Prop. 100 S (2021–2022)
Finansiering av Kvinnheradpakken i Vestland
Tilråding frå Samferdselsdepartementet 8. april 2022, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om delvis bompengefinansiering av Kvinnheradpakken i Vestland. Pakken omfattar i alt seks utbyggingsprosjekt og ei ramme til mindre tiltak på fleire fylkesvegstrekningar i Kvinnherad kommune.