7 Økonomiske og administrative forhold
Noregs Bank administrerer Noregs økonomiske pliktar overfor IMF. Noregs kvote i IMF er på 1,7 mrd. SDR (tilsvarande om lag 15,1 mrd. kroner). I tillegg stiller Noreg lånemidlar til disposisjon gjennom gjeldande NAB-avtale (379 mill. SDR), den bilaterale avtalen om lån til IMFs ordinære låneordningar (3 mrd. SDR) og den bilaterale avtalen om lån til IMFs låneordning for låginntektsland (300 mill. SDR). Til saman utgjør dette om lag 5,4 mrd. SDR, eller 48,5 mrd. kroner med valutakursane 15. desember 2010.
Norges Bank vil òg administrere den nye NAB-avtalen med IMF, og stiller etter § 25 i sentralbanklova valutareservar til rådvelde. Forpliktingane i den nye NAB-avtalen vil i røynda erstatte det bilaterale lånet frå Noregs Bank til IMF. Forskjellen mellom forpliktinga under den nye NAB-avtalen og den samla forpliktinga under den bilaterale låneavtalen og den eksisterande NAB-avtalen vert såleis avgrensa til om lag 492 mill. SDR, eller om lag 4,5 mrd. kroner.
Trekk etter NAB-avtalen vil til liks med trekk på den bilaterale låneordninga krevje omplasseringar av Noregs Banks internasjonale reservar. Desse utgjorde per oktober 2010 297 mrd. kroner. Noregs Bank anslår dei reint administrative kostnadene ved å følgje opp lån til IMF til å vere av om lag same storleik som kostnadene ved å følgje opp andre plasseringar av valutareservane.
Som for andre lån til IMF, vil avkastinga på trekte beløp vere SDR-renta. Denne vert fastsett som eit vekta gjennomsnitt av renta på kortsiktige statspapir i amerikanske dollar, euro, britiske pund og japanske yen. For avtaleperioden sett under eitt meiner Noregs Bank at avkastinga på lån til IMF i gjennomsnitt kan verte noko lågare enn det banken elles kunne oppnådd. I den grad dette påverkar Noregs Banks overskot, vil det òg påverke overføringane frå Noregs Bank til statskassa med eit tidsetterslep. I all hovudsak vil auken i den norske forpliktinga berre innebere kostnader om den bidreg til høgare trekk enn det dagens avtaler med IMF ville resultert i, og desse trekka samstundes reduserer avkastninga på valutareservane. Finansdepartementet vurderer fordringar på IMF som svært sikre.