5 Endring i inndelingslova (retting av inkurie)
Departementet har blitt merksam på at ei tilvising i inndelingslova § 14 er blitt feil. Feilen har oppstått som følgje av ei endring i ei anna lov. Departementet føreslår å rette tilvisinga.
Feilen i tilvisinga i inndelingslova § 14 oppstod då nokre føresegner i lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr blei oppheva, jf. Prop. 5 L (2013–2014) Endringer i rettsgebyrloven, kraftledningsregisterloven og tinglysingsloven. Inndelingslova § 14 viser til rettsgebyrlova § 21, som tidlegare heimla krav om betaling av gebyr ved tinglysing, registrering eller merknad i grunnboka og gebyr ved registrering i kraftleidningsregisteret. Inndelingslova slår fast at kommunar og fylkeskommunar ikkje har plikt til å betale slike gebyr når tinglysinga eller registreringa skjer som direkte følgje av ei grenseendring. Fritaket er nærare grunngjeve i Ot.prp. nr. 41 (2000–2001) Om lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova), punkt 7.
Heimlane for desse gebyra ligg no i tinglysingslova § 12 b og kraftleidningsregisterlova § 16. Lovendringa går ut på at inndelingslova § 14 skal vise til desse to heimlane for gebyr slik at kommunane og fylkeskommunane blir fritekne frå å betale gebyra.
Departementet har ikkje sett det som nødvendig å sende framlegget til retting av inkurien på høyring.