5 Framlegg om endringar
Regjeringa gjer framlegg om å auke låneramma i Husbanken med 5 mrd. kr i 2012, frå 15 mrd. kr til 20 mrd. kr, jf. framlegg om endra løyvingar og framlegg til romartalsvedtak.
På bakgrunn av framlegget om å auke låneramma, gjer regjeringa framlegg om å auke løyvinga for 2012 på kap. 2412, post 90 Lån frå Husbanken med 250 mill. kr til 16 382 mill. kr og på kap. 5312, post 90 Avdrag med 1 mill. kr til 9 715 mill. kr. Regjeringa gjer òg framlegg om å auke løyvinga på kap. 5615, post 80 Renter med 1 mill. kr til 3 863 mill. kr.