Prop. 106 L (2014-2015)

Endringar i lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument (innsamling av digitale dokument m.m.)

Til innhaldsliste

13 Merknader til paragrafane i lovforslaget

Til § 3:

Framlegget endrar dokumentomgrepet slik at definisjonen blir tilsvarande den i arkivlova, forvaltningslova og offentleglova.

Til § 4:

Føresegna slår fast at alle dokument som er tilgjengelege for allmenta, uavhengig av format og medium, både fysiske og digitale, skal avleverast i den forma dokumenta er tilgjengeleggjorde i. Nasjonalbiblioteket kan dessutan krevje å få avlevert det digitale grunnlagsmaterialet, der dette finst, saman med originalformatet.

Føresegna fastset også ei øvre grense for kor mange eksemplar som kan krevjast avlevert, og ho opnar for at departementet kan gi forskrift om talet på eksemplar av dei ulike formata. Det er opp til Nasjonalbiblioteket å vurdere kor mange eksemplar det er behov for å avlevere, avgrensa oppover til sju eksemplar. Kven som skal få dei avleverte eksemplara til samlinga si, reglar for bruken av det digitale materialet og korleis dei avleverte eksemplara skal forvaltast, vil bli regulert i forskrift.

Til § 4 a:

Føresegna i første ledd regulerer høvet til å samle inn (hauste) allment tilgjengeleg norsk materiale som er gjort tilgjengeleg gjennom elektronisk kommunikasjonsnett. Primært vil dette gjelde informasjon som er gjord tilgjengeleg gjennom Internett, men også anna materiale som er gjort allment tilgjengeleg gjennom elektronisk kommunikasjonsnett, vil kunne samlast inn, i dei tilfella der innsamling er ei meir praktisk løysing for både den som er omfatta av avleveringsplikta og den som skal samle inn. Det følgjar av § 3 kva som skal til for at eit dokument er gjort tilgjengeleg for allmenta. Nettsider som nyttar ein «Robots Exclusion Protocol», skal reknast som allment tilgjengelege.

I andre ledd går det fram at passordverna digitale dokument ikkje skal samlast inn. Dokument som er passordverna, skal ikkje reknast som allment tilgjengeleg. Unntaket er passordverna dokument som ville bli vurdert som allment tilgjengeleg dersom innhaldet hadde vore utgitt i anna format, til dømes på papir. Desse digitale dokumenta er omfatta av avleveringsplikta sjølv om dei er verna med passord. I tillegg må kven som helst kunne få tilgang til informasjonen, anten gjennom betaling eller registrering. Nasjonalbiblioteket må i samarbeid med eigaren av sida vurdere kva for informasjon som kan reknast som allment tilgjengeleg. Døme på informasjon frå passordverna sider som vil vere avleveringspliktig, er medlemsblad der ein må logge seg inn for å lese, dessutan informasjonssider og betalingsløysingar som enkelte nettaviser har. Det kan også gjelde nettbaserte læreverk eller oppgåver og liknande frå utdanningssektoren.

Avleveringsplikt vil ikkje omfatte til dømes lukka medlemsprofilar, lukka fora eller medlemslister. Passordverna sider, som ein må vere invitert for å få tilgang til, vil ikkje bli rekna som allment tilgjengelege og dermed heller ikkje vere omfatta av avleveringsplikta. Det kan av omsyn til kulturvernet vere interessant å lagre sider som er passordverna, men ikkje omfatta av avleveringsplikta, til dømes sider som inneheld personopplysningar. Nasjonalbiblioteket kan da inngå avtale med eigaren av sida eller den personopplysningane gjeld, om at sida kan samlast inn og lagrast. Det er ein føresetnad at slik innsamling skjer etter uttrykkeleg og informert samtykke, primært gjennom avtale med eigaren av sida eller den personopplysningane elles gjeld. Denne avtalen må gjerast i samband med innsamlinga. Han kan ikkje gjerast som ledd i den registreringa som er nødvendig for å kunne ta ei side i bruk.

Føresegna i tredje ledd er også heimel for framstillinga av eksemplar som er nødvendige for å kunne samle inn informasjon frå elektroniske kommunikasjonsnett.

Til § 4 b:

Paragrafen regulerer korleis personopplysningar i det digitale nettarkivet skal behandlast. Informasjon som er lagra i nettarkivet, skal etter første ledd som hovudregel ikkje slettast.

Av omsyn til den opplysningane gjeld, opnar føresegna for at vedkomande kan knyte ein merknad til eigne personopplysningar som er lagra i nettarkivet. I dette ligg også ein rett til å krevje at Nasjonalbiblioteket gjer eit søk i arkivet sitt for å lokalisere det aktuelle dokumentet der personen er omtala.

Paragrafen opnar for at det i særskilde situasjonar kan søkjast om at informasjon om ein sjølv kan klausulerast eller slettast. Nasjonalbiblioteket, som er ansvarleg for nettarkivet, skal vurdera søknaden etter kriteria i andre, tredje og fjerde ledd. Nasjonalbibliotekets avgjerd vil vere eit enkeltvedtak etter lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven).

Informasjon som er gjord allment tilgjengeleg ved ein feil, kan eigaren av dokumenta eller den som opplysningane gjeld, krevje klausulert eller sletta etter paragrafens andre ledd. Dette vil typisk vere informasjon som er meint å vere intern i ein organisasjon, men som ved ein feil er blitt gjord allment tilgjengeleg i ein kort periode. Dersom informasjonen er blitt spreidd etter at tilgjengeleggjeringa er blitt oppdaga, skal ein vurdere om den konkrete sida skal bevarast for ettertida.

Informasjon frå private heimesider, til dømes bloggar, kan eigaren av sida etter tredje ledd krevje klausulert eller sletta dersom informasjonen ikkje har vore spreidd utanfor ein lukka krets og informasjonen aldri var meint å bli gjord allment tilgjengeleg. Informasjon som ikkje allereie er allment kjend, og som er lagd ut av ein tredjeperson utan samtykke, kan ein også krevje klausulert eller sletta.

Sjølv om det dreier seg om innsamling av materiale som er publisert offentleg, vil det vere ein fare for at dei som har publisert materialet angrar, eller at opplysningar som ikkje burde ha blitt publiserte, likevel har blitt publiserte. Det må finnast mekanismar for å vareta personvernet i slike situasjonar. Informasjon som privatpersonar har lagt ut om seg sjølv på Internett, kan ein i særskilde tilfelle krevje klausulert eller sletta dersom det vil vere til vesentleg ulempe for den opplysningane gjeld, at informasjonen blir oppbevart til forskingsformål. Når ein vurderer kva som skal reknast for vesentleg ulempe, skal ein leggje vekt på synspunkta til den registrerte. Synspunkta til den registrerte må vegast opp mot den samfunnsinteresse som ligg i at nettsida blir bevart for ettertida. Når ein vurderer om informasjonen skal klausulerast eller slettast, skal det mellom anna leggjast vekt på i kva grad informasjonen er spreidd på annan måte. Den som krev klausulering eller sletting, må vise til kva for personopplysningar og ytringar i konkrete enkeltdokument det gjeld.

Informasjon som ikkje er allment kjend, og som gjeld barn under 18 år eller personar under verjemål med fråtaking av rettsleg handleevne, skal alltid klausulerast eller slettast på førespurnad. Barn over 12 år skal høyrast i saka dersom dette er nødvendig. Dersom det i spørsmål om klausulering eller sletting er usemje mellom ein mindreårig og verja til vedkomande eller mellom verja og ein person som er sett under verjemål med fråtaking av rettsleg handleevne, skal dokumentet klausulerast, og ein skal vurdere saka på nytt når personen har blitt myndig. Dersom personen var mindreårig eller under verjemål på det tidspunktet informasjonen gjeld, er det dette som avgjer om ein kan krevje at informasjonen blir sletta eller klausulert. Dette inneber til dømes at informasjon som stammar frå den tida personen var mindreårig eller under verjemål med fråtaking av rettsleg handleevne, kan krevjast klausulert eller sletta sjølv etter at personen har blitt myndig.

Avslag på søknad om klausulering eller sletting kan etter femte ledd påklagast til ei særskild nemnd. Samansetjinga av nemnda og nærare reglar om saksbehandlinga vil bli regulert i forskrift.

Til § 4 c:

Paragrafen regulerer tilgangen til nettdokument som er lagra i det digitale nettarkivet. Tilgang til nettarkivet skal etter første ledd som hovudregel berre givast til bruk for forsking og dokumentasjon. Andre ledd fastset at for private nettsider og sider som ikkje har nokon ansvarleg redaktør, og som inneheld personopplysningar, skal berre forskarar få tilgang etter søknad. Dei som får forskartilgang, skal få dette på ein særskild terminal i lokala til Nasjonalbiblioteket. Tilgang til klausulert materiale skal etter tredje ledd givast etter vilkår i avtalen med den som har kravd klausulering. Klausuleringsavtalen vil ofte vere gjord med den som personopplysningane gjeld, men kan også vere gjord med den som eig dokumenta. Døme på situasjonar der eigaren av dokumenta kan krevje klausulering, er at dokumenteigar (til dømes ein institusjon eller ein bloggar) har offentleggjort personopplysningar om andre, som inneheld feil.

Fjerde ledd fastset at nærare føresegner om tilgang til det materialet som er innsamla med heimel i paragraf 4 c, vil bli regulert i forskrift.

Tilgang til innsamla materiale som er opphavsrettsleg verna, vil bli regulert i lov 12. mai 1961 nr. 2 om opphavsrett til åndsverk (åndsverkloven) med forskrifter.

Til § 5:

Pliktavleveringslova § 5 gjeld avlevering av kringkastingsmateriale. Lova § 5 første ledd er endra, slik at vilkåret om krav til konsesjon er fjerna.

Endringa inneber at det ikkje er eit krav om at det er gitt konsesjon til kringkastar for at eit kringkastingsprogram skal vere omfatta av avleveringsplikta. Alle kringkastarar som sender radio eller fjernsynprogram frå Noreg, vil omfattast av plikta til å avlevere det som blei kringkasta. Nasjonalbiblioteket kan også krevje avlevering av sendingar særskilt retta mot Noreg frå utlandet. Til dømes vil TV3 og TVNorges tilleggskanalar vere omfatta av avleveringsplikta. Det er i desse tilfella TV-distributørane som er pålagde avleveringsplikt, sidan det er TV-distributørane som gjer sendingane tilgjengelege i Noreg, og er å rekne som importør etter pliktavleveringslova § 3.

Avleveringsplikta gjeld for dei som driv med kringkasting og fjernsyn, slik desse omgrepa er definerte i kringkastingslova1 § 1-1 bokstavane a og c. Dette inneber mellom anna at kringkasting som skjer via Internett (direktesend nett-TV), også vil vere omfatta av avleveringsplikta. Kringkastarar og Nasjonalbiblioteket står fritt til å avtale andre avleveringsformer, til dømes automatisk innsamling av sendingane.

Til iverksetjingsføresegna:

Endringslova skal etter framlegget gjelde frå den tida Kongen fastset.

Fotnotar

1.

Lov av 4. desember 1992 nr. 127 om kringkasting og audiovisuelle bestillingstjenester.

Til forsida