Prop. 1 S (2021–2022)

FOR BUDSJETTÅRET 2022 — Utgiftskapittel: 1400–1482 Inntektskapittel: 4400–4481 og 5578

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Dei viktigaste resultata av klima- og miljøpolitikken til regjeringa

Forsterka klimamål for 2030 og 2050

Regjeringa har forsterka klimamåla for 2030 og 2050. Som tredje landet i verda melde Noreg inn eit forsterka klimamål under Parisavtalen. Målet er at utsleppa skal reduserast med minst 50 pst. og opp mot 55 pst. innan 2030. Noregs klimamål for 2050 er også forsterka. I 2050 skal Noreg vere eit lågutsleppssamfunn, og utsleppa skal reduserast med 90–95 pst. Dei forsterka klimamåla er lovfesta i klimalova.

Klimaavtale med EU

I oktober 2019 inngjekk Noreg, saman med Island, ein klimaavtale med EU som legg rammene for norsk klimapolitikk. Klimaavtalen med EU inneber at Noreg tek del i EUs klimaregelverk frå 2021 til 2030. Regelverket er innretta for å nå ein utsleppsreduksjon på minst 40 pst. samanlikna med 1990-nivå. Det gjeld samla for alle EU-landa, Noreg og Island og for alle sektorar.

Lagt fram Klimaplan for 2021–2030

I januar 2021 la regjeringa fram Meld. St. 13 (2020-2021) – Klimaplan for 2021–2030. Meldinga inneheld ein plan for korleis regjeringa skal nå det norske målet under Parisavtalen om å redusere klimagassutsleppa med 50–55 pst. og samstundes omstille samfunnet og skape grøn vekst. Ein sentral del av denne planen er styrkt bruk av konkrete verkemiddel for å redusere innanlandske ikkje-kvotepliktige utslepp med 45 pst. For nærmare oppdatering om arbeidet med klimaplanen og måloppnåinga, sjå klimalovrapporteringa del IV.

Sett ned eit offentleg utval som skal vise korleis Noreg kan nå 2050-målet

I august 2021 sette regjeringa ned eit offentleg utval som skal gjere ei heilskapleg utgreiing av vegvala Noreg står overfor for å nå klimamålet i 2050. Utvalet skal vise korleis Noreg kan bli eit lågutsleppssamfunn i 2050 på ein mest mogleg kostnadseffektiv måte, med effektiv ressursbruk og eit konkurransedyktig næringsliv, som samstundes medverkar til ei utvikling som sikrar naturmangfaldet og eit berekraftig velferdssamfunn. Utvalet skal levere rapporten sin 1. november 2023.

Styrkt bruk av klimaverkemiddel

Regjeringa har i klimaplanen for 2021–2030 varsla styrkt bruk av klimaverkemiddel på ei rekkje område. Eit av hovudverkemidla i planen er å gradvis auke CO2-avgifta til 2 000 kroner fram mot 2030.

Regjeringa har ein ambisjon om å halvere utsleppa frå transportsektoren innan 2030 samanlikna med 2005. I klimaplanen for 2021–2030 har regjeringa lagt fram verkemiddel for å halvere dei ikkje-kvotepliktige utsleppa frå transportsektoren innan 2030. Dei viktigaste verkemidla for klimagassreduksjonar i transportsektoren er ei gradvis opptrapping av CO2-avgifta, omsetningskrav for biodrivstoff, støtteordningar for nullutsleppsløysingar og nullutsleppskrav i offentlege innkjøp av transport.

Vidare er det lagt til rette for rask utbygging av ladeinfrastruktur i heile landet gjennom ein kombinasjon av offentlege verkemiddel og marknadsbaserte løysingar. Dette for å halde tritt med auken i delen elektriske transportmiddel. I juli 2019 la regjeringa fram ein handlingsplan for infrastruktur for alternative drivstoff i transport. Enova gjev støtte til ladeinfrastruktur i område der marknaden ikkje er moden og det er behov for offentleg støtte.

Regjeringa har lagt måltala frå Nasjonal transportplan 2018–2019 (NTP) til grunn for utforminga av verkemidla i Klimaplan for 2021–2030. I NTP 2022–2033 blir det slått fast at regjeringa vil halde fram med arbeidet for å nå måla. Vidare har regjeringa

  • starta regelverksarbeid som skal sikre at offentlege innkjøp av personbilar og lette varebilar skal vere nullutslepp frå 2022 og bybussar skal vere nullutslepp eller bruke biogass frå 2025

  • lagt fram ein plan for å nå målet om fossilfri kollektivtrafikk innan 2025

  • lagt fram ein handlingsplan for fossilfrie anleggsplassar i transportsektoren

Regjeringa har styrkt omsetningskrava for biodrivstoff, samstundes som palmeoljebruken blir avgrensa. Tiltak knytte til bruk av biodrivstoff:

  • Omsetningskravet for biodrivstoff har gradvis blitt trappa opp. I 2017 var kravet på 7 pst. med eit delkrav om 1,5 pst. avansert biodrivstoff. Frå 2021 er kravet på 24,5 pst. med eit delkrav om 9 pst. avansert biodrivstoff. Delkravet til avansert biodrivstoff har blitt auka kraftig, og dobbeltteljing av avansert biodrivstoff innanfor omsetningskravet bidreg til å avgrense bruken av biodrivstoff med risiko for auka utslepp i andre land.

  • Det er innført vegbruksavgift på biodrivstoff som blir omsett utanfor omsetningskravet. Dette bidreg til ytterlegare kontroll over biodrivstoffet som blir selt.

  • Frå 1. januar 2020 vart det innført krav om 0,5 pst. avansert biodrivstoff til luftfart.

  • I klimaplanen vart det signalisert at regjeringa tek sikte på å innføre omsetningskrav for skipsfart og anleggsdiesel i tillegg til å halde ved lag volumet i vegtrafikk.

  • Regjeringa vil vurdere vidare opptrapping av kravet for luftfart.

Regjeringa la fram ein strategi for grøn konkurransekraft i oktober 2017. Denne sette mellom anna i verk eit strategiforum for prosessindustrien, Prosess21, som leverte sluttrapporten sin i februar 2021. 19 sektorar har utarbeidd eigne vegkart som beskriv korleis utsleppa av klimagassar kan kuttast, samstundes som næringane kan oppnå auka verdiskaping og nye arbeidsplassar. Regjeringa er oppteken av dialog med næringslivet gjennom dialogmøte og samlingar. I juni 2019 inviterte regjeringa til Næringslivets klimakonferanse. I juni 2021 inviterte KLD, NFD og UD til den digitale konferansen «Hvordan kan Norge bidra i Europas grønne giv?», med deltaking av EU-kommisjonens visepresident Frans Timmermans.

Regjeringa har innvilga støtte til eit norsk demonstrasjonsprosjekt for fullskala CO2-handtering som omfattar fangst, transport og lagring av CO2. Prosjektet heter «Langskip» og er det største klimaprosjektet i norsk industri nokosinne. Totalt er kostnadene anslåtte til 25,1 mrd. kroner for prosjektet, der staten vil bidra med i underkant av 17 mrd. kroner.

Regjeringa har over fleire år styrkt Enova, og det er inngått ein ny fireårig styringsavtale for 2021–2024 som spissar Enova som klimaverkemiddel. Nytt formål er at Enova skal medverke til å nå Noregs klimaforpliktingar og medverke til omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Regjeringa løyvde 3,3 mrd. kroner til Enova i 2021, ein auke på nærmare 1,6 mrd. kroner sidan 2013. Med dette set vi Enova i stand til å halde fram med å forsterke satsingane som skal medverke til utsleppsreduksjonar og til omstilling til lågutsleppssamfunnet. For den førre styringsavtalen som gjaldt for perioden 2017–2020, vart det utarbeidd fire målindikatorar som skulle gje indikasjon på måloppnåinga til Enova. Desse var klimaresultat tilsvarande 1 mill. tonn CO2-ekvivalentar i ikkje-kvotepliktig sektor, energiresultat tilsvarande 4 TWh, effektresultat tilsvarande 400 MW og innovasjonsresultat tilsvarande utløyst innovasjonskapital på 4. mrd. kroner. I løpet av perioden har Enova oppnådd måla for alle dei fire målindikatorane som vart sett i styringsavtalen.

Regjeringa inngjekk ein intensjonsavtale med organisasjonane i jordbruket i 2019. Intensjonsavtalen ligg til grunn for klimaarbeidet i jordbruket om gjensidig å arbeide for reduserte klimagassutslepp og auka opptak av karbon frå jordbruket. Det er sett eit mål om at utsleppa skal ned med 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar for perioden 2021–2030.

Det er innført forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygningar frå 2020. Regjeringa har utvida forbodet til å òg gjelde oppvarming og tørking av bygningar som er under oppføring og rehabilitering, frå 1. januar 2022.

I skog- og arealbrukssektoren er det viktig å auke opptaket og redusere utsleppa. Regjeringa har i fleire år løyvd tilskot til tettare planting ved forynging etter hogst, skogplanteforedling og gjødsling av skog. Den sistnemnde ordninga skal bli vurdert i år. Klimaplanen inneheld ny politikk som skal auke opptaket ytterlegare.

Regjeringa arbeider for at arealplanlegginga etter plan- og bygningslova skal bidra til å redusere utslepp frå nedbygging av skog, myr og andre grøne areal. Regjeringa arbeider òg med å greie ut nye verkemiddel for å redusere utslepp frå arealsektoren, mellom anna ser ein på moglegheitene for å innføre ei avgift på nedbygging og andre arealbruksendringar som gjev klimagassutslepp.

Grøn skipsfart

Ambisjonen til regjeringa er å halvere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030 og å stimulere til låg- og nullutsleppsløysingar innan alle fartøysegmenta.

I 2019 la regjeringa fram Handlingsplan for grønn skipsfart, som utgjer rammene for arbeidet med satsinga. I Meld. St. 13 (2020-2021) Klimaplan for 2021–2030 og Meld. St. 10 (2020–2021) Grønnere og smartere – morgendagens maritime næring tek regjeringa politikken for grøn skipsfart vidare innanfor fleire segment. Kombinasjonen av krav i offentlege anbod og verkemiddel som Enova, Klimasats og NOx-fondet har bidrege til at Noreg i 2021 har over 70 heil- eller delbatterielektrifiserte ferjer på vatnet.

Regjeringa varsla i Klimaplanmeldinga innfasing av låg- og nullutsleppskriterium i alle nye ferje- og hurtigbåtanbod i 2023 og 2025, der det ligg til rette for det. Regjeringa vil òg greie ut klimakrav i offentlege innkjøp av sjøtransporttenester meir generelt, med sikte på innfasing frå 2023. Vidare varsla regjeringa ei trinnvis innføring av krav om låg- og nullutslepp for servicefartøy i havbruksnæringa der det ligg til rette for det, frå 2024, utgreiing og innfasing av nye krav til offshorefartøy frå 2022 som ledd i oppfølginga av oppmodingsvedtaket til Stortinget om låg- og nullutslepp for offshorefartøy.

For å sikre at den nødvendige grøne flåtefornyinga skjer for lastefartøy òg, har regjeringa hatt ei målretta satsing på modning av prosjekt gjennom Grønt Skipsfartsprogram. I 2020 oppretta regjeringa ei låneordning for skip og fiskefartøy i nærskipsfart og dessutan ei kondemneringsordning for skip i nærskipsfart for å leggje til rette for grøn flåtefornying.

Regjeringa har etablert strengare krav til utslepp frå skip som seglar i verdsarvfjordane. Krava, som tredde i kraft i mars 2019, vil medføre eit reinare miljø i desse fjordane.

Styrkt klimabistand

Regjeringa har styrkt og vidareutvikla Klima- og skoginitiativet som ein sentral del av den globale klimaløysinga. Klima- og skoginitiativet har etablert bilaterale samarbeid med dei største av regnskoglanda i verda. Dei siste fire åra har innsatsen i Indonesia fått eit avgjerande gjennombrot, der landet gjennom ei rekkje viktige reformer og grep har lykkast med å redusere avskoging og auke bevaring av torvmyr. Det har gjeve utsleppsreduksjonar mange gonger høgare enn Noreg sine årlege utslepp.

Det er arealpolitikken i landa som avgjer om avskoginga går ned. I tillegg legg den internasjonale råvaremarknaden eit stor press på skogen. Dei seinare åra har Klima- og skoginitiativet retta delar av innsatsen inn mot å påverke dei globale marknadskreftene og å samarbeide med privat næringsliv om å redusere utslepp frå avskoging. I 2021 har ei samling av offentlege og private aktørar lansert ei stor utlysing for å kjøpe utsleppsreduksjonar frå regnskog (LEAF). Å få til langsiktig, føreseieleg finansiering av utsleppsreduksjonar frå tropisk skog har vore eit hovudmål for det norske Klima- og skoginitiativet. Etter tolv års innsats ser det ut som at det skjer.

I løpet av regjeringsperioden har, mykje på grunn av Noreg sin innsats, data om skogen blitt opne og tilgjengelege for alle, noko som medverkar til å stille dei som øydelegg skogen, til ansvar.

Regjeringa har auka støtta til klimafinansiering, mellom anna gjennom Det grøne klimafondet, og vil bidra til Det grøne klimafondet med 800 mill. kroner årleg i perioden 2020–2023.

UD har utarbeidd ein ny strategi for klimatilpassing, førebygging av klimarelaterte katastrofar og kamp mot svolt.

Regjeringa har vidareført Noregs innsats som ein leiande berekraftig investor i fattige land, gjennom mellom anna Norfund. Halvparten av investeringsmidlane til Norfund skal over tid investerast i fornybar energi. Regjeringa har bestemt å etablere eit nytt klimafond. Fondet skal investere i fornybar energi i utviklingsland med mål om å bidra til reduserte klimagassutslepp.

Styrkt arbeid med helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Miljømålet for miljøgifter og andre stoff som utgjer ein alvorleg trussel mot helse og miljø (prioritetslistestoffa), vart frå 2021 erstatta med eit nytt, spissa mål: «Bruk og utslepp av stoff på prioritetslista skal stansast.»

I perioden er ei rekkje miljøgifter og andre helse- og miljøfarlege stoff regulerte eller forbodne i EU og globalt etter initiativ frå Noreg. Noreg er ein integrert del av EUs regime for regulering av kjemikaliar, og er eitt av landa i Europa som fremjar flest forslag om fareklassifisering, forbod og andre reguleringar. Koronapandemien og mangelen på desinfeksjonsmiddel medførte betydeleg arbeid på biocidområdet. Etter Brexit har Noreg overteke oppgåver under EUs felles reguleringsarbeid frå Storbritannia.

Klima- og miljødepartementet har sommaren 2021 lagt fram ein handlingsplan for ein giftfri kvardag.

Noreg arbeider for ei styrking av internasjonale miljømerkeordningar under forhandlingane om eit nytt globalt rammeverk for kjemikaliar og avfall.

Nasjonal strategi for sirkulær økonomi

Regjeringa har lagt fram ein nasjonal strategi for sirkulær økonomi. Det er ambisjonen til regjeringa at Noreg skal vere eit føregangsland gjennom aktiv vidareutvikling av politikk og verkemiddel, både nasjonalt og i samarbeidet med EU, for rammevilkår som sikrar grunnlaget for verdiskaping og grøn konkurransekraft i Noreg. Strategien legg grunnlaget for arbeidet med å utnytte potensialet for verdiskaping i norsk næringsliv på basis av ein meir sirkulær økonomi, med konkrete tiltak på dei områda som er identifiserte å ha det største sirkulærøkonomiske og grøne konkurransekraftpotensialet i Noreg, nemleg bioøkonomien, prosessindustrien, bygg og anlegg, varehandel og tenestenæringane.

Styrkt arbeid mot miljøkriminalitet

Regjeringa har i 2020 lagt fram stortingsmelding om miljøkriminalitet. Meldinga presenterer ein heilskapleg politikk for å styrkje innsatsen mot miljøkriminalitet nasjonalt og internasjonalt og dermed redusere den negative verknaden miljøkriminalitet har på klima og miljø. Stortingsmeldinga legg grunnlaget for eit langsiktig oppfølgingsarbeid på tvers av ulike sektorar og på ulike internasjonale arenaer. Eit viktig formål med meldinga er å setje miljøkriminalitet på dagsordenen og bidra til auka kunnskap, forståing og engasjement rundt miljøkriminalitet og få internasjonal merksemd om nødvendigheita av å førebyggje og kjempe mot miljøkriminalitet på vegen for å nå FNs berekraftsmål.

Marin forsøpling og plastforureining

Regjeringa har i perioden ført ein offensiv strategi for å motverke plastforureining, nasjonalt og internasjonalt, gjennom ei brei tilnærming til livsløpet til plasten. Tiltak nasjonalt og internasjonalt blir følgde opp løpande, mellom anna basert på nye tiltaksvurderingar frå Miljødirektoratet i 2020 og også i samarbeid med EU. Det er vedteke nytt regelverk for å hindre spreiing av mikroplast frå kunstgrasbanar og innført forbod mot ei rekkje eingongsartiklar i plast.

Tilskotsordning for opprydding av marin forsøpling er styrkt i perioden. Vidare er det oppretta eit senter i Lofoten, som frå 2022 blir eit reindyrka senter for marin forsøpling.

Internasjonalt er det vedteke strengare globale reglar for eksport og import av plastavfall etter forslag frå Noreg. Reglane tredde i kraft 1. januar 2021. Mange land har no uttrykt si støtte til ein ny global avtale mot marin plastforsøpling og plastforureining, der Noreg har gått føre og spelar ei viktig rolle. Noreg arbeider for at FNs miljøforsamling skal gjere eit vedtak om å setje i gang ein forhandlingsprosess for ein ny avtale i februar 2022.

Regjeringa har nyleg lagt fram ein heilskapleg plaststrategi. Strategien fremjar tiltak for meir berekraftige plastprodukt, meir berekraftig bruk av plastprodukt, auka mengd plastavfall som kan attvinnast, og framleis hindre at plastavfall endar på avvegar i naturen.

Styrkt havforvaltning

Heilskapleg havforvaltning er grunnlaget for ein berekraftig havøkonomi og eit bidrag til velferd. Regjeringa la i 2020 fram ei melding til Stortinget om heilskaplege forvaltningsplanar for dei norske havområda (Meld. St. 20 (2019–2020)). Regjeringa fører vidare arbeidet med ei heilskapleg og økosystembasert havforvaltning. Dette er viktig for å handtere aukande aktivitet og aukande press på dei marine økosystema i havområda våre. I meldinga er det mellom anna sett ei fast grense for petroleumsverksemd ved iskantsona.

Våren 2021 la regjeringa fram ei melding til Stortinget om heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige område for marin natur. Meldinga omhandlar ein plan for det vidare arbeidet for å ta vare på viktig natur i havet gjennom å etablere marine verneområde og andre effektive arealbaserte bevaringstiltak. Gjennom meldinga har regjeringa mellom anna vedteke å føre vidare arbeidet med marin verneplan frå 2004 og supplere denne med nye område. Regjeringa vil òg hente meir erfaring med bevaring og restaurering av økosystem og kartleggje område som er viktige for karbonlagring. Eit viktig oppfølgingspunkt i meldinga er å vurdere om det er behov for å styrkje lovgjevinga utanfor 12 nautiske mil, der vi ikkje har heimel til å opprette marine verneområde etter naturmangfaldlova. I meldinga blir det vidare varsla ein prosess for å gå gjennom dei internasjonale forpliktingane våre for marin bevaring og korleis desse skal oppfyllast.

Oppryddingsprosjekt i fjordane

Oppryddinga i Puddefjorden, Farsund hamn og sjøbotn i Sandefjord vart ferdig i 2018. Arendal indre hamn og Flekkefjord vart ferdige i 2019, og Horten hamn vart ferdig i 2020. Det vart løyvd midlar til oppstart for opprydding i Hammerfest Hamn i statsbudsjettet for 2021.

Regjeringa har styrkt arbeidet med å ta vare på naturmangfaldet

Regjeringa har gjennomført ei rekkje tiltak for å ta vare på naturmangfaldet i Noreg. I førre perioden la regjeringa fram ei stortingsmelding om naturmangfald. Denne legg grunnlaget for ei meir heilskapleg forvaltning av naturen på tvers av sektorar for å oppnå ønskt tilstand i økosystema. I denne perioden har regjeringa halde fram med å følgje opp meldinga gjennom mellom anna å ruste opp kunnskapen om naturmangfald, sikre meir og betre natur og styrkje innsatsen for trua artar og naturtypar. I 2021 prioriterte regjeringa om lag 2,4 mrd. kroner til miljøforvaltninga sitt arbeid med naturmangfald. Fleire viktige tiltakspostar innanfor naturområdet er auka sidan regjeringa tiltredde, mellom anna er løyvingane til skogvern og vassmiljøtiltak auka monaleg.

Regjeringa har

  • lagt fram Naturstrategi for våtmark, ein heilskapleg strategi på tvers av sektorar for berekraftig bruk av økosystemet våtmark

  • lagt fram ein heilskapleg tiltaksplan for Oslofjorden

  • vedteke tiltaksplan for nedkjemping av framande skadelege artar 2020–2025 og lagt fram tiltaksplan for pollinerande insekt

  • utarbeidd ein oppfølgingsplan for trua natur, med tiltak og verkemiddelbruk for å betre statusen for 23 artar og 12 naturtypar. I tillegg er det vedteke to nye utvalde naturtypar og ein prioritert art i inneverande stortingsperiode.

  • utvikla eit nytt fagsystem for å skildre tilstanden i økosystem, der dei første nasjonale klassifiseringane av tilstand skjer no. Hittil har økosystema arktisk tundra, hav og skog blitt klassifiserte etter systemet, seinare vil vi få klassifisering for økosystem fjell. Det blir jobba med å utvikle systemet for å få klassifisert enda fleire økosystem.

  • lansert Økologisk grunnkart, som er ein nettportal hos Artsdatabanken med ei samling av ulike kartlag som gjev kunnskap om kvar naturtypar, artar og landskapstypar finst i landet

  • oppretta ei tilskotsordning for kommunar som lagar kommunedelplan for naturmangfald, og tilskotsordningar for tiltak retta mot pollinerande insekt og framande skadelege artar

  • oppretta ein budsjettpost for å restaurere myr og anna våtmark, som har medverka til at over 80 myrar er blitt restaurerte dei siste fem åra

  • vedteke ei kvalitetsnorm for villrein i 2020 som omfattar 50 000 km² i fjellet i Sør-Noreg, og gjennomført ei første klassifisering av tilstanden i dei nasjonale villreinområda hausten 2021

  • bidrege aktivt i dei internasjonale forhandlingane om eit nytt globalt rammeverk for naturmangfald

Regjeringa har styrkt forvaltninga av verneområda og verna meir verdifull natur. Dei siste fire åra har regjeringa verna 407 nye skogvernområde og har no nådd 3,8 pst. vern av produktiv skog og 5,1 pst. vern av all skog. Regjeringa har verna tre nye nasjonalparkar – Raet, Jomfruland og Lofotodden – og utvida Dovrefjell og Saltfjellet-Svartisen nasjonalparkar. I tillegg er det verna omfattande våtmarksområde i Tyrifjorden. Regjeringa har sett i verk vern for å bevare den andre mest verdifulle naturen på land, og det er òg sett i verk arbeid med nye nasjonalparkar. Vidare har regjeringa verna ni nye marine verneområde og lagt fram ei stortingsmelding om bevaring av viktige område for marin natur. Forvaltninga av verneområda er styrkt med vesentlege budsjettaukar, både til fysiske tilretteleggings- og skjøtselstiltak, fleire årsverk til verneområdeforvaltning og gjennom ein eigen handlingsplan. For dei nye nasjonalparkane Raet, Jomfruland og Lofotodden er det oppretta tre nye nasjonalparksenter.

Regjeringa har ført ein rovviltpolitikk i samsvar med Stortingets vedtak. Den regionale rovviltforvaltninga er evaluert, og gjeldande inndeling av regionar skal haldast ved lag. Regjeringa har utarbeidd ei rettleiing for meir effektiv skadefelling av rovvilt og mellom anna støtta prosjekt for profesjonalisering av rovviltfellingslag i gamle Hedmark, no del av Innlandet fylke. Det er vedteke nye verkemiddel for lisensfelling av jerv, slik at det er tillate å bruke kunstig lys ved åtejakt og overvake fangstbåsar elektronisk.

Auka satsing på friluftsliv

Regjeringa har utarbeidd og følgt opp ei stortingsmelding og ein handlingsplan om friluftsliv. Som ledd i dette har regjeringa bidrege til å sikre og leggje til rette ei rekkje nye friluftslivsområde og gjeve tilskot til friluftslivstiltak som prioriterer barn, unge, personar med innvandrarbakgrunn og personar som er fysisk lite aktive. Regjeringa har òg sett i verk eit ferdselsåreprosjekt, støtta statlege områdesatsingar innanfor utvikling av grønområde og utvida skjergardstenesta.

Handlingsplan for friluftsliv er følgt opp gjennom løyvingar til fleire konkrete friluftslivsprosjekt som UT.no, Historiske vandreruter, prosjekt som fremjar friluftsliv for personar med innvandrarbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og friluftsliv i skulen. Regjeringa har teke initiativ til og gjev løyvingar til to ulike prosjekt for å få betre kunnskap om kva som kjenneteiknar vellykka friluftslivsaktivitetar for barn og unge i barnehage, skule, SFO og på fritida. Regjeringa har vidare etablert og utvikla ordninga Nasjonale turiststiar. For å ta vare på fjellnaturen har regjeringa innhenta fagrapportar om omfang, utvikling og konsekvensar av bygging av fritidsbustader og framheva ei tydeleg forventing om berekraftig forvaltning av fjellnaturen i regional og kommunal planlegging. I samband med regionreforma er no dei fleste oppgåvene innanfor forvaltninga av statleg sikra friluftslivsområde samla hos fylkeskommunane, slik at forvaltninga av desse områda blir meir effektiv og samordna.

Styrking av kulturmiljøforvaltninga

Regjeringa la i 2020 fram ei stortingsmelding (Meld. St. 16 (2019–2020)) som fastsette nye nasjonale mål på kulturmiljøområdet. Gjennom denne kulturmiljømeldinga har regjeringa synleggjort kulturhistoriske verdiar som ein ressurs i samfunnsutviklinga og som del av den samla miljøforvaltninga, særleg innanfor by- og tettstadsutviklinga. Innsatsen frå dei frivillige og rettane til private eigarar er viktige for denne regjeringa.

Som del av regionreforma vart størstedelen av myndet til å gjere førstelinjevedtak overført frå Riksantikvaren til fylka med verknad frå 1. januar 2020. Med det samla myndet regionane har fått overført, er dei i større grad sette i stand til å fylle rolla som regional utviklingsaktør.

I løpet av dei siste fire åra er det oppretta tre nye autoriserte verdsarvsenter som er med på Unescos verdsarvliste (Røros, Rjukan-Notodden og Urnes). Parallelt vart dei tre sentera som vart etablerte i 2015, reautoriserte (Alta, Geiranger og Vega). Dei seks verdsarvsentera skal vere besøkssenter for alle som søkjer informasjon om verdsarv og staden dei besøkjer.

Noreg har i perioden 2017–2021 vore medlem av Unescos verdsarvkomité. Klima- og miljødepartementet har i denne perioden særleg arbeidd med å gjere merksam på det internasjonale ansvaret for verdsarvkonvensjonen. Det har vore prioritert å arbeide for å sikre god forvaltning i land med små ressursar og å bidra til ein betre geografisk og tematisk balanse på verdsarvlista.

I perioden 2018–2021 er det løyvd til saman om lag 500 mill. kroner til Kulturminnefondet. Midlane har gått til cirka 2 500 tiltak for privateigde verneverdige kulturminne, som bygningar, bustader, båtar, hageanlegg og kulturlandskap. Tilskotet til Kulturminnefondet bidreg til å nå dei nasjonale kulturmiljømåla og er eit viktig bidrag i sirkulærøkonomien.

Polarområda

Regjeringa la våren 2021 fram eit lovforslag om forbod mot bruk av tungolje i heile territorialfarvatnet ved Svalbard. Dette vart lovfesta i juni 2021 og trer i kraft 1. januar 2022, med overgangsordning til 1. januar 2024 for kol eller stykkgodstransport til og frå Longyearbyen og Barentsburg. Forbodet er særleg viktig fordi miljøvernet på Svalbard står overfor store utfordringar som klimaendringar, aukande ferdsel og moglegheiter for endringar i aktivitetsbiletet som følgje av varmare klima og meir tilgjengelege arktiske havområde. Eit utslepp av tungolje er særs problematisk i Arktis.

Regjeringa har styrkt vernet av isavhengige artar på Svalbard, særleg ringsel og isbjørn, ved å inkludere Van Mijenfjorden i Nordenskiöld Land nasjonalpark og dermed utvide nasjonalparken med 2914 km2. Nasjonalparken heiter no Van Mijenfjorden nasjonalpark og utgjer 4251 km2.

2 Om klima- og miljøutfordringane

Klimautfordringane

Å løyse klima- og miljøutfordringane er blant dei største oppgåvene vi står overfor i vår tid. Klima- og miljøendringane påverkar helsa, livsgrunnlaget og verdiskapinga til menneska. Oppvarming av klimasystemet og den menneskelege påverknaden er klar, ifølgje første delrapport om det naturvitskaplege grunnlaget i sjette hovudrapport frå FNs klimapanel som blei lagt fram i 2021.

I 2019 var den årlege gjennomsnittlege konsentrasjonen av karbondioksid (CO2) i atmosfæren høgare enn på minst to millionar år. Det er minst 800 000 år sidan vi hadde like mykje metan i atmosfæren. Den globale gjennomsnittstemperaturen har allereie auka med 1,1 gradar celsius (°C) sidan førindustriell tid, og det er eintydig at menneskeleg påverknad har varma det globale klimasystemet. Temperaturen har auka meir over land (1,6 °C) enn over havoverflata (0,9 °C). FNs klimapanels spesialrapport om klimaendringar og landareal frå 2019 viser at utnyttinga av landjorda har ført til klimagassutslepp, tap av naturlege økosystem som skog og våtmark og mindre naturmangfald. Klimaendringane forsterkar eksisterande belastningar som forørkning, vassmangel og at landområde blir forringa. Dette påverkar mattryggleiken og medfører risiko for helsa og livsgrunnlaget til menneska, infrastrukturen og tilstanden i ulike økosystem.

Parisavtalen under FNs klimakonvensjon er ei solid ramme for den globale klimainnsatsen. Målet med avtalen er å styrkje den globale innsatsen mot klimaendringane, mellom anna ved å halde den globale temperaturauken til godt under 2 gradar samanlikna med førindustrielt nivå og å søkje å halde oppvarminga til 1,5 gradar. FNs klimapanels delrapport frå 2021 viser at det vil vere store gevinstar ved å avgrense oppvarminga til 1,5 gradar og at det trengs raske og store utsleppskutt om det skal vere mogleg å halde temperaturstigning under 1,5 grader. På tross av at mange land har forsterka sine mål under Parisavtalen det siste året, mellom anna EU og USA, er det ikkje nok. Kva verda gjer dei neste ti åra, blir avgjerande for om vi maktar å bremse dei menneskeskapte klimaendringane i tide til å nå temperaturmålet i Parisavtalen.

Noreg skal i 2050 vere eit lågutsleppssamfunn. Det er nedfelt i klimalova at utsleppa i 2050 skal reduserast med 90–95 pst. i forhold til 1990, inkludert effektane av Noregs deltaking i klimakvotesystemet. For å få til dette må vi omstille oss til eit samfunn der vekst og utvikling skjer innanfor tolegrensene til naturen. Det grøne skiftet krev ei stor omstilling som omfattar alle samfunnsområde og aktørar. Samarbeid og samhandling er viktig for å setje felles mål og for å utvikle teknologi og rammevilkår. Innovasjon og teknologiutvikling er ein av nøklane til det grøne skiftet, og næringslivet er ei sentral kraft. Verda treng fornybar kraft, og transporten må ha nullutslepp. Ressursane må brukast meir effektivt, og vi må halde ressursane lenger i krinsløpet i ein meir sirkulær økonomi, ved betre produktdesign, ved auka ombruk, reparasjon og materialattvinning. Vi må auke bruken av sekundære råvarer og redusere bruken av primære råvarer. Dette gjeld til dømes byggje- og anleggssektoren som står for om lag 40 pst. av det nasjonale energiforbruket, og ein stor del av ressursbruken og avfallsmengda. Istandsetjing, rehabilitering og ombruk av eksisterenda bygningar er difor viktige bidrag for å redusere utsleppa frå sektoren og for at sektoren skal bli meir sirkulær.

I Noreg skaper endringar i klimaet nye utfordringar for menneska og samfunnet. Eit varmare klima med større nedbørsmengder fører mellom anna til flaum og jordras. Skadelege framande artar vil tilpasse seg i den norske naturen, mange artar og bestandar flyttar seg lenger nord eller høgare til fjells om det er mogleg, eller dei blir borte frå den norske naturen.

Ringverknadene av klimaendringar i andre delar av verda kan òg få store konsekvensar for Noreg. Dette har mellom andre Klimarisikoutvalet understreka i sin rapport.1 Ifølgje ein rapport frå EY2 vil den mest akutte verknaden vere auka behov for bistand og nødhjelp som følgje av hyppigare og kraftigare ekstremvêr, flaum, tørke og mangel på vatn. Det er påvist tydelege samanhengar mellom slike verknader, fattigdomsutvikling og humanitære kriser blant menneske som bur i sårbare område.

Covid-19-pandemien har gjeve utsleppskutt fordi det har vore lågare aktivitet i energibruk, produksjon og transport over store delar av verda. Den langsiktige effekten på utsleppa er usikker. Den nye delrapporten frå FNs klimapanel seier at det er middels sikkert at CO2-konsentrasjonen i atmosfæren heldt fram med å auke i 2020, utan ein merkbar reduksjon i vekstrateobservasjonar av CO2. For å få varige utsleppskutt må vi ta i bruk lågutsleppsteknologi og meir effektive løysingar når aktiviteten aukar igjen.

Økt press på havmiljøet – behov for grøn omstilling i havøkonomien

Dei store havområda under norsk jurisdiksjon, og avhengnaden og tilknytinga vår til havet, både i fortid, notid og framtid, inneber eit særskilt forvaltingsansvar for å sikre velfungerande marine økosystem, reine hav og rein kyst.

Viktige utviklingstrekk i norsk og internasjonal havforvaltning er omstilling i havbaserte næringar, globale diskusjonar under FN om forvaltning av hav og havressursar, ei aukande erkjenning av kva rolle økosystema har i havøkonomien, og korleis havet kan vere ein del av løysinga på globale utfordringar. Utgangspunktet for Høgnivåpanelet for ei berekraftig havøkonomi (Havpanelet) er at havområda i verda har stort potensial for økonomisk vekst gjennom nye næringar og utvikling av eksisterande næringar. Samstundes er god miljøtilstand i havet og at havområda blir nytta på ein ansvarleg og berekraftig måte, ein føresetnad for å realisere potensialet i havet fullt ut. Havpanelet la fram konklusjonane sine, «Omstilling til ein berekraftig havøkonomi – ei visjon for bevaring, produksjon og velstand», i desember 2020.

Ifølgje Naturpanelet er det globalt fire hovudpåverknader på dei marine økosystema. Den viktigaste påverknaden i global samanheng er fiskeria og anna hausting av marine organismar. Dernest kjem endringar i arealbruken på land og i havet, inkludert utvikling av infrastruktur og akvakultur i kystsona. Så kjem klimaendringar og deretter tilførsel av forureining og avfall. Forholdet mellom desse påverknadsfaktorane varierer mellom ulike delar av verdshava. I norske havområde er klimaendringar den viktigaste påverknadsfaktoren.

FNs klimapanel framhevar i spesialrapporten om hav og is frå 2019 at vi ser verknader av klimaendringane på marine økosystem over heile kloden. Til dømes er dei tropiske korallreva hardt ramma. Klimaendringane forsterkar påverknaden frå andre faktorar som fiskeri, utbygging av kystsona og tilførslar av forureining og avfall. Havet blir varma opp meir enn dobbelt så raskt som i 1993. I heimlege farvatn ser vi at utbreiinga av plankton, fisk, sjøfugl og botndyr flyttar seg nordover som følgje av varmare havvatn, og at leveområda for arktiske artar krympar. Mange av endringane, som issmeltinga på Grønland og i Antarktis, havnivåstiging, forsuring og oppvarming av djuphavet og tining av permafrost, er rekna som irreversible dei neste hundreåra, ifølgje delrapporten frå 2021. Konsekvensane av havnivåstiging og meir ekstremvêr for økosystem og samfunn i lågtliggjande kystområde og små øyar er òg venta å bli svært alvorlege.

Marin plastforureining og spreiing av mikroplast

Marin plastforureining og spreiing av mikroplast er eit raskt aukande globalt miljøproblem og ein trussel både mot dyreliv langs kyst og i hav, mot sjømatressursane og mot menneska sin bruk av kyst- og havområda. Plastavfallet blir brote ned svært sakte i havdjupet. Det er usikkert om det nokon gong vil forsvinne, eller om det berre endar som små mikro- og nanoplastpartiklar. Det er behov for meir kunnskap om kva effektar mikroplast i havet har på helsa til dyr og menneske. Den raske auken av plast i havet, og dei skadane ein allereie ser, gjer at dette er rekna som ein av dei viktigaste truslane mot havmiljøet. Utslepp, spreiing og effektar av mikroplast til luft, jordsmonn og ferskvatn er òg område der det trengst meir kunnskap. På global basis kjem dei største mengdene marint avfall frå land i rask økonomisk vekst og utan tilfredsstillande system for behandling av avfall. I Noreg er det særleg plastavfall frå fiskeri- og oppdrettsnæringa og avfall frå forbrukarar som er dei største kjeldene til marin forsøpling. Avfall frå fiskeri og akvakultur, særleg tau, dominerer i kystområda, medan gjenstandar frå personleg forbruk (og nær halvparten er matemballasje) utgjer ein større del i tett folkesette område. Ei første undersøking av kjelder til plastforureining i ferskvatn i Noreg fann mest avfall frå matemballasje, isopor, sigarettar og snus. Mykje var ikkje mogleg å identifisere og kan ikkje sporast tilbake til kjelda.

Eit giftfritt miljø og trygge forbrukarprodukt

Miljøgifter er ei av dei tre viktigaste globale miljøutfordringane saman med klimagassutslepp og tap av biologisk mangfald. Stans i bruken og utsleppa av miljøgifter er grunnleggjande for god folkehelse, eit reint miljø, trygg matproduksjon og for å beskytte økosystema. Det er særleg viktig å ta i vare sårbare og utsette grupper som foster, barn og eldre og å unngå eksponering i kjønnsmoden alder eller gjennom arbeid. Mykje av norsk verdiskaping, produksjon og velferd er avhengig av eit reint miljø. Utslepp av miljøgifter og andre helse- og miljøfarlege stoff frå norske kjelder har gjennom mange års innsats blitt tydeleg reduserte. Utfordringane no ligg særskilt i langtransportert luft- og havforureining og i produkt som inneheld miljøgifter. Miljøgiftene blir brotne sakte ned i naturen og hopar seg opp i næringskjedene, og dei kan ha alvorlege langtidseffektar. Det er difor ei vedvarande utfordring å redusere forureining frå miljøgifter, og utfordringane må løysast ved internasjonalt samarbeid på globalt og europeisk nivå. Arbeidet under EØS-avtalen og globale avtalar er særleg viktig, og Noreg er ein leiande aktør. Miljøgifter og andre helse- og miljøfarlege stoff i produkt hindrar trygg materialattvinning og er dermed eit hinder for auka bruk av sekundære råvarer.

Tap av natur og naturmangfald

Naturen er sjølve livsgrunnlaget vårt. Mangfaldet i naturen gjev oss mellom anna tilgang til reint vatn og rein luft, mat, medisinar og byggjemateriale. Naturen medverkar òg med store opptak av klimagassar. Robuste økosystem kan dempe effekten av klimaendringane til dømes i form av flaumdemping og vassreinsing eller vern mot erosjon. Mange økosystem er så belasta av negativ påverknad at dei ikkje lenger leverer dei goda eller held ved lag dei naturlege prosessane som menneska er heilt avhengige av.

I mai 2019 la FNs naturpanel fram sin globale rapport om tilstanden i naturen. Rapporten stiller saman kunnskap frå nær 15 000 vitskaplege kjelder. Dyr, plantar og økosystem blir ifølgje rapporten utrydda i eit tempo vi aldri før har sett i historia til mennesket. Vi hentar ut stadig meir mat, energi og materiale frå naturen for å dekkje eit aukande forbruk til ei veksande global befolkning. Det samla avtrykket vårt er no så omfattande at vi drastisk reduserer evna naturen har til å levere grunnleggjande tenester som reint vatn, rein luft og stabil tilgang til mat i framtida.

Berekraftig bruk av areala er avgjerande for å nå klimamåla og ta vare på biologisk mangfald. Både Naturpanelets globale rapport og Klimapanelets spesialrapport om klimaendringar og landareal viser til at landbaserte tiltak for å restaurere og bevare viktige økosystemtenester kan medverke både til auka karbonbinding og klimatilpassing.

Tapet av naturmangfald er både ei nasjonal og ei internasjonal utfordring. I Noreg er det risiko for tap av naturmangfald, særleg som følgje av arealinngrep, arealbruksendringar og spreiing av framande artar. Miljøkriminalitet er òg ei viktig årsak til at nokre artar risikerer utrydding eller overutnytting. I havet gjev marin plastforureining og havforsuring store utfordringar for mangfaldet av plantar og dyr. Klimaendringane forsterkar truslane både på land og i havet og har aukande negativ påverknad. Ein føresetnad for å lykkast i å oppnå måla i Parisavtalen og FNs berekraftsmål er å ta vare på naturmangfaldet. Eit rikt naturmangfald og lett tilgang til naturområde er viktige for folkehelsa. Når naturområde blir bygde ned, vil dette ofte gå ut over høvet til friluftsliv. Særleg i byer er tilgangen til naturområde og naturopplevingar under press. Det er difor viktig at konsekvensar for friluftsliv blir vurderte i alle saker som omfattar nedbygging av både større og mindre natur- og grøntområde. I tillegg er deltakinga i friluftslivet låg blant einskilde grupper i befolkninga.

Kulturmiljø

Forvaltninga av kulturmiljø er ein integrert del av klima- og miljøforvaltninga. Kulturmiljø er dei kulturhistoriske spora i omgjevnadene våre og utgjer ein verdifull ressurs i møte med samfunnsutfordringane i vår tid.

Overgangen til ein meir sirkulær økonomi inneber at vi skal utnyttje alle ressursane best mogleg. Vern gjennom bruk er difor framleis eit viktig prinsipp for ei berekraftig kulturmiljøforvaltning. Det vil både redusere avfall og redusere behovet for produksjon og transport av nye byggjematerial. Vidareført bruk, innovativ ombruk og gjenbruk av eksisterande bygningar og materiale medverkar til å redusere råvarebruk, avfall, utslepp og energiforbruk. Det er verknadsfulle tiltak som gjev reduserte klimagassutslepp her og no og ikkje berre ein venta gevinst i framtida.

Samstundes som kulturmiljøfeltet kan bidra til ein sirkulær økonomi og reduksjon av klimagassutslepp, er det òg viktig at kulturmiljøfeltet handterer dei uønska konsekvensane av klimaendringane. Eit fuktigare og varmare klima vil gje auka fare for ròte- og insektskadar. Vidare kan akutte hendingar som flaum, skred, brann og kraftig nedbør true dei kulturhistoriske verdiane. Klimatilpassing er derfor ei sentral oppgåve for kulturmiljøforvaltninga framover.

Urbaniseringa og den auka tilflyttinga til byane og tettstadene fører òg til press på areal, kulturminne og kulturmiljø. Utfordringa ligg i å auke tettleiken samstundes som ein forsterkar trivselen og kjensla av tilhøyrsel for innbyggjarane.

Miljøkriminalitet kan føre til at kulturmiljøverdiane knytte til både kunnskap, oppleving og bruk blir forringa, til dømes ved at samanhengen mellom kulturminna og kulturmiljøet dei inngår i, blir broten. Der arkeologiske kulturminne blir fjerna, blir òg funnkonteksten ukjend. Kulturarv er ein viktig del av identitetsdanninga og tilhøyrselen vår, både i Noreg og elles i verda. Felles for denne typen kriminalitet er at dei ulovlege handlingane medverkar til å gjere det vanskelegare å nå dei nasjonale måla på kulturmiljøfeltet, men òg å nå berekraftsmåla.

Miljøutfordringar i nord – og i polarområda

Klimaendringar og auka menneskeleg aktivitet gjev miljøutfordringar i Arktis og Antarktis. Polområda har ei nøkkelrolle i det globale klimaet, og issmelting i Arktis og Antarktis er avgjerande for havnivået i framtida.

Klimaendringar får allereie konsekvensar – og vil få større konsekvensar – både for økosystema, som blir meir sårbare for ferdsel, for kulturmiljø og for befolkninga på Svalbard. Spesielt utsett på Svalbard er artar som er avhengige av is, slik som ringsel og isbjørn, og artar som er sterkt påverka av endringar i det marine miljø, slik som sjøfugl. Fjordisen har generelt minka på vestkysten av Svalbard dei siste åra. Fjordområde med brefrontar og stabil fjordis vinterstid, slik som Van Mijenfjorden, blir difor stadig viktigare for isavhengige artar som ringsel og isbjørn. Samstundes blir desse områda meir attraktive som mål for utflukter.

Dei fleste vegetasjonstypane på Svalbard har dårleg evne til gjenvekst i tillegg til dårleg slitestyrke. Klimaendringane gjer utslag i auka nedbør og smelting av permafrost som gjer at terrenget blir enda meir sårbart for slitasje frå ferdsel. Klimarelaterte endringar i tilgangen på mat blir rekna for å vere ei av hovudårsakene til nedgang i bestanden hos nokon av dei høgarktiske artane.

Belastninga ved ferdsel, naturlege nedbrytingsprosessar og klimaendringar utgjer den største trusselen mot kulturminna på Svalbard i dag. Fram til pandemien såg vi aukande grad av ferdsel på Svalbard, og denne er venta å auke igjen etter pandemien. Bygningar på Svalbard er i all hovudsak bygde på permafrost, og i observasjonar ser ein kontinuerleg auke av temperatur i dei øvre laga i bakken. Ein auke i temperatur i desse laga, som gjer at dei heile tida frys og tinar, skaper utfordringar for bygningsfundament og infrastruktur. Klimaendringar fører også til at flaum og skred vil kunne skje oftare og påføre bygg og andre kulturminne skade.

Klimaendringane i polarområda har gjort det lettare for framande artar å finne fotfeste. Klimaendringane kan påverke økosystema også i Sørishavet. Ei utvikling mot varmare og ferskare vatn og gradvis flytting av frontsystem sørover vil kunne føre til endringar for nøkkelartar, slik som kril, som igjen påverkar livsgrunnlaget for pingvinar og marine pattedyr.

Forsøpling, særleg plastavfall i havet og på land, er ein vesentleg trussel mot blant anna dyreliv i nordområda, og kan auke med aukande skipstrafikk som fylge av klimaendringar. Mikroplastforureininga i Arktis er vesentleg, med særleg høge nivå i is. Noko av tilførslane kjem frå lokale kjelder som skipsfart og fiske, men plastavfall og mikroplast spres også til Arktis med havstrømmer og vind. Plastavfall er funnet sjølv på store dyp i Antarktis.

Klima- og miljøutfordringane må løysast både nasjonalt og internasjonalt

Klima- og miljøpolitikken til regjeringa byggjer på føre-var-prinsippet og forvaltaransvaret. Klimautfordringane kan berre løysast gjennom globalt samarbeid, men Noreg må òg redusere eigne utslepp. Alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og medverke til å nå dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla. Sektorane har òg ansvar for å sikre at kunnskap om eigen påverknad på klima og miljø, og kunnskap om moglege løysingar og tiltak, blir vareteke i forsking, overvaking og annan kunnskapsproduksjon.

Klima- og miljødepartementet har ansvaret for å samordne og utvikle klima- og miljøpolitikken til regjeringa og arbeider for klima- og miljøvennlege løysingar i alle samfunnssektorar. Dette omfattar òg ansvaret for eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag på klima- og miljøområdet. Klima- og miljødepartementets nye kunnskapsstrategi 2021–2024 definerer mål, delmål og konkrete tiltak for å utvekle kunnskapssystemet for klima og miljø. Strategien peiker blant anna på behovet for kunnskapssynteser og å gjere internasjonal kunnskap relevant for norske tilhøve.

I forvaltninga for eit berekraftig samfunn som tek vare på naturkapitalen, står desse prinsippa sentralt:

  • Klima- og miljøpolitikken skal vere basert på kunnskap. Å hente inn kunnskap frå kjelder som forsking, overvaking, kartlegging og kunnskapssamanstillingar står sentralt. Bidrag frå internasjonale kunnskapsprosessar som FNs klimapanel (IPCC) og FNs naturpanel (IPBES) er viktige.

  • Allmenta har rett til kunnskap, tilgang til miljøinformasjon og deltaking i prosessar for å avgjere saker om miljø. Det er viktig for at dei skal kunne vere med på å sikre eit sunt, produktivt og mangfaldig miljø og dermed eit berekraftig samfunn som tek vare på naturkapitalen.

  • Regjeringa har bestemt at berekraftsmåla utgjer det politiske hovudsporet for å ta tak i dei største nasjonale og globale utfordringane i vår tid. 17 mål for berekraftig utvikling fram mot 2030 ser miljø, økonomi og sosial utvikling i samanheng.

  • Føre-var-prinsippet, som er nedfelt i forureiningslova, naturmangfaldlova, kulturminnelova og svalbardmiljølova, seier at dersom det er fare for at ein aktivitet kan skade miljøet, og kunnskapen er mangelfull, skal ein ta tilstrekkelege forholdsreglar mot slik skade eller la vere å gjennomføre aktiviteten.

  • Prinsippet om samla belastning/økosystemtilnærming står sentralt i naturmangfaldlova og inneber at ein skal leggje vekt på summen av påverknad på naturmangfaldet, både område, naturtypar og artar, når planar skal leggjast og vedtak skal gjerast.

  • Forureinaren-betaler-prinsippet inneber at den som har ansvaret for at forureining skjer, skal dekkje kostnadene ved at forureining blir påført samfunnet. Dette er prinsippet for ei rekkje miljøavgifter, til dømes CO2-avgifta. Etter forureiningslova har den som forureinar, òg ansvaret for å rydde opp. Tilsvarande har naturmangfaldlova eit prinsipp om at kostnadene ved at miljøet blir dårlegare, skal berast av tiltakshavaren. Kulturminnelova har ei føresegn om at tiltakshavaren skal betale kostnader ved arkeologiske undersøkingar av automatisk freda kulturminne. Svalbardmiljølova har òg slike føresegner.

Internasjonalt samarbeid er avgjerande for å løyse dei globale klima- og miljøutfordringane.

Klima- og miljødepartementet deltek aktivt i ei rekkje internasjonale prosessar og nyttar fleire verkemiddel for å påverke den globale miljøtilstanden. Departementet arbeider både bilateralt, regionalt og internasjonalt. Gjennom internasjonale forhandlingar medverkar Noreg til at landa i verda set seg felles mål for til dømes å redusere produksjonen og bruken av miljøgifter (Stockholmskonvensjonen og Minimatakonvensjonen), betre naturmangfaldet (FNs konvensjon om biologisk mangfold), redusere klimagassar (Parisavtalen og Klimakonvensjonen) og arbeide mot organisert grenseoverskridande miljøkriminalitet (FN-konvensjon mot grenseoverskridende organisert kriminalitet). Internasjonale avtalar får òg konsekvensar nasjonalt. Til dømes dannar berekraftsmåla og Parisavtalen viktige rammer for Noregs nasjonale og internasjonale klima- og miljøarbeid.

Vi når verken måla i Parisavtalen eller FNs berekraftsmål utan å redusere og reversere tap av regnskogane i verda. Skogane medverkar til eit stabilt klima, til naturmangfald, og dei utgjer levegrunnlaget for millionar av menneske som bur i og omkring skogen. Det er utfordrande for skoglanda å gjennomføre ein berekraftig arealpolitikk som hindrar at regnskogen blir øydelagd. Denne utfordringa veks så lenge dei globale marknadene spør etter varer som aukar avskoginga. Det internasjonale Klima- og skoginitiativet er Noregs innsats for å støtte skoglanda i innsatsen deira og å redusere marknadspresset på skogen.

EU er ein pådrivar i internasjonal klima- og miljøpolitikk og ein viktig samarbeidspartnar for Noreg. Ein stor del av EUs klima- og miljøpolitikk blir innlemma i norsk regelverk som følgje av EØS-avtalen, mellom anna regelverk på område som avfall, produkt, kjemikaliar, industriutslepp, luftkvalitet og vassforvaltning. Noreg deltek fullt ut i EUs klimakvotesystem. Noreg skal òg samarbeide med EU i perioden 2021–2030 for å oppfylle klimamålet for 2030. EUs ambisiøse klimamål og oppfølginga av Europas grønne giv kjem til å påverke den grøne omstillinga i Noreg.

Dei globale miljøutfordringane må òg sjåast i samanheng med internasjonal handel, investeringar og finanssektoren. Handel og investeringar kan auke presset på naturen og gje auka utslepp, men kan også bidra til å fremje meir berekraftig produksjon og forbruk. Handels- og investeringsavtalar set, til liks med klima- og miljøavtalar, rammer for nasjonal klima- og miljøpolitikk. Det blir difor arbeidd for at slike avtalar blir utforma slik at dei fremjar grøn vekst og støttar opp om klima- og miljøomsyn.

Skal verda nå klimamåla, er det behov for at både offentlege og private investeringar blir vridde i ei meir berekraftig retning, særleg infrastruktur og andre investeringar med lang levetid. Investorar og andre finansaktørar blir stadig meir opptekne av å investere grønt og av å redusere sin eigen finansielle risiko knytt til ein strammare klimapolitikk, teknologiutviklinga og fysiske klimaendringar (klimarisiko). EU gjer eit viktig arbeid for å leggje til rette for at investeringar og finansiering blir vridde i tråd med klimamåla, og regjeringa følgjer arbeidet tett. EU utviklar no eit klassifiseringssystem for berekraftige økonomiske aktivitetar, ein såkalla taksonomi, for å få ei felleseuropeisk forståing av kva investeringar som er berekraftige. EU utviklar òg rammeverk for berekraftsrapportering. Det er viktig å ha ei god vurdering og handtering av korleis lågutsleppsutviklinga vil påverke lønnsemda og risikoen til langsiktige investeringar, både i privat og offentleg sektor. Ved å gjere denne typen vurderingar blir risikoen for feilinvesteringar redusert. Det regjeringsoppnemnde Klimarisikoutvalet peiker i sin rapport på nokre overordna prinsipp for å betre handteringa av klimarisiko og tilrår både offentlege og private aktørar å synleggjere klimarisiko betre. Dei trekkjer mellom anna fram eit sentralt rammeverk for klimarisikohandtering, TCFD (Task Force on Climate-related Financial Disclosures). TCFD vart laga av ei arbeidsgruppe for finanstilsynsstyresmaktene i G20-landa og tilrår verksemder å rapportere om kor motstandsdyktige forretningsstrategien deira er under ulike klimascenario (stresstestar), irekna eit scenario som er i tråd med målet i Parisavtalen.

Meir informasjon om internasjonalt klima- og miljøarbeid er å finne i programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m., 12.20 Klima, naturmangfald og forureining, 12.60 Nord- og polarområda og 12.70 Internasjonalt klimaarbeid og i del III Omtale av særskilde sektorovergripande klima- og miljøsaker.

3 Resultatområde og nasjonale mål i klima- og miljøpolitikken

Klima- og miljøpolitikken er delt opp i seks resultatområde. Resultatområda er etablerte for å vise heilskapen i Klima- og miljødepartementets politikkområde og for å gjere synleg at klima og miljø er eit ansvar for heile samfunnet.

På kvart resultatområde er det tilhøyrande nasjonale mål som speglar av kva Noreg vil oppnå på området, og indikatorar for kvart mål som viser utviklinga over tid. Klima- og miljødepartementet fastset årleg eit sett med indikatorar for alle dei nasjonale måla. Måla og utviklinga i indikatorane over tid er beskrivne på Miljøstatus.no.

Under følgjer ein nærmare omtale av resultatområda og dei nasjonale måla.

3.1 Naturmangfald

Nasjonale mål:

  • Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.

  • Ingen artar og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til trua og nær trua artar og naturtypar skal betrast.

  • Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar.

Naturmangfaldet er grunnlaget for menneska sitt liv på jorda. Velfungerande økosystem er ein føresetnad for stabilitet, velferd og vekst. Naturen reinsar vatn og luft, resirkulerer næringsstoff, bind jordsmonn, produserer mat, dempar flaumar, lagrar karbon, beskyttar mot erosjon og syter for pollinering av plantar. Naturen medverkar òg til verdiskaping og opplevingar. Ein mangfaldig natur gjev meir robuste økosystem som er betre i stand til å tilpasse seg endringar i naturen, mellom anna klimaendringane.

Gjennom dei siste tiåra er det globale naturmangfaldet vesentleg redusert. Situasjonen i Noreg er meir positiv, men her òg finst det utfordringar. Naturindeksen for Noreg (sjå omtale i boks 3.1) viser at det er utfordringar i fleire hovudøkosystem. Frå 2000 og utover ser vi ei svak negativ utvikling for fjell, og for ope lågland er det ein klar nedgang. Det er positiv utvikling for skog og ferskvatn, medan dei andre økosystema har vore nokså stabile. Miljøforvaltninga er i ferd med å utvikle eit fagsystem som måler tilstanden i økosystem på ein meir omfattande måte, ved å analysere fleire økologiske eigenskapar til økosystema enn det Naturindeksen gjer. I 2021 blei tilstandsvurdering basert på fagsystemet for økologisk tilstand presentert for økosystema skog, arktisk tundra, Barentshavet og Nordsjøen, medan vurderinga for fjell vil bli presentert ved årsskiftet. I 2022 vil tilstand bli vurdert for Norskehavet. I tillegg vil arbeid med å styrke faggrunnlaget for alle økosystem fortsette i 2022.

Boks 3.1 Naturindeksen for Noreg

Naturindeksen måler tilstanden til og utviklinga av biologisk mangfald i Noreg, med vekt på bestandsutviklinga til artar.

Eit etablert og fleksibelt rammeverk samanfattar tilstanden for det biologiske mangfaldet i sju hovudøkosystem: hav, kyst, ferskvatn, våtmark, skog, fjell og ope lågland.

Ved å samle eit stort utval av indikatorar for biologisk mangfald innanfor det same rammeverket bidreg Naturindeksen også til å identifisere viktige kunnskapsbehov for forbetra overvaking av norsk natur.

Naturindeks 2020 samanfattar informasjon om 260 indikatorar, tilrettelagd av ekspertar frå norske faginstitusjonar, og er rekna for åra 1990, 2000, 2010, 2014 og 2019.

For meir informasjon, sjå www.naturindeks.no

For å hindre at artar og naturtypar i norsk natur blir utrydda, må vi vere spesielt merksame på dei artane og naturtypane som er trua. Dette er artar og naturtypar der det er ekstremt høg eller høg risiko for at dei kan forsvinne frå norsk natur. Ein trua art eller naturtype er definert som ein art eller ein naturtype i ein av kategoriane kritisk trua, sterkt trua eller sårbar på Norsk raudliste for artar 2015 eller Norsk raudliste for naturtypar 2018. Tabell 3.1 gjev ei oversikt over trua artar og naturtypar i dei ulike hovudøkosystema. I november 2021 blir ei ny Raudliste for artar lagd fram.

Tabell 3.1 Talet på trua artar og naturtypar i hovudøkosystema

Hovudøkosystema i Noreg

Talet på trua artar1

Talet på trua naturtypar2

Hav og kystvatn

41

6

Elvar og innsjøar

147

4

Våtmark

183

8

Skog

1 122

10

Fjell

87

3

Kulturlandskap og ope lågland

1 187

14

Polare område (Svalbard)

55

8

1 Tala er i utgangspunktet baserte på Norsk raudliste for artar frå 2015, men er litt endra fordi inndelinga av økosystema er endra som følgje av naturmangfaldmeldinga. Ei revidert raudliste for artar vil bli presentert i 2021.

2 Tala er frå Norsk raudliste for naturtypar frå 2018.

Dei områda som er verna etter naturmangfaldlova, utgjer ein viktig del av den norske naturen, og det er ei prioritert oppgåve å halde oppe tilstanden i desse områda ved styrkt forvaltning. Om lag 17,5 pst. av Fastlands-Noreg er no verna som nasjonalparkar, naturreservat, landskapsvernområde eller anna vern. Om lag 80 pst. av det verna arealet på fastlandet blir forvalta av nasjonalpark- og verneområdestyra. Desse er samansette av representantar frå kommunar og fylkeskommunar med tilknyting til verneområdet, i tillegg er representantar oppnemnde av Sametinget med der det er aktuelt.

Om lag 75 pst. av nasjonalparkane, 70 pst. av landskapsvernområda og litt over 20 pst. av naturreservata ligg i fjellet. Om lag 35 pst. av arealet over 900 meter over havet er verna. Det finst naturtypar i fjellet som treng betre vern, men i hovudsak reknar ein målet om representativt vern av fjellet som oppnådd. Sjølv om dette målet er nådd, finst det framleis store område med fjellnatur som har store verneverdiar, utanfor eksisterande verneområde. Bevaring av fleire av dei store, samanhengande naturområda som vi har att i Noreg, er viktig av mange grunnar. Det sikrar samanhengande landskap, det gjer at nokre artar kan tole klimaendringane betre, og det bevarer økologiske nettverk av naturområde. Miljødirektoratet og statsforvaltarane arbeider difor vidare med aktuelle kommunar med tanke på å opprette fleire nasjonalparkar. Ved utgangen av 2020 var 5,1 pst. av skogen verna mot hogst. Av dette var 3,8 pst. produktiv skog. Det er eit mål å verne 10 pst. av skogarealet. Produktiv skog har som hovudregel det største naturmangfaldet, så det blir arbeidd vidare for å verne slik skog. I 2016 var 15,7 pst. av våtmark, 13,6 pst. av elvar og innsjøar og 12,1 pst. av områda i ope lågland, medrekna kulturlandskapet, verna. Nye tal for desse tre hovudøkosystema blir presenterte i løpet av 2021. Sjølv om desse tre økosystema har relativt godt omfang av verna areal, er det framleis behov for å verne fleire naturtypar. Om lag 3,6 pst. av hav og kystvatn innanfor 12 nautiske mil (territorialfarvatnet) er verna. Her er det langt igjen før målet om representativt vern er nådd.

3.2 Kulturminne og kulturmiljø

Nasjonale mål:

  • Alle skal ha høve til å engasjere seg og ta ansvar for kulturmiljø.

  • Kulturmiljø skal bidra til berekraftig utvikling gjennom heilskapleg samfunnsplanlegging.

  • Eit mangfald av kulturmiljø skal takast vare på som grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk.

Dei nasjonale måla er forankra i Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold.

Kulturminne og kulturmiljø er viktige delar av det kollektive samfunnsminnet. Historiske bygningar, bymiljø, landskap og arkeologiske spor er kjelder til historia om samfunnsutvikling, om livet til enkeltmenneske og om korleis menneska har brukt og innretta seg etter naturen og ressursane gjennom tidene. Kulturmiljøpolitikken skal forvalte dei kulturhistoriske verdiane i eit langsiktig perspektiv.

Dei nasjonale måla legg vekt på kor viktig kulturarven er for samfunnet og i arbeidet med å nå FNs berekraftsmål. I meldinga legg regjeringa vekt på at kulturmiljøpolitikken er ein sentral og integrert del av klima- og miljøpolitikken. Denne koplinga til klima- og miljøforvaltninga er blitt aktualisert gjennom den effekten klimaendringane har på kulturminne, kulturmiljø og landskap. Samstundes kan bevaring av kulturhistoriske bygningar og anlegg medverke til reduksjon av klimagassutslepp og til den sirkulære økonomien. Korleis vi handterer den eksisterande bygningsmassen, vil difor vere ein viktig del av løysinga for å nå utsleppsmåla vi har i 2030.

By- og stadutvikling er ein del av løysinga for ei berekraftig utvikling. Kulturarv kan brukast som ein ressurs i samfunnsutviklinga. Transformasjon og ny bruk av eldre bygningsmasse kan medverke til å bevare og vitalisere dei historiske byområda. God arkitektur, historiske bygningar og bymiljø medverkar til stadidentitet og positive opplevingar av sentrum og er ressursar som bør utnyttast for å utvikle attraktive og levelege byar og stader. Å «styrkje innsatsen for å verne om og sikre kultur- og naturarven i verda» er eit eige delmål under FNs berekraftsmål 11 Berekraftige byar og lokalsamfunn, men kulturmiljø medverkar òg til å nå fleire av dei andre berekraftsmåla.

Regionreforma inneber at fylkeskommunane har fått meir mynde og har i hovudsak førstelinjeansvaret for behandling av saker etter kulturminnelova. Regionreforma inneber òg at Riksantikvaren skal vidareutvikle rolla si som fagdirektorat. Riksantikvaren har eit overordna ansvar for gjennomføringa av den nasjonale kulturmiljøpolitikken i Noreg.

Kulturminnefondet er den viktigaste verkemiddelordninga for eigarar av verneverdige kulturminne. Tilskot frå Kulturminnefondet er eit effektivt bidrag til arbeidet med å betre rammevilkåra for private eigarar av kulturminne og til å stimulere til privat verneinnsats. Kulturminnefondet har i 2020 fordelt 120,8 mill. kroner til 687 tiltak som medverkar til at eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø kan nyttast som grunnlag for framtidige opplevingar, kunnskap, utvikling og verdiskaping.

3.3 Friluftsliv

Nasjonale mål:

  • Friluftslivet sin posisjon skal takast vare på og utviklast vidare gjennom varetaking av allemannsretten, bevaring og tilrettelegging av viktige friluftslivsområde og stimulering til auka friluftslivsaktivitet for alle.

  • Naturen skal i større grad brukast som læringsarena og aktivitetsområde for barn og unge.

Friluftsliv gjev auka trivsel, betrar folkehelsa og aukar forståinga og interessa for å ta vare på naturverdiar. Den norske naturen og landskapet, friluftsliv og eit nært forhold til naturen er ein viktig del av det nasjonale medvitet og ein integrert del av livet til mange nordmenn. Friluftsliv er kjenneteikna av koplinga mellom fysisk aktivitet og naturopplevingar og av at friluftsliv som regel ikkje har noko konkurranseelement. Spesielt viktig er naturen i nærmiljøet, som er den klart mest etterspurde arenaen for fysisk aktivitet i kvardagen. Verdien av nærnaturen for friluftsliv kom ikkje minst tydeleg fram under koronasituasjonen i 2020 og 2021, da svært mange brukte nærnaturen til friluftsliv.

Friluftsliv i nærmiljøet er prioritert i alle tilskotsordningane til friluftsliv og i ordninga bevaring av viktige friluftslivsområde gjennom sikring.

Stortingsmeldinga om friluftsliv frå 2016 og Handlingsplan for friluftsliv frå 2018 inneheld ei rekkje tiltak og føringar for å styrkje friluftslivet.

I 2022 vil arbeid med Miljødirektoratets ferdselsåreprosjekt vere høgt prioritert.

For å stimulere barn og unge til friluftsliv er desse gruppene prioriterte i tilskotsordningane til friluftsliv. I tillegg blir det mellom anna gjeve tilskot til Den naturlege skulesekken og Forum for friluftsliv i skulen der bruk av naturen som læringsarena er sentralt. Vidare blir det gjeve øyremerkte tilskot til to ulike prosjekt som kartlegg, definerer suksesskriterium og vidareutviklar vellykka aktivitetstiltak for barn og unge i skule og barnehage og i ferie og fritid. Frå og med 2021 gjev regjeringa òg tilskot til drift og utvikling av turportalen UT.no.

Det er ein lovfesta rett i friluftslova å kunne ferdast fritt og opphalde seg i naturen (allemannsretten) og at ferdsel og opphald i naturen skal vere gratis. Dette er ein viktig føresetnad for at friluftsliv er svært utbreitt i Noreg. Den sterke stillinga allemannsretten har i Noreg, heng nært saman med den vekta naturopplevingar har for folk i det daglege. Informasjon om rettar og plikter etter allemannsretten er prioritert, der eit naturvennleg friluftsliv er sentralt.

3.4 Forureining

Nasjonale mål:

  • Forureining skal ikkje skade helse og miljø.

  • Bruk og utslepp av kjemikaliar på prioritetslista skal stansast.

  • Eksponering av menneske og miljø for radioaktiv forureining skal haldast så låg som mogleg.

  • Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten.

  • Materialattvinning av avfall skal auke.

  • Å sikre trygg luft for innbyggjarane. Basert på dagens kunnskapsstatus blir følgjande nivå sett på som trygg luft:

    • årsmiddel PM10: 20 µg/m3

    • årsmiddel PM2,5: 8 µg/m3

    • årsmiddel NO2: 30 µg/m3

  • Støyplager skal reduserast med 10 pst. innan 2020 i høve til 1999. Talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå, skal reduserast med 30 pst. innan 2020 i høve til 2005. Målet er under revisjon.

Alle har rett til eit miljø som tryggjer helse og velferd, og til ein natur der mangfaldet og produksjonsevna blir teken vare på. Noreg har ambisiøse mål om å redusere forureining. Det overordna målet inneber at forureining ikkje skal skade helse og miljø. Det er òg fastsett meir spesifikke mål for område som har særleg merksemd.

Dei meir spesifikke nasjonale måla for forureining vart endra i 2021. Endringane er gjorde for å få tydeleg fram kva måla omfattar, medan ambisjonsnivået blir vidareført.

For kjemikalieområdet er det gjort tydeleg at mykje av arbeidet spesielt rettar seg mot bruk og utslepp av kjemikaliar som er førte opp på den norske prioritetslista for miljøgifter og andre stoff som utgjer ein alvorleg trussel mot helse og miljø (www.miljostatus.no/prioritetslista). For tida er 68 stoff og stoffgrupper førte opp på lista.

Det er skilt ut eit eige mål for radioaktiv forureining for å få tydeleg fram breidda i arbeidet på området.

Mange miljøgifter er forbodne, både i Noreg og i andre land, og strenge krav har gjort at utslepp frå både landbasert industri og olje- og gassverksemd er kraftig reduserte i Noreg og andre vestlege land. Bruk og utslepp av andre helse- og miljøfarlege stoff har ei tilsvarande utvikling. Det er difor lågare nivå av dei gamle miljøgiftene – som PCB og DDT – i til dømes fisk og skaldyr no enn for 20–30 år sidan.

Samstundes finn vi stadig nye miljøgifter, som bromerte og klorerte flammehemjande stoff og fluorerte sambindingar (PFAS-ar), i norsk natur. Noko kjem av lokale utslepp, men ein god del kjem òg langvegs frå, med luft- og havstraumar frå andre land. Produkta vi omgjev oss med, er òg ei viktig kjelde. Kjelder som produkt, avfall, forureina grunn og sediment fører til at utslepp vil skje i lang tid etter at stoffa er fasa ut av bruk. Nye kjemiske stoff blir utvikla raskt, FN anslår at salet av kjemikaliar globalt vil doblast innan 2030, og at store mengder helse- og miljøfarlege stoff vil sleppast ut i miljøet.

Gammal forureining lagra i jord og sjøbotn kan føre til skade på helse og miljø og vere ei kjelde til spreiing av helse- og miljøskadelege kjemikaliar. Arbeidet med forureina grunn i Noreg har gått for seg i fleire tiår. Kvart år blir eit stort tal på lokalitetar i Noreg undersøkt, registrert og ved behov sanert, og i 2020 vart drygt 2000 lokalitetar registrerte eller oppdaterte med ny informasjon om undersøkingar og tiltak, noko som er det høgaste talet på mange år. Totalt er det no drygt 13 000 lokalitetar i databasen Grunnforurensning, irekna 900 med alvorleg grunnforureining. Arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn følgjer føringane i handlingsplanen om forureina sediment frå 2006. Av dei 17 høgast prioriterte områda for opprydding av forureina sjøbotn er 7 ferdig eller nær ferdig rydda. I tillegg er det ferdig rydda i delar av tre andre av dei høgast prioriterte områda.

Næringssalt (fosfor og nitrogen) og organisk materiale endrar tilstanden i vatn og påverkar algevekst og oksygenforhold for plante- og dyreliv i vassdrag og i kystområda. Dei største landbaserte kjeldene til utslepp av næringssalt er jordbruk og kommunalt avløp. I tillegg blir næringssalt frakta frå Europa til den norske kysten med havstraumar.

Nivået på radioaktiv forureining er generelt lågt. Nedfallet frå ulykka i Tsjernobyl i 1986 er framleis ei viktig kjelde til radioaktivitet i norsk natur.

For petroleumsverksemda er det eit mål at utslepp til sjø av dei mest miljøfarlege tilsette kjemikaliane skal stansast, og at utslepp av prioriterte miljøgifter som finst naturleg, skal stansast eller minimerast. Når det gjeld olje og andre stoff, er målet ingen utslepp eller minimering av utslepp som kan gje skade, jf. Meld. St. 35 (2016–2017) Oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet. Dette nullutsleppsmålet er vidareført i Meld. St. 20 (2019–2020) Helhetlige forvaltningsplaner for de norske havområdene og gjeld for heile den norske sokkelen. Det er framleis behov for tiltak for å nå målet.

Farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til attvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet. I dag blir nær alt farleg avfall attvunne eller levert til godkjend behandling. Innsats for å redusere helse- og miljøskadelege stoff i produkt medverkar òg til å redusere miljøproblema når slike produkt blir til avfall.

Det eine nasjonale målet for avfall vart endra i tråd med regjeringa sitt mål om å sikre ei betre utnytting av ressursane. Dette er i tråd med utviklinga i andre land òg, mellom anna gjennom EUs reviderte rammedirektiv for avfall, der det er sett svært ambisiøse, bindande mål for førebuing til ombruk og materialattvinning av hushaldsavfall og liknande avfall frå næringslivet. Dette er mål Noreg òg blir bunde av gjennom EØS-avtalen. Endringa vil difor i større grad synleggjere formålet med avfallspolitikken. Avfallsmåla slår fast at det er eit nasjonalt mål at veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og at materialattvinning av avfall skal auke. Brutto nasjonalprodukt auka med 2,5 pst. frå 2017 til 2019, medan avfallsmengdene auka med 3,0 pst. i same tidsrom. Med få unntak har avfallsmengdene vakse raskare enn økonomien frå år til år. Vi har såleis ikkje nådd målet. Det er vidare eit mål at materialattvinninga av avfall skal auke. Frå 2018 til 2019 auka materialattvinninga frå 40,5 pst. til 41 pst. (biologisk behandling inngår ikkje i talet). Dette er likevel eit lågare nivå enn for ti år sidan og under dei krava som vart sette av EU for 2020.

Regjeringa har som ambisjon at havområde og ferskvatn ikkje skal tilførast plastavfall og mikroplast. I Noreg er det forbod mot å forsøple. Internasjonalt er det etter forslag frå Noreg òg semje om å stanse all tilførsel av plastavfall og mikroplast til havet på sikt. Avfallsførebygging og god handtering av avfall er avgjerande for å førebyggje marin forsøpling. Ei rekkje nye tiltak for å redusere tilførslane av plast og mikroplast er sette i verk i Noreg, og fleire er under utgreiing og førebuing. Opprydding må òg prioriterast i kystnære område og langs elvar og vassdrag der det kan gjennomførast effektivt og med metodar som ikkje gjev annan miljøskade.

Gjennom Montrealprotokollen forpliktar medlemslanda seg til å fase ut bruken av gassar som er skadelege for ozonlaget. Bruken av stoffa er på verdsbasis redusert med over 98 pst., og overvakingsresultat viser no at ozonlaget er i ferd med å bli tjukkare. Noreg oppfyller forpliktingane i Montrealprotokollen.

Internasjonale avtalar har redusert tilførslane av langtransportert luftforureining sidan 1980. Likevel vil vassforsuring framleis vere eit problem i store delar av Noreg i fleire tiår framover utan ytterlegare utsleppsreduksjonar. Nasjonalt har Noreg redusert eller ligg godt an til å redusere dei samla årlege utsleppa av svoveldioksid, nitrogenoksid, flyktige organiske sambindingar og små helseskadelege partiklar (PM2,5) i tråd med dei internasjonale forpliktingane i Göteborgprotokollen og i EØS-avtalen. For utslepp av ammoniakk må verkemiddelbruken forsterkast for at Noreg skal overhalde forpliktingane i dei internasjonale avtalane.

Frå 1. januar 2022 blir det nasjonale målet for årsmiddelen for nitrogendioksid (NO2) endra frå 40 til 30 mikrogram per kubikkmeter utandørs luft. Oppdateringa er basert på ny kunnskap frå Folkehelseinstituttet og Miljødirektoratet om helseeffektar ved langvarig eksponering for NO2.

Både for nitrogendioksid (NO2) og svevestøv (PM10 og PM2,5) er det i tillegg til nasjonale mål fastsett juridisk bindande grenseverdiar i forureiningsforskrifta. Grenseverdiane for svevestøv vart stramma inn frå 1. januar 2016, og i 2020 leverte Miljødirektoratet, Vegdirektoratet og Folkehelseinstituttet ei utgreiing på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet, Samferdselsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet der dei tilrår ei ytterlegare skjerping av grenseverdiane for svevestøv (rapport M-1669/2020). Regjeringa har sendt forslaget på høyring. I høyringa blir grenseverdien for årsmiddel PM10 foreslått endra frå 25 til 20 mikrogram per kubikkmeter og for årsmiddel PM2,5 frå 15 til 10 mikrogram per kubikkmeter. I tillegg blir det foreslått å skjerpe talet på tillatne overskridingar av døgnmiddelgrensa for PM10, frå maksimalt 30 til maksimalt 25 overskridingar av 50 mikrogram per kubikkmeter. Regjeringa foreslår nye, strammare grenseverdiar for svevestøv frå 1. januar 2022.

Vidare har Miljødirektoratet på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet utarbeidd forslag til endringar i forureiningsforskrifta kapittel 7 om lokal luftkvalitet. Formålet med endringane er å auke gjennomføringsevna til aktørane og å betre etterlevinga av regelverket. Det viktigaste grepet er å forenkle og omstrukturere forskrifta for å gjere ho meir brukarvennleg. I tillegg er det mellom anna foreslått å gje statsforvaltaren ei rolle innan lokal luftkvalitet, å utvide moglegheita kommunane har til å sikre at nødvendige tiltak blir gjennomførte, og å gje Miljødirektoratet fleire styringsverktøy for å sikre at regelverket blir følgt opp. Forslaget til forskriftsendringar vart sendt på høyring i juli 2021 med høyringsfrist 1. oktober 2021.

Det er ein nedgåande trend for NO2 i norske kommunar. Alle kommunar heldt seg innanfor det nasjonale målet og grenseverdien for NO2 dei tre siste åra. Svevestøvnivåa varierer frå år til år, og grenseverdien blir framleis overskriden i enkelte kommunar enkelte år. I 2020 vart grenseverdien for svevestøv PM10 broten i Oslo og Lørenskog. Kommunane hadde eitt målepunkt med fleire døgn med nivå over 50 mikrogram per kubikkmeter PM10 enn det som er tillate i forureiningsforskrifta. Det nasjonale målet for PM10 på 20 mikrogram per kubikkmeter luft i årsmiddel vart overskride i Oslo, Drammen, Lørenskog og Kristiansand i 2020. Det var ingen overskridingar av grenseverdien for PM2,5 eller det nasjonale målet for PM2,5 i 2020.

Talet på støyplaga personar blant dei som var utsette for høg utandørs støy ved bustaden i 1999, er redusert med 9 pst. mellom 1999 og 2019. I denne utrekninga er det ikkje teke omsyn til befolkningsvekst eller tilflytting til område som er plaga av støy. Generelt vil trafikkvekst og befolkningsvekst i område påverka av støy føre til fleire støyutsette, noko som forklarer kvifor vi samstundes opplever ein generell auke i talet på nordmenn som er utsette for støy. Vegtrafikk er den desidert viktigaste kjelda til støyplager i Noreg i dag og står for over 90 pst. av den utrekna støyplaga. Talet på personar utsette for høg innandørs støy aukar. Noreg når i dag ikkje dei fastsette nasjonale måla for reduksjon av støyplage.

3.5 Klima

Nasjonale mål:

  • Noreg skal fram til 2020 kutte i dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990.

  • Noreg har under Parisavtalen teke på seg ei forplikting om å redusere utsleppa av klimagassar med minst 50 pst. og opp mot 55 pst. innan 2030 samanlikna med 1990.

  • Noreg skal vere klimanøytralt frå og med 2030.

  • Noreg har lovfesta eit mål om å bli eit lågutsleppssamfunn i 2050.

  • Medverke til at redusert og reversert tap av tropisk skog gjev eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfald og ei meir berekraftig utvikling

  • Det er eit politisk mål at samfunnet skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane.

Resultatområdet Klima omfattar arbeidet med å redusere utslepp og auke opptak av klimagassar, internasjonal klimafinansiering og klimatilpassing.

Dei nasjonale måla for klima er forankra gjennom klimaforliket (Innst. 390 S (2011–2012) til Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk) og Stortingets behandling av stortingsmeldinga om ny utsleppsforplikting for 2030 (Innst. 211 S (2014–2015) til Meld. St. 13 (2014–2015) Nye utslippsforpliktelser for 2030 – en felles løsning med EU), samtykkeproposisjonen om felles oppfylling med EU av utsleppsmålet for 2030 (Prop. 94 S (2018–2019)), stortingsmeldinga om klimatilpassing i Noreg (Meld. St. 33 (2012–2013)), proposisjonen om samtykke til ratifikasjonen av Parisavtalen (Innst. 407 S (2015–2016) til Prop. 115 S (2015–2016)), lov om klimamål (klimalova) av 16. juni 2017, Noregs innmelding av forsterka mål til Parisavtalen den 7. februar 2020 og Klimaplan for 2021–2030 (Meld. St. 13 (2020–2021)).

Boks 3.2 Ambisjonen for innanlandske utsleppskutt i 2020

I klimaforliket frå 2008 vart det lagt til grunn at det kunne vere realistisk å ha eit mål om å redusere dei innanlandske klimagassutsleppa med 15–17 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2020, samanlikna med referansebanen slik han vart presentert i nasjonalbudsjettet 2007, når nettoopptak i skog vart inkludert med 3 mill. tonn CO2 i ein norsk utsleppsrekneskap for 2020. Dette vart i samband med behandlinga av energimeldinga (Innst. 401 S (2015–2016)) operasjonalisert, og det står at dei innanlandske utsleppa ikkje skal overstige 45–47 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2020. Ambisjonen er basert på utsleppsrekneskapen frå 2007. For å ta omsyn til mellom anna endringar i retningslinjene for utsleppsberekningar er rekneskapen teknisk justert slik at intervallet no er endra til 46–48 mill. tonn (sjå KLDs budsjettproposisjon, Prop. 1 S (2019–2020)). Dette inkluderer ikkje skog. Eventuelle bidrag frå opptak i skog ville komme i tillegg og auke ambisjonsnivået utover dette. Med Kyotoprotokollens bokføringsreglar får Noreg nytte ein avgrensa del av opptaket i skogen til å oppfylle utsleppsforpliktinga for 2020. Utslepp frå avskoging m.m. gjer at vi samla sett ikkje ventar at sektoren vil medverke til å oppfylle utsleppsforpliktinga for 2020.

Dei førebelse utsleppstala frå Statistisk sentralbyrå viser at Noreg hadde utslepp av innanlandske klimagassar på 49,3 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2020. Dette er 1,3 mill. tonn meir enn ambisjonen.

Ambisjonen om nasjonale utsleppsreduksjonar i 2020 i klimaforliket frå 2008 var basert på SFTs tiltaksanalysar (no Miljødirektoratet), eksisterande verkemiddelbruk og dei sektorvise klimahandlingsplanane. Det vart samstundes presisert at dei sektorvise måla var baserte på anslag, og at dei ville måtte revurderast dersom endringar i framtidige prognosar, kostnader, teknologiutvikling eller andre vesentleg endra føresetnader skulle tilseie det. I både klimaforliket frå 2008 og 2012 vart det peikt på at uvissa er stor når det gjeld den økonomiske og teknologiske utviklinga, og når det gjeld effekten av verkemiddel. I klimaforliket frå 2012 vart det understreka at teknologiutviklinga, kostnadene ved klimatiltak, folkeveksten, den økonomiske veksten og utsleppsutviklinga innanfor petroleumssektoren ville ha innverknad på når ambisjonen blir nådd.

Befolkningsveksten og veksten i utsleppa frå petroleumssektoren har vore vesentleg høgare enn ein antok i 2007. På enkelte område har utvikling av lågutsleppsteknologi gått saktare enn venta. Kostnadene ved å nå ambisjonen for 2020 har vist seg å bli vesentleg høgare enn det som var venta i 2007. Desse faktorane trekkjer i retning av at ambisjonen om innanlandske utsleppskutt vil bli oppfylt seinare enn i 2020. For delar av vegtransporten har den teknologiske utviklinga gått hurtigare enn lagt til grunn, men har førebels gjeve avgrensa utslag i faktiske utslepp.

SSB har i samband med publisering av dei førebelse utsleppstala for 2020 oppdaga og retta fleire feil i utsleppsrekneskapen. Feila dreidde seg i hovudsak om salstal for marine gassoljar og autodiesel for 2012–2019, i tillegg til feil i tala for kysttrafikken heilt tilbake til 1990. Samla sett gjorde desse endringane at utsleppa i 2020 var om lag 0,7 mill. tonn CO2-ekvivalentar høgare enn kva dei elles ville vore, noko som har gjort det vanskelegare enn først venta å nå målet for 2020.

I sum viser dei førebelse utsleppstala for 2020 at ein ikkje ligg fullt ut an til å nå ambisjonen om innanlandske utsleppskutt. Dette kjem både av feil i utsleppsstatistikken og at utviklinga av utsleppsteknologi på nokre område har gått saktare enn venta. Men utsleppstala har gått nedover og er i 2020 om lag 4,3 mill. tonn CO2-ekvivalentar lågare enn da regjeringa overtok i 2013.

Noregs mål for 2020 blir følgt opp under Kyotoprotokollen. Noregs nasjonalt fastsette bidrag under Parisavtalen er å redusere utsleppa med minst 50 pst. og opp mot 55 pst. innan 2030 samanlikna med 1990-nivå. Dette målet er lovfesta i klimalova. Målet om at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050, er òg lovfesta i klimalova. Innan 2050 skal klimagassutsleppa reduserast med 90–95 pst. samanlikna med utsleppsnivået i 1990.

I Statistisk sentralbyrås førebelse utsleppsrekneskap var Noregs utslepp i 2020 på 49,3 mill. tonn CO2-ekvivalentar, om lag 1,7 mill. tonn lågare enn året før (sjå tabell 3.2). Opptak og utslepp i skog- og arealbrukssektoren er ikkje med i utsleppsrekneskapen. Klimagassutsleppa nådde ein topp i 2007 med 56,5 mill. tonn CO2-ekvivalentar, men har sidan blitt redusert noko – dette trass i at Noreg har hatt ein vesentleg vekst i folketalet og i økonomien. Klimagassutsleppa per person har gått ned frå over 12 tonn CO2-ekvivalentar per person i 2007 til 9,2 tonn i 2020 (sjå figur 3.1).

Figur 3.1 Tonn utslepp av CO2-ekvivalentar, per person.

Figur 3.1 Tonn utslepp av CO2-ekvivalentar, per person.

Kjelde: SSB-tabell 08940 og 07459.

Petroleumssektoren er den største utsleppskjelda i Noreg, tett følgd av industri og vegtrafikk. Sjå nærmare i tabell 3.2 og omtale i klimalovrapporteringa i del IV.

Figur 3.2  Utslepp per mill. kroner bruttoprodukt (faste 2015-prisar).

Figur 3.2 Utslepp per mill. kroner bruttoprodukt (faste 2015-prisar).

Utsleppsintensitetane blir berekna etter definisjonane i nasjonalrekneskapen, det vil seie at utslepp til luft frå all norsk økonomisk aktivitet blir berekna. For rapportering til Kyotoprotokollen og andre internasjonale rapporteringar for utslepp til luft blir det nytta ein geografisk definisjon av Noreg, og utsleppstala er i hovudsak fordelte etter kjelder (prosessutslepp og utslepp frå stasjonær og mobil forbrenning), uavhengig av kva for næringar som genererer aktivitetane. Produksjon blir erstatta med konsum for hushalda.

Kjelde: SSB-tabell 09298.

Tabell 3.2 Utslepp av klimagassar. Mill. tonn CO2-ekvivalentar (førebelse tal for 2020)

Mill. tonn 2020

Endring i pst.

Sidan 1990

2007–2020

2015–2020

2019–2020

Utslepp frå norsk territorium

49,3

-3,9

-12,8

-9,4

-3,4

Av dette:

Olje- og gassutvinning

13,3

62,7

-12,1

-10,6

-4,4

Industri og bergverk

11,4

-42,2

-21,5

-4,5

-1,6

Vegtrafikk

8,4

13,1

-16,3

-18,4

-3,9

Luftfart, sjøfart, fiske, motorreiskap m.m.

7,3

38

4,2

-2,8

-4,5

Jordbruk

4,4

-6,6

0

-1,2

-0,2

Energiforsyning

1,6

288

68,1

-5,8

-1,9

Oppvarming i andre næringar og hushald

0,6

-79,7

-67,4

-41,2

-18,8

Andre kjelder

2,2

-17,1

-15,3

-13,1

-3,2

Tala omfattar ikkje utanriks sjø- og luftfart eller opptak eller utslepp frå skog og arealbruk.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Under Kyotoprotokollen tok Noreg på seg ei utsleppsforplikting som inneber at Noreg skal syte for at dei årlege utsleppa av klimagassar i perioden 2013–2020 i gjennomsnitt er 16 pst. lågare enn Noregs utslepp i 1990. Kyotoprotokollen etablerer på denne måten eit utsleppsbudsjett for perioden 2013–2020 som er i tråd med 2020-målet om å kutte dei globale utsleppa av klimagassar i 2020 tilsvarande 30 pst. av norske 1990-utslepp.

Klimaforliket frå 2008 gjev ein ambisjon for kor stor del av 2020-målet som skal oppfyllast gjennom innanlandske utsleppsreduksjonar. Ambisjonen er å redusere dei innanlandske utsleppa i 2020 frå eit berekna nivå på 60,6 mill. tonn ned til 46–48 mill. tonn, jf. boks 3.2 om ambisjonen om innanlandske utsleppskutt.

Den globale klimaavtalen som vart vedteken i Paris i desember 2015, legg grunnlaget for norsk klimapolitikk. Regjeringa ratifiserte Parisavtalen i juni 2016, i tråd med Stortingets samtykke (Prop. 115 S (2015–2016)). På grunnlag av innstillinga til proposisjonen om samtykke til ratifikasjon av Parisavtalen, Innst. 407 S (2015–2016), har Stortinget vedteke at regjeringa skal leggje til grunn at Noreg frå og med 2030 skal vere klimanøytralt. Sjå del I, Oppfølging av oppmodingsvedtak, for meir informasjon.

Noregs klimamål under Parisavtalen er å redusere utsleppa av klimagassar med minst 50 pst. og opp mot 55 pst. i 2030 samanlikna med nivået i 1990. Regjeringa ønskjer å oppfylle det forsterka målet saman med EU. Gjennom klimaavtalen med EU har Noreg allereie forplikta seg til å samarbeide med EU om å redusere utsleppa med minst 40 pst. innan 2030 samanlikna med 1990-nivå. EU melde i desember 2020 inn eit forsterka klimamål under Parisavtalen. Det forsterka målet deira er å redusere netto utslepp med minst 55 pst. innan 2030.

Regjeringa la i januar 2021 fram ei melding til Stortinget om klimaplan for 2021–2030. Meldinga viser korleis regjeringa planlegg å oppfylle forpliktinga Noreg har under Parisavtalen om utsleppskutt på minst 50 og opp mot 55 pst. i samarbeid med EU. Ein sentral del av planen er konkrete verkemiddel for korleis innanlandske ikkje-kvotepliktige utslepp kan reduserast med 45 pst. Ein nærmare omtale av klimamåla og klimaavtalen med EU, og ein omtale av Europakommisjonen sitt forslag til forsterka klimaregelverk som vart lagt fram sommaren 2021, er å finne i klimalovrapporteringa i del IV.

For 2050 er målet at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn. Med lågutsleppssamfunn er det meint eit samfunn der klimagassutsleppa – ut frå beste vitskaplege grunnlag, utsleppsutviklinga globalt og nasjonale omstende – er reduserte for å motverke skadelege verknader av global oppvarming slik det er gjort greie for i Parisavtalen artikkel 2 nr. 1 bokstav a (temperaturmålet). Klimagassutsleppa skal reduserast i storleiksordenen 90–95 pst. Ved vurdering av måloppnåing skal det takast omsyn til effekten av EUs kvotesystem. Regjeringa sette i august i år ned eit offentleg utval som skal gjere ei heilskapleg utgreiing av vegvala Noreg står overfor for å nå klimamålet for 2050. Utvalet skal levere rapporten sin 1. november 2023.

Lov om klimamål (klimalova) lovfestar klimamåla for 2030 og 2050. Regjeringa rapporterer om arbeidet med å nå klimamåla for 2030 og 2050 i rapporteringa etter klimalova, sjå del IV i budsjettproposisjonen.

I tillegg til den nasjonale innsatsen medverkar Noreg til globale utsleppsreduksjonar gjennom mellom anna innsats for å bevare tropisk skog i utviklingsland. Innsatsen skjer gjennom Klima- og skoginitiativet, som er ein del av norsk offentleg bistand. Klima- og skoginitiativet er eit resultat av klimaforliket i 2008 og vart vidareført i forliket i 2012. Gjennom Meld. St. 24 (2016–2017) er det vedteke at initiativet skal førast vidare på eit høgt nivå fram til 2030. Klima- og skoginitiativet har som mål å medverke til at redusert og reversert tap av tropisk skog gjev eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfald og ei meir berekraftig utvikling. Satsinga har inngått partnarskap med ei rekkje sentrale skogland konsentrerte rundt dei tre store regnskogbassenga i verda: Amazonas, Kongobassenget/Sentral-Afrika og Indonesia.

Norsk bistand til klima blir styrkt med 1,9 mrd. kroner i 2022. Regjeringa etablerer eit nytt klimafond som skal investere i fornybar energi i utviklingsland med mål om å bidra til reduserte klimagassutslepp. Klimainvesteringsfondet vil bli tilført 1 mrd. kroner årleg over statsbudsjettet over 5 år. Norfund, statens investeringsfond for næringsverksemd, set i tillegg av 1 mrd. kroner årleg av sin eigen kapital til fondet. Norfund får ansvaret for å forvalte fondet. Det blir òg ei styrka satsing på bistand til klimatilpassing i 2022 for å følgje opp regjeringa sin strategi for klimatilpassing, førebygging og kampen mot svolt. Det grøne klimafondet er hovudkanalen for klimafinansiering under klimakonvensjonen. Regjeringa gjev eit bidrag til Det grøne klimafondet på 800 mill. kroner årleg i perioden 2020–2023. For å utløyse ytterlegare klimainnsats internasjonalt prioriterer Noreg i tillegg samarbeid om utsleppsreduksjonar gjennom kvotekjøp, utvikling av nye marknadsmekanismar og støttar ulike kapasitetsbyggingsprogram.

Klima- og skoginitiativet og annan internasjonal innsats er nærmare omtalte i del II, programkategori 12.70.

Samfunnet skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane. Klimaet endrar seg allereie, og endringane påverkar både natur og samfunn. Klimaframskrivingar presenterte i rapportane Klima i Norge 2100 og Climate in Svalbard 2100 gjev oppdatert kunnskap om korleis klimaendringane kan bli i Noreg i åra framover. Framskrivingane i rapporten har teke utgangspunkt i ulike utsleppsscenario og viser at vi med ein framleis rask auke i klimagassutsleppa mellom anna må vente ein markant auke i temperaturen og at styrtregnepisodane kjem oftare og kraftigare. Tilsvarande kan regnflaumane bli hyppigare og større. På grunn av stigande havnivå vil òg fleire område knytte til Fastlands-Noreg som ikkje er utsette for overfløyming ved stormflod i dag, kunne bli utsette for dette i framtida. På Svalbard vil permafrosten bli varmare over heile øya, og dei øvste metrane vil tine i kystområda.

Rapportane viser òg at med reduserte klimagassutslepp vil klimaendringane bli langt mindre, sjølv om ein på Svalbard allereie har hatt ei kraftig oppvarming. Det er gjeve ein utfyllande omtale av status på klimatilpassingsarbeidet i del IV.

3.6 Polarområda

Nasjonale mål:

  • Omfanget av villmarksprega område skal haldast ved lag, og naturmangfaldet skal bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet.

  • Dei 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa på Svalbard skal sikrast gjennom ei føreseieleg og langsiktig forvaltning.

  • Negativ menneskeleg påverknad og risiko for påverknad på miljøet i polarområda skal reduserast.

Noreg har eit særskilt ansvar som miljøforvaltar i nordområda og på Svalbard, og eit av hovudmåla for norsk svalbardpolitikk er å ta vare på den særeigne villmarksnaturen på Svalbard. Dei spesifikke miljømåla for Svalbard går fram av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard, jf. Innst. 88 S (2016–2017). Der er det slått fast at innanfor dei rammene traktats- og suverenitetsmessige omsyn set, skal miljøomsyn vege tyngst ved konflikt mellom miljøvern og andre interesser.

På Svalbard er no i overkant av 67 pst. av landområdet og 88 pst. av territorialfarvatnet freda som naturreservat og nasjonalparkar. Samstundes har områda ein verdifull kulturarv og stor verdi som kjelde til kunnskap og naturoppleving. Dyrelivet er i utgangspunktet freda, og fleire artar har hatt ein kraftig vekst etter tidlegare for sterk utnytting. Nokre av pattedyr- og fugleartane har ikkje klart å komme tilbake til tidlegare nivå.

Raske klimaendringar gjev store utfordringar for miljøvernet og lokalsamfunna på Svalbard. Rapporten Climate in Svalbard 2100 bereknar klimaendringane på Svalbard fram mot år 2100 for å gje eit kunnskapsgrunnlag for klimatilpassing.

Mindre is og villare vêr gjev større erosjon på strendene, og kulturminna som ligg nær sjøen, står i fare for å rase i havet. For kulturminne med særleg høg kulturhistorisk verdi og/eller opplevingsverdi vil det vere aktuelt å setje i gang førebyggjande tiltak for å motverke ròteskadar eller erosjon. Målet er å sikre dei kulturminna med høgast prioritet i «Kulturminneplan for Svalbard 2013–2023». For enkelte særleg verdifulle kulturminne som står i fare for å gå tapt, er det aktuelt å utføre dokumentasjon eller arkeologisk nødutgraving.

Det er viktig å beskytte villmarksområda på Svalbard med naturverdiar, biologisk mangfald og kulturminne i ein situasjon med raske endringar i klimaet, der både natur og kulturminne er meir sårbare for belastninga av ferdsel. Reduksjon av andre påverknadsfaktorar er den mest effektive – og ofte einaste – moglege forma for klimatilpassing når det gjeld å ta vare på biologisk mangfald og kulturmiljø på Svalbard. Nytt regelverk knytt til ferdsel blir difor viktig.

Noreg medverkar til ei cirkumpolar, heilskapleg tilnærming for å handtere miljøutfordringane i Arktis gjennom aktiv deltaking i Arktisk råd og arbeidsgruppene til rådet. Under Arktisk råd samarbeider dei åtte arktiske landa om klima, miljø og berekraftig utvikling og utarbeider vitskapleg baserte vurderingar av klimaendringane og utviklinga av miljøtilstanden i Arktis. Dette arbeidet gjev viktig kunnskapsgrunnlag for internasjonale avtalar som gjeld forureining og klima, og for nasjonal forvaltning. Under Arktisk råd har dei arktiske landa òg forhandla fram avtalar om oljevern, søk og redning og samarbeid om forsking i Arktis.

Noreg og Russland har felles ansvar for forvaltning av miljø, artar og naturressursar i Barentshavet og grenseområda. Eit breitt og effektivt miljøvernsamarbeid med Russland, tufta på gjensidig interesse, står sentralt. Havmiljø og grensenært miljøvernsamarbeid er særskilt prioriterte i samarbeidet under den norsk-russiske miljøvernkommisjonen.

Barentssamarbeidet er viktig for å styrkje grenseoverskridande kontakt og problemløysing og for å fremje berekraftig utvikling i Barentsregionen.

I Antarktis har Noreg, som part til Antarktistraktaten, òg forplikta seg til eit omfattande vern av miljøet. I Meld. St. 32 (2014–2015) Norske interesser og politikk i Antarktis er det slått fast at Noreg framleis vil vere ein pådrivar for å verne om miljøet i Antarktis og tryggje dette området som eit referanseområde for forsking i samband med den viktige stillinga dette området har når det gjeld globale klima- og miljøendringar.

Det siste tiåret er det gjennomført ei rekkje miljøtiltak i tråd med miljøprotokollen, og Antarktis står i dag fram som eit av dei siste store urørte naturområda i verda. Marine verneområde er viktige områdebaserte tiltak, mellom anna for å ta vare på og sikre berekraftig bruk av marine ressursar og økosystem. I 2016 vart marine verneområde i Rosshavet vedtekne. Noreg deltek aktivt i arbeidet med nye marine verneområde i Antarktis, og Norsk Polarinstitutt vil i 2021 arbeide vidare med kunnskapen om økosystema i Weddelhavet / Kong Haakon VIIs hav utanfor Dronning Mauds Land, basert på data som vart samla inn under toktet til Sørishavet i Antarktis sørsommaren 2019.

Dei siste tiåra er det registrert betydeleg oppvarming over enkelte delar av Antarktis, og vi får nyheiter om at store flak av isbremmane går av og driv til havs. Spesialrapporten om hav og is frå FNs klimapanel (Special Report on the Ocean and Cryosphere in a Changing Climate) frå september 2019 peiker på at vi treng meir kunnskap om Antarktis og kva endringane der vil ha å seie for det globale klimaet og havnivået i framtida. Det er ei prioritert forskingsoppgåve å få meir kunnskap om samspelet mellom isbremmane, innlandsisen og havet og kva dette inneber for framtidig havnivåstiging og andre globale klima- og miljøspørsmål.

4 Hovudprioriteringar i Klima- og miljødepartementets budsjett for 2022

Forslaget til budsjett for Klima- og miljødepartementet har ei utgiftsramme på 17 054,96 mill. kroner i 2022, mot 16 776,073 mill. kroner i 2021. Dette er ein netto auke på 278,887 mill. kroner, eller 1,7 pst. frå saldert budsjett 2021.

Utgiftene under Klima- og miljødepartementet aleine gjev ikkje eit fullstendig uttrykk for regjeringa sine samla politiske prioriteringar av klima og miljø. Klima- og miljøpolitikken blir i stor grad ført ved hjelp av skattar, avgifter og regulering.

Regjeringa vil føre ein ambisiøs klima- og miljøpolitikk som byggjer på forvaltaransvaret og føre-var-prinsippet. Noreg skal vere ein pådrivar i det internasjonale klimaarbeidet for å nå måla i Parisavtalen og omstille seg slik at vi oppfyller klimaforpliktingane våre. Regjeringa følgjer i budsjettet for 2022 opp Klimaplan for 2021–2030 (Meld. St. 13 (2020–2021). Klimaplanen viser korleis vi skal nå klimamålet for 2030 som vi har meldt inn under Parisavtalen. Tiltak for å redusere klimagassutslepp og tilpasse samfunnet til klimaendringane er ei av hovudprioriteringane for regjeringa. Viktige klimapolitiske satsingar ligg òg under budsjetta for andre departement.

Som ein del av oppfølginga av Klimaplan for 2021–2030 foreslår regjeringa å auke CO2-avgifta til 688 kr/tonn frå 2022. Dette er i tråd med opptrappinga til 2 000 kroner i 2030 som vart signalisert i Klimaplan for 2021–2030. Regjeringa vil ikkje kompensere auken i CO2-avgifta med redusert vegbruksavgift. For å redusere kostnadene for personar som reiser mykje i samband med arbeid, og for å unngå at klimaeffekten av CO2-avgifta blir motverka, foreslår regjeringa i staden å auke reisefrådraget. I tillegg foreslår regjeringa ei gradvis oppheving av fritaket i CO2-avgifta for naturgass og LPG til veksthusnæringa og å innføre avgift på forbrenning av avfall. For fleire detaljar om justeringar, sjå «Skatter, avgifter og toll» (Prop. 1 LS (2021–2022)). Klimarelevante satsingar under andre departement som blir følgde opp i 2022-budsjettet, er mellom anna på pilotprosjekt for fossilfrie anleggsplassar i transportsektoren på Samferdselsdepartementet sitt budsjett. Dette er ei oppfølging av Klimaplanen. Det er også sett av pengar til ei ny tilskotsordning for mindre byar, som skal gå til kollektiv-, gang- og sykkeltiltak, på Samferdselsdepartementet sitt budsjett.

Regjeringa vil halde fram med den betydelege satsinga gjennom Enova og har spissa Enova som klimaverkemiddel i samband med den fireårige styringsavtalen for 2021–2024. Enova er eit sentralt verkemiddel i arbeidet med å fremje innovasjon og utvikling av nye klima- og energiløysingar og i oppfølginga av klimaplanen for 2021–2030.

Regjeringa ønskjer å gjere økonomien meir sirkulær for å halde verdiane av ressursane lenger i krinsløpet og bruke dei meir effektivt. Å omstille til ein meir sirkulær økonomi vil bidra til å nå vedtekne klima- og miljømål og FNs berekraftsmål. Regjeringa vil prioritere å følgje opp den nasjonale strategien for ein grøn, sirkulær økonomi. Regjeringa fører vidare dei 30 mill. kroner som vart satt av til oppfølging av den nasjonale strategien for sirkulær økonomi. Arbeidet held fram i 2022.

Regjeringa er oppteken av å styrkje det lokale og regionale klimaarbeidet og foreslår å føre vidare tilskotsordninga Klimasats i 2022 med ei ramme for nye tilsegner på 200 mill. kroner. Ordninga skal fremje klimatiltak i kommunar, fylkeskommunar og Longyearbyen lokalstyre ved å støtte prosjekt som medverkar til reduksjon i utslepp av klimagassar og omstilling til lågutsleppssamfunnet. Delmåla til tilskotsordninga er å bidra til a) at kommunen, fylkeskommunen og Longyearbyen lokalstyre integrerer klimaomsyn i aktivitetane sine, og b) at kommunen, fylkeskommunen og Longyearbyen lokalstyre styrkjer rolla som samfunnsutviklar og pådrivar som legg til rette for samarbeid på klimaområdet mellom ulike aktørar. I 2022 skal Miljødirektoratet særleg prioritere tiltak som bidreg til meir varige omstillingstiltak, systemendring og innovasjon i kommunane.

Grøn skipsfart er ein viktig del av arbeidet for å innfri klimaforpliktingane våre og eit satsingsområde i klimapolitikken til regjeringa. Regjeringa vil halvere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030 og stimulere til utvikling av null- og lågutsleppsløysingar i alle fartøykategoriar. Utveklinga i retning av nullutslepp har kommet lengst innanfor ferjesektoren. For større skip, som opererer over lengre strekningar, er det behov for betydeleg forskings- og utviklingsinnsats for å utvekle nullutsleppsløysingar. Regjeringa foreslår å løyve 40 mill. kroner til ein eiga forskings- og utveklingsinnsats på nullutsleppsløysingar for slike fartøy. Regjeringa foreslår òg å føre vidare ordninga for innfasing av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale samband med ei ramme for nye tilsegner på 40 mill. kroner i 2022.

Regjeringa vil ta vare på naturen og økosystema våre. Arbeidet med å sikre god tilstand i økosystema, hindre tap av artar og naturtypar og sikre eit representativt utval av natur for kommande generasjonar held fram i 2022. Regjeringa har høge ambisjonar for det internasjonale arbeidet med å stoppe det globale tapet av naturmangfald og tek ei aktiv rolle i forhandlingane om eit nytt globalt rammeverk for naturmangfald. Rammeverket er venta sluttført i 2022. Regjeringa vil ha eit sterkt og effektivt rammeverk med eit godt system for etterleving. Noreg har mellom anna slutta seg til viktige koalisjonar for natur som skal arbeide for eit globalt mål om 30 pst. vern og anna bevaring innan 2030. Noreg arbeider òg for ei global omlegging til berekraftig bruk. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av det globale rammeverket for naturmangfald på eigna måte så fort som mogleg etter at rammeverket er på plass.

Stortingets behandling av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet er grunnlaget for arbeidet med å ta vare på norsk natur. Regjeringa vil halde fram med å utvikle ei meir heilskapleg forvaltning av økosystema på tvers av sektorar. For 2022 foreslår regjeringa å auke løyvinga til å restaurere natur med 4 mill. kroner. Vidare blir det foreslått å auke løyvinga til å følgje opp ny tiltaksplan for pollinerande insekt med 1 mill. kroner. Regjeringa vil løyve 10 mill. kroner til å følgje opp heilskapleg tiltaksplan for Oslofjorden i 2022, og som ein del av dette blir det foreslått å etablere ei tilskotsordning med juridisk bistand for kommunane langs Oslofjorden for å betre tilgangen til strandsona. Vidare har kommunane ei særleg viktig rolle i arealplanlegginga i Noreg, og regjeringa foreslår å styrkje tilskotsordninga der kommunar kan søkje om midlar til å lage kommunedelplanar for natur, med 2 mill. kroner. Regjeringa vil òg prioritere å ta vare på vill laksefisk og foreslår å løyve 15,3 mill. kroner til tiltak mot pukkellaks i 2022. I tillegg blir det foreslått å auke budsjettet med 9 mill. kroner til ein storstilt aksjon for å fjerne lakseparasitten Gyrodactylus salaris frå Driva-vassdraget.

Eit godt kunnskapsgrunnlag om naturmangfald er avgjerande i arbeidet med ei økosystembasert forvaltning. Midlar til arbeidet med å betre kunnskapen om naturmangfaldet gjennom kartlegging og overvaking blir vidareførte på om lag same nivået som i 2021.

Regjeringa vil halde fram arbeidet med å styrkje friluftslivet gjennom sikring og tilrettelegging av viktige friluftslivsområde og stimulering til auka friluftslivsaktivitet for alle. Ordninga Nasjonale turiststiar vil bli vidareutvikla med sikte på å betre tryggleiken og medverke til at opplevings- og naturverdiar blir tekne vare på. Tilskot til utvikling av grøntområde i områdesatsingane i Oslo blir vidareførte.

Det grunnleggjande arbeidet for å motverke forureiningar vil halde fram. Ein ny handlingsplan for ein giftfri kvardag for perioden 2021–2024 gjev føringar for arbeidet med å fase ut farlege stoff. Regjeringa vil fortsetje arbeidet med plastforureining, mellom anna gjennom å føre vidare Noregs internasjonale leiarrolle i dette arbeidet og få på plass ein ny global avtale. Regjeringa foreslår òg å føre vidare tilskotsordninga til tiltak mot marin forsøpling. Direktoratet for atomtryggleik og strålevern er foreslått styrkt med 7,5 mill. kroner til auka kompetanse i samanheng med dekommisjonering av reaktorane på Kjeller og i Halden.

Regjeringa vil styrkje arbeidet med å rydde opp i forureina sjøbotn og foreslår å løyve 23 mill. kroner i 2022 til oppstart av opprydding i Store Lungegårdsvann i Bergen.

Kulturarven representerer vår felles historie, har store økonomiske og kulturelle verdiar og medverkar til identitet og fellesskapskjensle. Regjeringa la fram Meld. St. 16 (2019–2020) for Stortinget våren 2020, med nye nasjonale mål på resultatområdet kulturminne og kulturmiljø. Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold legg vekt på kulturmiljø som ein ressurs i samfunnsutviklinga og på kulturmiljøforvaltninga som ein del av den heilskaplege klima- og miljøforvaltninga. I oppfølginga av meldinga vil det bli igangsett fleire store arbeid. Mellom anna er det sett i gang eit arbeid med utvikling av bevaringsstrategiar for utvalde tema.

Det er òg sett i gang arbeid med ein ny kulturmiljølov som skal erstatte kulturminnelova vi har i dag, og vere betre tilpassa dagens utfordringar. Det blir også gjennomført fleire tiltak for å vise fram kva kulturarven bidreg med for å nå FNs berekraftsmål. Oppfølging av kulturmiljømeldinga vil vere ei hovudprioritering i 2022.

Noreg har i perioden 2017–2021 vore medlem av Unescos verdsarvkomité. Klima- og miljødepartementet har i denne perioden lagt stor vekt på det internasjonale ansvaret for verdsarvkonvensjonen og tek sikte på å føre vidare dette engasjementet. Det nasjonale arbeidet for å styrkje lokal kunnskap og lokal forvaltning held fram. Målsetjinga er at dei norske verdsarvområda skal utviklast som fyrtårn for den beste praksisen innan natur- og kulturmiljøforvaltning når det gjeld tilstand, forvaltning og formell beskyttelse. Arbeidet med gjennomføringa av prioritetsplanen for verdsarvsenter (2017–2026) ved dei norske verdsarvområda er eit viktig styringsverktøy. Det er behov for å revidere planen, og arbeidet er igangsett.

I tråd med føringane frå regjeringa og Stortinget for Klima- og skoginitiativet er det inngått avtalar som heilt eller delvis omfattar betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar og samstundes støttar berekraftig utvikling i skoglanda. I 2022 legg regjeringa opp til at Noreg betaler for utsleppsreduksjonar i Colombia og Gabon og potensielt også i Peru. I 2022 vil Klima- og skoginitiativet halde fram med å satse på berekraftig utvikling i partnarlanda og å auke innsatsen frå det private næringslivet for redusert avskoging, mellom anna gjennom å medverke til å auke privat finansiering av utsleppsreduksjonar frå tropisk skog gjennom LEAF-koalisjonen (Lowering Emissions by Accelerating Forest finance).

Det bilaterale kvotekjøpsprogrammet under Kyoto-perioden blir avslutta i 2021. Noreg er allereie i gang med utviklinga av nye program i samsvar med Parisavtalen. Det blir foreslått å løyve 100 mill. kroner til dette i 2022.

Ein betydeleg auke i turisme og forsking på Svalbard dei seinare år har ført til auka belastning på sårbart naturmiljø og kulturminne. Regjeringa vil sjå til at ferdsel og anna verksemd skjer innanfor rammer som sikrar at den samla miljøbelastninga ikkje blir for stor. Mellom anna vil ei vedvarande utvikling av miljøregelverket og utarbeiding av forvaltningsplanar vere viktige oppgåver.

Regjeringa vil også sjå til at dei forvaltningsverktøya vi i dag har på Svalbard, er tilpassa den nye kunnskapen vi har fått, effektar av klimaendringar og ei artsforvaltning i eit økosystembasert forvaltningsperspektiv.

Auka ansvarleggjering av statlege verksemder for eigne pensjonskostnader – innføring av ny premiemodell frå 2022

Effektiv bruk av ressursar i staten krev riktig prising av innsatsfaktorane. Pensjonspremie er eit viktig kostnadselement og blir mellom anna påverka av lønnsutgiftene til den einskilde verksemda og kva dei tilsette tek ut av tidlegpensjon. Det er sett i gang eit arbeid med å modernisere premiesystemet i Statens pensjonskasse. Frå 2022 blir det innført ein ny verksemdspesifikk og hendingsbasert premiemodell for betaling av pensjonspremie for statlege verksemder. Den nye premiemodellen tek løpande omsyn til dei faktiske hendingane i medlemsbestanden, så som lønnsendringar og uttak av pensjon, slik at premiereserven er à jour med medlemmene si opptening. Dette skal hjelpe til å auke ansvarleggjeringa av statlege verksemder for deira eigne pensjonskostnader. Pensjonspremien for dei statlege verksemdene vil frå same tidspunktet bli utrekna etter nytt pensjonsregelverk, medrekna påslagspensjon og nye samordningsreglar, og ny dødelegheitstariff.

Innføringa av ny modell skal vere om lag budsjettnøytral på innføringstidspunktet ved at dei verksemdene som det gjeld, får ein reduksjon eller ein auke i løyvinga i tråd med endra premie. Berekningane er baserte på ei samanlikning av nytt premienivå for 2022 med kva pensjonspremien ville blitt for 2022 med premiemodellen vi har i dag. Ettersom verksemdene også betaler arbeidsgjevaravgift av pensjonspremien, inneber ei endring av premienivået også endringar i arbeidsgjevaravgifta verksemdene skal betale. Det er teke omsyn til dette i berekningane. Det blir vist til Arbeids- og sosialdepartementets Prop. 1 S (2021–2022) for nærmare omtale.

Effektivisering m.m.

Regjeringa vil byggje politikken sin på effektiv bruk av fellesskapen sine ressursar. Regjeringa har difor innført ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform og føreset at alle statlege verksemder gjennomfører tiltak for å bli meir effektive. Reforma skal gje insentiv til meir effektiv statleg drift og skaper handlingsrom for prioriteringar i statsbudsjettet. Verksemdene har òg godt høve til å planleggje og gjennomføre tiltak for å effektivisere drifta når reforma er eit årleg krav. Delar av gevinsten frå mindre byråkrati og meir effektiv bruk av pengane blir overførte til fellesskapen i dei årlege budsjetta. Den årlege overføringa er sett til 0,5 pst. av alle driftsutgifter som blir løyvde over statsbudsjettet. For klima- og miljøforvaltninga inneber dette reduksjonar på 20,7 mill. kroner på driftspostane.

Budsjettgevinster frå endra jobbreisevanar

Pandemien har kravd meir bruk av digitale møte og gjeve statlege verksemder høve til å redusere reiseomfanget både på kort og lang sikt. Sjølv om reiseaktiviteten vil auke igjen etter kvart som samfunnet opnar ytterlegare opp, vil nivået på reiseaktiviteten truleg vere varig redusert. Dette vil redusere reiseutgifter i verksemdene og spare reisetid for dei tilsette. Regjeringa gjer framlegg om eit varig gevinstuttak frå og med 2022 på 5 pst. av reiseutgiftene slik desse var før pandemien. Sjå Prop. 1 S (2021–2022) Gul bok, for ei nærmare framstilling av gevinstuttaket. For klima- og miljøforvaltninga inneber dette reduksjonar på 5 mill. kroner på driftspostane.

5 Klima- og miljøprofilen i statsbudsjettet

For å nå dei nasjonale klima- og miljømåla må alle sektorar i samfunnet medverke. Regjeringa fører ein brei klima- og miljøpolitikk som omfattar verkemiddel på resultatområda omtalte i kapittel 3 og verkemiddel innanfor ansvarsområda til andre departement.

Det er samstundes viktig å understreke at klima- og miljøpolitikken ikkje først og fremst er løyvingar og budsjettpostar. Arbeid for eit betre miljø omfattar i stor grad avgjerder som ikkje har direkte konsekvensar for statsbudsjettet. Til dømes vil planlegging av arealbruk vere viktig, det same er regulering av tillatne grenseverdiar for forureining.

Klima- og miljøprofilen i statsbudsjettet omfattar satsingar på heile miljøområdet, det vil seie innsats for å ta vare på naturmangfaldet og kulturminne- og kulturmiljø, medverke til auka friluftsliv, redusere forureining og dempe klimaendringar og negative verknader av klimaendringane.

Det er ikkje enkelt å avgrense utgifter til slike tiltak på ein god måte. Mange tiltak kan grunngjevast på fleire måtar og skal medverke til å nå ulike mål. Tiltaka er òg svært ulike. Nokre tiltak er langsiktige, slik som forsking, medan andre har meir direkte verknader. Tabellane og beløpa under må difor tolkast med varsemd og bør berre sjåast som ei omtrentleg oversikt over dei viktigaste nye klima- og miljøpolitiske satsingane til regjeringa.

Tabell 5.1 Viktige satsingar i statsbudsjettet for 2022 under Klima- og miljødepartementet (auke frå saldert budsjett 2021)

(i 1 000 kroner)

Tiltak

Kap. og post

Utgifter

Forsking og utvekling på nullutsleppsløysingar for større skip

1410.51

40 000

Oppfølging av tiltaksplan for ville pollinerande insekt

1420.21

1 000

Auka støtte til kommunar i arbeidet med å lage kommunedelplan om natur

1420.60

2 000

Oppfølging av heilskapleg tiltaksplan for Oslofjorden

1420.22, 1420.66 og 1420.85

10 000

Tiltak mot pukkellaks

1420.22

15 300

Tiltak for å fjerne lakseparasitten Gyrodactylus salaris frå Driva-vassdraget

1420.22

9 000

Auka restaurering av natur

1420.38

4 000

Vidareføring av Klimasats

1420.61

200 0001

Vidareføring av satsinga på hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar

1420.62

40 0002

Opprydding i Store Lungegårdsvann i Bergen

1420.69

23 0003

Styrkje Direktoratet for strålevern og atomtryggleik si kapasitet i arbeidet med dekommisjonering av dei norske atomanlegga

1423.01

7 500

1 Regjeringa foreslår å føre vidare tilskotsordninga Klimasats i 2022 med ei løyving på 10 mill. kroner og ei fullmakt for nye tilsegner på 190 mill. kroner.

2 Regjeringa foreslår å føre vidare ordninga med utvikling av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale samband i 2022 med ei løyving på 25 mill. kroner og ei fullmakt for nye tilsegner på 15 mill. kroner

3 Opprydding i Store Lungegårdsvann i Bergen går over to år med ei foreslått løyving i 2022 på 23 mill. kroner og ei fullmakt for 2022 på 84,3 mill. kroner. Forslag til statleg stønad er på totalt 107,3 mill. kroner.

Tabell 5.2 Viktige satsingar i stattsbudsjettet for 2022 med tydeleg klima- og miljøgevinst, på andre departement sine område

(i 1 000 kroner)

Tiltak

Departement

Utgifter

Hardanger fartøyvernsenter

KUD

5 000

Sikring og opprydding – atomanlegg

NFD

133 700

Norsk deltaking i InvestEU

NFD

192 000

Grøn plattform

NFD

252 700

Havforskingstiåret

NFD

10 000

Nysnø Klimainvesteringar – auka kapital og risikokapital

NFD

200 000

Flaum- og skredførebygging

OED

60 000

Statens andel av investeringskostnadene i Langskip

OED

1 175 0001

Forsking og innovasjon – hydrogen, hav og lågutslepp

OED

30 000

Oppretting av forskingssenter for berekraftig transport og Pilot-T

SD

25 000

Pilotprosjekt for fossilfrie anleggsplassar i transportsektoren

SD

50 000

Ny tilskottsordning til mindre byområde

SD

30 000

Innfasing av nye tog

SD

51 800

Auka fornying av jernbanen (NTP)

SD

300 000

Meir gods på bane

SD

82 000

Kjøp av brukte vogner for å halde ved lag tilbodet i vente på nye fjerntogsett

SD

76 000

Tiltak mot marin forsøpling i Barentshavet

UD

5 000

Klimabistand

UD

1 900 000

1 Statens totale del av investeringskostnadene for Langskip i 2022 er 3 450 mill. kroner. Dette er ein auke på 1 175 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett i 2021.

Regjeringa vil føre ein offensiv klima- og miljøpolitikk og medverke til ei grøn omstilling av norsk økonomi. Som det går fram av tabell 5.1 og 5.2, er klima eit hovudsatsingsområde for regjeringa. Innrettinga av avgifter og eit grønt skatteskifte er sentrale verkemiddel for regjeringa si klimapolitikk. For ei kort framstilling av kva rolle ulike avgifter speler, sjå kapittel 14.2 i Klimalovrapporteringa. For detaljer om avgifter og avgiftsendringar i 2022-budsjettet, sjå Prop. 1 LS frå Finansdepartementet.

For ein omtale av klima- og miljøpolitikken til dei ulike departementa, sjå kapittel 9 i denne proposisjonen. Alle departementa har òg ein eigen klima- og miljøomtale i sine respektive proposisjonar.

Under er ein kort omtale av satsingane i forslag til statsbudsjett for 2022 som ikkje er i Klima- og miljødepartementets budsjett. Ein nærmare omtale er å finne i fagproposisjonane frå dei ulike departementa. Satsingsforslaga til Klima- og miljødepartementet er omtalte i kapittel 4 Hovudprioriteringar i Klima- og miljødepartementets budsjett for 2022.

Hardanger fartøyvernsenter

Regjeringa foreslår ei løyving på 5 mill. kroner til eit nybygg og ombygging av eit formidlingssenter for maritim kultur, historie og handverk i Norheimsund i Hardanger. Regjeringa foreslår ei løyving på 5 mill. kroner i 2022 og dessutan tilsagn om ytterlegare 33 mill. kroner i seinare budsjettår.

Sikring og opprydding – atomanlegg

Regjeringa foreslår ei løyving på 133,7 mill. kroner til auka driftsutgifter i Norsk nukleær dekommisjonering, halde oppe framdrift i opprydjingsprosjektet og sikring av atomanlegga på Kjeller og i Halden. I tillegg ber Regjeringa om Stortinget sitt samtykke til ein bestillingsfullmakt på 280 mill. kroner til prosjekt med fleirårige plikter.

Norsk deltaking i InvestEU

InvestEU omfattar finansielle instrument som lån, garantiar og eigenkapital. Programmet skal bidra til omstilling til berekraftig, klimavennleg og inkluderande verdiskaping i EU.

I april 2021 vart det lagt fram ein proposisjon som skal leggje til rette for mogleg norsk deltaking i InvestEU. Deltaking i InvestEU vil gje norske verksemder ei moglegheit til å delta i felleseuropeiske investeringsprosjekt innan ny fornybar energi og grøne løysingar.

Regjeringa foreslår ei løyving på 192 mill. kroner for 2022.

Grøn plattform

Som ein del av covid-19-tiltaka løyvde regjeringa den grøne omstillingspakken «Grønn plattform» i 2020. Denne inneheld 1 mrd. kroner fordelt over perioden 2020–2022. Regjeringa foreslår å styrkje Grøn plattform med ytterlegare 252,7 mill. kroner i 2022. Dette gir ei samla ramme på 585,7 mill. kroner til plattforma i 2022. Formålet med ordninga er å skapa eit samfunnsøkonomisk lønnsamt- og berekraftig næringsliv som bidrar til grøn omstilling. Midlane blir disponerte av Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg og Siva.

Havforskingstiåret

FN har proklamert eit internasjonalt havforskingstiår for berekraftig utvikling fram mot 2030. Satsinga skal byggje opp under aktivitetar som kan betre koordineringa av internasjonalt forskingssamarbeid.

Nysnø Klimainvesteringar

Regjeringa foreslår auka kapital på 200 mill. kroner der 70 mill. kroner av desse er risikokapital.

Flaum- og skredførebygging

Regjeringa føreslår å styrke NVE sitt arbeid med om lag 60 mill. kroner til flaum- og skredførebygging. Midlane skal gå til å auke gjennomføring av fysiske sikringstiltak og kartlegging. Av dette går om lag 19 mill. kroner til drift for oppfølging av kartlegging, sikringstiltak, arealplanlegging og arbeidet med overvatn.

Langskip – fangst og lagring av CO2

Rapportane til FNs klimapanel og Det internasjonale energibyrået (IEA) viser at det vil vere nødvendig med fangst og lagring av CO2 for å redusere globale klimagassutslepp i tråd med klimamåla til lågast mogleg kostnader.

Ved behandlinga av statsbudsjettet for 2021 vedtok Stortinget å gje støtte til gjennomføringa av Langskip-prosjektet. Langskip er eit norsk demonstrasjonsprosjekt for fullskala CO2-handtering som omfattar fangst, transport og lagring av CO2. Stortinget vedtok å støtte realisering av fangst av CO2 frå Norcem som første fangstprosjekt og deretter Fortum Oslo Varmes CO2-fangstprosjekt, under føresetnad av at FOV får tilstrekkeleg eigenfinansiering eller finansiering frå EU eller andre kjelder. Stortinget bestemte også å støtte Northern Lights, som har ansvar for transport- og lagringsdelen av Langskip. I 2021-budsjettet vart det løyvd 2 275 mill. kroner til Langskip-prosjektet. Regjeringa foreslår at løyvinga blir auka med 1 175 mill. kroner i 2022-budsjettet. Total løyving for 2022-budsjettet blir da 3 450 mill. kroner. Dei auka kostnadene kjem mellom anna av at prosjektet får eit fullt år med byggjeaktivitet.

Oppretting av forskingssenter for berekraftig transport og Pilot-T

Regjeringa foreslår å løyve 25 mill. kroner til auka satsing på Pilot-T (utvikling og testing av nye mobilitetsløysningar) og nye forskingssenter for berekraftig transport.

Forsking og innovasjon – hydrogen, hav og lågutslepp

Regjeringa foreslår å løyve 30 mill. kroner til å etablere eit nytt forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) innan hydrogen og ammoniakk. Senteret skal arbeide med hydrogenproduksjon frå både naturgass og fornybar kraft gjennom elektrolyse. FME skal styrkje og koordinere forskings- og innovasjonsinnsatsen på hydrogenområdet. Senteret skal bidra til raskare utvikling av konkurransedyktig teknologi og løysingar for produksjon og bruk av hydrogen og ammoniakk. Tryggleiken ved storskala bruk av hydrogen vil òg inngå i arbeidet. Senteret skal etablerast tidleg i 2022.

Pilotprosjekt for fossilfrie anleggsplassar i transportsektoren

Regjeringa foreslår å løyve 50 mill. kroner til pilotprosjekt for fossilfrie anleggsplassar i transportsektoren. Midlane blir retta inn mot pilotering av nullutsleppsmaskiner og -køyretøy til bruk på anleggsplassar i transportsektoren.

Ny tilskotsordning til mindre byområde

Regjeringa foreslår ei tilskotsordning til mindre byområde som ikkje har byvekstavtale, som skal leggje til rette for klima- og miljøvennleg byutvikling og god framkomst. Tilskotsordninga gjeld midlar til mindre investeringar i gong- og sykkelvegar, samt kollektivtiltak. Ordninga omfattar fem byområde.

Jernbaneformål

Regjeringa legg til rette for auka innsats i fornying av jernbanen med eit nivå som er 300 mill. kroner høgare enn estimatet for 2021. Vidare foreslår regjeringa 51,8 mill. kroner til innfasing av nye togsett og 76 mill. kroner til kjøp av brukte vogner for å halde ved lag tilbodet i vente på nye fjerntogsett.

Meir gods på bane

Til å vidareføre tilskot for overføring av gods frå veg til bane, foreslår regjeringa å løyve 82 mill. kroner.

Tiltak mot marin forsøpling i Barentshavet

Tiltaket inneber betre kartlegging, eit betre kunnskapsgrunnlag og ei vidareføring av samarbeidet med Russland på feltet.

Klimabistand

Norsk bistand til klima blir styrkt med 1,9 mrd. kroner. Regjeringa etablerer eit nytt klimafond som skal investere i fornybar energi i utviklingsland med mål om å bidra til reduserte klimagassutslepp. Klimainvesteringsfondet vil bli tilført 1 mrd. kroner årleg over statsbudsjettet over 5 år. Norfund, statens investeringsfond for næringsverksemd, set i tillegg av 1 mrd. årleg av sin eigen kapital til fondet. Norfund får ansvaret for å forvalte fondet. I tillegg er det ei satsing på klimatilpassing i 2022.

6 Oversiktstabellar

6.1 Merknader til budsjettframlegget

Regjeringa foreslår ei samla løyving til Klima- og miljødepartementet på 17 054,960 mill. kroner på utgiftssida og 2 636,504 mill. kroner på inntektssida.

6.2 Utgifter

Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

1400

Klima- og miljødepartementet

655 263

675 365

674 980

-0,1

1410

Kunnskap om klima og miljø

1 178 393

1 106 179

1 122 539

1,5

1411

Artsdatabanken

70 897

69 623

70 473

1,2

1412

Meteorologiformål

487 333

522 774

489 712

-6,3

Sum kategori 12.10

2 391 886

2 373 941

2 357 704

-0,7

Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

1420

Miljødirektoratet

5 123 816

6 365 688

6 771 724

6,4

1422

Miljøvennleg skipsfart

58 633

40 092

41 293

3,0

1423

Radioaktiv forureining i det ytre miljø

28 229

28 799

36 907

28,2

1424

Senter mot marin forsøpling

24 643

100,0

1425

Fisketiltak

15 106

16 060

17 043

6,1

1428

Enova SF

5 208 134

3 315 744

3 384 013

2,1

Sum kategori 12.20

10 433 918

9 766 383

10 275 623

5,2

Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

1429

Riksantikvaren

710 482

700 101

668 797

-4,5

1432

Norsk kulturminnefond

126 292

119 614

121 340

1,4

Sum kategori 12.30

836 774

819 715

790 137

-3,6

Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

1471

Norsk Polarinstitutt

381 606

341 911

345 488

1,0

1472

Svalbards miljøvernfond

5 191

20 658

10 329

-50,0

1473

Kings Bay AS

70 093

36 010

36 946

2,6

1474

Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking

51 768

53 321

54 268

1,8

Sum kategori 12.60

508 658

451 900

447 031

-1,1

Utgifter under programkategori 12.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

1481

Klimakvotar

206 963

283 369

102 611

-63,8

1482

Internasjonale klima- og utviklingstiltak

3 150 682

3 080 765

3 081 854

0,0

Sum kategori 12.70

3 357 645

3 364 134

3 184 465

-5,3

6.3 Inntekter

Inntekter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

4400

Klima- og miljødepartementet

32 120

34 516

30 067

-12,9

4411

Artsdatabanken

526

420

429

2,1

Sum kategori 12.10

32 646

34 936

30 496

-12,7

Inntekter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

4420

Miljødirektoratet

141 662

148 549

148 751

0,1

4423

Radioaktiv forureining i det ytre miljø

711

1 026

1 048

2,1

5578

Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

730 973

708 254

708 264

0,0

Sum kategori 12.20

873 346

857 829

858 063

0,0

Inntekter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

4429

Riksantikvaren

5 597

6 337

6 141

-3,1

Sum kategori 12.30

5 597

6 337

6 141

-3,1

Inntekter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

4471

Norsk Polarinstitutt

111 630

86 731

88 542

2,1

5578

Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

6 197

20 670

10 341

-50,0

Sum kategori 12.60

117 827

107 401

98 883

-7,9

Inntekter under programkategori 12.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

4481

Sal av klimakvotar

8 018 409

1 022 183

1 642 921

60,7

Sum kategori 12.70

8 018 409

1 022 183

1 642 921

60,7

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

01-29

Statens egne driftsutgifter

3 230 067

3 263 584

3 164 673

-3,0

30-49

Nybygg, anlegg o.a.

614 763

600 003

609 942

1,7

50-89

Overføringar til andre

13 684 051

12 912 486

13 280 345

2,8

Sum under departementet

17 528 881

16 776 073

17 054 960

1,7

Inntekter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

01-29

Sal av varer og tenester

8 310 655

1 299 762

1 917 899

47,6

50-89

Overføringar fra andre

737 170

728 924

718 605

-1,4

Sum under departementet

9 047 825

2 028 686

2 636 504

30,0

Oversikt over bruk av stikkordet «kan overførast»

**Under Klima- og miljødepartementet blir stikkordet «kan overførast» foreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30-49

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2021

Forslag 2022

1400

74

Tilskot til AMAP

5 296

1400

76

Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak

10 899

143 122

1410

23

MAREANO

24 983

47 730

1411

21

Spesielle driftsutgifter

10 656

1411

70

Tilskot til artar og naturtypar

780

27 159

1420

23

Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd

2 506

149 508

1420

61

Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing

74 177

222 838

1420

62

Tilskot til grøn skipsfart

4 358

87 157

1420

69

Oppryddingstiltak

11 200

125 962

1420

70

Tilskot til vassmiljøtiltak

7 864

47 905

1420

71

Marin forsøpling

12 919

50 290

1420

73

Tilskot til rovvilttiltak

15 266

79 575

1420

78

Friluftsformål

7 500

181 798

1420

79

Oppryddingstiltak

450

1420

81

Naturarv og kulturlandskap

872

69 527

1420

82

Tilskot til truga artar og naturtypar

1 988

43 919

1420

83

Tilskot til tiltak mot framande artar

115

4 104

1420

85

Naturinformasjonssenter

3 789

82 801

1425

70

Tilskot til fiskeformål

162

16 743

1429

22

Fleirårige prosjekt kulturminneforvaltning

23 916

23 734

1429

70

Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne

5 958

39 026

1429

71

Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap

3 887

142 759

1429

72

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne

438

58 554

1429

73

Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring

20 520

59 072

1429

74

Tilskot til fartøyvern

3 032

70 605

1429

75

Tilskot til fartøyvernsenter

2 006

15 557

1429

77

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområde

5 384

8 446

1429

79

Tilskot til verdsarven

2 561

59 372

1471

21

Spesielle driftsutgifter

1 729

102 364

1474

01

Driftsutgifter

247

1474

01

Lønn og godtgjørelser

247

1474

50

Tilskot til statlege mottakarar

25 020

1474

70

Tilskot til private mottakarar

1 010

29 001

1481

01

Driftsutgifter

3 004

2 611

1481

22

Internasjonalt samarbeid om utsleppsreduksjonar

162 888

100 000

1482

73

Klima- og skogsatsinga

47 089

2 981 543

7 Oppfølging av oppmodingsvedtak

Nedanfor er det gjort greie for oppfølginga av oppmodingsvedtak under Klima- og miljødepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2020–2021 og vedtak frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. S 580 (2020–2021) meinte ikkje var kvitterte ut. I tabellen nedanfor blir det òg angjeve i kva grad departementet planlegg at rapporteringa knytt til oppmodingsvedtaket no blir avslutta, eller om departementet vil rapportere konkret på vedtaket i budsjettproposisjonen for neste år òg.

Tabell 7.1 Oversikt over oppmodingstiltak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapportering avslutta (ja/nei)

2020–2021

157

Oversikt over tiltak i budsjettet som har reduksjon av klimagass som hovudgrunngjeving

Ja

2020–2021

202

Forvaltningsprinsipp om at berre Stortinget gjer vedtak om endringar i nasjonalt fastsett ulvesone

Ja

2020–2021

203

Stopp av all utviding av ulvesona

Ja

2020–2021

270

Insentivordningar for produksjon av biogass

Ja

2020–2021

500

Vurdere Norsk deltaking i IPCEI Hydrogen

Ja

2020–2021

690

Bidra til gjennomføring av tiltak initierte av lokale og regionale styresmakter som reduserer utslepp i verdsarvfjordane

Nei

2020–2021

691

Tiltak som sikrar verdsarvfjordane som anløpshamn for cruisebåtar også etter 2026 – etablering av landstraum i Flåm mv.

Nei

2020–2021

751

Verkemiddel for meir effektiv og einskapleg skadefelling av rovvilt

Nei

2020–2021

752

Kompetanseoverføringsprosjekt om skadefelling

Nei

2020–2021

753

Forslag om verkemiddel for meir effektiv lisensfelling

Nei

2020–2021

794

Miljøavtalen om reduksjon av NOx-utsleppa

Ja

2020–2021

831

Nasjonal plan for å gjere land- og ladestraum, hydrogen, ammoniakk og andre grøne drivstoff tilgjengelege

Nei

2020–2021

973

Forslag om revidering av motorferdsellova

Nei

2020–2021

976

Oppfølging av globalt rammeverk for naturmangfald

Nei

2020–2021

977

Ny vurdering av innstrammingane av sjølaksefisket

Nei

2020–2021

978

Tillate krokgarnfiske og andre tiltak

Ja

2020–2021

979

Evaluere status for små og sårbare bestandar av villaks

Nei

2020–2021

998

Spesifisere ansvaret og den koordinerande oppgåva statsforvaltaren har i arbeidet mot marin forsøpling

Ja

2020–2021

999

Heilskapleg strategi og handlingsplan mot marin forsøpling

Ja

2020–2021

1000

Fagleg støtte og rettleiing til kommunane som utarbeider plasthandlingsplanar mot marin forsøpling

Ja

2020–2021

1001

Greie ut insentivordning for at frivillige, inkl. lag og organisasjonar, vil bidra til rydding av plast

Nei

2020–2021

1002

Forpliktande global avtale mot plastforsøpling i havet

Ja

2020–2021

1003

Skjerpe straffa for dumping av avfall frå skip langs norskekysten

Ja

2020–2021

1004

Tilskotsordning som dekkjer kostnadene med leveranse av avfall etter frivillige ryddeaksjonar

Nei

2020–2021

1005

Einskapleg utbygging av infrastruktur for null- og lågutsleppsteknologi. Enovas stønad til fyllestasjonar og tyngre køyretøy på biogass

Ja

2020–2021

1006

Forenkle søknadsprosessen for Enovas stønad til køyretøy som bruker biogass

Ja

2020–2021

1007

Endre omgrepet «nullutslepp» i alle statlege mål og planar til «nullutslepp og biogass»

Ja

2020–2021

1009

Harmonisere rammevilkåra for biogassproduksjon i Norden

Nei

2019–2020

708

Nye mål i kulturmiljøpolitikken

Nei

2018–2019

383

Erstatningsreglane ved tap av beitedyr til rovvilt og kompensasjonsordninga (FKT)

Nei

2017–2018

481

Gjenbruk gjennom kommunane sine gjenbruksstasjonar

Nei

2017–2018

482

Utleige av avfallskonteinarar frå godkjende avfallsselskap

Nei

2017–2018

485

Krav til utsortering og materialattvinning av plast og matavfall

Nei

2017–2018

486

Avfall frå offentlege tenester og andre som produserer avfall som liknar hushaldsavfall

Nei

2017–2018

487

Reinsing av flygeoske

Ja

2017–2018

489

Matkastelov

Nei

2017–2018

490

Fosforattvinning

Ja

2017–2018

491

Oppsamling av gummigranulat frå eksisterande og nye kunstgrasbanar

Ja

2017–2018

492

Revidert strategi mot marin plastforsøpling og spreiing av mikroplast

Ja

2017–2018

493

Nasjonal strategi for ein sirkulær økonomi

Ja

2017–2018

496

EØS-mål for attvinning av avfall frå bygg- og anleggs-næringa

Ja

2017–2018

502

Pålegg om utsortering og materialattvinning av plast- og matavfall

Nei

2017–2018

503

Handlingsplan for kretsløpsøkonomi

Ja

2017–2018

575

Heilskapleg plan for Oslofjorden

Ja

2017–2018

661

Greie ut strengare krav til svartvass- og gråvassutslepp frå cruiseskip

Nei

2017–2018

672

Implementere krav og reguleringar til utslepp frå cruiseskip og annan skipstrafikk i turistfjordar m.m.

Nei

2017–2018

674

Nasjonalt forbod mot sal av heliumballongar

Nei

2017–2018

764

Dekningsplikta når gardbrukarar blir pålagde under-søkingar

Ja

2016–2017

529

Gratis levering av marint avfall

Nei

2016–2017

591

Fagleg gjennomgang av den norske delbestanden av ulv

Ja

2016–2017

914

Forslag til tiltak og verkemiddel for overvass-problematikk

Nei

2016–2017

1105

Fossilfrie anleggsprosjekt

Ja

2015–2016

669

Klargjering av kva som er god tilstand, og kva areal som er å rekne som forringa økosystem

Nei

2015–2016

670

Kvalitetsnormer for økosystem som del av utviklinga av nye forvaltningsmål

Nei

2015–2016

674

Handlingsplan for å betre situasjonen for sjøfugl

Nei

2015–2016

681

Forbod mot mikroplast i kroppspleieprodukt

Nei

2015–2016

897

Noreg skal vere klimanøytralt frå og med 2030

Ja

Stortingssesjon 2020–2021

Oversikt over tiltak i budsjettet som har reduksjon av klimagass som hovud-grunngjeving

Vedtak nr. 157, 3. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2021 legge frem en oversikt over alle tiltak i budsjettet som har reduksjon av klimagassutslipp som hovedbegrunnelse, og så langt det er mulig en oversikt over effekten av hvert enkelt tiltak målt i kroner per tonn reduksjon eller økt binding, samt redegjøre for status for arbeidet i Teknisk beregningsutvalg for klima.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 1 (2020–2021), jf. Innst. 2 S (2020–2021). Klima- og miljødepartementet følgde opp vedtaket med ei utgreiing i Meld. St. 2 Revidert nasjonalbudsjett 2021. Utgreiinga inneheld ei oversikt over løyvingar på statsbudsjettet som har klimagassutslepp som hovudgrunngjeving, og status for arbeidet til Teknisk berekningsutval for klima. Utsleppseffekten av dei enkelte budsjettpostane målte i kroner per tonn reduksjon eller auka binding blir representert der det finst fagleg gode metodar for å anslå dette.

Oppmodingsvedtak nr. 157 blir rekna som følgt opp gjennom denne utgreiinga.

Forvaltningsprinsipp om at berre Stortinget gjer vedtak om endringar i nasjonalt fastsett ulvesone

Vedtak nr. 202, 7. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen følge opp forvaltningsprinsippene vedtatt i Innst. 330 S (2015–2016) der det kun er Stortinget som har myndighet til å fatte vedtak om endringer i den nasjonalt fastsatte ulvesonen.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:64 S (2020–2021), Representantforslag om stoppe utvidelse av ulvesona for å verne den såkalte Elgå-ulven. I tråd med tidlegare praksis vil eventuelle nye framtidige vurderingar knytte til utforminga og avgrensinga av ulvesona i Noreg bli lagde fram for Stortinget.

Departementet reknar vedtaket på dette grunnlag som følgt opp.

Stopp av all utviding av ulvesona

Vedtak nr. 203, 7. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen stoppe enhver utvidelse av ulvesonen, herunder midlertidig utvidelse. Med midlertidig utvidelse forstås vernesoner/buffersoner som verner et avgrenset område i beiteprioritert område utenfor ulvesonen der det vanligvis kan utøves lisensfelling. Eksisterende utvidelse av sonen oppheves fra og med 15. desember 2020.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:64 S (2020–2021), Representantforslag om stoppe utvidelse av ulvesona for å verne den såkalte Elgå-ulven. Klima- og miljødepartementet følgde opp vedtaket ved å avgjere gjennomføring av flytting av den genetisk verdifulle hannulven og maken hans som var etablerte i området, og som var unnatekne frå lisensfelling. Straks flyttinga var gjennomført, vart det opna for lisensfelling av ulv i det aktuelle området utanfor ulvesona.

Departementet reknar vedtaket på dette grunnlag som følgt opp.

Insentivordningar for produksjon av biogass

Vedtak nr. 270, 14. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen, i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2021, vurdere om det kan etableres ytterligere incentivordninger for produksjon av biogass i Norge.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 1 S (2020–2021), jf. Innst. 9 S (2020–2021). I revidert nasjonalbudsjett, jf. Prop. 195 S (2020–2021), vurderte regjeringa behovet for ytterlegare insentivordningar for produksjon av biogass. Regjeringa meiner at verkemiddelbruken i dag, med stønad gjennom Enova, Innovasjon Noreg og Klimasats, og at biogass ikkje er omfatta av CO2-avgifta, er formålstenleg. Regjeringa varsla i RNB at ho ville komme tilbake med ytterlegare vurderingar i samband med statsbudsjettet for 2022.

I Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030 signaliserte regjeringa at ho vil leggje til rette for auka produksjon og bruk av biogass gjennom dei generelle og dei sektorspesifikke verkemidla i klima- og miljøpolitikken. Regjeringa følgjer opp klimaplanen, jf. nærmare omtale i del 4 av denne proposisjonen. Regjeringa vil i tillegg sjå på behovet for ei harmonisering av rammevilkåra for produksjon av biogass i Norden, jf. oppfølginga av vedtak 1009.

Departementet reknar vedtaket på dette grunnlag som følgt opp.

Vurdere norsk deltaking i IPCEI Hydrogen

Vedtak nr. 500, 19. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen vurdere om Norge kan delta i IPCEI Hydrogen. «

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 1 S (2020–2021), jf. Innst. 8 S (2020–2021). Noreg slutta seg i desember 2020 til den europeiske satsinga for innovasjons- og industrisamarbeid (IPCEI) for hydrogen, og Enova fekk ansvaret for å forvalte deltakinga nasjonalt. Norsk deltaking i IPCEI for hydrogen gjev norske selskap moglegheit til å ta del i den europeiske satsinga. Dette vil kunne vere ein viktig møtearena for samankopling og koordinering av europeiske hydrogenprosjekt og vil kunne setje fart på utviklinga og gje norske bedrifter ei god moglegheit til å auke kvaliteten på prosjekta sine. Enovas forvaltning skal skje på ein måte som er i tråd med rammene, måla og prioriteringane i styringsavtalen. Eventuell støtte til norske prosjekt blir dekte innanfor eksisterande finansielle rammer. Enova involverer Innovasjon Noreg og Forskingsrådet, der det er relevant.

I vår valde Enova ut fem aktørar som går vidare etter første evalueringsrunde i den norske interessekartlegginga. No er arbeidet i gang med å modne prosjekta og kople dei saman med relevante prosjekt frå dei 22 andre europeiske deltakarlanda.

På dette grunnlaget reknar departementet vedtaket som følgt opp.

Bidra til gjennomføring av tiltak initierte av lokale og regionale styresmakter som reduserer utslepp i verdsarvfjordane

Vedtak nr. 690, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen bidra til gjennomføring av tiltak initiert av lokale og regionale myndigheter, som reduserer utslipp i verdensarvfjordene.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:23 S (2020–2021) Representantforslag om utsettelse av kravet om nullutslipp i verdensarvfjordene fra 2026, jf. Innst. 251 S (2020–2021).

Oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp i samanheng med oppfølginga av vedtak nr. 691, 25. februar 2021, og vedtak nr. 672, 3. mai 2018.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Tiltak som sikrar verdsarvfjordane som anløpshamn for cruisebåtar også etter 2026 – etablering av landstraum i Flåm mv.

Vedtak nr. 691, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen foreslå tiltak som sikrer verdensarvfjordene som anløpshavn for cruisebåter også etter 2026, blant annet ved at staten sikrer etablering av landstrøm i Flåm som planlagt innen 2022.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:23 S (2020–2021) Representantforslag om utsettelse av kravet om nullutslipp i verdensarvfjordene fra 2026, jf. Innst. 251 S (2020–2021).

Oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp i samanheng med oppfølginga av vedtak nr. 690, 25. februar 2021, og vedtak nr. 672, 3. mai 2018.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Verkemiddel for meir effektiv og einskapleg skadefelling av rovvilt

Vedtak nr. 751, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om egnede virkemidler som gjør skadefelling av rovvilt mer effektivt og enhetlig.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:86 S (2020–2021), Representantforslag om mer effektiv skadefelling av store rovdyr, jf. Innst. 255 S (2020–2021). Klima- og miljødepartementet har gjeve Miljødirektoratet i oppdrag å levere ei fagleg vurdering og tilråding om vidare oppfølging av oppmodingsvedtaket innan 1. oktober 2021.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Kompetanseoverføringsprosjekt om skadefelling

Vedtak nr. 752, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen iverksette et kompetanseoverføringsprosjekt for at de metodene og de erfaringene som er gjort av skadefellingslagene i Nord-Østerdal og Engerdal, blir overført til skadefellingslag andre steder i landet. Det bør utarbeides et kursopplegg og etableres et permanent nettverk som sikrer overføring av kunnskap og kompetanse.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:86 S (2020–2021), Representantforslag om mer effektiv skadefelling av store rovdyr, jf. Innst. 255 S (2020–2021). Klima- og miljødepartementet har gjeve Miljødirektoratet i oppdrag å levere ei fagleg vurdering og tilråding om vidare oppfølging av oppmodingsvedtaket innan 1. oktober 2021.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Forslag om verkemiddel for meir effektiv lisensfelling

Vedtak nr. 753, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til hvordan virkemidler knyttet til skadefelling også kan bidra til å gjøre lisensfelling mer effektiv.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:86 S (2020–2021), Representantforslag om mer effektiv skadefelling av store rovdyr, Innst. 255 S (2020–2021). Klima- og miljødepartementet har gjeve Miljødirektoratet i oppdrag å levere ei fagleg vurdering og tilråding om vidare oppfølging av oppmodingsvedtaket innan 1. oktober 2021.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Miljøavtalen om reduksjon av NOx-utsleppa

Vedtak nr. 794, 13. april 2021

«Stortinget ber regjeringen forlenge avtalen om NOx-fondet til 2027.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030, jf. Innst. 325 S (2020–2021).

Miljøavtalen av 24. mai 2017 mellom Klima- og miljødepartementet og 15 næringsorganisasjonar om reduksjon av NOx-utsleppa gjeld for perioden 2018–2025. Klima- og miljødepartementet inviterte i brev av 31. mai 2021 avtalepartane til forhandlingar om forlenging av avtalen med to år. Det skal mellom anna forhandlast om ei miljøforplikting i form av utsleppstak for dei to ekstra åra. Ein forlengd avtale vil gje grunnlag for fritak for betaling av avgift på utslepp av nitrogenoksid (NOx) for åra 2026 og 2027 for verksemder som sluttar seg til avtalen for desse åra. Avgiftsfritaket må godkjennast av ESA før det blir sett i verk.

Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.

Nasjonal plan for å gjere land- og ladestraum, hydrogen, ammoniakk og andre grøne drivstoff tilgjengelege

Vedtak nr. 831, 22. april 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en nasjonal plan for å gjøre land- og ladestrøm, hydrogen, ammoniakk og andre grønne drivstoff tilgjengelig.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 10 (2020–2021) Grønnere og smartere – morgendagens maritime næring, jf. Innst. 338 S (2020–2021).

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Forslag om revidering av motorferdsellova

Vedtak nr. 973, 25. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om revidering av lov om motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på økt lokalt selvstyre og redusert byråkrati knyttet til praktiseringen av loven, samtidig som hensyn til natur og friluftsliv blir ivaretatt.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:155 S (2020–2021), Representantforslag om lokalt selvstyre over motorisert ferdsel i utmark, og Dokument 8:161 S (2020–2021), Representantforslag om revidering av lov om motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på redusert byråkrati, jf. Innst. 429 S (2020–2021)

Vedtaket frå Stortinget er bakgrunnen for at Kongen i statsråd 3. september 2021 sette ned eit offentleg utval som skal gjennomgå regelverket om motorferdsel i utmark og vassdrag og foreslå endringar i dette.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget med saka på eigna måte.

Oppfølging av globalt rammeverk for naturmangfald

Vedtak nr. 976, 25. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget om oppfølgingen av det globale rammeverket for naturmangfold på egnet måte så fort som mulig etter at rammeverket er på plass.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok 8:174 S (2020–2021), Representantforslag om en strategifor arbeidet med FNs naturavtale, jf. Innst. 434 S (2020–2021).

Forhandlingane om eit globalt rammeverk for naturmangfald er utsett på grunn av covid-19-pandemien. Det er uklart når forhandlingane kan sluttførast. Regjeringa vil følgje opp stortingsvedtaket så fort som mogleg etter at rammeverket er på plass.

Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Ny vurdering av innstrammingane i sjølaksefisket

Vedtak nr. 977, 25. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen foreta en ny vurdering av innstrammingene i sjølaksefisket og hvordan de vil virke konkret for sjølaksefiskerne på Sørlandet. Stortinget ber videre regjeringen om å foreta lempelige vurderinger av søknader om dispensasjon for fiskerne som mister en stor del av sin inntekt uten andre muligheter.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:148 S (2020–2021) Representantforslag om å stoppe innstramminger i sjølaksefisket i 2021, jf. Innst. 430 S (2020–2021).

I brev 2. juli 2021 bad Klima- og miljødepartementet Miljødirektoratet om å gjere ei vurdering av korleis innstrammingane i sjølaksefisket vil verke konkret for sjølaksefiskarane på Sørlandet. I lys av at den gjeldande dispensasjonsføresegna i forskrift om fiske av anadrome laksefisk i sjø ikkje dekkjer dispensasjonssøknader frå enkeltfiskarar, bad departementet også om at Miljødirektoratet vurderer om det i lys av naturmangfaldlova, lakse- og innlandsfisklova og anna relevant lovverk kan gjevast ei dispensasjonsføresegn i den aktuelle forskrifta som inneber at dispensasjon kan gjevast til fiskarar som mistar ein stor del av inntekta si utan andre moglegheiter. Miljødirektoratet skal oversende vurderinga si innan 1. november 2021.

Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Tillate krokgarnfiske og andre tiltak

Vedtak nr. 978, 25. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen tillate krokgarnfiske i Finnmark i 2021, og vurdere andre tiltak for å styrke villaksbestandene.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:148 S (2020–2021) Representantforslag om å stoppe innstramminger i sjølaksefisket i 2021, jf. Innst. 430 S (2020–2021). I brev 28. mai 2021 bad Klima- og miljødepartementet Miljødirektoratet om å fastsetje dei reguleringane som ville vere nødvendige for å tillate fiske med krokgarn i Finnmark, med unntak av Tanafjorden og områda Gamvik, Lebesby og Nordkapp. Vedtaket vart gjennomført ved forskriftsendring 1. juni 2021.

Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.

Evaluere status for små og sårbare bestandar av villaks

Vedtak nr. 979, 25. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre en evaluering av status for små og sårbare bestander av villaks og at en slik evaluering forelegges Stortinget på egnet måte etter sesongen 2021.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:148 S (2020–2021) Representantforslag om å stoppe innstramminger i sjølaksefisket i 2021, jf. Innst. 430 S (2020–2021). I brev 2. juli 2021 bad Klima- og miljødepartementet om at Miljødirektoratet sørgjer for å gjennomføre ei evaluering i tråd med oppmodingsvedtaket, og at evalueringa blir oversend departementet innan 1. mars 2022.

Klima- og miljødepartementet vil leggje fram evalueringa for Stortinget på eigna måte.

Spesifisere ansvaret og den koordinerande oppgåva statsforvaltaren har i arbeidet mot marin forsøpling

Vedtak nr. 998, 27. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen spesifisere statsforvalterens ansvar og koordinerende oppgave i arbeidet mot marin forsøpling.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:236 S (2020–2021) Representantforslag om globale og nasjonale tiltak for renere hav og håndtering av plast, jf. Innst. 445 S (2020–2021). Plaststrategien frå regjeringa lagd fram 10. august omtaler mellom anna rolla statsforvaltaren har i å koordinere arbeidet med opprydding av marin forsøpling.

Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.

Heilskapleg strategi og handlingsplan mot marin forsøpling

Vedtak nr. 999, 27. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en helhetlig strategi og handlingsplan mot marin forsøpling.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:236 S (2020–2021) Representantforslag om globale og nasjonale tiltak for renere hav og håndtering av plast, jf. Innst. 445 S (2020–2021). Klima- og miljødepartementet la 10. august 2021 fram ein ny plaststrategi som også er handlingsplanen regjeringa har mot marin forsøpling. Plaststrategien tek ei heilskapleg tilnærming til plastforsøpling og plastforureining.

Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.

Fagleg støtte og rettleiing til kommunane som utarbeider plasthandlingsplanar mot marin forsøpling

Vedtak nr. 1000, 27. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen gi faglig støtte og veiledning til kommunene som utarbeider egne plasthandlingsplaner mot marin forsøpling.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:236 S (2020–2021), jf. Innst. 445 S (2020–2021). Det finst allereie ei rekkje verktøy som kommunane kan nytte til arbeidet sitt med å utvikle eigne handlingsplanar mot marin forsøpling. Plaststrategien frå regjeringa omtaler dette.

Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.

Greie ut insentivordning for at frivillige, inkl. lag og organisasjonar, vil bidra til rydding av plast

Vedtak 1001, 27. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede en incentivordning for at flere frivillige, inkludert lag og organisasjoner, vil bidra til rydding av plast.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:236 S (2020–2021) Representantforslag om globale og nasjonale tiltak for renere hav og håndtering av plast, jf. Innst. 445 S (2020–2021).

Regjeringa vil evaluere tilskotsordninga for tiltak mot marin forsøpling. Tilskotsordninga inkluderer det frivillige arbeidet med opprydding av avfall.

Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Forpliktande global avtale mot plastforsøpling i havet

Vedtak 1002, 27. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen arbeide for en forpliktende global avtale mot plastforsøpling i havet.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:236 S (2020–2021) Representantforslag om globale og nasjonale tiltak for renere hav og håndtering av plast, jf. Innst. 445 S (2020–2021). Noreg har sidan 2014 arbeidd for sterkare globale forpliktingar mot marin forsøpling og støttar no eit vedtaksforslag på FNs miljøforsamling i 2022 om å setje i gang forhandlingar fram mot ein ny rettsleg bindande avtale.

Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.

Skjerpe straffa for dumping av avfall frå skip langs norskekysten

Vedtak 1003, 27. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om å skjerpe straffen for dumping av avfall fra skip langs norskekysten.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:236 S Representantforslag om globale og nasjonale tiltak for renere hav og håndtering av plast (2020–2021), jf. Innst. 445 S (2020–2021).

Regjeringa har auka løyvinga til Sjøfartsdirektoratet for å auke talet på tilsyn i tråd med revidert Skipsavfallsdirektiv (Europaparlament- og rådsdirektiv (EU) 2019/883 av 17. april 2019 om mottaksanlegg i havner for levering av avfall fra skip). Det er grunn til å tru at dette vil resultere i både fleire reaksjonar, inkludert ilegging av lovbrotsgebyr, betre etterleving, og skjerpt merksemd blant aktørane.

Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.

Tilskotsordning som dekkjer kostnadene med leveransar av avfall etter frivillige ryddeaksjonar

Vedtak 1004, 27. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen vurdere å innføre en tilskuddsordning som dekker kostnadene forbundet med leveranser av avfall etter frivillige ryddeaksjoner. Stortinget ber regjeringen legge frem en sak om dette i forbindelse med statsbudsjettet for 2022.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:236 S (2020–2021) Representantforslag om globale og nasjonale tiltak for renere hav og håndtering av plast, jf. Innst. 445 S (2020–2021).

Miljødirektoratet forvaltar ei tilskotsordning for støtte til tiltak mot marin forsøpling. I 2021 vart det delt ut omtrent 70 mill. kroner til ulike oppryddings- og førebyggjande tiltak. Refusjonar av mindre utgifter til ryddeutstyr, transport og levering av rydda avfall har i fleire år vore handterte ved at Hold Norge Rent forvaltar ei eiga refusjonsordning. Hold Norge Rent har kvart år søkt om midlar frå Miljødirektoratets tilskotsordning til denne refusjonsordninga, der dei igjen fordeler til ei lang rekkje aktørar. Regjeringa vil evaluere tilskotsordninga for tiltak mot marin forsøpling og refusjonsordninga for ryddekostnader i lys av utviklinga i oppryddingsarbeidet og behovet for føreseielege vilkår for aktørane.

Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Einskapleg utbygging av infrastruktur for null- og lågutsleppsteknologi. Enovas stønad til fyllestasjonar og tyngre køyretøy på biogass

Vedtak 1005, 27. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen følge opp Stortingets vedtak om å sikre en enhetlig utbygging av infrastruktur for null- og lavutslippsteknologi, og i tillegg legge til rette for en raskere søknadsprosess for gassdistributørene som søker om investeringsstøtte til fyllestasjoner hos Enova, samt umiddelbart forbedre Enovas støtteordning til fyllestasjoner og innkjøp av tyngre kjøretøy med biogass som drivstoff.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:231 S (2020–2021) Representantforslag om å fjerne de statlige barrierene for produksjon og bruk av biogass, jf. Innst. 468 S (2020–2021).

Regjeringa har spissa Enova som klimaverkemiddel gjennom den nye styringsavtalen for perioden 2021–2024. Formålet til Enova er å medverke til å nå Noregs klimaforpliktingar og medverke til omstillinga til lågutsleppssamfunnet.

Gjennom å forsere tidleg marknadsintroduksjon av klimavennlege teknologiar og løysingar med sikte på å gjere dei føretrekte utan stønad på sikt er Enova eit viktig verkemiddel i arbeidet med å redusere dei ikkje-kvotepliktige klimagassutsleppa våre. Transportsektoren utgjer ein stor del av Enovas aktivitet på grunn av store utslepp og etter kvart stadig fleire køyretøy og fartøy som er klare for marknadsintroduksjon. I avtalen er det dessutan slått fast at Enova, som statens verkemiddel for stønad i ein tidleg fase, skal medverke til utvikling av drivstoffinfrastruktur for utsleppsfri transport. Vidare skal Enova som del av aktiviteten retta mot tidleg marknadsintroduksjon ha eit tilbod til næringstransport, Nullutsleppsfondet, med formål om å redusere klimagassutslepp frå næringstransport og medverke til omstillinga til lågutsleppssamfunnet gjennom ein raskare marknadsintroduksjon og -vekst av nullutsleppsteknologi i næringskøyretøy og -fartøy. Begge desse punkta omfattar biogass, og Enova har sidan 2014 gjeve tilsegn om støtte på til saman 530 mill. kroner til produksjon av biogass, gasskøyretøy som går på biogass, og fylleinfrastruktur.

Enova har nyleg gjennomført ei effektivisering av søknads- og saksbehandling i programmet Energi- og klimatiltak i landtransport som omfattar gasskøyretøy som går på biogass, og biogassfyllestasjonar. Endringane inneber at Enova no ber om mindre informasjon frå søkjar enn tidlegare og i større grad nyttar førehandsdefinerte verdiar baserte på marknadsdata. Dette forenklar søknads- og saksbehandlingsprosessen i ein marknad med stor aktivitet og der Enova gjennom god tilgang på oppdaterte data sikrar både kvalitet og effektivitet i prosessen. Frå og med 18. juni 2021 er søknadssenteret dessutan oppdatert med nye malar der søkjarane vil oppleve ei forbetra rettleiing til utfylling av søknadene.

Det er ikkje rett, som det er vist til i representantforslaget, at det er eit krav at den som søkjer støtte til fyllestasjonar, også må ha eigarinteresse i køyretøy. Enova krev likevel at søknad om stønad til fyllestasjonar er tilknytt søknad om støtte til køyretøy, og søknaden vil berre bli støtta i dei tilfella der drift av køyretøy vil krevje utbygging av ny infrastruktur. Det er heller ikkje rett at ein berre kan søkje om støtte til éin fyllestasjon eller eitt køyretøy om gongen. Enova vil unngå at det blir gjeve støtte til fyllestasjonar på stader der kundegrunnlaget er for lite. Ved å stille vilkår om at støtte til fyllestasjon er tilknytt søknad om støtte til køyretøy, forsikrar Enova seg om at det faktisk finst køyretøy som vil ta i bruk infrastrukturen.

Klima- og miljødepartementet styrer statsføretaket Enova på eit overordna nivå, gjennom fireårige avtalar. Innanfor rammene av avtalen har Enova stor fagleg fridom til å utvikle program, prioritere mellom område og tildele støtte til enkeltprosjekt basert på kunnskapen og erfaringa føretaket har med dei relevante marknadene, slik at måla blir nådde mest mogleg effektivt.

På dette grunnlaget reknar departementet vedtaket som følgt opp.

Forenkle søknadsprosessen for Enovas stønad til køyretøy som bruker biogass

Vedtak 1006 , 27. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen umiddelbart forenkle søknadsprosessen for støtte til biogasskjøretøy, etter modell for støtte til tunge elektriske kjøretøy, hvor Enova lover en enkel søknadsprosess med raskt svar.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:231 S (2020–2021) Representantforslag om å fjerne de statlige barrierene for produksjon og bruk av biogass, jf. Innst. 468 S (2020–2021).

Enova har i løpet av våren 2021 gjort eit arbeid for å få oppdatert kunnskapsgrunnlaget sitt om biogass og har nyleg gjennomført ei effektivisering og forenkling av søknads- og saksbehandling i programmet Energi- og klimatiltak i landtransport som omfattar gasskøyretøy som går på biogass, og biogassfyllestasjonar. Det blir òg vist til svar på oppmodingsvedtak 1005.

Enova jobbar kontinuerleg med å forbetre søknadsprosessar for ulike støtteprogram. Samstundes har dei avgrensa ressursar og må prioritere innsatsen. I februar lanserte Enova eit forenkla program for stønad til tunge køyretøy. Enova informerer at moglegheita for forenkling avheng av teknologimodenskap og kompleksiteten i segmenta det blir søkt om støtte til. Enova valde difor i første omgang å teste ut den nye løysinga på eitt segment, tunge elektriske køyretøy, for å sjå korleis det fungerte i drift før eventuell utviding til andre segment. Tunge elektriske køyretøy eignar seg dessutan som «pilot» for løysinga ettersom Enova har god tilgang på marknadsdata for desse segmenta og ei forventing om ein betydeleg auke av nye elektriske modellar tilgjengelege i marknaden frå 2021, noko som samstundes vil resultere i eit auka tilfang av søknader til Enova. På same tida er Enova oppteke av å halde administrasjonskostnaden lågast mogleg. Med erfaringane som Enova etter kvart får frå løysinga som er utvikla for tunge køyretøy, vil dei vurdere å fase inn andre segment, til dømes gasskøyretøy som går på biogass.

Klima- og miljødepartementet styrer statsføretaket Enova på eit overordna nivå gjennom fireårige avtalar. Innanfor rammene av avtalen har Enova stor fagleg fridom til å utvikle program, prioritere mellom område og tildele støtte til enkeltprosjekt basert på kunnskapen og erfaringa føretaket har med dei relevante marknadene, slik at måla blir nådde mest mogleg effektivt. Dette inkluderer også korleis Enova vel å behandle søknadar.

På dette grunnlaget reknar departementet vedtaket som følgt opp.

Endre omgrepet «nullutslepp» i alle statlege mål og planar til «nullutslepp og biogass»

Vedtak 1007, 27. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen om å endre bruken av begrepet nullutslipp i alle statlige målsettinger og planer til nullutslipp og biogass, dette i den hensikt å likebehandle biogass med elektrisitet og hydrogen, og denne begrepsbruken skal gjelde allerede vedtatte og fremtidige planer.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:231 S (2020–2021) Representantforslag om å fjerne de statlige barrierene for produksjon og bruk av biogass, jf. Innst. 468 S (2020–2021).

Regjeringa legg til grunn at intensjonen med vedtaket er å kutte i klimagassutsleppa gjennom å leggje til rette for å auke bruken av biogass. Dette er i tråd med politikken til regjeringa, jf. Meld. St. 13 (2020–2021). Regjeringa meiner likevel at ei likebehandling av biogass med nullutsleppsløysingar i alle statlege målsetjingar og planar ikkje er formålstenleg ut frå ein slik intensjon. Når det gjeld målsetjingar, meiner regjeringa at ein ikkje bør endre omgrepet «nullutslepp» til «nullutslepp og biogass» i måltala for nullutsleppskøyretøy fordi det ikkje vil føre til auka utsleppskutt og potensielt kan føre til lågare utsleppskutt enn slik måltala er formulerte i dag.

Når det gjeld «statlege planar», meiner regjeringa at det oftast vil vere betre å fremje bruken av biogass gjennom verkemiddel som er retta mot biogass som energiberar, enn gjennom verkemiddel som er retta mot nullutsleppsteknologiar. Regjeringa utelukkar likevel ikkje at det i einskilde tilfelle kan det vere aktuelt å utforme verkemidla slik at ein likebehandlar biogass med nullutsleppsløysingar, og regjeringa vil løpande vurdere dette. Effekten på klimagassutsleppa av å gjennomgåande likebehandle biogass med nullutsleppsløysingar i verkemiddelbruken er uviss. Vedtaket vil i tillegg vere særs krevjande å gjennomføre. Regjeringa rår difor Stortinget til å oppheve vedtak 1007 (2021–2021), jf. forslag til vedtak XIII. I del II, s. 176, i denne budsjettproposisjonen er det gjort meir greie for vurderingane av dette vedtaket.

Harmonisere rammevilkåra for biogassproduksjon i Norden

Vedtak 1009, 27. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen om å ta initiativ til å harmonisere rammevilkårene for biogassproduksjon i Norden og komme tilbake til Stortinget med en plan for dette for å bidra til å utvikle biogassnæringen i Norge.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:231 S (2020–2021) Representantforslag om å fjerne de statlige barrierene for produksjon og bruk av biogass, jf. Innst. 468 S (2020–2021).

Departementet ser behov for å samanlikne dei statlege rammevilkåra for produksjon av biogass i Noreg, Sverige og Danmark og har bede Miljødirektoratet om bistand til dette. Når eit kunnskapsgrunnlag er klart, vil regjeringa vurdere den vidare oppfølginga av vedtaket.

Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Stortingssesjon 2019–2020

Nye mål i kulturmiljøpolitikken

Vedtak 708, 16. juni 2020

«Stortinget ber regjeringen legge til grunn at en av de nye bevaringsstrategiene skal handle om kirker, og at det i den forbindelse legges til grunn en målsetting om at alle steinkirker fra middel-alderen skal ha ordinært vedlikeholdsnivå innen 1 000-årsjubileet for slaget på Stiklestad i 2030

Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken –Engasjement, bærekraft og mangfold, jf. Innst. 379 S (2019–2020).

Klima- og miljødepartementet arbeider med å følgje opp Meld. St.16 (2019–2020). Utvikling av bevaringsstrategiane er ei prioritert oppgåve som er igangsett hausten 2020. Kva tema som skal prioriterast, vil bli avklart som ein del av prosessen. Korleis kyrkjer skal inkluderast i dette arbeidet, vil inngå i vurderinga.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Stortingssesjon 2018–2019

Erstatningsreglane ved tap av beitedyr til rovvilt og kompensasjonsordninga (FKT)

Vedtak nr. 383, 31. januar 2019

«Stortinget ber regjeringen foreta en vurdering av erstatningsordningene for tap av beitedyr til rovvilt og kompensasjonsordningen (FKT) og rapportere til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:239 S (2017–2018) Representantforslag omerstatningsreglene ved tap av beitedyr til rovvilt, jf. Innst. 140 S (2018–2019).

Departementet er i gang med oppfølginga av dette vedtaket.

Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Stortingssesjon 2017–2018

Gjenbruk gjennom kommunane sine gjenbruksstasjonar

Vedtak nr. 481, 27. februar 2018

«Stortinget ber regjeringen gi kommunene ansvar for å legge til rette for gjenbruk gjennom kommunenes gjenbruksstasjoner.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal II.

Det er vurdert at kommunane allereie har dette ansvaret, sjølv om det ikkje går uttrykkjeleg fram av forureiningslova, og at dette kan dekkjast over avfallsgebyret, jf. Prop. 1 S (2018–2019). Energi- og miljøkomiteen tok regjeringa si vurdering til orientering og bad om ei orientering om kommunane faktisk følgjer opp dette ansvaret, jf. Innst. 9 S (2018–2019).

Klima- og miljødepartementet vil komme tilbake til Stortinget med ei orientering om kor vidt kommunane følgjer opp.

Utleige av avfallskonteinarar frå godkjende avfallsselskap

Vedtak nr. 482, 27. februar 2018

«Stortinget ber regjeringen gi kommunene anledning til selv å bestemme om de ønsker samtykke ved utleie av avfallskonteinere fra godkjente avfallsselskaper.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal III.

Departementet arbeider med saka.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Krav til utsortering og materialattvinning av plast og matavfall

Vedtak nr. 485, 27. februar 2018

«Stortinget ber regjeringen stille krav til utsortering og materialgjenvinning av plast og matavfall fra husholdninger og lignende avfall fra næringslivet.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal VI.

Miljødirektoratet har greidd ut krav til utsortering og materialattvinning av matavfall og plastavfall og komme med forslag til ei forskrift for å regulere dette, som har vore på alminneleg høyring våren 2021. Saka vil bli følgd opp i departementet.

Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Avfall frå offentlege tenester og andre som produserer avfall som liknar hushaldsavfall

Vedtak nr. 486, 27. februar 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede og legge til rette for at alt avfall fra offentlige tjenester og andre som produserer avfall som likner husholdningsavfall, skal ha de samme kravene til materialgjenvinning i norsk regelverk som husholdningsavfall.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal VII.

Miljødirektoratet har greidd ut krav til utsortering og materialattvinning av matavfall og plastavfall og komme med forslag til ei forskrift for å regulere dette, som har vore på alminneleg høyring våren 2021. Saka vil bli følgd opp i departementet.

Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Reinsing av flygeoske

Vedtak nr. 487, 12. april 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede påbud om rensing av flyveaske og komme til Stortinget med dette på egnet måte.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal XI.

Flygeoske oppstår ved forbrenning av avfall og blir rekna som farleg avfall. Ved å vinne att materiala salt og tungmetall i slik oske kan behovet for deponi for denne fraksjonen farleg avfall reduserast. Ekspertutvalet om farleg avfall, som overleverte tilrådinga si til regjeringa i november 2019, peikte på ei betydeleg teknologiutvikling knytt til slik materialattvinning/reinsing av flygeoske. Dei viste samstundes til at det tek tid å kommersialisere teknologiane, men at anlegg under utvikling indikerer at teknologiane er i ferd med å bli modne. Miljødirektoratet vurderer også at materialattvinning av flygeoske på sikt kan vere mogleg, og at det kan bli aktuelt å vurdere regulering gjennom forskrift. Departementet vil følgje utviklinga på området, men vurderer ikkje at det er aktuelt å greie ut påbod om reinsing av flygeoske no.

Departementet reknar vedtaket på dette grunnlag som følgt opp.

Matkastelov

Vedtak nr. 489, 27. februar 2018

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til en matkastelov som omfatter næringsmiddelindustrien og matvarebransjen. Loven bør omfatte påbud om å donere all spiselig overskuddsmat til veldedige formål og sekundært til dyrefôr, samt påbud om å offentliggjøre nøkkeltall knyttet til matsvinn og reduksjon av matsvinn.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal XV.

Departementet arbeider med saka.

Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Fosforattvinning

Vedtak nr. 490, 27. februar 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede virkemidler og tiltak for å legge til rette for fosforgjenvinning i Norge.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal XVI.

I den nasjonale strategien for ein grøn, sirkulær økonomi skriv regjeringa at ho vil «greie ut verkemiddel for å auke attvinninga av fosfor, irekna eit omsetjingskrav for attvunne fosfor med sikte på redusert forureining».

Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.

Oppsamling av gummigranulat frå eksisterande og nye kunstgrasbanar

Vedtak nr. 491, 27. februar 2018

«Stortinget ber regjeringen innføre et regelverk som sikrer at effektivt utstyr for oppsamling av gummigranulat fra eksisterende og nye kunstgressbaner tas i bruk med virkning fra 1. januar 2019.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal XXIII.

Miljødirektoratet utarbeidde eit forslag til forskrift som var på offentleg høyring i 2021. Departementet har fastsett forskrift om utforming og drift av idrettsbaner der det brukes plastholdig løst fyllmateriale (gummigranulat), med verknad frå 1. juli 2021.

Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.

Revidert strategi mot marin plastforsøpling og spreiing av mikroplast

Vedtak nr. 492, 27. februar 2018

«Stortinget ber regjeringen revidere strategi mot marin plastforsøpling og spredning av mikroplast innen 2020.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal XXIV.

Departementet har utarbeidd ein revidert plaststrategi som vart lansert 10. august 2021. Strategien omfattar både nye tiltak og tiltak som er i gang.

Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.

Nasjonal strategi for ein sirkulær økonomi

Vedtak nr. 493, 27. februar 2018

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en nasjonal strategi for en sirkulær økonomi.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal XXVII.

Vedtaket må sjåast i samanheng med vedtak nr. 503 av 12. april 2018, Handlingsplan for kretsløpsøkonomi. Regjeringa la 16. juni 2021 fram nasjonal strategi for sirkulær økonomi.

Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.

EØS-mål for attvinning av avfall frå bygg- og anleggsnæringa

Vedtak nr. 496, 27. februar 2018

«Stortinget ber regjeringen vurdere om vi når EØS-mål for gjenvinning av avfall fra bygg- og anleggsnæringen i 2020, og ev. utrede nødvendige virkemidler, herunder vurdere en skjerping av kravene til byggavfall i teknisk forskrift.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi.

EØS-målet for 2020 er på 70 pst. Ifølgje SSBs avfallsstatistikk var materialattvinninga av avfall frå nybygging, rehabilitering og riving i 2019 på om lag 47 pst. Regjeringa jobbar aktivt med å styrkje verkemiddelbruken. I 2020 endra regjeringa avfallsforskrifta for å leggje til rette for meir attvinning av betong og tegl. Miljødirektoratet har fått i oppdag å sjå på korleis ein kan vinne att meir gipsavfall frå byggjeaktivitet, og å leie eit tverrsektorielt prosjekt som skal sjå korleis ein kan få ei betre behandling av ikkje-forureina overskotsmassar. Kommunal- og moderniseringsdepartementet er ansvarleg departement for byggteknisk forskrift (TEK17), der kravet til utsortering av byggavfall er regulert. Direktoratet for byggkvalitet sende 1. juli 2021 på høyring endringar i TEK17, med forslag om å auke utsorteringskravet for byggavfall frå 60 til 70 pst.

Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.

Pålegg om utsortering og materialattvinning av plast- og matavfall

Vedtak nr. 502, 27. februar 2018

«Stortinget ber regjeringen pålegge kommuner og næringsaktører utsortering og materialgjenvinning av plast- og matavfall i tråd med anbefalingene fra Miljødirektoratet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentant Une Aina Bastholm om eit løft for norsk sirkulærøkonomi gjennom attvinning av avfall for næringsaktørar og kommunar, jf. Dok. 8:31 S (2017–2018) og Innst. 129 S (2017–2018).

Miljødirektoratet har greidd ut krav til utsortering og materialattvinning av matavfall og plastavfall og komme med forslag til ei forskrift for å regulere dette, som har vore på alminneleg høyring våren 2021. Saka vil bli følgd opp i departementet.

Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Handlingsplan for kretsløpsøkonomi

Vedtak nr. 503, 27. februar 2018

«Stortinget ber regjeringen lage en forpliktende handlingsplan for kretsløpsøkonomi med mindre ressurssløsing i alle deler av samfunnet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentant Une Aina Bastholm om eit løft for norsk sirkulærøkonomi gjennom attvinning av avfall for næringsaktørar og kommunar, jf. Dok. 8:31 S (2017–2018) og Innst. 129 S (2017–2018).

Vedtaket må sjåast i samanheng med vedtak nr. 493 av 12. april 2018, Nasjonal strategi for ein sirkulær økonomi. Regjeringa la 16. juni 2021 fram nasjonal strategi for sirkulær økonomi.

Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.

Heilskapleg plan for Oslofjorden

Vedtak nr. 575, 5. april 2018

«Stortinget ber regjeringen legge fram helhetlig plan for Oslofjorden – med mål om at fjorden skal oppnå god miljøtilstand, restaurere viktige naturverdier, fremme et aktivt friluftsliv og ivareta det biologiske mangfoldet i fjorden.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Ola Elvestuen, Carl-Erik Grimstad og Abid Q. Raja om ein heilskapleg forvaltningsplan for Oslofjorden, jf. Dok. 8:51 S (2017–2018) og Innst. 203 S (2017–2018).

Helhetlig tiltaksplan for en ren og rik Oslofjord med et aktivt friluftsliv vart lagd fram i mars 2021.

Regjeringa reknar vedtaket som følgt opp.

Greie ut strengare krav til svartvass- og gråvassutslepp frå cruiseskip

Vedtak nr. 661, 3. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede strengere krav til svartvanns- og gråvannsutslipp fra cruiseskip.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, representantforslag frå stortingsrepresentantane Audun Lysbakken, Lars Haltbrekken, Kari Elisabeth Kaski, Arne Nævra og Torgeir Knag Fylkesnes om å gjennomføre Stortingets mål i klimaforliket om å kutte norske klimagassutslepp fram mot 2020, jf. Dok. 8:16 S (2017–2018) og Innst. 253 S (2017–2018), jf. tilrådinga i innstillinga romartal VIII.

Sjøfartsdirektoratet har oversendt til Klima- og miljødepartementet forslag til endring i regelverket for innføring av strengare krav til utslepp av kloakk frå skip langs kysten. Ei kartlegging frå Miljødirektoratet om mottakskapasiteten for kloakk og kloakkslam i hamnene inngår i faggrunnlaget for forslaget. Saka er no til behandling i departementet.

Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Implementere krav og reguleringar til utslepp frå cruiseskip og annan skipstrafikk i turistfjordar m.m.

Vedtak nr. 672, 3. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen implementere krav og reguleringer til utslipp fra cruiseskip og annen skipstrafikk i turistfjorder samt andre egnede virkemidler for å sørge for innfasing av lav- og null-utslippsløsninger i skipsfarten fram mot 2030, herunder innføre krav om nullutslipp fra turistskip- og ferger i verdensarvfjordene så snart det er teknisk gjennomførbart, og senest innen 2026.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, representantforslag frå stortingsrepresentantane Audun Lysbakken, Lars Haltbrekken, Kari Elisabeth Kaski, Arne Nævra og Torgeir Knag Fylkesnes om å gjennomføre Stortingets mål i klimaforliket om å kutte norske klimagassutslepp fram mot 2020, jf. Dok. 8:16 S (2017–2018) og Innst. 253 S (2017–2018).

Regjeringa er i gang med å redusere utsleppa av klimagassar og lokal luftforureining frå skipstrafikk i norske fjordar. 1. mars 2019 innførte Sjøfartsdirektoratet som eit første steg strengare utsleppskrav til skip i verdsarvfjordane.

På bakgrunn av Stortingets oppmodingsvedtak fekk Sjøfartsdirektoratet i 2019 i oppdrag å «[u]trede konsekvensene av å innføre krav om nullutslipp fra turistskip- og ferger i verdensarvfjordene så snart det er teknisk gjennomførbart, og senest innen 2026». Sjøfartsdirektoratets svar på oppdraget kom i april 2020. Det omfatta ein rapport frå DNV GL, direktoratet si vurdering av rapporten og ei tilråding frå direktoratet om vidare oppfølging av oppmodingsvedtaket med utgangspunkt i dei teknisk faglege vurderingane.

Ifølgje rapporten var det på det tidspunktet forventa at nullutslepp frå 2026 er mogleg for mindre fartøy med lokal tilknyting så framt nødvendig ladeinfrastruktur blir bygd ut. For større turistskip, som cruiseskip, er ikkje elektrifisering og batteridrift eit alternativ, slik det såg ut da. Dette kjem av for liten kapasitet i batteripakkane. Andre teknologiar er heller ikkje vurderte å vere modne nok innan 2026 til at dei store cruiseskipa kan nytte seg av dei. Innspelsmøte med lokale styresmakter, lokalt næringsliv, reiarlag og andre har avdekt at det er sprikjande syn i denne saka.

Ved Stortingets behandling 25. februar 2021 av Dokument 8:23 S (2020–2021) Representantforslag om utsettelse av krav om nullutslipp i verdsarvfjordane fra 2026 vart det gjort to nye oppmodingsvedtak, høvesvis vedtak nr. 690, 25. februar 2021 «Stortinget ber regjeringen bidra til gjennomføring av tiltak initiert av lokale og regionale myndigheter, som reduserer utslipp i verdensarvfjordene» og vedtak nr. 691, 25. februar 2021 «Stortinget ber regjeringen foreslå tiltak som sikrer verdensarvfjordene som anløpshavn for cruisebåter også etter 2026, blant annet ved at staten sikrer etablering av landstrøm i Flåm som planlagt innen 2022».

Det blir no vurdert kva for steg som skal takast vidare for å følgje opp oppmodingsvedtaka i samanheng. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Nasjonalt forbod mot sal av heliumballongar

Vedtak nr. 674, 3. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen snarest mulig utrede et nasjonalt forbud mot salg av heliumballonger, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, representantforslag frå stortingsrepresentantane Audun Lysbakken, Lars Haltbrekken, Kari Elisabeth Kaski, Arne Nævra og Torgeir Knag Fylkesnes om å gjennomføre Stortingets mål i klimaforliket om å kutte norske klimagassutslepp fram mot 2020, jf. Dok. 8:16 S (2017–2018) og Innst. 253 S (2017–2018).

Departementet vurderer vidare behov for utgreiing av eit slikt nasjonalt forbod mot sal av heliumballongar.

Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Dekningsplikta når gardbrukarar blir pålagde undersøkingar

Vedtak nr. 764, 28. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med stortingsmeldingen om kulturminnefeltet foreta en gjennomgang av dekningsplikten når gårdbrukere blir pålagt undersøkelser etter kulturminneloven §§ 9 og 10, og vurdere å innlemme ‘utvidelser og nybygg av driftsbygninger på alminnelige gårdsbruk’ i bestemmelsen for ‘mindre, private tiltak’.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Steinar Reiten og Olaug V. Bollestad om gjennomgang av grenseoppgangen mellom «mindre» og «større» tiltak i kulturminnelova §§ 9 og 10 (Innst. 306 S (2017–2018)). I dette forslaget vart det fremja følgjande:

«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av dekningsplikten når gårdbrukere blir pålagt undersøkelser etter kulturminneloven §§ 9 og 10, og sørge for at utvidelser og nybygg av driftsbygninger på alminnelige gårdsbruk faller inn under bestemmelser for ‘mindre, private tiltak’. Gjennomgangen legges frem for Stortinget på egnet måte.»

I Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold har regjeringa lagt fram sitt svar på dette oppmodingsvedtaket. Meldinga vart behandla i Stortinget 15. juni 2020, jf. vedtak datert 16. juni 2020. Meldinga baserer seg på det generelle prinsippet i norsk klima- og miljøforvaltning om at den som er årsak til at miljøet blir forureina eller forringa, skal bere eventuelle kostnader knytte til arbeidet med å redusere skaden. For kulturmiljøfeltet inneber dette at den som er årsak til tap av kulturmiljø, skal betale det det kostar å sikre kjeldeverdien for framtida og for fellesskapen. Kulturminnelova opnar for at det kan gjerast unntak frå dette prinsippet ved «mindre, private tiltak» og der det ligg føre «særlige grunner». I oppfølginga av meldinga vil regjeringa starte arbeidet med å utarbeide nærmare retningslinjer for kva som ligg i omgrepet «særlige grunner».

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Stortingssesjon 2016–2017

Gratis levering av marint avfall

Vedtak nr. 529, 28. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen særskilt belyse hvordan gratis levering av marint avfall bør organiseres, og komme tilbake til dette på egnet måte.»

Stortinget gjorde vedtaket ved behandlinga av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 213 S (2016–2017), jf. Dok. 8:31 S (2016–2017), tilrådinga i innstillinga romartal I.

Miljødirektoratet har greidd ut ei ordning for å gjere det gratis å levere eigarlaust marint avfall i hamn for fiskarar og andre, basert på erfaringane frå prosjektet «Fishing for litter». Departementet har vurdert Miljødirektoratets forslag. I dette arbeidet må ein ta omsyn til EUs reviderte skipsavfallsdirektiv. Forslag til gjennomføring av direktivet er sendt på høyring.

Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Fagleg gjennomgang av den norske delbestanden av ulv

Vedtak nr. 591, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen foreta en faglig gjennomgang av den norske delbestanden av ulv.»

Stortinget gjorde vedtaket ved behandlinga av Prop. 63 L (2016–2017), jf. Innst. 257 S (2016–2017), jf. Endringer i naturmangfoldloven (felling av ulv m.m.), jf. innstillinga romartal III.

Den faglege gjennomgangen var opphavleg delt i to delar. Del 1 er ein gjennomgang av tidlegare utgreiingar og ulike omgrep i omtale av ulvebestanden, og del 2 skulle vere ein ny fagleg gjennomgang. Del 1 av dette arbeidet er fullført, og resultatet er at både fagekspertar som har sett nærmare på saka, og Miljødirektoratet tilrår at ein ikkje går vidare med arbeidet. Forklaringa er kort samanfatta at dei norske ulvane er ein del av den sørskandinaviske ulvebestanden, og at slike analysar allereie er gjennomførte for den bestanden. Heller ikkje dei rettslege rammene for ulveforvaltninga tilseier at det er behov for ei eiga utgreiing av den norske delbestanden. Høgsterett klargjorde i dom av 26. mars 2021 at vilkåret i naturmangfaldlova § 18 andre ledd om at felling av ulv berre kan vedtakast dersom uttaket ikkje truar overlevinga til bestanden, siktar til den sørskandinaviske ulvebestanden. Vidare fann Høgsterett at Noregs folkerettslege plikt til å sikre overlevinga til ulven i norsk natur ikkje krev at den norske delbestanden isolert sett er levedyktig, og at denne forpliktinga er oppfylt så lenge den norske delbestanden når gjeldande bestandsmål. Både den biologiske vurderinga og dei juridiske avklaringane syner at det ikkje er formålstenleg å gjennomføre ein eigen analyse av levedyktigheita for den norske delen av ulvebestanden isolert.

Klima- og miljødepartementet vil difor avslutte vidare arbeid med oppfølging av dette oppmodingsvedtaket.

Forslag til tiltak og verkemiddel for overvassproblematikk

Vedtak nr. 914, 14. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå anbefalingene fra overvannsutvalget (NOU 2015: 6), og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med forslag til tiltak og virkemidler for overvannsproblematikk, inkludert en vurdering av en egen sektorlov for vann- og avløp.»

Stortinget gjorde vedtaket ved behandling av Dok. 8:78 S (2016–2017), jf. Innst. 436 S (2016–2017), jf. tilrådinga i innstillinga romartal I.

Overvassutvalet foreslo ein pakke av verkemiddel som må sjåast i samanheng, og som til saman vil medverke til å oppnå måla om å førebyggje skade på busetnad, infrastruktur, helse og miljø. Forslag til endringar i forureiningslova, vass- og avløpsanleggslova, plan- og bygningslova og byggteknisk forskrift vart sendt på høyring i mars 2020. Høyringsfråsegna er no til vurdering i Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Fossilfrie anleggsprosjekt

Vedtak nr. 1105, 21. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan fossilfrie anleggsprosjekter eventuelt kan gjennomføres og hva konsekvensen av dette vil være.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2016–2017) og Innst. 401 S (2016–2017) om revidert nasjonalbudsjett 2017.

Klima- og miljødepartementet innførte forbod mot å bruke fossil fyringsolje til oppvarming av bygningar frå 1. januar 2020. Kommunane har ansvaret for å handheve forbodet. Frå 1. januar 2022 vil også bruk av mineralolje til byggvarme, det vil seie mellombels oppvarming og tørking av bygningar under oppføring og rehabilitering, bli omfatta av forbodet. Forbodet vil medverke til å redusere klimagassutslepp frå byggjeplassar.

Oppfølging av vedtak 1105 av 21. juni 2017 må sjåast i samanheng med oppmodingsvedtak nr. 108, punkt 16 (2016–2017) om å utarbeide ein handlingsplan for fossilfrie byggjeplassar/anleggsplassar innan transportsektoren. Denne planen vart lagd fram i januar 2021. I handlingsplanen blir det varsla at regjeringa vil starte pilotprosjekt for fossilfrie anleggsplassar i regi av SD sine etatar og verksemder. Prosjekta vil kunne gje oss raskare utvikling og utprøving av ny teknologi og erfaring som vil vere relevant for å gjennomføre fossilfrie byggje- og anleggsprosjekt i ulike sektorar. Som varsla i planen vil regjeringa bruke krav i offentlege innkjøp som verkemiddel for å redusere utsleppa frå anleggsplassar i transportsektoren, med sikte på å leggje til rette for at anleggsplassane skal vere fossilfrie innan 2025. Regjeringa vil også setje i gang utgreiing av krav og mål for fossilfrie anleggsplassar i transportsektoren. Enova har i 2021 lansert ei eiga satsing på utsleppsfrie bygg- og anleggsplassar der dei vil støtte pilotprosjekt som utviklar løysingar som marknaden seinare kan ta i bruk.

På dette grunnlaget reknar Klima- og miljødepartementet vedtaket som følgt opp.

Stortingssesjon (2015–2016)

Klargjering av kva som er god tilstand, og kva areal som er å rekne som forringa økosystem

Vedtak nr. 669, 23. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen klargjøre hva som er god tilstand og hvilke arealer som er å regne som forringede økosystemer, og trappe opp arbeidet med å bedre tilstanden i økosystemene, med sikte på at 15 pst. av de forringede økosystemene skal være restaurert innen 2025.»

Stortinget gjorde vedtaket ved behandling av Meld. St. 14 (2015–2016), jf. Innst. 294 S (2015–2016) om Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, innstillinga romartal III.

Klima- og miljødepartementet oppretta i 2016 Ekspertrådet for økologisk tilstand. Rådet kom med tilrådingane sine i 2017, og ulike fagmiljø har gjennomført nødvendig utvikling og utprøving av fagsystemet. I 2020 starta arbeidet med å ta fagsystemet i bruk, samstundes som delar av systemet framleis vart utvikla vidare. I 2021 kom dei første vurderingane av utvalde økosystem. Fleire økosystem blir vurderte i 2022, samstundes som det blir innhenta kunnskap for å kunne vurdere metodar for enkelte økosystem. Tilstanden i økosystema med godt nok datagrunnlag kan deretter vurderast med jamne mellomrom, inkludert kva som er sett på som forringa økosystem. Klima- og miljødepartementet vil prioritere aktuelle restaureringstiltak med sikte på at 15 pst. av dei forringa økosystema er restaurerte innan 2025.

Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Kvalitetsnormer for økosystem som del av utviklinga av nye forvaltningsmål

Vedtak nr. 670, 23. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen vurdere kvalitetsnormer for økosystemer som en del av utviklingen av nye forvaltningsmål.»

Stortinget gjorde vedtaket ved behandlinga av Meld. St. 14 (2015–2016), jf. Innst. 294 S (2015–2016) om Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. innstillinga romartal IV.

Regjeringa har i 2021 lagt fram «Naturstrategi for våtmark» der det er sett forvaltningsmål for våtmark. Dette målet er å (1) bremse nedbyggingstakta for våtmark som er i dag, og (2) forbetre den økologiske tilstanden i våtmark. Naturstrategien fyller ei liknande rolle som ei kvalitetsnorm gjennom det målet som er sett, ei forbetring av kunnskapsgrunnlaget og gjennomføring av konkrete tiltak etter nærmare utgreiing. Kunnskapsgrunnlaget for våtmark bør vidareutviklast før det eventuelt blir fastsett ei kvalitetsnorm for våtmark etter naturmangfaldlova. Myr er ein del av økosystemet våtmark, og Klima- og miljødepartementet vil sjå eventuell utarbeiding av ei kvalitetsnorm for myr i samanheng med denne vidareutviklinga av dette kunnskapsgrunnlaget.

Naturstrategien vil bli evaluert etter seks år og revidert etter tolv år. Behovet for eventuelle nye mål og verkemiddel vil da bli vurdert på nytt.

Arbeidet med å følgje opp naturmangfaldmeldinga og utvikle forvaltningsmål held fram for dei andre økosystema.

Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Handlingsplan for å betre situasjonen for sjøfugl

Vedtak nr. 674, 23. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en handlingsplan for å bedre situasjonen for sjøfugler. I handlingsplanen må det gjøres en vurdering av hvilke øvrige sjøfugler som bør få status som prioritert art.»

Vedtaket vart gjort ved stortingsbehandlinga av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. Innst. 294 S (2015–2016), innstillinga romartal IX.

Ei direktoratsgruppe leidd av Miljødirektoratet har fått i oppdrag å utarbeide eit utkast til handlingsplan for sjøfugl. Gruppa skal utarbeide ein samla prioritert tiltaksplan for å betre situasjonen for sjøfugl. Arbeidet er blitt forseinka, og siktemålet er ferdigstilling av planen i 2022.

Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Forbod mot mikroplast i kroppspleieprodukt

Vedtak nr. 681, 23. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen om fremme forslag med sikte på å forby mikroplast i kroppspleieprodukter.»

Stortinget gjorde vedtaket ved behandlinga av Dok. 8:44 S (2015–2016), jf. Innst. 282 S (2015–2016), tilrådinga i innstillinga romartal I.

EUs kjemikaliebyrå (ECHA) har utarbeidd eit forslag til restriksjon mot mikroplast i mellom anna kroppspleieprodukt. Forslaget har vore på høyring, og Miljødirektoratet har sendt ei fråsegn til ECHA. Saka er oversend EU-kommisjonen til behandling. Norske miljøstyresmakter vil aktivt følgje det vidare arbeidet.

Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Noreg skal vere klimanøytralt frå og med 2030

Vedtak nr. 897, 14. juni 2016

«Stortinget ber regjeringen legge til grunn at Norge skal sørge for klimareduksjoner tilsvarende norske utslipp fra og med 1. januar 2030, og at klimanøytralitet kan oppnås gjennom EUs kvotemarked, internasjonalt samarbeid om utslippsreduksjoner, kvotehandel og prosjektbasert samarbeid.»

Stortinget gjorde vedtaket ved behandlinga av Prop. 115 S (2015–2016), jf. Innst. 407 S (2015–2016) om samtykke til ratifikasjon av Parisavtala. Regjeringa legg til grunn målet om klimanøytralitet frå og med 2030. Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.

Fotnotar

1.

NOU 2018: 17 Klimarisiko og norsk økonomi

2.

M-932 Utredning om konsekvenser for Norge av klimaendringer i andre land

Til forsida