4 Økonomiske konsekvensar
Det blir gjort framlegg om at låneramma i Husbanken blir auka med 5 mrd. kr i 2012, frå 15 mrd. kr til 20 mrd. kr, jf. framlegg til romartalsvedtak. Det er ikkje venta endringar i tap på utlån i 2012 og 2013 som følgje av auka låneramme. Det er på bakgrunn av framlegget om auka låneramme i 2012 trong for å endre løyvingane på følgjande kapittel og postar i 2012.
Kap. 2412 Husbanken
Post 90 Lån frå Husbanken, overslagsløyving
Ikkje alle tilsegn om husbanklån blir utbetalte same år som dei blir gjevne. I budsjetteringa av utbetaling av husbanklån blir det lagt til grunn ein utbetalingsprofil som går over fire år. I saldert budsjett er det lagt til grunn at 45 pst. av låna som får tilsegn i 2012 blir utbetalte i 2012, 23 pst. året etter, 13 pst. det tredje året og 4 pst. det fjerde året. I tillegg blir det lagt til grunn at 15 pst. av låna aldri blir utbetalte. Posten er i revidert nasjonalbudsjett for 2012 budsjettert med 16 132 mill. kr.
Ei auka låneramme vil først kunne bli disponert etter at Stortinget har fatta eit vedtak. Innanfor den auka låneramma blir det lagt til grunn at færre tilsegn vil bli utbetalte i 2012 enn normal utbetalingsprofil skulle tilseie. For auken på 5 mrd. kr er det anslått at 5 pst. av tilsegna blir utbetalte i 2012 og 63 pst. i 2013. Den største budsjetteffekten kjem difor i 2013. Føresetnadene for utbetaling tredje og fjerde år og fråfall er dei same som for låneramma i saldert budsjett 2012.
Det er berekna at det er trong for å auke løyvinga på posten med 250 mill. kr i 2012 på bakgrunn av auken i låneramma på 5 mrd. kr.
Kap. 5312 Husbanken
Post 90 Avdrag
Posten er i revidert nasjonalbudsjett for 2012 budsjettert med 9 714 mill. kr. Det er berekna at innbetaling av avdrag vil auke med om lag 1 mill. kr på bakgrunn av auken i låneramma på 5 mrd. kr.
Kap. 5615 Husbanken
Post 80 Renter
Posten er i revidert nasjonalbudsjettet for 2012 budsjettert med 3 862 mill. kr. Det er berekna at renteinntektene vil auke med om lag 1 mill. kr på bakgrunn av auken i låneramma på 5 mrd. kr.