4 Gjennomføringsmåte
Høyringsnotatet la opp til at avtalen vart gjennomført ved endringar i lov om nordisk arrestordre. Tittelen på loven vart foreslått endra til lov om pågriping og overlevering for straffbare forhold på grunnlag av arrestordre (lov om arrestordre), og den reviderte loven skulle etter forslaget gjelde både for arrestordrar etter avtalen mellom EU, Island og Noreg og for nordiske arrestordrar, for dei siste med visse særreglar.
Utanriksdepartementet seier i si høyringsfråsegn at ein der føretrekkjer ei lovteknisk gjennomføring som samlar norsk regelverk om overlevering av lovbrytarar slik dette er regulert i konvensjonen om nordisk arrestordre og i avtalen med EU. Riksadvokaten er også positiv til gjennomføring i ein felles lov, men embetet påpeiker samtidig utfordringa som ligg i å redigere føresegnene på ein tenleg og pedagogisk måte som gjer loven brukarvennleg for påtalemakta.
Departementet peiker på at ein i parallellavtalen finn att dei fleste av føresegnene i konvensjonen om nordisk arrestordre, og at reglane for dei to ulike typane arrestordrar i vesentleg grad vil vere samanfallande. Med regulering i same lov unngår ein i stor grad oppattaking av likelydande eller tilnærma likelydande reglar. Sjølv om ei sams regulering gir ein lengre og meir kompleks lov, meiner departementet at regulering i to lover ikkje gir ei betre løysing. Lovforslaget som no leggjast fram er vesentleg endra samanlikna med høyringsforslaget og gir etter departementet sitt syn ei meir oversiktleg regulering. Ettersom tilføyingane til og dei lovtekniske endringane i lov om nordisk arrestordre ville ha vorte mange, blir det foreslått ein heilt ny arrestordrelov som erstattar lov om nordisk arrestordre.
I proposisjonen her og i lovforslaget nyttast omgrepet nordisk-europeisk arrestordre på dei arrestordrane som skal handsamast i samsvar med parallellavtalen med EU. Arrestordrar til eller frå ein nordisk stat, og som skal handsamast etter konvensjonen om nordisk arrestordre, omtalast som nordiske arrestordrar. Definisjonar av dei ulike typane arrestordrar er tekne inn i lovforslaget § 4.