Del 1
Innleiing
1 Oversikt
1.1 Område
I denne proposisjonen kjem departementet med framlegg om utgifter og inntekter under programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar, programområde 23 Finansadministrasjon, medrekna skatte- og avgiftsadministrasjonen, og programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m. Ansvaret for løyvingane, medrekna rekneskapsavlegging, under programkategoriane 00.30 Regjeringa og 00.40 Stortinget og tilknytte organ ligg til høvesvis Statsministerens kontor og Stortingets eigne institusjonar. Av praktiske grunnar vert desse programkategoriane førte opp i Finansdepartementets proposisjon, og beløpa er tekne med i oversikt over løyvingar på Finansdepartementets område. Framlegg under programkategori 00.40 er i samsvar med framlegget frå stortingsadministrasjonen.
1.2 Hovudoppgåver og organisering
Finansdepartementet med underliggjande etatar har ansvar for m.a. å
medverke til eit høveleg grunnlag for vedtak i den økonomiske politikken og i budsjettarbeidet
sikre finansieringa av den offentlege verksemda gjennom skattar og avgifter
samordne arbeidet med statsbudsjettet og økonomistyringa i staten
forvalte statleg formue og gjeld
medverke til eit offisielt statistikk- og datagrunnlag til bruk i offentleg og privat verksemd
medverke til velfungerande finansmarknader
Politikken på dei ovannemnde områda er omtalt i Meld. St. 1 (2020–2021) Nasjonalbudsjettet 2021, Prop. 1 S (2020–2021) Statsbudsjettet for budsjettåret 2021 og Prop. 1 LS (2020–2021) Skatter, avgifter og toll 2021. Proposisjonen her omfattar i fyrste rekkje forvaltninga og administrasjonen på desse områda.
Nedanfor er ei oversikt over verksemder på Finansdepartementets område.
1.3 Oversikt over budsjettframlegget for Finansdepartementet
Programområde under departementet
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 | Pst. endr. 20/21 | |
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar | 2 692 444 | 2 527 000 | 2 569 635 | 1,7 | |
Programområde 23 Finansadministrasjon | 47 801 815 | 48 369 700 | 52 448 123 | 8,4 | |
Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m. | 73 938 236 | 10 015 800 | 98 160 900 | 880,1 | |
Sum utgifter | 124 432 495 | 60 912 500 | 153 178 658 | 151,5 | |
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar | 40 813 | 29 400 | 29 600 | 0,7 | |
Programområde 23 Finansadministrasjon | 3 156 594 | 2 983 032 | 3 302 000 | 10,7 | |
Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m. | 22 268 043 | 16 207 537 | 25 802 200 | 59,2 | |
Sum inntekter | 25 465 450 | 19 219 969 | 29 133 800 | 51,6 |
I tabell i pkt. 4.2 nedanfor er vist endringar fyrste halvår 2020 frå Saldert budsjett 2020.
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar omfattar regjeringa og Stortinget med underliggjande institusjonar. Framlegg til løyving for 2021 under dette programområdet utgjer 2 569,6 mill. kroner som reelt er om lag det same som i saldert budsjett 2019. Under programkategori 00.30 Regjeringa, er det ein reduksjon med nærare 2 mill. kroner. Reduksjonen heng mellom anna saman med endringar i regjeringa i januar 2020 og ei ekstraordinær investering i biltenesta same året. Under programkategori 00.40 Stortinget og tilknytte organ, gjer ein framlegg om å auke løyvingane med 36,8 mill. kroner eller 1,8 pst.
Framlegget under programkategori 00.40 Stortinget og tilknytte organ er i samsvar med framlegget frå stortingsadministrasjonen.
Programområde 23 Finansadministrasjon
Programområde 23 Finansadministrasjon omfattar skatte- og avgiftsadministrasjon, offisiell statistikk, finansadministrasjon og nokre andre føremål. Det samla framlegget til løyving for 2021 under dette programområdet utgjer 52 448,1 mill. kroner. Det er ein auke på 4 078,4 mill. kroner frå saldert budsjett 2020. Av auken gjeld 1 970 mill. kroner auka meirverdiavgiftskompensasjon til kommunesektoren og 1 000 mill. kroner meir til nettoordninga for statleg betalt meirverdiavgift. Til Skatteetaten ligg det inne ein auke med vel 450 mill. kroner som særleg heng saman med Skatteetatens overtaking av skatteinnkrevjinga frå kommunane og auka utgifter til større IT-prosjekt.
Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.
Programområdet omfattar utgifter til renter og avdrag på den innanlandske statsgjelda og på statskassa sine krav. Departementet sine renter og avdrag på statsgjeld er budsjetterte til 98 160,9 mill. kroner. Hovudgrunnen til auken her med 88 145,1 mill. kroner frå saldert budsjett 2020 er at eit stort obligasjonslån har forfall i 2021, medan det for 2020 ikkje vert rekna med nokon avdrag.
Inntekter
Samla inntekter, utanom skattar og avgifter, utgjer 29 133,8 mill. kroner. Av det er 19 801,4 mill. kroner utbyte og renteinntekter, m.a. 18 600 mill. kroner i overføring frå overføringsfondet i Noregs Bank. Statens renteinntekter av foliokontoen i Noregs Bank og andre krav i 2021 er omtalte i kap. 5605 Renter av kontantar i statskassa og andre fordringar. Det er gjort greie for skattar og avgifter i ein særskild proposisjon – Prop. 1 LS (2020–2021) Skatter, avgifter og toll 2021.
Utgifter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 | Pst. endr. 20/21 |
01–23 | Driftsutgifter | 20 137 008 | 20 812 700 | 22 773 258 | 9,4 |
30–49 | Nybygg, anlegg m.m. | 693 729 | 529 100 | 413 600 | -21,8 |
50–59 | Overføringar til andre statsrekneskap | 7 884 | 10 000 | 10 000 | 0,0 |
60–69 | Overføringar til kommunar | 27 252 978 | 27 000 000 | 29 000 000 | 7,4 |
70–89 | Overføringar til private | 12 239 896 | 12 560 700 | 12 981 800 | 3,4 |
90–99 | Utlån, avdrag m.m. | 64 101 000 | 88 000 000 | ||
Sum under departementet | 124 432 495 | 60 912 500 | 153 178 658 | 151,5 |
2 Nokre viktige oppgåver i 2021
Nedanfor er det gjort greie for nokre av dei viktige oppgåvene Finansdepartementet skal utføre i 2021, i tillegg til å samordne den økonomiske politikken.
2.1 Virusutbrotet – vidare oppfølging
Norsk økonomi er framleis prega av virusutbrotet og dei strenge smitteverntiltaka som vart innførte her heime og i resten av verda. Samstundes har opphentinga kome i gang raskare enn mange frykta då det såg som mørkast ut. Smittesituasjonen i Noreg kom raskt under kontroll, og mange av dei strenge smitteverntiltaka er lempa på. Saman med dei kraftfulle økonomiske krisepakkene er det lagt til rette for at aktiviteten i norsk økonomi har kunna ta seg opp igjen etter den dramatiske nedgangen våren 2020. Sjølv om opphentinga har gått raskare enn departementet såg for seg på føresommaren, vil aktivitetsnivået trulig vere lågare enn normalt i lang tid framover. Mange er per september 2020 framleis permitterte og arbeidslause. Smitten auka noko på ettersommaren. Nye smitteverntiltak vart då innførte, både nasjonalt og i nokre avgrensa område. Det illustrerer at den positive utviklinga er skjør.
Virusutbrotet og innføringa av strenge smitteverntiltak har gjeve behov for ekstraordinære tiltak i finanspolitikken, av eit omfang utan sidestykke i norsk moderne historie. Dei økonomiske krisetiltaka er nærare omtalte i kapittel 1 i Nasjonalbudsjettet 2021. Dei ekstraordinære krisetiltaka er mellombels og skal takast gradvis bort etter kvart som den økonomiske situasjonen vert meir normal. Fleire av tiltaka er eller vil verte avvikla i 2020, medan mange vil krevje arbeid i 2021 òg.
Finansdepartementet vil ha høg beredskap for å følgje utviklinga i økonomien og i smittespreiinga. Skulle styresmaktene verte nøydde til å innføre strenge smitteverntiltak, slik som ein på ettersommaren har sett i andre europeiske land, vil den økonomiske aktiviteten kunne falle igjen. Det kan krevje innføring av nye økonomiske tiltak eller forlenging av dei eksisterande tiltaka. Likevel veit vi no langt meir om korleis ulike tiltak verkar, og vi er betre rusta til å handsame ei eventuell ny oppblussing av viruset, både når det gjeld helsemessige og økonomiske konsekvensar.
Regjeringas strategi for vegen vidare, Noregs veg ut av krisa: Skape meir, inkludere fleire, vart lagt fram i mai 2020. Føremålet er å få aktiviteten opp og samstundes vere ein del av ein overordna strategi for å møte dei langsiktige utfordringane for norsk økonomi. Statsbudsjettet for 2021 tar denne strategien vidare og skal bidra til å ta Noreg ut av koronakrisa. Ei rekkje av desse tiltaka involverer Finansdepartementet, både som overordna budsjettdepartement og som ansvarleg for nokre av ordningane.
Finansdepartementet har et særleg ansvar for kompensasjonsordninga for føretak med stort omsetningsfall, tilskottsordninga for føretak som tek tilbake permitterte (lønsstøtteordninga), ei rekkje tiltak som inneber reduksjon og utsetting av skatteinnbetalingar, garantiordninga for banklån til føretak, obligasjonslåneordninga til dei store føretaka, endringane i føresegna om bustadlån og ei rekkje andre tiltak på finansmarknadsområdet. Dei to første tiltaka vart avvikla i 2020, men vil framleis kunne krevje arbeid i 2021.
På finansmarknadsområdet vil ein i 2021 mellom anna arbeide vidare med overvaking og analyse av innverknaden på finansføretaka og den finansielle tenesteytinga av det realøkonomiske tilbakeslaget. Det er særleg viktig å følgje med på utlånstapa i bankane og utviklinga på kredittmarknaden, og vurdere trongen for ytterlegare tiltak av omsyn til den finansielle stabiliteten. Garantiordninga for banklån til føretak vil krevje noko oppfølging framover. Regjeringa skal òg innan 17. oktober 2020 vurdere om dei mellombelse endringane i private tenestepensjonsordningar som legg til rette for at arbeidsgjevarar kan la permitterte tilsette fortsette som medlemar i pensjonsordninga sjølv om dei etter forsikringsavtalen skulle vore utmelde, skal vidareførast ut over dei seks månadene som reglane opphavleg skulle gjelde.
På skatteområdet har det vore fatta ei rekkje mellombels tiltak for å lette situasjonen for næringslivet. Tiltaka har innebore utsatt betaling av skattar og avgifter, lågare skatte- og avgiftssatsar og endringar i reglar for frådrag. Det har vore krevjande for Skatteetaten å implementere mange endringar på kort tid, og tiltaka vil òg gje meirarbeid for etaten i 2021, sjølv om tiltaka berre har verknad for 2020.
2.2 Statens pensjonsfond
Stortinget har i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond gjeve Finansdepartementet ansvaret for forvaltinga av fondet. Den operasjonelle forvaltinga av Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN) er det høvesvis Noregs Bank og Folketrygdfondet som tek hand om, jf. § 2 i lova. Departementet har fastsett føresegner for forvaltinga i særskilde mandat for Noregs Bank og Folketrygdfondet. Her er det gjort greie for referanseindeksar og rammer for forvaltinga, og ein finn føresegner om risikostyring, rapportering og ansvarleg investeringspraksis. Mandata er i hovudsak prinsippbaserte, og dei føreset at Noregs Bank og Folketrygdfondet fastset meir detaljerte interne reglar.
Den samla marknadsverdien av Statens pensjonsfond var 10 657 mrd. kroner ved inngangen til andre halvår 2020. Av dette var 10 400 mrd. kroner i SPU og 257 mrd. kroner i SPN. Langsiktig og god forvalting av denne fellesformuen er ei viktig oppgåve.
Målet med investeringane i Statens pensjonsfond er høgast mogleg avkasting innafor akseptabel risiko. Fondet skal vere ein ansvarleg investor innafor den overordna finansielle målsettinga.
Finansdepartementet fastset investeringsstrategien for fondet og følgjer opp forvaltinga.
Arbeidet med Statens pensjonsfond er nærare omtalt i Meld. St. 32 (2019–2020) Statens pensjonsfond 2020 og i Meld. St. 1 (2020–2021) Nasjonalbudsjettet 2021.
2.3 Regelverksarbeid på finansmarknadsområdet
På finansmarknadsområdet har det gjennom mange år vore arbeidd mykje med å utvikle og tilpasse rammevilkåra for finansnæringa gjennom føremålstenlege lover og forskrifter. Regelverket skal medverke til at finansmarknadene og finansinstitusjonane er effektive. Samtidig skal det fremje tryggleik, soliditet og stabilitet i finansmarknaden. Det er lagt stor vekt på at den samla reguleringa skjer på ein konsistent måte for dei ulike typar finansinstitusjonar, med lik regulering av lik type risiko, uavhengig av kva slag finansinstitusjon som tek risikoen. Kundane sine interesser skal òg takast vare på når ein fastset reglar. Regelverksarbeidet speglar i stor mon arbeidet med nye reglar i EU/EØS, i tillegg til enkelte nasjonalt initierte prosessar. Rapporteringa av gjennomførte regelverksoppgåver og gjennomgang av prioriterte regelverksoppgåver er omtalt i del II av proposisjonen under kap. 1600 Finansdepartementet.
Arbeidet med finansiell stabilitet er delt mellom Finansdepartementet, Finanstilsynet og Noregs Bank. Finansdepartementet arbeider særleg med rammevilkåra for finanssektoren. Ein omtale av dette arbeidet og stoda i dei internasjonale finansmarknadene er gjeven i Meld. St. 1 (2020–2021) Nasjonalbudsjettet 2021 og i den årlege finansmarknadsmeldinga som har meir utførleg informasjon om utviklinga i finansmarknadene, utsiktene for finansiell stabilitet og omtale av finansmarknadsreguleringa. Meld. St. 22 (2019–2020) Finansmarkedsmeldingen 2020 vart lagd fram i april 2020 og drøfta då Stortinget behandla Innst. 353 S (2019–2020). Arbeidet i internasjonale fora som G 20, Baselkomiteen og EU for å styrkje reguleringa i finansmarknadene etter den internasjonale finanskrisa i 2008–2009, er langt på veg sluttført. Noreg, Island og Liechtenstein samarbeider med EU om å utvikle EØS-avtalen ved å ta inn ei stor mengd nye rettsaktar på finansmarknadsområdet, som òg skal gjennomførast i nasjonal rett. Sentrale soliditetskrav og krav til krisebehandling i tråd med internasjonale anbefalingar og vedtekne EU-reglar, er allereie gjennomførte. I del II i denne proposisjonen er det under kap. 1600 Finansdepartementet, Rapport, gjeve ei meir detaljert framstilling av arbeidet med EØS-relevante forordningar og direktiv, og om anna regelverksarbeid.
2.4 Skatte- og avgiftsområdet
Regelverksarbeid
Det er vorte gjennomført store endringar i skatte- og avgiftslovgivinga dei siste åra, mellom anna ei skatteomlegging for å fremje omstilling og vekst. I del II er det under kap. 1600 Finansdepartementet rapportert om fleire regelrevisjonar og nytt regelverk som det òg vil verte arbeidd med etter 2020, og om aktivitetar i 2021 og seinare. Dette gjeld mellom anna:
Digital økonomi og skatt
Verdsetjing av fritidseigedom
Arbeid med samordning av reglane for innkrevjing av offentlege krav
2.5 Fornye, forenkle og forbetre
Skatte- og avgiftsområdet
Skatteetaten har dei seinare åra gjennomført fleire store omstillingsprosessar der målet er ei betre og meir effektiv skatte- og avgiftsforvaltning. I 2019 innførte etaten ein ny organisasjonsmodell, basert på landsdekkjande oppgåveløysing, og endra samstundes kontorstrukturen til færre kontor og større fagmiljø. Frå 1. november 2020 vil etaten overta ansvaret for skatteoppkrevjinga frå kommunane. Skatteetaten vil med dette få eit heilskapleg ansvar for fastsetjing, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter. Overføringa av skatteoppkrevjarfunksjonen er ein stor og krevjande omstillingsprosess der om lag 1 100 tilsette vil følgje med oppgåva til Skatteetaten. Den nye organiseringa legg til rette for at Skatteetaten kan løyse sine oppgåver på ein betre og meir effektiv måte. Mellom anna vil kontrollarbeidet verte styrkt i ei tid med etterkontroll av tiltak i samband med virusutbrotet.
Skatteetaten moderniserer systemportefølja si. Moderniseringa effektiviserer etatens interne prosessar, men gjev òg enklare tenester for innbyggjarane og forenkling for næringslivet. Frå 2021 kan offentlege og private verksemder ta i bruk eit modernisert folkeregister. Effektar er mellom anna eit register med høgare kvalitet og meir oppdaterte opplysningar. Manuell og papirbasert saksbehandling vert erstatta av automatiserte prosesser, og endringar kan sendast elektronisk.
Skatteetaten utviklar samstundes ei ny dialogbasert skattemelding for formues- og inntektsskatt for næringsdrivande, lønstakarar og pensjonistar. Den nye skattemeldinga skal forenkle og forbetre prosessane for fastsetjing av skatt og redusere næringslivets kostnadar ved å etterleve statlege rapporteringskrav. Løysinga for lønstakarar og pensjonistar er tilnærma ferdigstilt og vart teken i bruk våren 2020 i samband med skattemeldinga for 2019. Denne løysinga har fungert bra.
Etaten utviklar òg eit nytt IT-system for meirverdiavgift. Ei meir digitalisert prosesstøtte og betre rettleiing for verksemdene vil gjere det enklare å etterleve meirverdiavgiftsreglane.
Skatteetaten skal vidare utvikle ei løysing som gjer det mogleg å dele dei opplysningar om inntekt og arbeidsforhold som arbeidsgjevar allereie har innrapportert i a-meldinga, med pensjonsverksemder slik at desse kan rekne ut rett pensjonsgrunnlag etter OTP-regelverket. Målet er betre etterleving av pensjonsforpliktingar frå arbeidsgjevarane og forenkla rapporteringa av opplysningar frå næringslivet.
Tiltaka er omtalte under kap. 1618 Skatteetaten òg.
Tolletaten
Tolletaten har starta arbeidet med å digitalisere systemstøtta på kontrollområdet og etablere ei ny løysing for deklarering og automatisk fortolling av varer på grensa (ekspressfortolling). Formålet er mellom anna å effektivisere oppgåveløysinga for både næringslivet og Tolletaten. Ekspressfortollingsløysinga vil gje ei føreseieleg og smidig grensepassering for næringslivet. For aktørar som fortollar på grensa, betyr dette at ein, i normalsituasjonen, slepp å stanse for å få behandla papira sine i ekspedisjonen. Det har vorte gjennomført eit forsøksprosjekt med ekspressfortolling på Ørje tollstad i 2018. Prosjektet for ekspressfortolling er utvida til Svinesund i 2020, og i 2021 vil prosjektet verte utvida til fleire tollstader og vidareutvikla med fleire tollprosedyrar.
Tolletaten vart omorganisert 1. juni 2019 og består no av to fagdivisjonar og eit direktorat med fire fagdivisjonar. Fagdivisjonane har ansvar og oppgåver for heile landet. Fram til 1. juni var etaten organisert med eit direktorat og seks underliggjande tollregionar. Tolletaten vil halde fram med å tilpasse organiseringa si til tida og tilhøva og har planlagt å innføre ny organisering av nivåa under divisjonane i oktober 2020.
Tiltaka er òg omtalte under kap. 1610 Tolletaten.
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) legg til rette for effektiv ressursbruk i staten gjennom å levere standardiserte og effektive tenester til statlege verksemder. Gjentekne, regelbaserte oppgåver med store volum gjer slike tenester godt eigna for digitalisering og automatisering, og DFØ har arbeidd målretta med dette i fleire år. Den stendige utviklinga av tenestene bidreg både til effektivisering av arbeidet og auka kvalitet på prosessane. DFØ har teke i bruk fleire nye systemløysingar det siste året. Eit eksempel er ny innkjøps- og fakturaløysing som effektiviserer prosessen for innkjøp og fakturaflyt. DFØ har òg utvikla eit heilt nytt turnussystem som dekkjer kundane sine behov for å styre og følgje opp ressursbruken. Dei robotiserte løns- og rekneskapsprosessane er utvida med bildelesingsteknologi og meir maskinlæring.
Direktoratet bidreg òg til at staten får lågare investerings- og driftskostnader ved å kjøpe løysingar som mange kundar kan nytte. Fleire store og komplekse verksemder skal verte kundar av DFØ. Dei store verksemdene er sterkt delaktige i utviklinga av nye løysingar som resten av staten kan nytte. Frå 2021 vert universiteta i Oslo og Bergen kundar på løn- og rekneskapstenester.
DFØ vart omorganisert i 2020. Frå 1. januar 2020 vart fagområda til avdelinga for leiing og avdelinga for utgreiing og analyse i Digitaliseringsdirektoratet (tidlegare Difi) flytta til DFØ. I andre halvår 2020 vart òg fagområdet innkjøp flytta frå Digitaliseringsdirektoratet til DFØ. Ved å flytte desse fagområda vert fagområda økonomi, innkjøp, styring, leiing og organisering samla i DFØ. Dette legg til rette for ei meir samordna utvikling av desse områda, og at statlege verksemder kan få betre og meir heilskaplege tenester.
Finansområdet
Finanstilsynet ventar fortsatt auke i oppgåver. Særleg omfattande regelverksutvikling i EU gjer at tilsynet må bruke betydelege ressursar på å utvikle tilsvarande norsk regelverk. Vidare auke i Finanstilsynets oppgåver skjerpar kravet til effektiv utnytting av tilsynet sine ressursar og til prioritering av innsatsen på dei ulike tilsynsområda. Redusert saksbehandlingstid gjennom systematisk forbetring av interne arbeidsprosessar, samstundes som eksterne og interne kvalitetskrav skal møtast, er sentralt.
Finanstilsynet har i fleire år gjennomført tiltak som har auka kvaliteten på data og effektivisert og forenkla verksemda. Eit eksempel er ei løysing for effektivisert og automatisert rapportering frå forvaltarar av alternative investeringsfond. I 2019 fastsette tilsynet ein digitaliseringsstrategi for perioden 2019–2022. Strategien inneheld mål, prinsipp og planar for digitaliseringsarbeid i tilsynet i den komande perioden. Finanstilsynet har også sett i gang eit pilotprosjekt som testar maskinlesing og robotisering av enkelte oppgåver, til dømes kontroll av prospekt og årsrapportar. Prosjektet vil bidra til å utvikle kunnskap og metodar som kan brukast på fleire område.
Modernisering av statistikkproduksjonen
Teknologiske endringar gjev tilgang på meir data og nye datakjelder. Det skapar nye høve og fører til auka etterspurnad etter statistikk og analysar frå SSB. For å møte auka krav frå brukarane og utnytte tilgangen til nye datakjelder, samstundes som det vert sett krav til å effektivisere verksemda, må SSB modernisere statistikkproduksjonen. I dagens produksjonssystem vert statistikkane produserte i eigne produksjonsløp, ofte med eigne system og prosessar for kvar statistikk. Endringar som kjem av endra rammevilkår, må difor verte implementerte i mange ulike system. Dette er vanskeleg å sameine med krav til reduserte kostnader og lågare oppgåvebør og med krav om meir og betre statistikk. SSB må difor betre evna til å produsere statistikk og analysar på ein effektiv måte, mellom anna gjennom å automatisere og straumlineforme arbeidsprosessane. Dette arbeidet er komplisert og ressurskrevjande.
SSB har greia ut om det er mogleg å nytte finansielle transaksjonsdata i produksjon av viktige statistikkar. SSB planlegg dette mellom anna i samband med næringsstatistikk og med den nye forbruksundersøkinga, som er planlagd gjennomført i 2022. Førebelse konklusjonar er at ein i tillegg til å nytte transaksjonsdata, må supplere med andre kjelder for å få eit godt nok grunnlag til å lage statistikkane. Transaksjonsdata og andre stordata kan gje høve til statistikk på nye område og kan gje avlasting og effektivisering av andre.
SSBs moderniseringsprogram er retta mot nettopp desse behova. Det største utviklingsprosjektet byggjer på dei same elementa som vert utvikla i samband med Skatteetatens prosjekt Sirius. SSB vil leggje til rette for at desse løysingane òg kan nyttast i annan statistikkproduksjon.
3 Oppfølging av oppmodingsvedtak
Nedanfor er det gjeve ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Finansdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2019–2020 og alle vedtak frå tidlegere sesjonar der rapporteringa ikkje vart varsla avslutta i Prop. 1 S (2019–2020) eller som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 373 S (2019–2020) om Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2018–2019 meinte at ikkje var utkvitterte. I nokre tilfelle er det annanstad i budsjettframlegget gjeve ei meir omfattande framstilling av oppfølginga. I slike tilfelle er det vist til kor denne framstillinga finst.
I kolonnen lengst til høgre i tabellen nedanfor er oppgitt om departementet reknar med at rapporteringa om vedtaket no vert avslutta eller om det vil rapportere konkret om det i budsjettframlegget neste år òg. Ei rapportering som inneber at departementet skal leggje fram ei konkret sak for Stortinget, vil normalt fyrst verte avslutta når slikt framlegg er gjort.
Sjølv om det i tabellen er oppgitt at rapporteringa vert avslutta, vil det stundom vere slik at oppfølging av alle sider av vedtaket ikkje er sluttført. Dette kan t.d. gjelde oppmoding om å vareta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, og der oppfølginga vil kunne gå over fleire år. I slike tilfelle vert Stortinget orientert om oppfølginga slik som elles gjennom omtale av det relevante politikkområdet i andre dokument til Stortinget.
I samband med virusutbrotet våren 2020 vart det fremja og behandla ei mengd proposisjonar og innstillingar. Fleire av desse hadde svært lange namn. Nedanfor er desse dokumenta difor berre nemnde med nummer, art og sesjon, og utan namn.
Tabell 3.1 Oversikt over oppmodingsvedtak
Sesjon | Vedtak nr. | Stikkord | Rapportering vert avslutta (Ja/Nei) |
---|---|---|---|
2019–2020 | 396 | Kompensasjon for dei som er særskilt hardt råka av konsekvensane av korona-pandemien | Ja |
2019–2020 | 397 | Utsett betaling mva, utsett betaling forskottsskatt, redusere låg momssats | Ja |
2019–2020 | 413 | Ressursar til samfunnskritiske funksjonar | Ja |
2019–2020 | 422 | Redusert arbeidsgjevaravgift for ein termin | Ja |
2019–2020 | 423 | Kompensasjon til arbeidsgjevarar i tiltakssona | Ja |
2019–2020 | 445 | Mellombels startavskriving på nyanskaffa driftsmiddel i saldogruppe d | Ja |
2019–2020 | 446 | Mellombels saldo for skip i nærskipsfart med avskrivingssats på 20 pst. | Ja |
2019–2020 | 447 | CO2-avgift for ikkje-kvotepliktig sektor for elektrolyse og metallurgiske prosessar for industrien | Ja |
2019–2020 | 448 | Utsett innbetaling av særavgifter til drivstoffbransjen | Ja |
2019–2020 | 449 | Utsett innbetaling av særavgifter til bryggerinæringa | Ja |
2019–2020 | 450 | Utsett innbetaling av andre særavgifter | Ja |
2019–2020 | 451 | Opsjonsskatteordninga for små oppstartsføretak | Ja |
2019–2020 | 472 | Krisepakke | Ja |
2019–2020 | 479 | Lån over 50 mill. kroner i lånegarantiordninga for føretak | Ja |
2019–2020 | 480 | Vurdering av lånegarantiordninga for føretak | Ja |
2019–2020 | 490 | Hindre at levedyktige føretak må stengje | Ja |
2019–2020 | 491 | Kompensasjonsordninga for næringslivet, hindre pengar ut av landet | Ja |
2019–2020 | 493 | Kompensasjonsordninga for næringslivet, samanstillingsprinsippet | Ja |
2019–2020 | 495 | Kompensasjon til private og ideelle aktørar | Ja |
2019–2020 | 554 | Fiskal avgift på fiskeria | Nei |
2019–2020 | 692 | Konkret forslag om kontonummerportabilitet | Nei |
2019–2020 | 693 | Vurdering av digitale sentralbankpengar | Nei |
2019–2020 | 694 | Utvida mandat for Finansklagenemnda | Nei |
2019–2020 | 707 | Vedlikehald av privateide kulturminne og kulturmiljø | Nei |
2019–2020 | 782 | Vurdering av behov for supplerande likviditetsordningar for føretak | Ja |
2019–2020 | 784 | Reiarlagsskatteordninga | Nei |
2019–2020 | 785 | Endringar i regelverket for campingbilar | Nei |
2019–2020 | 786 | Provenynøytral omlegging av eingongsavgift for campingbilar | Ja |
2019–2020 | 787 | Mva – periodisering av omtvista krav i entreprisar | Ja |
2018–2019 | 45 | Solidarisk alkoholpolitikk | Ja |
2018–2019 | 404 | Presisering i forskrift av kven som skal verte identifisert som reelle rettshavarar | Nei |
2018–2019 | 424 | Utgreiing av ny teknologi som kan erstatte gjeldande bompengeordning | Nei |
2017–2018 | 596 | Tilsyn med OTP-ordningar | Ja |
2017–2018 | 858 | Likestille praksis frå kommunal og privat revisjon | Ja |
2016–2017 | 48 | Land-for-land rapportering | Nei |
2016–2017 | 1040 | Sikre behovet hos bustadkjøpare for meir tid i bustadhandelen | Nei |
3.1 Stortingssesjon 2019–2020
Kompensasjon for dei som er særskilt hardt råka av konsekvensane av korona-pandemien
Vedtak nr. 396, 16. mars 2020
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag til ytterligere kompensasjon for dem som er særskilt hardt rammet av konsekvensene av korona-pandemien.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 53 LS, lovvedtak 49–54 (2019–2020).
Saka er omtalt i Prop. 117 S (2019–2020). Her viser departementet til at ei rekke framlegg om ytterlegare kompenserande tiltak, herunder nye utvidingar av inntektssikringsordningane, i Prop. 57 S (2019–2020), Prop. 67 S (2019–2020), Prop. 73 S (2019–2020) samt i Prop. 117 S (2019–2020). Det vert vist til Meld. St. 2 (2019–2020), kap. 1.2 for eit samla oversyn over økonomiske tiltak som så langt er lagt fram etter virusutbrotet. I Innst. 360 S (2019–2020) tok komiteen omtalen til orientering. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
Utsett betaling mva, utsett betaling forskottsskatt, redusere låg momssats
Vedtak nr. 397, 16. mars 2020
«Stortinget ber regjeringen: – Utsette innbetaling av merverdiavgift som forfaller 15. april 2020. – Utsette innbetaling av den andre terminen for forskuddsskatt for selskaper som forfaller 15. april 2020. – Redusere lav momssats til 8 prosent. Dette er en midlertidig ordning inntil videre. Endringen trer i kraft fra og med 1. januar 2020.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 53 LS (2019–2020), lovvedtak 49–54, jf. Innst. 198 L (2019–2020).
Utsett innbetaling av meirverdiavgift og utsett andre termin forskottsskatt for selskaper er følgt opp med lovforslag i Prop. 58 LS (2019–2020), jf. Innst. 200 S (2019–2020).
Redusert låg meirverdiavgiftssats er følgt opp ved eit forslag til endring av satsen i Stortingets vedtak 13. desember 2019 om meirverdiavgift til 8 prosent i Prop. 58 LS (2019–2020), jf. Innst. 200 S (2019–2020), og eit forslag til endring av satsen til 6 prosent i Stortingets vedtak 21. mars 2020 om endring i Stortingets vedtak 13. desember 2019 om meirverdiavgift i Prop. 67 LS (2019–2020), jf. Innst. 216 S (2019–2020). Stortinget fatta vedtak i samsvar med framlegget frå regjeringa. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
Ressursar til samfunnskritiske funksjonar
Vedtak nr. 413, 19. mars 2020
«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at samfunnskritiske funksjoner og andre offentlige instanser som skal håndtere de praktiske konsekvensene av korona-pandemien, som kommuner, helsevesen og Nav, sikres nødvendige ressurser for å kunne håndtere oppgaven.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 52 S (2019–2020), jf. Innst. 197 S (2019–2020).
I Prop. 67 S (2019–2020) vart det foreslått løyving til Politiet for å tilsetje 400 polititenestemenn, jf. Innst. 216 S (2019–2020). I Innst. 216 S vart det òg vedteke løyving til auka rammetilskot til kommunane og fylkeskommunane.
I Prop. 73 S (2019–2020) vart det foreslått løyving til kompensasjon til kommunane for redusert foreldrebetaling i barnehagar og SFO, jf. Innst. 233 S (2019–2020).
I Prop. 117 S (2019–2020) vart det m.a. foreslått løyving til digitale læremiddel og undervisning i kommunane, fleire studieplassar og auka undervisingsressursar til universitet og høgskular, auka tilgjenge til helsestasjons- og skulehelseteneste i kommunane, kompensasjon til fylkeskommunar for bortfall av billettinntekter i kollektivtransporten, auka løyving til Arbeids- og velferdsetaten, regionale helseføretak, Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og Legemiddelverket, praksiskompensasjon til fastlegar og løyving til smittevern overfor sårbare grupper, jf. Innst. 360 S (2019–2020).
I Prop. 127 S (2019–2020) vart det m.a. foreslått løyving til fag- og yrkesopplæring og vidaregåande opplæring i fylkeskommunane, kompensasjon til kommunane for bortfall av skatteinntekter og utgifter til smittevern og skred, utgifter til legemiddel og medisinsk utstyr i regionale helseføretak og utgifter til omsorgstenester, jf. Innst. 360 S (2019–2020). I Innst. 360 S vart det òg vedteke ytterlegare auka basisløyving til regionale helseføretak og auka løyving til omsorgstenester. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
Redusert arbeidsgjevaravgift for ein termin
Vedtak nr. 422, 19. mars 2020
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om en midlertidig nedsettelse av arbeidsgiveravgiften med 4 prosentpoeng for en termin, tilsvarende to måneder. Ved kompensasjon får virkningene av korona-pandemien for offentlig sektor tas det hensyn til verdien av differensiert arbeidsgiveravgift.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 52 S (2019–2020), jf. Innst. 197 S (2019–2020). I Prop. 107 LS (2019–2020) vart det foreslått å redusere arbeidsgjevaravgifta for tredje termin som svarar til 4 pst. av arbeidsgjevaravgiftsgrunnlaget. Forslaget vart vedteke, jf. Innst. 360 S (2019–2020). Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
Kompensasjon til arbeidsgjevarar i tiltakssona
Vedtak nr. 423, 19. mars 2020
«For Finnmark og Nord-Troms som har nullsats kompenseres det i en tilsvarende periode med 250 mill. kroner. Regjeringen bes komme tilbake til hvordan dette kan gjøres.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 52 S (2019–2020), jf. Innst. 197 S (2019–2020). I Prop. 107 LS (2019–2020) vart det foreslått at arbeidsgjevarar i sone V og på Svalbard, der satsen er null, skal få eit tilskot på 4 pst. av arbeidsgjevaravgiftsgrunnlaget for tredje termin. Forslaget vart vedteke, jf. Innst 361 L (2019–2020). Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
Mellombels startavskriving på nyanskaffa driftsmiddel i saldogruppe d
Vedtak nr. 445, 31. mars 2020
«Stortinget ber regjeringen innføre en midlertidig ordning med startavskrivning for saldogruppe d (bl.a. for industri) fra 20 til 30 pst., og ber regjeringen komme tilbake med dette i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2020.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 67 S (2019–2020), jf. Innst. 216 S (2019–2020). I Prop. 107 LS (2019–2020), vart det, for å følgje opp vedtaket, gjort framlegg om ei ordning med mellombels startavskriving for driftsmiddel i saldogruppe d. Departementet peika i framlegget på at det var naudsynt å få tiltaket godkjend av EFTAs overvåkingsorgan ESA som lovleg statsstøtte. Framlegget vart vedteke av Stortinget, jf. Innst 361 L (2019–2020). ESA godkjente tiltaket i vedtak av 20. juli 2020. Departementet vil følgje opp med naudsynte endringar i forskrifter. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
Mellombels saldo for skip i nærskipsfart med avskrivingssats på 20 pst.
Vedtak nr. 446, 31. mars 2020
«Stortinget ber regjeringen etablere en egen midlertidig skattemessig saldogruppe for skip (utenfor tonnasjeskatteordningen) i nærskipsfart, med en avskrivningssats på 20 pst., og ber regjeringen komme tilbake med dette i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2020.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 67 S (2019–2020), jf. Innst 216 S (2019–2020). I Prop. 107 LS (2019–2020), vart det, for å følgje opp vedtaket, gjort framlegg om ein forskriftsheimel for Finansdepartementet til å innføre ei mellombels saldogruppe for skip i nærskipsfart. I framlegget peika departementet blant anna på at ein slik forskriftsheimel ville gje departementet høve til vidare utgreiingar. Framlegget vart vedteke av Stortinget, jf. Innst. L 361 (2019–2020). Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
CO2-avgift for ikkje-kvotepliktig sektor for elektrolyse og metallurgiske prosessar for industrien
Vedtak nr. 447, 31. mars 2020
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake senest innen utgangen av april med forslag om å gjeninnføre det tidligere fritaket for CO2-avgift for ikke-kvotepliktig sektor for elektrolyse og metallurgiske prosesser for industrien, og inngå en avtale der industrien går med på en gradvis opptrapping over en fireårsperiode.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 67 S (2019–2020), jf. Innst. 216 S (2019–2020).
I Prop. 70 LS (2019–2020) foreslo regjeringa frå 1. april 2020 på nytt å innføre fritak for CO2-avgift for naturgass og LPG til kjemisk reduksjon eller elektrolyse, metallurgiske og mineralogiske prosessar ved å setje avgiftssatsane til null. Samtidig varsla regjeringa at den tek sikte på å trappe opp satsane til 25 pst. av det generelle avgiftsnivået i CO2-avgifta på naturgass og LPG i 2021, til 50 pst. i 2022, til 75 pst. i 2023 og til 100 pst. frå 2024. I Innst. 233 S (2019–2020) tok finanskomiteen omtalen til orientering og slutta seg til regjeringas forslag. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
Utsett innbetaling av særavgifter til drivstoffbransjen
Vedtak nr. 448, 31. mars 2020
«Stortinget ber regjeringen utsette innbetaling av særavgifter for drivstoffbransjen til juni 2020.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 67 S (2019–2020), jf. Innst. 216 (2019–2020). Vedtaket er følgt opp med eit lovforslag i Prop. 70 LS (2019–2020), jf. Innst. 232 L (2019–2020) og ved forskriftsendring. Ved forskriftendringa vart bryggerinæringa og drivstoffbransjen gjeve rentefri utsetjing til 18. juni av forfalla 18. april og 18. mai. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
Utsett innbetaling av særavgifter til bryggerinæringa
Vedtak nr. 449, 31. mars 2020
«Stortinget ber regjeringen utsette innbetaling av særavgifter for bryggerinæringen til juni 2020.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 67 S (2019–2020), jf. Innst. 216 (2019–2020). Vedtaket er følgt opp med eit lovforslag i Prop. 70 LS (2019–2020), jf. Innst. 232 L (2019–2020) og ved forskriftsendring. Ved forskriftendringa vart bryggerinæringa og drivstoffbransjen gjeve rentefri utsetjing til 18. juni av forfalla 18. april og 18. mai. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
Utsett innbetaling av andre særavgifter
Vedtak nr. 450, 31. mars 2020
«Stortinget ber regjeringen vurdere behovet for utsettelse av innbetalinger for andre særavgifter.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 67 S (2019–2020), jf. Innst. 216 (2019–2020). Vedtaket er følgt opp med eit lovforslag i Prop. 107 LS (2019–2020). Lovforslaget vart vedteke ved Stortingets behandling av Innst. 338 L (2019–2020). Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
Opsjonsskatteordninga for små oppstartsføretak
Vedtak nr. 451, 31. mars 2020
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med et forslag om en ny modell for opsjonsbeskatning for oppstartselskaper, senest i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2020.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 67 S (2019–2020), jf. Innst. 216 S (2019–2020). Vedtaket er følgt opp i Prop. 107 LS (2019–2020) kap. 5 og forskrift 25. juni 2020 nr. 1363 om endring i forskrift til utfylling og gjennomføring mv. av skatteloven av 26. mars 1999 nr. 14. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
Krisepakke
Vedtak nr. 472, 31. mars 2020
«Stortinget ber om at regjeringen kommer tilbake med forslag til en krisepakke til vedlikehold og investeringsprosjekter for å bidra til aktivitet i bl.a. bygge- og anleggsbransjen.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 67 S (2019–2020), jf. Innst. 216 S (2019–2020). I Prop. 127 S (2019–2020) vart det mellom anna foreslått løyving til ein vedlikehaldspakke til kommunane, rehabilitering av studentbustader, vedlikehaldstiltak på statlege eigedomar utanfor husleigeordninga, sjukehusbygg, ein verftspakke og førebyggjande flom- og skredsikringstiltak. Forslaga vart vedtekne, jf. Innst. 360 S (2019–2020). I Innst. 360 S vart det òg vedteke løyving til auka vedlikehald av riksvegar og investeringar i riksvegar og jernbane. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
Lån over 50 mill. kroner i lånegarantiordninga for føretak
Vedtak nr. 479, 31. mars 2020
«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at det i særlige tilfeller under lånegarantiordningen bør gis lån som overstiger 50 mill. kroner.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 67 S (2019–2020), jf. Innst. 216 S (2019–2020). Vedtaket er følgt opp med ein omtale i kap. 7.2 i Prop. 127 S (2019–2020), og finanskomiteen hadde ikkje merknader til saka i Innst. 360 S (2019–2020). Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
Vurdering av lånegarantiordninga for føretak
Vedtak nr. 480, 31. mars 2020
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med en bredere vurdering av innretningen av lånegarantiordningen.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 67 S (2019–2020), jf. Innst. 216 S (2019–2020). Vedtaket er følgt opp med ein omtale i kap. 7.2 i Prop. 127 S (2019–2020), og finanskomiteen hadde ikkje merknader til saka i Innst. 360 S (2019–2020). Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
Hindre at levedyktige føretak må stengje
Vedtak nr. 490, 27. april 2020
«Stortinget ber regjeringen vurdere ulike tiltak som kan bidra til at levedyktige bedrifter fortsetter driften fremfor å stenge ned.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 127 S (2019–2020), jf. Innst. 360 S (2019–2020). Vedtaket er følgt opp med lovforslag i Prop. 131 L (2019–2020). Lovforslaget vart vedtatt ved Stortingets behandling av Innst. 364 L (2019–2020).
Regjeringa følgjer med på situasjonen for næringslivet og vurderer laupande nye tiltak. Regjering og Storting innførte fleire tiltak utover våren 2020 for å bidra til at levedyktige verksemder kan få hjelp til å kome seg gjennom krisa og for å hindre langvarig arbeidsløyse.
Enkelte av krisetiltaka kan gje svake insentiv til å starte opp igjen drift i ei usikker tid. Regjeringa fremja difor forslag om ei tilskotsordning for føretak som tek attende permitterte tilsette, av omsyn til å få aktiviteten opp og talet på arbeidsløyse ned, sjå Prop. 127 S (2019–2020) og Prop. 131 L (2019–2020). Ved handsaminga av Innst. 364 L (2019–2020) slutta finanskomiteen seg til forslaget, og vedtaket vart gjort i lovvedtak 152 (2019–2020).
I Prop. 127 S (2019–2020) fremja regjeringa også forslag om å forlenge den generelle kompensasjonsordninga for næringslivet med tre månader. Ved handsaming av Innst. 360 S (2019–2020) tok Stortinget dette til orientering. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
Kompensasjonsordninga for næringslivet, hindre pengar ut av landet
Vedtak nr. 491, 27. april 2020
«Stortinget ber regjeringen i det videre arbeidet med forskriftene, sikre et mest mulig stramt og finmasket regelverk for å forhindre at kontantoverføringer til bedriftene fra den midlertidige kompensasjonsordningen flytter penger ut av landet i strid med intensjonen i ordningen.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 70 LS (2019–2020), jf. Innst. 232 L (2019–2020). I arbeidet med Forskrift til utfylling og gjennomføring av midlertidig lov om tilskuddsordning til foretak med stort omsetningsfall la regjeringa stor vekt på at tildelingar ikkje skal bli førte ut av landet. For å følgje opp oppmodingsvedtaket vart det lagt opp til eit krav om skatteplikt til Noreg og krav til registrering i Føretaksregisteret/Enhetsregisteret. Det vart òg stilt krav til full openheit om eigarstrukturen. Utanlandske selskap kan med dette få tildelt støtte, men berre i den grad dei er etablerte her i landet og rettar seg etter dei krava som gjeld til slik registrering.
Kravet om at føretaket må ha tilsette, og det at reine investerings- og eigedomsselskap ikkje er inkluderte i ordninga, gjev også større tryggleik mot flytting av støtte til andre land og mot tildelingar som bryt med føremålet i ordninga om å berge arbeidsplassar i Noreg.
Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
Kompensasjonsordninga for næringslivet, samanstillingsprinsippet
Vedtak nr. 493, 27. april 2020
«Stortinget ber regjeringen vurdere om relevante kostnader i kompensasjonsordningen kan periodiseres i tråd med «sammenstillingsprinsippet» i regnskapsloven § 4-1, slik at kostnader som er påløpt for å skape en inntekt, henføres til samme periode (måned) som inntekten.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 70 LS (2019–2020), jf. Innst. 232 L (2019–2020). Frå Innst. 232 L (2019–2020) går det fram at intensjonen med vedtaket var å gje betre tilpassa støtteutmåling til føretak med store sesongvariasjonar i omsetninga og kostnadar fordelte jamt utover året.
Departementet har endra forskrifta for tilskotsordninga slik at faste, uunngåelege kostnadar for visse sesongføretak kan verte multiplisert med ein såkalla «sesongfaktor», sjå Forskrift om endring i forskrift til utfylling og gjennomføring av lov om midlertidig tilskuddsordning for foretak med stort omsetningsfall av 16. juni 2020. Departementet har orientert Stortinget om endringa i Prop. 127 S (2019–2020), sjå pkt. 5.3. Endringa oppfyller intensjonen bak Stortingets oppmodingsvedtak nr. 493 (2019–2020).
I Innst. 360 S (2019–2020) tok komiteen omtalen til orientering. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
Kompensasjon til private og ideelle aktørar
Vedtak nr. 495, 27. april 2020
«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan private og ideelle aktører som yter velferdstjenester kan kompenseres for ekstrakostnader de har grunnet virusutbruddet.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 70 LS (2019–2020), jf. Innst. 232 L (2019–2020).
Situasjonen for private og ideelle aktørar i spesialisthelsetenesta vart teken opp i møte med helseføretaka 17. april 2020, sjå omtale i Prop. 117 S (2019–2020).
I tillegg er det gjeve 25 mill. kroner for å opprette ei tilskottsordning for ideelle leverandørar i helse- og omsorgstenesta som ikkje har avtale med regionale helseføretak eller kommunar. Det er til dømes institusjonar som vert finansierte av folketrygda.
Den samla kompensasjonen til kommunesektoren i samband med virusutbrotet bidreg blant anna til at kommunane kan kompensere private og ideelle aktørar for ekstrakostnader dei har grunna utbrotet.
I Innst. 360 S (2019–2020) tok komiteen omtalen til orientering. Fleirtalet synte til at kommunane har fått midlar frå staten til å dekkje meirutgiftene i samband med pandemien, og at det ikkje er rimeleg at kommunane skal få full kompensasjon dersom dei ikkje behandlar alle aktørar likt.
Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette. Departementet syner elles til oppfølginga av oppmodingsvedtak 494 som gjeld verksemder med økonomisk drift, men som ikkje har erverv som føremål, og som er svart ut under Helse- og omsorgsdepartementet, Kulturdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet.
Fiskal avgift på fiskeria
Vedtak nr. 554, 7. mai 2020
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget (så snart som mulig, eventuelt fra 2021) med et forslag om en fiskal avgift på fiskeriene (villfisk) tilsvarende om lag 100 mill. kroner årlig. Det vurderes i den forbindelse om det kan gjøres etter modell av fiskeriforskningsavgiften. Modellen må være forenlig med Norges forpliktelser under EFTA-konvensjonen og EFTA-frihandelsavtaler.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 32 (2018–2019), jf. Innst. 243 S (2019–2020) Innstilling fra næringskomiteen om et kvotesystem for økt verdiskaping. En fremtidsrettet fiskerinæring.
Oppmodingsvedtaket vil verte følgt opp i samråd med Nærings- og fiskeridepartementet. Som nemnt i Prop. 1 LS (2020–2021) vil Finansdepartementet kome tilbake til Stortinget om saka.
Konkret forslag om kontonummerportabilitet
Vedtak nr. 692, 25. juni 2020
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget senest våren 2021 med et konkret forslag til hvordan man kan sikre kontonummerportabilitet i Norge, samt et forslag til ordning for enkel flytting av tjenester som eFaktura og AvtaleGiro mellom kontoer.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 22 (2019–2020) Finansmarkedsmeldingen 2020, jf. Innst. 353 S (2019–2020) Innstilling fra finanskomiteen om Finansmarkedsmeldingen 2020. Departementet tek sikte på å følgje opp vedtaket våren 2021 i samband med Finansmarkedsmeldingen 2021.
Vurdering av digitale sentralbankpengar
Vedtak nr. 693, 25. juni 2020
«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med Finansmarkedsmeldingen 2021 legge frem en nærmere vurdering av spørsmålet om digitale sentralbankpenger.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 22 (2019–2020) Finansmarkedmeldingen 2020, jf. Innst. 353 S (2019–2020) Innstilling fra finanskomiteen om Finansmarkedsmeldingen 2020. Departementet tek sikte på å følgje opp vedtaket våren 2021 i Finansmarkedsmeldingen 2021.
Utvida mandat for Finansklagenemnda
Vedtak nr. 694, 25. juni 2020
«Stortinget ber regjeringen utrede om Finansklagenemnda kan få utvidet mandat, f.eks. til også å behandle klager fra organisasjoner, næringsdrivende og bedrifter, eventuelt organisasjoner og bedrifter under en viss størrelse.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 22 (2019–2020) Finansmarkedmeldingen 2020, jf. Innst. 353 S (2019–2020) Innstilling fra finanskomiteen om Finansmarkedsmeldingen 2020. Departementet tek sikte på å følgje opp vedtaket våren 2021 i Finansmarkedsmeldingen 2021.
Vedlikehald av privateide kulturminne og kulturmiljø
Vedtak nr. 707, 16. juni 2020
«Stortinget har drøftet kulturmiljømeldingen, herunder nye nasjonale mål for kulturmiljøpolitikken. Stortinget har vedtatt å be regjeringen i samband med bevaringsstrategiene, fremme forslag om hvordan staten kan stimulere private eiere av kulturminner og kulturmiljøer til jevnt, godt vedlikehold gjennom skatte- og avgiftsinsentiver.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 16 (2019–2020) – Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold, jf. Innst. 379 S (2019–2020).
Oppmodingsvedtaket vil verte følgt opp i samråd med Klima- og miljødepartementet. Finansdepartementet vil kome tilbake til Stortinget med saka.
Vurdering av behov for supplerande likviditetsordningar for føretak
Vedtak nr. 782, 19. juni 2020
«Stortinget ber regjeringen, frem mot 2021-budsjettet, vurdere om det er behov for supplerende ordninger for solide, store bedrifter som i utgangspunktet har en sunn drift, men mangler nødvendig likviditet, som følge av virusutbruddet. Alle ordninger av denne typen må være i tråd med EØS-regelverket og godkjennes av ESA.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 2 (2019–2020), jf. Innst. 360 S (2019–2020). Oppfølginga av vedtaket er drøfta i kap. 3.4 i Meld. St. 1 (2020–2021) Nasjonalbudsjettet 2021. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
Reiarlagskatteordninga
Vedtak nr. 784, 19. juni 2020
«Stortinget ber regjeringen utrede og vurdere endringer i rederiskatteordningen slik at selskaper innenfor ordningen i tillegg til virksomhet som kvalifiserer for rederibeskatning kan drive virksomhet som ikke er støtteberettiget, og som skal beskattes ordinært. Status for saken skal omtales i forbindelse med statsbudsjettet for 2021.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 2 (2019–2020), jf. Innst. 360 S (2019–2020).
Finansdepartementet arbeider med oppfølging av oppmodingsvedtaket. Saka er nærare omtalt i Prop. 1 LS (2020–2021) Skatter, avgifter og toll 2021, kapittel 15.
Endringar i regelverket for campingbilar
Vedtak nr. 785, 19. juni 2020
«Stortinget ber regjeringen legge frem endringer i regelverk for campingbiler som åpner for at antall sitteplasser kan overstige antall liggeplasser. De øvrige kriteriene justeres ved behov. Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag til endringer snarest mulig og senest i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett for 2021.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 107 LS (2019–2020), jf. Innst. 360 S (2019–2020). Finansdepartementet vil kome tilbake til Stortinget om saka.
Provenynøytral omlegging av eingongsavgift for campingbilar
Vedtak nr. 786, 19. juni 2020
«Stortinget ber regjeringen sørge for en provenynøytral omlegging av engangsavgiften for campingbiler i forbindelse med overgangen til WLTP som målemetode for utslipp av CO2 fra 2021.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 107 LS (2019–2020), jf. Innst. 360 S (2019–2020). I Prop. 1 LS (2020–2021) foreslår regjeringa at slagvolum inntil vidare vert nytta som avgiftskomponent i staden for CO2 frå 2021. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
Mva – periodisering av omtvista krav i entreprisar
Vedtak nr. 787, 19. juni 2020
«Stortinget ber regjeringen sende på høring forslag til endringer i merverdiavgifts-regelverket for entrepriser slik at det i perioden frem til arbeidet er fullført, bare inntrer plikt til å utstede salgsdokument dersom det mottas delbetalinger for utført arbeid eller materialer som er tilført kontraktsgjenstanden. Det bør gis rom for at partene kan innrette seg slik at entreprenøren ikke trenger å innberette og betale merverdiavgift av omtvistede krav underveis, det vil si frem til fullføring av prosjektet. Stortinget ber regjeringen fremme forslag i tråd med dette i forbindelse med framlegging av statsbudsjettet for 2021.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2020 (Meld. St. 2 (2019–2020), Innst. 360 S (2019–2020)).
I Prop. 1 LS (2020–2021) foreslår regjeringa å endre reglane for å utferde faktura ved byggje- og anleggsarbeid. Endringa går ut på at det vert gjeve høve til å utsetje å utferde faktura til arbeidet er fullført. Eit unntak gjeld der entreprenøren mottek delbetaling for utført arbeid eller materiale som er tilført bygget eller anlegget. I slike tilfelle skal det utstedes faktura for beløpet som er motteke.
Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
3.2 Stortingssesjon 2018–2019
Solidarisk alkoholpolitikk
Vedtak nr. 45, 20. november 2018
«Stortinget ber regjeringen vurdere en reversering av den siste endringen av taxfree-kvoten ut ifra en evaluering av hvordan kvoten påvirker Vinmonopolets salg og stilling som et av de viktigste alkoholpolitiske instrumentene.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:141 S (2017–2018) Representantforslag om en offensiv og solidarisk alkoholpolitikk, jf. Innst. 38 S (2018–2019).
Oppmodingsvedtaket vart kort omtalt i Prop. 1 S (2019–2020) frå Finansdepartementet. I Innst. 5 S (2019–2020) tok finanskomiteen omtalen til orientering. I Meld. St. 12 (2019–2020) redegjorde departementet for omtalen over. I Innst. 373 S (2019–2020) opplyste kontroll- og konstitusjonskomiteen at den ventar med å kvittere ut vedtaket. Finansdepartementet omtaler vedtaket i Prop. 1 LS (2020–2021). Ifølgje Granavolden-plattforma vil regjeringa «videreføre tax free-endringen som ble gjennomført i 2014 der tobakkskvoten kan byttes inn i alkohol». Regjeringa vil etter dette ikkje foreslå nokon endringar i tax free-kvotane nå.
Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
Presisering i forskrift av kven som skal verte identifisert som reelle rettshavarar
Vedtak nr. 404, 7. februar 2019
«Stortinget har vedtatt regjeringens forslag til ny lov om register over reelle rettighetshavere og bedt regjeringen presisere i forskrift hvem som skal identifiseres som reelle rettighetshavere.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 109 L (2017–2018), jf. Innst. 143 L (2018–2019) Innstilling fra finanskomiteen om Lov om register over reelle rettighetshavere.
Oppmodingsvedtaket vart kort omtalt i Prop. 1 S (2019–2020) frå Finansdepartementet. I Innst. 5 S (2019–2020) tok finanskomiteen omtalen til orientering. I Meld. St. 12 (2019–2020) gjorde departementet greie for omtalen over. I Innst. 373 S (2019–2020) opplyste kontroll- og konstitusjonskomiteen at den ventar med å kvittere ut vedtaket. Forslag til forskrift til lov om register over reelle rettshavarar er sendt på høyring. I forslaget er det foreslått detaljerte reglar om identifiseringa av reelle rettshavarar. Høyringsfristen er 1. oktober 2020. Departementet kjem tilbake til Stortinget med saka etter høyringa.
Utgreiing av ny teknologi som kan erstatte gjeldande bompengeordning
Vedtak nr. 424, 5. mars 2019
«Stortinget ber regjeringen inkludere utredning av ny teknologi som kan erstatte dagens bompengeordning, som en del av gjennomgangen av dagens avgiftssystem for bil.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:26 S (2018–2019) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hans Fredrik Grøvan, Tore Storehaug, Olaug V. Bollestad og Kjell Ingolf Ropstad om å fjerne dagens ordning med bompengeinnkreving og Dokument 8:35 S (2018–2019) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Sverre Myrli, Ingalill Olsen, Øystein Langholm Hansen og Kirsti Leirtrø om å utrede vegprising til erstatning for dagens bompenger og andre driftsrelaterte bilavgifter, jf. Innst. 175 S (2018–2019).
Oppmodingsvedtaket vart kort omtalt i Prop. 1 S (2019–2020) frå Finansdepartementet. I Innst. 5 S (2019–2020) tok finanskomiteen omtalen til orientering.
I Meld. St. 12 (2019–2020) redegjorde departementet for omtalen over. I Innst. 373 S (2019–2020) opplyste kontroll- og konstitusjonskomiteen at den ventar med å kvittere ut vedtaket.
Vedtaket reiser fleire krevjande spørsmål som vil krevje nærare utgreiing. Oppmodingsvedtaket vil verte følgt opp i samråd med Samferdselsdepartementet. Finansdepartementet vil kome tilbake til Stortinget om saka.
3.3 Stortingssesjon 2017–2018
Tilsyn med OTP-ordningar
Vedtak nr. 596, 10. april 2018
«Stortinget ber regjeringen vurdere å etablere en tilsynsordning med tilhørende sanksjoner, som skal sikre at bedriftene følger opp den lovbestemte plikten til å opprette og beholde obligatorisk tjenestepensjon for sine ansatte.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:101 S (2017–2018), Innst. 197 S (2017–2018), jf. forslag nr. 5 frå representanten Tore Storehaug.
I Prop. 1 S (2019–2020) frå Finansdepartementet orienterte departementet om at det hadde sett i gang ei utgreiing om korleis informasjon frå a-ordninga kan brukast i samband med obligatorisk tenestepensjon. I Innst. 5 S (2019–2020) tok finanskomiteen omtalen til orientering. I Meld. St. 12 (2019–2020) redegjorde departementet for omtalen over. I Innst. 373 S (2019–2020) opplyste kontroll- og konstitusjonskomiteen at den ventar med å kvittere ut vedtaket.
Saka er omtalt i Prop. 1 LS (2020–2021) kap. 13.2. Her foreslår departementet reglar om bruk av opplysningar i a-ordninga som vil styrkje tilsynet med at arbeidsgjevarane etterlever sine pensjonsforpliktingar etter lov om obligatorisk tenestepensjon. Det vert òg gjort framlegg om å flytte tilsynsansvaret til Skatteetaten. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
Likestille praksis frå kommunal og privat revisjon
Vedtak nr. 858, 7. juni 2018
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endringer i revisjonsloven gjennom å likestille praksis fra kommunal og privat revisjon når det gjelder godkjenning som statsautorisert og registrert revisor.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 46 L (2017–2018) Lov om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven), jf. Innst. 369 L (2017–2018).
Finansdepartementet opplyste i Prop. 1 S (2019–2020) at det vil behandle oppmodingsvedtaket i samband med oppfølginga av NOU 2017: 15 Revisorloven – forslag til ny lov om revisjon og revisorer.
I Innst. 5 S (2019–2020) tok finanskomiteen omtalen til orientering. I Meld. St. 12 (2019–2020) redegjorde departementet for omtalen over. I Innst. 373 S (2019–2020) opplyste kontroll- og konstitusjonskomiteen at den ventar med å kvittere ut vedtaket. I Prop. 37 LS (2019–2020) foreslår regjeringa å likestille praksis frå kommunal revisjon med privat revisjon, i den grad slik praksis er relevant for å verte statsautorisert revisor. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
3.4 Stortingssesjon 2016–2017
Land-for-land rapportering
Vedtak nr. 48, 15. november 2016
«Stortinget ber regjeringen sørge for at selskap som etter forslagene i land-for-land-rapportering til skattemyndighetene, også blir pliktige til å rapportere etter regnskaps- og verdipapirloven, og at selskapene skal rapportere betalt inntektsskatt og påløpt inntektsskatt, antall ansatte, akkumulert fortjeneste, resultat før skattekostnad, summen av inntekter fra transaksjoner med nærstående/ikke nærstående foretak og bokført egenkapital.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 120 L (2015–2016) Endringer i ligningsloven (land-for-land-rapportering til skattemyndighetene), jf. Innst. 42 L (2016–2017).
I Prop. 1 S (2019–2020) opplyste Finansdepartementet at det tok sikte på å utarbeide forslag til lovendringar som vil verte sendt på høyring. I Innst. 5 S (2019–2020) tok finanskomiteen omtalen til orientering. I Meld. St. 12 (2019–2020) redegjorde departementet for omtalen over. I Innst. 373 S (2019–2020) opplyste kontroll- og konstitusjonskomiteen at den ventar med å kvittere ut vedtaket.
Finansdepartementet tek sikte på å utarbeide forslag til lovendringar som vil verte sendt på høyring.
Sikre behovet hos bustadkjøpare for meir tid i bustadhandelen
Vedtak nr. 1040, 20. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen sikre boligkjøpernes behov for mer tid i bolighandelen gjennom forskriftene til eiendomsmeglingsloven eller ved å fremme forslag for Stortinget om endringer i avhendingsloven.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:123 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hans Olav Syversen, Line Henriette Hjemdal, Hans Fredrik Grøvan, Kjell Ingolf Ropstad og Geir Sigbjørn Toskedal om tiltak for å styrke forbrukernes rettigheter i handel med bolig, jf. Innst. 477 S (2016–2017).
I Prop. 1 S (2019–2020) opplyste Finansdepartementet at det tok sikte på å setje ned eit lovutval hausten 2019 for å revidere eiendomsmeklingslova. Lovutvalet vil òg kunne vurdere reglar om korleis ein skal gje bod. I Innst. 5 S (2019–2020) tok finanskomiteen omtalen til orientering.
I Meld. St. 12 (2019–2020) opplyste departementet om at regjeringa 11. oktober 2019 sette ned eit offentleg utval som skal evaluere eiendomsmeklingslova og foreslå ei framtidsretta regulering.
I Innst. 373 S (2019–2020) opplyste kontroll- og konstitusjonskomiteen at den ventar med å kvittere ut vedtaket. Utvalet har frist til 5. januar 2021 med å levere si innstilling.
4 Oversiktstabellar for budsjettet
Utgifter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 | Pst. endr. 20/21 |
Regjeringa | |||||
20 | Statsministerens kontor | 122 975 | 123 500 | 133 515 | 8,1 |
21 | Statsrådet | 208 349 | 207 800 | 195 450 | -5,9 |
24 | Regjeringsadvokaten | 116 172 | 122 500 | 122 870 | 0,3 |
Sum kategori 00.30 | 447 496 | 453 800 | 451 835 | -0,4 | |
Stortinget og tilknytte organ | |||||
41 | Stortinget | 1 493 944 | 1 345 800 | 1 378 800 | 2,5 |
42 | Ombodsmannsnemnda for Forsvaret | 6 642 | 7 500 | 7 600 | 1,3 |
43 | Stortingets ombodsmann for forvaltninga | 87 542 | 91 100 | 92 200 | 1,2 |
44 | Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste | 47 076 | 26 000 | 34 600 | 33,1 |
45 | Noregs institusjon for menneskerettar | 24 913 | 25 700 | 26 100 | 1,6 |
51 | Riksrevisjonen | 584 831 | 577 100 | 578 500 | 0,2 |
Sum kategori 00.40 | 2 244 948 | 2 073 200 | 2 117 800 | 2,2 | |
Sum programområde 00 | 2 692 444 | 2 527 000 | 2 569 635 | 1,7 | |
Finansadministrasjon | |||||
1600 | Finansdepartementet | 490 403 | 499 300 | 541 980 | 8,5 |
1602 | Finanstilsynet | 432 158 | 444 000 | 444 142 | 0,0 |
1605 | Direktoratet for forvaltning og økonomistyring | 618 246 | 630 300 | 864 684 | 37,2 |
Sum kategori 23.10 | 1 540 807 | 1 573 600 | 1 850 806 | 17,6 | |
Skatte-, avgifts- og tolladministrasjon | |||||
1610 | Tolletaten | 1 722 288 | 1 765 000 | 1 725 875 | -2,2 |
1618 | Skatteetaten | 6 937 286 | 7 386 200 | 7 843 910 | 6,2 |
1619 | Skatteklagenemnda | 71 200 | 70 966 | -0,3 | |
Sum kategori 23.20 | 8 659 574 | 9 222 400 | 9 640 751 | 4,5 | |
Offisiell statistikk | |||||
1620 | Statistisk sentralbyrå | 883 686 | 893 700 | 873 566 | -2,3 |
Sum kategori 23.30 | 883 686 | 893 700 | 873 566 | -2,3 | |
Andre føremål | |||||
1632 | Kompensasjon for meirverdiavgift | 29 443 682 | 29 280 000 | 31 250 000 | 6,7 |
1633 | Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift | 7 274 066 | 7 400 000 | 8 400 000 | 13,5 |
1634 | Kompensasjon for inntektssvikt som følgje av koronaviruset | 430 000 | |||
1645 | Statleg garantiordning for lån til små og mellomstore føretak | 3 000 | |||
Sum kategori 23.40 | 36 717 748 | 36 680 000 | 40 083 000 | 9,3 | |
Sum programområde 23 | 47 801 815 | 48 369 700 | 52 448 123 | 8,4 | |
Statsgjeld, renter og avdrag m.m. | |||||
1650 | Statsgjeld, renter m.m. | 9 837 236 | 10 015 800 | 10 160 900 | 1,4 |
1651 | Statsgjeld, avdrag og innløysing | 64 101 000 | 88 000 000 | ||
Sum kategori 24.10 | 73 938 236 | 10 015 800 | 98 160 900 | 880,1 | |
Sum programområde 24 | 73 938 236 | 10 015 800 | 98 160 900 | 880,1 | |
Sum utgifter | 124 432 495 | 60 912 500 | 153 178 658 | 151,5 |
Inntekter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2019 | Saldert budsjett 2020 | Forslag 2021 | Pst. endr. 20/21 |
Regjeringa | |||||
3021 | Statsrådet | 134 | 100 | -100,0 | |
3024 | Regjeringsadvokaten | 28 432 | 19 600 | 20 200 | 3,1 |
Sum kategori 00.30 | 28 566 | 19 700 | 20 200 | 2,5 | |
Stortinget og tilknytte organ | |||||
3041 | Stortinget | 9 323 | 7 400 | 7 100 | -4,1 |
3051 | Riksrevisjonen | 2 924 | 2 300 | 2 300 | 0,0 |
Sum kategori 00.40 | 12 247 | 9 700 | 9 400 | -3,1 | |
Sum programområde 00 | 40 813 | 29 400 | 29 600 | 0,7 | |
Finansadministrasjon | |||||
4600 | Finansdepartementet | 861 | 400 | 400 | 0,0 |
4602 | Finanstilsynet | 40 468 | 12 800 | 13 100 | 2,3 |
4605 | Direktoratet for forvaltning og økonomistyring | 121 405 | 62 332 | 155 300 | 149,1 |
5580 | Sektoravgifter under Finansdepartementet | 425 822 | 445 700 | 451 800 | 1,4 |
Sum kategori 23.10 | 588 556 | 521 232 | 620 600 | 19,1 | |
Skatte-, avgifts- og tolladministrasjon | |||||
4610 | Tolletaten | 73 936 | 58 600 | 51 400 | -12,3 |
4618 | Skatteetaten | 2 248 208 | 2 122 400 | 2 354 100 | 10,9 |
Sum kategori 23.20 | 2 322 144 | 2 181 000 | 2 405 500 | 10,3 | |
Offisiell statistikk | |||||
4620 | Statistisk sentralbyrå | 245 894 | 280 800 | 275 900 | -1,7 |
Sum kategori 23.30 | 245 894 | 280 800 | 275 900 | -1,7 | |
Sum programområde 23 | 3 156 594 | 2 983 032 | 3 302 000 | 10,7 | |
Statlege fordringar, avsetningar m.m. | |||||
4670 | Den nordiske investeringsbanken | 70 237 | -100,0 | ||
5341 | Avdrag på uteståande fordringar | 4 000 598 | 500 | 6 000 700 | - |
5351 | Overføring frå Noregs Bank | 14 798 327 | 13 900 000 | 18 600 000 | 33,8 |
5605 | Renter av kontantar i statskassa og av andre fordringar | 3 384 392 | 2 151 700 | 1 200 700 | -44,2 |
5692 | Utbyte av statens kapital i Den nordiske investeringsbanken | 84 085 | 84 200 | -100,0 | |
5693 | Utbyte av aksjar i ymse selskap m.m. | 641 | 900 | 800 | -11,1 |
Sum kategori 24.20 | 22 268 043 | 16 207 537 | 25 802 200 | 59,2 | |
Sum programområde 24 | 22 268 043 | 16 207 537 | 25 802 200 | 59,2 | |
Sum inntekter | 25 465 450 | 19 219 969 | 29 133 800 | 51,6 |
Våren 2020 vert det avtalt å utsetje lønsoppgjeret for 2020 i det statlege tariffområdet til hausten 2020. Oppgjeret kom i gang 1. september 2020. Verknadene er difor førebels ikkje innarbeidd i budsjettforslaget. Regjeringa vil kome tilbake til budsjettverknadene av oppgjeret.
4.1 Bruk av stikkordet «kan overførast»
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Nemning | Overført til 2020 | Forslag 2021 |
20 | 21 | Spesielle driftsutgifter, Koranakommisjonen | - | 10 000 |
41 | 21 | Spesielle driftsutgifter | - | 4 200 |
1600 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 37 965 | 111 880 |
1618 | 22 | Større IT-prosjekt | 152 676 | 346 000 |
1620 | 21 | Spesielle driftsutgifter | - | 253 900 |
4.2 Løyvingsendringar i 2020 etter saldert budsjett
Særleg som følgje av tiltak for å redusere skadeverknadene av virusutbrotet, er det våren 2020 vedteke klårt fleire løyvingsendringar enn vanleg. I tabellen nedanfor er dei einskilde endringane viste. Mange av dei hadde lite eller ikkje noko med utbrotet å gjere, men var meir ordinære justeringar slik som vanleg er kvar vår. Detaljer om føremål og innretning m.m. går fram av dei respektive proposisjonane og i somme tilfelle òg av lovproposisjonar som vart handsama til same tid.
(i 1 000 kroner) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Prop. S | Innst. S | Saldert budsjett 2020 | Endring | Gjeldande budsjett |
20 | 21 | 117 | 360 | - | 15 000 | 15 000 |
41 | 1 | 117 | 360 | 973 300 | - 8 000 | 965 300 |
41 | 70 | 117 | 360 | 197 000 | 2 000 | 199 000 |
1600 | 21 | 117 | 360 | 84 600 | - 5 600 | 79 000 |
1600 | 95 | 57 | 200 | - | 50 000 000 | 50 000 000 |
1602 | 1 | 117 | 360 | 419 900 | 4 200 | 424 100 |
1605 | 1 | 117 | 360 | 607 400 | 143 871 | 751 271 |
1610 | 1 | 117 | 360 | 1 552 200 | 15 900 | 1 568 100 |
1618 | 1 | 117 | 6 716 700 | - 213 333 | ||
1618 | 1 | 127 | 360 | - 50 000 | 6 453 367 | |
1618 | 22 | 127 | 360 | 247 100 | - 5 000 | 242 100 |
1618 | 45 | 117 | 360 | 110 100 | - 15 500 | 94 600 |
1618 | 70 | 117 | 360 | 5 500 | 733 | 6 233 |
1620 | 21 | 117 | 360 | 259 900 | - 11 800 | 248 100 |
1632 | 61 | 117 | 360 | 27 000 000 | 730 000 | 27 730 000 |
1632 | 72 | 117 | 360 | 2 280 000 | - 780 000 | 1 500 000 |
1633 | 01 | 117 | 360 | 7 400 000 | 200 000 | 7 600 000 |
1634 | 21 | 73 | 233 | - | 100 000 | 100 000 |
1634 | 21 | 127 | 360 | 165 000 | 265 000 | |
1634 | 70 | 73 | 233 | - | 50 000 000 | 50 000 000 |
1634 | 70 | - | 360 | 30 000 | ||
1634 | 70 | 127 | 360 | - 20 000 000 | 30 300 000 | |
1634 | 71 | 117 | 360 | - | 167 000 | 167 000 |
1645 | 23 | 67 | 216 | - | 10 000 | 10 000 |
1645 | 50 | 57 | 200 | - | 10 000 000 | 10 000 000 |
1650 | 01 | 117 | 360 | - | 8 000 | 8 000 |
1650 | 89 | 117 | 360 | 10 015 800 | 501 900 | 10 517 700 |
3041 | 3 | 117 | 360 | 1 100 | 1 200 | 2 300 |
4605 | 1 | 117 | 360 | 52 632 | 100 000 | 152 632 |
4620 | 2 | 117 | 360 | 265 800 | - 35 300 | 230 500 |
5351 | 85 | 117 | 360 | 13 900 000 | 5 806 300 | 19 706 300 |
5605 | 80 | 117 | 360 | 917 400 | 648 300 | 1 565 700 |
5605 | 83 | 117 | 360 | 25 000 | 67 000 | 92 000 |
4.3 Talet på tilsette
I omtala av kvar verksemd under Finansdepartementet er det gjeve tal for tilsette, målt i årsverk. Alle tal er henta frå verksemdene sine årsrapportar. I noko utstrekning er det skilnader mellom reknemetodane som er brukte for dette, og ein kan difor ikkje jamstille tala direkte. Difor vil det òg vere avvik mellom tala frå verksemdene og dei berekningar Statistisk sentralbyrå gjer av årsverk i offentleg sektor.