Forslag
Under Finansdepartementet vert i Prop. 1 S (2020–2021) statsbudsjettet for budsjettåret 2021 dei forslag til vedtak som følgjer førde opp:
Kapitla 20–51, 1600–1651, 3024–3051, 4600–4620, 5341, 5351, 5580, 5605, 5693
I
Utgifter:
Kap. | Post | Kroner | Kroner | ||
---|---|---|---|---|---|
Regjeringa | |||||
20 | Statsministerens kontor | ||||
01 | Driftsutgifter | 123 515 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter, Koronakommisjonen, kan overførast | 10 000 000 | 133 515 000 | ||
21 | Statsrådet | ||||
01 | Driftsutgifter | 195 450 000 | 195 450 000 | ||
24 | Regjeringsadvokaten | ||||
01 | Driftsutgifter | 108 070 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter | 14 800 000 | 122 870 000 | ||
Sum Regjeringa | 451 835 000 | ||||
Stortinget og tilknytte organ | |||||
41 | Stortinget | ||||
01 | Driftsutgifter | 1 000 900 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 4 200 000 | |||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 139 900 000 | |||
50 | Sannings- og forsoningskommisjonen | 10 000 000 | |||
70 | Tilskot til partigruppene | 200 300 000 | |||
72 | Tilskot til Det Norske Nobelinstitutts bibliotek | 1 500 000 | |||
73 | Kontingentar, internasjonale delegasjonar | 16 500 000 | |||
74 | Reisetilskot til skular | 5 500 000 | 1 378 800 000 | ||
42 | Ombodsmannsnemnda for Forsvaret | ||||
01 | Driftsutgifter | 7 600 000 | 7 600 000 | ||
43 | Stortingets ombodsmann for forvaltninga | ||||
01 | Driftsutgifter | 92 200 000 | 92 200 000 | ||
44 | Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste | ||||
01 | Driftsutgifter | 34 600 000 | 34 600 000 | ||
45 | Noregs institusjon for menneskerettar | ||||
01 | Driftsutgifter | 26 100 000 | 26 100 000 | ||
51 | Riksrevisjonen | ||||
01 | Driftsutgifter | 550 600 000 | |||
75 | Internasjonale organisasjonar og nettverk | 27 900 000 | 578 500 000 | ||
Sum Stortinget og tilknytte organ | 2 117 800 000 | ||||
Finansadministrasjon | |||||
1600 | Finansdepartementet | ||||
01 | Driftsutgifter | 416 600 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 111 880 000 | |||
70 | Forsking på og allmennopplysning om finansmarknaden | 13 500 000 | 541 980 000 | ||
1602 | Finanstilsynet | ||||
01 | Driftsutgifter | 424 342 000 | |||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 19 800 000 | 444 142 000 | ||
1605 | Direktoratet for forvaltning og økonomistyring | ||||
01 | Driftsutgifter | 840 184 000 | |||
22 | Opplæringskontoret OK stat | 7 400 000 | |||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 17 100 000 | 864 684 000 | ||
Sum Finansadministrasjon | 1 850 806 000 | ||||
Skatte-, avgifts- og tolladministrasjon | |||||
1610 | Tolletaten | ||||
01 | Driftsutgifter | 1 589 675 000 | |||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 136 200 000 | 1 725 875 000 | ||
1618 | Skatteetaten | ||||
01 | Driftsutgifter | 7 104 910 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter | 199 300 000 | |||
22 | Større IT-prosjekt, kan overførast | 346 000 000 | |||
23 | Spesielle driftsutgifter, a-ordninga | 96 800 000 | |||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 91 200 000 | |||
70 | Tilskot | 5 700 000 | 7 843 910 000 | ||
1619 | Skatteklagenemnda | ||||
01 | Driftsutgifter | 70 966 000 | 70 966 000 | ||
Sum Skatte-, avgifts- og tolladministrasjon | 9 640 751 000 | ||||
Offisiell statistikk | |||||
1620 | Statistisk sentralbyrå | ||||
01 | Driftsutgifter | 610 266 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 253 900 000 | |||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 9 400 000 | 873 566 000 | ||
Sum Offisiell statistikk | 873 566 000 | ||||
Andre føremål | |||||
1632 | Kompensasjon for meirverdiavgift | ||||
61 | Tilskot til kommunar og fylkeskommunar, overslagsløyving | 29 000 000 000 | |||
72 | Tilskot til private og ideelle verksemder, overslagsløyving | 2 250 000 000 | 31 250 000 000 | ||
1633 | Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift | ||||
01 | Driftsutgifter, overslagsløyving | 8 400 000 000 | 8 400 000 000 | ||
1634 | Kompensasjon for inntektssvikt som følgje av koronaviruset | ||||
21 | Spesielle driftsutgifter | 130 000 000 | |||
72 | Stønad for å ta permitterte tilbake i jobb, overslagsløyving | 300 000 000 | 430 000 000 | ||
1645 | Statleg garantiordning for lån til små og mellomstore føretak | ||||
23 | Spesielle driftsutgifter til administrering av statleg garantiordning for små og mellomstore føretak | 3 000 000 | 3 000 000 | ||
Sum Andre føremål | 40 083 000 000 | ||||
Statsgjeld, renter og avdrag m.m. | |||||
1650 | Statsgjeld, renter m.m. | ||||
89 | Renter og provisjon m.m. på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving | 10 160 900 000 | 10 160 900 000 | ||
1651 | Statsgjeld, avdrag og innløysing | ||||
98 | Avdrag på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving | 88 000 000 000 | 88 000 000 000 | ||
Sum Statsgjeld, renter og avdrag m.m. | 98 160 900 000 | ||||
Sum departementets utgifter | 153 178 658 000 |
Inntekter:
Kap. | Post | Kroner | Kroner | ||
---|---|---|---|---|---|
Regjeringa | |||||
3024 | Regjeringsadvokaten | ||||
01 | Vederlag for utgifter i rettssaker | 20 200 000 | 20 200 000 | ||
Sum Regjeringa | 20 200 000 | ||||
Stortinget og tilknytte organ | |||||
3041 | Stortinget | ||||
01 | Salsinntekter | 6 000 000 | |||
03 | Leigeinntekter | 1 100 000 | 7 100 000 | ||
3051 | Riksrevisjonen | ||||
01 | Refusjon innland | 2 000 000 | |||
02 | Refusjon utland | 300 000 | 2 300 000 | ||
Sum Stortinget og tilknytte organ | 9 400 000 | ||||
Finansdepartementet | |||||
4600 | Finansdepartementet | ||||
02 | Ymse refusjonar | 400 000 | 400 000 | ||
4602 | Finanstilsynet | ||||
03 | Sakshandsamingsgebyr | 12 600 000 | |||
86 | Vinningsavståing og gebyr for regelbrot m.m. | 500 000 | 13 100 000 | ||
4605 | Direktoratet for forvaltning og økonomistyring | ||||
01 | Økonomitenester | 144 000 000 | |||
02 | Opplæringskontoret OK stat | 11 300 000 | 155 300 000 | ||
4610 | Tolletaten | ||||
01 | Særskilt vederlag for tolltenester | 5 500 000 | |||
02 | Andre inntekter | 1 700 000 | |||
04 | Ymse refusjonar | 1 100 000 | |||
05 | Refusjon frå Avinor AS | 25 900 000 | |||
85 | Tvangsmulkt og gebyr for regelbrot | 17 200 000 | 51 400 000 | ||
4618 | Skatteetaten | ||||
01 | Refunderte utleggs- og tinglysingsgebyr | 58 000 000 | |||
05 | Gebyr for utleggsforretningar | 123 500 000 | |||
07 | Gebyr for bindande førehandsfråsegner | 3 500 000 | |||
11 | Gebyr på kredittdeklarasjonar | 3 600 000 | |||
85 | Inngått på tapsførte lån m.m. | 240 000 000 | |||
86 | Bøter, inndragingar m.m. | 1 630 000 000 | |||
87 | Trafikantsanksjonar | 60 000 000 | |||
88 | Forseinkingsgebyr, Rekneskapsregisteret | 230 000 000 | |||
89 | Gebyr for regelbrot | 5 500 000 | 2 354 100 000 | ||
4620 | Statistisk sentralbyrå | ||||
02 | Oppdragsinntekter | 260 900 000 | |||
85 | Tvangsmulkt | 15 000 000 | 275 900 000 | ||
Sum Finansdepartementet | 2 850 200 000 | ||||
Ymse inntekter | |||||
5341 | Avdrag på uteståande fordringar | ||||
95 | Avdrag på lån til andre statar | 700 000 | |||
98 | Avdrag på eigenbehaldning statsobligasjonar | 6 000 000 000 | 6 000 700 000 | ||
5351 | Overføring frå Noregs Bank | ||||
85 | Overføring | 18 600 000 000 | 18 600 000 000 | ||
Sum Ymse inntekter | 24 600 700 000 | ||||
Skatter og avgifter | |||||
5580 | Sektoravgifter under Finansdepartementet | ||||
70 | Finanstilsynet, bidrag frå tilsynseiningane | 451 800 000 | 451 800 000 | ||
Sum Skatter og avgifter | 451 800 000 | ||||
Renter og utbyte m.m. | |||||
5605 | Renter av kontantar i statskassa og av andre fordringar | ||||
81 | Av verdipapir og bankinnskot i utanlandsk valuta | 200 000 | |||
82 | Av innanlandske verdipapir | 787 900 000 | |||
83 | Av alminnelege fordringar | 125 000 000 | |||
84 | Av driftskreditt til statsverksemder | 223 500 000 | |||
86 | Renter av lån til andre statar | 100 000 | |||
89 | Garantiprovisjon | 64 000 000 | 1 200 700 000 | ||
5693 | Utbyte av aksjar i ymse selskap m.m. | ||||
85 | Utbyte frå Folketrygdfondet | 800 000 | 800 000 | ||
Sum Renter og utbyte m.m. | 1 201 500 000 | ||||
Sum departementets inntekter | 29 133 800 000 |
Fullmakt til å overskride gjevne løyvingar
II
Meirinntektsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet i 2021 kan:
overskride løyvinga under
mot tilsvarande meirinntekter under
kap. 41 post 01
kap. 3041 post 01
kap. 51 post 01
kap. 3051 post 02
kap. 1600 postane 01 og 21
kap. 4600 post 02
kap. 1605 post 01
kap. 4605 post 01
kap. 1605 postane 01 og 22
kap. 4605 post 02
kap. 1610 post 01
kap. 4610 postane 01, 04 og 05
Meirinntekt som gjev grunnlag for overskriding, skal òg dekkje meirverdiavgift som er knytt til overskridinga, og kjem difor òg ved kap. 1633, post 01, for dei statlege forvaltningsorgana som kjem inn under nettoordninga for meirverdiavgift.
Meirinntekter og eventuelle mindreinntekter skal reknast med ved berekninga av overføring av unytta løyving til neste år.
overskride løyvinga til oppdragsverksemd på kap. 1620 Statistisk sentralbyrå, post 21 Spesielle driftsutgifter, med eit beløp som svarer til alle meirinntektene på kap. 4620 Statistisk sentralbyrå, post 02 Oppdragsinntekter.
Unytta meirinntekter og eventuelle mindreinntekter skal reknast med ved utrekning av overførbart beløp på posten.
Meirinntekt som gjev grunnlag for overskriding, skal òg dekkje meirverdiavgift som er knytt til overskridinga, og kjem difor òg ved kap. 1633, post 01.
III
Fullmakt til overskriding
Stortinget samtykkjer i at Statsministerens kontor i 2021 kan overskride løyvinga på kap. 21 Statsrådet, post 01 Driftsutgifter, for å setje i verk naudsynte tryggingstiltak for regjeringa.
Fullmakter til å pådra staten skyldnader utover løyvingane
IV
Tingingsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet i 2021 kan gjere tingingar utover det som er løyvt, men slik at den samla ramma for nye tingingar og gammalt ansvar ikkje overstig desse summane:
Kap. | Post | Nemning | Samla ramme |
---|---|---|---|
1610 | Tolletaten | ||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald | 40 mill. kroner | |
1618 | Skatteetaten | ||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald | 35 mill. kroner |
V
Fullmakter til å gjere avtalar om investeringsprosjekt
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet i 2021 kan inngå avtalar om gjennomføring av dei investeringsprosjekta som er omtalte i Prop. 1 S (2020–2021) under kap. 1618 Skatteetaten, post 22 Større IT-prosjekt, innanfor dei kostnadsrammene som er gjevne der.
VI
Garantifullmakt
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet i 2021 kan gje garanti for grunnkapitalen til Den nordiske investeringsbanken innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar på 1 617 872 455 euro.
VII
Fullmakt til å dekkje utgifter til vidare bubehandling
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet for 2021 under ordninga med oppfølging av staten sine krav i konkursbu kan pådra staten skyldnader utover løyvingane, men slik at den samla ramma for nye tilsegner og gammalt ansvar ikkje overstig 23,6 mill. kroner. Utbetalingar vert dekte av løyvingane under kap. 1618 Skatteetaten, post 21 Spesielle driftsutgifter.
Andre fullmakter
VIII
Fullmakt til å rette opp uoppklåra differansar og feilposteringar i statsrekneskapar for tidlegare år
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet i 2021 i einskildsaker kan rette opp uoppklåra differansar i rekneskapane og feilposteringar i statsrekneskapen som gjeld rekneskapar for tidlegare år. Dette må gjerast ved å postere over kontoen for forskuvingar i balansen i statsrekneskapen i rekneskapen for det inneverande året. Fullmakta gjeld opp til 1 mill. kroner.
IX
Nettoposteringsfullmakt
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet i 2021 kan trekkje direkte utgifter i samband med auksjonssal frå salsinntektene før det overskytande vert ført som inntekter under kap. 4610 Tolletaten, post 02 Andre inntekter.
X
Fullmakt til postering mot mellomværet med statskassa
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet i 2021 kan gje Skatteetaten fullmakt til å:
inntektsføre statens del av skatteinngangen i statsrekneskapen i same periode som denne vert rapportert frå skatterekneskapen, og mot mellomværet som skatterekneskapen har med statskassa. Mellomværet vert utlikna i påfølgjande periode når oppgjeret vert overført frå skatterekneskapen.
føre uplasserte innbetalingar i meirverdiavgiftsrekneskapen mot mellomværet med statskassa. Etter at krava er fastsette, vert innbetalingane resultatførte i statsrekneskapen og mellomværet utlikna.
XI
Fullmakter til å inngå avtaler med Det internasjonale valutafondet (IMF)
Stortinget samtykkjer i at:
Noreg sluttar seg til ein ny avtale om den multilaterale innlånsordninga til Det internasjonale valutafondet (IMF) New Arrangements to Borrow (NAB) innanfor ei ramme for lån frå Noreg på 3,933 mrd. SDR.
Noregs Bank inngår ein bilateral avtale med Det internasjonale valutafondet (IMF) om å stille lånemidlar tilsvarande 6 mrd. SDR til disposisjon for dei generelle låneordningane til IMF. Når ny NAB-avtale trer i kraft, vert låneramma redusert til 2,585 mrd. SDR.