Del 3
Omtale av særlige tema
7 Forenklingsarbeid, modernisering og auka gjennomføringskraft
IKT-moderniseringa i Arbeids- og velferdsetaten
Program for IKT-modernisering i Arbeids- og velferdsetaten vart starta i 2012. Eit hovudmål for programmet er å sikre betre tenester for brukarane og auka effektivitet i sakshandsaminga.
Sakshandsamingsløysingane for økonomiske ytingar skal endrast slik at brukar har tilgang til døgnopne sjølvbetjeningsløysingar som skal ivareta den dialogen mellom forvaltning og brukar som ikkje krev fysisk oppmøte. Brukar skal finne all nødvendig informasjon om Arbeids- og velferdsetaten sine tenester og eigne saker hos etaten på internett.
Kommunikasjonen mellom Arbeids- og velferdsetaten og arbeidsgjevarar skal så langt som mogleg støttast av elektroniske dialogløysingar og automatisert datautveksling.
For Arbeids- og velferdsetaten vil nye sakshandsamingsløysingar legge til rette for ein betydeleg auke i saker som kan handsamast automatisk. Dette vil gi raskare sakshandsaming, auka likebehandling og betre kvalitet. Effektivisering av sakshandsaminga vil gjere det mogeleg å frigjere årsverk i Arbeids- og velferdsetaten som kan omdisponerast til oppfølgingsarbeid for å få fleire i arbeid.
Prosjekt 1 i IKT-moderniseringa vart avslutta våren 2015. Prosjektet leverte systemstøtte, inkludert ei sjølvbetjeningsløysing for ny uføretrygd frå 1. januar 2015. I tillegg vart det utvikla sjølvbetjeningsløysingar for innsyn i eige sak og dagpengar.
Ved behandling av Prop. 67 S (2015–2016) ga Stortinget 26. mai 2016 i Innst. 291 S (2015–2016) si tilslutning til at Arbeids- og sosialdepartementet kan starte opp Prosjekt 2 i modernisering av IKT i Arbeids- og velferdsetaten med ei kostnadsramme på 1 316 mill. kroner. Prosjekt 2 skal etablere fleksible IKT-løysingar som skal gi høg grad av automatisering og god kvalitet i saksbehandling av foreldrepengar og eingongsstønad. Den nye vedtaksløysninga som inngår i ny saksbehandlingsløysning for foreldrepengar skal kunne gjenbrukast for sjukepengeområdet i Prosjekt 3, og skal kunne utgjere ein basis for framtidig modernisering av økonomiske ytingar.
Velferdsordningane
Regjeringa har i Meld. St. 33 (2015–2016) NAV i en ny tid – for arbeid og aktivitet presentert korleis den vil vidareutvikle arbeids- og velferdsforvaltninga. Regjeringa ønsker å legge til rette for å auke handlingsrommet i NAV-kontora mellom anna ved å endre praktiseringa av den statlege arbeids- og velferdspolitikken noko. Regjeringa foreslår at Arbeids- og velferdsetaten sjølv i større grad skal kunne kople arbeidssøkarar og arbeidsgivarar framfor å kjøpe avklarings- og oppfølgingstenester frå eksterne tiltaksarrangørar. Regjeringa vil i styringa av arbeidsmarknadsstiltaka i større grad legge vekt på kvaliteten på tiltaksplassane og resultata for brukarane. Det vil gi NAV-kontora betre høve til å tilby arbeidsmarknadstiltak for å møte problem som følge av arbeidsløyse, enten i særskilte bransjar og regioner eller meir generelt.
Ei rekke forslag til endringar i ordninga med arbeidsavklaringspengar blei sendt på høyring 8. juli 2016. Forslaga inneber mellom anna ei avgrensing av målgruppa, innstramming i fråsegnene om varigheit, tettare oppfølging og auka bruk av gradering. I tillegg er det forslag om å innføre ein mild og rask reaksjon ved mindre brot på aktivitetsplikta. Forslaga i høyringsnotatet vil i sum styrke arbeidsinsentiva og gi ei raskare avklaring av stønadsmottakarane si arbeidsevne. Forslaga er venta å gi ein reduksjon i kor mange som mottar arbeidsavklaringspengar, noko som inneber at Arbeids- og velferdsetaten kan gi ei tettare oppfølging til dei som er i ordninga.
Arbeidstidsordningar
Arbeidslivet er meir samansett enn før, og ulike arbeidstakarar har ulike behov. Samstundes kan verksemdene ha behov som følge av drift utanfor vanleg dagtid og etter varierande etterspurnad. Regjeringa sitt forslag til endringar i arbeidsmiljølova er vedteke av Stortinget og tredde i kraft 1. juli 2015, jf. Prop. 48 L (2014–2015) og Innst. 207 L (2014–2015). Desse endringane opnar mellom anna opp for meir fleksibilitet, slik at det blir enklare å få på plass lokale avtaler om arbeidstid og enklare å disponere arbeidstida slik det passar den enkelte arbeidstakar og verksemd. Regjeringa har vidare sett ned eit arbeidstidsutval, som gav si innstilling i januar 2016. Rapporten til utvalet har vore på høyring, og Regjeringa vil kome tilbake til korleis utvalet skal følgast opp.
Statens pensjonskasse
I tillegg til dagleg drift og kontinuerleg arbeid med å betre tenestene har Statens pensjonskasse starta arbeidet med å legge til rette for innføring av nytt pensjonsregelverk for årskull som er fødde i 1954 eller seinare (yngre årskull). For å gi god informasjon til medlemmene vil det bli laga ein ny pensjonskalkulator for desse.
Statens pensjonskasse har det siste året gjennomført ei kartlegging av dei viktigaste leveranseprosessane til brukarane og gjennom dette identifisert og gjennomført ei rekke mindre og større effektiviseringstiltak.
Lånetenestene har det siste året vorte effektiviserte mellom anna ved å ta i bruk elektronisk signering av lånedokumenta.
Pensjonstrygda for sjømenn
Pensjonstrygda for sjømenn har gjennomført eit fornyingsprosjekt på IKT-området. Dei nye systema medfører ei betydeleg modernisering og effektivisering av etaten. PTS fekk i 2016 betre-stat-prisen for fornying og modernisering av verksemda.
IKT- systemet er også tilrettelagd slik at det kan vidareutviklast for eit justert pensjonsregelverk i samband med den langsiktige tilpassinga til pensjonsreforma.
8 Likestilling og mangfald
Oversiktstabellar over tilsette og gjennomsnittleg lønn etter kjønn
Nedanfor blir det gitt ei oversikt over status for arbeidet med likestilling og mangfald for Arbeids- og sosialdepartementet og for departementet sine underliggande verksemder. Likestillingslova § 1 a, diskrimineringslova § 3 a og diskriminerings- og tilgjengelegheitslova § 3 pålegg statlege verksemder å arbeide aktivt og målretta for å betre likestilling og hindre diskriminering, både som offentleg myndigheit og som arbeidsgivar. I tillegg til aktivitetsplikta, har statlege verksemder ei plikt til å greie ut om likestillingsarbeidet. Statlege verksemder som ikkje er pålagde å utarbeide årsmelding, skal gi utgreiinga i årsbudsjettet.
Tabellen under gir ei oversikt over prosentdelen kvinner i Arbeids- og sosialdepartementet og i underliggande verksemder per 1. oktober 2015, totalt for verksemdene og i ulike stillingskategoriar.
Tilsette etter kjønn i Arbeids- og sosialdepartementet og underliggande verksemder1
ASD | AV- etaten | Trygde-retten | PTS | SPK | Atil | Ptil | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Totalt i verksemda | 2015 | 199 | 14 471 | 70 | 24 | 403 | 639 | 173 |
2014 | 200 | 14 397 | 70 | 23 | 414 | 622 | 175 | |
Pst. kvinner: | ||||||||
I verksemdene | 2015 | 61,0 | 70,3 | 56,0 | 71,0 | 53,3 | 60,0 | 57,7 |
2014 | 61,5 | 70,2 | 60,0 | 83,0 | 57,0 | 59,0 | 40,0 | |
Toppleiarar | 2015 | 37,5 | 42,5 | 0,0 | 83,0 | 37,5 | 50,0 | 57,0 |
2014 | 37,5 | 48,8 | 0,0 | 80,0 | 37,5 | 42,0 | 40,0 | |
Mellomleiarar | 2015 | 53,6 | 61,2 | 40,0 | - | 60,0 | 47,0 | 23,0 |
2014 | 50,0 | 60,0 | 40,0 | - | 61,0 | 46,0 | 33,0 | |
Saksbehandlarar | 2015 | 66,2 | 70,8 | 73,0 | 57,0 | 56,0 | 62,0 | 43,0 |
2014 | 65,4 | 69,2 | 75,0 | 73,0 | 56,0 | 60,0 | 40,0 | |
Konsulentar | 2015 | 75,0 | 81,0 | 82,0 | 100,0 | - | 87,0 | 95,0 |
2014 | 85,7 | 80,0 | 92,0 | 100,0 | - | 80,0 | 84,0 | |
Slutta | 2015 | 70,0 | 69,0 | 43,0 | 100,0 | 61,0 | 46,0 | 0,0 |
2014 | 75,0 | 68,0 | 50,0 | 40,0 | 61,0 | 69,0 | 67,0 | |
Nytilsette | 2015 | 64,2 | 68,6 | 57,0 | 30,0 | 59,0 | 59,0 | 67,0 |
2014 | 75,0 | 72,0 | 67,0 | 100,0 | 56,0 | 52,0 | 50,0 | |
Deltidstilsette | 2015 | 82,4 | 81,6 | 27,0 | 100,0 | 71,0 | 66,0 | 67,0 |
2014 | 94,7 | 83,0 | 27,0 | 100,0 | 71,0 | 83,0 | 33,0 | |
Midlertidig tilsette | 2015 | 66,7 | 71,0 | 75,0 | - | 92,0 | 63,0 | 100,0 |
2014 | 83,3 | 73,0 | 81,0 | - | 70,0 | 75,0 | 50,0 | |
Foreldrepermisjon | 2015 | 83,3 | 93,2 | 100 | 100,0 | 89,0 | 63,0 | 60,0 |
2014 | 100 | 85,0 | 100 | 0,0 | 94,0 | 89,0 | 60,0 |
1 Tabellen er utarbeidd av Arbeids- og sosialdepartementet på bakgrunn av tal frå eige lønns- og personalsystem og tal frå dei underliggande verksemdene. Forkortingar: Arbeids- og sosialdepartementet (ASD), Arbeids- og velferdsetaten (AV-etaten), Pensjonstrygda for sjømenn (PTS), Statens pensjonskasse (SPK), Arbeidstilsynet (Atil), Petroleumstilsynet (Ptil). I kategorien saksbehandlarar ligg rådgivarar og seniorrådgivarar, ev førstekonsulentar. I kategorien konsulentar ligg dei merkantile stillingane. I ASD består toppleiinga av ekspedisjonssjefane, departementsråd og direktør. I Trygderetten er det berre ein toppleiar, og denne var ein mann. I PTS er det berre eitt leiarnivå, og alle leiarane er plassert i kategorien toppleiarar.
Tala i tabellen under viser at kvinner i gjennomsnitt jamt over har lågare lønn enn sine mannlege kollegaer. Biletet er noko meir nyansert når ein ser på dei enkelte stillingskategoriane i verksemdene.
Kvinner sin del av lønna til menn etter stillingskategori)1
ASD | AV- etaten | Trygde-retten | PTS | SPK | Atil | Ptil | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
I pst. | ||||||||
Gjennomsnitt for heile verksemda | 2015 | 83,7 | 92,6 | 90,5 | 100,2 | 89,1 | 93,8 | 81,0 |
2014 | 90,1 | 93,2 | 78,6 | 97,5 | 90,4 | 94,6 | 82,1 | |
Toppleiarar | 2015 | 105,9 | 94,6 | 0,0 | 96,6 | 89,9 | 104,8 | 102,9 |
2014 | 112,3 | 109,9 | 0,0 | 98,7 | 97,2 | 103,2 | 104,8 | |
Mellomleiarar | 2015 | 99,5 | 95,2 | 117,7 | - | 103,4 | 95,2 | 97,9 |
2014 | 101,7 | 95,0 | 109,5 | - | 103,2 | 100,5 | 95,0 | |
Saksbehandlarar | 2015 | 92,4 | 96,8 | 95,9 | 102,4 | 87,9 | 100,0 | 86,2 |
2014 | 99,1 | 97,0 | 95,6 | 119,9 | 91,1 | 100,0 | 85,1 | |
Konsulentar | 2015 | 84,7 | 101,4 | 100,9 | 100,0 | - | 92,8 | 99,4 |
2014 | 92,9 | 100,6 | 100,5 | 100,0 | - | 101,6 | 115,7 |
1 Tabellen er utarbeidd av Arbeids- og sosialdepartementet på bakgrunn av tal frå eige lønns- og personalsystem og tal frå dei underliggande verksemdene.
Legemeldt sjukefråvær i Arbeids- og sosialdepartementet og underliggande verksemder
Tabellane under viser tal for legemeldt sjukefråvær for departementet og underliggande verksemder, totalt og fordelt på kjønn.
Legemeldt sjukefråvær totalt per 31. desember 2015.
ASD | AV-etaten | Trygderetten | PTS | SPK | Atil | Ptil | |
---|---|---|---|---|---|---|---|
2015 | 3,3 | 5,8 | 4,3 | 6,5 | 3,8 | 3,4 | 2,6 |
2014 | 4,3 | 5,9 | 4,6 | 2,5 | 4,9 | 3,6 | 2,7 |
Sjukefråværet i det statlege tariffområdet var totalt 4,7 pst i 4. kvartal 2014 og 5,3 pst. i 4. kvartal i 2015. Tala over gir ein indikasjon på at det legemeldte sjukefråværet for 2015 ligg under nivået for det statlege tariffområde for Arbeids- og sosialdepartementet, Trygderetten, Statens pensjonskasse, Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet. Arbeids- og velferdsetaten sitt mål om å redusere sjukefråværet i 2015 med 12,5 pst. frå 2014, er ikkje nådd. Sjukefråværet i Trygderetten på 4,3 pst. er 1,6 pst. lågare enn gjennomsnittet dei 5 siste åra.
Legemeldt sjukefråvær menn og kvinner per 31. desember 2015.
ASD | AV-etaten | Trygderetten | PTS | SPK | Atil | Ptil | ||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | M | K | M | K | M | K | M | K | |
2015 | 1,4 | 4,6 | 4,0 | 6,5 | 1,5 | 3,9 | 1,4 | 8,9 | 2,8 | 5,2 | 2,9 | 3,7 | 0,7 | 1,9 |
2014 | 0,4 | 4,0 | 3,9 | 6,6 | 2,1 | 5,5 | 0,0 | 3,5 | 3,6 | 5,8 | 2,8 | 4,2 | 0,6 | 2,1 |
Tala viser at det framleis er stor skilnad i det legemeldte sjukefråværet mellom menn og kvinner i heile sektoren. Det er òg stor skilnad i nivået på sjukefråvær mellom verksemdene. Petroleumstilsynet skil seg ut med eit veldig lågt sjukefråvær blant både menn og kvinner. Sjukefråværet for menn i statleg sektor var 2,7 pst. i 4. kvartal i 2014 og 3,1 pst. i 4. kvartal i 2015. Blant menn er det sjukefråværet i Arbeids- og velferdsetaten som ligg over nivået i det statlege tariffområdet. Det har og vore ein svak auke i sjukefråværet blant menn i alle verksemdene frå 2014 til 2015.
Sjukefråværet for kvinner i statleg sektor var 7 pst. i 4. kvartal i 2014 og 7,7 pst. i 4. kvartal i 2015. Tala over gir ein indikasjon på at sjukefråværet blant kvinner i alle verksemdene ligg under nivået i det statlege tariffområdet, unntatt for Pensjonstrygda for sjømenn. Det har vore ein nedgang i sjukefråværet for kvinner frå 2014–2015 for alle verksemdene, bortsett frå i Pensjonstrygda for sjømenn.
Nærare om arbeidet med likestilling i verksemdene
Arbeids- og sosialdepartementet
Kvinnedelen i departementet har vore stabil dei seinare åra, og 61 pst. av dei tilsette er kvinner. Tendensen er den same for dei nyrekrutterte og for dei som sluttar. Kjønnsperspektivet er ein del av departementet sin lokale personalpolitikk. Departementet har særleg fokus på at kvinner og menn gis like moglegheiter for fagleg utvikling, forfremming, alternative karrierevegar og karriereutvikling til høgare stillingar. Blant toppleiarane var 37,5 kvinner. Det er god kjønnsbalanse blant mellomleiarane, der kvinnedelen utgjer 53,6 pst. Det er ei overvekt av kvinner i dei lågare stillingskategoriane, og blant saksbehandlarar er kvinnedelen 66,2 pst. og i stillingsgruppa konsulentar 75 pst. I stillingskategorien alternativ karriereveg var berre 20 pst. kvinner, og departementet vil vere merksame på utviklinga her.
Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i departementet lågare enn for menn, og utgjorde 83,7 pst. av menn sin lønn. Som tala i tabellen over viser, er biletet meir nyansert når lønna til kvinner og menn blir samanlikna innanfor kvar stillingskategori. Det er fleire kvinner enn menn i dei lågare stillingskategoriane, og det kan forklare noko av årsaka til skilnaden i gjennomsnittleg lønn for kvinner og menn. Blant toppleiarane tener kvinner i snitt meir enn menn, og blant mellomleiarane er lønna tilnærma lik for kvinner og menn.
Å nå dei kvalifiserte søkarane med nedsett funksjonsevne er òg ei utfordring. Departementet nyttar jobbportalen «Jobbforalle» for å nå målgruppa betre, og søkarar med nedsett funksjonsevne blir innkalla til intervju, dersom dei er kvalifiserte. Departementet deltek i staten sitt traineeprogram for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne, og har til ei kvar tid ein trainee tilsett. Departementet har i eigen IA-plan sett mål for rekruttering frå målgruppa (delmål 2), og har som mål å ta imot IA-kandidatar. Det blir gjort i samarbeid med NAV Arbeidslivssenter.
Tilsette med innvandrarbakgrunn utgjorde 5 pst. av dei tilsette i departementet per 1. oktober 2015, og av desse var 3,5 pst. frå landgruppe 2 (Asia, Afrika, Latin-Amerika, Oseania unntatt Australia og New Zealand, og Europa utanfor EU). Av 585 søkarar til ulike stillingar i Arbeids- og sosialdepartementet i 2015, opplyser 8,9 pst. av søkarane at dei har innvandrarbakgrunn frå landgruppe 2. Det blir jobba kontinuerleg med å auke rekrutteringskompetansen i departementet gjennom ulike interne tiltak.
Arbeids- og velferdsetaten
Arbeids- og velferdsetaten er ein kvinnedominert arbeidsplass der kvinnedelen er stabil på om lag 70 pst. Fordelinga av kvinner er noko ulik mellom dei ulike einingane, og kvinnedelen er på 78 pst. i NAV kontora, og 49 pst. i Arbeids- og velferdsdirektoratet. Kvinnedelen blant toppleiarane var på 42,5 pst. i 2015, og i stillingskategorien mellomleiarar er kvinnedelen framleis aukande og var i 2015 på 61,2 pst. Det har ikkje blitt prioritert å gjere særskilde grep frå sentralt hald for å få fleire menn til å søke stillingar i etaten. Kjønnsfordelinga er tilnærma lik for dei nytilsette og for dei som slutta.
Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Arbeids- og velferdsetaten noko lågare enn for menn, og utgjer 92,6 pst. av menn sin lønn. Prinsippet om likelønn i Arbeids- og velferdsetaten skal takast vare på gjennom den lokale lønnspolitikken. Lønnsutviklinga i samanliknbare grupper skal vere uavhengig av etnisk bakgrunn, funksjonsevne, kjønn og alder. Framleis er det likevel slik at gjennomsnittleg lønn for kvinner er lågare enn for menn i alle stillingskategoriar, med unntak av kategoriane saksbehandlarar/konsulentar og i kategorien kontorstillingar. Ser vi på lønnsutviklinga dei siste åra, kan det sjå ut til at det frå 2014 til 2015 har blitt noko større avstand mellom kvinner og menn sin lønn i disfavør av kvinner i etaten totalt, og spesielt i stillingskategorien rådgivarar. I kategorien mellomleiarar er den gjennomsnittlege lønnsforskjellen mellom menn og kvinner på same nivå som det har vore dei siste to åra, og kvinnelege mellomleiarar tener i snitt 95,2 pst. av menn sin lønn. Utviklinga i lønn mellom kvinner og menn vil bli undersøkt nærare, og vil vere gjenstand for særskild merksemd i dei kommande lønnsforhandlingane i etaten.
I alle stillingsutlysingane i etaten blir det oppmoda om å søke på stillingane utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Det er eit krav at minimum éin søkar frå kvar av dei underrepresenterte gruppene (definert som innvandrarbakgrunn eller med redusert funksjonsevne) blir kalla inn til intervju dersom det finst kvalifiserte søkarar. Dette er det opplyst om i det elektroniske rekrutteringsverktøyet til etaten, og søkarar blir oppmoda om å opplyse om dei har innvandrarbakgrunn eller har redusert funksjonsevne. Det er per i dag uvisst i kor stor grad søkarar opplyser om dette. Arbeids- og velferdsdirektoratet vil sjå nærare på korleis mangfaldsarbeidet kan styrkast i etaten sin arbeidsgivarrolle framover.
Arbeids- og velferdsetaten har hatt ein jamn auke i talet på tilsette med innvandrarbakgrunn frå 2011 til 2015. Etaten har gått frå å ha 7,4 pst. tilsette med innvandrarbakgrunn i 2011 til 9,9 pst. i 2015, og av desse er 6,3 pst frå landgruppe 2. I 2015 hadde 13 pst. av dei tilsette i Arbeids- og velferdsdirektoratet innvandrarbakgrunn. Det har vore over ei dobling i delen tilsette med innvandrarbakgrunn frå 2011 til 2015 i følge tala frå SSB. I direktoratet er dei fleste tilsette med innvandrarbakgrunn frå landgruppe 2. Tal for tilsette med innvandrarbakgrunn i offentleg sektor var til samanlikning 10,4 pst. i 2014.
Lokalisering i Oslo gjer det enklare å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn. I tenestelinja er det stor variasjon mellom fylka, noko som speglar størrelsen på innvandrarbefolkninga i fylket. Personar med innvandrarbakgrunn frå landgruppe 2 utgjer 23 pst. av dei tilsette i Oslo og 10 pst. i Akershus. Einingane rapporterer om ein positiv «smitteeffekt» av å få inn personar med innvandrarbakgrunn gjennom ulike tiltak som praksisplassar eller kortvarige engasjement.
I 2015 var 3 pst. av dei nytilsette i Arbeids- og velferdsetaten personar med nedsett funksjonsevne, ein nedgang frå 2014 då talet var 4 pst. Det er ei større utfordring å få rekruttert personar med redusert funksjonsevne enn med innvandrarbakgrunn. Fleire driftseiningar rapporterer at dei ikkje har mottatt søknadar frå denne gruppa, og at det er ei utfordring å tiltrekke seg søkarar.
IA-plassar er i ulik grad tatt i bruk i etaten, sjølv om dei fleste driftseiningane stiller plassar til disposisjon. For 2015 har det vore registrert 258 IA-plassar, mot 241 plassar i 2014, altså ei fortsatt auke. IA-plassar har medverka til at fleire har fått faste og midlertidige stillingar, både i NAV og hos andre arbeidsgivarar.
Mange driftseiningar har heilt eller delvis tatt i bruk etatens nye rutinar for oppfølging av sjukefråvær. For mange driftseiningar er det for tidleg å sjå konkrete effektar av etatens reviderte oppfølgingsprosess. Fylke som har klart å redusere sjukefråværet over tid, seier at dei gjennom år har hatt sjukefråværsarbeid som eit prioritert område og at dei har hatt eit godt samarbeid mellom leiarar, tillitsvalde og verneombod.
Trygderetten
Trygderetten er ei forholdsvis lita verksemd med 70 tilsette, og av desse er 56 pst. kvinner. Det er overvekt av menn i alle høgare stillingskategoriar. Blant rettsmedlemmene (dommarane) er kvinnedelen 27 pst. og blant juridiske seniorrådgivarar er kvinnedelen 38 pst. I dei lågare stillingskategoriene er tendensen motsett. Trygderetten arbeider aktivt for at kvinner og menn i organisasjonen skal bli behandla likt, uavhengig av kjønn. Ved tilsetting blir det i stillingsutlysingar lagt vekt på å understreke at arbeidsstaben skal spegle befolkninga både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Kvinner blir oppfordra til å søke dersom det er under 40 pst. kvinner i den aktuelle stillingskategorien.
Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Trygderetten lågare enn for menn, og utgjer 90,5 pst. av lønna til menn. Trygderetten skil seg frå dei fleste statlege verksemdene ved at dei to største stillingsgruppene, dommarane og rettsfullmektigane, har forholdsvis lik lønn og ein lønnsstige med ansiennitet som kriterium for lønnsplassering. For dei andre stillingsgruppene er det ikkje avdekka store lønnsmessige forskjellar innanfor stillingsgrupper basert på kjønn. Blant Trygderetten sine saksbehandlarar og kontortilsette er det ein stor kvinnedel, og desse stillingsgruppene har hatt ei jamn lønnsutvikling dei seinare åra. Blant mellomleiarane tener kvinnene noko meir enn sine mannlege kollegaer.
Trygderetten er ei IA-verksemd. Ny avtale med NAV Arbeidslivsenter Oslo om inkluderande arbeidsliv blei inngått for perioden 2014–2018. Eitt mål er at sjukefråværet i Trygderetten ikkje skal vere høgare enn 5 pst. i perioden. Trygderetten har sett som delmål at verksemda skal behalde medarbeidarar med redusert funksjonsevne, heilt eller delvis, fram til ordinær pensjonsalder, ved mellom anna å tilby tilrettelegging av det fysiske og psykososiale arbeidsmiljøet. Trygderetten har ikkje sett konkrete mål for rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkarar med innvandrarbakgrunn på ledige stillingar, kallast alltid minst ein inn til intervju. Stillingane som rettsmedlem og rettsfullmektig må vere besett av personar med norsk statsborgarskap.
Pensjonstrygda for sjømenn
Pensjonstrygda for sjømenn er ei lita verksemd, og det er overvekt av kvinner på alle nivå i verksemda. Dette gjeld også i leiinga, der fem av seks er kvinner. Andelen kvinner har auka kvart år dei seinare åra, bortsett frå i 2015. Kvinnedelen sank frå 83 pst. i 2014 til 71 pst. i 2015. Det har vore eit ønske å oppnå ei betre likevekt mellom kjønna, og det har derfor vore tatt omsyn til kjønnsbalansen ved tilsettingar. Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner og menn i Pensjonstrygda for sjømenn tilnærma lik, og gjennomsnittleg lønn for kvinner utgjorde 100,2 pst. av menn sin lønn. Jamlege analysar av forholda i verksemda viser at det er små forskjellar mellom kvinner og menn sin lønn, så vel i leiinga som blant saksbehandlarar.
Statens pensjonskasse
Statens pensjonskasse har eit balansert samansett personale med 56 pst. kvinner. I toppleiinga er kvinnedelen 37,5 pst., medan kvinnedelen blant mellomleiarane er 60 pst. I stillingsgruppa saksbehandlarar er kvinnedelen 56 pst. og i gruppa alternativ karriereveg er kvinnedelen 50 pst.
Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Statens pensjonskasse lågare enn for menn, og utgjorde 89,1 pst. av menn sin lønn. Innanfor kvar stillingskode tener menn jamt over meir enn kvinner, bortsett frå i stillingskategorien mellomleiarar og prosjektleiarar.
Statens pensjonskasse har vore IA-verksemd sidan 2002. Verksemda har satt aktivitetsmål når det gjeld personar med nedsett funksjonsevne, og skal halde fram med eksisterande praksis for tilrettelegging av arbeidsplassar og tilby minst 11 praksisplassar/tiltaksplassar for personar som har behov for arbeidstrening. I 2015 hadde verksemda 9 personar inne på praksisplass, mot 13 personar i 2014. I 2015 hadde verksemda 54 tilsette med innvandrarbakgrunn, noko som utgjer 13,4 pst. av dei tilsette.
Arbeidstilsynet
Arbeidstilsynet har 639 tilsette, og kvinnedelen er 60 pst. I perioden rekrutterte verksemda 54 nye tilsette, og av dei nyrekrutterte var 59 pst. kvinner. Arbeidstilsynet er framleis opptatt av å ha ei mest mogleg lik kjønnsbalanse i verksemda. Blant toppleiarane er det no like mange kvinner og menn, og blant mellomleiarane er kvinnedelen 42 pst. I Arbeidstilsynet er det og overlegar, ingeniørar og inspektørar, og blant overlegane er kvinnedelen 60 pst., blant ingeniørane 45 pst. og blant inspektørane er kvinnedelen 57 pst.
Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Arbeidstilsynet noko lågare enn for menn, og utgjer 93,8 pst av menn sin lønn. Blant toppleiarane er gjennomsnittleg lønn for kvinner 104,8 pst av menn sin lønn, blant mellomleiarane er gjennomsnittleg lønn for kvinner 95,2 pst. av menn sin lønn, og blant saksbehandlarane er det ingen skilnad i gjennomsnittleg lønn mellom kjønna. Blant overlegane er gjennomsnittleg lønn for kvinner 88,5 pst. av menn sin lønn, mens det er lite som skil gjennomsnittleg lønn mellom menn og kvinner blant ingeniørane og inspektørane. Verksemda tar regelmessig ut statistikk for å følge utviklinga i kvar enkelt eining i etaten. I dei lokale lønnsforhandlingane har likelønn mellom kjønna høg prioritet.
Arbeidstilsynet er ei IA-verksemd, og sjukefråværet blir følgd tett opp. Arbeidstilsynet sitt arbeidsmiljøutval (AMU) har i 2015 mellom anna hatt eit særskilt fokus på tema som omhandlar uheldig belasting, vald og truslar frå eksterne. Etaten sin innsats med tilsyn innan sosial dumping har ført til eit auka fokus på førebyggande tiltak og aktivitetar når det gjeld inspektørane sin sikkerheit på tilsyn.
Arbeidstilsynet har lagt til rette for, og satt i gang særlege tiltak for at arbeidsstyrken skal spegla mangfaldet i befolkninga når det gjeld kjønn, alder, funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Verksemda har mellom anna utarbeidd ei intern skildring av arbeidsprosessar som også tydeleggjer mangfaldsperspektivet knytt til rekruttering. I rekrutteringssystemet kan søkarar synleggjere at dei har nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn. Ei erfaring verksemda har gjort, er at det ikkje er mange som gir til kjenne at dei har ei funksjonsnedsetting. Når det gjeld personar med innvandrarbakgrunn har Arbeidstilsynet fleire tilsette som kjem frå ulike kulturar. Arbeidstakarar som kan fleire språk og har god kunnskap om ulike kulturar, er positivt for arbeidsgivar.
Sidan 2008 har Direktoratet for Arbeidstilsynet delteke i staten sitt traineeprogram for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne. Arbeidstilsynet har positiv erfaring med traineeprogrammet, og skal vere med i eit nytt program som startar opp hausten 2016. Arbeidstilsynet er ei IA-verksemd, og i avtaleperioden 2014–2018 skal alle einingar i Arbeidstilsynet opprette minst ein IA-plass per år i form av plassar til opplæring og arbeidstrening. Verksemda har opparbeidd god kompetanse på dette området, og har god dialog og eit godt samarbeid med NAV Arbeidslivssenter. I 2015 hadde Arbeidstilsynet 9 personar med nedsett funksjonsevne i arbeidspraksis.
Petroleumstilsynet
Det er god balanse mellom kjønna i Petroleumstilsynet med 53 pst. menn og 47 pst. kvinner. Blant toppleiarane er kvinnedelen 57 pst. medan kvinnedelen blant mellomleiarane er 23 pst. Arbeidet med å fremme likestilling mellom kjønna er forankra i Petroleumstilsynet sin personalpolitikk, og er ein integrert del av verksemda. I vurderinga av behov for nye medarbeidarar inngår ei analyse av samansettinga av kjønn og alder. Ei intern undersøking om arbeidstilhøva og arbeidsmiljøet i etaten som blei gjennomført i mars 2015, viser at kjønn har lite å seie for opplevinga av arbeidstilhøva og arbeidsmiljøet i verksemda.
Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Petroleumstilsynet lågare enn for menn, og utgjorde 81 pst. av menn sin lønn. Når det gjeld skilnadene i lønn for kvinner og menn med omsyn til «totalt i verksemda» og «saksbehandlarar» i tabellen, så gjer verksemda merksam på at Petroleumstilsynet er delt inn i ei fagavdeling med fleire fagområde og ei administrativ avdeling, der fleirtalet av dei tilsette er kvinner. Skilnadene i lønn mellom dei to grupperingane kjem av at kompetansekrava og etterspurnaden etter nye medarbeidarar i snitt er vesentleg høgare når det gjeld medarbeidarar i fagavdelinga enn i administrativ samanheng. Skilnadene i lønn mellom kvinner og menn med omsyn til toppleiarar og mellomleiarar er elles relativt liten, og gjennomsnittleg lønn for kvinner er 102,9 pst. av menn sin lønn for toppleiarar og 97,9 pst. for mellomleiarar. I snitt er mannlege medarbeidarar i verksemda eldre og har lengre erfaring frå arbeidslivet. Petroleumstilsynet rekrutterer i stor grad ingeniørar, og det har vore stor konkurranse om denne type arbeidskraft i petroleumsnæringa. Det er i stor grad etterspurnaden etter kompetanse og kapasitet som styrer lønnsnivået i petroleumsnæringa.
Verksemda si målsetting er å ivareta og legge til rette for medarbeidarar med særlege behov og nedsett funksjonsevne på ein god måte. Det var ingen søkarar med nedsett funksjonsevne til dei utlyste stillingane i 2015. Alle kvalifiserte søkarar med innvandrarbakgrunn blir kalla inn til intervju, og ein person med innvandrarbakgrunn blei tilsett i 2015. I administrative stillingar kan verksemda legge til rette for søkarar med nedsett funksjonsevne. For medarbeidarar som skal arbeide på innretningar offshore og på petroleumsanlegg på land, er det krav om helseattest og kurs i sikkerheit.
Det er ei målsetting å tilby minst ein praksisplass per år. Denne praksisplassen ønsker verksemda primært å tilby personar med annan etnisk bakgrunn enn norsk. I 2015 hadde verksemda ingen praksisplass, men deltok med ein fagstilling i staten sitt traineeprogram for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne.
9 Omtale av klima- og miljørelevante saker
Arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet – miljøprofil
Regjeringa sin klima- og miljøpolitikk bygger på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å legge miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla kan bli nådd. Vidare har sektorstyresmaktene ansvar for å gjennomføre nødvendige tiltak innanfor eigne område for å kunne nå måla i klima- og miljøpolitikken. For omtale av Regjeringa sine samla klima- og miljørelevante saker, sjå Klima- og miljødepartementet sin fagproposisjon.
Å sikre eit trygt arbeidsmiljø er ei overordna målsetting i norsk arbeidsliv som er viktig i alle sektorar og bransjar. I tillegg til dette utgjer førebygging av forureining frå petroleumsverksemda eit viktig bidrag frå Arbeids- og sosialdepartementet (ASD) til regjeringa sitt heilskaplege arbeid med klima og miljø.
Statens arbeidsmiljøinstitutt er det nasjonale forskingsinstituttet for arbeidsmiljø og arbeidshelse. Mykje av kunnskapen knytt til arbeidsmiljø og -helse som instituttet bidreg til vil ein anta at kan overførast til ytre miljø, til dømes når det gjeld kjemiske og biologiske eksponeringar, mekanismar og helseeffektar.
Arbeidsmiljø- og sikkerheitsstyresmaktene sitt tilsyn med petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel og på enkelte landanlegg blir utført av Petroleumstilsynet. Petroleumsverksemda er strengt regulert når det gjeld helse, miljø og sikkerheit. I regelverket stiller ein krav til robust utforming av utstyr og anlegg, som mellom anna inneber krav til barrierar mot ulykker og uønskte hendingar som kan føre til akutt forureining. Petroleumstilsynet si oppfølging av at petroleumsverksemdene følger krava i regelverket medverkar til eit høgt nivå på sikkerheit og arbeidsmiljø i petroleumsindustrien, og bidreg til å førebygge akutt forureining til sjø og til luft og samtidig bygge opp om dei nasjonale målsetningane i klima- og miljøpolitikken.
Risikofaktorar knytte til storulykker utgjer ein sentral del av Petroleumstilsynet si oppfølging av næringa. Av dette følger også at ein overvakar utviklinga i risiko for ulykker som kan føre til akutte utslepp til sjø. Arbeidet i nettverket Risikonivå i norsk petroleumsvirksomhet (RNNP) utgjer ei viktig kjelde for informasjon om miljøforholda i petroleumsverksemda.
Data frå RNNP viser ein nedgang i talet på akutte råoljeutslepp i 2015, samanlikna med 2014. Omfanget er no om lag attende til nivået i 2013. Råoljeutslepp utgjer om lag 13 pst. av dei samla utsleppa. Dei aller fleste utsleppa har hatt eit volum på under 1 tonn, og hovuddelen av desse var på under 0,1 tonn. Utsleppsmengda frå akutte utslepp av andre oljar enn råolje har variert gjennom perioden 2001–2014 utan å indikere nokon trend. Talet på dei samla akutte utsleppa av kjemikaliar på norsk sokkel har variert rundt eit relativt stabilt nivå gjennom perioden 2001–2014.
Petroleumstilsynet vil arbeide vidare med å utvikle og forvalte sikkerheitsregelverket som gjeld for tap av liv, helse, arbeidsmiljø, ytre miljø og økonomiske verdiar slik at krav til teknologi, operasjonar og styring av verksemdene i petroleumssektoren underbygger nasjonale og regionale miljømål og klimapolitikken. Arbeidet inkluderer oppdatering av standardar, aktivitetar for å redusere usikkerheit knytt til forsvarleg verksemd, utvikle vidare bruk av resultatrapportar om ulykkesfrekvens og følge opp selskapa si styring av sikkerheit og arbeidsmiljø.
Petroleumstilsynet vil føre vidare eit aktivt samarbeid med andre etatar som forvaltar miljø i samband med utvikling og oppfølging av heilskaplege forvaltningsplanar for dei norske havområda.
10 Samfunnssikkerheit og beredskap
Arbeids- og sosialdepartementet har eit todelt ansvar for samfunnssikkerheit og beredskap. Det gjeld arbeids – og velferdsområdet og arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet, under dette petroleumsverksemda. Myndigheitsansvaret omfattar:
Folketrygda sine pensjonar og ytingar, offentleg tenestepensjon o.a., også ved kriser eller katastrofar i fredstid og i krig.
Å medverke til å dekkje samfunnet sitt behov for arbeidskraft ved kriser i fredstid og i krig.
Førebygging og beredskap i petroleumsverksemda – både offshore og på nærare gitte landanlegg med tilknytt røyrleidningsystem. Ansvaret omfattar både helse, miljø og sikkerheit inkludert storulykkerisiko, samt sikkerheitstiltak og beredskap mot medvetne handlingar.
Arbeidsmiljø- og sikkerheit i arbeidsliv på land, – men her er ansvaret for storulykker plassert hos Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).
Arbeids- og sosialdepartementet har to overordna mål for arbeidet med samfunnssikkerheit og beredskap:
å førebygge uønskte krisehendingar i eigen sektor
på ein god måte vere i stand til å handsame og minske følgene dersom dei like fullt skulle oppstå.
Departementet nyttar ei rekke verkemiddel i arbeidet med desse måla, som risiko- og sårbarheitsanalyser, regelverksutvikling, krise- og beredskapsplanar, øvingar, evalueringar m.m. Krava, oppgavene og prioriteringane i kongeleg resolusjon av 15. juni 2012, «instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet og beredskap» ligg til grunn for bruken av verkemiddel.
Mål 1: Førebygge uønskte krisehendingar i eigen sektor
Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap førte i 2015 tilsyn med Arbeids- og sosialdepartementet. Dei viser til ei generell positiv utvikling i departementet sitt sikkerheits- og beredskapsarbeid, men at det er gjennomgåande skilnad mellom petroleumsområdet og arbeids- og velferdsområdet. Skilnaden speglar etatane sine ulike trugselbilete og ansvarsområde. Det er svært ulike styringsutfordringar i samfunnssikkerheitsarbeidet for dei to områda. I tilsynet vart Arbeids- og sosialdepartementet særleg rådd til å styrke det systematiske risiko- og sårbarheitsarbeidet innan arbeids- og velferdsområdet. I 2016 har Arbeids- og velferdsdirektoratet difor fått i oppdrag å utarbeide ei overordna risiko- og sårbarheitsanalyse knytt til etaten sine kritiske samfunnsfunksjonar. Dette som ledd i eige sikkerheits- og beredskapsarbeid, og som eit betre grunnlag for departementet si overordna styring av området. I 2015 førte Nasjonal sikkerheitsmyndigheit òg tilsyn med korleis krava i sikkerhetslova med forskrifter blir følgd opp. Departementet vil arbeide vidare med å følge opp funn frå begge tilsynsrapportane i 2017.
Det er ein ambisjon at norsk petroleumsverksemd skal vere leiande på helse, miljø og sikkerheit. Petroleumslova pålegg operatørane (oljeselskapa) eit sjølvstendig ansvar for beredskap mot fare- og ulykkesituasjonar, samt å sjå til at underentreprenørar mv. møter krava til beredskap og sikkerheitstiltak. Selskapa skal òg ha etablert eit system for eigenkontroll. Gjennom lovgjeving og tilsyn kan styresmaktene kontrollere at næringa tek hand om oppgåva på forsvarleg vis. Det er utvikla regelverk som stiller strenge krav til innsatsen i dei enkelte selskapa, og Petroleumstilsynet fører tilsyn med næringa. Styresmaktene og partane i næringa har òg saman utvikla eit verktøy for måling av trendar (Risikonivå Norsk Petroleumsverksemd) som gir eit årleg bilete av risikoutviklinga i heile næringa. Petroleumstilsynet nyttar dette som eit grunnlag for å prioritere eiga oppfølging av aktørane og næringa generelt. For nærare omtale av arbeidsmiljø- og sikkerheit i petroleumsverksemda, sjå resultatområde 4 Arbeidsmiljø- og sikkerheit, samt programkategori 09.40 Arbeidsmiljø- og sikkerheit, kap. 640 Arbeidstilsynet og kap. 642 Petroleumstilsynet.
Arbeidet med informasjons- og IKT-sikkerheit har høgt fokus. Etatane har ansvaret for IKT-sikkerheit i eigen sektor, m.a. ved å følge opp krava i «Nasjonal strategi for informasjonssikkerhet frå 2012». Arbeids- og velferdsetaten, Statens pensjonskasse og Pensjonstrygda for sjømenn administrerer arbeidsmarknadstiltak, ytingar, pensjonar og forsikringar. For å trygge desse tenestene er etatane avhengige av at IKT-systema deira verkar. Difor har alle etatane blant anna etablert ulike reserveløysingar for å adressere og redusere risikoen for IKT-svikt. Arbeids- og velferdsetaten styrer arbeidet med informasjonssikkerheit i tråd med anbefalingar i internasjonale standardar. I november 2016 vil departementet med underliggande verksemder delta i øvinga IKT- 16. Denne øvinga er i regi av DSB og involverer store deler av forvaltninga.
Mål 2 : Vere i stand til å handsame og minske følgene av ei krisehending i sektoren.
Arbeids- og sosialdepartementet har utvikla eit planverk for krisehandsaming som dekkjer dei ulike typane kriser som departementet kan bli involvert i. Dette har vore revidert jamleg dei siste åra og erfaringane frå øvingar og reelle hendingar er lagde til grunn for forbetringar. I samarbeid med underliggande verksemder er departementet òg i gang med å oppdatere planane for krisehandsaming ved tryggingspolitiske kriser og krig (knytt til Sivilt beredskapssystem, SBS).
Det blir arbeidd for å styrke koordineringa om krisehandsaming med andre departement. Innanfor petroleumsområdet har det vore ein gjennomgang av ansvar, roller og ressursar knytt til ein hending med ein lekter som kom i drift i Nordsjøen i desember 2015. Hendinga avdekka manglar ved koordinering og krisehandsaming både på etat- og departementsnivå. Dette blir følgd opp av relevante departement. Avklaringar med finanssektoren ved eit scenario med brot i betalingsformidlinga, og med helsesektoren om ansvar for sosialberedskapen, vil òg bli nytta til å gi departementet betre oversikt over grenseflater mot andre departement.
Innanfor petroleumsverksemda er store delar av det operative ansvaret for å førebygge og handsame uønskte hendingar lagt til næringa. Styring av storulykkerisiko skal vere ein integrert del av selskapa sine aktivitetar. Ved ei hending er operatør ansvarleg for å setje i verk nødvendige tiltak og rapportere til Petroleumstilsynet. Petroleumstilsynet har ei beredskapsvaktordning som varslar vidare til andre involverte styresmakter og sikrar effektiv oppfølging av eige ansvarsområde ved krisesituasjonar. Dette omfattar formidling av informasjon til Arbeids- og sosialdepartementet.
Arbeids- og sosialdepartementet og etatane arrangerer eigne krisehandsamingsøvingar og er med i større fellesøvingar som krev samhandling på tvers av sektorar og forvaltningsnivå. «Petroleum 16» var ei slik øving. Den fann stad i april 2016 i regi av Arbeids- og sosialdepartementet og involverte fire andre departement med ansvar for krisehandsaming på sokkelen. I 2016 er det òg gjennomført ei tryggingsøving for Arbeids- og sosialdepartementet i samarbeid med DSS og Politiet. Vi vil i 2017 halde fram med å vidareutvikle det gode samarbeidet med både underliggande etatar og andre verksemder om øving og opplæring i krisehandsaming. Systematisk evaluering av øvingane og oppfølging av reelle hendingar blir lagt til grunn for å styrke evna til krisehandsaming i organisasjonen.
11 Grunnbeløp, særtillegg og stønader
Grunnbeløpet er ein faktor som vert nytta til å fastsetje og berekne retten til og storleiken på mange ytingar etter folketrygdlova. Grunnbeløpet vert mellom anna nytta til å fastsetje opptening av alderspensjon, til opptening og berekning av pensjonsytingane frå folketrygda, til fastsetjing av inntektsgrenser for inntektsprøvde ytingar og til fastsetjing av det maksimale sjukepengegrunnlaget ein kan nytte ved berekning av sjukepengar. Grunnbeløpet vert regulert kvart år frå 1. mai. Frå 1. mai 2016 auka grunnbeløpet frå 90 068 kroner til 92 576 kroner. Dette er ein auke på 2,78 pst. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet auka med 2,50 pst. frå 2015 til 2016, frå 89 502 kroner til 91 740 kroner.
Grunnbeløpet vert fastsett på grunnlag av venta lønnsauke i inneverande år, justert for eventuelle avvik mellom venta og faktisk lønnsauke dei siste to åra. I tråd med anslaget til Regjeringa som går fram av Revidert nasjonalbudsjett for 2016 vart det lagt til grunn ein lønnsauke på 2,4 pst. I trygdeoppgjeret for 2015 vart det lagt til grunn ein venta lønnsauke på 2,7 pst. Faktisk lønnsauke for 2015 vart i rapporten frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera anslått til 2,8 pst. Det er eit positivt avvik på 0,1 prosentpoeng for 2015. I trygdeoppgjeret for 2015 vart det lagt til grunn ein faktisk lønnsauke på 3,1 pst for 2014. Faktisk lønnsauke for 2014 er i rapporten frå Det tekniske berekningsutvalet berekna til 3,1 pst. Det er såleis ikkje avvik for 2014.
Frå 1. januar 2011 vart det innført fleksibelt uttak, levealdersjustering og ny regulering av alderspensjon, og reglane for korleis minsteytinga i alderspensjonen frå folketrygda blir målt ut vart endra. Særtillegget vart avløyst av eit pensjonstillegg, og minste pensjonsnivå for personar med låg eller ingen tilleggspensjon vert fastsett som eit kronebeløp. Er satsen høgare enn den grunn- og tilleggspensjonen pensjonisten har rett til, blir differansen betalt ut som eit pensjonstillegg.
Personar fødde til og med 1942 er ikkje omfatta av reglane om fleksibelt uttak og levealdersjustering. Dei aller fleste har teke ut alderspensjon før 2011. Dersom dei likevel tek ut alderspensjonen etter 2010, skal dei framleis få særtillegg om tilleggspensjonen er låg. Personar fødde i 1943 som tok ut alderspensjon med særtillegg i 2010, vil få omgjort særtillegget til pensjonstillegg dersom dei reduserer pensjonsgraden eller får ny opptening mv. Den ordinære satsen for særtillegget er 100 pst. av grunnbeløpet.
Satsane for minste pensjonsnivå i folketrygdlova § 19-8 utgjer pr. 1. mai 2016 142 915 kroner for låg sats, 166 274 kroner for ordinær sats, 179 748 kroner for høg sats og 280 337 kroner for særskild sats. Satsane er knytt opp til sivilstatus og storleiken på ektemakens inntekt og pensjon. Frå 1. september 2016 er satsane endra til 147 408 kroner for låg sats, 170 765 kroner for ordinær sats og 183 748 kroner for ny særskild sats til einslege minstepensjonistar.
a. Grunnbeløpet
Følgjande pensjonsytingar vert fastsette i høve til grunnbeløpet:
Stønadsform | Utgjer i pst. av grunnbeløpet | |
---|---|---|
1. | Full grunnpensjon til einsleg pensjonist, og til pensjonist med ektemake som ikkje har rett til pensjon | 100 |
2. | Full grunnpensjon til pensjonist med ektemake/sambuar som og har rett til pensjon, eller som forsørgjer seg sjølv1 | 90 |
4. | Barnetillegg for kvart barn før inntektsprøving (gjeld uføretrygd) | 40 |
5. | Barnepensjon | |
a) for 1. barn når ein av foreldra er død | 40 | |
b) for kvart av dei andre barna når ein av foreldra er død | 25 | |
c) for 1. barn når begge foreldra er døde: Same beløp som pensjon til etterlatne til den av foreldra som ville ha fått størst slik pensjon | ||
d) for 2. barn når begge foreldra er døde | 40 | |
e) for kvart av dei andre barna når begge foreldra er døde | 25 | |
6. | Full overgangsstønad til etterlaten, ugift, skilt eller separert forsørgjar | 225 |
7. | Særtillegg til ytingar i folketrygda | |
a) for einsleg pensjonist, pensjonist som forsørgjer ektemake under 60 år (ordinær sats) | 100 | |
b) for ektepar der begge har minstepensjon (100 pst. for kvar), og for pensjonist som forsørgjer ektemake over 60 år | 200 | |
c) for pensjonist som har ektemake med tilleggspensjon som er høgare enn særtillegget etter ordinær sats | 74 |
1 Ektefelle/sambuar som har årleg inntekt større enn to gonger grunnbeløpet blir rekna som sjølvforsørgjande.
For alderspensjonistar svarar fullt tillegg for ektemake til 25 pst. av minste pensjonsnivå med høg sats, medan barnetillegg svarar til 20 pst.
b. Særtillegget
Særtillegg vert gitt til personar som får:
alderspensjon og er fødd i 1942 eller tidlegare og enkelte alderspensjonistar som er fødd i 1943
overgangsstønad og pensjon til attlevande ektefelle etter kapittel 17,
overgangsstønad eller pensjon til tidlegare familiepleiar etter kapittel 16 og
pensjon til foreldrelaust barn etter kapittel 18
Særtillegget blir fastsett i pst. av grunnbeløpet. Særtillegget er først og fremst meint for dei som ikkje har tent opp tilleggspensjon. Særtillegget blir redusert eller fell bort i den utstrekning det blir gitt tilleggspensjon.
c. Pensjonstillegget
Pensjonstillegget blir gitt til personar som får alderspensjon etter kapittel 19.
Pensjonstillegget blir fastsett med eit kronebeløp og blir utbetalt dersom summen av grunnpensjonen og tilleggspensjonen er lågare enn minste pensjonsnivå etter § 19-8.
Andre stønader som Stortinget fastset1:
Type stønad | 2016 | 2017 | |
---|---|---|---|
1a. | Grunnstønad for ekstrautgifter ved uførheit etter folketrygdlova § 6-3 (lågaste sats) | 8 040 | 8 040 |
1b. | Ved ekstrautgifter utover lågaste sats, kan grunnstønad bli auka til | 12 276 | 12 276 |
1c. | eller til | 16 104 | 16 104 |
1d. | eller til | 23 724 | 23 724 |
1e. | eller til | 32 148 | 32 148 |
1f. | eller til | 40 152 | 40 152 |
2a-1. | Hjelpestønad til uføre som må ha hjelp i huset2 3 | 13 404 | 13 404 |
2a-2. | Hjelpestønad etter folketrygdlova § 6-4 til uføre som må ha særskilt tilsyn og pleie3 | 14 412 | 14 412 |
2b. | Høgare hjelpestønad etter folketrygdlova § 6-5 til uføre under 18 år som må ha særskilt tilsyn og pleie4 | 28 824 | 28 824 |
2c. | eller til | 57 648 | 57 648 |
2d. | eller til | 86 472 | 86 472 |
3. | Behovsprøvd gravferdsstønad opptil | 22 723 | 22 723 |
4. | Stønad til barnetilsyn etter lovens §§15-11 og 17-95 | ||
for første barn | 46 656 | 46 656 | |
for to barn | 60 888 | 60 888 | |
for tre og fleire barn | 68 988 | 68 988 |
1 Satsane under punkt 1, 2 og 4 er årlege beløp for ytingane.
2 Stønad til hjelp i huset gjeld tilfelle før 1. januar 1992.
3 Frå 1. januar 1997 er det skild mellom stønad til hjelp i huset og stønad til særskilt tilsyn og pleie.
4 Gjeld også uførheit på grunn av yrkesskade, jf. folketrygdlova § 12-18.
5 Frå 1. januar 2004 blir 64 pst. av dokumenterte utgifter til barnetilsyn dekt. Beløpa i tabellen er maksimale stønadssatsar. Stønaden er inntektsprøvd.
Satsane for grunnstønad og hjelpestønad blir foreslått nominelt vidareført frå 2016 til 2017, jf. tabellen over.
12 Standardiserte nøkkeltal for nettobudsjetterte verksemder – STAMI
Finansdepartementet har i samråd med aktuelle departement etablert nye prosedyrar for rapportering av nettobudsjetterte verksemder sine kontantbehaldningar per 31. desember med verknad frå statsrekneskapen for 2010. Det blei i samband med budsjettproposisjonen for 2011 utarbeidd tre standardtabellar med nøkkeltal:
Utgifter og inntekter etter art: Føremålet med tabellen er å vise verksemda sine brutto utgifter og inntekter ut frå kontantprinsippet og med inndeling etter art ut frå dei same prinsippa som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene (i heile kroner)
Utgifter/inntekter | Rekneskap 2013 | Rekneskap 2014 | Rekneskap 2015 | Budsjett 2016 |
---|---|---|---|---|
1. Utgifter | ||||
Driftsutgifter: | ||||
Utgifter til løn | 79 226 372 | 82 264 016 | 85 850 963 | 87 438 354 |
Varer og tenester | 40 400 578 | 37 110 612 | 42 494 431 | 41 923 152 |
Sum driftsutgifter | 119 626 950 | 119 374 628 | 128 345 394 | 129 361 506 |
Investeringsutgifter: | ||||
Investeringar, større anskaffingar og vedlikehald | 9 867 620 | 7 739 025 | 9 740 131 | 8 000 000 |
Sum investeringsutgifter | 9 867 620 | 7 739 025 | 9 740 131 | 8 000 000 |
Sum utgifter | 129 494 570 | 127 113 654 | 138 085 525 | 137 361 506 |
2. Inntekter | ||||
Driftsinntekter: | ||||
Inntekter frå sal av varer og tenester | 4 849 026 | 3 754 903 | 4 370 266 | 3 730 000 |
Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar | 250 | 143 | 0 | 0 |
Refusjonar1 | 1 187 316 | 1 269 820 | 1 774 984 | 1 000 000 |
Andre driftsinntekter | 268 581 | 381 011 | 80 557 | 100 000 |
Sum driftsinntekter | 6 305 173 | 5 405 877 | 6 225 808 | 4 830 000 |
Overføringar til verksemda: | ||||
Inntekter frå statlege løyvingar | 105 300 000 | 111 600 000 | 114 588 000 | 117 090 000 |
Andre innbetalingar | 16 394 321 | 16 497 560 | 17 304 943 | 15 441 506 |
Sum overføringsinntekter | 121 694 321 | 128 097 560 | 131 892 943 | 132 531 506 |
Sum inntekter | 127 999 494 | 133 503 437 | 138 118 751 | 137 361 506 |
3. Nettoendring i kontantbehaldninga (2–1) | - 1 495 076 | 6 389 783 | 33 226 | 0 |
1 Frå 2015 vert refusjonar knytte til foreldrepengar og sjukepengar m.m. rekneskapsførte til reduksjon i utgifter til lønn. I tabellen ovanfor er refusjonar presenterte brutto som inntekt, i tråd med tidlegare praksis.
Inntekter etter inntektskjelde: Dei fleste nettobudsjetterte verksemdene har fleire inntektskjelder, og føremålet med tabell 2 er å gi ei oversikt over dei ulike inntektskjeldene (i heile kroner)
Inntektskjelde | Rekneskap 2013 | Rekneskap 2014 | Rekneskap 2015 | Budsjett 2016 |
---|---|---|---|---|
Løyvingar til finansiering av statsoppdraget | ||||
Løyvingar frå fagdepartementet | 105 300 000 | 111 600 000 | 114 588 000 | 117 090 000 |
Løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan | 0 | 0 | 962 286 | 40 000 |
Tildeling frå Noregs forskingsråd | 10 331 033 | 9 548 551 | 11 383 223 | 8 499 167 |
Sum løyvingar | 115 631 033 | 121 148 551 | 126 933 509 | 125 629 167 |
Offentlege og private bidrag | ||||
Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar | 0 | 0 | 17 500 | 0 |
Bidrag frå private | 6 063 288 | 6 949 009 | 4 650 273 | 6 368 339 |
Tildelingar frå internasjonale organisasjonar | 0 | 0 | 291 661 | 534 000 |
Sum bidrag | 6 063 288 | 6 949 009 | 4 959 434 | 6 902 339 |
Oppdragsinntekter | ||||
Oppdrag frå statlege verksemder | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oppdrag frå private | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre inntekter (kursinntekter, laboratorieinntekter, refusjonar) | 6 305 173 | 5 405 877 | 6 225 808 | 4 830 000 |
Sum oppdragsinntekter | 6 305 173 | 5 405 877 | 6 225 808 | 4 830 000 |
Sum inntekter | 127 999 494 | 133 503 437 | 138 118 751 | 137 361 506 |
Andre inntekter enn basisløyvinga er i hovudsak forskingsbidrag. Instituttet sine inntekter frå bidragsforskinga (frå Noregs forskingsråd og andre bidrag) utgjorde i 2015 om lag 12 pst. av instituttet sine totale inntekter. Inntektskjeldene er i all hovudsak offentlege midlar frå andre finansieringskjelder, hovudsakleg Noregs forskingsråd og andre forskingsfond.
Verksemda si kontantbehaldning per 31. desember i perioden 2013–2015 med spesifikasjon av føremålet kontantbehaldninga skal nyttast til (i heile kroner)
Balanse 31. desember | 2013 | 2014 | 2015 | Endring 2014–2015 |
---|---|---|---|---|
Kontantbehaldning | ||||
Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank | 56 699 825 | 63 089 638 | 63 122 834 | 33 196 |
Behaldning på andre bankkonti, andre kontantbehaldningar og kontantekvivalentar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre kontantbehaldningar | 0 | -30 | 0 | 30 |
Sum kontantbehaldning | 56 699 825 | 63 089 608 | 63 122 834 | 33 226 |
Avsetningar til dekking av kostnader med forfall i neste budsjettår: | ||||
Feriepengar mv. | 6 505 102 | 6 892 279 | 7 237 053 | 344 774 |
Skattetrekk og offentlege avgifter | 6 675 811 | 5 919 471 | 5 775 985 | -143 486 |
Gjeld til leverandørar | 156 029 | -16 922 | 1 252 133 | 1 269 055 |
Gjeld til oppdragsgivarar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Annan gjeld med forfall i neste budsjettår | -579 239 | -693 631 | -1 321 186 | -627 555 |
Sum til dekking av kostnader med forfall i neste budsjettår | 12 757 702 | 12 101 197 | 12 943 985 | 842 788 |
Avsetningar til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår | ||||
Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd | 14 258 206 | 15 195 740 | 14 724 570 | -471 170 |
Større oppstarta, fleirårige investeringsprosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartement | 1 731 928 | 3 880 751 | 4 896 523 | 1 015 771 |
Konkrete oppstarta, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå fagdepartement | 0 | 0 | 20 557 756 | 20 557 756 |
Andre avsetningar til vedtekne, ikkje igangsette føremål | 19 951 989 | 21 911 919 | 0 | -21 911 919 |
Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår | 35 942 123 | 40 988 411 | 40 178 848 | -809 563 |
Andre avsetningar | ||||
Avsetningar til andre føremål/ ikkje spesifiserte føremål | 8 000 000 | 10 000 000 | 10 000 000 | 0 |
Fri verksemdskapital | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum andre avsetningar | 8 000 000 | 10 000 000 | 10 000 000 | 0 |
Langsiktige forpliktingar (netto) | ||||
Langsiktige forpliktingar knytte til anleggsmiddel | 0 | 0 | 0 | 0 |
Anna langsiktig gjeld | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum langsiktig gjeld | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum netto gjeld og forpliktingar | 56 699 825 | 63 089 608 | 63 122 834 | 33 226 |
Utanom avsetningar til arbeidsgivaravgift, feriepengar og arbeidsgivar sine pensjonsinnskott, inneheld kontantbehaldninga konkrete utgiftsforpliktingar i form av forskotsinnbetalte forskingsbidrag i dei enkelte prosjekta, og del av tidlegare års løyving som i framtidige år vil gå med til anskaffing av vitskapeleg utstyr i tillegg til dekking av periodevise høgare kostnader, mellom anna for NOA og den arbeidsmedisinske satsinga.