Prop. 1 S (2019–2020)

FOR BUDSJETTÅRET 2020 — Utgiftskapittel: 200–292 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3292, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

1 Tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege føretak

Digforsk AS

Selskapet har leigd inn dagleg leiar. Lønn i 2018 er kostnadsført med 812 630 kroner.

NTNU Ocean Training AS

Dagleg leiar fekk 733 206 kroner i lønn og 4 392 kroner i anna godtgjersle i 2018. Pensjonsutgifter til administrerande direktør er kostnadsført med 29 892 kroner

NSD – Norsk senter for forskningdata AS

For administrerande direktør fram til 15. august 2018 er det rekneskapsført lønn på 1 375 613 kroner, pensjonskostnader på 20 989 kroner og anna godtgjersle på 4 392 kroner. For administrerande direktør frå 15. august 2018 er det rekneskapsført lønn på 1 005 308 kroner, pensjonskostnader på 19 266 kroner og anna godtgjering på 4 392 kroner.

Administrerande direktør har ikkje rett til bonus, overskotsdeling eller opsjonar, og heller ikkje særlege ytingar ved opphør av tilsetjingsforholdet.

NTNU Samfunnsforskning AS

Dagleg leiar fekk ei lønn på 1 084 616 kroner i 2018. Pensjonsutgifter blei dekte med 44 500 kroner.

Administrerande direktør har ein avtale om særskilt vederlag ved opphøyr av tilsetjingsforholdet.

NTNU Technology Transfer AS

Dagleg leiar fekk 1 744 783 kroner i lønn og 121 697 kroner i andre godtgjeringar i 2018. Selskapet har tenestepensjonsordning i tråd med lov om obligatorisk tenestepensjon.

Sem gjestegård AS

Dagleg leiar fekk 702 603 kroner i lønn og 125 820 kroner i andre godtgjeringar i 2018. Selskapet har tenestepensjonsordning i tråd med lov om obligatorisk tenestepensjon.

Senter for økonomisk forskning AS

Selskapet har hatt to daglege leiarar i 2018. Desse har fått utbetalt godtgjering på 206 010 kroner. Selskapet har tenestepensjonsordning i tråd med lov om obligatorisk tenestepensjon.

Simula Research Laboratory AS

Administrerande direktør fekk 2 692 734 kroner i lønn og 119 654 kroner i andre godtgjeringar i 2018. Pensjonsutgifter til administrerande direktør er kostnadsført med 131 456 kroner.

Unifond AS

Det er rekneskapsført 169 099 kroner i lønn til dagleg leiar i 2018. Selskapet har ei ytingsbasert pensjonsordning i Statens pensjonskasse, men har ikkje plikt til å ha tenestepensjonsordning etter lov om obligatorisk tenestepensjon.

UNINETT AS

Administrerande direktør i perioden 1. januar 2018 til 30. september 2018 fekk 1 024 359 kroner i lønn og 112 838 kroner i andre godtgjeringar. Administrerande direktør i perioden 1. oktober 2018 til 31. desember 2018 fekk 483 333 kroner i lønn og 12 445 kroner i andre godtgjersler. Selskapet har innskotsplanar for pensjonar i tråd med regelverket. Innskotsplanane omfattar alle tilsette.

Unirand AS

Det er rekneskapsført 337 033 kroner i lønn til dagleg leiar i 2018. Pensjonsutgifter til dagleg leiar er kostnadsført med 78 238 kroner.

Universitetssenteret på Svalbard AS

Det er totalt kostnadsført 1 325 105 kroner i lønn og godtgjering til direktøren. Arbeidsgivardelen av pensjon for direktøren er ført med 155 897 kroner.

Følgande heileigde selskap har ingen lønte tilsette som dagleg leiar

Dnf Productions AS, Universitetet i Bergen eiendom AS, Nord innovasjon AS, Vangslund AS.

Til forsida