Prop. 1 S (2020–2021)

FOR BUDSJETTÅRET 2021 — Utgiftskapittel: 200–292 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3292, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 1
Oversikt over budsjettforslaget frå Kunnskapsdepartementet

1 Hovudinnleiing

1.1 Utdanning gir auka deltaking til arbeid og samfunn

Utdanning og integrering er avgjerande for å utvikle eit berekraftig samfunn med kompetente borgarar. Menneske som får utnytta evnene og ferdigheitene sine på en god måte, får fridom til å realisere ønska og ambisjonane sine, og kan bidra til fellesskapet ved å delta i arbeids- og samfunnsliv. Derfor er det viktig å sørge for god kvalitet på utdanninga langs heile livsløpet til innbyggarane, frå barnehagen til skulen, i høgare utdanning, forsking og kompetansepolitikk og i integreringa. Kunnskapsdepartementet har tre overordna mål for kunnskapssektoren:

  • Alle deltek i arbeids- og samfunnsliv.

  • Alle har den kompetansen som dei sjølve og samfunnet treng.

  • Samfunnet har tilgang til oppdatert kunnskap av høg kvalitet.

Forsking og statistikk syner at utdanning og i kva grad folk deltek i samfunnet, heng nært saman.

Dei som tek ei utdanning, får mykje tilbake. Dei får lettare jobb, også når arbeidsmarknaden endrar seg. Arbeid har mykje å seie for einskildmennesket. Det gjer personleg og sosial utvikling mogleg og gir ei kjensle av å vere nyttig for seg sjølv og andre. Kompetanse og arbeid er nøkkelen for å kunne delta i samfunnet. Barnehage, skule, utdanning og arbeidsliv er viktige samfunnsinstitusjonar der menneske lærer og samhandlar. Den kunnskapen vi får gjennom desse, gir eit viktig grunnlag for å lykkast i livet.

Figur 1.1 Mål for Kunnskapsdepartementet for budsjettåret 2021

Figur 1.1 Mål for Kunnskapsdepartementet for budsjettåret 2021

Tal frå OECD syner at personar med utdanning utover grunnskulen har høgare tillit til institusjonar og til andre menneske, og dei deltek meir i frivillig arbeid. Dei har ei sterkare kjensle av å kunne påverke samfunnet og at meiningane deira blir høyrde. Tillit og deltaking er ein føresetnad for demokratiet og for å bygge eit godt og inkluderande samfunn for alle.

Statistikk frå SSB syner at dei med høg utdanning har høgast sysselsetjing, sjølv om dei med fagbrev frå vidaregåande utdanning lykkast nesten like godt. Med studieførebuande vidaregåande utdanning eller grunnskule som høgaste fullførte utdanning er sysselsetjinga mykje lågare. Innvandrarar treng òg kvalifikasjonar tilpassa det norske samfunnet for å kunne delta i utdanning og i arbeidslivet.

Covid-19-pandemien har skapt ei økonomiske krise med rekordhøg arbeidsløyse i Noreg. Regjeringa har derfor sett i gang ei rekke tiltak for at fleire skal få utdanning og for å auke kompetansen til arbeidsstyrken. I tida framover vil det vere behov for omstilling og utvikling av kompetanse for dei arbeidstakarane og arbeidsgivarane som er ramma av krisa. Sjå kap. 11 Konsekvensar av covid-19-pandemien i kunnskapssektoren for ei oversikt over tiltaka under Kunnskapsdepartementet som blei gjennomførte våren 2020 og som er foreslåtte hausten 2020 som følge av covid-19-pandemien.

1.2 Mål, utfordringar og ambisjonar

Alle deltek i arbeids- og samfunnsliv

I Noreg har vi lagt arbeidslinja til grunn. Det er viktig for både innbyggarar og samfunnet at alle som kan, deltek i arbeidsmarknaden. Vi har utvikla eit godt velferdssystem som legg til rette for at alle kan delta i arbeidsmarknaden viss dei kan og vil. Normalt har Noreg få arbeidsledige og ein meir inkluderande arbeidsmarknad enn mange andre land. Covid-19-pandemien har ført til stor vekst i arbeidsløysa og har råka dei med lågast utdanning hardast, og særleg innvandrarar. For utsette grupper vil dessverre vegen tilbake til sysselsetjing bli lang. Derfor har regjeringa sett i gang særskilde kompetansetiltak for dei som treng det mest.

I Noreg er òg utdanningslinja viktig. Ungdom har rett til gratis utdanning til og med vidaregåande opplæring. Offentleg finansiert utdanning, gode ordningar for utdanningsstøtte og gode studentvelferdstilbod gir god tilgang til høgare utdanning i Noreg. Universitet, høgskular og fagskular med lærestadar eller tilbod over store delar av landet gjer tilgangen på høgare utdanning god. Eit godt utbygd utdanningssystem og høg deltaking i utdanning ut over grunnskulen bidreg til ei høgt kompetent befolkning og gjer attraktiv arbeidskraft tilgjengeleg for føretak og arbeidsgivarar.

Regjeringa ønsker at alle skal få tilbod om barnehage, og har gitt barnehagepolitikken ein tydelegare sosial profil gjennom nasjonale moderasjonsordningar for barn frå familiar med låg inntekt. Barn frå familiar med låg inntekt går i mindre grad i barnehage enn andre barn. Departementet har gjort endringar som skal gjere det enklare for foreldre med låg inntekt å få brukt moderasjonsordningane. Sjå programkategori 07.30 for meir omtale.

Skulefritidsordninga (SFO) er ein viktig arena for inkludering, leik og vennskap. Det er stor variasjon i både pris, innhald og kvalitet i SFO-tilbodet. Ein del barn får ikkje ta del i tilbodet av økonomiske årsaker. Regjeringa har derfor sett i verk tiltak for å utvide høvet til å få delta i SFO gjennom moderasjonsordningar. For å sikre eit meir likeverdig tilbod i heile landet skal det også bli utarbeidd ein nasjonal rammeplan for SFO. Sjå programkategori 07.20 for meir omtale.

Det er nokre svake punkt og utfordringar ved dagens opplæringssystem, og ei rekke av desse er omtala i Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO. Regjeringa meiner det må byggast ein kultur for tidleg innsats og inkludering på alle nivå i systemet, frå barnehage, skule og SFO til eigar og myndigheitsnivå og andre tenester rundt barnet og eleven. Målet er at alle kommunar og fylkeskommunar skal ha tilstrekkeleg kompetanse tett på barna og elevane for å kunne fange opp og gi eit inkluderande og tilpassa tilbod til alle. Sjå programkategori 07.20 for meir omtale.

Det er stadig fleire som fullfører vidaregåande opplæring, men det er også for mange som sluttar. Personar utan fullført vidaregåande opplæring er meir sårbare ved endringar i arbeidslivet. Den økonomiske krisa som følger av covid-19-pandemien, råkar særleg personar utan vidaregåande opplæring. Regjeringa har som mål at ni av ti elevar fullfører og består vidaregåande opplæring i 2030.

Universiteta og høgskulane har eit viktig samfunnsoppdrag i å utdanne kandidatar som samfunnet treng, og utføre forsking til beste for samfunnet. Hausten 2019 var det over 261 000 registrerte studentar som blei finansierte over Kunnskapsdepartementets budsjett, nesten 3 000 fleire enn året før. Det blei fullført over 48 000 gradgivande utdanningar, som er ein auke på 1 000 frå året før. Det blei også teke fleire studiepoeng enn nokon gong.

Fagskulane utdannar yrkesutøvarar til mange bransjar og bidreg til at arbeidslivet får nødvendig kompetanse. Hausten 2019 var det 18 300 studentar ved fagskulane, noko som er ein auke på nesten 10 pst. frå året før. Regjeringa vil at fleire skal ta høgare yrkesfagleg utdanning, i kombinasjon med arbeid eller på heiltid. Fagskulane er viktige for å kunne lykkast med kompetansereforma Lære heile livet.

Covid-19-pandemien har ført til høgare arbeidsløyse og auka etterspurnad etter utdanning. Historia viser at det er lønnsamt at folk tek utdanning og aukar kompetansen sin i periodar med høg arbeidsløyse. Det er derfor gledeleg at over 150 000 personar våren 2020 søkte om studieplass ved universitet og høgskular via Samordna opptak. Det er om lag 12 000 fleire enn i 2019, noko som er den største veksten i søkartala sidan 2009. Det var i tillegg langt fleire søkarar til opptaka som skjer lokalt ved institusjonane (opptak til mange toårige masterstudium, vidareutdanningar m.m.). Det er derfor naudsynt med eit utvida tilbod av god høgare utdanning, både for å dekke dei behova for kompetanse som omstillingsutfordringa krev, og for å utnytte ressursane til dei særleg mange som no vender seg mot dei høgare lærestadene.

Regjeringa har ei klar forventing til universiteta og høgskulane om at dei tilpassar utdanningstilboda sine i tråd med den kompetansen samfunnet har behov for no og framover i tid. Samtidig som dei skal ta hand om fleire unge som søker høgare utdanning for første gong, er det viktig at dei utviklar og gir tilbod om fleksible utdanningar retta mot dei som kjem tilbake til høgare utdanning undervegs i karrieren. I 2019 oppretta regjeringa ei ny ordning for tilskot til fleksible studietilbod, som vil betre tilgangen på relevante vidareutdanningar for personar som ikkje kan flytte for å studere ved ein sentral campus.

Innvandrarar og særleg innvandrarar med fluktbakgrunn har lågare sysselsetjingsgrad, lågare jobbtryggleik og høgare arbeidsløyse enn resten av befolkninga. Innvandrarar kjem til Noreg med kompetanse og ressursar, men mange manglar formell utdanning og kvalifikasjonar som det er behov for i den norske arbeidsmarknaden.

Mangfaldet i befolkninga og ressursane og kompetansen til innvandrarane må nyttast i større grad i arbeidslivet. Innvandrarar skal ha moglegheiter og fridom til å bidra og delta på alle arenaer i samfunnet. Diskriminering ved rekruttering kan gjere det vanskelegare for innvandrarar å kome inn i arbeidslivet og delta på linje med andre. Innvandrarar er oftare overkvalifiserte for stillingane dei har, samanlikna med resten av befolkninga. Manglande medvit om etnisk mangfald som ein ressurs i arbeidslivet kan påverke integreringa av innvandrarar i samfunnet generelt, og medverke til utanforskap og dårleg utnytting av dei samla ressursane og kompetansen i samfunnet.

Alle har den kompetansen som dei sjølve og samfunnet treng

Kompetansenivået i Noreg er høgt. Samstundes blir samfunnet stadig meir teknologisk avansert, og arbeidsmarknaden er prega av eit høgt kunnskapsnivå og stor global konkurranse. Med det stig krava til kompetanse og evne til omstilling, hos både arbeidstakarar og arbeidsgivarar.

Ein god barnehage bidreg til god utvikling for barna, noko som er særleg viktig for barn frå ressurssvake heimar. Reduksjonen av økonomiske og andre hindringar for bruk av barnehage er derfor svært viktig, og her er det gjort mykje dei siste åra. Barnehagar med høg kvalitet legg eit godt grunnlag for den vidare opplæringa, og kompetansen til personalet har mykje å seie for kvaliteten. Det er også innført ei plikt for barnehage- og skuleeigarar til å sørge for at barna får ein god overgang frå barnehagen til skulen.

Grunnopplæringa stiller store krav til kompetansen hos lærarane. Det er godt dokumentert frå forskinga at elevane lærer meir når lærarane har fordjuping i det faget dei underviser i. Regjeringa har som mål at alle lærarar skal ha fordjuping i faga dei underviser i, og vil halde fram med satsinga på vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar. I tillegg skal den desentraliserte ordninga for statlege kompetansemidlar sørge for at midlane blir nytta best mogleg ut frå lokale behov.

Sjølv om mykje er bra i den vidaregåande opplæringa i Noreg, er regjeringa oppteken av at det må gjerast noko med dei utfordringane som er der. Det er særleg følgande fem hovudutfordringar som regjeringa tek sikte på å kome tilbake til i ei stortingsmelding om vidaregåande opplæring våren 2021:

  • Mange elevar begynner i vidaregåande opplæring med for svake føresetnader.

  • Elevane får ikkje det dei treng for å bli best mogleg studieførebudde.

  • Fagopplæringa dekker ikkje behova til elevane og arbeidslivet godt nok.

  • Psykiske vanskar er eit aukande problem for mange elevar.

  • Avgrensingar i retten til vidaregåande opplæring er eit hinder for at fleire skal fullføre.

Sjå programkategori 07.20 for meir omtale.

Våren 2020 la regjeringa fram Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet. Kompetansereforma har to mål. Det første målet er at ingen skal gå ut på dato i arbeidslivet på grunn av manglande kompetanse. Alle skal få moglegheit til å fornye og supplere kompetansen, slik at fleire kan stå lenger i arbeid. Det andre målet er å tette gapet mellom kva arbeidslivet treng av kompetanse, og den kompetansen arbeidstakarane faktisk har. Sjå programkategori 07.50 for meir omtale av kompetansereforma.

Universitet og høgskular gir viktige bidrag til omstilling og innovasjon i alle delar av samfunnet. Høgare utdanning av høg kvalitet må vere tilgjengeleg både for dei som nyleg var ferdig med vidaregåande utdanning, og for dei som treng utdanning i andre fasar av livet. Det viktigaste bidraget er at dei får solid fagleg kunnskap og er i stand til å handtere eit arbeidsliv i stadig endring og får kompetanse som gjer dei i stand til å løyse utfordringane i arbeidslivet i dag – og til å skape arbeidslivet for i morgon. For at kandidatane skal bli betre budde på behova i arbeidslivet, er vi avhengige av at utdanningsinstitusjonane er i tettare dialog med relevante aktørar i arbeidslivet om dimensjonering av utdanningane og utvikling av studieprogram og læringsmåtar. Det må bli lettare å få tilgang til kunnskapen frå universitet og høgskular, også for personar som ikkje er registrerte studentar.

Som ein del av Utdanningsløftet 2020 la regjeringa våren 2020 fram fleire tiltak for å auke kapasiteten i vidaregåande opplæring, ved fagskular, høgskular og universitet, og andre kompetansetiltak. Tiltaka skulle mellom anna gi ledige og permitterte betre tilgang til utdanning og kompetanseutvikling, samtidig som det var viktig å ha meir kapasitet til å ta imot fleire førstegangssøkarar. Fleire av desse tiltaka er òg ein del av kompetansereforma. For meir informasjon om tiltaka i Utdanningsløftet 2020, som blei lagt fram i samband med handteringa av covid-19-pandemien, sjå kap. 11 Konsekvensar av covid-19-pandemien i kunnskapssektoren.

Samfunnet har tilgang til oppdatert kunnskap av høg kvalitet

Forsking og høgare utdanning står sentralt i utviklinga av eit berekraftig samfunn – miljømessig, sosialt, kulturelt, økonomisk og politisk. Klimaendringane og miljøproblema er blant dei største utfordringane i vår tid, og krev at vi finn nye svar på korleis vi kan dekke grunnleggande behov som tilgang på mat, vatn og energi, god helse og tryggleik. Covid-19-pandemien understrekar behovet for globale løysingar, der internasjonalt samarbeid om utdanning og forsking er naudsynt. For omtale av FoU i statsbudsjettet, sjå kap. 5 Oppfølging av Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning.

Kvaliteten i norsk høgare utdanning er gjennomgåande god, og universiteta og høgskulane jobbar generelt bra med utvikling av studiekvalitet. Norske studentar er jamt over godt nøgde med studia sine. Det er likevel stort behov for å stimulere til meir utviklingsarbeid for å utvikle framifrå utdanningsmiljø og studietilbod og å spreie kunnskapen frå desse. Mykje av undervisninga gir ikkje godt nok læringsutbyte, og fullføringsgraden er framleis for låg.

Noregs forskingsråd er ein sentral aktør i det norske forskings- og innovasjonssystemet og eit viktig verkemiddel for å nå dei forskingspolitiske måla til regjeringa. Noreg har mykje solid offentleg finansiert forsking, men ein for liten del av forskinga frå universitets- og høgskulesektoren og instituttsektoren fører til nye forretningsidear og nye verksemder. Det er framleis eit problem at samfunnet ikkje har open tilgang til vitskaplege artiklar. Noreg jobbar tett med ei rekke land internasjonalt for å oppnå større openheit i forskinga.

Internasjonalt samarbeid trengs for å nå dei overordna måla om utdanning og forsking av høg kvalitet, styrkt innovasjonsevne, betre velferd og ei berekraftig samfunnsutvikling. God norsk deltaking i EU-programma for forsking, innovasjon og utdanning gir Noreg tilgang på ny kunnskap, teknologi, nettverk, marknader, infrastruktur og kulturell kompetanse som er naudsynt i ein open verdsøkonomi. Deltakinga gir oss ein meirverdi som ikkje er mogleg å oppnå om Noreg vel å stå utanfor.

Ei evaluering frå Samfunnsøkonomisk analyse av norsk deltaking i Horisont 2020 konkluderer med at norsk deltaking i dei europeiske rammeprogramma har stor betydning for auka kvalitet i norsk forsking. Men i lys av kor mykje Noreg investerer i forsking, har vi likevel framleis relativt få forskarar og forskingsmiljø på internasjonalt toppnivå.

Ein rapport frå Diku tyder på at deltakinga i utdanningssamarbeidet gjennom Erasmus+ har bidrege til å styrke kvaliteten, relevansen og attraktiviteten til det norske utdanningssystemet. Sjå programkategori 07.60 og kap. 5 for meir omtale av regjeringas innsats på forsking og høgare utdanning.

1.3 Hovudprioriteringar 2021

Utdanningsløftet 2020

Den største og viktigaste ressursen Noreg har, er kompetansen og arbeidskrafta i befolkninga. Den økonomiske krisa som følge av covid-19-pandemien har ført til høg arbeidsløyse og mange permitteringar. Det er fleire søkarar til grunnutdanningar og til etter- og vidareutdanningstilbod. Krisa kjem i tillegg til utviklingstrekk som digitalisering og det grøne skiftet og forsterkar behovet for ei omstilling i norsk arbeids- og næringsliv bygd på kompetanse.

Regjeringa lanserte våren 2020 Utdanningsløftet 2020, som er ei storstilt satsing på kompetansetiltak og større kapasitet i utdanningane på alle nivå. Løyvingane til tiltaka som inngår i Utdanningsløftet 2020, utgjer til saman 1,6 mrd. kroner i 2020.

Departementet meiner det er behov for å vidareføre Utdanningsløftet 2020 og foreslår derfor til saman 2,5 mrd. kroner til følgande tiltak i statsbudsjettet for 2021:

  • midlar for at permitterte og ledige kan fullføre vidaregåande opplæring

  • midlar for at personar som går ut av vidaregåande opplæring utan studie- eller yrkeskompetanse, kan få eit tilbod

  • ein auke av lærlingtilskotet våren 2021

  • midlar for å legge til rette for eit utvida tilbod om Vg3 i skule for elevar som ikkje får læreplass, Fagbrev som elev

  • midlar til tilbod om å ta eit fagbrev for personar som allereie har studie- eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring

  • midlar til auka bruk av ordninga Fagbrev på jobb

  • midlar til å utvide forsøket med modulstrukturert opplæring innanfor utvalde lærefag i fag- og yrkesopplæringa

  • midlar til å vidareføre utvidinga av treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling, inkludert kompetanseløft for utsette industriklynger

  • vidareføring og opptrapping av midlane til 1 600 studieplassar ved fagskular og om lag 500 nye studieplassar til Industrifagskolen i 2021

  • vidareføring og opptrapping av midlane til 4 000 studieplassar ved universitet og høgskular i 2021

  • vidareføring av 250 rekrutteringsstillingar ved universitet og høgskular

  • ein auke i midlar til fleksible utdanningstilbod gjennom Diku

Sjå meir om Kunnskapsdepartementets respons til covid-19-pandemien under kap. 11 Konsekvensar av covid-19-pandemien i kunnskapssektoren.

Barnehage og grunnskule

Departementet foreslår å løyve 170 mill. kroner til oppfølging av sårbare elevar som har fått tapt progresjon som følge av stenginga av skulane delar av våren 2020.

Covid-19-pandemien og stenginga av skulene synleggjorde utfordringar med digital undervisning i fleire kommunar. Våren 2020 løyvde Stortinget 80 mill. kroner til tiltak i kommunar, fylkeskommunar og friskular som har utfordringar med overgangen til digital undervisning i samband med covid-19-pandemien. Departementet foreslår å vidareføre løyvinga i 2021. Midlane skal nyttast både til å handtere behov ved nye periodar med stenging eller redusert skuletilbod og å vidareføre arbeidet med å utjamne forskjellar mellom kommunar når det gjeld digital undervisning. Midlane vil i 2021 òg støtte opp om mål i digitaliseringsstrategien og innføringa av fagfornyinga.

Departementet foreslår å bruke 430 mill. kroner i 2021 til tiltak for å fremje kvaliteten og kompetansen i barnehagane. 200 mill. kroner vil gå til den regionale ordninga for kompetansetiltak.

Private barnehagar har i snitt lågare pensjonsutgifter enn det dei får tilskot for. Derfor foreslår departementet å redusere pensjonstilskotet deira frå dagens 13 pst. til 11 pst. av kommunens lønnskostnader frå 1. januar 2021. For å gi private barnehagar med mindre økonomisk handlingsrom noko betre tid til å tilpasse seg inntektsbortfallet, foreslår regjeringa å innføre ei overgangsordning med gradvis reduksjon i pensjonstilskotet for einskildståande barnehagar.

Hausten 2020 starta innføringa av dei nye læreplanane i grunnopplæringa, noko som er den største endringa sidan reforma Kunnskapsløftet i 2006. Det er 1.–9. trinn i grunnskulen og 1. trinn i vidaregåande opplæring som får nye læreplanar frå hausten 2020, dei andre trinna følger etter dei neste åra. Departementet foreslår å løyve 180 mill. kroner til læremiddel i samband med fagfornyinga.

Hausten 2021 tek ny rammeplan for skulefritidsordninga (SFO) til å gjelde. Departementet vil fjerne økonomiske barrierar som hindrar barn frå familiar med låg inntekt i å få gå på SFO, og foreslår å løyve 25 mill. kroner i 2021 til å utvide ordninga med inntektsgradert foreldrebetaling i SFO ved offentlege skular til også å omfatte 3. og 4. trinn frå hausten 2021, slik at ordninga dermed gjeld 1.–4. trinn. I tillegg foreslår departementet å løyve 3 mill. kroner til å opprette ei eiga tilskotsordning for SFO ved frittståande skular som ønsker å tilby tilsvarande inntektsgradering i SFO for elevar på 1.–4. trinn. Departementet foreslår også å løyve 15,2 mill. kroner til gratis SFO for familiar med låg inntekt i utvalde kommunar.

Arbeidet mot mobbing og for eit godt og inkluderande læringsmiljø i grunnopplæringa har høg prioritet hos regjeringa. Departementet foreslår å løyve 110 mill. kroner til dette arbeidet i 2021. Dette omfattar mellom anna midlar til fylkesmannen si handhevingsordning og dei fylkesvise mobbeomboda – tiltak som skal sikre at barn, unge og foreldre har moglegheit til å få hjelp, støtte og rettleiing når dei opplever manglande oppfølging frå skulen eller kommunen.

Gode lærarar med solid og oppdatert kunnskap er nøkkelen til at elevane skal lære meir. Regjeringa vil halde fram med den omfattande satsinga på kvalifisering av og vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar og foreslår å bruke 1,6 mrd. kroner til dette i 2021. Løyvinga gir mellom anna rom for å tilby vidareutdanning til om lag 6 300 lærarar hausten 2021 innanfor ordninga Kompetanse for kvalitet. Departementet foreslår å trappe opp satsinga på karrierevegar for lærarar til 229 mill. kroner i 2021. Med dette vil det vere mogleg å auke talet på lærarspesialistar frå 1 500 til 2 300 frå hausten 2021. Departementet foreslår i oppfølginga av Tett på-meldinga å løyve 50 mill. kroner i 2021 som del av eit kompetanseløft i spesialpedagogikk for tilsette i både barnehage, skule og PP-tenesta.

Vidaregåande opplæring

Utdanningsløftet 2020 er ei historisk satsing på vidaregåande opplæring. Regjeringa vil halde fram denne satsinga i 2021.

Våren 2020 vedtok Stortinget midlar for at ledige og permitterte utan vidaregåande opplæring kan få moglegheit til å oppnå studie- eller yrkeskompetanse. Departementet foreslår å vidareføre tilskotet på 300 mill. kroner i 2021.

Departementet foreslår òg å vidareføre eit tilskot på 150 mill. kroner for at personar som går ut av vidaregåande opplæring utan å oppnå studie- eller yrkeskompetanse, kan få eit tilbod. For å halde fram satsinga på auka bruk av ordninga med Fagbrev på jobb foreslår departementet 46 mill. kroner.

For hausten 2020 vedtok Stortinget midlar for å auke lærlingtilskotet. Departementet foreslår å vidareføre denne auken med 170 mill. kroner for våren 2021. Departementet foreslår vidare 150 mill. kroner i 2021 for å legge til rette for eit utvida tilbod om Vg3 i skulen for elevar som ikkje får læreplass, Fagbrev som elev.

Kompetansepolitikk og livslang læring

Departementet foreslår å auke løyvingane til kompetansereforma Lære heile livet med til saman om lag 900 mill. kroner i 2021.

Våren 2020 blei ordninga med treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling utvida med 120 mill. kroner, noko som la til rette for fleire nye bransjeprogram og ei utviding av bransjeprogrammet for industri- og byggenæringa. Departementet foreslår å vidareføre utvidinga av bransjeprogramma med 110 mill. kroner i 2021. Innanfor løyvinga til bransjeprogram foreslår regjeringa 20 mill. kroner til kompetanseløft for utsette industriklynger i 2021.

Departementet foreslår 45,5 mill. kroner til tilbod om å ta eit fagbrev for personar som allereie har studie- eller yrkeskompetanse.

Stortinget vedtok midlar til 100 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning i statsbudsjettet for 2020 og 1 500 nye studieplassar i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2020. Departementet foreslår å løyve 178,6 mill. kroner for å vidareføre og trappe opp løyvinga til desse studieplassane i 2021.

Departementet foreslår 37,8 mill. kroner til om lag 500 nye studieplassar ved Industrifagskolen. Inkludert utgifter til utdanningsstøtte er samla utgift for desse studieplassane om lag 50 mill. kroner i 2021.

For å lykkast med kompetansereforma må det bli enklare å kombinere deltidsutdanning med deltidsarbeid. I dag kan regelverket i Lånekassen som avgrensar tida ein kan få utdanningsstøtte til åtte år, vere eit hinder for dette. Departementet foreslår derfor å gå over til ei studiepoengbasert tidsramme for lån og stipend. På den måten kan lån og stipend takast ut fleksibelt over lengre tid enn åtte år om ein studerer på deltid.

Høgare utdanning og forsking

Departementet foreslår 753 mill. kroner til utvida utdanningskapasitet ved universitet og høgskular. Av desse er 603 mill. kroner ei vidareføring og opptrapping av løyvinga til nye studieplassar i samband med Utdanningsløftet 2020. Dette inneber at institusjonane kan halde fram med det auka opptaket med rundt 4 000 fleire studentar også i 2021. Resten av midlane er ei opptrapping av tidlegare tildelingar frå 2016 til 2020. Departementet foreslår i tillegg å auke tilskotet gjennom Diku til fleksible studietilbod med 46 mill. kroner.

Departementet foreslår 338 mill. kroner til å vidareføre dei 250 rekrutteringsstillingane som stipendiat eller postdoktor som blei oppretta i samband med Utdanningsløftet 2020.

Studentar som blei tekne opp til dei nye femårige grunnskulelærarutdanningane i 2017, vil starte på det femte året av utdanninga hausten 2021. Departementet foreslår å auke løyvinga med 89 mill. kroner til dei institusjonane som tilbyr grunnskulelærarutdanning.

Regjeringa held fram med å følge opp måla og dei langsiktige prioriteringane i Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028. Regjeringa foreslår 339 mill. kroner til oppfølging av dei tre opptrappingsplanane Teknologiløft, FoU for fornying og omstilling i næringslivet og Kvalitet i høgare utdanning.

Departementet foreslår å auke løyvinga til studentsamskipnadene med 20 mill. kroner for å styrke velferdstenestene til studentane.

Integrering

Regjeringa jobbar med å følge opp integreringsstrategien gjennom å reformere kvalifiseringstilbodet for flyktningar og andre innvandrarar, gjennomgå busettingsordninga og styrke sivilsamfunnet si rolle. Eit sentralt element i reforma er ny lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringslova), jf. Innst. 389 L (2019–2020) og Prop. 89 L (2019–2020). Lova skal bidra til at dei som kjem til Noreg og får opphald her, får nytta kunnskapane og evnene sine og delta i arbeids- og samfunnslivet. Satsing på utdanning, kvalifisering og kompetanse står sentralt i lova, som samla skal medverke til at fleire innvandrarar, særleg flyktningar, raskt blir integrerte i det norske samfunnet, får ei varig tilknyting til arbeidslivet og blir økonomisk sjølvstendige.

Departementet foreslår 25 mill. kroner til norskinnsats for å gjere tilbodet om frivillig norsktrening betre kjent, for å rekruttere fleire frivillige norsktrenarar og til utvikling av eit fleksibelt tilbod om norsktrening som eit supplement til tilbodet i kommunane. Vidare foreslår departementet 57 mill. kroner til nye satsingar på integreringsfeltet, mellom anna til tiltak som gir fleire flyktningar og andre innvandrarar utdanning og kvalifisering. Tiltaka er nærare omtala i boks 4.2 og under kap. 291, post 60.

Andre saker

Regjeringa bygger politikken sin på ein effektiv bruk av ressursane til fellesskapet. Det er eit potensial i offentleg forvaltning for å bli meir effektive. Regjeringa held derfor fram med avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma og føreset at alle statlege verksemder gjennomfører tiltak for å bli meir effektive. Reforma skaper handlingsrom for prioriteringar i statsbudsjettet. Den årlege effektiviseringa er sett til 0,5 pst. av alle driftsutgifter som blir løyvde over statsbudsjettet. For Kunnskapsdepartementet inneber dette at løyvinga totalt blir redusert med 251 mill. kroner på utgiftssida.

Kunnskapsdepartementet foreslår å rammeoverføre 2,2 mill. kroner til kap. 1605 Direktoratet for forvaltning og økonomistyring, post 01 Driftsutgifter for å styrke kapasiteten i Statens innkjøpssenter, slik at dei kan inngå og forvalte fleire lønnsame, sentrale innkjøpsavtalar på vegner av alle sivile verksemder i staten. Sjå Prop. 1 S for Kommunal- og moderniseringsdepartementet for meir.

Våren 2020 blei det avgjort å utsette årets lønnsoppgjer for det statlege tariffområdet til hausten 2020. Som følge av dette er verknader for 2021-budsjettet av inneverande års lønnsoppgjer for tilsette i det statlege tariffområdet førebels ikkje innarbeida i budsjettrammene til departementa. Oppgjeret starta tysdag 1. september. Regjeringa vil kome tilbake til verknader for 2021-budsjettet av oppgjeret.

2 Oversikt over forslaget til budsjett for Kunnskapsdepartementet

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

Administrasjon

200

Kunnskapsdepartementet

410 386

409 701

414 513

1,2

201

Analyse og kunnskapsgrunnlag

40 011

216 285

233 998

8,2

Sum kategori 07.10450 397625 986648 5113,6

Grunnopplæringa

220

Utdanningsdirektoratet

677 915

638 035

637 580

-0,1

221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

15 849

15 913

16 014

0,6

222

Statlege skular og fjernundervisningstenester

122 063

138 029

145 145

5,2

224

Tilskot til freds- og menneskerettssenter

111 922

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 242 854

1 179 380

1 624 718

37,8

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

4 845 569

3 132 215

3 396 679

8,4

227

Tilskot til særskilde skular

206 425

218 821

229 186

4,7

228

Tilskot til frittståande skular o.a.

5 245 036

5 428 995

5 793 844

6,7

229

Noregs grøne fagskule – Vea

32 135

230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

776 661

720 897

692 388

-4,0

Sum kategori 07.2013 164 50711 472 28512 647 47610,2

Barnehagar

231

Barnehagar

954 370

807 777

704 280

-12,8

Sum kategori 07.30954 370807 777704 280-12,8

Høgare yrkesfagleg utdanning

240

Fagskular

765 360

825 342

1 069 994

29,6

241

Felles tiltak for fagskular

28 509

30 893

31 723

2,7

242

Noregs grøne fagskule – Vea

31 570

31 656

0,3

Sum kategori 07.40793 869887 8051 133 37327,7

Kompetansepolitikk og livslang læring

251

22. juli-senteret

637

11 723

15 675

33,7

252

EUs utdannings- og ungdomsprogram

658 999

253

Folkehøgskular

909 830

957 579

993 308

3,7

254

Studieforbund mv.

228 388

232 877

72 430

-68,9

255

Tilskot til freds- og menneskerettssenter

106 342

108 451

-100,0

256

Kompetanse Noreg

69 660

113 183

128 169

13,2

257

Kompetanseprogrammet

176 181

172 134

376 134

118,5

258

Tiltak for livslang læring

222 183

233 376

159 940

-31,5

Sum kategori 07.502 372 2201 829 3231 745 656-4,6

Høgare utdanning og forsking

260

Universitet og høgskular

37 218 102

38 585 513

40 748 905

5,6

270

Studentvelferd

658 809

822 442

926 887

12,7

271

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

174 831

175 030

0,1

272

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning

601 000

676 869

12,6

273

Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking

164 495

213 265

29,6

274

Universitetssenteret på Svalbard

142 463

36 322

-74,5

275

Tiltak for høgare utdanning og forsking

284 421

429 539

51,0

280

Felles einingar

961 113

281

Felles tiltak for universitet og høgskular

515 523

284

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane

19 508

19 303

19 392

0,5

285

Noregs forskingsråd

4 856 574

4 793 985

5 254 950

9,6

286

Regionale forskingsfond

189 119

194 982

3,1

287

Basisløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

485 685

218 120

223 974

2,7

288

Internasjonale samarbeidstiltak

2 895 864

3 496 001

3 762 017

7,6

289

Vitskaplege prisar

44 969

46 408

3,2

Sum kategori 07.6047 611 17849 536 66252 708 5406,4

Utdanningsstøtte

2410

Statens lånekasse for utdanning

43 052 550

45 284 627

46 799 545

3,3

Sum kategori 07.8043 052 55045 284 62746 799 5453,3

Integrering og mangfald

290

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

272 562

292 960

304 983

4,1

291

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

11 754 678

9 768 290

7 644 283

-21,7

292

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

1 530 445

1 346 538

1 175 971

-12,7

Sum kategori 07.90

13 557 685

11 407 788

9 125 237

-20,0

Sum utgifter

121 956 776

121 852 253

125 512 618

3,0

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

01–29

Driftsutgifter

7 067 836

7 308 343

7 507 538

2,7

30–49

Nybygg, anlegg o.a.

78 942

136 105

273 955

101,3

50–59

Overføringar til andre statsrekneskapar

48 850 903

50 044 937

53 055 657

6,0

60–69

Overføring til kommunesektoren

17 253 136

13 148 721

11 326 659

-13,9

70–89

Overføring til private

19 810 997

20 485 430

20 997 507

2,5

90–99

Utlån, avdrag o.a.

28 894 962

30 728 717

32 351 302

5,3

Sum under departementet

121 956 776

121 852 253

125 512 618

3,0

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

Administrasjon

3200

Kunnskapsdepartementet

4 601

Sum kategori 07.104 601

Grunnopplæringa

3220

Utdanningsdirektoratet

23 821

14 907

13 977

-6,2

3222

Statlege skular og fjernundervisningstenester

18 921

8 884

15 623

75,9

3225

Tiltak i grunnopplæringa

23 393

23 617

12 495

-47,1

3229

Noregs grøne fagskule – Vea

6 317

3230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

38 296

45 863

47 094

2,7

Sum kategori 07.20110 74893 27189 189-4,4

Høgare yrkesfagleg utdanning

3242

Noregs grøne fagskule – Vea

6 146

6 316

2,8

Sum kategori 07.406 1466 3162,8

Kompetansepolitikk og livslang læring

3256

Kompetanse Noreg

5 172

8 803

9 039

2,7

Sum kategori 07.505 1728 8039 0392,7

Høgare utdanning og forsking

3271

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

627

644

2,7

3275

Tiltak for høgare utdanning og forsking

10

10

0,0

3280

Felles einingar

8 801

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

6 236

14 582

133,8

Sum kategori 07.608 8016 87315 236121,7

Utdanningsstøtte

5310

Statens lånekasse for utdanning

18 336 861

17 997 930

18 458 621

2,6

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

4 481 163

5 120 420

2 509 820

-51,0

Sum kategori 07.8022 818 02423 118 35020 968 441-9,3

Integrering og mangfald

3290

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

53

3291

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

4 903

11 223

11 582

3,2

3292

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

19 615

28 055

21 151

-24,6

Sum kategori 07.90

24 571

39 278

32 733

-16,7

Sum inntekter

22 971 917

23 272 721

21 120 954

-9,2

Inntekter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

01–29

Sal av varer og tenester o.a.

195 538

173 938

167 283

-3,8

50–89

Skatter, avgifter og andre overføringar

4 587 742

5 234 023

2 614 697

-50,0

90–99

Utlån, avdrag o. a.

18 188 637

17 864 760

18 338 974

2,7

Sum under departementet

22 971 917

23 272 721

21 120 954

-9,2

3 Oppfølging av oppmodingsvedtak

Nedanfor er ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Kunnskapsdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2019–2020 og alle vedtak frå tidlegare sesjonar der rapporteringa ikkje blei varsla avslutta i Prop. 1 S (2019–2020), eller som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 373 S (2019–2020) meinte ikkje var følgde opp.

I kolonnen lengst til høgre i tabell 3.1 er det ført opp om departementet reknar med at rapporteringa om vedtaket no blir avslutta, eller om det vil rapportere konkret om det i budsjettframlegget neste år òg. Ei rapportering som inneber at departementet skal legge fram ei konkret sak for Stortinget, vil normalt først bli avslutta når slikt framlegg er gjort.

Sjølv om det i tabellen er oppgitt at rapporteringa blir avslutta, vil det stundom vere slik at oppfølging av alle sider av vedtaket ikkje er sluttført. Dette kan til dømes gjelde oppmoding om å vareta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, og der oppfølginga vil kunne gå over fleire år. I slike tilfelle blir Stortinget orientert om oppfølginga slik som elles gjennom omtale av det relevante politikkområdet i andre dokument til Stortinget.

Tabell 3.1 Oppmodingsvedtak

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Følgt opp (ja/nei)

2019–2020

2

Desentralisert utdanning

Ja

2019–2020

410

Inntektsbortfall for studentar

Ja

2019–2020

456

Konvertering av ekstralån for studentar og elevar

Ja

2019–2020

458

Kartlegge ledig studiekapasitet

Ja

2019–2020

459

Korte utdanningstilbod ved fagskulane

Nei

2019–2020

460

Opplæringsløp for lærlingar og nye lærekontraktar

Ja

2019–2020

461

Kompetansehevingstiltak

Ja

2019–2020

466

Studentbustadar

Ja

2019–2020

468

FoU og det grøne skiftet

Ja

2019–2020

487

Barnehage og skule: Covid-19-pandemien og sårbare barn

Ja

2019–2020

497

Barn i utlandet

Nei

2019–2020

696

Bransjeprogram

Ja

2019–2020

697

Kompetansefunn Digital

Nei

2019–2020

699

Finansieringssystem for universitet og høgskular

Nei

2019–2020

700

Studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning

Nei

2019–2020

701

Vaksne utan rett til vidaregåande opplæring

Nei

2018–2019

51

Barnehage: Finansieringssystemet og ideelle barnehagar

Nei

2018–2019

197

Skule: Fritak frå skulefag

Nei

2017–2018

62

Kortkurs ved folkehøgskular

Nei

2017–2018

106

Skule: Fysisk aktivitet

Ja

2017–2018

461

Barnehage: Vilkår for private barnehagar

Nei

2017–2018

533

Tap av statsborgarskap

Ja

2017–2018

534

Rask domstolsbehandling, statsborgarskap

Ja

2017–2018

535

Tap av statsborgarskap pga. grunnleggande nasjonale interesser

Ja

2017–2018

600

Skule: Seksualitetsundervisning

Ja

2017–2018

785

Fleire sanksjonsmoglegheiter i tilfelle der barn blir etterlatne i utlandet mot sin vilje

Nei

2017–2018

800

Foreldrerettleiingskurs i introduksjonsprogrammet og innføring i barnehage- og skulesystem og barnevern

Ja

2017–2018

801

Barnehage: Krav til stadleg leiar i barnehagar

Ja

2017–2018

802

Barnehage: Finansieringssystemet for private barnehagar

Nei

2017–2018

805

Barnehage: Etablere eit uavhengig tilsynssystem for barnehagesektoren

Ja

2017–2018

806

Barnehage: Gi informasjon til Stortinget om innføringa av bemannings- og pedagognorm

Ja

2017–2018

883

Skule: Avtalar for tilsetjing av skuleleiar/rektor

Ja

2017–2018

886

Skule: Setje ned utval for nasjonalt kvalitetsvurderingssystem

Nei

2017–2018

887

Rangering av søkarar til høgare utdanning

Nei

2016–2017

67

Skule: Hovudmål og målformgrupper

Nei

2016–2017

108, pkt. 26

Finansiering av private høgskular

Ja

2016–2017

642

Medlemskap i studentsamskipnad for fagskular

Nei

2016–2017

643

Evaluering av fagskulereforma

Nei

2016–2017

648

Fri rettshjelp ved tilbakekall av statsborgarskap

Ja

2016–2017

649

Tilbakekall av statsborgarskap

Ja

2016–2017

651

Tilbakekall av statsborgarskap for barn og barnebarn

Ja

2016–2017

672

Statlege oppreisingsordningar og mobbing

Ja

2016–2017

774

Skule: Vern av lærartittelen

Nei

2016–2017

897

Skule: Melding om kulturskule

Nei

2016–2017

900

Skule: Lærarar med fordjuping i spesialpedagogikk

Nei

2016–2017

901

Skule: Rett til spesialundervisning av fagpersonar

Nei

2016–2017

903

Skule: Spesialundervisning og lærarkompetanse

Nei

2015–2016

439, pkt. 10

Auka karenstid for norsk statsborgarskap

Ja

2015–2016

480

Skule: Minoritetselevar og overnattingsturar

Ja

2015–2016

789

Barnehage: Kartlegging i barnehagane

Nei

2015–2016

791

Barnehage: Personopplysningar

Nei

2015–2016

792

Barnehage: Omsorgs- og læringsmiljø

Ja

2015–2016

796

Barnehage: Krav om norsk og samisk språk

Nei

2015–2016

800

Barnehage: Rekruttering av menn

Ja

Oppmodingsvedtak under kunnskaps- og integreringsministeren

Vedtak frå 2019–2020-sesjonen

Vedtak nr. 460, 31. mars 2020: Opplæringsløp for lærlingar og nye lærekontraktar

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 67 S (2019–2020), jf. Innst. 216 S (2019–2020).

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag som sikrer flyt i opplæringsløpet for lærlinger og at nye lærekontrakter blir tegnet, senest innen revidert nasjonalbudsjett for 2020.»

Departementet viser til Prop. 127 S (2019–2020) og forslag om totalt 350 mill. kroner til tiltak retta mot lærlingar. Departementet meiner at vedtak nr. 460, 31. mars 2020 med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 487, 7. april 2020: Barnehage og skole: Covid-19-pandemien og sårbare barn

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 73 S (2019–2020) og Prop. 70 LS (2019–2020), jf. Innst. 233 S (2019–2020).

«Stortinget ber regjeringen forsterke innsatsen for å ivareta hensynet til sårbare barn under virusutbruddet, slik at de sikres deltakelse i blant annet barnehage og SFO.»

Regjeringa er oppteken av konsekvensane virusutbrotet har og har hatt for sårbare barn og unge. Det er mellom anna sett ned ei koordineringsgruppe som følger med på status for barn og unge, og som gir tilbakemeldingar og råd til regjeringa. I tillegg til meir midlar til kommunesektoren blei det gjennom behandlinga av Prop. 117 S (2019–2020) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet for 2020 løyvd 400 mill. kroner til tiltak for å betre situasjonen for sårbare barn og unge. Av dette var 170 mill. kroner for å følge opp elevar med tapt progresjon på skulen i samband med virusutbrotet. Regjeringa foreslår å vidareføre 170 mill. kroner til dette tiltaket i 2021.

Det er òg gjort endringar i regelverket. Det har heilt frå nedstenginga vore reglar om at barn med særlege behov skulle kunne få eit tilbod når barnehagar, skular og SFO er stengde.

Det er no fastsett i mellombelse reglar at barnehage- og skuleeigarar skal sørge for at barn med særlege behov får eit tilbod i barnehage eller skule når barnehagar og skular er stengde eller har redusert opnings- eller opphaldstid etter enkeltvedtak eller forskrifter med heimel i smittevernlova. Denne plikta følger av mellombels forskrift om tilpassingar i reglane om barnehagar, grunnskular og vidaregåande opplæring som følge av utbrot av covid-19 §§ 2 og 3. Både innhaldet i og omfanget av tilbodet skal vareta barnets eller elevens behov.

Departementet viser vidare til omtale i Prop. 127 S (2019–2020) og budsjettforslaget i Prop. 1 S (2020–2021).

Departementet meiner at vedtak nr. 487, 7. april 2020 er følgt opp.

Vedtak nr. 497, 14. april 2020: Barn i utlandet

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 130 L (2018–2019) og Innst. 208 L (2019–2020).

«Stortinget ber regjeringen i lys av Innst. 260 S (2017–2018) fremme en sak med forslag til innretning som ivaretar barn som står i fare for å sendes til eller etterlates i utlandet mot egen vilje under tilrettelagte og organiserte uforsvarlige forhold, som kan bidra til at barn og unge utsettes for vold og tortur, negativ sosial kontroll eller radikalisering.»

Oslo Economics har gjennomført ei kartlegging av kommunane sin kjennskap til saker om barn etterlatne i utlandet mot si vilje, som ein del av regjeringa si oppfølging av særskilde tiltak for å hindre at barn vert etterlatne i utlandet, og regjeringa sin integreringsstrategi (2019–2022). Rapporten blei publisert i januar 2019. I byrjinga av 2019 sette regjeringa ned ei ekspertgruppe for å få råd om korleis ein kan førebygge at barn og unge vert etterlatne i utlandet utan at dei ønsker det. Rapporten «Det var ikke bare ferie» kom i mai 2020 med 45 tilrådingar. Forslaga blir vurderte i samband med utviklinga av ny handlingsplan om friheit frå negativ sosial kontroll og æresrelatert vald for 2021–24.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak frå 2018–2019-sesjonen

Vedtak nr. 51, 22. november 2018: Barnehage: Finansieringssystemet og ideelle barnehagar

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:231 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Bjørnar Moxnes om en mangfoldig barnehagestruktur der pengene går til barnas beste, jf. Innst. 51 S (2018–2019).

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå finansieringssystemet for private og kommunale barnehager med sikte på å ivareta de små og ideelle barnehagene og en mangfoldig barnehagesektor.»

Departementet viser til Forslag til endringer i barnehageloven med forskrifter (ny regulering av private barnehager), som blei sendt ut på offentleg høyring 26. april 2019. I kapittel 5 i høyringsnotatet har departementet vurdert moglege endringar i finansieringssystemet for private barnehagar. Departementet ser at det kan vere ei utfordring at finansieringssystemet ikkje gir gode nok driftsvilkår for små private barnehagar. Departementet vurderer at grunnprinsippa i dagens finansieringssystem skal vidareførast, slik at finansieringa av barnehagane framleis skjer gjennom statlege overføringar til rammetilskotet til kommunen. Departementet meiner at kommunens utgifter til private barnehagar framleis skal spegle kommunens utgifter til tilsvarande kommunale barnehagar. Departementet meiner likevel at det kan vere tenleg å differensiere driftstilskotet til private barnehagar etter storleiken på barnehagen, slik at tilskota i større grad speglar dei reelle kostnadene ved dei private barnehagane. I høyringsnotatet varslar departementet ei nærare utgreiing av endringar i berekninga av driftstilskot til private barnehagar. I Prop. 96 L (2019–2020) viser departementet til at det er behov for å vurdere forslaga i høyringa om finansieringssystemet nærmare, mellom anna som følge av høyringsinnspel.

Departementet vil kome tilbake til vedtak nr. 51, 22. november 2018 overfor Stortinget på ein eigna måte. Jf. også vedtak nr. 802, 31. mai 2018 om modellar i finansieringssystemet som varetek eit mangfald av barnehagar.

Vedtak nr. 197, 12. desember 2018: Skule: Fritak frå skulefag

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2018–2019), jf. Innst. 12 S (2018–2019):

«Stortinget ber regjeringen sørge for at fritak for skolefag ikke blir gitt dersom dette ikke er i overensstemmelse med elev og foresattes ønsker, at fritaket må være faglig begrunnet, og at konsekvensene av et fritak er gjort godt kjent for eleven og foresatte.»

Departementet vil be Utdanningsdirektoratet sjå til at regelverket på området blir rett forstått og følgt opp ute i kommunane, og at elevane og foreldra får nødvendig rettleiing og informasjon. Opplæringslovutvalet leverte i NOU 2019: 23 Forslag til ny opplæringslov. Departementet vil i oppfølginga av NOU-en vurdere om det er behov for justering av lovverket i denne samanhengen. Regjeringa tek sikte på å sende forslag til ei ny opplæringslov på offentleg høyring våren 2021 og deretter legge forslaget fram for Stortinget i ein lovproposisjon våren 2022.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak frå 2017–2018-sesjonen

Vedtak nr. 62, 4. desember 2017: Kortkurs ved folkehøgskular

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 2 S (2017–2018).

«Stortinget ber regjeringen gå i dialog med folkehøyskolene med sikte på å finne en modell for å fase ut tilskudd til kortkurs der grunnbevilgningen i så fall må økes tilsvarende.»

I Prop. 114 S (2018–2019) varsla Kunnskapsdepartementet at det blir teke sikte på å fase ut tilskotet til kortkurs i folkehøgskulane frå 1. januar 2021. Folkehøgskulane får ein tilsvarande auke i grunnløyvinga. Dei to pensjonistfolkehøgskulane, Stiftelsen Nestor Seniorutvikling og Nordnorsk Pensjonistskole, vil framleis kunne halde kortkurs med rett til tilskot, med unntak av reisekurs utanfor Norden. Departementet tek sikte på at tilskotet til kortkurs blir fasa ut ved at kortkurselevar gradvis blir tekne ut av tilskotsgrunnlaget frå 2021. Stortinget slutta seg våren 2020 til forslaget til departementet om naudsynte endringar i folkehøgskulelova, slik at kortkurs ikkje lenger skal gi rett til statstilskot frå 1. januar 2021, jf. Prop. 96 L (2019–2020) og Innst. 302 L (2019–2020). Departementet sender forslag til endringar i forskrift til folkehøgskulelova på høyring hausten 2020. Der vil det mellom anna bli foreslått at det frå 2021 ikkje lenger vil vere høve til å nytte statstilskotet til kortkursverksemda.

Departementet har fått innspel frå Folkehøgskolerådet og folkehøgskulane om at avviklinga av tilskotet til kortkurs kan ha særlege negative konsekvensar for nokre få sårbare grupper. Departementet vil i dialog med Folkehøgskolerådet sjå nærare på dette.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 106, 7. desember 2017: Skule: Fysisk aktivitet

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:8 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kjersti Toppe, Marit Arnstad, Åslaug Sem-Jacobsen og Marit Knutsdatter Strand om å innføre en ordning som sikrer elever på 1.–10. trinn minst én time fysisk aktivitet hver dag, jf. Innst. 51 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen fremme sak for Stortinget om en ordning som sikrer elever på 1.–10. trinn minst én time fysisk aktivitet hver dag innenfor dagens timeantall.»

Vedtaket er omtala i Meld. St. 12 (2018–2019) Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2017–2018 og i Prop. 1 S (2018–2019). I desse dokumenta tilrådde departementet at det ikkje blei innført ei ny obligatorisk ordning med fysisk aktivitet i skulen. Departementet tilrådde at det heller blir satsa på frivillige tiltak, erfaringsspreiing, dokumentasjon og forsvarleg evaluering av praksis i skulen. I argumentasjonen la departementet særleg vekt på at det ville vere vanskeleg å halde oppe metodefridomen og -ansvaret til lærarane dersom ein lovregulerte ein time fysisk aktivitet kvar dag.

I Innst. S 12 (2018–2019) sa Stortinget følgande:

«Komiteen ser frem til resultatene fra studien og mener denne vil kunne gi et bedre faglig grunnlag for å kunne vurdere hvordan man oppnår økt fysisk aktivitet i skolen. Komiteen mener at én times daglig fysisk aktivitet i skolen innenfor dagens timetall skal være et mål som ikke må gå på bekostning av metodefriheten til lærerne eller medføre ekstra forpliktelser til rapportering fra skolene. Målet bør heller ikke gå på bekostning av gode lokale løsninger som faste aktivitetsdager, ekskursjoner eller annen aktivitet i skoletiden.
Komiteen ber regjeringen legge lærernes metodefrihet til grunn i sitt videre arbeid med fysisk aktivitet, samt vurdere løsninger som ikke bidrar til unødig byråkratisering eller detaljstyring av sektoren. Komiteen er gjort kjent med at flere skoler prioriterer fysisk aktivitet i ulike former, og ber regjeringen i sitt videre arbeid se på hvordan man kan bidra til erfaringsdeling og spredning av kunnskap og pedagogiske opplegg som bygger opp under lærernes faglige skjønn og ansvar.
Komiteen mener den enkelte skole i samarbeid med lærerne må finne gode løsninger for hvordan man best mulig kan legge til rette for økt fysisk aktivitet, og hvor man tar hensyn til de ulike forutsetninger man har lokalt. Fysisk aktivitet i skolen bør bidra til at elevene opplever mestring og glede ved aktivitet, og det er dermed viktig at tiltakene er godt lokalt tilpasset og skapt av et lokalt, positivt engasjement.
Komiteen mener en sentral utfordring er kompetanse og ressurser som gir lærerne inspirasjon og gode faglige opplegg som innebærer bruk av fysisk aktivitet. Dette kan blant annet gjøres ved å etablere en nettressurs hvor skoler og lærerne får tilgang til gode fagdidaktiske eksempler som muliggjør god undervisning i enkeltfag samtidig som man har økt fysisk aktivitet. Slike ressurser kan utarbeides med bakgrunn i erfaringene fra forskningsprosjektet og med bakgrunn i erfaringer fra kommuner som allerede er kommet langt i å ha én times fysisk aktivitet hver dag innenfor dagens rammetimetall. Det kan også være aktuelt å vurdere om ressurser laget med tilknytning til eksisterende læreplanverk kan fornyes og forbedres i forbindelse med nye læreplaner i fagfornyelsen. Den enkelte lærer og skole skal med dette kunne ivareta et godt innhold, god planlegging og god gjennomføring av tilbud og tiltak for økt fysisk aktivitet. Komiteen mener derfor regjeringen i sitt videre arbeid må ivareta at skolene får tilgang til undervisningsressurser og kompetanse som muliggjør at alle skoler på enkelt vis kan nå målet om én times fysisk aktivitet, og ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte med status i dette arbeidet.»

I Prop. 1 S (2019–2020) gjorde departementet på nytt greie for korleis fysisk aktivitet i skulen blir følgt opp. Departementet presenterte mellom anna resultata frå forskingsprosjektet Schools in motion frå Noregs idrettshøgskule og satsinga Barn og unge i bevegelse, som vil samle ei rekke tiltak for meir fysisk aktivitet i barnehage, skule og SFO. Departementet la til grunn at dei tiltaka som var nemnde her, samla sett gjer at vedtak nr. 106, 7. desember 2017 var følgt opp. I Innst. 373 S (2019–2020) sa likevel Stortinget følgande:

«Komiteen viser til ordlyden i anmodningsvedtaket, der Stortinget ba regjeringen legge fram en sak for Stortinget som sikrer elever på 1.–10. trinn minst én times fysisk aktivitet hver dag. Komiteen avventer dette før vedtaket kvitteres ut.»

Kunnskapsdepartementet viser til at det i einskilde høve er naudsynt å kome med framlegg om å oppheve eit oppmodingsvedtak før saka kan avsluttast. Departementet foreslår derfor følgande, jf. forslag til vedtak VIII:

Oppmodingsvedtak nr. 106 (2017–2018) blir oppheva med bakgrunn i at målet om auka fysisk aktivitet i skulen blir følgt opp med satsinga Barn og unge i bevegelse.

Departementet legg til grunn at vedtak nr. 106, 7. desember 2017 med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 461, 13. februar 2018: Barnehage: Vilkår for private barnehagar

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:18 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken, Mona Lill Fagerås og Solfrid Lerbrekk om profittfri barnehage, jf. Innst. 114 S (2017–2018).

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan det kan sikres at private barnehager har lønns-, arbeids- og pensjonsvilkår minst på linje med ansatte i offentlige barnehager, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Departementet viser til at Stortinget også har tilsvarande oppmodingsvedtak som gjeld andre tenesteområde enn barnehagar. Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) sette hausten 2018 ned eit offentleg utval som skal kartlegge ulike former for offentleg finansierte velferdstenester der private aktørar tek del i tenesteproduksjonen. Utvalet skal mellom anna kartlegge lønns-, arbeids- og pensjonsvilkår hos leverandørar for om mogleg å få eit bilde av om det er store forskjellar mellom tilsette i offentleg og privat sektor. Utvalet skulle ifølge mandatet levere delutgreiingar hausten 2019 og hausten 2020. Utvalet har fått utsett frist og vil etter planen levere ei samla utgreiing i løpet av 2020. Departementet vil derfor følge opp oppmodingsvedtak nr. 461, 13. februar 2018 i samband med oppfølginga av den offentlege utgreiinga frå dette utvalet.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 533, 15. mars 2018: Tap av statsborgarskap

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 146 L (2016–2017) Endringer i statsborgerloven mv. (tap av statsborgerskap ved straffbare forhold eller av hensyn til grunnleggende nasjonale interesser), jf. Innst. 173 L (2017–2018).

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag om at tap av statsborgerskap, uavhengig av årsak, skal avgjøres av domstolen.»

Departementet har gjort ei grundig utgreiing av spørsmålet om domstolsbehandling i første instans av saker om tap av statsborgarskap. Departementet sende 5. november 2018 på høyring eit forslag om domstolsbehandling i første instans av saker om tilbakekall av statsborgarskap etter statsborgarlova § 26 andre ledd. I høyringsnotatet gjorde departementet også greie for korleis rettstryggleiken kan styrkast innanfor gjeldande system der forvaltninga gjer vedtak i første instans. Forslaget om domstolsbehandling i første instans blei møtt med sterk prinsipiell motstand frå dei sentrale aktørane i justissektoren. Det blei vist til at ei behandling av tilbakekallssakene i domstolen i første instans vil rokke ved maktfordelingsprinsippet som sikrar at statsmaktene er delte mellom lovgivande, utøvande og dømmande makt, og medverke til å svekke tilliten til domstolane. Det er domstolane si oppgåve å føre legalitetskontroll og ikkje drive forvaltning etter maktfordelingsprinsippet. På denne bakgrunnen vedtok Stortinget 9. desember 2019 å vidareføre og styrke dagens ordning med forvaltningsbehandling av saker om tilbakekall av statsborgarskap på grunn av uriktige opplysningar m.m., jf. Prop. 141 L (2018–2019), Innst. 62 L (2019–2020), Lovvedtak 10 (2019–2020).

Departementet meiner at vedtak nr. 533, 15. mars 2018 er følgd opp ved Stortingets behandling av Prop. 141 L (2018–2019).

Vedtak nr. 534, 15. mars 2018 Rask domstolsbehandling, statsborgarskap

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 146 L (2016–2017) Endringer i statsborgerloven mv. (tap av statsborgerskap ved straffbare forhold eller av hensyn til grunnleggende nasjonale interesser), jf. Innst. 173 L (2017–2018).

«Stortinget ber regjeringen utrede om det kan etableres en ordning med rask domstolbehandling av saker som gjelder tap av statsborgerskap av hensyn til grunnleggende nasjonale interesser.»

Departementet har gjort ei grundig utgreiing av spørsmålet om domstolsbehandling i første instans av saker om tap av statsborgarskap. Departementet sende 5. november 2018 på høyring eit forslag om domstolsbehandling i første instans av saker om tilbakekall av statsborgarskap etter statsborgarlova § 26 andre ledd. I høyringsnotatet gjorde departementet også greie for korleis rettstryggleiken kan styrkast innanfor gjeldande system der forvaltninga gjer vedtak i første instans. Forslaget om domstolsbehandling i første instans blei møtt med sterk prinsipiell motstand frå dei sentrale aktørane i justissektoren. Det blei vist til at ei behandling av tilbakekallssakene i domstolen i første instans vil rokke ved maktfordelingsprinsippet som sikrar at statsmaktene er delte mellom lovgivande, utøvande og dømmande makt, og bidra til å svekke tilliten til domstolane. Det er domstolane si oppgåve å føre legalitetskontroll og ikkje drive forvaltning etter maktfordelingsprinsippet. På denne bakgrunnen vedtok Stortinget 9. desember 2019 å vidareføre og styrke dagens ordning med forvaltningsbehandling av saker om tilbakekall av statsborgarskap på grunn av uriktige opplysningar m.m., jf. Prop. 141 L (2018–2019), Innst. 62 L (2019–2020), Lovvedtak 10 (2019–2020).

I saker om tap av statsborgarskap av omsyn til grunnleggande nasjonale interesser er det i tillegg også ytterlegare argument som talar mot at domstolane skal gjere vedtak. For å kunne avverje eit terroranslag eller liknande er det avgjerande at tap av statsborgarskap og eventuelle utlendingsrettslege tiltak, for eksempel utvisning, kan setjast i verk raskt. Ved domstolsbehandling vil ikkje formålet om å avverje terror eller liknande kunne takast hand om i tilstrekkeleg grad, ettersom etterforsking og domstolsbehandling av straffbare forhold kan vere tidkrevjande. Departementet har på denne bakgrunnen fremja Prop. 134 L (2019–2020) om tap av statsborgarskap av omsyn til grunnleggande nasjonale interesser, der det blir foreslått at slikt tap skal vedtakast av departementet. Samtidig blir det foreslått å gi fri rettshjelp i form av fritt rettsråd utan behovsprøving ved forvaltningsbehandlinga av saka og fri sakføring utan behovsprøving ved eventuell etterfølgande domstolsbehandling av departementet sitt vedtak. Departementet vurderer at behandlingsmåten som blir foreslått for behandling av sakene, sikrar omsynet til grunnleggande nasjonale interesser og rettstryggleiken til den einskilde på best måte.

Departementet meiner at vedtak nr. 534, 15. mars 2018 er følgt opp.

Vedtak nr. 535, 15. mars 2018: Tap av statsborgarskap pga. grunnleggande nasjonale interesser

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 146 L (2016–2017) Endringer i statsborgerloven mv. (tap av statsborgerskap ved straffbare forhold eller av hensyn til grunnleggende nasjonale interesser), jf. Innst. 173 L (2017–2018).

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag om tap av statsborgerskap av hensyn til grunnleggende nasjonale interesser, og at slikt tap skal avgjøres av domstolen.»

Departementet har gjort ei grundig utgreiing av spørsmålet om domstolsbehandling i første instans av saker om tap av statsborgarskap. Departementet sende 5. november 2018 på høyring eit forslag om domstolsbehandling i første instans av saker om tilbakekall av statsborgarskap etter statsborgarlova § 26 andre ledd. I høyringsnotatet gjorde departementet også greie for korleis rettstryggleiken kan styrkast innanfor gjeldande system der forvaltninga gjer vedtak i første instans. Forslaget om domstolsbehandling i første instans blei møtt med sterk prinsipiell motstand frå dei sentrale aktørane i justissektoren. Det blei vist til at ei behandling av tilbakekallssakene i domstolen i første instans vil rokke ved maktfordelingsprinsippet som sikrar at statsmaktene er delte mellom lovgivande, utøvande og dømmande makt, og bidra til å svekke tilliten til domstolane. Det er domstolane si oppgåve å føre legalitetskontroll og ikkje drive forvaltning etter maktfordelingsprinsippet. På denne bakgrunnen vedtok Stortinget 9. desember 2019 å vidareføre og styrke dagens ordning med forvaltningsbehandling av saker om tilbakekall av statsborgarskap på grunn av uriktige opplysningar m.m., jf. Prop. 141 L (2018–2019), Innst. 62 L (2019–2020), Lovvedtak 10 (2019–2020).

I saker om tap av statsborgarskap av omsyn til grunnleggande nasjonale interesser er det i tillegg også ytterlegare argumenter som talar mot at domstolane skal gjere vedtak. For å kunne avverje eit terroranslag eller liknande, er det avgjerande at tap av statsborgarskap og eventuelle utlendingsrettslege tiltak, for eksempel utvisning, kan setjast i verk raskt. Ved domstolsbehandling vil ikkje formålet om å avverje terror eller liknande kunne takast hand om i tilstrekkeleg grad, ettersom etterforsking og domstolsbehandling av straffbare forhold kan vere tidkrevjande. Departementet har på denne bakgrunnen fremja Prop. 134 L (2019–2020) om tap av statsborgarskap av omsyn til grunnleggande nasjonale interesser, der det blir foreslått at slikt tap skal vedtakast av departementet. Samtidig blir det foreslått å gi fri rettshjelp i form av fritt rettsråd utan behovsprøving ved forvaltningsbehandlinga av saka og fri sakførsel utan behovsprøving ved eventuell etterfølgande domstolsbehandling av departementets vedtak. Departementet vurderer at måten som blir foreslått for behandling av sakene, sikrar omsynet til grunnleggande nasjonale interesser og rettstryggleiken til den einskilde på best måte.

Departementet meiner at vedtak nr. 535, 15. mars 2018 er følgt opp.

Vedtak nr. 600, 12. april 2018: Skule: Seksualitetsundervisning

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:71 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentant Bjørnar Moxnes om tiltak mot seksuell trakassering, jf. Innst. 208 S (2017–2018).

«Stortinget ber regjeringen, i forbindelse med pågående fornying av læreplanene, om å sikre at seksualundervisningen i skolen inkluderer grensesetting og respekt for andres grenser.»

Vedtaket er omtala i Meld. St. 12 (2018–2019) Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2017–2018, og Stortinget seier dette i Innst. 291 S (2018–2019):

«Komiteen viser til at arbeidet med fornyelse av læreplaner er på gang og avventer ferdigstillelse av dette før vedtaket kvitteres ut.»

Vedtaket gjeld innhald i læreplanane. I Granavolden-plattforma seier regjeringa at ho vil «betre seksualundervisninga i grunnskulen og vektlegge grensesetjing og respekt for eigne og andre sine grenser». I dei nye læreplanane som blei fastsette hausten 2019, er temaet godt dekt i fleire fag og på ulike trinn i opplæringa. Dei nye læreplanane skal gjelde frå hausten 2020 for 1.–9. trinn i grunnskulen og 1. trinn i vidaregåande opplæring, frå hausten 2021 for 10. trinn i grunnskulen og Vg2 og frå hausten 2022 for Vg3.

Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dei nye læreplanane.

Vedtak nr. 785, 29. mai 2018: Fleire sanksjonsmoglegheiter i tilfelle der barn blir etterlatne i utlandet mot si vilje

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:118 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Jonas Gahr Støre, Masud Gharahkhani, Lene Vågslid, Siri Gåsemyr Staalesen, Maria-Karine Aasen-Svensrud og Jan Bøhler om tiltak mot sosial kontroll og æresvold, jf. Innst. 260 S (2017–2018).

«Stortinget ber regjeringen vurdere flere sanksjonsmuligheter i tilfeller der barn etterlates i utlandet mot sin vilje og under uforsvarlige forhold.»

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet utarbeidde Oslo Economics rapporten Kommunenes erfaringer med barn og unge som etterlates i utlandet mot sin vilje, lansert i januar 2020. Regjeringa sette i februar 2019 ned ei ekspertgruppe for å få råd om korleis ein kan førebygge at barn og unge blir sende på ufrivillige opphald i utlandet. Rapporten «Det var ikke bare ferie» låg føre i mai 2020 med 45 tilrådingar, som departementet no vurderer. Departementet vil følge opp oppmodingsvedtak nr. 785, 29. mai 2018 i samband med oppfølginga av funna frå desse oppdraga.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 800, 31. mai 2018: Foreldrerettleiingskurs i introduksjonsprogrammet og innføring i barnehage- og skulesystem og barnevern

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 45 L (2017–2018) Endringer i introduksjonsloven (opplæring i mottak og behandling av personopplysninger mv.), jf. Innst. 327 L (2017–2018).

«Stortinget ber regjeringen sikre at deltakere i introduksjonsprogrammet får foreldreveiledningskurs, samt innføring i norsk barnehage- og skolesystem og barnevern.»

Prop. 89 L (2019–2020) Integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringsloven) er lagd fram for Stortinget. I proposisjonen foreslår departementet å innføre obligatorisk kurs i foreldrerettleiing for deltakarar i introduksjonsprogrammet som har barn eller som får barn medan dei går i programmet. Departementet vil forskriftsfeste minstekrava for kurset. Forskrifta har vore på offentleg høyring med høyringsfrist 1. oktober 2020. Integreringslova med tilhøyrande forskrift skal etter planen tre i kraft frå 1. januar 2021.

Asylsøkarar i mottak har plikt til å delta i opplæring i norsk og opplæring i norsk kultur og norske verdiar. Under tema 5 «Barns rettigheter og foreldrerollen» i opplæring i norsk kultur og norske verdiar blir det gitt opplæring i norsk barnehage- og skulesystem og barnevern. Deltakarar i introduksjonsprogram som har vore i mottak, har dermed fått innføring i norsk barnehage- og skulesystem og barnevern. I Prop. 89 L (2019–2020) foreslår departementet at opplæringa i norsk kultur og norske verdiar blir teken inn i læreplanen til opplæringa i samfunnskunnskap. Forslaget inneber at opplæringa i norsk kultur og norske verdiar skal opphøyre som eige tilbod, men at områda vil inngå i den nye opplæringa i samfunnskunnskap. Opplæringa i samfunnskunnskap vil bli delt inn i modular, og nokre av desse modulane vil bli obligatoriske for bebuarar i mottak. Dei som ikkje er busette gjennom mottakssystemet, men blir busette direkte i ein kommune, vil få heile samfunnskunnskapsopplæringa gjennom introduksjonsprogrammet. Kompetanse Noreg har ansvaret for arbeidet med revidering av Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrar. Den nye læreplanen skal etter planen tre i kraft 1. august 2021.

Departementet meiner at vedtak nr. 800, 31. mai 2018 er følgt opp.

Vedtak nr. 801, 31. mai 2018: Barnehage: Krav til stadleg leiar i barnehagar

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 67 L (2017–2018) Endringer i barnehageloven mv. (minimumsnorm for grunnbemanning, plikt til å samarbeide om barnas overgang fra barnehage til skole og SFO mv.), jf. Innst. 319 L (2017–2018).

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå regelverket for krav til stedlig leder i barnehager, og tilse at unntaksbestemmelsen er slik at den ikke benyttes til å redusere kostnader i barnehagesektoren.»

Departementet viser til Forslag til endringer i barnehageloven med forskrifter (ny regulering av private barnehager), som blei sendt ut på offentleg høyring 26. april 2019. I kapittel 14.1 i høyringsnotatet har departementet presisert at unntaksregelen ikkje kan brukast til å redusere kostnader i barnehagane. Departementet følger opp forslaget i Prop. 96 L (2019–2020) Endringer i folkehøyskoleloven, barnehageloven og voksenopplæringsloven m.m. (samleproposisjon), jf. Innst. 302 L (2019–2020). Departementet viser her til at det er uheldig at unntaket frå hovudregelen om at kvar barnehage skal ha ein styrar, berre står i merknaden til lovføresegna og ikkje i lov eller forskrift. Dette gjer at regelverket blir mindre tilgjengeleg for barnehagane. Departementet meiner også at det som står i merknaden, er for uklart.

For å gjere regelverket tydelegare, vil departementet be Utdanningsdirektoratet om å greie ut og sende på høyring eit forslag til ei ny føresegn i forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehagar. Føresegna kan regulere når det kan gjerast unntak frå kravet om at kvar barnehage skal ha ein styrar. I høyringa av forskriftsføresegna vil det vidare blir greidd ut korleis unntaket frå kravet om at kvar barnehage skal ha ein styrar skal utformast, og om det eventuelt skal stillast krav til stillingsbrøk for styrar.

Departementet meiner at vedtak nr. 801, 31. mai 2018 er følgt opp.

Vedtak nr. 802, 31. mai 2018: Barnehage: Finansieringssystemet for private barnehagar

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 67 L (2017–2018) Endringer i barnehageloven mv. (minimumsnorm for grunnbemanning, plikt til å samarbeide om barnas overgang fra barnehage til skole og SFO mv.), jf. Innst. 319 L (2017–2018).

«Stortinget ber regjeringen i sitt videre arbeid med regulering av barnehagesektoren se på modeller i finansieringssystemet som så langt som mulig ivaretar et mangfold av barnehager og barnehageeiere, samt reduserer etterslepet i tilskuddsgrunnlaget overfor private barnehager.»

Departementet viser til Forslag til endringer i barnehageloven med forskrifter (ny regulering av private barnehager), som blei sendt ut på offentleg høyring 26. april 2019. I kapittel 5 i høyringsnotatet har departementet vurdert moglege endringar i finansieringssystemet for private barnehagar. Departementet ser at det kan vere ei utfordring at finansieringssystemet ikkje gir gode nok driftsvilkår for små private barnehagar. Departementet vurderer at grunnprinsippa i dagens finansieringssystem skal vidareførast, slik at finansieringa av barnehagane framleis skjer gjennom statlege overføringar til rammetilskotet til kommunen. Departementet meiner at kommunens utgifter til private barnehagar framleis skal spegle kommunens utgifter til tilsvarande kommunale barnehagar. Departementet meiner likevel at det kan vere formålstenleg å differensiere driftstilskotet til private barnehagar etter storleiken på barnehagen, slik at tilskota i større grad speglar dei reelle kostnadene til dei private barnehagane. I høyringsnotatet varslar departementet ei nærare utgreiing av endringar i berekninga av driftstilskot til private barnehagar. Departementet ser også at det kan vere behov for eigne mekanismar i finansieringssystemet, slik at private barnehagar får ei finansiering som gjer at dei kan oppfylle nye lovkrav samtidig som kommunane. Departementet har bedt Utdanningsdirektoratet om å greie ut korleis dette kan gjerast. I Prop. 96 L (2019–2020) Endringer i folkehøyskoleloven, barnehageloven og voksenopplæringsloven m.m. (samleproposisjon) varsla departementet behov for å vurdere forslaga om endringar i finansieringssystemet nærare, og det vil komme tilbake til Stortinget med eventuelle forslag til endringar i regelverket.

Departementet vil kome tilbake til vedtak nr. 802, 31. mai 2018 overfor Stortinget på ein eigna måte. Jf. også vedtak nr. 51, 22. november 2018, om finansieringssystemet for private og kommunale barnehagar.

Vedtak nr. 805, 31. mai 2018: Barnehage: Etablere eit uavhengig tilsynssystem for barnehagesektoren

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 67 L (2017–2018) Endringer i barnehageloven mv. (minimumsnorm for grunnbemanning, plikt til å samarbeide om barnas overgang fra barnehage til skole og SFO mv.), jf. Innst. 319 L (2017–2018).

«Stortinget ber regjeringen ved evalueringen av kommunens tilsynsansvar sikre at det etableres et uavhengig tilsynssystem for barnehagesektoren.»

Departementet viser til Forslag til endringer i barnehageloven med forskrifter (ny regulering av private barnehager), som blei sendt ut på offentleg høyring 26. april 2019. I kapittel 10 i høyringsnotatet foreslår departementet å legge ansvaret for tilsyn med økonomiske forhold ved private barnehagar til departementet.

Departementet følgde opp forslaget i Prop. 96 L (2019–2020) Endringer i folkehøyskoleloven, barnehageloven og voksenopplæringsloven m.m. (samleproposisjon), jf. Innst. 302 L (2019–2020). Stortinget har vedteke at det skal opprettast eit nasjonalt tilsyn for økonomiske forhold overfor private barnehagar, og at dette ansvaret skal leggast til Utdanningsdirektoratet. Direktoratet vil få ansvaret både for å føre kontroll og tilsyn med at offentlege tilskot og foreldrebetaling blir nytta i tråd med krava og for å gi rettleiing om dette regelverket. Det vil samtidig bli innført tilhøyrande reguleringar som sikrar direktoratet nødvendig dokumentasjon i samband med tilsyn, og reguleringar om kva for reaksjonar direktoratet kan nytte.

Departementet vil gjere ei nærmare vurdering av tidspunktet for overføring av ansvaret for å føre tilsyn med økonomiske forhold i private barnehagar. Inntil regelendringane trer i kraft, er det kommunane som har ansvaret for å føre økonomisk tilsyn og gi rettleiing til kommunane om regelverket. Det er sett av 10 mill. kroner til å starte arbeidet med eit nasjonalt tilsyn i 2020, jf. Prop. 1 S (2019–2020). I 2021 foreslår departementet å auke løyvinga med ytterlegare 10 mill. kroner til totalt 20 mill. kroner. I første omgang vil det nasjonale tilsynet få om lag 20 årsverk. Departementets førebelse overslag tilseier at tilsynet på sikt bør bestå av om lag 30 årsverk. Departementet vil følge med på ressursbehovet til det nye tilsynet i åra framover.

Ansvarsfordelinga inneber at kommunen framleis vil vere tilsynsmyndigheit for andre reguleringar i barnehagelova og forskrifta. Kvalitet og innhald i barnehagetilbodet er ei oppgåve som krev innsikt i lokale forhold og prioriteringar. Slike tilsyn vil i større grad basere seg på stadlege tilsyn og kjennskap til den aktuelle barnehagen det blir ført tilsyn med. Slike tilsyn kan derfor best utførast av den einskilde kommunen. Ved å flytte ansvaret for økonomitilsynet til nasjonalt nivå vil kommunen få betre høve til å prioritere tilsyn med andre forhold enn økonomi.

Departementet meiner at vedtak nr. 805, 31. mai 2018 er følgt opp.

Vedtak nr. 806, 31. mai 2018: Barnehage: Gi informasjon til Stortinget om innføringa av bemannings- og pedagognorm

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 67 L (2017–2018) Endringer i barnehageloven mv. (minimumsnorm for grunnbemanning, plikt til å samarbeide om barnas overgang fra barnehage til skole og SFO mv.), jf. Innst. 319 L (2017–2018).

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget våren 2019 og våren 2020 med informasjon om hvordan innføringen av bemanningsnormen og skjerpet pedagognorm har påvirket pedagogtettheten og voksentettheten i barnehagene.»

Departementet viser til omtale av bemanningsnorm og pedagognorm i barnehage i Prop. 85 S (2018–2019) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2019 og i Prop. 117 S (2019–2020) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2020.

Stortinget seier følgande i Innst. 373 S (2019–2020):

«Komiteen viser til regjeringens oppfølging av anmodningsvedtaket i Prop. 117 S (2019–2020) og kvitterer ut vedtaket på dette grunnlag.»

Departementet legg til grunn at vedtak nr. 806, 31. mai 2018 med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 883, 11. juni 2018: Skule: Avtalar for tilsetjing av skuleleiar/rektor

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:194 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Martin Henriksen, Torstein Tvedt Solberg, Mani Hussaini, Marit Arnstad, Marit Knutsdatter Strand, Audun Lysbakken, Mona Fagerås og Hadia Tajik om tillitsreform i skolen, jf. Innst. 378 S (2017–2018).

«Stortinget ber regjeringen undersøke i hvilken grad detaljerte målkrav og indikatorer knyttet til elevresultater benyttes i ansettelsesavtaler med skoleledere og rektorer. Videre ber Stortinget regjeringen vurdere konsekvensene av dette sett i lys av overordnet del av læreplanen og melde tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Utdanningsdirektoratet fekk i oppdrag å la spørsmål om denne tematikken inngå i spørjinga til Skule-Noreg våren 2019. Dette er ei spørjing som omfattar grunnskular, vidaregåande skular, kommunar og fylkeskommunar. I spørjinga blei skuleeigarane i kommunar og i fylkeskommunar spurde om det er skriftleggjort/formelt nedfelt målkrav og indikatorar knytte til elevresultat i tilsetjingsavtalane for skuleleiarane. Resultata frå spørjinga låg føre hausten 2019, og dei viser at fleirtalet av skuleeigarar i kommunane og skuleeigarar i fylkeskommunane svarer nei på spørsmålet. Berre 10 pst. av skuleeigarane i kommunen og 2 av totalt 9 skuleeigarane i fylkeskommunen svarer ja på spørsmålet.

Resultata i spørjinga til skule-Noreg gir ikkje grunnlag for å tolke kva som ligg bak svara på spørsmålet. Departementet vurderer likevel at resultata frå spørjinga viser at dette ikkje er nokon omfattande praksis og har ikkje sett i verk fleire tiltak på området. Overordna del og dei nye læreplanane blei innført frå og med hausten 2020. Innføringa vil vere ein heilt sentral del av det lokale utviklingsarbeidet også i åra som kjem. Departementet vurderer at skulane og skuleeigarane i samarbeid er dei beste til å vurdere korleis dei driv dette utviklingsarbeidet lokalt. Departementet vil halde fram med å ha tett dialog med partane i fagfornyinga om viktige spørsmål når det gjeld innføringa av det nye læreplanverket. Departementet viser òg til omtalen av oppfølginga av oppmodingsvedtak nr. 886, 11. juni 2018, der vi gjer greie for korleis partane er involverte i gjennomgangen av Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem (NKVS).

Departementet viser til resultata frå undersøkinga i spørjinga til Skule-Noreg våren 2019 og det pågåande og vidareførte samarbeidet med partane i fagfornyinga. Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtak nr. 883, 11. juni 2018 med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 886, 11. juni 2018: Skule: Setje ned utval for nasjonalt kvalitetsvurderingssystem

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:194 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Martin Henriksen, Torstein Tvedt Solberg, Mani Hussaini, Marit Arnstad, Marit Knutsdatter Strand, Audun Lysbakken, Mona Fagerås og Hadia Tajik om tillitsreform i skolen, jf. Innst. 378 S (2017–2018).

«Stortinget ber regjeringen nedsette et utvalg der partene i skolesektoren er representert, for å gjennomgå Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem i lys av fagfornyelsen og fremme forslag til endringer på egnet måte.»

Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem (NKVS) skal gi eit kunnskapsgrunnlag, både nasjonalt og lokalt, om mellom anna læringsutbytet og læringsmiljøet for elevane, og bidra til kvalitetsutvikling og dialog om verksemda i skulen. Departementet vil nytte seg av den eksisterande referansegruppa for fagfornyinga, der partane i skulesektoren sit, til å gå gjennom dei ulike elementa i kvalitetssystemet i lys av fagfornyinga. Referansegruppa er alt godt etablert og er gjennom sitt arbeid godt kjend med fagfornyinga. Departementet legg til grunn at ei slik organisering svarar til intensjonen i oppmodingsvedtaket.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak frå 2016–2017-sesjonen

Vedtak nr. 67, 22. november 2016: Skule: Hovudmål og målformgrupper

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:116 S (2015–2016) Representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe, Liv Signe Navarsete, Magne Rommetveit, Terje Breivik, Geir Sigbjørn Toskedal og Audun Lysbakken om å sikra alle elevar i grunnskulen rett til opplæring på hovudmålet sitt, jf. Innst. 68 S (2016–2017).

«Stortinget ber regjeringen utrede en endring av opplæringslova § 2-5 og andre mulige tiltak som kan sikre elever på ungdomsskolen rett til opplæring på hovedmålet og rett til å tilhøre en egen målformgruppe, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Regjeringa viser til det førebelse overslaget som Stortinget blei orientert om i budsjettproposisjonen for 2019, for kva det vil koste dersom elevar på ungdomstrinnet skal få rett til opplæring på hovudmålet sitt og rett til å høyre til ei eiga målformgruppe slik som elevar på barnetrinnet.

Opplæringslovutvalet leverte i NOU 2019: 23 Ny opplæringslov. Regjeringa vil vurdere ei eventuell endring av opplæringslova § 2-5 fjerde ledd til å gjelde heile grunnskolen i samband med oppfølginga av tilrådingane frå utvalet. Regjeringa tek sikte på å sende forslag til ei ny opplæringslov på offentleg høyring våren 2021 og deretter legge forslaget fram for Stortinget i ein lovproposisjon våren 2022.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 648, 9. mai 2017: Fri rettshjelp ved tilbakekall av statsborgarskap

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:33 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Heikki Eidsvoll Holmås, Karin Andersen, Heidi Greni, Marit Arnstad, Kari Henriksen, Rasmus Hansson, Trine Skei Grande og André N. Skjelstad om domstolsbehandling ved tilbakekall av statsborgerskap, jf. Innst. 269 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag til lovendring om fri rettshjelp i saker om tilbakekall av statsborgerskap.»

Stortinget vedtok 9. desember 2019 å vidareføre og styrke dagens ordning med forvaltningsbehandling av saker om tilbakekall av statsborgarskap på grunn av uriktige opplysningar m.m., jf. Prop. 141 L (2018–2019), Innst. 62 L (2019–2020), Lovvedtak 10 (2019–2020).

Stortinget vedtok å gi fri rettshjelp i form av fritt rettsråd utan behovsprøving og at klagesaker skal behandlast i nemndmøte i Utlendingsnemnda med personleg frammøte. Departementet fremja i Prop. 141 L (2018–2019) etter ei heilskapleg vurdering ikkje forslag om fri rettshjelp i form av fri sakførsel utan behovsprøving ved eventuell etterfølgande domstolsbehandling av Utlendingsnemndas vedtak, men er ope for at nokre fleire enn i dag kan få innvilga behovsprøvd fri sakførsel.

Departementet meiner at vedtak nr. 648, 9. mai 2017 er følgt opp ved Stortingets behandling av Prop. 141 L (2108–2019).

Vedtak nr. 649, 9. mai 2017: Tilbakekall av statsborgarskap

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:33 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Heikki Eidsvoll Holmås, Karin Andersen, Heidi Greni, Marit Arnstad, Kari Henriksen, Rasmus Hansson, Trine Skei Grande og André N. Skjelstad om domstolsbehandling ved tilbakekallelse av statsborgerskap, jf. Innst. 269 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å endre statsborgerloven slik at tilbakekallelser av statsborgerskap etter statsborgerloven § 26 annet ledd skal skje ved dom.»

Departementet har gjort ei grundig utgreiing av spørsmålet om domstolsbehandling i første instans av saker om tap av statsborgarskap. Departementet sende 5. november 2018 på høyring eit forslag om domstolsbehandling i første instans av saker om tilbakekall av statsborgarskap etter statsborgarlova § 26 andre ledd. I høyringsnotatet gjorde departementet også greie for korleis rettstryggleiken kan styrkast innanfor gjeldande system der forvaltninga gjer vedtak i første instans. Forslaget om domstolsbehandling i første instans blei møtt med sterk prinsipiell motstand frå dei sentrale aktørane i justissektoren. Det blei vist til at ei behandling av tilbakekallssakene i domstolen i første instans vil rokke ved maktfordelingsprinsippet som sikrar at statsmaktene er delt mellom lovgivande, utøvande og dømmande makt, og bidra til å svekke tilliten til domstolane. Det er domstolane si oppgåve å føre legalitetskontroll og ikkje drive forvaltning etter maktfordelingsprinsippet. På denne bakgrunnen vedtok Stortinget 9. desember 2019 å vidareføre og styrke dagens ordning med forvaltningsbehandling av saker om tilbakekall av statsborgarskap på grunn av uriktige opplysningar m.m., jf. Prop. 141 L (2018–2019), Innst. 62 L (2019–2020), Lovvedtak 10 (2019–2020). Departementet meiner at vedtak nr. 649, 9. mai 2017 er følgt opp ved Stortingets behandling av Prop. 141 L (2018–2019).

Vedtak nr. 651, 9. mai 2017: Tilbakekall av statsborgarskap for barn og barnebarn

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:33 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Heikki Eidsvoll Holmås, Karin Andersen, Heidi Greni, Marit Arnstad, Kari Henriksen, Rasmus Hansson, Trine Skei Grande og André N. Skjelstad om domstolsbehandling ved tilbakekallelse av statsborgerskap, jf. Innst. 269 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen foreslå nødvendige lovendringer for å presisere at barn og barnebarn ikke kan miste statsborgerskapet som følge av feil begått av foreldre eller besteforeldre. Eventuelle unntak og avgrensninger med hensyn til umyndige barn må utredes og vurderes nærmere i lovarbeidet.»

Stortinget vedtok 9. desember 2019, jf. Prop. 141 L (2018–2019), Innst. 62 L (2019–2020), Lovvedtak 10 (2019–2020), at statsborgarskap som er erverva av ein person som var under 18 år på søknadstidspunktet, som hovudregel ikkje kan kallast tilbake som følge av feil gjorde av foreldra eller besteforeldra. Dette gjeld både personar som har blitt norske etter søknad eller melding, og personar som har erverva det norske statsborgarskapet ved fødsel eller adopsjon. Det gjeld eit avgrensa unntak frå hovudregelen, som opnar for tilbakekall i tilfelle der personen etter ei konkret vurdering ikkje kan seiast å ha sterk tilknyting til Noreg. Barns statsborgarskap skal ikkje tilbakekallast om barnet blir statslaust og ikkje på ein enkel måte kan få anna statsborgarskap. I saker som gjeld barn, skal barnets beste vere eit grunnleggande omsyn.

Departementet meiner at vedtak nr. 651, 9. mai 2017 er følgt opp ved Stortingets behandling av Prop. 141 L (2018–2019).

Vedtak nr. 672, 22. mai 2017: Statlege oppreisingsordningar og mobbing

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 57 L (2016–2017) Endringer i opplæringslova og friskolelova (skolemiljø), jf. Innst. 302 L (2016–2017).

«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av de statlige oppreisningsordningene med sikte på å innlemme en kompensasjons- og oppreisningsordning for elever som er påført skade eller læringstap som følge av mobbing.»

Departementet har følgt opp vedtaket ved å gå gjennom eksisterande ordningar for erstatning, oppreising og rettferdsvederlag og vurdert om eksisterande ordningar dekker formålet. Det finst ordningar som fangar opp dei mest alvorlege mobbesakene. Skuleeigaren kan bli erstatningsansvarleg etter reglane om arbeidsgivaransvar. I einskilde tilfelle kan også valdsoffererstatning og rettferdsvederlag vere aktuelt, sjølv om mobbing som hovudregel fell utanfor desse ordningane. Vidare har opplæringslova kapittel 9 A reglar om tvangsmulkt og straff. Skuleeigaren har med andre ord fleire intensiv for å følge regelverket, også i form av sanksjonar.

Det overordna målet for regjeringa er at færre elevar skal bli utsette for mobbing og krenkingar, og at skulane skal oppfylle aktivitetsplikta si. Oppreising kan fungere som eit plaster på såret for den som har blitt mobba, og ei stadfesting av at det har skjedd urett. Elevar som blir utsette for mobbing, får allereie i dag ei stadfesting ved at fylkesmannen konstaterer at lova er broten. Det sentrale i mobbesaker er dessutan at skulen set inn nødvendige tiltak for å stanse mobbinga og hjelper eleven vidare, og at barna og foreldra blir høyrde og tekne på alvor. Skulemiljøreglane og handhevingsordninga er relativt nye og bør få tid til å verke før ein vurderer ytterlegare tiltak. Det er også risiko for at ei oppreisingsordning vil ta tid, merksemd og ressursar bort frå førebyggande arbeid. Regjeringa har derfor kome til at det ikkje er aktuelt å innføre ei oppreisingsordning for mobbesaker no.

Departementet legg til grunn at vedtak nr. 672, 22. mai 2017 er følgt opp.

Vedtak nr. 774, 7. juni 2017: Skule: Vern av lærartittelen

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:96 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Iselin Nybø, Trine Skei Grande og Sveinung Rotevatn om Lærerløftet 2.0, jf. Innst. 375 S (2016–2017).

«Stortinget ber regjeringen utrede om det er behov for å beskytte lærertittelen.»

Regjeringa meiner at det framleis er behov for eit lærarløft, og vil mellom anna vurdere ei sertifiseringsordning for lærarar og mogleg vern av lærartittelen i løpet av perioden. Departementet viser også til merknaden frå Stortinget i Innst. 275 S (2017–2018) om korleis ein strengare kan regulere bruken av undervisningspersonale som ikkje oppfyller tilsetjingsvilkåra i opplæringslova, og andre tiltak for å auke statusen til læraryrket.

Opplæringslovutvalet leverte i NOU 2019: 23 Ny opplæringslov. Departementet vil i oppfølginga av denne innstillinga vurdere nærare spørsmålet om å verne lærartittelen og dei andre tiltaka. Regjeringa tek sikte på å sende forslag til ei ny opplæringslov på offentleg høyring våren 2021 og deretter legge forslaget fram for Stortinget i ein lovproposisjon våren 2022.

Regjeringa vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 897, 13. juni 2017: Skule: Melding om kulturskule

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:112 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Sigbjørn Toskedal, Line Henriette Hjemdal, Geir Jørgen Bekkevold og Anders Tyvand om en stortingsmelding om en styrket kulturskole for fremtiden, jf. Innst. 448 S (2016–2017).

«Stortinget ber regjeringen legge fram en egen stortingsmelding om en styrket kulturskole for framtiden.»

Vedtaket er seinast omtala i Meld. St. 12 (2019–2020) Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2018–2019, og Stortinget seier dette i Innst. 373 S (2019–2020):

«Komiteen avventer fremleggelse av melding om styrking av kulturskoler før vedtaket kan kvitteres ut.»

Departementet skal følge opp spørsmålet om ein styrkt kulturskule i den komande meldinga om barne- og ungdomskultur. Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet samarbeider om meldinga, som vil bli lagd fram våren 2021.

Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 900, 13. juni 2017: Skule: Lærarar med fordjuping i spesialpedagogikk

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:132 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Karin Andersen om styrket spesialpedagogisk oppfølging i en inkluderende skole, jf. Innst. 446 S (2016–2017).

«Stortinget ber regjeringen i samråd med sektoren se til at alle skoler skal ha tilgang på lærere med fordypning innen spesialpedagogikk.»

Oppmodingsvedtak nr. 900 er omtala i Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO, som blei lagd fram i november 2019. Regjeringa vil vurdere korleis alle barnehagar og skular kan få tilstrekkeleg tilgang til spesialpedagogisk kompetanse. Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å greie ut dette nærmare, og denne utgreiinga vil inngå i kunnskapsgrunnlaget for moglege regelverksendringar som vil bli behandla saman med forslaga til opplæringslovutvalet i oppfølginga av NOU 2019: 23 Ny opplæringslov.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 901, 13. juni 2017: Skule: Rett til spesialundervisning av fagpersonar

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:132 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Karin Andersen om styrket spesialpedagogisk oppfølging i en inkluderende skole, jf. Innst. 446 S (2016–2017).

«Stortinget ber regjeringen sikre at alle elever med behov for spesialundervisning får rett til opplæring av fagpersoner med godkjent relevant utdanning.»

Oppmodingsvedtak nr. 900, 901 og 903 er omtala i Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO, som blei lagd fram i november 2019. I meldinga vert det lagt til grunn at barn og elevar med behov for spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning skal få det av tilsette med relevant kompetanse. Regjeringa varslar ei tydeleggjering og ei innstramming av regelverket for bruk av assistentar som gir spesialpedagogisk hjelp i barnehagen og spesialundervisning i skulen. Regjeringa vil òg presisere i opplæringslova at den sakkunnige vurderinga skal ta stilling til kva for kompetanse dei som skal gjennomføre spesialundervisninga, skal ha. Desse forslaga vil bli behandla saman med forslaga til opplæringslovutvalet i oppfølginga av NOU 2019: 23 Ny opplæringslov før lovforslag blir sendt på høyring.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 903, 13. juni 2017: Skule: Spesialundervisning og lærarkompetanse

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:132 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Karin Andersen om styrket spesialpedagogisk oppfølging i en inkluderende skole, jf. Innst. 446 S (2016–2017).

«Stortinget ber regjeringen legge frem en plan for at alle elever med behov for spesialundervisning får opplæring av fagpersoner med pedagogisk eller spesialpedagogisk kompetanse.»

Oppmodingsvedtak nr. 900, 901 og 903 er omtala i Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO, som blei lagd fram i november 2019. I meldinga blir det lagt til grunn at barn og elevar med behov for spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning skal få det av tilsette med relevant kompetanse. Regjeringa varslar ei tydeleggjering og innstramming av regelverket for bruk av assistentar som gir spesialpedagogisk hjelp i barnehagen og spesialundervisning i skulen. Regjeringa vil òg presisere i opplæringslova at den sakkunnige vurderinga skal ta stilling til kva for kompetanse dei som skal gjennomføre spesialundervisninga, skal ha. Desse forslaga vil bli behandla saman med forslaga til opplæringslovutvalet i oppfølginga av NOU 2019:23 Ny opplæringslov før lovforslag vert sendt på høyring.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak frå 2015–2016-sesjonen

Vedtak nr. 439, pkt. 10, 12. januar 2016: Auka karenstid for norsk statsborgarskap

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:37 S (2015–2016) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Jonas Gahr Støre, Trond Helleland, Harald T. Nesvik, Knut Arild Hareide, Marit Arnstad og Trine Skei Grande om et felles løft for god integrering.

«Stortinget ber regjeringen om å vurdere å øke karenstiden for mulighet til å fremme søknad om statsborgerskap ved straffbare handlinger.»

Departementet vedtok 30. april 2020 endringar i statsborgarforskrifta som aukar karenstida for søkarar som har fått straff eller strafferettsleg særreaksjon. Endringane tredde i kraft 1. juni 2020. Karenstida for mindre alvorlege forhold blir moderat forlenga, medan karenstida for meir alvorlege forhold aukar meir. Til dømes auka karenstida for søkarar som har fått fengselsstraff på vilkår eller utan vilkår eller subsidiær fengselsstraff i meir enn to år, med fire år.

Departementet meiner at vedtak nr. 439, pkt. 10, 12. januar 2016, er følgt opp.

Vedtak nr. 480, 11. februar 2016: Skule: Minoritetselevar og overnattingsturar

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:146 S (2014–2015) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Anne Tingelstad Wøien, Torgeir Knag Fylkesnes og Jenny Klinge om å lovfeste elevenes rett til leirskoleopplæring i løpet av grunnskolen, jf. Innst. 155 S (2015–2016).

«Stortinget ber regjeringen utarbeide tiltak for å hjelpe skolene med å sikre minoritetselevers deltakelse på overnattingsturer i skolens regi.»

Vedtaket er omtala i Meld. St. 12 (2018–2019) Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2017–2018, og Stortinget seier dette i Innst. 291 S (2018–2019):

«Komiteen viser til at vedtaket gjelder tiltak for å hjelpe minoritetselevers deltakelse på overnattingsturer. Komiteen forutsetter at regjeringen kommer tilbake til Stortinget med forslag til konkrete tiltak før vedtaket kvitteres ut.»

Utdanningsdirektoratet har som oppfølging av oppdrag i tildelingsbrevet for 2018 innhenta kunnskap om utfordringsbildet når det gjeld deltakinga til minoritetsspråklege elevar på overnattingsturar i regi av skulen. Utdanningsdirektoratet har i samarbeid med Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring laga ein film om turar og leirskule. I samband med filmen er det laga støttemateriell som skulane kan bruke i samtale med føresette. Både filmen og støttemateriellet er gjorde tilgjengelege for minoritetsspråklege foreldre, mellom anna gjennom omsetjing av lyd og tekst til desse store innvandringsspråka: arabisk, engelsk, pashto, somali, thai og tigrinja. Filmane og brosjyrane ligg tilgjengelege på nettsida morsmal.no.

Departementet legg til grunn at vedtak nr. 480, 11. februar 2016, er følgt opp.

Vedtak nr. 789, 7. juni 2016: Barnehage: Kartlegging i barnehagane

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 33 L (2015–2016) Endringer i barnehageloven (tilsyn m.m.), jf. Innst. 344 L (2015–2016).

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til ny § 2 første ledd i barnehageloven som ivaretar et eventuelt behov for lovhjemling av barnehagens behandling av personopplysninger, men som på ingen måte legger til rette for mer dokumentasjon, kartlegging og måling av det enkelte barn.»

Den nye personopplysningslova, som gjennomfører forordning (EU) nr. 2016/679 (generell personvernforordning) i Noreg, tredde i kraft 20. juli 2018. Departementet har i det oppfølgande lovarbeidet gjort ei vurdering av korleis reglane for innsamling, oppbevaring og bruk av personopplysningar om barn i barnehagar bør vere for å vareta både personvernet til barnet og kravet om at barnehagen skal gi eit tilrettelagt barnehagetilbod for det einskilde barnet. Etter planen vil det hausten 2020 bli sendt ut høyringsnotat som varetek behovet for klare og gode behandlingsgrunnlag for personopplysningar i barnehagar, og departementet tek sikte på å fremje forslag til lovregulering for Stortinget i løpet av stortingssesjonen 2020–2021.

Departementet vil kome tilbake til vedtak nr. 789, 7. juni 2016 overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 791, 7. juni 2016: Barnehage: Personopplysningar

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 33 L (2015–2016) Endringer i barnehageloven (tilsyn m.m.), jf. Innst. 344 L (2015–2016).

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en sak som klargjør hjemmelsgrunnlaget for innsamling, oppbevaring og bruk av personopplysninger. Det understrekes at det ikke skal legges til rette for mer dokumentasjon, kartlegging og måling av det enkelte barn.»

Den nye personopplysningslova, som gjennomfører forordning (EU) nr. 2016/679 (generell personvernforordning) i Noreg, tredde i kraft 20. juli 2018. Departementet har i det oppfølgande lovarbeidet gjort ei vurdering av korleis reglane for innsamling, oppbevaring og bruk av personopplysningar om barn i barnehagar bør vere for å vareta både personvernet til barnet og kravet om at barnehagen skal gi eit tilrettelagt barnehagetilbod for det einskilde barnet. Etter planen vil det hausten 2020 bli sendt ut høyringsnotat som varetek behovet for klare og gode behandlingsgrunnlag for personopplysningar i barnehagar, og regjeringa tek sikte på å fremje forslag til lovregulering for Stortinget i løpet av stortingssesjonen 2020–2021.

Departementet vil kome tilbake til vedtak nr. 791, 7. juni 2016 overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 792, 7. juni 2016: Barnehage: Omsorgs- og læringsmiljø

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen, jf. Innst. 348 S (2015–2016).

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om egen lovhjemmel om et trygt omsorgs- og læringsmiljø, jf. opplæringsloven § 9a.»

Departementet har foreslått lovreglar om psykososialt barnehagemiljø i Prop. 96 L (2019–2020) Endringer i folkehøyskoleloven, barnehageloven og voksenopplæringsloven m.m. (samleproposisjon). Lovforslaga blei behandla og fekk tilslutning av Stortinget 8. juni 2020. Forslaga til endringar i barnehagelova omfatta barn og foreldre sin rett til medverknad, krav om nulltoleranse mot krenkingar, krav om å arbeide førebyggande og ei aktivitetsplikt. Vidare blei det foreslått å lovfeste at i alle handlingar og avgjerder som gjeld barn i barnehagen, skal kva som er best for barnet, vere eit grunnleggande omsyn.

Departementet meiner at vedtak nr. 792, 7. juni 2016, er følgt opp.

Vedtak nr. 796, 7. juni 2016: Barnehage: Krav om norsk og samisk språk

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen, jf. Innst. 348 S (2015–2016).

«Stortinget ber regjeringen utarbeide forslag til endringer i barnehageloven som sikrer at ansatte i offentlige og private barnehager behersker norsk språk, og at ansatte i samiske barnehager behersker samisk språk.»

Departementet viser til omtale i Prop. 1 S (2018–2019) om den delen av vedtaket som gjeld norsk språk, og at denne delen er følgt opp gjennom ei lovendring som tredde i kraft 1. august 2018, jf. barnehagelova § 18a.

Når det gjeld den delen av vedtaket som gjeld samisk språk, heng dette saman med oppfølginga av NOU 2016: 18 Hjertespråket. Forslag til lovverk, tiltak og ordningar for samiske språk og oppfølginga av Meld. St. 31 (2018–2019) Samisk språk, kultur og samfunnsliv, som blei lagd fram 21. juni 2019.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 800, 7. juni 2016 Barnehage: Rekruttering av menn

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen, jf. Innst. 348 S (2015–2016).

«Stortinget ber regjeringen sikre tiltak som kan rekruttere flere menn til å arbeide i barnehagesektoren.»

Tal frå Database for statistikk om høgre utdanning for 2019 viser at prosentdelen menn ved opptak til barnehagelærarutdanninga er 18,7 pst., og prosentdelen menn blant uteksaminerte barnehagelærarar er 15,7 pst. Tal frå Utdanningsdirektoratet for same år viser at prosentdelen menn i grunnbemanninga i barnehagane er 9,8 pst. Prosentdelen menn i opptaket til utdanninga har vore relativt stabil i dei siste åra, medan han for uteksaminerte menn har auka med om lag 5 prosenteiningar sidan 2013. Sidan 2014 har det vore ein liten auke på eitt prosentpoeng for menn i grunnbemanninga.

Regjeringa skal legge fram ein strategi for perioden 2021–24 for ein meir likestilt utdannings- og arbeidsmarknad. Strategien skal vise retning for regjeringas politikk på desse områda. Regjeringa har to hovudmål med strategien: fleire menn inn på kvinnedominerte område og fleire kvinner inn på mannsdominerte område. Blant dei prioriterte innsatsområda er fleire menn i grunnskulen og fleire menn i barnehagesektoren. I august 2020 arrangerte Kulturdepartementet innspelsmøte om desse temaa.

Kunnskapsdepartementet bestilte i 2018 rapporten Rekruttering av menn i grunnskolelærerutdanning frå Senter for profesjonsstudier ved OsloMet – storbyuniversitetet. Rapporten blei publisert hausten 2019 og omfattar mellom anna svar frå spørjeundersøkingar retta mot både mannlege lærarstudentar og elevar i siste året på vidaregåande skule. Resultata er interessante for å få fram kva som ligg til grunn for at unge menn i dag ikkje tek lærarutdanning. Det seier òg noko om korleis og kva tid ein kan setje inn tiltak for at fleire menn skal finne det attraktivt å vere lærar for dei yngste barna. Kunnskapsdepartementet følger opp rapporten, noko som vil ha relevans også for vurdering av tiltak for å auke rekrutteringa av menn til barnehagelærarutdanninga. Viktige funn i rapporten er følgande:

  • Studentane knyter negative opplevingar til det å høyre til det underrepresenterte kjønnet i utdanninga, men fagleg og sosial integrering ser ut til å motverke fråfall i studietida. Praksis kan motivere til å utjamne kjønnsforskjellane.

  • Elevar i vidaregåande skule oppgir altruistisk (indre) motivasjon som ein viktig motivasjonsfaktor for læraryrket for både jenter og gutar. Låg løn er ei viktig årsak til at gutar ikkje vil bli lærar.

  • Funna tyder på ein samanheng mellom det at gutar har erfaring med å jobbe med barn, og tendensen til å velje lærarutdanning. Derfor er prosjektet «Leikeressurs», som ein del kommunar har praktisert, særleg interessant. Der har gutar i ungdomsskulen fått tilbod om ekstrajobb i barnehage. Siktemålet er at dei skal få erfaring som kan motivere dei til å velje å arbeide med barn seinare, og dermed auke sjansen for at dei tek ei lærarutdanning.

I 2019 tildelte Kunnskapsdepartementet 5 mill. kroner for at Høgskulen på Vestlandet skulle leie eit nasjonalt prosjekt med bruk av mannlege rollemodellar i arbeidet med rekruttering til grunnskulelærarutdanninga for 1.–7. trinn. Dette er ei oppfølging av forslag i rapporten. Erfaringane frå tiltaket vil gi verdifull kunnskap til arbeidet med rekruttering til barnehagelærarutdanninga. I 2020 blei tildelinga auka med 6 mill. kroner og oppdraget utvida til mellom anna å omfatte rekruttering av menn til barnehagelærarutdanninga. Skulebesøka var førebudde og skulle kome i gang våren 2020 og intensiverast fram mot søknadsfristen 15. april. Tiltaket blei utsett på grunn av covid-19-pandemien.

Tiltaket «Leikeressurs» er òg omtala i strategien Kompetanse for fremtidens barnehage: Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018–2022. Det er barnehageeigarane som har ansvaret for og høve til å vareta likestillingsperspektivet i rekrutteringa av tilsette i barnehagane, noko som blir understreka i strategien. Østlandsforskning, Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærerutdanning og Likestillingssenteret har saman publisert Ressurshefte for å rekruttere og beholde menn i barnehagen: «Lekeressurs» som tiltak, som er tilgjengeleg for alle barnehagar på nettet.

Barne- ungdoms- og familiedirektoratet bestilte i 2019 ein rapport som undersøker korleis ein kan rekruttere gutar og menn til helse- og omsorgsutdanningar. Rapporten Utredning om rekruttering av menn til helse- og omsorgssektoren låg føre 4. mai 2020 og viser at mange unge har stereotype og einsidige oppfatningar av kva det inneber å arbeide i helse- og omsorgssektoren. Dette kan vere ei medverkande årsak til at mange unge menn ikkje vel å utdanne seg i denne retninga. Funna er òg relevante for barnehagelærarutdanninga, og Kunnskapsdepartementet vil følge med på oppfølginga av prosjektet.

Effekten av alle desse tiltaka vil ikkje bli synleg før om fleire år, men på bakgrunn av alle tiltaka som er i gang, og den oppfølginga som departementet legg opp til, meiner departementet at intensjonen i vedtaket om å sikre tiltak som kan rekruttere fleire menn til å arbeide i barnehagesektoren, er følgt opp på ein god måte.

Departementet legg til grunn at vedtak nr. 800, 7. juni 2016 med dette er følgt opp.

Oppmodingsvedtak under forskings- og høgare utdanningsministeren

Vedtak frå 2019–2020-sesjonen

Vedtak nr. 2, 4. oktober 2019: Desentralisert utdanning

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2019–2020), jf. Innst. 2 S (2019–2020).

«Stortinget ber regjeringen sørge for at høyere utdanningsinstitusjoner vektlegger sitt regionale ansvar og desentralisert utdanning i hele landet.»

Regjeringa har sett i gang ei stor satsing på fleksible studietilbod, som skal møte behova for høgare utdanning som òg er tilgjengeleg utanfor dei faste lærestadane. I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2019 tildelte regjeringa midlar til ei ny ordning, der universitet og høgskular kunne søke Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) om midlar til fleksible utdanningstilbod, jf. Prop. 114 S (2018–2019). Ordninga blei auka til over 60 mill. kroner i 2020, jf. Prop. 1 S (2019–2020). I tillegg tildelte regjeringa midlar til fleksibel utdanning gjennom Diku i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2020, jf. Prop. 117 S (2019–2020).

Midlane til fleksibel utdanning må sjåast i samanheng med kompetansereforma Lære heile livet som regjeringa har sett i gang, jf. Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet. Meldinga inneheld tiltak som skal bidra til at arbeidslivets behov for oppdatert kompetanse i heile landet blir vareteke. Regjeringa vil òg legge fram stortingsmeldingar om arbeidslivsrelevans i høgare utdanning og styringspolitikken for statlege universitet og høgskular. Meldingane skal mellom anna legge til rette for gode og relevante utdanningstilbod i heile landet.

Kunnskapsdepartementet følger òg opp det regionale ansvaret og tilbodet av desentralisert utdanning i styringsdialogen med institusjonane.

Kunnskapsdepartementet meiner at dei nemnde tiltaka vil medverke til at institusjonane vektlegg sitt regionale ansvar og tilbyr desentralisert utdanning i heile landet, og at vedtak nr. 2, 4. oktober 2019 med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 410,19. mars 2020: Inntektsbortfall for studentar

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 52 S (2019–2020) og Prop. 53 LS, jf. Innst. 197 S (2019–2020).

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med en midlertidig ordning gjennom Lånekassen for studenter som opplever inntektsbortfall som følge av korona-pandemien så raskt som mulig.»

Departementet viser til omtale i Prop. 67 S (2019–2020). For å hjelpe dei studentane som vanlegvis finansierer utdanninga med arbeidsinntekt, men som har vurdert å avslutte studia for å kvalifisere for dagpengar, blei søknadsfristen i Lånekassen utvida til 15. april 2020. Likviditeten til studentane er styrkt ved å utbetale heile det resterande støttebeløpet for våren 2020 (tre månader) i april. Studentar som kan stadfeste at dei har mista inntekt på grunn av covid-19-pandemien, kunne òg søke om eit tilleggslån på 26 000 kroner, og av dette kan 8 000 kroner gjerast om til stipend på eit seinare tidspunkt. Departementet meiner at vedtak nr. 410, 19. mars 2020 med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 456, 31. mars 2020: Konvertering av ekstralån for studentar og elevar

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 67 S (2019–2020), jf. Innst. 216 S (2019–2020).

«Stortinget ber regjeringen foreslå en ordning som innebærer 1 mrd. kroner til konvertering av ekstralån til stipend for studenter som kan dokumentere inntektsbortfall.»

Departementet viser til omtale i Prop. 73 S (2019–2020) og Prop. 117 S (2019–2020). I berekninga som låg til grunn i Prop. 67 S (2019–2020), er det anslått auka utlån på om lag 3,1 mrd. kroner. Stortinget har vedteke at delar av beløpet skal gjerast om til stipend, og sett av 1 mrd. kroner til dette formålet. Konverteringa på 1 mrd. kroner svarer til om lag 8 000 kroner av tilleggslånet til studentar og ein avgrensa gruppe vaksne som tek vidaregåande opplæring med ungdomsrett. Utdanningsstøtta blir utbetalt som lån og kan gjerast om til stipend i ettertid dersom studentane og elevane kan stadfeste at dei har mista inntekt på grunn av covid-19-pandemien. For våren 2020 har det kome inn søknadar for om lag 400 mill. kroner i stipend, og etterspurnaden har slik vore lågare enn rekna med. Departementet meiner at vedtak nr. 456, 31. mars 2020 med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 458, 31. mars 2020: Kartlegge ledig studiekapasitet

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 67 S (2019–2020), jf. Innst. 216 S (2019–2020).

«Stortinget ber regjeringen gå i dialog med høyere utdanningssektoren, inkludert høyere yrkesfaglig utdanning, for å kartlegge hvor raskt sektoren kan ha ledig kapasitet for nye studenter, og kortere moduler i den perioden arbeidstakere er permittert.»

Departementet viser til omtale av oppmodingsvedtaket i Prop. 127 S (2019–2020), jf. Innst. 360 S (2019–2020). Departementet har gitt Kompetanse Noreg og Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) i oppdrag å lage ei oversikt over nettbaserte, fleksible og nettstøtta utdanningstilbod. I tillegg bad departementet alle universitet og høgskular med løyving frå departementet om å rapportere kor mykje dei kunne auke opptaket allereie frå og med hausten 2020. Innrapporteringa frå institusjonane låg til grunn for fordeling av løyvinga til 4 000 nye studieplassar. Departementet meiner at vedtak nr. 458, 31. mars 2020 med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 459, 31. mars 2020: Korte utdanningstilbod ved fagskulane

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 67 S (2019–2020), jf. Innst. 216 S (2019–2020).

«Stortinget ber regjeringen se på muligheten av raskt å foreslå nødvendige lovendringer slik at fagskolene kan tilby kurs av kortere varighet.»

Departementet viser til Prop. 127 S (2019–2020) med omtale av at det ikkje er nødvendig å gjere raske lovendringar for å kunne tilby utdanningstilbod på under 30 studiepoeng. Det kan likevel vere behov for å endre kravet til minste omfang for nye tilbod som ikkje er ein del av ei lengre utdanning. Forslag til lovendring om dette er på høyring. Departementet vil etter planen legge fram ein lovproposisjon for Stortinget om saka våren 2021.

Vedtak nr. 461, 31. mars 2020: Kompetansehevingstiltak

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 67 S (2019–2020), jf. Innst. 216 S (2019–2020).

«Stortinget ber regjeringen i samarbeid med arbeidslivets parter komme raskt tilbake med et konkret forslag til kompetansehevingstiltak med en ramme på 150 mill. kroner.»

Departementet viser til omtale i Prop. 73 S (2019–2020) med tiltak for å auke kompetansen i befolkninga på totalt 190 mill. kroner. I samband med behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2020 er det vedteke midlar til nye studieplassar til universitet, høgskular og fagskular. I Prop. 127 S (2019–2020) la regjeringa fram ytterlegare kompetansetiltak på totalt 1 mrd. kroner. Dette omfatta tiltak for at permitterte og ledige skal fullføre vidaregåande opplæring og andre tiltak som raskt kan få permitterte og ledige over i utdanning. Kunnskapsdepartementet har hatt ein god dialog med partane i arbeidslivet om kompetansetiltaka. Departementet meiner at vedtak nr. 461, 31. mars 2020 med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 466, 31. mars 2020: Studentbustadar

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 67 S (2019–2020), jf. Innst. 216 S (2019–2020).

«Stortinget ber regjeringen vurdere forsert utbygging av studentboliger.»

Departementet viser til omtale av oppmodingsvedtaket i Prop. 127 S (2019–2020), jf. Innst. 360 S (2019–2020). Som følge av at alle søknadene om nye prosjekt som kunne starte opp i 2020, allereie har blitt innvilga, er det ikkje grunnlag for å gi tilsegn til fleire nye studentbustadar i 2020. Løyvinga er i staden auka med 250 mill. kroner i 2020 for å kunne gi tilskot til å oppgradere studentbustadar. Departementet meiner at vedtak nr. 466, 31. mars 2020 med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 468, 31. mars 2020: FoU og det grøne skiftet

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 67 S (2019–2020), jf. Innst. 216 S (2019–2020).

«Stortinget ber regjeringen vurdere å foreslå bevilgninger knyttet til forskning og utvikling, samt satsinger som kan underbygge det grønne skiftet.»

Departementet viser til omtale av oppmodingsvedtaket i Prop. 127 S (2019–2020). Som ein del av dei økonomiske tiltaka i møte med covid-19-pandemien løyvde regjeringa ein forskingspott for å halde oppe FoU-aktiviteten i bedriftene. Av den skal 40 mill. kroner gå til prosjekt på miljø og det grøne skiftet gjennom Forskingsrådet over Kunnskapsdepartements budsjett, 75 mill. kroner skal gå til forsking på lågutsleppssamfunnet over budsjettet til Klima- og energidepartementet, i tillegg til at løyvingane til energiforskingsprogrammet ENERGIX blir auka med 20 mill. kroner over budsjettet til Olje- og energidepartementet. Det er også løyvd 333 mill. kroner årleg over tre år til ein ny felles konkurransearena i regi av Innovasjon Noreg, Forskingsrådet og Siva, som skal fremje grøn omstilling, over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet. Kunnskapsdepartementet meiner at vedtak nr. 468, 31. mars 2020 med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 696, 15. juni 2020: Bransjeprogram

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet, jf. Innst. 370 S (2019–2020).

«Stortinget ber regjeringen opprette et bransjeprogram for olje- og gassindustrien, og et for maritim sektor.»

Hausten 2020 er det oppretta eit bransjeprogram for kompetanseutvikling i olje-, gass- og leverandørindustrien. Med budsjettforslaget for 2021 er det lagt til rette for å vidareføre dette programmet og å opprette eit bransjeprogram for maritim sektor. Departementet meiner at vedtak nr. 696, 15. juni 2020 med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 697, 15. juni 2020: Kompetansefunn Digital

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet, jf. Innst. 370 S (2019–2020).

«Stortinget ber regjeringen utrede en ny insentivordning, Kompetansefunn Digital for at små og mellomstore bedrifter skal investere i økt digital-/teknologikompetanse for sine ansatte.»

Regjeringa vil setje ut eit oppdrag for å få oversikt over insentivordningar som liknar på Kompetansefunn Digital i andre land, og korleis desse ordningane verkar. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 699, 15. juni 2020: Finansieringssystem for universitet og høgskular

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet, jf. Innst. 370 S (2019–2020).

«Stortinget ber regjeringen senest i forbindelse med stortingsmeldingen om styringspolitikken for statlige universiteter og høyskoler om å legge frem forslag til nytt finansieringssystem for universiteter og høyskoler. Forslaget må utarbeides i tett samarbeid med utdanningssektoren og arbeidslivet. Incentiver/faktorer i forslaget til nytt finansieringssystem skal være
  • Relevant arbeid etter endt studium og arbeidslivsrelevans i studiet.

  • Ulike opplegg for etter- og videreutdanning.

  • Opprettelse av mindre og fleksible emner og moduler som arbeidslivet etterspør, og som kan tas i kombinasjon med jobb.»

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 700, 15. juni 2020: Studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet, jf. Innst. 370 S (2019–2020).

«Stortinget ber regjeringen opprette inntil 1 000 nye studieplasser innen høyere yrkesfaglig utdanning fra høsten 2020, i tillegg til at de 1 000 studieplassene som regjeringen varslet i Prop. 117 S (2019–2020), skal bli permanente, og at det videre utarbeides en forpliktende opptrappingsplan med 1 000 nye studieplasser årlig over fem år.»

Stortinget vedtok midlar til samla 1 600 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning i statsbudsjettet for 2020 og i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2020, jf. Innst. 12 S (2019–2020) og Innst. 360 S (2019–2020). Til grunn for auken i talet på nye studieplassar er mellom anna ei kartlegging i fylkeskommunane av kapasiteten i fagskulesektoren våren 2020. I behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2020 hadde utdannings- og forskingskomiteen følgande merknad:

Flertallet viser til Stortingets anmodningsvedtak i kompetansereformen hvor det bes om at det opprettes inntil 1 000 nye studieplasser innen høyere yrkesfaglig utdanning fra høsten 2020, i tillegg til de 1 000 regjeringen varslet tidligere i vår. På grunn av søkertall, kapasitet og tidsaspektet er det utfordrende å nå hele denne målsettingen allerede i høst, ogflertalletlegger derfor inn 500 ekstra studieplasser til høyere yrkesfaglig utdanning fra høsten 2020. Flertalletforutsetter at regjeringen følger opp Stortingets vedtak om nye studieplasser i statsbudsjettet for 2021, gitt at det er søknader fra fagskoler som oppfyller intensjonen i Stortingets anmodningsvedtak. Studieplassene skal prioriteres til fagskoletilbud som det er behov for i arbeidslivet, ogflertalletlegger til grunn at økning i fagskoleplasser vurderes i samsvar med antall søkere og kapasitet i fagskolesektoren.

I statsbudsjettet for 2021 foreslår departementet å vidareføre og trappe opp løyvinga til studieplassane oppretta i 2020. Auken i 2020 er den største kapasitetsutvidinga i høgare yrkesfagleg utdanning nokon gong. I tillegg foreslår regjeringa midlar til om lag 500 nye studieplassar frå våren 2021. Studieplassane skal gå til tilbod ved Industrifagskolen.

Satsinga til regjeringa på utvida kapasitet i høgare yrkesfagleg utdanning i 2020 og 2021 inneber ein vekst på totalt 2 100 nye studieplassar. Det gir ein auke i det statlege driftstilskotet til høgare yrkesfagleg utdanning på 45 pst. frå 2019 til finansieringa av dei nye studieplassane er fullt opptrappa i 2024.

Ein auke i kapasiteten utover denne satsinga bør etter regjeringas vurdering vente til det er meir informasjon om både etterspurnad etter høgare yrkesfagleg utdanning og om fagskulesektoren er i stand til å bygge ut tilboda så raskt som oppmodingsvedtaket frå Stortinget legg opp til. Det vil i løpet av hausten 2020 komme informasjon om korleis kapasitetsauken i år har blitt utnytta i fagskulesektoren. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 701, 15. juni 2020: Vaksne utan rett til vidaregåande opplæring

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet, jf. Innst. 370 S (2019–2020).

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om å utvide retten til realkompetansevurdering til også å gjelde voksne uten rett til videregående opplæring.»

Departementet vil følge opp vedtak nr. 701, 15. juni 2020 i arbeidet med å følge opp forslaget til opplæringslovutvalet om ny opplæringslov. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak frå 2017–2018-sesjonen

Vedtak nr. 887, 11. juni 2018: Rangering av søkarar til høgare utdanning

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:196 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hans Fredrik Grøvan, Olaug V. Bollestad, Knut Arild Hareide og Steinar Reiten om å gi bibelskoleelever to tilleggspoeng, jf. Innst. 387 S (2017–2018).

«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av dagens regelverk for rangering av søkere til høyere utdanning, inkludert utdanning som i dag ikke gir poeng, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Kunnskapsdepartementet har starta arbeidet med ein heilskapleg gjennomgang av regelverket for rangering, inkludert alle kvotar og tilleggspoeng i systemet for opptak. Som eit ledd i gjennomgangen har Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) på oppdrag frå departementet levert ein rapport i mars 2020, med ei evaluering av rangeringsregelverket. Departementet har hausten 2020 sendt denne rapporten på høyring. Mellom anna med bakgrunn i denne høyringa vil regjeringa setje ned eit offentleg utval som skal sjå på systemet for opptak til høgare utdanning. Utvalet vil tidlegast levere sin rapport i starten av 2022. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak frå 2016–2017-sesjonen

Vedtak nr. 108, pkt. 26, 6. desember 2016: Finansiering av private høgskular

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 1 (2016–2017) Nasjonalbudsjettet 2019, jf. Innst. 2 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen fremme en sak om kriteriene for innlemming av nye akkrediterte private høgskoletilbud i de statlige finansieringsordningene.»

Nye kriterium for statstilskot til private høgskuletilbod tok til å gjelde 1. januar 2020, jf. Innst. 76 L (2019–2020) og Prop. 9 L (2019–2020). Endringa inneber at private høgskular må ha institusjonsakkreditering for å kunne få statstilskot. For å halde på mangfaldet og bidra til utvikling i den private delen av universitets- og høgskulesektoren er det mogleg å gjere unntak frå hovudregelen om institusjonsakkreditering for institusjonar med akkrediterte studietilbod viss det er grunngitt med særskilte samfunnsbehov.

Departementet meiner at vedtak nr. 108, pkt. 26, 6. desember 2016 med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 642, 2. mai 2017: Medlemskap i studentsamskipnad for fagskular

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning, jf. Innst. 254 S (2016–2017).

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med evalueringen av de kvalitetshevende tiltakene vurdere om fagskoler etter bestemte kriterier bør ha plikt til medlemskap i studentsamskipnad.»

Kunnskapsdepartementet vil følge opp vedtaket i samband med ei evaluering av innføring og verknad av tiltaka i fagskulereforma, jf. Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden Fagskoleutdanning. Evalueringa er sett i gang i 2020. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 643, 2. mai 2017: Evaluering av fagskulereforma

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden – Fagskoleutdanning, jf. Innst. 254 S (2016–2017).

«Stortinget ber regjeringen foreta en midtveisevaluering av fagskolereformen etter 3 år og en full evaluering etter 5 år.»

Kunnskapsdepartementet har i 2020 sett i gang ei evaluering av innføringa og verknadene av tiltaka i fagskulereforma, jf. Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden Fagskoleutdanning. Evalueringa vil innehalde tre leveransar. Ein midtvegsrapport skal vere klar i 2021. Rapporten vil i hovudsak gi ein status for innføring av tiltaka. Ein endeleg rapport skal vere klar i 2023 og ta omsyn til ei evaluering av finansieringssystemet for fagskulane og funna i midtvegsevalueringa. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Til forsida