.

Tabell 8.23 Personar som mottek statleg bustøtte og del av mottakarane som har innvandrarbakgrunn, 2006-2010

Talet på mottakarar av bustøtte

Delen innvandrarar

Delen norskfødde med innvandrarforeldre

2006

121 600

21

0,2

2007

129 700

28

0,4

2008

126 100

35

0,5

2009

136 000

39

0,6

2010

151 900

39

0,5

Kjelde: SSB og Husbanken

Tabell 8.24 Bustadlause etter fødeland, 1996, 2003, 2005 og 2008

Bustadlause

1996

2003

2005

2008

Talet på bustadlause i Noreg totalt

6 200

5 200

5 500

6 100

Delen med Noreg som fødeland

82

86

82

81

Delen med fødeland i Norden, Vest-Europa, Nord-Amerika og Australia

3

2

3

2

Delen med fødeland i resten av Europa

1

1

2

2

Delen med fødeland utanfor Europa og Nord-Amerika

13

10

13

13

Kjelde: Dyb, E. og K. Johannessen (2009): Bostedsløse i Norge – en kartlegging. NIBR-rapport 2009:7.

Kartlegginga omfattar berre dei som er i kontakt med hjelpeapparatet. Det vil derfor alltid vere ein del mørketal i kartleggingar av bustadlause.

Kartlegginga av bustadlause7 i 2008 syner at fire av fem bustadlause er fødde i Noreg, 7 prosent i Afrika og 5 prosent i Asia/Oseania. Vidare syner ho at det er store forskjellar mellom kommunar og kommunegrupper. I Oslo er 18 prosent av dei bustadlause frå Afrika, medan 8 prosent er fødde i Asia/Oseania. Tala frå 2008 varierer lite frå tidlegare kartleggingar.

Sjå Prop. 1 S (2011–2012) for Kommunal- og regionaldepartementet, hovudmål 2.

8.9.2 Mål

Delen personar med innvandrarbakgrunn og stemmerett som deltek ved kommunestyreval, fylkestingsval og stortingsval skal tilsvare valoppslutninga samla.

Indikatorar

  • delen innvandrarar som stemde ved siste lokalval, samanlikna med valoppslutninga totalt

  • delen innvandrarar som stemde ved siste stortingsval, samanlikna med valoppslutninga totalt

Regjeringa har som mål at flest mogleg deltek ved politiske val. Dette gjeld alle med stemmerett, med og utan innvandrarbakgrunn. For at eit representativt demokrati skal fungere slik det er tenkt, er det viktig at ikkje valoppslutninga blir for låg. Samtidig som borgarane ved å stemme aukar innverknaden sin over sin eigen kvardag, medverkar deltaking ved val til å gjere borgarane ansvarlege og medvitne.

8.9.3 Status

Valdeltakinga varierer sterkt mellom dei ulike innvandrargruppene. Valdeltakinga i 2009 auka blant veljarar med afrikansk, irakisk, iransk og pakistansk bakgrunn, syner tal frå SSB. Men gjennomsnittleg er deltakinga på same nivå som i 2005.

Ei undersøking frå SSB8 syner at berre 52 prosent av innvandrarane med norsk statsborgarskap nytta stemmeretten ved stortingsvalet i 2009. Den generelle valdeltakinga var på 76,4 prosent.

Forskjellane mellom deltaking for kvinner og menn har jamna seg ut. Stortingsvalet i 2005 viste at dei som hadde stemmerett av innvandrarkvinner og norskfødde kvinner med innvandrarforeldre, hadde 4 prosentpoeng høgare deltaking enn mennene. Ved valet i 2009 var denne forskjellen utjamna, slik at både kvinner og menn hadde ei deltaking på 52 prosent.

Valdeltakinga aukar med butid. Det var flest som stemde blant dei som har budd lengst i Noreg. Som for veljarar elles er det slik at dei eldste deltek i større grad enn dei yngre, men desse skilnadene varierer mellom dei ulike innvandrargruppene. At mange av dei største landgruppene har låg valdeltaking, kan delvis forklarast ved at det er ein stor del unge i desse gruppene. Særleg låg er valdeltakinga til unge frå Vietnam og Balkan. I desse gruppene var det færre enn ein av tre som stemde i 2009.

Ved stortingsvalet i 2009 var valdeltakinga til innvandrarar med norsk statsborgarskap 24 prosentpoeng lågare enn den generelle valdeltakinga på 76,4 prosent. Ved stortingsvalet i 2005 var det 53 prosent valoppslutning blant norske borgarar med innvandrarbakgrunn, mot 77,4 prosent i befolkninga totalt.

Valdeltakinga til innvandrarar med norsk statsborgarskap har halde seg stabil på dette nivået dei tre siste stortingsvala, men har gått ned sidan valet i 1997, da ho var på 63 prosent.

Ved kommunestyrevalet i 2007 var den totale valoppslutninga 61,7 prosent, medan ho var 57,5 prosent for fylkestingsvalet. Av innvandrarar med norsk statsborgarskap stemde totalt 40 prosent. Ved lokalvalet i 2003 var oppslutninga i denne gruppa 41 prosent. Valoppslutninga blant personar med norsk statsborgarskap og landbakgrunn frå EU/EØS, USA, Canada, Australia og New Zealand ligg over gjennomsnittleg valoppslutning på landsbasis. Av innvandrarar med stemmerett, men utan norsk statsborgarskap stemde totalt 36 prosent ved valet i 2005, mot 34 prosent ved valet i 2003.

8.10 Kultur og media

8.10.1 Mål

Auka deltaking og auka del aktive utøvarar med innvandrarbakgrunn innan kultur- og mediesektoren.

Indikatorar

  • delen arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn innan kultur- og mediesektoren

  • delen statleg oppnemnde styremedlemmer med innvandrarbakgrunn i teater- og orkesterinstitusjonar

  • delen norske skjønnlitterære boktitlar forfatta av personar med innvandrarbakgrunn innkjøpt av Norsk kulturråd

Regjeringa vil synleggjere det fleirkulturelle perspektivet på alle felt i kulturlivet og medverke til å skape betre møteplassar mellom majoritets- og minoritetskulturar.

Det er eit mål i kulturpolitikken å sikre at alle får tilgang til kunst- og kulturopplevingar og å syte for at høvet til å ytre seg gjennom kunst og kultur ikkje skal vere avhengig av geografi og sosiale skiljelinjer. Det er viktig at dei etablerte kulturorganisasjonane blir reelt fleirkulturelle, både i kunstuttrykk og repertoarval, og at kunstnarar med innvandrarbakgrunn blir gitt plass.

Gjennomføringa av markeringsåret for kulturelt mangfald i 2008 hadde som langsiktig mål å sikre at stimulering av kulturelt mangfald blir eit markant og gjennomgåande trekk ved norsk kulturpolitikk. Arbeidet som blei sett i gang i markeringsåret, følgjast systematisk opp.

Regjeringa vil stimulere til mangfald og kvalitet i norske medium. Dette er nødvendig for at media skal kunne tilby truverdig informasjon som dekkjer behova til alle grupper i samfunnet vårt. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn. Det er derfor viktig at behova til minoritetane blir dekte av media.

Status

Arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn utgjer 7,3 prosent av alle arbeidstakarar innan kultur- og mediesektoren. Av desse er 4 prosent kvinner og 3,3 prosent menn. Resultata syner ein auke frå 2009, da arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn innan kultur- og mediesektoren utgjorde 6,6 prosent.

Tabell 8.25 Arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn i kultur- og mediesektoren, 2010. Absolutte tal og prosent

Sektor

Arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn

Arbeidstakarar totalt

Totalt

Kvinner

Menn

Prosent

Prosent kvinner

Prosent menn

Film og video

286

122

164

7,9

43

57

3 640

Radio og fjernsyn

235

112

123

3,9

48

52

5 992

Sjølvstendig kunstnarleg verksemd

363

182

181

9,6

50

50

3 792

Drift av lokale knytt til kunstnarleg verksemd

76

33

43

11,1

43

57

687

Bibliotek og arkiv

281

203

78

7,2

72

28

3 876

Museum, vern av historiske stader og bygningar

327

211

116

9,1

65

35

3 580

Kjelde: SSB, registerbasert sysselsetjingsstatistikk

Av dei 242 statleg oppnemnde styremedlemmene i teaterinstitusjonane og symfoniorkestra har 28 styremedlemmer innvandrarbakgrunn. Dette utgjer 11,6 prosent. Rapporteringa omfattar 17 scenekunstinstitusjonar (teater, opera, ballett) og sju orkesterselskap med fast årleg tilskot frå Kulturdepartementet.

I 2010 omfatta innkjøpsordninga for norsk skjønnlitteratur for vaksne 219 titlar. Fem av titlane var skrivne av innvandrarar (fire menn og éi kvinne). Innkjøpsordninga for norsk skjønnlitteratur for barn og unge omfatta 138 titlar totalt, to skrivne av innvandrarar (éin mann og éi kvinne).

Innkjøpsordninga for sakprosa omfatta 69 titlar totalt, fire skrivne av innvandrarar (tre kvinner, éin mann). Innkjøpsordninga for faglitteratur for barn og unge omfatta 25 titlar totalt, éin skriven av ein innvandrar (mann) (kjelde: Norsk kulturråd).

9 Standardiserte nøkkeltal for nettobudsjetterte verksemder

Finansdepartementet har, i samråd med aktuelle departement, etablert prosedyrar for innrapportering av nettobudsjetterte verksemders kontantbehaldning per 31. desember med verknad for statsrekneskapen for 2009.

Det er i tilknyting til budsjettproposisjonen for 2012 utarbeidd tre standardtabellar med følgjande nøkkeltal for Likestillings- og diskrimineringsombodet, Forbrukarrådet og SIFO:

Tabell 1. Utgifter og inntekter etter art: Formålet med tabellen er å vise brutto utgifter og inntekter for verksemda basert på kontantprinsippet og artsinndelt etter dei prinsippa som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene.

Tabell 2. Inntekter etter inntektskjelde: Dei fleste nettobudsjetterte verksemdene har fleire inntektskjelder, og formålet med tabell 2 er å gi ei oversikt over dei ulike kjeldene.

Tabell 3. Verksemdas kontantbehaldningar per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldningane skal nyttast til: Formålet med tabellen er å vise dei totale overføringane til neste budsjettår og samansetjinga av overføringane.

9.1 Likestillings- og diskrimineringsombodet

Tabell 9.1 Utgifter og inntekter etter art

Rekneskap

Budsjett

 

2008

2009

31.12.2010

2011

Utgiftsart

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

19 617 704

28 392 529

32 427 614

39 236 000

Varer og tenester

15 011 182

23 778 687

21 566 732

17 096 000

Sum driftsutgifter

34 628 886

52 171 216

53 994 346

56 332 000

Investeringsutgifter

0

0

0

0

Investeringar, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

0

0

0

0

Sum utgifter til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

0

0

0

0

Overføringar frå verksemda

0

0

0

0

Utbetalingar til andre statlege rekneskapar

0

0

0

0

Utbetalingar til andre verksemder

0

0

0

0

Sum overføringar frå verksemda

0

0

0

0

Finansielle aktivitetar

0

0

0

0

Kjøp av aksjar og partar

0

0

0

Andre finansielle utgifter

0

0

0

0

Sum finansielle aktivitetar

0

0

0

0

Sum utgifter

34 628 886

52 171 216

53 994 346

56 332 000

Inntektsart

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

0

0

0

0

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar

727 660

2 248 115

1 304 095

849 000

Andre driftsinntekter

447 989

3 000

0

0

Sum driftsinntekter

1 175 649

2 251 115

1 304 095

849 000

Inntekter frå investeringar

0

0

0

0

Sal av varige driftsmidlar

0

0

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

31 943 000

49 109 000

51 228 000

52 713 000

Andre innbetalingar

2 278 857

1 942 467

2 813 092

2 300 000

Sum overføringar til verksemda

34 221 857

51 051 467

54 041 092

55 013 000

Finansielle aktivitetar

Innbetaling frå sal av aksjar og partar

0

0

0

0

Andre finansielle innbetalingar

0

0

0

0

Sum finansielle aktivitetar

0

0

0

0

Sum inntekter

35 397 506

53 302 582

55 345 187

55 862 000

Netto endring i kontantbehaldninga

768 620

1 131 366

1 350 841

Tabell 9.2 Inntekter etter inntektskjelde

Inntektskjelde

Rekneskap

 

Budsjett

 

2008

2009

2010

2011

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartementet

31 943 000

49 109 000

51 228 000

52 713 000

Løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan

0

0

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Sum løyvingar til statsoppdraget

31 943 000

49 109 000

51 228 000

52 713 000

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

0

0

0

0

Bidrag frå private

447 989

3 000

0

0

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

0

0

0

0

Sum bidrag

447 989

3 000

0

0

Oppdragsinntekter mv.

Oppdrag frå statlege verksemder

0

700 000

2 748 190

2 300 000

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå private

2 278 857

1 242 467

0

0

Andre inntekter og tidsavgrensingar

727 660

2 248 115

1368 997

849 000

Sum oppdragsinntekter mv.

3 006 517

4 190 582

4 117 187

3 149 000

Sum inntekter

35 397 506

53 302 582

55 345 187

55 862 000

Tabell 9.3 Verksemdas kontantbehaldningar per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldningane skal nyttast til

Balansedag 31. desember

31.12.2008

31.12.2009

31.12.2010

Endring

Beløp i NOK

2009 til 2010

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank

5 706 336

6 837 701

8 188 542

1 350 841

Behaldning på andre bankkonti

0

0

0

0

Andre kontantbehaldningar

0

0

0

0

Sum kontantar og kontantekvivalentar

5 706 336

6 837 701

8 188 542

1 350 841

Avsetjingar til dekking av oppståtte kostnader som forfell i neste budsjettår

Feriepengar mv.

1 810 689

2 672 597

2 909 217

236 620

Skattetrekk og offentlege avgifter

2 000 948

2 814 505

3 182 992

368 487

Gjeld til leverandørar

–66 155

0

0

0

Gjeld til oppdragsgivarar

1 916 250

1 342 467

1 206 600

135 867

Anna gjeld som forfell i neste budsjettår

0

0

0

0

Sum til dekking av oppståtte kostnader som forfell i neste budsjettår

5 661 732

6 829 569

7 298 809

469 240

Avsetjingar til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår

0

0

0

0

Prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Større igangsette, fleirårige investeringsprosjekt finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Konkrete igangsette, ikkje fullførte prosjekt finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Andre avsetjingar til vedtekne, ikkje igangsette formål

0

0

0

0

Konkrete igangsette, ikkje fullførte prosjekt finansierte av løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

0

0

0

0

Andre avsetjingar

Avsetjingar til andre formål / ikkje spesifiserte formål

Fri verksemdskapital

44 604

8 132

889 733

881 601

Sum andre avsetjingar

44 604

8 132

889 733

881 601

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum netto gjeld og forpliktingar

5 706 336

6 837 701

8 188 542

1 350 841

9.2 Forbrukarrådet

Tabell 9.4 Utgifter og inntekter etter art

 

Rekneskap

Budsjett

2008

2009

31.12.2010

2011

Utgiftsart

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

68 300 000

73 706 000

68 434 000

80 790 000

Varer og tenester

42 924 000

35 816 000

50 103 000

42 339 000

Sum driftsutgifter

111 225 000

109 522 000

118 537 000

123 129 000

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

0

0

0

0

Sum utgifter til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

0

0

0

0

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskapar

0

0

0

0

Utbetalingar til andre verksemder

0

0

0

0

Sum overføringar frå verksemda

0

0

0

0

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og partar

0

0

0

0

Andre finansielle utgifter

54 000

41 000

19 000

20 000

Sum finansielle aktivitetar

54 000

41 000

19 000

20 000

Sum utgifter

111 278 000

109 563 000

118 556 000

123 149 000

Inntektsart

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

6 491 000

5250 000

1 209 000

2060 000

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

Refusjonar

4 267 000

2 906 000

3 282 000

3 050 000

Andre driftsinntekter

2 762 000

1 566 000

–165 000

1 000 000

Sum driftsinntekter

13 520 000

9 721 000

4 326 000

6 110 000

Inntekter frå investeringar

Sal av varige driftsmidlar

0

0

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

104 954 000

104 137 000

106 928 000

108 778 000

Andre innbetalingar

746 000

5 591 000

5 159 000

8 261 000

Sum overføringar til verksemda

105 700 000

109 728 000

112 086 000

117 039 000

Finansielle aktivitetar

Innbetaling frå sal av aksjar og partar

0

0

0

0

Andre finansielle innbetalingar

0

8 000

0

0

Sum finansielle aktivitetar

–0

8 000

–0

–0

Sum inntekter

119 221 000

119 457 000

116 412 000

123 149 000

Netto endring i kontantbehaldninga

7 942 000

9 894 000

–2 144 000

0

Tabell 9.5 Inntekter etter inntektskjelde

Inntektskjelde

Rekneskap

   

Budsjett

2008

2009

2010

2011

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartementet

104 954 000

104 137 000

106 928 000

108 778 000

Løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan

0

0

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Sum løyvingar til statsoppdraget

104 954 000

104 137 000

106 928 000

108 778 000

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

0

0

0

0

Bidrag frå private

0

0

0

0

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

0

0

0

0

Sum bidrag

0

0

0

0

Oppdragsinntekter mv.

Oppdrag frå statlege verksemder

3 477 000

5 576 000

5 042 000

1 615 000

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

107 000

0

100

0

Refusjonar

4 267 000

2 906 000

3 282 000

3 050 000

Oppdrag frå private

0

0

0

0

Andre inntekter og tidsavgrensingar

6 416 000

6 839 000

1 060 000

9706 000

Sum oppdragsinntekter mv.

14 267 000

15 320 000

9 484 000

14 371 000

Sum inntekter

119 221 000

119 457 000

116 412 000

123 149 000

Tabell 9.6 Verksemdas kontantbehaldningar per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldningane skal nyttast til

Balansedag 31. desember

31.12.2008

31.12.2009

31.12.2010

Endring

Beløp i NOK

2009 til 2010

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank

12 428 000

22 377 000

20 135 000

–2 241 000

Behaldning på andre bankkonti

11 000

–43 000

54 000

98 000

Andre kontantbehaldningar

0

0

0

0

Sum kontantar og kontantekvivalentar

12 439 000

22 333 000

20 189 000

–2 144 000

Avsetjingar til dekking av oppståtte kostnader som forfell i neste budsjettår

Feriepengar mv.

5 598 000

5 661 000

6 120 000

459 000

Skattetrekk og offentlege avgifter

4 246 000

610 000

4 969 000

4 359 000

Gjeld til leverandørar

1 975 000

5 663 000

1 163 000

–4 500 000

Gjeld til oppdragsgivarar

29 000

3 663 000

1 048 000

–2 615 000

Anna gjeld som forfell i neste budsjettår

173 000

1 054 000

656 000

–398 000

Sum til dekking av oppståtte kostnader som forfell i neste budsjettår

12 021 000

16 651 000

13 956 000

–2 696 000

Avsetjingar til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår

Prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Større igangsette, fleirårige investeringsprosjekt finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Konkrete igangsette, ikkje fullførte prosjekt finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

2 456 000

659 000

0

–659 000

Andre avsetjingar til vedtekne, ikkje igangsette formål

0

0

0

0

Konkrete igangsette, ikkje fullførte prosjekt finansierte av løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

2 456 000

659 000

0

–659 000

Andre avsetjingar

Avsetjingar til andre formål / ikkje spesifiserte formål

–13 000

294 000

1 395 000

1 100 000

Fri verksemdskapital

–1 914 000

4 838 000

4 949 000

111 000

SUM andre avsetjingar

–1 928 000

5 133 000

6 344 000

1 211 000

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

–110 000

–110 000

–110 000

0

Sum langsiktig gjeld

–110 000

–110 000

–110 000

0

Sum netto gjeld og forpliktingar

12 439 000

22 333 000

20 189 000

–2 144 000

9.3 Statens institutt for forbruksforsking

Tabell 9.7 Utgifter og inntekter etter art

 

Rekneskap

Budsjett

2007

2008

31.12.2010

2011

Utgiftsart

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

25 010 714

27 153 961

28 040 062

33 850 000

Varer og tenester

18 102 713

26 023 056

29 020 150

30 000 000

Sum driftsutgifter

43 113 428

53 177 017

57 060 212

63 850 000

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

0

0

0

0

Sum utgifter til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

0

0

0

0

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskapar

0

0

0

0

Utbetalingar til andre verksemder

0

0

0

0

Sum overføringar frå verksemda

0

0

0

0

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og partar

0

0

0

0

Andre finansielle utgifter

0

0

0

0

Sum finansielle aktivitetar

0

0

0

0

Sum utgifter

43 113 428

53 177 017

57 060 212

63 850 000

Inntektsart

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

0

0

0

0

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar

1 088 000

642 000

696 000

500 000

Andre driftsinntekter

Sum driftsinntekter

1 088 000

642 000

696 000

500 000

Inntekter frå investeringar

Sal av varige driftsmidlar

0

0

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

25 010 000

25 660 000

26 481 000

27 041 000

Andre innbetalingar

19 767 389

28 557 816

30 703 181

37 059 000

Sum overføringar til verksemda

44 777 389

54 217 816

57 184 181

64 100 000

Finansielle aktivitetar

Innbetaling frå sal av aksjar og partar

0

0

0

0

Andre finansielle innbetalingar

0

0

0

0

Sum finansielle aktivitetar

0

0

0

0

Sum inntekter

45 865 389

54 859 816

57 880 181

64 600 000

Netto endring i kontantbehaldninga

2 751 961

1 682 799

819 969

750 000

Tabell 9.8 Inntekter etter inntektskjelde

Inntektskjelde

Rekneskap

   

Budsjett

2008

2009

2010

2011

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartementet

25 010 000

25 660 000

26 481 000

27 041 000

Løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan

244 497

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

6 299 093

14 996 467

20 878 163

22 059 000

Sum løyvingar til statsoppdraget

31 553 589

40 656 467

47 359 163

49 100 000

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

0

0

0

0

Bidrag frå private

5 845 592

9 821 138

8 289 859

10 000 000

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

7 162 208

4 380 329

1 535 159

5 000 000

Sum bidrag

13 007 800

14 201 467

9 825 018

15 000 000

Oppdragsinntekter mv.

Oppdrag frå statlege verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå private

0

0

0

0

Andre inntekter og tidsavgrensingar

1 304 000

1 882

696 000

500 000

Sum oppdragsinntekter mv.

1 304 000

1 882

696 000500 000

Sum inntekter

45 865 389

54 859 816

57 880 181

64 600 000

Tabell 9.9 Verksemdas kontantbehaldningar per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldningane skal nyttast til

Balansedag 31. desember

31.12.2008

31.12.2009

31.12.2010

Endring

Beløp i NOK

2009 til 2010

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank

3 076 538

6 656 960

9 621 944

2 964 984

Behaldning på andre bankkonti

7 470 997

5 573 374

3 428 358

2 145 016

Andre kontantbehaldningar

0

0

0

0

Sum kontantar og kontantekvivalentar

10 547 535

12 230 334

13 050 303

819 968

Avsetjingar til dekking av oppståtte kostnader som forfell i neste budsjettår

Feriepengar mv.

2 269 457

2 341 103

2 657 665

316 562

Skattetrekk og offentlege avgifter

1 936 784

2 156 707

2 787 641

630 934

Gjeld til leverandørar

962 274

592 631

2 622 000

2 029 369

Gjeld til oppdragsgivarar

2 093 117

0

0

0

Anna gjeld som forfell i neste budsjettår

–3 006 928

864 618

–2 255 270

–3 119 888

Sum til dekking av oppståtte kostnader som forfell i neste budsjettår

4 254 705

5 955 059

5 812 036

–143 023

Avsetjingar til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår

Prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Større igangsette, fleirårige investeringsprosjekt finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Konkrete igangsette, ikkje fullførte prosjekt finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Andre avsetjingar til vedtekne, ikkje igangsette formål

0

0

0

0

Konkrete igangsette, ikkje fullførte prosjekt finansierte av løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

0

0

0

0

Andre avsetjingar

Avsetjingar til andre formål / ikkje spesifiserte formål

0

0

0

0

Fri verksemdskapital

6 292 830

6 275 275

7 238 267

962 992

Sum andre avsetjingar

6 292 830

6 275 275

7 238 267

962 992

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum netto gjeld og forpliktingar

10 547 535

12 230 334

13 050 303

819 969

Fotnotar

1.

Vedvarande låginntekt er her definert som gjennomsnittsinntekt i ein treårsperiode under høvesvis 50 og 60 prosent av medianinntekta.

2.

Landgruppe 2

3.

Minoritetsspråklege barn blir i denne samanhengen definerte som barn der begge foreldra har eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk, dansk eller engelsk.

4.

Opheim, V., J.B. Grøgaard og T. Næss (2010). De gamle er eldst? Betydning av skoleressurser, undervisningsformer og læringsmiljø for elevenes prestasjoner på 5., 8. og 10. trinn i grunnopplæringen. Nifu Step, Oslo.

5.

Blom, S. (2010): Sosiale forskjeller i innvandreres helse. Funn fra undersøkelsen Levekår blant innvandrere 2005/2006, Rapporter 47/2010, Statistisk sentralbyrå.

6.

Nordvik, V. mfl. (2010). Den norske bostøtten. Effekter av en reform. NOVA-rapport 21/2012.

7.

Ved kartlegging av bustadløyse er denne definisjonen brukt: Ein person er bustadlaus når han eller ho manglar eigen eigd eller leigd bustad og er i ein av følgjande situasjonar:

- Personen manglar tak over hovudet kommande natt.

- Personen er vist til akutt eller mellombels overnatting.

- Personen er under kriminalomsorga eller på ein institusjon og skal skrivast ut innan to månader og har ikkje eit butilbod.

-Personen bur mellombels hos vener, kjende eller slektningar.

8.

Henriksen, K. (2010): Valgdeltagelsen blant innvandrere ved Stortingsvalget 2009. SSB rapport 19/2010.

Til forsida