Del 3
Omtale av særlege tema
6 Samfunnssikkerheit og beredskap
Regjeringa arbeider heilskapleg og systematisk med samfunnssikkerheit. Føringane som er gitt i Meld. St. 5 (2020–2021) Samfunnssikkerhet i en usikker verden, Meld. St. 28 (2020–2021) Vår felles digitale grunnmur – mobil-, bredbånds- og internettjenester, Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn – samfunnssikkerhet, Meld. St. 38 (2016–2017) IKT-sikkerhet – Et felles ansvar, Meld. St. 27 (2015–2016) Digital agenda for Norge – IKT for en enklere hverdag og økt produktivitet, Meld. St. 21 (2012–2013) Terrorberedskap og Meld. St. 29 (2011–2012) Samfunnssikkerhet og Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet, er utgangspunktet for Kommunal- og distriktsdepartementet sitt arbeid med samfunnssikkerheit. Hovudmålet er:
Kommunal- og distriktsdepartementet sitt arbeid med samfunnssikkerheit styrkjer evna til å førebygge og handtere alvorlege hendingar innanfor departementet sitt ansvarsområde.
Kommunal- og distriktsdepartementet prioriterer arbeidet med å halde ved like og utvikle evna til å handtere kriser i eiga verksemd og i sektorane. I tillegg prioriterer departementet:
arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalysar
å lære av øvingar og hendingar, kontinuitetsplanlegging og oppfølging av tilsyn
å styrkje samordninga internt i departementet, med verksemder i sektorane og med andre departement
å vidareutvikle arbeidet med grunnleggande nasjonale funksjonar.
Departementet har eit mangfaldig og komplekst sektoransvar. Under gir vi ein nærare omtale av ansvarsområde som har særleg betyding for samfunnssikkerheit, og av mål, prioriteringar og tiltak.
Elektronisk kommunikasjon (ekom)
Elektroniske kommunikasjonsnett og -tenester, til dømes mobil-, breibandnett og datasenter, utgjer ein digital grunnmur for det norske samfunnet. Denne infrastrukturen som ber digitale tenester er i dag avgjerande for det norske samfunnet, og stadig fleire kritiske tenester blir digitalisert. Elektronisk kommunikasjon er definert som ein kritisk samfunnsfunksjon. Kommunal- og distriktsdepartementet og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit forvaltar og utviklar ekompolitikken. Det overordna målet for området er:
Eit likeverdig tilbod av sikre elektroniske kommunikasjonstenester av høg kvalitet og til rimelege prisar over heile landet.
I samarbeid med Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit og tilbydarane, arbeider departementet med å identifisere og redusere sårbarheiter, handtere hendingar og sørgje for tilstrekkeleg beredskap. Regjeringa støttar opp om auka sikkerheit og beredskap i nett og tenester gjennom fleire tiltak:
Forsterka ekom blir innført for fleire sårbare kommunar. Mellom anna blir mobilnetta styrkt med tre døgns reservestraum som førebygger mot utfall ved langvarige straumbrot. Styrkinga gjeld for alle tre mobilnetta (Ice, Telenor og Telia).
Tilskot til drift av Nødvarsel over mobilnetta og fortifikatorisk sikring for ekomnett.
Vidareføring av arbeidet for styrkt samarbeid mellom ekomsektoren og kraftsektoren i 2024, mellom anna for å sikre raskare gjenoppretting ved straumbrot som rammar viktige lokasjonar for ekomnetta.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit er ei utøvande tilsyns- og forvaltningsmyndigheit underlagt Kommunal- og distriktsdepartementet. Vidareføring og vidareutvikling av tilsyn er eit sentralt verkemiddel i samfunnssikkerheitsarbeidet. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit bidrar gjennom det digitale responsmiljøet for ekomsektoren, EkomCERT, til auka samfunnssikkerheit og beredskap. EkomCERT innhentar, samanstiller og analyserer sikkerheitsrelatert informasjon, koordinerer og handterer cyberhendingar og utarbeider situasjonsbilete. I 2023 har departementet helde fram arbeidet med Strategisk sikkerhetsforum for elektronisk kommunikasjon, ein samarbeidsarena for diskusjon og erfaringsutveksling mellom myndigheiter og tilbydarar på strategisk nivå. Det blir gjennomført ei øving for ekomsektoren i dette forumet hausten 2023. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit inviterer utvalde ekomtilbydarar og Nasjonalt tryggingsorgan (NSM), Politiets tryggleiksteneste (PST) og Etterretningstenesta til regelmessige møter i Ekomsikkerhetsforum. Her utvekslast mellom anna informasjon slik at tilbydarane har eit godt grunnlag for å vareta ansvaret for forsvarleg sikkerheit og beredskap i sine nett og tenester.
Departementet har identifisert enkelte funksjonar innanfor ekomsektoren som grunnleggande nasjonale funksjonar (GNF-ar) etter sikkerheitslova, fordi eit heilt eller delvis bortfall av desse funksjonane vil påverke staten si evne til å ta vare på nasjonale tryggingsinteresser. Det er identifisert tre GNF-ar innanfor elektronisk kommunikasjon: Evne til å vareta talekommunikasjonstenester basert på norsk nummerplan, evne til å vareta tekstbaserte meldingstenester basert på norsk nummerplan og evne til å vareta grunnleggande internett-tilgang. Evna til å halde ved lag elektroniske kommunikasjonstenester omfattar å sikre tilgjengelegheit, integritet og konfidensialitet. I tillegg er det identifisert ein førebels GNF innanfor datasentertenester: Evne til å vareta datalagring og prosesseringskapasitet. Det er gitt eit oppdrag til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit om å hjelpe departementet i den endelege utforminga og fastsettinga av GNF for datasentertenester. Dei fleste digitale tenester køyrast ved hjelp av datasenter, slik at datasentertenester er sentrale for digital innovasjon og utvikling både i det offentlege og i næringslivet.
For ekomsektoren er departementet godt i gang med utpeiking av skjermingsverdige objekt og infrastrukturar og klassifisering av desse. Implementering og vidare oppfølging av sikkerheitslova er eit kontinuerleg arbeid, som blir gjort i nært samarbeid mellom tilbydarane som er underlagd lova, departementet og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit. Departementet vurderer jamleg om nye verksemder skal underleggast lova. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit er tilsynsorgan for ekomsektoren etter sikkerheitslova og har inngått ei samarbeidsavtale med NSM.
Satellittbasert kommunikasjon
Satellittbasert navigasjon og kommunikasjon er definert som ein kritisk samfunnsfunksjon. Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvar for kommunikasjonsdelen, medan Nærings- og fiskeridepartementet har ansvar for det som omfattar navigasjon. Kommunal- og distriktsdepartementet forvaltar regelverk for satellittbaserte kommunikasjonstenester, mellom anna ekomlova, satellittinnmeldingsforskrifta, fribruksforskrifta og dei såkalla jordstasjonsforskriftene. I tillegg deltar departementet i Romutvalet og Romtryggleiksutvalet nedsett av Nærings- og fiskeridepartementet, som er ansvarleg for norsk rompolitikk og som jobbar med å få på plass ei ny romlov. Den nye romlova vil gi ei ny og utvida regulering av dette feltet.
Satellittbasert kommunikasjon er identifisert som ein GNF i samsvar med sikkerheitslova. Kommunal- og distriktsdepartementet har gitt Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit i oppdrag å utarbeide ei innstilling til departementet om korleis denne GNF-en bør følgjast nærare opp. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit vart mellom anna bedt om å identifisere viktigheita av satellittbasert kommunikasjon, samt vurdere det nærare innhaldet i GNF-en. Dette inneber mellom anna å identifisere aktuelle aktørar som bør vurderast underlagt lova, og kartlegge aktuelle objekt og infrastrukturar som bør vurderast utpeikt som skjermingsverdige. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har levert innstillinga si til departementet. Departementet vil fatte dei nødvendige vedtaka med heimel i sikkerheitslova overfor verksemder som har avgjerande betydning for satellittbasert kommunikasjon. Ut over dette har departementet handtert enkeltsaker knytt til forskrift i sikkerheitslova.
Satellittområdet er prega av omfattande internasjonal verksemd. Samstundes skjer det endringar på området, med lågbanesatellittar som i aukande grad kan utgjere eit alternativ til og konkurrere med landbasert elektronisk kommunikasjon. Arbeidet med samfunnssikkerheit for satellittbasert kommunikasjon må derfor sjåast i samanheng med arbeidet med elektronisk kommunikasjon.
IKT-tenester til departementa
Departementa har ei viktig rolle i den nasjonale handteringa av kriser og uønska hendingar. Dei er derfor ein del av den kritiske samfunnsfunksjonens styring og kriseleiing. Departementa si verksemd, handlefridom og avgjerdsdyktigheit er òg peika ut som ein grunnleggande nasjonal funksjon etter sikkerheitslova. For å vareta sin funksjon, er departementa avhengige av ein del understøttande funksjoner, mellom anna IKT. Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvaret for å levere IKT-tenester til tolv departement og DSS. Det overordna målet for området er:
Sikre og robuste IKT-system som understøttar departementsfunksjonen.
Kommunal- og distriktsdepartementet prioriterer leveranse av fellestenester som IKT og sak- og arkivsystem til departementa. Departementet vil kontinuerleg forbetre sikkerheita og robustheita i IKT-systema, mellom anna gjennom responsmiljøet i DSS CERT. Kommunal- og distriktsdepartementet arbeider med innføring av eit nytt felles arkivsystem for Statsministerens kontor, departementa og DSS.
Objekt- og infrastruktursikkerheit for departementsbygningane
Departementa treng sikre og funksjonelle arbeidslokale for å vareta sin kritiske samfunnsfunksjon og grunnleggande nasjonale funksjon. Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvaret for arbeidet med forebyggande objekt- og infrastruktursikkerheit knytt til felles bygningsmasse, fellesområde og utandørsområde i regjeringskvartalet og i departementsbygningar utanfor regjeringskvartalet. Ansvaret gjeld ikkje lokala til Statsministerens kontor og Forsvarsdepartementet på Akershus festning. Departementet sitt ansvar for objekt- og infrastruktursikkerheit for departementsbygningane er avgrensa til felles grunnsikring samt nødvendig samordning og instruksutvikling for å vareta felles grunnsikring, jf. Instruks for arbeidet med forebyggende objekt- og infrastruktursikkerhet for departementsbygningene. Det overordna målet for området er:
Forsvarleg sikkerheitsnivå for departementsbygningane som skjermingsverdige objekt.
Departementet legg til grunn ei risikobasert tilnærming når det gjeld vurdering og prioritering av eventuelle behov for komplettering og justering av sikkerheitstiltaka i felles grunnsikring, med mål om godt sikra departementsbygningar fram til nytt regjeringskvartal kan nyttast.
Departementsbygningane er skadevurdert, klassifisert og meldt inn til Nasjonal tryggleiksmyndigheit som skjermingsverdige objekt etter sikkerheitslova § 7-1.
Valgjennomføring
Kommunal- og distriktsdepartementet har det overordna ansvaret for valgjennomføringa. Det inneber ansvar for regelverket, mellom anna vallova med tilhøyrande forskrifter, føresegnene i samelova som gjeld val til Sametinget, forskrift om val til Sametinget og etatsstyraransvar for Valdirektoratet. Gjennomføring av frie, direkte og hemmelege val til Stortinget, kommunestyre, fylkesting og Sametinget er meld inn som ein GNF ettersom heilt eller delvis bortfall vil få konsekvensar for staten si evne til å vareta den nasjonale sikkerheitsinteressa demokratisk styreform. GNF-en avgrensar seg til sjølve gjennomføringa av vala, og inkluderer ikkje eventuelle påverknadsoperasjonar av det offentlege ordskiftet eller liknande. Det overordna målet for området er:
Korrekt og sikker valgjennomføring med tillit i befolkninga.
Valgjennomføring har ein avgjerande funksjon i vårt demokratiske samfunn og styresett. Departementet har sidan Valdirektoratet vart oppretta i 2016, utvikla eit tett samarbeid rundt sikkerheit og beredskap, mellom anna gjennom risiko- og sårbarheitsvurderingar og rutinemessige beredskaps- og kriseøvingar. Høgt prioritert er tiltak for kontinuerleg å gjere det elektroniske valadministrasjonssystemet (EVA) sikrare og meir robust.
Digitale fellesløysingar
Nasjonale digitale fellesløysingar er byggeklossar som blir brukte i eit felles økosystem for nasjonal digital samhandling og tenesteutvikling. Fleire av fellesløysingane og systema som bruker dei, er viktige for at samfunnet skal fungere og er knytte til den kritiske samfunnsfunksjonen digital sikkerheit i sivil sektor. Kommunal- og distriktsdepartementet har etatsstyringsansvar for Digitaliseringsdirektoratet, som forvaltar ei rekke fellesløysingar, mellom anna ID-porten og Altinn. Det overordna målet for området er:
Offentleg sektor har sikre, stabile og tilgjengelege digitale fellesløysingar.
Sentrale tiltak er å modernisere den digitale grunnmuren. Dette vil mellom anna redusere risiko og sårbarheit i digitale fellesløysingar som Digitaliseringsdirektoratet har ansvar for å drifte og forvalte. Kommunal- og distriktsdepartementet har utover dette eit koordineringsansvar for alle dei nasjonale fellesløysingane. Ansvaret for drifta av andre offentlege fellesløysingar er fordelt på mange aktørar, og styringa av dei statlege løysingane følgjer sektoransvaret og linjestyringa. For å få til betre samhandling har etatane som har ansvar for fellesløysingane gått saman om å etablere eit eige utval for koordinering av beredskapsplanlegging og prosessar knytt til hendingar innanfor dei samfunnskritiske fellesløysingane for offentleg sektor. Koordineringsutvalet varetar behovet for sektorvis responsmiljø (SRM) på minimumsnivå, og verksemdene held i parallell fram med å ha fast kontakt med NSM/Nasjonalt cybersikkerhetssenter.
Kart- og geodata
Kommunal- og distriktsdepartementet har det overordna ansvaret for nasjonal kart- og geodatapolitikk og ansvar for etatsstyring av Kartverket. Kartverket opererer i eit samansett teknologisk økosystem for slike data, men har ei heilt sentral rolle som mellom anna nasjonal geodatakoordinator og myndigheit for matrikkel og tinglysing. Kartverket har mange roller som er viktige for samfunnssikkerheit, mellom anna leveranse av geografisk informasjon til nødetatar og kriseleiing for den kritiske samfunnsfunksjonen styring og kriseleiing. Vidare er det Kartverket som står for oppmåling av Norskekysten, eit arbeid der samfunnssikkerheit alltid vil vere høgt prioritert. Det overordna målet for området er:
Å vere i stand til å levere geografisk informasjon til samfunnet.
Kartverket har i 2022 fullført arbeid med ein nasjonal digital høgdemodell, som er eit viktig verktøy for å kunne lage faresonekart for mellom anna skred, ras og flaum. Til havs er no 40 pst. av fastlandskysten oppmålt med moderne målemetodar. Sidan invasjonen i Ukraina har etaten støtta Forsvaret med ei rekke oppgåver. Dette vil fortsetje å vere ei sentral oppgåve i 2023 og 2024.
Plan- og bygningspolitikk
Kommunal- og distriktsdepartementet forvaltar plan- og bygningslova og er fagstyresmakt for areal- og samfunnsplanlegging og bygningspolitikk. Plan- og bygningslova skal mellom anna fremje berekraftig og trygg arealbruk og forsvarleg byggkvalitet. Lova legg rammer for korleis mellom anna naturfarar og klimaendringar skal handterast ved arealplanlegging og byggesaksbehandling. Klimaendringane er i aukande grad ei utfordring for samfunnssikkerheita, fordi endringane blir stadig sterkare, og dermed aukar risikoen for at hendingar utløyst av naturen kan true liv og helse, materielle verdiar og sentrale samfunnsfunksjonar. Arealplanlegging er eit av dei viktigaste verkemidla for å ta omsyn til klimaendringar. Gjennom arealplanlegging kan utbygging bli styrt vekk frå område som er utsett for verknader av klimaendringar, og slik kan ein unngå eller avgrense risiko, sårbarheit og ulemper som følgje av endringar i klimaet. Det er kommunane som har ansvaret for å ta omsyn til sikkerheit mot mellom anna naturskade og klimaendringar, gjennom arealplanlegging og ved behandling av byggesaker. Statsforvaltaren følgjer opp planarbeidet til fylkeskommunen og kommunen innanfor samfunnssikkerheit, risiko og sårbarheit, mellom anna ved å fremje motsegn der omsynet ikkje i tilstrekkeleg grad er vareteke i planforslag. Det overordna målet for området er:
Arealplan og byggesak skal legge til rette for sikre og berekraftige bygg, bidra til å redusere klimagassutslepp, bidra til at samfunnet blir tilpassa eit endra klima og verne om dyrka mark.
Departementet sitt viktigaste tiltak for å nå målet er å utvikle, forvalte og informere om regelverket i plan- og bygningslova med forskrifter. Gjennom ansvaret for plan- og bygningspolitikken har departementet eit rettleiingsansvar overfor regionale og kommunale plan- og bygningsstyresmakter. Rettleiinga skal medverke til at desse, på best mogleg måte gjennom planlegging og byggesaksbehandling, kan treffe avgjerder ut frå regional og lokal kunnskap for å førebygge at naturskapte hendingar får store konsekvensar.
Departementet prioriterer òg å fremje og vidareutvikle kunnskap om potensielle fareområde og effektar av klimaendringar. Arbeidet blir gjort i samarbeid med andre departement og underliggande etatar. Dette skal bidra til at kommunal og regional planlegging, byggesaksbehandling og bustad- og bygningssektoren tek høgde for naturfarar og framtidige klimaendringar, og legge til rette for berekraftige lokalsamfunn og bygg.
Eit viktig bidrag er arbeidet med å etablere ein detaljert høgdemodell for heile landet som vil gi betre grunnlag for konsekvensutgreiingar og risiko- og sårbarheitsanalysar knytt til flaum- og rasfare. Den første komplette høgdemodellen over heile Noreg vart ferdigstilt hausten 2022, men Gjerdrumutvalets NOU 2022: 3 På trygg grunn — Bedre håndtering av kvikkleirerisiko viser at det vil vere nødvendig å gjere jamlege laserskanningar av utsette område for å sjå kor i landskapet det skjer endringar. Modellen gir kommunar og statsetatar eit godt datagrunnlag for å berekne mellom anna ras- og skredfare eller modellere overvatn. I april 2023 sette regjeringa ned ei arbeidsgruppe som mellom anna skal vurdere om krava til sikkerheit mot naturskadar er på rett nivå, om ein kan opne for organisatoriske sikringstiltak og korleis krava i større grad kan ta omsyn til framtidige klimaendringar. Arbeidet vil bidra til at det i større grad er mogleg å ta heile landet i bruk, på ein sikker måte. Arbeidsgruppa skal levere sine forslag til departementet i 2024.
Frå 1. januar 2024 trer nye reglar om handtering av overvatn i plan- og bygningslova i kraft. Nye reglar gir kommunane betre verkemiddel for å handtere utfordringar knytt til overvatn. Endringane vil gi kommunane heimlar for å kunne krevje at private gjennomfører tiltak for overvatn, både ved nybygging og på eigedommar som er heilt eller delvis utbygde.
Riksrevisjonen har gjennom ein rapport frå mars 2022 undersøkt styresmaktene sitt arbeid med å tilpasse infrastruktur og bygningar til eit klima i endring. Riksrevisjonen avdekte fleire område kor omsynet til framtidige klimaendringar i arealplan- og beredskapsarbeid kan forbetrast, både på lokalt og nasjonalt nivå. Vidare tilrår Riksrevisjonen mellom anna at samordninga mellom departementa blir styrka og at det blir utarbeidd ein ny plan på tvers av sektorar for å sikre tilstrekkeleg tilpassing av samfunnet for å møte klimaendringane. Som eit ledd i oppfølginga av Riksrevisjonen si undersøking, har Kommunal- og distriktsdepartementet delteke i arbeidet med Meld. St. 26 (2022–2023) Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn, som vart lagd fram av Klima- og miljødepartementet i juni 2023. Tiltak frå departementet som er omtalt i stortingsmeldinga, er mellom anna å vurdere krav til oppdatering av arealplanar ved ny kunnskap om naturfare, og vurdere å fastsetje forskrift til plan- og bygningslova § 4-3 om krav til ROS-analyse.
Gjerdrumutvalet foreslo fleire endringar i utgreiinga om korleis kvikkleirerisiko i Noreg kan handterast. Endringsforslaga er mellom anna meir og betre kartlegging, tydeleggjering av ansvarsfordeling, meir rettleiing til kommunane og fleire og betre sikringstiltak. I ei ny stortingsmelding om flaum og skred, som regjeringa etter planen vil legge fram våren 2024, vil tilrådingar og vurderingar frå Gjerdrumutvalet bli vurderte for vidare oppfølging. Departementet deltek i arbeidet med stortingsmeldinga, som blir leia av Olje- og energidepartementet.
Kommunal- og distriktsdepartementet sende våren 2023 eit forslag om pliktig innmelding av geotekniske grunnundersøkingar og naturfareutgreiingar til offentlege register på høyring. Departementet foreslår ein ny paragraf i plan- og bygningslova som set krav til innmelding av grunnundersøkingar og naturfareutgreiingar. Forslaget følgjer opp ei av tilrådingane frå Gjerdrumutvalet for å forebygge kvikkleireskred, og vil gi betre kunnskap om grunnforhold og naturfarar.
Det er viktig å legge til rette for auka sjølvforsyning og matproduksjon i Noreg. I samband med behandlinga av jordbruksoppgjeret for 2023, uttala Næringskomiteen i Innst. 487 S (2022–2023) at «Komiteen understreker at man trenger mer, og ikke mindre norsk matproduksjon, og at det er viktig å øke selvforsyningen basert på norske ressurser. Komiteen viser til at Norge er ett av landene i Europa med svakest selvforsyning av jordbruksvarer, og viser òg til Totalberedskapskommisjonens rapport av 5. juni 2023 (NOU 2023: 17), der manglende matberedskap er viet stor oppmerksomhet.» Stortinget bad vidare i eit oppmodingsvedtak om at regjeringa, i dialog med faglaga, legg fram ein strategi for auka sjølvforsyning og trygg matproduksjon basert på norske ressursar. Hovudansvaret for oppfølging av dette ligg til Landbruks- og matdepartementet, men fleire viktige verkemiddel og verktøy for oppfølging av dette ligg òg i Kommunal- og distriktsdepartementet.
I dei nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging, som vart vedtekne ved kongeleg resolusjon av 20. juni 2023, blir det slått fast at planlegginga må bidra til å legge til rette for at vi kan produsere så mykje mat som mogleg i vårt eige land. Noreg har lite dyrka mark grunna topografi og klima, og kornarealet per innbyggar er lågare enn gjennomsnittet i Europa. Av omsyn til beredskap og moglegheitene for matproduksjon, er det nødvendig å ta vare på jordressursane over heile landet. I forventningsdokumentet er det slått fast at det er viktig at fylkeskommunane og kommunane følgjer opp den nasjonale jordvernstrategien, slik at utbyggingsbehov blir betre balansert mot det langsiktige omsynet til innanlands matproduksjon. Særleg i pressområde er det viktig å praktisere eit strengt jordvern for å hindre at viktige jordbruksareal blir bygde ned. I spreiddbygde område er det i tillegg viktig å legge til rette for utvikling i bygdene og generasjonsskifte i jordbruket, slik at ein sikrar grunnlaget for busetjing og jordbruksproduksjon. Målet er eit busetjingsmønster og tenestetilbod som gjer det attraktivt å bu i bygdene i ulike livsfasar, særleg når unge skal etablere seg. For å halde norsk matproduksjon ved lag, er det viktig å syte for busetjing i tilknyting til landbruksareal, og som bidrar til at neste generasjon driv jorda vidare. Det kan til dømes gjerast ved å setje av aktuelle område til spreidd bustadbygging i arealdelen i kommuneplanen.
Dei beste jordbruksareala ligg ofte der utbyggingspresset er størst. Ein effektiv arealbruk med god utnytting av areal som alt er bygd på, vil kunne bidra til å redusere behovet for å bygge ned dyrka jord. Ved revisjon av arealdelen i kommuneplanen, er det viktig å vurdere om areal som tidlegare har blitt sett av til føremål som inneber omdisponering av dyrka jord, men som enno ikkje er utbygd, skal tilbakeførast til landbruks-, natur-, frilufts- og reindriftsføremål. Samstundes skal kommunane ha tilstrekkeleg med handlingsrom slik at avgjerslene blir tatt ut frå lokalkunnskap og blir tilpassa lokale og regionale forhold.
I samband med jordbruksoppgjeret i Prop. 121 S (2022–2023) Endringer i statsbudsjettet 2023 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2023 m.m.) legg regjeringa opp til at den årlege omdisponeringa av dyrka jord ikkje skal overstige 2 000 dekar, og at målet skal vere nådd innan 2030. Det overordna målet for området er:
Omdisponeringa av dyrka jord skal reduserast, og arealplanlegginga skal bidra til å nå målet om redusert omdisponering av matjord i samsvar med ny jordvernstrategi frå 2023.
Informasjonssikkerheit i forvaltninga
Kommunal- og distriktsdepartementet har eit samordningsansvar for arbeidet med ei styrkt og meir heilskapleg tilnærming til informasjonssikkerheit i forvaltninga. Digitalisering av forvaltninga gir nye moglegheiter og fremma effektivitet, men skaper òg nye bindingar og sårbarheiter. Styrkt kompetanse og systematisk arbeid med informasjonssikkerheit er viktig for å motverke dei digitale sårbarheitene. Vidare utvikling av kompetanse- og rettleiingsmateriell er prioriterte tiltak i dette arbeidet, i tillegg til arbeidet med å auke frekvensen av øvingar innan IKT-sikkerheit i verksemdene. Departementet prioriterer å vidareføre Nettverk for informasjonstryggleik (NIFS), som blir forvalta av Digitaliseringsdirektoratet.
For å styrkje informasjonssikkerheita i kommunane, jobbar Kommunal- og distriktsdepartementet med å få etablert eit eige responsmiljø for kommunesektoren – KommuneCERT.
Statsforvaltarens fellestenester
Statsforvaltarens fellestenester (STAF) leverer fellestenester som støttar opp om statsforvaltaren si verksemd, og skal legge til rette for at statsforvaltaren kan utøve samordningsrolla si i kriser.
Den teknologiske utviklinga og trusselbiletet krev stadig meir av STAF. Som ansvarleg for å levere stabile tenester og sikre store mengder samfunnskritisk informasjon må STAF halde følgje med denne utviklinga. Ny teknologi skapar nye behov og nye moglegheiter for samhandling og saksbehandling, samtidig som cyberangrep blir meir sofistikerte. STAF må ha kompetanse både til å utnytte potensialet i ny teknologi og til å avverje og handtere uønskte hendingar.
Nærvær i nord
Nordområda er regjeringa sitt viktigaste strategiske satsingsområde. Kommunal- og distriktsdepartementet har eit koordinerande ansvar for nordområdepolitikken. Busetting og aktivitet i Nord-Noreg er ein føresetnad for å hevde Noregs interesser i nordområda. Med Russlands åtakskrig i Ukraina er det viktigare enn nokon gong med ein ny og forsterka innsats i nord, og regjeringa er oppteken av at Nord-Noreg skal vere ein god stad å bu, leve og arbeide.
7 Klima- og miljørelevante saker
Regjeringa sin klima- og miljøpolitikk bygger på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å legge miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at ein kan nå dei nasjonale klima- og miljømåla. For omtale av regjeringa sine samla klima- og miljørelevante saker, sjå Klima- og miljødepartementets fagproposisjon.
Fleire viktige verkemiddel og verktøy for å ta omsyn til klima og miljø ligg i Kommunal- og distriktsdepartementet. Departementet har mellom anna ansvar for plan- og bygningslova, bygg og eigedom i statleg sivil sektor, samelova, arbeid med berekraftsmåla, kommuneøkonomi, lokalforvaltning, regional- og distriktspolitikken og det administrative ansvaret for statsforvaltarane. Gjennom vidareutvikling av desse verkemidla arbeider Kommunal- og distriktsdepartementet, i samarbeid med andre departement, for ein heilskapleg og effektiv klima- og miljøpolitikk.
Areal- og samfunnsplanlegging
Areal- og samfunnsplanlegginga legg rammene for bruk av areala i Noreg, og har gjennom det stor innverknad på korleis naturen blir varetatt og kor mykje klimagassar som blir sleppte ut. Som planstyresmakt har kommunane ei viktig rolle i å bidra til at Noreg når dei nasjonale natur- og klimamåla, samstundes som ulike sektorar, oppgåver og interesser blir sett i samanheng.
Nye utbyggingar av næring, bustader, fritidsbustader og infrastruktur kan føre til inngrep i naturen. Mellom omsyna som må bli tatt i arealplanlegginga, er verknaden av foreslått arealbruk på naturmangfald, landskap, jordvern, friluftslivsinteresser og for samisk natur- og kulturgrunnlag. I regionale planar, kommuneplanar og reguleringsplanar som kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn, skal verknader for miljø og samfunn konsekvensutgreiast i tråd med regelverket om konsekvensutgreiingar. Der planane får følgjer for naturmangfald eller vassmiljø, skal dei òg vurderast etter naturmangfaldlova og vassforskrifta.
Areal- og samfunnsplanlegging og byggesaksbehandling etter plan- og bygningslova kan vere med på å avgrense utslepp av klimagassar frå transport, arealbruksendringar, bygg og energibruk. Planar etter plan- og bygningslova skal ta klimaomsyn. Regjeringa arbeider med å vidareutvikle rettleiing og verktøy for å bidra til at klimaomsynet blir ivareteke. Meir omtale av dette går fram av regjeringa sin klimastatus og -plan som er vedlagd Klima- og miljødepartementet sin fagproposisjon.
Regjeringa la i juni 2023 fram nye nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. Dokumentet gir kommunane og fylkeskommunane oversikt over dei viktigaste føringane frå staten, og skal følgjast opp i all planlegging etter plan- og bygningslova. I dokumentet legg regjeringa mellom anna vekt på at planlegginga skal bygge opp under berekraftsmåla og dei nasjonale klima- og miljømåla. Grøn omstilling, jordvern og samfunnssikkerheit og beredskap er òg framheva som viktige tema. Det er lagt vekt på at planlegginga skal tilpassast regionale og lokale forhold. Dei konkrete føringane for korleis klima skal varetakast i planar, går mellom anna fram av statlege planretningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing. Miljødirektoratet har på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet og Klima- og miljødepartementet evaluert dei statlege planretningslinjene og kome med forslag til endringar som no er til vurdering i departementa.
I dei nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging er det ei forventning om at sykling og gåing og kollektivtrafikk blir prioritert i byar og tettstader gjennom planlegging av heilskapleg infrastruktur som er samanhengande, tilgjengeleg, attraktiv og trygg. I arbeidet med byvekstavtalar i dei store byane skal hovudtyngda av vekst i bustadar og arbeidsplassar kome i eller i nærleiken av større knutepunkt for å bygge opp under nullvekstmålet, med dei tilpassingar som følgjer av den enkelte avtala.
Som ei oppfølging av Hurdalsplattforma har det vore gjennomført ei evaluering av dei statlege planretningslinjene for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging. Målet er ein politikk tilpassa regionale og lokale forhold, og at det kan leggast til rette for ny vekst og sterkare utvikling i område med svak eller negativ utvikling i folketalet. Planretningslinjene skal òg bidra til å unngå nedbygging av dyrka mark. Evalueringa av planretningslinjene låg føre hausten 2022. Regjeringa vil fornye dei statlege planretningslinjene, slik at dei betre speglar desse omsyna.
Arealplanlegginga er òg avgjerande for å førebygge framtidige skadar forårsaka av klimaendringar. Planstyresmakta må ta klimaomsyn gjennom tilpassing til framtidige klimaendringar, og legge dei høge klimaframskrivingane til grunn når dei vurderer korleis eit planområde vil bli påverka av framtidige klimaendringar.
Kommunal- og distriktsdepartementet arbeidar målretta med å forbetre rettleiinga for å styrkje planlegginga i kommunane. Rettleiingsarbeidet gjeld alle deler av planlegginga, med vekt på heilskapleg og berekraftig arealplanlegging der òg omsyn til miljø og klima blir varetatt.
For å styrkje klima- og miljøomsynet i planlegginga, vil regjeringa betre kompetansen og praktiseringa av regelverk om konsekvensutgreiingar. Kommunal- og distriktsdepartementet held mellom anna kurs om konsekvensutgreiingar i samarbeid med KS og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), retta mot kommunane. Saman med Klima- og miljødepartementet vurderer Kommunal- og distriktsdepartementet å sette i gang eit arbeid med å revidere forskrifta om konsekvensutgreiingar.
Vidare har departementet sett i gang eit prosjekt som skal legge grunnlaget for felles metodikk for bruk av arealrekneskap i kommuneplanprosessar, som òg omfattar tema som natur og klima og lettare tilgang til relevante data om arealutvikling. I samarbeid med kommunar og fylkeskommunar blir arealrekneskap prøvd ut i reelle planprosessar, og det blir utvikla rettleiingsmateriell.
Strandsona langs sjøen og langs vatn og vassdrag er viktig for naturmangfald, friluftsliv, næringsliv og busetnad. Statlege planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen vart reviderte i 2021. I delar av landet er strandsona langs sjøen under stort utbyggingspress, samtidig som store delar av strandsona er lite tilgjengeleg. Her må det førast ein restriktiv praksis når det gjeld ny utbygging. Arealbruken i strandsona langs sjøen og i og langs vassdrag vurderast i eit heilskapleg og langsiktig perspektiv. Det blir lagt til rette for ei meir differensiert forvalting av strandsona med større moglegheiter til næringsutvikling og busetjing i spreiddbygde strøk langs kysten i sone 3 i planretningslinjene for strandsona. Arealbruken må i størst mogleg grad avklarast gjennom planlegging, og ikkje gjennom dispensasjonar.
Betre planlegging i kystnære sjøområde er òg eit tema som blir følgt tett opp. Sjølv om det har blitt utarbeidd rundskriv og rettleiar om planlegging i sjø, er det nødvendig å sjå vidare på arbeidsdelinga mellom arealplanar og behandling etter sektorlover. Departementet har i 2023 fått utarbeidd og publisert ein rapport om bruk av kunnskapsgrunnlaget, konsekvensutgreiingar og planforskrifter som blir følgde opp hausten 2023.
Kommunal- og distriktsdepartementet samarbeider med Klima- og miljødepartementet om plan- og bygningslova som verkemiddel for å ta vare på naturmangfald og oppfølging av dei regionale planane for villreinfjella. Villreinen er ein viktig del av norsk natur og kultur. Nesten heile den europeiske bestanden lever i Noreg, og vi har derfor eit særleg forvaltingsansvar. Klassifiseringar i 2022 etter kvalitetsnorm for villrein viser at tilstanden for villreinen er dårleg i alle kartlagde villreinområde. Kommunal- og distriktsdepartementet bidrar i arbeidet med ei melding til Stortinget om villrein og tiltaksplanar for å betre situasjonen. Det er òg samarbeid om oppfølging av naturavtalen og ny melding til Stortinget om natur, oppfølging av heilskapleg tiltaksplan for Oslofjorden og regionale planar etter vassforskrifta.
God planlegging er nøkkelen til berekraftig bruk og vern av fjell- og utmarksområda. Fritidsbustader og reiseliv er viktig for verdiskaping og økonomisk berekraft i mange distriktskommunar, men kan òg kome i konflikt med eksisterande næringar som reindrift og landbruk. Fleire stader gir omfattande hyttebygging også negative konsekvensar for friluftsliv, landskap og naturmangfald. Gjennom god planlegging kan fritidsbusetnad bli vurdert i eit regionalt perspektiv, og arealbeslaget avgrensast. Ny utbygging bør skje i tilknyting til eksisterande byggeområde og infrastruktur og tilpassast bygningar, landskap og terreng. Det er viktig å unngå ny, omfattande fritidsutbygging i viktige landbruks-, natur-, frilufts- og reindriftsområde og utbygging på myr. I fjellområda er det særleg viktig å ta vare på større, samanhengande område utan bygningar. Potensialet for fortetting eller utviding av eksisterande fritidsbustadområde blir vurdert før det blir lagt til rette for utbygging i nye område, særleg der det er utbyggingspress. Ein bør unngå ny fritidsbusetnad i og over skoggrensa og på myr. Kommunal- og distriktsdepartementet har i 2022 utarbeidd ein ny rettleiar om planlegging av fritidsbustader. Rettleiaren klargjer prinsippa for god planlegging og vil bidra til å styrkje kommunane sin kompetanse på området. Departementet har òg fått utarbeidd ein rapport om tomtereservar for fritidsbustader i Noreg. Rapporten viser at tomtereserven i gjeldande kommunale planar er svært stor (1 479 km2). Han viser òg kor tomtereserven ligg i høve til utvalde miljø- og samfunnstema. Rapporten er nyttig i kommunal og regional planlegging, og er eit døme på korleis ein kan få oversikt over planlagt arealbruk gjennom analysar av digitale plandata.
Bustad- og bygningspolitikk
Bygge-, anleggs- og eigedomsnæringa står direkte og indirekte for ein stor del av klimagassutsleppa i Noreg, og er òg den største enkeltkjelda til avfall. Byggenæringa har eit stort potensial for å kutte utsleppa, mellom anna ved å bruke klimavenleg materiale og ombruk av byggevarer.
Bygningsregelverket skal sørgje for at bustader og bygg er sikre, energieffektive og miljøvenlege. Å fremje berekraftig byggeverksemd er ei prioritert oppgåve for Direktoratet for byggkvalitet (DiBK). Regjeringa har invitert bygge-, anleggs- og eigedomsnæringa til dialog om klimapartnarskap. Å redusere dei samla utsleppa frå næringa vil mellom anna krevje fleire sirkulære løysingar, meir effektiv bruk av materialar og mindre avfall, og dialogen om klimapartnarskap skal synleggjere korleis ulike aktørar må bidra for å lykkast med dette.
DiBK har sekretariatsfunksjonen til Samordningsrådet for digitalisering. Føremålet med rådet er å legge til rette for effektive prosjekterings- og byggeprosessar, berekraftig forbruk, ombruk og digitalisering. Rådet skal arbeide for at bygg- og anleggsnæringa har god flyt av digitale og maskinleselege varedata. Det vil gjere at ein kan lage betre klimarekneskap for bygg, gjere ombruk av byggevarer enklare og gi mindre avfall frå byggeprosessar.
Bygge- og eigedomspolitikk i statleg sivil sektor
Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvaret for bygge- og eigedomspolitikken i statleg sivil sektor. I 2021 vart strategien Ei berekraftig, kostnadseffektiv og samordna bygg- og eigedomsforvaltning lagt fram. Strategien inneheld fire ambisjonar om klima, miljø og energi, og den peikar på tiltak som vil bidra til å nå ambisjonane. Departementet held fram med oppfølginga av strategien.
Staten er ein stor eigedomsaktør. Statsbygg er staten sitt sentrale kompetansemiljø i sivil sektor på bygg og eigedom. Dei forvaltar ein stor del av den statlege eigedomsmassen og sørgjer for ei berekraftig og effektiv forvaltning av eigedomane. I byggeprosjekt og leigesaker gir dei råd til oppdragsdepartement og statlege verksemder med behov for lokale. I byggeprosjekta gir Statsbygg råd om mellom anna lokalisering, energiløysing, miljøambisjon, ombruk av byggematerialar og arealeffektivitet. I leigesaker har Statsbygg i 2022 for første gong berekna reduksjon i nye leigeavtalar. Total energibruk er redusert med 58 pst. I tillegg vart arealbruken effektivisert med 44 pst. Arealeffektivisering bidrar til å redusere energibruken, klimagassutsleppa og utbyggingspresset.
I 2022 var klimagassutsleppa frå ferdigstilte byggeprosjekt og prosjekt under gjennomføring, med Statsbygg som byggherre, redusert med 35,5 pst. målt mot minstekrav i byggteknisk forskrift og standard materialval. 44 pst. av arealet i byggefase var planlagt BREEAM-sertifisert på nivå Excellent.
I eigedomsforvaltninga er det mykje merksemd om energieffektivitet. I 2022 etablerte Statsbygg eit digitalt mottak for spørsmål om energieffektivisering og råd om energitiltak.
Som ein stor eigedomsforvaltar har staten store verdiar bunden opp i eigedomsmassen. Statsbygg har kartlagt klimarisiko på dei eigedomane dei forvaltar. Regjeringa har starta eit arbeid for å kartlegge klimarisiko og klimatilpasse på rett nivå òg for dei eigedomane som blir forvalta av andre verksemder i statleg sivil sektor. Klimarisiko skal òg bli vurdert før igangsetting av nye byggeprosjekt.
8 Oppfølging av berekraftsmåla i Kommunal- og distriktsdepartementet
Berekraftsmåla vart vedtatt av FNs medlemsland i 2015. Det er til saman 17 mål og 169 delmål. Måla handlar om vekst og velstand, helse og utdanning, miljø og klima, fred, sikkerheit og samarbeid. Alle land har eit ansvar for å oppfylle berekraftsmåla innan 2030. Kommunal- og distriktsdepartementet har frå 2020 ansvar for koordineringa av det nasjonale arbeidet med berekraftsmåla. I juni 2021 vart Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening. Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030 lagt fram. I juli 2021 presenterte Noreg sin andre rapport om nasjonal implementering av Agenda 2030 i FN. Departementet er òg koordinerande departement for berekraftsmål 11. Kapittelet omtaler innsatsen for å nå berekraftsmåla som er finansierte over budsjettet til Kommunal- og distriktsdepartementet.
Delmål 4.1) Innan 2030 sikre at alle jenter og gutar fullfører gratis og likeverdig grunnskule og vidaregåande opplæring av høg kvalitet som kan gje dei eit relevant og reelt læringsutbytte
Romane er éin av fem nasjonale minoritetar i Noreg. Kommunal- og distriktsdepartementet finansierer skulelosordninga som blir drifta av Oslo kommune. Skulelosane følgjer opp romske elevar som bur i Oslo, Lørenskog og andre nærliggande kommunar. Skulelosane arbeider for å styrkje læringsutbyttet for elevane, redusere fråvær og auke talet på elevar som fullfører grunnopplæringa. Skulelosane hjelper mellom anna i koordineringa mellom skulen, eleven og heimen.
Delmål 5.5) Sikre kvinner fullstendig og reell deltaking og like moglegheiter til leiande stillingar på alle nivå der det blir teke avgjerder, i det politiske, det økonomiske og det offentlege livet
Regjeringa arbeider kontinuerleg med å oppnå likestilling i det politiske livet og i leiande stillingar spesielt. Som eit av dei første landa i verda innførte Noreg stemmerett for kvinner og rett til å stille til val ved kommunestyreval. Det var ein viktig milepæl for å bli eit fullverdig demokrati.
Etter lokalvalet i 2019 var delen kvinner i kommunestyra for første gang på 40 pst. og 35 pst. av ordførarane i landet er kvinner. Utviklinga går rett veg, og Noreg har kome langt òg når det gjeld å bruke dei formelle rettane i praksis. Vi er likevel ikkje i mål når det gjeld kjønnsbalanse i politiske verv i lokalpolitikken. Det er store variasjonar mellom kommunane. For å få merksemd og bli meir bevisste om dette, laga departementet eit representasjonsbarometer på regjeringa.no.1 For å skape merksemd om kjønnsbalansen i lokaldemokratiske organ og i leiande verv i lokalpolitikken fram mot nominasjonane til lokalvalet i 2023, relanserte departementet representasjonsbarometeret 8. mars 2022. Barometeret viser kjønnssamansetninga i kommunestyre og formannskap, og om ordføraren er kvinne eller mann, i alle kommunane i landet. I tillegg viser det delen kvinnelege kandidatar som partia ga stemmetillegg på vallistene til 2019-valet.
Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at ved lokalvalet i 2023 var 42 pst. av alle kandidatane kvinner, mot 43 pst. i 2019. Blant kandidatane som er gitt stemmetillegg av partiet, er 43 pst. kvinner, medan 33 pst. av kandidatane på førsteplass på listene er kvinner. Det er store variasjonar mellom partia når det gjeld representasjon av kvinner både på listene som heilskap og på dei øvste plassane med stemmetillegg.
Målet om å oppnå likestilling og sikre kvinnene si deltaking i det politiske, det økonomiske og det offentlege livet, kan sjåast i samanheng med verdiar og ansvar i den statlege arbeidsgivarpolitikken. I hovudtariffavtalane i staten, inngått mellom staten ved Kommunal- og distriktsdepartementet og hovudsamanslutningane Akademikerne, LO Stat, Unio og YS Stat for perioden 2022–2024, står det i pkt. 5.8 at «Partene lokalt skal arbeide aktivt, målrettet og planmessig for å fremme likestilling og mangfold og hindre diskriminering i henhold til likestillings- og diskrimineringsloven. De tillitsvalgte skal involveres i arbeidet med arbeidsgivers aktivitets- og redegjørelsesplikt (ARP), herunder planlegging og oppfølging av likelønnskartleggingen».
I desember 2022 vart dei sentrale partane einige om ny hovudavtale i staten. I den nye hovudavtala er det gjort endringar for å sikre at avtala er i tråd med likestillings- og diskrimineringslova. Mellom anna er det i kapittel 7 Personalpolitikk i virksomhetene § 31 nr. 2 bestemt at statlege verksemder skal regulere i tilpassingsavtala korleis dei skal samarbeide med tillitsvalde for å fremje likestilling og hindre diskriminering. Eit meir formalisert samarbeid mellom partane på dette feltet vil kunne bidra til eit aktivt likestillingsarbeid i den enkelte verksemda når det gjeld alle diskrimineringsgrunnlaga, inkludert spørsmålet om kvinners deltaking og moglegheiter for å ha leiande stillingar.
Delmål 8.2 Auke den økonomiske produktiviteten gjennom diversifisering, teknologisk framgang og innovasjon, mellom anna med vekt på lønsame og arbeidsintensive sektorar
Deling av data er avgjerande for å skape eit meir berekraftig samfunn. Døme på at deling av data skaper ny næring og effektivisering, er mellom anna at vêrdata blir brukt til å planlegge shippingruter for å redusere energibruk og utslepp og til å planlegge gjødsling og førebygge utslepp frå landbruket. Betre flyt av energidata gjer det mogleg å redusere forbruk og kostnadar innan transport, industri og i hushaldningane.
Digitaliseringsdirektoratet har ei viktig oppgåve i å fremje deling og bruk av data, og gjennom det gjere det mogleg å skape nye verdiar, innovasjon og meir effektive og miljøvenlege løysingar på store samfunnsutfordringar. I samarbeid med andre aktørar utviklar og tilbyr Digitaliseringsdirektoratet kostnadseffektive digitale fellesløysingar til bruk i privat og offentleg sektor.
Departementet gir Innovasjon Noreg og Forskingsrådet i oppdrag å forvalte verkemiddel som bidrar til innovasjon, verdiskaping og omstillingsevne, gjennom samarbeid mellom verksemder, forskingsmiljø, næringsliv og offentleg sektor. Verkemidla omfattar det nasjonale klyngeprogrammet Norwegian Innovation Clusters og Kapasitetsløft i Forskingsrådet. Sjå nærare om dei ulike ordningane under programkategoriane 13.50 og 13.00.
Delmål 8.3) Fremje ein utviklingsretta politikk som støttar produktive aktivitetar, oppretting av anstendige arbeidsplassar, entreprenørskap, kreativitet og innovasjon, og stimulere til formalisering av og vekst i talet på svært små, små og mellomstore bedrifter, mellom anna ved å gje dei tilgang til finansielle tenester
Departementet bidrar til næringsutvikling i regionar og distrikt gjennom innsats som er tilpassa regionale moglegheiter og utfordringar. Gjennom løyve frå departementet finansierer fylkeskommunane verkemiddel for å mobilisere og utvikle eit verdiskapande næringsliv i distrikt og regionar. Sjå nærare om dei ulike ordningane under programkategori 13.50.
Delmål 9.1 Utvikle påliteleg, berekraftig og solid infrastruktur av høg kvalitet, inkludert regional og grensekryssande infrastruktur, for å støtte økonomisk utvikling og livskvalitet med vekt på overkomeleg pris og likeverdig tilgang for alle
Mobil- og breibandnetta i Noreg held høg kvalitet og har god sikkerheit, og det har òg vore ei forbetring av tilknytinga til utlandet gjennom fleire alternative føringsvegar. Kommersielle investeringar er hovudgrunnlaget for utbygging i Noreg, men i nokre område er det nødvendig med statlege bidrag for å sikre utbygginga eller for å styrkje sikkerheita og beredskapen.
Regjeringa opprettheld ei offensiv satsing på breibandutbygging, og foreslår å auke tilskotnivået ytterlegare i 2024, jf. omtale under programkategori 13.40. I tillegg vidarefører regjeringa programmet for å forsterke mobilnettet i sårbare kommunar.
Regelverket på bygningsområdet (byggteknisk forskrift/TEK17 og byggesakforskrifta/SAK10) skal vere enkelt å forstå og bruke. Digitalisering av planprosessar er med på å legge til rette for meir effektive byggeprosessar. God flyt av digital data i verdikjeda er ei viktig målsetting. Gjennom digitalisering og vidareutvikling av regelverket, bidrar Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) til å omstille næringslivet til å bli meir berekraftig, med meir effektiv bruk av ressursar og bruk av reine og miljøvenlege teknologiformer og industriprosessar. DiBK har òg sekretariatsfunksjonen til Samordningsrådet for digitalisering av bygg- og anleggsnæringa. Rådet skal arbeide for at bygg- og anleggsnæringa har god flyt av digitale og maskinleselege varedata.
Delmål 9.c Auke tilgangen til informasjons- og kommunikasjonsteknologi vesentleg og arbeide for at dei minst utvikla landa får allmenn og rimeleg tilgang til internett innan 2020
Dei aller fleste i Noreg har god tilgang til kommunikasjonsteknologi.
Foreløpige tal frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit viser at 96,6 pst. av husstandane hadde tilbod om breiband på minst 100 Mbit/s per første halvår 2023. Over 90 pst. av husstandane i landet har tilbod om 5G, og dekninga er forventa å vere på nivå med 4G-dekninga i 2024. Sjølv om dekninga for breiband generelt sett er god i Noreg, er det enkelte som har for dårleg dekning. Derfor opprettheld regjeringa eit sterkt statleg bidrag til utbygging i område der det manglar kommersielt grunnlag for utbygging.
Ny teknologi, til dømes satellitt-teknologi, gjer at det er stort potensiale for auka dekning i dei minst utvikla landa. Noreg støttar arbeidet til FN-organet Den internasjonale telekommunikasjonsunion (ITU) og satellittorganisasjonane ITSO og EUTELSAT for universell og rimeleg tilgang til informasjons- og kommunikasjonsteknologi, gjennom medlemskap i desse organa.
Ei viktig oppgåve for Digitaliseringsdirektoratet er å auke bruken av og vidareutvikle det nasjonale økosystemet for digital samhandling og tenesteutvikling i forvaltninga slik at det dekker både eksisterande og nye behov.
Delmål 10.3 Sikre like moglegheiter og redusere skilnader i levekår, mellom anna ved å avskaffe diskriminerande lover, politikk og praksis og ved å fremje lovgjeving, politikk og tiltak som er eigna til å nå dette målet
Trygge og gode buforhold er viktig for å jamne ut forskjellar i levekår og sikre gode oppvekstvilkår for barn og unge. Den statlege bustøtta skal sikre at husstandar med låge inntekter og høge buutgifter kan bu i ein trygg og god bustad. Nærare 110 000 husstandar med låg inntekt får bustøtte kvar månad.
Regjeringa vil at fleire skal få moglegheit til å eige sin eigen bustad. Startlån skal bidra til at personar med langvarige bustadfinansieringsproblem kan skaffe seg ein eigna bustad og behalde han. Husbanken vidareformidlar startlån til kommunane, og i 2022 formidla kommunane startlån til om lag 7 900 husstandar. Barnefamiliar og personar med funksjonsnedsetjing er prioriterte grupper for startlån.
Bustøtte og startlån bidrar òg til å nå berekraftsmål 1.4 og berekraftsmål 11.1.
Rekrutteringsarbeidet i staten skal ha ei brei og inkluderande tilnærming. I Hurdalsplattforma er det tydeleg uttrykt at folk med nedsett funksjonsevne og helsemessige utfordringar skal møte eit arbeidsliv som er ope og inkluderande.
Fleire tiltak skal bidra til dette. Forskrift til statstilsettelova pålegg statlege verksemder å kalle inn minst ein kvalifisert søkjar med nedsett funksjonsevne, og minst ein kvalifisert søkjar med fråvær frå arbeid, utdanning eller opplæring («hol i CV-en») til intervju. Etter forskrifta er det høve, men ikkje plikt, til å tilsetje ein søkjar med funksjonsnedsetjing eller hol i CV-en dersom vedkommande er noko nær like godt kvalifisert som den best kvalifiserte søkjaren (moderat kvotering). Etter forskrifta er det gitt høve til å tilsetje personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, og som har førebels lønstilskot, i inntil to år utan offentleg utlysing. Staten har eit eige traineeprogram for personar med funksjonsnedsetjing og hol i CV-en.
Auka rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn er òg viktig i eit mangfaldsperspektiv. Det følgjer av forskrifta til statstilsettelova at statlege verksemder skal innkalle minst éin kvalifisert søkjar som er innvandrar eller som er norskfødd og der begge foreldra er utanlandsfødde til intervju.
I hovudtariffavtalane for staten for perioden 2022–2024 er det nedfelt at partane i staten vil støtte kompetansetiltak mellom anna innanfor opplæring om aktivitets- og utgreiingsplikta (ARP). Dette vil kunne bidra til at statlege verksemder får eit auka medvit kring korleis ein skal jobbe med likestilling og på sikt bidra til å sikre like moglegheiter og hindre diskriminering på bakgrunn av kjønn, etnisitet, religion mv., jf. likestillings- og diskrimineringslova.
Digitaliseringsdirektoratet er ein pådrivar for å skape meir samanhengande tenester, slik at innbyggarar og næringsliv i heile landet får eit betre tilbod og ei meir einsarta brukaroppleving. Digitaliseringsdirektoratet er òg tilsyn for universell utforming av ikt i både offentleg og privat sektor. Universell utforming gjer det mogleg for alle å delta i samfunnet på like vilkår, og er eit viktig verkemiddel for å redusere digitalt utanforskap. Departementet arbeider for auka digital kompetanse hos utsette grupper i samfunnet for å førebygge digitale ulikheiter.
Delmål 11.1 Innan 2030 sikre at alle har tilgang til tilfredsstillande og trygge bustader og grunnleggjande tenester til ein overkomeleg pris, og betre forholda i slumområde
Regjeringa la i august fram ei melding til Stortinget om gode bysamfunn med små skilnader. Meldinga samlar politikken til regjeringa for å halde ved lag og styrkje den sosiale berekrafta i norske byar og nabolag, gjennom å legge til rette for gode levekår, høg livskvalitet og gode oppvekst- og nærmiljø. Meldinga viser til at samanlikna med andre land har det store fleirtalet i den norske befolkninga god helse, gode levekår, ein stabil busituasjon og god økonomi. Noreg har få bustadlause og dei aller fleste bur trygt og godt. Om lag 75 pst. av husstandane bur i ein bustad dei eig sjølve. Regjeringa er oppteken av at det skal vere tilgang på eigna bustader i heile landet. Enklare regelverk for bygging og digitale byggesøknadsprosessar er med på å legge til rette for effektiv bustadbygging.
Høge bustadprisar i pressområde gjer det vanskeleg for personar med låg inntekt og barnefamiliar å etablere seg i ein eigna bustad i desse områda. Dei bustadsosiale verkemidla til Husbanken, startlån og lån til utleigebustader, gjer at fleire kan kjøpe ein eigen bustad og at det blir tilgang på fleire eigna utleigebustader. Husbanken rettleier òg kommunane i korleis dei kan ta bustadsosiale omsyn i planlegginga.
I mange distriktskommunar er det få eller ingen nye bustader som blir bygde, og det er mangel på utleigebustader. Regjeringa foreslår å auke Husbankens låneramme med 3 mrd. kroner samanlikna med saldert budsjett 2023. Auka legg til rette for at Husbanken kan gi fleire lån til mellom anna bustadkvalitet og lån til utleigebustader i distriktskommunar. Husbanken gir òg tilskot til bustadtiltak for å auke tilgangen til bustader i distrikta. Regjeringa foreslår å auke tilsegnsramma for tilskotet med 14,3 mill. kroner i 2024. Kommunane kan òg bruke startlån i arbeidet med å tiltrekke seg og behalde arbeidskraft og skape fungerande bustadmarknader lokalt. Det er behov for fleire eigna bustader til eldre, særleg i distriktskommunar. Regjeringa har i Meld. St. 24 (2022–2023) Fellesskap og meistring – Bu trygt heime foreslått eit eldrebustadprogram, som skal bidra til at alle får tilgang til ein eigna bustad i eit aldersvenleg bustadmiljø, slik at eldre kan få bu i eigen bustad lengst mogleg.
Husleigetvistutvalet bidrar til ein tryggare og meir velfungerande leigemarknad i heile landet ved å styrkje rettstryggleiken til leigetakarar og utleigarar gjennom informasjon og rettleiing om rettar og plikter. Regjeringa har sett ned eit utval som skal gå gjennom husleigelova.
Regjeringa sende i juli 2023 på høyring forslag til endringar i burettslagslova og eigarseksjonslova som skal legge til rette for at både private og kommunale aktørar kan tilby fleire bustader med bustadkjøpsmodell. Bustadkjøpsmodellar er finansielle løysingar, som til dømes ulike former for leige til eige-kontraktar, som kan bidra til å gjere det enklare å kjøpe bustad.
Det finns ikkje slumområde i Noreg, men det er nokre område som har opphoping av levekårsutfordringar, særskilt i byane. Staten har i dag samarbeid med fleire kommunar om områdesatsingar, og foreslår å utvide ordninga med ytterlegare kommunar i 2024.
Husbanken leier eit storbynettverk for kommunane om bustadsosiale utfordringar i byane, områdesatsingane og bruk av verkemidla.
Det å kunne velje bustad, kvar og kven ein skal bu med, er grunnleggande for å kunne leve eit fritt og sjølvstendig liv og delta i samfunnet. Regjeringa vil at personar med funksjonsnedsetjing på lik linje med andre skal kunne velje kvar og korleis dei bur. Personar med nedsett funksjonsevne og utviklingshemming er ei prioritert målgruppe i Husbanken sitt arbeid.
Bustader og bygg skal vere tilgjengelege for personar med funksjonsnedsetjingar. Byggteknisk forskrift stiller minimumskrav til kvalitetar i bygg, mellom anna om tilgjengelegheit, og DiBK gir informasjon og rettleiing til kommunar og personar om regelverket.
Regjeringa vil legge fram ei melding til Stortinget om ein heilskapleg bustadpolitikk. Meldinga vil mellom anna ta for seg eige- og leigemarknadene, arbeidet for særskilt sårbare grupper og distrikts- og pressområdeutfordringar. Regjeringa tar sikte på å legge fram meldinga våren 2024.
Delmål 11.2) Innan 2030 sørgje for at alle har tilgang til trygge, tilgjengelege og berekraftige transportsystem til ein overkomeleg pris og betre tryggleiken på vegane, særleg ved å leggje til rette for kollektivtransport og med særleg vekt på behova til personar i utsette situasjonar, kvinner, barn, personar med nedsett funksjonsevne og eldre
Noreg har få trafikkulykker og eit forholdsvis godt kollektivtilbod, men det er ei utfordring å få til eit godt tilbod i område med spreidd busetting. Kommunal- og distriktsdepartementet tok derfor initiativ til eit fylkeskommunalt læringsnettverk, kalla «Smart mobilitet i distriktene», som skulle samle erfaringar knytte til løysingar for kollektivtilbod i spreiddbygde strøk og kartlegge potensialet for nye løysingar. Prosjektet vart avslutta i 2022. Det blir no vurdert om nettverket av fylkeskommunar skal drivast vidare, for å sikre læring og innovasjon mellom fylkeskommunane.
Effektiv arealbruk skal bidra til å redusere klimagassutslepp, kø, forureining og støy og til at veksten i persontransporten i storbyområda blir tatt med kollektivtransport, sykkel og gonge. Regjeringa legg vekt på universell utforming for å sikre omgivnader som er tilgjengelege og kan brukast av alle.
Delmål 11.3) Innan 2030 styrkje inkluderande og berekraftig urbanisering og leggje til rette for deltakande, integrert og berekraftig samfunnsplanlegging og forvaltning i alle land
Byar og lokalsamfunn skal vere for alle og gi grunnlag for at òg barn, eldre og personar med funksjonsnedsetjing kan delta. Medverknad er integrert i all planlegging og sikra i plan- og bygningslova.
Delmål 11.5) Innan 2030 oppnå ein vesentleg reduksjon i talet på dødsfall og talet på personar som blir ramma av katastrofar, inkludert vassrelaterte katastrofar, og i vesentleg grad minske dei direkte økonomiske tapa i det samla bruttonasjonalproduktet i verda som følgje av slike katastrofar, med vekt på vern av fattige og personar i utsette situasjonar
Eit endra klima med meir nedbør og høgare havnivå aukar risikoen for flaum og ras og skapar utfordringar for vass- og avløpsnettet. Fortetting bidrar òg til eit større omfang av skadar frå overvatn i byar og tettstader. Det er eit behov for å auke innsatsen for å førebygge og gjere norske kommunar mindre sårbare for klimaendringar som kjem, og i betre i stand til å handtere dei.
Det er forholdsvis få dødsfall i Noreg på grunn av naturkatastrofar, men naturhendingar som til dømes ras og flaum fører til store tap av samfunnsverdiar kvart år. Det er behov for å gjere informasjon om risiko og sårbarheit lettare tilgjengeleg for kommunar og statsforvaltarar i arbeidet deira med risiko- og sårbarheitsanalysar. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har derfor utvikla ei teknisk løysing, Kunnskapsbanken, for innhenting, samanstilling og tilgjengeleggjering av data, i tillegg til støtte til analyseprosessar på samfunnssikkerheitsområdet.
Tilgang til geografiske data er avgjerande for å tilpasse seg eit endra klima. Kommunal- og distriktsdepartementet har vore med på å finansiere prosjektet nasjonal detaljert høgdemodell (NDH), der heile Noregs landareal blir skanna med laser for å produsere høgdedata. Slike data kan gi informasjon om område som er sårbare for flaum, skred og ras, og utgjer eit viktig kunnskapsgrunnlag for å redusere konsekvensane av forventa klimaendringar.
Delmål 11.6) Innan 2030 redusere negativ påverknad på miljøet frå byar og lokalsamfunn (målt per innbyggjar), med særleg vekt på luftkvalitet og avfallshandtering i offentleg eller privat regi
For å bidra til å nå målet om nullvekst i persontrafikken i byane og redusere utslepp av lokal forureining og klimagassar, har regjeringa inngått byvekstavtalar med dei fire største byområda. Den forventa vidare veksten i og rundt dei største byane vil krevje effektiv arealbruk og ei relativt sterk utbygging av alle typar infrastruktur. Kompakt storbyutvikling er ein viktig strategi for å redusere klimagassutsleppa og fremje gode livsvilkår for innbyggarane.
Norske byar har i internasjonal samanheng relativt lite luftforureining, og Noreg er blant landa i Europa som har minst risiko for tidleg død på grunn av lokal luftforureining frå vegtrafikken.
Delmål 11.7) Innan 2030 sørgje for at alle, særleg kvinner og barn, eldre og personar med nedsett funksjonsevne, har tilgang til trygge, inkluderande og tilgjengelege grøntområde og offentlege rom
Regjeringa er opptatt av å sikre gode og tilgjengelege grøntområde for alle. Gjennom eigne tilskotsordningar blir det gitt tilskot til kjøp og varig sikring og tilrettelegging av attraktive grøntområde for friluftsliv og rekreasjon. Ei rekke attraktive grøntområde i byar og tettstader er dei siste åra lagde til rette og varig sikra for allmenta som følgje av denne ordninga. Kartleggingar utførte av Statens kartverk tyder på at opp mot 40 pst. av turvegane er tilgjengelege og kan brukast av personar med funksjonsnedsetjing.
Kommunal- og distriktsdepartementet sende i 2021 forslag til endringar i reglane om utbyggingsavtalar mv. i plan- og bygningslova på høyring. Utbyggingsavtalar, som blir inngått mellom kommunar og utbyggarar, inneber at grunneigaren eller utbyggaren er med på å finansiere nødvendig offentleg infrastruktur, til dømes vegar, parkar og friområde. Dei nye reglane skal gi kommunane eit betre verktøy for gjennomføring av planar og legg til rette for at utbygginga kan skje raskare. Departementet har motteke om lag 90 svar frå høyringsinstansane. Svara viser at det er behov for justeringar i høyringsforslaget, og departementet tar derfor sikte på å sende eit revidert forslag om grunneigarfinansiering av infrastruktur på høyring i løpet av 2023.
Delmål 11.a) Støtte positive økonomiske, sosiale og miljømessige samband mellom byområde, omland og spreiddbygde område ved å styrkje nasjonale og regionale planar
Planlegging er det viktigaste verktøyet kommunen og fylkeskommunen har når dei skal prioritere oppgåver og fastsetje areal for utbygging i by og bygd. I Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023–2027 blir det lagt vekt på at fylkeskommunane og kommunane legg berekraftsmåla til grunn for planlegginga. Departementet la i 2022 ut ei oppdatert rettleiing om korleis berekraftsmåla kan takast i bruk i planlegging etter plan- og bygningslova på nettsida planlegging.no.
Dei siste åra har Distriktssenteret arbeidd mykje med lokalt og regionalt arbeid for berekraftig samfunnsutvikling. Gjennom prosjektet Berekraftig utvikling i distriktskommunar (2020–2022) utforska dei korleis innbyggarar i distriktskommunar forstår berekraft, og korleis distriktskommunar arbeider med berekraftig samfunnsutvikling i praksis. Våren 2022 la Distriktssenteret fram ein rapport om dette arbeidet. Rapporten er no ein del av læringsmateriellet dei brukar i dialogen dei har med sine brukargrupper, i kommunar og fylkeskommunar.
Delmål 11.b) Innan 2030 oppnå ein vesentleg auke i talet på byar og lokalsamfunn som vedtek ein integrert politikk og gjennomfører planar med sikte på inkludering, betre ressursbruk, avgrensing av og tilpassing til klimaendringar og evne til å stå imot og handtere katastrofar, og dessutan utvikle og setje i verk eit heilskapleg system for risikostyring og katastrofehandtering på alle nivå, i tråd med Sendai-rammeverket for katastrofeberedskap for 2015–2030
Kommunane har ei nøkkelrolle i arbeidet med samfunnssikkerheit. Dei har eit generelt ansvar for å ta vare på sikkerheita for befolkninga innanfor sine geografiske område. Samfunnssikkerheitsarbeidet i kommunane skal vere heilskapleg, systematisk og kunnskapsbasert. Kommunane skal kartlegge uønskte hendingar som kan inntreffe, vurdere kor sannsynleg det er at desse hendingane inntreffer, og korleis dei i så fall kan påverke kommunen. Resultatet av dette arbeidet skal vurderast og samanstillast i ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse), jf. sivilbeskyttelseslova § 14. Undersøkingar viser at 98 pst. av norske kommunar har heilskaplege ROS-analysar og beredskapsplanar.
Delmål 11.c) Støtte dei minst utvikla landa i å føre opp berekraftige og solide bygg ved bruk av lokale materiale, mellom anna gjennom økonomisk og fagleg støtte
Rask urbanisering bidrar til meir luftforureining, utilstrekkeleg infrastruktur og mangel på nødvendige tenester. Noreg støtter arbeidet for robuste og berekraftige byar gjennom dei multilaterale utviklingsbankane og ulike FN-organisasjonar.
Delmål 12.5) Innan 2030 redusere avfallsmengda vesentleg gjennom førebygging, reduksjon, attvinning av materiale og ombruk
Bygg og byggeverksemd spelar ei rolle i å gjere økonomien meir fornybar, sirkulær og berekraftig. DiBK jobbar aktivt med å utvikle regelverket i byggteknisk forskrift (TEK17) og informere om regelendringar som tillét meir ombruk. Bruk av byggematerialar på ein måte som reduserer avfall på byggeplassen, handtering av avfall og digitale avfallsplanar er òg sentralt i DiBK sitt arbeid.
Delmål 13.1) Styrkje evna til å stå imot og tilpasse seg til klimarelaterte farar og naturkatastrofar i alle land
Flaum, skred og overvatn er naturhendingar som kan få store menneskelege og økonomiske konsekvensar. Gjennom areal- og samfunnsplanlegging kan kommunane førebygge skadar. Korleis departementet arbeider med dette er nærare omtalt under pkt. 6 Samfunnssikkerheit og beredskap, og i regjeringa sin klimastatus og -plan. Riksrevisjonen leverte i mars 2022 ein rapport som mellom anna viste at samordninga mellom departementa er for svak for å kunne tilpasse samfunnet til klimaendringar og at kommunane ikkje i tilstrekkeleg grad legg klimaframskrivingar til grunn i langsiktig planlegging. Departementet følgjer opp rapporten i samarbeid med andre departement. I juni 2023 la regjeringa fram Meld. St. 26 (2022–2023) Klima i endring – saman for et klimarobust samfunn som er regjeringa sin plan for det nasjonale arbeidet med klimatilpassing for perioden 2024–2028.
Byggteknisk forskrift (TEK17) inneheld føresegner om sikkerheit mot naturpåkjenningar når ein skal bygge. Meir kartlegging av og kunnskap om ustabile fjellparti har dei siste åra gitt auka sikkerheit i skred- og flodbølgeutsette område. For å legge til rette for vidare utvikling og verdiskaping i lokalsamfunn i slike område, samstundes som persontryggleiken blir sikra, har departementet endra byggereglane. Endringane legg mellom anna betre til rette for investeringar i industri, jordbruk, turisme og bustadbygging i fleire kommunar på Vestlandet og i Nord-Noreg. Det er òg nedsett ei arbeidsgruppe leia av DiBK, som mellom anna skal vurdere om krava til sikkerheit mot naturskadar er på rett nivå, og korleis krava i større grad kan ta omsyn til framtidige klimaendringar.
Kvart år blir samfunnet utsett for store skadar på grunn av overvatn. Våtare og villare ver, sentralisering og fortetting kan auke problema. Regjeringa vil at overvatn skal vere ein ressurs, og ikkje berre eit problem. Frå 1. januar 2024 trer nye reglar i plan- og bygningslova om handtering av overvatn i byggesaker i kraft. Nye reglar gir kommunane betre verkemiddel for å handtere utfordringar knytt til overvatn. Lovendringane er oppfølging av utgreiinga frå overvassutvalet i NOU 2015: 16 Overvann i byer og tettsteder.
Klimaendringar krev robuste nybygg og tilpassa vedlikehald. Staten skal unngå å bygge der risikoen er stor. Statlege eigedomsforvaltarar skal analysere behovet og legge planar for gjennomføring og finansiering av nødvendige klimatilpassingstiltak.
Delmål 13.2) Innarbeide tiltak mot klimaendringar i politikk, strategiar og planlegging på nasjonalt nivå
Det er viktig for regjeringa at bustader og bygg skal vere sikre og berekraftige. Potensialet for å kutte utslepp frå byggeverksemd er stort, mellom anna ved bruk av klimavenlege materialar, ombruk av bygg og byggevarer og krav til behandling av avfall. Regjeringa har innført krav om klimagassrekneskap ved bygging av større bygg, og invitert bygge-, anleggs- og eigedomsnæringa til dialog om klimapartnarskapsavtale. DiBK skal fremje berekraftig byggeverksemd. I tillegg gir Husbanken lån til å oppgradere bustader og bygge miljøvenlege bustader.
Staten skal vere ein pådrivar for ei grønare og meir klimavenleg næring. Statlege bygg og eigedommar skal ha låge klimagassutslepp, og staten skal gå føre for ei meir sirkulær bygge- og eigedomsnæring.
Gjennom planlegging etter plan- og bygningslova kan kommunane påverke utslepp frå mellom anna endra arealbruk og transport. Regjeringa slår i Hurdalsplattforma fast at omsynet til natur og klima skal bli varetatt i plan- og bygningslova. Departementet følgjer opp dette i rettleiings- og lovutviklingsarbeidet sitt.
Det blir vist til nærare omtale av departementet sitt arbeid med klima og miljø under pkt. 7 Klima- og miljørelevante saker, og i regjeringa sin klimastatus og -plan.
Delmål 13.3) Styrkje evna enkeltpersonar og institusjonar har til å redusere klimagassutslepp, tilpasse seg til og redusere konsekvensane av klimaendringar og varsle tidleg, og dessutan styrkje utdanninga og bevisstgjeringa om dette
Gjennom planlegging etter plan- og bygningslova kan kommunane påverke klimagassutslepp frå mellom anna endra arealbruk og transport. Departementet arbeider med å rettleie og legge til rette for at kommunane tar slikt omsyn i si planlegging, og arbeider med å betre verktøya kommunane har til å gjere dette arbeidet.
Partane i staten har i hovudtariffavtalane for 2022–2024 blitt einige om at dersom Noreg skal nå berekraftsmåla, må staten gå fremst, og alle statlege verksemder må bidra. Dette skal mellom anna skje ved at dei lokale partane må finne løysingar for å fremje berekraft og redusere miljøavtrykket i den enkelte verksemda. Dei sentrale partane i staten vil i tariffperioden kartlegge korleis dei lokale partane kan støttast i dette arbeidet. Ei slik kartlegging vil bli gjort av ei partssamansett gruppe.
Delmål 16.6) Utvikle effektive, ansvarlege og opne institusjonar på alle nivå
Noreg var i 2010 éin av åtte initiativtakarar til Open Government Partnership (OGP). Målet med OGP er at offentleg sektor og det sivile samfunnet skal samarbeide om å skape ei meir open, velfungerande og brukarvenleg forvaltning. Det viktigaste verkemiddelet i OGP er dei nasjonale handlingsplanane som blir utarbeidde i samråd med det sivile samfunnet. Kommunal- og distriktsdepartementet er samordnar og pådrivar for OGP-arbeidet i Noreg. Eit eige OGP-råd skal gi regjeringa råd om arbeidet med openheit i forvaltninga. Noreg har starta arbeidet med ein ny handlingsplan som skal vare frå 2024 til 2027. Regjeringa ser mellom anna meir openheit om offentlege innkjøp, antikorrupsjonsarbeid, digital inkludering og evaluering av e-innsyn som prioriterte område i denne planen. Det sivile samfunnet har kome med innspel til forpliktingar i handlingsplanen både gjennom samskaping og gjennom høyringar. Allmenn høyring medverka til at alle, ikkje berre organiserte interesser, kunne kome med forslag til forpliktingar.
Noreg følgjer opp tilrådingar frå den internasjonale organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD), som har undersøkt tillit til styresmaktene og tilhøyrande institusjonar i OECD-medlemsland. OECD har òg laga ein eigen landrapport for Noreg (Drivers of Trust in Public Institutions in Norway, 2022). Mellom anna er Noreg eit av dei første fem landa som støtter opp under og finansierer OECD DIS/MIS Resource Hub som skal bidra til å dele kunnskap om å kjempe mot des- og feilinformasjon. Dette initiativet er òg ein del av oppfølginga av ei ministererklæring med mål om å bygge tillit og å styrkje demokratiet.
Opne data er viktig for effektivisering og innovasjon, for næringsutvikling og for å fremje eit ope og demokratisk samfunn. I Meld. St. 22 (2020–2021) Data som ressurs. Datadrevet økonomi og innovasjon løftast ambisjonen om at Noreg skal skape verdiar, fleire nye arbeidsplassar i heile landet og ein effektiv offentleg sektor basert på data. Opne data handlar om å gi næringsliv, forskarar og sivilsamfunn tilgang til data som offentleg forvaltning har, på ein slik måte at dei lett kan brukast i nye samanhengar. Digitaliseringsdirektoratet har ansvar for data.norge.no, som er Noregs offisielle nettstad for opne offentlege data. Her kan verksemdene registrere datasett som er gjorde tilgjengelege for vidare bruk, og finne rettleiingsmateriell og informasjon om Norsk lisens for offentlege data.
Innsynsløysinga eInnsyn.no i Digitaliseringsdirektoratet sørgjer for at innbyggarane får utøvd sin demokratiske rett til openheit og innsyn i offentleg forvaltning. Det er avgjerande for tilliten at institusjonane er velfungerande og opptrer rettferdig. Digitaliseringsdirektoratet arbeider òg for å styrkje informasjonssikkerheita i stat og kommune.
Delmål 16.7) Sikre lydhøyre, inkluderande, deltakingsbaserte og representative avgjerdsprosessar på alle nivå
Moglegheita til å medverke i planprosessar styrkjer og utviklar lokaldemokratiet. Det sikrar at viktige omsyn kjem fram og gir den enkelte moglegheit til å påverke avgjerder om samfunnsutviklinga. Planprosessar som er opne og kan etterprøvast er dessutan viktig for tilliten mellom innbyggarar og styresmakter. Medverknad gir såleis betre planar, færre konfliktar og ei meir effektiv gjennomføring av vedtekne planar.
For spørsmål som kan påverke samiske interesser, er det eigne reglar om konsultasjonar. Stortinget vedtok våren 2021 å lovfeste plikta til å konsultere Sametinget og samiske interesser i saker som gjeld dei. Lova, som vart sett i kraft 1. juli 2021, forankrar konsultasjonsplikta for alle forvaltningsnivå, òg kommunar og fylkeskommunar. Lova legg til rette for gode demokratiske prosessar og skal sikre at samiske interesser kjem tidleg inn i prosessane, slik at dei har moglegheit til å påverke avgjerdene.
Myndigheitene bidrar til å styrkje organisasjonane til nasjonale minoritetar, mellom anna gjennom drifts- og prosjekttilskot, slik at dei sjølve kan delta og påverke i saker som angår dei. Dialogen mellom myndigheitene og organisasjonane skjer i Kontaktforum mellom nasjonale minoritetar og sentrale myndigheiter, gjennom årlege dialogmøte med organisasjonane enkeltvis og gjennom kontakt i konkrete spørsmål som organisasjonane er opptekne av.
Delmål 17.17 Stimulere til og fremje velfungerande partnarskap i det offentlege, mellom det offentlege og det private og i det sivile samfunn som bygger på partnerskapane sine erfaringar og ressursstrategiar
Kommunane har ei nøkkelrolle og er ansvarlege for den praktiske gjennomføringa av bustadpolitikken. Husbanken støtter opp om kommunane sitt arbeid både med økonomiske verkemiddel og fagleg rådgiving. Brukar- og interesseorganisasjonar, bustadbyggelag og utbyggarar er viktige samarbeidspartnarar på det bustadsosiale området. I Nordland, Vestland og Rogaland har statsforvaltarane som eit treårig forsøk (fram til hausten 2024) tatt over ansvaret for rettleiing av kommunane i desse fylka på det bustadsosiale området.
Digitaliseringsdirektoratet deltek i Digitalt Samarbeid Offentlig Privat (DSOP) som er eit samarbeid mellom offentlege verksemder og finansnæringa. Gjennom DSOP samarbeider privat næringsliv og offentleg sektor om å utvikle innovative og kostnadseffektive digitale løysingar for innbyggarane.
Regjeringa etablerte i 2022 Toppleiarforum for berekraftsmåla. Forumet samlar toppleiarar frå regjeringa, næringslivet, akademia, kommunesektoren, frivillig sektor og partane i arbeidslivet. Føremålet er å skape ein møteplass som legg til rette for samarbeid og for ei felles forståing av samanhengen mellom berekraftsmåla og dei dilemma, målkonfliktar og interessemotsetningar som ligg innebygd i Agenda 2030. Forumet er ei oppfølging av Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening. Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030 og blir leia av kommunal- og distriksministeren.
9 Nordområdepolitikken
Hurdalsplattforma slår fast at nordområda er det viktigaste strategiske satsingsområdet for Noreg. Regjeringa sin nordområdepolitikk er omtalt i Meld. St. 27 (2022–2023) Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida. Regjeringa vil arbeide for ein ny giv i nordområdepolitikken gjennom innsats på fem hovudstolpar:
Internasjonalt samarbeid og lågspenning i nord: Å ha regionalt og grenseoverskridande samarbeid, og forsvar (nærvær, balanse mellom avskrekking og avdemping).
Det grøne skiftet: Å gjere nordområda til sentrum for berekraftig energi, teknologi og mat (berekraftig økonomisk utvikling, arbeidsplassar).
Kunnskap som nav i nordområdepolitikken (kompetanseutvikling, utdanning, forsking).
Busetjing og tilhøyrsel: Å ha viktige tenester nærare folk, beredskap i nord og levande lokalsamfunn (kultur, idrett, desentralisering av arbeidsplassar).
Infrastruktur: Å knyte nordområda tettare saman (veg, bane, luft, digitalt).
Urfolksrettar og det samiske perspektivet er løfta fram som særskilt viktig.
Målet for nordområdepolitikken er å snu den negative befolkningsutviklinga, utnytte dei lokale verdiane til å skape vekst, gjere nordområda til sentrum for grøn omstilling og dessutan fremje nye initiativ for samarbeid med naboane våre. Ein ny giv i nordområda inneber ei kraftfull satsing på tvers av fleire sektorar, som utdanning og forsking, ressursforvaltning, næring og samferdsel.
Kommunal- og distriktsdepartementet har hovudansvaret for koordineringa av nordområdepolitikken til regjeringa, i nært samarbeid med Utanriksdepartementet, som har ansvaret for Arktis og den internasjonale dimensjonen av nordområdepolitikken til regjeringa. Elles bidreg heile departementsfellesskapet i nordområdearbeidet.
Utanriks- og innanrikspolitikken er tett samanvovne i nord. Russlands aggresjon mot Ukraina har endra det sikkerheitspolitiske landskapet i Europa. Denne nye situasjonen understrekar den sikkerheitspolitiske betydninga av eit robust Nord-Noreg og busetjing i nord, og dessutan betydninga av ein heilskapleg nordområdepolitikk. Nabolanda våre Finland og Sverige har valt å søkje medlemskap i NATO. Noreg har saman med EU og allierte land innført historisk omfattande sanksjonar for å ramme russiske myndigheiter og listeførte personar. Sanksjonane har konsekvensar òg for norsk næringsliv, særleg i Aust-Finnmark. Regjeringa har innført fleire støttetiltak for at enkeltbedrifter og næringar som er spesielt hardt ramma, skal få rom til å tilpasse seg situasjonen.
Internasjonalt samarbeid i nord
Arktis og nordområda har i hovudsak vore ein fredeleg og stabil region, prega av samarbeid og respekt for internasjonal rett. Samstundes legg store og til dels nye aktørar tydelegare og aukande vekt på interessene sine i Arktis. Denne utviklinga kopla med den endra sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa krev aktivt diplomati og engasjement for å sikre forståing og respekt for norske synspunkt og interesser i nord.
Russlands angrepskrig mot Ukraina har endra føresetnadene for det regionale samarbeidet i nord og for det bilaterale forholdet mellom Noreg og Russland. Kontakten med russiske myndigheiter er redusert til eit minimum. Berre nødvendig myndigheitskontakt om kritiske samfunnsfunksjonar og berekraftig ressursforvaltning i nord held fram. Samtidig kan ikkje Noreg velje geografisk plassering. Russland held fram med å vere naboen vår og den største arktiske staten.
Noreg leier Arktisk råd i perioden 2023–2025. Dette er den viktigaste utanrikspolitiske nordområdesatsinga i denne perioden. Dei fire hovudprioriteringane for den norske leiarskapen er hav, klima og miljø, berekraftig økonomisk utvikling og folk i nord. I tillegg vil Noreg gi spesiell merksemd til arktisk ungdom og urfolk i Arktis. Leiarskapen genererer nye prosjekt og satsingar og involverer miljø i heile landet, særskilt i dei nordlegaste områda. Det viktigaste målet med leiarskapen for regjeringa vil vere å sikre at Arktisk råd overlever som det viktigaste multilaterale forumet for arktiske spørsmål.
Regionale strukturar som Arktisk råd og Barentsrådet har over tid vore viktige for tillitsbyggande kontakt og prosjektsamarbeid i nord. Det er viktig for Noreg og norske interesser å oppretthalde internasjonale samarbeidsforum i nord. Grensekryssande utfordringar innanfor klima, miljø og biologisk mangfald må framleis handterast, og vi må sikre samarbeidsstrukturar og faglege og kulturelle nettverk som er bygde opp over fleire tiår. Dette gjeld òg for regionalpolitisk samarbeid over landegrensene i nord og deltakinga vår i EU-program for regionalt samarbeid: Interreg Nordlig Periferi og Arktis og Interreg Aurora. Programma bidrar mellom anna til det grøne skiftet, kapasitetsbygging og utvikling av lokalsamfunn i nordområda.
Ansvaret for det norske Barentssekretariatet skal overførast frå Utanriksdepartementet til Kommunal- og distriktsdepartementet frå 1. januar 2024. Det norske Barentssekretariatet skal framleis støtte folk-til-folk-samarbeidet med Russland i den grad det er mogleg. Oppgåvene til sekretariatet vil – i dialog med fylkeskommunane i Nord-Noreg, som eig sekretariatet – dreiast meir over på grensekryssande samarbeid mellom aktørar i nordlege delar av Noreg, Finland og Sverige og urfolkssamarbeid i regionen, utanom Russland. Endringa vil bli sett i samanheng med eksisterande samarbeid i europeiske og nordiske forum. Område som kan fremje god samfunnsutvikling i Nord-Noreg, vil òg bli vurderte. Ytterlegare konkretisering vil skje i samarbeid med dei aktuelle fylkeskommunane i nord, Barentssekretariatet, Utanriksdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og andre relevante aktørar.
Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2024 å auke tildelinga til Utanriksdepartementets nordområde- og Russlandstiltak med 10 mill. kroner, til styrking av leiarskapen i Arktisk råd, styrking av internasjonalt kultursamarbeid i nord og dessutan støtte til russiske menneskerettsforkjemparar i eksil. Desse nordområdetiltaka vil støtte opp under Noregs posisjon som sentral og ansvarleg aktør i Arktis i ei krevjande tid for det internasjonale samarbeidet i nord. Det gjer òg satsingar støtta av Utanriksdepartementets tilskotsordning Arktis 2030.
Forsvar og beredskap
Forsvarets nærvær og aktivitet held fram med å vere ein viktig del av satsinga til regjeringa i nord. Synleg norsk og alliert militært nærvær sender viktige signal om evne og vilje til å sikre norske interesser og forsvar av landet, og det bidrar til føreseielegheit og stabilitet. Øvinga Nordic Response 2024 vil vere den viktigaste arenaen for samtrening med allierte og øving av totalforsvaret i 2024. Fokus for øvinga er forsterking av Noreg og heile den skandinaviske halvøya, og det vil krevje betydeleg involvering av kapasitetar innan ramma av totalforsvaret. Øvinga er òg viktig for å vidareutvikle det nordiske forsvarssamarbeidet innanfor ramma av NATO med Finland som medlem i alliansen og ein snarleg svensk medlemskap. Utbygginga av Evenes flystasjon held fram for å kunne operere nye P-8 maritime patruljefly og fungere som førande base for F-35-kampflya. I 2024 legg regjeringa fram ein ny langtidsplan for forsvarssektoren. Arbeidet med å styrkje Noregs evne til alliert mottak i nord, ved mellom anna å føre vidare og styrkje vedlikehaldet av kritisk infrastruktur på relevante lokasjonar i Luftforsvaret, held òg fram i åra framover. Det blir sett av midlar for å oppretthalde operativ infrastruktur på Andøya og Bodø og til tiltak knytte til sikkerheit for Andøya Space for militære behov.
I dagens krevjande sikkerheitspolitiske situasjon er forsvaret av Noreg blitt meir avhengig av eit moderne og effektivt totalforsvar, som kvar dag styrkar Noregs motstandskraft og seigheit, minskar sårbarheitene mot samansette truslar eller andre sikkerheitstruande verksemder, samt bidreg til å understøtte nasjonal og alliert forsvarsinnsats i heile krisespekteret.
Endringane i den sikkerheitspolitiske situasjonen har konsekvensar for den sivile beredskapen. På bakgrunn av regjeringas forslag i Prop. 78 S (2021–2022) vart kapasiteten i politiet og Politiets tryggingsteneste (PST) styrkt til å avdekke samansette truslar og etterretning i Noreg, med særleg innsats i dei nordlegaste fylka våre. Tiltaka har som formål å styrkje samarbeidet mellom politiet og PST om samansette truslar og kontraetterretning, og å auke nærværet i Nord-Noreg. Løyvingane er vidareført som ein varig budsjettauke for politiet og PST.
Det er særleg viktig at politiet i Finnmark er stabilt og har god rekruttering. Sikkerheita i samfunnet vårt startar i nærmiljø og lokalsamfunn. Det er viktig at politiet har god lokal forståing og er der når folk treng det. Regjeringa vil sikre tilgjengelege tenester for folk i heile landet, og pilotforsøket med desentralisert politiutdanning i Alta er ein del av lokalpolitiplanen til regjeringa, som vil leggast fram i løpet av 2023.
Hovudredningssentralen har ansvaret for å koordinere og leie redningsaksjonar i Noreg. Store delar av nordområda består av hav nord for polarsirkelen. Noreg er ein leiande rednings- og beredskapsaktør i desse havområda. Hovudredningssentralen opplever press i nord med eit stort ansvarsområde for søk og redning som strekker seg heilt til polpunktet, i kombinasjon med minkande sjøis, aukande militær og sivil maritim trafikk og stadig meir cruisetrafikk der sesongen startar tidlegare og sluttar seinare. Regjeringa har derfor auka grunnbemanninga til Hovudredningssentralen ved avdelinga i Bodø og på Sola i 2023 slik at det kan vere tre redningsleiarar på vakt til kvar tid, mot to tidlegare. Ei styrkt grunnbemanning vil dekke behovet for å handtere fleire redningsaksjonar, å møte risikoen knytt til klimaendringar og aukande maritim trafikk og å handtere komplekse hendingar, noko som er vanskeleg med berre to redningsleiarar på vakt.
Regjeringa er opptatt av å styrke forsvarsevna i nord. Hurdalsplattforma vil legge til rette for eit tettare samarbeid mellom Forsvaret og resten av samfunnet for å styrkje forsvarsevna og totalforsvaret. Eit godt næringspolitisk grunnlag, busetting i distrikta og levedyktige lokalsamfunn er sentralt for at totalforsvaret skal fungere.
Derfor har regjeringa lagt vekt på at næringslivet si samhandling med forsvarssektoren i Nord-Noreg skal bli enklare, og at anskaffingar så langt som mogleg skal aukast frå lokale og regionale bedrifter. Slik kan det i større grad sikrast eit velfungerande næringsliv tross spreidd befolkning og infrastruktur og lange avstandar, på dei stadane Forsvaret er til stede.
Samhandling mellom næringslivet og forskings- og utviklingsmiljøa i nord i form av klyngjesamarbeid er oppmuntra for å drive fram utvikling i lokalmiljøa, og her vil sivilt-militært samarbeid vere ein drivande faktor for å utvikle velfungerande samarbeid og innovasjon i Nord. Heilskapleg innovasjonssatsing i Nord-Noreg, som inkluderer sivilt-militært samarbeid og moglege arenaer for dette, blir ein del av vurderingane i komande Langtidsplan frå 2024.
Det grøne skiftet: Nordområda skal bli sentrum for berekraftig energi, teknologi og mat
Nordområda skal bli sentrum for berekraftig energi, teknologi og mat. Det ligg store moglegheiter for norsk næringsliv i det grøne skiftet. Verda etterspør varer og tenester som Noreg har alle føresetnader for å kunne levere. Fram mot 2030 skal vi kutte utsleppa med 55 pst. og auke fastlandseksporten med 50 pst.
Derfor er det viktig med eit grønt industriløft som skal sikre at Noreg blir ein grøn industri- og energinasjon. Noreg skal nå måla gjennom ein rettferdig klimapolitikk. Det krev politisk styring, ein aktiv energipolitikk og tydelege mål, og det krev at vi er betre på å sikre naturomsyn og urfolksrettar enn vi har vore til no. Noreg må utnytte eksisterande kompetanse og legge til rette for nødvendig vidareutvikling og omskolering.
Noreg skal styrkje fastlandsinvesteringane og skape fleire nye grøne arbeidsplassar. For å lykkast med det treng vi mykje ny kraft. Sjølv om Noreg har eit heilt fornybart kraftsystem, kjem omtrent halvparten av energien vi bruker frå fossile kjelder. Det er derfor viktig å få til omstillinga frå fossilt til fornybart. Noreg skal elektrifisere transport, industri og verksemda på sokkelen. Norsk næringsliv og industri har nokre av dei beste føresetnadene i verda for å lykkast i det grøne skiftet. Ei rekke næringar i nord har eit stort potensial. Etterspurnaden etter både oppdrettsfisk og villfisk aukar. Det finst òg sterke industrielle miljø i Nord-Noreg, til dømes prosessindustrien, som er baserte på fornybar kraft.
Regjeringa har store planar for havvind, og ny fornybar kraftproduksjon vil bidra til ny vekst og utvikling i nord. Det er nødvendig å bygge ut meir kraft og forbetre straumnettet, samstundes som vi blir meir energieffektive.
Regjeringa har vedteke at det skal gjennomførast eit kraft- og industriløft i Finnmark. Elektrifiseringa av Melkøya er eit viktig klimatiltak samstundes som det legg til rette for store ringverknader i fylket. Ein føresetnad for vidare vekst i Finnmark er meir kraft, som gjer at vi kan skape nye næringar og fleire arbeidsplassar. Kraft- og industriløftet vil bidra til å vidareutvikle det største industrianlegget i Finnmark, samstundes som vi legg til rette for nye etableringar. Å få meir kraft og betre kraftforsyning i dette området er òg ein viktig del av totalberedskapen, og den nasjonale sikkerheita vår. Ved utbygging av straumnett og ny kraftproduksjon er regjeringa opptatt av å ta vare på interessene til reindrifta og legge til rette for å sikre driftsgrunnlaget til reindrifta. Regjeringa vil i løpet av hausten 2023 legge fram nye tiltak for å redusere arealkonfliktane med reindrifta i samband med utbygging av straumnett og ny kraftproduksjon. Prosjekt for nett og kraft skal ikkje gå på kostnad av rettane til reindrifta etter artikkel 27 i konvensjonen om sivile og politiske rettar.
Regjeringa er oppteken av gode vekstvilkår for næringslivet i Nord-Noreg og at bedrifter har tilgang på kapital for å skape verdiar og arbeidsplassar. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2021 vart det løyvd 200 mill. kroner til eit nytt investeringsfond for Nord-Noreg. Det var likevel ikkje nok privat investeringsvilje til å etablere fondet. Derfor vart det i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023 vedtatt å omdisponere desse midlane til Investinors fonds- og matchingmandat, øyremerkt til forvaltningsmiljø og prosjekt i Nord-Noreg. Innanfor dette mandatet kan Investinor investere i fond, gjennom syndikerte strukturar og ved matching av private investorar. Investeringane skal rettast mot bedrifter i venturefasen og tidlegare utviklingsfasar. Dei private forvaltarane eller investorane skal stå for utveljinga og oppfølginga av investeringsobjekta. Frå før har Investinor ordninga «Koinvesteringsfondet for Nord-Norge», der selskapet godkjenner investorar som kan få matcha investeringa si i enkeltbedrifter i Nord-Noreg.
I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023 vart det vedteke at Investeringsfondet for Nordvest-Russland og Aust-Europa skal avviklast. Innovasjon Noreg forvaltar eigarskapen til staten i fondet og står for avviklinga. Det blir arbeidd med ein plan for den vidare avviklingsprosessen. Det skal leggast til rette for ein prosess som varetek og følgjer opp etablerte engasjement på ein forsvarleg måte. Regjeringa vil vurdera moglegheita for å overføra midlane til andre kapitalverkemiddel eller fond og vil kome tilbake med forslag om budsjettmessige konsekvensar så snart dette er tilrådeleg.
Det overordna målet for reiselivspolitikken til regjeringa er å legge til rette for ei konkurransedyktig reiselivsnæring som både er meir berekraftig og meir lønsam enn før. Gjennom strategisk marknadsføring av Noreg som reisemål vil regjeringa bidra til å auke etterspurnaden og lønsemda i næringa i nordområda. Regjeringa vil òg legge fram ein handlingsplan for reiselivsnæringa i 2023. Potensialet for reiselivsnæringa i Nord-Noreg er enno ikkje utnytta fullt ut. Satsingane på reiselivsnæringa vil kome reiselivsbedriftene i Nord-Noreg til gode, og det vil bidra til fleire heilårlege arbeidsplassar, berekraftig utvikling av næringa i Nord-Noreg og auka inntekter til lokalsamfunn og landsdelen.
Space Norway AS skal etablere eit satellittkommunikasjonssystem for nordområda og Arktis. Satellittane skal skytast opp i 2023 og gi døgnkontinuerleg breibanddekning i heile Arktis. Regjeringa vil satse på romindustrien og utnytte næringspotensialet i at Andøya Spaceport no blir realisert. Oppskytingsbasen gir positive ringverknader for befolkning, næringar og kunnskapsmiljø i nord. Satellittar er viktige verktøy for berekraftig nordområdeforvaltning, for å sikre norsk sikkerheit og for suverenitetshevdinga i nordområda og Arktis. Regjeringa vil finansiere utviklinga av eit satellittbasert system for havovervaking med totalt 450 mill. kroner i perioden 2023–2025, av desse er 150 mill. kroner løyvde for 2023. Utviklinga av systemet vil bidra til norsk eigenevne innanfor småsatellittar, styrkje kundegrunnlaget for Andøya Spaceport og betre overvakinga og kontrollen av havområda i nord. Luftfartstilsynet i Bodø er frå 2023 nasjonal tilsynsmyndigheit for romaktivitetar.
Noreg har store mineralførekomstar som vil vere viktige i det grøne skiftet. Regjeringa ønskjer å legge til rette for verdiskaping, lokal næringsutvikling, arbeidsplassar og vekst i mineralnæringa gjennom berekraftig utvikling. I 2023 la regjeringa fram Noregs mineralstrategi, som mellom anna legg vekt på arbeidet med sosial berekraft, under dette involvering og ivaretaking av lokalsamfunn og samiske interesser. Regjeringa har òg lagt fram Meld. St. 25 (2022–2023) Mineralverksemd på norsk kontinentalsokkel – opning av areal og strategi for forvaltning av ressursane, om opning av område på norsk kontinentalsokkel for mineralverksemd.
I Nord-Noreg er store delar av den maritime næringa retta mot kysttransport og fiskeri- og havbruksflåten, og i aukande grad òg mot offshoreverksemd og maritime operasjonar under arktiske forhold. Regjeringa vil setje i gang arbeidet med næringsplanar for Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet. Målet er å legge til rette for ei heilskapleg utvikling av eksisterande og nye havnæringar og dessutan støtte opp om sysselsetjing og verdiskaping innanfor berekraftige rammer.
Landbruk og landbruksbasert verksemd har mykje å seie for verdiskaping og sysselsetjing i mange kommunar i Nord-Noreg. I jordbruksoppgjeret 2022 vart det sett i gang ei særskild satsing for å mobilisere næring, kompetansemiljø og verkemiddelapparat. Formålet var å bremse den negative utviklinga i landbruket i nord og bidra til auka utnytting av regionale fortrinn og moglegheiter knytte til det arktiske landbruket. Satsinga er forvalta av Troms og Finnmark fylkeskommune i samarbeid med fleire regionale aktørar. Delar av satsinga omfattar òg FoU-tiltak i regi av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), som har fleire regionale avdelingar i landsdelen, inkludert ein stasjon i Aust-Finnmark (Svanhovd). Som ei oppfølging av dette blir det mellom anna arbeidd med ei utgreiing av tiltak knytte til landbruk, auka matproduksjon og bulyst i Aust-Finnmark. I jordbruksoppgjeret i 2023 var det semje om å føre vidare den områderetta satsinga med 17 mill. kroner for 2024 for å utvikle potensialet for landbruk i nord med tilhøyrande verdikjede. Satsinga blir frå 2024 koordinert av Troms fylkeskommune i samarbeid med fylkeskommunane i Finnmark og Nordland og andre relevante regionale aktørar. Vidare la jordbruksoppgjeret i 2023 til rette for styrking av tilskot som direkte bidrar til å betre produsentøkonomien i landsdelen, og dessutan styrking av investeringsverkemidla for å stimulere til nødvendig investering og omstilling på dei enkelte gardsbruka. Som ein del av aktivitetspakka for Aust-Finnmark, er det frå og med 2023 løyvd 3 mill. kroner til fleire FoU-arbeidsplassar ved NIBIOs eining i Pasvik.
Reindrifta er ein grunnleggande føresetnad for samisk kultur og samfunnsliv og ein viktig bidragsytar til levande lokalsamfunn i nordområda. Reindriftsavtala 2023/2024 har ei ramme på 200 mill. kroner og legg til rette for å styrkje rammevilkåra for dei reineigarane som har reindrift som hovudverksemd. Tilgang på tilstrekkelege areal er avgjerande for ei berekraftig reindrift. Regjeringa vil forsterke arbeidet med å sikre arealbruken til reindrifta, mellom anna gjennom å vidareføre arbeidet med å bygge opp eit fagmiljø for reindrift og arealforvaltning som kan bidra til å styrkje kompetansen om reindrift og arealforvaltning. Direktoratet skal, saman med statsforvaltarane, bidra til at kommunane har kompetanse om reindrift og kan vareta reindrifta i si arealplanlegging.
Det er òg eit stort potensial for verdiskaping og arbeidsplassar frå olje- og gassverksemda i nord. Barentshavet er det havområdet der det er størst forventningar til uoppdaga gassressursar, men mangelen på ledig eksportkapasitet påverkar interessa til selskapa for å leite etter gass. Dette gjer det nødvendig å auke innsatsen for å finne meir gass i Barentshavet samstundes med at arbeidet med å realisere ein auka gasseksportkapasitet frå havområdet held fram. Utforsking av petroleums- og mineralressursar på kontinentalsokkelen i regi av Oljedirektoratet2 blir vidareført.
Klima og miljø
Nordområdepolitikken til regjeringa har som mål å gjere nordområda til sentrum for grøn omstilling. For å nå klimamåla er det avgjerande å få på plass tiltak for raske utsleppskutt. Økonomien må bli stadig meir fornybar, sirkulær og berekraftig. Den grøne omstillinga kan bli den nye motoren i nordområdepolitikken, basert på rein energi og berekraftig forvaltning av naturressursane i regionen. Nordområdepolitikken skal støtte opp om utviklinga av og arbeidet med grøn prosessindustri, karbonfangst, hydrogen, havvind, batteriproduksjon og berekraftig mat frå havet.
Dei raskaste og mest omfattande klimaendringane forventar vi lengst nord. Det aukar risikoen og behovet for klimaførebygging og klimatilpassing. Kunnskap om klima- og miljøendringar er strategisk viktig for næringsliv, samfunnsutvikling og verdiskaping i nord, og for ei heilskapleg og berekraftig forvaltning av naturen og areala på land og i havet. Nord-Noreg har ein sterk posisjon innanfor nordområdeforsking og verdifull tradisjonsbasert kunnskap. Regjeringa vil føre vidare satsinga på Framsenteret – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking i Tromsø.
Regjeringa legg stor vekt på miljøsamarbeidet innanfor Arktisk råd, som skaffar viktig kunnskapsgrunnlag om det arktiske miljøet, ikkje minst knytt til dei raske klimaendringane. Regjeringa ønskjer å føre vidare og støtte opp om samarbeidet om klima-, miljø- og havspørsmål i Arktis. Den norske leiarskapen for Arktisk råd vil legge vekt på konsekvensane av klimaendringane i Arktis, behovet for å tilpasse forvaltninga til klimaendringane og handteringa av miljøutfordringar knytte til auka menneskeleg aktivitet. Å styrkje det vitskaplege kunnskapsgrunnlaget for forvaltninga av miljø og aktivitetar i Arktis er ein grunnplanke i arbeidet til Arktisk råd. Noreg vil føre vidare denne satsinga og samstundes legge til rette for at lokal og tradisjonell kunnskap blir løfta fram og inkludert. Noreg har vore ein pådrivar for å få på plass ein regional handlingsplan mot marin forsøpling i Arktis – Regional Action Plan on Marine Litter in the Arctic (2021–2023). Regjeringa vil føre vidare det langsiktige felles arbeidet mot marin forsøpling og plast i havet, forsterke det arktiske samarbeidet om marin forsøpling og følgje opp Arktisk råds handlingsplan med konkrete samarbeidsprosjekt.
Det bilaterale miljøsamarbeidet med Russland er utsett. Utvalde aktivitetar som har særleg betydning for Noreg, som miljøovervaking, blir framleis varetatte nasjonalt og i andre samarbeidsfora. Støtte til norske miljøorganisasjonar som samarbeider med russisk sivilsamfunn, er vidareført i 2023.
Regjeringa vil føre vidare miljøsamarbeidet i Barentsregionen mellom Noreg, Sverige og Finland, inkludert samarbeid i samanheng med Barentsrådet.
Forvaltningsplanane for norske havområde definerer grensa for iskantsona som eit særleg verdifullt og sårbart område i Barentshavet, og som geografisk ramme for petroleumsverksemda. Det kjem fram av Hurdalsplattforma at regjeringa vil «legge til grunn en definisjon av iskantsonen slik den er nedfelt i stortingets vedtak».
Regjeringa vil halde fram innsatsen for opprydding av forureina sjøbotn. Arbeidet med å rydde opp i Hammerfest hamn er forventa å vere ferdig i løpet av 2023.
Regjeringa vil etablere fasilitetar for testing, øving og teknologiutvikling for innsats mot akutt forureining på Fiskebøl i Hadsel kommune i Vesterålen. Regjeringa foreslår å føre vidare løyvinga på 25 mill. kroner i 2024 til vidare arbeid med forprosjektering.
Kunnskap som nav i nordområdepolitikken
Nord-Noreg har nokre av dei fremste kompetansemiljøa i landet innanfor mellom anna havforsking, klima- og miljøforsking, innovasjon og berekraftig havbasert næringsliv. Denne kompetansen, og kunnskap generelt, skal stå sentralt i nordområdepolitikken, og dette inneber ei satsing på kompetanseutvikling, utdanning, forsking og fleksibel og desentralisert utdanning. Noreg skal vere ein leiande kunnskapsleverandør om, for og i nordområda. Ressurs- og miljøforvaltning, næringsaktivitet og samfunnsutvikling i nordområda skal vere basert på eit godt, vitskapleg kunnskapsgrunnlag. Tilgangen til denne kompetansen er ein avgjerande føresetnad for å auke innovasjonsevna og verdiskapinga til næringslivet i nord.
I 2022 vedtok Stortinget startløyvingar til nytt Blått bygg ved Nord universitet og nytt samlokalisert bygg for Det samiske nasjonalteateret Beaivváš og Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino. Desse blir etter planen ferdige i høvesvis 2025 og 2024.
Nordland kunst- og filmhøgskole, som tidlegare var eigd og finansiert av Nordland fylkeskommune, vart i 2022 ein del av UiT Noregs arktiske universitet. Løyvinga til universitetet vart auka med 6 mill. kroner i 2022 og ytterlegare 6 mill. kroner i 2023 for å føre vidare kunst- og filmhøgskolen.
Regjeringa tildelte midlar til 15 nye studieplassar i medisin ved UiT i 2022, og til 30 studieplassar til i medisin i 2023.
Regjeringa vil bidra til meir kunnskap og kartlegging av havet og kontinentalsokkelen lengst mot nord. Det blir lagt til rette for at Norsk polarinstitutt kan auke innsatsen sin for overvaking og kunnskapsinnhenting i dei djupe områda av Polhavet. Satsinga skal gi betre forståing for grunnleggande prosessar i klima- og økosystemet i lys av raske klimaendringar og redusert isdekke, og ho skal bidra til å styrkje norsk synlegheit, nærvær og fagleg engasjement i Polhavet. I statsbudsjettet for 2024 foreslår regjeringa òg å føre vidare satsinga på forskingsprogrammet for polhavet «GoNorth» innanfor Nærings- og fiskeridepartementets løyvingar med 11 mill. kroner. Programmet skal framleis bidra med kunnskap på område som er viktige for norsk havforvaltning, som geologi, geofysikk, biologi, oseanografi og teknologi. Det første GoNorth-toktet til havområda nord for Svalbard vart gjennomført i 2022. I løpet av 2023 blir det òg gjennomført eit tokt med det nye kystgåande forskingsfartøyet «Prinsesse Ingrid Alexandra». Fartøyet har heimehamn i Tromsø, er drifta av Havforskingsinstituttet og skal brukast til forsking, overvaking og undervising i eit samarbeid mellom Havforskingsinstituttet og Nord universitet.
Regjeringa la våren 2023 fram Meld. St. 13 (2022–2023) Samisk språk, kultur og samfunnsliv – Kompetanse og rekruttering i barnehage, grunnopplæring og høyere utdanning. I meldinga blir det gjort greie for pågåande prosessar og prioriterte innsatsområde for å styrkje samisktilbodet på alle nivå, i barnehagar, på skular og i høgare utdanning, og for å styrkje fagmiljøa og rekruttere fleire til samiskspråkleg høgare utdanning og forsking.
I samsvar med budsjettforslaget frå Sametinget vart rammetilskotet til Sametinget i 2023 styrkt med 6,6 mill. kroner til tiltak for å auke kompetansen for tilsette i samiske barnehagetilbod. Regjeringa har òg auka tilskotet til opplæring i samisk språk i grunnopplæringa med 17,5 mill. kroner i 2023.
Busetjing og tilhøyrsel: viktige tenester skal nærmare folk
I distriktsmeldinga, Meld. St. 27 (2022–23), viser regjeringa retning for sin politikk for Distrikts-Noreg og Nord-Noreg spesielt. Regjeringa har som mål å snu den negative befolkningsveksten og utnytte dei lokale verdiane i nord til å skape vekst og grøn omstilling i nordområda. Å legge til rette for attraktive lokalsamfunn og ei positiv utvikling i Nord-Noreg handlar mellom anna om å skape fleire arbeidsplassar, sikre tilgang på kompetent arbeidskraft og legge til rette for gode tenester nær folk og god infrastruktur i heile regionen. Det handlar òg om å legge til rette for godt samarbeid over grensene i nord, for lokal og regional erfaringsutveksling og for kunnskapsutvikling om grenseoverskridande utfordringar.
I 2023 vart det på bakgrunn av forslag frå regjeringa løyvd midlar til ei ny ordning for bustadtiltak i distrikta på kap. 581, Bustad- og bumiljøtiltak, post 78 Bustadtiltak. Minst 6 mill. kroner skal gå til testing av nye bustadtiltak og til kunnskapsutvikling og innovasjon i kommunar i sentralitetsklasse 5 og 6. Føremålet er å auke tilgangen på eigna bustader, mellom anna i distriktskommunar i Nord-Noreg, gjennom å utvikle nye samarbeidsformer og forsøk med nye bustadkonsept og verkemiddel.
Det har vidare blitt løyvd 3 mill. kroner til Troms og Finnmark fylkeskommune til utvikling av ein pilot for eit kystutviklingssenter i Kirkenes. Pilotprosjektet skal bidra til å styrkje omstillingsevna og bustadattraktiviteten i Aust-Finnmark.
Regjeringa og Sosialistisk Venstreparti la fram ei aktivitetspakke for Aust-Finnmark på til saman 105 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023. Den inneheld ei rekke tiltak som skal medverke til å styrkje næringslivet, halde på og utvikle nye arbeidsplassar, og gi eit godt tilbod for folk i Aust-Finnmark.
Tiltakssona for Finnmark og Nord-Troms
Målet med tiltakssona for Finnmark og Nord-Troms er å skape ein attraktiv region å bu, arbeide og drive næringsverksemd i. Evalueringa av dei personretta verkemidlane i tiltakssona i 2022, viste at dei eksisterande ordningane i tiltakssona ikkje er tilstrekkelege for å halde oppe busetjinga i Finnmark og Nord-Troms. Effektane er størst når tiltaka er retta mot unge (under 30 år), som er den mest mobile aldersgruppa. Ordningane med gjeldssletting av studielån og Finnmarks-frådraget blir rangerte som dei to viktigaste ordningane.
I distriktsmeldinga varslar regjeringa at det er nødvendig med tiltak som kan gi tilflytting og rekruttering av arbeidskraft til tiltakssona. Mangel på arbeidskraft hemmar vekstkrafta i næringslivet og gjer offentlege velferdstilbod og tenester sårbare. Det kan òg gå ut over sikkerheit og beredskap i nord. Regjeringa vil prioritere tiltak retta mot barnefamiliar og unge vaksne. Finnmarksfrådraget er auka frå 20 550 kroner i 2023 til 30 000 kroner i 2024. Samstundes foreslår regjeringa å likestille sats 3 i trinnskatten i tiltakssona med satsen i resten av landet. Satsane for gjeldslette av utdanningslån er auka i 2023, ordninga med ekstra gjeldslette av utdanningslån for grunnskulelærarar blir vidareført og det er innført gratis barnehage frå 1. august 2023. Ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift er ikkje del av dei personretta verkemidla i tiltakssona, men like fullt eit viktig verkemiddel. I tiltakssona er det nullsats i arbeidsgivaravgifta.
Kultur
Støtte til eit mangfaldig kulturliv er ein integrert del av nordområdesatsinga til regjeringa. Dette skal bidra til at kultur av høg kvalitet når ut til eit breitt publikum i nord. Støtta til kultursektoren har òg eit breiare nedslagsfelt. Kulturfeltet bidrar til samfunnsutvikling, eit aktivt sivilsamfunn og buattraktivitet.
Eit viktig tiltak er Bodø som europeisk kulturhovudstad 2024. Stortinget har gitt tilsegn om at staten i åra 2022–2024 skal bidra med ein tredel av utgiftene til planlegging og gjennomføring av prosjektet, avgrensa til 100 mill. kroner. Det vart sett av 33 mill. kroner til prosjektet over budsjettet til Kultur- og likestillingsdepartementet i 2023.
Støtte til utvikling og gjennomføring av kultursamarbeid på tvers av landegrensene støttar opp under og styrkjer det internasjonale samarbeidet og bidrar til gode og opne relasjonar mellom folka i Arktis. Pandemien bremsa dei internasjonale aktivitetane på kulturområdet, og Russlands krigføring i Ukraina har ført til at det bilaterale samarbeidet med russiske kulturaktørar i stor grad er avslutta. Situasjonen blir følgd og drøfta med samarbeidspartane i dei ulike nordlege samarbeidsforuma. Det er likevel framleis eit stort internasjonalt engasjement i det nordnorske kulturfeltet som òg strekker seg ut over nærområda i nord. Det er ei aukande interesse for globale og sirkumpolare tema, til dømes engasjementet i den internasjonale kulturpolitiske arenaen Arctic Arts Summit, som inngår som ei satsing i det norske formannskapsprogrammet for Arktisk råd. Tiltaket er støtta av Kultur- og likestillingsdepartementet og Utanriksdepartementet. Eit anna døme er Pikene på broen i Kirkenes, som med residensprogrammet sitt mellom anna kan tilby russiske kunstnarar i eksil trygge opphalds- og arbeidsvilkår. Som ein del av aktivitetspakka for Aust-Finnmark har regjeringa støtta Pikene på broen med 2 mill. kroner i 2023.
Helse
Regjeringa har sett i gang ei rekke tiltak som bidrar til å styrkje tenestene der folk bur, mellom anna tiltakspakke for allmennlegetenesta og styrking av psykisk helse- og rusområdet. Regjeringa har òg starta arbeidet med ei Bu trygt heime-reform og Nasjonal helse- og samhandlingsplan. Samhandling mellom kommunar og sjukehus vil vere eit viktig tema for å skape gode, saumlause pasientforløp og gode tenester nær der folk bur. Regjeringa vil òg legge fram ei helseberedskapsmelding hausten 2023. Eit nytt Barents helseprogram for perioden 2024–2027 med Sverige og Finland som partnarar vil fokusere på å bygge helsekompetanse og betre motstandsdyktigheit hos enkeltmenneske og lokalsamfunn i den nordiske Barentsregionen.
Stortingsmeldinga om samisk språk, kultur og samfunn for 2024 skal handle om folkehelse og levekår i samiske område. Utfordringane som er beskrivne i Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga – Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar, blir følgde opp i denne nye meldinga. Meldinga skal leggast fram av helse- og omsorgsministeren og blir utarbeidd i nært samarbeid mellom Kommunal- og distriktsdepartementet og fleire andre relevante departement.
Infrastruktur: Nordområda skal knytast tettare saman
Veg, jernbane, hamner, ferjer, lufthamner, breiband og mobilnett bind Noreg saman og er heilt avgjerande for busetjing og arbeidsplassar i heile landet. Utvikling av infrastruktur og forbetringar av transportsystemet i nord er svært viktig for å nå dei ambisiøse måla om å snu ei negativ befolkningsutvikling, bidra til næringsutvikling og fremje grøn omstilling.
Regjeringa har i Hurdalsplattforma vist til at Noreg er heilt avhengig av det desentraliserte rutetilbodet for flytrafikk. Luftfartsstrategien som vart lagd fram for Stortinget i januar 2023, jf. Meld. St. 10 (2022–2023) Bærekraftig og sikker luftfart (Nasjonal luftfartsstrategi), gir ein heilskapleg gjennomgang av mål, verkemiddel og tiltak for ein berekraftig luftfart i klima- og miljømessig, sosial, geografisk og økonomisk forstand. For nordområda sin del er særleg den geografiske dimensjonen viktig. Regjeringa har i meldinga slått fast at dagens lufthamnstruktur skal førast vidare og styrkjast gjennom Avinor-modellen, og dessutan at alle delar av landet skal ha god tilgjengelegheit til lufthamner med eit tilstrekkeleg rutetilbod til ein overkommeleg pris. Bygginga av ei ny, større lufthamn ved Mo i Rana og flytting av lufthamna i Bodø skal vidare skje i tråd med eksisterande planar.
Etter at luftfartsstrategien vart lagd fram, har regjeringa gjennomført nye flyrutekjøp med avtaleoppstart 1. april 2024 for FOT3-rutene som er betente med fly, og 1. august 2024 for helikopterruta Værøy–Bodø. I desse er nivået på maksimalt tillatne billettprisar halvert og kapasiteten auka der etterspurnadsveksten er forventa å vere størst. I tillegg er mellom anna ruta Kirkenes–Tromsø no tatt inn i FOT-ordninga for å betre sambandet mellom Tromsø og Aust-Finnmark. På rutene mellom Helgeland og Bodø er rutetidskrava endra og eit nytt krav til korrespondanse fastsett til/frå Tromsø. Dette styrkjer sambanda nordover, noko pasientar som skal til Universitetssjukehuset i Tromsø kjem til å dra nytte av. Samla bidrar dei nemnde tiltaka til reduserte avstandskostnader og eit betre regionalt flyrutetilbod i Nord-Noreg.
Transportverksemdene arbeider med å gjennomføre ei konseptvalutgreiing (KVU) som ser på utviklinga av det framtidige transportsystemet i Nord-Noreg. Utgreiinga ser dei ulike transportformene i samanheng, og skal vere ferdig hausten 2023. Statens vegvesen leier utgreiingsarbeidet. I Hurdalsplattforma fastsette regjeringa at det skal gjennomførast ei KVU med mål om å realisere Nord-Noregbana. Gjennom konseptvalutgreiinga for Nord-Noregbana skal det utarbeidast ein analyse av kva jernbanekonsept mellom Fauske og Tromsø som det er mest aktuelt å gjennomføre. Konseptvalutgreiinga skal ferdigstillast hausten 2023.
For mange er ferja livsnerven i samfunnet. Regjeringa ønskjer at ferjesamband i distrikta med låg trafikk skal vere gratis. Regjeringa legg til rette for å gjennomføre målsettingane i Hurdalsplattforma om gratis ferjer og om å halvere takstane på dei andre ferjesambanda. Det betyr at regjeringa legg til rette for at alle ferjer som går til øyer og samfunn utan vegsamband til fastlandet, og som ikkje alt var blitt gratis 1. juli 2022, vart gratis frå 16. august 2023. Utvidinga gjeld ferjesamband med over 100 000 passasjerar i året. For ferjesamband med under 100 000 reisande er fylkeskommunane tidlegare tilført midlar som legg til rette for å kunne gjere sambanda gratis. Dette er eit landsomfattande tiltak, men ein stor del av dei aktuelle strekningane er i Nord-Noreg og vil ha mykje å seie for befolkning og næringsliv. I alt er det no 33 ferjesamband i Nord-Noreg som er gratis.
Fylkeskommunane får i 2023 fordelt meir enn 3 mrd. kroner av rammetilskotet til fylkesveg. Det er òg løyvd øyremerkte tilskot retta mot fylkesveg på til saman 827 mill. kroner. Regjeringa vil utarbeide ein heilskapleg og forpliktande plan for å redusere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane og ta initiativ til at det saman med fylkeskommunane blir utarbeidd ein nasjonal gjennomføringsplan for ras- og skredsikring av alle riksvegar og fylkesvegar med høg eller middels skredfaktor.
Riksvegprosjektet E10/rv. 85 Tjeldsund–Gullesfjordbotn–Langvassbukt i Nordland og Troms og Finnmark er Nord-Noregs største samferdselsprosjekt til no, og blir gjennomført med offentleg–privat samarbeid (OPS) som kontraktsform. Kontrakten vart inngått sommaren 2023, og anleggsarbeida har no starta opp. Prosjektet omfattar bygging av til saman 82 kilometer veg og vil redusere køyretida mellom Tjeldsund bru og Gullesfjordbotn med om lag 40 minutt.
Regjeringa har varsla at det skal setjast av midlar i 2024-budsjettet til å starte opp prosjektet E6 Megården–Sommerset. Dette er ei delstrekning av prosjektet E6 Megården–Mørsvikbotn. Regjeringa ønskjer å splitte opp prosjektet, ved å starte i sør i Megården og bygge vidare nordover til Sommerset. Sommerset–Mørsvikbotn blir eit eige prosjekt, der framdrift og prioritering blir vurdert i arbeidet med Nasjonal transportplan 2025–2036 som etter planen blir lagt fram våren 2024. Samferdselsdepartementet vil kome tilbake til Stortinget med forslag til kostnadsramme.
Dersom forhandlingane fører fram, er regjeringa innstilt på å inngå ein byvekstavtale med Tromsø.
Å utvikle ny infrastruktur for energi, transport og industri vil bety inngrep i naturen. I denne samanhengen er ikkje minst dei samiske interessene og reindrifta viktig. Både FNs klimapanel og FNs naturpanel understrekar at intakt natur som skog og myr både tar opp og lagrar store mengder CO2 og toler klimaendringane betre. Å avgrense nedbygging og oppstykking av natur på ein måte som også sikrar rettane og kunnskapen til urfolk, blir derfor viktig ved utvikling av infrastruktur i nordområda. Her jobbar regjeringa med fleire nye verkemiddel, blant anna ein nasjonal naturrekneskap.
Regjeringa vil i 2024 starte arbeid i følgande fiskerihamner:
Mehamn fiskerihamn i Gamvik kommune – ferdigstillast i 2025.
Husøy Fiskerihamn i Senja kommune – ferdigstillast i 2025.
Kjøllefjord i Lebesby kommune – ferdigstillast i 2026.
Farvatnsprosjektet innsegling Mo i Rana i Rana kommune i Nordland vart starta i 2023 etter løyving i samband med revidert nasjonalbudsjett. Prosjektet blir vidareført i 2024 og etter planen ferdigstilt i 2026.
Svalbard
Regjeringa skal legge fram ei stortingsmelding om Svalbard i 2024. Arbeidet med ei ny stortingsmelding om Svalbard skal legge grunnlag for føringar for aktivitet og forvaltning på øygruppa i tida framover, og dei heilskaplege gjennomgangane bidrar til ei balansert utvikling innanfor måla for svalbardpolitikken. Stortingets behandling av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard, jf. Innst. 88 S (2016–2017), reflekterte at dei overordna måla for svalbardpolitikken ligg fast:
Å handheve suvereniteten konsekvent og fast.
Å overhalde Svalbardtraktaten på korrekt måte og føre kontroll med at traktaten blir etterlevd.
Å bevare ro og stabilitet i området.
Å bevare den særeigne villmarksnaturen i området.
Å halde oppe norske samfunn på øygruppa.
Det er lang tradisjon for brei politisk semje om hovudlinjene i svalbardpolitikken. Langsiktig forvaltning av Svalbard, i tråd med dei stortingsforankra måla, medverkar til sikkerheit for folk i Longyearbyen, og til stabilitet og ei føreseieleg utvikling i regionen. Regjeringa legg vekt på å føre vidare dei lange linjene i forvaltninga av øygruppa. Innanfor dei stortingsforankra måla vil regjeringa vidareutvikle svalbardpolitikken på ein måte som sikrar norske interesser og norsk busetjing.
Jan Mayen
Det norske nærværet på Jan Mayen blir oppretthalde. Verksemda på Jan Mayen gir viktige bidrag til norsk nordområdepolitikk på fleire område, mellom anna innanfor meteorologi- og kommunikasjonstenester. Plasseringa gjer øya godt eigna for referansestasjonar for satellittbaserte navigasjonssystem.
10 Lønsvilkår o.a. til leiarar i heileigde statlege verksemder
Electronic Chart Centre AS
Lønskostnaden for administrerande direktør utgjorde 1 231 880 kroner i 2022. Andre ytingar utgjorde 10 309 kroner medan pensjonskostnaden var 134 029 kroner. Pensjonsordninga er sikra gjennom Statens Pensjonskasse. Det er ikkje avtalt noko etterlønsordning for administrerande direktør.
Kommunalbanken AS
Administrerande direktør tok imot 3 406 000 kroner i fastløn for 2022. Andre ytingar utgjorde 67 000 kroner. Pensjonskostnaden var 203 000 kroner. Administrerande direktør har som andre tilsette ei innskotsbasert pensjonsordning inntil 12 G, og er omfatta av den same ordninga for resultatbasert variabel løn som andre tilsette. Ordninga er avgrensa til 1,5 månadsløner og føreset at styrefastsette måltal er nådde. Det vart ikkje opptent variabel løn i 2022.
Administrerande direktør har ei etterlønsavtale tilsvarande eitt års fastløn som blir utløyst etter særskilde vilkår. Opplysningar om godtgjersle til administrerande direktør går fram av Kommunalbankens årsmelding for 2022.
Norid AS
Dagleg leiar tok imot 1 216 154 kroner i fastløn for 2022. Andre ytingar utgjorde 36 859 kroner. Pensjonskostnaden var 171 247 kroner. Leiande tilsette er med i den kollektive pensjonsordninga til verksemda på lik linje med andre tilsette. Pensjonsordninga er ei innskotsbasert ordning på inntil 12 G. Det er ikkje avtalt etterlønnsordning for dagleg leiar. Norid AS nyttar ikkje variabel løn og heller inga form for opsjonsprogram eller bonusutbetalingar.
11 Likestilling
11.1 Likestilling i staten
Likestilling inneber at alle personar skal ha like rettar og moglegheiter i samfunnet, uavhengig av mellom anna kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, alder, etnisitet og religion.
Likestilling i det statlege tariffområdet
Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvaret for staten sin sentrale arbeidsgivarfunksjon og er tariffpart i det statlege tariffområdet. Departementet har i kraft av denne rolla eit særleg ansvar for å legge til rette for at den statlege personalpolitikken bidrar til likestilling og hindrar diskriminering, mellom anna når det gjeld rekruttering, løns- og arbeidsvilkår, forfremming, utviklingsmoglegheiter og tilrettelegging for å kombinere arbeid og familieliv. Det å legge til rette for at alle får like moglegheiter i arbeidslivet, er ein viktig føresetnad for likestilling.
Mangfald og inkludering
Regjeringa har høge ambisjonar når det gjeld mangfald og inkludering. Alle som kan og vil jobba, skal få høve til det. I Hurdalsplattforma er det tydeleg uttrykt at folk med nedsett funksjonsevne og helsemessige utfordringar skal møte eit arbeidsliv som er ope og inkluderande. Innvandrarar skal få bidra med sine ressursar. Kvinner og menn skal ha dei same moglegheitene, og ingen skal bli utsette for trakassering eller vald i arbeidslivet.
Den enkelte statlege verksemda har ansvaret for å bidra til auka mangfald og inkludering hos seg sjølv. Samstundes brukar Kommunal- og distriktsdepartementet, som pådrivar på dette feltet, fleire verkemiddel for å bidra til auka likestilling på tvers av verksemder og sektorar:
Eit eige traineeprogram er ein del av staten si satsing for å inkludere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en og som har høgare utdanning, i arbeidsmarknaden. Programmet skal sørgje for nye ressursar og styrkja mangfald i statlege verksemder, og forbetre rekrutteringsarbeidet i verksemdene, slik at eit inkluderings- og mangfaldsperspektiv er integrert i alle rekrutteringsprosessar i staten.
Statlege verksemder skal kalle inn minst ein kvalifisert søkjar med nedsett funksjonsevne, og minst ein kvalifisert søkjar med fråvær frå arbeid, utdanning eller opplæring («hol i CV-en») til intervju. Dette er det gitt reglar om i forskrifta til statstilsettelova. Etter forskrifta er det òg høve, men ikkje plikt, til å tilsetje ein søkjar med funksjonsnedsetjing eller hol i CV-en dersom vedkomande er noko nær like godt kvalifisert som den best kvalifiserte søkjaren (moderat kvotering). I 2022 vart forskrifta til statstilsettelova endra, og det er no gitt høve til å tilsetje personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, og som har førebels lønstilskot, i inntil to år utan offentleg utlysing. Dette skal gjere det enklare for statlege verksemder å ta i bruk kompetansen og arbeidskrafta til personane som er i målgruppa for denne ordninga.
Rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn er viktig i eit mangfaldsperspektiv. Det følgjer av forskrifta til statstilsettelova at statlege verksemder skal innkalle minst éin kvalifisert søkjar som er innvandrar eller som er norskfødd og der begge foreldra er utanlandskfødde, til intervju.
Kommunal- og distriktsdepartementet gjennomfører regelmessig prosjekt som tar for seg ulike sider av temaet mangfald og inkludering. I 2022/2023 har departementet og partane mellom anna sett i gang eit prosjekt om korleis behalde seniorar lengst mogleg i statleg tariffområde og eit prosjekt om rekruttering av personar med førebels lønstilskot til mellombels stillingar.
Kjønnslikestilling i det statlege tariffområdet
I tråd med likestillings- og diskrimineringslova § 26 a skal det gjerast greie for den faktiske tilstanden når det gjeld likestilling mellom kjønna. I tabell 11.1 er det gjort greie for delen kvinner og menn som er leiarar i staten. Til sist gjer vi greie for delen kvinner og menn som arbeider deltid innanfor det statlege tariffområdet.
Tabell 11.1 Prosentdelen kvinner og menn i alle leiarstillingar og toppleiarstillingar i statleg sektor 2018–2022
Leiargrupper | Kjønn | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 |
---|---|---|---|---|---|---|
Alle leiarar i staten1 | Kvinner | 49 % | 49 % | 51 % | 51 % | 47 % |
Menn | 51 % | 51 % | 49 % | 49 % | 53 % | |
Totalt | 10 323 | 10 310 | 9 958 | 10 114 | 10 116 | |
Leiarar som er omfatta av leiarlønssystemet | Kvinner | 37 % | 38 % | 39 % | 39 % | 42 % |
Menn | 63 % | 62 % | 61 % | 61 % | 58 % | |
Totalt | 242 | 234 | 232 | 224 | 224 | |
Leiarar som er omfatta av hovudtariffavtalane | Kvinner | 49 % | 50 % | 51 % | 52 % | 53 % |
Menn | 51 % | 50 % | 49 % | 48 % | 47 % | |
Totalt | 10 081 | 10 076 | 9 726 | 9 890 | 10 116 | |
Øvste leiar av verksemd, («toppleiarar i staten»)1 | Kvinner | 42 % | ||||
Menn | 58 % | |||||
Totalt | 185 |
1 Prosentdelen kvinner og menn i leiarstillingar inkluderer både leiarar som er omfatta av hovudtariffavtalane i staten (HTA) per 1. oktober, og leiarar som er omfatta av statens leiarlønssystem (SLS) per 31. desember. Tala for leiarar som er omfatta av hovudtariffavtalane, baserer seg på yrkeskode / STYRK-kode 1 administrative leiarar.
Kjelde: Statens lønsstatistikk og innrapporterte opplysningar frå departementa per 31. desember.
Tabellen over gir ei oversikt over delen kvinner og menn i alle leiarstillingar, inkludert toppleiarstillingar, i staten. Mellom alle leiarar var det i 2022 53 pst. menn og 47 pst. kvinner. Dette er ein nedgang i delen kvinner frå 2021. Departementet vil følgje med på om dette er eit mønster som viser seg over tid. Dersom vi berre ser på leiarar som er omfatta av leiarlønssystemet, var delen kvinner 42 pst i 2022. Dette er ei auke frå 2021. Leiarlønssystemet omfattar ei rekke leiarstillingar i staten, slik som departementsrådar og ekspedisjonssjefar i departementa, toppleiarar i større etatar og institusjonar, statsforvaltarar og politimeistrar. Leiarlønssystemet vart etablert i 1991, mellom anna for å kunne rekruttere og halde på dyktige leiarar i staten. Den største gruppa av leiarar på leiarlønssystemet er ekspedisjonssjefane. Ser vi på delen kvinner som er øvste leiar i statlege verksemder, var den på 42 pst i 2022. Det var 40 pst. kvinner som er øvste leiar i eit direktorat.4 Av departementsrådar og assisterande departementsrådar var det 11 kvinner og 9 menn.
Likeløn
Eit sentralt tema innanfor likestilling er likeløn. Likestillings- og diskrimineringslova § 34 slår fast at kvinner og menn i same verksemd skal ha lik løn for same arbeid eller arbeid av lik verdi. Løna skal fastsettast på same måte, utan omsyn til kjønn. Ser vi på samfunnet under eitt, har gjennomsnittsløna for kvinner og menn nærma seg kvarandre over tid. Det har skjedd samstundes med ein auke i yrkesdeltakinga og i utdanningsnivået blant kvinner. Lønsskilnaden er minst i kommunal sektor, deretter følgjer stat og til slutt privat sektor (kjelde: Bufdir.no). Tabell 11.2 viser gjennomsnittleg månadsforteneste for høvesvis kvinner og menn, og prosentvis auke i månadsforteneste frå 2017 til 2022.
Tabell 11.2 Tal på årsverk og gjennomsnittleg månadsforteneste for heiltidstilsette 2017-2022
Tal på årsverk1 | Prosent endring 2017–2022 | Gjennomsnittleg mnd.forteneste2 for heiltidstilsette | Prosent endring 2017–2022 | |||
---|---|---|---|---|---|---|
2017 | 2022 | 2017 | 2022 | |||
Årsverk som er omfatta av hovudtariffavtalane | 145 762 | 154 907 | 6,3 % | 48 023 | 55 631 | 15,8 % |
Kvinner | 72 062 | 79 221 | 9,9 % | 45 351 | 52 760 | 16,3 % |
Menn | 73 700 | 75 686 | 2,7 % | 50 533 | 58 580 | 15,9 % |
1 Tal på årsverk i 2017 og 2022 er henta frå rapportane frå Statistikk- og berekningsutvalet i samband med revisjon av hovudtariffavtalane i staten.
2 Tala for månadsforteneste er for heiltidstilsette, og ikkje per årsverk.
For tilsette i det statlege tariffområdet samla, var kvinner sin del av menn si løn i 2022 på 90,1 pst. (månadsforteneste i alt). Ser vi på fastløn var den på 96,6 pst. når det gjeld kvinner sin del av menn si løn (Statistikk- og berekningsutvalet i samband med revisjon av hovudtariffavtalane i staten 2023). I perioden mellom 2017 og 2022 auka talet på årsverk i staten omfatta av hovudtariffavtalane med 6,3 pst. Talet på årsverk knytt til kvinner auka med 9,9 pst. medan talet på årsverk knytt til menn auka med 2,7 pst. Tabell 11.2 viser at frå 2017 til 2022 var den prosentvise auken i månadsforteneste noko større for kvinner enn for menn.
Tala i tabellen ovanfor og det at kvinner sin del av menn si løn i 2022 var 90,1 pst. (månadsforteneste i alt) viser at det er kjønnsskilnader i løn, men tala i seg sjølv seier ikkje noko om årsakene til desse skilnadene. I samband med den forsterka aktivitets- og opplysningsplikta er offentlege verksemder pålagde å gjere nærare greie for likeløn annakvart år, forstått som lik løn for arbeid av lik verdi. Ei slik kartlegging vil på sikt kunne gi større innsikt i kva dei konkrete lønsskilnadene i det statlege tariffområdet kjem av. 2021 var første gong med likelønsrapportering etter den nye plikta. Departementet vil følgje med på denne rapporteringa framover.
Deltid
Når det gjeld bruken av deltid, er skilnaden mellom kvinner og menn liten. 9,1 pst. menn og 10,5 pst. kvinner arbeidde deltid i 2022 (kjelde: Rapport frå Statistikk- og berekningsutvalet i samband med revisjon av hovudtariffavtalane i staten 2023 pkt. 7). Endringane frå 2021 til 2022 er òg små, i 2021 arbeidde høvesvis 9,2 pst. menn og 10,9 pst. kvinner deltid i staten. 2022 var første gong dei statlege verksemdene skulle rapportere om ufrivillig deltid (for 2021) i sine eigne årsrapportar, jf. aktivitets- og opplysningsplikta i likestillings- og diskrimineringslova. På same måte som for likeløn, er dette eit tema departementet vil følgje med på framover.
For ytterlegare informasjon om likestilling i staten blir det vist til budsjettproposisjonane frå dei enkelte departementa.
11.2 Likestilling i verksemdene
Tabell 11.3 gir ei tilstandsrapportering om likestillingssituasjonen i Kommunal- og distriktsdepartementet og underliggande verksemder.
Kjønnsbalansen i departementet når ein ser alle stillingskategoriar under eitt, er 61 pst. kvinner og 39 pst. menn. Departementet arbeider for lik løn mellom kjønna innan alle stillingskategoriar. Delen som arbeider deltid har gått ned for kvinner frå 2021 til 2022 i ein del verksemder, mens delen har auka noko for menn. Talet på mellombelse tilsette har auka noko for kvinner og gått ned noko for menn. Både kvinner og menn tar ut foreldrepermisjon og har høve til å tilpasse arbeidstida i småbarnsperioden. Framleis har kvinner noko høgare legemeld sjukefråvær enn menn, men talet har gått ned noko for kvinner og auka noko for menn.
For ei nærare omtale av dei underliggande verksemdene blir det vist til årsrapportane deira.
Tabell 11.3 Tilstandsrapportering i Kommunal- og distriktsdepartementet og underliggande verksemder
|
| Kjønnsbalanse | Kvinners løn i % av menn | Deltid | Mellombels tilsetting | Foreldre-permisjon (fordeling) | Legemeld sjukefråvær | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| M% | K% | Total | (kr/%) | M% | K% | M% | K% | M% | K% | M% | K% | |
Kommunal- og distriktsdepartementet | 2022 | 39 | 61 | 393 | 94,4 | 1,5 | 2,2 | 1,2 | 2,2 | 75 | 25 | 3,5 | 4,1 |
2021 | 39 | 61 | 395 | 99 | 1,2 | 2,5 | 1,7 | 1,7 | 72 | 28 | 2,3 | 5,3 | |
Datatilsynet | 2022 | 44 | 56 | 69 | 95,1 | 0 | 0 | 16,7 | 12,8 | 28 | 72 | 1,9 | 4 |
2021 | 42 | 58 | 72 | 96 | 10,0 | 4,8 | 20,0 | 19,0 | 6 | 94 | 1,9 | 4,0 | |
Digitaliseringsdirektoratet | 2022 | 55 | 45 | 346 | 94 | 1,2 | 1,7 | 2 | 2,3 | 43 | 57 | 3,2 | 4,9 |
2021 | 54 | 46 | 342 | 92 | 1,1 | 4,5 | 1,1 | 4,5 | 38 | 62 | 2,8 | 6,4 | |
Direktoratet for byggkvalitet | 2022 | 37 | 63 | 88 | 100 | 3 | 1,8 | 0 | 1,1 | 0 | 100 | 4 | 6 |
2021 | 38 | 62 | 93 | 95 | 2,9 | 1,7 | 0,4 | 1,2 | 0 | 100 | 7,0 | 3,0 | |
Distriktssenteret - kompetansesenter for distriktsutvikling | 2022 | 33 | 67 | 30 | 101,8 | 3,7 | 0 | 3,7 | 0 | 0 | 0 | 0 | 9,2 |
2021 | 35 | 65 | 27 | 99 | 3,7 | 0,0 | 3,7 | 0,0 | 0 | 0 | 0,0 | 9,2 | |
Husbanken | 2022 | 47 | 53 | 281 | 90 | 1 | 9,6 | 2,9 | 0,9 | 30 | 70 | 2,9 | 5,1 |
2021 | 45 | 55 | 284 | 88 | 3,1 | 10,3 | 2,3 | 0,6 | 42 | 58 | 3,0 | 4,8 | |
Husleigetvistutvalet | 2022 | 19 | 81 | 36 | 73 | 0 | 6,9 | 0 | 10,3 | 0 | 100 | 10,5 | 5,8 |
2021 | 27 | 73 | 41 | 85 | 11,1 | 8,3 | 11,1 | 16,7 | 0 | 100 | 1,0 | 5,1 | |
Internasjonalt reindriftssenter | 2022 | 50 | 50 | 8 | 63,2 | 50 | 50 | 16,7 | 83,3 | 0 | 0 | 0 | 0 |
2021 | 56 | 44 | 9 | 80 | 22,2 | 11,1 | 22,2 | 33,3 | 0 | 0 | 0,0 | 0,0 | |
Kartverket | 2022 | 47 | 53 | 807 | 89 | 2,1 | 6,3 | 1,9 | 2,4 | 44 | 56 | 2 | 5,2 |
2021 | 47 | 53 | 833 | 86 | 1,9 | 6,5 | 1,6 | 1,9 | 45 | 55 | 1,0 | 2,9 | |
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit | 2022 | 64 | 36 | 169 | 97 | 1 | 2 | 3 | 1 | 58 | 42 | 1,4 | 3,7 |
2021 | 66 | 34 | 178 | 96 | 0,8 | 1,7 | 1,7 | 3,3 | 32 | 68 | 1,3 | 3,2 | |
Statsbygg | 2022 | 63 | 37 | 835 | 112 | 1,9 | 3,8 | 1,0 | 0,6 | 43 | 57 | 3,2 | 5,6 |
2021 | 62 | 38 | 838 | 111 | 2,5 | 6,7 | 2,1 | 1,5 | 33 | 67 | 3,1 | 3,9 | |
Statsforvaltaren | 2022 | 29 | 71 | 2 525 | 91,4 | 5,4 | 6,1 | 6,5 | 6,1 | 23,3 | 77 | 2,8 | 5,6 |
2021 | 30 | 70 | 2 618 | 95 | 5,5 | 7,7 | 6,8 | 7,6 | 24 | 76 | 2,4 | 3,9 | |
Statsforvaltarens fellestenester | 2022 | 37 | 63 | 204 | 90 | 0,0 | 7,0 | 8,0 | 3,1 | 20 | 80 | 3,6 | 5,6 |
2021 | 37 | 63 | 213 | 88 | 0,0 | 8,9 | 6,3 | 2,2 | 50 | 50 | 2,4 | 5,4 | |
Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa | 2022 | 58 | 42 | 738 | 105 | 1,0 | 3,0 | 7,0 | 7,0 | 56 | 44 | 5,7 | 4,3 |
2021 | 60 | 40 | 733 | 102 | 1,0 | 2,0 | 3,0 | 3,0 | 64 | 36 | 3,3 | 5,6 | |
Valdirektoratet | 2022 | 62 | 38 | 30 | 107 | 0 | 0 | 4,5 | 0 | 100 | 0 | 0,8 | 11 |
2021 | 61 | 39 | 32 | 104 | 0,0 | 0,0 | 9,1 | 14,3 | 41 | 59 | 0,3 | 5,9 |
Fotnotar
Representasjonsbarometeret er tilgjengeleg på regjeringa.no: Kvinner i lokalpolitikken – 2019 – regjeringa.no.
Sokkeldirektoratet frå 1. januar 2024.
FOT: «Forpliktelser til offentlig tjenesteytelse»
Nokre av dei øvste leiarane i direktorata er ikkje omfatta av statens leiarlønssystem, men av hovudtariffavtalane i staten.