10 Norsk teiknspråk
10.1 Innleiing
Teiknspråk er fullverdige språk og må ikkje sjåast på som hjelpemiddel for menneske med nedsett funksjonsevne. Teiknspråk er fullt utvikla språk med eigne grammatiske reglar og eigen setningsbygnad. Dei blir oppfatta visuelt (ved hjelp av synet) og uttrykte gestuelt (ved hjelp av synlege rørsler med hendene, andletet og overkroppen). Dette skil teiknspråk frå talespråk, som blir oppfatta auditivt (ved hjelp av høyrselen) og uttrykte vokalt (ved hjelp av stemma).
Regjeringa vil verne og fremje norsk teiknspråk som kulturberar og del av det norske språklege mangfaldet. I framlegget til ny språklov får norsk teiknspråk status som det nasjonale teiknspråket, sjå punkt 13.4. Teiknspråkbrukarar har rett til å lære, møte og bruke språket sitt.
10.2 Status
Det er usikkert kor mange som brukar norsk teiknspråk. Norges Døveforbund oppgjev talet 16 500, medan årsmeldinga for Døvekyrkja for 2018 seier 25 000. Kanskje om lag 5 500 brukarar er døve, og dei utgjer kjernen av dei teiknspråklege. Dei andre teiknspråkbrukarane er ofte høyrande familiemedlemmer og vener og profesjonelle tenesteytarar.
Etter at språkvitskapleg forsking på norsk teiknspråk tok til i Noreg kring 1980, tok det berre nokre få år før utdanningsstyresmaktene anerkjende norsk teiknspråk som eit eige språk, men først i St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining vart norsk teiknspråk anerkjent som ein del av kulturarven på linje med andre minoritetsspråk.
Språkrådet har ansvar for norsk teiknspråk og tilsette i 2012 ein rådgjevar med særskilt ansvar for dette språket. Språkrådet har eit tett samarbeid med språkbrukarorganisasjonane. Språkrådet samarbeider språkpolitisk med ulike aktørar og gjev råd til relevante styresmakter for å fremje interessene til brukarane av teiknspråk. Vidare driv Språkrådet opplysningsarbeid, informerer om kva rettar teiknspråkbrukarar har, og kva det betyr for døve og høyrselshemma å kunne kommunisere på førstespråket sitt. Språkrådet bidreg til utvikling av termar på teiknspråk.
Språkrådet har etablert teiknspråkprisen, som vart utdelt for første gong i 2018. Prisen skal bidra til å utvikle, fremje og synleggjere norsk teiknspråk i samfunnet. Språkrådet meiner å ha registrert at synet på teiknspråk i samfunnet er meir positivt no enn før. Samtidig understrekar Språkrådet at samfunnet i tillegg må anerkjenne at språket er eit fullverdig språk som det tek tid å meistre, og som krev særskild kompetanse. Språkrådet har mykje kontakt med språkbrukarmiljøa og ser mange døme på at teiknspråkbrukarar ikkje får oppfylt dei språklege rettane sine.
Boks 10.1 Kulturtilbod for teiknspråkbrukarar
For å sikre eit godt kultur- og medietilbod til teiknspråkbrukarar må ein arbeide på fleire måtar. Teiknspråktolking av allmenne tilbod og av store hendingar som samlar heile nasjonen eller lokalsamfunnet, gjer at teiknspråkbrukarar får tilgang til fleire fellesskapsarenaer. Det å få bruke og møte språket sitt i kunsten og kulturen er like viktig for teiknspråklege som for alle andre. Til dømes blir det stilt krav til teiknspråktolking av tilbodet i NRK, jf. punkt 5.2.2.
Teater Manu er nemnt som det einaste teateret i landet som har teiknspråk som scenespråk, noko som har mykje å seie for utvikling, synleggjering og bruk av språket.
Stiftinga Døves Media fekk i 2019 6,8 mill. kroner i tilskot over Kulturdepartementets budsjett. Døves Media produserer innhald på teiknspråk for NRK, for sosiale medium og for Døves Medias eigen nettkanal. Målet til stiftinga er å kunne tilby eit landsdekkjande teiknspråkleg medietilbod.
Teiknspråkleg innhald i kultur- og medietilbodet må gjerast synleg. Det er med på å skape positive haldningar til språket, både for språkbrukarane sjølve og for andre.
10.3 Utfordringar og strategiar
Teiknspråkbrukarane er ein språkleg minoritet, og til liks med andre språklege minoritetar må dei vere tospråklege for å delta i samfunnslivet på ein tilnærma fullverdig måte. Urette oppfatningar om at fleirspråklegheit er eit hinder for å lære norsk språk godt, råkar oftare mindre språk eller språk med låg status, medan fleirspråklegheit blir sett på som ein fordel dersom det er tale om store språk, til dømes engelsk og norsk.
Urette oppfatningar om fleirspåklegheit skapar eit press på norsk teiknspråk og medverkar til at færre får opplæring i og tilgang til språket. I forskingslitteraturen er det så godt som slått fast at det å lære fleire språk ikkje har negative konsekvensar.1 Tvert imot er det slik at opplæring i fleire språk gjev barn tilgang til fleire kulturar, samstundes som det gjer det mogleg å reflektere rundt språk og språkbruk, sidan ein kan sjå eit språk utanfrå gjennom «brillene» til det andre språket.
Trass i desse fordelane ved fleirspråklegheit er det grunn til å tru at foreldre med døve og høyrselshemma barn møter uheldige haldningar i helsevesenet og i utdanningssystemet. I teiknspråkmiljøet finst det ei rad med vitnemål frå føresette som har vorte frårådde å la barna sine få lære teiknspråk. Grunngjevinga har ofte vore at det kan svekkje evna til å lære seg norsk. På bakgrunn av alt dette er det altså naudsynt å kartleggje haldningar og praksis i støtteapparatet rundt døve barn systematisk.
Når eit minoritetsspråk blir assimilert i ein majoritetsspråkleg kultur, vil det alltid vere eit stort kulturelt tap. Høyrselshemma kan ha avgrensa høve til å lære talespråk, og har dei ikkje tilgang til teiknspråk, kan det ende med språkdeprivasjon. Språkdeprivasjon vil seie mangel på fullverdig språk. Eit resultat av språkdeprivasjon kan vere at døve barn risikerer å mistyde meininga med det som blir sagt, til dømes ironi og ulik språkbruk til ulike situasjonar. Språkdeprivasjon kan få alvorlege konsekvensar både for opplæring og sosialt liv og gjev i mange tilfelle psykiske plager.
Eit stort fleirtal av døve og høyrselshemma barn får i dag operert inn såkalla koklea-implantat, som gjer at dei kan få noko høyrsel. Det varierer frå person til person kor god høyrselen blir etter ein slik operasjon, men sjølv med implantat har personen redusert høve til omgang med normalt høyrande. Mange vil etter operasjonen framleis ha behov for teiknspråk.2
Likevel finst det utbreidde misoppfatningar både blant profesjonelle tenesteytarar i helsesektoren og i allmenta elles om at eit slikt implantat gjev fullgod høyrsel. Desse misoppfatningane kan bidra til at foreldre får fagleg ugrunna råd om å ikkje la barn lære teiknspråk, og då kan det ende med at barnet ikkje får fullgode evner i noko språk, verken teiknspråk eller norsk talespråk. Vegen derifrå til språkleg deprivasjon er kort.
Eit sentralt språkpolitisk mål må derfor vere å gje så mange som mogleg tilgang til norsk teiknspråk. Det er ikkje ei ulempe for døve og høyrselshemma barn å lære teiknspråk. Tvert imot gjev det dei tilgang til fellesskapen av teiknspråklege og alle teiknspråklege arenaer. For mange i denne gruppa vil også norsk teiknspråk vere den einaste reelle sjansen til å få eit fullt utvikla språk.
I dei fleste tilfelle er det foreldre som overfører språk til barna, men slik er det ikkje med norsk teiknspråk. Meir enn 95 prosent av døve og høyrselshemma barn blir fødde av høyrande foreldre, og språkoverføring må skje på anna vis, som regel gjennom ein barnehage eller skule der dei brukar teiknspråk. Dette gjer at barnehagar og skular er mykje viktigare for utviklinga og bruken av morsmål og førstespråk i språkutviklinga hos døve og høyrselshemma barn enn hos høyrande barn.
Høyrande foreldre som får døve barn, kan oppleve at det er vanskeleg å få informasjon om dei tilboda og moglegheitene som finst for barna. Det kan bidra til at mange foreldre vel å «vente og sjå» før dei gjev barnet sitt opplæring i teiknspråk. Både foreldra og ulike faginstansar må ha tilgang til oppdatert kunnskap om teiknspråk og korleis tilgang til teiknspråk kan påverke språkutvikling og sosial utvikling hos barna. Det er foreldra til barnet som avgjer om dei ønskjer at barnet skal lære teiknspråk. I skulen har elevar som har teiknspråk som førstespråk, eller som etter sakkunnig vurdering har behov for slik opplæring, rett til grunnskuleopplæring på teiknspråk. Kommunen gjer vedtak om teiknspråkopplæring etter opplæringslova.
Frå perspektivet til det døve eller høyrselshemma barnet vil det beste i dei fleste tilfelle vere å få opplæring både i teiknspråk og i norsk. Gjeldande språkpolitikk vektlegg at norsk teiknspråk er eit språk i seg sjølv, uavhengig av høyrsel. Å tilby teiknspråk berre som ei «naudløysing» eller som eit erstatningsspråk er å setje framtida til døve barn på spel og å nedvurdere teiknspråk som eit fullverdig språk. Nett som talespråk er teiknspråk lettare å lære i låg alder. Sein og tilfeldig eksponering for teiknspråk kan derfor få alvorlege konsekvensar for språkbrukargruppa og kvar språkbrukar.
Dei statlege døveskulane var i meir enn 150 år staden der dei fleste døve barn i Noreg fekk grunnopplæringa si. Mange døve barn måtte bu langt frå familiane sine og vekse opp i eit framandt miljø. Samstundes var døveskulane svært viktige som arenaer der barna kunne utvikle teiknspråk og dermed også språk i det heile teke. Skulane var også ein av få stader der døve kunne vere i ein teiknspråkleg fellesskap saman med andre døve. Denne fellesskapen var eit viktig grunnlag for å utvikle døvekulturen med til dømes foreiningar, idrett og feriestader.
Opplæringslova slår i dag fast at teiknspråklege høyrselshemma barn har rett til opplæring i og på teiknspråk, men i lovverket står det mellom to prinsipp: På den eine sida står prinsippet om inkludering, som byggjer på eit universelt likskapsprinsipp, slik at alle skal ha rett til å gå på nærskulen saman. Dette kan ein sjå på som eit oppgjer med tidlegare segregering av funksjonshemma, som døveskulane kan vere eit uttrykk for. På den andre sida står prinsippet om tilpassa opplæring, som inneber at kvar elev skal ha optimal moglegheit til å utvikle potensialet sitt. For døve vil det seie å kunne utvikle og bruke eit førstespråk. Dei siste åra har det første prinsippet dominert, og alle dei statlege døveskulane er lagde ned. I dag finst det til saman seks kommunale teiknspråklege skular eller skuleavdelingar.
Ei oversikt over nyare nordisk forsking frå 20183 viser at nordiske skular og barnehagar i liten grad lukkast med å etablere inkluderande praksisar der høyrselshemma barn og unge er saman med høyrande. Dette går ut over dei høyrselshemma, og som gruppe gjer dei det dårlegare enn jamgamle i skulen. Dei har større psykososiale utfordringar, er einsamare og blir ikkje tekne med på råd om utdanningsopplegg eller utdanningsløp.
Ein negativ konsekvens av å følgje inkluderingsprinsippet er at det kan skape mangel på førstespråksarenaer for teiknspråkbrukarar. For å bøte på dette har teiknspråklege elevar fått tilbod om eit opplæringsopphald på inntil tolv veker i eit miljø saman med andre teiknspråklege elevar. Det er grunn til å tru at slike korte opphald ikkje er nok til å utvikle fullgodt teiknspråk, dersom eleven ikkje allereie har god kunnskap i teiknspråk frå før.
Det er derfor viktig å syte for at teiknspråklege får møte og bruke språket sitt på så mange arenaer som råd. Særleg viktig er det å skape teiknspråklege arenaer der det ikkje blir bruka teiknspråktolk, men der all kommunikasjon skjer på teiknspråk. Dette vil føre til at norsk teiknspråk verkeleg blir fremja, og bidra til å inkludere teiknspråklege på deira eigne premissar. Ei utfordring i denne samanhengen er at teiknspråklege bur spreidd ut over heile landet. Det må derfor vere eit mål at det skal finnast sterke teiknspråkarenaer i alle regionane i landet.
I behandlinga av statsbudsjettet for 2020 understreka utdannings- og forskingskomiteen at nok kompetanse i teiknspråk er nødvendig for at samfunnet skal kunne oppfylle dei grunnleggjande rettane til døve og høyrselshemma. Komiteen uttrykte at det trengst ytterlegare løft for teiknspråk- og tolkefeltet i åra som kjem.
I statsbudsjettet for 2019 løyvde regjeringa midlar til ti studieplassar til utdanning i teiknspråk ved OsloMet – storbyuniversitetet. Frå 2023 vil dette bety ei samla styrking på 40 studieplassar. Det er viktig å få fleire studieplassar for å styrkje kvaliteten og kapasiteten på utdanning for teiknspråklærarar, slik at endå fleire døve og høyrselshemma barn på lengre sikt får den opplæringa dei har krav på.
Dei nye studieplassane kjem på toppen av dei midlane regjeringa tidlegare har løyvd til utvikling av norsk teiknspråk som masterfag i grunnskulelærarutdanningane for trinn 1–7 og trinn 5–10 og utvikling av eit emne i praktisk-pedagogisk utdanning i teiknspråkdidaktikk.
10.3.1 Behov for meir kunnskap
Det er forska lite på norsk teiknspråk i Noreg. På forskingsområdet ligg Noreg langt etter land det er naturleg å jamføre seg med. Kulturdepartementet meiner at det trengst meir kunnskap for å kunne gjere politikken betre og meir målretta. Kunnskapen om teiknspråk er låg i samfunnet generelt, og teiknspråkbrukarar møter utfordringar mellom anna i oppveksten og i utdanninga. Presset mot norsk teiknspråk har truleg vorte større etter at mange døve har fått koklea-implantat og dermed noko høyrsel. Situasjonen og utfordringane for norsk teiknspråk og for døve og høyrselshemma har altså endra seg mykje på nokså få år. Regjeringa vil derfor ha ein brei gjennomgang av teiknspråkfeltet i form av ein NOU.
Ofte har fordommar og vankunne prega handsaminga av døve og norsk teiknspråk. Ein NOU kan òg vere ei anerkjenning av dei som opp gjennom historia har vore utsette for ei språkleg assimilering lik den mellom anna dei samiske og kvenske minoritetane har opplevd. Til liks med samar og kvener, som fekk straff på skulen for å bruke språket sitt, opplevde teiknspråkbrukarar språkundertrykking. Heilt fram til 1980-åra vart døve på døveskulane underviste utan bruk av teiknspråk; det var ikkje lov å bruke det. Hendene måtte haldast i ro eller på ryggen. Dei døve og høyrselshemma fekk høyre at teiknspråk ikkje hadde nokon verdi, og at norsk var språket dei måtte meistre. Døve og høyrselshemma gøymde seg for å snakke saman og kjende skam dersom dei bruka teiknspråk offentleg. Dette er ikkje ein del av historia vi er stolte over.
Dei fleste døve eller høyrselshemma som innvandrar til Noreg, har med seg sitt eige teiknspråk. Korleis desse menneska lever sitt fleirspråklege liv, og korleis teiknspråka til innvandrarane påverkar norsk teiknspråk, veit vi førebels lite om, ifølge Språkstatus 2017. Språkpolitisk rapport frå Språkrådet.
10.4 Prioriteringar og vidare oppfølging
Regjeringa meiner det trengst ein brei gjennomgang av teiknspråkfeltet og vil derfor setje ned eit offentleg utval som skal levere ein NOU. Målet er å leggje grunnlag for eit meir heilskapleg bilete av norsk teiknspråk og behova til språkbrukarane og leggje til rette for ein god sektorovergripande språkpolitikk også på teiknspråkfeltet. Dette arbeidet skal bidra til å synleggjere den teiknspråklege minoriteten. Det er viktig at teiknspråkbrukarane er godt representerte i arbeidet. Ein viktig dimensjon ved arbeidet vil vere å sjå på tilgang til teiknspråk som ein grunnleggjande menneskerett.
For å styrkje kvaliteten og kapasiteten på utdanning for teiknspråklærarar held regjeringa fram med å løyve midlar til studieplassar til utdanning innan teiknspråk ved OsloMet – storbyuniversitetet. Frå 2023 vil det bety ei samla styrking på 40 studieplassar.
Regjeringa har òg løyvd midlar til utvikling av norsk teiknspråk som masterfag i grunnskulelærarutdanningane for trinn 1–7 og trinn 5–10 og utvikling av eit emne i praktisk-pedagogisk utdanning i teiknspråkdidaktikk.
Fotnotar
Unn Røyneland (2016): Språkleg mangfald i Noreg – problem eller ressurs? Fleirspråklegheit som forskingsfelt.
Språkrådet (2017): Språkstatus 2017. Språkpolitisk tilstandsrapport frå Språkrådet.
Kermit, Patrick (2018): Hørselshemmede barns og unges opplæringsmessige og sosiale vilkår i barnehage og skole. Kunnskapsoversikt over nyere nordisk forskning.