Prop. 110 S (2018–2019)
Nokre saker om veg, jernbane og post
Tilråding frå Samferdselsdepartementet 10. mai 2019, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
I proposisjonen foreslår Samferdselsdepartementet vedtak om kostnadsrammer i tre vegprosjekt og to jernbaneprosjekt. Det blir òg fremma forslag om vedtak om å forlenge bompengeinnkrevjinga i fase 1 av Samferdselspakke for Kristiansandsregionen. Vidare blir det orientert om utvida portefølje for Nye Veier AS, regionreformen og Sams vegadministrasjon, arbeidet med ny organisering av Statens vegvesen, status for bompengeinnkrevjing i Bypakke Nord Jæren, Bypakke Bergen og Oslopakke 3, samt oppfølging av eit oppmodingsvedtak om posttenester.