1 Bakgrunnsmateriale for budsjettforslaget på programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk
1.1 Omtale av tiltak innanfor den brede distriktspolitikken
Omtalen skal syne statleg innsats og tiltak under dei andre departementa sine budsjett som er viktige for å nå regional- og distriktspolitiske mål.
Mange landsdekkande ordningar er viktige for å nå dei regional- og distriktspolitiske måla. Det gjeld til dømes vegtiltak, høgare utdanning, forsking og utvikling, arbeidsmarknadstiltak og overføringar til kommunane. Desse er likevel ikkje tatt med i oversikten, fordi det er problematisk å skilje ut regional- og distriktspolitiske delar frå heilskapen.
For 2021 gjer regjeringa framlegg om at det blir løyvd om lag 1,35 mrd. kroner over programkategori 13.50. Dette må sjåast i samanheng med omfanget av den breie distriktspolitikken, som for 2021 utgjer om lag 46,0 mrd. kroner. Dette er ei auke på 3 pst., samanlikna med saldert budsjett for 2020.
Tiltaka er delt i to kategoriar:
Kategori A: Tiltak og ordningar som har grunngjeving i distriktspolitiske mål, eller som favoriserer distriktsområde, ut over å jamne ut for å oppnå likeverdige tilbod.
Kategori B: Tiltak og ordningar som skal jamne ut og kompensere mellom geografiske område eller som er særleg viktige for verdiskaping, sysselsetjing eller busetjing i distriktsområde.
Av målretta distriktspolitiske tiltak (kategori A) utgjer økonomisk politikk om lag 89 pst. av innsatsen, totalt 23,02 mrd. kroner. Provenytapet av den differensierte arbeidsgjevaravgifta er det største enkelttiltaket med 16,7 mrd. kroner.
Økonomisk politikk
Tabell 1.1 Økonomisk politikk
(i 1 000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Dep. | Kat. | Kap./post | Rekneskap 2019 | Budsjett 2020 | Forslag 2021 |
Differensiert arbeidsgivaravgift i privat sektor | FIN | A | inntektstap | 9 900 000 | 9 300 000 | 10 200 000 |
Differensiert arbeidsgivaravgift i offentleg sektor | FIN | A | inntektstap | 6 300 000 | 6 000 000 | 6 500 000 |
Innbyggertilskot til fylkeskommunane1 | KMD | B | 572/60 | 0 | 796 323 |
1 Skredsikring fylkesvegar (kap. 1320, post 62) blei innlemma i inntektssystemet til fylkeskommunane frå 2020 med særskilt fordeling.
Næringspolitikk
Størstedelen av tabell 1.2 syner tilskotsordningar til landbruket. Viktige tiltak retta mot fiskerinæringa er også tatt med.
Landbruk er tradisjonelt ei av dei viktigaste næringane i distrikta. I dei årlege jordbruksoppgjera blir det forhandla om storleiken på tilskota til landbruket. Ein del tilskot innanfor landbruket har distriktspolitisk grunngjeving, til dømes pristilskota for mjølk og kjøt og distriktstilskot for frukt, bær, grønsaker og poteter. Desse tilskota går difor inn under kategori A.
Tabell 1.2 Næringspolitikk
(i 1 000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Dep. | Kat. | Kap./post | Rekneskap 2019 | Budsjett 2020 | Forslag 2021 |
Pristilskot mjølk | LMD | A | 1150/73 | 664 858 | 701 100 | 670 000 |
Pristilskot grøntsektoren | LMD | A | 1150/73 | 147 506 | 152 300 | 171 600 |
Pristilskot kjøt | LMD | A | 1150/73 | 1 466 360 | 1 453 400 | 1 449 000 |
Distriktstilskot egg | LMD | A | 1150/73 | 3 088 | 3 500 | 3 400 |
Driftstilskot mjølk og kjøt | LMD | B | 1150/74 | 1 591 132 | 1 678 900 | 1 678 900 |
Tilskot husdyr | LMD | B | 1150/74 | 2 416 088 | 2 552 385 | 2 611 900 |
Pristilskot ull | LMD | B | 1150/73 | 116 784 | 124 000 | 115 000 |
Areal- og kulturlandskapstilskot | LMD | B | 1150/74 | 3 430 315 | 3 552 200 | 3 569 300 |
Frakttilskot | LMD | B | 1150/73 | 339 287 | 385 700 | 405 350 |
Frådrag i positiv næringsinntekt for jordbruk | FIN | B | inntektstap | 700 000 | 830 000 | 830 000 |
Reindriftsavtalen | LMD | B | 1151 | 130 678 | 136 100 | 149 500 |
Tiltak for berekraftig reindrift | LMD | B | 1142/71 | 4 355 | 4 513 | 4 513 |
Frådrag i positiv næringsinntekt for reindrift | FIN | B | inntektstap | 11 600 | 11 900 | 11 900 |
Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) | LMD | B | 1150/50 | 115 000 | 127 000 | 132 000 |
Tilskot til drenering | LMD | B | 1150/50 | 58 000 | 68 000 | 68 000 |
Tilskot til dyreavl m.m. | LMD | B | 1150/77 | 86 144 | 92 600 | 98 133 |
Tilskot til regionale miljøprogram | LMD | B | 1150/74 | 490 636 | 528 159 | 551 100 |
Bedriftsretta midlar til investering og utvikling | LMD | B | 1150/50 | 634 500 | 634 500 | 664 500 |
Regionale tilretteleggingsmidlar | LMD | B | 1150/50 | 48 000 | 48 000 | 48 000 |
Skattefritak for investering i landbruket (IBU-midlar) under LMD | FIN | A | inntektstap | 85 000 | 85 000 | 85 000 |
Skattefritak for distriktsretta investeringsstøtte | FIN | A | inntektstap | 24 000 | 24 000 | 24 000 |
Høgare avskrivingssats for husdyrbygg | FIN | B | inntektstap | 50 000 | 50 000 | 50 000 |
Skogfondsordninga | FIN | B | inntektstap | 130 000 | 130 000 | 130 000 |
Direkte utgiftsføring av skogsveginvesteringar | FIN | B | inntektstap | 40 000 | 40 000 | 40 000 |
Låg skogfaktor i formuesskatten | FIN | B | inntektstap | 5 000 | 5 000 | 5 000 |
Rentestøtte – utbetalingar | LMD | B | 1150/50 | 40 000 | 31 000 | 25 000 |
Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket | LMD | B | 1150/50 | 77 000 | 87 000 | 97 000 |
Skogbruk | LMD | B | 1150/50 | 242 000 | 257 000 | 257 000 |
Administrasjonsstøtte for distriktsretta såkornfond | NFD | B | 2421/78 | 3 399 | 3 400 | 3 500 |
Tilskot til kommunar og fylkeskommunar1 | NFD | B | 919/60 | 522 710 | 1 000 000 | |
Tilskot til næringstiltak i fiskeria2 | NFD | A | 919/75 | 32 839 | 17 000 | 15 000 |
Tilskot til regional næringsutvikling3 | NFD | A | 900/60 | 0 | 0 | 0 |
Særfrådrag for fiskarar | FIN | B | inntektstap | 220 000 | 240 000 | 240 000 |
Arktisk landbruk | LMD | B | 1150/50 | 2 000 | 4 000 | 4 000 |
Fjellandbruket | LMD | B | 1150/50 | 2 000 | 4 000 | 4 000 |
Regionale kompetansenettverk for lokalmat | LMD | B | 1150/50 | 0 | 14 000 | 14 000 |
Regionale tilskot til rekruttering og kompetanseheving | LMD | B | 1150/50 | 14 000 | 14 000 | 14 000 |
1 Kommunanes og fylkeskommunanes del av vederlag for tildelte oppdrettsløyve.
2 Fordeling på føringstilskot, garantilott og tilskot til selfangst ikkje fastsett for 2021.
3 Tidlegare Artic Race. Overført frå NFD kap. 900, post 60 til KUD kap. 315, post 86 i 2019.
Infrastruktur
Satsing på samferdsle handlar mellom anna om å knyte landsdelar saman og å korte ned avstandar, kostnader og reisetid mellom by og land. Ei satsing på samferdsle er soleis eit kraftfullt distrikts- og regionalpolitisk verkemiddel.
Tabell 1.3 syner fleire tiltak som skal medverke til å redusere ekstrakostnader som følgje av avstandsulemper. I tillegg til tiltaka omtalt i tabellen er samferdslebudsjettet generelt, særleg riksvegløyvingane, eit vesentleg verkemiddel for å redusere distrikta sine avstandsulemper.
Tabell 1.3 Infrastruktur
(i 1 000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Dep. | Kat. | Kap./post | Rekneskap 2019 | Budsjett 2020 | Forslag 2021 |
Kjøp av innanlandske flyruter1 | SD | B | 1310/70 | 665 605 | 718 100 | 690 000 |
Rentekompensasjon for transporttiltak i fylka2 | SD | B | 1320/61 | 264 500 | 254 300 | 0 |
Skredsikring fylkesvegar3 | SD | B | 1320/62 | 703 552 | 0 | 0 |
Utbetring på fylkesvegar for tømmertransport | SD | B | 1320/64 | 13 960 | 25 800 | 20 000 |
Tilskot til fylkesvegar | SD | B | 1320/65 | 0 | 100 000 | 100 000 |
Kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen–Kirkenes (sikrar dagleg heilårig transporttilbod) | SD | B | 1330/70 | 722 841 | 856 100 | 926 700 |
Kjøp av post- og banktenester | SD | B | 1370/70 | 705 300 | 617 400 | 740 200 |
Tilskot til breibandutbygging4, 5 | KMD | B | 541/60 | 249 800 | 406 142 | 264 082 |
Tilskot til telesikkerheit og -beredskap6 | KMD | B | 543/70 | 100 800 | 231 400 | 125 253 |
Fiskerihamner og farleier mv.7 | SD | B | 1360/30 | 404 841 | 249 300 | 280 600 |
Tilskot til fiskerihamneanlegg | SD | B | 1360/60 | 26 145 | 33 300 | 34 300 |
Tilskot til hamnesamarbeid | SD | B | 1360/71 | 7 042 | 10 900 | 11 200 |
Flaum- og skredførebygging | OED | B | 1820/22 | 386 049 | 320 000 | 200 000 |
Krise- og hastetiltak | OED | B | 1820/25 | - | 45 000 | 45 000 |
Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald | OED | B | 1820/45 | 18 369 | 20 000 | 23 000 |
Tilskot til flaum- og skredførebygging | OED | B | 1820/60 | 26 714 | 131 000 | 68 000 |
Tilskot til flaum- og skredførebygging | OED | B | 1820/72 | 4 000 | 6 000 | 6 000 |
Tilskot til utjamning av overføringstariffar | OED | B | 1820/73 | 0 | 0 | 20 000 |
Tilskot til skoginfrastruktur | LMD | B | 1149/71 | 92 300 | 79 774 | 72 674 |
Tilskot til grøn skipsfart | KLD | B | 1420/62 | 0 | 0 | 13 820 |
1 Kjøp av innanlandske flyruter (kap. 1310, post 70) blir innlemma i inntektssystemet til fylkeskommunane etter særskilt fordeling frå 2021.
2 Renteføresetnadene for 2021 er satt til 0. Dette inneberer at løyvinga på kap. 1320 post 61 settast til 0.
3 Skredsikring fylkesveier (kap. 1320, post 62) ble innlemma i inntektssystemet til fylkeskommunane etter særskilt fordeling frå 2020.
4 Ble frå 2020 overført frå Samferdselsdepartementets kap. 1380, post 71 til Kommunal- og moderniseringsdepartementets kap. 541, post 60 i 2020.
5 Rekneskap for 2019: Tilleggsløyving RNB 2019. Prop. 114 S (2018–2019) og Innst. 391 S (2018–2019). Budsjett 2020: Tilleggsløyving koronapakke 1 2020, jf. Stortingets behandling av Prop. 67 S i Innst. 216 S.
6 Tilleggsløyving koronapakke 3 i 2020, jf. Prop. 127 S og Innst. 360 S.
7 Fiskerihamner og farleier mv (kap. 1360, post 30) blir innlemma i inntektssystemet til de fylkeskommunar som har avtalt å overta ansvaret frå 2021 og fordelt særskilt.
Velferd, oppvekst og miljø
Det er eit overordna mål at helsetenestetilbodet skal vere likeverdig, uavhengig av bustad, alder, kjønn og sosial status. Dette blir sikra gjennom midlar til spesialisthelsetenesta og gjennom rammeoverføringar til kommunesektoren.
Viktige tiltak er tilskot som skal medverke til å styrke stabiliteten og rekrutteringa til allmennlegetenesta og andre helsetenester i distrikta. I tillegg blir det gjeve eigne tilskot til apotek i utkantkommunar, for å sikre tilgang på medisinar.
For kultur syner tabell 1.4 ordningar som i hovudsak er knytt til tilbodet i distrikta og i landsdelar utanfor det sentrale Austlandet.
Generelle landsdekkande velferdsordningar, som arbeidsmarknadstiltak, er ikkje tatt med i oversikta.
Tabell 1.4 Velferd, oppvekst og miljø
(i 1 000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Dep. | Kat. | Kap./post | Rekneskap 2019 | Budsjett 2020 | Forslag 2021 |
Tilskot til apotek1 | HOD | B | 0717/70 | 2 855 | 4 734 | |
Rekruttering og fagleg utvikling i allmennlegetenesta | HOD | B | 0762/70 | 6 300 | 6 300 | 4 900 |
Forsøks- og utviklingstiltak innan tannhelsetenesta | HOD | B | 0770/70 | 115 000 | 110 000 | 110 000 |
Fraktrefusjonsordning for legemiddel1 | HOD | B | 717/70 | 1 999 | 2 250 | |
Sjukestovefinansiering, Finnmark | HOD | A | 0732/70 | 9 900 | 10 200 | 10 400 |
Tilskot LIS1-stillingar2 | HOD | A | 732/70 | 0 | 10 000 | 178 500 |
Tilskot til fylkesmennene for kurs og rettleiingsprogram | HOD | A | 783/21 | 0 | 0 | 3 600 |
Tilskot til LIS1-stillingar i Helse Nord og midlertidige LIS1-stillingar i kommunehelsetenesta | HOD | A | 783/61 | 0 | 0 | 29 800 |
Tilskot til reise- og flytteutgifter | HOD | A | 783/79 | 0 | 0 | 1 300 |
Tilskot til frivilligsentralar3 | KUD | A | 315/60 | 0 | 0 | 206 800 |
Landsdelsmusikarordninga i Nord-Noreg | KUD | A | 323/60 | 21 620 | 22 200 | 22 690 |
Musikk- og scenekunstinstitusjonar4 | KUD | B | 323/70 | 1 505 230 | 1 548 890 | 2 641 650 |
Det nasjonale museumsnettverket | KUD | B | 328/70 | 1 764 630 | 2 080 525 | 2 301 430 |
Riksteateret | KUD | B | 323/01 | 97 231 | 99 135 | 99 140 |
Riksteateret – turneverksemd | KUD | B | 323/21 | 68 554 | 65 190 | 66 690 |
Kulturtanken (tidl. Rikskonsertene) | KUD | B | 325/01 | 67 773 | 74 550 | 74 623 |
Regionale filmtiltak m.m. | KUD | A | 334/73 | 92 355 | 110 210 | 122 055 |
Erstatning for beitedyr tatt av rovvilt | KLD | B | 1420/72 | 124 907 | 141 361 | 145 885 |
Førebyggjande og konfliktdempende tiltak i rovviltforvaltninga | KLD | B | 1420/73 | 76 365 | 80 426 | 80 426 |
Tilskot til kalking og lokale fiskeformål | KLD | B | 1420/22 | 241 472 | 242 770 | 242 870 |
Tilskot til kalking og lokale fiskeformål | KLD | B | 1420/70 | 33 334 | 40 792 | 40 792 |
Verdiskaping på kulturminneområdet | KLD | B | 1429/77 | 7 970 | 8 232 | 8 232 |
Skogplanting | KLD | B | 1420/37 | 1 179 | 0 | 0 |
Restaurering av myr | KLD | B | 1420/38 | 17 851 | 16 625 | 17 090 |
Tilskot til klimatiltak- og klimatilpassing i kommunane | KLD | B | 1420/61 | 131 365 | 187 832 | 224 244 |
Tiltak i kommunar med ulverevir i Hedmark, Akershus og Østfold (ny) | KLD | B | 1420/65 | 19 535 | 20 560 | 20 560 |
1 Summen for 2021 blir avklart i tildelingsbrev.
2 Stilling for legar i spesialisering. Stillingane skal primært opprettast i Helse Nord.
3 I perioden 2017–2020 har tilskota til frivilligsentralar låge på Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett, kap. 571 Rammetilskot til kommunar, post 60 Innbyggartilskot med særskilt fordeling, jf. tabell c-k.
4 Tilskot til region- og distriktsopera, kap. 323 post 73, og tilskot til region-/landsdelsinstitusjonar, kap. 323 post 71, er frå 2021 lagt inn i tilskotet Musikk- og scenekunstinstitusjonar, kap. 323 post 70.
Spesielle tiltak for tiltakssona i Troms og Finnmark fylke
Tabell 1.5 syner ei oversikt over viktige ordningar som berre gjeld for tiltakssona i Troms og Finnmark fylke. Dei viktigaste ordningane er innanfor skatte- og avgiftspolitikken. Den mest omfattande ordninga er fritaket for arbeidsgjevaravgift, som kjem inn under den samla summen for differensiert arbeidsgjevaravgift i tabell 1.1.
Tabell 1.5 Særskilde tiltak for Finnmark og Nord-Troms
(i 1 000 kr) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Politikk område | Tiltak/ordning | Dep. | Kat. | Kap./post | Rekneskap 2019 | Budsjett 2020 | Forslag 2021 |
Økonomisk politikk | Lågare skatt på alminneleg inntekt1 | FIN | A | inntektstap | 670 000 | 700 000 | 720 000 |
Særskilde frådrag i alminneleg inntekt1 | FIN | A | inntektstap | 190 000 | 200 000 | 200 000 | |
Lågare sats trinn 3 i trinnskatt1 | FIN | A | inntektstap | 50 000 | 50 000 | 45 000 | |
Låg sats og fritak for el-avgift i tiltakssona | FIN | A | inntektstap | 300 000 | 300 000 | 300 000 | |
Frådrag i positiv næringsinntekt for skiferdrivarar i tiltakssona i Troms og Finnmark fylke | FIN | A | inntektstap | 1 500 | 1 500 | 1 500 | |
Utdanning og forsking | Ettergjeving av utdanningslån | KD | A | 2410/73 | 129 556 | 122 912 | 134 782 |
Ettergjeving av utdanningslån for kvalifiserte grunnskulelærarar i tiltakssona i Troms og Finnmark fylke | KD | A | 2410/73 | 5 724 | 6 753 | 6 411 | |
Levekår, miljøvern og offentlege tenester | Distribusjonstilskot til aviser i Finnmark2 | KUD | A | 335/77 | 2 190 | 0 | 0 |
Mediestøtte | KUD | A | 335/71 | 0 | 2 250 | 2 322 |
1 Samspelsverknader gjer at inntektstapet av desse skattetiltaka sett under eitt er høgare enn kvar for seg. For dei tre tiltaka er samla inntektstap vurdert til 950, 990 og 995 mill. kroner for 2019, 2020 og 2021.
2 Tilskotet er flytta til kap. 335, post 71 Mediestøtte frå 2020, for å samle all mediestøtte under same post.
På fleire politikkområde er det etablert særordningar og prioritet i verkemiddelbruken for Nord-Noreg, i tillegg til ordninga for tiltakssona. Tabell 1.6 syner fordelen av fritak for meirverdiavgift på straum, kompensasjonsordningar for auka arbeidsgjevaravgift i samferdslesektoren og rammetilskot i kommuneøkonomien. Postane under kap. 571 Rammetilskot til kommunar og kap. 572 Rammetilskot til fylkeskommunar er nærare omtalt under programkategori 13.70.
Tabell 1.6 Tiltak som prioriterer Nord-Noreg og rammetilskot til kommunane
(i 1 000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Dep. | Kat. | Kap./post | Rekneskap 2019 | Budsjett 2020 | Forslag 2021 |
0-sats for meirverdiavgift ved forbruk av elektrisk kraft og energi frå andre fornybare energikjelder i Nord-Noreg | FIN | A | inntektstap | 1 200 000 | 1 200 000 | 1 200 000 |
Kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift | SD | A | 1320/34 | 168 218 | 0 | 0 |
Kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift | SD | A | 1360/34 | 2 029 | 25 800 | 0 |
Rammetilskot til kommunane, Distriktstilskot Sør-Noreg | KMD | A | 571/61 | 860 407 | 785 079 | 808 012 |
Rammetilskot til kommunane, Distriktstilskot Nord-Noreg | KMD | A | 571/62 | 2 199 842 | 2 204 969 | 2 269 747 |
Rammetilskot til fylkeskommunane, Nord-Noreg-tilskot | KMD | A | 572/62 | 676 012 | 697 702 | 713 613 |