Prop. 106 L (2014-2015)

Endringar i lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument (innsamling av digitale dokument m.m.)

Til innhaldsliste

4 Avlevering og bruk av digitalt grunnlagsmateriale

4.1 Bakgrunn

Det aller meste av det materialet som blir gjort tilgjengeleg for allmenta i dag, vil ha eit digitalt grunnlagsmateriale, sjølv om utgivinga skjer i ei fysisk form.

Nasjonalbiblioteket har som eit langsiktig mål å digitalisere heile samlinga si, inkludert det pliktavleverte materialet.

I dag har Nasjonalbiblioteket gjort ei rad særskilde avtalar med forskjellige produsentar og utgivarar om å få tilsendt ei digital fil i tillegg til det fysiske mediet dokumentet er gjort allment tilgjengeleg i. Det vil vere formålstenleg og samfunnsøkonomisk effektivt at Nasjonalbiblioteket får avlevert det digitale grunnlagsdokumentet i tillegg til det fysiske mediet dokumentet blir gjort tilgjengeleg i, framfor å måtte digitalisere avlevert materiale etterpå. Eit slikt krav vil representere ei utviding av gjeldande avleveringsplikt for utgivar eller produsent og krev derfor heimel i lov.

4.2 Gjeldande rett

Det pliktleverte materialet skal tene som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon, jf. pliktavleveringslova § 1. Utgangspunktet for tilgjengeleggjering av pliktavlevert materiale, både fysiske og digitale dokument, er at det berre skal nyttast til forsking og dokumentasjon.

Avleveringsform blir regulert av gjeldande pliktavleveringslov § 4, som mellom anna heimlar forskriftsregulering av avgrensingar i avleveringsplikta, dessutan form og kvalitet på det som skal avleverast. Det er forskriftsfesta1 at eit dokument skal avleverast i den forma det blir gjort allment tilgjengeleg i, med mindre anna er særskilt fastsett.

Nasjonalbiblioteket har heimel til å framstille eksemplar av eit dokument til konserverings- og sikringsformål, jf. forskrift til åndsverklova § 1-3 tredje ledd.

Bruk og gjenbruk av pliktavlevert materiale er allereie regulert av opphavsretten. Hovudregelen i åndsverklova2 er at opphavsmannen har ein einerett ved at all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering av åndsverk krev samtykke frå opphavsmannen. Men eineretten er avgrensa på fleire område, mellom anna når det gjeld bruk av åndsverk i bibliotek m.v. Det følgjer av forskrift til åndsverklova at pliktavleverte åndsverk kan digitaliserast på visse vilkår og gjerast tilgjengelege for forsking og dokumentasjon i lokala til pliktavleveringsinstitusjonen. Åndsverklova § 45 bokstav c inneheld dessutan, saman med straffelova § 390 og andre personvernreglar, klare rammer for vidarebruk av bilete som inneheld personar som kan identifiserast.

4.3 Høyringa

I høyringsnotatet blei det foreslått å endre § 4 i lova slik at ho opnar for at digitalt grunnlagsmateriale kan krevjast avlevert saman med utgivingsformatet.

I høyringsutkastet skreiv departementet at det vil bli vurdert endringar i forskrift til åndsverklova som får følgjer for tilgangen til det pliktavleverte materialet innanfor formålet til pliktavleveringslova. Det blei foreslått at dei digitale filene vil inngå i samlingane til universitets- og høgskulebibliotek og til kvar tid vere tilgjengelege i biblioteklokala. Med utgangspunkt i dei opphavsrettslege avgrensingane foreslo departementet å leggje tekniske tilgangsavgrensingar på dei digitale dokumenta til bruk utanfor biblioteklokala, slik at ein kan bruke berre sju lisensar samtidig. Denne løysinga meinte ein ville gjere det mogleg for heile universitets- og høgskulesektoren å bruke materialet på ein formålstenleg måte, samtidig som det ville avgrense bruken klart. Talet på fjernbrukslisensar vil vere i samsvar med talet på fysiske avleveringseksemplar. Det blei foreslått at berre forskarar knytte til forskingsinstitusjonar i Noreg kunne få tilgang til desse lisensane til dokumentasjons- og forskingsformål. For å dekkje eit dokumentasjons- og forskingsbehov også utanfor universitets- og høgskulesektoren foreslo høyringsnotatet at to lisensar, etter særskild søknad, kan brukast ved fjernlån frå Nasjonalbiblioteket. Desse lisensane kan berre brukast i eit biblioteklokale. Den nærare reguleringa av ei slik tilgjengeleggjering vil bli fastsett i forskrift.

Ut over bruksavgrensinga i gjeldande formålsparagraf er det opphavsrettslovgivinga som gir bruksføresegner for pliktavlevert åndsverk. For å sikre betre oversikt og samanheng i føresegnene om pliktavlevert materiale foreslo departementet at det blir teke inn ein heimel i pliktavleveringslova til å fastsetje nærare bruksføresegner i forskrifta. Dette inneber at særskilde bruksføresegner for pliktavleverte åndsverk vil bli fastsette parallelt i forskriftene til pliktavleveringslova og åndsverklova.

4.4 Høyringssvar

Det var 17 høyringsinstansar som hadde merknader til forslaget om at digitalt grunnlagsdokument skal kunne krevjast avlevert saman med utgivingsformatet. Dei aller fleste høyringsinstansane var positive til dette forslaget. Frå opphavsrettssida har det samtidig kome inn synspunkt på bruk av digitalt avlevert materiale.

Biblioteksektoren (både Norsk Bibliotekforening (NBF) og universitets- og høgskulebiblioteka) var positive til avlevering av digitalt grunnlagsmateriale og betre tilgang til alle typar dokument. Behovet for tilgang til eit saumlaust biblioteknettverk blei dessutan framheva i fleire høyringssvar.

NBF skreiv:

Forslag til pålegg om avlevering av digitalt grunnlagsmateriale vil gi en økt tilgang til alle typer dokumenter. NBF ser svært positivt på dette forslaget. NBF ser behovet for en nærmere fastsettelse i forskrifter av hvilket materiale dette omfatter og hvordan en i praksis kan få slikt materiale avlevert og tilgjengeliggjort.

Mediebedriftenes Landsforening understreka at krav om avlevering av digitalt grunnlagsmateriale føreset at slikt materiale faktisk eksisterer. Dei skreiv:

Vi forutsetter at dette vil gjelde i de tilfeller der det faktisk finnes et digitalt grunnlagsdokument som egner seg for bevaring og tilgjengeliggjøring. Videre forutsetter vi at forskriftshjemmelen til å gi nærmere regler om form og kvalitet på avleveringseksemplar ikke gir hjemmel for å fastsette slikt krav til grunnlagsdokument.

Det var fleire av opphavsrettsorganisasjonane, mellom anna Den norske Forleggerforening, Norsk Oversetterforening og Den norske Forfatterforening, som meinte at den utvida bruken av pliktavlevert materiale er eit inngrep i eineretten til opphavsmannen og dei kommersielle interessene til rettshavaren. Dei meinte at høyringsnotatet ikkje vurderer om det er behov for ein lisensiert tilgang til digitalt materiale der dette er allment tilgjengeleg i handel eller i bibliotek. Dei meinte at departementet heller ikkje har vurdert i kva grad ein lisensiert tilgang vil føre til kommersielle tap for opphavsmennene. Dei meinte vidare at det er nødvendig å gjere ei grundigare vurdering av bruken og av om tilgang til pliktavlevert materiale skal givast berre fordi det er lettvint, eller fordi det er nødvendig for brukarar å få ein slik tilgang fordi materialet ikkje lenger er kommersielt tilgjengeleg. Dei meinte dessutan at det bør vere svært redusert tilgang til det digitale materialet, og at det bør vere færre enn sju lisensar. Det må vere god kontroll med bruken av lisensane, og det bør berre givast tilgang i biblioteklokala.

Den norske Forleggerforening uttalte at gjeldande frivillige ordning for avlevering av digitalt grunnlagsdokument ikkje fungerer optimalt. Foreininga var likevel positiv til fellestiltak for konservering og sikring av bøker, men var samtidig skeptisk til bruken av det digitale grunnlagsmaterialet. Dei skreiv:

De fleste forleggere er positivt innstilt til fellestiltak for konserverings- og sikringsformål. Det er imidlertid viktig å understreke at pliktavlevering av digitalt grunnlagsdokument i kombinasjon med bruksbestemmelser som oppgitt i alternativ 1 i forslaget som er sendt på høring, vil føre til at den aller nyeste litteraturen kan gjøres tilgjengelig nærmest umiddelbart. Dette vil ramme de forretningsmessige interessene til forfattere og forlag.

Norsk Oversetterforening skreiv:

Etter vår oppfatning vil digitalt fjernlån av pliktavlevert materiale utgjøre et særlig stort inngrep i opphavsmannens enerett som bare kan forsvares dersom dette fremstår som forsvarlig etter en avveining av opphavsmannens og brukernes interesser.

Den norske Forfatterforening skreiv:

Dersom forskere faktisk kan få digital tilgang til materiale via ordinære tilbydere, som bokhandel eller bibliotek, mener vi at pliktavleveringslovens formål ikke strekker seg så langt at NB uten videre skal gi gratis tilgang til sitt digitaliserte materiale «utelukkende» med henvisning til at bruken er studie- eller forskningsformål. Én av følgene av den «allmenne digitaliseringen» er at for eksempel bøker ikke lenger vil være utsolgt, men lett tilgjengelig utenfor bibliotek- og arkivsfæren. Dette kunne med fordel ha vært mer tydelig i departementets drøftelse av tilgang til pliktavlevert materiale, noe som fortsatt bør være et unntak som ikke bare begrunnes i et godt formål, men også ut fra om materialet allerede er allment tilgjengelig. […] Vi forstår «konserverings- og sikringsformål» som langt snevrere enn forskning og dokumentasjon, og ber om at departementet kommenterer denne ulikheten mellom åndsverklovens forskrift og pliktavleveringsloven med tanke på å unngå uhjemlet eksemplarfremstilling og bruk av pliktavlevert materiale ut fra de ulike reglers formål og anvendelsesområde.

Kopinor meinte at forslaget legg opp til ein dramatisk utvida tilgang til åndsverk, noko som undergrev interessene til rettshavarane og er i strid med internasjonale konvensjonar. Bruk av pliktavlevert materiale må regulerast uttømmande av åndsverklova og forskrifta som høyrer til. Dei skreiv:

Slik Kopinor forstår redegjørelsen, vil ordningen departementet skisserer dramatisk utvide tilgangen til verk på en måte som ikke ivaretar, men skader og undergraver rettighetshavernes interesser. En slik regulering vil etter vårt skjønn komme i konflikt med Norges forpliktelser etter blant annet EUs informasjonssamfunnsdirektiv (2001/29/EF) og Bernkonvensjonen.
Det er Kopinors syn at bruk av åndsverk, i dette tilfellet av pliktavlevert materiale, må reguleres på en helhetlig måte av åndsverkloven og tilhørende forskrift, og ikke av pliktavleveringsloven eller forskrift til denne slik departementet foreslår […]
Kopinors vurdering er at ordningen som Kulturdepartementet ønsker å innføre, går lengre enn informasjonssamfunnsdirektivet gir rom for. Tilgjengeliggjøring av digitale filer omfattes av direktivets art. 3 (1). Unntaksbestemmelsen i direktivets art. 5 (3) bokstav n om fremstilling av eksemplar og tilgjengeliggjøring for forsknings- og studieformål, er begrenset til tilgjengeliggjøring på særskilte terminaler i lokalene til institusjonene nevnt i art. 5 (2) bokstav c (offentlig tilgjengelige biblioteker, utdanningsinstitusjoner, museer, arkiv) og gjelder bare verk og andre beskyttede arbeider som inngår i den enkelte institusjonens samlinger. Tilgang på ikke-dedikerte terminaler og/eller i andre bibliotekers lokaler, for ikke å si fra datamaskiner utenfor bibliotekene via institusjonens IP-adresse, faller utenfor disse bestemmelsene.
Det vesentlige sett fra Kopinors synspunkt er imidlertid at den foreslåtte ordningen vil gi betydelige negative virkninger for rettighetshavernes utnyttelse av sine rettigheter.
[…] Kopinor [mener] at bruk av pliktavlevert materiale må reguleres uttømmende av åndsverkloven og tilhørende forskrift. Vi anmoder departementet om å komme tilbake til dette i forbindelse med den forestående revisjonen av åndsverkloven, slik departementet tidligere har lovet.

Norske Filmregissører hadde ingen innvendingar til lovendringane og poengterte særskilt at det framleis blir teke omsyn til eineretten opphavsmannen har etter åndsverklova og forskrift til åndsverklova ved at pliktavleverte åndsverk blir digitaliserte berre på dei vilkåra som er nemnde i høyringa.

Norsk Journalistlag og Norsk Redaktørforening understreka at det er viktig at også journalistar har tilgang til pliktavlevert materiale.

Fleire universitet og Universitets- og høgskolerådet meinte det er viktig at digitalt pliktavlevert materiale blir gjort tilgjengeleg for forskarane ved arbeidsplassane deira, og at avgrensing av tilgangen knytt til lokalitet og utstyr er utdatert. Dei meinte at det bør vere same tilgang til nettarkivet. Universiteta meinte at det er viktig at dei ikkje må skilje mellom brukargruppene sine når det gjeld tilgang til det pliktavleverte materialet, og at det skal kunne nyttast som andre dokument i samlingane deira (lastast ned, kopierast og takast utskrift av).

4.5 Vurderingar og forslag frå departementet

Gjeldande praksis for fysiske dokument inneber at det pliktavleverte materialet blir gjort tilgjengeleg for forsking og dokumentasjon ved Nasjonalbiblioteket og universitetsbiblioteka i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø.

Departementet legg til grunn at omgrepet «forsking» i pliktavleveringslova korresponderer med det same omgrepet i forvaltningslova § 13 d, der forsking svarer til studium på masternivå under rettleiing av kompetent rettleiar. Denne føresegna inneber at forvaltninga kan gi innsyn i materiale underlagt teieplikt for forskingsformål. Arkivverket nyttar den same forskingsdefinisjonen ved vurdering av om forskarar skal få tilgang til avlevert arkivmateriale som er underlagt teieplikt.

Tilvisinga til dokumentasjonsformål i formålsparagrafen betyr at det avleverte materialet også skal kunne brukast til meir enn forskingsprosjekt ved universitet og høgskular. Studentar skal til dømes kunne bruke kjelder frå Nasjonalbibliotekets samlingar når dei skriv oppgåver eller førebur seg til eksamen. Dokumentasjonsformål omfattar også bruk av kjeldemateriale i til dømes utgreiingsarbeid, slektsforsking og bygdebokskriving. Det same vil gjelde journalistar og forfattarar som søkjer etter bakgrunnsstoff til prosjekta sine.

Omgrepet «dokumentasjonsformål» i pliktavleveringslova § 1 omfattar også tilgang basert på behov for å identifisere dokument frå rettshavaren sjølv eller innhaldet i enkeltdokument ved mistanke om plagiat eller forskingsfusk.

Det er nødvendig å finne ein god balanse mellom at pliktavlevert materiale skal fungere som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon, og at pliktavleveringa er eit inngrep i eineretten til opphavsmannen. Rettshavarorganisasjonane er positive til den sida av pliktavleveringa som er knytt til konservering, men er skeptiske til å utvide bruken for mykje. I høyringsrunden har det kome fleire kritiske merknader til forslaget om tilgjengeleggjering av det digitale grunnlagsmaterialet, som er foreslått regulert i forskrift.

Ei godt fungerande pliktavleveringsordning er avhengig av eit godt samarbeid mellom Nasjonalbiblioteket og opphavsmennene. Departementet understrekar at bruk av pliktavlevert materiale skal liggje innanfor ramma av dei konvensjonsforpliktingane Noreg har i samband med opphavsretten. I samsvar med Bernkonvensjonen må avgrensingar i eineretten til opphavsmannen berre gjelde i spesielle og avgrensa tilfelle, ikkje skade den normale utnyttinga av verket og ikkje på urimeleg måte setje til side dei legitime interessene til opphavsmannen. Etter åndsverklova må ikkje avgrensingsreglane i bibliotek m.v. innebere ein «nevneverdig økonomisk konkurranse med opphavsmennene», og regulering av bruken av pliktavlevert materiale må ta omsyn til dette. Dei nærare reglane for bruken av det pliktavleverte materialet vil bli gitt i forskrift, som vil bli gjenstand for eiga høyring.

Departementet meiner det er viktig å heimle retten til å kunne krevje avlevert det digitale grunnlagsmaterialet. Dette er viktig av bevaringsomsyn og ikkje spesielt kontroversielt. Departementet foreslår derfor ei endring i § 4 første ledd som pålegg utgivaren å avlevere digital fil i tillegg til den forma som dokumentet blir gjort allment tilgjengeleg i. Departementet foreslår at bruken av det avleverte materialet blir regulert i forskrift heimla i åndsverklova. Utarbeidinga av forskriftene vil skje i dialog med opphavsrettsorganisasjonane og representantar for brukarinteressene og vil vere gjenstand for ny høyring.

Fotnotar

1.

Forskrift 25. mai 1990 nr. 427 om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument § 1

2.

Lov 12. mai 1961 nr. 2 om opphavsrett til åndsverk m.v.

Til forsida