2 Departementet sine vurderingar og forslag
I førearbeida til folkeregisterlova av 2016 vert det halde fram at etatar eller verksemder som treng informasjon frå Folkeregisteret som er omfatta av teieplikt, sjølv er nærast til å grunngje kvifor dei treng dette. Forslaget i denne proposisjonen skal sikre at Stiftelsestilsynet får naudsynt heimel i eiga lov.
Stiftelsestilsynet treng opplysningar frå Folkeregisteret for å kunne utføre lovpålagde pliktar etter stiftelseslova, arvelova og dekningslova. Dette gjeld både opplysningar som er omfatta av teieplikt og dei som ikkje er omfatta av teieplikt.
Stiftelsestilsynet har behov for tilgang til opplysningar som er omfatta av teieplikt frå Folkeregisteret, både ved tilsyn og kontroll med stiftelsar (jf. stiftelseslova § 7 første ledd bokstav b) og ved handsaming av søknader og andre forvaltningsoppgåver (jf. stiftelseslova § 7 første ledd bokstav c).
Fleire av føresegnene i stiftelseslova set avgrensingar når det gjeld posisjonar og transaksjonar med «nærstående», jf. definisjonen i stiftelseslova § 5. Enkelte føresegner gjev dessutan slektningar av opprettaren særlege rettar. Stiftelsestilsynet vil soleis ha behov for å avklare kven som har slektsband til opprettaren av ein stiftelse, eller til den som har gjeve formuesverdiar som inngår i grunnkapitalen til ein stiftelse. Stiftelsestilsynet har rett og plikt til å vurdere «nærstående»-relasjonar i tilknyting til følgjande paragrafar:
§ 19 – forbod mot utdeling til visse «nærstående» til opprettaren
§ 20 – forbod mot lån eller garanti til «oppretterens nærstående»
§ 27 – forbod mot at den som har gjeve ein formuesverdi til grunnkapitalen og «nærstående» av denne kan sitte åleine i styret i ein stiftelse
§ 37 – inhabilitet
§ 49 – dersom opprettaren er død, har slektningar av opprettaren rett til å få høve til å uttale seg til ei kvar omdanning av stiftelsen, her også endring av vedtektene.
For å avdekkje mislege handlingar i tilsynssaker, kan det vere viktig å avklare om stiftelsen har hatt transaksjonar med nærståande til personar med tillitsverv eller roller i stiftelsen (styremedlem, dagleg leiar, forretningsførar, opprettar, givar av kapital til stiftelsen mv.).
Stiftelsestilsynet har fleire oppgåver etter lov 8. juni 1984 nr. 59 om fordringshavernes dekningsrett (dekningslova) kapittel 3 om private beslagsforbod. Tilsynet skal handsame søknader om omdanning av beslagsforbod, jf. § 3-5, ekstraordinære utbetalingar, jf. § 3-7, nemne opp tillitsmann, jf. § 3-4, sperring av erstatningsbeløp o.l., jf. § 3-9, og omgjering av tillitsmannen sine avgjerder, jf. § 3-8.
I handsaminga av slike saker gjennomfører Stiftelsestilsynet ofte søk i Folkeregisteret for å kontrollere opplysningar om overdragaren (gåvegivar eller arvelatar) og overtakaren (gåvemottakar eller arving). Dei viktigaste opplysningane vil kunne hentast inn i medhald av folkeregisterlova § 10-1, jf. § 9-1 andre ledd. I sakene tilsynet handsamar etter dekningslova, er det dessutan ofte behov for å klarleggje opplysningar om slektsrelasjon mellom overdragaren og overtakaren, om overdragaren og overtakaren har nære slektningar, og kven dei i tilfelle er. Dekningslova § 3-5 syner til stiftelseslova sine føresegner. Det inneber at stiftelseslova § 49 om sakshandsaming ved omdanning òg gjeld i denne typen saker. Overdragaren vil ofte vere død på det tidspunktet tilsynet mottek søknad frå overtakaren. I slike tilfelle fastset stiftelseslova § 49 at overdragaren sine slektningar og andre som har stått han eller ho nær, skal ha høve til å uttale seg om søknaden. At Stiftelsestilsynet kan hente ut og kontrollere gitte opplysningar, er avgjerande for at saka vert så godt opplyst som mogleg og for at alle dei som etter lova skal høyrast i saka, kan ta hand om interessene sine.
Stiftelsestilsynet har òg som oppgåve å handsame søknader etter lov 3. mars 1972 nr. 5 om arv (arvelova) § 32 fjerde ledd om omdanning av bandlagt pliktdelsarv. Føresegnene om ekstraordinære utbetalingar, jf. dekningslova § 3-7, oppnemning av tillitsmenn, jf. dekningslova § 3-4, og omgjering av tillitsmannen sine avgjerder, jf. § 3-8, gjeld òg tilsvarande i bandleggingssaker.
På same måte som ved handsaming av saker etter dekningslova, treng Stiftelsestilsynet i denne typen saker å gjennomføre søk i Folkeregisteret, ut over det som kan hentast ut i medhald av folkeregisterlova § 10-1, jf. § 9-1 andre ledd. Det gjeld særskilt å innhente og kontrollere opplysningar om slektsrelasjon mellom arvelatar og arving, om arvelatar og arving har nære slektningar, og kven dei i tilfelle er. Stiftelseslova § 49 gjeld òg i denne typen saker, og arvelataren sine slektningar og andre som har stått han eller ho nær, skal ha høve til å uttale seg om søknaden.
For at Stiftelsestilsynet skal kunne utføre dei lovpålagde oppgåvene som det har etter stiftelseslova, dekningslova og arvelova, er det avgjerande at tilgangen til opplysningar som er underlagt teieplikt, vert ført vidare.
Stiftelsestilsynet fattar òg vedtak i medhald av samvirkelova, utan at det er behov for å hente opplysningar som er omfatta av teieplikt frå Folkeregisteret.