Forslag
Under Klima- og miljødepartementet blir i Prop. 1 S (2020–2021) statsbudsjettet for budsjettåret 2021 dei forslag til vedtak som følgjer ført opp:
Kapitla 1400–1482, 4400–4481 og 5578
I
Utgifter:
Kap. | Post | Kroner | Kroner | ||
---|---|---|---|---|---|
Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m. | |||||
1400 | Klima- og miljødepartementet | ||||
01 | Driftsutgifter | 293 936 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter | 67 088 000 | |||
50 | Heilskapleg profilering, grøne løysingar | 10 796 000 | |||
51 | Den naturlege skulesekken | 10 442 000 | |||
70 | Frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige miljøstiftelsar | 52 541 000 | |||
71 | Internasjonale organisasjonar | 91 774 000 | |||
74 | Tilskot til AMAP, kan overførast | 5 162 000 | |||
76 | Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast | 153 178 000 | 684 917 000 | ||
1410 | Kunnskap om klima og miljø | ||||
21 | Miljøovervaking | 277 159 000 | |||
22 | Miljøkartlegging | 130 302 000 | |||
23 | MAREANO, kan overførast | 46 800 000 | |||
50 | Basisløyvingar under Noregs forskingsråd til miljøforskingsinstitutta | 220 753 000 | |||
51 | Forskingsprogram under Noregs forskingsråd | 384 738 000 | |||
53 | Internasjonalt samarbeid om miljøforsking | 7 274 000 | |||
70 | Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta | 39 723 000 | |||
72 | Tilskot til GenØk – Senter for biotryggleik | 5 310 000 | 1 112 059 000 | ||
1411 | Artsdatabanken | ||||
01 | Driftsutgifter | 32 639 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70 | 10 249 000 | |||
70 | Tilskot til artar og naturtypar, kan overførast, kan nyttast under post 21 | 26 666 000 | 69 554 000 | ||
1412 | Meteorologiformål | ||||
50 | Meteorologisk institutt | 380 257 000 | |||
70 | Internasjonale samarbeidsprosjekt | 142 857 000 | 523 114 000 | ||
Sum Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m. | 2 389 644 000 | ||||
Klima, naturmangfald og forureining | |||||
1420 | Miljødirektoratet | ||||
01 | Driftsutgifter | 717 944 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter | 326 350 000 | |||
22 | Statlege vassmiljøtiltak | 242 870 000 | |||
23 | Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd, kan overførast | 147 535 000 | |||
30 | Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde, kan overførast | 30 167 000 | |||
31 | Tiltak i verneområde, kan overførast | 90 419 000 | |||
32 | Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast | 540 000 | |||
33 | Statlege tileigningar, nytt landbasert vern, kan overførast | 950 000 | |||
34 | Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast | 2 053 000 | |||
35 | Statlege tileigningar, skogvern, kan overførast | 455 101 000 | |||
36 | Statlege tileigningar, marint vern, kan overførast | 6 200 000 | |||
38 | Restaurering av myr og anna våtmark, kan overførast | 17 090 000 | |||
39 | Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 69 og 79 | 12 483 000 | |||
60 | Tilskot for å vareta naturmangfald i kommuneplanlegging | 1 000 000 | |||
61 | Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing, kan overførast | 224 244 000 | |||
62 | Tilskot til grøn skipsfart, kan overførast | 13 820 000 | |||
63 | Returordning for kasserte fritidsbåtar | 1 000 000 | |||
64 | Skrantesjukeprøver frå fallvilt | 1 200 000 | |||
65 | Tiltak i kommunar med ulverevir i Hedmark, Akershus og Østfold | 20 560 000 | |||
69 | Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 79 | 92 962 000 | |||
70 | Tilskot til vassmiljøtiltak, kan overførast | 40 792 000 | |||
71 | Marin forsøpling, kan overførast | 70 290 000 | |||
72 | Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving | 145 885 000 | |||
73 | Tilskot til rovvilttiltak, kan overførast | 80 426 000 | |||
74 | CO2-kompensasjonsordning for industrien | 2 567 000 000 | |||
75 | Utbetaling for vrakpant og tilskot til kjøretøy og fritidsbåtar, overslagsløyving | 534 000 000 | |||
76 | Refusjonsordningar, overslagsløyving | 141 000 000 | |||
77 | Ymse organisasjonar og stiftelsar m.m. | 16 416 000 | |||
78 | Friluftsformål, kan overførast | 180 776 000 | |||
79 | Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 69 | 450 000 | |||
81 | Naturarv og kulturlandskap, kan overførast, kan nyttast under post 21 | 67 933 000 | |||
82 | Tilskot til truga artar og naturtypar, kan overførast | 42 806 000 | |||
83 | Tilskot til tiltak mot framande artar, kan overførast | 4 000 000 | |||
84 | Internasjonalt samarbeid | 5 508 000 | |||
85 | Naturinformasjonssenter, kan overførast | 77 826 000 | 6 379 596 000 | ||
1422 | Miljøvennleg skipsfart | ||||
21 | Spesielle driftsutgifter | 7 912 000 | |||
70 | Tilskot til private, kan nyttast under post 21 | 32 188 000 | 40 100 000 | ||
1423 | Radioaktiv forureining i det ytre miljø | ||||
01 | Driftsutgifter | 28 772 000 | 28 772 000 | ||
1425 | Fisketiltak | ||||
21 | Spesielle driftsutgifter | 100 000 | |||
70 | Tilskot til fiskeformål, kan overførast | 15 960 000 | 16 060 000 | ||
1428 | Enova SF | ||||
50 | Overføring til Klima- og energifondet | 3 315 744 000 | 3 315 744 000 | ||
Sum Klima, naturmangfald og forureining | 9 780 272 000 | ||||
Kulturminne og kulturmiljø | |||||
1429 | Riksantikvaren | ||||
01 | Driftsutgifter | 145 828 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter | 32 509 000 | |||
22 | Fleirårige prosjekt kulturminneforvaltning, kan overførast | 31 115 000 | |||
60 | Kulturminnearbeid i kommunane | 8 600 000 | |||
70 | Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne, kan overførast | 41 064 000 | |||
71 | Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap, kan overførast | 159 015 000 | |||
72 | Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne, kan overførast | 58 045 000 | |||
73 | Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring, kan overførast | 57 575 000 | |||
74 | Tilskot til fartøyvern, kan overførast | 65 972 000 | |||
75 | Tilskot til fartøyvernsenter, kan overførast | 16 459 000 | |||
77 | Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområde, kan overførast | 8 232 000 | |||
79 | Tilskot til verdsarven, kan overførast | 64 690 000 | 689 104 000 | ||
1432 | Norsk kulturminnefond | ||||
50 | Til disposisjon for kulturminnetiltak | 129 740 000 | 129 740 000 | ||
Sum Kulturminne og kulturmiljø | 818 844 000 | ||||
Nord- og polarområda | |||||
1471 | Norsk Polarinstitutt | ||||
01 | Driftsutgifter | 240 809 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 100 354 000 | |||
50 | Stipend | 536 000 | 341 699 000 | ||
1472 | Svalbards miljøvernfond | ||||
50 | Overføringar til Svalbards miljøvernfond | 20 658 000 | 20 658 000 | ||
1473 | Kings Bay AS | ||||
70 | Tilskot | 36 010 000 | 36 010 000 | ||
1474 | Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking | ||||
50 | Tilskot til statlege mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 70 | 24 533 000 | |||
70 | Tilskot til private mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 50 | 28 812 000 | 53 345 000 | ||
Sum Nord- og polarområda | 451 712 000 | ||||
Internasjonalt klimaarbeid | |||||
1481 | Klimakvotar | ||||
01 | Driftsutgifter, kan overførast | 3 062 000 | |||
22 | Kvotekjøp, generell ordning, kan overførast | 280 000 000 | |||
23 | Kvotekjøp, statstilsette sine flyreiser, kan overførast | 310 000 | 283 372 000 | ||
1482 | Internasjonale klima- og utviklingstiltak | ||||
01 | Driftsutgifter | 99 075 000 | |||
73 | Klima- og skogsatsinga, kan overførast | 3 081 543 000 | 3 180 618 000 | ||
Sum Internasjonalt klimaarbeid | 3 463 990 000 | ||||
Sum departementets utgifter | 16 904 462 000 |
Inntekter:
Kap. | Post | Kroner | Kroner | ||
---|---|---|---|---|---|
Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m. | |||||
4400 | Klima- og miljødepartementet | ||||
02 | Ymse inntekter | 470 000 | |||
03 | Refusjon frå Utanriksdepartementet | 34 046 000 | 34 516 000 | ||
4411 | Artsdatabanken | ||||
02 | Ymse inntekter | 420 000 | 420 000 | ||
Sum Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m. | 34 936 000 | ||||
Klima, naturmangfald og forureining | |||||
4420 | Miljødirektoratet | ||||
01 | Oppdrag og andre ymse inntekter | 7 774 000 | |||
04 | Gebyr, forureiningsområdet | 47 002 000 | |||
06 | Gebyr, fylkesmannsembeta sine miljøvernavdelingar | 37 821 000 | |||
07 | Gebyr, kvotesystemet | 8 720 000 | |||
08 | Gebyr, naturforvaltningsområde | 673 000 | |||
09 | Internasjonale oppdrag | 46 665 000 | 148 655 000 | ||
4423 | Radioaktiv forureining i det ytre miljø | ||||
01 | Gebyr, radioaktiv forureining | 1 027 000 | 1 027 000 | ||
Sum Klima, naturmangfald og forureining | 149 682 000 | ||||
Kulturminne og kulturmiljø | |||||
4429 | Riksantikvaren | ||||
02 | Refusjonar og ymse inntekter | 2 808 000 | |||
09 | Internasjonale oppdrag | 3 529 000 | 6 337 000 | ||
Sum Kulturminne og kulturmiljø | 6 337 000 | ||||
Nord- og polarområda | |||||
4471 | Norsk Polarinstitutt | ||||
01 | Sals- og utleigeinntekter | 6 686 000 | |||
03 | Inntekter frå ymse tenesteyting | 65 502 000 | |||
21 | Inntekter, Antarktis | 14 633 000 | 86 821 000 | ||
Sum Nord- og polarområda | 86 821 000 | ||||
Klimakvotar | |||||
4481 | Sal av klimakvotar | ||||
01 | Salsinntekter | 1 022 183 000 | 1 022 183 000 | ||
Sum Klimakvotar | 1 022 183 000 | ||||
Skattar og avgifter | |||||
5578 | Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet | ||||
70 | Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond | 20 670 000 | |||
72 | Fiskaravgifter | 18 264 000 | |||
73 | Påslag på nettariffen til Klima- og energifondet | 690 000 000 | 728 934 000 | ||
Sum Skattar og avgifter | 728 934 000 | ||||
Sum departementets inntekter | 2 028 893 000 |
Fullmakter til å overskride gitte løyvingar
II
Meirinntektsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Klima- og miljødepartementet i 2021 kan:
overskride løyvinga under | mot tilsvarande meirinntekter under |
---|---|
kap. 1400 post 01 | kap. 4400 post 02 |
kap. 1411 post 21 | kap. 4411 post 02 |
kap. 1420 post 01 | Kap. 4420 post 01 |
kap. 1420 post 23 | kap. 4420 postane 04, 06, 08 og 09 |
kap. 1423 post 01 | kap. 4423 post 01 |
kap. 1429 post 01 | kap. 4429 postane 02 og 09 |
kap. 1471 post 01 | kap. 4471 postane 01 og 03 |
kap. 1471 post 21 | kap. 4471 post 21 |
kap. 1472 post 50 | kap. 5578 post 70 |
Meirinntekt som gir grunnlag for overskriding, skal også dekkje meirverdiavgift knytt til overskridinga, og påverkar derfor også kap. 1633, post 01 for dei statlege forvaltingsorgana som inngår i nettoordninga for meirverdiavgift.
Meirinntekter og eventuelle mindreinntekter blir tekne med i berekninga av overføring av ubrukt løyving til neste år.
III
Fullmakt til overskridingar
Stortinget samtykkjer i at Klima- og miljødepartementet i 2021 kan:
1. overskride løyvinga på kap. 1481 Klimakvotar, post 01 Driftsutgifter, til dekning av honorar, transaksjonskostnader og utgifter til fagleg bistand i samband med sal av klimakvotar.
2. overskride løyvinga på kap. 1481 Klimakvotar, post 22 Kvotekjøp, generell ordning, med eit beløp som svarer til inntekter frå sal av klimakvotar under statens kvotekjøpsprogram som er rekneskapsført på kap. 4481 Sal av klimakvotar, post 01 Salsinntekter.
Fullmakter til å pådra staten forpliktingar utover løyvingar som er gitt
IV
Kjøp av klimakvotar
Stortinget samtykkjer i at Klima- og miljødepartementet i 2021 kan inngå avtaler om kjøp av klimakvotar innanfor ei samla ramme på 1 150 mill. kroner for gamle og nye forpliktingar under kap. 1481 Klimakvotar, post 22 Kvotekjøp, generell ordning.
V
Bestillingsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Klima- og miljødepartementet i 2021 kan gjere bestillingar utover gitte løyvingar, men slik at samla ramme for nye bestillingar og gammalt ansvar ikkje overstig følgjande beløp:
Kap. | Post | Nemning | Samla ramme |
---|---|---|---|
1411 | Artsdatabanken | ||
21 | Spesielle driftsutgifter | 12 mill. kroner | |
1420 | Miljødirektoratet | ||
31 | Tiltak i verneområde | 5 mill. kroner | |
32 | Statlege tileigningar, fylkesvise verneplaner | 0,6 mill. kroner | |
33 | Statlege tileigningar, nytt landbasert vern | 0,7 mill. kroner | |
35 | Statlege tileigningar, skogvern | 351,3 mill. kroner | |
36 | Statlege tileigningar, marint vern | 3 mill. kroner | |
38 | Restaurering av myr og anna våtmark | 1,5 mill. kroner |
VI
Tilsegnsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Klima- og miljødepartementet i 2021 kan gi tilsegn om tilskot utover løyvingar som er gitt, men slik at samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar ikkje overstig følgjande beløp:
Kap. | Post | Nemning | Samla ramme |
---|---|---|---|
1411 | Artsdatabanken | ||
70 | Tilskot til artar og naturtypar | 11,7 mill. kroner | |
1420 | Miljødirektoratet | ||
30 | Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde | 55 mill. kroner | |
61 | Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing | 287,7 mill. kroner | |
62 | Tilskot til grøn skipsfart | 80 mill. kroner | |
71 | Marin forsøpling | 15 mill. kroner | |
78 | Friluftsformål | 3 mill. kroner | |
1428 | Enova SF | ||
50 | Overføring til Klima- og energifondet | 400 mill. kroner | |
1429 | Riksantikvaren | ||
70 | Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne | 61 mill. kroner | |
71 | Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap | 60 mill. kroner | |
72 | Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne | 10 mill. kroner | |
73 | Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring | 10 mill. kroner | |
74 | Tilskot til fartøyvern | 15 mill. kroner | |
75 | Tilskot til fartøyvernsenter | 1,5 mill. kroner | |
77 | Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområde | 4 mill. kroner | |
79 | Tilskot til verdsarven | 21 mill. kroner | |
1482 | Internasjonale klima- og utviklingstiltak | ||
73 | Klima- og skogsatsinga | 1 500 mill. kroner |
VII
Fullmakt til å inngå forpliktingar
Stortinget samtykkjer i at Klima- og miljødepartementet i 2021 kan pådra forpliktingar for framtidige år til å kjøpe inn materiell og til å gi tilsegn om tilskot ut over gitte løyvingar under kap. 1420 Miljødirektoratet, postane 39, 69 og 79 Oppryddingstiltak, men slik at samla ramme for nye forpliktingar og gammalt ansvar ikkje overstig 98,5 mill. kroner.
Andre fullmakter
VIII
Utbetaling av tilskot
Stortinget samtykkjer i at Klima- og miljødepartementet i 2021 får unntak frå føresegnene i stortingsvedtak av 8. november 1984 om utbetalingar av gitte løyvingar på følgjande måte:
1. Utbetalingar av tilskot til utviklingsformål kan gjerast éin gong i året for FNs klima- og skogprogram, FNs kontor for narkotika og kriminalitet (UNODC), Verdsbankens Forest Carbon Partnership Facility, Forest Investment Program og BioCarbon Fund plus.
2. Utbetalingar av kjernebidrag til Global Green Growth Institute kan gjerast i medhald av organisasjonens regelverk.
3. Utbetalingar av tilskot til Det grøne klimafondet (GCF) og til fond forvalta av FNs Multi Partner Trust Fund og Inter-American Development Bank (IDB) kan skje i medhald av regelverket for det enkelte fondet.
IX
Utbetaling for framtidige utsleppsreduksjoner
Stortinget samtykkjer i at Klima- og miljødepartementet i 2021 får unntak frå føresetnadene i stortingsvedtak av 8. november 1984 om utbetalingar av gitte løyvingar gjennom at tilskot til Emergent Forest Financing Accelerator kan utbetalast med det formål å betale for framtidige verifiserte utsleppsreduksjonar.
X
Utbetaling av tilskot til offentleg-privat samarbeid
Stortinget samtykkjer i at Klima- og miljødepartementet i 2021 får unntak frå føresetnadene i stortingsvedtak av 8. november 1984 om at utbetaling av gitte løyvingar berre skal skje ved behov, slik at det kan utbetalast tilskot til risikoreduksjon for investeringar i avskogingsfri og berekraftig råvareproduksjon i tråd med kriteria for kap. 1482 Internasjonale klima- og utviklingstiltak, post 73 Klima- og skogsatsinga.
XI
Utbetaling av renter på tilskot
Stortinget samtykkjer i at opptente renter på tilskot som er utbetalte frå Noreg under Klima- og skogsatsinga på kap. 1482, post 73 kan nyttast til tiltak etter avtale mellom Klima- og miljødepartementet og den enkelte mottakaren.
XII
Omgjering av lån på vilkår til tilskot
Stortinget samtykkjer i at Klima- og miljødepartementet i 2021 kan gi Enova SF fullmakt til å omgjere lån på vilkår frå Klima- og energifondet til tilskot etter førehandsdefinerte og føreseielege kriterium.
Andre vedtak
XIII
Oppheving av oppmodningsvedtak
Vedtak nr. 108, punkt 8, 5. desember 2016 blir oppheva.