4 Økonomiske og administrative konsekvensar
Forslaget vil legge til rette for at kopilegemiddel kjem raskare på marknaden etter at patent på originallegemiddel har gått ut. Det kan dermed føre til konkurranse og lågare priser på legemiddel på eit tidlegare tidspunkt enn før. Dette vil vere til fordel for Folketrygda, pasientane og for produsentar av kopilegemiddel, men til ulempe for innehavarar av patent på originallegemiddel. Samtidig vil den delen av legemiddelindustrien som driv med nyutvikling av legemiddel og som sit på ein rekkje patent, også ha fordelar av forslaget ved at unntaket også vil gjelde når det blir søkt om marknadsføringsløyve for nyutvikla legemiddel.
Sidan liknande unntak etterkvart er innført i heile EØS-området, og også i fleire land med legemiddelindustri utanfor EØS, vil gjennomføringa i Noreg isolert truleg ha minimal innverknad på konkurransetilhøva i den norske legemiddelmarknaden. Det er likevel ein fordel at det norske næringslivet også på dette punktet har mest mogleg like rammevilkår når det gjeld industrielle rettar som sine europeiske konkurrentar.