12 Økonomiske og administrative konsekvensar
Kulturdepartementets forslag til lovendringar vil ha både administrative og økonomiske konsekvensar, først og fremst for Nasjonalbiblioteket, men også for private rettssubjekt som får nye plikter, dessutan rettssubjekt som ikkje har vore omfatta av ordninga tidlegare.
Endringane vil føre til auka avlevering av alle former for digitale dokument, dataspel og kringkasting. Dette vil krevje auka ressursar. Behandling av dei digitale dokumenta vil kome i tillegg til arbeid med behandling av dei fysiske eksemplara. På den andre sida kan vi rekna med ein effektiviseringsgevinst ved at Nasjonalbiblioteket ikkje treng å digitalisere papirversjonen av nye dokument, og ved at digitaliseringsressursane dermed kan prioriterast til digitalisering av historisk materiale. Nasjonalbiblioteket vil måtte gjere nokre investeringar i samband med oppdatering av teknologisk infrastruktur for å etablere eit godt fungerande nettarkiv.
Det er særleg arbeid med informasjon, oppsporing og inndriving av digitale filer som kan ventast å føre til noko auke i nettokostnadene for Nasjonalbiblioteket.
Private rettssubjekt avleverer allereie etter gjeldande lov både digitale og fysiske dokument. Kostnadsauken for dei private rettssubjekta vil derfor vere minimal.
Det vil måtte reknast med nokre kostnadar til å etablere ei nemnd for å behandle avslag på søknadar om klausulering eller sletting av dokument som inneheld personopplysningar. Dette er ein sikringsventil, og vi ventar ikkje at nemnda vil få noka stor arbeidsbør.
Føresegna om klausulering og sletting av dokument i nettarkivet og etablering av ei nemnd vil ha nokre administrative konsekvensar for Nasjonalbiblioteket. Ut over dette har forslaget ingen vesentlege administrative konsekvensar.