Prop. 117 S (2014-2015)
Nokre saker om luftfart, veg og jernbane
Tilråding frå Samferdselsdepartementet 12. mai 2015, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
I proposisjonen foreslår regjeringa å oppheve tidlegare vedtak i Stortinget om at vidare planlegging av Ringeriksbanen tek utgangspunkt i korridoren over Åsa, og at regjeringa tek stilling til val av trase før ei eventuell formell planlegging av banen bli starta opp. Vidare er det m.a. ein omtale av gjennomføringa av ein samfunnsøkonomisk analyse av ei ny lufthamn i Bodø, automatisering av alle bomstasjonane for Svinesundforbindelsen, at det kan nyttast bompengar til å prosjektere fjerde etappe av Bybanen som vil gå frå Bergen sentrum til Fyllingsdalen, og at arbeidet med å oppgradere området rundt reiselivsikonet Vøringsfossen blir starta opp i 2015 med lokale tilskot.