Tilråing
Utanriksdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit støtteprogram for audiovisuelt samarbeid med fagfolk frå tredjestatar (MEDIA Mundus).
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget vert bede om å gjere vedtak om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit støtteprogram for audiovisuelt samarbeid med fagfolk frå tredjestatar (MEDIA Mundus), i samsvar med eit vedlagt forslag.