13 Språka i Noreg
13.1 Norsk språk
13.1.1 Gjeldande rett
Som det er gjort greie for ovanfor, saknar norsk språk ein klar rettsleg status uttrykt i lovs form. Norsk språk kan likevel kallast offisielt språk, ettersom denne termen ofte blir bruka om språk som i kraft av vedtak eller sedvane har rettsleg status som offentleg administrasjonsspråk i eit land. Administrasjonsspråket er ofte identisk med majoritetsspråket i landet, slik norsk er i Noreg, svensk i Sverige og dansk i Danmark. At språket er offisielt, tyder då at staten har nærare definerte plikter og språkbrukarane nærare definerte rettar til å bruke dette språket i ulike former for språkleg kommunikasjon.
Sjølv om norsk språk i dag i realiteten er eit samfunnsberande språk og forvaltningsspråk for den mangslungne språkinstitusjonen som staten er, er ikkje ein slik status til no slått uttrykkjeleg fast.
13.1.2 Framlegget i høyringsnotatet
Fordi posisjonen til norsk i dag er mindre sjølvsagd enn før og under press frå engelsk i fleire sektorar, føreslo departementet å slå fast i språklova kva status norsk språk skal ha i Noreg. Å slå fast statusen til norsk er å uttrykkje eit formelt vern av norsk språk, både på bakgrunn av den verdien norsk språk har som sjølvstendig kulturobjekt og fremste uttrykk for norsk kultur, men også på bakgrunn av den sentrale funksjonen norsk har som fellesskapsarena for det norske demokratiet.
Departementet viste til at eit majoritetsspråk kan omtalast som nasjonalspråk. I den islandske språklova er det slått fast at islandsk er nasjonalspråket til islendingane og offisielt språk på Island. I Finland er det fastsett i grunnlova at Finlands nasjonalspråk er finsk og svensk. I den franske grunnlova heiter det at republikkens språk er fransk. Den svenske språklova har ei generell føresegn om at svensk er hovudspråk i Sverige, og to spesifikke føresegner, éi som slår fast at svensk er språket i offentleg verksemd, og ei anna som seier at svensk er Sveriges offisielle språk i internasjonal samanheng.
Departementet meinte ei norsk språklov burde framheve kva for grunnleggjande funksjon norsk språk skal ha som eit felles språk for alle i Noreg.
Departementet gjorde greie for at ein hadde vurdert å bruke nemninga «hovudspråk», slik nemningsbruken er i den svenske språklova. Vurderinga til departementet var likevel at nemninga «hovudspråk» ikkje sa noko om den funksjonen norsk skal ha som samfunnsberande språk i alle sektorar og i alle funksjonar. Det er denne funksjonen ein ønskte å styrkje med framlegget til språklov. På dette grunnlaget forkasta departementet tanken om å bruke termen «hovudspråk» for å uttrykkje statusen til det norske språket. Framlegget gjekk derfor ut på å uttrykkje statusen til norsk språk med termen «samfunnsberande språk». Med dette omgrepet meinte ein i høyringsnotatet «eit overordna fellesspråk som i eit moderne, fleirkulturelt samfunn blir bruka til administrasjon og samfunnsdebatt, som held storsamfunnet saman og gjev det identitet». Det vart lagt til grunn at i «høve til andre språk i Noreg, står norsk språk i den særstillinga at det er det einaste språket som alle i samfunnet har som felles språkleg arena, trass i ulik språkleg bakgrunn og identitet. Det skal vere tilstrekkeleg for den som bur i Noreg, å meistre norsk for å få rettane sine oppfylte. Alle skal kunne kommunisere med styresmaktene på norsk. Den demokratiske infrastrukturen er derfor grunnleggjande norskspråkleg».
Departementet meinte vidare at når ein slår fast statusen til norsk språk, må det presiserast at norsk språk er både bokmål og nynorsk. Departementet føreslo i statusføresegna å vidareføre uttrykket om at «bokmål og nynorsk er likeverdige skriftspråk som skal kunne brukast i alle delar av samfunnet», slik gjeldande mållov slår fast. «Med likeverdig er det her meint at begge språkformer skal respekterast og odlast på lik line», jf. Innst. O. nr. 31 (1979–80) Tilråding frå kyrkje- og undervisningsnemnda om lov om målbruk i offentleg teneste, side 2. Tredje ledd i framlegget til § 4 slo fast at nynorsk og bokmål er jamstilte og likeverdige skriftspråk i det offentlege «som nærare spesifisert i denne lova». Med jamstilt er det meint at språka skal brukast ved sida av einannan i organ for kommune, fylkeskommune og stat.
Oppsummeringsvis er det altså slik at i framlegg til § 4 Norsk språk første ledd blir statusen til norsk språk slått fast med termen «samfunnsberande». Det blir også slått fast at norsk er forvaltningsspråket i Noreg. Føresegna er deskriptivt formulert. Slik tek ho utgangspunkt i ein faktisk realisert status for norsk språk. I lovs form blir føresegnene også normative; det er føresetnaden i lova at norsk språk skal ha den statusen i framtida.
I høyringsutkastet vart det gjort greie for at departementet med språklova gjorde framlegg om å endre nemningsbruken om bokmål og nynorsk frå målform til skriftspråk. Denne endringa kom til syne på mest prinsipielt vis i framlegget til § 4 Norsk språk.
13.1.3 Høyringa
20 høyringsinstansar hadde realitetsmerknader til framlegget til § 4 Norsk språk. Dei fleste tok framlegget godt imot, men svært mange meiner framlegget til føresegn ikkje slår statusen til norsk språk presist nok fast.
Universitetet i Agder meiner:
«Nemninga ‘samfunnsberande språk’ er altfor ope og kan tolkast som det språket som til ei kvar tid er rådande eller dominerande i landet. UiA meiner det her vil vere betre å slå fast at norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg, og at nasjonalspråket har to likestilte hovudspråk, bokmål og nynorsk.»
Språkrådet er ikkje kritiske til å bruke nemninga samfunnsberandespråk, men meiner denne statusnemninga i seg sjølv ikkje sikrar vern av norsk språk. Språkrådet viser til førearbeida til den svenske språklova, som seier at nemninga «hovudspråk» gjev den statusen svensk treng for å hindre at svensk gradvis skal miste den samfunnsberande funksjonen sin, særleg med tanke på at engelsk får ei stadig sterkare stilling i samfunnet:
«Språkrådet meiner at vi treng eit tilsvarande verkemiddel i Noreg, og at det derfor er naudsynt å lovfeste norsk som hovudspråk i den nye lova.»
Forleggerforeningen støttar dette framlegget.
I tillegg til at fleire er skeptiske til om nemninga samfunnsberande er presis nok og gjev ønskt status, er det fleire som meiner at den norske språklova, på same vis som den svenske språklova, bør sikre ulike språkbrukarar individuell tilgang til dei språka som framlegget til språklov femnar om. Universitetet i Bergen karakteriserer framlegget slik:
«Den retten folk har til å bruke norsk språk, skandinavisk og andre språk i Noreg er i lovframlegget ikkje tenkt som ein individuelt basert rett på tilgang til språk. Fokuset er ikkje på språkbrukarane, men på språka, og premissen er at språklege rettar vil følgje av den statusen språk får i samfunnet. Det gjer at visse vilkår for språkrettar, t.d. opplæring, ikkje er nemnde i framlegget til språklov.»
Bergen kommune uttrykkjer det slik:
«Bergen kommune meiner samstundes at retten til å lære seg og å kunne bruke norsk (både nynorsk og bokmål), norsk teiknspråk, samisk og minoritetsspråka bør utvidast og tydeleggjerast i språklova.»
Både Språkrådet og Universitetet i Bergen ber om at framlegget til § 4 Norsk språk blir supplert med reglar om tilgang til norsk språk. Framlegget til føresegn frå Universitetet i Bergen lyder slik: «Alle som bur i Noreg, skal få høve til å lære seg og å kunne bruke norsk språk.»
13.1.4 Departementets vurdering
Departementet har etter høyringa vurdert ordlyden i føresegna på nytt.
Departementet er samd med mange av høyringsinstansane i at omgrepa «forvaltningsspråk» og «samfunnsberande språk» ikkje gjev ein unik status til norsk språk i det norske samfunnet. Til dømes er samiske språk også samfunnsberande i det samiske språksamfunnet, ettersom dei er bruka til offisielle føremål, til dømes som forvaltningsspråk, i undervisning og lovgjeving.
Sjølv om omgrepet «samfunnsberande» ikkje gjev ein unik referanse til norsk språk, meiner departementet at den deskriptive formuleringa med normativ funksjon i framlegget til § 4 første ledd bør vidareførast. Det er viktig at funksjonen norsk skal ha som eit samfunnsberande språk og forvaltningsspråk, kjem fram av føresegna, ettersom det er i denne funksjonen norsk er under press frå engelsk.
Departementet er samde med Språkrådet i at språklova bør signalisere tydeleg at norsk skal vere førstevalet i Noreg framfor engelsk, og det bør kome klarare fram enn det gjer i framlegget til § 4 i høyringsnotatet. Dette er viktig i ei tid der vi ser ein glidande overgang til engelsk innanfor fleire samfunnsområde og fagområde.
Samtidig finn departementet at dei tekniske assosiasjonane til nemninga «hovudspråk» ikkje gjev norsk språk den nødvendige og ønskte rettslege statusen som var meint med framlegget. Etter ei samla vurdering har departementet kome til at ei løysing kan vere å bruke det samansette omgrepet «nasjonalt hovudspråk». Adjektivet nasjonal er allereie bruka i framlegget til § 6 Nasjonale minoritetsspråk og i framlegget til § 7 Norsk teiknspråk, som slår fast at norsk teiknspråk er «det nasjonale teiknspråket». I Sverige er det lagt vekt på at termen «hovudspråk» skal signalisere at svensk er det språket som blir tala av det store fleirtalet, samtidig som det også kommuniserer at det finst andre språk i landet enn hovudspråket, og at ein skal ta omsyn til desse språka. Dei same vurderingane gjer departementet for norske forhold.
Det er verdt å leggje merke til at departementet ikkje går inn for nemninga «nasjonalspråk» om norsk språk, men brukar nasjonal som adjektiv. Nasjonal er til dels ein felles karakteristikk for fleire av språka, som signaliserer at språka er likeverdige uttrykk for nasjonal kultur.
Departementet meiner også at det er rett å reservere bruken av nemninga «skriftspråk» om dei reguleringane der nynorsk og bokmål skal brukast i skriftleg arbeid. Nynorsk og bokmål er jamstilte som bruksspråk i det offentlege, og det er dei nærare spesifiserte reglane om skriftleg bruk av nynorsk og bokmål i gjeldande mållov som er verkemiddelet for å oppnå jamstilling. Desse reglane blir vidareførte i framlegget til §§ 11 til 18 i språklova.
At språk er likeverdige, betyr i vanleg språkbruk at dei er like verdifulle eller jamgode. I språklova er tydinga av likeverdig den same som i gjeldande mållov, nemleg at nynorsk og bokmål har like stort krav på respekt og toleranse, og at begge skal haldast i hevd på ein fullgod måte.
Føresegna som departementet føreslår å gå vidare med, slår fast at «nynorsk og bokmål er likeverdige språk og skal kunne brukast i alle delar av samfunnet». Med dette er ikkje meint at bokmål og nynorsk skal brukast så og så mykje i alle delar av samfunnet. Ein skal forstå føresegna slik at ikkje berre skal nynorsk og bokmål vere tillatne i bruk i alle delar av samfunnet; det skal òg leggjast til rette for bruk av nynorsk og bokmål i alle delar av samfunnet. Med «alle delar av samfunnet» meiner departementet at nynorsk både skal kunne brukast i heile landet og på alle saksfelt, ikkje berre i det offentlege. Det gjeld både skriftleg og munnleg språkbruk.
Som fleire av høyringsinstansane peikar på, presenterer ikkje høyringsnotatet framlegg som til dømes dei i den svenske språklova om den «enskildes tillgång till språk». Det tilsvarande norske uttrykket «tilgang til språk» blir til vanleg helst bruka om døves rett til å lære og møte norsk teiknspråk. Språkrådet føreslår då også heilt konkret at akkurat den tilgangen dei døve skal ha til teiknspråk, blir lovfesta slik:
«Dei som er døve eller høyrselshemma, eller som av andre grunnar har behov for norsk teiknspråk, skal ha tilgang til språkmiljø der dei kan lære seg, bruke og utvikle ferdigheiter i norsk teiknspråk.»
Språkrådet føreslår tilsvarande føresegner for tilgang til både nasjonale minoritetsspråk, samiske språk og norsk språk.
Etter ei heilskapsvurdering går ikkje departementet inn for ei slik løysing. Sjølv om det kan argumenterast for at føresegner om den enkeltes tilgang til språk, som i den svenske språklova, berre handlar om å innfri reint demokratiske rettar til språk, meiner departementet at framlegg til føresegner fort vil kunne hevdast å vere meir inngripande i særlovgjevinga enn språklova er meint å vere. Det er likevel viktig å understreke at framlegget til ansvarsføresegner i § 1, som skal sikre at offentlege organ tek ansvar for å fremje og verne og bruke, utvikle og styrkje dei ulike språka, er til for å gje enkeltpersonar og ulike språkgrupper tilgang til språk. Det same kan seiast om dei kvotereguleringane som i dag finst i mållova § 8, som seier at allment informasjonstilfang skal veksle mellom nynorsk og bokmål. Vekslingsreglane her er til for å sikre at nynorskbrukarane møter språket sitt i det offentlege rommet, men også at dei som primært brukar bokmål, møter nynorsk.
13.2 Samiske språk
13.2.1 Gjeldande rett
Grunnlova § 108 etablerer ei plikt for statlege styresmakter til å leggje til rette for at den samiske folkegruppa kan tryggje og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv. Denne plikta er gjennomført og konkretisert mellom anna gjennom språkreglane i kapittel 3 i samelova.
I samelova § 1-5 er det fastsett at samisk og norsk er likeverdige språk, og at dei skal vere jamstilte språk etter nærare føresegner i kapittel 3 i lova. Elles finst det enkeltføresegner om bruk av samiske språk i ei rekkje andre lover (opplæringslova, stadnamnlova, barnehagelova, domstollova og i fleire lover for helse- og omsorgssektoren), jf. Rapport fra gjennomgang av samelovens språkregler (2014) frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, kapittel 4.
Det går fram av førearbeida at paragrafen er utforma etter mønster av føresegna om forholdet mellom bokmål og nynorsk i mållova. Uttrykka likeverdig og jamstilt er såleis parallelle til likeverdig og jamstelt i § 1 i mållova.
Jamvel om både mållova § 1 og samelova § 1-5 slår fast likeverd og jamstilling mellom språka, er det i begge tilfella tale om at det eine språket står svakare som bruksspråk enn det andre. Det er det som har motivert eit særskilt lovvern. Det gjeld for nynorsk i høve til bokmål og for samisk i høve til norsk. Samisk språk er i tillegg verna i Grunnlova § 108.
Språkreglane i kapittel 3 i samelova gjev borgarane språklege rettar i møte med ulike offentlege organ. Det er fastsett at lover og forskrifter av særleg interesse for heile eller delar av det samiske folket skal omsetjast til samisk. Kapittelet inneheld òg fleire meir detaljerte reglar som gjev rett til svar på samisk, rett til bruk av samisk i kontakt med ulike delar av det offentlege forvaltnings- og tenesteapparatet, rett til individuelle kyrkjelege tenester på samisk, rett til utdanningspermisjon og rett til opplæring i samisk. Nokre av føresegnene gjeld berre innanfor det som er definert som forvaltningsområdet for samisk språk, mens andre gjeld i heile landet.
Det følgjer av samelova § 3-9 at eit kommunestyre kan avgjere at samisk skal vere jamstilt med norsk i heile eller delar av den kommunale forvaltninga. Føresegna inneber at saksbehandling internt i kommunen skal kunne skje på samisk.
Gjennom ei lovendring som tok til å gjelde frå 1. januar 2003, kom ei ny føresegn inn i samelova. Føresegna seier at Sametinget skal arbeide for vern og vidare utvikling av samiskespråk i Noreg.1 I førearbeida vart det streka under at fleirtalsforma var bruka nettopp for å presisere at vi i Noreg har fleire samiske språk, og i tillegg til nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk vart også austsamisk (skoltesamisk) nemnt. Det heitte at arbeidet til Sametinget skulle omfatte alle desse.2 Forvaltningsområdet for samisk språk omfattar i dag kommunar der anten nordsamisk, lulesamisk eller sørsamisk er det dominerande samiske språket. Kommunal- og moderniseringsdepartementet legg i Rapport fra gjennomgang av samelovens språkregler til grunn at språkreglane for kvar kommune gjeld det samiske språket som blir bruka innanfor den aktuelle kommunen (side 36). I opplæringslova § 6-1 er «samisk» definert som «nordsamisk, sørsamisk eller lulesamisk».
Etter samelova er det Sametinget som skal arbeide for vern og vidare utvikling av samiske språk i Noreg. Sametinget skal vere den viktigaste premissleverandøren i samisk språkpolitikk – som i samepolitikken elles.
Norske nasjonale styresmakter har likevel eit overordna ansvar for samiske språk. Dette ansvaret har ei særleg sterk rettsleg forankring gjennom grunnlovsføresegna som pålegg statlege styresmakter å leggje tilhøva til rette for at den samiske folkegruppa kan sikre og utvikle språka sine, kulturen sin og samfunnslivet sitt.
Samiske språk har også eit overordna folkerettsleg vern ved at den samiske folkegruppa i Noreg er definert som urfolk etter ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar.
Hovudprinsippet i ILO-konvensjonen er at urfolk har rett til å bevare og vidareutvikle sin eigen kultur, og myndigheitene har plikt til å setje i verk tiltak for å støtte dette arbeidet. Konvensjonen anerkjenner mellom anna det ønsket urfolka har om å halde oppe og utvikle vidare identiteten sin, språka sine og religionen sin innanfor ramma av dei statane dei lever i.
Samisk har også folkerettsleg vern gjennom den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk (minoritetsspråkpakta). Pakta vart underskriven i 1992, Noreg ratifiserte henne i 1993, og ho tok til å gjelde i 1998. Som konvensjonspart pliktar Noreg å rapportere om gjennomføringa av minoritetsspråkpakta til Europarådet kvart tredje år. Det vart sist gjort i 2017. For oppfølging av pakta er det oppretta ein ekspertkomité med éin medlem per konvensjonspart (stat). Kulturdepartementet har det overordna fagansvaret for ein sektorovergripande språkpolitikk i Noreg som òg omfattar dei samiske språka og dei nasjonale minoritetsspråka. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har eit overordna ansvar for gjennomføringa av språkreglane i samelova og den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har òg ansvar for samordning av politikk og tiltak for dei samiske språka og dei nasjonale minoritetsspråka.
I del II av minoritetsspråkpakta er det fastsett ei rad viktige mål og prinsipp for plikta dei ulike statane har til å verne minoritetsspråk, mellom anna å oppmuntre til munnleg og skriftleg bruk av minoritetsspråka i offentleg og privat verksemd og å fremje undervisning, studium og forsking i språket. Del II legg plikter på staten, men inneheld ikkje reglar som kan gje grunnlag for rettskrav frå enkeltpersonar.
I del III finst meir omfattande og detaljerte føresegner, som legg konkrete plikter på styresmaktene på områda «utdannelse» (art. 8), «rettsmyndigheter» (art. 9), «forvaltningsmyndigheter og offentlige tjenester» (art. 10), «media» (art. 11), «kulturaktiviteter og kulturanlegg» (art. 12), «det økonomiske og sosiale liv» (art. 13) og «grenseoverskridende kontakter» (art. 14). Gjennom ratifikasjonen har 53 slike føresegner verknad for samisk språk i Noreg, men ratifikasjonsdokumentet spesifiserer ikkje om dette berre siktar til nordsamisk, eller om også lulesamisk og sørsamisk er verna etter del III.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i Rapport fra gjennomgang av samelovens språkregler (2014) gjort greie for synet departementet har på korleis minoritetsspråkpakta gjeld for dei ulike samiske språka. Kommunal- og moderniseringsdepartementet konkluderer med at del II av minoritetsspråkpakta gjeld for både nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk (side 30).
Når det gjeld del III av minoritetsspråkpakta, konkluderer Kommunal- og moderniseringsdepartementet slik: «Departementet antar [...] at det er mest nærliggende å konkludere med at statens forpliktelser etter språkpakten del III kun gjelder for nordsamisk i forvaltningsområdet for samisk språk. Konklusjonen er likevel usikker [...]. Departementet ser på denne bakgrunnen behov for å presisere overfor Europarådet hvilke forpliktelser som skal gjelde for sør- og lulesamisk» (s. 31). Kommunal- og moderniseringsdepartementet viser særleg til at den rettslege og faktiske konteksten ved ratifiseringstidspunktet talar for at berre nordsamisk skulle ha vern etter del III. I 1993 var det berre kommunar i det nordsamiske området som var innlemma i forvaltningsområdet. Også etter at kommunar utanfor det nordsamiske området har vorte innlemma i forvaltningsområdet, har den norske staten i kommunikasjonen med ekspertkomiteen gjeve uttrykk for at berre nordsamisk har vern etter del III av pakta.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet viser til at etter intern norsk rett har både nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk det same vernet innanfor forvaltningsområdet for samisk språk, og at det regelverket som gjeld der, i hovudsak tilsvarar dei pliktene som følgjer av del III av minoritetsspråkpakta (side 32), utan at det inneber at ein reknar med at lulesamisk og sørsamisk er omfatta av denne delen.
I Noregs sjette rapport til Europarådet frå 2014 om gjennomføring av minoritetsspråkpakta skriv Kommunal- og moderniseringsdepartementet:
«Etter en gjennomgang av kildene legger departementet til grunn at det per i dag bare er nordsamisk som omfattes av del III. Samtidig er det klart at en rekke av bestemmelsene som gjelder for nordsamisk, i praksis også blir gjennomført for sørsamisk og lulesamisk. Dersom det skulle bli aktuelt å forplikte seg etter del III for flere språk, vil det skje etter de prosedyrene språkpakten legger opp til, jf. artikkel 3 nr. 2.»3
Også i Noregs sjuande rapport frå 2017 er det lagt til grunn at berre nordsamisk er omfatta av del III.
13.2.2 Framlegget i høyringsnotatet
Departementet føreslo i høyringsnotatet at § 5 Samiske språk skulle slå fast statusen til samiske språk i Noreg. Framlegget til språklov var ikkje meint å endre den rettslege situasjonen for dei samiske språka. Høyringsnotatet slo fast at den mest nærliggjande nemninga, som også gjev samiske språk ein særskild status i norsk rett, er urfolksspråk. Nemninga er ikkje nytta i lovverket frå før, men er mykje bruka som deskriptiv term. Til dømes var 2019 utnemnt som «FN-året for urfolksspråk». Også ulike meldingar om samiske tilhøve brukar termen urfolksspråk, til dømes samemeldinga frå 2007.4 Formuleringa departementet føreslo, var: «Samiske språk er urfolksspråk i Noreg.» Ordlyden var meint som ei konstatering av at samane har status som urfolk, og med det at dei samiske språka er urfolksspråk.
Samiske språk er også minoritetsspråk, med vern etter minoritetsspråkpakta. Den særskilde stillinga som samiske språk har oppnådd i nasjonalt lovverk, gjorde at departementet tilrådde termen urfolksspråk om den nasjonale statusen samiske språk har i Noreg.
Departementet føreslo vidare ei formulering av statusen til samiske språk som er bortimot identisk med samelova § 1-5: «Samisk og norsk er likeverdige språk. De skal være likestilte språk etter bestemmelsene i kapittel 3.»
Departementet føreslo å nytte fleirtalsforma «samiske språk» i staden for eintalsforma «samisk språk». Dette får betre fram at det er snakk om fleire ulike samiske språk.
Også med ei ny språklov skal dei gjeldande rettslege rammene for samiske språk stå ved lag. Departementet viste likevel til at på eitt punkt utvidar språklova ansvaret det offentlege har for samiske språk. I høyringsnotatet gjorde departementet framlegg om å lovfeste Språkrådets rettleiingsplikt, jf. forslag til § 23 tredje ledd: «Språkrådet har rettleiingsplikt overfor offentlege organ, jf. reglane i § 22 og kapittel 1.» Etter framlegget i høyringsnotatet var rettleiingsplikta meint å inkludere rettleiing i samsvar med reglane i framlegg til § 1 tredje ledd, § 5 Samiske språk og § 9 Klart språk. Departementet utvida med dette lovforslaget arbeidsområdet til Språkrådet til også å gjelde samiske språk. Det var viktig for departementet å understreke at Språkrådet ikkje med dette vil få rettleiingsansvar etter kapittel 3 i samelova. Det er Sametinget som skal sikre vern og utvikling av dei samiske språka. Det er dei offentlege organa sjølve som skal sikre at dei etterlever samelova.
13.2.3 Høyringa
Sametinget, Kautokeino kommune og Samisk høgskole støttar framlegget til § 5 Samiske språk.
Sametinget ser det som viktig og nødvendig at ei heilskapleg lov blir lagd fram:
«Vi vil spesielt trekke frem forslaget til § 5 Samiske språk, hvor det slås fast i loven at samiske språk er urfolksspråk. Begrepet urfolksspråk har ikke vært benyttet i tidligere lover, og det er derfor svært positivt at vi i ny språklov nå stadfester at samiske språk er urfolksspråk.»
Kautokeino kommune stiller seg positive:
«[…] først og fremst fordi samiske språk har fått en egen paragraf, § 5, som slår fast at samiske språk er et urfolksspråk og at det i Norge er likestilt med norske språk. Det er ekstra gledelig at loven fastslår at det er flere samiske språk ved at formuleringen «samiske språk» er benyttet, ikke bare samisk språk som tidligere.»
Utdanningsforbundet meiner at
«[…] samiske språk er utsette som bruksspråk, og at dei treng særskilt vern, jf. § 1. Også sidan språkskifte frå samisk til norsk er ei reell utfordring, meiner Utdanningsforbundet at det kan vere tenleg å slå fast statusen som urfolksspråk.»
Slik Finnmark fylkeskommune ser det, «er forslaget til ny språklov et viktig skritt for å sikre innbyggerne språklige rettigheter, enten innbyggerne har tilknytning til majoritetsspråket eller til andre språk med lang tilhørighet til landet vårt».
Språkrådet på si side har nokre kritiske merknader til § 5 og meiner bruken av ordet «likeverdig» om tilhøvet mellom samiske språk og norsk språk ikkje er nødvendig for å oppnå særskilt lovvern for samiske språk i språklova:
«Andre ledd første punktum i paragrafen slår fast at samiske språk og norsk er likeverdige språk. Det står slik i samelova § 1-5, og mønsteret er føresegna om tilhøvet mellom bokmål og nynorsk i mållova. I framlegget til språklov, slik det er disponert og formulert, kan denne setninga verke uheldig. I paragrafane som følgjer, står det ikkje noko om at norsk og dei nasjonale minoritetsspråka respektive norsk teiknspråk er likeverdige språk. Det kan skape eit inntrykk av at desse språka på ein eller annan måte, som ikkje er presisert, ikkje er likeverdige med norsk. Dette er særleg uheldig for norsk teiknspråk, ettersom det framleis er ei utbreidd oppfatning i samfunnet at norsk teiknspråk er meir eit erstatningsspråk eller hjelpemiddel for høyrselshemma menneske enn eit språk på linje med orale språk. Det er heilt rett å gje samiske språk eit særskilt lovvern med ein eigen paragraf i språklova, men det er etter Språkrådets syn ikkje avhengig av at første punktum i andre ledd i paragrafen blir ståande.»
Kven Østlandet meiner at ordbruken i lovforslaget legg til rette for «vedvarende diskriminering» av kvensk språk. Ettersom ordet «likeverdig» i lovforslaget berre er bruka om tilhøvet mellom nynorsk og bokmål og mellom norsk språk og samiske språk, meiner Kven Østlandet dette kan tolkast som at til dømes kvensk ikkje er like verdifullt som norsk og samisk. Dette inneber, slik departementet tolkar Kven Østlandet, ei form for forskjellsbehandling som er diskriminerande. Kven Østlandet konkluderer med at språklova ikkje bør leggjast fram dersom formuleringa berre blir bruka om norsk og samiske språk.
Kven Østlandet føreslår å stryke første ledd i § 5, som gjev samiske språk status som urfolksspråk. Kven Østlandet er imot at omgrepa «urfolksspråk» og «nasjonale minoritetsspråk» skal lovfestast, og støttar fullt ut Norske Kveners Forbunds synspunkt på dette:
«Vi støtter også Norske Kveners Forbund når det påpekes at i Norge er både de samiske språkene og det kvenske språket er ‘indegeneous languages’ (i betydningen ‘opprinnelige språk’). Det finnes ganske enkelt ikke noe historisk grunnlag for å sette høyverdige og mindre verdifulle merkelapper på språkene i en språklov.»
Kvenlandsforbundet har liknande synspunkt.
13.2.4 Departementets vurdering
Departementet meiner ordet likeverdig er nødvendig for å gje samiske språk status som samfunnsberande språk innanfor dei samiske språkområda. At språklova brukar omgrepet «likeverdig», er ei nødvendig tilpassing til samelova. Departementet meiner det er viktig at § 5 i språklova speglar det fulle lovgrunnlaget som i dag sikrar samiske språk. Dersom språklova ikkje inkluderer omgrepet likeverdig i lovteksten, vil det kunne stillast spørsmål ved om språklova inneber ei utilsikta innskrenking av det lovvernet samiske språk faktisk har i dag.
Den nordiske språkdeklarasjonen slår fast at i Norden «regner vi alle språk som likeverdige, men de har ikke alle samme rolle». Deklarasjonen held fram med å slå fast at i tillegg til dansk, finsk, færøysk, islandsk, bokmål, nynorsk og svensk, som kan seiast å vere statsberande språk, er også samiske språk og grønlandsk samfunnsberande og komplette språk. Desse språka blir i dag bruka i alle funksjonar på alle område av samfunnet. Den situasjonen språklova er meint å verke i retning av, er å sikre at samiske språk blir verande komplette og samfunnsberande, ettersom det er nettopp i denne posisjonen samiske språk er pressa av norsk. At samiske språk er komplette, samfunnsberande og likeverdige med norsk, gjer det også mogleg å la forslag til § 9 Klart språk gjelde for samiske språk, i tillegg til norsk.
Departementet understrekar at når det blir slått fast at samiske språk og norsk språk er likeverdige, betyr ikkje dette at dei er meir verdifulle som bruksspråk, at dei er «betre» som språksystem eller i seg sjølv har høgare kulturell verdi enn andre språk. Bruken av ordet likeverdig i framlegget til språklova skal berre knytast til ei lovfesting av den rolla og den funksjonen norsk og samiske språk har i Noreg i dag.
Departementet vidarefører føresegna som i forslaget til § 5 i høyringsnotatet.
13.3 Nasjonale minoritetsspråk
13.3.1 Gjeldande rett
Gjennom den norske ratifikasjonen av den europeiske rammekonvensjonen om vern av nasjonale minoritetar har fem folkegrupper fått status som nasjonale minoritetar i Noreg: jødar, kvener/norskfinnar, rom (sigøynarar), romanifolk/taterar og skogfinnar.
Språka til tre av desse gruppene har også folkerettsleg vern. Det er:
1. kvensk, som er knytt til den kvenske/norskfinske minoriteten i Troms og Finnmark
2. romani, som blir tala blant romanifolket/taterane
3. romanes, som er språket til rom i Noreg
Saman med samiske språk er desse tre språka verna etter den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk.
Noreg har skrive under på at staten anerkjenner desse språka som eit uttrykk for kulturell rikdom, og at vi på ulike måtar vil fremje bruk og dokumentasjon av desse språka. Kvart tredje år rapporterer Noreg til Europarådet om korleis minoritetsspråkpakta blir følgd opp.
På bakgrunn av ein slik rapport bad Europarådet i 2001 Noreg klargjere om kvensk berre skulle sjåast på som ein finsk dialekt eller som eit eige språk. I oktober 2003 vart det avgjeve ein rapport til Kultur- og kyrkjedepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet,5 som konkluderte med at samfunnsforhold og språkforhold motiverer at kvensk skal reknast som eit eige språk heller enn som ein dialekt av finsk. Konklusjonen vart eit formelt vedtak om å anerkjenne kvensk som eige språk i Noreg med vern etter del II i minoritetsspråkpakta. Dette skjedde ved kongeleg resolusjon 24. juni 2005.
Romani og romanes er rekna som ikkje-territoriale språk etter pakta, jf. art. 1 bokstav c, ulikt kvensk, som er definert som eit regions- eller minoritetsspråk og er knytt til eit bestemt område, jf. art. 1 bokstav a. Etter art. 7 (5) er partane forplikta til å la del II vere gjeldande for ikkje-territoriale språk, for Noregs del romani og romanes. For regions- eller minoritetsspråk krev art. 1 bokstav a at dei ikkje «omfatter dialekter av de(t) offisielle språk i staten eller innvandreres språk». For ikkje-territoriale språk krev art. 1 bokstav c at dei «selv om de tradisjonelt brukes innen statens område, ikke kan identifiseres med et spesielt område av den».
Fordi dei tre språka kvensk, romani og romanes høyrer til tre av gruppene som har folkerettsleg status som nasjonale minoritetar i Noreg, blir dei av og til omtala som nasjonale minoritetsspråk. Denne nemninga er per i dag ikkje bruka i norsk lovverk.
Noreg som stat har teke på seg eit folkerettsleg ansvar for kvensk, romani og romanes gjennom både den europeiske rammekonvensjonen om vern av nasjonale minoritetar og den europeiske pakta for regions- eller minoritetsspråk. Noreg skreiv under på rammekonvensjonen i 1995. Han tok til å gjelde for dei første statane i 1998, og han vart ratifisert av Noreg i 1999.
Kvensk, romani og romanes er verna etter del II i minoritetsspråkpakta. Det inneber at Noreg har teke på seg ei plikt til å leggje ein del nærare spesifiserte mål og prinsipp til grunn for arbeidet med å fremje desse språka.
Heller ikkje den europeiske rammekonvensjonen om vern av nasjonale minoritetar inneheld konkrete rettar som enkeltpersonar kan gjere gjeldande med direkte heimel i konvensjonen. Derimot forpliktar rammekonvensjonen statane til å fremje dei føresetnadene som er nødvendige for at personar som høyrer til ein nasjonal minoritet, kan bevare og utvikle kulturen sin og dei grunnleggjande delane av identiteten sin. Her er språket nemnt som ein viktig faktor (art. 5). Den mest grunnleggjande føresegna i det internasjonale minoritetsvernet er likevel art. 27 i FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar. Han slår fast at personar som høyrer til etniske, religiøse eller språklege minoritetar, har rett til, saman med andre medlemmer av gruppa si, å dyrke sin eigen kultur, vedkjenne seg til og utøve sin eigen religion eller bruke sitt eige språk.
Rammekonvensjonen har ei rad andre føresegner som forpliktar statane til å godkjenne ulike språklege rettar for personar som høyrer til ein nasjonal minoritet. Det gjeld retten til å lære minoritetsspråket sitt (art. 14), retten til fritt å kunne ta imot og gjere opplysningar og idear på minoritetsspråket kjende (art. 9), retten til fritt og uhindra å bruke minoritetsspråket sitt privat og offentleg, i tale og skrift (art. 10), retten til å bruke etternamnet og førenamnet sitt på minoritetsspråket (art. 11) og retten til å bruke minoritetsspråket sitt på skilt, inskripsjonar og annan informasjon av privat art som er synleg for allmenta.
Rammekonvensjonen inneheld altså dels minimumsnormer for den statlege politikken overfor nasjonale minoritetar, dels mål og prinsipp som statane pliktar å arbeide etter. I St.meld. nr. 15 (2000–2001) Nasjonale minoritetar i Noreg. Om statleg politikk overfor jødar, kvener, rom, romanifolket og skogfinnar er pliktene statane har etter rammekonvensjonen, oppsummerte slik:
«Statane skal leggje forholda til rette for at personar som høyrer til nasjonale minoritetar skal kunne gi uttrykk for, halde oppe og utvikle sin eigen identitet, sitt eige språk og sin eigen kultur, samtidig som minoritetane skal ha rett til full og effektiv deltaking i storsamfunnet.»
Noreg har gjennom ratifikasjonen av dei to konvensjonane teke på seg eit ansvar for å setje i verk særskilde tiltak for å verne og styrkje dei nemnde minoritetsspråka.6 To av tiltaka er nedfelte i nasjonal lovgjeving. Elevar med «kvensk/norskfinsk» bakgrunn ved grunnskular i Troms og Finnmark har etter opplæringslova § 2-7 rett til opplæring i kvensk eller finsk om det er minst tre elevar ved skulen som krev det. I Prop. 88 L (2018–2019) Endringar i opplæringslova, folkehøgskolelova, friskolelova m.m. (samleproposisjon) er det gjort framlegg om at elevar kan velje opplæring i kvensk i staden for finsk med heimel i opplæringslova § 2-7. Kvenske stadnamn er sikra vern etter stadnamnlova, og den kvenske stadnamntenesta (Paikannimipalvelus) er organisert som ein del av Språkrådet, jf. stadnamnlova § 13 første ledd første punktum.
Verken minoritetsspråkpakta del II eller rammekonvensjonen pålegg statane omfattande plikter når det gjeld å revitalisere minoritetsspråk eller å utvikle dei som samfunnsberande språk. Kjernen i desse regelverka er at minoritetsspråka skal anerkjennast og vernast, og retten til å bruke dei skal respekterast.
Det er eit klart språkpolitisk mål å sikre både kvensk, romani og romanes som levande bruksspråk på eit visst nivå i Noreg. Det dreier seg både om å sikre ein viktig del av kulturgrunnlaget for dei nasjonale minoritetsgruppene sjølve og å yte eit norsk bidrag til å sikre språkmangfaldet i verda.
Kvenske stadnamn har i dag det same vernet som samiske og norske stadnamn har i stadnamnlova, forvalta av Kulturdepartementet. Føremålet med stadnamnlova er etter § 1 «å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne, gje dei ei skriftform som er praktisk, og som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet, og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna». Kvenske stadnamn er ein del av felles kulturarv og skal brukast av det offentlege i område som har hatt kvensk busetjing.
13.3.2 Framlegget i høyringsnotatet
Departementet viste til St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk, der kvensk, romani og romanes er omtala som språka til nasjonale minoritetar. Meldinga nyttar uttrykket «nasjonale minoritetsspråk» om desse språka.
Departementet føreslo å formalisere omgrepet «nasjonale minoritetsspråk» i språklova. Dei nasjonale minoritetsspråka må ha to kjenneteikn felles: Språket må ha særleg tilknyting til ein nasjonal minoritet, og det må ha vern etter minoritetsspråkpakta.
Departementet gjorde framlegg om å formulere § 6 Nasjonale minoritetsspråk slik:
«Kvensk, romani og romanes er nasjonale minoritetsspråk.»
13.3.3 Høyringa
Kvensk institutt peikar på at departementet ikkje på førehand har konsultert eller hatt dialog med miljøa om innføringa av omgrepsbruken:
«Det har ikke vært noen dialog eller konsultasjon med de nasjonale minoriteter i forkant av innføringen av begrepet ‘nasjonale minoritetsspråk’. I hht rammekonvensjonen § 15, ønsker vi at de nasjonale minoritetene gis mulighet til å være med i prosessen gjennom dialoger og konsultasjoner om begrepsinnføringen.»
Kvenlandsforbundet meiner at framlegga i høyringsnotatet stadfestar at samiske språk og kvensk språk ikkje blir behandla likt, og at det ikkje er i tråd med dei folkerettslege pliktene Noreg har påteke seg overfor språka:
«I over hundre år har kvener/norskfinner vært diskriminert vis a vis samene av staten. På grunn av en kategorisering som ‘urfolk’ og ‘nasjonal minoritet’ har man siden 1980‐tallet forskjellsbehandlet medmennesker i samme region i enda større grad.»
Kvenlandsforbundet meiner at «Norge praktiserer at et folks språk er mindre verdt enn et annet. Å bruke ILO‐konvensjonen 169 som anførselsalibi holder rett og slett ikke».
Kven Østlandet har tilsvarande merknader til forslaget. Innvendingane går på at det er diskriminerande at samiske språk får statusnemninga «urfolksspråk», ettersom kvensk språk, slik Kven Østlandet ser det, også er «indiginous» / «opprinnelig språk». Kven Østlandet føreslår at tittelen på § 6 blir Kvensk, romani og romanes, og at språka får statusnemninga «likeverdige språk med norsk». Dei skriv vidare:
«Dersom lovforslaget blir vedtatt som det foreligger, ville det etter Kven Østlandets syn være bedre om det ikke blir vedtatt noen ny lov i det hele tatt. Da ville i alle fall ikke loven stemple vårt eget språk som mindreverdig.»
Norske Kveners Forbund meiner at omgrepet «nasjonale minoritetsspråk» er ei uheldig samanblanding av status for folket og status for språket, «d.v.s. en sammenblanding av rammekonvensjonen for beskyttelse av nasjonale minoriteter og den europeiske pakten om regions- eller minoritetsspråk»:
«Disse er to forskjellige konvensjoner som dekker hvert sitt område. Begrepet ‘nasjonale minoritetsspråk’ er altså uten innhold rettighetsmessig og gir dermed ingen status for språkene, slik intensjonen er i hht regjeringen. Begrepet er heller ikke støttet innholdsmessig gjennom forskning eller i internasjonal rett. I Norge er begrepet, som det kommer frem i høringsnotatet, til nå kun brukt av og til og aldri i norsk lovverk. Dermed er paragraf 6 slik den er foreslått uten innhold og er en tom paragraf.»
Forbundet meiner også at «urfolksspråk» i framlegget til § 5 Samiske språk ikkje er passande, men meiner at både samiske språk og kvensk språk heller bør kallast «indigenous languages» / «opprinnelige språk». Dette står også Kven Østlandet for.
Norske Kveners Forbund gjev likevel departementet «honnør» for framlegget til § 1, som slår fast at «[o]ffentlege organ har eit ansvar for å verne og fremje kvensk».
Språkrådet har ingen merknader til at departementet i høyringsnotatet føreslår statusnemninga «nasjonale minoritetsspråk» om kvensk, romani og romanes. Dei har heller ingen merknader til statusnemninga «urfolksspråk» i framlegget til § 5 Samiske språk. Derimot peikar dei på at termen «likeverdig» i framlegget til § 5 Samiske språk kanskje bør unngåast, ettersom omgrepsbruken, når han ikkje er bruka om nasjonale minoritetsspråk eller norsk teiknspråk, «kan skape eit inntrykk av at desse språka på ein eller annan måte, som ikkje er presisert, ikkje er likeverdige med norsk».
Norges institusjon for menneskerettigheter, som har som oppgåve å fremje og verne menneskerettar i tråd med Grunnlova, menneskerettslovgjevinga, internasjonal folkerett og internasjonale traktatar, har ingen eksplisitte innvendingar mot korleis framlegget til språklov samsvarar med dei internasjonale konvensjonane som gjeld:
«NIM er positiv til at de språkene som har et særskilt vern etter minoritetsspråkspakten får formell status i loven, og til at norsk tegnspråk får formell status som nasjonalt tegnspråk. Dette kan bidra til økt synliggjøring av disse språkene. Det er også positivt at lovforslagets § 1 fastslår at det offentlige har et ansvar for å verne og fremme disse språkene.»
Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som er ansvarleg for same- og minoritetspolitikken, har heller ikkje innvendingar mot omgrepsbruken.
Organisasjonane som representerer rom og romanifolket/taterane, har ikkje sendt inn høyringssvar.
13.3.4 Departementets vurdering
Departementet har vurdert merknadene frå dei kvenske miljøa om framlegget til § 6 Nasjonale minoritetsspråk.
Departementet merkjer seg innvendingane mot å formalisere omgrepet «nasjonalt minoritetsspråk». Påstanden er at omgrepet er bortimot innhaldstomt og av liten verdi for språkgruppa sjølv. Ut frå undersøkingar departementet har fått utført, har nemninga vore i bruk om norske forhold i over to tiår. Dersom ein søkjer i aviskorpuset til Nasjonalbiblioteket, ser det ut til at eitt av dei eldste belegga i norske aviser er frå 1998 (Sagat). Maktutgreiinga frå 1999 brukar også omgrepet.
Dersom ein tek utgangpunkt i kritikken frå Norske Kveners Forbund om at § 6 er «ein tom paragraf», vil departementet gje forbundet rett – på den måten at dette framlegget isolert sett ikkje tilfører nokon annan status til kvensk enn det som følgjer av pliktene i den europeiske regions- og minoritetsspråkpakta. Å ta formuleringa inn i norsk rett styrkjer likevel gjennomføringa av den europeiske regions- og minoritetsspråkpakta.
Som nemnt ovanfor ønskjer Norske Kveners Forbund at både samiske språk og kvenske språk skal kallast opphavlege språk, altså at dei ikkje skal ha ulik statusnemning. Både samar og kvener er innfødde (latin indegenus ‘innfødd’) og har altså vore i Noreg i lang tid. Det er likevel eit faktum at samane har ei særstilling i norsk rett, og at denne særstillinga tek utgangspunkt i forståinga av samane som urfolk. Samane er den einaste folkegruppa i Noreg som er definert som urfolk etter ILO-konvensjonen, og den retten samane har til å vidareutvikle språket sitt, bør ikkje ignorere urfolksstatusen. Departementet meiner derfor at statusnemninga «urfolksspråk» er presis når det er tale om samiske språk, og at omgrepet gjev eit godt utgangspunkt for det vernet samiske språk har krav på etter internasjonal og nasjonal rett.
Departementet har også vurdert reaksjonane på at samiske språk blir omtala som «likeverdige språk» med norsk, men at ingen av dei andre språka blir omtala som likeverdige med norsk i lovteksten. Kven Østlandet seier til dømes:
«Når enkelte av språkene i lovforslaget tillegges egenskapen ‘likeverdige’ – altså like verdifulle eller jevngode – da har man i ‘klart språk’ (se lovforslagets punkt 9) sagt at de øvrige språkene ikke har denne positive egenskapen; de er altså ikke like verdifulle som de utpekte høystatusspråkene. Dersom lovforslaget blir vedtatt uten å endre denne skjevheten, vil dette antagelig være det største lovmessige tilbakeslaget for kvensk språk siden språket falt ut som hjelpespråk i skolen i 1936.»
Kven Østlandet føreslår ei føresegn der nemninga «nasjonalt minoritetspråk» ikkje inngår, men som rett fram konstaterer at «kvensk, romani og romanes og norsk er likeverdige språk».
Som departementet har drøfta under punktet om § 5 Samiske språk, er utgangspunktet for å slå fast at samiske språk er likeverdige med norsk, at samiske språk har ei likeverdig rolle som samfunnsberande språk. Dersom språklova ikkje inkluderer omgrepet likeverdig der statusen til samiske språk blir omtala i lovteksten, vil det kunne stillast spørsmål ved om språklova inneber ei innskrenking av det lovvernet samiske språk faktisk har i dag, ettersom samelova slår fast at samiske språk og norsk språk er likeverdige.
Departementet vil tilbakevise at det skal oppfattast som at kvensk er «mindreverdig», når forslaget til § 6 ikkje uttrykkjeleg slår fast at kvensk er likeverdig med norsk. Som vi har sagt i punktet om samiske språk, slår den nordiske språkdeklarasjonen fast at i Norden «regner vi alle språk som likeverdige, men de har ikke alle samme rolle». I dette ligg det at alle språk har den same eigenverdien som berarar av kultur og identitet, men det betyr ikkje at dei spelar same rolle i ein konkret lovkontekst. Språk som ikkje er omfatta av forslaget til språklov, medrekna språk som blir nytta av innvandrarar i Noreg og deira etterkomarar, er til dømes også likeverdige med norsk (dersom norsk er målestaven her). Sjølv om framlegget til språklov sikrar norsk språk vern mot til dømes engelsk, er ikkje engelsk språk på nokon måte mindre verdt som kulturelt uttrykk eller som språksystem. På generelt grunnlag må alle språk reknast som likeverdige, både som språklege system og som kulturelle uttrykk i vid forstand.
Det kan vere klargjerande i denne samanhengen å vise til eit anna lovverk som handterer norsk, samisk og kvensk parallelt: stadnamnlova. Som språklege kulturminne (vitnemål om eldre tiders liv og virke) har til dømes kvenske stadnamn i dag nøyaktig same vern etter stadnamnlova som norske og samiske stadnamn. Lova skil ikkje mellom dei på annan måte enn at norske stadnamn har ei større geografisk utbreiing enn samiske og kvenske stadnamn.
Departementet meiner på denne bakgrunnen at det ikkje kan vere tvil om at kvensk språk er likeverdig med norsk språk som kulturelt uttrykk, også etter norsk rett. For å fjerne eventuell tvil om eigenverdien til kvensk, romani og romanes ut frå formuleringar i språklova føreslår departementet å tilføre eit nytt punktum i § 5 første ledd, som slår fast at kvensk, romani, romanes og norsk er likeverdige språklege uttrykk for kultur. I dette ligg det ikkje at kvensk, romani og romanes spelar ei lik rolle i samfunnet som det norsk språk gjer, som altså er hovudspråket i Noreg og eit samfunnsberande forvaltningsspråk, jf. framlegg til § 4. Føresegna slår derimot fast at kvensk, romani og romanes har like stor verdi som bruksspråk og kulturarv som norsk.
Oppsummert vidarefører derfor departementet statusnemninga «nasjonale minoritetsspråk» om språka kvensk, romani og romanes.
Sjølv om kvensk, romani og romanes med framlegget til § 6 ikkje får ein annan status enn det som følgjer av dei internasjonale pliktene staten Noreg har etter den europeiske språkpakta, er likevel ikkje føresegna utan innhald. Departementet understrekar at ei lovforankring av statusen som nasjonalt minoritetsspråk er ei sterk formalisering av at kvensk språk og omsynet til kvenske språkbrukarar skal vere del av ein heilskapleg språkpolitikk. Det same gjeld for språka romani og romanes.
13.4 Norsk teiknspråk
13.4.1 Gjeldande rett
Norsk teiknspråk er eit fullt utvikla språk med eigne grammatiske reglar og setningsoppbygging. Det er eit gestuelt språk, fordi hendene, andletet og kroppen blir bruka til å uttrykkje språket. Det er visuelt, fordi det blir oppfatta av synet. Ulike land har sine teiknspråk.
I den nordiske språkdeklarasjonen frå 2006, som er underskriven av dei nordiske utdanningsministrane, men som ikkje er eit juridisk bindande dokument, er dei nordiske teiknspråka anerkjende som «språk med en spesiell stilling». Det står òg at «[d]et er viktig at også tegnspråkene får en sterk stilling».7
På landsbasis har norsk teiknspråk ein lovfesta status som opplæringsspråk. Føresegner om rett til teiknspråkopplæring i grunnskulen og for barn som er under opplæringspliktig alder, kom inn i opplæringslova då lova vart vedteken i 1998 (iverksett frå 1. august 1999). I 1999 vart det vedteke reglar om rett til teiknspråkopplæring for elevar i vidaregåande skule (iverksett frå 1. august 2000). I 2016 vart reglane om rett til teiknspråkopplæring for barn under opplæringspliktig alder flytta til barnehagelova. Denne retten gjeld òg for barn som ikkje går i barnehage. Rett til opplæring innanfor det nasjonale utdanningssystemet er eit kjernespørsmål for alle språk. Ein slik rett inneber likevel ikkje at statusen for norsk teiknspråk i dagens lovverk er formalisert på generelt og overordna nivå.
I opplæringslova er det §§ 2-6 og 3-9 som regulerer rett til opplæring i og på teiknspråk i grunnskulen og vidaregåande skule. Føresegnene i opplæringslova tek ikkje utgangspunkt i språket, men i ei særskild elevgruppe, nærare bestemt elevar med teiknspråk som førstespråk eller dei som etter sakkunnig vurdering har behov for opplæring i og på teiknspråk. Paragraf 3-9 gjev òg elevar etter sakkunnig vurdering rett til å bruke tolk i ordinære vidaregåande skular, som eit alternativ til opplæring i og på teiknspråk. I barnehagelova er det § 19 h som gjev rett til teiknspråkopplæring for barn under opplæringspliktig alder. Vilkåra for ein slik rett er dei same etter barnehagelova § 19 h som etter opplæringslova §§ 2-6 og 3-9.
Dessutan følgjer rett til teiknspråktolking av folketrygdlova og domstollova. Folketrygdlova § 10-7 første ledd bokstav f gjev medlemmer i folketrygda rett til stønad i form av tolkehjelp for høyrselshemma, medan bokstav g gjev rett til stønad til tolke- og følgjehjelp for døvblinde. Desse stønadsformene skal medverke til at brukarane kan fungere i dagleglivet og arbeidslivet. Nødvendige utgifter skal dekkjast av det offentlege. Nav organiserer ei landsdekkjande tolketeneste som formidlar tolkeoppdrag for døve, høyrselshemma og døvblinde.
Arbeids- og velferdsdirektoratet har offentleggjort to rundskriv som gjer greie for retten til tolkehjelp for høvesvis høyrselshemma og døvblinde (rundskriv R10-07F «Rundskriv til ftrl § 10-7 første ledd bokstav f: Tolkehjelp for hørselshemmede» og rundskriv R10-07G «Rundskriv til ftrl § 10-7 første ledd bokstav g: Tolke- og ledsagerhjelp for døvblinde»).
I begge dei nemnde rundskriva er tilhøvet til anna lovgjeving enn folketrygdlova teke opp som eit eige punkt. Også av helselovgjevinga kan det følgje ein rett til teiknspråktolk. Ifølgje pasient- og brukarrettslova § 3-5 skal informasjon vere tilpassa dei individuelle føresetnadene til mottakaren, som mellom anna språkbakgrunn, som kan føre med seg rett til tolk. Av spesialisthelsetenestelova § 3-11 andre ledd følgjer det at helseinstitusjonar som fell inn under lova, har plikt til å gje tilstrekkeleg informasjon som pasienten har rett til etter pasient- og brukarrettslova. Dette er det ifølgje Arbeids- og velferdsdirektoratet naturleg å tolke slik at det inneber ein rett til teiknspråktolk.
Opplæringslova § 3-9 inneheld reglar om at elevar i vidaregåande skule har rett til anten å velje opplæring i ein ordinær vidaregåande skule med tolk eller opplæring på teiknspråk i ein tilrettelagd skule med teiknspråkleg miljø (knutepunktskule). Ved knutepunktskular kan likevel delar av opplæringa gjevast med bruk av tolk. Domstollova § 137 gjev den som er «døv eller stum», rett til å forklare seg i retten skriftleg eller gjennom tolk. Dessutan blir reglane i domstollova om tolking i dag forstått slik at døve, høyrselshemma og døvblinde har rett til å få heile forhandlinga i retten tolka. Tolking omfattar her både teiknspråktolking og skrivetolking. Reglane i tvistelovforskrifta om dekking av utgifter til tolk blir forstått slik at dei òg gjeld teiknspråktolking.
Utgifter til tolk som fell inn under folketrygdlova § 10-7, skal dekkjast gjennom folketrygda. Det følgjer likevel av forskrift 16. april 1997 nr. 320 om stønad til tolkehjelp for hørselshemmede § 5 at «[r]etten til ytelser etter denne forskriften faller bort i den utstrekning ytelsene kommer inn under ansvarsområdet til annen lovgivning, jf. folketrygdloven § [10-8]8 med tilhørende forskrifter». Ein tilsvarande regel om dekking av utgiftene finst òg i forskrift 15. april 1997 nr. 321 om stønad til tolke- og ledsagerhjelp for døvblinde § 5.
I 2007 skreiv Noreg under FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne, CRPD.9 Noreg ratifiserte konvensjonen i 2013, og han tok til å gjelde 3. juli 2013 i Noreg. Statane som har slutta seg til konvensjonen, er forplikta til å fremje teiknspråk på fleire samfunnsområde.
CRPD er ikkje gjord gjeldande som norsk lov. Men konvensjonen er bindande for Noreg som stat, og han er ein sentral tolkingsfaktor når lover og anna regelverk som gjeld eller er relevant for norsk teiknspråk, skal tolkast. Det er eit vel etablert rettskjeldeprinsipp i norsk rett at ein i utgangspunktet skal presumere, det vil seie ha som utgangspunkt, at intern norsk rett er i tråd med folkerettslege reglar som Noreg er bunde av.
Etter artikkel 21(e) i FN-konvensjonen skal partane «anerkjenne og fremme bruken av tegnspråk» for å sikre døve og høyrselshemma retten til å praktisere ytringsfridom og meiningsfridom og for å sikre «frihet til å søke, motta og meddele opplysninger og tanker av alle slag, på lik linje med alle andre».
Artikkel 24 i konvensjonen skal sikre personar med nedsett funksjonsevne rett til utdanning. Artikkel 24 nr. 3(b) skal sikre at partane set i verk høvelege tiltak for å gjere det mogleg for personar med nedsett funksjonsevne å delta i undervisning på linje med andre og som samfunnsmedlemmer. For å oppnå dette skal partane «treffe hensiktsmessige tiltak, herunder [...] å legge til rette for innlæring av tegnspråk og fremme døvesamfunnets språklige identitet».
Artikkel 30 skal sikre personar med nedsett funksjonsevne rett til å delta i kulturliv, fritidsaktivitetar og liknande på lik linje med andre. I artikkel 30 nr. 4 er det særskilt nemnt at personar med nedsett funksjonsevne «på lik linje med andre skal ha rett til anerkjennelse av og støtte til sin spesielle kulturelle og språklige identitet, herunder tegnspråk og døvekultur».
Det har vore ein tendens til å vurdere teiknspråk som ikkje-fullverdige språk. Dei har heller vore sett på som erstatningsspråk eller hjelpemiddel for ei gruppe menneske med nedsette funksjonsevner. Ein kan merkje seg at FN-konvensjonen eksplisitt anerkjenner teiknspråk som både kommunikasjonsmiddel på den eine sida og kulturberar og identitetsmerke på hi.
I opplæringslova frå 1998 kom det inn føresegner om teiknspråkopplæring, og norsk teiknspråk fekk dermed lovfesta status som opplæringsspråk. Ettersom opplæringslova §§ 2-6 og 3-9 og barnehagelova § 19 h set som vilkår at det skal utarbeidast ei sakkunnig vurdering før kommunen eller fylkeskommunen gjer vedtak om teiknspråkopplæring, kan det hevdast at opplæringslova ser norsk teiknspråk som eit spesialpedagogisk verktøy, ikkje som eit fullverdig språk. I forskrift til opplæringslova har både § 6-18 tredje ledd og § 6-41 andre ledd den same ordlyden, som understrekar at den sakkunnige vurderinga ikkje skal innebere ei overprøving av val om teiknspråk som førstespråk i samband med inntak til vidaregåande opplæring:
«Den sakkunnige vurderinga skal ikkje ta stilling til sjølve språkvalet til eleven. Det er eleven si eiga oppfatning av språkleg identitet som er avgjerande her.»
I førearbeida til opplæringslova er det òg slått eksplisitt fast at lovfestinga bygde på ei anerkjenning av (norsk) teiknspråk som eit fullverdig språk på linje med norsk og samisk.10 Ved behandlinga av St.meld nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Ein heilskapleg språkpolitikk i 2009 slutta ein samla komité seg til denne merknaden:
«Komiteen er særs nøgd med at meldinga anerkjenner teiknspråk som fullverdig språk, og at det overordna offentlege ansvaret for teiknspråk skal bli forankra i lovverket.»11
I desember 2019 la eit regjeringsoppnemnt utval fram NOU 2019: 23 Ny opplæringslov med eit heilskapleg framlegg til ei ny opplæringslov. I framlegget er det ein paragraf om rett til opplæring i og på teiknspråk i grunnskulen og ein paragraf som gjeld vidaregåande skule. Opplæringslovutvalet har òg kome med somme framlegg som endrar vilkåra vesentleg for å få rett til opplæring i og på teiknspråk. For det første gjer utvalet framlegg om at grunnvilkåret skal vere at eleven har ei høyrselshemming, i motsetning til dagens krav om anten teiknspråk som førstespråk eller at eleven har behov for teiknspråkopplæring. Om vurderinga av kva som skal reknast som høyrselshemming, skriv utvalet på s. 427–428:
«Hva som er en hørselshemming, er en medisinskfaglig vurdering. Det er likevel normalt sett ikke nødvendig å innhente dokumentasjon. Det stilles ikke krav til graden av hørselshemming, og i vurderingen bør det legges stor vekt på om foreldrene eller eleven mener at eleven er hørselshemmet.»
Vidare gjer utvalet framlegg om at dagens krav om sakkunnig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste ikkje skal vidareførast. Elles føreslår utvalet at grunnskuleelevar kan velje å få opplæring etter læreplanen i faget norsk teiknspråk med ein ekstra timeressurs utan at det samstundes skal vere obligatorisk å få opplæring i dei andre læreplanane for døve og høyrselshemma elevar. Utvalet gjer òg framlegg om at elevar i ordinære vidaregåande skular som får opplæring ved hjelp av tolk, skal få rett til opplæring i faget norsk teiknspråk, ein rett som denne elevgruppa ikkje har i dag.
Samla sett meiner departementet at framlegga frå utvalet i større grad enn dagens regelverk byggjer på den føresetnaden at norsk teiknspråk er eit fullverdig språk og ikkje eit spesialpedagogisk hjelpemiddel eller verktøy.
13.4.2 Framlegget i høyringsnotatet
Departementet erklærte i høyringsnotatet at norsk teiknspråk har ein grunnleggjande verdi i seg sjølv, mellom anna som identitetsmerke og ekte kulturuttrykk for ein språkleg minoritet i det norske samfunnet. Vidare slo departementet fast at norsk teiknspråk er ein del av den norske kulturarven og ein del av det språklege mangfaldet i landet som det offentlege har ei plikt til å verne og fremje, jf. framlegg til § 1 tredje ledd i utkast til lov om språk.
På denne bakgrunnen føreslo departementet å gje norsk teiknspråk status som nasjonalt teiknspråk i Noreg. Uttrykket nasjonal understrekar såleis at teiknspråk nettopp ikkje er eitt felles, internasjonalt språk for ikkje-høyrande over heile verda, som er ei vanleg misoppfatning, men at norsk teiknspråk er eit separat teiknspråk av norsk opphav.
Departementet meinte at når norsk teiknspråk blir omfatta av ei overordna og allmenn språklov, inneber det ei klar statusheving av norsk teiknspråk. Lovfestinga var dessutan ei tydeleg markering av at omsynet til norsk teiknspråk og norske teiknspråkbrukarar for framtida skal gå inn som ein integrert del av ein samla språkpolitikk.
I framlegget til føresegn om norsk teiknspråk var det med «ein premiss om at norsk teiknspråk er eit fullverdig språk. Det betyr igjen at norsk teiknspråk er eit språk med verdi for Noreg som språk i seg sjølv, uavhengig av om brukarane er døve eller høyrselshemma eller ingen av delane».
13.4.3 Høyringa
Ål folkehøyskole og kurssenter for døve meinte i sitt høyringssvar at det bør gå fram av føresegna at norsk teiknspråk er eitt av dei nasjonale språka:
«Vi mener paragrafen bør endres slik at loven anerkjenner Norsk tegnspråk som ‘et av de nasjonale språkene’ og ikke kun som ‘det nasjonale tegnspråket’.»
Nasjonalt fagorgan for teiknspråk og tolking støttar framlegget til § 7 Norsk teiknspråk, og understrekar:
«På bakgrunn av ei lang historie med nedvurdering og undertrykking av dette språket frå storsamfunnet si side har det stort verd at det no får ein offisiell status på linje med andre språk i Noreg.»
Norges Døveforbund skriv:
«Vi er ubeskrivelig stolt og takknemlig for at staten tar ansvaret for å erklære tegnspråk som nasjonalt språk (under §7). Vi vet at vi snakker på vegne av hele tegnspråkmiljøet når vi sier det. Tegnspråk som et språk har blitt undertrykt gjennom århundrer og det er av stor betydning at det har blitt ført inn i språkloven.»
Teater Manu meiner at § 7 Norsk teiknspråk «er av enorm symbolsk betydning, og er en anerkjennelse av norsk tegnspråk uten sidestykke i historien». Dei skriv vidare:
«Vi er svært glade for at norsk tegnspråk foreslås erklært som et nasjonalt språk og at staten skal ta ansvar for å verne og fremme språket. Vi savner en tydelig beskrivelse av hvordan dette skal gjøres, og vi vurderer at det er behov for å ytterligere konkretisere tiltak og satsingsområder knyttet til norsk tegnspråk.»
Forening for norsk tegnspråk (FONTS) uttalar om framlegget til § 7 at dei er «veldig glade for at norsk tegnspråk får en egen paragraf i loven, og vi er godt fornøyde med formuleringen i paragrafen».
OsloMet – storbyuniversitetet seier om framlegget til § 7:
«Vi er veldig glade for at norsk tegnspråk får en egen paragraf i loven, og vi er godt fornøyde med formuleringen i paragrafen: ‘Norsk teiknspråk er det nasjonale teiknspråket.’ Mye mangler imidlertid for at vi skal kunne si at det norske samfunnet preges av respekt for norsk tegnspråk (jf. ‘verne’) og tilgang til norsk tegnspråk (jf. ‘fremje’), og selv om dette nok er særlig tydelig på områdene opplæring og tolking, er det også et mer generelt problem. Situasjonen i eldreomsorgen, der mange døve med omsorgsbehov sliter med å få tilgang til tegnspråklige tjenester, er bare ett av flere eksempler på problemet utenom opplærings- og tolkefeltet. Det er derfor ingen grunn til at det skal legges til grunn en slik særskilt begrensning i tolkningen av ‘verne og fremje’ når det gjelder norsk tegnspråk. OsloMet håper at både Kulturdepartementet, Språkrådet og norske myndigheter for øvrig i tiden framover vil benytte språklovens bestemmelser om norsk tegnspråk som forankring for tiltak som kan verne og fremme norsk tegnspråk på bredest mulig basis, til tegnspråkbrukernes og samfunnets beste.»
Kyrkjerådet «er glade for at staten tar ansvaret for å erklære norsk teiknspråk som nasjonalt språk i § 7. Teiknspråk som eit språk har tidlegare blitt undertrykt og det betyr mykje at norsk teiknspråk no blir anerkjent gjennom Språklova».
Bergen Døvesenter «er veldig fornøyd med at det slås fast at norsk tegnspråk er det norske, nasjonale tegnspråket», men dei meiner at dette er lite forpliktande, og føreslår dette tillegget i føresegna: «Døve og hørselshemmede skal ha tilgang til språkmiljø der de kan lære seg, bruke og utvikle kunnskapene i norsk tegnspråk».
Språkrådet tilrår eit liknande nytt ledd i § 7:
«Dei som er døve eller høyrselshemma, eller som av andre grunnar har behov for norsk teiknspråk, skal ha tilgang til språkmiljø der dei kan lære seg, bruke og utvikle ferdigheiter i norsk teiknspråk.»
Dette er ein heilt liknande regel som i den svenske språklova, som har eit eige kapittel om «den enskildes tillgång till språk». Språkrådet viser her til at departementet også i høyringsnotatet peika på at tilgang til norsk teiknspråk «heng svært tett saman med tilgangen til språk i det heile»:
«Dei fleste døve er barn av høyrande foreldre, og derfor blir ikkje teiknspråk, eller språk i det heile, automatisk overført frå foreldra. Føresetnaden for tilgang til språk for døve og høyrselshemma er at det finst gode arenaer for bruk av og opplæring i teiknspråk.»
Det som Bergen Døvesenter skriv vidare om framlegget til språklov, er eit sterkt vitnemål om språkleg undertrykking:
«Forslaget til språklov gjør også at vi tenker spesielt på dem over 50 år som ble nektet undervisning på tegnspråk og nektet retten til eget språk. De ble gjennom hele oppveksten fortalt at norsk er det eneste som duger, og at tegnspråk har null verdi. Døve gjemte seg bort for å snakke sammen. Døve følte skam om de brukte tegnspråk offentlig, ja selv i egen familie var det ofte bannlyst. Døve skulle være normale og oppføre seg som hørende, snakke var det eneste saliggjørende. Landsmøter i Norges Døveforbund helt opp til 1970-tallet argumenterte for at representantene og døve ellers skulle bruke et ‘pent tegnspråk’, underforstått et tegnspråk som bygget på norsk talespråk og der ‘store geberder’ ikke skulle brukes. Døve var en kuet språklig gruppe både utad og innad i alle år. Men nå får vi en lovparagraf som sier at språket er et nasjonalt språk. Hvilken oppreisning til alle som har opplevd å bli språklig diskriminert!»
Språkrådet og Bergen Døvesenter er blant dei som problematiserer bruken av ordet likeverdig i framlegget til § 5 Samiske språk og fullverdig i framlegget til § 4 Norsk språk (sjå drøftinga av dette i punkt 13.2 og 13.1, og også punkt 13.3 som drøftar § 6 Nasjonale minoritetsspråk). Samanfatta handlar innvendingane om at det er uheldig dersom ordet likeverdig er bruka som karakteristikk av visse språk og ikkje av andre.
13.4.4 Departementets vurdering
Departementet er glad for den positive mottakinga som gjennomgangen av høyringsfråsegnene viser. Like fullt er departementet klar over at dei føresegnene som gjeld norsk teiknspråk, først og fremst utgjer eit nødvendig fundament for ein systematisk og heilskapleg språkpolitikk. Det er behov for andre tiltak i tillegg til lovregulering. Sjølv om framlegget til språklov har som føremål at det offentlege skal fremje og verne norsk teiknspråk (jf. § 1), og sjølv om framlegget til § 19 fjerde ledd inneber at Språkrådet skal ha rettleiingsplikt overfor det offentlege når det gjeld å verne og fremje teiknspråk, meiner departementet at lova må supplerast med særlege praktiske tiltak. Det er behov for å gå igjennom gjeldande rett, inkludert dei tiltaka og ordningane som gjeld norsk teiknspråk, for å gjere politikken på feltet meir målretta. Det er låg kunnskap om teiknspråk generelt i samfunnet. Alle dei utfordringane som teiknspråkbrukarar møter mellom anna i oppveksten, i utdanninga og i samfunnslivet generelt, viser tydeleg at det er behov for meir kunnskap.
Regjeringa vil derfor ha ein brei gjennomgang av teiknspråkfeltet i form av ei offentleg utgreiing. Dette arbeidet skal medverke til å synleggjere den teiknspråklege minoriteten. Ei utgreiing kan òg vere ei anerkjenning av dei som opp gjennom historia har vore utsette for ei fornorsking som liknar den fornorskinga mellom anna dei samiske og kvenske minoritetane har opplevd.
Når det gjeld framlegget frå Språkrådet og Bergen Døvesenter om eit nytt ledd i § 7 som lovfestar tilgang for teiknspråkbrukarar til språkarenaer eller språkmiljø, viser departementet til diskusjonen om «tilgangsparagrafar» ovanfor, dvs. punkt 13.1.4. Departementet meiner at framlegg til slike føresegner fort kan bli oppfatta som meir inngripande i særlovgjevinga enn språklova er meint å vere. Framlegget til Språkrådet om ei føresegn som seier at «dei som er døve eller høyrselshemma, eller som av andre grunnar har behov [vår kursivering] for norsk teiknspråk, skal ha tilgang til språkmiljø der dei kan lære seg, bruke og utvikle ferdigheiter i norsk teiknspråk», utløyser til dømes spørsmål om kven som i eit konkret tilfelle har behov for teiknspråk, og om det i så fall skal knytast andre vilkår til dette behovet for teiknspråk enn dei vilkåra som utløyser rett til opplæring i teiknspråk etter opplæringslova. Departementet understrekar derfor igjen at framlegget til ansvarsføresegner i § 4 om at det offentlege skal fremje og verne norsk teiknspråk, nettopp er til for å gje enkeltpersonar og ulike språkgrupper tilgang til norsk teiknspråk. Slik føremålsføresegnene er formulerte, skal det offentlege fremje teiknspråk, det vil seie gje tilgang til teiknspråk, utover det som er minimumskrava i gjeldande særlovgjeving. Effekten av framlegget til føresegner i § 1 bør vere at det offentlege tilbyr språkmiljø, opplæring og bruksarenaer for teiknspråk. Det vil òg vere opp til Språkrådet, jf. framlegg til § 19 fjerde ledd, å rettleie det offentlege til å yte meir enn minimum og stimulere til god praksis i det offentlege i samarbeid med relevante aktørar. Departementet vidarefører på dette grunnlaget føresegna i § 7 utan tilleggsføresegner om tilgang til teiknspråk.
Departementet har notert seg framlegget frå Ål folkehøyskole og kurssenter for døve, som meiner at norsk teiknspråk bør omtalast som «nasjonalt språk», ikkje berre som nasjonalt teiknspråk. Vidare har departementet forståing for innvendingane frå til dømes Norges Døveforbund og Språkrådet. Det er uheldig dersom språklova vidareformidlar fordommar om at norsk teiknspråk ikkje er eit fullverdig språk. Departementet meiner at dette ikkje kan hevdast om framlegget til språklov.
For å fjerne eventuell tvil om eigenverdien til norsk teiknspråk føreslår departementet å leggje til eit nytt andre ledd i § 7 første ledd, som slår fast at norsk teiknspråk er likeverdig med norsk som uttrykk for kultur. I dette ligg det ikkje at norsk teiknspråk spelar same rolle i samfunnet som det norsk språk gjer, som altså er hovudspråket i Noreg og eit samfunnsberande forvaltningsspråk, jf. framlegg til § 4. Føresegna slår derimot fast at norsk teiknspråk har like stor verdi som bruksspråk og kulturarv som norsk har, og for den del også samiske språk og nasjonale minoritetsspråk.
Samanfatta er det desse framlegga som gjeld norsk teiknspråk: framlegget til ansvarsføresegn i § 1, framlegget til statusføresegn i § 7 og oppfølgingsregimet som vil følgje av framlegget til § 18, der Språkrådet får heimel til å rettleie det offentlege om korleis dei på beste måte fremjar og vernar norsk teiknspråk. Alt i alt meiner departementet at desse framlegga inneber ei styrkt gjennomføring av CRPD i norsk rett. Etter artikkel 21(e) i konvensjonen skal partane «anerkjenne og fremme bruken av tegnspråk» for å sikre døve og høyrselshemma retten til å praktisere ytringsfridom og meiningsfridom og for å sikre «frihet til å søke, motta og meddele opplysninger og tanker av alle slag, på lik linje med alle andre». Artikkel 24 nr. 3(b) skal sikre at partane skal setje i verk høvelege tiltak for å gjere det mogleg for personar med nedsett funksjonsevne å delta i undervisning på linje med andre og som samfunnsmedlemmer. For å oppnå dette skal partane «treffe hensiktsmessige tiltak, herunder [...] å legge til rette for innlæring av tegnspråk og fremme døvesamfunnets språklige identitet». I artikkel 30 nr. 4 er det særskilt nemnt at personar med nedsett funksjonsevne «på lik linje med andre skal ha rett til anerkjennelse av og støtte til sin spesielle kulturelle og språklige identitet, herunder tegnspråk og døvekultur».
På same måte som konvensjonen gjer det, anerkjenner framlegget til språklov at norsk teiknspråk både er kommunikasjonsmiddel, kulturberar og identitetsmerke. Forslaget inneber å gje norsk teiknspråk offisiell status som nasjonalt teiknspråk i ei allmenn språklov.
13.5 Skandinaviske språk
13.5.1 Gjeldande rett
Noreg skreiv under den nordiske språkkonvensjonen i 1981 saman med Danmark, Finland, Island og Sverige. Konvensjonen tok til å gjelde i 1987. Artikkel 1 reknar opp dei språka som konvensjonen omfattar: norsk, dansk, finsk, islandsk og svensk. I artikkel 2 forpliktar dei underskrivande statane seg til å «virke for» at borgarar frå dei andre nordiske landa skal få bruke «sitt eget språk» i kontakt med offentlege organ i nordiske statar. Uttrykket «virke for» tyder at formuleringane ikkje er meinte å gje statane absolutte plikter i slike tilfelle. Dei andre nordiske landa har då heller ikkje teke dette inn i nasjonal rett.
Konvensjonen har fleire utfyllande føresegner som spesifiserer nærare i kva språkbrukssituasjonar det offentlege pliktar å nytte tolketenester i kontakt med borgarar frå andre nordiske land. I straffesaker skal nordiske borgarar alltid få nødvendig tolkehjelp, men òg i kontakt med helsestyresmakter, skatteetaten osb. skal det offentlege så langt råd er, syte for at nordiske borgarar får omsetjings- eller tolkehjelp dersom det trengst.
I den nordiske språkdeklarasjonen, som vart underskriven av dei nordiske utdanningsministrane hausten 2006, er det framheva som ein demokratisk rett for alle nordbuarar at dei skal kunne lære seg å forstå eit skandinavisk språk og skaffe seg kunnskapar i det, men at dei òg skal kunne forstå dei to andre skandinaviske språka slik at dei kan delta i den nordiske språkfellesskapen.
I framlegget til ny forvaltningslov frå forvaltningslovutvalet12 er det teke inn ei føresegn om at offentlege organ ikkje kan avvise søknader som er skrivne på eit av dei andre nordiske språka: «I samsvar med den nordiske språkkonvensjonen skal forvaltningsorganet ta imot søknader på nordiske språk og om nødvendig bruke tolk eller oversetter.»
13.5.2 Framlegget i høyringsnotatet
Departementet tilrådde ikkje å definere ein status for dei skandinaviske språka svensk og dansk – eller for nordiske språk allment – i norsk rett. Nordiske språk skal altså ikkje ha ein formell status på linje med samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk. Dei språka som er nordiske etter ei politisk forståing av Norden, er grønlandsk, islandsk, færøysk, finsk, dansk, svensk og norsk. Det er likevel slik at svensk og dansk er dei nordiske språka som i dag supplerer det norske språket mest, kulturelt og språkleg. Det er ein del av ein skandinavisk kulturell fellesskap der vi forstår kvarandre og kan bruke dei skandinaviske grannespråka i kontakt med kvarandre. Sidan dansk, svensk og norsk er ein del av den nordiske språkfellesskapen og gjensidig godt forståelege, føreslo departementet at alle som tek kontakt med det offentlege, skal ha ein rett til sjølve å nytte dansk eller svensk, men at det offentlege på si side kan svare på norsk. Departementet meinte at regelen skulle gjelde både munnleg og skriftleg kontakt.
13.5.3 Høyringa
Språkrådet støttar framlegget til føresegn og uttalar seg slik:
«Det er gledeleg at den nye lova gjev alle rett til å bruke svensk eller dansk i munnleg eller skriftleg kontakt med det offentlege, og at offentlege organ kan svare på norsk. Dette gjev status og tyngde til den skandinaviske grannespråksforståinga, slik departementet sjølv seier i høyringsnotatet (s. 50): ‘Det er rimeleg å vente at det offentlege Noreg forstår dansk og svensk så godt at desse språka kan brukast i kontakt med det offentlege. Det er like rimeleg at dei som brukar dansk og svensk i kontakt med det offentlege, forstår eit svar på norsk.’ Forsking har slått fast det som har vorte meir og meir tydeleg dei siste tiåra: Grannespråksforståinga i dei skandinaviske landa har vorte dårlegare, og engelsk tek i aukande grad over posisjonen som samtalespråk når folk frå ulike delar av Norden snakkar med kvarandre. Om den lovpålagde retten til å bruke svensk eller dansk i kontakt med det offentlege skal bli reell, meiner Språkrådet det vil krevje auka satsing på tiltak for å ta vare på og forbetre den skandinaviske grannespråksforståinga.»
Foreningen Norden støttar forslaget til § 8 Skandinaviske språk:
«Dette støtter opp om målet i Deklarasjon om nordisk språkpolitikk om at ‘En nordisk språkpolitikk bør derfor sikte mot at alle nordboere kan kommunisere med hverandre, først og fremst på et skandinavisk språk’. Det bidrar også til å styrke språkdomenet til skandinavisk språk, norsk inkludert.»
Foreningen Norden er på linje med Språkrådet, og meiner at det er rimeleg å tolke framlegget til § 8 slik at paragrafen legg opp til «en forventning om at nabospråkforståelsen skal holdes i hevd», og at dette til dømes bør reflekterast i politiske vedtak som har verknad for grannespråksforståinga, til dømes i opplæringspolitikken.
Foreningen Norden hevdar i tillegg at mange nordiske borgarar har «vanskeligheter med å forstå hva de nordiske avtalene egentlig gir rett til, og vi har sett eksempler der offentlige institusjoner med ansvar for tolkning og utøving av lovverk har nedprioritert nordiske avtaler på bekostning av borgeren». Foreningen Norden meiner at problema med å forstå kva dei nordiske avtalane gjev rett til, gjer mobilitet over dei nordiske grensene vanskelegare og mindre føreseieleg:
«En stadfesting av rettigheter knyttet til nordiske språk i den overordnete språkloven vil sende tydeligere signaler til både borgere og offentlige institusjoner, og i utarbeiding av reviderte/nye lover framover.»
Foreininga meiner på denne bakgrunnen at framlegget til språklov kunne ha gått lenger i å «i større grad integrere den nordiske språkkonvensjonen i ny språklov, og slik vise vei for et tydeligere og mer forpliktende nordisk samarbeid».
Tolkeforbundet støttar formuleringa av § 8 Skandinaviske språk, men meiner at ettersom dei nordiske teiknspråka også fell inn under den nordiske språkdeklarasjonen, bør dei òg innlemmast i føresegna.
Riksmålsforbundet «støtter en lovfestet rett til å bruke svensk eller dansk i skriftlig kontakt med det offentlige. Det bidrar til å forbedre den gjensidige forståelsen av nabospråkene og styrke det skandinaviske kulturfellesskapet».
13.5.4 Departementets vurdering
Departementet meiner etter høyringsrunden at framlegget til § 8 har den rettslege krafta som departementet gjorde greie for i høyringsnotatet, nemleg at gjensidig forståing av grannespråka må forsterkast, og forventningar om dette bør òg inn i norsk rett. Det er også viktig å understreke at framlegget til § 8 er med på å tryggje stillinga til norsk, ettersom den nordiske språkforståinga gjer det unødvendig å ty til engelsk mellom menneske med ulike morsmål.
Med framlegget til føresegn gjev departementet status og tyngd til grannespråksforståinga: Det vil seie at det er å vente at det offentlege Noreg forstår dansk og svensk så godt at desse språka kan brukast i kontakt med det offentlege. Det er òg rimeleg å vente at skandinaviske borgarar forstår norsk. Offentlege organ kan sjølvsagt svare på norsk, og dette går fram av paragrafen.
Departementet gjev Foreningen Norden rett i at framlegg til føresegn er ei «forventning om at nabospråkforståelsen skal holdes i hevd», og at dette bør reflekterast i politiske vedtak framover. Språklova sikrar ein språkpolitikk i fleire sektorar som tek vare på dei verdiane som ligg i den skandinaviske kulturfellesskapen.
Regelen om at dansk, norsk og svensk kan brukast om kvarandre i kontakt med offentlege organ, er med på å inkorporere den nordiske språkkonvensjonen, artikkel 2, i norsk rett. Konvensjonen skal sikre at ein nordisk statsborgar ved behov skal kunne bruke morsmålet sitt i kontakt med styresmakter i andre nordiske land. Det betyr at islandsk eller finsk også bør kunne brukast i kontakt med norsk forvaltning, jf. den nordiske språkkonvensjonen. I desse tilfella skal det offentlege eventuelt syte for nødvendig tolking eller omsetjing. For desse tilfella gjeld eiga lovgjeving, som ikkje er teken inn i språklova.
Personar som ikkje brukar dei nordiske språka, skal også kunne kontakte norsk forvaltning og få svar. Dette vil typisk skje på engelsk, men også andre språk. Til dømes utlendingslova gjev i dag rett til å kommunisere på eige språk. Språklova er ikkje meint å endre verknaden av spesialreglar i anna lovverk.
Fotnotar
Jf. § 3-12 i lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold (samelova).
Jf. Ot.prp. nr. 114 (2001–2002) Om lov om endring i lov 12. juni 1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold (ny organisering av arbeidet med samiske språk), kap. 2.3.3.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet (2014). Den europeiske pakt om regions- og minoritetsspråk. Sjette periodiske rapport. Norge.
St.meld. nr. 28 (2007–2008) Om samepolitikken.
Kvensk – språk eller dialekt? Avgjeve til Kultur- og kyrkjedepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet oktober 2003 (utarbeidd av språkforskarane Kenneth Hyltenstam og Tommaso Milano).
Jf. St.meld. nr. 15 (2000–2001) Nasjonale minoritetar i Noreg, kap. 1.3.
Deklaration om nordisk språkpolitik. Nordisk ministerråd 2006.
Paragrafen bytte nummer frå § 10-17 til § 10-8 ved endringslov 20. desember 2016 nr. 105. Lovendringa er ikkje følgd opp i forskrifta.
Convention on the Rights of Persons with Disabilities.
Ot.prp. nr. 46 (1997–98) Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova), s. 35.
Innst. S. nr. 184 (2008–2009) Innstilling frå familie- og kulturkomiteen om Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk.
NOU 2019: 5 Ny forvaltningslov – Lov om saksbehandling i offentlig forvaltning (forvaltningsloven).