Prop. 123 S (2018–2019)
Endringar i statsbudsjettet 2019 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2019 mv.)
Tilråding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet 7. juni 2019, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
Proposisjonen omhandlar endringar i statsbudsjettet 2019 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet som følgje av lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2019.