1 Den breie distriktspolitikken
1.1 Omtale av tiltak innanfor den breie distriktspolitikken
Omtala skal syne statleg innsats og tiltak under departementa sine budsjett som er viktige for å nå regional- og distriktspolitiske mål.
Mange landsdekkande ordningar er viktige for å nå dei regional- og distriktspolitiske måla. Det gjeld til dømes vegtiltak, høgare utdanning, forsking og utvikling, arbeidsmarknadstiltak og overføringar til kommunane. Desse er likevel ikkje tatt med i oversikta, fordi det er problematisk å skilje ut regional- og distriktspolitiske delar frå heilskapen.
For 2024 foreslår regjeringa at det blir løyvd om lag 1,55 mrd. kroner over programkategori 13.50. Dette må sjåast i samanheng med omfanget av den breie distriktspolitikken, som for 2024 utgjer om lag 67 mrd. kroner. Dette er ein auke på 11,6 pst., samanlikna med saldert budsjett for 2023.
Tiltaka er delt i to kategoriar:
Kategori A: Tiltak og ordningar som har grunngiving i distriktspolitiske mål, eller som favoriserer distriktsområde, ut over å jamne ut, for å oppnå likeverdige tilbod.
Kategori B: Tiltak og ordningar som skal jamne ut og kompensere mellom geografiske område, eller som er særleg viktige for verdiskaping, sysselsetjing eller busetting i distriktsområde.
Økonomisk politikk utgjer om lag 43 pst. av innsatsen. Den differensierte arbeidsgivaravgifta er det største enkelttiltaket, med eit anslått provenytap på 22,8 mrd. kroner i 2024.
Økonomisk politikk
Tabell 1.1 Økonomisk politikk
(i 1 000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Dep. | Kat. | Kap./post | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
Differensiert arbeidsgivaravgift i privat sektor | FIN | A | inntektstap | 10 730 000 | 11 900 000 | 12 500 000 |
Differensiert arbeidsgivaravgift i offentleg sektor | FIN | A | inntektstap | 6 840 000 | 9 900 000 | 10 300 000 |
Næringspolitikk
Størstedelen av tabell 1.2 syner tilskotsordningar til landbruket. Viktige tiltak retta mot fiskerinæringa er også tatt med.
Landbruk er tradisjonelt ei av dei viktigaste næringane i distrikta. I dei årlege jordbruksoppgjera blir det forhandla om storleiken på tilskota til landbruket. Ein del tilskot innanfor landbruket har distriktspolitisk grunngiving, til dømes pristilskota for mjølk og kjøt og distriktstilskot for frukt, bær, grønsaker og poteter. Desse tilskota går derfor inn under kategori A.
Tabell 1.2 Næringspolitikk
(i 1 000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Dep. | Kat. | Kap./post | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
Pristilskot mjølk | LMD | A | 1150/73.13 | 679 823 | 729 700 | 1 026 700 |
Pristilskot grøntsektoren | LMD | A | 1150/73.17 | 216 675 | 288 400 | 330 400 |
Pristilskot kjøt | LMD | A | 1150/73.15 | 1 463 245 | 1 707 435 | 1 764 518 |
Distriktstilskot egg | LMD | A | 1150/73.16 | 3 078 | 5 500 | 6 400 |
Driftstilskot mjølk og kjøt | LMD | B | 1150/74.11 | 1 757 626 | 2 483 700 | 2 796 500 |
Tilskot husdyr | LMD | B | 1150/74.14 | 3 641 519 | 4 069 645 | 4 720 230 |
Pristilskot ull | LMD | B | 1150/73.11 | 102 862 | 108 000 | 115 700 |
Areal- og kulturlandskapstilskot | LMD | B | 1150/74.17 | 4 883 553 | 4 751 000 | 5 567 300 |
Frakttilskot | LMD | B | 1150/73.18 | 407 353 | 446 500 | 528 200 |
Frådrag i positiv næringsinntekt for jordbruk | FIN | B | inntektstap | 795 600 | 781 800 | 827 200 |
Til gjennomføring av reindriftsavtala | LMD | B | 1151 | 191 998 | 180 000 | 200 000 |
Tiltak for berekraftig reindrift | LMD | B | 1142/71 | 18 600 | 5 000 | 5 300 |
Frådrag i positiv næringsinntekt for reindrift | FIN | B | inntektstap | 12 200 | 12 200 | 12 400 |
Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) | LMD | B | 1150/50 | 147 000 | 170 000 | 200 000 |
Tilskot til drenering | LMD | B | 1150/50 | 68 000 | 68 000 | 68 000 |
Tilskot til dyreavl m.m. | LMD | B | 1150/77.11 | 93 989 | 106 245 | 117 045 |
Tilskot til regionale miljøprogram | LMD | B | 1150/74.19 | 597 144 | 786 100 | 1 006 100 |
Bedriftsretta midlar til investering og utvikling | LMD | B | 1150/50 | 879 500 | 1 150 500 | 1 220 500 |
Regionale tilretteleggingsmidlar | LMD | B | 1150/50 | 43 000 | 40 000 | 41 000 |
Skattefritak for investering i landbruket (IBU-midlar) under LMD | FIN | A | inntektstap | 131 138 | 250 000 | 250 000 |
Skattefritak for distriktsretta investeringsstøtte | FIN | A | inntektstap | 62 681 | 200 000 | 200 000 |
Høgare avskrivingssats for husdyrbygg | FIN | B | inntektstap | 40 000 | 40 000 | 40 000 |
Skogfondsordninga | FIN | B | inntektstap | 160 000 | 195 000 | 195 000 |
Direkte utgiftsføring av skogsveginvesteringar | FIN | B | inntektstap | 47 500 | 55 000 | 55 000 |
Låg skogfaktor i formuesskatten | FIN | B | inntektstap | 5 700 | 9 700 | 9 700 |
Rentestøtte – utbetalingar | LMD | B | 1150/50 | 10 000 | 30 000 | 40 000 |
Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket | LMD | B | 1150/50 | 112 000 | 232 000 | 222 000 |
Skogbruk | LMD | B | 1150/50 | 221 000 | 260 000 | 270 000 |
Administrasjonsstøtte for distriktsretta såkornfond | NFD | B | 2421/78 | 1529 | 0 | 0 |
Tilskot til kommunar og fylkeskommunar1 | NFD | B | 919/60 | 3 093 094 | 503 000 | 1 197 000 |
Tilskudd til kommunale ungdomsfiskeprosjekt2 | NFD | B | 919/61 | 1 188 | 2 000 | 2 131 |
Tilskot til næringstiltak i fiskeria | NFD | A | 919/75 | 13 789 | 28 800 | 22 105 |
Testfasilitetar i distrikta3 | NFD | B | 2426/71 | 40 000 | 40 000 | 40 000 |
Særskilt frådrag for fiskarar | FIN | B | inntektstap | 242 600 | 238 500 | 247 300 |
Berekraftig matproduksjon i nord4 | LMD | B | 1150/50 | 17 000 | 17 000 | |
Arktisk landbruk4 | LMD | B | 1150/50 | 4 000 | ||
Fjellandbruket | LMD | B | 1150/50 | 4 000 | 3 000 | 3 000 |
Regionale kompetansenettverk for lokalmat | LMD | B | 1150/50 | 12 700 | 14 700 | 14 700 |
Regionale tilskot til rekruttering og kompetanseheving | LMD | B | 1150/50 | 12 000 | 14 000 | 14 000 |
1 Kommunane og fylkeskommunane sin del av vederlag for tildelte oppdrettsløyve.
2 Flytta frå 900/75 til kap. 919/61 i 2023.
3 Omfattar kun løyving til testfasilitetar i distrikta over kap. 2426, post 71.
4 Tilskot til arktisk landbruk er erstatta av ei eiga satsing på berekraftig matproduksjon i nord.
Infrastruktur
Satsing på samferdsel handlar mellom anna om å knyte landsdelar saman og å korte ned avstandar, kostnader og reisetid mellom by og land. Ei satsing på samferdsel er soleis eit kraftfullt distrikts- og regionalpolitisk verkemiddel.
Tabell 1.3 syner fleire tiltak som skal medverke til å redusere ekstrakostnader som følgje av avstandsulemper. I tillegg til tiltaka omtalt i tabellen er samferdselsbudsjettet generelt, særleg riksvegløyvingane og tilskot til ferjedrifta, eit vesentleg verkemiddel for å redusere distrikta sine avstandsulemper.
Ferjetakstane er allereie blitt reduserte, og regjeringa foreslår å vidareføre satsinga. Det er òg lagt til rette for gratis ferjesamband til øyar og andre samfunn utan vegsamband og alle ferjesamband med under 100 000 passasjerar årleg.
Tabell 1.3 Infrastruktur
(i 1 000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Dep. | Kat. | Kap./post | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
Kjøp av innanlandske flyruter | SD | B | 1310/70 | 798 236 | 942 100 | 1 934 600 |
Rentekompensasjon for transporttiltak i fylka | SD | B | 1320/61 | 150 200 | 414 000 | 376 000 |
Utbetring på fylkesvegar for tømmertransport | SD | B | 1320/64 | 18 377 | 21 000 | 22 400 |
Tilskot til fylkesvegar | SD | B | 1320/65 | 329 004 | 389 600 | 415 300 |
Tilskot til skulevegar og nærmiljø | SD | B | 1320/66 | 12 921 | 22 100 | 23 600 |
Kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen–Kirkenes | SD | B | 1330/70 | 838 972 | 1 075 000 | 1 240 300 |
Kjøp av posttenester | SD | B | 1370/70 | 945 642 | 1 260 600 | 1 680 600 |
Tilskot til breibandutbygging | KDD | B | 541/60 | 304 648 | 362 685 | 400 031 |
Tilskot til telesikkerheit og -beredskap1 | KDD | B | 543/70 | 208 510 | 182 866 | 187 992 |
Funksjonell internettilgang og telefonteneste til alle | KDD | B | 543/71 | 10 000 | 10 284 | 10 573 |
Tilskot til fiskerihamneanlegg2 | NFD | B | 916/60 | 0 | 36 100 | 77 492 |
Tilskot til overføring av gods frå veg til sjø2 | NFD | B | 916/70 | 4 646 | 18 300 | 0 |
Tilskot til effektive og miljøvenlege hamner2 | NFD | B | 916/71 | 56 614 | 98 200 | 123 950 |
Flaum- og skredførebygging | OED | B | 1820/22 | 221 154 | 255 500 | 332 000 |
Krise- og hastetiltak i samband med flaum- og skredhendingar | OED | B | 1820/25 | 85 315 | 105 000 | 200 000 |
Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald | OED | B | 1820/45 | 26 298 | 25 000 | 29 000 |
Tilskot til flaum- og skredførebygging | OED | B | 1820/60 | 87 694 | 105 500 | 105 000 |
Tilskot til flaum- og skredførebygging | OED | B | 1820/72 | 6 194 | 6 000 | 6 000 |
Tilskot til utjamning av overføringstariffar | OED | B | 1820/73 | 20 000 | 20 000 | 18 000 |
Tilskot til verdiskapingstiltak i skogbruket | LMD | B | 1149/71 | 68 065 | 51 174 | 54 223 |
Tilskot til grøn skipsfart | KLD | B | 1420/62 | 87 157 | 40 523 | 56 625 |
1 Tilskotet våren 2022 auka med 55 mill. kroner, jf. Prop. 78 S (2021–2022), jf. Innst. 270 S (2021–2022). Aukinga er innarbeida i sum for 2022.
2 Flytta frå kap. 1360 til. kap.970 i 2022 og endra til 916 i 2023.
Velferd, oppvekst og miljø
Det er eit overordna mål at helsetenestetilbodet skal vere likeverdig, uavhengig av bustad, alder, kjønn og sosial status. Dette blir sikra gjennom midlar til spesialisthelsetenesta og gjennom rammeoverføringar til kommunesektoren.
Viktige tiltak er tilskot som skal medverke til å styrkje stabiliteten og rekrutteringa til allmennlegetenesta og andre helsetenester i distrikta. For kultur syner tabell 1.4 ordningar som i hovudsak er knytte til tilbodet i distrikta og i landsdelar utanfor det sentrale Austlandet.
Generelle landsdekkande velferdsordningar, som arbeidsmarknadstiltak, er ikkje tatt med i oversikta.
Tabell 1.4 Velferd, oppvekst og miljø
(i 1 000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Dep. | Kat. | Kap./post | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
Tilskot til apotek1 | HOD | B | 0717/70 | 3 760 | 5 025 | |
Rekruttering og fagleg utvikling i allmennlegetenesta | HOD | B | 0762/70 | 5 600 | 5 700 | 6 000 |
Fraktrefusjonsordning for legemiddel1 | HOD | B | 717/70 | 3 198 | 5 025 | |
Sjukestovefinansiering, Finnmark | HOD | A | 0732/70 | 10 600 | 11 000 | 11 600 |
Tilskot LIS1-stillingar2 | HOD | B | 732/70 | 273 300 | 340 200 | 383 600 |
Tilskot til legevaktordning i distrikta | HOD | A | 762/63 | 50 000 | 50 000 | 100 000 |
Landsdelsmusikarordninga i Nord-Noreg | KUD | A | 323/60 | 23 145 | 23 830 | 25 400 |
Musikk- og scenekunstinstitusjonar | KUD | B | 323/70 | 2 594 370 | 2 666 195 | 2 841 495 |
Det nasjonale museumsnettverket | KUD | B | 328/70 | 2 285 920 | 2 282 930 | 2 506 300 |
Riksteateret | KUD | B | 323/01 | 98 834 | 98 941 | 103 040 |
Riksteateret – turneverksemd | KUD | B | 323/21 | 64 458 | 66 046 | 70 000 |
Kulturtanken (tidl. Rikskonsertane) | KUD | B | 325/01 | 67 828 | 68 979 | 68 457 |
Regionale filmtiltak m.m. | KUD | A | 334/73 | 111 340 | 114 620 | 145 000 |
Film- og dataspeltiltak | KUD | A | 334/78 | 37 860 | 30 725 | 39 265 |
Erstatning for beitedyr tatt av rovvilt | KLD | B | 1420/72 | 144 548 | 148 878 | 148 878 |
Tilskot til rovvilttiltak | KLD | B | 1420/73 | 82 788 | 64 751 | 73 898 |
Tilskot til kalking og lokale fiskeformål3 | KLD | B | 1420/21 | 274 449 | 284 257 | 288 948 |
Tilskot til kalking og lokale fiskeformål4 | KLD | B | 1420/80 | 47 905 | 36 905 | 38 198 |
Verdiskaping på kulturminneområdet | KLD | B | 1429/77 | 8 446 | 8 446 | 7 986 |
Skogplanting | KLD | B | 1420/37 | 5 120 | 5 120 | |
Restaurering av myr5 | KLD | B | 1420/38 | 21 090 | ||
Tilskot til klimatiltak- og klimatilpassing i kommunane6 | KLD | B | 1420/61 | 222 838 | 196 528 | 163 800 |
Tilskot til bustadtiltak7 | KDD | A | 581/78 | 7 089 | 15 388 | 26 799 |
Ytterlegare redusert makspris i barnehage i kommunar med sentralitetsindeks 5 og 6 | KDD | A | 571/60 | 68 040 | ||
Pilot for desentralisert politiutdanning i Alta | JD | B | 442/01 | 7 500 | ||
Styrking av intensivberedskap ved Kirkenes sjukehus | HOD | A | 732/70 | 15 000 |
1 Summen for 2024 blir avklart i tildelingsbrev.
2 Stilling for legar i spesialisering. Tilskotet inkluderer tilskot til reise- og flytteutgifter.
3 Andel av 1420/21-posten. Beløpene omfatter både kalking, anadrom laksefisk og generell vannforvaltning.
4 Andel av 1420/80-posten. Beløpene omfatter både kalking, anadrom laksefisk og generell vannforvaltning. Beløpet omfatter ikkje tilskuddsordning til kommuner langs Oslofjorden til planlegging og prosjektering av nitrogenfjerning som det er avsatt 12,4 mill. kroner til same post på i 2024-budsjettet.
5 Post 1420/38 er lagt ned og slått saman med 1420/31 «Tiltak i verneområder og naturrestaurering». Løyving til de to formåla er ikkje spesifisert i KLDs budsjettproposisjon, og samla løyving er 145,452 mill. kroner.
6 Ordninga blir avvikla frå 2024. Forslag til løyving i 2024 dekker forventa utbetalingar frå tilsagn gitt tidlegare år.
7 Tilskot til bustadtiltak blir budsjettert med løyving, tilsegnsramme og tilsegnsfullmakt. I første halvdel av 2023 har Husbanken gitt tilsegn om 8,5 mill. kroner i tilskudd til bustadtiltak i distrikta. I 2024 skal minst 21 mill. kroner av tilsegnsramma på 37,5 mill. kroner gå til bustadtiltak i distriktskommunar. I 2022 var det ikkje mogleg å søke om tilskot til bustadtiltak i distriktskommunar.
Spesielle tiltak for tiltakssona i Nord-Troms og Finnmark fylke
Tabell 1.5 syner ei oversikt over viktige ordningar som berre gjeld for tiltakssona i Nord-Troms og Finnmark fylke. Dei viktigaste ordningane er innanfor skatte- og avgiftspolitikken. Den mest omfattande ordninga er fritaket for arbeidsgivaravgift, som kjem inn under den samla summen for differensiert arbeidsgivaravgift i tabell 1.1.
Tabell 1.5 Særskilde tiltak for Finnmark og Nord-Troms
(i 1 000 kr) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Politikkområde | Tiltak/ordning | Dep. | Kat. | Kap./post | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
Økonomisk politikk | Lågare skatt på alminneleg inntekt1 | FIN | A | inntektstap | 728 500 | 799 000 | 836 000 |
Særskilt frådrag i alminneleg inntekt (finnmarksfrådraget)1,2 | FIN | A | inntektstap | 245 700 | 250 100 | 364 500 | |
Lågare sats trinn 3 i trinnskatt1,2 | FIN | A | inntektstap | 56 000 | 70 500 | 0 | |
Låg sats og fritak for el-avgift i tiltakssona | FIN | A | inntektstap | 411 000 | 372 000 | 372 000 | |
Frådrag i positiv næringsinntekt for skiferdrivarar i tiltakssona i Troms og Finnmark fylke | FIN | A | inntektstap | 1 200 | 1 900 | 1 900 | |
Utdanning | Ettergiving av utdanningslån | KD | A | 2410/73 | 129 904 | 173 921 | 178 215 |
Ettergiving av utdanningslån for kvalifiserte grunnskulelærarar i tiltakssona i Troms og Finnmark fylke | KD | A | 2410/73 | 5 764 | 5 764 | 5 764 | |
Levekår og offentlege tenester | Mediestøtte3 | KUD | A | 335/71 | 2 300 | 0 | 0 |
Gratis barnehagar | KDD | A | 571/60 | 77 200 | 99 700 |
1 Samspelsverknader gjer at inntektstapet av desse skattetiltaka sett under eitt er høgare enn kvar for seg. For dei tre tiltaka er samla inntektstap vurdert til høvesvis 1 080 mill. kroner, 1 170 mill. kroner og 1 325 mill. kroner for 2022, 2023 og 2024.
2 Lågare sats trinn 3 i trinnskatten er foreslått fjerna frå 2024, og finnmarksfradraget er foreslått auka frå 20 550 kroner til 30 000 kroner. Sjå Prop. 1 LS (2023–2024) Skatter og avgifter 2024.
3 Distribusjonstilskot til aviser.
På fleire politikkområde er det etablert særordningar og prioritet i verkemiddelbruken for Nord-Noreg, i tillegg til ordninga for tiltakssona. Tabell 1.6 syner fordelen av fritak for meirverdiavgift på straum og rammetilskot i kommuneøkonomien. Postane under kap. 571 Rammetilskot til kommunar og kap. 572 Rammetilskot til fylkeskommunar er nærare omtalte under programkategori 13.70.
Tabell 1.6 Tiltak som prioriterer Nord-Noreg og rammetilskot til kommunane
(i 1 000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Dep. | Kat. | Kap./post | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
0-sats for meirverdiavgift ved forbruk av elektrisk kraft og energi frå andre fornybare energikjelder i Nord-Noreg | FIN | A | inntektstap | 700 000 | 850 000 | 850 000 |
Rammetilskot til kommunane, Distriktstilskot Sør-Noreg | KDD | A | 571/61 | 808 128 | 837 275 | 874 619 |
Rammetilskot til kommunane, Distriktstilskot Nord-Noreg | KDD | A | 571/62 | 2 253 346 | 2 331 395 | 2 429 852 |
Rammetilskot til fylkeskommunane, Nord-Noreg-tilskot | KDD | A | 572/62 | 710 577 | 735 939 | 773 174 |